Forskjell mellom versjoner av «Atlekvida»

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(... ved Ivar Mortensson-Egnund)
 
(Retta mange skriveveilor, brigda aa > å.)
Linje 32: Linje 32:
  
  
[[Fil:Billedsten 11 (detalje) Gotlands Fornsal.jpg|thumb|right|500px|<center>'''Hunninge-stenen (Gotlands Fornsal)'''<br>Motivet er tolket som Gudrun, der sender sine brødre en guldring omviklet med ulvehår.</center>]]Gudrun Gjukedotter hemnde brødrane sine soleis som det hev vorti vidspurt. Fyrst drap ho sønene til Atle, og siden drap ho Atle og brende halli og heile hirdi. — Um dette er denne kvida yrkt.
+
[[Fil:Billedsten 11 (detalje) Gotlands Fornsal.jpg|thumb|right|500px|<center>'''Hunninge-stenen (Gotlands Fornsal)'''<br>Motivet er tolket som Gudrun, der sender sine brødre en guldring omviklet med ulvehår.</center>]]Gudrun Gjukedotter hemnde brødrane sine soleis som det hev vorti vidspurt. Fyrst drap ho sønene til Atle, og sidan drap ho Atle og brende halli og heile hirdi. — Um dette er denne kvida yrkt.
  
  
Linje 43: Linje 43:
 
:og til Gunnars hall reid.
 
:og til Gunnars hall reid.
 
:Han bjor vart boden
 
:Han bjor vart boden
:og benkt attmed aaren.
+
:og benkt attmed åren.
  
  
Linje 59: Linje 59:
 
:3.
 
:3.
 
:«Atle meg baud
 
:«Atle meg baud
:ærend aa ride
+
:ærend å ride
:paa frøsande fole
+
:frøsande fole
 
:gjenom framand myrkskog
 
:gjenom framand myrkskog
 
:og beda dykk, Gunnar,
 
:og beda dykk, Gunnar,
:til gilde aa koma
+
:til gilde å koma
 
:med høgtids-hjelmom
 
:med høgtids-hjelmom
 
:og heimsøkje Atle.
 
:og heimsøkje Atle.
Linje 74: Linje 74:
 
:og gullprydde hjelmar,
 
:og gullprydde hjelmar,
 
:sylvslegne sâlar
 
:sylvslegne sâlar
:og serkjer fra Valland,
+
:og serkjer frå Valland,
 
:frøsande folar
 
:frøsande folar
 
:og fræge langspjot.
 
:og fræge langspjot.
Linje 81: Linje 81:
 
:5.
 
:5.
 
:Dei vene vollar
 
:Dei vene vollar
:paa vide Gnitaheid,
+
:vide Gnitaheid,
 
:gjallande geirar
 
:gjallande geirar
 
:og gylte stamnar,
 
:og gylte stamnar,
Linje 96: Linje 96:
 
:inn i slike boder?
 
:inn i slike boder?
 
:Um gull veit eg ikkje
 
:Um gull veit eg ikkje
:paa Gnita-heii,
+
:Gnita-heii,
 
:anna me jamgodt
 
:anna me jamgodt
 
:eig det sjølve.
 
:eig det sjølve.
Linje 108: Linje 108:
 
:eg hev fljotaste folen
 
:eg hev fljotaste folen
 
:og frægaste sverd,
 
:og frægaste sverd,
:bogar paa vegg
+
:bogar vegg
 
:og brynje av gull,
 
:og brynje av gull,
 
:komi or Kjars hall
 
:komi or Kjars hall
Linje 120: Linje 120:
 
:«Kva meinte syster,
 
:«Kva meinte syster,
 
:som sende oss ringen
 
:som sende oss ringen
:vavd med varghaar?
+
:vavd med varghår?
:tru til aa vara oss?
+
:tru til å vara oss?
 
:Kring raude ringen
 
:Kring raude ringen
:var det reivt eit ulvhaar;
+
:var det reivt eit ulvhår;
 
:me vargar vert vare
 
:me vargar vert vare
:paa vegen til Atle.»
+
:vegen til Atle.»
  
  
Linje 131: Linje 131:
 
:Tagde og tenkte
 
:Tagde og tenkte
 
:trauste frendar,
 
:trauste frendar,
:rauste raads-vener
+
:rauste råds-vener
:raadlause sveiv.
+
:rådlause sveiv.
 
:Som det hovdingen høvde
 
:Som det hovdingen høvde
 
:helsa dei Gunnar,
 
:helsa dei Gunnar,
 
:hugheil i halli,
 
:hugheil i halli,
:paa heppa han leit:
+
:heppa han leit:
  
  
Linje 142: Linje 142:
 
:«Fram no Fjørne
 
:«Fram no Fjørne
 
:og fyll i trøys,
 
:og fyll i trøys,
:lat gullskaali gange
+
:lat gullskåli gange
:greidt fra mann til mann !»
+
:greidt frå mann til mann !»
  
  
 
:11.
 
:11.
 
:Nivlunge-arven
 
:Nivlunge-arven
:kjem ulvar til raade,
+
:kjem ulvar til råde,
:gamle graa-fellar,
+
:gamle grå-fellar,
 
:kjem Gunnar ei att.
 
:kjem Gunnar ei att.
 
:Bek-svarte bjørnar
 
:Bek-svarte bjørnar
Linje 161: Linje 161:
 
:fylgde herren
 
:fylgde herren
 
:or huna-garden
 
:or huna-garden
:med graat og sukkar.
+
:med gråt og sukkar.
:Daa ynskte unge
+
:ynskte unge
 
:erving til Hogne:
 
:erving til Hogne:
 
:«Far heil og horsk, far,
 
:«Far heil og horsk, far,
Linje 176: Linje 176:
 
:under hardhuga sveinar,
 
:under hardhuga sveinar,
 
:der dei øykjene dreiv
 
:der dei øykjene dreiv
:yver aalgrøne vollar.
+
:yver ålgrøne vollar.
  
  
 
:14.
 
:14.
:Dei saag landet til Atle
+
:Dei såg landet til Atle
 
:med lidskjalvar store.
 
:med lidskjalvar store.
:Høgt uppaa borgi
+
:Høgt uppå borgi
 
:stod Bikkes lydar.
 
:stod Bikkes lydar.
 
:Der var salen til sudtjodar
 
:Der var salen til sudtjodar
 
:skipa med sessar
 
:skipa med sessar
:og straalande bunad,
+
:og strålande bunad,
 
:med skinande skjoldar
 
:med skinande skjoldar
 
:var skjeldtilet klædt.
 
:var skjeldtilet klædt.
Linje 197: Linje 197:
 
:vaktmann stod ute
 
:vaktmann stod ute
 
:skulde vitre um Gunnar
 
:skulde vitre um Gunnar
:paa vitjing der kom
+
:vitjing der kom
 
:med gjallande geir
 
:med gjallande geir
 
:og giren i seg.
 
:og giren i seg.
Linje 203: Linje 203:
  
 
:16.
 
:16.
:Syster det saag
+
:Syster det såg
 
:at i salen kom inn
 
:at i salen kom inn
:brødrane baae
+
:brødrane båe
 
:— ho av bjor var kje ør —:
 
:— ho av bjor var kje ør —:
 
:«Gakk ut, Gunnar,
 
:«Gakk ut, Gunnar,
 
:du greider deg ikkje
 
:du greider deg ikkje
 
:mot harme hunar
 
:mot harme hunar
:som er huga paa svik.
+
:som er huga svik.
  
  
Linje 219: Linje 219:
 
:heimsøkte Atle,
 
:heimsøkte Atle,
 
:at du sat i salen
 
:at du sat i salen
:solklaare dagar
+
:solklåre dagar
:og let norner graate
+
:og let norner gråte
:yver naableike lik
+
:yver nåbleike lik
 
:og let hunske skjoldmøyar
 
:og let hunske skjoldmøyar
 
:setja til horvi
 
:setja til horvi
 
:og Atle sjølv du
 
:og Atle sjølv du
:i ormegård hivde;
+
:i ormegard hivde;
:no ormegården
+
:no ormegarden
 
:er opna for dykk.»
 
:er opna for dykk.»
  
Linje 233: Linje 233:
 
:''GUNNAR kvad:''
 
:''GUNNAR kvad:''
 
:«Seint er no, syster,
 
:«Seint er no, syster,
:aa samle nivlungar.
+
:å samle nivlungar.
:Langt er aa leite
+
:Langt er å leite
 
:etter lydar til hjelp,
 
:etter lydar til hjelp,
:fraa Ros-mo-fjelli [ved Rin]
+
:frå Ros-mo-fjelli [ved Rin]
:aa raake sine menn.»
+
:å råke sine menn.»
  
  
Linje 251: Linje 251:
 
:hogg med sverdet;
 
:hogg med sverdet;
 
:i elden heite
 
:i elden heite
:han den aattande heiv.
+
:han den åttande heiv.
 
:Soleis skal fræge
 
:Soleis skal fræge
 
:og frøkne sellar
 
:og frøkne sellar
Linje 276: Linje 276:
 
:Hjalle or bringa
 
:Hjalle or bringa
 
:hjarta dei skar;
 
:hjarta dei skar;
:blodugt paa bord
+
:blodugt bord
 
:vart det bori til Gunnar.
 
:vart det bori til Gunnar.
  
Linje 287: Linje 287:
 
:til Hogne den frøkne.
 
:til Hogne den frøkne.
 
:Det bivrar mykje
 
:Det bivrar mykje
:paa bordet her lagt,
+
:bordet her lagt,
 
:det bivra fulla meir
 
:det bivra fulla meir
:i bringa paa Hjalle.»
+
:i bringa Hjalle.»
  
  
 
:25.
 
:25.
 
:Høgt lo Hogne,
 
:Høgt lo Hogne,
:daa hjarta dei skar
+
:hjarta dei skar
 
:or kvike kjøtet,
 
:or kvike kjøtet,
 
:han kløktest ikkje.
 
:han kløktest ikkje.
:Blodugt paa bord
+
:Blodugt bord
 
:vart det bori til Gunnar.
 
:vart det bori til Gunnar.
  
Linje 308: Linje 308:
 
:til Hjalle den blaute.
 
:til Hjalle den blaute.
 
:Det bivrar lite
 
:Det bivrar lite
:paa bordet her lagt,
+
:bordet her lagt,
 
:det bivra nok mindre
 
:det bivra nok mindre
:i bringa paa Hogne.
+
:i bringa Hogne.
  
  
 
:27.
 
:27.
:Skattane sjaa
+
:Skattane sjå
 
:slepp du no vel.
 
:slepp du no vel.
:Naar Hogne er hoggen,
+
:Når Hogne er hoggen,
 
:i heile verdi
 
:i heile verdi
 
:eg veit einast
 
:eg veit einast
Linje 324: Linje 324:
 
:28.
 
:28.
 
:Tvilar eg bar,
 
:Tvilar eg bar,
:naar me tvo det visste;
+
:når me tvo det visste;
 
:no er eg hugheil,
 
:no er eg hugheil,
:naar han er burte.
+
:når han er burte.
 
:Rennande Rin
 
:Rennande Rin
:raade for gullet,
+
:råde for gullet,
 
:nivlung-arven
 
:nivlung-arven
:fraa æser komen!
+
:frå æser komen!
 
:I leikande byljur
 
:I leikande byljur
 
:baugane lyse,
 
:baugane lyse,
Linje 342: Linje 342:
 
:kjempa er bundi.»
 
:kjempa er bundi.»
 
:Og drotnen var dregen
 
:Og drotnen var dregen
:paa daude-veg,
+
:daude-veg,
 
:gull-gøymaren,
 
:gull-gøymaren,
 
:gjæve kulten.
 
:gjæve kulten.
Linje 349: Linje 349:
 
:30.
 
:30.
 
:Atle den rike
 
:Atle den rike
:reid paa Glaum,
+
:reid Glaum,
 
:millom skjoldringar skreid
 
:millom skjoldringar skreid
 
:skyldingen deira.
 
:skyldingen deira.
:Daa kvad det Gudrun
+
:kvad det Gudrun
 
:Gjukes dotter,
 
:Gjukes dotter,
:ho heldt att graaten
+
:ho heldt att gråten
 
:og gjekk heilt inn i ringen:
 
:og gjekk heilt inn i ringen:
  
Linje 362: Linje 362:
 
:eidane no,
 
:eidane no,
 
:dei mange meinsvorne
 
:dei mange meinsvorne
:mot maagane dine;
+
:mot mågane dine;
 
:du svor dei ved sol
 
:du svor dei ved sol
 
:og ved Sig-tys berget,
 
:og ved Sig-tys berget,
Linje 375: Linje 375:
 
:kraup det ormar
 
:kraup det ormar
 
:i yrjande mengd.
 
:i yrjande mengd.
:Men endaa Gunnar
+
:Men endå Gunnar
 
:harmfull harpa
 
:harmfull harpa
 
:med hendene slo,
 
:med hendene slo,
Linje 387: Linje 387:
 
:Frøsande folen
 
:Frøsande folen
 
:flaug med Atle
 
:flaug med Atle
:fraa mordgarden heim
+
:frå mordgarden heim
 
:heilt til borgi.
 
:heilt til borgi.
 
:Tunet dunde,
 
:Tunet dunde,
 
:der trampa hestar,
 
:der trampa hestar,
 
:der skramla kjempur,
 
:der skramla kjempur,
:komne fraa skogen.
+
:komne frå skogen.
  
  
Linje 407: Linje 407:
  
 
:35.
 
:35.
:Det skrall i skaaler,
+
:Det skrall i skåler,
 
:dei skjenkte vin,
 
:dei skjenkte vin,
 
:til gaman glade
 
:til gaman glade
 
:gutar samlast;
 
:gutar samlast;
 
:skjeggute sellar
 
:skjeggute sellar
:skreid inn kaate.
+
:skreid inn kåte.
  
  
Linje 418: Linje 418:
 
:Skirleitte fruga
 
:Skirleitte fruga
 
:sveiv med kanna
 
:sveiv med kanna
:og øl-kraaser baud,
+
:og øl-kråser baud,
 
:ill i hugen.
 
:ill i hugen.
 
:Men Atle bleikna,
 
:Men Atle bleikna,
Linje 426: Linje 426:
 
:37.
 
:37.
 
:«Dei bloduge hjarto
 
:«Dei bloduge hjarto
:aat sønom dine
+
:åt sønom dine
 
:hev du eti
 
:hev du eti
:med honning attaat.
+
:med honning attåt.
 
:No fekk du maten
 
:No fekk du maten
 
:som mette deg kann;
 
:som mette deg kann;
 
:no fær du nosse deg,
 
:no fær du nosse deg,
:naableike gut.
+
:nåbleike gut.
  
  
 
:38.
 
:38.
:Du slepp kalle aat deg
+
:Du slepp kalle åt deg
:og paa knei setja
+
:og knei setja
 
:Erp og Eitil
 
:Erp og Eitil
:unge og fjaage.
+
:unge og fjåge.
 
:Du ser ikkje sidan
 
:Du ser ikkje sidan
:fraa sessom dine
+
:frå sessom dine
 
:gull-gutane
 
:gull-gutane
 
:geirar skjefte.»
 
:geirar skjefte.»
Linje 447: Linje 447:
  
 
:39.
 
:39.
:Det braka paa benkjom,
+
:Det braka benkjom,
 
:dei bura og ylte,
 
:dei bura og ylte,
 
:kvendi dei kvein,
 
:kvendi dei kvein,
Linje 459: Linje 459:
 
:40.
 
:40.
 
:Svankvite Gudrun
 
:Svankvite Gudrun
:gullet straadde,
+
:gullet strådde,
 
:og raude ringar
 
:og raude ringar
 
:ho rette karom
 
:ho rette karom
Linje 471: Linje 471:
 
:øren seg drakk,
 
:øren seg drakk,
 
:ottelaus var han
 
:ottelaus var han
:og utan vaapen.
+
:og utan våpen.
 
:Han trudde at leiken
 
:Han trudde at leiken
 
:linnare gjekk,
 
:linnare gjekk,
:som fyrr, daa Gudrun
+
:som fyrr, Gudrun
 
:fagnad han gav.
 
:fagnad han gav.
  
Linje 480: Linje 480:
 
:42.
 
:42.
 
:Blæja ho gav
 
:Blæja ho gav
:blod aa drikke,
+
:blod å drikke,
 
:og handi hel-fus
 
:og handi hel-fus
 
:hundane løyste.
 
:hundane løyste.
Linje 510: Linje 510:
  
  
Gløggare vert det fortalt um dette i det grønlandske Atlemaal.
+
Gløggare vert det fortalt um dette i det grønlandske Atlemål.
  
 
[[Kategori:Alfabetisk indeks]]
 
[[Kategori:Alfabetisk indeks]]

Revisjonen fra 27. feb. 2014 kl. 03:15

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Svensk.gif


Edda-Kvæde

Norrøne fornsongar

(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved

Ivar Mortensson-Egnund


Atlekvida


Atle døyr


Hunninge-stenen (Gotlands Fornsal)
Motivet er tolket som Gudrun, der sender sine brødre en guldring omviklet med ulvehår.

Gudrun Gjukedotter hemnde brødrane sine soleis som det hev vorti vidspurt. Fyrst drap ho sønene til Atle, og sidan drap ho Atle og brende halli og heile hirdi. — Um dette er denne kvida yrkt.


1.
I old det var
at Atle sende
kunnige kjempa
som Kne-frød heitte.
Han til Gjukegarden
og til Gunnars hall reid.
Han bjor vart boden
og benkt attmed åren.


2.
Drottene drakk
drjugt i val-halli.
Men ottsame drengjer
dulramt tagde.
Kaldmælt Kne-frød
kalla til ljod,
sudrøne sellen,
som sat i høgsætet:


3.
«Atle meg baud
ærend å ride
på frøsande fole
gjenom framand myrkskog
og beda dykk, Gunnar,
til gilde å koma
med høgtids-hjelmom
og heimsøkje Atle.


4.
Sterke ask-skaft
og skjoldar fær de,
Hunalands gutar
og gullprydde hjelmar,
sylvslegne sâlar
og serkjer frå Valland,
frøsande folar
og fræge langspjot.


5.
Dei vene vollar
på vide Gnitaheid,
gjallande geirar
og gylte stamnar,
Danpar-staden
og dyre eigner,
den store moen
som Myrkskog er kalla.»


6.
Sitt hovud Gunnar
mot Hogne snudde:
«Kva sveiper den sellen
inn i slike boder?
Um gull veit eg ikkje
på Gnita-heii,
anna me jamgodt
eig det sjølve.


7.
Me salar hev sjau
som med sverd er fulle,
hjalti deira
er heilt av gull,
eg hev fljotaste folen
og frægaste sverd,
bogar på vegg
og brynje av gull,
komi or Kjars hall
er kvit-hjelm og skjold,
hævar’ enn heile
Hunalands dyrd.»


8.
HOGNE kvad:
«Kva meinte syster,
som sende oss ringen
vavd med varghår?
tru til å vara oss?
Kring raude ringen
var det reivt eit ulvhår;
me vargar vert vare
på vegen til Atle.»


9.
Tagde og tenkte
trauste frendar,
rauste råds-vener
rådlause sveiv.
Som det hovdingen høvde
helsa dei Gunnar,
hugheil i halli,
på heppa han leit:


10.
«Fram no Fjørne
og fyll i trøys,
lat gullskåli gange
greidt frå mann til mann !»


11.
Nivlunge-arven
kjem ulvar til råde,
gamle grå-fellar,
kjem Gunnar ei att.
Bek-svarte bjørnar
beiskt vil tonni
hogge i hausom,
vert hovdingen burte.»


12.
So fager ei ferd
fylgde herren
or huna-garden
med gråt og sukkar.
Då ynskte unge
erving til Hogne:
«Far heil og horsk, far,
der hugen stemner!»


13.
Fjellvegjer fljote
folane steig
gjenom ulende marker
i Myrkved-skogen.
Alt Hunaland skalv
under hardhuga sveinar,
der dei øykjene dreiv
yver ålgrøne vollar.


14.
Dei såg landet til Atle
med lidskjalvar store.
Høgt uppå borgi
stod Bikkes lydar.
Der var salen til sudtjodar
skipa med sessar
og strålande bunad,
med skinande skjoldar
var skjeldtilet klædt.


15.
Atle han drakk
med drottmennom sine
vin i valhalli:
vaktmann stod ute
skulde vitre um Gunnar
på vitjing der kom
med gjallande geir
og giren i seg.


16.
Syster det såg
at i salen kom inn
brødrane båe
— ho av bjor var kje ør —:
«Gakk ut, Gunnar,
du greider deg ikkje
mot harme hunar
som er huga på svik.


17.
Det høvde betre deg, bror,
at du brynje-klædd stod her
og med hjelmprydt hovud
heimsøkte Atle,
at du sat i salen
solklåre dagar
og let norner gråte
yver nåbleike lik
og let hunske skjoldmøyar
setja til horvi
og Atle sjølv du
i ormegard hivde;
no ormegarden
er opna for dykk.»


18.
GUNNAR kvad:
«Seint er no, syster,
å samle nivlungar.
Langt er å leite
etter lydar til hjelp,
frå Ros-mo-fjelli [ved Rin]
å råke sine menn.»


19.
Fast dei Gunnar
med fetlar bende,
basta og bunden
vart borgunding-venen.


20.
Sjau mann Hogne
hogg med sverdet;
i elden heite
han den åttande heiv.
Soleis skal fræge
og frøkne sellar
veldugt vega
og verja sitt liv.


21.
Gunnar dei spurde,
um med gull no vilde
gotne-kjempa
kaupe sitt liv.


22.
GUNNAR kvad:
«Fyrr skal blodugt,
or bringa skori,
hjarta til Hogne
i handi mi liggje.»


23.
Hjalle or bringa
hjarta dei skar;
blodugt på bord
vart det bori til Gunnar.


24.
GUNNAR kvad:
«Her hev eg hjarta
til Hjalle den blaute,
ulikt hjarta
til Hogne den frøkne.
Det bivrar mykje
på bordet her lagt,
det bivra fulla meir
i bringa på Hjalle.»


25.
Høgt lo Hogne,
då hjarta dei skar
or kvike kjøtet,
han kløktest ikkje.
Blodugt på bord
vart det bori til Gunnar.


26.
GUNNAR kvad:
«Her hev eg hjarta
til Hogne den frøkne,
ulikt hjarta
til Hjalle den blaute.
Det bivrar lite
på bordet her lagt,
det bivra nok mindre
i bringa på Hogne.


27.
Skattane sjå
slepp du no vel.
Når Hogne er hoggen,
i heile verdi
eg veit einast
kvar arven er løynd.


28.
Tvilar eg bar,
når me tvo det visste;
no er eg hugheil,
når han er burte.
Rennande Rin
råde for gullet,
nivlung-arven
frå æser komen!
I leikande byljur
baugane lyse,
heller enn handi
til hunar dei pryde.»


29.
ATLE kvad:
«Køyre fram vogni,
kjempa er bundi.»
Og drotnen var dregen
på daude-veg,
gull-gøymaren,
gjæve kulten.


30.
Atle den rike
reid på Glaum,
millom skjoldringar skreid
skyldingen deira.
Då kvad det Gudrun
Gjukes dotter,
ho heldt att gråten
og gjekk heilt inn i ringen:


31.
«Dei kjem yver deg Atle
eidane no,
dei mange meinsvorne
mot mågane dine;
du svor dei ved sol
og ved Sig-tys berget,
ved rennande dag-hest
og ved ringen til Ull.»


32.
Levande Gunnar
vart lagd i garden,
i kvar ei kråa der
kraup det ormar
i yrjande mengd.
Men endå Gunnar
harmfull harpa
med hendene slo,
strengjene skrall.
So skal kjempur
gullet sitt gøyme
for globeitte sellar.


33.
Frøsande folen
flaug med Atle
frå mordgarden heim
heilt til borgi.
Tunet dunde,
der trampa hestar,
der skramla kjempur,
komne frå skogen.


34.
Ut gjekk Gudrun
Atle til møtes
med gullstaup i hand
og helsa kongen:
«Heil kann hovding
i halli eta
ferske kjøtet
av kalvar feite.»


35.
Det skrall i skåler,
dei skjenkte vin,
til gaman glade
gutar samlast;
skjeggute sellar
skreid inn kåte.


36.
Skirleitte fruga
sveiv med kanna
og øl-kråser baud,
ill i hugen.
Men Atle bleikna,
med beiskt ho tala:


37.
«Dei bloduge hjarto
åt sønom dine
hev du eti
med honning attåt.
No fekk du maten
som mette deg kann;
no fær du nosse deg,
nåbleike gut.


38.
Du slepp kalle åt deg
og på knei setja
Erp og Eitil
unge og fjåge.
Du ser ikkje sidan
frå sessom dine
gull-gutane
geirar skjefte.»


39.
Det braka på benkjom,
dei bura og ylte,
kvendi dei kvein,
og dei kvinkra borni.
Gudrun einaste
aldri der gret
yver bjørnharde brødrar
og borni so gode.


40.
Svankvite Gudrun
gullet strådde,
og raude ringar
ho rette karom
— det gjordest vel rett att —
aldri ho ansa
at ho øydde huset.


41.
U-var Atle
øren seg drakk,
ottelaus var han
og utan våpen.
Han trudde at leiken
linnare gjekk,
som fyrr, då Gudrun
fagnad han gav.


42.
Blæja ho gav
blod å drikke,
og handi hel-fus
hundane løyste.
Heite brandar
heiv ho mot dørom.
So hemnde ho brødrar.


43.
Ho til elden gav alle
som inne der var,
timbra ho fall,
forn tyri rauk;
budlunge-borgi
brann der all,
skjoldmøyar brann,
sokk inn i elden.


44.
Det er fullrødt um dette.
Det fèr ikkje sidan
ei brynje-brur slik
og brødrar hemner.
Ho heve tri
tjodkongar
sendt til Helheim,
fyrr sjølv ho fylgde.


Gløggare vert det fortalt um dette i det grønlandske Atlemål.