Billeder fra Etne

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Norsk.gif


Billedarkiv

Billeder fra Norge

Etne
(Etne Kommune, Hordaland)



Bruteigsteinen på Flåte

Fra informasjonsskiltet på stedet: På Bruteigsteinen finn vi eit særs rikt og variert biletfelt med i alt 68 figurar. Her har jorda vore dyrka heilt attende til bronsealderen (1800 f.Kr. - 500 f.Kr.), og det er bronsealderens biletuttrykk vi møter her. Bergbileta har sitt opphav i jordbrukskulturen for 3000 år sidan, og har truleg vore del av ein kultus for sol og grøderikdom. Tidleg på våren nådde solstrålane ned i dalen og trefte Bruteigsteinen på ny etter vinteren. Bergbilete av denne typen vert gjerne kalla jordbruksristningar, og vi finn framstillingar med liknande motivgrupper spreidde over heile Europa. Kan henda vart tankar og tru formidla langs bronsealderens handelsvegar og sjøruter.Jordbruksristningane handlar om bronsealdermenneska si tru og kunnskap, deira tankar og kjensler. Helleristningane er såleis ikkje berre avbildningar av liv og landskap i tidlegare tider, men òg symbol med abstrakt kultisk innhald. Skålgroper, spiralar, skip, sirklar, hjul og fotsymbol er dei vanlegaste figurane. Etnebygda er rik på fornminne frå det gamle jordbruksamfunnet; gravhaugar, bergbilete og gjenstandsfunn. Inga anna bygd i Hordaland har så mange og rike figurfelt.


Stødle kyrkja

Fra informasjonsskiltet på stedet: Støleterassen er ein godt synleg terrasse i Etnebygda. Terrassen er ei morene, som breen frå siste istid la att. Vel 75 meter over havflata, strekker moen seg frå garden Støle lengst nord, vidare til Sørheim og Austrheim i søraust. Den solrike, flate sandjorda har gjeve gode vilkår for det tidlege jordbruket. Kulturminna viser at terrassen har vore i bruk i fleire tusen år. Gardane har rike funn både frå eldre og yngre jernalder. Gjennom historiske kjelder er terrassen kjent for at garden til Erling Skakke frå første halvdel av 1100-talet låg her. Han var gift med kongsdottera Kristin og saman hadde deisonenMagnus Erlingson, som var konge i Noreg frå 1161 til 1184. Kongsgarden skal etter soga ha lege i området nord for kyrkja.

Stødle kyrkje er einaste attverande av tre mellomalderkyrkjer kjent i Etne. Kyrkja vart bygd i tida kring 1160 og tente som gardskapell for lendmannen og husfolket på garden Stødle. Erling Skakke skal ha grunnlagt kyrkja. Stødle kyrkje har truleg hatt ein særskilt funksjon også etter at Magnus Erlingson fall i slaget på Fimreite i 1184. I kyrkjerekneskap frå 1600-talet er kyrkja omtalt som «kristkyrkje», ei nemning som elles var nytta om domkyrkjer her i landet. Formgjevinga av kyrkja seier oss at ho er bygd i mellomalderen. Hjørne og karmar er i kleber. Steinportalen på langsida utført i romansk stil viser at kyrkja truleg er frå den tidlegaste delen av mellomalderen. Kring 1650 vart det ført opp eit tilbygg i tre. Tilbygget vart nytta som skip medan det gamle kapellet utgjorde kor og sakristi. Men alt i 1698 trong kyrkja til omfattande reparasjonar. Mesteparten av kyrkja vart då ombygd. Under restaureringsarbeidet av kyrkja i 1957-58, vart det funne gamle bilete og dekorasjonar, som har vore skjult under tjukke lag med maling. Her kan det nemnast bilete av dei fem dårlege og fem kloke jomfruar på fronten til galleriet.

Like vest for kyrkja ligg gravhaugen «Kyrkjehaugen». Det er ein gravhaug på omlag 12 meter i tverrmål, og vel to meter høg. Oppå haugen står ein høg bautastein. Tidlegare låg bautasteinen i kyrkjegarden like ved inngangen.

Koordinater til Stødle kirke


Helgaberget

Fra informasjonsskiltet på stedet: Nordaust for kyrkja ligg eit berg der det er rissa inn bilete. Dette vert kalla Helgaberget. Motiva er hovudsakleg skålgroper, ringfigurar og hesteskoforma figurar. Nokre av skålgropene er bundne saman i dobbeltgroper. Ingen veit i dag sikkert korleis motiva har vore brukt, men dei har sitt opphav i den tidlege jordbrukskulturen, som var rådande i Norden i bronsealderen. Ristningar frå denne tida vert knytt til det å fremja vekst og grøde, og mykje tyder på at helleristningsfelta hadde tilknyting til heilage stader. Nokre hundre meter nordaust for Helgaberget er det fiinne ein halsring av bronse. Den er tidfesta til yngre bronsealder. Omstenda kring funnet talar for at smykket er ei gåve til ein guddom.

Koordinater til Helgaberget


Fjøsnaneset

På dei glatte bergflatene ovanfor vegen på Fjøsnaneset er det fleire figurfelt. Her finst både båtar, ringfigurar og fotsolar, men få skålgroper.

Koordinater til Fjøsnaneset