Billeder fra Fitjar

Fra heimskringla.no
Revisjon per 1. sep. 2014 kl. 14:59 av JJ.Sandal (diskusjon | bidrag) (Fitjar)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk
Norsk.gif


Billedarkiv
Billeder fra Norge

Fitjar
(Fitjar kommune, Hordaland)



Håkonarparken

I Håkonarparken står statuen av Håkon den gode som fall i slaget på Fitjar i 961. Håkon den gode var son til Harald Hårfagre og Tora Mostrastong, og vart rekna som ein god konge for landet. Han overtok som konge i 934-935. Sagaen fortel at Håkon den gode var på gjesting på kongsgarden på Fitjar då Eiriksønene uventa kom siglande nordetter. Hærane rauk saman i området der parken ligg. Kongen sine menn jaga Eiriksønene i båtane. Håkon den gode fekk ei pil i armen, og på veg nordetter døydde han av blodtapet. Han vart gravlagd på Seim i Nordhordland.

Koordinater til Håkonarparken


Rimsvarden

Rimsvarden er ei av dei eldste gravrøysene me kjenner til i Fitjar. Med eit tverrmål på 30 meter og ei høgd på 4 meter er den ei av dei største røysene i Hordaland. Truleg har den vore større, men som ofte er tilfelta med slike gravminne er ein god del stein fjerna og brukt til steingardar. Plasseringa på toppen av ei høgde og med utsikt til havet er vanleg for røyser frå bronsealderen. Rimsvarden er datert til perioden mellom 1300-1100 f. Kr. i bronsealderen. Rimsvarden hadde ei mura kiste i seg, men utover dette veit me ikkje noko om konstruksjonen av denne røysa.

Koordinater til Rimsvarden