Forskjell mellom versjoner av «Hymeskvæde»

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 16: Linje 16:
 
|-
 
|-
 
!  !!  !!  !!  !! [[Fil:Dansk.gif|32px|link=Hymis-Qvida (FM)]] !!  !!  
 
!  !!  !!  !!  !! [[Fil:Dansk.gif|32px|link=Hymis-Qvida (FM)]] !!  !!  
 +
|-
 +
!  !!  !!  !!  !! [[Fil:Dansk.gif|32px|link=Hymirs Kvæde (B.C.Sandvig)]] !!  !!
 
|-
 
|-
 
|}
 
|}

Revisjonen fra 6. mai 2014 kl. 09:11

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Hymeskvæde


1.
Veideskap nok
valtivar fekk.
Men torsten tok dei,
fyrr svolten traut.
Dei med stavar trolla
og spådde or blod,
fann dei at Æge
åtte kjelar.

2.
Sat der fjellbuen
fjåg som eit barn
blingsa med augo
som blind han vøre.
Sonen til Ygg
såg på han kvast:
"Du ofte gilde
åt åsom gjerne".

3.
Strev fekk risen
med strid-kulten då,
han hemn-råd vilde
hitte imot:
mannen til Siv
laut skaffe fram kjel:
"då skal eg øl
åt alle bryggje".

4.
Inkje greidde
glupe gudar
og store kultar
slike vanskar,
fyrr Ty so trugen
tok til orde,
han gode råder
gav Lorride:

5.
"Bur han i aust
for Eli-vågar
hundvise Hyme
ved himmels-enden.
Far min djerv
fulla hev kjel,
ei rast er han djup,
romsam er han."

Tor kvad:
6.
"Tru han låg-kjelen
låner til oss?"

Tyr kvad:
"Jau min ven
um me velur bruker."

7.
Drjugt dei dreiv på
dagen frametter;
langt frå Åsgard
til Egil kom dei.
Hornfagre bukkar
husrom gav han.
So bar det til halli
som Hyme åtte.

8.
Ho godmor gjorde
guten fælen,
nie hundrad
hovud bar ho.
Då steig fram ei onnor
som skein av gull,
ljosbrynte drosi
drykk baud sonen.

9.
"Høyr, Jotun-svein!
Setje dykk no
under kjêlane
kultar båe.
Kallen min er
kranglut ofte
mot framande folk,
og det flyg på'n sinne."

10.
Drygde våen
i veideskogen,
seint hardhausen
heim att kom.
Steig han i sal,
small is-tappann,
kinn-skogen var
på kallen fròsen.

Frilla kvad:
11.
"Heil deg, Hyme,
du hugmild vere,
son er komen
til salen din,
som frå vidan veg
me venta longo;
fylgjer honom
frægdar-kjempa,
manna-venen,
som Véor heiter.

12.
Du ser kvar dei sit
ved sals-gavlen,
dei berga seg hev
bak-um stolpen."
Risen stirde
so stolpen brotna,
åsen stokk sund
i stubbane tvo.

13.
Kanta av knagg
kjêlar åtte;
berre ein var so hard
han heldt i støyten.
Fram so gjekk dei,
men forn-jotun
fylgde med augo
andskòten sin.

14.
Munde ilt han ottast,
når øygne han fekk
gygre-grøtar
på golv komen.
Tjorane tri
tok dei då fram;
skulde alle i senn
sjodast, baud han.

15.
Kvar stut eit hovud
stuttare vart;
sidan vart dei
slengde på elden.
Mannen til Siv
for seg sjølv tvo uksar
åt upp heilt,
fyrr han hugast å sova.

16.
Det rann fyre gråe,
Rungnes-frenden,
at Tor hadde fengi
fullstor kveldsverd.
"Ein annan kveld
me karane tri
på veiding lyt ut,
skal me vonast få mat."

17.
Vêor vilde
på vågen ro ut,
um balde jotun
beite munde gjeva.

Hyme kvad:
"Av buskapen min
du bergdana-øydar
søkje deg beite,
um du styrken din trur.

18.
Vonar då eg
at uvandt det er
for deg av ein ukse
agn å laga."
Sveinen skjotleg
sveiv til skogs,
der stod ålsvarte
uksen fyre han.

19.
Tok han tjoren,
tusse-banen,
braut so heile
hornborgi ned.

Hyme kvad:
"Endå verre
verk du gjer,
enn når still du sat,
sjø-kulten tykkjer."

[Hadde då jotunen
ut skòte båten.
Tor gjekk i skuten
og sette seg til,
tok tvo årar,
og jotunen totte
at skipet byrja
å skride til gagns.

Sat sjølv Hyme
i halsen framme,
og båe rodde
so radt dei kunde.
Kvad då Hyme
at komne var dei
fram på grunnar
der fiske-von var.]

20.
Havhesten lyt
lenger utpå,
ape-son", bad
bukke-drotnen.
Men risen meinte
han munde hava
liten hug på
lenger å ro.

21.
Då fekk han drått,
djerve Hyme,
på kroken tvo kvalar
var komne i senn.
Men att-i skuten
Odins-frenden,
Vêor, med velur
på vadet stelte.

22.
Egnde han ongul
med ukse-hovud,
mannheims bergar,
orme-banen.
Då gein yver kroken
han som gudar hatar,
som seg ringar
rundt um land.

23.
Drog då djerveleg
dådraske Tor
eitrande ormen
upp i vass-målet.
Hamaren skrall
i håberget
på den òv-ljote
ulve-frenden

24.
Uvettet ylte,
det óma i fjell,
heile utgamle
jordi ho skalv.
[Men Hyme tok kniven
og kipte av snøret.]
Og fisken han kvarv
i kav so fort.

25.
U-kåt var jotun,
då attende dei fór,
sat ved årom,
sa inkje ordet,
han båten snudde
beinast mot land.

Hyme kvad:
26.
"Skal me leggje
likt arbeid kvar,
so ber du kvalann
til bøen fram,
eller du havbukken
hiver på land."

27.
Gjekk Lorride stad
og i stamnen greip,
heiv havhesten upp,
med austren var i.
Og so med årar
og ausekjerald
jotuns brìmsvin
bar han til gards
igjenom skogsnar
og skòr-dalar.

28.
Trå-kynde jotun
endå vilde
trautar fleire
for Tor leggje.
"Det røyner'kje styrken
ein stubb å ro.
Hiv staupet mitt sund,
skal eg sterk deg kalle."

29.
Tor han kalken
tok seg i hand,
steinen han sprakk,
men staupet det heldt.
Han sitjande slo det
gjenom stolpane,
heilt bar dei staupet
for Hyme fram.

30.
Men då den fagre
frilla hjelpte,
godviljes-rådi
gav ho honom.
"Hausen til Hyme,
er hardar' enn glas, -,
hiv du staupet
i hovud på suggen."

31.
Brått reis å kne
bukke-drotnen,
åse-makti
all han brukte.
På jotun-skolten
aldri det synte,
men rivne laut då
den runde vin-krus.

[Hyme kvad:]
32.
"Eigna-luter
òv-gilde no
hev frå meg gjengi,
då fari er staupet.
Men manns ord stend,
mun aldri eg
ganga attpå det
som eingong er lova.

33.
Skal det no spyrjast
um sellane duger
ølskip or garden
ut å bera."
Ty freista seg
tvo gong i senn,
kvar gong kjêlen
stod kyrr som fyrr.

34.
Far hans Mode
fekk seg eit tak,
tvert gjenom golv
trødde han ned;
upp på hovudet
heiv han kjêlen,
men kringum hælane
hoddune skrall.

35.
Dei fór ikkje langt,
fyrr han attende
mot aust kom til sjå,
Odins sonen:
Med heile horgi
Hyme var etter,
or røysom det maura
med manghovda troll.

36.
Heiv han kjelen
av herdane ned,
skobeitte Mjollne
slengde han fram
og berge-beiste
brått slo i hel.

37.
Dei fór ikkje langt
fyrr Lorride såg
at halvdaud var bukken
og heldt på stupe;
skokle-hesten
var skakkføtt vorten,
og det var den løynfule
Loke som valda.

38.
Segja kann skilleg
soga um dette
kvar som hev greide
på gude-frøde,
at av bergbuen
bot fekk Tor,
båe borni
baud han seg fylgje.

39.
Kom trauste kulten
på tinge heim
hadde han kjelen
som Hyme åtte.
Vel skal gudar
no vetter kvar ein
øl få drikke
i Æges-halli.