Hyndleljod

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Hyndleljod


Frøya kvad:
1.
"Vakre deg, møy-mor,
vakre deg, ven,
syster Hyndla
som i helleren bur.
Ramsvart er natti,
ride me skal
til Valhalli,
til heilagt ve.

2.
Herfader bed me
i hugen oss hava;
gull han gjev
til gjævingane.
Gav han Hermod
hjelm og brynje
og Sigmund fekk
sverd til gåve.

3.
Han siger gjev sume,
men sume rikdom,
målhegd til mange,
mannvit til alle,
bør på blåmyri,
bragd åt skalden,
gjente-lukke
gjev han mange.

4.
Til Tor skal eg blote
og beda honom
han stødt deg verje
og vel han låte,
endå u-blid han er
mot jotun-møyar.

5.
Tak no ulv ein
ut av stallen,
lat han gange
med galten min saman.

Hyndla kvad:
Seint mun galten
gudeveg treda;
min skjote fole
eg sâlar ikkje."

6.
"Du falsk er, Frøya,
og freiste meg vil.
Augo dine
alt meg segjer:
din venen fylgjer
på valferdi med,
Ottar unge,
Innsteins son."

Frøya kvad:
7.
"Dåra er du
og drøymer, Hyndla,
trur du venen fylgjer
i valferd med meg,
der det glor på galten
Gullinbuste,
Hilde-svinet,
som hage dei tvo
dvergar gjorde,
Dåin og Nabbe.

8.
Or sâlen eg stig,
me sèt oss i lag
og røder til-saman
um store ætter,
um dei gode menner
som frå gudane kom.

9.
Våga dei hev
um Vallands gull,
Ottar unge
og Anganty.
Treng dugleg rettleiding
drengen unge,
skal han farsarven få
av frendar sine.

10.
Han horg meg laga
med lad av steinar,
- no det grjotet
til glas er vorti -
fé-blodet friskt
farga steinen;
jamt trudde Ottar
på åsynjur.

11.
No du farne
feggar nemne,
ætte-tavlur
upp du bere:
kva er Skjoldungar,
kva er Skilvingar,
kva er Audlingar,
kva er Ylvingar,
kva er holdbori,
kva er hersebori,
manne-val best
i heile Midgard?"

Hyndla kvad:
12.
"Du er, Ottar,
Innsteins son,
og Innstein son til
Ålv den gamle,
Ålv til Ulv,
Ulv til Sæfare,
og Sæfare son til
Svan den raude.

13.
Fars-mori di,
ho fagert var prydd,
det lyt ha vori
Ledis gydja;
Frode far hennar,
og Friund môri;
var heile den ætti
av høgbori folk.

14.
Aude i old
var ypparste mann,
Halvdan fyrr honom
høgst av Skjoldungar;
heite herstridar
dei hausane førde,
storverk det vidt
i verdi spurdest.

15.
Han med Øymund slo lag,
ovkjempa den,
og Sigtrygg han vog
med svale eggjar.
Ålmveig han fekk,
frægast av kvende,
dei ól og åtte
attan søner.

16.
Derfrå er Skjoldungar,
derfrå er Skilvingar,
derfrå Audlingar,
derfrå Ynglingar,
derfrå holdbori,
derfrå hersebori,
manna-val best
i heile Midgard;
alt det er ætti di,
Ottar heimske.

17.
Var Hildigunn
hennar mor,
dotter til Svåva
og Sækonung.
Alt det er ætti di
Ottar heimske.
Det vardar deg å vita det,
vil du enn lenger?

18.
Dag åtte Tora,
drengje-moder;
òv-karar olst
i ætti den.
Frådmar og Gyrd
og Frekar båe,
Åm, Josurmar,
Ålv den gamle.
Det vardar deg å vita det,
vil du enn lenger?

19.
Kjetil het ven deira,
Klyps erving,
var han morfar
til mor åt deg;
der var Frode
fyrr enn Kåre,
med Hild ho var
Hålv si mor.

20.
Nanna var dinæst
Nokkve si dotter,
var mannen hennar
mågen til far din;
forn mågskap,
fram gjeng eg lenger;
alt det er ætti di,
Ottar heimske!

21.
Isolv og Åsolv,
søner til Ålmod,
og til Skurhild,
Skjekkils dotter;
med mange stormenner
du skyldskap rekne;
alt det er ætti di,
Ottar heimske.

22.
Hervard, Hjorvard,
Hrane, Anganty,
Bue og Brame,
Barre og Reivne,
Tind og Tyrving
og tvo Haddingar,
alt det er ætti di,
Ottar heimske!

23.
Aust i Bolm
borne var dei
Arngrims søner
med Øyfura.
Brak av berserker
med bod um ufred
yver land og lòg
som laus var elden;
alt det er ætti di,
Ottar heimske!

24.
Gunnar Bålk,
Grim ardskave,
Jarnskjold-Tore,
Ulv ginande.
Kjende eg båe
Brodd og Horve,
hirdmenn raske
hjå Rolv den gamle.

25.
Gude-vigde
dei gutane var,
alle ætta
frå Jormunrek,
mågen til Sigurd
- lyd du på soga mi -
den folke-hovding
som Favne vóg.

26.
Var den kulten
av Volsung-ætti,
rann det i Hjordis
Raudung-blod,
og Øylime var
frå Audlingar komi;
alt det er ætti di,
Ottar heimske!

27.
Gunnar og Hogne,
ervde Gjuke
saman med Gudrun
syster deira;
ikkje var Gutorm
av Gjuke-ætti,
men likevel bror
til båe desse;.
alt det er ætti di,
Ottar heimske!

28.
Hake var hæve
sonen til Hvædna,
og til Hvædna
var Hjorvard far.

29.
Harald Hildetand
han var son til
ringeslengjaren
Rørek Aud-son,
Aud den ovkloke,
Ivars dotter,
men Rådbard var
far til Randve;
alt det er ætti di,


Ottar heimske!


DET STUTTE VOLUSPÅ

30.
Elleve var
dei æser talde,
då banebeigen
Balder fekk;
var då Våle
viljug til hemn,
banemannen
til bror sin vóg han;
alt det er ætti di,
Ottar heimske!

31.
Var Balders fader
Burs erving,
Frøy åtte Gjerd,
ho var Gymes dotter,
av jotun-ætt,
med Aurboda;
fekk Tjasse
frenden deira,
den skobeitte jotun,
Skade til dotter;
Heid og Rosstjov
var av Rimne si ætt.

32.
Eg mangt deg segjer,
og meir eg hugsar;
visst ingen veit det,
vil du enn lenger?

33.
Er volvur alle
frå Vidolv komne,
visekallann
frå Vilmeid ætta,
seidmenner
frå Svarthovde,
jotnar alle
frå Yme stokne.

34.
Eg mangt deg segjer,
og meir eg hugsar;
visst ingen veit det,
vil du enn lenger?

35.
Ein vart boren
i upphavs tidi,
òv-vaksen gut
av gude-ætti.
Nie mødrar,
jotun-møyar,
ved heimsens ende
odd-kulten bar.

36.
Eg mangt deg segjer,
og meir eg hugsar;
visst ingen veit det,
vil du enn lenger?

37.
Gjalp honom bar,
Greip honom bar,
bar honom Eistla
og Øyrgjava,
honom bar Ulvrun
og Angøyja,
Imd og Atla
og Jarnsaksa.

38.
Vokster-auke
jord-krafti gav
og kald-sjøen gav
og galte-blodet.

39.
Eg mangt deg segjer,
og meir eg hugsar;
visst ingen veit det,
vil du enn lenger?

40.
Ulv ól Loke
med Angerboda,
og Sleipne fekk han
med Svadilfare.
Ei var skjessa
den aller verste,
ho var frå bror
til Byleist komi.

41.
Loke åt hjarta,
på linde-bål
han fann ein halvsviden
kvende-hugstein;
var Lopt barna
med det bægne kvendet;
frå di ovrast alle
u-tjo i heimen.

42.
Havet lyfter
seg lukt mot himlen,
leikar yver land
og lufti ho skjelv;
sidan kjem snø-skur
og snærane vind;
då nærmar seg stundi
at gudar stuper.

43.
Ein vart boren
øvst av alle,
vokster-auke
jord-krafti gav.
Segjer dei honom
mest storhuga vera,
Sivs skylding
alle stader

44.
Då kjem ein annan
endå større,
men namnet hans ikkje
å nemne eg tòrer;
fåe no ser
frametter lenger,
enn til Odin
skal ulven møte."

Frøya kvad:
45.
"Ein minnedrikk gjev
til galten min,
so kvart eit ord
han uppatt segje
av denne røda
tridje dagen,
når med Anganty han
i ættestrid gjeng."

Hyndla kvad:
46.
"Skunde deg hedan,
sova eg lyster,
fått av fagert
du fær hjå meg.
Ods viv, du løyp
ute um nætenn
som når med bukkom
Heidrun bykser.

47.
Alltid du fór
etter Od og rann,
og fleire endå
flaug deg kring stakken.
Ods viv, du løyp
ute um nætenn
som når med bukkom
Heidrun bykser.

Frøya kvad:
48.
"Eld eg slær
yver skume-gygri,
so aldri du kjem
ubrend hedan."
-- -- -- -- -- -- -- --
-- -- -- -- -- -- -- --

Hyndla kvad:
49.
"Eld ser eg brenne
og jord loga.
Løyse vil alle
livet sitt:
ber du Ottar
bjor til hande,
eiterblanda
uheils-drikk."

Frøya kvad:
50.
Uheils-ordi
skal ikkje skada,
um, jotun-møy,
mein du lovar.
Drikken dyre
drikke skal han,
og alle gudar
Ottar hjelpe."


HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.