Lundo på Myklestad – ein stad for guddomsdyrking? Nokre synspunkt

Fra heimskringla.no
Revisjon per 3. nov. 2017 kl. 23:34 av Carsten (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Knut Rage
Lokalhistoriker, Tysnes

Lundo på Myklestad
– ein stad for guddomsdyrking?

Nokre synspunkt


Knut Rage

Tysnes
© 2016


Då Johannes Heggland arbeidde med første bandet av kultursoga for Tysnes – Tysnes, det gamle Njardarlog - som kom ut i 1963, var Lundo i Myklestad ein stad som knappast inngjekk i Heggland sitt prosjekt: Tysnes som gudeøya. Tysnes som eit senter for gudedyrking går som ein raud tråd gjennom Heggland si fortidssoge, og er ein viktig del av den historiske sjølvforståinga for lokalsamfunnet også i dag: Tysnes som gudeøya, som det sentrale religiøse senteret for eit breitt område i det Heggland kallar "heiden tid". Prova finn ein i namna, kanskje først og fremst dei - det gamle namnet for Tysnes var Njardarlog, og vart av Heggland og andre tolka som "guden Njord sitt lovområde". Det er også denne tolkinga som gjeld i dag. Andre namn som ein meinar peikar på heilage stader er Ve og Vevatnet (ve tolka som «heilag»), Lunde (heilag lund), Godøy (gude- eller godeøya) og Tysnes (etter guden Tyr). Ein har altså late stadnamntolkinga gje fasit. Det er slik sett nokså symptomatisk at det i Tysnes-soga er nytta ei overskrift som heiter ”Stadnamna vitnar”. Men det finst også meir handfaste prov for at øya Njardarlog i si tid skal ha vore eit religiøst senter, i form av stader som Todneset, ved innseglinga til Våge, der ein i 1915 gjorde utgravinger av det ein tolka som eit horg (og som seinare har vorte tolka som ei grav, etter at det vart oppdaga at sola skin direkte på lokaliteten ved vintersolkverv 22. desember), vidare feltet med bautasteinar på Årbakka ved Hardangerfjorden osv. Såleis vart det bygd opp eit bilete av Tysnes, ”det gamle Njardarlog”, som ei gudeøy og religiøst senter på Vestlandet – ei førestilling det seinare har vore vanskeleg å rokka ved. I dag snakkar ein gjerne om Tysnes-mytane, særleg i samanheng med turisme. 


Lundo i Uggdal på Tysnes i Sunnhordland strekk seg som ei flate med skråningar på begge sider. I dag er marka ein byggeplass der den nye sjukeheimen i kommunen skal reisa seg. Det er godt mogleg at verdfulle kulturminne i jorda er blitt utradert i prosessen. (Foto: Knut Rage)
Og for all del, det kan henda at ei slik historisk tolking er rett, om ikkje anna enn at den kan ha mykje for seg. Men det finst også kritikarar. Språkforskaren Eivind Vågslid peikar såleis på at det til sjuande og sist er stadnamntolkinga som har danna fasiten for den historiske oppfatninga. Det store prosjektet for Heggland og dei forskarane han har støtta seg til, i første rekkje filologen Magnus Olsen (1878 - 1963) som i all si verksemd la vekt på det mytologiske og religiøse opphavet til mange av stadnamna i Noreg, var å godtgjera at Tysnes i si tid hadde vore ein sentral stad for heiden gudedyrking. Olsen bygde etter Vågslid si meining på ei arv som stamma frå den nasjonalromantiske historikaren P.A. Munch, som døydde i 1863. Med andre ord: er historieoppfatninga vår såleis rett og slett basert på ei nasjonalromantisk mytedanning? Vågslid tolka stadnamna på Tysnes i ei meir prosaisk retning. Njardarlog, skriv Vågslid, har ikkje noko med guden Njord sitt lovområde å gjera, men tyder ganske enkelt "tronge farvatn". Slik tek han føre seg alle dei "heilage" stadnamna på Tysnes og avmytologiserer dei. Vågslid sitt arbeid er ikkje mindre enn ei total omdefinering av den nasjonalromantiske mytedanninga som har funne stad gjennom stadnamnforskinga. Hos Vågslid har det ikkje med gudar å gjera, men med naturlege tilhøve i naturen. Her tyder t.d. ikkje nemninga "tor" guden Tor, men torden. osv. Etter Vågslid sitt syn har det altså ikkje vore noko spesielt meir heilagt på Tysnes enn andre stader. 


Magnus Olsen var ein lærd mann, la no det vera sagt. Han var professor i gammalnorsk og islandsk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo 1908-48. Olsen arbeidde særleg med runer, stadnamn og religionshistorie. For mange var han ein leiande autoritet. Som nemnd vart stadnamn over heile landet frå P.A. Munch si tid sett inn i ei nasjonalromantisk samanheng. Dette var ei oppfatning som vart teke opp av stadnamngranskarane etter han, ikkje minst av Magnus Olsen som har vorte ståande som eit sanningsvitne på området. Olsen hevda at det fanst minst seks hundre stader i landet som hadde fått namn etter dei gamle gudane. Eivind Vågslid er ikkje nådig i omtala av denne tankegangen, av "den vranglæra, den ovtru og den skynløysa som i stor mun hev rått i norderlendsk stadnamngransking, den vranglæra som vart grunnlagd av P.A. Munch, den ovtru som serleg vart nørd med det ville og røyndlause tankespinnet åt Magnus Olsen." 


Eldre bilete med utsyn over noko av Miklastofa. Oppe i haugen låg det ei stor steinrøys, og ein trur at steinen med den såkalla gitterhelleristinga er kome herfrå. (Foto utlånt frå Lokalhistorisk biletsamling, Tysnes)
Sentralt i oppfatninga av Tysnes/Njardarlog som ei særleg gudeøy står Vevatnet. Også her var det Magnus Olsen som stod bak. Tanken vart straks teken opp av Heggland, som nyttar etter måten mykje plass på Vevatnet i Tysnes-soga. Magnus Olsen kasta fram denne tanken: ”…ved sitt navn er Njardarlog fremhævet fremfor de øvrige øer i Hordafylki som et midtpunkt for Njorddyrkelsen. Hit har kanskje horder fra det hele fylke stevnet for å delta i fester for Njord.” 


Såleis vart det vist til den romerske historieskrivaren Tacitus, som fortel at på ei øy i storhavet er det ein heilag lund der det finst ei vigsla vogn, dekt med klede. Berre presten har lov til å røra vogna. Når han skjønar at gudinna er til stades i heilagdomen, let han ho køyra fram med kyr, og fylgjer med i djup vyrnad. Då er det fest og glade dagar allstad som ho gjer den æra å koma på gjesting. Då går dei ikkje i krig eller lyfter våpen - kvart eit sverd er låst ned. Berre i dette belet er fred og ro kjend og elska, til dess same presten fører gudinna attende til lunden når ho er mett av samværet med menneskja. Etterpå vert vogna, kleda og sjølve guddomen tvetta i eit avgøymt vatn. Det er trellar som vert sett til å gjera arbeidet, og dei vert straks drukna i vatnet. Derav kjem ei løyndomsfull redsle og heilag vankunna om kva det er som berre daudevigde menner får sjå, som det vert uttrykt i Tysnes-soga. 


Dette er første gong me høyrer om jord- og grødeguden Njord – som først var gudinne og bar namnet Nerthus, og sidan skifta kjøn til mannleg gud. Berre nokre få ord til om namnet Njardarlog. Samansetninga vert altså gjerne tolka som "guden Njord sitt lovområde". Men fleire språkforskarar og historikarar, mellom dei vår eigen Anton Espeland, heldt på namneforma Njardarlaug, dvs. "Njords kultiske bad". Espeland lanserte såleis den tanken at det er denne forma som går att i den seinare namneforma Jerlau og til slutt Jarlø, som me finn på eldre kart over Tysnes. 


Det kunne vera interessant nok å gå vidare inn på denne diskusjonen, men det får liggja i denne omgangen. Poenget her er å gjera lesaren kjend med Lunde og Vevatnet og teoriane kring staden før me ser nærare på emnet for denne artikkelen, nemleg Lundo på Myklestad. Og tanken har altså kort sagt vore denne: Ein gong i ei fjern fortid kom harudane til desse kystane. Med seg hadde dei dyrkinga av grødegudinna Nerthus, som ein gong i året vart vaska i eit heilagt vatn ved ein heilag lund. Til grunn for at dette skal ha vore på Tysnes, og i Vevatnet, har ein Tacitus og stadnamna å støtta seg til: Njardarlog, Lunde, Vevatnet. Ut frå dette, og det som vert sagt å vera munnlege tradisjonar om staden, har ein altså bortimot slått fast at Vevatnet var staden Tacitus skriv om. (Norske historikarar har ikkje vore åleine om slike tankar. Også i Sverige og Danmark har ein slike "Tacitus-vatn".) 


KR Fig.01.png
Runesteinen frå Myklestad sett frå sida. Nemninga "gitterhelleristing" viser til at ristinga er kransa inn. Merk dei avlange "fotsolane" i eine enden. Var det grødegudinna Njord sitt merke? (Foto utlånt frå Lokalhistorisk biletsamling, Tysnes)
Då første bandet av Tysnes-soga kom ut i 1963 var det berre få år i forvegen gjort eit funn av ein runestein på Myklestad – ein stein med såkalla gitterhelleristingar og avlange "fotsolar". 


Det gammalnorske ordet for Myklestad er Miklastofa, som gjerne var samlingsstader for religiøs kultus. Det finst knapt nokon stad i Uggdal-soknet – og på Tysnes, for den del – der det er gjort så rike funn som i dette området. Uggdal heitte i norrøn tid Uppdal. Her finn me også Kyrkjevatnet, som i eldre tid var eit stort vatn. Kva namn det hadde før kristen tid, før det vart bygd ei kyrkje her, er det ingen som veit i dag. Det kan vera interessant å sjå på To-namnet, som ligg tett attmed Myklestad og i eldre tid har vore ein del av det gamle Miklastofa. Heggland nemner at det vil vera naturleg å tolka namneforma som ei flate, ei hylle mellom to høgdedrag, og viser såleis til ei skriveform frå 1500-talet. Men namnet kan også ha eit anna opphav: om ein tolkar det som gno. två - å tvetta, vaska. Ein kan dermed tenkja seg at To-namnet opphavleg kjem frå vatnet, la oss seia at det kan ha bore namnet Tvettavatn


Midt i dette området, tvers over vegen for sjukeheimen, finn me altså Lundo – ei stor flate ovanom det gamle vatnet som ein gong i tida dekka ein god porsjon av det flate lendet ved rådhuset i Uggdal. Merk straks namnet – Lundo, lunden. Det er pussig at når ein ramsar opp heilage stader, etter prinsippet "stadnamna fortel", framhevar ein gjerne Lunde, men sjeldan eller aldri Lundo på Myklestad. Sjølv om begge namn tyder det same og kan tolkast som "ein heilag lund". Den som gjekk dit før utgravinga av tomta til den nye sjukeheimen i kommunen tok til i 2015, fekk gjerne ei kjensle av å gje seg inn på ein heilag stad, ein stad der freden rår. Det er (eller var) ei relativt stor slette, avgrensa av knausar på begge sider. Heilt i enden finst ein stor stein, som frå gammalt har vore sett på som ein offerstein av folk på garden, det såkalla «altaret». 


På byrjinga av 1950-talet vart det gjort eit oppsiktsvekkjande funn på denne staden. I – eller på staden ved – ei gravrøys i Lundo vart det funne ein stein med runeteikn, eller rettare sagt såkalla gitterhelleristingar. Steinen har seinare gjerne gått under namnet "runesteinen frå Myklestad". På eine sida er det to ovale figurar. Dei minner om fotsolar, slik ein kan sjå dei på bergristingar elles. Det er godt mogleg at steinen kan ha hatt fleire teikn, ettersom den er avslegen - men det veit me ikkje. Det er også mogleg at den kan ha vore flytta frå den opphavlege staden sin. 


Lundo vart undersøkt på ny i 1988 – det var då ei større tuft som stod i sentrum for undersøkingane. Tufta ligg på flate Lundo, nord for ein berghammar nord for tunet på bruket og aust for kapellet, i den sørvestre kanten av flata der lendet skrår slakt ned mot nordvest, men går brattare ned mot dyrka mark i sørvest. Tufta måler ca. 18 x 5 m (nordvest-søraust) i ytre mål. Ho syner att som ei forsenking i terrenget med 80 cm høge vollar rundt som går i eitt med den kringliggjande bakken i sørvest og nordaust. Vollane er to meter breie i sør. Det er ikkje mogleg å påvisa nokon endevegg i søraust, men veggen kan ha vore inngraven i bakken. Tufta har truleg hatt opning mot nordvest. Omlag midt på langveggene kan ein kjenna stein under torva, og frå søre veggen går ei steinrekkje 1.2 m mot nordaust. Dette kan vera rester etter ein skiljevegg. I dag er tufta heilt overvaksen av gras, og det veks lauvtre på vollane. 


Offersteinen på Myklestad ruvar godt ut mot skråninga med utsikt til Kyrkjevatnet, som i førhistorisk tid var monaleg større enn det var i dag - og kanskje hadde namnet Tovatnet (to = tvetta, skylja, vaska). (Foto: Knut Rage)
Omlag 7 m aust for tufta er det ein knaus, og inntil den vestre kanten låg tidlegare ei gravrøys (Fett fk. nr. 1) som no er bortkøyrd. Noko stein kan enno kjennast under grastorva, men det er vanskeleg å avgjera om dei skriv seg frå botnlaget i røysa. Kring 1 m nord for staden der gravrøysa låg er det ei 2 x 2 x 1.4 m stor jordfast blokk som er avflata på toppen. Blokka blir av folka på garden omtala som «altaret», og Lundo skal etter tradisjonen vera ein gammal offerstad. 


Her står me altså att med ei rekkje punkt som i og for seg kan vera interessante nok, men som til saman gjev eit bilete av ein stad utanom det vanlege – og som kan gje grunnlag for vidare spekulasjonar: 

– Myklestad/Miklastofa – ein stad for religiøs kultus 
– Eit stort vatn – like eigna til å vaska gudebilete i som Vevatnet 
– Lundo – heilag lund 
– Gravrøyser og hellekiste 
– Funn av ein stein med gitterhelleristing og fotsolar 
– Spor av ei større tuft 
– Ein offerstein 


I tillegg kjem området der Lundo ligg – som ein del av den gamle ferdselsvegen gjennom Uggdalsdalen, med spor etter busetnad og den eldgamle prosesjonsvegen, og med andre fortidsminne som gravrøyser, m.a. på Bjørkestølen der det også er funne ein mogleg bautastein. 


Steinen med gitterhelleristingar er det eine av to slike funn som er gjort i Tysnes. Dei ovale figurane tolkar ein gjerne som "fotsolar" - gudinna sine fotefar. Er det gudinna Nerthus som har gått her? I røynda er det vel meir snakk om skålgroper av same slaget som finst på steinhella som kom for dagen i Ve, i 1926. I eit tun låg det ei dørhelle som har innhogge skålforma søkk i den øvste delen, i alt fem groper, og i midten ein oval figur – lik ein fotsole, nett som på Myklestad-steinen. Hella var opphavleg funne oppe i lia ovanom tunet nokre år i forvegen. 


Desse skålforma gropene er minne om ofringar. Dei har vore tydde som offerskåler. Her i landet finn me dei gjerne både på bergflater og på lause steinblokker. Det ligg nær å tru det er offersteinar frå bronsealderen, altså 1800 - 500 f. Kr. – eit uendeleg langt tidsrom. Bronsealderkulturen er ein jordbrukskultur, og trivnaden åt folket hang såleis i hop med god vokster - og den varme sola. Dermed fanst det ein "solkultus" som me finn att på ymse vis, ved t.d. solkvervfenomen – det at sola skin på ein bestemt stad ved vinter- eller sommarsolkverv – eller ved at sola "et opp" feitt som er smurt i offerskåler. Teikna som liknar fotsolar har vore tydde som «far» etter sol- eller grødeguden. I gropene har dei kanskje smurt eller lagt feitt, og når sola kom, smelta det og kvarv – sola åt det på sett og vis opp. 


Kven kan denne solgudommen ha vore? Nerthus, Njord? 


På dette oversiktskartet ser ein tydeleg korleis den gamle ferdselsvegen i den vestlege enden av Uggdalsdalen kan ha gått.
Og kvar vart denne «runesteinen» nytta? Ved religiøse offerseremoniar i Lundo på Myklestad? Det var i det minste her den vart funnen. Og kor mange slike steinar og heller kan det ha funnest, kor mange ligg framleis gøymd i jorda kring oss? Fanst det få av dei, eller var dei i vanleg eiga og bruk? Heggland nemner skålgroper, spiralar, fotsolar og andre former som uttrykk for noko hevdvunne. Det må mest vera heva over einkvar tvil at desse formene har religiøst innhald. Soldyrkinga hadde stor plass i bronsealderen i heile Norden. Og guden som vart dyrka kan gjerne ha vore Njord, som stod for grøderikdomkultusen i landet vårt. 


Om gravrøysene, hellekista og tufta veit me lite. Men ser me området i eit større perspektiv kan me kanskje danna konturane av eit bilete: Staden må ha vore ein del av ferdselsvegen gjennom Uggdalsdalen. Lenger inne i dalen finst spor etter ein veg som kan vera ein av dei eldste kjende vegane i Hordaland. Vegen er fleire stader halvannan meter brei, steinsett og går over to vad. Me kan såleis tenkja oss at vegen er ein del av ein oldtidsveg mellom Onarheim og Uggdal. På Årbakka på Onarheimsida finn me eit felt med bautasteinar og gravrøyser. I dag finst det få steinar att, det skal ha vore over tretti minnesmerke i alt. Kan det ha vore storfolk som vart gravlagde her, somme hauglagd og andre med steinringar og bautasteinar til ære? Ingen stader på Tysnesøya finst så mange minnesmerke frå same tidsrommet, dvs. eldre jarnalder, frå romartid og folkevandringstid. Tilbake i Uggdalsdalen er det funne hustufter, såleis frå folkevandringstida. Det har med andre ord vore gardsbruk, folk har budd her, dei har dyrka jorda og heldt fe. Stundom har det kome nokre over fjellet frå Onarheimsida, eller dei har sjølve gått dit i ymse ærend – ikkje berre i praktiske ærend, men også i sakrale? Eller har folk kome over fjellet for å vitja Lundo? Umogleg å seia. Rimeleg sikkert er det at sjoarvegen for denne eller desse gardane må ha gått over eller forbi Lundo, ned ved vatnet og vidare gjennom skogen på Myklestad til sjøen. Og det er slett ikkje urimeleg å tenkja seg at den faste vegen må ha gått framom offersteinen. 


Frå Tysnes-soga kom ut på byrjinga av 1960-talet, og før den tid også, har det vore skapt eit bilete av Vevatnet i Lunde som ein heilag stad, eit heilagt vatn. Det einaste ein har å byggja på her er namna – ”stadnamna vitnar”. Lunde, som tyder heilag lund, og ”ve” for heilag. Men kvifor ikkje like godt Lundo på Myklestad, om ein skal sjå etter ein heilag stad med eit vatn der ein ofra og vaska gudebiletet av Nerthus? Om ein berre har dei to stadnamna Lunde og Vevatnet å gå etter, så er det like mykje som talar for Lundo: ein heilag lund, ein offerstein, funnet av runesteinen, eit vatn som kan ha hatt namnet Tvettavatn – og ikkje minst dette at staden ligg langs den eldgamle ferdselsvegen frå Onarheim, og at det har vore busetnad i området. Frå Lunde kjenner me ingen av desse momenta. Skal eg dra fram ein god kandidat til Tacitus si omtale av eit heilagt vatn, kan det like gjerne – eller heller – vera Lundo som Vevatnet. Ein må hugsa på at då Vevatnet vart gjeven denne heideren var Lundo enno ikkje korkje omtala eller kjend – Myklestad-steinen var ikkje funne, og heller ikkje altarsteinen vart ofra noko større merksemd. Vadet i Uggdalsdalen var heller ikkje korkje kjend eller undersøkt. Annleis i dag – sett under eitt finn me eit særs interessant område, med indikasjonar på at det også kan ha vore ein del av dei sakrale seremoniane som vart utøvd i heidensk tid. 


Kjelder og litteratur: 

Meyer 1888. 
U. B. Årbok 1949. 
Per Fett: Tysnes prestegjeld. Dokumentet er del av serien Førhistoriske minne i Sunnhordland – (bind-/heftenr. 8). Bergen Museum, 1954. 
Reg. 1988 av Fingerhut/Hatleskog. 
Johannes Heggland: Tysnes – det gamle Njardarlog. Utg. Tysnes Sogelag, 1964. 
Eivind Vågslid: Stadnamntydingar II. 1974. 
Brev frå Sverre Sunde (finnar) til Bergen Museum, 8/9 1949. 
Brev frå Johs. Dahl (lokalhistorikar) til konservator Per Fett, 15/12 1953. 
Svein Ove Agdestein, UiB: Munnlege opplysningar. 
Div. avisoppslag med fylkesarkeolog Tore Bjørgo. 

HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.