Forskjell mellom versjoner av «Oddrungråten»

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
m
Linje 7: Linje 7:
 
!  !!  !!  !! [[Fil:Norsk.gif|32px|link= Oddrunsgraad (Oddrúnargrátr)]] !! [[Fil:Dansk.gif|32px|link=Oddruns Klage (Olaf Hansen)]] !! [[Fil:Svensk.gif|32px|link=Oddruns klagan (NFS)]] !!  
 
!  !!  !!  !! [[Fil:Norsk.gif|32px|link= Oddrunsgraad (Oddrúnargrátr)]] !! [[Fil:Dansk.gif|32px|link=Oddruns Klage (Olaf Hansen)]] !! [[Fil:Svensk.gif|32px|link=Oddruns klagan (NFS)]] !!  
 
|-
 
|-
!  !!  !!  !!  !! !! [[Fil:Svensk.gif|32px|link=Oddruns klagan (PAG)]] !!  
+
!  !!  !!  !!  !! [[Fil:Dansk.gif|32px|link=Oddruns Klagesang (F.W.Horn)]] !! [[Fil:Svensk.gif|32px|link=Oddruns klagan (PAG)]] !!  
 
|-
 
|-
 
!  !!  !!  !!  !!  !! [[Fil:Svensk.gif|32px|link=Oddruns gråt (AAA)]] !!  
 
!  !!  !!  !!  !!  !! [[Fil:Svensk.gif|32px|link=Oddruns gråt (AAA)]] !!  

Revisjonen fra 15. sep. 2013 kl. 08:23

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Svensk.gif


Edda-Kvæde

Norrøne fornsongar

(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved

Ivar Mortensson-Egnund


Oddrun-graaten


Gunnars død
Heidrek het ein konge. Dotter hans het Borgny. Vilmund var ein, som var elskaren hennar. Ho kunde ikkje faa født barnet sitt, fyrr Oddrun kom der, syster til Atle. Gunnar Gjukeson hadde vori elskaren hennar. Um denne soga er det kvedi her.


1.
Høyrde eg sagt
i sogur forne
ei møy det kom
fraa Mornaland.
Ingen paa jord
evlde dette:
Heidreks dotter
hjelp aa gjeva.


2.
Oddrun det frette,
Atles syster,
at saare sotti
sette ho hardt.
I stallen treiv ho
skjote gangaren,
og ho sâlen
paa svarten lagde.


3.
Paa hesten ho fór
yver flate moar,
ved høge halli
heiv ho seg av,
strauk der sâlen
av svangan hest,
gjekk so heile
halli til endes,
og ho dei ordi
aller fyrst kvad:


4.
«Kva er paa ferd?
kva frettest av nytt
um hendingar her
i Huna-landom?»
TERNA kvad:
«Her ligg Borgny
broti av verk,
vena di, Oddrun,
som ventar di hjelp.»


5.
ODDRUN kvad:
«Kven hev valda
vondt aat møy i?
Korleis kom Borghild
so braatt fram i dette?»


6.
TERNA kvad:
«Vilmund heiter
venen hennar,
som varme blæja
breidde for møyi
dult for faren
i fem heile vetrar.»


7.
Det vart ikkje meir
mælt um dette.
Ved knei til møyi
ho mild seg stelte.
Rikt gol Oddrun,
ramt gol Oddrun,
beiske galdrar
for Borgny kvad ho.


8.
Vaak og vækje
vart daa fødde;
tvo blide born fekk
banen til Hogne.
Sjuke moder
mæle fekk att
og aller fyrst desse
ordi ho kvad:


9.
«So deg hjelpe
holle vette,
Frigg og Frøya
og fleire gudar,
du som Borgny berga
fraa braa-dauden.»


10.
ODDRUN kvad:
«Det var ikkje dette
som dreiv meg til hjelp
at verd du vøre
vaarkunn av meg.
Eg hev det lova
og laut det halde
allstad hjelpe
naar um det trongst.»


11.
BORGNY kvad:
«Ør er du, Oddrun,
og utan vit,
kor kann du koma
med so kaldlege ord?
Fots-føte eg
fylgt deg hev,
som um born til brødrar
me baae vøre.»


12.
ODDRUN kvad:
«Vel eg minnest
det du mælte um kveld,
daa eg med Gunnar
gav meg i lag.
Slikt, du sae,
skulde ’kje hende
andre møyar
enn meg einast.»


13.
Sette ho seg
sorgtunge kvende,
tok til aa tala
um tregefullt liv:


14.
«Fostra vart eg
i fyrste-salar;
fagnad eg fekk
av dei fremste menn;
i glede og gaman
godt eg unte,
i fem sæle aar,
fyrr far min døydde.


15.
Siste ordet
han sa var dette,
daa kongen fór burt
til kvila den siste:
dei skulde gull
gjeva aat meg
og gifte meg sudpaa
med Grimhild-sonen.


16.
Brynhild fekk bera
brynje og hjelm,
han sa at skjoldmøy
skulde ho vera,
ypparste dros
i allom heimen,
drustaste møy,
um so meisteren vilde.


17.
Med Brynhild i buret
breidde veven,
ho hadde lydar
og land under seg.
Det duna i hei
og heilt upp i sky,
daa Faavnes bane
til borgi kom fram.


18.
Slag vart slegi
med sverd det velske,
so borgi brotna
som Brynhild aatte.
Men ikkje lenge
det leid etter dette,
fyrr alle velur
ho visste fullvel.


19.
Ho var hardsett
til hemn aa taka,
det fekk me riklegt
røyne alle.
Gjetord um dette
gjeng rundt verdi,
at saman med Sigurd
ho søkte dauden.


20.
Men Gunnar han fekk
godviljen min,
eg gav meg burt
i Biynhild sin stad.


21.
Atle dei baud
baugar raude
store bøter
skulde bror min faa.
Femtan bøar
baud dei for meg,
ei kløv av Granes
gull dei han baud.


22.
Men Atle sae
at aldri tok han
gaavur for meg
av Gjuke-sonen.
Men ikkje me makta
mot elsken stande,
mitt hovud halla
honom imot.


23.
Det mælte mange
av mine frendar
dei hadde til saman
set oss baae.
Men Atle meinte
eg munde vera
fri for lyte
og last i dette.


24.
Men trygg seg segja
i slikt kann ingen,
naar elsken øser
og ører hugen.


25.
Sine sveinar
sende Atle
ut paa spæjing
i skogen myrke.
Aa, aldri skulde
dei set oss dera,
naar arm i arm
me uneleg laag.


26.
Raude baugar
baud me dei,
at dei ikkje um det
til Atle tala;
men dei hasta
og heim seg skunda,
og alt dei ubljugt
Atle fortalde.


27.
Men for Gudrun
gøymde dei alt,
det som helst hadde høvt
for henne a a vita.


28.
Det glumde og glamra
av gullskodde hestar,
daa Gjukes søner
til garden reid fram.
Hjarta dei ut
or Hogne daa skar,
men i ormegarden
den andre vart hivd.


29.
Endaa ein gong til Geirmund
gjengi var eg,
bjor for buggen
aa bryggje eg skulde.
Daa byrja han høgt
paa harpa laate,
hjelp han vona
av vena si.


30.
Det lyddest so vel
fraa Lesøyi inn,
kor saare suter
fraa strengom let,
daa bad eg ternune
bu seg til,
eg vilde freiste
fyrsten aa berge.


31.
Skjott me siglde
sundet yver,
til me øygde
Atle-garden.


32.
Kom der kona
krekande fram,
mor til Atle,
gjev morkna ho var!
Tonni ho grov
inn i Gunnars hjarta.
No ingen kunde
kulten berge.


33.
Eg maa deg segja,
straalande viv,
det underlegt er
at eg etter kann leva.
Som mitt eige liv
elska eg han,
sverd-svingaren,
sterke kjempa.


34.
Du sat og lydde,
med eg sae ifraa
um all lagnad ill
som oss hev raaka.
I lengt og kjærleik
me livet vaart hev.»


Hermed endar Oddrun-graaten.