Forskjell mellom versjoner av «Oddrungråten»
Hopp til navigering
Hopp til søk
Edda-Kvæde
(Retta mange skriveveilor, brigda aa > å.) |
|||
Linje 29: | Linje 29: | ||
− | [[Fil:Gunnar i ormegården.jpg|thumb|right|350px|<center>'''Gunnars død'''</center>]] Heidrek het ein konge. Dotter hans het Borgny. Vilmund var ein, som var elskaren hennar. Ho kunde ikkje | + | [[Fil:Gunnar i ormegården.jpg|thumb|right|350px|<center>'''Gunnars død'''</center>]] Heidrek het ein konge. Dotter hans het Borgny. Vilmund var ein, som var elskaren hennar. Ho kunde ikkje få født barnet sitt, fyrr Oddrun kom der, syster til Atle. Gunnar Gjukeson hadde vori elskaren hennar. Um denne soga er det kvedi her. |
Linje 36: | Linje 36: | ||
:i sogur forne | :i sogur forne | ||
:ei møy det kom | :ei møy det kom | ||
− | : | + | :frå Mornaland. |
− | :Ingen | + | :Ingen på jord |
:evlde dette: | :evlde dette: | ||
:Heidreks dotter | :Heidreks dotter | ||
− | :hjelp | + | :hjelp å gjeva. |
Linje 46: | Linje 46: | ||
:Oddrun det frette, | :Oddrun det frette, | ||
:Atles syster, | :Atles syster, | ||
− | :at | + | :at såre sotti |
:sette ho hardt. | :sette ho hardt. | ||
:I stallen treiv ho | :I stallen treiv ho | ||
:skjote gangaren, | :skjote gangaren, | ||
:og ho sâlen | :og ho sâlen | ||
− | : | + | :på svarten lagde. |
:3. | :3. | ||
− | : | + | :På hesten ho fór |
:yver flate moar, | :yver flate moar, | ||
:ved høge halli | :ved høge halli | ||
Linje 68: | Linje 68: | ||
:4. | :4. | ||
− | :«Kva er | + | :«Kva er på ferd? |
:kva frettest av nytt | :kva frettest av nytt | ||
:um hendingar her | :um hendingar her | ||
Linje 83: | Linje 83: | ||
:''ODDRUN kvad:'' | :''ODDRUN kvad:'' | ||
:«Kven hev valda | :«Kven hev valda | ||
− | :vondt | + | :vondt åt møyi? |
:Korleis kom Borghild | :Korleis kom Borghild | ||
− | :so | + | :so brått fram i dette?» |
Linje 94: | Linje 94: | ||
:som varme blæja | :som varme blæja | ||
:breidde for møyi | :breidde for møyi | ||
− | :dult for | + | :dult for fâren |
:i fem heile vetrar.» | :i fem heile vetrar.» | ||
Linje 110: | Linje 110: | ||
:8. | :8. | ||
− | : | + | :Våk og vækje |
− | :vart | + | :vart då fødde; |
:tvo blide born fekk | :tvo blide born fekk | ||
:banen til Hogne. | :banen til Hogne. | ||
Linje 126: | Linje 126: | ||
:og fleire gudar, | :og fleire gudar, | ||
:du som Borgny berga | :du som Borgny berga | ||
− | : | + | :frå brå-dauden.» |
Linje 134: | Linje 134: | ||
:som dreiv meg til hjelp | :som dreiv meg til hjelp | ||
:at verd du vøre | :at verd du vøre | ||
− | : | + | :vårkunn av meg. |
:Eg hev det lova | :Eg hev det lova | ||
:og laut det halde | :og laut det halde | ||
:allstad hjelpe | :allstad hjelpe | ||
− | : | + | :når um det trongst.» |
Linje 150: | Linje 150: | ||
:fylgt deg hev, | :fylgt deg hev, | ||
:som um born til brødrar | :som um born til brødrar | ||
− | :me | + | :me båe vøre.» |
Linje 157: | Linje 157: | ||
:«Vel eg minnest | :«Vel eg minnest | ||
:det du mælte um kveld, | :det du mælte um kveld, | ||
− | : | + | :då eg med Gunnar |
:gav meg i lag. | :gav meg i lag. | ||
:Slikt, du sae, | :Slikt, du sae, | ||
Linje 168: | Linje 168: | ||
:Sette ho seg | :Sette ho seg | ||
:sorgtunge kvende, | :sorgtunge kvende, | ||
− | :tok til | + | :tok til å tala |
:um tregefullt liv: | :um tregefullt liv: | ||
Linje 179: | Linje 179: | ||
:i glede og gaman | :i glede og gaman | ||
:godt eg unte, | :godt eg unte, | ||
− | :i fem sæle | + | :i fem sæle år, |
:fyrr far min døydde. | :fyrr far min døydde. | ||
Linje 186: | Linje 186: | ||
:Siste ordet | :Siste ordet | ||
:han sa var dette, | :han sa var dette, | ||
− | : | + | :då kongen fór burt |
:til kvila den siste: | :til kvila den siste: | ||
:dei skulde gull | :dei skulde gull | ||
− | :gjeva | + | :gjeva åt meg |
− | :og gifte meg | + | :og gifte meg sudpå |
:med Grimhild-sonen. | :med Grimhild-sonen. | ||
Linje 212: | Linje 212: | ||
:Det duna i hei | :Det duna i hei | ||
:og heilt upp i sky, | :og heilt upp i sky, | ||
− | : | + | :då Fåvnes bane |
:til borgi kom fram. | :til borgi kom fram. | ||
Linje 220: | Linje 220: | ||
:med sverd det velske, | :med sverd det velske, | ||
:so borgi brotna | :so borgi brotna | ||
− | :som Brynhild | + | :som Brynhild åtte. |
:Men ikkje lenge | :Men ikkje lenge | ||
:det leid etter dette, | :det leid etter dette, | ||
Linje 229: | Linje 229: | ||
:19. | :19. | ||
:Ho var hardsett | :Ho var hardsett | ||
− | :til hemn | + | :til hemn å taka, |
:det fekk me riklegt | :det fekk me riklegt | ||
:røyne alle. | :røyne alle. | ||
Linje 242: | Linje 242: | ||
:godviljen min, | :godviljen min, | ||
:eg gav meg burt | :eg gav meg burt | ||
− | :i | + | :i Brynhild sin stad. |
Linje 249: | Linje 249: | ||
:baugar raude | :baugar raude | ||
:store bøter | :store bøter | ||
− | :skulde bror min | + | :skulde bror min få. |
:Femtan bøar | :Femtan bøar | ||
:baud dei for meg, | :baud dei for meg, | ||
Linje 259: | Linje 259: | ||
:Men Atle sae | :Men Atle sae | ||
:at aldri tok han | :at aldri tok han | ||
− | : | + | :gåvur for meg |
:av Gjuke-sonen. | :av Gjuke-sonen. | ||
:Men ikkje me makta | :Men ikkje me makta | ||
Linje 271: | Linje 271: | ||
:av mine frendar | :av mine frendar | ||
:dei hadde til saman | :dei hadde til saman | ||
− | :set oss | + | :set oss båe. |
:Men Atle meinte | :Men Atle meinte | ||
:eg munde vera | :eg munde vera | ||
Linje 281: | Linje 281: | ||
:Men trygg seg segja | :Men trygg seg segja | ||
:i slikt kann ingen, | :i slikt kann ingen, | ||
− | : | + | :når elsken øser |
:og ører hugen. | :og ører hugen. | ||
Linje 288: | Linje 288: | ||
:Sine sveinar | :Sine sveinar | ||
:sende Atle | :sende Atle | ||
− | :ut | + | :ut på spæjing |
:i skogen myrke. | :i skogen myrke. | ||
− | : | + | :Å, aldri skulde |
:dei set oss dera, | :dei set oss dera, | ||
− | : | + | :når arm i arm |
− | :me uneleg | + | :me uneleg låg. |
Linje 311: | Linje 311: | ||
:gøymde dei alt, | :gøymde dei alt, | ||
:det som helst hadde høvt | :det som helst hadde høvt | ||
− | :for henne | + | :for henne å vita. |
Linje 317: | Linje 317: | ||
:Det glumde og glamra | :Det glumde og glamra | ||
:av gullskodde hestar, | :av gullskodde hestar, | ||
− | : | + | :då Gjukes søner |
:til garden reid fram. | :til garden reid fram. | ||
:Hjarta dei ut | :Hjarta dei ut | ||
− | :or Hogne | + | :or Hogne då skar, |
:men i ormegarden | :men i ormegarden | ||
:den andre vart hivd. | :den andre vart hivd. | ||
Linje 326: | Linje 326: | ||
:29. | :29. | ||
− | : | + | :Endå ein gong til Geirmund |
:gjengi var eg, | :gjengi var eg, | ||
:bjor for buggen | :bjor for buggen | ||
− | : | + | :å bryggje eg skulde. |
− | : | + | :Då byrja han høgt |
− | : | + | :på harpa låte, |
:hjelp han vona | :hjelp han vona | ||
:av vena si. | :av vena si. | ||
Linje 338: | Linje 338: | ||
:30. | :30. | ||
:Det lyddest so vel | :Det lyddest so vel | ||
− | : | + | :frå Lesøyi inn, |
− | :kor | + | :kor såre suter |
− | : | + | :frå strengom let, |
− | : | + | :då bad eg ternune |
:bu seg til, | :bu seg til, | ||
:eg vilde freiste | :eg vilde freiste | ||
− | :fyrsten | + | :fyrsten å berge. |
Linje 366: | Linje 366: | ||
:33. | :33. | ||
− | :Eg | + | :Eg må deg segja, |
− | : | + | :strålande viv, |
:det underlegt er | :det underlegt er | ||
:at eg etter kann leva. | :at eg etter kann leva. | ||
Linje 378: | Linje 378: | ||
:34. | :34. | ||
:Du sat og lydde, | :Du sat og lydde, | ||
− | :med eg sae | + | :med eg sae ifrå |
:um all lagnad ill | :um all lagnad ill | ||
− | :som oss hev | + | :som oss hev råka. |
:I lengt og kjærleik | :I lengt og kjærleik | ||
− | :me livet | + | :me livet vårt hev.» |
− | Hermed endar Oddrun- | + | Hermed endar Oddrun-gråten. |
Revisjonen fra 27. feb. 2014 kl. 01:38
Velg språk | Norrønt | Islandsk | Norsk | Dansk | Svensk | Færøysk |
---|---|---|---|---|---|---|
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► | ||||||
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)
På nynorsk ved
Heidrek het ein konge. Dotter hans het Borgny. Vilmund var ein, som var elskaren hennar. Ho kunde ikkje få født barnet sitt, fyrr Oddrun kom der, syster til Atle. Gunnar Gjukeson hadde vori elskaren hennar. Um denne soga er det kvedi her.
- 1.
- Høyrde eg sagt
- i sogur forne
- ei møy det kom
- frå Mornaland.
- Ingen på jord
- evlde dette:
- Heidreks dotter
- hjelp å gjeva.
- 2.
- Oddrun det frette,
- Atles syster,
- at såre sotti
- sette ho hardt.
- I stallen treiv ho
- skjote gangaren,
- og ho sâlen
- på svarten lagde.
- 3.
- På hesten ho fór
- yver flate moar,
- ved høge halli
- heiv ho seg av,
- strauk der sâlen
- av svangan hest,
- gjekk so heile
- halli til endes,
- og ho dei ordi
- aller fyrst kvad:
- 4.
- «Kva er på ferd?
- kva frettest av nytt
- um hendingar her
- i Huna-landom?»
- TERNA kvad:
- «Her ligg Borgny
- broti av verk,
- vena di, Oddrun,
- som ventar di hjelp.»
- 5.
- ODDRUN kvad:
- «Kven hev valda
- vondt åt møyi?
- Korleis kom Borghild
- so brått fram i dette?»
- 6.
- TERNA kvad:
- «Vilmund heiter
- venen hennar,
- som varme blæja
- breidde for møyi
- dult for fâren
- i fem heile vetrar.»
- 7.
- Det vart ikkje meir
- mælt um dette.
- Ved knei til møyi
- ho mild seg stelte.
- Rikt gol Oddrun,
- ramt gol Oddrun,
- beiske galdrar
- for Borgny kvad ho.
- 8.
- Våk og vækje
- vart då fødde;
- tvo blide born fekk
- banen til Hogne.
- Sjuke moder
- mæle fekk att
- og aller fyrst desse
- ordi ho kvad:
- 9.
- «So deg hjelpe
- holle vette,
- Frigg og Frøya
- og fleire gudar,
- du som Borgny berga
- frå brå-dauden.»
- 10.
- ODDRUN kvad:
- «Det var ikkje dette
- som dreiv meg til hjelp
- at verd du vøre
- vårkunn av meg.
- Eg hev det lova
- og laut det halde
- allstad hjelpe
- når um det trongst.»
- 11.
- BORGNY kvad:
- «Ør er du, Oddrun,
- og utan vit,
- kor kann du koma
- med so kaldlege ord?
- Fots-føte eg
- fylgt deg hev,
- som um born til brødrar
- me båe vøre.»
- 12.
- ODDRUN kvad:
- «Vel eg minnest
- det du mælte um kveld,
- då eg med Gunnar
- gav meg i lag.
- Slikt, du sae,
- skulde ’kje hende
- andre møyar
- enn meg einast.»
- 13.
- Sette ho seg
- sorgtunge kvende,
- tok til å tala
- um tregefullt liv:
- 14.
- «Fostra vart eg
- i fyrste-salar;
- fagnad eg fekk
- av dei fremste menn;
- i glede og gaman
- godt eg unte,
- i fem sæle år,
- fyrr far min døydde.
- 15.
- Siste ordet
- han sa var dette,
- då kongen fór burt
- til kvila den siste:
- dei skulde gull
- gjeva åt meg
- og gifte meg sudpå
- med Grimhild-sonen.
- 16.
- Brynhild fekk bera
- brynje og hjelm,
- han sa at skjoldmøy
- skulde ho vera,
- ypparste dros
- i allom heimen,
- drustaste møy,
- um so meisteren vilde.
- 17.
- Med Brynhild i buret
- breidde veven,
- ho hadde lydar
- og land under seg.
- Det duna i hei
- og heilt upp i sky,
- då Fåvnes bane
- til borgi kom fram.
- 18.
- Slag vart slegi
- med sverd det velske,
- so borgi brotna
- som Brynhild åtte.
- Men ikkje lenge
- det leid etter dette,
- fyrr alle velur
- ho visste fullvel.
- 19.
- Ho var hardsett
- til hemn å taka,
- det fekk me riklegt
- røyne alle.
- Gjetord um dette
- gjeng rundt verdi,
- at saman med Sigurd
- ho søkte dauden.
- 20.
- Men Gunnar han fekk
- godviljen min,
- eg gav meg burt
- i Brynhild sin stad.
- 21.
- Atle dei baud
- baugar raude
- store bøter
- skulde bror min få.
- Femtan bøar
- baud dei for meg,
- ei kløv av Granes
- gull dei han baud.
- 22.
- Men Atle sae
- at aldri tok han
- gåvur for meg
- av Gjuke-sonen.
- Men ikkje me makta
- mot elsken stande,
- mitt hovud halla
- honom imot.
- 23.
- Det mælte mange
- av mine frendar
- dei hadde til saman
- set oss båe.
- Men Atle meinte
- eg munde vera
- fri for lyte
- og last i dette.
- 24.
- Men trygg seg segja
- i slikt kann ingen,
- når elsken øser
- og ører hugen.
- 25.
- Sine sveinar
- sende Atle
- ut på spæjing
- i skogen myrke.
- Å, aldri skulde
- dei set oss dera,
- når arm i arm
- me uneleg låg.
- 26.
- Raude baugar
- baud me dei,
- at dei ikkje um det
- til Atle tala;
- men dei hasta
- og heim seg skunda,
- og alt dei ubljugt
- Atle fortalde.
- 27.
- Men for Gudrun
- gøymde dei alt,
- det som helst hadde høvt
- for henne å vita.
- 28.
- Det glumde og glamra
- av gullskodde hestar,
- då Gjukes søner
- til garden reid fram.
- Hjarta dei ut
- or Hogne då skar,
- men i ormegarden
- den andre vart hivd.
- 29.
- Endå ein gong til Geirmund
- gjengi var eg,
- bjor for buggen
- å bryggje eg skulde.
- Då byrja han høgt
- på harpa låte,
- hjelp han vona
- av vena si.
- 30.
- Det lyddest so vel
- frå Lesøyi inn,
- kor såre suter
- frå strengom let,
- då bad eg ternune
- bu seg til,
- eg vilde freiste
- fyrsten å berge.
- 31.
- Skjott me siglde
- sundet yver,
- til me øygde
- Atle-garden.
- 32.
- Kom der kona
- krekande fram,
- mor til Atle,
- gjev morkna ho var!
- Tonni ho grov
- inn i Gunnars hjarta.
- No ingen kunde
- kulten berge.
- 33.
- Eg må deg segja,
- strålande viv,
- det underlegt er
- at eg etter kann leva.
- Som mitt eige liv
- elska eg han,
- sverd-svingaren,
- sterke kjempa.
- 34.
- Du sat og lydde,
- med eg sae ifrå
- um all lagnad ill
- som oss hev råka.
- I lengt og kjærleik
- me livet vårt hev.»
Hermed endar Oddrun-gråten.