Forskjell mellom versjoner av «Svipdagsmål. II. Fjolsvinnsmål»

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Fjölsvinnsmál v. Mortensson-Egnund)
 
(Retta mange skriveveilor, brigda aa > å.)
Linje 40: Linje 40:
 
::«Kva er det for utbord,
 
::«Kva er det for utbord,
 
::som i utgarden sviv
 
::som i utgarden sviv
::og kring vaa-elden vadrar?»
+
::og kring -elden vadrar?»
  
  
Linje 48: Linje 48:
 
::kva søkjer du her,
 
::kva søkjer du her,
 
::eller kva vil du, vesaling, vita?
 
::eller kva vil du, vesaling, vita?
::Paa sleipe vegjer
+
::sleipe vegjer
 
::du slengje deg av att,
 
::du slengje deg av att,
 
::her fær du ’kje vernlaus vera.»
 
::her fær du ’kje vernlaus vera.»
Linje 54: Linje 54:
  
 
::3.
 
::3.
::''KOMMEMANNEN:''
+
::''KOMEMANNEN:''
 
::«Kva er det for utbord
 
::«Kva er det for utbord
 
::som i utgarden stend
 
::som i utgarden stend
 
::og fagnar ’kje farande folk?
 
::og fagnar ’kje farande folk?
::Paa sømdar-ord ikkje
+
::sømdar-ord ikkje
 
::den sellen er flus;
 
::den sellen er flus;
 
::hav deg sjølv heim!»
 
::hav deg sjølv heim!»
Linje 74: Linje 74:
  
 
::5.
 
::5.
::''KOMMEMANNEN''
+
::''KOMEMANNEN''
::«Augne-gammen
+
::«Augne-gaman
::hugast ein atter faa,
+
::hugast ein atter ,
::der ein det sælt mun sjaa.
+
::der ein det sælt mun sjå.
 
::Gardar glitrar
 
::Gardar glitrar
 
::um gyllne sal,
 
::um gyllne sal,
Linje 88: Linje 88:
 
::kvar stokken du er
 
::kvar stokken du er
 
::eller kva ætt du mun eige?»
 
::eller kva ætt du mun eige?»
::''KOMMEMANNEN:''
+
::''KOMEMANNEN:''
 
::«Vindkald eg heiter,
 
::«Vindkald eg heiter,
::Vaarkald het far min,
+
::Vårkald het far min,
 
::Fullkald het far hans.
 
::Fullkald het far hans.
  
Linje 120: Linje 120:
 
::kva grindi her heiter;
 
::kva grindi her heiter;
 
::i gudheim snautt
 
::i gudheim snautt
::saag du so steggleg greide!»
+
::såg du so steggleg greide!»
  
  
Linje 130: Linje 130:
 
::Fjetra fast vert
 
::Fjetra fast vert
 
::kvar farande mann,
 
::kvar farande mann,
::som ho vil lyfte fraa led.»
+
::som ho vil lyfte frå led.»
  
  
Linje 140: Linje 140:
 
::kva gjerdet her heiter;
 
::kva gjerdet her heiter;
 
::i gudheim snautt
 
::i gudheim snautt
::saag du so steggleg greide!»
+
::såg du so steggleg greide!»
  
  
Linje 185: Linje 185:
 
::16.
 
::16.
 
::''FJOLSVINN:''
 
::''FJOLSVINN:''
::«Um aa sova dei skiftest,
+
::«Um å sova dei skiftest,
 
::det soleis vart laga,
 
::det soleis vart laga,
::daa vakt dei skulde vera;
+
::vakt dei skulde vera;
 
::''ein'' søv um natti,
 
::''ein'' søv um natti,
 
::den andre um dagen,
 
::den andre um dagen,
Linje 210: Linje 210:
 
::um einkvar mannen
 
::um einkvar mannen
 
::den maten gjev dei,
 
::den maten gjev dei,
::daa laupe han inn med dei et.»
+
::laupe han inn med dei et.»
  
  
Linje 219: Linje 219:
 
::og vita det vil eg:
 
::og vita det vil eg:
 
::kva det treet heiter,
 
::kva det treet heiter,
::paa tunet der stend
+
::tunet der stend
 
::og veks so vidt yver land?»
 
::og veks so vidt yver land?»
  
Linje 229: Linje 229:
 
::kva rot det hev runni av;
 
::kva rot det hev runni av;
 
::kva som flekkjer treet
 
::kva som flekkjer treet
::kann faae tenkje,
+
::kann fåe tenkje,
 
::det er korkje eld eller jarn.»
 
::det er korkje eld eller jarn.»
  
Linje 246: Linje 246:
 
::''FJOLSVINN:''
 
::''FJOLSVINN:''
 
::«Av alda eit grand
 
::«Av alda eit grand
::paa eld du hive,
+
::eld du hive,
 
::det batar barnsjuke kvende;
 
::det batar barnsjuke kvende;
::fram i dagen daa kjem
+
::fram i dagen kjem
 
::det som dult var,
 
::det som dult var,
 
::slik makt og mynje hev treet.»
 
::slik makt og mynje hev treet.»
Linje 267: Linje 267:
 
::«Vedovne han heiter
 
::«Vedovne han heiter
 
::høgt i vêret han skin,
 
::høgt i vêret han skin,
::i topp paa Mima-tre.
+
::i topp Mima-tre.
 
::I hugsotti hard
 
::I hugsotti hard
 
::held han alltid
 
::held han alltid
Linje 278: Linje 278:
 
::som eg fretter deg um,
 
::som eg fretter deg um,
 
::og vita det vil eg:
 
::og vita det vil eg:
::um eit vaapen det finst,
+
::um eit våpen det finst,
 
::som Vedovne kann
 
::som Vedovne kann
 
::sende ned og nord!»
 
::sende ned og nord!»
Linje 290: Linje 290:
 
::i seigjarn-kista.
 
::i seigjarn-kista.
 
::Sinmara hev han
 
::Sinmara hev han
::læst med laas ni.»
+
::læst med lås ni.»
  
  
Linje 309: Linje 309:
 
::og vil teinen taka,
 
::og vil teinen taka,
 
::um med seg han fører
 
::um med seg han fører
::det faae mun eige
+
::det fåe mun eige
 
::til fræge, gullrike fruga.»
 
::til fræge, gullrike fruga.»
  
Linje 326: Linje 326:
 
::''FJOLSVINN:''
 
::''FJOLSVINN:''
 
::«I lur du ljose
 
::«I lur du ljose
::ljaaen bere
+
::ljåen bere
 
::som er i Vedovnes vele;
 
::som er i Vedovnes vele;
 
::gjev Sinmara denne,
 
::gjev Sinmara denne,
::daa sjaa du kann
+
::då sjå du kann
::ho viljugt vaapnet gjev deg.»
+
::ho viljugt våpnet gjev deg.»
  
  
Linje 347: Linje 347:
 
::«Lyr han heiter,
 
::«Lyr han heiter,
 
::og lenge han skal
 
::og lenge han skal
::bivre paa sverd-odd og brodd;
+
::bivre sverd-odd og brodd;
 
::um fegra hans
 
::um fegra hans
 
::mun millom folk
 
::mun millom folk
Linje 359: Linje 359:
 
::og vita det vil eg:
 
::og vita det vil eg:
 
::kven det gullfagre,
 
::kven det gullfagre,
::hev gjort, som eg saag
+
::hev gjort, som eg såg
 
::i alvegarden inne?»
 
::i alvegarden inne?»
  
Linje 387: Linje 387:
 
::«Lyvjaberg det heiter,
 
::«Lyvjaberg det heiter,
 
::lenge det var
 
::lenge det var
::sjuke og saare til trøyst;
+
::sjuke og såre til trøyst;
 
::kvart eit kvende
 
::kvart eit kvende
 
::som kliv det berget,
 
::som kliv det berget,
Linje 420: Linje 420:
 
::bergar dei deim,
 
::bergar dei deim,
 
::som blot mun gjera,
 
::som blot mun gjera,
::naar nokon er i naud?»
+
::når nokon er i naud?»
  
  
Linje 426: Linje 426:
 
::''FJOLSVINN:''
 
::''FJOLSVINN:''
 
::«Berging dei gjev
 
::«Berging dei gjev
::naar bloting dei fær
+
::når bloting dei fær
::paa heilagt horg;
+
::heilagt horg;
 
::so hard ei trengsle
 
::so hard ei trengsle
 
::høver ’kje nokon,
 
::høver ’kje nokon,
Linje 455: Linje 455:
 
::43.
 
::43.
 
::''VINDKALD:''
 
::''VINDKALD:''
::«Slåa paa døri
+
::«Slå på døri
 
::og sleng upp porten,
 
::og sleng upp porten,
::her mun du Svipdag sjaa.
+
::her mun du Svipdag sjå.
 
::Skunda deg spør,
 
::Skunda deg spør,
 
::um den solbjarte vil
 
::um den solbjarte vil
Linje 467: Linje 467:
 
::«Høyr du Menglad,
 
::«Høyr du Menglad,
 
::ein mann her er komen,
 
::ein mann her er komen,
::gakk du gjest aa sjaa;
+
::gakk du gjest å sjå;
 
::av hundar fagna,
 
::av hundar fagna,
 
::med hus seg opnar,
 
::med hus seg opnar,
Linje 484: Linje 484:
  
 
::46.
 
::46.
::Kvar kjem du ifraa,
+
::Kvar kjem du ifrå,
 
::og kvar tok du ut,
 
::og kvar tok du ut,
 
::kva vart du heime kalla?
 
::kva vart du heime kalla?
Linje 498: Linje 498:
 
::heiman dreiv meg vindar kalde vegjer.
 
::heiman dreiv meg vindar kalde vegjer.
 
::Urd sine ord
 
::Urd sine ord
::ingen ruggar
+
::ingen ruggar,
 
::um og lagnad lagdest tung.»
 
::um og lagnad lagdest tung.»
  
Linje 508: Linje 508:
 
::helsar-kyssen du have.
 
::helsar-kyssen du have.
 
::Sælaste fagnad
 
::Sælaste fagnad
::aa finnast for dei,
+
::å finnast for dei,
 
::som heve kvarandre kjær.
 
::som heve kvarandre kjær.
  
Linje 514: Linje 514:
 
::49.
 
::49.
 
::Lenge eg sat
 
::Lenge eg sat
::paa Lyvjaberg
+
::Lyvjaberg
::bidde baade døger og dag.
+
::bidde både døger og dag.
 
::Og no det vart
 
::Og no det vart
 
::som venta eg hev,
 
::som venta eg hev,
Linje 523: Linje 523:
 
::50.
 
::50.
 
::Hugen leika
 
::Hugen leika
::lengta etter dig
+
::lengta etter deg
::saar var og saknad din.
+
::sår var og saknad din.
 
::No er det sanning
 
::No er det sanning
 
::at saman me skal
 
::at saman me skal

Revisjonen fra 27. feb. 2014 kl. 03:44

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif


Edda-Kvæde

Norrøne fornsongar

(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved

Ivar Mortensson-Egnund


Svipdagsmaal

II. Fjolsvinnsmaal


W. G. Collingwood: Svipdag og Menglad
1.
Upp kom Svipdag
ved utgarden fram.
der tussar hadde heim:
«Kva er det for utbord,
som i utgarden sviv
og kring vå-elden vadrar?»


2.
FJOLSVINN:
«Kva sviv du etter,
kva søkjer du her,
eller kva vil du, vesaling, vita?
På sleipe vegjer
du slengje deg av att,
her fær du ’kje vernlaus vera.»


3.
KOMEMANNEN:
«Kva er det for utbord
som i utgarden stend
og fagnar ’kje farande folk?
På sømdar-ord ikkje
den sellen er flus;
hav deg sjølv heim!»


4.
FJOLSVINN:
«Fjolsvinn eg heiter,
frod er eg i hug,
men matmild ingen meg kallar.
Innanfor garden
aldri kjem du,
far din veg, varg!


5.
KOMEMANNEN
«Augne-gaman
hugast ein atter få,
der ein det sælt mun sjå.
Gardar glitrar
um gyllne sal,
her munde eg hjarteleg una.»


6.
FJOLSVINN:
«Seg meg no svein
kvar stokken du er
eller kva ætt du mun eige?»
KOMEMANNEN:
«Vindkald eg heiter,
Vårkald het far min,
Fullkald het far hans.


7.
Seg meg det Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kven som her er herre
og heve i vald
gods og gilde salar!»


8.
FJOLSVINN:
«Menglad ho heiter,
og ho er dotter
av son til Svavrtorin.
Ho er herren
som heve i vald
gods og gilde salar. »


9.
VINDKALD:
«Seg meg det Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva grindi her heiter;
i gudheim snautt
såg du so steggleg greide!»


10.
FJOLSVINN:
«Trymgjoll ho heiter,
er gjord av tri
søner til Solblinde.
Fjetra fast vert
kvar farande mann,
som ho vil lyfte frå led.»


11.
VINDKALD:
«Seg meg det Fjolsvinn.
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva gjerdet her heiter;
i gudheim snautt
såg du so steggleg greide!»


12.
FJOLSVINN:
«Gaststropne det heiter,
men gjort det hev eg
av lemom hans Leirbrime.
So hev eg studt det,
at stande det skal
trygt i all æva.»


13.
VINDKALD:
«Seg meg det Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva dei hundane heiter
som horskare gøyr
enn eg hev noko sinn høyrt!»


14.
FJOLSVINN:
«Givr heiter ein,
Gjere den andre,
um du vil det vita;
møyane alltid
dei idugt vaktar
so lenge verdi varer.»


15.
VINDKALD:
«Seg meg det Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kann det so høve,
med hundane søv,
ein svein kann smette inn?»


16.
FJOLSVINN:
«Um å sova dei skiftest,
det soleis vart laga,
då vakt dei skulde vera;
ein søv um natti,
den andre um dagen,
koma der ingen kann.»


17.
VINDKALD:
«Seg meg det Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
er det nokon mann,
som kann mat dei gjeva
og laupe inn med dei et?»


18.
FJOLSVINN:
«Vengstykke tvo
i Vedovne ligg,
um du vil det vita:
um einkvar mannen
den maten gjev dei,
då laupe han inn med dei et.»


19.
VINDKALD:
«Seg meg det Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva det treet heiter,
på tunet der stend
og veks so vidt yver land?»


20.
FJOLSVINN:
«Mima-tre det heiter,
ikkje mange det veit
kva rot det hev runni av;
kva som flekkjer treet
kann fåe tenkje,
det er korkje eld eller jarn.»


21.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva gagn er i fræ
av fræge treet
som korkje eld eller jarn flekkjer?»


22.
FJOLSVINN:
«Av alda eit grand
på eld du hive,
det batar barnsjuke kvende;
fram i dagen då kjem
det som dult var,
slik makt og mynje hev treet.»


23.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva heiter hanen
som sit i høge treet,
av gull all han glor?»


24.
FJOLSVINN:
«Vedovne han heiter
høgt i vêret han skin,
i topp på Mima-tre.
I hugsotti hard
held han alltid
Surt og Sinmara.»


25.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
um eit våpen det finst,
som Vedovne kann
sende ned og nord!»


26.
FJOLSVINN:
«Lævatein gjer det;
kloke Lopt han gøymer
nede under jord
i seigjarn-kista.
Sinmara hev han
læst med lås ni.»


27.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kjem han attende
den som av mun fara
og vil teinen taka?»


28.
FJOLSVINN:
«Attende han kjem,
den som av mun fara
og vil teinen taka,
um med seg han fører
det fåe mun eige
til fræge, gullrike fruga.»


29.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva som metande er
av det menner eig,
so bleike gygri vert glad!»


30.
FJOLSVINN:
«I lur du ljose
ljåen bere
som er i Vedovnes vele;
gjev Sinmara denne,
då sjå du kann
ho viljugt våpnet gjev deg.»


31.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva salen heiter,
som det seg sveiper
leikande logar ikring!»


32.
FJOLSVINN:
«Lyr han heiter,
og lenge han skal
bivre på sverd-odd og brodd;
um fegra hans
mun millom folk
einast gjetord gange.»


33.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kven det gullfagre,
hev gjort, som eg såg
i alvegarden inne?»


34.
FJOLSVINN:
«Une og Ire,
Bare og Ore,
Var og Vegdrasil,
Dore og Ure,
Delling var og
der ved døri vakt.»


35.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva det berget heiter,
der bruri eg ser
den drustelege drøyme.»


36.
FJOLSVINN:
«Lyvjaberg det heiter,
lenge det var
sjuke og såre til trøyst;
kvart eit kvende
som kliv det berget,
lækjest for livslang sott.»


37.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
kva møyane heiter
som ved knei til Menglad
sit samde saman!»


38.
FJOLSVINN:
«Liv heiter ei,
Livtrasa den andre,
Tjodvarta den tridje,
Bjart og Blid,
Blid og Frid,
Eir og Aurboda.»


39.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
bergar dei deim,
som blot mun gjera,
når nokon er i naud?»


40.
FJOLSVINN:
«Berging dei gjev
når bloting dei fær
på heilagt horg;
so hard ei trengsle
høver ’kje nokon,
utan ho letnar og linnest.»


41.
VINDKALD:
«Seg meg det, Fjolsvinn,
som eg fretter deg um,
og vita det vil eg:
er nokon so sæl
at sova han fær
i Menglads mjuke arm?»


42.
FJOLLSVINN:
«Den sæla hev ingen
at sova han fær
i Menglads mjuke arm
utan Svipdag eine,
honom solbjarte dros
vigd var til viv.»


43.
VINDKALD:
«Slå på døri
og sleng upp porten,
her mun du Svipdag sjå.
Skunda deg spør,
um den solbjarte vil
ferdamannen fagne.»


44.
VINDKALD:
«Høyr du Menglad,
ein mann her er komen,
gakk du gjest å sjå;
av hundar fagna,
med hus seg opnar,
Svipdag synest det vera.»


45.
MENGLAD:
«Horske ramnar
i høge galge
slite deg syni ut;
um dette du lyg
at langvegjes komen
er han til hallene mine.


46.
Kvar kjem du ifrå,
og kvar tok du ut,
kva vart du heime kalla?
Um ætt og namn
du jartegn syne,
um eg er vigd deg til viv.»


47.
SVIPDAG:
«Svipdag eg heiter,
Solbjart het far min,
heiman dreiv meg vindar kalde vegjer.
Urd sine ord
ingen ruggar,
um og lagnad lagdest tung.»


48.
MENGLAD:
«No velkomen vere du
min vilje fekk eg,
helsar-kyssen du have.
Sælaste fagnad
å finnast for dei,
som heve kvarandre kjær.


49.
Lenge eg sat
på Lyvjaberg
bidde både døger og dag.
Og no det vart
som venta eg hev,
du er attkomen mann til mine salar.


50.
Hugen leika
lengta etter deg
sår var og saknad din.
No er det sanning
at saman me skal
slite alder og æve.»