Tjodolv fraa Kvine

Fra heimskringla.no
Revisjon per 25. des. 2013 kl. 15:40 av JJ.Sandal (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif


Gamle skaldar og kvad

Med kvadi umsette paa nynorsk


ved Rasmus J. Flo

Oslo 1902


Tjodolv fraa Kvine


Soleia som skalden Brage stend, paa yvigangen millom segn-tidi og sogu-tidi, er de ikkje ventande anna enn de skulde liggje noko av ei morgon-dimme yvi skaldskapen hans. Og de me hev att av denne skaldskapen skal vera, de er heller ikkje i seg sjølv slikt at de kann hjelpe stort til aa lyse upp i denne dimma. Dei tvilsmaal som her er kasta inn kann ein vandt vente heilt løyste, utan so de ein gong skulde koma til aa falle nytt ljos yvi desse spursmaali fraa ei eller onnor leid.

Annarleis er de med den skalden me di-næst med med aa gjera. Tjodolv fraa Kvine. Med honom er de nettupp at dei fyrste klaare straalar av vaar sogudag bryt fram. Sum de fyrr er haldi fram syner hans Ynglingatal seg aa vera eit sogu-verk so klaart og paalitande, at samstundes som de gjev trygt ljos for mangt av baade vaart lands og andre lands sogn attetter fraa hans tid, so gjev de og full trygd i spursmaale um sjølve kvade, kvar helst, kva tid og kva mann de skriv seg i fraa. Som de og er nemnt, skulde de her, naar de vert rett nytta, de feste som her er vunni, vera god hjelp aa finne til aa faa løyst sovorne stridsspursmaal for andre kvad med — millom deim ogso fleire kvad me hev etter Tjodolv sjølv — og soleis faar betre skilgreide paa den gamle norske skaldskapen i de heile, med alt de som ligg til grunn for den.

Med denne skalden er de og so heppelegt, at sjølve namne, eller de tilnamne han vanleg er kalla med (fraa Kvine eller den kvinværske), gjev god greide paa kvar han er ætta fraa. De maa daa vera fraa de bygdelage paa Vestagdir, upp vestantil Lista, som endaa ber dette namne (Kvinesdal), der de ser ut til han og for de meste hev havt sin bustad. Fraa Ynglingatal veit me nok at han maa ha livt ei tid paa Vestfold, der han gjorde dette kvade for Rognvald Heidumhære, og av Heimskringla og elles kann me sjaa at han til sine tidir hev vori med kong Harald Haarfagre og var ein kjær ven aat honom, so han hadde son hans, Gudrød Ljome, til fostrings. Men denne kongssonen hev han vel daa for de meste havt hjaa seg heime paa sin eigin gard, og soleis butt der sjølv med. Like eins maa ein tru at de og er ein gild gard han hev aatt, og hev vori ein av stormennane i si tid. Same leidi peikar de og, at de ser ut til Tjodolv hev vori med i eit sendelag fraa kong Harald til aa fri for honom til den danske kongsdotteri Ragnhild. Paa denne ferdi er de vel han hev vorti kjend med den danske jarlen Svein og hev gjort eit kvad aat honom, som de er fortalt i Skaldatal. Namne Strutharald, som sume handskriftir hev her, er vel komi inn seinare, for di Svein var meir ukjent som dansk jarle-namn. I minste hev me noko av eit kvad etter Tjodolv, der de er sagt at dei storlaatne danske hirdkvendi til dronning Ragnhild skal sleppe aa kyte av at mennane deira hev gjevi val-dyri meir føde enn kong Harald.

De einaste kvade etter Tjodolv, forutan Ynglingatal, som de no er noko større att av, er eit som er kalla Haustlong. Kva namne skal tyde, er uvisst aa vita. De synest helst som de skal segja at de hev teki ein heil haust for skalden aa setja de ihop. De er eit skjoldkvad, av same slag som de me hev etter Brage, og berre 2 bolkar, de me no hev av de; men dei er heller lange og ser ut til aa vera nokolunde heile. Um den mannen som hev gjevi skjolden, og som kvade er gjort for, er de endaa mindre rettleiding aa finne her enn i skjoldkvade hans Brage; det er berre nemnt at han heiter Torleiv, og ikkje noko meir. Men i Skaldatal er de sagt, at Tjodolv kvad for Torleiv Spake, og truleg er de daa honom dette kvade er dikta til. Med dette namne, Torleiv Spake (den vise), maa de elles ha vori minst tvo mann her i lande i gamall tid. Fyrst hev me namne i sogo um Halvdan Svarte og draumane hans, so i sogo um Harald Haarfagre og Snæfrid, og endeleg i sogo um Haakon den gode og logsetningi hans. Etter de som er sagt i sogo um Olav Trygveson (kap. 54) var han son aat Horda-Kaare (den eldste av dei 4 sønine hans). Like eins i Islendingabok, der Are Frode segjer at nordmannen Ulvljot gav Island logir, i samsvar med Gulatingslogi og dei raadir som Torleiv den spake Hordakaare-son gav. Dette var ved aar 927. De ser helst ut som de skulde vera meint ein og same mannen alle desse stadine; men de er likevel utenkjande, at ein mann som hev livt samstundes med Haakon den gode skulde ha vori vaksin kar alt i Halvdan Svarte si tid; han laut daa vera ikring 100 aar gamall ved den tid daa han var med i desse log-verki. Vonleg er de daa folkesegni som hev gjort honom til draumetydar aat Halvdan Svarte, og like eins til raadgjevar aat Harald Haarfagre, endaa um de er trulegt nok, at han hev ikkje vori so mykje yngre enn denne kongen. Den andre mannen med dette namn, Torleiv Spake fraa Meldal, fosterfar aat Eirik jarl, er de sagt var dotterson aat denne Torleiv Hordakaareson; men han kann daa ikkje ha havt noko med Tjodolv fraa Kvine aa gjera.

De me veit um Tjodolv sjølv, tyder paa at han var paa lag jamaldra med kong Harald, og at han og vart paa lag like gamall som han. De er soleis i Heimskringla fortalt um at han ein gong med eit vers vara fosterson sin, Gudrød Ljome, for aa fara nordmed Jaren, slikt hard-ver som de var; men Gudrød fór like vel, og gjekk fyri de med heile sitt mannskap. Dette hende er sett til ikr. aar 925. No er de trulegast, at Torleiv Spake sende Tjodolv denne skjolden til heidersgaave etter at han (Tjodolv) alt var noko til aars komin og ein namnkjend skald. Slike skjoldar som desse med bilæte paa var laga berre til stas, maa vita, og ikkje meinte til aa bruke i herstrid. Paa den maaten skulde me daa kunna setja tidi for kvade Haustlong til noko etter 900, kanskje helst 910-20.

Eit stykke av gamallnorsk aands-avl med so rikt verd som dette kvade var de ikkje ventande anna enn at tvilen laut hava si klo i. De er Bugge som her og hev bori fram dei uavvendelege tvilsmaali, i eit stykke um «Iduns æbler»[1]. Men de er liksom han er noko brydd av seg her, liksom han kjenner ein otte for at folk kann tykkje de vert for mykje med tvil og avdøming av gamle vitnemaal. I minsto kjem ikkje avdømingi her vidare sterkt fram, og ikkje beint fram, men mest umvegjes. De er fyrste bolken av kvade de her gjeld, den som handlar um korleis jotunen Tjasse, med hjelp av Loke, fekk røva Idunn fraa Aasgard og ført henne til Jotunheim.

Bugge held daa her fram, at i Noreg fanst de fyri den kristne tidi ikkje andre enn ville eple-tre. «Disse frugter med sin sure snærpende smag, ofte endog uspiselige for mennesker, kunde umulig fremkalde mythiske forestillinger som de nævnte» (um «foryngende, gyldne æbler»). Segni um Idunn og hennar livsyngjande eple kann soleis ikkje vera komi til i eit land som Noreg, men maa helst skrive seg fraa den græske segni um Hesperid-møyane og deira gullbjarte eple, meiner han.

Um vill-epli her i lande kann folk som sjølve er velkjende med desse ting, og kann tala av rik røynd, fortelja Bugge de, at de er mange og ulike slag av deim og. Fær slike aplar vekse i god jord og godt verlag, helst vel i fleire ættled, so kann de imillom verte reint røselege tre, med frukt som ein kann kalle velsmakande, naar ho er fullt mogna, i minsto med ein rein og frisk smak. Professor Schübeler, i si bok «Norges væxtrige», segjer jamleg um desse epli at dei er «uspiselige». Dette segjer han daa og um epli paa den største apalen han veit av aa segja her i lande, «Snusen» paa garden Flo i Stryn, som i si beste tid kunde gjeva upp til 16 tunnur i aars-avl, og dertil meir aarvisst enn hage-aplane. Men der veit eg nok av folk som i si tid hev sett til livs so mykje av desse epli, so dei baade med ord og gjerning kann vitne greidt imot Schübeler i dette stykke. Den som samanliknar deim med slike som vaare «gravensteinar» no, kann vel med ein viss rett kalle desse epli og vill-epli i de heile for «uspiselige». Men elles vil eg segja um dei nemnde epli at dei var betre og friskare paa smak enn flestalle hage-epli som voks heime i bygdine der i mine gutedagar. Dei hadde jamleg ein dauv, leid «grassmak», soleis som epli i gamle vanstelte hagar vanleg hev. Ein annan av dei mange vill-aplane der paa garden var kalla «Kviten». Han var gamall og mykje mindre enn «Snusen», men bar eple som var baade større og betre paa smak, og i vissa sermerkte dei seg med ein farge so fin, so eg endaa ikkje hev set han finare paa eple av noko slag.

I gamle dagar, daa dei ikkje hadde andre enn slike aplar her i lande, er de trulegt at dei i de heile stelte betre baade med deim og frukti, og so lengi dei heller ikkje hadde betre av de slage, maa ein tru at ho og vart haldi gjæv. Attaat fær ein gaa ut ifraa at dei kunde tenkje seg epli i Gudeheimen endaa gjævare, kostelege baade aa smaka paa og sjaa til, og med framifraa givnad paa ymse maatar. Med alt dette vil eg likevel ikkje segja de skulde vera trulegast, at segni um Idunn og epli hennar hev sitt fyrste upphav her i lande. Eg vil berre segja so mykje, at eg meiner de fraa rikeleg lang tid attende hev vori slik «jordbotn» at ho vel kunde halde seg og trivast her med, fyrst ho var «umplanta», — og noko meir er de ikkje um aa gjera for dei spursmaali de her gjeld.

Bugge meiner no um denne segni um Idunn og epli hennar, at ho ikkje hev vori folke-eign her i lande. «Hun (Idunn) er ligesom sin mand digterguden Brage skabt af høvdingeskaldene, og i deres digtning har hendes billede levet og udviklet sig.» Men lat oss no sjaa kva Haustlong sjølv lærer oss um den ting. Me gjeng daa ut ifraa at i den eldste skaldetid i minsto dikta ikkje skaldane fyrst og fremst for sine kallsbrørar, men for «lækfolk», og utan tanke paa at de skulde lærde karar til aa tolke kvadi deira for folk. Legg so merke til korleis segni kjem fram her i kvade. De er nemnt slikt som at Idunn kunde gjeva æsine «raadbot for elda» (alderdomen). I eit ord, som ikkje er komi med her i umsetjingi, er ho kalla mun-stærandi («sæle-aukande»), og de er fortalt um at gudane vart graa og gamle etter at Idunn var førd til Jotunheim. Men de er ikkje nokon stad i kvade nemnt eit ord um eple, eller at dei hadde noko med alt dette aa gjera. Hadde me kjent segni berre fraa Haustlong, var me plent like kloke, anten de her var tenkt paa eple eller kva anna de kunde vera. Dette veit me andre stadir ifraa, so de er nok ingin tvil um at de er eple skalden hev tenkt paa her og. Men naar han likevel ikkje nemner de annarleis enn med slike sidemerknadar, so viser de at skalden visste seg trygg for at heile samanhengen var vel kjend fyrr. Sjølve kvade lærer daa at i minsto i den tid de kom fram var segni heilt og fullt folke-eign.

Bugge brukar so sterke ord som aa segja at «der er intet spor til at Idunn til nogen tid eller paa noget sted i norden har været en gudinde for det hele folk — — at hun har været dyrket med religiøs tro». Enn de han sjølv nemner, at ein finn Idunn brukt som kvendenamn (liksom Brage mannsnamn) her i lande alt i den eldste tid. Er ikkje dette eit «spor» so godt som nokon vil hava og kann vente? De er vel ikkje for inginting at Bugge gjer sitt beste til aa faa øydelagt dette «spore», og skyr ikkje daa aa gaa den bakvende vegen aa snu de til soleis, at Idunn fyrst hev vori brukt til kvendenamn, og so sidan vart teki til aasynju-namn. Dette er so imot all skikk og alt likjende, so eg trur ikkje Bugge kann faa slegi fast eit einaste døme paa ein slik framgangsmaate, korkje her i lande eller hjaa andre folk. Derimot er de fullgode døme paa at de kunde gaa den andre vegen, — eit stykke i minsto. Soleis kann de ikkje vera minste tvil um at Tor, som beint fram tyder toraren («tordneren»), fyrst var namn paa guden, og so etterpaa vart brukt i manna-namn, — for de fyrste daa berre i samansetningar og avgreiningar. Like eins t. d. Apollon og Apollonios.

Utkjømdi av alt de Bugge her held fram er den, at «digtet Haustlong synes efter hele sin sproglige, poetiske og mythiske karakter ikke at kunne være ældre end fra tidon henimod midten av det 10de aarhundred». Gjeng me ut ifraa dei gamle vitnemaali sjølve og de som gjev best samsvar med deim, skulde ein koma til den endelykti, som nemnt, at kvade maa vera fraa tidi 910-20 paa lag. Alt som skil skulde soleis vera ei 20-30 aar. Dette maa ein daa segja synest noko lite aa stridast um, og hardt aa skyna kva som skulde gjera de naudsynlegt aa forkaste alle dei gamle og i de heile vel samsvarande vitnemaali, berre for aa faa gjort kvade desse faa aari yngre. De maa vera heller haarfine grunnar som skulde gjera slikt, so haarfine at ein ikkje ein gong kann sjaa deim i de Bugge hev haldi fram, og vandt nok er de aa tenkje seg slike grunnar, — utan de skulde vera den, at de vilde vera faarlegt for heile den synsmaaten Bugge hev gjort seg til talsmann for, um eit einaste av dei gamle vitnemaali um skaldekvadi fekk staa urigga.

Bugge nemner ikkje noko um «islendingar» her, og ikkje ein gong um «de britiske øer», so ein kann vel daa gaa ut ifraa at han ikkje hev funni de minste som tyder paa anna enn at skalden var heilt nordmann. Kvade sjølv talar daa og greidt nok for at de hev havt ein nordmann til diktar, jamvel soleis at ein nokolunde kann sjaa kva kant av lande han er ifraa. Ein kann berre leggje merke til kor annvint han hev de med fjell, stein og urd o. dl. i Jotunheim. Dette tyder paa ein mann som nok kjenner ymist til slikt, men ikkje nettupp til vanleg hev livt midt uppe i de. Ein mann som sjølv livde inne i ein fjellheim, vilde ikkje gjerne hava de med aa feste seg so mykje ved slikt eller halde so sterkt fram likskapen millom sin eigin heim og den fæle Jotunheimen. Attaat kann ein sjaa at skalden tenkjer seg Jotunheimen i nord (Idunn kom dit sunnan). Alt dette høver daa vel til med de me veit um Tjodolv fraa Kvine, at han livde si meste tid sør med Lista eller paa Vestfold og der ikring, og soleis var vand til aa tenkje seg rette fjellheimen i nord. Elles ser me at nordmennane (og etter deim islendingane) ofte tenkte seg Jotunheimen i aust, i Bjarmeland eller burtanfor der.

Skulde ein so leite etter anna som beint fram kunde syne at Tjodolv fraa Kvine er den som hev dikta Haustlong, fekk de helst vera ei samanlikning millom dette og Ynglingatal, daa me no trygt kann gaa ut ifraa at de hev seg heilt rett med Tjodolvs eigedomsrett til dette kvade. Ein fær daa likevel hugse paa, etter de som fyrr er sagt, at de maa liggje ei heller lang tid millom desse tvo kvadi, og emni og versbygnad o. a. er heilt ulike, so ein kann ikkje vente aa finne so sterk likskap millom deim, um dei so er av same mannen. Av einskilde ting kann me peike paa slikt som at Skade i baae kvadi er kalla Ondurdis (ski-møyi) eller Ondurgoð. Ein slik ting kann vel ikkje vera mykje aa byggje paa; men nemne de kann ein no, so mykje meir som de ser ut til de ikkje er aa finne hjaa nokon skald elles, andre enn Brage. Meir er de aa leggje vegt paa, at gudane i Haustlong er kalla Yngve-Frøys ættingar. Ei slik umskriving skulde knapt liggja nær aa taka til for nokon skald, andre enn Tjodolv, som hadde havt so mykje aa gjera med dette namne i Ynglingatal, — og dette er daa ogso einaste gongen ein finn denne vendingi brukt hjaa nokon skald. Eit endaa betre prov av dette slage synest de vera, at stut i Haustlong er kalla aak-bjørn, liksom i Ynglingatal aak-rein; dette like eins berre i desse tvo kvadi, Andre, som er betre kjende med den gamle skaldskapen, og meir upptamde til slike granskingar, kunde truleg finne fleire slike prov, og kanskje betre med, — endaa ein kann ikkje godt vente deim so mykje betre heller.

I slikt som stil og svip i de heile er de ikkje so beint aa syne fram skyldskapen, i vissa naar emne og versbygnad er so ulike som her nemnt. Ein som var sers gløgg til aa sjaa og granske etter slikt, trur eg no likevel skulde finne mykje ved dei tvo kvadi som tyder paa same skaldegivnaden. Baae syner ein skald som hev sers lett for aa ordleide seg, faa rikt umskifte paa de og svinge de fint og laglegt til. Vendingar og umskrivingar synest ofte søkte eller kunstne, men likevel ikkje vridne eller stive; heller er dei noko skalkute og smaa-løglege, so de ser ut som skalden sjølv hev havt si gode moro av de. Fraa Haustlong kann me nemne slikt som at Tors hamar er kalla «tryne-troll», hovudskolten «haar-lid», Loke er farmr Sigynjar arma, o. m. sl. Av huglag er han logn og tøymeleg, og tek alt med ro; han lèt seg ikkje lett rive med til aa bruke sterke ord. Naar de i skildringi av Tors akeferd kjem meir skop og skufs i de, so ser de ut til de er meir skalden enn aasadyrkaren, meir av kunstsans enn av hugvarme han er tekin av emne.

I eitt stykke, i skaldskaps-verd, er de langt ifraa Ynglingatal til Haustlong. Men Ynglingatal var no, som nemnt, eit ungdomsarbeid, og emne, soleis som de der var fyrilagt, gav lite rom for ein høgare skaldskap. Likevel vantar de no ikkje paa merke som syner den rette skalde-haatten alt i Ynglingatal, ikkje berre i de rike, skiftande ordspel, men stundom og i hugsyn som gjev glimt av ein fin skaldegivnad. Soleis der han skal fortelja um den svenske kongen Yngvar, som fall paa ei herferd i Estland, at han ligg hauglagd attmed havstrandi der, gjer han de med desse ordi:

No auster-have
havgudens kvæde
syng til gaman
for sviakongen.

Eller der han skildrar korleis den norske greini av Ynglinge-ætti tok til aa koma til magt med Olav Geirstada-Alv:

Ei grein voks ut
paa gude-tree,
i Noregs rike
de retteleg treivst.

Men i Haustlong hev me den fullborne skalden. I vissa andre bolken av kvade, der de er skildra korleis Tor med sine bukkar fer akande til møte med jotunen Rungne, er nemnd millom de beste av norsk skaldskap. Ein storskald som Oehlenschläger med sitt kjende kvad um same emne («Ned ad den hvalte bue . . .») skal i minsto ikkje gjera skam paa Tjodolv her. De same egte skalde-lage syner ogso de vesle me elles hev av kvæde etter Tjodolv. Sume sèt honom jamvel høgst millom dei namngjevne norskfødde skaldar som me no hev so mykje leivt etter at ein kann døme imillom deim. Men eg tykkjer no likevel at Hornklove med sitt Ravnsmaal kjem høgre, og like eins Øyvind Skaldespillar med sitt Haakonarmaal, endaa dei hev de aa segja paa dette, at de skal vera ettergjort etter Eiriksmaal. Paa den andre sida fær ein hugse paa de lettare versemaale i desse kvadi, som ikkje var so mykje til meins for aa faa sjølve innhalde slikt som skalden best kunde og vilde.

Alt Ynglingatal, so uvandt versemaale der synest vera, syner ein gløgg og streng versbyggjar, og daa ikkje mindre Haustlong med sitt meir kunstfulle versemaal. Dette er heilt drottkvætt, mykje heilare og strengare gjenomført enn hjaa Brage. Fullt gjenomført i alle stykke er de no likevel ikkje her heller, soleis som me no hev kvade. De er ei og onnor fyrilina som er utan hending, og i nokre faa linur er de halvhending for heilhending. Sume meiner daa at desse veilune i versemaale ikkje er upphavlege, og tek de for merke paa at her er noko forvendt. Dei hev difor freista aa rette paa de, og stundom skal de heller ikkje so store brigde til aa faa versemaale fullrett; men ikkje alltid synest de soleis laga, at de byd seg nokor rimeleg retting, so de er vel trulegast, at skalden sjølv her og der hev teki de noko friare med formi, naar de ikkje vilde laga seg rett paa annan maate.

Fyrste bolken av kvade handlar, som nemnt, um korleis Idunn ein gong vart burtførd fraa Aasgard til Jotunheim. Etter de som er fortalt i Snorre-Edda, gjekk de soleis til:

Tri æsir, Odin, Loke og Høne, fór ein gong heiman. Dei fór yvi fjell og øydemarkir, og de var vondt for mat. So kom dei ned i ein dal og fekk sjaa ein yksneflokk der, og tek ein ukse og lagar til aa koke. Daa dei trudde kjøte skulde vera kokt, ser dei etter, og so var de ikkje kokt, og dette talar dei daa um segimillom. So høyrer dei eit maal i eiki uppyvi seg, og daa dei ser upp, fær dei sjaa ein stor ørn. Han bad um aa faa lov til aa eta seg mett av uksen, so skulde kjøte snart verte kokt; og dette lova dei. Dermed lét ørnen seg sige ned or trée og sette seg ved elden, og tek med ein gong upp baae laari og bogane av uksen. Daa vart Loke sinna, og treiv upp ei diger stong og køyrer den med all magt i kroppen paa ørnen. Ørnen skvett ved hogge og flyg upp, med stongi hangande fast ved kroppen, og Loke med hendane ved den andre enden av stongi. Ørnen flyg ikkje høgre enn at Loke med føtane tek ned i stein og urdir og skog, so han trur hendane skal slitne fraa aksline paa honom. Loke ropar høgt og bed um naade, men ørnen segjer han aldri skal koma laus, utan so han lovar med eid at han skal faa med seg Idunn med epli sine ut fraa Aasgard; og Loke lovar de. Til fastsett tid lokkar daa Loke Idunn med seg ut um Aasgard, til ein skog, der han segjer han hev funni nokre eple som ho visst vil tykkje gildt um, og bed henne taka med sine eigne og likne ihop med. Daa kjem Tjasse der i ørneham og tek Idunn og flyg burt med henne til Jotunheim. Æsine vart ille ved at Idunn var burte, og dei vart snart graa og gamle. So heldt dei ting, og fekk der spurt at Idunn var sist sedd daa ho gjekk ut or Aasgard med Loke. Daa vart Loke tekin og førd fram, og daa dei truga honom med dauden eller pinslur, vart han rædd og lova aa hente Idunn fraa Jotunheim att, um Frøya vilde laane honom haukehamen sin. Han faar hamen og flyg nord i Jotunheim, og kjem ein dag til der Tjasse budde. Han var paa sjøen, men Idunn var heime, og Loke skapar henne um til ei nòt og tek henne i klørne sine og flyg av garde, de meste han vinn. Daa Tjasse kom heim og sakna Idunn, tok han ørnehamen paa og flaug etter Loke. Men daa æsine fekk sjaa hauken kom fljugande med nòti, og ørnen etter, gjekk dei ut under borgveggen og bar dit byrdar av hyvlspon. Daa so hauken var komin inn um borgveggen, slo æsine eld i hyvlsponen, og ørnen, som kom farande etter hauken, kunde ikkje hevle seg, og so tok de eld i fjørhamen. Soleis vart Tjasse drepin innanfor Aasgards-grindi, og dette draape er vidfrægt.

Andre bolken av kvade skildrar korleis Tor fór til møte med jotunen Rungne, som hadde bodi honom til einvig. Um dette er de i Snorre-Edda ei lang sogu. Kort fortalt lyder ho soleis:

Ein gong, medan Tor var i Austerveg og slost med troll, hadde Odin terga jotunen Rungne til aa ride etter seg, soleis at han ikkje haadde etter, fyrr han var komin innanfor grindi i Aasgard. Æsine baud honom inn i halli til drykkje, og Rungne tømde alle dei skaaline dei baud honom, slike store som Tor brukte aa drikke av. Daa han vart drukkin, skorta de ikkje paa store ord. Han kytte med at han skulde taka heile Valhall med seg aat Jotunheim og drepa alle gudane, so nær som Frøya og Siv, som han vilde hava heime hjaa seg. Men best de var kom Tor inn i halli, reidde hamaren og truga Rungne med at han skulde faa angre at han var komin dit inn. Rungne meinte at han hadde havt grid av Odin til aa koma, og at de vilde vera til lite ære for Tor aa drepa vaapnlaus mann, i staden for aa møte honom ved land-skile, han med hamaren, og Rungne med skjolden og heinen sin. Tor vilde ikkje vera den som bar seg undan ei slik utbjoding, og lét Rungne fara heim. Jotnane kjende seg noko utrygge for utfalle av striden, endaa Rungne var den sterkaste av deim. So laga dei til ein diger mann av leir, 9 mil (rastir) høg og 3 mil breid under aksline, og gav honom hjarta av ei merr. Denne Mokkurkalven, som han var kalla, stelte dei daa upp jamsides med Rungne, der han stod og bida paa Tor. Tjalve fór med Tor til stemna, og han ljop burttil der Rungne stod, og sagde: «Du stend uvarleg, jotun! — held skjolden framanfor deg, men Tor fer nede i jordi og kjem paa deg nedantil.» Daa skaut Rungne skjolden under føtane paa seg, og treiv heinen med baae hendar.[2] Daa saag han eldingar og høyrde fæle toredyn; Tor kom farande i aasmod, reidde hamaren og kasta han langvegjes fraa mot Rungne. Rungne kyler heinen med baae hendar i-mote, so han raakar hamaren i flugti, og heinen brotnar sund. De eine stykke fall til jordi, og av de er alt heinberg komi; de andre fór i hovude paa Tor, so han stupte aat jordi. Hamaren Mjølne raaka Rungne midt i hovude og slo hausen i smaa molar. Tjalve lagde til Mokkurkalven, og han fall med litin heider. — Tor fór heim til Trudvang, og hadde heinen standande i hovude paa seg. Der kom ei volve som heitte Groa, kona til Orvandil den frøkne; ho song galdrar yvi Tor, til dess heinen losna. Men daa Tor kjende de, vilde han gledja henne, til takk for hjelpi, og fortalde henne at han hadde vadi yvi Elivaagane og bori Orvandil, mannen hennar, i ei meis paa ryggen sin nord fraa Jotunheim. Eine taai hans hadde daa stadi ut or meisi og var frosi, og den braut Tor av og kasta upp i himilen, og gjorde ho til ei stjerne som heiter Orvandils-taa, og han lagde til, at no var Orvandil snart ventande heim. Groa vart daa so glad at ho gløymde alle sine galdrar, so at heinen vart ikkje lausare, og stend enno i hovude paa Tor. Difor maa ein ikkje kaste nokon hein tvert yvi golve; for daa riglar heinen i hovude paa Tor.

Ei samanlikning vil syne at forteljingane hjaa Snorre svarar so nær til kvade, so dei i hovudsaki maa vera bygde paa de. Endaa betre syner dette seg, naar ein liknar ihop sjølve grunntekstine og finn ord og vendingar som Snorre hev teki beint fram ut or kvade, sume daa med berrsynte merke av skaldestilen. Men ei slik samanlikning vilde og syne betre at de er ikkje so lite som skil, i vissa soleis at Snorre hev ymist som ikkje er aa finne i kvade. Sumt av dette kann han daa kanskje hava fraa andre kvad um same emni; men mangt ser helst ut til — her som i dei andre segnine hans — aa vera slikt som hev livt paa folkemunn. At gude-segnine mykje hev kunna haldi seg soleis so lengi som til Snorre si tid, de skulde no heller ikkje vera undrande paa, so gode som dei i de heile var til aa gøyme paa ervesegnir i dei tidir.

Heile kvade, som me no hev de, lyder i umsetjing soleis:


Haustlong

1.
Kor skal maatnast motgjeld
maal-røyri fram føre
her for glymjande geir-bru,
gaava fraa stortøke Torleiv?
Paa skjoldrand haglegt skildra
skodar eg høge gudar
tri paa faarleg farveg,
og fjordemann Tjasse eg kannar.

[Maatnast, høvelegast. — Maal-røyri, tunga eller strupen. — Geir-bru, («spjot-bru»), skjold. — Haglegt, hendigt «kunstfærdigt». — Kanne, mynstre, telja, kjennast ved.]


2.
Her ein gong i graae
gamle ørnehamen,
maattuge æsir til møtes,
møy-vargen flaug, arglynd;
settest paa grøne greini,
der gudar bar mat til sodu, —
han som berg-gygri byrgar
bljug var ikkje i hugen.

[Maattug, megtug. — Møy-vargen, Tjasse, som røva Idunn; sidan kalla fjellvarg. — Sòdu, sjoding, koking — Byrge, berge, forsyne, verne.]


3.
Sjoding sein for gudar
svikmengt matfang trengde.
«Eitkvart ved er vorti,»
visdomslærar i herhjelm
mælte, og orde altmed
tok ørnen i trée forne,
trollvis; honom var heller
hug-grim venen aat Høne.

[Visdomslæraren er Odin: han vil med sine ord her segja at de ikkje heng rett saman, at de er svik eller trollskap som gjer at de gjeng soleis med kokingi. — Venen aat Høne er Loke.]


4.
Fjellvarg bad seg byrgsle
bytt or heilag kjetil,
der ant um hadde entug
aas i varmen aa blaase.
Vengsterk lét seg mark-vagn
vigfrek nedaat sige
millom meinlause stallbrør
mæte, som Aasgard gjæter.

[Byrgsle, forsyning (rikeleg og bergeleg). — Ant um, annvint, «travlt». — Entug eller endug, rask, onnug, idug; den av æsine som her er meint er vel helst Loke, eller kanskje Høne. — Mark-vagn («land-kval») skal segja d. s. s. jotun; vigfrek, draap-fus, mordgirug. — Meinlaus, utan svik. — Mæt, høgvyrd, gjæv og gild.]


5.
Vidheims vaktar, Odin,
vegleg, bad daa sløge
Faarbaute-sonen byte
bolen ut i lutir.
Men fraa breide bræde,
bragdvis, lyfte risen,
ovundsmann aat æsir,
upp tjor-lutir fjore.

[Vegleg, røseleg, stateleg, «anselig». — Faarbaute-sonen, Loke. — Ból, ukse, tjor. — Bræde, plate, bord, «brett». — Bragdvis, meinsløg, klok til aa finne paa meinraadir.]


6.
Gygre-sveggen sigraalsk
og svang — de hendt er longo —
aat fraa eike-roti
aak-bjømen han snaaka,
alt til herfangs hyrdar,
hug-djup Loke, ein stake
paa meinbaag manne-tynar
millom herdane køyrde.

[Svegge, sugg, gubbe; si-graalsk, alltid graadig, umettande. — Longo, for lengi sidan. — Aak-bjørn, stut (av di køyre-uksar gjeng med aak). — Snaaka eller snoka, snikje, nappe aat seg. — Hyrdar, gjætar, vaktar; de herfange som Loke hadde teki og hadde aa taka vare paa, var daa stuten. — Meinbaag, meinsam, «fortrædelig».]


7.
Daa att vart han heft ved ættfar
aat Ondurdis, alt bundin
magtir alle han ogtar
som armen aat Sigyn farmar;
raai lodde ved rame
reim-gast fraa Jotunheimar
og holle venen aat Høne
med hendom ved stonge-enden.

[Att-heft, forheft, atthaldin. — Ættfar, (far) aat Ondurdis (Skade) er Tjasse. — Sigyn var kona aat Loke; han som farmar (tyngjer) hennar arm, og som bundin sèt ogte (age) i alle magtir (gudar), er daa Loke. — Loda, hange fast ved. — Reim-gast, erte-gast, plageaand; ram, sterk, dugande, snarp, raakande.]


8.
Flaug med vardveitar sløge
vegen lange fangsæl
blodvaak, snaudt til slitne
sund ulvfostren kunde.
Tors ven, tung, av strenge
tvingsla nærpaa sprengdest;
megande Midjungs lagsmann
maatte um fred han beda.

[Vardveitarar (tívar, verjarar, hjelparar) er gudane kalla; her Loke. — Blodvaak skal segja d. s. s. ræfugl, slagfugl, som ramn og ørn; her um Tjasse i ørnehamen; fangsæl, glad ved den fangst hun hadde gjort med aa faa tak i Loke. — Snaudt til slitne o. s. fr., heilt til Loke (far aat Fenrisulven) var nær ved aa slitne sund. — Tors ven, Loke. — Midjung er namn paa ein jotun; hans lagsmann er daa Tjasse; sidan kalla frenden aat Hyme; megande, megtug, «formaaende».]


9.
Frenden aat Hyme fala
aa faa seg heimførd møyi,
ho som for sorgi bergar
og byd for elda raadbot.
Burt daa førde bjarte
Brisings røvar disi
aat bergekongens borggard
fraa Brunnakers sal og grunnar.

[Fala, tinge paa. — Brising, de briknelege (brisande eller lysande) gullgripe aat Frøya, som Loke ein gong røva. — Brunnaker er vel namne paa den bustaden Idunn hadde i Aasgard.]


10.
Dei som bur millom bergi
bratte, sæle tottest,
etter i Urdheim aat jotnom
Idunn var ny-komi sunnan.
Møttest alle av ætti
aat Inge-Frøy paa tinge;
heller haar-graa var dei
og ham-ljote no og gamle.

[Ljot, stygg, ufager.]


11.
Der den arge daarar
djerv, som møyi kvervde,
fann dei, og lokkaren lynske
lét i band dei setja.
«Til-nøydd du pinslur skal tola,»
Tor sagde, «og store,
fører du ikkje den dyre
dros attende til Aasgard!»

[Kverve, føre burt, bergtaka. — Lynsk eller løynsk, listig, «lumsk».]


12.
Sagt er at sidan han som
sveik tidt æsir i leiken,
og røyner hugen aat Høne,
i haukham tok eit faukan.
Men i ørneham Moruns
mein-huga far, den løynske,
fræk i fjøre-leiken,
paa flog etter hauken sjoga.

[At Loke røyner hugen aat Høne skal segja d. s. s. at han er hans ven. — Faukan, fok, eit tak til aa fljuge. — Morun, dotter aat Tjasse. — Fræk, skarp, rask, dugande. — Sjoga eller sjuga, suse.]


13.
Skjott æsine skutlar
skaut og brensle tendra;
son aat Greip vart sengla,
og snipleg ferdi skipla.
Paa bergfinns-brui desse
briknir ser eg teikna;
skjold med fargar snilda
sende meg Torleiv i hendar.

[Skutil, kastespjot. — Greip, namn paa eit jotunkvende, truleg gift med far aat Tjasse, Olvalde, som er kalla hennar «bidil» (friar). — Sengla, svidd. — Snipleg, braatt, uventa, «flaut». — Skipla, avlaga, «forstyrret». — Bergfinn skal segja d. s. s. jotun, og hans bru er skjolden, som Rungne hadde til aa staa paa (sjaa s. 40 v. l. s. 57 og 62 v. 17). — Brikn, sersyn.]


14.
Enn eg ser i eld-ring
akande jotun-skakar’n,
daa heller-gasten han gjesta
med harde i Grjottun-garden.
Son aat jordi køyrde
til jarn-leik; maane-raaki
under eikom dunde, —
aas-mod svall i guden.

[Heller-gasten er jotunen Rungne; de same er sikta paa med aa kalle heimen hans Grjot-tun (steintun, bergtun). — Son aat jordi er Tor. — «Jarnleik» (til aa segja d. s. s. vaapnstrid) er ikkje rett høvelegt her, daa Rungne hadde vaapn av stein; Torshamaren og var vel tenkt aa vera av stein, fraa fyrst av i minsto. — Maane-raaki («maane-vegen») er lufti. — Eike, hjulspik («ege»)]


15.
Hauk-heimar alle ljoma
i loge for Skjoldaas-maagen,
rundt um ristest under
i ridi landjordi vide,
daa mot Rungne til raadlagt
røynetak bukkar spøynte
med vognstyrar veldig, og Svolnes
viv var nær ved aa rivne.

[Hauk-heimar, høge fjell. — Ljome (um elden), lyse. — Skjoldaas-maagen er Tor, gift med Siv, mor aat Ull, som og er kalla Skjoldaas. — Spøyne eller spøne, renne, stige hardt paa, so ein sporar upp jordi. — Svolnes (Odins) viv er jordi.]


16.
Ikkje sparde broren
aat Balder mannfrekt landtjon, —
himilen brann, og bergi
brast, og fjelli ristest.
Steinvangs-forken sterke
stogg fekk i seg snøgleg,
der han saag for augo
sigers-van sin bane.

[Landtjone (land-tynaren) er Rungne; mannfrek, graadig etter folk, folke-øydande. Andre nemningar paa honom her er: Steinvangs-forken, Glymheims gjætar, Urdar-drengen, gil-bjørn, Stupgards styrar.]


17.
Glymheims gjætar graablakt
grjot-kvel skaut under fotblad, —
gudar de vilde og valda,
val-disir slikt de likte.
Urdardrengen ingi
ovlang rid daa bida
paa hogg av tryne-troll heinhardt,
hæki paa liv aa taka.

[Kvel, hjul, rund skive; her um skjolden til Rungne, som var av stein. — Val-disir, valkyrjur. — Tryne-troll, sjaa s. 54. — Hækin, graadig, forhuga.]


18.
Berg-skakar, blodig mot arge
Bele-hirdi, lét gil-bjørn,
feggen fraa gjallande fjellheim,
falle i koll paa skjolden.
Der laut Stupgards styrar
sturte for hamaren rame;
bergdana-brjoten nyte
bugt vann med jotun-suggen.

[Bele, namn paa ein jotun; hans hird er daa jotnane. — Fegge, mann, kar, gubbe. — Berg-danir er jotnane stundom kalla; deira brjót (brytar) er daa Tor; nyt, dugande, hæv, manneleg.]


19.
Men kvast grjotslitars kvatstein
kvein mot jordfødde sveinen,
i hjassen paa gygre-gjesten
jotun-heinen brotna,
so at bada i blode
or breide saar paa Eindride
staal-kvetjar støyrd i hausen
stod paa son aat Odin, —

[Grjot-slitar, ein som brukar mykje stein, eller gjeng mykje paa stein, i berg og urd; her um Rungne. — Den jordfødde sveinen er Tor, son aat jordi og Odin. — Hjasse eller jesse, «isse» — Gygre-gjesten er Tor kalla, med tanken paa at han var hjaa jotunkvende Groa og skulde faa henne til aa løyse heinen or skallen sin. — Eindride er eit namn paa Tor.]


20.
Alt til fruva aat frøkne
feggen med galdrar den balde
raude rust-tynar løyste
radt or haar-lidi bratte.
Paa sjøkonungs tun-grind synbert
ser eg desse forur;
skjold med fargar snilda
sende meg Torleiv i hendar.

[Den frøkne feggen er jotunen Orvandil, med tilnamne «den frøkne», og fruva hans er Groa. — Rust-tynaren er heinen; bald («bold»), djerv, kaut. — Haar-lid, sjaa s. 54. — Sjøkonungs tun-grind, skjolden, etter di skjoldar stod som ein gard kringum skipe, som er sjøkongens «tun». — Fóre, far (merke), ferd, aatferd, tilburd.]


Um kvade skulde svara til sitt namn og den meining som er lagt inn i de, skulde ein vente de var lenger enn berre desse 2 bolkane med sine 20 vers. Kor som er, hev me no ikkje att meir av de, utan de skulde vera eit par linur i eit «maalskruds-frøde» etter ein Tjodolv. Men dette er daa uvisst, med di de var fleire gamle skaldar med dette namn. Skulde de vera Tjodolv fraa Kvine og Haustlong desse linune høyrer til, so maa her og ha vori ein bolk um Midgardsormen eller Tors fiskeferd.

De me elles hev etterleivt etter Tjodolv er nokre «lausa-visur» (eit par av deim i Heimskr. s. 76 og 84) og nokre uheile vers av eit kvæde um Harald Haarfagre. Eit kvæde um Haakon Grjotgardsson, som han og skal hava dikta, er de no ikkje att noko av. Nokre vers er i dei gamle skriftir snart tillagt Tjodolv, snart Hornklove. Dette kjem vel av di at skalden ofte vart nemnd berre med sitt fyrinamn, og ein avskrivar som vilde spara paa rome, han gjorde de daa stundom endaa kortare, og skreiv berre fyrste bokstaven ay dette namne. Daa no Hornklove hadde til fyrinamn Torbjørn, so kunde de i avskriftine koma til aa staa de same (Þ.) likso vel naar de var meint honom som Tjodolv fraa Kvine, og med di dei attaat livde nokolunde paa same tid, var de ikkje so lett for ein seinare avskrivar, um han vilde setja namne heilt ut, aa vita kven som var meint. Elles er dei gamle skriftine i de heile merkeleg samstelte um skaldenamni, og dei faae gongine de er mistak eller vingl, gjeld de oftast berre lause vers og skaldar som hev livt samstundes eller havt same fyrinamne.




Notar:

  1. Arkiv for nordisk filologi 1889.
  2. Minner sterkt um velkjende drag i vaare folke-eventyr, dette. Merkande er de, at kvade hev dette paa ein heilt annan maate. De ser helst ut til at skalden her hev funni paa ei forklaring paa eigi hand, med di at teikningi paa skjolden truleg ikkje hev gjevi honom nokor rettleiding. De rettaste eller mest upphavlege synest elles vera de, at Rungne hev gjort dette for aa kunna bruke baae hendane til aa kaste heinen med so mykje større kraft.