Upphavet til den langobardiske tjodi

Fra heimskringla.no
Revisjon per 10. nov. 2017 kl. 12:44 av August (diskusjon | bidrag)
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Latinsk Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif


Origo Gentis Langobardorum

Upphavet til den langobardiske tjodi

(Anonym, skrive rundt år 680)


Omsett frå latin
Samuele Mascetti
© 2017


IN NOMINE DOMINI INCIPIT ORIGO GENTIS LANGOBARDORVM
I herrens namn byrjar upphavet til den langobardiske tjodi


1. Det finst ei øy som heiter Scadanan[1]
Origo Gentis Langobardorum
– som tyder undergang[2] – og ligg i nord. Der bur det mange tjoder; blant deim var det eit lite folkeslag kalla vinnilar[3] Og med deim var ei kvinna som heitte Gambara,[4] som åtte tvo søner med namn Ibor den eine og Aion hin;[5] dei rådde yver vinnilane i lag med mor si Gambara. So kom hovdingane til vandalane – det var Ambri og Assi – saman med sin hær og sagde til vinnilane: «Anten betalar de skatt til oss, eller so lyt de fyrebu dykk på strid og kriga mot oss». Då svarte Ibor og Aion med mor si Gambara: «Det høver oss betre å bu oss til strid, enn å betala skatt til vandalane». Ambri og Assi, som er hovdingane til vandalane, bad då Godan[6] um å gjeva deim siger yver vinnilane. Godan svarte då: «Eg skal sikra sigeren til deim som eg fyrst skal sjå ved solrenningi». På same tid bad Gambara med dei tvo sønene sine Ibor og Aion – som rådde yver vinnilane – Frea,[7] Godans hustru, um å vera velviljug og gjera vinnilane til lags. Då gav Frea det rådet til vinnilane, at ved solrenningi skulde kvinnone koma saman med mennene sine med håret laust um andlitet, so det såg ut som skjegg. I otta, då soli var åt og rann, vende Frea, Godans hustru, sengi der mannen hennar låg, so snudde ho andlitet hans austetter og vekte honom. Og han skodde og såg vinnilane og kvinnone med håret laust rundt andlitet, og sagde: «Kven er desse langskjeggi?» Og Frea sagde til Godan: «Som du gav deim namn, gjev deim sigeren au.» Og han gav deim sigeren, slik at dei skulde kunna verja seg og vinna siger. Etter den tidi er vinnilane kalla for langobardar.


2. Og langobardane drog derifrå og kom fram til Golaida,[8] dinæst hærtok dei landsstroki[9] Anthaib, Bainaib eller Burgundaib;[10] det er sagt at dei valde seg ein konge som heitte Agilmund, son til Aion, av Guging-ætti. Og etter honom Laiamicho av Guging-ætti. Og etter honom rådde Lethuc, som dei segjer hadde makti i um lag fyrti år. Og etter honom rådde Aldihoc, son til Lethuc. Og etter honom rådde Godehoc.


3. På denne tidi drog kong Audoachari ut frå Ravenna med hæren til alanarane og kom fram til Rugiland,[11] låg i strid med rugiarane, drap kongen deira Theuvane og leidde med seg mange fangar til Italia. Då avgjorde langobardane å fara burt frå valdi sine og slo seg so ned i Rugiland i nokre år.


4. Etter det rådde Claffo, sonen åt Godehoc. Og etter honom rådde Tato, sonen åt Claffo. Langobardane feste bu i markene i tri år.[12] Tato førte kring mot Rodolf, herulanes konge, drap honom og tok frå honom både fana og hjelm. Deretter vart herulane landlause. Og Wacho, sonen åt Unichis, drap kong Tato, farbror hans, saman med Zuchilone. Og Wacho kjempa, og Ildichis – sonen åt Tato – kjempa, og so rømde Ildichis til gippidane,[13] der han døydde. For å hemna audmykingi førte gippidane krig mot langobardane. På den tidi tvinga Wacho sveberane under langobardisk herredøme. Wacho hadde tri konor: [den fyrste var] Raicunda, dotter til Fisud, turinganes konge; deretter gifte han seg med Austrigusa, ei møy or gippidane; og Wacho fekk tvo døtter frå Austrigusa, den eine heitte Visigarda, som han gifte burt til frankaranes konge Theudipert, hi heitte Valderada, som frankaranes konge Scusuald tok til hustru,[14] men han hata henne og gav henne vekk til Garipald som ektemake. Dotteri til kongen yver herulane var hans tridje kona og heitte Silinga; frå henne fekk han ein son kalla Valtari. So døydde Wacho og sonen hans Valtari rådde i sju år utan etterkomarar:[15] alle desse var lethingar.[16]


5. Etter Valtari rådde Auduin, som leidde langobardane inn i Pannonia.[17] Etter det rådde sonen hans Albuin, Rodelenda var hans mor. På denne tidi kriga Albuin mot Cunimund, kongen yver gippidane, og Cunimund døydde i denne striden og gippidane vart yvervunne.[18] Albuin tok Rosemunda, dotter til Cunimund, til kona; ho var teki som krigsbytte av di hans eigi hustru Flutsuinda, som var dotter til Flothar, kongen yver frankarane, hadde døytt; frå henne fekk han ei dotter ved namn Albsuinda. Langobardane budde i Pannonia i fyrtitvo år. So leidde Albuin langobardane inn i Italia, dei var bodne av skrivaren Narsete.[19] So fór Langobardanes konge Albuin frå Pannonia i april månad etter påska det fyrste året.[20] Det andre året tok dei til å herja i Italia, og det tridje året vart han gjord til herskar yver Italia. Albuin rådde i Italia i tri år, men so vart han drepen i palasset sitt av Hilmichis og Rosemunda, kona si, etter råd frå Peritheos. Hilmichis ynskte å herska, men kunde ikkje av di langobardane vilde drepa honom. Dinæst sende Rosemunda bod til prefekt Longinus[21] at han skulde taka henne imot i Ravenna. Då han fekk høyra dette, gleddest Longinus yver nyhendet, sende eit postskip og førte med seg Rosemunda, Hilmichis og Albsuind, dotter til kong Albuin, saman med all skatten åt langobardane att til Ravenna. Då yvertydde prefekt Longinus Rosemunda um å drepa Hilmichis og lata taka henne til hustru. Etter å hava høyrt rådet hans, blanda ho gift og gav henne til Hilmichis i ei varm drikka etter badet. Medan Hilmichis drakk, skyna han at han var åt og drakk eitkvart ille og tvinga Rosemunda til å drikka sjølv, endå um ho var uviljug, og båe døydde av dette. So tok prefekt Longinus skatten åt langobardane og gav ordre um at Albsuinda, dotter til kong Albuin, skulde setjast på eit skip og sendast til keisaren i Kostantinopel.


6. Resten av langobardane valde seg ein konge ved namn Cleph av Beleos, han rådde i tvo år og døydde so. So styrte dei langobardiske hertugane i tolv år; etter dette tok dei seg ein konge som heitte Autari, son til Claffo; han tok til kona Theudelenda, dotter til Garipald og Valderada av Bauaria.[22] I lag med Theudelenda kom broren hennar Gundoald, som kong Autari utnemnde til hertug i byen Asta.[23] Autari rådde i sju år. Då fór Acquo, hertug yver turingane, or Thaurinus[24] og gifte seg med dronning Theudelenda, og vart konge yver langobardane. Han drap dei upprørske hertugane sine, Zangrolf frå Verona, Mimulf frå øyi Sancti Iuliani,[25] Gaidulf frå Bergamo, og andre som hadde gjort uppreist. Frå Theudelenda fekk Acquo ei dotter som heitte Gunperga; Acquo rådde i seks år. Etter honom rådde Aroal i tolv år. Og etter honom rådde Rothari av Arod- ætti.[26] Han reiv ned både byen og dei romerske borgene som låg nær kysten rundt Luna,[27] tilmed i landet åt frankarane og austan til Ubitergium;[28] han heldt slag ved elvi Scultenna,[29] der romarane miste åtte tusund menner.


7. Rothari rådde i syttan år. Etter honom rådde Aripert i ni år. Og etter honom rådde Grimoald. På denne tidi fór keisar Konstantin[30] frå Konstantinopel til Campania og drog so ned til Sicilia, der han vart drepen av sine eigne menner. Grimoald rådde i ni år og etter honom rådde Berthari.


Fotnotar

  1. Felles nemning for Nord-Europa i oldtidi, kjent òg som Scandia eller Scandza. I Origo gentis langobardorum heiter det stødt Scadan, Scandanan eller Scadanan, medan i Historia Langobardorum skreiv Paulus Diaconus Scadinavia (ikkje Scandinavia). Det ser ut som Paulus tok ‘Scadinavia’ frå Naturalis historia av Plinius den Eldre.
  2. Det ser ut som forfattaren kopla ‘Scadanan’ semantysk til den langobardiske utviklingi av den felles urgermanske formi skaþô (gamalhøgtysk scado, ‘skade’), og difor umsette det til excidia (‘øydelegging, undergang’).
  3. Winniles i originalteksti. Folkenamnet tyder ‘huga på strid’ ifylgje Bruckner (322). Ifylgje Schmidt (37) svarar formi til gotisk vinja, ‘engslette’ (jf. norrønt vin med same tyding; vinnilar = folk frå engjane/grasmarkene). Ifylgje Vinilandicus (3) heng winili og den gamalhøgtyske formi wini (‘ven’) i hop.
  4. Ordet ‘gambar’ tilsvarar latin ‘strenuus’ (‘kraftig, staut’) ifylgje Grimm (Deutsche Mythologie, I, 336). Andre tolkar namnet som ei avleiding av den gamalhøgtyske formi gaman med suffikset –bar (Gambara = ‘gaman-berar’, Vinilandicus 3).
  5. Ybor og Agio i originalteksti. Dei heiter Iborea og Agio hjå Prosper av Aquitaine (rundt år 455); Saxo-Grammaticus kallar dei Ebbo og Aggo på 1200-talet; den populære danske visa Den Gullandske Krønike (rundt år 1570) fortel um Ebbe og Aage («Ebbe oc Aage de helled saa fro / Siden de for hunger aff skone dro», Wiese, 14 og Vinilandicus 27).
  6. Odin, med herding av den upphavelege halvvokalen /w/ til /g/, jf. tysk Wotan, alemannisk Wuodan, frankisk Wodan, angelsaksisk Woden. Denne ovringi er kjend frå mangt eit germansk lånord i millomaldersk latin, jf. italiensk guerra (‘krig’) eller guanto (‘hanske’), høvesvis frå gamalhøgtysk *werran (‘dragsmål, nærkamp’) og frankisk *want.
  7. Frigg, jf. gamalhøgtysk Frija og angelsaksisk Frige. Det er uvisst um germanarane på kontinentet under folkevandringstidi skilde millom tvo ulike gudinnor som Frigg og Freyja, ettersom namnet Freyja ikkje er heimla utanfyre Skandinavia. Begge namn kan hava felles upphav i urgermansk *frijaz, som trulegt stammar frå den same urindoeuropeiske roti som sanskrit priyā og avestisk friyā (‘kjære’).
  8. Trulegt ved den nedre delen av elvi Elbe i nord-Tyskland, som den romerske historikaren Velleius Paterculus skreiv upp i år 5 e.Kr. («Fracti Langobardi, gens etiam Germana feritate ferocior; denique [...] ad quadringentesimum miliarium a Rheno usque ad flumen Albim, qui Semnonum Hermundurorumque fines praeterfluit, Romanus cum signis perductus exercitus.», ‘Langobardane vart yvervunne, eit folk som er endå råare enn den germanske råskapen; umsider [...] vart den romerske hæren leidd med fana 400 mil frå Rhinen til elvi Elbe, som renn millom valdi åt semnonane og hermundurane’ Historiae romanae ad M. Vinicium libri duo, II, 106.2) og seinare Tacitus stadfesta i år 98 e.Kr. («Contra Langobardos paucitas nobilitat: plurimis ac valentissimis nationibus cincti non per obsequium, sed proeliis ac periclitando tuti sunt», ‘Derimot betrar det vesle folketalet langobardane: Trass i at dei er fåe og umringa av langt sterkare folk, fær dei trygdi si ikkje frå agen, men frå djervskapen i krigen’ Germania, XL).
  9. I originalteksti vert desse distrikti kalla for Aldonus, frå aldius eller aldio, ei latinsk tilmåting av eit langobardisk ord som tyder ‘halvt fri’. Nemningi peikar på stoda åt dei som livde under langobardisk herredøme, som var underkua og var tenarar eller nesten trælar. Paulus Diaconus bytte ut aldonus med det latinske ordet pagus (‘distrikt, landsbygd’).
  10. Alle desse stadnamni med aib-ending er avleidingar av gamalhøgtysk eiba (‘strok, distrikt’), som peikar på ei indre inndeling i eit land eller eit folk (Schmidt, 49). Plasseringi åt desse stroka er uvisst: Anthaib ligg kanskje i Bayern, Bainaib ligg kanskje i Böhmen og Burgundaib peikar kanskje på valdet åt Burgunderane ved midtre Rhinen, eller den gamle landsdelen Bardengau i hertugdømet Sachsen i dagsens Tyskland.
  11. Nedre Austerrike, den gamle romerske provinsen Noricum.
  12. Bokstavelegt i Feld-markene («Sederunt Langobardi in campis feld annos tres»). Ordet ‘feld’ er langobardisk for ‘mark’ eller ‘eng’; tydingsfordublingi med ordparet campis feld uppstod soleides. Jf. Historia Langobardorum, kapittel 20: «Egressi quoque Langobardi de Rugiland, habitaverunt in campis patentibus, qui sermone barbarico feld appellantur.» (‘Langobardane fór då frå Rugiland og uppheldt seg i opne marker, som på barbarisk mål heiter feld’).
  13. Det gotiske folkeslaget gepidane, som budde attmed vestgotarane.
  14. Her speglar ‘konge’ den latinske formi ‘rex’, som er nytta i originalteksti, men det er altso snakk um ulike frankiske hovdingar, ikkje kongar etter moderne skyn.
  15. I originalteksti heiter det at Valtari døydde farigaidus: Dette er ei latinsk tilmåting av den langobardiske formi farigaid, trulegt eit tilleggsord (adjektiv) som tyder ‘utan etterkomarar, barnlaus’, frå fara (‘ætt, slekt’) og gaid (‘skort’, jf. gotisk gaiwd og angelsaksiks gād, begge i tyding ‘mangel’). Det er òg mogelegt at etterlekken svarar til den germanske formi *gaiðo (‘spiss, ende’) og at farigaid er eit namnord (substantiv) som tyder ‘spissen på ætti, ætteende’ og var nytta som tilnamn (Onesti, 3).
  16. Lethinges i originalteksti, latinsk tilmåting av langobardisk lething (‘Leth sin ætling’, bygt med det kjende germanske avleidingssuffikset -ing): det er letingane, den fyrste langobardiske kongeætti, som rådde i det 5. og 6. hundreåret til år 546, med i alt sju kongar.
  17. Dagsens vest-Ungarn og aust-Austerrike. Pannonia grensa mot Noricum og Italia i vest og mot Dalmatia (Balkan) i sud.
  18. Slaget ved Asfeld i 552.
  19. Bysantinsk general (479 – 574) som førte krig mot dei germanske folkestammone som hadde busett seg i Italia etter fallet av Vestromarriket i 476.
  20. 3. april i år 568 e.Kr.
  21. Etterfylgjar til Narsete, utnemnd prefekt i 568.
  22. Bayern.
  23. I originalteksti heiter det «in civitatem Astense» (tilleggsord), trulegt byen Aosta, nordvest i Italia.
  24. Torino, storby i nordvest-Italia.
  25. Øyi San Giuliano nær Venezia.
  26. Harodingar, framståande langobardisk adelsætt som rådde i Italia i midten av det 7. hundreåret (636–653).
  27. Dagsens Luni, landsby ved Tyrrenhavet rett nord for Toscana, gamal romersk borg og seinare by.
  28. Dagsens Oderzo, landsby nord for Venezia.
  29. Slaget ved elvi Scultenna, i dag Scoltenna, i slutten av november 643. Langobardane sigra yver bysantinarane, sikra seg kontrollen yver riksgrensa i sudlegt Nord-Italia og opna soleides vegen til erobringi av Toscana. Forskarane er i dag samde um at langt færre soldatar døydde i slaget: Dei åtte tusund daude romarane hev reint symbolsk tyding og peikar helder på at langobardane sigra lett og med klar margin.
  30. Konstans II Herakleios (630 – 668), austromersk keisar frå 641, var dårlegt likt i Kostantinopel og valde difor å flytja hovudstaden til Siracusa på Sicilia. Herfrå planla han å verja Sud-Italia og Roma (som framleides var under bysantinsk kontroll) mot arabarane, samstundes som han drog på hærferd mot langobardane. Lell var han sterkt mislikt i Italia òg pga. den tunge skattleggingi og dei mange mislukka militære operasjonane, og vart endelegt myrda av sin eigen kammerherre medan han bada.


Litteratur


HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.