Utgangen paa hirdskaldtidi

Fra heimskringla.no
Revisjon per 19. mar. 2013 kl. 16:04 av Jesper (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Gamle skaldar og kvad

Med kvadi umsette paa nynorsk


ved Rasmus J. Flo

Oslo 1902


Utgangen paa hirdskaldtidi


Med utgangen paa styretidi hans Harald Hardraade er den rette skaldetidi ute. De heldt nok ved med hirdskaldskap lengi etter den tid og, endaa likso lengi som me veit av nokon hirdskaldskap fyri denne tid, minst eit par hundrad aar, heilt ut i Eirik Magnussons tid, etter de Skaldatal melder um. Um de var nokon skaldskap etter denne tid, veit me ikkje noko um; for Skaldatal gjeng ikkje lenger; men trulegt er de, at med dette var de aa rekne for slutt. Heile denne lange tidi kann likevel ikkje syne fram noko, eller berre lite, som er verdt aa setja upp jamsides med de me hev fraa fyrr, — i minsto ikkje noko som er aa kalle nytt. Um de imillom kann vera ting som er vel gjorde, so er dei daa i same leid, eller mykje aa rekne for ettergjorde etter eldre dikting, og oftast so at de er berre i de reint ytre, eller formi, at dei stend paa høgd med mynsteri; i de stykke kann sume av desse skaldane vera vel so «fullkomne» eller gløggare og meir drivne enn deira fyrigangarar.

Dess-verre var de vel nettupp denne fullkomne og strenge formi som stod mest i vegen for at de i denne tid kunde bløme fram ein livsfrisk skaldskap. De var ikkje berre de til meins for eit nytt, rikt innhald, at formi eller versemaale var so trongt aa røre seg i; men denne formi var so fastgrodd med de skaldemaale som ho var vaksi fram med, med sine nemningar og vendingar, og desse att med sjølve innhalde, so de vilde kravt ei tilemning som fraa nytt av, aa gjera den same ormi likso lagleg for eit nytt innhald. Anten de no var evna eller viljen til eit slikt arbeid som vanta, eller baae, so valde hirdskaldane utetter i denne tid jamnast aa fylgje so heilt og godt dei kunde i dei gamle fari. Dei fyriklangane de er nemnt um ein alt fyrr kann merke til noko i same leid som folkevisa, dei vart de ikkje noko meir tak med, fyrr denne straumen fraa ei onnor leid braut seg sin eigin veg, — i flugt med eldre, meir folkegjengde vegar.

Endaa de var ei mengd med hirdskaldar i denne tid, er de likevel ikkje mange de er stort att etter av skaldskapen deira. So lengi som ut Sigurd Jorsalafarars tid er de endaa ikkje aa klaga i so maate; men etter denne tid er de dei fleste me ikkje hev de minste att etter, — merkelegt nok, med di de var ved denne tid at folk her tok til aa skrive upp baade sogur og anna. Men i røyndi var de nok nettupp dette som vart verste ulukka for hirdskaldane soleis. Saki er den, at daa folk tok til aa skrive upp si samtids sogu, soleis som Eirik Oddsson i sitt «Ryggjarstykke» skreiv sogo um Magnus Blinde, Harald Gille og Sigurd Slembe, so hadde ikkje sogu-mennane lenger bruk for aa taka med vers av skaldekvadi, til studnad for fraasegnine, i høgdi berre eit og anna vers som var serleg umtykt eller kunde gjera skiklringi meir livande. De vart soleis helst paa andre vegar enn i kongesogune, og meir vaahøve, at skaldekvad no kunde koma til aa verte uppteikna. Dertil kom no og de, at de var faa av desse skaldane som vart rekna for «hovudskaldar» — og fortente de vel ikkje heller, — so at folk brydde seg ikkje stort um aa taka vare paa deira kvæde, soleis som med dei eldre.

Av kvæde um Olav Kyrre er nemnde berre faa, og av dei faa som er hev me ikkje noko att, anna enn av draapa hans Stein Herdisarson, som fyrr er nemnt (s. 150). Derimot hjaa sonen og ettermannen Magnus Berrføtt treivst skaldane godt, liksom hjaa hans farfar, som han elles og liktest so mykje paa. De skaldenamne som me oftast møter i sogo um denne kongen er vel Bjørn Krepphendt (krokhendt); men noko anna hev me ikkje etter honom enn hans Magnnsdraapa, og av den berre 9 heile og halve vers. Heller ikkje er de minste kjent um skalden anna enn fraa dette kvade, og i det er de ikkje noko som skil seg ut fraa kvad av de mest vanlege slage, endaa um der kann vera eit og anna som ein kann segja er vel sagt. De ser ut til aa vera dikta ved aar 1100, medan endaa Magnus var i live.

Paa lag like mykje er de me hev av Magnusdraapa hans Torkjel Hamarskald (6-7 vers). Men av denne skalden er de no nemnt nokre fleire kvad; soleis eit um Olav Kyrre, og eit um lendmannen Øystein Orre fraa Giske, son til Torberg Arneson, han som fall i slage ved Stamford bru, — men ikkje noko etterleivt av desse tvo kvadi. Dei versi me hev tyder paa ein vel so god dugleik i skaldskap som versi hans Bjørn Krepphendt. Heller ikkje um denne skalden eller hans ætt er noko kjent.

Annarleis er de i dette stykke med den tridje skalden me hev aa nemne her, Gisl Illugeson. Um honom hev me ein heil taatt i kongesogune (sogo um Magnus Berrføtt), um korleis han tok hemn for far sin. Han er den siste skalden me kjenner til som er runnin or den islendske ættgreini (Gilsbakkingane) etter Brage den gamle (s. 29 og 99), og nokor ættarskam skal ein ikkje segja at denne mannen er. Millom folk i denne tid skulde visst Brage ikkje so lett kunna funni ein betre arvtakar, korkje i skaldskap eller i annan verdskap. De ser likevel ikkje ut til at han hev funni seg vel ved de vande drottkvædne versemaale som Brage vert rekna som ein far til; for de største kvad me hev etter honom, hans ervekvad um Magnus Berføtt, Magnus-kvida (20 vers) er i gamalt reint fornyrdes-lag. So framifraa er ikkje dette kvæde, endaa de hev ymse rett fine og raakande drag, og de syner ein baade mannsleg og manngod tenkjemaate. So mykje som denne skalden hadde vori med kong Magnus paa hans herferdir og var hans trugne ven, hev de og eit sers verd for sogo, og de synest difor underlegt at ikkje Snorre nokon stad nemner denne skalden eller noko av hans kvad. Av eit anna slag var vel de kvade som Gisl sagde fram for Magnus til «hovudløysn» for draape paa hans hirdmann, han som hadde drepi far til Gisl, — eit kvad som de elles ikkje er noko att av, og som de heller «ikkje var stor skaldskap i», etter de sogo segjer. De beste me hev av Gisl er elles eit vers han gjorde daa han sat fanga for de nemnde draape.

Hjaa dei mange kongar og kongssønir (rette eller fyrigjevne) som de var i fyrste helvti av de 12te hundradaare, Magnussønine og sønine til Harald Gille, var de mykje dei same skaldane som vanka hjaa deim alle. Høgst i skalde-ynde av alle desse kongane stod daa sjølvsagt Sigurd Magnusson med si Jorsal-ferd. Av skaldane i denne tid er de sume som hev havt ei utifraa rik yte-evne, kann ein sjaa, — i mengd daa. Soleis ein Halldor Skvaldre ber ikkje sitt tilnamn for inkje. Han hev sungi um mest alle dei kongar og stormennar som fanst i nordlandi paa hans tid, fraa Magnus Berrføtt til Inge Krokrygg (9 i alt som er nemnde). Men av alle hans kvad er de berre 3 me hev noko att av: 1 vers i fornyrdes-lag av eit kvad um Sigurds Jorsal-ferd, 14 heile og halve vers av hans Utfarardraapa um same emne, og so ei 3-4 vers av eit kvad um Harald Gille. De kvade me hev mest av, og som truleg hev vori hans beste, kann ein ikkje segja er av stort verd i noko stykke, anna enn for sogo, med di de reknar upp og skildrar herstridane hans Sigurd, etter mynster av Sigvats «Vikingarvisur» um Olav Haraldsson (s. 110). Utanum de me veit um og fraa hans kvad, er skalden elles heilt ukjend.

Ein betre kjend mann — og noko betre skald med, synest de — er Torarin Stuttfeld (sjaa s. 81). Meir sparsam ser de no i minsto ut til han hev vori; for av hans skaldskap er ikkje kjent eller nemnt meir enn ei 2-3 lausavisur, og so ei draape um Sigurd Jorsalafarar, Stuttfeldardraapa, som me hev ei 6-7 vers av. Dette med er um Jorsal-ferdi, og dikta i «tøglag», men ikkje vidare form-strengt. Derimot er de av og til eit og anna drag som er gjevi med ein god sving, um ikkje de alt er so mykje skaldskap eller «poesi» i de.

Serleg velkjend er skalden Ivar Ingemundsson fraa ein taatt um honom i sogo um Magnussønine (kap. 18 i dei eldre utgaavune av Heimskringla). Etter Skaldatal hev han dikta baade um Magnus Berrføtt, Sigurd Jorsalafarar, og broren Øystein, som han var god ven med; men av desse kvadi hev me ikkje noko att. Derimot hev me visstnok so godt som heil hans Sigurdarbolk, eit kvad i fornyrdes-lag um Sigurd Slembe (ei 44 vers, men ikkje rett heile alle saman). Her skildrar han Sigurds heile liv, fraa han voks upp hjaa presten Adalbrikt, og til hans pinefulle daude. Dette kvade, saman med Eirik Oddssons bok, hev vori grunnlage for sogo um Sigurd Slembe. Men noko meir kann ein heller ikkje segja um de, enn at de er sogu — god og verdfull sogu — paa vers.

Den fremste millom hirdskaldane i dette hundradaare, og den som de vel er etterleivt mest etter av alle saman, næst Sigvat, er Einar Skuleson. Han med høyrde til et stor skalde-ætt, den som med Egil Skallagrimsson ris upp millom hine som eiki millom annan skog. Men endaa Einar, som sagt, naar ein god mun framum andre skaldar i si samtid, er de likevel lite aa rekne for mot den glupen som skil honom fraa denne hans ættfar, og fraa andre av dei eldre storskaldane med. Attaat var han i ætt med Snorre og (bror til hans oldefar), og mykje av de me hev etter denne skalden kann me serleg takke Snorre for. Han hev i si Edda gjort svært mykje bruk av versi hans Einar, og de ser ut til han hev sett honom høgt, visstnok daa mest for den mynstergode form; for anna er de ikkje so mykje aa rose ved honom. Han er ein som hev havt framifraa lett for aa laga vers, kann ein sjaa, jamvel paa staaande fot, som de er fortalt ymse døme paa, og han fær deim til aa falle godt og er grundig inne i alt som høyrde skaldekunsti til. Men de oftast noko tunne innhalde gjer at dei lette vel-laga versi i lengdi verkar mest som ein leik med ord. Paa den andre sida er de likevel fritt for alt knot og tilgjort. Ein merkar i alt den same jamne, klaartenkte og veltenkte mannen me lærer aa kjenne fraa ymse drag som er fortalde fraa hans liv elles. Alt me soleis kjenner til, tyder paa at han hev vori ein framifraa vensæl mann.

Einar hev vori endaa raustare enn Halldor Skvaldre, ser de ut til, til aa kveda um kongar og hovdingar i si samtid. De er ikkje mindre enn 15 slike kvad me veit um etter honom. Dei fleste er um norske kongar, og eit par um norske stormennar; soleis eit til Gregorius Dagsson. Men dessutan er de og eit par kvæde til ein svensk konge og ein jarl, og so eit til den danske konge Svein Svidande eller Grade. Men dette kvade fekk han ikkje stor gleda av; for der i lande hadde dei ikkje lenger so mykje sans for slikt at dei baud skalden løn for kvade, og for dette hev daa Einar etterleivt eit spottevers til danskekongen og hans skattmeister Riber-Ulv, at dei «heldt felur og pipur gjævare». Som ventande var, er de meste av desse kvadi tapt. Dei versi som Snorre hev etter Einar i si Edda, er — som vanleg der — halv-vers, og er for de meste slike at dei kann høve like godt um den eine konge eller hovding som um den andre, soleis at ein vandt kann vita noko visst um kva kvad dei hev høyrt til. Dei kvadi som ein no kann sjaa de er noko att av, og tale paa dei versi som synest høyre til kvart av deim, er desse: 1) Kvæde um Sigurd Jorsalafarar (11 v.). 2) Eit par kvæde um Harald Gille (9 og 5 v.). 3) Kvæde um Haralds-sønine (4 v.). 4) 2 kvad um Øystein Haraldsson (9 og 2 v.). 5) Um kong Inge Haraldsson (5 v.), og so eit par vers av de nemnde kvade um Gregorius Dagsson, Elvarvisur, som de er kalla. Av anna er aa nemne (sjølvsagt) nokre lausavisur (6 heile og nokre uheile), og so ein Øksarflokk, um ei øks som skalden hev fengi i gaave, 4 heile og 7 halve vers, men som mest alle segjer de same. I desse kvadi er versemaale for de meste drottkvætt, men imillom deim eit i tøglag og eit i runhendt.

Eit merkelegt skaldeverk hev me likevel etter Einar, hans draape um Olav den heilage, Geisle, som de er kalla (namne tyder de same som geisle no: straale). De mest merkelege ved dette kvade er kanskje de at me hev de so fullkomleg heilt og rett, endaa so stort de er, heile 71 vers, soleis med de meste me hev av noko kvad fraa vaar gamle tid. So heilt som de er i alle maatar, gjev de oss god rettleiding um korleis ei rett draape var bygd. Fyrst er de ein inngang paa 17 vers. So kjem stevbolkane, v. 18 med siste helvti stev, og soleis tridjekvart vers utetter til v. 45 (9 stevbolkar, kvar paa 3 vers). Etter dette kjem daa utgangen paa 26 vers (de heile 17 + 1 + 27 + 26).

Skalden sagde fram kvade i Kristkyrkja (Domkyrkja) i Nidaros Sankt-Olavs-dagen 1153 eller 54. Til stades var dei tri kongane (Haraldssønine), erkebispen Jon, brørane i Sankt-Olavs-gilde, og ein stor kyrkjelyd. Daa kvade vart framsagt, vart kyrkja fyllt med den ljuvlegaste ange, er de fortalt. De handlar mest um Olavs liv etter dauden (martyrdauden paa Stiklestad), d. v. s. um hans mange jarteignir. At kvade i si tid vart høgt sett, er lett aa vita, og syner seg fullnok paa den rekkja av heilag-kvad i drottkvætt versemaal som blømde fram i fare etter de. Og endaa i vaar tid maa ein sjaa med undring, ikkje berre paa dei lett-fljotande versi, men og paa de storfelte og samhøvelege i emning og bygnad. I sjølve innhalde kann ein likevel ikkje setja stort verd, anna enn for sogo, og so for de innsyn de gjev oss i skaldens huglag, hans godmeinte, truverdige kristelege tenkjemaate. De kjem her fram, at Einar var prest, som han og er nemnd i diplom paa Island. Elles merkar ein lite til dette i hans kvad, med di han, liksom Tjodolv og mange andre av dei gamle skaldar, mest legg seg um aa gjeva reint og ufarga av eigne synsmaatar de han skal skildre. Kor som er, hev han visst ikkje havt mykje med prestegjerning aa gjera; for de ser ut til at han hev livt si meste tid i Noreg.

Av dei 20-30 hirdskaldar me hev namn paa elles i dette hundradaare, er de ingin de er leivt etter so mykje at de kann vera noko aa tala um. Soleis fraa dei 12 skaldane de var hjaa Sverre er de ikkje etterleivt meir enn eit halv-vers, og endaa er de uvisst, um dette er um Sverre. Dei faa versi fraa denne tid som de er noko betre sving og fynd med, er for de meste utan skaldenamn, eller i minsto ikkje fraa hirdskaldar. I næste hundradaare hev me og nemnde ei 20 hirdskaldar, men av deim er de berre tri som de er noko aa feste seg ved.

Christian Krohg: Snorre Sturlason
Den eine av deim er paa ein maate den merkelegaste av alle vaare gamle skaldar. De er ingin ringare enn Snorre Sturlason. Han var skald og, attaat de han var sogu-skrivar, og de er nok skaldskap han fyrst hev tamt seg upp paa. De fyrste kvade hans me veit um, er vel de han dikta um kong Sverre; men uvisst er de, um de var gjort i den tid Sverre livde. Betre greide hev me paa lians kvad til Haakon Galin († 1214) og til kona hans, fru Kristina, eit kvad som han hev kalla Andvaka (nattevaking). Elles er nemnde eit kvad um Inge Baardsson og 2 kvad til Skule jarl, de eine ei draape og de andre ein flokk. Av alle desse kvadi er de no ikkje anna att enn steve av draapa til Skule jarl.

Men de største skaldeverke hans Snorre hev me til all lukke likevel heilt, hans Edda. Dette er ei heil skaldelære eller handbok i skaldskap. Ho er avdeild i 3 bolkar. Fyrste bolken er Gylvaginning, gudelæra, som de galdt for ein rett skald aa vera godt inne i. Andre bolken, Skaldskaparmaal, er um skaldenemningar (umskrivingar og kenningar), rikeleg upplyst med vers i mengd fraa dei fleste «hovudskaldane». Tridje bolken endeleg er um versbygnaden. Her er innsett, med rettleidingar, eit kvad til kong Haakon Haakonsson og Skule jarl som Snorre sjølv dikta vinteren 1222-23, til takk for den æra og venskapen dei hadde vist honom, og som her er kalla Haattatal. De er paa 102 vers, og er vel i bygnad de mest uttenkte kvad som finst i verdi, og dette gjenomført so meisterlegt at de er eit under. Kvade fell i 3 hovudbolkar, den fyrste um kong Haakon, den andre um Skule, og den siste um baae. Desse bolkane att fell i vers-lag paa 3 og 3 eller 9 og 9 vers, med emne som tek seg uppatt i tilsvarande drag med visse millom-rom, og til deildingi i innhalde høver tilsvarande skipelag med versbygnaden, soleis at kvar deild og kvart vers gjev visse greiningar eller avgreiningar av versbygnad. Paa den maaten fær ein her prøve paa alle slag brigde og grip i versbygnaden, ikkje berre alle dei som Snorre visste um hadde vori i bruk, men og nye, slike som han hev tenkt seg, til aa faa rekkja heil, og daa mange vers langt vandare enn nokon hirdskald fyrr hadde havt tanke um. Sjølve innhalde av kvade er ikkje, og kunde ikkje vel paa denne maaten verte vidare sermerkt, endaa um ein maa segja at de er godt gjort i den vegen med. Men de som vekkjer stor-undring er den makelause evna til aa greide slik ei mangslungi uppgaave i heilt igjenom vel-laga vers.

Snorre hadde visst tenkt seg at han med dette verk skulde vekkje den gamle skaldskapen til nytt og kanskje endaa rikare liv enn fyrr. Men endaatil hans kunst og gløggskap stod her magteslaus til aa blaase liv i dei daude bein. Forutan honom vart de, som nemnt, etter denne tidi ikkje fleire enn tvo skaldar i den vegen som er nemnande, og desse tvo er brorsønine hans, brørane Olav Hvitaskald og Sturla Tordsson.

Olav Hvitaskald er elles kjend fraa sitt Maalskrudsfrøde («grammatisk afhandling»), noko i same leid som Edda hans Snorre, eller jamvel vidare lagt, for so vidt som de tek sigte baade paa talekunsti og versekunsti, men kjem elles ikkje i nokon maate upp mot den i verd. Sitt meste verd hev de no ved dei mange skaldevers som er innlagde der og. Derimot de me hev av hans eigin skaldskap fær lov for aa vera kanskje de beste me hev fraa desse seinare tidir. Men de er dess-verre ikkje mykje. De meste er ei 10-12 vers av hans kvad til Haakon Haakonsson, Haakonardraapa, i rynhendt versemaal.

Endaa meir i sitt yrke minner Sturla Tordsson um farbroren Snorre. Han og var baade sogu-skrivar og skald. Av hans sogu-verk er aa nemne: den store Sturlungasaga (mest um hans eigi ætt, men samstundes ei heil islendinga-saga aa kalle for), sogo um Haakon Haakonsson, og sogo um Magnus Lagabøtar (av den dess-verre att berre 2 blad). I skaldskap stend ikkje Sturla so høgt som i sogu-skriving, — med all agt for dei aagjetne ordi kong Magnus sa til honom: «Eg meiner du kvèd betre enn paven!» Han er mykje sogumann her og, og skal han freiste seg med høgare flugt, vert de gjerne altfor høgført, eller og mykje ettergjort etter andre. Men av hans kvad hev me etter maaten mykje att, i vissa av hans 4 kvad til Haakon Haakonsson. Soleis av Rynhenda 21 vers (ein ordrik etterklang etter Arnors og andre kvad), Haakonarkvida 42 vers (fornyrdes-lag), Ravnsmaal 20 vers (hadarlag, drottkvætt maalahaatt), Haakonarflokk 11 vers (drottkvætt). Derimot av dei «mange kvad» de er sagt han gjorde um Magnus Lagabøtar er de att berre eit par vers; men meir hadde me til visse havt, um ikkje hans sogu um denne kongen var burtkomi.



*                    *                    *



Den grein av norrøn dikting me her hev fylgt, er ikkje den som vaare fedrar hev naatt høgst i. I verd stend de meste av dette langt til atters for den friare diktingi me hev i Edda-kvadi, og baae desse tilsamanlagde kann ikkje vega upp mot de endaa større og gjævare me hev i dei vedunderleg heilskapte sogu-verki, utan like i noko land i verdi. Men de at dei gamle nordmennar, med slike tronge og harde band paa seg som i hirdskaldskapen, kunde leggje i dagen slik kraft som dei gjorde, de og maa ein segja vitnar godt um kva magt de var i den norrøne aand paa den tid. Dessutan hev desse kvadi, som fyrr nemnt, sitt serlege, umissande verd, baade for sogo og for maalkunna, og dei skulde soleis vera vel verd aa lære aa kjenne i vaar tid og.