Ågrip

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif
Dansk.gif


Ågrip


— ei liti norsk kongesoge

(Norrøne bokverk nr. 32)


Nynorsk umsetjing ved Gustav Indrebø


Det norske samlaget

Oslo, 1936



Innleiding


Kongesoga Ågrip finst i ei einaste handskrift, som di verre er uheil (cod. AM 325 II 4º i Universitetsbiblioteket i Kjøbenhavn). Byrjingi og slutten vantar, og det er blad burte på eit par stader inni boki òg. Handskrifti er frå tidi 1200-1225. Men det er ei avskrift, og sjølve upphavsverket er truleg frå ikr. 1190. Som boki ligg fyre no, fortel ho um kongane frå Harald Hårfagre ned til Sigurd Munn, Øystein og Inge Krokrygg, — ho sluttar midt i soga um desse kongane, Upphavleg hev ho gjenge frå Halvdan Svarte ned til det året då Sverresoga byrjar, 1177, nett som Fagerskinna og Heimskringla gjer og Morkinskinna hev gjort.

Ågrip er ei av dei eldste kongesogone me hev. Av skrifter frå fyre 1190 um dei norske kongane kjenner me berre nokre få. Islendingane Sæmund Frode († 1133) og Are Frode († 1148) hadde skrive stuttare yversynsverk um den eldre norske kongehistoria, og likeins nordmannen Tjodrek munk (Norrøne Bokverk 29) og ein annan, ukjend nordmann (Historia Norvegiæ, eller, um ho er yngre: ei kjeldeskrift for henne). Der fanst ei islendsk soge og ei norsk legende um Olav den Heilage (den siste i Norr. Bokv. 26), kann henda fanst der ei islendsk soge um Håkon den Gode òg. Islendingen Eirik Oddsson hadde skrive ei skrift um tidi frå 1130 og frametter til 1139 eller 1161; abbet Karl Jonsson hadde byrja på Sverresoga (millom 1185 og 1188). Dette er nokolunde alt som me veit visst um. For di Ågrip er so gamalt, vert det ei sers viktug skrift både historisk og litterært, endå um det er ei heller liti bok. Seinare sogeskrivarar hev bygt på Ågrip. Soleis låner både Fagerskinna og Snorre derifrå, sameleis Morkinskinna (nøgnare: «yngre Morkinskinna») og den Legendariske Soga um Olav den Heilage. Ågrip er ei framifrå viktug grunnskrift innanfor den norrøne kongesoge-litteraturen. Det hev difor den største interesse å få so nøgje greide på dette verket som råd er: på bokskrivaren, kjeldegrunnlaget for verket, og heimstaden for det.

Bokskrivaren er ikkje namngjeven. Men verket sjølv kann fortelja oss ymist um honom og interessone og bokmannsevnone hans. Når me les, merkar me snart at han stendigt ser soga ut ifrå ein religiøs synsvinkel. Han hev vore sterkt truande, og me kann gå ut ifrå at han hev høyrt tii kyrkjestandet. Han syner fleire stader interesse for lovgjeving og hev lagt vinn på tidrekningi, — både det eine og det andre viktuge historiske emne. Nokon stor bokmeister hev han ikkje vore, det er langt ifrå. Han fortel kongesogone, so langt som boki no rekk, i kronologisk rekkjefylgje, men elles utan noko større plan. Han held seg ikkje fri for sjølvmotsegjingar og uppattak og mykjen annan uorden i forteljingi, og han skil ikkje millom viktugt og uviktugt. Ågrip er beint fram eit ringt komponera verk, dersom me i det heile skal tala um komposisjon. Like vel er det på ingen måte nokor keidsam bok. Bokskrivaren livar upp forteljingi med eit stort tal anekdotar. Domane han feller, er fulla sterke og umodifisera, men dei kjennest nett difor so hjarteleg meint. Ordi fell ofte kraftige og soleis at dei fester seg i minnet. Yver det heile er det ein frisk djervskap og folkeleg naivitet som gjer verket både forvitnelegt og tiltalande.

Stilen til forfattaren stend ikkje høgt når ein vil setja kunstkrav. Målføringi i Ågrip er keiveleg. Like vel hev målet sine sermerke. Soleis er det einskilde ord som bokskrivaren hev lagt serskild elsk på, t. d. listuligr, ofstopamenn, — det siste til å karakterisera vonde kongar, ordet fred i karakteristikk av gode kongar (í friði, með kyrð; friðaði; friðsamr). Osb. Han freistar pryda stilen med stavrim og stundom andre slag rim (grenjandi ok emjandi), med parallelismar (farín ok sløkþ), antitesar, uppattak av same ordet eller same ordlekken, og med andre ordspel. Ikkje sjeldan er det humør og kraft i ord-samanstellingane. Stundom kann dei vera beint fram løglege; som når bokskrivaren dreg ein periode saman og på den mest motstridige vis jamsteller reint ulike umgrip, t. d.: kom hann svá til trúar, þvi næst til Nóregs. — Målet ber ymse stader merke etter påverknad frå latin. Det viser at bokskrivaren hev havt latinske fyrelag millom kjeldone sine og hev vore ein latinlærd mann, — noko han laut vera når han skulde vera prestlærd.

Um kjeldegrunnlaget for Ågrip hev granskarane skrive mykje. Sume hev meint at Ågrip skulde vera eit ordrag or ei lang rad med eldre sersogor um einskilde kongar. (Namnet «Ågrip», som utgjevarane av Fornmannasogur sette på boki i 1830-åri. tyder «ordrag»). På den måten skulde denne vesle boki gjeva prov for at det hev vore til ein rik kongesoge-litteratur alt fyre 1190, hev dei meint. Andre hev ikkje kunna tru på denne rikdomen av gamle einskildsogor, og hev meint at Ågrip-meisteren ikkje hev samla tilfanget sitt med å gjera ordrag or spesialsogor.

Me vil halda fram her denne meiningi um kjeldetilhøvet: Bokskrivaren hev havt nokre fåe skriftlege kjeldor. Det hev vore: 1. Den boki som Tjodrek munk skreiv i Nidaros på latin ikring 1180, um dei norske kongane frå Harald Hårfagre til Sigurd Jorsalafare. Denne boki hev Ågrip-meisteren gjort seg mest nytte av i sogone frå og med Magnus den Gode og utetter. 2. Ei latinsk skrift som er lik eller hev svara svært mykje til Historia Norvegiæ; Hist. Norv. er eit stutt yversynsverk som rekk ifrå Ynglingekongane og ned i soga um Olav den Heilage, — soleis som me hev verket no (Norr. Bokv. 19). Både Tjodrek og denne andre latinske kjelda hev Ågrip nytta mykje. 3. Kann henda hev bokskrivaren havt ei ser-soge um Håkon den Gode. Um han dertil hev bygt noko på Eirik Oddssons Ryggjarstykke er meir uvisst å vita. Derimot må det vera visst at han 4. hev lånt stykket um Alfiva-lovene frå ei eller onnor norsk lovbok. — Men attåt dette hev Ågrip aust mykje tilfang beint or den munnlege tradisjonen, og nøgnare sagt: or den heimenorske tradisjonen. Det som er henta or denne kjelda, er for det fyrste ein heil slump med lokalsegner, knytte til Trøndelag og dei næraste bygdene derikring. Di næst er det ymse patriotiske segner, det vil segja segner som set Noreg eller norske kongar i eit betre ljos enn dei stend i etter den vanlege sogetradisjonen. Døme på sovorne patriotiske segner er forteljingi um herferdi åt Magnus Berrføtt til Gautland. Av ein måteleg framgang plus ein heil usiger som tradisjonen elles fortel um frå denne ufreden, hev Ågrip-meisteren laga ein ærefull siger. Til same tradisjonsgruppa høyrer fråsegni um kor djervt Magnus den Gode elte fienden i Lyrskogs-slaget, og um at same kongen friviljugt gav Danmark til Svein Æstridsson: Svein vann ikkje landet med krig frå norskekongen (Harald Hardråde). Osb. Eit tridje slag tradisjonar med heimenorsk upphav er ymis lovtradisjon. Ågrip hev grannsame fråsegner um Alfiva-lovene, nemner at Magnus den Gode skipa landet med lover, at Håkon Toresfostre og Sigurd Jorsalafare og brørne hans lindra på Alfiva-lovene, og at Sigurd førde inn tiendi og lova å forbjoda kjøteting. Dette lyt alt saman vera kome frå heimenorske kjeldor; sumt av det er som nemnt uppteke frå ei skrivi lovbok, men sumt av lovtradisjonen og munde vera teke beint etter munnleg fråsegn.

Når Ågrip hev eit sovore kjeldegrunnlag, kann i minsto ikkje ho gjeva noko prov for at det fyre 1190 hev funnest ein rikdom med ser-sogor um einskilde kongar. Provet lyt i tilfelle hentast annan stad ifrå. Men det er i det heile uvisst um det hev funnest so mange slike sogor som sume granskarar hev trutt, — og visst ikkje fyre 1190.

Dette at Ågrip hev so mykje tilfang frå den heimenorske tradisjonen, aukar mykje den interessa som verket hev. Det gjer at boki fær ei viss sjølvstendig stode andsynes sogor med meir rein islendsk tradisjon. Både i einskildting og i synsmåtar vik Agrip ikkje so sjeldan av frå dei islendske kjeldone. Eller ho kann fylla deim ut. — Men det er no ikkje jamt at dei heimenorske fråsegnene er mest pålitande.

Når det spyrst um kvar Ågrip er skrive, i Noreg eller på Island, kann ikkje svaret vera tvilsamt. Ågrip er skrive i Noreg. Det hev i denne samanhengen ikkje noko å segja at den handskrifti me hev no, hev vorte til på Island, for det er ei avskrift. Alt eit ord som hérlenzkr (= innlendsk, norsk; kap. 29) knyter boki til Noreg. Men framfor alt viser den heimenorske tradisjonen i Ågrip at verket hev heimstaden sin her i landet.

Lokalsegnene viser oss òg kvar i Noreg Ågrip er skrive. Det må vera i Trøndelag. For til Trøndelag og næmaste bygder er dei fråsegnene i serleg mun knytte som Ågrip hev teke frå munnleg forteljing, og som hev stad-feste. Um me tek fyre oss t. d. bolken um Håkon Toresfostre og Steigartore-uppreisti, som Ågrip hev frå tradisjonen, lyt det slå oss, kor bundi soga er i denne bolken til Trøndelag og Nidaros. Der er det ho syner seg kjend; ho nemner ei rad med bygningar i Nidaros: Kongsgarden, Skulegarden, Klemenskyrkja, Kristkyrkja. Og ho nemner ei rad med stadnamn frå Nidaros og umlandet: i Nidaros Øyrane, ved Nidaros Steinbergi og Hevringen, lenger burte Viggja og dei radt fågjetne Vagnvikastrand og Teksdal, forutan Harm, Hesjetun, Vambarholm i ei grannebygd til Trøndelag mot nord (Sør-Helgeland) og Folland i ei grannebygd i sudvest (Nordmøre). Trønderen Sigurd Ullstreng fær stort rom i denne bolken. Synsringen rekk yver Trøndelag og næmaste umkrinsen, men ikkje vidare. So lenge kong Magnus og kong Håkon båe er i Nidaros, veit bokskrivaren å fortelja nøgje um deim båe tvo. Etter Magnus er faren ut fjorden og sud til Gulatingslog, kverv han radt or syne, til dess han heller uventande dukkar upp att — på veg innetter Trondheimsfjorden. Håkon, som vart verande i Nidaros, hev bokskrivaren derimot betre greide på heile tidi. — På liknande måte knyter t. d. fråsegnene um Gamles fall, um rømingi hans Håkon jarl, um Herse, um Olav Kyrre millom folket sitt, seg til namn i Trøndelag (Gamlaleir; Jarlsheller o. fl.; Vigda. — Myklagilde). Gjenom heile boki, kann me mest segja, er det so at den serlege samanhengen med Trøndelag syner seg fram. Mest alle dei mindre kjende stadnamni som Ågrip hev, er derifrå eller frå dei næmaste grannebygder. Um her samlingar fortel Ågrip-meisteren noko nøgnare berre når dei gjeng fyre seg i Trøndelag. Trønde-hovdingen Finn på Austrått fær eit stort rom (likeins som Sigurd Ullstreng). Legenda um den heilage kross-sponen er ei kannik-legende frå Nidaros. På eitt punkt fargar bokskrivaren soga til fyremun for trøndene: han legg skuldi for å ha vore med i Steigartore-uppreisti yver på andre bygder, og frikjenner dermed trøndene for å ha vore med. Sume sermerke ved målbruket i Ågrip peikar mot Trøndelag. Bokskrivaren kjenner soleis dei folkelege trøndske nemningane Eggjar-Kalfr, Kalfr á Eggju i staden for Kalfr Arnason. Han hev tri stader præposisjonen á frá (= í frá), som elles berre finst i trøndsk-merkte skrifter (kap. 21, 38, 43). —

Er bokmannen norsk eller islendsk? Det spursmålet er ikkje avgjort for di um det kann segjast at boki er skrivi i Noreg. Dei fleste granskarar hev lært at bokskrivaren er ein islendsk mann. Men grunnane for denne læra er veike, Argumenti som vert nemnde er helst at Ågrip-meisteren skal syna serleg kjennskap til islendske personar, at han syner kjennskap til skaldevers og nyttar deim, og so at han skal byggja på mange islendske skrivne kjeldor.

Av islendske personar nemner Ågrip tri: Ulv stallare, Sigvat skald, Toralv Skolmsson, Det syner seg at bokskrivaren nett hev sers ufullkomen kjennskap til den fyrste av desse tri, Ulv stallare (kap. 39, merknad). Sigvat skald hadde «bu og born» i Noreg — i Trøndelag — og var soleis innvandra, fastbuande her, halv nordmann, kann me segja. Um Toralv Skolmsson fortel Ågrip etter ei skriftleg kjelde, og ordi som boki hev um honom kann difor mindre tena til rettleiding um interessone og heimstaden åt bokmeisteren.

Av vers og visestubbar hev Ågrip 7. Tvo av deim hev Sigvat dikta, som var so fast og lenge knytt til Noreg; tvo er av namngjevne nordmenn (Steigartore, Sigurd Jorsalafare); hine tri er anonyme, men når dei er uppskrivne i Noreg, ligg det nær å tru at det er her dei hev vorte dikta og hugsa òg. Attåt dette kann me nemna at Ågrip umtalar kvædet Håløygjatal, som er av ein nordmann, Øyvind Skaldaspille.

Med umsyn til dei mange islendske skrivne kjeldone som Ågrip skulde ha bygt på, so er det etter vår meining eit mistak, sjå her framanfyre. Ågrip-meisteren hev brukt ei skrivi islendsk kjelde i soga um Håkon den Gode, anten det no hev vore ei ser-soge um denne kongen eller ei onnor skrift. Det er alt me kann vita nokolunde visst um islendske skriftkjeldor for Ågrip. Kann henda hev bokmeisteren dertil nytta Eirik Oddssons Ryggjarstykke, som er av ein islending. På hi sida er det visst at Tjodrek, som han hev lånt mykje frå, er norsk. Og den andre hovud-skriftkjelda hans, Historia Norvegiæ eller eit verk som hev svara mykje til henne, hev nok òg vore norsk. Ikkje å tala um at den lovboki som Alfiva-lovene er or, lyt vera her frå landet.

Dei serlege argumenti som hev vorte framborne for at bokskrivaren skulde vera islendsk, hev soleis lite vekt. Og når ingi serlege grunnar nøyder oss til å halda honom for islending, og på hi sida so mangt bind bokverket serskilt til Noreg, synest den mest naturlege slutning vera at han hev vore ein norsk mann (ein klerk i Nidaros). Sjølvsagt kann ikkje noko her fullprovast.


Ågrip er utgjeve fleire vendor fyrr: Av P. A. Munch 1834 i Samlinger til det norske Folks Sprog og Historie II (med umskrift til dansk), av det nordiske Oldskriftselskab 1835 i Fornmanna sögur X (seinare kom umskrift til dansk og latin), av V. Dahlerup 1880 (diplomatarisk), og av Finnur Jónsson 1929 i Altnordische Sagabibliothek 18. I Finnur Jónssons utgåve er nytta ei normalisera rettskriving. Eg hev fylgt skrivemåten i den utgåva i det meste, men hev lagt det heile noko meir upp til normalen i Leiv Heggstad, Gamalnorsk Ordbok (både ð og þ, ikkje berre þ; u i ljodlinn staving; ja, já, jó, jú, jǫ, ikkje ia osb.; á for ǫ med aksent; Holmr osb., ikkje Hólmr). Elles òg hev eg mykje skipa den gamalnorske teksti til etter utgåva i Sagabibliothek, — soleis heilt ut med umsyn til kapitelinndeiling; det er praktisk å ha eins kapiteldeiling i dei ymse utgåvor. Ord som er tilsette i utgåva og ikkje stend i handskrifti, er sette i parentes [ ]. På eit par stader hev eg fyllt ut noko av lakunane i handskrifti etter Morkinskinna. Mork. hev på desse stadene lånt ifrå Ågrip.

Litteratur: K. Maurer, Über die Ausdrücke etc. Anm. 28 (1871). G. Storm, Snorre Sturlasons historieskrivning (1871). Norske historieskrivere paa kong Sverres tid (Aarb. f. nord. Oldk. 1871). De ældste forbindelser etc. (Chr.a Vid.-Selsk. Forhl. 1875). S. Bugge, Bemærkninger om ... Norgeskrønike (Aarb. 1873), G. A. Gjessing, Kongesagaens fremvæxt. II (1876). R. Meissner, Strengleikar (1902). R. Brieskorn, lal. handskriftstudier. (Ark. f. nord. fil. XXV). S. Nordal, Om Olaf d. helliges saga (1914). H. Koht, Norsk historieskriving under kong Sverre (Innhogg og utsyn. 1921). G. Indrebø, Fagrskinna (1917). Aagrip (Edda 1922. — Innleidingi her framanfyre er mest etter denne utgreidingi). Th. Berntsen, Fra sagn til saga (1923). S. Krijn, Een gemeenschappelike bron van Fagrskinna en Ágrip (Neophilologus IV). E. Kválen, Tilhøvet millom Morkinskinna, Fagrskinna, Ågrip (Edda 1926). J. Schreiner, Saga og oldfunn (Vid.-Akad. skr. Oslo 1927). F. Jónsson, Ágrip (Aarb. 1929). Morkinskinna-utg. 1932. B. Aðalbjarnarson, Om de norske kongers sagaer (Vid.-Akad. skr. Oslo 1936).




Ågrip


1. — — — — Deretter vart han teken til einkonge. Han kallast Harald Luva då, for han var ikkje hårfager på den tid. Sidan brøyttest namnet hans og han vart kalla Harald Hårfagre, av di han var ovende fager av utsjånad og fekk ov-vent hår. Men her høver det å svara på det spursmålet som kristne menn gjer, kva heidningane kunde vita um joli, etter som vår jol er komi av Vår-Herres fødsel. Heidningane gjorde seg gjestebod, til ære for Odin, og Odin hev mange namn, han heiter Vidre, og han heiter Hår og Tridje og Jolne, og etter Jolne kalla dei det jol. Men soleis vart avferdi til Halvdan: Han var på veitsle på Hadeland, og då han køyrde frå veitsla i slede, drukna han i Røykjenvik i Randsfjorden, ein stad som det var ei vok til å brynna nauti i. Sidan vart han førd til Stein på Ringerike og hauglagd der.


2. Harald tok det riket etter far sin som han hadde havt, og vann seg eit større rike — etter som han tidleg var spræk og røsleg på vokster — ved at han heldt slag med dei næmaste kongane og sigra yver deim alle saman. Han eigna til seg Noreg som einvaldsherre fyrst av alle kongar, tjuge år gamal. Siste slaget heldt han i Hafrsvåg på Jæren, med ein konge som heitte Skeidar-Brand, og Brand flydde til Danmark og fall i slag i Vendland. Dette er nemnt med sovorne ord i eit kvæde som heiter Oddmjor, som er gjort um konge-talet:


Skjoldungen rak med skjolden
Skeid-branden or landet.
Snjello kongen rådde
sidan heile Noreg.


Harald stridde for landet i ti år, fyrr han vart einvaldskonge i Noreg. Han seda og freda landet sitt vel. Han hadde tjuge søner, med mange konor, men berre tvo fekk kongsnamn, Eirik Blodøks og Håkon den Gode. Eirik Blodøks var den eldste av sønene hans, hin, Håkon, som Adalstein Englands-konge tok i sons stad, var den yngste. Tridje sonen var Olav Digerbein, den fjorde var Bjørn, Kaupmann, som sume kallar Buna, den femte Guttorm, den sette Halvdan Svarte, den sjuande Dag. den åttande Ring, den niande Godrød Skirja. den tiande Rognvald, den ellevte Sigtrygg. den tolvte Frode, den trettande Rørek, den fjortande Tryggve, den femtande Gunnrød, den sekstande Øystein, den syttande Sigurd Rise, den attande Gudrød Ljome, den nittande Halvdan Kvitbein, som sume kalla Håføta, den tjugande Rognvald Rykkjel, som sume kallar Ragnar. Han var son åt ei finngjente som kallast Snjofrid, dotter åt Svåse finnkonge, og han ættast på mor si; han var seidmann, sagde folk, det er spåmann. Han var bufast på Hadeland og seida der og vart kalla Skratte.


3. Jolaftan medan Harald sat med bordet, kom Svåse for døri og sende bod inn til kongen at han skulde koma ut til honom. Kongen vart harm yver denne bodsendingi, og same mannen bar vreiden hans ut som hadde bore bodet inn. Men hin bad ikkje dess minder kongen andre gongen, og gav honom eit bjorskinn attpå, og sagde han var den finnen som kongen hadde gjeve lov til å setja gammen sin på hi sida av brekka på Tofte, — det var der kongen var då. Kongen gjekk ut, og vart hin til viljes i at han gjekk yver i gammen hans; sume av mennene hans talde honom til dette, men sume rådde ifrå. Der stod Snjofrid upp, dotter åt Svåse, ei naudende ven gjente, og skjenkte kongen eit staup fullt med mjød. Han tok alt saman, både staupet og handi. Og med ein gong var det som det hadde kome eldshite i kroppen på honom, han vilde ha henne på timen same natti. Men Svåse sagde at det skulde ikkje gå fyre seg med hans vilje, utan kongen feste henne og fekk henne etter lovi. Og kongen feste og fekk henne, og elska henne so burt i ørska, at han inkje gav seg um riket sitt eller noko av det som høver seg ein konge. Han sat hjå henne nærsagt både natt og dag so lenge dei levde båe, og i tri år etter ho var daud. Han syrgde yver henne for di ho var daud, og all landslyden syrgde yver honom for di han var øren vorten.


4. Til å få stilt denne ørska kom Torleiv Spake og skulde lækja honom. Han fekk kongen god att av villa med vit og etterlæte, med di han tala soleis: «Ikkje er det underlegt, konge, at du hugsar ei so ven og ættstor kone, og ærar henne på dun og gudvev so som ho bad deg. Men det er til mindre ære for deg enn det sømer seg og for henne òg, at ho ligg so altfor lenge i same klædi. Det er mykje sømelegare at ho vert flutt til ei ny lege.» Men so snart dei rørde på henne, slo det utev og rotelukt og allslags udæme ut av likamen. Då skunda dei seg og laga eit bål og fekk brent henne. Men fyrr ho vart brend, blåna heile likamen, og det valt ut or ormar og ødlor, froskar og paddor og allskyns ufyse kryp. Soleis seig ho i oske, men kongen steig til vit og kom seg av ørska. Sidan styrde og styrkte han riket sitt, han gleddest av tegnane sine og tegnane av honom, men riket av båe. Han sat einvalds-konge i Noreg i seksti år etter han hadde vunne alt Noreg på ti år. Deretter andast han i Rogaland og vart hauglagd på Haugar upp frå Hasløyarsund.


5. Etter Harald tok Eirik Blodøks ved riket, men Håkon bror hans var vest i England hjå kong Adalstein; — faren hadde sendt honom dit til uppfostring fyrr han døydde. Eirik Blodøks var ven å sjå til, stor, og ein sers vyrdeleg mann. Han var gift med Gunnhild, dotter åt Ossur Lavskjegg. Sønene deira var Gamle og Guttorm, Harald Gråfeld og Erling og Sigurd Sleva. Endå fleire vert nemnde, Godrød Ljome og Ragnfrød, Halvdan og Øyvind og Gorm. Eirik rådde yver Noreg fem år i alt, med dei tvo åri han vart helsa for konge i landet medan Harald levde, sidan var han i tri år. Gunnhild kona hans var den fagraste av kvinnor, liti å sjå til, men stor i råd. Ho vart so illrådig, og han so etter-lyden til hardferd og til allskyns trælking av folket, at det var tungt å bera. Han tok av dage Olav Digerbein bror sin, og Bjørn, og fleire av brørne sine. Difor kallast han Blodøks, for di han var slik-ein valdsmann og so hardhjarta. — aller mest av rådi hennar. Vislege menn kalla då Håkon heim att til landet i løynd, tvo år etter Harald Hårfagre var dåen. Han kom vestanfrå med tvo skip, og sat eit år på den måten at han ikkje hadde kongsnamn. Håkon var ein ovleg vakker mann, stor og staseleg, og so sterk at det ikkje fanst hans make. Han var eit heilt hovud høgre enn andre, håret gult som silke. I all riddarskap og høvisk ferd var han umfram andre menn. Han var nær-på tjuge år då han kom til landet. Flokken hans tok snart til å veksa so at Eirik ikkje kunde stå imot. Eirik og kona hans flydde då og for fyrst til Danmark. Håkon sat deretter ein-konge i Noreg, og Noreg var so godt å bu i so lenge han styrde, at ingen hugsa det betre, — so nær som at det ikkje hadde den kristne tru. Håkon sjølv var kristen, men hadde ei heidi kone, og han veik mykje av frå kristendomen for hennar skuld og for å tekkjast landslyden som stod imot kristendomen. Han heldt like vel sundagshelg og fredagsfaste. Håkon for sud til Danmark med tvo skip og heldt slag der og rudde ti skip med tvo skip. På denne ferdi lagde han under seg Sjælland og Skåne og Vester-Gautland, og med so gjort for han heim att til Noreg. I hans dagar vende mykje folk seg til den kristne tru av vensæla hans, og sume heldt upp med å blota, um dei so ikkje vart kristne. Han bygde nokre kyrkjor i Noreg og sette lærde menn til. Men folket brende kyrkjone og drap prestane for honom, so han ikkje kunde halda ved med dette for illverki deira. Deretter gjorde trøndene ålaup imot honom på Mære og bad honom blota som andre kongar i Noreg. «Elles driv me deg or riket,» sagde dei, «er so du ikkje gjer noko so som me vil!» Men av di han såg kor åkave dei var imot honom, og at hovdingane var i råd med deim, laga han det so at han lést gjera deim til viljes i eitt eller anna, til å vinna venskapen deira. Det vert sagt, at han beit i ei hestelivr, dò soleis, at han slo ein duk ikring og ikkje beit i henne berr. Onnorleis blota han ikkje. Men det segjest at sidan gjekk alt tyngre for honom enn fyrr. Håkon sette Gulatingslovi etter råd frå Torleiv Spake, som fyrr hadde vore — —.


Peter Nicolai Arbo: Kong Håkon ved blotet på Mære


Men då han hadde styrt Noreg i femtan år med vensæld og med fred, søkte sønene åt Eirik Blodøks til Noreg: Gamle Gunnhildsson som var fremst av brørne og den djervaste i alle måtar, Guttorm og Harald Gråfeld og alle hine. Dei heldt slag med Håkon ved Agvaldsnes på Kormt. Der fall Guttorm og Halvdan og Øyvind, men hine kom seg undan med å fly. Eit nytt slag heldt dei med Håkon litevetta seinare på Frei, og Håkon vann atter. Brørne flydde or landet alle saman, so nær som Gamle, han flydde inn til land og so land-leides gjenom Surnadal til Trondheim. Mennene til Håkon, med hjelp frå folket, søkte då imot honom og felte honom i Gauldalen, der som det no kallast Gamlaleir etter hans namn.


6. Men di næst, ni år etter brørne hadde søkt til Noreg med ufred, kom dei som var att av deim til landet på nytt, — Harald Gråfeld som var den merkelegaste etter Gamle var fallen, i fylgje med Gunnhild mor si. Dei heldt slag med Håkon ved Biskopsstein på Fitjar på Stord. Der var det fire um ein imot Håkon. Det var med brørne i heren deira ein mann som heitte Øyvind Skrøya, han var ei stor kjempe, større enn andre menn, og jarn beit mest ikkje på honom. Han gjekk slik fram um dagen at inkjevetta heldt imot honom, for ingen kunde mæla seg med han. Han for burande og beljande og rudde veg, og hogg til båe sidor og spurde etter kvar nordmanna-kongen var; «kvi løyner han seg no?» «Haldt du berre fram som du stemner, dersom du vil finna honom!» svara kongen. Hin vart endå meir rasande av dette og hogg til båe sidor med ei diger breid øks, so hoggi stogga i marki. Då sagde Toralv den Sterke, ein islendsk mann som då var med kongen, han var nittan år gamal og var rekna for jamsterk med kongen: «Vil du, herre,» sagde han, «at eg skal gå imot honom?» «Nei, meg vil han hitta, meg skal han òg få finna,» svara kongen, — og kasta av seg ein dul-hatt som Øyvind Skaldaspille hadde sett yver den gull-slegne hjelmen han hadde på hovudet til å løyna honom so han skulde vera verre å kjenna enn fyrr; for kongen var aud-kjend for høgdi si og utsjånaden sin. Deretter gjekk kongen fram undan merki imot kjempa, i silkeskjorte, med hjelm på hovudet, skjold fyre seg, og det sverdet i handi som heitte Kvernbit. Alle tykte at mannen var ageleg å sjå i denne bunaden. Kjempa steig fram imot, hjelmklædd og brynjeklædd, og lyfte øksi med båe hender og hogg til kongen. Men kongen hopa undan, so vidt, og kjempa hogg i mist og hogg ned i jordi og stupte ein grand etter sjølv. Då hogg kongen honom i sund på midten med sverdet, igjenom brynja, so lutene fall kvar sin veg. Men etter kjempa var falli, vende slaget seg imot brørne, og då fall Gorm og Erling og ei mengd folk, og alle hine brørne flydde ned til skipi og ut or landet, kvar som han best kunde. Kong Håkon med heren sin elte deim som rømde. Då kom ei pil fljugande mot kongen, og flaug under brynje-ermi upp i tjukk-vodven i øvre-armen. Ingen visste kven som skaut. Men det vert sagt at ved trollkunstene hennar Gunnhild var det ein matsvein som snudde seg med ei pil, og ropa desse ordi: «Gjev rom for konungs-banen!» Og let so pili fljuga inn i flokken som kom farande imot, og særde kongen soleis som fyrr er sagt. Då kongen kjende at dette var banesår, av di dei ikkje kunde få stogga blodet, bad han at dei måtte føra honom til Ålreksstad; men på vegen lagde dei inn til ei helle som no kailast Håkonar-hella. Der var han fødd, av ei trælkvinne som heitte Tora Mosterstong, ho ættast frå og var fødd på Moster, difor kallast ho soleis. Då kongen såg at det leid med honom, trega han mykje på det han hadde gjort Gud imot. Venene hans baud honom at dei skulde føra liket hans vest til England og jorda det ved kyrkje. «Eg er ikkje verd det,» svara han; «som heidne menn levde eg i mangt, som heidne menn skal de difor òg jorda meg. Sidan vonar eg meg meir miskunn av Gud sjølv enn eg kann vera verd.» So andast han på Håkonarhella, men han vart hauglagd på Sæheim i Nordhordland. Både vener og uvener syrgde på honom. Det vart ikkje bore meir fe i haugen med honom enn sverdet hans, Kvernbit, og so herbunaden hans. Han vart lagd i haugen i ei steinkiste.


7. Med Eirik Blodøks gjekk det so etter han var rømd or landet, at han for med ein skipsher vest til England og låg der i vikingferd og hernad, og kravde den miskunn av Englands-kongen som kong Adalstein hadde lova honom. Han fekk eit jarlsrike i Northumberland av kongen. Der vart han atter ved rådi hennar Gunnhild kona si so ill og hardhjarta mot folket sitt, at dei vandt tykte dei kunde bera det. Difor lagde han seg i hernad og viking vida i Vesterlandi. Han fall i Spania på vikingferd. Gunnhild vende attende til Danmark til kong Harald, som då var konge i Danmark, og var der med sønene sine til dess dei var nokolunde fullvaksne.


8. Då Håkon var fråfallen, tok nordmennene etter kong Håkons råd Harald Gråfeld til konge i Noreg, og Harald Gråfeld kom attende til landet og fekk riket i lag med brørne sine Sigurd Sleva, Godrød Ljome og Ragnfrød. Harald var den fremste av brørne og den venaste og aller mest dugande. Dette vart kvede av di han var ein so vakker mann:


Alltid stend augo mine
yv’ elden til Gråfeld.


9. Harald var konge i femtan år. Han fylgde rådi til mor si og gjorde hard rett for landsfolket, — både han og brørne hans, og i deira tid var det svolt og sut og all-slag tung trengsle i Noreg. Dei var alle saman valdsmenn og ufredsmenn, dei vart òg mest alle saman drepne, for di folk ikkje kunde tola hardstyret og uretten deira. So er sagt, at vossane gjorde upplaup på eit ting imot kong Harald og brørne hans, serskilt mot Sigurd, og vilde taka deim av dage; men dei kom seg undan. Sidan drap dei Sigurd Sleva på Ålreksstad. Førar for flokken var Vemund Volubrjot. Ein mann som heitte Torkjel Klypp drap Sigurd, — Sigurd hadde teke kona hans med vald. Torkjel lagde sverdet igjenom Sigurd, men ein hirdmann til Sigurd som heitte Erling Gamle, hemnde honom der med det same. Harald Gråfeld for imot Tryggve syskinbarnet sitt og drap honom, men Torolv Lusaskjegg rømde undan sidan med Olav son åt kong Tryggve,


10. På den tid baud Harald danekonge Harald Gråfeld til seg med svik. Harald Gråfeld kom til Limfjorden med tri skip, og der kom Gullharald, son åt Knut, brorson til Harald Blåtonn, imot honom med ni skip etter avtale med danekongen og med Håkon jarl, — han var jarl i Noreg då yver farsarven sin, etter Harald Gråfeld og brørne hans hadde teke far hans av dage på Oglo i Trondheim. Men då kong Harald Gråfeld såg at han var komen ut for svik og yvermakt, sagde han til Gullharald: «Eg lyt læ åt dette,» sagde han, «for eg ser at sigeren din vert stutt. Håkon jarl, frenden vår, er på veg hit med ein her, og drep deg fyrr du for vel er komen herifrå, og hemner soleis oss.» Der fall kong Harald Gråfeld ved Hals i Limfjorden, og alt folket hans. Men Håkon jarl drap Gullharald straks etter, og vann soleis Noreg under seg, med skattskyldnad under danekongen.


Christian Krohg: Håkon jarl

11. Då Harald var fråfallen, fekk Håkon jarl riket og hadde åleine mesta heile Noreg, med jarls namn likeins som forfederne hans hadde havt. Han ættast frå håløygjene og frå møringane, og det var jarle-ætt i båe greiner, difor vilde han ikkje pryda seg med kongsnamn. Far hans heitte Sigurd Yrnajarl, og mor hans Bergljot, dotter åt Tore Tegjande jarl på Møre. Tore var gift med Ålov, dotter åt Harald Hårfagre, ho var mor til Bergljot. I fyrstonne etter Håkon hadde fenge riket, hadde han motstand framleides frå Gunnhild kongemoder, og dei låg etter kvarandre med vonde meinråder; det skorta det ingen av deim på. Håkon jarl var den vakraste mann å sjå, ikkje høg, men vyrdeleg; og han var ovklok av visdom, difor vart han sløgare enn Gunnhild i rådi sine. Han var enno i god venskap med kong Harald som då rådde for Danmark, og fekk talt honom til at han skulde fara med svik imot Gunnhild og få henne or landet, på den måten at han sende brev og sendemenn med bele-bod til henne. Harald sende brev, og sagde det var høvelegast at ho, gamle kona, gifte seg med ein gamal konge; og ho lydde etter dette. Men ferdi hennar byrja med dramb og enda med skam. Med same ho kom til Danmark, vart ho teki og søkkt ned i ei myr, og soleis enda ho sine dagar, — etter det mange segjer.


12. Håkon jarl sat i riket i tjuge år etter Harald Gråfeld var fallen ved Hals i Limfjorden. Han sat med stort velde, og med myki og mangfaldig uvensæld då det leid på, og med ei udygd i ser, som drog honom til hel. Det var at han rekna seg same rett til alle kvinnor som han fekk hug på, og ikkje gjorde nokon mannemun eller skilnad på kven si kone eller syster eller dotter det var.


13. Ein gong fekk han hug på ei kone som heitte Gudrun Lundasol, ho budde på Lunde i Gauldalen. Han sende trælane sine av ifrå Medalhus, at dei skulde taka henne og føra henne til honom til vanære. Men medan trælane fekk seg mat, hadde ho samla so mykje folk at det var uråd for deim å føra henne burt. So sende ho det bod til Håkon at ho vilde ikkje fara til honom, utan han sende ifrå seg ei kvinne han hadde som heitte Tora på Rimul. Etter dette bodet drog Håkon upp i Gauldalen med heile fylgjet sitt. Men Halldor på Skjerdingsstedja skar upp herpil yver heile dalen, og alle vegner ifrå søkte flokkane imot jarlen. Då han såg folket og merka at han var sviken, spreidde han ifrå seg heile fylgjet sitt, men han og Kark, trælen hans, reid so dei kom til nokre vòker. Der drukna dei hesten hans og let kappa og sverdet hans verta liggjande att på isen. Sjølve for dei til ein heller som enno heiter Jarlsheller, i Gauldalen. Der sovna trælen og let ille i svevne. Etterpå då han vakna, sagde han at ein svart og fælsleg mann hadde fare framum helleren, og Kark hadde vore rædd at han skulde koma inn. Mannen hadde sagt honom at Ulle var drepen. Jarlen svara at då munde son hans vera drepen; det sanna seg òg sidan. Trælen sovna andre gongen og bar seg ikkje noko betre enn fyrr. Etterpå sagde han at same mannen hadde kome nedatt-yver, og hadde bede Kark segja jarlen at no var alle sund stengde. Jarlen skyna av dette at siste dagen hans var komen, og for til Rimul til den kvinna som heitte Tora, som var frilla hans. Ho løynde honom og trælen i grisehuset sitt. Sidan kom det ein flokk og ransaka, og med di dei ikkje fann jarlen, tenkte dei på å brenna garden radt ned. Då jarlen høyrde det, vilde han ikkje bia på pinsel av uvenene sine, og let trælen skjera barken av på seg. Soleis enda saurlivsmannen sine dagar og sitt velde i eit saurut hus. Hovudet hans vart ført til kaupstaden. Då flokken kom ned Steinbergi, var heile fjorden full av skip, og alt folk hadde samla seg etter herpili og skulde taka jarlen av dage. Hovudet vart då ført ut til Holmen, og kvar mann kasta ein stein på det. Trælen Kark hadde kome upp i ljoset med hovudet og venta seg livet for det. Men han òg vart hengd like fullt. Det var um våren at Håkon døydde, I det bilet kom Olav Tryggvason frå England til Noreg. Eirik son åt Håkon flydde or landet og drog til Olav den Svenske i Svitjod og gjekk honom til handa, og sameleis Svein bror hans.


14. Men Håkon jarl hadde ikkje rådt som einvalds-herre yver Noreg for di han hadde nokon arvrett etter deim som var kongar næmast fyre honom; han rådde for di folket studde honom og han sjølv var mektig, og for di han var ein klok mann, um han so brukte vitet sitt til vondt; og di næst for di heile ætti til Gunnhildssønene då var neddrepi og nærpå utsløkt. Og um det var noko att av henne, so var alt folk hatige på henne og venta seg betre av Håkon, men den voni vart fåfengd.


15. Like vel hadde Håkon ætt til å telja forfederne sine attende til éin konge, han heitte Herse. Herse var konge i Namdalen. Kona hans heitte Vigda, etter henne heiter enno åi Vigda i Namdalen. Herse miste henne, og vilde gjera ende på seg etter henne dersom det fanst døme på at nokon konge hadde gjort slikt fyrr. Men det fanst døme på at ein jarl hadde gjort slikt, men ikkje ein konge. Då gjekk han upp på ein haug og velte seg ned av haugen, og sagde at han hadde velt seg or kongsnamnet. Deretter hengde han seg i jarls namn. Sidan vilde etterkomarane hans aldri taka kongsnamn. Men sannsegn for dette kann ein høyra i Håløygjatal, som Øyvind dikta, han som kallast for Skaldaspille.


16. Etter Håkon jarl steig Olav Tryggvason til riket. Han prydde seg med kongsnamn i Noreg, so som han hadde rett til frå Harald Hårfagre; for son åt Harald heitte Olav, og han var far åt Tryggve, som i Gunnhilds-sønene sine dagar tok kongsnamn og kongsvelde på Romerike og vart teken av dage der på Sotanes og hauglagd der. Folk kallar det Tryggvarøyr der som han vart hauglagd; men ikkje alle fortel likt um korleis han vart drepen. Sume skuldar bøndene for det, — at dei tykte herredømet hans var hardt og drap honom på tinget. Sume segjer at han skulde gjera semje med farbror-sønene sine, og at dei tok honom av dage med svik og illråder frå Gunnhild kongemoder. Og det trur dei fleste.


17. Men etter Tryggve var fråfallen, flydde Astrid, som han hadde vorte gift med på Upplandi, burt til Orknøyane med Olav, son hennar og hans Tryggve; Olav var triårs-gamal. Dette gjorde ho til å berga seg undan svikrådene åt både Gunnhild og sønene hennar og åt Håkon jarl, — dei nappast enno alle saman um Noreg, for sønene til Gunnhild var ikkje drepne enno. Astrid kom til Orknøyane med tri skipsmannskap. Men med di ferdi hennar ikkje kunde løynast og dei kunde verta ute fyre mangt slag svik, sende ho barnet burt med ein mann som sume kallar Torolv Lusaskjegg. Han hadde barnet burt i løynd til Noreg, og førde det med stor fare til Svitjod. Og or Svitjod vilde han fara til Holmgard, av di der var noko av ætti til Olav. Men då kom nokre eistar yver det skipet som Olav var på, og sume av folki som var på skipet vart drepne, sume hertekne. Fosterfar til Olav vart drepen, og han sjølv herteken utanfor ei øy som heiter Øysysla. Sidan vart han seld til træl.


18. Men Gud som hadde valt dette barnet ut til store ting, vende det so at han vart utløyst på den måten at det kom ein mann til landet, ein sendemann frå kongen i Holmgard utsend til å taka skatt av landet, og han var frenden til barnet. Han løyste ut frenden sin og hadde honom med seg til Holmgard. Der var Olav eit bil soleis at ikkje mange visste um ætti hans. Men då han var tolv år gamal, hende det seg at ein dag på torget kjende han att i handi på ein mann den øksi som Torolv hadde havt. Han spurde seg fyre korleis mannen hadde fenge fat i denne øksi, og av svari hin gav vart han full-vis med at det var både øksi og banemannen til fosterfar hans. Han tok då øksi or handi på honom som hadde havt henne dit og drap honom, og hemnde soleis fosterfar sin. Men det var stor mannhelg på denne staden og stor straff for å drepa ein mann der. Olav tok seg den rådi at han ljop i dronningi si vern. Og for hennar fyrebøn skuld, og av di verket tyktest djervt gjort av ein tolvårs-gamal svein, og av di hemni tyktest rettferdig, so fekk han miskunn hjå kongen. Etter dette tok fleire til å få vita um kven han var, og likso snart voks heideren hans og all hans vyrdnad. Sidan då det leid lenger, fekk han folk og flote og for både til Estland og andre land og herja, og nordmenn og gautar og daner auka snart flokken hans. No gjorde han storverk og vann seg frægd og stort gjetord.


19. Han dreiv med hernad vida både i Vendland og Flæmingjaland, i England og Skottland, i Irland og mange andre land. Vetterseta si hadde han jamleg i Vendland i ei borg som heitte Jomsborg. Men kor lenge han so for med slike fyrehav, bar det so til um sider at han landa på ein stad i England som det budde ein stor gudsven, ein einbuar, ordgjeten for god og framsynt visdom. Olav fekk hug til å prøva honom, og sende ein av tenestemennene sine av stad i kongeleg bunad, so han skulde beda um gode råd under kongens namn. Han fekk dette svaret: «Ikkje er du konge, men det er mitt råd at du er tru imot kongen din!» Olav fekk endå meir hug til å møta vismannen då han høyrde dette svaret, for no tvila han ikkje lenger på at han var ein sann profet. Men i samtala med Olav og i fyretolone sine, då sagde den gode mannen desse ordi til honom av heilag inngjevnad og himmelsk framsyn: «Du skal verta ein namngjeten konge, og namngjetne skal verki dine verta. Du skal føra mange folk til trui og til dåpen, med det skal du frelsa både deg og mange andre. Og dette skal du ha til mark so du ikkje skal tvila på desse mine ord: Du skal møta svik og herflokkar ved skipi dine; det skal verta eit slag, og du skal missa noko folk og sjølv få sår, og av det såret skal du koma dauden nær og verta boren på skjold til skipet ditt. Men du skal verta god att av dette såret innan sju næter, og brått etter det skal du taka ved dåpen.» Alt gjekk fram etter denne spånaden, og soleis kom Olav til trui og dinæst til Noreg, og dit hadde han med seg biskop Sigurd som var vigd til å forkynna Guds namn for folki, og nokre fleire lærde menn: Tangbrand prest og Tormod og so nokre deknar. Han heldt det fyrste tinget um kristendomsbodet på Moster i Hordaland, og bodet var lett å bera fram, både av di Gud studde og av di folk hadde vorte leide trælkingi hans Håkon Ille. Der tok heidningane ved trui og Olav ved riket. Han var sju og tjuge år då han kom til Noreg, og på dei fem åri som han bar kongsnamn i Noreg, kristna han fem land: Noreg og Island og Hjaltland, Orknøyane, og Færøyane det femte. Han reiste fyrst kyrkjor på sine eigne hovudbol, og avskipa blot og blotdrykkjor, og let koma i staden, til å tekkjast folket, høgtidsdrykkjor med jol og påske, og jonsoke-mungåt, og haust-øl med mikkjelsmesse. Olav var ein stor mann, høg og sjåleg, radt ljos på hårs-let, sletthærd, den raskaste av menn, og mest fullkomen i all høvisk framferd.


20. Brått etter dette gifte Olav seg og tok til kone syster åt Svein Tjugeskjegg, danekongen. Ho heitte Tyre, og ein hertog i Vendland hadde fyrr fest henne, men mot hennar vilje, difor vart ikkje det festarmålet halde. Etter dei var komne saman, heldt kong Svein att under seg dei ting som var tilsagde og skila syster hans, og det tykte kong Olav var spott og svivyrdnad. Til å hemna det samla han ein her mot Danmark, og bia på folket ved land-skilet. Men då det drygde fyrr mannskapet kom, siglde han yver til Vendland med berre elleve skip, og vona at resten av heren skulde fylgja etter. Men den voni hans vart til inkjes, for leidangsflokken snudde um, so snart Olav var ute or landet. Då etla han seg til å få herfylgje i Vendland hjå sann-venene sine som hadde vore hans holle vener og trufaste felagar på vikingferder. Men det vart ikkje noko av; for kong Svein hadde kalla til hjelp med seg Olav sviakonge og Eirik son åt Håkon Ille, og alle desse kom imot honom ved Sjælland med tvo og åtteti skip. Svein hadde tretti skip og Olav tretti, Eirik tvo og tjuge. Svein lagde fyrst imot Olav med tretti skip; men han fekk stort mannspille og vende um med vanære. Dinæst lagde Olav den Svenske til med like mykje folk som Svein, men bar derifrå likso stor vanære. Deretter lagde Eirik til, og han fekk siger. Men um kong Olavs fall visste ingen noko. Dei hadde sét at då slaget var åt og dala mykje av, stod han enno i live uppe i lyftingi på Ormen Lange, som hadde tvo og tretti rom. Men då Eirik skulde gå upp i stamnen og leita etter honom, skaut det upp eit ljos framfyre kongen, nett som ein elding, og då ljoset kvarv burt, var kongen sjølv kvorven. Sume trur at han hev kome seg burt i ein båt, og segjer at han hev vorte sédd sidan i eit kloster i Jorsalaland. Andre trur at han hev falle yver bord. Men kva som no hev lykta livet hans, so er voni den at Gud hev sjæli.


Peter Nicolai Arbo: Kong Olav Tryggvasons siste kamp


21. Men med di Svein tykte at han hadde vunne Noreg då Olav var drepen, let han Eirik og Svein, sønene åt Håkon, få Noreg, og etter Svein danekonge var fallen ifrå, hadde Eirik landet åleine. Då Eirik hadde styrt Noreg tolv år i alt med jarlsnamn, gav han landet upp til Håkon son sin, og for sjølv vest til England og vart i fylgje med Knut mågen sin då han vann England. Han døydde der av blodtap då uven vart skoren på honom.


22. Men likso mykje ihuge og umsut som Olav Tryggvason hadde lagt på å fremja kristendomen, han som ikkje sparde seg med noko som kunde vera Gud til ære og kristendomen til framhelp, likso mykje vinn lagde Eirik og son hans stødt på å tyna ned kristendomen. Og kristentrui hadde vorte heilt ut-øydd, hadde ikkje Gud då sendt si miskunn med å lata Olav son åt Harald Grenske koma. Han hadde på denne tid hugen sin vend mykje til verdsleg siger, soleis som me her straks skal få høyra. Men sidan vende han hjarta sitt til kristendomen og vann med fastleik i trui æveleg sæle og heilagdom. — Men so mykje folk kann få vita ættretten hans til riket, skal dei no her få høyra.


23. Harald, far åt Olav den Heilage, var son åt Gudrød, og Gudrød son åt Bjørn, og Bjørn son åt Harald Hårfagre, som var fyrste einvaldskongen i Noreg. Mykje vert fortalt um kor vida i landi Olav kom på ferdene sine; men kor vida han so for, søkte han straks attende då Gud vilde opna riket for honom. Han kom siglande vestan frå England med tvo knarrar, og tok land ved Sæla og siglde sidan til Saudungssund. Og med di Gud skipa det so til, fekk dei der sjå Håkon koma, han som då styrde landet etter Eirik far sin, femtan år gamal, ein ovleg emneleg mann. Han stemnde inn Saudungssundet, som var alle manns leid på den tid, og visste ikkje um at Olav Digre låg der. Håkon hadde ikkje større fylgje enn eit langskip og ei skute. Då kongen hadde vorte var med ferdi hans, lagde han seg med eitt skip på kvar side av sundet. Og då Håkon rodde mot deim, kom skipi hans brått innpå kvarandre, og han vart teken til fange der. Han fekk livet av kongen, og likeins alt folket hans, men han svor landet Noreg ifrå seg til Olav for æveleg tid. Då hadde Eirik og Håkon, far og son, og so Svein Håkonsson rådt yver landet i fjortan år med jarlsnamn. Den heilage Olav gav Håkon Suderøyane, etter det sume segjer, og styrkte honom so at han kunde halda fast på deim, og han var konge der so lenge han levde.


24. Dinæst tok den heilage Olav ved Noregs rike og styrkte riket sitt med kristendom og alle gode seder. Men like vel bar han styret med mykje møde, for mange tok på honom innan-lands og utan-lands, aller helst for kristendomen skuld som han baud. Fyrste vetteren var han for det meste hjå Sigurd mågen sin på Upplandi. Men våren etter søkte Svein jarl med herskjold mot landet hans, og dei heldt slag palmesundag utanfor Nesjar ved Grenmar, og Olav vann siger. Der fall ein stor lut av heren hans Svein, men Svein kom seg undan. Einar Tambarskjelve kasta eit anker yver i skipet til Svein og siglde burt med honom mot hans vilje, og til Danmark. Sidan for Svein aust i Gardarike og kom aldri att.


25. Sidan bela Olav til Astrid dotter åt Olav Svenske. Ho var syster til Ingegjerd som fyrr hadde vorte lova honom, men far hennar hadde brote den lovnaden for vreide skuld og gjeve Ingegjerd til Jarisleiv Austervegs-konge. Olav fekk nokre born med Astrid, men namni og avferdi deira veit me inkje um, — utan um Gunnhild dotter deira, som hertog Otto av Saksland fekk. Olav var fager og staseleg å sjå til, hadde brunt hår og noko raudare skjegg. Han var tettvaksen og medalstor, ikkje høg. Han var tjuge år gamal då han kom til Noreg, og vituge menn i Noreg tykte at han var reint ser-synt framfor alle andre menn ved klokskapen sin og allslag dugleik.


26. Ved dette bil rådde Knut for England. Det hadde han vunne med hjelp og studnad frå den heilage Olav, men han lønte ikkje den heilage Olav betre enn at han — som det synte seg sidan — gav hovdingane som var i Noreg løyngåvor, so dei skulde svika landet undan honom. I talet åt desse hovdingane var Erling på Sola, Kalv på Egge, Tore Hund og mange andre. Då den heilage Olav drog austetter imot kong Knut, møtte han Erling, og Olav trudde at Erling var komen honom til møtes med hjelp. Men Erling gjorde åtak på kongen og heldt slag med honom. Den heilage Olav vann siger, og Erling vart so naudstadd at det ikkje var annan utveg for honom enn å gjeva seg under kongens miskunn. Kongen tok honom i si vern då andre søkte innpå honom. Men Aslak Fitjaskalle heitte ein mann som var stamnbue hjå kongen; han gjekk att-i skipet og hadde ei handøks gøymd under kappeflaket. Og fyrr nokon vardest ved, hadde han hogge Erling banesår i hovudet med dei ord: «Soleis skal nidingen merkjast!» Kongen svara: «No hev du hogge Noreg or mi hand.» No fekk kong Olav vita av dei menn som han tok til fangar der, at alle dei største menn i landet var i svikråd imot honom. Då vende han nordetter til ein fjord som heiter Slygsarfjord, inn ifrå Borgund. Der gjekk han av skipi og for upp gjenom ein dal som heiter Valldal. Sidan for han or landet i fjortande året frå di han var komen til landet, og dinæst i Austerveg, og hadde med seg son sin, Magnus den Gode.


27. Knut sette då fyrst Håkon systerson sin yver riket og tryggja seg landet med å taka søner av alle dei beste menn til gislar, og lagde folket under tvang og lydskyldnad. Men Håkon miste livet våren etter i Englandshavet, og då Knut frette det, sette han Svein son sin og Alfiva mor hans yver riket.


28. På denne tid var danske menn fyrrstundes i slik ære at vitnemål frå éin av deim skulde fella vitnemålet frå ti nordmenn. Ingen skulde få fara av landet utan løyve frå kongen; dersom nokon for, fall eigedomane hans under kongen. Kvar som drap ein mann, skulde ha forspillt land og lausøyre. Kom ein mann i utlægd og det fall honom ein arv til, eigna kongen den arven til seg.


29. Til jol skulde kvar einaste bonde gjeva kongen ein mæle malt av kvar eldstad og eit lår av ein triårs-gamal ukse — det kalla dei vinjartodde —, og eit spann smør. Og kvar husfrue skulde leggja rygjarto, det var so mykje agne-fritt lin som dei kunde spenna um med den største og den lengste fingeren. Bøndene skulde òg byggja alle dei hus som kongen vilde ha på bustadene sine. Sju mann skulde reida ut éin hermann og fylla rom på tofta etter det, og det soleis at kvar femårs-gamal var med og reidde ut. Kvar mann som rodde på havet, skulde leggja landvorde til kongen kvar han so rodde ut ifrå, det er fem fiskar. Kvart skip som for burt frå landet, — på det skulde kongen lasta eitt rom tvert yver skipet. Kvar mann som for til Island, både innlendsk og utlendsk, skulde leggja landøyre. Desse skyldnadene heldt seg til dess kong Sigurd Jorsalafare og brørne hans ettergav dei fleste av tyngslone.


30. Men endå det låg slik naud og plage yver landet, trøysta ikkje nokon seg til å gjera uppreist for sønene sine skuld, som var gislar.


31. Etter dette søkjer den heilage Olav attende til landet yver Svitjod, og kom gjenom Jamteland til Trondheim; han kom ned i Verdalen. Då gjorde Eggjar-Kalv uppreist imot honom og budde seg til slag av all makt, både av kapphug og av vondskap. Han fekk med seg mykje folk, aller helst av den grunn at Olav ikkje skulde få koma til landet med påbod um kristendomen, som dei visste at han vilde forkynna på nytt og styrkja av all makt, nett som han hadde gjort fyrr. Men Kalv bar fyre den skalkegrunnen at ikkje gode menns søner skulde vera gislar. Han heldt slag med kong Olav på Stiklestad. Desse var hovdingar for trønde-heren i lag med Kalv; Tore Hund, Erlend or Gjerde, Aslak av Finnøy. Men i fylgjet til Olav var Harald bror hans, femtan år gamal, ein ovleg emneleg mann og stor på vokster, Rognvald Bruseson og Bjørn den Digre. I dette slaget fall Erlend or Gjerde aller fyrst av trøndeheren. Det var òg tidleg i slaget at kong Olav fall. Han hadde sverd i handi, men hadde korkje hjelm eller brynje. Han fekk eit sår i kneet av huskaren til Kalv. Då lutte han seg og bad til Gud, og kasta sverdet. Tore Hund og Torstein Knarresmed fekk ord for å ha drepe kong Olav. Soleis steig den heilage Olav frå dette slaget or riket her i verdi inn i himmerike. Bjørn den Digre fall framfyre kongen, Torstein Knarresmed vart drepen straks på timen etter kongen. I dette slaget fall Aslak av Finnøy og ei mengd av trøndeheren.


Peter Nicolai Arbo: Kong Olav Haraldssons fall på Stiklestad


32. Men etter kongen var fallen, fekk landsfolket fyrsta retteleg røyna usæla under Svein og Alfiva. Då var det syndlegt å bu under veldet deira, både for ufrelse og for uår. Folket levde meir av beistemat enn av folkemat, for aldri var det godt år i deira dagar. Dette kann ein høyra av denne visa som Sigvat kvad:


Alfivas æve lenge
unge mann mun minnast.
Uksemat då åt dei
som bukkar et på skav.
Anna var då Olav
urædd rådde landet.
Kvarmann kunde kyta
av kornet turt i stakk.


33. Den heilage Olav bar her i verdi kongsnamn yver Noreg i femtan år fyrr han fall. Då var han fem og tretti år gamal, og det var lide eitt tusund og ni og tjuge år frå Kristi burd. Men i det slaget som den heilage Olav fall, vart Harald bror hans såra. Han flydde etter Olavs fall burt or landet og i Austerveg, og sidan til Myklegard. Og sume segjer at han tok kongsnamn i Noreg, men andre neittar det.


34. Men då Gud tok til å openberra jartegner um den heilage Olav, då budde dei beste menn seg til å fara or landet og leita upp Magnus, son åt den heilage Olav. For folk skyna misgjerdi si og trega og vilde då gjera godt att mot son hans det som dei hadde misgjort imot honom sjølv. Dei drog i Austerveg til kong Jarisleiv, og bar fram ordsending og bøn frå alle dei beste menn, at Magnus måtte koma heim til landet. Hovdingar for denne ferdi var Rognvald jarl, Einar Tambarskjelve, Svein Bryggjefot, og Kalv Arneson. Men bøni deira vart ikkje høyrd og framgjengd fyrr dei svor honom land og truskap, for dronning Ingegjerd stod imot.


35. Deretter kom Magnus til landet, fire år etter kong Olav far hans var fallen. Og med di Svein og Alfiva visste kor umtykt han var og kor uvensæle dei sjølve var, flydde dei til Danmark. Men Magnus tok ved riket, med ynde hjå ålmugen um sider, endå det var til trege for mang ein i det fyrste. For han byrja styringi si med hardferd, av di han sjølv var ung og rådgjevarane hans griske. Han var elleve år gamal då han kom til landet. Han heldt ting i Nidaros, og reiste med stridleik sak imot alle trønder. Men alle stakk nasen i skinnfelden og tagde, og ingen svara. Til slutt stod det ein mann upp, med namnet Atle, og sagde desse ordi og ikkje noko meir: «So skroknar skoen på foten, at eg kann ikkje koma eit fet.» Men Sigvat kvad der straks denne visa:


Fårebod det er som høyrest.
Fara vil kvar gråhærd gubbe
mot deg, konge, trugar dei;
tak mot slikt ei råd i tide!
Ilt det spår at tingmenn bøygjer
saman hovud imot hovud
og stikk nasen ned i felden;
togn er komi yver tegnan’.


Dette tinget lykta med at kongen bad alle møtast att um morgonen etter. Og då merka dei på ordi hans at Gud hadde skift um hugen hjå honom. Stridleiken var umsnudd til miskunn; han lova alle velgjerningar og heldt som han lova eller endå betre. Av dette vann han seg stor vensæld og det namnet at han vart kalla Magnus den Gode.


36. Men då han hadde styrt landet nokre år, og skipa det med lover og alle gode seder og styrkt kristendomen, kom han i hug den urett som hadde vore gjord imot far hans, og for med ein her til Danmark. Det var alle fullhuga på, av di dei ynskte etter hemn. Men då var Svein fråfallen i Danmark og likeins Knut far hans i England, og bror åt Svein, med namnet Hordaknut, rådde då for Danmark. Han for med ein her imot Magnus, og dei møttest i Brennøyane. Skynsame menn gjekk då imillom og talde til semje, og kongane gjorde semje på denne måten: Med di Knut tykte at han hadde rett tilkall på Noreg etter som far hans hadde vunne det og bror hans havt styring der, og med di Magnus og tykte ilt um det uskil som far hans hadde lide av Knut — svik og utlægd og livlåt, — so avgjorde dei saki med semje soleis at den av deim som levde lengst skulde taka ved båe landi, men kvar skulde råda for sitt rike so lenge som dei levde båe. Dei gav gislar på dette. Knut andast fyrst, og Magnus tok då ved Danmark utan motmæle, etter som sønene til dei beste menn var gislar.


37. Men då Svein, son åt Ulv og Astrid, syster til Knut den Mektige, spurde dette i England, då samla han herfolk frå alle kantar som han kunde. Magnus for imot honom, og dei møttest med skipi sine ved eit nes som kallast Helganes, og heldt slag. Svein laut fly til Vendland, og samla folk på nytt kvar han berre kunde få. Med den heren drog han til Danmark, slik at Magnus berre fekk nysn um det stutt fyreåt og difor var lite fyrebudd, og ottefull av di han var so fåment. Han budde seg like vel so godt han kunde til å taka imot Svein.


38. Men den natti då han skulde halda slag morgonen etter, og han var mykje ottefull for korleis det skulde gå, då synte far hans seg for honom i draume og bad honom ikkje ottast; han sagde til Magnus at han skulde vinna siger. Og soleis gjekk det. Dei møttest um morgonen på ei heid som heiter Lyrskogsheidi; ho ligg ved Skotborgarå. Magnus skipa heren sin i fylkingar soleis som den heilage Olav hadde sagt honom til fyreåt i draume, og han gjekk i striden på den tid som Olav hadde sagt honom um natti. Det var når soli var i landsud. Fylkingen hans vende åtaket mot den eine fylking-armen til Svein, so heile den armen veik undan. Og Svein fekk mykjen skade av mangt slikt som han hadde tenkt skulde verta til siger for seg. Han hadde sett uksar i brodden for heren sin og bundne spjot fast på ryggen deira, og fjøler for augo. Men nauti vende seg fyrst range vegen, og so gjekk det slik at Svein vart snara inne millom nauteflokken og flokken til Magnus og fekk den største mannskade. Svein frelste seg med å fly. Magnus elte lenge Svein og flokken hans sjølv annan, og dei ordi vart hermde etter Svein og mennene hans, at hadde alle slegest so som den vakre unge mannen i silkeskjorta, so hadde ikkje eit mannsbarn kome seg undan; men mannen var kongen sjølv. Um sider vende Magnus attende til heren sin, og alle vart glade då dei fekk sjå honom. For i fyrevegen hadde dei ottast at han skulde vera fallen, so lenge som han heftest med å jaga flokken med ein manns hjelp. Men Svein søkte seg fredland. Kong Magnus sat no i Danmark i ro og full fred.


39. Som det no lid eit bil, søkjer Harald, bror til den heilage Olav, heim att ifrå Myklegard yver Austerveg. Han kom på eit kaupskip, vel budd med gods og kostnadting, og landa i Danmark utan at kong Magnus visste um anten honom eller skipet hans. Det fall seg so at han kom i nærmunom av der som kongen var, og han fekk til ei samkome med ein rådgjevar hjå kong Magnus som heitte Ulv stallare, og tala med honom saki åt Harald nett som han hadde vore sendemannen til Harald, og ikkje Harald sjølv. Han bad Ulv at han skulde fretta ut kong Magnus, um korleis Magnus vilde taka imot farbror sin dersom han kom att til landet. Han sagde at det vilde vera storleg velgjort, um han vart godt motteken. «Eg tykkjer,» sagde han, «at skyldskapen deira talar for å taka vel imot honom, og likeins det at han hjelpte so den heilage Olav, bror sin og far åt Magnus.» Harald var ein vitug og sterk mann òg, sagde han, og hadde gjort mange og velduge storverk utanlands. Mannen var dertil no rik på gods og kostnadting, og av alle desse grunnar kunde han verta frenden sin til mykje styrkjing. Men det kunde òg verta ilt ut-av det, dersom han ikkje vart motteken med ære. Ulv tok med glede på seg denne ærendi; kong Magnus høyrde òg glad på. Han sagde at han venta seg mykje hjelp og gagnlege råd av alle gode drengjer som han hadde hjå seg, men aller mest venta han av farbror sin. Etter dette svaret frå kongen fer Harald til skipet sitt og dinæst til møte med frenden sin. Då kjende Ulv att den store og staselege mannen som hadde kalla seg sendemannen til Harald, at det var Harald sjølv. No vart det eit stort gledemøte millom frendane. Og Harald tok imot halve Noreg og tok ved styret yver det, soleis som han hadde rett til, — likso vel etter ætti si som etter den gode gåva frå den gode kongen. For Harald var son åt Sigurd Syr, og Sigurd son åt Halvdan, som sume kalla Heikelnev og sume Kvitbein, og Halvdan son åt Sigurd Rise, som var son åt Harald Hårfagre.


40. Sidan rådde Magnus for Danmark og halve Noreg i ro og fred utan noko motmæle so lenge han levde. Han rådde for båe riki i trettan år i alt, med dei seks som han hadde Danmark. Han vart sjuk på Sjælland og andast der eit år etter Harald farbror hans var komen til landet. Då var han nær fire og tjuge år gamal. Liket hans vart ført nord til Trondheim og nedsett i Kristkyrkja der som far hans kviler. Dette var ein stor saknaddaude for båe landi, for det levde ikkje att noko avkjøme etter honom, anna ei dotter, av di han fall ifrå so ung. Medan han låg sjuk hadde han sendt Tore halvbror sin til Svein Ulvsson, med den ærend at han ikkje skulde segja at Magnus var avfaren, men at han hadde gjeve upp riket til Svein. Svein tyktest vita like vel at Magnus laut vera avliden, og tok imot den store gåva med glede og tok ved styret yver landet. Alle dei skipnader som Magnus hadde gjort i riket, let han stå ved makt, og likeins gåvone både til Tore bror hans og til alle andre.


41. Kong Harald tok no åleine ved heile Noreg, og styrde med mykjen hardleik, men like vel med god fred. Der var ingen annan konge som det stod slik age av millom alt folk som av honom, so klok og dugande var han. Harald gifte seg snart etter han var komen til landet, og tok til kone brordotter åt ein mann som heitte Finn, som budde aust i Ranrike, ein ættstor og ovrik mann. Kong Harald let mågen sin få store veitslor. Men sidan hende det at han vilde kalla deim attende. Av dette vart det stort mistykkje millom deim, og Finn for deretter ut or landet med frendefylgjet sitt og drog til kong Svein i Danmark med sju langskip. Av Svein fekk han jarlsnamn, men han sende heim att deim som hadde fylgt honom; han vilde ikkje at dei skulde missa eigedomane sine, og ikkje konone og borni. Men Svein og han drog saman folk og for med ein her mot Noreg. Kong Harald for imot deim, og dei møttest ved Nissa i Halland i Danmark, Harald låg attmed ei øy innmed fastlandet, og Svein og Finn tenkte å gjæta honom so han ikkje fekk vatn; for folk visste ikkje um vatn ute på øyi. Men kong Harald let leita etter um dei kunde finna ein levande orm på øyi. Dei fann ein, og mødde honom deretter på kongens bod innmed elden, so han skulde tyrsta som verst. Sidan batt dei ein tråd um sporden på honom, og ormen vart slept laus. Då søkte han straks til vatn for å få drikka, og soleis vart vatn funne. Men då Harald tykte han var buen, lagde han til slag, — so snart det folket hans var kome som han hadde lege og bia på. Svein rauk i striden og fekk stort mannspille, og flydde undan med få folk. Men Finn vart teken til fange og fekk fred, og for heim att med Harald til eigedomane sine.


42. Men då Harald hadde rådt for heile Noreg i nittan år frå di Magnus fall ifrå, kom det ein mann frå England som heitte Toste. Han var jarl og bror til Harald Godineson som då rådde for England, og hadde likso god arvrett til landet som Harald, men hadde vorte rana for alt. No bad han seg hjelp av Harald og lova honom halve England, dersom dei fekk vunne det. Harald drog yver til England med ein her i lag med Toste, og dei vann heile Northumberland. Englands-kongen var i Normandi då, men so snart han spurde dette, skunda han seg heim att med ein her. Han kom so uventa på hine at det meste av heren deira var på skipi, og dei som var på land var nærpå våpnlause, utan hoggvåpn og livdevåpn. Dei stelte seg då alle i éi fylking og budde seg til. Kongen sjølv sat på hesten og reid medan han fylkte heren. Men hesten snåva under honom og kasta honom av. Kongen mælte då han stod upp att: «Sjeldan bar slikt til med’ lukka var god.» Det gjekk som kongen sagde og, so han vart ikkje rangspådd. I dette same slaget der um dagen fall både Harald og Toste jarl og mykje folk med deim; dei som kom undan flydde til skipi. Hovudsmann for den flokken som var att var Olav, son åt Harald, ein ovleg vakker mann, nær tjuge år gamal. Han kallast Bonde for fredsemdi og spakleiken sin. Han bad Harald um grid og um likamen åt far sin, og fekk både det eine og det andre. Sidan for han til Orknøyane i lag med Pål jarl, og våren etter til Noreg. Han jorda liket til Harald i Mariakyrkja i Nidaros, for det tyktest høvelegt at han — Harald — fylgde den kyrkja som han sjølv hadde late byggja. Men no ligg han på Elgeset. Erkebiskop Øystein let honom fara dit og gav honom i munkane si varetekt, og auka med det den eigedomen som han sjølv hadde gjeve dit.


Peter Nicolai Arbo: Kong Haralds fall i England


43. Det året som Harald og Olav var på Vesterhavs-ferd, rådde ein son åt Harald som heitte Magnus for Noreg, ein ovleg vakker mann. No skifte han og broren Olav riket millom seg. Men vonom fyrr, tvo år seinare, fall Magnus ifrå. Han let etter seg ein son som heitte Håkon; honom fekk Steigartore til uppfostring. Olav rådde sidan åleine for Noreg i fire og tjuge år, og ikkje under nokon konge etter Harald Hårfagre hadde Noreg stade i slik blome som i hans dagar. Han skipa med mildskap på mange slike saker som Harald hadde både byrja og fremja med hardskap. Han var raust med gull og sylv og gjæve eignaluter og kostnadting, men fasthalden på jordegods. Det valda vitet hans, og so det at han såg kva som gagna kongedømet. Mange gode verk er å nemna etter honom.


44. Han bygde ei steinkyrkje ved biskopstolen i Nidaros yver likamen til den heilage Olav, frenden sin, og gjorde henne fullferdig. Og kor mykjen godhug og blidskap han synte mot landslyden, det kann ein sjå av dei ordi som han tala ein dag i Myklagilde; han var lystug og i godt lòt, og nokre sagde: «Kor gildt det er, konge, at du er so fjåg!» Då svara han: «Kvifor,» sagde han, «skulde ikkje eg vera fjåg no når eg ser folket mitt er både velnøgt og fritt, og eg sit i den samkoma som er helga den heilage farbror min? I far mins dagar levde folket i stor age og otte, og dei fleste løynde gullet og kostnadtingi dei hadde; men no ser eg at det skin på kvarmann av det han eig, og deira fridom er mi glede.» Det var òg so godt i hans dagar at utan strid freda han for seg og folket sitt utanlands. Det stod støkk av honom hjå dei næmaste grannane hans, endå um han var spaklyndt og fredlyndt, — so som skalden segjer:


Odelen varde
Olav med skræmord
og freds tale.
Ingen blandt kongar
yppa seg torde
og krav nemna.


45. Men då han hadde rådt yver Noreg i sju og tjuge år, medrekna fyrste året då han sjølv var vestanfor havet etter Haralds fall, og Magnus bror hans var i Noreg, so vart han sjuk aust i Ranrike på ein gard som heiter Haukbø; han var på veitsle der. Og der døydde han. Men likamen hans vart førd nord til Nidaros og jorda i den kyrkja som han hadde late byggja.


46. Deretter steig Magnus Berrlegg, son hans, til riket. Han var nær tjuge år gamal då han tok kongsnamn etter far sin. Håkon frenden hans tok òg kongsnamn, han som Steigartore hadde havt til uppfostring so som fyrr er nemnt; han var vel fem og tjuge år då. Dei var kongar båe éin vetter, og den vetteren sat dei i Nidaros. Magnus budde i kongsgarden, og Håkon i Skulegarden ned frå Klemenskyrkja. Der heldt han jolegjestebod. Då tok Håkon av alle jolegåvor og skylder og likeins landøyreskatten for alle trønder og upplendingar som vilde ha honom til konge, og bøtte retten åt landsfolket med mangt anna. Men av dette tok hugen hans Magnus til å uroast, med di han tykte at han fekk mindre av land og skattar enn far og farbror hans og forfederne hans hadde havt. Han tykte at hans rett ikkje mindre enn Håkons vart uppgjeven ved at Håkon gjorde ære på folket med ei slik gåve, og han tykte at han hadde vorte vanvyrd og mishalden av frenden sin ved dei råd som han og Tore hadde lagt upp i lag. Håkon og Tore hadde òg mykjen otte for korleis Magnus kunde lika dette, for Magnus heldt heile vetteren sju langskip i ei opi vòk i kaupstaden. Men um våren fram mot kyndelsmesse lagde Magnus burt høgstnattes med skipi tjelda og ljos under tjeldi, og lagde ut til Hevring. Der låg han um natti og gjorde upp store eldar uppe på land. Då trudde Håkon og det herfolket som var i byen, at dette var gjort på svik. Håkon let blåsa herfolket ut, og alt byfolket og søkte til og heldt seg samla um natti. Men um morgonen då det ljosna, og Magnus såg at alle mann var samla på Øyrane, heldt han ut or fjorden, og so sud i Gulatingslog.


47. Håkon gav seg no på ferd aust til Viki, men han heldt ting i kaupstaden fyrst. Der sat han på hesten og lova alle mann venskap, og bad um venskap att; han var ikkje retteleg trygg på kva frenden hans etla seg til, sagde han. Alle lova honom venskap med god vilje, og fylgje dersom han turvte det, og heile lyden fylgde honom ut under Steinbergi. So drog han upp til fjells. Men ein dag han for etter ei rjupe som flaug upp for honom med’ han reid, vart han sjuk og fekk banesott, og andast der på fjellet. Ein halv månad etter han var faren frå kaupstaden, kom denne tidendi attende. Då folk skulde gå til møtes med liket hans, gjekk alt byfolket til møtes og mest alle gråtande; for alle heldt mykje av honom. Liket hans vart nedsett i Kristkyrkja.


48. Men etter Håkon var fråfallen kunde ikkje Tore venda hugen sin til Magnus, som då tok ved riket. Han reiste upp av ovmod ein mann som kallast Svein, son åt Harald Flette. Dei fekk seg folkestyrke på Upplandi, og kom ned til Romsdal og Sunnmøre og fekk seg skip der, og heldt so nord til Trondheim. Då Sigurd Ullstreng og mange andre av venene til kongen spurde denne uppreisti og fiendskapen hans Steigartore, skar dei upp herpil og samla alt det folk dei kunde imot Tore, og stemnde folket til Vigg. Men Svein og Tore styrde dit med heren sin og slost med Sigurd og mennene hans, og fekk gjort landgang og vann siger, og gjorde eit stort mannfall. Sigurd flydde til kong Magnus. Men Tore og flokken hans tok vegen inn til kaupstaden, og sveiv att og fram der inne i fjorden. Då dei var reiduge til å fara ut or fjorden att og hadde lagt skipi sine ved Hevring, kom kong Magnus innetter fjorden. Tore og dei lagde skipi sine yver til Vagnvikastrand og flydde av skipi, og kom ned i ein dal som heiter Teksdal i Seljekverve. Tore vart boren på ei bår yver fjellet. Deretter samla dei skip og for til Hålogaland. Men kong Magnus sette etter deim, og den eine flokken fekk sjå hin på ein fjord som heiter Harm. Tore og dei lagde inn til Hesjetun. Dei trudde dei var komne til fast land, men det var ei øy, og der vart Steigartore teken til fange og mange med honom. Tore sjølv vart sidan hengd utpå ein holme som heiter Vambarholm. Då han såg galgen, sagde han: «Vonde er vonde råd.» Og med same han skulde hengjast og snara vart lagd um halsen på honom, kvad han:


Fire felagar var me
fordom, ein ved styret.


Egil Åskjelsson på Forland, ein ovende hæv mann, vart òg drepen der og hengd i lag med Tore, for han vilde ikkje fly ifrå kona si, Ingebjørg Ogmundsdotter, syster åt Skofte. Då sagde kong Magnus, med same Egil hekk i galgen: «Ille kjem gode frendar honom til hjelp.» Men Svein flydde ut til havs og deretter til Danmark. Der var han til dess han fekk gjort forlik med Øystein, son åt Magnus. Øystein let honom få forlik og gjorde honom til skutilsveinen sin og synte honom venskap og umhug. Men Magnus hadde no riket einsaman og åtalslaust, og freda vel for landet sitt og øydde ut alle vikingar og røvarar. Han var ein mann som var huga på herferd, og rask og tiltøk og i alt likare Harald farfar sin i huglynde enn far sin. Alle var dei store menn og vakre å sjå til.


Wilhelm Wetlesen: Egil Åskjelsson blir hengd


49. Magnus for i mange herferder. Fyrst tok han upp det kravet aust i Gautland, at Dal og Vear og Vardynjar med retto skulde liggja til Noreg. Forfederne hans hadde havt desse bygdene, sagde han. Kongen lagde seg ved landskilet med ein stor her og låg i telt, og tenkte å rida upp og gjera åtak på Gautland. Men då kong Inge frette det, samla han brått ein her og stemnde imot Magnus. Då kong Magnus fekk viss tidend um ferdi hans, talde hovdingane til å snu heim att. Men Magnus lika ikkje det, og for imot kong Inge fyrr han vardest, midt på myrkaste natti, og gjorde stor mannskade for honom. Kong Inge berga seg med å fly. Sidan vart det gjort semje i saki. Kong Magnus fekk Margreta, dotter åt kong Inge, og med henne desse eignene som han fyrr hadde gjort krav på.


50. På denne herferdi var desse med kong Magnus: Ogmund Skofteson, Sigurd Sigurdsson, Sigurd Ullstreng og mange andre. Men etter dette for kong Magnus yver til Orknøyane med ein her. Då var desse hovdingane med honom: Dag, far til Gregorius, Vidkunn Jonsson, Ulv Raneson, bror til Sigurd som var far åt Nikolaus, og mange andre store hovdingar. På Orknøyane tok han med seg jarlen Erlend og Magnus son hans som var attan år gamal, — han som no er heilag. Kong Magnus lagde seg i hernad utanfor Skottland og Bretland og drap på denne ferdi ein jarl som heitte Huge den Digre. Han vart skoten i auga og fekk banen sin av det. Men den mannen som hadde skote kasta bogen burt til kongen, etter det sume segjer, og sagde : «Til lukke med skotet, herre!» og gav kongen æra for dette skotet. Frå denne herferdi vende Magnus heim att med skipi lasta med gull og sylv og kostnadting.


51. Få år seinare for han vest til Irland med ein skipsflote og ein stor her, og etla seg til å vinna landet. Han vann ein lut av det i fyrstonne. Av dette vart han djervare og sidan meir uvar av seg, då det fyr stundes gjekk honom som han vilde, liksom det hadde gjenge Harald farfar hans då han fall i England. Same slag svik drog honom òg i dauden. For irane samla ein uhorveleg her i løynd mot kong Magnus um kvelden fyre bartolomæusmesse, då nordmennene hadde gjenge av skipi upp på land og skulde hogga strandhogg. Dei visste ikkje ordet av fyrr denne heren var komen imillom deim og skipi, og kongen og hans menn var lite budde med herklæde. Kongen var gjengen upp berre i ein silkevest, med hjelm på hovudet, sverd ved sida og spjot i handi, og ridehosor; han var ofte van å gå soleis. I dette slaget fall kong Magnus og mykje folk med honom. Det heiter Ulster der som han fall, og Øyvind Finnsson fall der i lag med honom, og mange andre store hovdingar. Vidkunn var stadd næmast kongen og fekk tri sår. Men då kong Magnus såg at dauden var honom viss, bad han Vidkunn berga seg sjølv og fly. Vidkunn og dei andre som kom seg undan, søkte ned til skipi, og for deretter heim att til Noreg. Sidan fekk han mykjen vyrdnad av sønene til Magnus, for di han hadde bore seg so vel. På denne tid var Myrjartak Kondjalveson yverkonge yver Irland. Sigurd Magnusson var gift med dotter hans ei stund; ho heitte Bjadmunjo. Magnus Berrlegg var konge i ti år i alt.


52. Etter Magnus steig dei tri sønene hans til riket, Øystein og Sigurd og Olav, alle gode og gilde menn, rolege, spaklyndte og fredsame. Mykje godt og herlegt er å segja um deim. Olav fekk folket like vel prøva altfor stutt, for han levde ikkje meir enn tolv år frå di far hans fall ifrå. Han døydde i kaupstaden syttan år gamal og vart jorda i Kristkyrkja. Alle syrgde yver hans fråfall. Men fyrstundes i det bilet då brørne styrde riket tri i lag — Øystein, Sigurd og Olav —, fekk Sigurd hug til å fara or landet til Jorsal, og brørne hans og dei beste menn i landet talde til. Til å kjøpa seg Guds miskunn og hyllest hjå ålmugen, tok då alle brørne av dei tyngslor og tvangsbod og harde pålegg som stride kongar og jarlar hadde lagt på folket so som fyrr er nemnt.


53. Soleis snudde brørne trældom um til fridom. Deretter drog kong Sigurd på ferd ut or landet til Jorsal med seksti skip. Det var fire år etter Magnus far hans var fallen frå. Han hadde med seg mykje og godt folk, men like vel berre slike som vilde fara sjølve. Han sat i England fyrste vetteren, og andre året for han ut til Jorsal. Der naut han stor ære, og fekk dyrverdige kostnadting.


54. Kong Sigurd bad um at han måtte få ein spon av den heilage krossen. Det fekk han, men ikkje fyrr tolv menn og han sjølv trettande hadde svore, at han skulde fremja kristendomen av all makt og få reist ein erkebispestol i landet so sant han kunde, og at krossen skulde vera der som den heilage Olav kvilde, og at Sigurd skulde få innført og sjølv svara tiend. Av dette heldt han sumt, for tiendi fekk han innførd; men ein ting braut han, som so nær hadde vorte til stor ulukke, hadde ikkje Gud gjort eit teikn og avvendt ulukka. Sigurd reiste ei kyrkje ved landskilet og sette krossen der, mesta uppi hendene på heidningane, som det synte seg sidan. Han tenkte at dette skulde vera ei vern for landet, men det vart ei syrgjeleg råd. Heidningar kom og brende kyrkja, tok krossen og presten og førde båe burt. Men då kom det yver heidningane slik ein hite at dei tykte det var som dei mest skulde brenna upp. Dei vart forfærde av denne hendingi, nett som av eit skræmelegt vedunder. Men presten sagde deim at denne branden kom av Guds makt og av krafti i den heilage krossen. Då skaut dei ein skipsbåt ifrå og sette både krossen og presten i land. Presten tykte ikkje det var trygt å setja krossen i same fåren ein gong til. So flutte han krossen i løynd nord til bispesætet til den heilage Olav, der det var svore at han skulde vera og der han hev vore sidan.


55 a. Mangt anna godt òg hendest på ferdi hans Sigurd. Han vann siger yver nokre heidne borger, og til å få teke ei av deim lova han å avskipa kjøteting i Noreg um laurdagen. Han for til Myklegard, og vart motteken med stor ære der av keisaren og fekk store gåvor. Til minne um nærværet sitt der let han etter seg skipi sine, og tok nokre store og dyrverdige hovud av eitt av skipi og sette på Peterskyrkja. Heimvegen lagde han gjenom Ungaraland og Saksland og yver Danmark. Han kom heim att til Noreg tri år etter han hadde fare ut or landet. Heile folket vart fege yver heimkoma hans. Han var tjuge år gamal då han kom att til landet ifrå denne ferdi, og hadde vorte ovleg namngjeten. Øystein bror hans var eit år eldre, og Olav var då tolv år gamal. Enno er mange heilage stader prydde med dei dyrluter som [kong] Sigurd då førde [til landet]. — — — —


[55 b. Kong Øystein hadde ikkje heller vore gjerandslaus i landet medan kong Sigurd var i utferd. Han let gjera den store halli i Bjørgvin, det største og frægaste herbyrget som hev vore bygt i Noreg av tre. Han let reisa Mikalskyrkja på Nordnes og gav gods til henne til eit munkekloster; det er ei av dei herlegaste steinkyrkjor. Han let gjera Apostelkyrkja i kongsgarden i Bjørgvin. Kong Øystein let gjera virket ved Agdenes, og let byggja ei hamn og ei kyrkje nord i Vågan på Hålogaland, og lagde præbendor til. Han let òg gjera den store draken som var bygd sameleis som Ormen Lange hadde vore. Kong Øystein let byggja Nikolaskyrkja i Nidaros. Han auka kongedømet, med di han sende bod til kloke menn i Jamteland og baud deim til seg, og tok imot deim med mykjen blidskap og gav deim gåvor, og soleis lokka hugen deira til venskap med seg. Di næst tok han til å røda med deim um kor laglegt det var for deim å søkja hit etter det dei turvte, og kor mødesamt det var for deim å søkja austetter. Dei skyna at det som kongen sagde var til deira beste, og kom til samrøde med honom og han ofte med deim. Sidan for dei austetter og fekk landsfolket til å samtykkja i denne saki, og tok eidar av folket. Deretter for dei til Noreg og svor Jamteland under kong Øystein både av klokskap og av venskap. Dette hev stade stødigt ved makt sidan. Soleis vann kong Øystein Jamteland med djuptenkte råd og ikkje med ufred og åtak soleis som sume av forfederne hans. Men på den måten gjorde han semje med jamtane, og det vart med i venskaps-avtala deira då alle lendmennene i Jamteland for til kong Øystein og svor honom Jamteland og skattar av landet og vart hans tegnar, at han lova deim til vederlag si hjelp mot ufred frå sviakongen; han skulde ha same skyldnad til å hjelpa deim som til å hjelpa nordmenn eller andre av tegnane sine. Jamteland ligg enno med skattar under Noregs-kongen. Kong Øystein bøtte i mange stykke retten åt landsfolket og var ihuga til å halda uppe lovene, og gjorde seg nøgje kjend med alle lover i Noreg. Han var ein ovleg klok mann, og den vakraste mann ein kunde sjå, ljos på hår, medal-høg på vokster, ordhag, og ovende gjevmild. Av alle kongar hev han vore mest avhalden millom mennene sine, gladværug og smålåten i ord.]


56. — — — — og lagde på Småland å reida ut femtan hundrad naut til upphelde for heren, og folket tok ved kristendomen. Deretter vende kong Sigurd heim att, og hadde med seg mange store eignaluter og mykje herfang som han hadde vunne på denne herferdi. Denne leidangen vart kalla Kalmar-leidangen; han var sumaren fyre det store myrkret. I Sigurds dagar var ei god tid, med både gode åringar og mangfaldig annan godskap, — so nær som den eine tingen at kongen snaudt kunde råda med seg då det leid på, når det vonde kom yver honom. Like vel tyktest han vera ein ovende herleg og merkeleg konge, aller mest av ferdi si. Han var ein ovleg drusteleg kar og, og sers høgvaksen likeins som faren og forfederne hans hadde vore. Han elska folket sitt og folket honom, og han byrte kjærleiken sin med å kveda denne kvidlingen:


Bønder tykkjest meg dei beste,
bygt land og fred stande!


57. So traust styd tyktest han ha i folket sin kjærleik, at han let deim sverja yver heile Noreg medan han sjølv enno levde, at Magnus son hans skulde ha landet. Magnus var frilleson, og den vakraste mann som hadde vore til.


Gerhard Munthe: «Harald gjekk yver ni gloande plogjarn ...»

58. Men etter dette kom det ein mann vestan frå Irland som heitte Harald Gillekrist; han sagde at han var son åt Magnus og bror til Sigurd, og baud seg til å føra prov for det. Kongen gav honom lov til dette, meir av di han var einvis enn av di skynsame menn rådde til. Harald gjekk yver ni gloande plogjarn og stod skirsli, og sidan var han hjå bror sin i god vyrdnad; for han var ein djerv og dugande kar, høg på vokster og ovleg kvik å sjå til. Men eidane som var svorne um Magnus stod ved lag. Harald hadde òg svore eiden sin på det, fyrr han fekk lov til å fremja skirsli, at han ikkje skulde gjera tilkall på riket so lenge Magnus levde. Med denne eiden vilde kongen stadfesta eiden åt folket og kongedømet åt sonen, bægja ute våde og hindra mannspille. Denne skirsli stod på Sæheim, og folk tykte at skirsli var heller strid, etter som Harald bar jarn berre til å prova farsætti si og ikkje til å få lut i riket, som han hadde svore ifrå seg. Brått etter dette døydde kongen aust i Oslo. Harald og Magnus var i Tunsberg, men det vart straks sendt bod ut til Magnus, og han skunda seg inn til Oslo, og fekk soleis tak i skattkistone. Likamen til kong Sigurd vart jorda i Hallvardskyrkja. Då hadde han rådt yver Noreg i alt i sju og tjuge år.


59. No vilde Magnus setja seg i kongedømet åleine, so som fyreskipnaden åt far hans og eiden åt folket med retto viste at han skulde. Men Harald var ikkje nøgd med dette og kravde halve riket, og vilde ikkje koma i hug anten eidane sine eller fyreskipnaden åt bror sin. Det kom upp tvidrætte millom deim alt fyrste vika, og både hirdi og hovdingane og ålmugen skilde seg i tvo flokkar. Harald fekk flust med folk ved dette, og — — — —


60. [Alt gjekk godt miliom brørne so lenge] fosterfederne deira [levde], og kong Inge og kong Sigurd hadde éi hird i lag. Kong Øystein hadde hird for seg sjølv. Men då alle desse hovdingane var avlidne som med sine råd hadde styrt riket drengjeleg i lag med deim etter landslovene deira — Åmunde, Tjostolv Åleson, Ottar Birting, som var gift med Ingerid mor åt kong Inge, Ogmund Svipte, og Ogmund Dengje, som var bror åt Erling Skakke Kyrpinga-Ormsson og både var mykje meir vyrd enn Erling so lenge dei levde båe og eldre av år —, då skilde brørne Sigurd og Inge snart hirdene sine. Kong Sigurd var ein stor mann på vokster og dugande, sterk, lauslyndt og lett-mælt, vranglyndt og villstyren, djerv og gladværug. Kong Øystein var ein høg og sterk mann, berrmålug, sløg og ful, påhalden og pengekjær, svarthærd og stridhærd. Kong Inge var ljos, med vent andlit, vanfør av di han var ryggbroten og av di den eine foten hans visna, so han halta mykje når han gjekk, tyd og tekkjeleg mot venene sine. Kong Sigurd vart ei stor styrløyse og vyrdløyse i alle ting straks han voks upp, og sameleis var Øystein bror hans. Det var like vel noko meir folkeskikk med Øystein, men han var den aller mest pengekjære av deim. Kong Inge var vensæl hjå ålmugen. Noko etter rådgjevarane til kongane var falne frå, hende denne tilburden: Ein mann heitte Geirstein. Han hadde tvo søner, Hjarrande og Hising. Dotter hans var frilla til kong Sigurd, og Geirstein og dei var vener med honom. Geirstein var ei stor uvyrde og for rangvist fram, etter som han tykte han hadde kongen å trøysta seg til. Ikkje langt ifrå honom budde ei gjæv enkje som heitte Gyda, syster til Ragnhild som var gift med Dag Eilivsson austan or Viki. Ho var eit sers dugande kvende. Geirstein for ofte på vitjing til henne og vilde gjerne få elsken hennar, men det var imot hennar vilje. For det vart han harm, og sagde at dette skulde ho koma til å trega på. Fyrste rådet og påfunnet hans var at han let nokon driva feet hennar inn i åkrane sine, og gav henne skuld for det. Og so lagde han seg etter å få drive sitt fe burt i hennar åkrar og få gjort henne ugagn på mange måtar. Då ho såg at uvenskapen hans var so stor og at det vart gjort henne skade, sagde ho til venene sine at ho hadde fælt lite nytte av gjæve vener og verjor, når ho skulde verta so mangeleis svivyrd. Då sagde ein mann som heitte Gyrd til henne; han var uppfødd der hjå henne og var av god ætt og ein spræk kar: «Frue,» sagde han, «det er sant som du segjer, at mykje krenkjing hev du vorte ute fyre av denne mannen; men eg skynar du médar på meg, at eg skal gjera ved det.» So bar det til ein dag som ho gjekk der på garden sin, at ho fekk sjå mange krøter ut-i åkrane sine, og mange som gjorde stor skade. Då vart ho harm, tok eit spjot og sprang av stad ut der som krøteri var. No kjem Gyrd imot henne og tek ifrå henne spjotet og gjeng ut imot krøteri og driv deim burt, yver ei bru som var yver åi millom gardane. Geirstein kjem imot honom og spring på honom med ein gong, og segjer at dei hev drege trælar altfor mykje fram når slike skal jamnast med honom, — og stikk til Gyrd. Gyrd bægde av seg stikket, og hogg til Geirstein att i vinstre sida og gav honom banesår. Deretter gjekk han heim til Gyda og sagde kva som var hendt. Ho hadde då butt ferdig tvo hestar, ein med ferdaty og ein for honom til å rida på. [Ho sende honom til Ragnhild syster si, med jartegner til prov på at ho bad Ragnhild hjelpa honom imot uvener, likeins Gregorius son hennar. «Men visst er at eg trur det vert stort søksmål etter.» Mannen kom aust i landet og til Gregorius. Han hadde stort mannskap, men det såg ut til fyrstundes at han hadde heller liten hug på å leggja seg frami saki, og folk sagde både det eine og det andre um kva slag gagns-kar han (kunde vera. Gyrd bar fyrst fram for) Ragnhild ærendi si og synte fullgode prov fyre seg. Ho bar saki upp for Gregorius, og sagde at det var reint naudsynlegt at (han ytte mannen hjelp. Gregorius svara: «Lite) hev eg enno gjeve meg av med å greida vande saker for folk. Dessutan gjeng det ordet at eg duger lite til fyregangsmann, og det trongst at den hadde mykje makt som skal gå imot kong Sigurd. Eg lyt fara meir etter, at det er so lite ved meg, enn etter det som høver seg her.» Ho segjer: «Hjelp mannen so han kann berga livet, for di um han hev gjort dette verket! Han hev fria frendane våre for mykje neis-ord. Vyrd ordi mine og di eigi ære!» Gregorius svarar: «Tungt mun det verta å reisa seg imot kongen, og skamlegare synest det meg å lova hjelp og slett ikkje kunna halda det.» Då mælte ho med vreide: «Lenge vert du verande lite til mann, når det ikkje skal ha noko å segja for deg um frendane dine vert drepne. Du sjølv vert mindre av å missa gode frendar, og fullgild orsak var der til at dette verket vart gjort.» Gregorius svarar; «Hardt eggjar du, mor. Lat meg få sjå mannen!» So steig Gyrd fram og bar upp ærendi si med velvalde ord. Han fortalde Gregorius heile tilburden og synte honom jartegnene, og nemnde kor um å gjera frendane hans tykte det var at han tok seg av saki, og sagde at dersom Gregorius skulde verta hovding, laut han ein gong røyna det fyrste venda. Og for alt dette til saman: fyretolone hans Gyrd, naudi mannen var i, og eggjingi åt mori, so segjer Gregorius: «Åkavt talar du denne saki, mor. Vert ho førd likso ihuga til endes som ho vert fyre-orda no, og endar ho med ære, so fær me glede av henne. Men like vel vil eg at dei menn som er hjå meg skal lova sitt samtykkje og sin studnad, um so vert at eg gjeng i denne vanden. Legg dei seg i vågnaden med meg, og sver dei å verja livet og lemene hans, so kann eg hjelpa honom noko.» Det var seksti mann av huskarane til Gregorius som tente hjå honom som frimenn. Han tok no imot mannen, og gjorde samlag med huskarane sine. Dette frette sønene hans Geirstein, og dei vart ville for det, og sagde til kong Sigurd at dei vilde brenna ned garden hennar Gyda og taka alt fe som der var. Kongen bad deim fara meir med tol for det fyrste, og sagde at han vilde krevja bøter og få vita kva som sant var. Brørne for nordetter og gjorde mange illverk; men for kongens bod trøyste dei seg ikkje til å gjera so ilt som dei hadde hug til. Då dei frette at mannen var komen til Gregorius, sagde dei det til kongen og bad at han måtte lata deim få folk, so dei kunde drepa Gregorius og alle deim som varde Gyrd. Dei sagde at lendmennene etla seg til å verta ovdjerve, når dei vilde gå imot kongen. Kongen svara: «Fyrst skal me freista med lempe.» So sende han ein mann som heitte Lodin til Gregorius. Lodin var kjend for å vera ein vitug mann og ein god mann på mange måtar, og han kom til Gregorius og tala saki visleg og med mykjen godvilje på kongens vegner. Han sagde at det høvde seg for Gregorius å bøygja seg for kongen. Og han spurde kva Gregorius vilde bjoda for dråpet på Geirstein. Gregorius svara: «For det som kongen tykkjer er misgjort imot honom, skal han sjølv råda. Men Geirstein hev fare so åt at han var verd det som no er hendt. Og sønene hans hev fare med mykje usømd etterpå.» Lodin for burt, og sagde til kongen korleis det hadde gjenge. Då brørne høyrde dette, eggja dei kongen mykje; men kongen vilde endå ein gong senda ein mann til Gregorius, og sende ein som heitte Raud med tretti mann. Dei kom til Gregorius og bar fram ærendi stridare og bråare enn ho hadde vorte frambori fyrr. Dei sagde at kongen munde vilja vera mektigare enn lendmenn, og at han hadde vore traud til å senda deim. «So mykje meir er du skyldig til å skyna kva du hev å gjera,» sagde dei. Gregorius svara: «Fyrre gongen kom det ein god mann til meg, og bar fram denne ærendi med vit og godvilje. Like vel tykte eg ikkje at eg kunde retta meg etter hans råd. Du ber saki fram med stride ord. Ikkje ser du meg ut til å kunna gjera stort her som det er hjelp i.» Då Raud og fylgjet hans for burt heldt dei råd, og Raud vilde ikkje at dei skulde skiljast frå Gregorius med so gjort. Han bad mennene sine at dei skulde bia på honom ute i skogen, og sjølv vilde han fara attende til garden. «Kann henda me då fær tak i mannen,» sagde han, «når dei tek seg minder i vare.» Dei kom attende til garden femtan i lag, og sette seg på pallen i den stova som Gregorius var van å sitja og drikka; dei hadde fenge seg stavkars-bunad utanpå herklædi. Men um kvelden då Gregorius og fylgjet hans kom inn i stova, spurde han kvifor det var stavkarar der inne. Han gjekk burt til deim, og vart var med kven dei var. Då let han taka deim og leggja deim i jarn, og morgonen etter vart dei drivne ut i skogen til felagane sint. Sidan vart det stemnt saman ting, og Gregorius fortalde kva svik desse mennene hadde vilja ha fram. Då vart dei dømde til dauden, og upp-feste etterpå. Dette spurde kong Sigurd og sønene til Geirstein. Dei vart harme, og Geirsteins-sønene bad kongen lata deim få herfolk. Det let han deim få, og dei for aust i Viki, og det kom ingen fretnad fyre deim. Dei tok straks til å herja. Gregorius var i Tunsberg då, og sume segjer at det var jolaftan og at Gregorius nett då hadde minst vakter ute. Han budde seg like vel til å fara imot deim, og sende bod til alle kantar og fekk samla folk. Då dei møttest, vart det stort mannfall, men det lykta med at Geisteins-sønene flydde til kongen. Sidan vert det sagt at dei fekk spurt ein gong at Gregorius skulde i gjestebod hjå mågen sin. Då heldt dei vakter ute, og kom til gjestebodet og drap deim som skulde hava gjestebodet, og sette seg og åt gjestebodskosten sjølve. Gregorius fekk ikkje spurt dette; han kom eit bil seinare og stemnde inn på den vågen som skjer seg inn mot garden, og han og mennene hans tenkte å leggja til i skipslægjet der. Då sagde Gregorius: «Det ser ut for meg som her er hosta mykje folk i fyrevegen. Kann henda det er ufred. Me vil prøva um det er so, og leggja ut til nes-tangen. Er dette ufredsmenn, kjem dei til å fara ut imot oss. Då kann henda me kunde få snutt snøgt inn att til lægjet og få kome fyrst upp til garden, og då fekk me taka imot deim.» Det gjekk som han hadde tenkt. So snart dei lagde utetter, søkte hine ut på neset. Gregorius snudde då beint inn att og kom fyrst upp til garden. No møtest dei og tek til å slåst, og det vert stort mannfall. Gregorius var ein ovende våpnfør mann. Hising gjekk imot honom, og dei bar i hop til å slåst. Hising fall der for Gregorius. og det hev vorte vidgjete. Sidan tok Gregorius sverdet til Hising og bardest. Då kom bror til Hising imot honom og vilde hemna bror sin. Det enda med at Gregorius felte båe Geirsteins-sønene. Av dette fekk han mykje ære og vyrdnad. — Etter dette storverket søkjer Gregorius til kong Inge og gjeng i hans teneste. Dei gjorde stor venskap seg imillom, og Gregorius vart ei fulltru hovud-styd for kongen all si tid. Gregorius var ein ovleg rik mann, men han sparde korkje seg eller godset sitt når det kunde vera til hjelp for kong Inge. Det hev vore eit ord millom folk at han hev vore den gjævaste og fremste av alle lendmenn i manns minne i Noreg.]




Merknader


Kap. 1. Fyrste bladet i handskrifti er burtklypt. Det mun ha fortalt um Halvdan Svarte. Kann henda hev det havt segni um Harald i fostring hjå finnen (Harald Dovrafostre. Jfr. Heimskringla, Steinar Schjøtts umskrift s. 53-54). — Um tilnamni til Harald jfr. Hkr. (Schjøtts umskr. s. 73). — Jolne hev namn etter jol, den gamle midvettersfesten (12. jan,), ikkje umsnutt.


Kap. 2. «Kong Skeidar-Brand» er elles radt ukjend, og bokskrivaren hev nok mistydt verset av Oddmjor. Skeiðar brandr tyder endefram «herskipstamnen», d. e. herskipet. Det er ikkje mannsnamn. — Konge-talet, kongerekkja.


Kap. 4. Gudvev var eit slag fint dyrt ty. — Tegn, «undersått».


Kap. 5. Gamlaleir. Segni um at Gamle fall i Gauldalen er uhistorisk. Ho hev laga seg på grunnlag av stadnamnet, som hev vorte mistydt. Gamle fall i Frei-slaget. Gamlaleir er ukjent no.


Kap. 6. Ni år. Bokskrivaren meiner vel ni år etter brørne fyrste gongen hadde søkt til landet. — Vodven, muskelen. — Ei helle. «Helle» tyder her det same som hlaðhella, hlaðberg, det vil segja eit nokolunde flatt berg nedmed sjøen som er hovelegt for skip å leggja innåt og lasta ved. Det er mange slike helle-namn langs leidi.


Kap. 7. Han fall i Spania. Berre Ågrip og so Historia Norvegiæ hev denne upplysningi (jfr. Norrøne Bokverk 19, s. 35 f.). Ho er nok ikkje rett. Eirik fall i slaget ved Stanmoor i Vest-England 954.


Kap. 10. «Håkon jarl, frenden vår», jfr. næste kapitlet.


Kap. 11. Historia Norvegiæ segjer at Gunnhild var dotter at danekongen Gorm, og det er nok rett (jfr. Norrøne Bokverk 19, s. 35). Ho var soleis syster til Harald Blåtonn. Den uhistoriske segni um giftarmålsferdi hennar til Danmark lyt vera uppkomi etter dei norrøne sogone hadde gjort henne til dotter åt Ossur Tote eller Lavskjegg nord i Hålogaland.


Kap. 13. Ulle .... son hans. Den sonen til Håkon jarl som vart drepen heitte Erlend. Jfr. Heimskringla, Schjøtts umskr. s. 183 f. Ulle kunde vera eit tilnamn.


Kap. 15. Herse-segni finst berre i Ågrip. Det er ei trøndsk lokalsegn (ein ættetradisjon hjå Lade-jarlane og skyldfolki deira).


Kap. 16. Sotanes ligg ikkje på Romerike, men i Ranrike. Hev avskrivaren etter ordet Raumaríki sprunge yver ei setning som hev enda på Ranríki?


Kap. 17. Til Orknøyane. Berre Ågrip og Hist. Norv. fortel at Astrid fór til Orknøyane. Hist. Norv. segjer at Olav vart fødd der (Norr. Bokv. 19, s. 42). Elles fortel sogone onnorleis um rømingsferdi til Astrid.


Kap. 18. Mannhelg, fredhelg som er sett etter lovi. — Eislǫnd. Hdskr. hev eit laond. Jfr. Arkiv f, nord. filologi XXV, s. 147 f.


Kap. 19. Ein stad i England. Andre kjeldor segjer at staden var Syllingar, Scilly-øyane. — «Þú munt við skip þín svíkum mœta ok flokkum.» Det er ikkje klårt anten bokskrivaren tenkjer på flokkar av Olavs eigne herfolk eller på andre. Ordi åt einbuaren til den mannen som Olav fyrst sende, kunde tyda på at det er tale um uppreistflokkar i Olavs eigen her. — Mikkjelsmesse, 29. september.


Kap, 20. Ved Sjælland. Hist. Norv. òg segjer at Olav Tryggvason vart påteken ved Sjælland (på vegen sud-etter), og ikkje ho heller kjenner til Svolder Norr. Bokv. 19. s. 47).


Kap. 21. Mågen sin. Eirik jarl var gift med Gyda. syster til Knut. — Uven, drypelen. Eirik jarl døydde i England i 1023.


Kap. 22. Likso mykje vinn lagde Eirik ... Etter Heimskringla og fleire kjeldor hadde jarlane late seg døypa, men let kvar mann ha den tru han vilde.


Kap. 23. Knarr (gn. knǫrr), eit slag stort skip, helst handelsskip. — Kom skipi hans brått innpå kvarandre. Teksti er uklår her, og må vel vera forrengd. Det ser ut etter Ågrip som det skulde vera skipi åt Håkon som kom innpå kvarandre (heimtusk saman). Men det må vera dei tvo skipi åt Olav som kom innpå skipet hans Håkon, eitt på kvar side. — Suderøyane. Det vert ingen annan stad fortalt at Håkon fekk Suderayane, og det er ikkje rett.


Kap. 24. «Søkte Svein jarl ... mot (í) landet hans.» Dette er ugrannsamt sagt, etter som Svein jarl var i landet fyrr. — Palmesundag. Slaget ved Nesjar stod palmesundagen 1016, den 25. mars.


Kap. 25. Ingigerðar. Handskrifti hev Ingiríðar, som er misskrift. — Gunnhild, rangt for Ulvhild.


Kap. 26. Med hjelp og studnad frå den heilage Olav. Olav hadde ikkie hjelpt Knut, han hjelpte den engelske kongen Adalråd. — Den heilage Olav drog austetter. Etter Snorre og Fagerskinna kom Olav austanfrå då han møtte Erling. Slaget med Erling stod ved Tungenes den 21. desember 1028.


Kap. 28-29. Stykket um dei harde lovene frå Alfiva-tidi hev bokskrivaren teke ut or ei eller onnor gamal norsk lovbok. Rettarbøter som er berga til Frostotings-lovi stadfester at Sigurd Jorsalafare og brørne hans ettergav ei rad av desse tyngslone (Norges Gamle Love I, s. 257 f.). I Gulatingslovi (NGL I, s. 58 f.) er nemnt at alt Magnus den Gode og Håkon Toresfostre letta på deim. Jfr. Agrip kap. 46. — Vinjartoddi, «gards-biten», av vin f., gard, gardsbruk, og toddi m., dott, lite stykke. Handskrifti hev ugrannsamt vinartoddi. — Rýgjartó, «husfru-hespa», av rýgr f., kvinne, husfrue, og to n., to (lin-, hamp-, ull-to til å spinna av). Handskrifti hev rykkjartó, — Øregnt (agne-fritt), skrive orengt. — Rodde på havet, d. v. s. på fiske. — Landvorde (gn. landvarða f.), fiskeavgift til grunneigaren, eller til kongen for di han «åtte odelen». Jfr. nyn. vorde f., 10 fisk (Aust-Agder), 20 fisk (Nordland). — Landøyre. Harald Hårfagre hadde lagt ei utferds-avgift på kvart skip som fór ifrå Noreg til Island. Det kallast — i minsto i ei noko seinare tid — for landøyre. Seinare vart dette omgjort til ei innferds-avgift som kvart skip skulde leggja når det kom frå Island til Noreg. Me hev ei avtale som Olav den Heilage gjorde med islendingane um dette (NGL I, s. 437 f.). Under Svein og Alfiva ser det ut til at dei hev fenge utferds-avgifti att, so det vart både innferds- og utferds-avgift.


Kap. 33. Tjodrek munk òg segjer at slaget på Stiklestad stod i 1029 (Norr. Bokv. 29, s. 40). Legenda um Olav den Heilage (Passio Oluvi) segjer det stod i 1028 (Norr. bokv, 26, s. 18). Det rette er 1030. — Sume segjer at han tok kongsnamn i Noreg. Ingi andre kjeldor nemner noko um at Harald Hardråde tok kongsnamn fyrr han fór frå Noreg.


Kap. 36. Knut andast fyrst — i 1042.


Kap. 37. I England. Svein Ulvsson var ikkje i England på den tid som her er tale um.


Kap. 38. Slaget på Lyrskogsheidi stod 28. september 1043. — Ved Skotborgarå. Det er eit mistak at Lyrskogsheidi ligg ved Skodborgå. — I landsud, d. e. sudaust.


Kap. 39. Ulv stallare var stallaren til Harald, og Ågrip gjer eit merkelegt mistak når det let Ulv vera rådgjevaren til Magnus.


Kap. 40. Han vart sjuk ... Magnus døydde i Jylland, ikkje på Sjælland. — Tore halvbror sin. Mor åt Magnus og Tore heitte Alvhild.


Kap. 41. Austr á Ranríki er rangt. I upphavsskrifti hev fulla stade: á austrátt á yrjum, og det hev avskrivaren mislese. Finn er den same som Finn Arneson. Han budde på Austrått på Yrjar, d. e. Ørlandet. Kong Harald gifte seg med Tora, dotter åt Torberg, bror hans Finn.


Kap. 42. Slaget ved Stanford bru stod seint på hausten 1066.


Kap. 44. Myklagilde, «Stor-gildet». Etter Heimskringla var det Olav sjølv som hadde skipa Myklagilde.


Kap. 46. Skulegarden var den gamle kongsgarden, som Olav den Heilage hadde late byggja. Garden vart sidan kalla etter Skule Kongsfostre, som fylgde med Olav Kyrre heim ifrå England. — Klemenskyrkja hadde Olav den, Heilage bygt. — Då tok Håkon av ... Jfr. Gulatingslovi kap. 148 (Norges Gamle Love I, s. 58 f.). — Kyndelsmesse, 2. februar.


Kap. 48. Svein var av dansk ætt.


Kap. 51. Bartolomæusmesse, 24. august. — Øyvind Finnsson (i andre kjeldor er han kalla Øyvind Olboge) var stallaren åt kongen.


Kap. 52. Tyngslor og tvangsbod ... Jfr. kap. 28-29.


Kap. 54. Ved landskilet, d. e. i Konghelle. Vendane yverfall og tok Konghelle i 1135, noko Snorre hev lange fråsegner um.


Kap. 55. Kjøteting. Berre Agrip nemner denne lovnaden. — Frå slutten av kap. 55 (a) vantar eit blad i Ågrip-handskrifti. Noko av lakunen hev me fyllt ut her etter Morkinskinna s. 352-354 (kap. 55 b). Det kann vera lite tvil um at Mork. hev lånt forteljingi si um korleis Øystein lagde Jamteland under Noreg frå Ågrip. Stilen i stykket er som i Ågrip. Og ordet «søkja hit» (hingat) syner med visse at Morkinskinna-skrivaren hev skrive mekanisk ut or ei bok som er sett saman i Trøndelag. (Kann henda hev han vida ut forteljingi stilistisk). Det andre som er innteke her under kap. 55 b hev òg trulegast høyrt Ågrip til upphavleg. — Virke, borg, skans.


Kap. 56. I dette kapitlet er tale um eit slag kross-ferd som kong Sigurd gjorde til Småland i Sverike. Forteljingi finst heil i Heimskringla. — Det store myrkret var eit solmyrker den 11. august 1124.


Kap. 57. Frilleson. Mor til Magnus var Borghild, dotter til Olav i Dal i Borge, Austfold.


Kap. 59. Frå slutten av kapitlet av vantar ein fire blad i handskrifti.


Kap. 60. Ågrip hev tvo parallele skildringar av brørne. Den eine lyt vera eit seinare avskrivar-innskot. Venteleg er det skildring nr. 2 som upphavleg høyrer Ågrip til. — Agrip-handskrifti endar midt i Geirsteins-tåtten. Handskrifti hev havt nokre blad til — uvisst kor mange —, men dei er burtkomne. Resten av Geirsteins-tåtten er teken med her etter Morkinskinna (F. Jónssons utg., s. 449-453). Ho hev tåtten i same form som Ågrip, og anten hev ho lånt honom frå ei handskrift av Agrip-verket, eller so hev Ågrip og Morkinskinna båe lånt frå ei sams tridje kjelde (Eirik Oddssons Hryggjarstykki?). Mork.-handskrifti er ein grand skadd. — Brørne fór nordetter. I Mork. stend at Geirstein «bjó norðr í Nóregi» (setningi hev falle ut i Ågrip). Brørne fór nord til farsgarden sin.