Chronica Regum Manniae - Del 1

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Latinsk Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Chronica Regum Manniae

Krøniken om kongane og biskopane på Man.

Knut Rage
2018


Del 1: Norrøne kongar og høvdingar på Man og Øyane


Historia om erobringa og busettinga av øyane i vest er relativt overflatisk[1] handsama i den norrøne litteraturen. Det er mest som sagaskrivarane helst berre nemner det i forbifarta (sjølv om det også finst unnatak, som t.d. Orknøyinga saga). Det er såleis ingen tvil om at den rolla desse norrøne øysamfunna - og særleg Isle of Man - spelte alt frå tidleg vikingtid har vore underkjend, ikkje berre av sagaskriverane, men også inn i vår tid. P.A. Munch hevdar[2] at Man tente eit dobbelt føremål: frå øya, så sentralt plassert i Irkesjøen, kontrollerte flåten av vikingskip ferdsla frå og til Irland og vestkysten av Nord-England og Skottland og vidare opp mot Hebridane, dessutan hadde dei der også eit godt utgangspunkt for krigstokt både nordover og sørover.

Me veit ikkje nøyaktig når vikingar busette seg på Man. Wilson [3] skriv at dei kom dit ca. 900. Men det seier han med eit stort atterhald, ettersom han då går ut frå første gongen landåmet på Man er nemnd i sagalitteraturen. Årstalet er henta frå Orknøyinga saga, som vart skrive på 1200-talet. Ettersom åtaket på det rike klosteret i Lindisfarne, på austkysten av Northumberland, vert sett på som byrjinga på vikingtida i vest, er det meir nærliggjande å tru at dei første landåmsmennene på Man kom dit på byrjinga av 800-talet.

Som nemnd hadde Isle of Man ein strategisk plassering som ei mindre brikke i det store puslespelet av oppdagingar av nytt land, herjetokter og handelsruter i vikingtida, eit bilete som femnar om dei store russiske elvene, der dei også kontrollerte rutene til Orienten. Eit anna område som raskt vart kontrollert av vikingar var den nordaustre kysten av Canada, frå Grønland til Spania og Middelhavet. I dette store vevteppet var Man ein liten, men ikkje ubetydeleg del.

Naturleg nok vart dei to øygruppene Orknøyane og Shetland dei aller første områda som vart kolonisert av nordbuarane, her kan busettinga ha teke til alt før 800[4]. I følgje islandsk tradisjon var det Harald Hårfagre si aukande makt i Noreg som var årsaka til utvandringa til desse øyane:

I den ufred, da kong Harald søgte at lægge alt land under sig i Norge, fandtes og byggedes lande ude i havet, Færøerne og Island. Da var ogsaa megen færd til Hjaltland, og mange stormænd fra Norge flyede fredløse for kong Harald og fór i vesterviking; om vinteren var de i Orknøerne eller Suderøerne, men om somrene herjede de i Norge og gjorde stor skade der paa landet. Men mange var ogsaa de stormænd, som gik kong Harald til haande og blev hans mænd og byggede landene med ham.[5]

Men ettersom Harald Hårfagre ikkje vart konge i Noreg før mot slutten av 800-talet, kan denne forklaringa på den norske utvandringa vera heilt rett. Irske kjelder fortel det same, og det er meir truleg at åtaka på klostra i Lindisfarne og Iona heller var ei følgje av norrøn kolonisering på øygruppene i nord. Elles fortel stadnamna sitt. Det gamle norrøne ‘’bolstaðr’’ som tyder "gard" går att i namn som Bimbister, Braebister og Grimbister, og me finn også att det norrøne ‘’vágr’’ (våg) i Ronaldsvoe, Snarravoe osv., for ikkje å nemna alle dei norrøne øy-namna, som i Egilsey, Ramsey og Ronaldsey. Fjella Snaefell og Barrule og fleire landsbyar som endar på -dale er også ei språkleg arv etter den norrøne befolkninga, som Narradale, Foxdale og Orrisdale. Gløymast skal heller ikkje dei gamle tingstadene, Tynwald på Man er alt nemnd.

Ikkje lenge etter koloniseringa av Orknøyane og Shetland må vikingar også ha kolonisert Man. Øya låg som nemnd strategisk til, men den sentrale plasseringa medførte også konstant uro i eit basseng der flåter tilhøyrande forskjellige herskarar frå Noreg, øyane i nord, Dublin, York og Man var i stadig konflikt.

Wilson skriv[6] at historia om vikingtida på Man er vanskeleg å følgja. Ettersom det knapt finst skriftlege kjelder å halda seg til må vår kunnskap om denne perioden koma frå anna hald - arkeologi, numismatikk, stadnamn og epigrafi. På den andre sida finst det knapt nokon stad i Storbritannia der arkeologien kan fortelja meir om vikingtida i vest. Det er gjort ei lang rekkje funn, frå gardar, festningsverk, graver og inskripsjonar som er avdekka innanfor eitt og det same relativt avgrensa området.

Når skriftlege kjelder likevel er nemnd, er den angelsaksiske krøniken eit dokument som kan gje oss eit ørlite haldepunkt. Sjølv om Man ikkje er uttrykkjeleg nemnd, vert det her fortald korleis kong Edgar av England tok heile flåten sin til Chester i året 973, og "seks kongar møtte han der og dei svor truskap mot han både på sjø og land”. Denne opplysninga finn me att eit hundreår seinare, i munken Florence av Worcester (d. 1118) sin krønike om Englands konger, skrive 1106[7], som vert omtala som "tørr, men svært nøyaktig":

Shortly afterwards, he sailed round the north coast of Britain with a large fleet and landed at Chester. He was met, as he had given orders, by eight tributary kings, namely, Kenneth, king of the Scots, Malcolm, king of the Cumbrians, Maecus (Magnus), king of several isles, and five others, named Dufnal, Siferth, Huwal (Howel ?), Jacob, and Juchil, who swore fealty and bound themselves to military service by land and sea.

Svært mykje tyder på at Maccus (eller Magnus), "konge over fleire øyar", var konge over Man og Suderøyane.

Utover denne opplysninga finst det ingen andre samtidige skildringar om eit slikt tilhøve mellom England og Man[8]. Som før nemnd vert ikkje Man omtala i noko skrift før i Orknøyinga saga, som vart nedteikna på 1200-talet, samt i sagalitteraturen kring Harald Hårfagre. Nokre kjelder kan tyda på at Man vart underlagt jarledømet på Orknøyane innan 989, sjølv om det seinare vart etablert ein nær kontakt til Dublin.

Det er såleis vanskeleg å seia nøyaktig når vikingane først kom hit. Men med tanke på at det vart anlagt festningsverk i Dublin midt på 800-talet, er det reint utenkjeleg at dei skulle ha oversett Man på veg gjennom Irskesjøen. Om det fanst rike klostre eller annan rikdom på Man eller Suderøyane veit me ikkje, derimot fanst det alltid ei befolkning som kunne gjerast til treller eller seljast på slavemarknaden, og sjølvsagt dyrkbart land. Først på 1200-talet vart Man mål for invasjon både frå Noreg og Irland, ettersom det vart konkurranse om å kontrollera den atlantiske ruta til Dublin både frå nord og sør.

I si avhandling om "The Family History of the Kings, Prince's and Noblemen, descendants from the Early Viking Rulers and Kings around the Irish Sea" frå 2013 viser Johanna Wilhelmina Young-Tammel gjennom genealogiske tabellar for viking-kongane i Dublin, Man og Suderøyane dei nære slektssambanda med kongane i Irland, Skottland, England og Noreg samt Danmark og Sverige, og med jarlane på Suderøyane, Orknøyane og i Normandie. Det er altså snakk om ei rekkje tydeleg samanvevde band mellom herskarane i England og områda kring Irskesjøen, Frankrike og Noreg, prega av skiftevis alliansar og strid, der Noreg, ikkje minst frå 1100-talet gjennom erkebiskopen i Trondheim, heldt eit fast grep om Man og Suderøyane, frå vikingtid og fram til Man vart avhenda til Skottland i 1266, men i realiteten også etter den tid. Folket på Man, og då særleg alle med makt, nedtstamma i bein line frå den norrøne befolkninga.

Basert på denne genealogiske avhandlinga, samt Young, Wilson og med Krøniken som grunnlag, vil eg freista å gje eit oversyn over historia til Man og Suderøyane under dei norrøne herskarane. Eg legg difor ikkje inn tilvisingar til desse kjeldene i det følgjande.


Perioden 800-913


Ketil Flatnase

Ketill flatnef ser ut til å ha vore den første herskaren over Suderøyane. Ketil kom frå Sogn på Vestlandet, og han skal ha slege seg ned i vest etter å ha blitt jaga frå Noreg av Harald Hårfagre, i følgje sagalitteraturen. Dei islandske sagaene[9] fortel også at han var far til Aud (Unn) den djuptenkte (eller den rike) som vart gift med Olav Kvite, som var konge i Dublin. Det må i så fall ha funne stad før 853. Med tanke på at Karl, ein son av Aud og Olav Kvite, vart drepen i eit slag kring 868, er det då mest sannsynleg at morfaren hans Ketil Flatnese er fødd ca. 815. I dei irske annalane vert det omtala ein mann med namnet Ketil Finn, som truleg er identisk med Ketil Flatnese.

Kring 850 ser det ut til å ha vore ei norrøn-gælisk befolkning på Suderøyane, altså ein befolkningsmessig og kulturell "miks". Det er interessant å merka seg at då Grim Kamban, som truleg var eit søskenbarn eller halvbror av Ketil, tok land på Færøyane kring 825, vart han sett på som ein mann frå Suderøyane, truleg som ein innfødd frå Man, og i så fall kan ein trekkja den konklusjonen at det må ha eksistert ei viss fast norrøn busetting på Man og Suderøyane allereie på dette tidspunktet.


Torstein Raude

Aud og Olav hadde tre kjende søner: Karl, som vart drepen i eit slag kring 868, Øystein, drepen i Skottland 875 og Torstein Raude. Då Olav døydde i 872 tok broren Ivar over som konge i Dublin. Aud reiste dermed frå Irland til Suderøyane, og tok med seg sonen Torstein. Etter alt å døme reiste ho for å bu hos far sin på Man.

Tortein gifta seg med Turid, ei søster av Helge den magre, som var gift med Aud si søster Torunn. Truleg i andre halvdelen av 880-åra drog Torstein til Orknøyane og gjekk i allianse med Sigurd, jarlen av Orknøyane. Saman erobra dei Caithness, Sutherland og delar av Ross og Moray. Etter at Sigurd jarl døydde tok Torstein over erobringane hans som sine eigne og herska åleine over den nordre delen av Skottland inntil han vart offer for forræderi og drepen kring 890. At han flytta til Orknøyane kan ha hatt samanheng med at Harald Hårfagre på denne tida var på tokt i vesterveg for å tukta vikingane som heldt til der. Etter hans død reiste Aud til Island og budde der.


Harald Hårfagre tek makta

Harald Hårfagre. Ill. frå Flateyjarbok. Árni Magnússon Institute in Iceland, Wikimedia Commons.
Ein veit lite om Suderøyane si historie før Harald Hårfagre sin straffeekspedisjon som truleg fann stad etter 885. Mange norske vikingar hadde forlate Noreg og slått seg ned på Shetland, Orknøyane, Man og Hebridane og danna ein base for vikingtoktar som også vende seg mot heimlandet. I følgje dei islandske sagaene la kong Harald under seg Shetland, Orknøyane og Suderøyane og øydela alle bustadene på Man. Målet hans var å knusa den maktstrukturen som dei norrøne høvdingane hadde etablert i Irskesjøen, med Man som base.

Då Harald vende tilbake til Noreg utpeika han jarlen Tryggvi som sin visekonge på Suderøyane. Etter at Tryggvi ei tid seinare vart drepen vart ein annan jarl, Asbjørn Skerjalesi, utnemd som konge under Noreg - men også han vart drepen, av to slektningar av Ketil Flatnase. Det var truleg meint som ein hemnaksjon retta mot Harald Hårfagre.



Perioden 914-989

Perioden 914 til 989 er karakterisert som den tida då kongedømet på Man veks fram og blir etablert. Ca. 914 stod eit sjøslag utanfor Man. Ein mann ved namn Reginald (eller Ragnall), eit oldebarn av Ivar I, bror av Olav Kvite, sigra over ein flåte frå Ulster. Det er noko uklårt kvar Reginald kom frå, men truleg var han ein skotte som hadde busett seg på Man og kome til makta der. Etter denne sigeren sigla Reginald vidare til Irland, i lag med Ottar jarl, og vann ein siger der. Dei erobra landområda vart såleis delt mellom dei. I 917 erobra Reginald vikingsetet Dublin, i lag med brørne Sigtrygg Gale (eller Einaugde), Godred og Sigurd. Etter denne erobringa, for meir enn hundre og femti år framover, vart Dublin den leiande handelsstaden i Irskesjøen, og truleg ei av dei viktigaste hamnene i Europa.

Fram til denne tida hadde det norrøne kongedømet i Northumbria, med hovudsete i York, vore styrt av danskar, men var no utan nokon sterk leiar. Ottar jarl, saman med Reginald, let Sigtrygg Gale bli att som leiar i Dublin og la i veg mot York, via Skottland. I 919 vart Reginald herskar i kongedømet Northrumbria, fram til 954. Såleis kom både Dublin og Northrumbria under eit styre av norrøne menn som var fødd og oppvaksne utanfor Noreg eller Danmark. Det verkar sannsynleg at Reginald heldt på kontrollen over Man i denne urolege perioden; i 940 var MacRagnall, son hans, herskaren der. Med Man som utgangspunkt hadde Reginald altså blitt konge over Northrumbria.

Då Reginald døydde kring 921 tok broren Sigtrygg Gale, som hadde forlate Dublin året før, makta i Northrumbria etter broren. Sigtrygg var den første norrøne kongen fødd i vest som fekk namnet sitt på ein mynt. I 926 gjekk Sigtrygg inn i ein allianse med Athelstan, kongen av Wessex, konverterte til kristendommen og gifta seg med søstera hans. Men ikkje lenge før han døydde året etter skal han ha avsverja den kristne religionen og gått tilbake til forfedrane si tru.

Sonen Olav tok over som herskar i Northrumbria etter faren, med onkelen Godred, kongen i Dublin, som den eigentlege herskaren. Men i juli 927 dreiv kong Athelstan dei ut. Det ser ut som Godred hadde vanskar med å halda kontrollen i Irland, både med irane sjølv, men også med spreidde "vikingreir" som gjorde opprør.


Kong Orry

For heile 5000 år sidan tok folket på austsida av Isle of Man til med eit omfattande byggearbeid. Eit stort gravkammer vart reist oppe i bakken ovanfor stranda der hovudstaden Douglas ligg i dag. Anlegget bestod av minst tre romslege kammer. Her vart ei rekkje menneske gravlagd i ei fjern fortid. Ein trur også at det vart halde seremoniar på staden. Ingen veit nøyaktig kvifor staden i dag går under namnet kong Orrys grav. Kong Orry, eller kong Godred of Crovan, var konge over Man på slutten av 1000-talet. Han er neppe gravlagd her, men på den andre sida er kong Orry like mykje ein legende som ein historisk person, så det er ikkje godt å seia. Foto: Knut Rage, Wikimedia Commons.
Det er mot denne bakgrunnen, i ein periode med stor uro og skiftande alliansar, me ser at det veks fram eit kongedøme på Man og Suderøyane. I følgje tradisjonen var det i perioden 918 til 947 at kong Gorree (eller kong Orry) kom til Isle of Man og vart konge der. "Gorree" eller "Orry" er manx-varianten av Godred. Om han vart det sagt at han var son av kongen i Danmark. Truleg er han kanskje mest av alt blitt mykje av ein sagnkonge, men det skal frå hans tid vera at dei første lovene på Man vart utforma, samt organiseringa av eit forsvar for øya.

Ut frå det som i dag er kjend om Godred Ivarson på denne tida, ville han truleg ikkje hatt høve til å samla seg om ei eiga lovgjeving eller organisering av eit forsvar på Man, men ein skal heller ikkje sjå bort frå at han verkeleg utøvde makt på Man samstundes som han var konge i Dublin. Viss ikkje må det vera snakk om ein seinare mann med namnet Reginald. Det kan då ha vore Godred Haraldson som vart den første herskaren over Man og Suderøyane, då det vart etablert som eige kongedøme.


Magnus Haraldson

Perioden frå 941 til 954 er atter ein gong nokså uklår, men det er mogleg at Man og Suderøyane kom under styret i Northrumbria, som igjen var på norrøne hender. I 965 skal den engelske kong Eadred ha gjeve Suderøyane i gåve til ein viss Magnus, som beløning for hans innsats i slaget ved Stainmore. Før denne tid hadde dei vore ein del av Eirik Blodøks sitt kongedøme. Kven denne Magnus kan ha vore er omdiskutert, men truleg var han ein son av Olav, kongen over Northrumbria - men det er i alle høve sikkert at Eirik Blodøks vart drepen av denne Magnus, i slaget ved Stainmoore, der han kjempa mot kong Eadred.

Truleg vart Magnus Olafson innsett som visekonge på Suderøyane, under kong Eadred sin kontroll. Men han vart fråteke makta ikkje lenge etter, og Magnus Haraldson, son av Harald Sigtryggson, vart utpeikt som herskar over Man og Suderøyane i hans stad. Frå hans tid kan me i alle høve tala om Man og Suderøyane som eit eige kongedøme.

Kring 970 gjorde Magnus Haraldson ein freistnad på å erobra Anglesey, men mislukkast. I 974 sigla han rundt Irland i følge med fleire "lagmenn for Øyane". Truleg tyder det at han hadde høvdingar med seg, som også var "tingmenn" på Man.

I 976 eller året etter vart Magnus drepen av iren Brian Boroimhe, og kongedømet over Man og Øyane gjekk over til broren Godred.


Godred Haraldson

Håkon jarl, teikning av Christian Krogh. Ill. Wikimedia Commons.
Godfred Haraldson ser ut til å ha betalt den norske Håkon jarl (ca. 937-995) ei godtgjersle for å skaffa Man og Suderøyane vern mot den engelske kongen, for ikkje å bli gjort til ein undersått. I 979 la Godred under seg Anglesey, etter to tidlegare mislukka freistnader, på oppdrag frå prins Konstantin den svarte som ønskte hjelp mot fetteren Howel. Det er også nokså sannsynleg at Godred tok del i slaget ved Tara, som fann stad i Irland 980. Eit utfall av dette slaget var at det norrøne Dublin kom til å spela ei mindre rolle i irske affærer frå dette året og fram til 1014. Det førte også til eit brot i sambandet med Dublin for Godred sitt vedkomande.

I følgje Flóamanna saga sende Håkon jarl, som herska over Vestlandet frå omlag 970 til 995, kring 980 ein islandsk adelsmann, Torgils, til Suderøyane for å avkrevja foket der for skatt, som ikkje hadde vorte betalt tre år på rad. Ein grunn kan ha vore at Godred hadde vore altfor oppteken med tokta til Anglesey og Irland til at han hadde hatt høve til å innkrevja skatt til den norske Håkon jarl.

Kring 982 gjekk Sigurd, ein jarl frå Orknøyane og etterkomar etter Ketil Flatnase, til åtak på Man og la ein stor skattebyrde på folket. Sigurd sine menn skal ha møtt og sigra over Godred og mennene hans ved Iona i 987. Det same året leid Godred endå eit nederlag, denne gongen på sjølve Man. Godred vart drepen i 989, etter tradisjonen i Skottland, men nokre historikarar hevdar at det like gjerne kan ha vore i Ulster.


Tida etter Godfred Haraldson

Perioden etter Godfred Haraldson sin død er noko uklår, men det er ein gjengs oppfatning at Suderøyane etter hans død kom inn under jarlen på Orknøyane. Det er også mogleg at Eirik Blodøks (ca. 885-954) herska over i alle høve ein del av Suderøyane i 990-åra. Sønene hans styrte i Noreg omlag 960 til 970, då dei vart overvunne av Håkon jarl i slaget ved Lymfors. Harald Gråfell (Harald II) vart drepen der. I Heimskringla vert det fortald at to av brørne hans, Godred og Ragnfrid, tok vegen vest til Orknøyane etter slaget.

Etter nye kampar mot Håkon jarl året etter sigla Ragnfrid til Man og grunnla eit kongeleg dynasti her. Godred vart verande i vest til 999, i følgje Heimskringla (truleg ikkje heilt korrekt). Ragnfrid sigla til Noreg med ein stor flåte for å krevja kongedømet tilbake, men vart drepen av Olav Trygvason, som då var konge i Noreg, kort tid etter at han gjekk i land.



Perioden 994-1074

Suderøyane vart lagt inn under Sigurd den staute, jarl av Orknøyane, sitt styre ein gong etter 989. Sigurd jarl styrte ikkje Suderøyane direkte, det var svogeren hans Gilli jarl som var utpeikt til denne oppgåva. I Njáls saga vert det fortald at Sigurd jarl gav søstera si Neried til Gilli jarl si kone, etter Njálssønene sitt åtak på Man, så bryllaupet må dermed ha funne stad etter 988. Gilli var sjølv frå Suderøyane. Det er godt mogleg at Sigurd jarl valde han ut frå tidlegare røynsle med at folket på Suderøyane ikkje likte å bli styrt av nokon utanfrå. Truleg heldt Gilli til på Man, slik dei andre kongane hadde gjort.


Olav Tryggvason går til åtak

Den viktigaste hendinga i 990-åra var konflikten med Olav Tryggvason, som seinare vart konge i Noreg. Han gjekk til åtak ymse stader på dei britiske øyar på byrjinga av 990-talet og vende tilbake i 994, etter to års fråvere. Om åtaket på Man blir det fortald i Olav Tryggvasons saga. Olav hadde då gått i allianse med kong Svein Haraldson - Svein Tjugeskjegg. Saman gjekk dei til eit mislukka åtak på London. Kort tid etter konverterte Olav til kristendommen, vart døypt og mottok gåver frå den engelske kongen Ethelred den rådville (978-1016). Olav gav då det løftet at han aldri meir ville gå til åtak nokon stad i England, og det løftet heldt han.

Kring 995 returnerte Olav Tryggvason til Noreg for å gjera krav på det norske kongedømet, og for å innføra kristendommen i landet. Orknøyinga saga fortel at Olav var på veg tilbake frå vikingtokt og at han tok Sigurd jarl til fange. Olav truga han til å gå over til kristendommen og la alt folk på Orknøyane døypast. Truleg var det slik at i alle høve ein del av den norrøne befolkninga alt var kristne frå før av. Gilli jarl på Suderøyane hadde vakse opp som kristen. Olav tok Sigurd jarl sin son Hundi med som gissel, men då det ei tid seinare kom bod frå Noreg om at Hundi var død kjende ikkje Sigurd jarl seg lenger forplikta av den truskapen han hadde sverja til Olav.


Sigtrygg Silkeskjegg

Gilli jarl styrte Man og Suderøyane som visekonge under Sigurd jarl fram til 1014. Njáls saga fortel at i 1013 fann det stad eit møte på Orknøyane mellom Sigurd jarl og kong Sigtrygg Silkeskjegg frå Dublin. Sigtrygg Silkeskjegg oppsøkte Sigurd for å høyra om han ville bli med og kjempa mot den irske kongen Brian Boroimheia (926-1014). Etter mykje nøling gjekk Sigurd med på det, men berre på det vilkåret at dersom dei sigra skulle han, dvs. Sigurd, få gifta seg med mor til Sigtrygg og bli konge over Irland. Det gjekk Sigtrygg med på.

Då Sigtrygg vende tilbake til Dublin og fortalde mora om avtalen med Sigurd, gledde det henne stort. Ho bad han om å sigla til Man og be om hjelp av to vikingar, blodsbrørne Opsak og Brodir, som låg utanfor kysten av Man med ein flåte på tretti skip. Men Brodir ville ikkje gå med før Sigtrygg lova at han skulle bli konge av Irland og få mora hans med på kjøpet, og Sigtrygg lova han det, men sa at dei måtte halda det skjult for Sigurd. Sigtrygg sin plan var å setja dei opp mot kvarandre, og bli konge sjølv. Opsak derimot ville ikkje ha noko med denne planen å gjera. Han rauk usams med Brodir, og det enda med at dei skilde lag - Brodir tok tjue skip og Opsak drog sin veg med ti.

I Njáls saga vert det fortald at Brodir no vart ramma av overnaturlege hendingar. Ei natt kom det eit forferdeleg skrammel, og kokande blod spruta ned frå himmelen og drepte ein mann på kvart skip. Natta etter kom skrammelet på nytt, denne gongen frå våpnene deira som slost av seg sjølve. Den tredje natta gjekk ramnar til åtak.

Brodir oppsøkte Opsak, som sa at desse teikna varsla ille. Det gjorde Brodir så rasande at han planla å drepa sin eigen blodsbror, men Opsak kom seg unna, gjekk så over til kristendommen og lova å støtta kong Brian Boroimhe resten av sitt liv.

Slaget fann stad ved Clontarf langfredag 1014 (23. april) og er skildra i detalj både i Njáls saga og andre kjelder. For å gjera ei lang historie kort, så vart både kong Brian og mange irske høvdingar drepne, det same vart Sigurd jarl og mange av hans leiande menn. Sjølv om kong Sigtrygg tapte slaget, var han den einaste leiande skikkelsen som overlevde og kunne venda tilbake til Dublin i trygg forvissning om at han hadde få rivalar i Irland og området kring Irskesjøen.


Irsk innflyting

Knut den mektige. Ill. Wikimedia Commons.
Då kong Malcolm II av Skottland fekk høyra at Sigurd var død, utnemnde han den yngste sonen hans, Torfinn, som var berre fem år gammal, til jarl på Orknøyane.

I mellomtida styrte Gilli jarl over Man og Suderøyane som før. Perioden frå 898 til 1025 ser i det heile ut til å ha vore relativt stabil og fredeleg for Suderøyane sitt vedkomande. Dødsåret hans er usikkert, men han døydde truleg kring 1025. I alle høve kom Man og Suderøyane under ei sterk irsk innflyting frå 1025 til 1070-åra. Sigtrygg gjekk i allianse med Knut den mektige, som var konge av England frå 1016 til 1035, konge av Danmark ca. 1018 til 1035, og også overherre i Noreg 1028 til 1035. Det er truleg denne alliansen som gjorde at Sigtrygg sat så lenge på tronen. Då Knut døydde i 1035 abdiserte Sigtrygg og overlot styret til ein nevø, Reginald.


Torfinn jarl

I denne perioden vart Harald med tilnamnet "svarte" konge over Man og Suderøyane. Ein veit lite om han. Det ser ut til at styringstida hans tok slutt samstundes med at Sigtrygg forlot Dublin.

I følgje Orknøyinga saga gjekk Torfinn jarl til krig mot Suderøyane og i Skottland, den tida då Knut den mektige var konge i England og Danmark, dvs. mellom 940 og 942. Året etter, medan Knut den mektige var i Danmark, gjekk Torfinn til åtak på England. I hæren hans fanst menn frå hans eige jarledøme, i tillegg til menn frå Skottland, Irland og Suderøyane. Åtaket på England fann truleg stad i 1041[10], dermed må raidet på Suderøyane truleg ha funne stad året før, samstundes med at Harald svarte truleg døydde, slik at øyane på denne tida låg forsvarslause - eller kanskje vart han drepen i kamp med Torfinn og mennene hans. I alle høve kom Suderøyane under Torfinn sin kontroll.

Torfinn inngjekk ein allianse med Reginald i Dublin, og saman herska dei over Suderøyane og Orknøyane dei neste åtte åra, inntil det braut ut usemje mellom dei, omlag 1043. På denne tida vart ein norsk høvding ved namn Kalv Arnesson lyst fredlaus, Torfinn sin svoger, og flykta til Orknøyane. Han tok parti med Torfinn i striden med Reginald, som styrte over det meste av Orknøyane, medan Torfinn herska over Caithness, samt ein stor del av Skottland inkludert Suderøyane. Striden enda med med eit slag som Reginald tapte: han tok vegen til Noreg og budde hos fosterbroren Håkon den gode.

Dermed hadde Torfinn vunne tilbake Orknøyane og sende Kalv Arnesson til Suderøyane, der han vart innsett som visekonge. Men Reginald kom tilbake og sette fyr på huset til Torfinn, og i den tru at han var drepen tok han over styret på Orknøyane og sende bod til Suderøyane om at han akta å ta over alle Torfinn sine eigedomar der. Men Torfinn hadde klart å flykta frå brannen; ei tid seinare dukka han brått opp og drap Reginald.


Sigtrygg Reginaldson

Frå 1046 til 1047 delte Harald Hardrråde kongemakta i Noreg med Magnus den gode. Vinteren 1046 reiste Torfinn til Noreg for å slutta fred med kong Magnus, men møtet vart mislukka. [11]. Torfinn vende tilbake til Orknøyane og styrte åleine. Kalv Arnasson forlot Suderøyane og drog i viking. Kort tid etter overtok Sigtrygg Reginaldson frå Dublin som visekonge på Man og Suderøyane. Han var bror av kong Eachmarcach, kongen i Dublin. Det bidrog til å styrkja bandet til det norrøne samfunnet der.

Men heller ikkje denne gongen varte freden lenge. I 1052 erobra kong Diarmaid frå Leinster tronen i Dublin. Hendinga fekk lita tyding for tilhøva i Suderøyane, Irland eller Orknøyane; Sigtrygg Reginaldson sat framleis trygt på tronen då broren hans kom som flyktning til Man etter ein mislukka freistnad på å vinna tilbake makta i Dublin i 1060.

Illustrasjon av Wilhelm Wetlesen til Harald Hardraada saga, Heimskringla 1899-utgåva. «Kong Harald Sigurdsson vart råka av ei pil i strupen.» Ill. Wikimedia Commons.
Ein veit ikkje nøyaktig kvar eller kva tid Sigtrygg Reginaldson døydde, men det må ha sjedd i, eller før, 1066, då sonen hans Godfred Sigtryggson sat på tronen då Godfred Crovan (son til Harald svarte) vitja Man i 1066, etter slaget ved Stamford Bridge. Torfinn døydde i 1065, og Orknøyinga saga fortel at folket i mange av dei områda han hadde lagt under seg søkte hjelp hos høvdingar som hadde rettmessig arverett.


Godfred Sigtryggson og Godred Crovan

Etter kampane ved Stamford Bridge og deretter slaget ved Hastings vart svært mykje sett på hovudet, både i England, men også i Noreg og på vesterhavsøyane. Men det ser ikkje ut for at desse tumultane fekk nokon umiddelbar effekt for Man og Suderøyane. Godfred Sigtryggson vart sitjande som konge over Suderøyane inntil 1072, då han også vart konge i Dublin og styrte Suderøyane i tillegg.

Krøniken slår fast at Godred Sigtryggson døydde i 1051 (dvs. 1070). Truleg var dødsåret 1075, då Godfred Crovan gjorde ein freistnad på å erobra Man. Han vart driven ut, men kom tilbake for andre og tredje gongen, i 1079, og då lukkast det han å slå manx-mennene under slaget ved Sky Hill. Godfred Crovan sine vilkår var harde; folket på Man fekk kun løyve til å bu i nord, alle som hadde arverett på land måtte gje det frå seg, og dei av følgjesmennene hans som ikkje eigde jord sjølve fekk rett til å ta jord og busetja seg på den sørlege delen av øya.



Perioden 1075-1154

Ein flokk gjess i flukt over øya Islay på Hebridane. Wikimedia Commons.
Godfred Crovan tok odelsretten frå bøndene på Man. Dei gamle rettane gjekk over til han sjølv og hans etterkomarar. Det vil altså seia at odel etter norrøn skikk var praktisert før hans styringstid. Det ser også ut til at Godred hadde oppheldt seg i England og sett seg inn i det føydale systemet som vart praktisert der. Elles hadde han ein tvers gjennom norrøn bakgrunn, og var etter alt å døme gift med ei dotter av Harald Harrråde. Godred kjempa på nordmennene si side under slaget ved Stamford Bridge.

Krøniken om kongane på Man og Suderøyane er ganske sparsom i si skildring av Godred si styringstid. Det står i alle høve ganske klårt at hans fremste politiske mål var å skapa eit uavhengig kongedøme for Suderøyane, med Man som administrativt senter. Han utnemnde også ein innfødd manx-mann som biskop for kyrkja. Det tyder ikkje at tilhøva var fredelege. I 1087 gjekk ein flåte til åtak på Man, detaljane er noko uvisse. Historikarar diskuterer også om Godred kan ha gjort ein freistnad på å erobra Dublin. Det er også uvisst kvar han heldt til - på Suderøyane eller i Irland, eller på Man - men det er ikkje usannsynleg at han budde på øya Islay, der han vaks opp og døydde.


Perioden etter Godfred Crovan

Godred Crovan døydde truleg kring 1095. Krøniken fortel at Godred vart etterfølgd av sonen Lagman, som styrte i sju år, og deretter regjerte Donald Mac Teige, ein nevø av kong Muircheartach av Irland, i tre år, som visekonge under Olav Raude, ein bror eller kan hende ein halvbror av Lagman. Det kan tyda på at Lagman var konge over Suderøyane frå kring 1095 til 1102, medan Donald styrte øyane frå 1102 til 1105. Fram til sin død i 1103 var Magnus Berrføtt den øvste herskaren over øyane i vest, men det tyder ikkje naudsynleg at Lagman eller Donald kjende seg som hans undersåttar. Sjølv om Magnus oppheldt seg i Irland då han døydde, ser det ikkje ut til at han nokon gong budde på Suderøyane i sine siste leveår. Han kravde rett nok skatt derfrå i åra 1098 til 1103. Etter Donald styrte Olav Raude i mest femti år, frå 1105 til 1153.


Olav I Godredson

Historisk kart over Dei britiske øyar i Magnus Berføtt si tid.
Heller ikkje om Olav Godredson fortel Krøniken særleg mykje, men det vert nemnd uttrykkeleg at det var fred på Man og Suderøyane i hans tid, og at han stod i ein tett allianse med kongane av Irland og Skottland. I tillegg er det rimeleg å tru at han også hadde eit godt tilhøve til den engelske kongen, i alle høve Henrik I. Kona hans Affrica var dotterdotter av kong Henrik. I følgje Munch vart han også gift med ei av frillene sine, som var dotter av Håkon jarl på Orknøyane og ei etterkomar av Aud den djuptenkte. Orknøyinga saga nenmner dette ekteskapet.

Men når Krøniken fortel at det herska fred i Olav I si tid, så stemmer det ikkje heilt. I 1140-åra var det mykje ufred med ei gruppe høvdingar frå Orknøyane. Det kunne vore eit heilt kapittel for seg, men i eit kort oversyn over kongane på Man og Øyane får det heller liggja.

I 1152 vart den lange fredsperioden broten, då Olav sin son Godred sigla til Noreg for å møta Inge Krokrygg, som på den tida styrte i Noreg i lag med brørne Sigurd Munn og Øystein II. Det er uvisst i kva ærend Godred sigla dit, men han vart truleg send til Noreg av Olav for å be om hjelp mot åtak frå Orknøyane og Skottland. Som Man og Suderøyane var også Orknøyane underlagt Noreg. Kong Inge tok vel imot han, og Godred var truleg til stades då Nidaros vart elevert til erkebispesete i 1152 eller 1153. Samstundes fekk faren Olav store vanskar heime. Om desse hendingane fortel Krøniken inngåande. Her skal berre kort nemnast at i 1152 samla sønene til Harald, bror til Olav, som hadde vekse opp i Dublin, ein stor hær mot han. Dei kom til Man og krov av kongen halve kongedømet over Man og Øyane for seg sjølve. I denne striden vart Olav drepen.

Olav vart minna som ein god herskar. I hans tid vart det bygd betre hus, vert det fortald - dvs. at den gamle viking-hustypen no vart erstatta med større hus, med høgare tak og vindauge. Han fremja også kristendommen si sak på Man og Suderøyane, og gav land og privilegiar til kyrkjene. Og ikkje minst opplevde folket på øyane ein relativt lang periode med fred og stabilitet.



Perioden 1154-1266

Denne perioden kan ein kanskje like godt først som sist omtala som ein nedgangsperiode for det norrøne kongedømet på Man og Suderøyane, som endar med at Suderøyane går over på skotske hender.


Godred IV Olavson

Godred styrte etter faren Olav frå 1154 til 1187, då han flykta til Noreg. Krøniken fortel utførleg om dei mange dramatiske hendingane i hans styringstid. I 1157 bad folket i Dublin om at han skulle koma dit og styra over dei. Det førte til strid med kongen over irane. Godred dreiv irane vekk, og frå no tok han til å oppføra seg tyrannisk mot sine eigne høvdingar. Dei gjorde opprør og bad kongen sin svoger Somerled, som var ein mektig mann med ein større hær under seg, om hjelp. I 1158 sigla Somerled til Man med ein flåte og plyndra øya før han trekte seg tilbake. Godred rømde då til Noreg for å be kong Inge om hjelp. I mellomtida kom Man og Suderøyane inn under Somerled og sønene hans sitt styre.

Frå kjelder datert 1160 ser det ut til at Godred har fått kong Inge si godkjenning på at han er den rettmessige kongen på Man og Suderøyane. I Noreg var det ganske turbulente tilhøve desse åra, då kong Inge vart drepen og kong Magnus V Erlingsson kom på tronen. Først i 1164 vende Godred tilbake til Man. På denne tida hadde Somerled planar om å leggja Skottland under seg. Somerled vart drepen, og Reginald, ein bror av Godred, tok makta på Man, men i følgje Krøniken varte styret hans i berre fire dagar, då Godred vende tilbake frå Noreg, greip broren og blinda han.

Castle Rushen i Castletown er i dag eit populært museum og historisk dokumentasjonssenter på Isle of Man. Borgen vart bygd i siste halvdelen av 1100-talet, men kan ha blitt påbyrja alt på 1000-talet og vart bygd på og ombygd seinare gjennom hundreåra. Foto: Wikimedia Commons.
Det var i denne turbulente perioden at borgen Castle Rushen vart bygd, i åra frå 1158 til 1164[12]. Borgen er i dag modernisert og eit populært mål for turistar, med tablåar som viser scener frå borgen si lange og til dels dramatiske historie. Somerled hadde truleg planar om å innlemma Man i sine eksisterande områder. Den neste biskopen på Man og Suderøyane kom då også frå Argyll, sjølve heimstamnen for Somerled. Bygginga av kyrkja St. German på øya St. Patrick tok også til i Godred si styringstid; kyrkja fekk seinare status som katedral.


Reginald IV Godredson

Etter at faren døydde i 1187 tok Reginald makta året etter. Det er eit interessant punkt at sjølv om det var Godred sitt uttrykkelege ønskje at sonen Olav skulle arva kongedømet etter han, ønskte folket på Man å drøfta saka først, som truleg kom opp til debatt på tinget som vart halde på Tynwald, og folket valde i staden broren Reginald, "ettersom han var ein mann med stor styrke og i meir moden alder," som det heiter i Krøniken.

Suderøyane gjekk atter inn i ein roleg periode, som i alle høve varte ut hundreåret. Den yngre broren Olav fekk Lewis, og reiste og budde der.

I 1198 vende Vilhelm I av Skottland (1165-1214), som ikkje kom overeins med Harald jarl på Orknøyane når det gjaldt Caithness i Skottland, seg til kong Reginald på Man og baud han Caithness mot ein årleg sum. Reginald aksepterte tilbodet og drog dit med ein ein hær som for det meste besto av menn frå Suderøyane. Han vart ikkje verande der sjølv, men lot nokre menn bli att for å styra området. Harald jarl erobra seinare Caithness tilbake. I følgje Orknøyinga saga var kong Reginald den største krigaren i vesterhavet.

I 1205 tok kong Johan av England Man og Suderøyane under sin beskyttelse. Frå då av og i åra som følgde vart Man og Suderøyane eit protektorat under England. Det ser ut som kong Reginald fekk visse fordelar ved dette.

Derimot var broren Olav misnøgd med sin andel av kongedømet, øya Lewis. Krøniken fortel ganske utførleg om korleis Olav bad Reginald om meir land, men i staden vart kasta i fangeholet og send til skottekongen der han sat fengsla i ei årrekkje, frå han var ca. 34 år til han var ca. 41 år. Ein grunn for dette kan vera at Reginald var redd for at broren ville be om støtte frå den norske kongen for å vinna tilbake makta over Man og Suderøyane.

Reginald fekk også problem med høvdingar i Ulster, og i 1210 gjekk kong Johan til åtak på Man med ein flåte på ikkje mindre enn femti skip. Det verkar noko underleg at Johan skulle gå til åtak på Man, som berre fem år i forvegen var kome under hans vern. Den einaste forklaringa ser ut til å vera at Reginald har vend seg til den norske kongen for be om støtte. I alle høve, kort tid etter åtaket sigla sonen hans til Noreg for å tala med kong Inge 2. Bårdson (1185-1217). Men Johan vann uansett fram, for i 1212 erklærer Reginald seg som ein undersått av kong Johan. To år seinare vart Olav lauslaten frå fangenskapet i Skottland, han drog først på ein pilgrimsreise til apostelen Jakobs grav i Spania og deretter vart han teken vennleg imot av broren Reginald. Ettersom Man og Suderøyane no var underlagt England hadde Reginald lite å frykta frå broren si side.

I desse åra vart Man og Suderøyane lagt meir direkte under paven. Kyrkja og den lokale biskopen vann såleis stadig større makt.

Sommaren 1224 tok Olav atter til å gjera opprør mot broren. Han samla ein flåte på meir enn tretti skip, og denne gongen gav Reginald etter for Olav sitt krav på tronen, og det enda med at dei bestemte seg for å dela kongeriket mellom seg. Kong Johan var død for nokre år sidan, og Noreg hadde atter fått ei sterk innflyting. Noko forenkla kan ein seia at Man og Suderøyane no var underlagt tre instansar - Roma, England og Noreg. I 1226 valde folket på Man Olav som den einaste kongen over Man og Suderøyane.

Olav styrte i omlag to år inntil striden mellom brørne på ny blussa opp, og som Krøniken fortel ganske utførleg om, enda det med at Reginald vart myrda 1128.

Kongedømet var framleis ein kasteball mellom England og Noreg, inntil Olav døydde i 1236. Han var då på veg til Noreg, truleg for å be om støtte og inngå ei avtale med den norske kongen Håkon 4. Håkonson (1270-1319), men ser ut til å ha avbrote ferda og gjort vendereis. Han vart gravlagd i Rushen Abbey.


Harald Olavson

Den fjorten år gamle Harald kom på tronen etter faren Olav. Det skjedde ikkje utan ganske mykje dramatikk, som Krøniken fortel om. I alle høve sigla Harald til Noreg i 1239, og vart verande der i to år. Først i 1242 vende han tilbake til Man, med den norske kongen si fulle godkjenning og støtte.

At det tok så lang tid før Harald sigla til Noreg, og at han vart verande ved hoffet til den norske kongen så lenge, kan ha hatt samanheng med ein viss motvilje hos Harald mot å la Man og Suderøyane bli underlagt Noreg igjen. Men han kan ikkje ha hatt stort andre val. I alle høve inngjekk han ein fredeleg allianse med både England og Skottland i si styringstid, og bad til og med kong Håkon om at Skottland skulle få tilbake dei landområda som Magnus Berrføtt i si tid hadde lagt under seg, men utan hell.

I Harald si styringstid opplevde folket på Man og Suderøyane på ny ein periode med ro og stabilitet. I 1247 vart han slått til riddar av den engelske kong Henrik III. Truleg har dette gjort kong Håkon uroleg. Han bad Harald om å koma til Noreg. Harald vart buande i Oslo om vinteren. Her fekk han ei dotter av kong Håkon til kone, openberrt for å styrkja alliansen med den norske kongen, men på heimvegen forliste skipet utanfor Shetland.


Mot skotsk herredøme

Etter Harald sin død styrte broren Reginald ei kort tid, før han vart drepen. Samstundes byrja skottane å bli trugande.

Harald 2., ein etterkomar etter kong Reginald III og son av usurpatoren Godred Don, greip makta. Han gjekk i forhandlingar med den engelske kong Henrik III. I 1250 fekk han bod om å innfinna seg ved det norske hoffet, ettersom kong Håkon var misnøgd med at han hadde teke eit kongedøme som han ikkje hadde noko krav på. Etter ein del tumultar vart ein son av Olav, Magnus III, vald til konget på tinget på Man i 1252. Han skulle bli den siste i rekkja av norrøne kongar på Man og Suderøyane.

Magnus III fekk det vernet han trengde frå Noreg då den skotske Aleksander sine planar om å leggja Man og Suderøyane under seg vart tydelege. Kong Håkon byrja å samla ein flåte og førebudde seg til å gå til åtak på Skottland. I 1263 sigla han frå Bergen med ein flåte på 120 skip - nokre kronikørar skriv at det var 160 skip. Utanfor Skottland fekk dei i tillegg følgje av ein flåte frå Suderøyane, med Magnus III og hans menn.

Kong Aleksander sende bodbringarar med melding om at han ønskte å gå i forhandlingar[13]. Men tilbodet vart avvist. Bodbringarane vende tilbake til kongen, samstundes med at den norske fåten vart flytta til Cumbraes i nærleiken av Largs.

Krøniken fortel at Håkon kjende Vårherre sjølv som ein direkte drivkraft som hadde motivert han til dette slaget. Kampane vart harde, både på land og til sjøs. I byrjinga hadde skottane overtaket, men etter kvart dreiv Håkon sine styrkar dei på retrett, inntil skottane flykta. Etter mest ei veke sigla Håkon vidare til Orknøyane, samstundes som ein del av flåten hans gjorde vendereis, mange av dei mot hans vilje - men det var seinhaustes og frykta for eventuelle stormar dreiv dei heim. I Kirkwall vart Håkon sjuk og døydde i midten av desember. Året etter vart lekamen ført til Bergen, der han vart gravlagd i domkyrkja.

Man og Suderøyane låg no utan norsk forsvar, og det var ikkje anna å gjera for kong Magnus III å underkasta seg den skotske kongen. I 1264 var det ute med det norrøne herredømet på Man. I 1266 vart dei offisielle dokumenta for overtakinga utforma og signert, den såkalla Perth-traktaten. På sett og vis kunne det nærast sjåast på som ei svikefull handling frå norsk side, ettersom kong Magnus 6. overdrog Isle of Man og Hebridane til Skottland for fire tusen mark sterling.

Det tyder ikkje at alle band til Noreg brått vart brotne, og slett ikkje at den norrøne kulturelle arven på øyane vart borte. Ikkje minst norrøn lovgjeving vart framleis halde i hevd, nærast til denne dag.


Fotnotar

  1. The history of the Norwegian settlements in the western Isles is but shortly and superficially told in our ancient Sagas. Munch, p. IX.
  2. Indeed, the island of Man and the southermost islands west of Scotland are to be regarded as the centre of the Norwegian settlements in these parts of Europe. Chronica, s. 33.
  3. s. 16
  4. Vikingene, s. 71
  5. 1899-utg.
  6. s. 22
  7. s. 104 ff.
  8. Wilson, s. 23
  9. Ketil er omtala i Laksdøla saga, Sagaen om Øyrbyggjene og Eirik Raudes saga. Detaljar om ættelina og familien finst i Landnåmabok.
  10. Young, s. 230 ff.
  11. Ei ny reise i 1050 vart atskilleg meir vellukka. Etter besøket i England reiste Torfinn vidare til Roma og fekk audiens hos pave Leo IX. Denne audiensen fekk seinare ei viss tyding for tilhøvet til Isle of Man.
  12. Lokale historikarar meiner at borgen vart påbyrja på 1000-talet i Magnus Berrføtt si tid. I alle høve vart borgen til over lang tid, særleg vart den utbygd på 1300-talet.
  13. Håkons saga fortel at dette var rein taktikk frå skottekongen si side, som ønskte å hala ut tida til hausten, då veret vart dårlegare.