Chronica Regum Manniae - Del 2

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Latinsk Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Chronica Regum Manniae

Krøniken om kongane og biskopane på Man.

Knut Rage
2018


Del 2: Det norrøne samfunnet på Man


Skipsgrava på Chapel Hill, Balladoole, vart i si tid lagt på den mest framtredande staden på ein allereie eksisterande kristen gravplass. Foto: Knut Rage, Wikimedia Commons.
Ingen brende bein er funne i graver frå vikingtid på Man, om ein då ser bort frå brende dyrebein. Vikingane kom dit som heidningar, og ein må då gå ut frå at dei praktiserte dei same gravskikkane som i heimlandet. På den andre sida kan dei ha gått over til kristendommen før dei døydde, men likevel vald ei heidensk gravlegging, seier Wilson[1]. Det kan vera fleire grunnar til dette. Ei årsak kan vera at det hadde med skikkar og tradisjonar i den norrøne kulturen å gjera, ein annan grunn kan vera at dei dermed "dobbeltsikra" seg i tilfelle den nye religionen likevel ikkje verna dei mot vonde krefter i dødsriket. Desse heidenske gravene finn ein for ein del side om side med kristne graver, ofte på allereie eksisterande kristne gravplassar. Når dette er sagt, reknar ein fire og tjue gravfunn som heidenske, eller halv-heidenske, der den avdøde (enno) ikkje har gått over til kristendommen. Dei vart både hauglagde og lagt i flatgraver. Det er også mogleg at ein kan rekna med ein tredje type graver, der det ikkje vart lagt noko lik, men våpen - sjølv om dette er noko omdiskutert. Dei aller eldste gravene er datert til byrjinga av 900-talet[2].

I det følgjande omtalar eg nokre av desse gravstadene meir i detalj.


Gravfunn

Det skal først seiast at det kanskje mest særmerkte ved den norrøne gravskikken på Man er at dei i så stor grad nytta seg av allereie eksisterande kristne gravplassar. Dette er ikkje så vanleg andre stader på øyane i vesterveg. Det same kan også seiast om dei etter måten mange gravhaugane, som var vanleg i Noreg, men ikkje så mange andre stader vestpå. Eit tredje moment er at det i mange tilfeller kan vera vanskeleg å dra eit tydeleg skilje på kven av dei døde som var heidningar og kven som var kristne.

Totalt sett er gravmaterialet på Man særs rikt og gir oss eit godt innblikk i det norrøne samfunnet der. Med tanke på den strategiske posisjonen i Irskesjøen er det mest rart at øya ikkje var busett av norrøne menneske før på slutten av 900-talet, men alle gravfunn peikar mot dei siste årtiene på 900-talet som den mest sannsynlege landåmstida, men som tidlegare nemnd kan dette diskuterast. Ein årsak kan ha vore at øya rett og slett var for fattig og tynt befolka, samanlikna med dei rike moglegheitene som t.d. Irland gav. Også ein såpass triviell sak som dei vanskelege tidevasstraumane kan ha vore medverkande. I alle høve verkar det som Man ikkje var særleg forlokkande, det var heller ikkje mykje å henta ut derfrå ved plyndring.

Uro i Dublin dreiv mange derfrå på byrjinga av 900-talet. Nokre drog over til den nordvestre delen av England og prøvde å skapa seg eit liv der. Kanskje det var ei slik rastlaus vandring som førte til tanken om å ta land på Man og slå seg til på øya. Dei norrøne innvandrarane på Man kom altså neppe ikkje direkte frå Noreg, men frå andre delar av det norrøne kulturområdet i vest, frå Irland, England og Skottland, og slik sett var dei allereie godt kjende med den kristne keltiske kulturen, ja, kanskje mange av dei var kristne, heilt eller delvis. Wilson[3] hevdar at i alle fall på midten av 1000-talet var vikingane på Man blitt kristne, omlag samstundes med at kristendommen vart den dominerande og snart einerådande religionen både i Noreg og på Island.

Men korleis gjekk innvandringa føre seg, og kva gjorde at dei så raskt vart den herskande samfunnsklassa på Man? Det har vore gjetta på ei norrøn befolkning på omlag 400 menneske[4], med ei stor overvekt av menn. Sjølvsagt må dei ha møtt motstand frå den mannlege befolkninga på Man, men svaret ligg kanskje ein annan stad - i inngifte. Det er ein populær framstilling at den norrøne overtakinga av Man gjekk relativt fredeleg for seg, meir fredeleg enn andre stader. Norrøne menn gifta seg med kristne kvinner, og gleid snart inn i deira familiar og den keltiske kulturen.

Sjølv om nokre av gravene er utprega norrønt heidenske, så treng det ikkje tyda så mykje. Det kan like gjerne ha vore slik at dei hella like mykje til kristendommen, som dei kanskje var fødde med, som til deira eiga tru. Dei levde langt frå Noreg og hadde ikkje dei same djupe røtene i norrøn kultur. Men korleis den norrøne overtakinga av Man eigentleg gjekk føre seg, er framleis gjenstand for debatt[5].

Det me veit, er i alle fall at den norrøne kulturen, med heidenske innslag, var ein bagasje dei tok med seg inn i den kristne kulturen. Det kan me sjå av dei mange steinkrossane som vart hogde på Man.

I byrjinga av vikingtida fanst det enno ikkje avgrensa kristne kyrkjergardar eller gravplasser utanom i byane. Dei døde vart som regel gravlagde på gravplasser som høyrde til slekta, og det var heller ikkje alltid at det var ein prest som stod for gravferdsritualet. På ein såpass fjerntliggande øy som Man tok det ganske sikkert si tid før kyrkja gjorde seg gjeldande på dette viset. Familiegravstadene låg likevel som regel, eller ofte, ved ei kyrkje, og den norrøne delen av befolkninga følgde gjerne denne skikken, sjølv om dei praktiserte heidenske gravskikkar. Dei kunne bli gravlagde i ei kiste, eller lagt rett i jorda. For desse døde er det ikkje funne gravgods av noko slag, så det er umogleg å seia om dei har vore norrøne eller keltarar, men av materialet frå desidert norrøne graver kan ein i alle høve trekkja den konklusjonen at langt frå alle norrøne menneske på Man har levd i ein materielt sett gunstig situasjon. I mange tilfelle er det heller ikkje lett å trekkja eit skilje mellom kelterar og norrøne menneske, eller mellom norrøne heidningar og norrøne kristne.


Balladoole

Denne modellen som er stilt ut på Manx Museum i Douglas er på mest mogleg nøyaktig vis basert på undersøkinga av skipsgrava på Chapel Hill, Balladoole. Foto: Knut Rage, Wikimedia Commons.
Av dei nærare tretti registrerte gravene frå vikingtid på Man er fire utgravd og undersøkt - på Ballateare, Cronk Moar og Ballachkrink, alle i Jurby, samt på Knock y Doonee i Arbory. Alle desse fire lokalitetane er haugleggingar. I tillegg kjem ei skipsgrav på Balladoole, også denne i Arbory.

Staden heiter i dag Chapel Hill, og ikkje utan grunn - i den vestre enden finst grunnmurar etter ein keeiill, eit "kapell", datert til 900- eller 1000-talet. Den vesle keltiske kyrkja, som vart vigd til St. Mikael, er truleg bygd på murane til ei eldre kyrkje. Truleg har det levd menneske her samanhengande frå førhistorisk tid fram i mellomalderen - og gjer det framleis, for den saka si skuld. Ein kan tydeleg sjå konturane av skipsforma øvst i bakken. Grava vart undersøkt i 1918 og 1945. Den døde var rikt utstyrt då han vart lagd i grava, liggjande i ein båt. Ein hest og anna bufe var blitt ofra og gravlagd saman med mannen. Truleg skjedde gravlegginga omlag samstundes med at det vesle kapellet vart reist. Det seier sitt om kulturblandinga og det religiøse hopehavet som fann stad, der som me seinare skal sjå kristne krossar vart dekorerte med norrøne heidenske symbol.

Grava på Balladoole er langt rikare enn dei andre gravene som vert omtala, som alle er frå omlag same tid, dvs landåmstida ca. 900-1000. Liket av ein mann vart lagt i ein klinkbygd båt, heile elleve meter lang, omkransa av store steinar, som igjen er omgjevne av mindre steinar, og deretter dekka til med jord. Grava vart lagt på ein allereie eksisterande kristen kyrkjegard. Biletet vert ytterlegare komplisert ettersom tre individ (funn av tre hovudskallar) følgde den døde i grava. Det kan sjølvsagt vera tale om ei dobbelt gravferd, i så fall neppe mann og hustru ettersom det ikkje vart funne noko spesifikt kvinneleg gravgods. Det er mogleg at iallfall ein av hovudskallene vitnar om ofring av ein trell, slik me har sett er tilfellet på Ballateare. Hovudskallene er så fragmenterte at det i så tilfelle er umogleg å fastslå om nokre av desse har vore drepne ved slag mot hovudet.

Det einaste våpenet som er funne i grava er eit skjold, av ein type som er ganske gjengs for øyane i vesterveg og Irland. Mannen var i tillegg utstyrt med to eller tre kniver, eldstål, eit belte og ein ringforma nål av irsk type til å festa kappen i halsen. Under kappa har han truleg vore kledd i ei skjorte av lin.

Det kanskje mest interessante ved grava på Balladoole (sett bort frå båten, sjølvsagt) er det luksuriøse rideutstyret som har følgd hesten som vart ofra. Hestar var ikkje vanleg på Man denne tida[6], så det understrekar ytterlegare den høge statusen til den avdøde. Rideutstyret består av ein grime og levningane av ein sal, eit par særs godt bevarte stigbøyler, samt sporer med tilbehør. Grimen er ganske sikkert laga i Dublin, seier Wilson[7]. Heller ikkje stigbøylene er typiske for Skandinavia. Truleg stammar dei frå Sør-Europa (Frankrike, Moravia). Det utruleg forseggjorte handverket fortel si eiga historie om makt, rikdom og status hos den avdøde og hans næraste. Det kan også spørjast om plasseringa av ei slik rik norrøn grav på ein kristen gravplass kan ha vore ein maktdemonstrasjon, men den saka får liggja her.

Rituala som har følgd båtgravene på Balladoole og Knockout y Dondee er ikkje vanlege for den norrøne busettinga på øyane i vesterveg, sjølv om ein finn nokre andre døme, og det har i alle høve handla om langt mindre båtar enn på Balladoole, truleg nytta til lokalt fiske.

Det er også verdt å merka seg at lite av gravgodset på Balladoole stammar frå Skandinavia, sjølv om det i og for seg ikkje er noko uvanleg i det. Grava er ikkje mindre norrøn av den grunn. Ein finn også gjenstandar av t.d britisk opphav i norske graver. Ein kan kanskje tolka det dit hen at den avdøde har levd i regionen i lang tid, kanskje han til og med var annan- eller tredje generasjons innbyggjar på Man eller i landa kring Irskesjøen. Det kan også tyda at han har ønskt å liggja i "kristen jord" - eller i det minste at han ikkje har vore ein direkte motstandar av kristendommen. Ein kan i alle høve tolka båtgrava som eit teikn på ein sosial og kulturell spenning mellom ein mindre elite og den øvrige befolkninga. Det fortel oss også om kven som hadde makta på Man, det var så definitivt dei norrøne inntrengjarane.


Ballateare

I 1946 vart ei grav på Ballateare i Jurby avdekka, datert truleg frå 900- eller 1000-talet. Her fann arkeologane skjelettet av ei ung kvinne. Bakhovudet hennar var knust med eit slag frå eit skarpt våpen. Det ser ut til at kvinna har vore ofra gjennom eit rituale, noko som var relativt sjeldan i vikingane sin kultur, og elles ukjend på dei britiske øyar[8]. Kanskje kan ein tenkja seg dyreofra i grava på Balladole som eit ledd i dei same ritualane[9]. Skjelettet av kvinna var sterkt fragmentert, ho var truleg mellom 20 og 30 år gammal. Saman med henne var også kremerte restar av dyr (okse, hest, sau og hund).

Tankane går straks til Ibn Fadlans skildring, ein arabisk reisande, kronikør og forfattar som levde på 900-talet. For oss er hans beretning om møtet med norrøne vikingar ved elva Volga av interesse. Skildringa er datert til året 922 og er den einaste samtidige augnevitneskildringa me har frå ei viking-gravferd. Forteljinga er svært detaljert, så eg held meg eit samandrag av teksten[10]:

Eg fekk høyra at når ein av høvdingane deira døydde, var likbrenning det minste dei gjorde for den døde. Eg ville svært gjerne vita meir om denne saka, då eg ein dag fekk høyra at ein av høvdingane deira var død. Dei la han i ei grav som dei dekka til i ti dagar medan dei dei gjorde alt klart og sydde klede til han. Det dei gjer er dette: Til ein fattig mann lagar dei ein liten båt, legger han i den og set fyr på farkosten, men om han er rik samlar dei saman all hans rikdom og deler den i tre - ein del til familien, ein del for å skaffa praktfulle klede til han, og den tredje delen til nabidh (ein rusdrykk), som dei drikk den dagen dei dreper ei trellkvinne og brenn henne saman med hennar herre... Når ein høvding døyr spør nokre av dei etterlatne trellane og trellkvinnene hans: "Kven vil døy med han?" Då svarar ein av dei: "Eg vil." Og når ho først har sagt det, er det for seint å trekkja seg. Dei fleste som svarar slik er kvinner...

No kan ein sjølvsagt ikkje utan vidare overføra slike ritualar til norrøn tid på Man, men på den andre sida var den norrøne kulturen såpass sams i heile det norrøne kulturområdet at det heller ikkje vil vera unaturleg å trekkja ein parallell. Den drepne kvinna i gravhaugen på Ballateare er nemlig gravlagd saman med ein mann, lagt i ei kiste og med hovudet mot vest. Også hans skjelett var gått i oppløysing, men undersøking av tennene viser at han må ha vore ein stad mellom 18 og 30 år. Han hadde fått ei rekkje gjenstandar med seg i grava. To spyd og eit skjold var lagt utanpå kista. I kista hadde han også fått med eit sverd, etter alt å døme laga i Noreg[11]. Det eine spydet kan også stamma frå Noreg, medan det andre spydhovudet truleg er laga i Irskesjø-regionen. Skjoldet kan ha vore laga kvar som helst. Det interessante ved dette er den kulturblandinga som gravgodset vitnar om. For den del kunne det gjerne vore ei kristen grav.

Og det er nettopp det som er det aller mest interessante ved grava. Få andre stader på Man og øyane i vest finn me ei grav som er så gjennomført norrøn som denne. Gravlegginga er gjennomført heidensk norrøn. Først har dei gravd ei grav, så er liket av mannen lagt i ei kiste. Dei har truleg kledd den døde i ei kappe av ull, festa med ein ringforma nål, og lagt ein kniv (dolk) på brystet hans, truleg den same kniven som han pla gå med i slira til dagleg. Sverdet som vart lagt ned i kista vart på rituelt vis knekt i to eller tre delar, saman med det nemnde spydet, som også var knekt - i heil tilstand må det ha vore omlag halvannan meter langt. Spyda (truleg to meter lange) som vart lagt oppå kista var ikkje knekte. Deretter vart grava fylt opp med fin kvit sand til bakkenivå, og så vart det kasta jord over grava til ca. ein meters høgd over bakken. No kom turen til den døde kvinna. Ho vart funne med armane i løfta posisjon, som kan tyda på at rigor mortis hadde sett inn då ho vart lagt oppå gravhaugen, noko som i så fall tyder på at ho må ha blitt drepen mellom 12 og 72 timar før gravhaugen vart gjort ferdig. Ein kraftig påle vart reist i midten av haugen, støtta opp av tunge steinar. Til slutt vart ein haug bygd opp med ei mengde svart mold, blanda med eit 7-8 cm tjukt lag av brende dyrebein.

Det er ikkje unaturleg å tenkja seg at kvinna har vore ei trellkvinne som vart ofra på omlag same vis som i Ibn Fadlans skildring. Dei hadde ikkje stort anna verdi enn eit dyr.

Treller var vanleg på denne tida, ikkje berre i den norrøne kulturen, men også i dei kristne landa i området (England, Irland). På den andre sida var ofring av trellkvinner på denne måten ikkje vanleg. Det knekte sverdet er ein typisk norrøn skikk, og saman med datering av dei øvrige gjenstandane i grava på Ballateare tyder det på at den døde har vore ein av dei aller første landåmsmennene på Man, og ein stor høvding. Pålen som vart reist i midten av gravhaugen kan ha vore eit symbol for høg status, på same vis som gravhaugen reiser seg som ein maktdemonstrasjon i sjølve landskapet, kanskje som ei utfordring mot kristendommen.


Cronk Moar

Halvannan kilometer frå Ballateare finst det restar av ein annan gravhaug, nær kanten av ein klippe. Haugen har store likskapstrekk med haugen på Ballateare. Også denne haugen vart undersøkt straks etter krigen. Restar av kremerte dyrebein finn ein også her, på same måte som på Ballateare. Haugen har ein omkrins på seksti kvadratmeter og er lagt rett på bakken, på ei mark som framleis bar spor etter ploging i vikingtid. I ei kiste av eik vart liket av ein mann lagt, kledd i ei kappe av vevd ull (norrønt, rogg'). Han hadde fått med seg eit sverd i grava, samt spyd, skjold og kniv. Som på Ballateare er sverdet knekt i tre delar. Dei to gravhaugene har klare likskapstrekk, ikkje minst ved måten dei er plasserte i landskapet.


Knock y Dooonee

Til slutt i dette kortfatta oversynet skal nemnast gravhaugen på Knock y Doonee, samt andre haugar. Nagler funne i botnen av grava tyder på at den døde har vore gravlagd i ein båt. Det vart også funne våpen, samt ein hest og seletøy til hesten - alt saman sjølvsagt i fragment. Å bli følgd i grava av ein hest er eit velkjend gravferdsfenomen i vikingtid.

Det er elles registrert andre norrøne heidenske graver frå vikingtid som me ikkje skal gå inn på her, anna enn at dei alle (fleste) ser ut til å ha funne stad i det me kan kalla den første landåmstida. Som me skal omtala seinare, vart den heidenske norrøne kulturen relativt raskt blanda med den eksisterande kristne keltiske kulturen, ikkje minst gjennom giftemål med keltiske kvinner.


The Pagan Lady

Perlekjedet som vart funne i grava til “the Pagan lady” er i dag stilt ut i ein monter på Manx Museum i Douglas. Foto: Knut Rage, Wikimedia Commons.
Det vil føra for langt i denne samanhengen å gå detaljert inn på desse gravfunna, men eg vil heilt til slutt trekkja fram eit gravfunn som på eit vis talte direkte til meg, gjennom perlekjedet som eg vart fullstendig fascinert av då eg første gongen studerte kjedet på museet i Douglas sommaren 2008. Perlene er så skinnande blanke som om dei skulle vore flunkande nye. Eg vart ståande ved monteren og funderte på kven denne kvinna kan ha vore.

Det er berre registrert tre norrøne heidenske kvinnegraver på Man. Denne kvinna vart gravlagd på St. Patrick's Isle, like ved byen Peel der elva Neb renn ut. Øya er i dag i praksis ikkje lenger ei øy ettersom den er forbunde permanent til fastlandet med ein gangveg. Her vart det bygd eit kloster ein gong på 500-talet. Den norrøne kvinna som vart gravlagd her har hatt ein høg status, på same vis som St. Patrick's Isle var eit maktsentrum på Man, fram til Mans hovudstad og administrasjon vart endeleg etablert i Castletown på 1200-talet.

Kvinna har faktisk eit namn, om enn av moderne opphav: "The Pagan Lady», den heidenske kvinna. Grava vart nøye undersøkt i 1984. Som så mange andre stader på Man var også denne grava omgjeve av kristne graver (mange, truleg dei fleste, sjølvsagt frå eit seinare tidspunkt). Konstruksjonen av kvinnas grav var usedvanleg. Ho var lagt i ei steinkiste, solid konstruert, pussig nok utan steinar ved endane. Det var også laga eit hulrom i grava, kanskje for oppbevaring av dei gjenstandane ho hadde fått med seg i dødsriket.

Kvinna var lagt på ryggen, med hovudet mot vest. Patologiske undersøkingar viser at kvinna kan ha vore middelaldrande og kring 167 cm høg. Vidare meiner ein å kunne slå fast at ho har vore hjulbeint, ein deformitet som kan skuldast mangel på vitamin D[12]. Som me veit får ein vitamin D i kroppen frå rikeleg med sol, og frå fisk. Ein skulle tru at i alle høve det sistnemnde ikkje var mangelvare på Man. Men beinskjørheit kan også koma av mange barnefødslar, og det er nok heller meir sannsynleg at dette er årsaka.

Ingen norrøn heidensk kvinnegrav i Storbritannia har inneheldt så mykje gravgods som grava til The Pagan Lady. Med seg i dødsriket har ho fått ei utruleg mengde gjenstandar, frå steikespyd, ein kam, saks, nåler og knivar - og altså det fantastiske vakre perlekjedet, med 73 perler i forskjellige fargar. Det rike gravgodset får oss til å trekkja den konklusjonen at ho må ha vore ei særs rik vikingkvinne.

Holgate[13] skriv i sin gjennomgang av gravmaterialet at gjenstandane neppe kjem frå Noreg, men truleg frå Dublin eller områda rundt Irskesjøen. Det understrekar nok ein gong den kulturblandinga som tidleg gjorde seg gjeldande for den norrøne befolkninga i vesterveg. Når det gjeld perlekjedet, så er dette det største kjedet frå norrøn tid som er funne, med eit kjede der 45 av dei 73 perlene er henta frå Orknøyane. Blandinga av glas, rav og edelstein tyder på at det er importert, kanskje frå Italia.

I sin rapport frå utgravinga peikar Holgate på at gravfunnet også byr på problem når det gjeld tolkinga. For det første, når det gjeld datering av grava. Dernest, var kvinna keltisk eller norrøn? Og kva med hennar religion? Og som før nemnd, kva tyder ei heidensk gravlegging på ein kristen gravplass?

Dateringa av grava vert sett til ein stad mellom 950-1050. Kvinna kan sjølvsagt ha vore ei reindyrka norrøn vikingkvinne, men ho kan også ha vore ei kristen keltisk kvinne som var gift med ein norrøn heidensk mann og har fått ei norrøn gravferd. Truleg var ho i alle høve ein andre generasjons norrøn kvinne, om ho då var norrøn. Spørsmålet om religion vert reist fordi denne grava er av ein noko annan natur enn norrøne graver funne andre stader på Man, som er nemnd ovanfor. I alle norrøne graver, bortsett frå dei tre kjende kvinnegravene, er det menn som er gravlagd. Kvart vart det av hustruene deira, eller borna? Kan dei ha fått kristne gravferder? The Pagan Lady er gravlagd i kristen jord.

Ho var, som me har sett, etter alt å døme ei særs rik kvinne, og må såleis ha hatt ein høg sosial status å samfunnet. Truleg var ho gift med ein høvding, som ei mektig husfrue på ein storgard. Ho kan også setjast i samband med etableringa av Peel Castle som ein viktig stad i den norrøne dominansen i Irskesjøen.

The Pagan Woman er på sitt vis eit mysterium.


Minnekrossar (memorial crosses)

Norrøne minnekrossar i Old Church Loan og Kirk Braddan. Henta frå Cumming, J. G.: The runic and other monumental remains of the isle of Man. Douglas, 1857.
Med den kunnskapsrike guiden Frank Cowin som guide legg me i veg, det handlar om steinkrossar. Eg går sjølv med ein keltisk kross av norrøn type rundt halsen. Forma på krossen er ikkje norrøn, men den er vakker og symbolrik. Diverre vart denne krossformen brakt i vanry av nazi-kulturen, i dag trur eg ein slik kross raskt ville bli misforstått, men framleis kan ein sjå denne krossforma på eldre gravar, i alle høve på Vestlandet i Noreg, og sjølvsagt på øyane i vesterhavet.

Dei norrøne busetjarane på Man hadde med seg sin norrøne religion og sine skikkar, der bautasteinar og steinsirklar markerte gravplassar. Cumming skriv i si utdjupande og rikt illustrerte oversikt frå 1857 at han kan namngi minst eit dusin slike steinsirklar som han har kjennskap til, i dei tre sørlegaste sokna på Man, men han tek samstundes det atterhaldet at somme av steinsirklane kan tilskrivast pre-vikingtid, dvs. til dei opphavlege innbyggjarane på øya[14]. I same andedrag hevdar Cumming at dei kristne minnekrossane neppe kan vera eldre enn frå midten av 1000-talet, samstundes med kong Godred si regjeringstid, som bygde Castle Rushen, då Rolwer (Rolf) var biskop på Man og Suderøyane. På dette tidspunktet hevdar Cumming i følgje biskop Rolwer at alle menneske av norrønt opphav var sanne kristne. På den andre sida syner runene på krossane at det var eit "språkskifte", som saman med skifte av stil i utforminga tyder at dei har vore reist over eit lengre tidsrom. Fleire av desse steinane vart seinare bygde inn i kyrkjemurar, t.d. katedralen i Peel, som først vart fullført på 1300-talet.

Det er viktig å ha i mente at mange minnekrossar truleg har vore øydelagde, og andre er flytta bort frå Man, slik at materialet ikkje er komplett[15].

Det spesielle med dei norrøne krossane i vesterveg er den rike ornamentikken, som byggjer vidare på norrøn kultur og tradisjon og er full av gamle heidenske symboler.

Som me har sett av gravfunna på Man er overgangen frå heidendom til kristendom vanskeleg å spora. Det har vore flytande og uklåre grenser. Av gravskikkene meiner ein å tru at kristendommen vart den dominerande, for ikke å seia einaste, religion for den norrøne befolkninga i alle høve frå før 1050. Ei stor samling minnesteinar, konsentrert på det vesle området som Man utgjer, gir oss eit unikt innblikk i overgangen til kristendommen. Steinstøttane på Man er faktisk det første fysiske provet for overgangen til kristendommen i heile det norrøne kulturområdet[16], Noreg innbefatta, og gjennom ikonografien får me eit unikt innblikk i den tankeverda som desse første kristne norrøne menneska levde med. Dei tok utan vidare mykje av sin gamle heidendom og alle dens referansar med seg inn i si nye religiøse forestillingsverd.

Derimot kjenner me lite til deira religiøse praksis før overgangen til kristendommen. Det finst ikkje spor av til dømes hov eller horg på Man. Det har sjølvsagt samanheng med at deira tid som "reindyrka norrøne heidningar" på Man var relativt kort. Me veit heller ingenting om korleis liva deira var berørt av møtet med, og overgangen til, kristendommen. Det einaste ein veit er at gravferdsskikkane deira endra seg. Skikken med gravhauger tok raskt slutt, og som me ser demonstrert med grava til The Pagan Lady er det til og med umogleg å seia om dei gravlagde er kristne eller heidenske.

Sjølv om det i vikingtida var skikk å reisa ein påle eller stokk på toppen av ein gravhaug, som på Balleteare, var det mindre vanleg med steinstøttar i vikingtid. I vesterveg såg dei kristne graver med steinkrossar. På Man tok dei til med å hogga krossar i lokal stein, grå skifer eller leirstein. Steinane vart ornamentert på begge sider og ofte også på sidene, og nytta som gravsteiner eller minnesteinar for avdøde. Krossforma var den mest nytta, men ikkje alltid. Ein kan jo tenkja seg at krossen vart nytta nettopp for å understreka at den avdøde og vedkommande sin familie var kristne. Ornamentikken kan variera frå kunstnar til kunstnar, men har i alle høve sine røter i Skandinavia. I dei tilfellene der det er nytta skrift på steinane, er det med to unnatak runer og norrønt språk som er brukt, i norsk variant. Det er ikkje funne spor av fargar på steinane, men det er likevel mogleg at raudt og svart kan ha vore nytta, kanskje også andre fargar. Ornamentikken har klåre referanser til nordisk norrøn ornamentikk. Ut frå desse kan ein våga seg på datering av periode for når dei vart laga, eller ein tilnærma identifikasjon av kunstnarar.

Runene er stort sett rissa inn på kanten av krossane, nedanfrå og opp. I eitt tilfelle er inskripsjonen rissa inn på baksida, i fem andre tilfelle i fronten. På Thurith-krossen i Kirk Onchan er det runer på begge sider, der ein finn namnet "Jesu Krist".

Denne gravsteinen, eller minnesteinen, i Kirk Michael soknekyrkje fortel si eiga historie om den historiske kontinuiteten på Man. Steinen, som er datert 1699, er laga av ein eldre steinkross, anten keltisk eller norrøn, ca. 700-talet til 1100-talet. Her finst også restar av ei runeinnskrift. Henta frå Cumming, J. G.: The runic and other monumental remains of the isle of Man. Douglas, 1857.
Kring sytti krossar frå denne perioden (dvs. 1000- og 1100-talet) er kjende i dag, og av dei har halvparten inskripsjoner. Truleg må det ha ekstistert langt fleire steinar, ein stad over eitt hundre er vel ikkje å ta for hardt i. Høgda varierer, frå omlag fire meter for den høgaste steinen til under ein meter for den minste. Mange av desse steinane eksisterer i dag berre som fragment. Det er heller ingen, bortsett frå ein, som i dag står på sin opphavlege plass. Mykje tyder på at dei har vore plasserte på soklar av flate steinar som har vore stabile nok til å gje dei stabilitet. Ein finn desse minnesteinane stort sett over heile Man, bortsett frå i Arbory.

Som nemnd er ornamentikken norrøn, henta frå Noreg, Danmark og Sverige, men det er også innslag av samtidig ornamentikk etter nord-engelsk, skotsk og irsk mønster. Det ser ut som det har ein reint dekorativ hensikt, med snodde, intrikate mønstre, kanskje med dyremotiv. Andre mønstre har ein tydeleg kristen eller heidensk norrøn symbolikk. Til dømes ser me ryttarar, som mogleg er meint på visa krigarar i eit liv etter døden, på veg til det heidenske Valhall.

Krossar frå kyrkjegarden på Braddan. Her finn ein det mest gjennomførte innslaget av mammenstilen. Henta frå Cumming, J. G.: The runic and other monumental remains of the isle of Man. Douglas, 1857.
Wilson[17] deler steinstøttane på Man inn i fire nordiske stilartar: 1) Borrestilen, som den mest dominerande stilen på Man, i Skandinavia datert til perioden ca. 890-960, 2) den meir sjeldne jellingestilen ca. 910-960, 3) mammenstilen med dyreornamentikk og endeleg 4) ringerikestilen, begge frå ca midt på 1000-talet.
  • Bronseobjekt i typisk borrestil, funne i Hedeby. Foto: Wikimedia Commons.
    Borrestilen er den eldste kjende norrøne stilarten på dei britiske øyane og pregar utskjæringar på steinskulpturar på Man, som på korsplata med runeinskripsjoner frå Kirk Michael og Gosforth-krossen i Cumbria. I Noreg følgde borrestilen den eldre osebergstilen, frå ca. 850 til siste halvdelen av 900-talet. Namnet kjem frå skipsgrava i Borre i Vestfold, der det vart funne ein del mindre seletøy i bronse. Stilen er prega av stilisering og er dokumentert gjennom mindre metallarbeider som stort sett er gjort som filigransarneid, det vil seia forsiring med tråder (frå latin filum) som er bøygde eller vridde fast. Hovudmotivet er ringkjeder, eit bandmotiv der to bandflettinger er lagt over kvarandre. Resultatet er langt meir komplekst enn vanleg bandfletting. Dei ringforma mønstra består av geometriske figurar i kjeder med knutar og sløyfer av band i kraftig relieff. Desse ringkjedemotiva omsluttar symmetriske biletflater med figurar som blir sett forfra. Eit anna motiv er kringleløkke, brukt anten åleine eller parvis. Dyrefigurane i stilen opptrer i to variantar. Den eine består av gripedyr på fire bein med eit hundeliknande hovud sett forfra og med ein forvridd, bandforma kropp. Den andre består av nærarst naturalistiske dyr som er sett i profil og med gripeklør. Hovudet er vendt bakover med nakketopp og lårspiral. Ytterlegare eit motiv er det maskeliknande «Borrehovudet», prega av runde auger og halvrunde øyrer, og eit trekantforma fjes som kan minna om eit kattehovud. Kroppen som strekkjer seg etter hovudet er forma av band. Motivet med dei forvridde, plastisk utforma gripedyra ser ut til ha ein viss slektskap med den delvis samtidige Jellingestilen i Danmark.
  • Dyreornamentikken i jellingestilen, oppkalt etter eit lite sølvbeger som vart funne på Nordhögen i Jelling, Danmark, var populær i vikingtida ca. 875-950. Karakteristisk for jellingestilen er bandforma, fletta eller tverrstrekte dyrekroppar. Det tidlegast kjende dømet i Noreg er utskjæringer på ein seng- eller teltstolpe i Gokstad i Noreg datert til 895-896. På Man opptrer denne stilen svært sjeldan i reindyrka form.
  • Heller ikkje mammenstilen (frå gravfunn datert til vikingtid ved landsbyen Mammen øst for Viborg i Jylland i Danmark) gjer seg gjeldande i større grad på Man. I denne stilarten er dyr meir realistisk framstilt, men det mest interessante er likevel at at planter for første gong blir trekt inn som motiv. På Man kan ein best sjå eit døme på mammenstilen på krossar funne på kyrkjegarden i Braddan.
  • Ringerikestilen kom først i kristen mellomalder, ca. 1000-1050, og har namnet sitt frå dyre- og planteornamentikk på runesteinar frå Ringerike i Noreg. Ein kan kanskje seia det slik at det var ei vidareføring av den danske jellingestilen. Det karakteristiske for denne stilen er at motivet ofte krinsar kring eit stort dyr, som er kransa av uttrekte vimplar med innrulla spiss eller bladflik og med spiralar med samanføyde element. Ulike formar for krossar byrjar å opptre før første gongen i norrøn kunst, og er tydeleg påverka av element frå både germanske og britiske stilartar. Dette er den kristne norrøne kunsten.


Kirk Michael

Gaute-krossen i Kirk Michael t.v. og steinen frå Calf of Man. Henta frå Cumming, J. G.: The runic and other monumental remains of the isle of Man. Douglas, 1857.
Med vår kunnskapsrike guide Frank Cowin køyrer me til den vesle byen Kirk Michael, med det keltiske namnet Balley Keeill Vaay, på vestsida av Man - ein sjarmerande landsby med små butikkar og øyas eldste pub. Her racer motorsyklar gjennom gatene i ein fart av 200 - 250 km/t under det årlege TT Race, verdsmeisterskapen i landevegskøyring. Det er då også ei åtvaring me har fått, sjå opp for motorsyklar - dei er ute og trenar og kjem som ei kule. Like i nærleiken ligg biskopens residens.

Her finst den største samlinga av steinkrossar frå norrøn tid på Man. Dei er tekne vare på i soknekyrkja frå 1835, Kirk Michael Parish church, og har tidlegare vore speidde kring på øya.

Her finst også den kanskje aller eldste kjende krossen, den såkalla Gaut's Cross (Gaute-krossen) eller Michael 101, som er det vitskaplege namnet. (Det finst også andre Gaute-krossar på Man.)

Innskrifta på steinen lyder:

mail:brikti:sunr:aþakans:smiþ:raisti:krus:paną:fur:salu:sina:sin:brukuin:kaut|kirþi:þaną:auk|ala:imaun - "Mailbrikti, sonen til Aþakán, smeden, reiste denne krossen for sin hans sjel... Gautr laga denne og alle på Man."

Steinen er 1. 8 m høg, med ein keltisk kross (ringforma kross) øvst og samanvevde med "ringlekkjer" nedst, karakteristisk for den såkalla borrestilen. Den øvrige dekoreringa er av same type som me finn elles i Noreg eller i vikingsamfunna i vest. Noko underleg kan utsagnet synast om at "Gautr laga denne og alle på Man".

Krossane som ein meiner kan ha vore hogde av Gaute har sjølvsagt mange likskapstrekk, men det er også variasjonar. Om dette kommenterer Cumming:

This cross of Gaut now under consideration contains no figures of animals, but only pure knot-work. The same statement is true also of the other cross which bears his name on Andreas Green. This is the case also in the Ballaugh cross (-), the St. John's cross (-), and the Kirkmichael fragment (-), all of which I would attribute to Gaut. All these crosses are also inscribed. If we should be disposed to argue against all of them being Gaut's work, from the fact that the spelling of words is not the same on each (for instance, of, qflir, and aiftir, thana, thna, thona, thono, thenr), we must remember that Gaut spells his own name differently on different crosses. (-) We have to notice from this inscription that the name of the Island must anciently have been pronounced with the "a " long, or as "am," and thus it shows the connection between Man and Mona. [18]

Det er mogleg at mannen som rissa mønsteret i steinen ikkje er den same som runemeisteren. På Man er det funne fleire steinar som ser ut til å vera rissa av same mann, skulptøren Gaute. Desse steinane har også fått ei tidleg datering. Mønstrene på desse steinane dannar ein eigen "skule" for steinar frå denne perioden, så karakteristiske for Man. Michael 101 blir rekna for å vera ein av dei tidlegaste komplette krossane. Mønsteret på framsida av den kristne krossen vert avslutta i nedste enden med ein ring i borrestil. Det intrikate mønsteret har innslag av element som er meir typisk for norrøn stil funne i vesterveg enn for "rein" norsk stil.

Reindyrka jellingestil er sjeldne element på manx-krossar, derimot finn ein gode døme på mammenstil i mønsteret på to krossar frå Kirk Braddan, som er bortimot reindyrka norske, eller skandinaviske, mønstre. Her finst omtrent ingen innslag av anglosaksisk stil eller overtonar, så det har vore antyda, ut frå ein kronologisk samanheng, at denne stilen har vore utvikla på Man, eller i det minste i Irskesjø-regionen[19]. På ei rekkje av krossane er det imidlertid ei stilblanding, der ornamentikk typiske for tidlege periodar er blanda med ornamentikk av nyare dato, gjerne henta frå England eller Irland. Med andre ord kjem den sterke kulturblandinga som me har sett demonstrert i gravskikkane også til syne i den norrøne ornamentikken med kristne symbol.

Så freistande det enn kunne vera, er det ikkje mogleg å gå i djupna på dette temaet, i noko som er meint å fungera som eit meir generelt oversyn over den norrøne kulturen på Man, der krøniken over kongane på Man og Suderøyane er hovudemnet. La oss gjera eit hopp fram til den kronologisk siste kjende steinen, den såkalla Heðinn-steinen på Maughold.


Maughold

Det såkalla Cross House i Maughold. Her finst det nærare femti steinkrossar i varierande kvalitet. Foto: Wikimedia Commons
Frå Kirk Michael tek Frank Cowin oss med vidare til samlinga av steinkrossar ved Kirk Michael. I skuret som er bygd der er det oppbevart nærare femti steinkrossar, frå 600 - 1300-talet. Dei fleste krossane er funne anten på kyrkjegarden eller i nærområdet. Den noverande kyrkja er frå ca. år 1000, men Maughold har vore ein kyrkjestad sidan før vikingtid. Her finn ein m.a. også ein stein som går under namnet Pillar Cross (Maughold Parish Cross), der me finn den aller første attgjevinga av Isle of Man sitt gamle symbol, dei tre føtene. Steinen vart flytta inn i sjølve kyrkja i 1989 for å verna den mot forfall. Meir om den i kapitlet om mellomalderen og krøniken.

Krossane er samla i eit ope skur ved kyrkja, for å gje vern mot veret. Medan Michael 101 gjerne vert sett på som ein av dei aller tidlegaste kristne norrøne minnesteinane, representerer Heðinn-steinen den definitivt siste, truleg hogd etter år 1000. Steinen har fått namnet sitt etter mannen som reiste steinen til minne om si avdøde dotter. Runemeisterens namn er Arni. Steinen er berre ein bleik skuggje samanlikna med dei rikt dekorerte steinkrossane i hundreåret før. Det interessante med Heðinn-steinen er innslaget av dansk vokabular på steinen. Formen på bokstaven "e" i runeinnskriften kom inn i dansk runografi først etter år 1000, og i Noreg noko seinare, så det er mogleg at innskriften på Heðinn-steinen kan daterast til 1100-talet. Slik sett er det mogleg at Heðinn-steinen reflekterer den aukande danske innflytinga i England på 1100-talet, samstundes som det også er eit døme på kulturstraumen som gjekk begge vegar mellom Man og England, sidan før vikingtida. Eit anna interessant element ved steinen er det innhogde, eller innrissa, "vikingskipet". Det eldste symbolet på våpenskjoldet for kongedømet Man og Suderøyane på 1200-talet var nettopp eit vikingskip.

Vikingskip rissa inn i den såkalla Heðinn-krossen ved Kirk Maughold. Teiking frå før 1914. Attgjeve i Island Heritage: Dealing With Some Phases of Manx History, by William Cubbon, page 70, published in 1952. Ill. Wikimedia Commons.
Etter Heðinn-steinen vert det slutt på den norrøne ornamentikken, og for krossar reist seinare er det vanskeleg å setja ei bestemt datering, ettersom steinane no går inn i ein stil som ein finn overalt i Wales, Irland og Skottland, som er uforandra både før og etter vikingtida på Man. Men i nokre tilfelle kan det vera vanskeleg å skilja mellom pre-viking og vikingtid. Eit døme på det er steinen frå Calf of Man, som lenge vart rekna for å vera frå før vikingtid, men som i dag vert rekna som norrøn, om enn kanskje ein del av eit altarstykke. Steinen viser ei korsfestingsscene. Kristus har langt hår og eit skjegg som er delt nedst, og håret, som er delt i midten, danner ein spiral på kvar skulder. På panna har han rissa inn eit omega-symbol, på brystet ein sirkel med ein dobbeltmønstra ornamentikk. På venstre side ser me spydberaren Longinus[20], også han med skjegg og langt hår. Det er eit motiv som går att andre stader, i varierande grad, både på og utanfor Man.


Runeinnskrifter

Oversikt over runealfabeter, jamnført med runer frå Man. Henta frå Cumming, J. G.: The runic and other monumental remains of the isle of Man. Douglas, 1857.
Innskriftene på dei mange krossane (minnesteinane) som er funne på Man bidreg til, saman med gravfunna, å kasta litt meir lys over det norrøne samfunnet på Man. Me har allereie kikka litt på runeinnskrifta på Michael 101.

På Man vart det relativt snart utvikla ein eigen lokal variant av runer, som i ettertid kan delast inn i det eldre og nyare "manx-alfabetet". Sjølvsagt er det ikkje nokon stor skilnad frå norske eller skandinaviske runer, eller frå runer nytta i vesterveg, men manx-runene utgjer likevel eit markant skilje slik at ein kan snakka om runer som er spesielle for Man. I vesterveg er runer generelt nytta lite, bortsett frå på Man. Faktisk finst det berre ein kjend minnestein frå Irland, tre frå Skottland, men derimot 29 minnesteinar frå dei nordlege øyane, Orknøyane og Shetland, mot meir enn 30 på Man og 40 i Noreg. Manx-innskriftene gir oss eit viktig bidrag til forståinga av det norrøne samfunnet i vest. Det fortel også om den tette kontakten med "gamlelandet" i aust.

Desse runeinnskriftene vart hogne inn på minnesteinar, som sjølvsagt avspeglar dei aller mest mektige i samfunnet. At runeskrifta vart hogd inn på kanten av steinane er uvanleg i Norden, ikkje minst når det gjeld minnesteinar. Det er eit sjeldant fenomen også på dei britiske øyar. Men sjølvsagt finst det unnatak, som kantskrifta på den kjende Alstad-steinen i Noreg.

Runeinnskriftene fortel ikkje berre om den døde som skal minnast, eller deira etterlatne, men i nokre tilfelle også om skulptøren eller runemeisteren, som Gaute som er nemnd ovanfor, som også er kalla "son av Bjarnar". Det vert fortald at han kom frå Kuli, ein stad med eit keltisk namn som ikkje er identifisert, men tydelegvis ein stad på øyane i vest. Alle minnekrossane er reiste for menn, ingen for kvinner. Men fleire krossar er reiste av menn til minne om kvinner. Wilson reknar med i det minste sju slike krossar[21]. Eit døme er ein kross reist av Santulf hin suarti (Sandulv svarte) til minne om hustruen Arnibiaurk (Arnbjørg). Nokre krossar fortel tydeleg om ekteskap mellom ein norrøn mann og ei keltisk kvinne, eller som i Kirk Michael, der Malymkun reiser eit minne for fosterdottera med det gæliske namnet Malmury, som var dotter av ein gæler, men gift med ein norrøn mann, Aþsl.

Namna på desse minnekrossane vekslar såleis mellom gæliske og norrøne namn, der det var vanleg at dei gifta seg med kvarandre. Ein kan såleis fundera over korleis den språklege kommunikasjonen mellom desse personane frå ulike språkgrupper arta seg, men det veit me ingenting om. Slik ser me det også demonstrert på Gaute-krossen, som vert rekna som den tidlegaste krossen frå vikingtid på Man - ein norrøn mann rister runer på ein stein med namn som ser ut til å ha vore gæliske. Det har såleis truleg vore få sosiale barrierar mellom det norrøne og det keltiske/gæliske samfunnet. Ettersom ein også frå og med Gaute-steinen kan sjå på desse minnesteinane som kristne, fortel det om stor toleranse mellom kristne og heidningar. Det fortel også ei interessant historie at Gaute-steinen vart reist til minne om ein smed. I gravmaterialet frå Man ser smedar ut til å ha hatt høg sosial status - og ikkje berre på Man forresten, men også i Noreg.

Det finst så godt som ingen kristne bøner for den avdøde, som er så vanlege på irske minnesteinar.

Det er også eit spørsmål om ornamentene på steinane er meint som utelukkande dekorasjonar, for å oppretthalda ein norrøn kulturarv, eller, som Cumming spør, om dei er meint å formidla ein bodskap om den avdøde, om den døde sin posisjon eller handverk[22].

Med tanke på at desse minnekrossane er kristne symbol er det som nemnd få eksplisitt kristne bodskap i runeinnskriftene. Og dei få som finst vart rissa relativt seint, på 1100- og 1200-talet. Det er heller ikkje slik at dette er magiske runer eller lønnruner. Ei usedvanleg innskrift er funne på ein stein frå Onchan. Der heiter det: "Eg tenkjer på (runene) og tolkar (les) dei som best eg kan." Ei verkeleg magisk innskrift!


Ikonografi

På denne steinen frå Kirk Andreas finn me den tydelegaste symbolikken av ei scene frå soga om Sigurd Fåvnesbane, av fosterbroren hans som blir biten i hel. Henta frå Cumming, J. G.: The runic and other monumental remains of the isle of Man. Douglas, 1857.
Til slutt nokre ord om ikonografien på minnekrossane. Sjølv om dei er forma som kristne krossar er den kristne bodskapen meir subtil. Kristus-skikkelsen er sjeldan (med unnatak som t.d. krossen i Kirk Michael og Calf of Man-steinen), men kristne symbol opptrer på fleire steinar - fisk (eit symbol for Kristus), slange, hane (eit symbol for oppstoda) og "jaktmotiv" der ein hund eller ulv drep ein hjort, som vart henta frå piktisk-kristne motiv i Nord-England frå før vikingtid.

Ikonografien fortel også si tydelege historie om overgangen frå heidendom til kristendom. Det ser ein tydeleg på fragment av Andreas 128 der ein finn guden Odin på den eine sida av steinen, med sine attributtar spyd og ravn og kjevene til Fenris-ulven ved sine føter, og med Kristus på den andre sida av krossen. Meininga er tydeleg - den gamle verda har kome til ein ende, no kjem Kristus som den nye herskaren. Det fortel oss atter ein gong om den "glidande” overgangen" som fann stad mellom norrøn åsatru og kristendom.

Mykje av symbolikken er uklår, men ser i mangt og mykje ut til å handla om hendingar frå dei mytologiske forteljingane om Sigurd Fåvnesbane, som greidde å drepa draken Fåvne med sverdet Gram. Livet hans er skildra i heltedikta i Den eldre Edda og det germanske Nibelungenlied (diktet om Nivlungene) og i Volsungesaga. Scener frå livet hans finn me på fire krossar på Man - Jurby, Malew, Maughold og Kirk Andreas.


Norrøne stadnamn

Wilson skriv at berre tre pre-norrøne stadnamn har overlevd på Man - namnet Man, soknet Rushen og namnet på hovudstaden Douglas[23]. Mønsteret av stadnamn med norrønt opphav fortel også om busettingsmønsteret i norrøn tid.

Språket på Man før vikingtid var gælisk. I vikingtid ser det ut til at også personar av ein viss sosial rang i manx-samfunnet nytta norrønt som sitt språk, sjølv om innskrifter på minnekrossar og andre stader vitnar om at gælisk var i bruk.

Ein stor del av dei norrøne stadnamna er reint topografiske, dvs. dei vart konstruert for å seia noko om det karakteriske ved landskapet. Døme på dette er vik-namna (i Fleshwick), -dalr (som i Foxdale), - fell (som i Lambsfell), -nes (som i Langness) osv. Stadnamn som kan fortelja oss noko om bustader er meir sjeldne. Endinga -staðir går att eit dusin stader (som i Leodest), det same gjer -bý, mogleg av dansk opphav (som Jurby). Det er mogleg at det kan ha vore ein tettare konsentrasjon av norrøne stadnamn, som har gått inn og blitt endra i manx-talespråket i århundras løp. Vidare kan nemnast åsar med namnet "fjall", som Snaefell (snøfjell), personnamn i Amogary (Amogary) norrønt: Amundar-gairr, "Amund's marker", stamr (gard), -dalr (dal).


Tynwald

Monumentet som er reist på Tynwald, tingstad sidan vikingtida, og i dag symbol for verdas eldste fungerande parlament. Foto: Wikimedia Commons.
Isle of Man roser seg av å ha verdas eldste parlament i ubroten verksemd gjennom meir enn eitt tusen år, like sidan vikingtida - slik sett eldre enn Tingvellir-tradisjonen på Island. Alle stader der dei kom etablerte vikingane slike ting[24]. På Man kan ein sikkert seia at samlingsstaden Tynwald Hill, ved kyrkja i den vesle byen St. John, har vore i bruk som tingstad i alle høve sidan dei norrøne kongane regjerte i tidleg mellomalder. Namnet Tynwald kjem av det norrøne tingvollr. Det årlege sommarparlamentet, som vert halde 5. juli (midtsommar, etter den gamle kalendaren), der alle nye lover vert ropt ut både på manx og engelsk, er det einaste døme på ei lovgjevande forsamling av norrønt oppphav som har fungert i ubroten verksemd til denne dag.

Element i den tradisjonelle seremonien tyder på at samlinga kan ha bygd på ein eldre tradisjon, og det er mogleg at bakken i seg sjølv kan ha vore ein gravplass i bronsealderen. Det vart såleis avdekka ei grav berre femti meter nord for tingstaden.

Tynwald vert ikkje nemnd i skriftlege kjelder før i Cronica regum 1228, og då som ein slagmark. I 1237 vert staden nemnd på nytt: congregatio totius Mannensis populi apud tingualla, dvs. som ein samlingsstad for alle mennneske på Man.

Første gongen ein slik tingstad vert nemnd er på latin, så sjølve ordet "ting" vert ikkje brukt - det vert omtala i ei skildring av livet til Ansgar, som vart send som misjonær til Sveariket og seinare vart utnemnd til erkebiskop av Hamburg-Bremen. Hans etterfølgjar Rimbert fortel at Ansgar var til stades ved ei "samling av folk, som hadde laga til ein høg plass for eit råd på ein open slette"[25]. Gulatinget møttest på ei jamn mark, omlag slik me finn det på Tynwald. På Island møttest tinget også i eit flatt terreng, sjølv om staden med dei forrevne, bratte klippene var dramatisk nok.

Men som på dei fleste tingstader fanst det ein haug på Tynwald der lovseiemannen kunne bli sett og høyrd. (Området slik me ser det i dag, vart utforma på eit langt seinare tidspunkt.) Desse "tinghaugane" går att i ei rekkje stadnamn i norrøn tid, sjølv om det ikkje alltid treng å ha vore ein haug i fysisk forstand der.

Som nemnd er det mogleg at tinghaugen på Tynwald er lagt på ein pre-historisk gravplass. Staden har frå gammalt eit anna namn, Cronk Keeill Eoian, som tyder "bakken ved St. John kyrkje", som har eksistert sidan vikingtid. Her vart faktisk funne ein del av ein kross med runer, truleg datert til 900-talet. Det er mogleg at det i si tid kan ha lege to haugar i området.

Tynwald er på mange vis eineståande i sitt slag på dei britiske øyar. Det næraste ein kjem er Doomster Hill ved Govan, utanfor Glasgow i Skottland. Ein annan stad er Thingmount (tinghaugen) ved Little Langdale i Cumbria, der det skal ha vore eit lovting som på Tynwald.

Det er interessant å merkja seg at haugen på Tynwald i dag vert brukt under den årlege seremonien 5. juli, der Lord of Man presiderer med sitt følgje og biskop. Geistlege og dommarar, med den lovgjevande forsamlinga på Man, har sine plassar på den nedste delen, medan publikum er samla utanfor omhegninga. I eit dokument frå 1417[26] ser det ut som denne seremonien har halde seg uforandra sidan mellomalderen, i dei norrøne kongane si regjeringstid. Det er då naturleg å gå ut frå at me i dag er vitne til i det minste eit ekko av ein tradisjon som skriv seg heilt tilbake til norrøn tid på Man, sjølv om området i dag er ganske annleis enn i vikingtida. Eit gammalt sagn fortel at haugen er laga av jord frå alle sokna på Man.


Kyrkja på Man

Vikingtida på Man tok slutt då kyrkja tok kontroll på gravleggingsrituala. Ein veit lite om organiseringa av kyrkja før vikingtid. Berrre nokre få små kyrkjer (’’keeiils’’) og nokre få gravplassar er datert til denne perioden. Det er relativt sikkert at det fanst eit munkekloster på Maughold før vikingane kom til Man. Minnesteinane som vikingane sette opp på staden vitnar om at Maughold heldt fram i ein religiøs samanheng også for dei norrøne heidningane. På denne tida fanst ingen formelt fasttømra organisasjon for kyrkja. Den "keltiske kyrkja" er truleg ein myte[27]. Det kan også diskuterast om kyrkja på Man var mest influert av irsk kristendom. I alle høve på 1100-talet ser det ut til at påverknaden frå England har vore sterk. Den første kjende biskopen på Man hadde eit norrønt namn - Roolwer, truleg frå norrønt "Hrolfr". Han vart utnemnd samstundes med dei første biskopane på Orknøyane og Dublin, truleg før 1074. Den neste biskopen hadde eit normannisk namn, William, som kan vitna om engelsk innflyting, kanskje via Canterbury eller York, som kyrkja på Man henta sine biskopar frå. Men i 1154 vart biskopen på Man underlagt erkebiskopen i Trondheim, i det fjerntliggjande Noreg.

Ein veit lite om prestane og kyrkjene på Man før biskop Roolwer si tid, til dømes kven som underheldt prestane eller stod for finansiering av kyrkjebygging. Før vikingtid ser det ut til at folk vart gravlagde på gravplassar som vart styrt av lekfolk. Det er godt mogleg at dei eldste kyrkjene var bygd av tømmer, og at det er grunnen til at ein i dag finn så få spor av kyrkjer frå før vikingtid. Det har vore gjort freistnader på å rekna på talet på ‘’keeiils’’, og om ein tenkjer på dei som kapeller som låg ved gravplassar, kan det ha vore så mange som opp mot 170 slike små kyrkjer[28]. Det er også mogleg at nokre av desse kyrkjene kan ha hatt ein funksjon som små klostre, kanskje for eremittar.

Det er først når vikingtida tek slutt at Man så smått kjem til syne som ein sjølvstendig politisk, økonomisk og kyrkjeleg faktor på dei britiske øyar.


Rushen Abbey

Rushen Abbey har dei siste tiåra vore under restauerering, og er i dag eit interessant dokumentasjonssenter for klosterets historie. Foto: Wikimedia Commons.
Rushen Abbey sør på Man stod i tett samband med Furness Abbey i Lancashire, og det ser også ut til at munkane helst ville henta sine biskopar frå York heller enn Trondheim[29].

Rushen Abbey er så avgjort høgdepunktet for den som vil sjå og læra meir om den kristne arven frå mellomalderen på Man, som går tilbake til norrøn tid og før det. Man er eit eldorado av eldgamle "keeills", uthogne krossar, kyrkjer og kapell. Etter at Manx National Heritage tok ansvaret for Rushen Abbey i 1998, vart staden berga frå ytterlegare forfall, og kyrkja og klosteret - det som er att av det - har sidan den tid vore under ei omhyggeleg og nøye rekonstruksjon. Samstundes har svært mykje verdfullt arkeologisk materiale kome for dagen, som har bidrege til ei fornya kunnskap om abbediet si historie. Då forfattaren besøkte staden første gongen 2008, var forfalne bygningar rivne og rydda vekk, og i den fredelege klosterhagen kunne ein følgja med på det arkeologiske arbeidet som vert gjort, eller få ein glimt inn i klosteret si mangslungne historie i dokumentasjonssenteret som er bygd ved Rushen Abbey. Det er ei historie som strekkjer seg eitt tusen år tilbake i tid.

Historia tek til i Frankrike.

I 1098 bygde ei gruppe munkar eit kloster i det myrlendte Cistercium (det noverande Burgund) i Frankrike. Dei ønskte alle å søkja etter eit enklare tilvære enn det behagelege livet dei fann i andre klostre - dei søkte å leva etter St. Benedikts regel, som var utforma på 600-talet. Cistercienserane spreidde seg raskt over heile Europa. Sjølve grunnideen ved ordenen gjekk ut på å bu isolert, langt vekke frå andre menneske. Dei skulle vera sjølvforsynte og sjølvberga, så godt jordbruksland var nødvendig der dei bygde sine klostre. Munkane levde på ein streng diett av for det meste vegetarisk kost. Dei trong med andre ord å kunne dyrka jorda. Cistercienserane vart kjende som "dei kvite munkane", ettersom dei gjekk kledde i ullklede som ikkje var farga, i motsetnad til den gjengse svarte fargen på munkekuttane i andre ordenar.

På Man vart det funne ein stad der munkane kunne leva utan å bli forstyrra av omverda. Det kom i stand etter at abbed Ivo av Furness kom til Man etter ein invitasjon frå kong Olav I, som gjerne ville ha abbedens råd vedkomande valet av ny biskop for Man og Suderøyane. Det var under dette besøket at kong Olav gav vekk land heilt sør på øya, på staden som vart kalla Rushen. Klosteret som vart bygd her låg under moderhuset Furness, og var opphavleg ein del av Savigny-ordenen før den vart innlemma i Cistercienserordenen i løpet av 1147-1148.

Tekst. Foto: Knut Rage, Wikimedia Commons.
Dei første munkane på Abbey Rushen kom til Man frå Furness Abbey, men seinare vart munkane rekruttert lokalt. Abbeden fekk ein viktig maktposisjon på Man, med stor politisk og økonomisk makt. I tillegg til jorda som vart gjeve til klosteret frå kong Olav I, vart Rushen Abbey etter kvart sitjande med ein ganske stor landeigedom. Jorda vart utnytta gjennom gardar, såkalla granges, der lekbrør og leigehjelp arbeidde. Eit intensivt jordbruk var ein føresetnad for det relativt store samfunnet som klosteret utgjorde. Med desse landområda, som vart gjeve som gåver, følgde beitemarker, fiske og utvinning av metall som samanlagt bidrog til klosteret sin rike økonomi. På 1400-talet tok klosteret til å leiga ut jordbruksområda til fastbuande leigetakarar. Sauehald var ein viktig del av økonomien på Man.

Dei første bygningane vart truleg bygd i tre, og erstatta av stein på eit seinare tidspunkt. Det var munkar og lekbrør som stod for bygginga, i tillegg til sine daglege pliktar. Dei brukte lokal kalkstein av god kvalitet til dei fleste bygningane, og spedde på med rød og gul sandstein importert frå England til dekorering. Ved fullføringa fekk steinmurane eit lag gips, og somme stader måling for å framheva dei dekorative mønstra. Tårnet på den krossforma kyrkja vart truleg ikkje bygd før på 1500-talet.

Minst tre av kongane på Man vart gravlagde her - Olav II i 1237, Reginald II i 1249 og Magnus i 1265.

Det var her på Rushen Abbey at Krøniken om kongane på Man og Suderøyane vart skrive. Det er den tidlegaste skriftlege framstillinga me har frå Isle of Man, og ho blir ikkje mindre verdfull ettersom Krøniken fortel historia frå manx-folket sitt perspektiv. Det var soga om dei norrøn-gæliske kongane sine aktivitetar både på Man og utanlands i tidsrommet 1016-1316 som vart nedteikna, truleg av munkar frå Rushen Abbey, møysommeleg skrive på pergament, og sjølvsagt på latin.

Med Henrik VIII sitt brot med den katolske kyrkja vart det også slutt på klosterlivet dei fleste stader, også på Abbey Rushen. I 1540 vart klosteret stengd, og delar av det rive. I 2000, etter to års intenst arbeid, vart Abbey Rushen opna som eit historisk dokumentasjonssenter, dels restaurert, slik at publikum no får oppleva klosteret slik det framstod i mellomalderen - der Krøniken om kongane på Man og Suderøyane vart nedteikna.


Fotnotar

  1. s. 27
  2. Wilson, s. 27.
  3. Wilson, s.55
  4. Wilson, s. 55
  5. There is no doubt that the Isle of Man, in the middle of the Irish Sea, was settled by Vikings, as is demonstrated by a rich archaeological heritage. But the important questions of when the Vikings first reached the Island and when they settled there, whether they conquered Man by force or assimilated peacefully into the local community have not yet been answered satisfactorily. The two different approaches hitherto adopted have reached two different and mutually exclusive conclusions. Steinforth, Abstract.Viking and Medieval Scandinavia 11, 2015.
  6. Wilson, s. 41
  7. Wilson, s. 43
  8. Wilson, s. 29
  9. Wilson, s. 29
  10. Brøndsted, s. 260
  11. Wilson, s. 30
  12. Holgate, s. 11
  13. s. 16 ff.
  14. Cumming, s.4
  15. Cumming, s.6
  16. Wilson, s. 57
  17. s. Wilson, s. 62
  18. Cumming, s. 16
  19. Wilson, s. 69
  20. Longinus er etter kristne tradisjonar i mellomalderen namnet på den romerske soldaten som gjennombora Jesus i sida med ein lanse medan han hang på krossen (Johannesevangeliet 19,34). Denne lansen dukka opp første gongen i Jerusalem på 500-talet og vart ein viktig relikvie, men det vart snart fleire slike lanser og spyd. Det går att som eit viktig motiv i ei rekkje mellomalderske framstillingar.
  21. Wilson, s. 77
  22. Cumming, s.7
  23. Wilson s. 102
  24. Wilson s. 123 nemner Thingwall i Cheshire i England som vert nemnd i Greater Domesday Book frå 1086, som første gongen ein slik tingstad vert omtala.
  25. Vita Ansgari, cap. 19
  26. Attgjeve i Wilson, s. 126
  27. Wilson, s. 128
  28. Wilson, s. 129
  29. Cumming, s.6