Chronica Regum Manniae - Forord

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Latinsk Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Chronica Regum Manniae

Krøniken om kongane og biskopane på Man.

Knut Rage
2018


Forord


Vikingstatue ved inngangen til House of Manannan i Peel, Isle of Man. Foto: Knut Rage, Wikimedia Commons.
På det historiske opplevingssenteret i den vesle hamnebyen Peel, på austsida av Man, House of Manannan, vert me presentert for den vennlege vikingen. Ein horde av ville menn med hjelmar og sverd hopper i land frå eit vikingskip. Ei ung kristen jomfru legg på sprang oppetter bakkane, i panisk flukt frå ein skjebne som seiast å vera verre enn døden. Den spreke, unge vikingen med det flagrande lyse håret når den skrekkslagne ungjenta igjen, sparkar bein under kroppen hennar så ho tumlar overende på marka. Ho stirer opp på den unge mannen med tryglande, redde augo, men han smiler og kviskrar: "Eg er ein ven..."

Var det verkeleg slik det gjekk føre seg?

Kanskje, om me vel å tru historikarar som tolkar det historiske funnmaterialet slik at Man aldri vart utsett for det same omfanget av plyndring og herjing som dei andre øyane i vest, eller einskilde områder i England, Skottland og Irland. Av gravene frå denne perioden å døme kan det mest sjå ut som den eksisterande kristne befolkninga levde fredsommeleg side om side med dei norrøne inntrengjarane, og at keltiske kvinner gifta seg med norrøne menn. Kristne og heidenske graver vart lagt om ein annan.

Trass i at Man, gjennom det rikhaldige og tett konsentrerte arkeologiske materialet på øya, byr på eit av dei aller viktigaste vitnesbyrda om norrøn kultur og ekspansjon på vesterhavsøyane[1], er det samstundes den staden i vesterveg der vikingtida og den norrøne mellomalderen er gått mest i gløymeboka hos folk flest, iallfall slik eg har opplevd det på mine reiser på kryss og tvers i det gamle norrøne kulturområdet i vesterveg. Sant nok har ein den gamle norrøne tingstaden Tynwald, som den dag i dag dannar ramma rundt verdas eldste fungerande parlament (Isle of Man er faktisk ein eigen stat, med sine eigne lover og eigne pengar, og sjølvsagt sitt eige flagg) - i tillegg kan øya skilta med den mest unike samlinga av norrøne steinkrossar som finst, og spor av den norrøne tida finn ein også i gravfunn og stadnamn, men "vikingtida" lever ikkje her slik den gjer andre stader, som på Shetland, eller i Dublin eller York. Folk flest virkar lite opptekne av denne perioden i deira felles fortid. Kanskje det har med å gjera at Man si historie er så rik på mangt anna, ikkje berre i nyare tid, men også langt tilbake, gjennom tusenvis av år.

Før me går vidare, la oss ta eit kort overblikk over Man og øya si historie.

Man er lokalisert midt i Irskesjøen, mellom England, Skottland og Irland. Det er ei etter måten lita øy, avlang og omlag 45 km lang og 16 km på det breiaste, totalt 572 kvadratkilometer. Mykje av landet består av hovudsakleg to høgdedrag med ein vid dal i midten, frå hovudstaden Douglas i aust til byen Peel i vest. Man er som nemnd ein sjølvstendig stat (dvs. underlagt den britiske krona, men med ein stor grad av sjølvstyre), og er heller ikkje medlem av EU (men ikkje desto mindre i tolluinion med Storbritannia og EU), og i passunion med Storbritannia og Irland. Øya har eige kjennemerke for bilar og skriver ut eigne pass.

Snaefell er det høgaste fjellet på Man, 621 meter over havet. Hit opp kan du sjølvsagt gå på dine bein, men du kan også ta den meir enn eitt hundre år gamle elektriske jarnbanen hit, ei smalspora bane med ei stadig vidare utsikt ned mot dalføra under jo høgare opp du kjem. Forfattaren skoder ut over seks kongedømer: England, Irland, Skottland, Wales, Man og Guds kongedøme i himmelen. Foto: Knut Rage, Wikimedia Commons.
Det som umiddelbart slo meg då eg første gongen kom hit i 2008 var den iaugnefallande velstanden for dei 85 000 faste innbyggjarane, kombinert med ein lett nostalgisk konservatisme, ikkje minst i Douglas med sine victorianske fasadar, som lett kunne føra tanken hen til "gamle dagars England", slik me gjerne ser det i britiske tv-seriar. Det er grønt og velstelt alle stader, og den beste måten å reisa omkring på øya er å ta tog - og dei finst det fleire av. Man er eit eldorado for jarnbaneinteresserte. Manx Electric Railway vart anlagt i 1893 og går i rute mellom Douglas og byane Laxey (eit namn av norrønt opphav) og Ramsey (også norrønt) i nord. Eller ein kan reisa med den smalspora Isle of Man Steam Railway til den sørlege delen. Men den banen som nok er mest interessant i vår samanheng, er utan tvil Snaefell Mountain Railway som vart anlagt i 1895. Banen startar i Laxey og går opp til toppen av øyas eneste fjell, Snaefell (norrønt det også!). Frå toppen av Snaefell kan du i følgje gammal tradisjon skoda heile seks kongedømer: England, Irland, Skottland, Wales, Man og Guds kongedøme i himmelen.

Internasjonal bankverksemd utgjer i dag ein betydeleg del av økonomien. Men også tradisjonelle næringsvegar som jordbruk med sauehald og grønnsakdyrking, og tekstilindustri (Manx tweed) spelar ei stor rolle. Og ikkje minst har turisme vore ein tradisjonell næringsveg. I manns minne har Douglas og sandstrendene på Man vore eit ynda feriemål, særleg for folk i Nord-England, frå Manchester og Liverpool. Og sist, men ikkje minst, må nemnast TT Races, verdsmeisterskapen i landevegsløp for motorsyklar, også det av gammalt opphav. Og med hastigheiter på over 300 km/t kan det gå fort for seg på smale landevegar.

Statsforfatninga på Man er interessant, ettersom den har liner direkte tilbake til vikingtida. "Lord of Man" er den offisielle tittelen på landets leiar, sjølv om statsoverhovudet er ei kvinne. Court of Tynwald, "tingvollretten", består av eit råd (Council) oppnemnd av krona og av den folkevalde forsamlinga ‘’the House of Keys’’ (det gamle norrøne allting). Man er såleis verdas eldste eksisterande parlament (sjølv om Island med Þingvellir gjerne likar å skryta på seg æra.)

Det er altså her, i den gamle tingordninga, kanskje tydelegare enn noko anna, at Man si fortid som eit norrønt samfunn verkeleg kjem til syne.

Ein kan spora busetting på Man så langt tilbake som for 8500 år sidan, omlag 2500 år etter at øya vart danna, då Man framleis var forbunde med Cumbria og den sørlege delen av Skottland. I dag finst det bevart megalittiske monument frå steinalderen, m.a. ved Cashtal yn Ard, Meiayll og Ballaharra. Ein slik fascinerande lokalitet er "kong Orrys grav". For heile 5000 år sidan tok folket på austsida av Man til med eit omfattande byggearbeid. Eit stort gravkammer vart reist oppe i bakken ovanfor stranda der hovudstaden Douglas ligg i dag. Anlegget bestod av minst tre romslege kammer. Her vart ei rekkje menneske gravlagd i ei fjern fortid. Ein trur også at det vart halde seremoniar på staden. Ingen veit nøyaktig kvifor staden i dag går under namnet kong Orrys grav. Kong Orry, eller kong Godred of Crovan, var konge over Man på slutten av 1000-talet. Han er neppe gravlagd her, men på den andre sida er kong Orry like mykje ein legende som ein historisk person, så det er ikkje godt å seia. Steinblokkane på staden røper ingenting.

Romarane gav øya namnet Mona. I vikingtida vart Man ofte rekna med til Suðreyar, dvs. Hebridane. Då dei første nordbuarane kom hit var øya for det meste avskoga. Omlag år 0 var det ein stødig økonomi på øyane, i det vesentlege basert på jordbruk og fiske, med innslag av handelsmenn, og etter festningsverk å døme var befolkninga utsett for til dels hyppige åtak og plyndring frå Irland og England og andre stader. Fleire av desse festningsverka vart seinare overtekne av vikingane, og var i bruk gjennom mellomalderen. Befolkninga var sjølvforsynt, og det fanst dyktige smedar mellom dei. Wilson skriv [2] at det er, i praktisk tala alle aspekt av den materielle kulturen og økonomiske aktiviteten på Man, ei ubroten kontinuitet frå århundra før Kristi fødsel fram til vikingane kom dit på 800-talet. Underleg nok, kanskje, finst det ikkje spor etter romersk busetting på øya.

Det nasjonale flagget for Man, Ellan Vannin. Opphavet til namnet Man er usikkert. På gælisk tyder "ellan" øy, det er Elle Vannin som er øya sitt gæliske namn. Man kan visa til ein sjøgud i keltisk mytologi kjend som Manannan på irsk, og som Manawydan på walisisk. Dei tre føtene har i århundrer vore det nasjonale symbolet for Man - tre bøygde bein i rustning og sporer (’’triskelion’’). "Three Legs of Man" er forklåra i ein mansk legende med at Manannan slo tilbake ein invasjon ved å gjera seg om til tre bein og rulla ned fjellet og sigra over fienden. Ill. Wikimedia Commons.
Då kristendommen kom dit på 400- eller 500-talet vart det sjølvsagt eit visst kulturskifte, som kan sporast i arkeologiske funn. På denne tida dukkar det opp ei rekkje steinmonument med innskrifter og mønstre, nokre av eksplisitt kristen karakter, og det vart reist små kapell (kalla keeils) der det vart lagt gravplassar. Desse kjem eg tilbake til seinare, og som me skal sjå vart også kulturen kring steinmonumenta vidareført av dei norrøne inntrengjarane, som gav dei ein langt rikare dekorasjon, også i kristen tid.

I fire hundre år, frå omlag 850, vart Man styrt av norske interesser. I mellomalderen vart Man med Suderøyane (Hebridane) eit bispedøme underlagt erkebiskopen i Nidaros. Magnus Lagabøte overgav øya til Skottland i 1266. Den dag i dag har har biskopen av Man tittel biskop av Sodor (Sudrøyar) og Man.

Så langt om Man, i ganske korte trekk. Også Hebridane - Suderøyane, altså øyane i sør, "sørøyane" - må nemnast her, sjølv om eg ikkje kjem til å gå like mykje i djupna her som med Man. Øygruppa består av omlag 500 øyar og holmar, for det meste utan busetting. Ein snakkar gjerne om Dei indre og dei ytre Hebridane, som vert skilt av havarmen The Minch. Dei største øyane er Lewis og Harris (1 994 km2), Skye (1 665 km2), Mull (950 km2), Islay (609 km2), Arran (430 km2) og Jura (414 km2).

På Hebridane opplevde eg det same fråveret av den norrøne historia som eg gjorde på Man, men også her er det interessante minne frå denne delen av øyane si fortid.

Hebridane vert omtala så tidleg som av Plinius den eldre og ptolemeerne under namnet Haebudeseller Eboudae. På 400-talet e.Kr. var øyane truleg bebudd av piktarar, dette merkelege folket som skal ha dekorert huda med mønstre. Seinare vart øyane overtekne av folk frå Irland og Vest-Skottland, og pikterane vart fordrivne og den gæliske kulturen vart rådande. Så kom den heilage Columba dit og grunnla eit kloster ved Iona.

Alt på 700-talet tok norske vikingar til å herja, og frå 800-talet av busette mange nordmenn seg her på permanent basis. Det vitnar ikkje minst dei mange stadnamna av norrønt opphav om[3]. Det norrøne namnet Suderøyane skal visstnok ha sitt opphav i at øygruppa låg sør for Orknøyane.

Den norrøne busettinga var truleg alt anna enn fredeleg. Seint og tidleg låg ætter og bureisarar i kamp, både innbyrdes og med inntrengjarar. Det var først då Magnus Berrføtt (1073-1103)[4] greip inn på eit av sine vesterhavstokt at det vart etablert eit ordna styresett på Suderøyane. Seinare vart Suderøyane slege saman med Man under norsk styre. Då Håkon Håkonsson (1204-1263) var konge i Noreg gjekk skottekongen til åtak på øyane. Håkon svarte med eit krigstog til Skottland, men det heile enda med at sonen hans Magnus Lagabøte (1238-1280) som nemnd avstod Suderøyane til den skotske kongen ved fredsslutninga i Perth 1266, rett nok mot ein årleg avgift på 4000 mark sølv.

Dei reelle herrene på Suderøyane var likevel klanhøvdingane, som låg i stadige feider. Ein av dei mektigaste var såleis Macleod-klanen, som nedstamma fra Ljótr, son av kong Olav på Man og som vart stamfar til to greiner: Síol Torquil (Torkels sæd) og Síol Tormod (Tormods sæd).

Kor lenge det norrøne språket heldt seg på øyane, er ukjend. Kyrkjeleg høyrde Hebridane under Nidaros erkebispedømme til 1266.

Hovudemnet for dette arbeidet er krøniken om dei norske kongane på Man og Suderøyane. Det finst ei rekkje omsetjingar og kommentarverk, frå 1500-talet av. Eg har av ymse grunnar vald P.A. Munch si omsetjing til engelsk, fordi han er ein klassisk dansk-norsk historikar, og også på grunn av hans kommentarar til krøniken. Alt dette vert behandla i dette arbeidets hovudavdeling. For heilt ut å forstå teksten i krøniken tek eg altså med eit og anna frå særleg Man, men også Hebridane, si norrøne historie. Det er ikkje meint å vera utfyllande, snarare vil eg fokusera på forskjellige karakteristiske trekk ved den norrøne kulturen på Man og Suderøyane, og stader som eg finn interessante.


Fotnotar

  1. Wilson, s. 7
  2. s. 17
  3. Iflg. Store Norske Leksikon er meir enn 60 prosent av stadnamna på Skye av norrønt opphav, på andre øyar skal talet vera høgare.
  4. Etter sagatradisjonen fekk Magnus tilnamnet fordi han bar skotsk drakt, med kort kjortel og bare legger, men det kan også ha sitt opphav i at han følgde irsk skikk og reid berrføtt. I 1098 la han ut på eit sigerrikt tokt til Vesterhavsøyane, og la både Orknøyane og Suderøyane under Noreg.