Den forne Gudrunkvida

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif


Edda-Kvæde

Norrøne fornsongar

(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved

Ivar Mortensson-Egnund


Den forne Gudrunkvida


J. H. Füssli: Gudrun kaster sig sørgende over den døde Sigurd (1817)
Kong Tjodrek var hjaa Atle og hadde der mist mest alle sine menn. Tjodrek og Gudrun klaga si naud aat kvarandre. Ho tala og kvad dette:


1.
Eg var fagraste møyi
som mor mi fostra,
eg bjart sat i buret,
med brødrar eg unte.
Alt til Gjuke
arven gav meg,
gullet det raude,
gav meg til Sigurd.


2.
So var Sigurd
mot sveinar heime
som grøne lauken
i graset runnen,
som hjort seg heiser
høgt yver dyr,
som gloraude gull
imot graae sylvet.


3.
Men brødrane mine
baud det imot,
at eg skulde eige
den aller fremste;
dei kunde korkje sova
hell syslur gjera,
fyrr dei Sigurd
fekk slegi i hel.


4.
Med gremjande gny
kom Grane fraa tinge,
men Sigurd der sjølv
sat ikkje paa.
Sveiten fløymde
av sprengde folar,
dei kvast var drivne
av djerve kultar.


5.
Eg graatande gjekk
Grane i møte,
paa folen taarer
tippa i augo,
stilt han sturde
og søkkte hovud,
han fulla det skyna
at Sigurd vart fallen.


6.
Lenge eg evast,
lenge eg yvdest,
fyrr eg meg fekk til
aa frette tidend.


7.
Gunnar stod huglaus
men Hogne fortalde
um daude-saari
som Sigurd raama:
«Broten ligg han
burtanfor aa,
ulvom gjeven,
Gutorms bane.


8.
Sigurd du ser
sør i vegom,
der ramne-reidi
ramskrik og gjel,
der ørnar ørville
til aata gled seg,
og ulvar øgjeleg
yler um mann din.»


9.
GUDRUN:
«Hev du hjartelag
til so harmfull tidend
meg aa melde,
som mod er i hug?
Daa skal ramnar
deg rive i hjarta,
med du veglaus vankar
paa vidaatta ute.


10.
Hard i hugen
Hogne svara,
traud og tykken
og tregefull:
«Grunn til graate
fekk Gudrun meir,
um ramnane hakka
hjarta paa meg.»


11.
Fraa slikt eit ordkast
til skogs eg drog meg,
vilde leite upp luter,
leivde av vargar.
Eg graaten heldt,
ikkje hendene vreid
eller krauna og klaga
som kvende elles,
der hugsprengd eg sat
ved Sigurds hovud.


12.
Natti tottest
nidmyrk vera,
der sorgfull eg sat
ved Sigurds lik.
Det aller best var
meg ulvane tynte,
og beini vart brende
som bjørke-kvister.


13.
Av fjellet eg fór
fem dagar til endes,
til høge halli
aat Halv eg fekk sjaa.


14.
So med Tora eg sat
i sjau halvaar,
dotter til Haakon
i Danmarki.
I gull ho sauma
til gaman aat meg
sudrøne salar
og svanur i elv.


15.
Der bilet-vevnad
vart vyrkt med hagleik,
paa tjeld vart skrivi
koss sveinar leika;
rauste hunar
med raude skjoldar
med hjelm paa hovud
og sverd i handi.


16.
Sigmunds skip der
skreid ifraa land
med gullslegi hovud
og gravne stamnar;
i vev me skildra
koss vaapni svirra
hans Sigar og Siggeir
sud paa Five.


17.
Daa frette Grimhild,
gotne-kona,
kvar eg var komi,
keid av livet.
Ho slengde veven
og søner henta
og straks dei spurde,
slid i hugen:
kven for systerson
sone vilde
og like gjeva
for liv til mann min.


18.
Greidt baud Gunnar
gull aa bøte
og skuld aa sone.
Sameleis Hogne.
Ho frette dei daa
kven fara vilde
og såle springar
og spenne fyre,
[hestar føre
og fløygje haukar,
og barlinds-bogar
bruke med makt].


19.
[Der var Valdar fraa Danmark
med Jaris-leiv,
Øymod den tridje
med Jaris-skar.]
Inn so kom dei,
kongar jamlike,
med brune lokkar,
langskjegga kultar,
sverd i slidre
og stutte brynjur,
ruvne med hjelm
og raude kappur.


20.
Alle dei gav meg
godviljes-muner,
godviljes-muner,
og gilde trøyst-ord,
um det dugde aa døyve
den drjuge suti.
Eg var traa til aa trøyste,
kor trottugt dei freista.


21.
Grimhild eit staup
skjenkte i aat meg
eitrande saart,
daa allting eg gløymde.
Dygdi si drykken
drog av jord-kraft;
dygd kaldsjøen gav
og galte-blodet.


22.
Runer raude
var riste i hornet,
eg kunde ’kje tyde
slike teikn og stavar,
lyngfisken lang
fraa landet til Hadding,
uskori aks,
innvol-reide.


23.
Mangt eit mein
var mengt i drykken,
blod av allslag
og brende eiknot,
sot fraa aaren
og innvol-laag
og svine-levrar,
— det saar mun døyve.


24.
Daa gløymde eg burt,
naar eg gift-drykken drakk,
den harde lagnad
som hovdingen fekk.
For kneet mitt kom
tri kongar daa fram,
fyrr ho endaa
eit ord fekk sagt.»


25.
GRIMHILD kvad:
«Eg gjev deg, Gudrun,
gull til eige,
heile arven
etter far din,
Lodves salar,
lysande ringar;
etter fyrsten som fall
du fær all bunad.


26.
Hage, hendige
hunske møyar
som deg til gaman
i gull-veven sit.
Budle-arven
du eine raade,
alt det gilde gullet
som vart gjevi Atle.»


27.
GUDRUN:
«Til Brynhilds broder
eg brur ikkje gjeng:
aldri aa giftast
eg aktar meir.
Det sømer ’kje meg
med son til Budle
ætter aa auke
og unelegt leva.»


28.
GRIMHILD kvad:
«Gløym no hat
og hemnfus tanke,
stor del av skuldi
me sjølve lyt bera.
Naar søner du fær,
du sæl skal verte,
som um Sigurd og Sigmund
du saag i live.»


29.
GUDRUN:
«Eg finn ikkje, Grimhild,
glede i livet.
Paa meg aa vente
vonlaust det er,
sidan vargar og ramnar
var til gilde
og saug seg mette
paa Sigurds hjarteblod.»


30.
GRIMHILD kvad:
«Ætt-gjævast
av alle er han,
og fremste fyrste
eg finn aa nemne.
I all di æve
eige han skal du
eller ugift svive
i all din dag.»


31:
[GUDRUN:]
«Du tarv ’kje freiste
so traatt aa bjode
meg den ætti
so meinsleg haatta.
Vondt vil Atle
valde Gunnar;
og han vil hjarta
or Hogne slite.
Eg fær ikkje fred,
fyrr eg freiste det lyt:
av stridige sellen
aa slaa hovudet.»


32.
Graatande greip
Grimhild det ordet,
som til sonom
spaadde banen
og uheil varsla
for ætti hennar.


33.
GRIMHILD kvad:
«Eg land gjev deg meir
og leidingsmenn,
Vinbjørg og Valbjørg,
um du vil meg lyde,
du eige det alltid
og une vel, dotter mi!»


34.
[GUDRUN:]
«So mun eg daa kora
den kongen til mann,
naar eg vert naudsett
av nærskylde frendar.
Ikkje meg til viljes
vert den mannen;
ikkje brødre-banen
sine born kann verne.»


35.
Snart paa hest sat
sveinar alle,
og Vallands droser
i vogn drog av stad.
I sjau dagar fyrst
svalt land me reid,
andre dagar sjau
paa sjøen me fór,
tridje dagar sjau
me steig turt land.


36.
Vaktmann vaken
saag vidt fraa høgborg;
grindane gjekk upp,
daa til garden me reid.


37.
Atle meg vekte,
han ottast eg var
full av illhug
for frendar var drepne.


38.
ATLE kvad:
«No meg nyleg
norner vekte»,
— han vilde faa tyde
vonde draumar —
«eg saag deg Gudrun
Gjukes dotter,
stinge eit sverd
svikfullt i meg».


39.
GUDRUN:
«Aa drøyme um jarn
eld det tyder
og kvende-harme
um høgferd og lyst.
Men eg skal di ilske
med eld brenne ut,
lækje deg lint
kor leid du so er meg.»


40.
ATLE kvad:
«Eg tottest i tunet
sjaa teinar brotne,
som vent skulde vekse
etter viljen min,
dei var rivne i rotom
raude av blod,
dei vart borne paa bord
meg bodne til mat.


41.
Eg totte haukar
av handi mi flaug
hungrande ned
til Helheims redslur.
Hjarto deira eg
aat med honing,
dei var sprengde med blod
men sorgsam var eg.


42.
Av handi mi kvelpar
kraup det, eg totte;
gledelause
dei gnistra baae.
Sidan dei ut
til aate vart lagde,
naudig eg kjøtet
njote skulde.»


43.
[GUDRUN:]
«Fulla vil sveinar
um sjø-draatt tala
og av kvitingar
kappe hovud;
drepne dei vert,
fyrr dagen kjem,
til morgon-mat
for mine drenger.»


44.
Eg laag i sengi
men sovne var raadlaust
hard var eg haatta,
det hugsar eg vel.