Faksi Brokke

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Folketro i sagn og eventyr


Faksi Brokke

Folkeminne fra Hylestad i Setesdal
Johannes Skar (1837-1912)
"Gamalt or Sætesdal".


Faksi Brokke va 'n kubbi som va snilka ti ti a mannslik. De va fudd'e kar'e me hatt å hovdè å ri'buksu å alt som høyre ti. Hatten va netrykt'e midt i, å der va hol nigjenom hovui.
   Ribuksunn' fokk hai, våre sie å me lòk. Ne-ette læro ottabeis va a kanting av grønt klæi; kantingji va tvo-tri fingra brei å skjipa me store blanke nappa, sovorne som dei kaupte av kræmaro.
   Heile Brokke va då i ei svòl. Der va 'kji ko trju bruk, å våningann' stoge endi, å svòli va 'kji avbytt. Faksen va i dei huso, som våre midt i. Han sto på stogeskåpè, på padè. De va so drustelegt a skåp - eg skoa de so trått me eg va liten. De va so sers på lagjè å vent - som 'n altari meste'e. De va håvònno ale breidt um lag å inkji fullt så hågt, ko brugda; den va a håv ale hægri. Kantann' å brugdunn' våre utkròta me kniplingskur'e. Der var skjipa me massengnappa utive skåpi, so de lysti å glein. Dei kadda de "Fakseskåpi".
   Dei gåv' o Faksi plent som dei gåve tusso; då sill dei ver' i fre fyr oskoreiinn' å have godt av buskap å grøi. Dei stappa smør ni hovui; dei støytte ni saup kver laurdag itt dei kjinna, å virkji itt dei bryggja; dei la mat'e ni skåpi so 'an sill have ti pirkla å nurgla å livdi. Kåm 'an inn, gådd 'an at. "Å de e detti tyssli," sa 'u Jórònd Bròkke. Jorònd flutte faksen o' stogunn'. Hu ha 'n son'e het Svein - "Gamle-Svein". So la dei ti kadda han "Faksi Brokke". Då sett 'u faksen på efstelopt. Liskle-Sigri Straumi va i Brokke ti skjals a bil der ettå - hu va barre båni endå. (Fødd kringum 1791.) Då kåm Jorònd me a ve'efang: "Detti e av altarè," sa 'u å kasta de på tili. Men de fór ti spøkje so kalleg på efstelopt. Då såg 'n der då 'an gjætt' i Brokke. (Kringum 1784.) Men de va Torov Faremo som plent gjore av me o; han hoggji 'an sund'e ti ve'e, Torov, me 'an tente i Brokke.
   Fakseskåpi kåm på reikom då Gamle-Svein rauk ifrå garè. Svein åt upp Brokke i skjerpekling å selde ti o Bjørguv Uppsta. Fyst'e seld' an "Kåvehagjen" uto ti o Eivind Brokke. Skåpi kåm at Kåvehaga då; men de kåm derifra att'e: Tor Fokkjisson ha 'kji husrom ti de heimi å kjøre de på støylen, ti Skryme-li støyl. Der sto de ti kringum i 1860; då slite dei de sund'e å ha fjølinn' ti tili i a kvile. Der va 'kji mange massengnappa etti då; smådrengjinn' ha bora dei ut. Gamle-Svein fekk alli fre fyre faksa; dei glævra å ørt' 'an:
   "Men koss såg då fakseskåpi ut," sa dei.
   "Dei kann eg inkji plent seie," sa 'an Svein; "men de peka ti som a allnakke," sa 'an.


Se også: Fòksi Ryggnesta og artikkelen Det store tidskiftet av Svein Hovet.