Fyreord til Soga um Bjørn Hitdølakappe

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Soga um Bjørn Hitdølakappe


Det Norske Samlaget (Landsmålslaget)
Oslo 1926


FYREORD


Det er i ein liten dal paa vestsida av Island, straks nordanfor Faksafjord, dei fleste hendingane i denne soga gaar fyre seg. Dalen heiter Hitardal eller Hitdal og er ikkje lang. Gardane ligg for det meste frammed ei aa som heiter Hitaraa eller Hitaa; Holm, garden hans Bjørn der han budde i si siste tid, noko langt uppe under eit bratt fjell (Holmsfjellet); Vellir (d. e. Vollar), der han nyst før hadde butt, lengjer nede, og Hitarnes, garden hans Tord Kolbeinsson, heilt nedmed osen, der ho renn ut i Faksafjord (no Faksaflói). Myrane med garden Borg, der Skalla-Grimsætta raadde, er litt sunnanfor.


Hitardal (kart).jpg


Tida for dei hendingane som her fortelst kan ein setja til omkring 1007—1030, Eirik jarl og Olav helge si tid. Han vart ingen gamal mann Bjørn; var det, som dei meiner, i 1030 (Stiklastadaaret) han fall, vart han berre vel 40 aar. Med tidsrekninga er det elles nokso mykje ugreie etter at Bjørn hadde flutt attende til Island; før er ho svært grei og staar i godt samhøve med det Noregssoga fortel. Men Skule Torsteinsson paa Borg kan ikkje ha vori fosterfar hans Bjørn; dei lyt ha vori mest jamgamle og saaleis fostbrør.

Det er likt til, at det som har gjort mest til aa halde denne soga uppe er dei mange visune, for det meste slike som helten og motstandaren hans har kvedi mot eller aat einannan. Dei har livt paa folketunga til soga vart nedskrivi, det vil seia i over 150 aar (burtimot aar 1200). For oss notidsmenneskje er dei ikkje gode aa skyne desse eldgamle versa; det er gamal skaldestil med sine sermerkte «kenningar», — kunstige omskrivingar med bilete fraa den gamle aasatrua og vikingelivet. Gudar og valkyrjer, skip og vaapen og gull er den verd som bileta er henta fraa, og aa mjølke ei ku er liksaa stor skam for husfrøya som det er for bonden hennar aa moka ei kve eller lorte seg ut i eit fjøs. Kristendomen er nok komen; men han er ny, og hemntankane er enno dei sterkaste i mannahugen.

Korkje forteljinga eller stilen er saa sers livfull og sterk i denne soga som i some av dei gjævaste islandssogom. Men ho sig jamt og greitt fram, og ho held seg til sitt og sine utan aa gjera seg ærend aat andre som lite eller inkje kjem dei ved. Og smaatt om senn blir vi betre og betre kjend med dei, so det til slutt samlar seg til klaare sykologiske bilete utan ræsonnering eller partitaking, og vi kjenner oss tekne med i eit sterkt og kløkkjande drama, mest som det skulde vera eit diktarverk og ikkje ei sann soge fri for all pynt. Han er slett ikkje fri for lyte helten heller, og det syner seg ikkje minst i dei visom han og Tord Kolbeinsson slengjer ut mot einannan og gjev den veksande uvenskapen luft. Han er kvass og braasint Bjørn, og sparer aldri paa «grov konfekt» naar den sløge Tord eggjar han, men han er endefram og réal og fer aldri med fusk for aa faa sitt fram. Og han er den ærlege og uredde kjempa, med’ den andre i grunnen er ein vesal og redd stakkar, enda saa høgt han er vyrd av mange for klokskapen og skaldskapen og rikdomen sin. Men kor raaskapen er størst, syner seg best paa aatferda hans Tord i avgjerdslestunda, da faaren er over og han fritt kan mette hatet sitt, — jamvel paa den gamle mora hans Bjørn.

Vi finn fine skildringar òg. Den kvinna som striden samlar seg om, den vene Øykyndel, er fint teikna og syner oss ei kvinnetype av saa mildt og godt eit slag, saa ikkje Revna i Laksdøla paa langt nær staar paa maal med henne. Og kapitlet om juleferda hans Torstein Kuggeson gjev oss eit merkelegt og maalande kulturbilete som knapt nokor av dei gamle sogom kan syne oss maken til, korkje fraa Island eller Noreg. Det er ei perle av høgste rang.

Med visom har eg kjent meg saa uppraadd, saa det tyktest meg vonlaust aa greie dei, saa lite kunnug som eg er i det gamle skaldemaalet og alt som til det høyrer. Men dei har saa mykje aa seia for heile soga saa det var altfor ille om eg ikkje skulde faa dei med, og da eg fekk tak i ei tekstutgaave av hollendingen professor R. C. Boer (Halle 1893), som eg sia la til grunn for heile omsetjinga mi, og eg der fann dei nokorlunde grundigt gjenomgaadde og forklaara og omsette paa prosa, vaaga eg meg til sist i lit til det eg her saag aa gje dei ei fri omskriving paa eit versemaal som dessverre altfor laakt svarar til det dei har i grunnteksta. Om eg alle stader har raakt innhaldet (meininga) rett, har eg òg all grunn til aa tvile paa. Og enda saa fritt eg har teki det for aa faa meininga fram, vil ho vel mange stader bli uklaar for folk flest, trass dei tydingar eg har sett nedunder. Men saa gjev dei da i alle fall ein liten smak av det dei hadde aa seia einannan desse tvo mennene, og som volde all den harmen.

Handskriftene aat denne soga har fari ille, saa det skal vera noksaa mange brester ved dei, og ein stad (sist i kap. 14) vantar der eit heilt blad eller kanskje enda meir.


Her i fyreordom bruker eg min eigen skrivemaate, men i sjølve omsetjinga har eg retta meg etter skulenormalen.


Vangen om Litlehamar i novbr. 1925.

Stefan Frich.