I vesterveg - Irland

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif
Hans Reynolds: I vesterveg, 1912.


I vesterveg

Irland

av Hans Reynolds

L. E. Tvedtes Forlag
Oslo
1912







Han fer vegen aat Manus[1]
(Irskt ordstev notildags.)


Naar ein fyrst hev vore på ein av Vesterhavsøyarne, trur eg, ein fær hug paa aa sjaa dei andre òg. Slik var det no med meg. Island, Færøyarne, Hjaltland, Orknøyarne og Suderøyarne var ikkje nok. Eg maatte ogso til Irland, til Dublin - "Olav si borg med gull-skjoldarne", som vikingarne stundom kalla honom - og til det minnerike Man. Eg tok vegen yver Glasgow, og etter ei natt paa sjøen saag me dei irske fjell. Det væne neslandet Howth, som ein gjeng framum, naar ein sigler inn til Dublin, er det gamalnorske Høfud. Kor mang ei norsk vikingsnekkja hev vel ikkje duva kring um denne odden for fulle segl! Fraa det 8de til det 11te hundradaaret var det mykje samband millom Norig og Irland, og irlendingarne segjer sjølv, at nordmennerne hadde meste handelen der. Høfud var gravstaden til fleire av dei norske Dublinkongar.

Irsk landskap.

Irland er eit forvitnelegt land for oss nordmenner, og det var gildt aa koma dit. Det er sagt av ein av vaare sogeskrivarar, at Irland hev vore vanagta fraa norsk sida. Denne anken, som han kom med for fleire aar sidan, galdt det vitskaplege. Um det no er noko aa retta paa i so maate, skal eg ikkje koma inn paa her. Irland hev vore mykje for Norig og Nordrlandi, og den irske og den norske soga er like i fleire stykke. Difor var det ynskjande, me i det heile fekk meir kjennskap til det store øylandet i vest og til det fridomskjære folket, som bur der. Me hev sjølve havt ein lang og slitsam strid for aa hævda romet vaart med umsyn paa det politiske, og stend no midt upp-i ein hard bardage for aa slåa fast vaart sermerke millom nationarne. Me skulde soleis godt kunne skyna og samhugast med irlendingarne i fridomsstrævet deira. Her var feltropet: eit norskstyrd Norig! der er kravet: eit irskstyrd Irland! Her er ordtaket: det norske maal i høgsætet! der er upp songen: siger for den irske tunga!

Forf. av "Dublin som norsk By", L. J. Vogt, talar millom anna um det gamle irske maalet. Det hadde ein kjend klang for vikingarne, og i dei irske skrifter fraa framfarne tider finn me eit rikt tilskot til den eldste soga og bokheimen vaar. Det irske maal og det irske folk, segjer han, gav oss tildriv til Vøluspaa og Haavamaal. Det liv, nordmennerne livde paa Irland, og storverki deira, minner oss uppatt og uppatt um, at me er ein nation, ikkje avla ved eit hende og fødd igaar, men ein nation med tusundaars erveminne. Desse erveminni er grunnlaget so vel for vaart samanheng no som for vaart tilvære seinare.

Ein av deim, som hev mest vit paa det gamle irske maal, segjer, at les ein igjenom dei irske aarbøker fraa tidi 795 til 950, maa ein spyrja seg sjølv, um det finst eit kloster, eit vatn, eit fjell, ein dal, ein bekk paa Irland, der vikingarne ikkje hev vore, elder der ikkje større flokkar av deim hev slege sig ned for lenger hell kortare tid. Vikingarne hersette fyrst fjord og elv-oserne. Her laga dei seg faste lægrar, og seinare siglde dei med dei lette fartyi sine upp igjenom elvedragi til dei større sjøarne midt inne i landet. Det finst enno ei mengd med rundtaarn paa Irland, og det er ymse meiningar um deim. Dei er jamnast fraa 70 til 130 fot høge. Vogt trur, at dei kan vera bygd av baade irlendingar og nordmenner. Den danske forf. Worsaae meiner, at dei er bygd baade til klokketaarn ved kyrkjorne og dessutan til for svar for presteskapet, venteleg mest mot dei norske vikingar.

Gamalt rundtaarn i Wicklow, Irland.

Fyrste gongen, nordmennerne gjorde landgang paa Irland, var i 795, daa dei plundra og brende kyrkja paa Rechru (no Lambay), ei øy nordanfor Dublin-viki. Fraa sjøbyarne sine i Irland dreiv dei norske ein lønsam handel paa utlandet. Dublin (gamalnorsk Dyflinn)[2] vart grunnlagd av vikingarne umkr. 840. Dette er nordmennerne sitt namn paa byen; paa irsk heiter han Ath-Gliath (vidjevadet). Mot slutten av 900 og fyrstningi av aar 1000 var samhandelen millom Irland og Norig livleg og vanleg. Daa Haakon Jarl sende Thore Klaka avgarde for aa spæja ut Olav Trygvason, legg sogeskrivaren honom desse ord i munnen: "Thu skalt fara kaupferd i sumar, som nu er miog monnum tytt[3]), vestr til Dyflinar á Irland". Me høyrer i Eyrbyggjasaga um Thorod paa Orknøy (umkr. aar 1000), at han hadde sigld "kaupferds vestr til Irlands til Dyflinar". Det er nemnd, at ein "Dyflinarfar" aar 1000 kom inn til Snæfellsnes paa Island, med eit mannskap av "irskir menn ok sudreyskir en fair norrænir." Um ein islending, Gudleif Gudlaugson, heiter det paa lag samstundes, at han hadde "kaupferd vestr til Dyflinar". Dessutan høyrer me um den islandske kjøpmannen Hrafn Hlymreksfari (Ravn Limericksfarar). Det var helder ikkje liten samferdsel millom Normandi og Dublin i gamle dagar. Det stod ein blodug strid millom irlendingar og nordmenner ved Clontarf utanfor Dublin langfredag den 23. april 1014 - Brians-slaget. Dei slost fraa solrenning til solarglad. Etter denne striden gjekk det til-attrs med nordmennerne si magt. Men det norske herredømet paa Irland rauk fyrst i 1170. I det gamle irske maal finst det ymse ord, som er svært like elder lyder mesta eins med gamalnorsken. Mange av ordi gjeld skip og utreidsla til deim. Ord som leiding, viking, knarr (handelsskip), karve (eit slagskip), skuta, lyfting (attrdekket paa eit farty), tjeld, tofta, tilja, sess, styresmann hev dei teke upp i irsken fraa norsk. Det norske vindauga heiter paa irsk: fuindeog, mark: mare, penningr: pingind, brok (buksa): brocc. Ei mengd med nordiske laanord i irsken syner, at den nordrlendske kulturen var mykje betre enn den irske med umsyn paa det lekamlege, segjer prof. A. Bugge. Dei minnest Magnus berrføtt den dag idag i Irland[4]. Paa fleire kantar der burte brukar bønderne dette ordlaget um ein mann, som fer sjøvegen: "Han fer vegen aat Manus" (bóthar Manuis). Og i irske dikt fraa det 17de hundradaaret fortel dei um Magnus Norigs konge "elder Bergens konge", som dei og kallar honom.

Av stadnamn paa Irland fraa den norske tidi hev me Lambey Island, Dalkey, Irlands Eye (Irlandsøy), Carlingford (Kerlingafjørðr, Kjerringfjorden), Waterford (Vedrafjørðr), Limerick (av dei norske nemnd Hlymrek), Helvick, Wicklow (Viklo, i gamle skriv ogso Wikingelo), Arklow (Orklo), Laxweir, Leixlip (Laxhlaup), Dursey (Thorsey?) med kalf, Holland (Haugland) o. fl. Den britske forf. Moore segjer, at han trur, det irske Holland kjem seg ifraa det norske Haugland (Houlland paa Shetland). Copeland Islands, paa nordaustkysten, fyrr Kaupmannaeyjar, var truleg ein samlingsstad for nordiske kjøpmannsskip. Ein part av Dublin kallar dei enno for Oxmantown (fyrr Ostman'stown) til minne um austmennerne elder dei norske nybyggjarar. I byen Waterford stend det eit rundt taarn, som dei segjer er sett upp av ein kong Ragnvald i 1003. Dei kallar det enno for "Reginalds Tower" (Ragnvaldstaarnet).

Daa eg kom i land i Dublin ein vakker morgon i juni og gjekk uppetter den gilde, breide Storgata, merka eg strakst, at gatenamni var paa baade irsk og engelsk. Dei irske bokstavarne minner med same litt um dei russiske elder græske. Irarne hev berre 18 bokstavar i alfabetet sitt. Mesta yver heile Dublin saag eg gatenamni paa baae maal, og det var greidt aa skyna, at eg var i eit land med tvo stride straumdrag i politikken.

Som eg dreiv uppetter for aa finna meg eit hotel, kom eg til aa stana utanfor ei større bokbud. Her var det eit rikt utval av bøker paa irsk. Det høvde so, at eg kom til at staa ved sida av ein yngre mann, og han tykte visst, det var morro aa sjaa paa dei irske skriftirne han òg. Me kom til aa talast ved. Mannen var ifraa Limerick og var ein varm ven av det irske maal. Eg fortalde honom eit og anna um maalstriden her heime - mange irlendingar hev elles ikkje verst kjennskap til den. "Ivar Aasen og landsmaalet, jau, me kjenner alt um det," sa sume. Daa eg slo paa, at eg høyrde til maalflokken i Norig, klembde han meg hardt i handi og sa: "Eg trur, de hev rett, og eg ynskjer dykk lukka til!"

Dublin er no ein by paa umkr. 340 000 menneskje, og det er mykje der, som er verd aa sjaa. For nordmenner er det sers forvitnelegt aa koma i Nationalmuseet, for her finst det norske sverd, øksor og spjot m. m., som dei hev funne ved jarnvegsarbeid i og umkring byen. Dei norske sverd der burte er fraa 24-32 tumar lange, og handtaki er prydde med gull elder sylv. Dei irske sverdi var mindre enn dei norske og klent laga. Dei sers norske sylgjor skapa som ei skaal hev dei ogso funne i Irland, dessutan anna, som er serleg for nordmennerne. Dei hev ogso funne ymse myntor, stempla av norske kongar i Irland Dei fleste og beste norske myntor der burte er fraa Sigtrygg Silkeskjegg si tid, umkr. aar 1000. Millom dei halvhundrade namn paa norske og danske myntmeisterar i England i aari 979-1066 er (hjaa forf. Worsaae) nemnd: Thorgrim, Thor, Ræienold, Thorulf, Arngrim og Grim. Reynolds held dei i Irland for aa veia eit namn fraa den norske tidi der burte - ei forvending av Reginaldus elder Reg(i)nald[5]) (Ragnvald). Det var ogso norske ting fraa nyare tid aa sjaa paa museet: ei stor trekanna, eit ølkrus av tre, ei manglefjøl o. d. l., venteleg fraa Hardanger elder Telemarki.

Dei syner enno staden, der dei trur, nordmennerne i Dublin hadde tingvollen sin. Enno i 1258 finn me, at deira "thingmot" er nemnd. Namnet Harold hev dei enno paa Irland (i Dublin som stadnamn, t. d. i "Harolds Cross"). Harold er og eit folkenamn der burte, likeins paa Man. Mac Manus (Magnusson) og Manus er ogso irske namn notildags. Auleev (Olav) og Mc Ragnall (Ragnvaldson) bruka dei i alle fall for ikkje so lenge sidan, og ein prof. dr. i Dublin heiter George Sigerson (Sigurdson). Det er ein velkjend biolog. Han er byrg av det, at han er ætta fraa Norig; det same er prof. Thomas M. Kettle[6] i Dublin, lærar i statshushald, fyrr med i parlamentet. Den sidste sa nyleg til ein norsk bladmann, at naar Irland fær sitt eige parlament, er det meiningi, at universitetet vil faa istand ferda-hjelp til unge menn og senda dei kringum i Europa. Irlendingarne vil taka upp att deira gamle lærdomssamband med den vesteuropæiske kultur. Og til Norig skulde dei sjølvsagt fara, meinte han.

I dei irske aarbøker er det gøymd so mange namn paa dei norske kongar der burte, at dei kunde setja ihop ei mesta heil kongerekkja for Dublin fraa 853 til 1200, halvfjorde hundrad aar. Naar dei norske greidde seg so lenge, kan ein skyna, at dei hadde stor magt. Fire og tjuge aar etter Clontarf-slaget sat "austmennerne" i Dublin endaa so fast i salen, at kongen deira, Sigtrygg, og Donat, bispen deira, i 1038 sette upp den heilage Trieinings-kyrkja, ogso kalla Kristkyrkja, midt i byen. Bispen gav det nye gudshuset fleire heilage leivningar, soleis "stykke av kong Olav den heilage sin klædebunad." Dette syner millom anna, segjer P. A. Munch, kor vel det norske og det norsk-irske presteskapet maa ha vore sambundne. Umkring 1170 bruka austmennerne i Dublin runde, raude, jarna skjoldar, som det klaart heiter - soleis nett dei same, som Gulatingslogi byd.

Det stend i soga, at dei kunde sigla fraa Reykjanes paa Island til Jøllduhlaup (ved Rathlin) paa Irland paa umlag 8 dagar eller jamvel mykje kortare tid. Sjølve namnet Irland (gamalnorsk Iraland) trur dei kjem seg ifraa nordmennerne. Irlendingarne kallar landet sitt for Eirinn. Endingi "land" finst ikkje i det irske maal. I fraa aar 1200 heiter det, at "Irland er nærom det beste av dei landi, dei kjenner, endaa det ikkje veks vin der." Og det er visst, at Irland er eit ovfagert land, ei stor og grøderik øy. Naar den irske vertinna mi tala um Killarney og Killarney-sjøarne, og um, kor fagert det er der, kom eg gjerne til aa tenkja paa skotten og Høglandi!

Irland hev ein eldgamal kultur, som blømde fraa det 6te - 11te hundradaaret. Men daa engelsmennerne la øyi under seg i 1170, vart det ei nedgangstid. Fraa Irland kom kristendomen til dei fleste norske nybygder i vest. Umkr. 860 fann dei paa Island irske bøker, klokkur og bispestavar ("bækr irskar, bjøllur ok baglar") etter vestmennerne, som hadde fare dit i skrøpelege skinnbaatar[7]. Leivningarne av den gamalirske bokheimen er mest sogor, som dei hev i aarbøker, og serskilde gamle songar. I dei eldre irske aarbøker er det teke med alle smaating, naar det gjeld nordbuerne og storverki deira. I gamle skriftir kallar dei deim for "northmannach", og der finnst det og prøvor paa nordmennerne sitt gamle maal og paa deira serlege skriftruner. Og nordmennerne hev mykje aa segja i folkesegnirne kringum i Irland den dag i dag. Nordmennerne trængde seg ihop i byar og mindre viddir ved havstrandi. I dei fleste sogekjeldor er skandinavarne i Dublin kalla nordmenn, soleis av Are Frode og i dei islandske sogor. Dei norske kongedøme i Irland hadde mykje samband med Norig, men ein høyrer aldri um noko hopehav millom Irland og Danmark. Det var ogso mykje samferdsle millom kongedømet i Dublin og øyi Man. Kongarne i dei tvo siste rike var lenge av same ætti, og tidt hadde dei konge ihop, Dei hev funne ei mengd med runeinnskriftir paa Man. Berre ei av deim er paa svensk, alle dei andre er paa norsk, og ikkje ei einaste paa dansk. Dei tvo einaste runeinnskriftir, dei hev funne i Irland, er ogso norske[8].

Det største norske kongedøme paa Irland var det, som Olav Kvite grunna midt i det 9de aarhundradaaret. Han var av same ætti som Harald haarfagre. Son til Olav Kvite heitte Thorstein Raude. Aud, mor hans, var dotter til Ketil Flatnef i Sogn. Daa kong Olav døydde, flutte Thorstein til Suderøyarne med mor si, og der vart han ein stor hovding. Han skipa ogso eit kongedøme i Skottland. Dei norske kongar i Irland stod aldri under kongarne i Norig. Norske kjøpmenner og vikingar var jamt ved det norske hoff i Dublin, og det stend, at i det 10de og 11te hundradaaret var tvo islandske skaldar, Thorgils Orraskald og Gunnlaug Ormstunga, gjestar der og moroa dei norske kjemporne med sine heimlege kvæde. Olav Trygvason var ogso i Dublin ei tid hjaa den norske konge Olav Kvaran. Daa Eirik jarl styrde i Norig, var Sigtrygg Silkeskjegg konge yver dei norske i Dublin, Vedrafjøiðr og Hlymrek. Ein sogeskrivar segjer, at det ser ut for det, at nordmennerne var betre enn irlendingarne til aa umskansa byar. Dei norske budde i ein part av Dublin; dei bygde ein mur og grov ei grav i kring um, so dei kunde verja seg mot dei innfødde.

Minnesmerket for o'Connell, Dublin.

Det mest storlagde av alle minnesmerke i Dublin er det runde taarnet i gamall stil, som dei hev sett yver den irske fridomsmannen o'Connell si grav paa Glasnevin kyrkjegard. Det er paa lag 160 fot høgt og so grannt, at det mesta likjest ei stødug fabrikpipa, naar ein ser det paa avstand.

Den væne kyrkjegarden yrar av prydlege tre og det rikaste blomster-flor, og her er dei fleste irske stormenner gravlagde. Paa denne kanten av byen er ogso den velkjende Clontarf-sletta, der Sigurd jarl av Orknøyarne fall. Paa eit hus tett attmed sletta saag eg eit stort bilæte av den irske kongen Brian Boru; han vart drepen i slaget der i 1014 av ein norsk viking fraa Man med namnet Brodir.

Av alle dei drustelege aalmene bygnader i Dublin maa eg nemna National-biblioteket. Her som elles yveralt i den irske hovudstaden var dei sers velviljuge, og dei var ikkje rædde for umaken, so eg kunde faa so mykje vinning av turen som raad var. Men eg maa ikkje gløyma den bygnaden, som ein Dublin-mann fyrst og fremst segjer fraa um. Det er den gamle parlamentsbygnaden. "Bank of Ireland" hev no romi sine der. Paa eit bilæte av denne bygnaden, som eg saag i fleire irske heimar, stod det: "It was and shall be" (Han var og skal verta) - parlamentsbygnad aa nyo! Sjølvstyre tanken er rotfast i det irske folk.

Det hev vore sagd, at Irland berre er eit vrak no for tidi mot det, det eingong var, og at det er eit land, som held paa aa bløda seg ihel av utvandring. Fyrr det gjekk gale med potethausten i 1845, var folketalet meir enn 8 millionar; no er det paalag 4 1/2 million. Paa ei ferd yver landet til den vestre havkanten merka eg, kor lite jord det var lagd under plogen. Det var mest beitesmark. Av 15 millionar acres rudt jord i Irland er innpaa 12 mill. upptekne av hamneganger. Dei irlendingar, som hev vandra ut - storparten til Amerika - held mykje utav det morlandet, dei maatte gaa ifraa, og dei freistar paa alle vis aa hjelpa det i pengevegen.

Jordspursmaalet, som hev vore so brennande, er no greidd for det fyrste, og det stend betre til enn for 18-20 aar sidan; daa sette dei tidt og jamt leiglendingen paa døri og stanga inn eldstaden hans med mur-véren. Det hev vore mykje styggedom paa Irland i so maate, og eg hadde ikkje vondt for aa faa sjaa bilæte der burte av "utkasting" - det eine meir syndleg enn det andre. Paa eit bilæte sat mann, kona og born utanfor ei hytte, som laag mesta i røys, det var heimen deira. Paa eit anna saag eg fleire konstablar, som hadde drassa møbel og anna innbu ut or eit lite, fatigt bondehus og laga det ihop utpaa landsvegen.

Ireland! - proud of you, fond of you, eling to you .... (byrg av deg, glad i deg, heng ved deg . . .) og det, som no kjem, ber vitne um irsk heimlands- elsk og tru paa ei ljos framtid for den fagre, grøne øyi, som hev vore trakka so lenge under landvinnar-hæl :


Erinn, oh Erinn, so long in the shade,
thy star will shine out, when the brightest will
fade!
(Irland, aa Irland, so lenge i skuggen,
stjerna di vil skina, naar dei klaaraste kverv
burt!)


Per Sivle syng um Irland:
Saa trampedes landet
av engelsk hæl
i hundreder lange aar.
Og de, som omsider
ei sulted ihjel,
fik nøies med trælle-kaar.
Den engelske lord
blev mægtig og rund
paa biff fra irernes land.
Den irske borger
fik prise den stund,
han havde poteter og vand.
Man korser i hellig
harme sit bryst
mod irernes fenier-folk.
Men er det kanhænde
netop av lyst,
at de hader og bruger dolk?
Nei, det er et fædrelands
krænkede blod,
som maner den irske æt
at stevne frem
med vanviddets mod
til Irlands hævn eller ret.


Den irske fana.

Dei fortel, at til den irske nationaldagen, "St. Patricksdagen", (17. mars) i Chicago her eit aar, der den amerikanske presidenten skulde tala, hadde irarne fenge ei kassa med grastorv fraa Irland, so presidenten kunde staa paa irsk jord, naar han tala til irarne paa Irlands dag! Daa dei hadde kassa iland i Amerika, bøygde eit par irske damer kne og kyssa heimejordi . . . Harpa er det nationale spelet hjaa irarne, og merket deira er difor ei gull-harpa paa grøn grunn. Paa bilæte hev ho som tidast kløveren (the shamrock) kringum, for det er national-blomen. Irarne sitt ordtak er; Erinn go bragh! (uttala: brach) d. v. s. : Lenge liva Irland!


Tho' hushed, O harp, has thy music been,
Our hearts grow glad at your tone once more,
Tho´ crushed and trampled, O Shamrock green,
We're as proud of you now as in days of yore.
Aa harpa, um tona di hev vore døyvd,
so var det stødt gildt aa lyda paa;
aa grøne kløver, um du hev vore knasa og
trakka under fot,
so er me byrge av deg no som i gamle dagar.


Som me veit, er det ein hard maalstrid paa Irland no. Han minner um vaar eigen maalstrid, men er dubbelt so kvass som vaar. Her heime stend striden millom tvo nærskylde maal, men der burte millom tvo tungemaal, som er likso ulike som norsk og russisk elder norsk og persisk. Det irske (gæliske) maal er i det store og heile same maalet som det keltiske i Skottland og paa Man, og er lenger ute skyld til dei keltiske maal i Wales og Bretagne. Heilt til fyrstningi av fyrre hundradaaret var irsk det vanlege folkemaal i Irland. Men av 4 458 725 ibuarar i aaret 1802 var det knapt 1/7 (641 142), som skyna irsk. Og av deim var det berre paalag 20 000, som einast tala irsk, dei andra bruka irsk og engelsk.

Irsk bondegaard.

Det irske maal høyrer til den keltiske ætti, dei kallar, og det hev livd i Irland frammot 3000 aar. Det keltiske maal vart eingong tala fraa Galatia i Litle-Asia yver Mid-Europa og Vest-Europa til Kap Finisterre i Spania og til kysten av Donegal i Irland. "Alt til umkr. Kristi fødsl var det ikkje noko anna folk nordanfor Alparne, som kunde staa jamsides med, endaa mindre gaa framum keltarne, naar det gjeld magt, jordbruk, handel, hagleik elder daning i det heile," segjer Worsaae. No finst det berre umlag 3 millionar, som talar keltisk. Irsk hev den eldste bokheimen av alle dei keltiske maal Av dei europæiske maal er det einast det russiske, som hev fleire ljodar enn irsk. Engelsken notildags hev berre paalag 45 ljodar, nyirsken meir enn 90. Det irske maal er mjukt og samsvarugt og høver godt for song og dikting. Grammatikken er tankerett og heilsleg, og ordmengdi er rik og lite utskjemd. I irsken finst det enno meir hell 70 000 ord, som eig heime i Irland. Ein bonde, som talar irsk - jamvel ein, som ikkje kan lesa elder skriva - raader yver ei ordmengd paa minst 5000 ord, elder meir enn ti gonger so mange som ein engelsk arbeidar av den same klasse[9].

Umkr. 1820 førde engelsmennerne inn eit læresystem, som var so unationalt, at det heilt tilsidesette maalet, soga og bokheimen aat Irland. Irarne sov og fann seg i denne medferdi; irsken kom etterkvart burt fraa preikestolen, fraa yverhøyringarne og fraa bøni og vart mismætt som eit ringare maal. Skulelærarane var eit lydugt reidskap i presten si hand, foreldre hjelpte til paa beste maate, og det heile gjekk baade radt og hugnadlegt for engelsmennerne. Den velkjende unge norske vitskapsmann, professor Carl Marstrander, som bur i Dublin, var so elskverdug aa gjeva meg fleire forvitnelege upplysningar med umsyn paa irske maal tilstand. Han hev elles skrive tvo utgreidingar, som er sers lesande: "Lidt om den irske sprogbevægelse" og "Lidt av hvert fra Irland". I den siste skildrar han ogso irskt folkeliv. Marstrander hev post ved eit irskt akademi for vitskaplegt studium av dei keltiske maal, skipa i 1903. Det, han mest held paa med, er ei ordbok yver det eldre irske maal, som akademiet skal gjeva ut. Dei fyrste hefte var i prentingi, den tid eg var der.

Bondestova, Irland.

Han fortel millom anna, at ein enno den dag idag kan raaka paa folk i Irland, som gjekk med den illgjetne "merkekjepp", daa dei var smaae. Det var ein reint liten stokk av tre, som etter avtale millom lærar og foreldre vart hengd umhalsen paa barnet. For kvart irskt ord, dei høyrde fraa den vesle, og eit merke i kjeppen, og barnet fekk no i kjeppen, og barnet fekk no skar foreldre eit straff av læraren dagen etter. Fyrst i 70-aari bar det aa ei onnor leid, for daa vert det skipa eit lag, som skulde verna um det irske tale-maal. Men retteleg liv i arbeidet vart det fyrst i 1893, daa "The Gaelic League" (Den irske liga) kom i gang - den megtigaste nationale rørsla, som Irland enno hev sett! Maalet for ligaen er eit irskt Irland, og dette laget saag dagsens ljos i den 11te timen og slo alarm, just daa det saag ut til, at den irske nationaliteten var ytst paa stupet. Engelsk var maalet aat skulen, kyrkja, handelen og bladi, det var allstad og hadde alle hjelpegreidor i ryggen. Det gamle, store universitet i Dublin, Trinity College - unationalt som det var - maatte ein rekna med som ein svoren fiende av det irske maal. Det skulde soleis ikkje liten djervskap til aa setja seg imot slik veldug yvermagt.

Prof. Marstrander kunde minnest eit uppstuss, som gjev tonen millom studentarne ved det universitetet, eg her talar um. Paa "maaldagen", daa ligaen mynstrar alt sitt mannskap i Dublin, var han med i den store festgonga. Han køyrde i lag med formannen for ligaen, dr. Douglas Hyde, den framifraa føraren for maalfolket i Irland. Just som ferdi svingar ned hovudgata, vart ho helsa av studentarne fra manfor Trinity College med rotne egg; dei veifta med gamle skjorter og sokkar og peip og heldt eit staak, so det var uraad aa høyra manns maal - ein vyrdeleg demonstration fraa "lærdoms-folket" si sida mot den nationale rørsla i Irland! segjer Marstrander. Trinity College stend som ein engelsk skans i Dublin; det hev ikkje gjeve agt paa umskiftet. Dei spaar, at det vil rjuka, soframt Irland no skynar, at vil det byggja si framtid, so lyt det sameinast um aa slaa ned deim, som trakkar paa fortidi aat landet. Eit nyt universitet - Nationaluniversitetet - er no skipa. Raadet der hev no ved teke eit framlegg fraa doktor Hyde um, at studentar, som bur i Irland, fraa aaret 1913 skal verta prøvd i irskt maal, irsk soga og bokheim.

I Det irske maallaget (ligaen) stod det i 1909 meld inn umkr. 750 lag. Kven det er, kan skipa ein "maalring", der det ikkje finst nokon sovoren, naar dei fær teikna minst 12 lagsmenner. Den irske liga hev hovudkvarteret sitt i Dublin. Det var eit raudt murhus med lagsnamnet i store gull-bokstavar tvertyver fram sida. Eg var uppe der og helsa paa i bladet "An Claidheamh Soluis" ("Ljossverdet"), som ligaen gjev ut. I same bygnaden var det ogso fleire rom, som dei brukar til fyrelesningar, song, musik og dilikt. Dei irske maalmenner i Amerika stydd godt uppunder. Paa ei ferd til sambands-statarne for nokre aar siden simla soleis dr. Hyde 180 000 kr. til "Den irske liga". Rusdrykk er forboden ved alle festar, som ligaen fær i stand. Maallagi arbeider for irsk lesnad, irsk song, dans og musik og for aa faa liv i att i gamle leikar og seder. Dei freistar og paa aa fremja heimeverket, og smaaindustri hev blømd upp kringum i heile landet. Butikkar, som eingong lyste ut London-varor, legg nevare-slag i glasi, merkt "irskt arbeid" og syner kjøparane, at dei hev det irske varemerket "laga i Irland" paa varorne sine. Ved dei festar, maallagi hev, er dei, som tevlar, oftast klædd i irskt ty. Dei, som er imot arbeidet for det irske maal, segjer tidt, at det er ikkje noko praktisk eller kvardagsnyttig ved det. Det er berre bygd paa skire kjensla. Men dei irske maalmenn meiner, at det er heilt igjenom praktisk og er til nyttes for Irland baade aandelegt, nationalt og lekamlegt. Jamvel dei, som ikkje bryr seg um den irske maalreisingi, hev for størsteparten traudige kome til aa gaa ved, at ho hev sine "fyremuner umvegs". Dei ser, at denne rørsla hev sett liv og framtak i folket, og at dei, som held paa heimeraaalet, er sers forvitne, naar det gjeld foredrag med rettleiding um teknik og andre emne. Derimot finn ein jamnast ikkje, at folk paa stader, der dei er so "praktiske, at dei ikkje vil kasta burt tidi med aa læra irsk", at dei hev lyst til aa læra ein betre maate aa laga smør paa, elder til aa faa seg meir upplæring i jordbruk. Sir Horace Plumkett, som var chef for det irske jordbruksdepartementet, hev gjenge ved dette i eit av skriftirne sine.

Heimeyrke paa Irland.

Det heiter i ei irsk utgreiding, at det er ein hugnad aa sjaa ikkje berre vaksne gutar og gjentur, men ogso tilkomne menn og kvende, sitja etter ein hard arbeidsdag, tidt i lag med smaaborn paa 8-10 aar, og lyda paa ei "syneøving" av ein av lærarane fraa ligaen elder skriva ein stil fraa "Lette leksor i Irsk". Her og der kan ein maa henda ogso sjaa det graa hovud av einkvan gamall "irsk-talande" , som no i ein sein alder ynskjer aa læra lesa det maalet, som var bannlyst fraa skularne alt til for nokre faae ti-aar sidan.

Dersom det irske maal døyr ut i Irland, vil det bedste stengje mot det aa gjera Irland engelskt vera rudt utor vegen. Irland vil ikkje kunne sleppa aa verta liksom ei etteraping av England og vil stutt sagd missa seg sjølv, meiner maalmennerne der burte. Dei tykkjer, det vilde vera harmelegt, um eit fagert heimemaal, som hev fenge so mange lovord av vitskapsmenner kringum i verdi, skulde verta nøydd til aa røma sessen for maalet aat den gamle rælkaren deira!

Ein gong um aaret gjeng den store festgonga av maalfolk gjenom gatorne i Dublin, og daa er det som ein syttande mai i Oslo. Maallaget raar yver tolleg mange blad og tidskriftir og hev i det heile vore kjempeleg vyrkt til alle kantar. Formannen, dr. Hyde, er kjend som vitskapsmann langt utanfor Irland og hev studera ved tyske universitet. Der tok han doktorgraden. Han er grunnleggjaren av ligaen og den folkekjære føraren for det irske maalfolket. Eg vart kjend med honom, og han gjorde meg den æra, at han baud meg med til ein maalfest i Black Rock, eit gildt, villabygd strok av Dublin. Ei eldre, velhalden dame, som lika det irske maal, let dei faa hagen sin til festen. Denne hagen var svært stor og mesta lik ein park. Her var det reist tvo telt, eit større og eit mindre. I det store teltet var det ei mengd med skuleborn, og det var sett upp premiar for dei av ungdomen, som song og las upp bedst paa irsk. Dessutan var det irsk nationaldans og feleslaatt. So fekk me noko til aa kveikja oss upp paa i det andre teltet. Etterpaa synte dei fram eit lite spelstykke ute i hagen. So var det taler paa irsk og engelsk av dr. Hyde og fleire. Det viste seg, at føraren for maalfolket hadde eit sers godt mæle, han tala klaart og kvasst, og det var eld i ordi hans. Det er ikkje aa undrast paa, at den irske maalrørsla hev gjenge som ein storm yver landet. Maallaget er upolitisk, men det er sjølvsagt, at det vert halde for noko anna, og det er unionspartiet sin svorne fiende. Kvart aar gjev laget ut mange bøker paa nyirsk: skulebøker, sogor, poesi, livs-skildringar o. s. b. I 1909 gav det soleis ut 12 nye bøker. I 1910 hadde sjølve ligaen 10 mann i si tenesta, som arbeidde for maalsaki kringum i landet. Samstundes hadde maalfolket elles 111 umgangslærarar i arbeid i bygderne. I byarne hev dei kveldsskular med upplæring fritt for deim, som er med i maallag. Dessutan hev dei mange gæliske høgskular og attaat sumar-skeid for lærarar. I den vika, som den irske nationaldagen fell paa, samler dei pengar til maalarbeidet - paa kvar stad i Irland, England og elles, der det finst eit lag, som høyrer ligaen til. (Berre Dublin er eit undantak; der er dagen ymis). Innsamlarar stend med bøssor utanfor kyrkjorne, gjeng fraa hus til hus o. s. b. Dei fleste pengar fær dei av folk, som det er smaatt for. Med nokre faae undantak hev "storfolket" i Irland ingen samhug med den gæliske reisingi.

Irarne hev gjeve ut skriftir um maalrørsla i ymse land, soleis ogso Norig. I ei irsk skrift heiter det millom anna: "lkkje noko maal, ingen nation!" segjer ein hollending. "Flamlendingar, walesmenner, finnlendingar og grækarar er alle ihop rasor, som er velhaldne og gjeng fram, og dei hev alle dyrka maalet sitt. Tungemaalet deira var berre dialektar for hundrade aar sidan, men dei er alle storleg kultivera no tildags." Forf. peiker og paa uppattlivningi av det tyske maal. "Fredrik den store sa gjerne, at tysk var eit heste-maal", og han kalla den gamle tyske bokheimen "daalegt to, som ikkje var verd krutet." Dana tyskarar paa den tid hadde same vanvyrdnad som honom for heimemaalet, og eit rett franskt tonefall vart ein prøvestein paa finleik og gode seder. Nokre faae ringe heimlands-vener meinte, at dette var korkje godt elder vislegt - dei vende seg til ulærde landsmenner, som enno var uskjemde, og dei tok til aa slaa ein liten gneiste av egte, natturleg eld. Gaaverike menn fekk tak i denne gneisten og tendra logen, for Goethe, Schiller o. s. b. var nærhendes. De veit, kva Tyskland er idag, og kva for ein plass det tyske maal hev i skular og boksamlingar kringum i verdi."

La os sjaa paa tilstandet i dei irske skular no:

I 1899 var det berre i 105 folkeskular der burte, at dei fekk upplæring i irsk; ti aar etter - i 1909 var irsk paabode fag i 3047 av 8468 folkeskular! Ein lik framgang hev det vore i dei høgre skular. I 1899 var det berre 272 gymnasiastar, som gjekk upp til eksamen i irsk; seks aar seinare - i 1905 var talet 2580! Liksom høgskottar, walesmenner og manbuer hev irarne bibelen paa sitt eige maal. Irsken hev ogso kome seg inn ved teatri, og spelstykke og operaer paa det heimlege maal vert storleg fagna.

Det, som gjorde, at irsken gjekk so attende, var den store utvandringi fraa Vest-Irland, fraa dei reinaste irske bygderne. Dei fleste trudde daa, at det keltiske maalet hjaa irarne vilde døy um ei stutt tid. Visst var det nokre faae, som drøymde um aa reisa det irske maalet att, men kva kunde det nytta. Den irske fridomsmann O'Connell, som var fraa en heim, der dei tala irsk, brydde seg ikkje um "maalet"; han trudde det var best for kulturen, at irsken vart rydja ut, og han heldt ikkje meir enn ei tala paa irsk i heile sitt liv, fortel dei[10]. Politikarane kalla maalstrævet for galenskap, og den irske bonden skjemdest som ein hund yver maalet sitt. Folk vart som forgjord etter aa verta kvitt dette som alle med namnet kultur hadde til glis og laatt. Sosnart dei kunde stota sopas engelsk, sa dei til framandkaren: "No gaelic, Sir" (ikkje irsk, min herre). Soleis stod det til i 1880, daa eg var tri maanader i Connaught, segjer den kjende maalgranskar professor Zimmer. Det var sværande vandt i reint irske bygder aa faa høyra elder tala irsk - og attpaa laut ein so finna seg i, at folk heldt ein for halvgalen, som for med sovore." Det var soleis ikkje aa undrast paa, at professor Zimmer og fleire var yvertydd um, at lagnaden aat det irske maalet var avgjord. Men irarne hev gjord alle desse spaadomarne til skammar. No er den irske maalreisingi komi so langt, at irarne trur, dei skal sigra. Heile folket er som umskapt. Dei irske national-politikarar er eldhuga maalmenn. Framfor retten neittar bønderne beint fram aa vitna paa engelsk - og det er ofte folk, som for 20 aar sidan vilde ha vorte rispande galne, um nokon hadde skulda dei for aa kunna tala irsk!

Den irske maalreisingi tok til i Amerika. Der burte slo dei utflutte irarne seg saman for aa vera med paa aa reisa Irland att; dei hev lenge havt irske blad, irske boksamlingar og irske lag, som arbeider for aa halda det irske tungemaalet uppe. Heime i Irland gjorde og det gode fyredøme, frendefolket deira i Wales synte dei, sitt til aa setja kveik i folket. I Wales hadde maalstrævet og fraa fyrst av vorte hædt og lætt aat, men likevel hadde det stig for stig vunne fram, so at i 1894 fekk dei eit walesisk universitet.

Ettersom Wales hev vore nemnd, kjem eg til aa minnest ei liti rispa um den britiske finansministeren Lloyd George, som er walesmann, maalmann og fridomsmann. Ho syner, at han er ein slagbudd kar. Paa eit stort folkemøte raadde han til sjølvstyre for Irland, for Skottland og for Wales. "And for Hell u" (og for helvite!) var det ein i forsamlingi, som la til. "Sjølvsagt!" sa Lloyd George. "Eg hev stødt havt samhug med dei, som strider for heimlandet sitt!!"

Det ser ut til, at det irske presteskapet var endaa meir forhuga paa aa gjera irarne engelske enn sjølve engelsmennerne. Dei gjekk i brodden for arbeidet med aa rydja det irske folkemaalet ut. At dei hev havt lukka med seg i dette arbeidet, vitnar denne soga, som erkebispen Mac Hale hev fortald professor Zimmer.

Mac Hale er ein av dei faa av det irske presteskapet, som hev vore tru mot morsmaalet sitt. Det kom eingong ein mann fraa bispedømet til Mac Hale og vilde tala med honom um noko sers vigtugt. Men mannen tala engelsk, og det gjekk sværande traatt for honom - han var ire. Bispen segjer daa: "men saa tal morsmaalet ditt daa, veit eg!" Daa svarar mannen: "Your honour, i' o too much respect for you" (Eg hev for stor vyrdnad for Dykk!) So laakt sette han irsken . . .

Aldri hev vel ei nationalrørsla byrja med so smaae voner som den irske, men aldri hev det vel helder gjenge med slik fart, naar det eingong braut laust. Prof. Zimmer segjer: "Hadde nokon i 1878 elder 80 slege paa, at dei i slutten av hundradaaret vilde kunna halda store nationalfestar i Dublin (sameleis som walesmennerne hadde sine kymriske festar) der ein berre skulde faa høyra irsk, irskt maal, irsk bokavl, irsk musik, ja, daa vilde dei mest eldhuga maalstrævarar ha rist paa hovudet og trutt, at mannen var galen. Men kva hende? Alt i 1897 heldt dei ei sovori nationalstemna i Dublin, og alt gjekk utifraa godt."

Her er ei liti prøva paa irskt maal (ein stubb or ei folkevisa):


Ta bliæn no nies mo gum e geschtacht
le koger dolejeschach mo vjaain,
aa kasach lum gra gjal mo chleve
tranhone bra grene sø voer.
Umsett:
Eit aar elder meir kviskrar ei
sorgfull røyst so tungt i øyret mitt, fraa den
tidi eg møtte henne, hjartanskjæra mi, ein
haustkveld, medan soli gjekk ned.


Som eg fyr hev slege frampaa um, er det mange europæiske vitskapsmenner, som tykkjer gjævt um det irske maal. Professor Holger Pedersen i Kjøpenhamn segjer, at "det hev vænaste tonefall av alle maal i verdi", og engelsmannen Alfred Nutt millom anna, at "det er og heilstøpt". Ein fransk professor segjer: "Eg maa tilstaa, at eg heiltupp undrast paa, at nokon kan gjera motmæle mot det gagnlege i, at dei talar det irske maal i Irland." Professor York Powell ved Oxford universitet skreiv: er eit godt lærefag, eit nyttugt lærefag og eit fag, som ikkje skulde verta stagga, men tvertum hjelpt fram av kvar ein, som verkeleg bryr seg um upplæring i Irland etter den rette meining av ordet.


Dr. Douglas Hyde
(Føraren for det irske maal-folket)
Helsar med høgvyrdnad hovdingen sterke
kvasst han i stridsdunen slo for si sak,
modig han møtte med Erinn sitt merke,
mana sitt mannskap til trufaste tak.
Horpa, som aatte den heimlege tona,
ho skulde tagna, det trudde dei visst,
daudstilla raadde - nei, ingen som vona
- daa tirla vaar-fuglen fagert fraa kvist!
Veik-ætti vakna or langvorne dvalen,
lydde til luren: For fedramaal fram!
hurra-rop høyrdest fraa hytta i dalen,
reinska oss vil me for hundrad-aars skam.
Fjell-elvi voks og gjekk breid imot havet,
brøytte seg baus inn i krikar og krok,
kaldfliren kulsa, for klaart var det, kravet
- krefter dei kuar kan koma paa kok.
Helsing fraa Norig med høgfjell og nutar,
hugheile førar for folket der vest,
framgong det ynskjer deg norsklynde gutar,
strævet ditt skynar me, kanskje som best . .
Horpa ho enno paa heimemaal talar,
glimar i gull i det friskt-grøne flag,
vern det, du ungdom i i irlendske dalar,
høgt lat det ljoma; "Erinn go bragh!"[11])
(H. R.)


Ein sundag var eg med paa ein lysttur, som den irske liga hadde stelt til. Me køyrde paa jarnvegen tvertyver heile Irland til Galway, ein by paa vestkysten. I Galway amt finst det 9000 menneskje, som ikkje kan engelsk, og eg hadde hug til aa høyra, korleis det irske maalet var paa den kanten av landet. Millom andre fyregangsmenner i den irske maalflokken, som eg raaka paa - fraateke dr. Hyde - vi eg nemna Mr. J.H. Lloyd, ein yngre hugvarm vitskapsmann. Han hadde liv for dei norrøne minne paa Irland, fylgde med meg til Clontarfsletta og hadde dessutan ans for norske tilstand idag, saag det ut for. Ogso maalstriden paa Færøyarne tykte han mun i, og han hev skrive ei utgreiding um maalrørsla der. Han segjer m. a. i eit brev til forf., at han vonar, færøyingarne maa sigra i striden for deira "kjære, gamle norske tungemaal." Eg maa ogso nemna Mr. Wm. Mangan i det bladet, ligaen gjev ut, ein godvis mann, som gav meg mange upplysningar um irsk maalreising og fridomsstrid.

Daa baaten en fin junikveld gleid ut fraa den gamle norrøna-stad, sende eg stillt ei takk inn til yrjingi og ljoshavet. Det var ei takk for dei rike kjenslor, Dublin hadde gjeve meg, ei takk for godhjarta mottaking. Og eg legg attaat mine beste ynskje for dei menn, som hev reist den nationale fana i Irland!


Fotnoter

  1. ɔ: sjøvegen.
  2. uttala: Dyblin el. Døblin.
  3. som mange no er vant med.
  4. Magnus fall i 1103 ved eit strandhogg i Ulster (Aust-Irland).
  5. Uttala: Rejinald.
  6. Kettle = Ketil.
  7. Landnáma og Islendingabók.
  8. S. Bugge.
  9. "Facts about the Irish Language" - By Mary Hayden.
  10. Etter E. Seim: Folkevokster — Folketyning.
  11. Lenge liva Irland!