Klede og tekstilar i middelalderen

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif
Britt Kjellesvik Rage (f.1955) arbeider med drakthistorie - viking, middelalder, folkedrakt. Dokker i historiske drakter. Studiar i drakthistorie frå NTNU og UiB, samt draktstudiar i Bjerringbro, Danmark.


Klede og tekstilar i middelalderen


Britt Kjellesvik Rage

Tysnes
© 2019





Klede dekkar så mange ulike behov, frå det praktiske til det reint estetiske og er eit av våre basisbehov. Det er spanande å koma nærare fortidas menneske når ein studerer kva klede dei kan ha brukt og ikkje minst etterlete seg. Klede kan gje signal om kjønn, status og kulturell og sosial tilknyting

Middelalderen er den perioden i historien som ligg mellom oldtida og nyare tid. I Noreg er det vanleg å dela perioden i tre avsnitt:


  • Tidleg middelalder frå omlag 800 til 1130
  • Høgmiddelalder frå 1130 til 1319
  • Seinmiddelalder frå 1319 til 1536


Vikingtid frå omlag 800 til 1050 fell såleis saman med tidleg middelalder i Noreg. Men vikingtid skil seg mykje frå middelalderen i klede og kultur. Denne artikkelen vil vera mest konsentrert om høgmiddelalderen. Før snakka ein gjerne om den mørke middelalderen. Men mykje av det me trur er moderne hadde sin start i middelalderen (t.d. lover, bankvesen og sjukestell). Og heksebrenning vart meir vanleg etter at middelalderen var over! Eg vil freista å dra opp nokre hovudliner om draktutviklinga i middelalderen. Framstillinga er geografisk avgrensa til det vestnordiske området med hovudvekt på Noreg. Det vil bli lagt mindre vekt på dei skiftande moteretningane nytta av høgare sosiale lag. Men moten i middelalderen skifta ikkje like raskt som i dag, folk kledde seg forskjellig alt etter stand, smak og fantasi. Sjølv om det arkeologiske materialet kan verka stussleg, har middelalderdrakta bestått av mange fantastiske plagg som også kan vera funksjonelle i dag. Tekstilarbeidet har tradisjonelt vore knytt til kvinna. Å framstilla klede krev at ein er både fingernem og flitteg, og har tid. Saumen var både solid og forseggjort. Denne kunnskapen vart overført frå generasjon til generasjon, det me vil kalla handlingsboren kunnskap – ei verd som i dag er i ferd med å lukka seg. Tekstil er eit forgjengeleg materiale, men frå 1000-1100-talet får ein meir arkeologisk materiale, samt skriftlege kjelder.

Dei viktigaste kjeldene er:


  • Gravfunn med bevart draktmateriale
  • Figurframstillingar i biletkunsten
  • Skriftlege kjelder


Arkeologisk draktmateriale er ei av fleire kjelder til forsking på middelalderdrakt. Ved større arkeologiske utgravingar i middelalderbyar er det ikkje uvanleg å finna tekstilar som har hatt fleire funksjonar. I mange tilfelle har samme tekstil ein fleirledda funksjonshistorie, til dømes fyrst som klesplagg, for sidan å enda som filler, tjærekostar eller dopapir. Før det endar på fillehaugen kan det ha vore fleire som har brukt klessplagget, og det kan ha vore omsydd. I enkelte tilfelle er det uproblematisk å identifisera spesifikke plaggtypar, som til dømes ein kjortel eller hette, fordi så store delar av plagget er bevart at bestemte formtrekk relativt enkelt kan kjennast att. Men i mange tilfelle er det berre mindre fragment att. Identifikasjon av draktplagg på bakgrunn av fragmentert arkeologisk materiale er svært vanskeleg, og i mange tilfelle umogleg, fordi tekstilane ofte representerer kasserte restar av utbrukte klede[1]. Det er forska relativt lite på rester av middelalderklede og andre tekstilar frå denne perioden. Ei rekkje av dei best bevarte middelalderkleda som finst i Norden vart funne eller gjenoppdaga allereie mot slutten av 1800-talet og i laupet av fyrste del av 1900-talet.

Det mest omfattande funnet av klede frå middelalderen vart gjort under ei utgraving av den norrøne busetjinga på Herjolfsnes på Grønland i 1921. Funna vart publisert i eit stort verk av Nationalmuseets direktør Poul Nørlund allereie tre år etter. Også i Sverige og Noreg kom det for dagen viktige funn i fyrste del av 1900-talet. I 1936 vart det tilfeldig funne to godt bevarte middelalderdrakter i Bocksten i Sverige og i Skjoldehamn i Nord-Noreg. Den såkalla Bockstensmannen si drakt vart publisert fyrste gong av Albert Sandklef samme år, medan Guttorm Gjessing utga ein artikkel om Skjoldehamndrakta i 1938. Alle desse draktfunna fekk relativt stor merksemd, og vart publisert av betydningsfulle menn i samtidas fagmiljø. Til samanlikning har mannlege arkeologar frå og med siste halvdel av 1900-talet med få unntak befatta seg påfallande lite med drakt- og tekstilproblematikk. I desse tidlege publikasjonane vart det forsøkt å setja kleda inn i eit kulturhistorisk rammeverk som mellom anna var knytt til form, kjønn og og kor ein høyrde til kulturelt. Spørsmål knytt til produksjon, tekstilkvalitet og opphavsstad vart derimot ikkje vektlagt i samme grad. Det har i ettertid blitt lagt ned ein betydeleg innsats i forsking på draktene frå Herjolfsnes og Bocksten, medan drakta frå Skjoldehamn ikkje har fått like stor merksemd. Nokre av dei mest omfattande publikasjonane omkring dette materialet i seinere tid er Else Østergård si bok om tekstilfunna på Grønland, «Som syet til jorden» frå 2003, og Margareta Nockerts «Bockstensmannen och hans dräkt» frå 1985.

Med dei omfattande utgravingane i middelalderbyane som har funne stad i siste halvdel av 1900-talet har funntilfanget av arkeologisk draktmateriale auka monaleg. Men ved desse utgravingane er det fyrst og fremst funne fragment av klede, ikkje heile plagg. Tilsvarande er det også funne ei mengde fragmentariske restar av klede under utgravingar i norske middelalderkyrkjer. Enkelte viktige funn er også gjort meir tilfeldig, ved grøftegraving eller torvopptak[2].

Det er ikkje alltid samsvar mellom kjeldekategoriar. Det er få profane kjelder i Noreg. Kyrkjekunst ønskte kanskje å framstilla noko anna enn korleis folk gjekk kledd. Religiøse bilete frå middelalderen kan visa bibelske personar med klede i gammal romersk stil. Det er heller ikkje lett å danna seg eit rett bilete av fargen på kleda berre ved å studera gammal kunst som treskurd, skulptur, maling og tekstilar. Maling kan ha falma med åra, og malarane den gong brukte ikkje dei samme fargane som vart brukt til å farga stoff med, altså to heilt ulike pigmenttypar. Det finst lita støtte for at denne kunsten har fungert som førebilete for verkelege klede. Ein kunne også ønskja å framstilla ein person i ei alderdommeleg drakt. I Norden er det ingen sterk tradisjon for å skriva drakthistorie på bakgrunn av skulptur og portrett.

Skriftlege kjelder som Diplomatarium Norvegicum, sagalitteratur, skalde- og eddadikting kan også gje informasjon om draktskikk, men ein må vera merksam på at dei kan omhandla eldre tilhøve.

Den beste informasjonen om klesvaner får me frå bevarte drakter. Hovedproblemet med bevarte klede frå middelalderen er at det er så fragmentert og i dårleg stand. Både slitasje ved bruk og lange opphald i jorda kan gje tekstilane ein meir ullen, glatt eller hårete utsjånad enn dei hadde som nye. Morkne, sprø tekstilar er heller ikkje så lette å identifisera. Ein veit heller ikkje kor representative funna er. I middelalderen var det vanleg at folk vart gravlagt nakne, berre sveipt i eit enkelt likklede. Men kongelege og adelege vart ofte iført stasklede. Animalske produkt som til dømes ull, overlever i sur jord, medan tøy av vegetabilske fibrar som bomull, lin og hamp går fort i oppløysing. Tøy som er funne i jord har som regel blitt jordbrune eller misfarga, men fargeanalyser kan avdekka at plagget opprinneleg var kvitt eller grått, eller ein heilt annan farge.

Kjeldene isolert har såleis store manglar og begrensar vårt syn på middelalderen. Det er såleis ikkje mogleg å gje eit totalt oversyn over draktskikken i middelalderen, fyrst og fremst av skort på kjeldetilfang. Men kjeldene gjev oss god drahjelp når me skal sjå for oss korleis kleda ein gong var og korleis dei vart brukt.


__________


Av viktige gravfunn kan nemnast:

Tunika eller kjortel frå Thorsbjerg-funnet, eit arkeologisk myrfunn i Thorsbjerg Mose av gjenstander fra jernalderen. Foto fra Schleswig-Holsteinisches Landesmuseum. Foto: Bullenwächter, 2006. Wikimedia Commons.

Thorsbergfunnet frå 400-åra. Mosefunn gjort rundt 1860 sør i Schleswig-Holstein i Nord-Tyskland (som då var dansk område), ikkje langt frå vikingkaupangen Hedeby. Det vart funne ein tunika eller kjortel som har skulder- og sidesaumar og glatt isydde ermer, samt ei bukse i form av brok med heil fot, ei såkalla leistabrok. Sjølv om dette er eit tidleg funn har det klare parallellar til draktfunn som er gjort seinare.

Gravfunn frå Uvdal stavkyrkje i Buskerud. Frå dei arkeologiske utgravingane i 1978-79 stammar ei rekkje gravfunn med til dels godt bevart drakt- og tekstilmateriale, sjølv om tekstilane er sprø og lite fleksible. To unge vaksne og to born var gravlagt rett under kyrkjegolvet. Alle dei tre livplagga (det vil seia plagg som dekker overkroppen) som vart funne, er så vidt godt bevart at formen kan rekonstruerast. Her vart det også gjort funn av ei struthette, den einaste som skal vera funnen i Noreg. Kyrkja har vore påbygd og ombygd mange gonger, og dette er den eldste delen av skipet, bygd i andre halvdel av 1100-talet. Dei gravlagte låg rett på hard morenegrunn, og det er ingenting som tyder på at dei har hatt kister. Det eine livplagget (grav 31) er i treskafta ull som no er melert gråbrun i både varp og veft. Plagget har ikke vore farga. Halsopninga er V-forma. Ei omlag fem cm brei tekstilremse («band» utan dekor) i samme stoff som bolen danner ein kant på begge sider av halsen og held fram heilt ned. Ermene er lange og vide, men smalnar mot håndleddet og avsluttar med ein liten fald utan dekor og ein omlag 8,5 cm lang splitt ved venstre handledd. Venstre erme er laga av minst to stoffdelar, den eine som ei forlenging av bolen. Bevart ermlengde er omlag 57,5 cm.

På venstre side i fronten kan ein sjå 13 runde vertikale plissèar. Foldene er 4-5 mm breie og går 13 cm nedover livplagget. Det skal vera eit plissért parti i øvre del av ermet. Plagget har ikkje vore plissért i nedre del. Ryggstykket er ikkje bevart. Det er heller ikke råd å fastslå om livplagget har hatt frontkilar og/eller sidepanelar, men det har hatt stor vidde i hofteregionen.

Under utgravingane i Uvdal stavkyrkje vart det også funne ein tekstil som gjennom form kan tolkast som forstykket av eit livplagg av samme type som livplagget i grav 31. Dette vart funne i grav nr16 saman med ei rekkje andre tekstilfragment. Samansetjinga av overstykke, ein lang rynkeplissért nedre del og ein boga og horisontal samansying av øvre og nedre del gav grunnlag for å tru at dette var restar av eit livplagg samansydd av ein plissért nedre del og ein øvre del som ikkje er plissért.

Det eine barnet er kledd i eit ytre og eit indre livplagg, og rundt hovudet er det surra linband som også dekker auge, nase og munn. Det er framstilt i eit no svart ullstoff i treskafta kypert, med fragment av raudt ullstoff over høgre hand. Over brystpartiet er stoffet plissért med såkalla rynkeplisséring, og foldene blir haldne på plass ved hjelp av horisontale saumar med grove kontursting på baksida. Erme og bol er skore kvar for seg og livplagget har front- og bakdelar. Det er ein kile på framsida av ermet. Ei lita oval spenne sit i plisséringa ved barnet sitt brystparti og held stofflaga på plass. Dette kan tyde på at livplagget har vore ope i fronten[3]. Plagga frå Uvdal vil bli meir omtalt under avsnitta om livplagg med rynkeplissért front og om underklede.

Rekonstruert versjon av Skjoldehamndrakten utstilt på Lofotr Vikingmuseum, juli 2013. Foto: Justin Hall, Wikimedia Commons.

Skjoldehamnfunnet. Skjoldehamndrakta er ei godt bevart klesdrakt som vart funnen under torvstikking i ei myr i Skjoldehamn på Andøya i 1936. Nyare forsking har vist at drakta kan vera så gammal som frå 1050, og det gjer ho i så fall til Noregs eldste bevarte klesdrakt. Skjoldehamndrakta består av ei kufte med hette (kaprun), skjorte eller innerjakke, bukse, belte, ankelklutar og ankelsurringar, sokkar og sko. Det er umogleg å fastslå om drakta har vore norsk eller samisk. Eigaren av drakta må ha vore ein viktig person i lokalsamfunnet. Skjorta har ingen kilar på fram- og bakbreidd, har låg halslinning og ein firkanta klaff som blir hekta på høgre sida av halsopninga.

Gravfunn utanfor Guddal kyrkje i Sunnfjord. Under grøftegraving nær kyrkja sommaren 1970 vart det funne to livplagg, eit teppe, samt eit gravkors av tre og ein tilspissa hasselkjepp. Dette vart bringa inn til Historisk museum i Bergen. Det eine livplagget (nr. BRM31/1) har mykje like trekk med skjorta frå Skjoldehamn. Det har rektangulært grunnsnitt, manglar senterkilar og er lårkort. Plagget har berre ein sidekile, medan den nedre delen av bolen på motsett side er utvida og trekt fram slik at det blir danna eit motstykke til kilen. Plagget er her rynka i begge sider. Livvidda er omlag 102 cm, medan den nedre vidda er omlag 110 cm. I livplagget frå Guddal er det imidlertid laga ein omlag 20 cm lang splitt i kvar side av plagget, dette aukar rørslefridomen mykje. Plagget er sydd av firskafta ullstoff mønstra med stripegrupper. For å skapa den horisontale stripedekoren i livplagget har ein nytta seg av naturlege fargenyansar i ulla.

Livplagg frå gravfunn gjort ved Guddal kyrkje i 1970. Det særeigne halspartiet er er slik at det dannar ein W. Foto: Britt Kjellesvik Rage, på Bryggen museum i Bergen 2013.

Tilsvarande stripedekor finst på fragment av ei rekkje kypertstoff i norske arkeologiske samlingar. Det er funne restar av eit 4 mm breitt fletta band ved opninga, dette er ikkje blitt fargeanalysert.

Det vart også funne eit anna livplagg med rektangulært grunnsnitt i grava frå Guddal. Dette er og lårkort, men manglar heilt kilar. For å skapa større fleksibilitet i nedre kant av drakta, er det laga 30 cm høge splittar i begge sider. Fragment av draktplagg med tilsvarande kiler er funne under utgravingar av Bryggen i Bergen. Dette livplagget frå Guddal (BRM 31/2) skil seg frå alle dei andre middelalderplagga med rektangulært grunnsnitt ved at drakta har tillaup til figurforma liv. I livhøgde er det nemleg skore ein boge i begge sider av plagget, slik at det oppstår ei klar figurforming. Dette plagget er dermed ikkje like laust i snittet som dei andre plagga i denne gruppa, og manglar også kilar. Plagget er i så måte i ein kategori for seg sjølv, men har som dei andre eit enkelt, rektangulært snitt uten skuldersaumar. På ermene er det spor etter stor slitasje, og plagget er lappa med tøystykke i lysare brun farge. Bolen har fått ein spesiell fargefordeling ved at den ytterste delen er lys brun, medan resten er mørkebrun. Dette gir plagget eit asymmetrisk fargeintrykk som likevel blir balansert noko ved at delar av ermer og krage har samme lyse varpfarge.

Dette plagget har også eit særeige halsparti: Bolen er skore ned i to spissar på kvar side av halsopninga slik at opninga danner ein W. Rundt nakken går ein 8,5cm høg krage med ein lukkeklaff i den eine sida[4]. Truleg er Guddal-draktene frå rundt år 990-1160, men dei kan også vera yngre.

Herjolfsnesfunnet på Grønland i 1921 er tidfest til 1300-åra. På grunn av låg temperatur i bakken er desse kleda uvanleg godt bevarte. Det vart funne meir eller mindre bevart omlag 30 kjortlar/kjoler, 17 hetter, 5 hattar og 6 hoser. Kjortlane er laga etter same prinsipp som Thorsbergkjortelen, men med kilar. Alle sidebreiddene er skore skrått langs ei side og trådrett langs den andre sida. Når breiddene blir sett saman, vil ei skrå og ei rett side liggja inntil kvarandre og skapa fall og markering av ein overgang.

Alle livplagga frå Herjolfsnes er framstilt i ull og vevd i firskafta kypert. Tre av livplagga med formtilskore kilesnitt frå Herjolfsnes har opningar eller «lommeslisser» i sidene. Dette gjer det sannsynleg at plagga har vore brukt utan belte, fordi dette ville gjera det vanskeleg å koma til «lommeopningane». Det ser altså ut til at livplagg med formtilskore kilesnitt har vore brukt av kvinner så vel som menn og born, men at små nyansar knytt til draktlengde og farge har vore moglege kjønnsmarkørar på Grønland. Kvinnene sine plagg av denne typen har truleg vore lengre enn mennene sine, og har i dei bevarte tilfella vore laga av eit stoff med mørke diagonale kypertstriper mot ein lys bakgrunn. Mørkare brun eller svart ser ut til å ha vore foretrekt for mannsdraktene.

Kjole fra gravfunn på Herjolfsnes. Datert til ca. 1400. Oppbevart på Nationalmuseet i København. Foto: Lennart Larsen, Wikimedia Commons.

Draktplagga frå Herjolfsnes er framstilt av lokal ull, og enkelte av dei er farga med lokale fargestoff. Grønland har i middelalderen vore relativt isolert, og det har vore nødvendig å utnytta naturresursane til det yttarste. Likevel er desse draktene grundig forarbeidd og sydd, nokon av dei er også farga. Snittet er relativt avansert, og tilskjeringa krev planleggjing. Dei mange sidebreiddene og kilane bør ikkje tolkast som uttrykk for fattegdom. Bruk av «falske saumar» indikerer heller at dei vertikale saumlinene i drakta var ønskt, og det skaper balanse og symmetri i draktsnittet. Den relativt store nedre draktvidda og lengda på livplagga viser også at dette snittet er stoffkrevande. Desse livplagga har difor sannsynlegvis ikkje vore brukt av dei fattigaste i samfunnet[5]. I det heile vitnar desse heimelaga draktene om god skreddarkunst og gode reiskaper og at grønlendingane har følgd moteretninga frå Europa. 1200- og 1300-åras nesten fotside kjortlar har funne vegen til Grønland.

Karakteristisk er dei mange kilane, det kan teljast opp til 14 loddrette saumar ved nedre kant av drakta. Den største skjørtevidda er heile 4, 25 meter! Mange av desse kleda var ikkje allmogeplagg i Europa, men vart brukt av den velstilte middelklassen. I det heile vitnar funna om kultur og ein viss velstand. Men den utprega grønlandske kvardagsdrakta for mannen er enno ikkje funnen. Ein kan rekna med at det har vore nytta både sel- og reinskinn, men at skinnkleda er rotna bort i jorda, medan vadmålet har halde seg[6]. Det ein har funne av skinn og lærbitar stammer stort sett frå skoproduksjon. Mange av tekstilfunna var prøver på vevd tøy, og innslaga i dei vevde stoffa fortel om skiftande mønster og mote gjennom tidene. Interessant er at trådar spunne av ull og hår frå svært forskjellige dyr - også bison og grizzlybjørn som aldri har eksistert på Grønland. Dette viser at det på ein eller annan har vore kontakt med Amerika – eller Vinland, som dei sjølv kalla det. Også plantefiber er brukt til å fremstilla tekstilar. Ein kan truleg konkludera med at dei norrøne grønlendingane kledde seg i ull – i tøy av forskjellig vevnad og kvalitet, men at dei ikkje gjekk i klede sydde av lin. Ein kan rekna med at det grønlandske vadmålet ikkje var tjukt eller varmt nok til å bruka som yttertøy – så truleg brukte ein pels[7].

Rekonstruksjon av Bockstensmannens drakt utstilt på Hallands kulturhistoriska museum. Foto: Toxophilus, 2017. Wikimedia Commons.

Bockstenfunnet er eit svensk mannsdraktfunn frå 1300-talet, funne i ei myr ved Bocksten gard i Varberg i Halland i Sverige i 1936. Drakta består av ei kappe, hetteslag (struthette), halvlang kjortel og hoser. Dette blir sett på som det viktigaste middelalderske draktfunnet i Skandinavia. Det blir oppbevart i Varberg Museum. Kappa er open på høgre side for at høgre arm skulle vera fri. Struthetta er sett saman av ei mengd ulike delar. Det same gjeld kjortelen som har kilar både framme og bak, i sidene, samt ermekilar. Dei lange hosene er genialt tilskorne med god utnytting av stoff og jarekantar. Det er ikkje funne restar av underkjortel, men ein eventuell linkjortel kan ha smuldra vekk. Beltet er laga av noko kraftigare lær enn skorne, som er fint tilverka med mange detaljer. Drakta er mest heilt utan dekor. For å veva stoffet til Bockstenmannen si drakt vil det gå med 15 400 meter ulltråd, det vil seia ein årsproduksjon av ull frå fire sauer, og det vil ta 30 dagar berre å spinna garnet til drakta! Men så varde dei handlaga draktene i middelalderen både ein mannsalder og lenger enn det. Uforminga av ermene i livplagga frå Skjoldehamn, Bocksten og også i livplagga frå Guddal har mange like trekk. Dei er sydde av eitt hovudstykke som er samansydd på undersida.av ermet. Skjoldehamnkofta har i tillegg ein liten underarmskile, medan Bocksten har to underarmskilar.

Moselund-funnet vart gjort i 1884 i Midt-Jylland i Danmark. I 1938 vart kjortelen rekonstruert. Kjortelen er datert til omlag 1100 gjennom pollenanalyse og basert på snittet. Stoffet er uvanleg godt bevart, det ser ut til å ha vore ganske nytt då det hamna i mosen, det er ingen slitasje og ingen reparasjonar. Tunikaen er av eit slag kjent på Island som 'bladkjortel'. Sidene kunne samlast opp i beltet for større rørslefridom, og kunne også brukast som "lommer" til å bera ting i. Imidlertid var det ingen saumar bevart for å bevisa at dette er tilfelle. Kuttet av skulderområdet er uvanleg. Baksida er mykje breiare enn fronten, noko som gjev kjortelen ein ganske sofistikert, kappeliknande utsjånad.

Kragelund-kjortelen frå Midt-Jylland er datert til 1040-1155. Ved torvskjering i 1898 vart det funne ein mann som var iført ein lårkort kjortel av grovt ulltøy og med korte lærstøvlar på beina. Kjortelen er oppbevart på Nationalmuseet i København.

Nemnast kan også Damendorfbroka som vart funnen i Schleswig-Holstein. Denne buksa har eit innfelt stykke og kilar bak.

Lodøsegravene ved Gøteborg viser at tekstil har vore brukt som betalingsmiddel saman med andre viktige naturalia som kyr og smør. Det andre indisiet på at klede og tekstilar hadde høg verdi er dei mange tilfella av testamentering av klesplagg som finnst i bevarte diplomer.


__________


Mange av livplagga er funne i graver. Trass i at majoriteten av desse er så godt bevart at snittet kan undersøkjast, er det likevel nødvendig med ein diskusjon om kleda kan ha endra funksjon frå gangklede til gravdrakt. Generelt kan ein seia at det er to hovudtyper av gravdrakt: Dei døde kan vera gravlagt i tekstilar som er laga spesielt for gravferda, til dømes liksvøp, eller dei kan vera gravlagt i plagg som har vore brukt til fest eller daglegliv før gravferda fann stad. Såleis er Guddal-tekstilane grove bruksplagg med slitasje og lappar, som også vart brukt til gravklede. Men det finnst ein mellomting mellom desse, nemleg gangkede som er omsydd eller tekne frå kvarandre for å fungera i ein gravkontekst. Eit døme på dette er hovuddelen av det store draktfunnet frå Herjolfsnes på Grønland. Der var det truleg ikkje nok tømmer til kister. Gangklede er spretta opp eller surra rundt kroppen for å fungera som liksvøp. Hetter var surra rundt føtene, eller livplagg tredd over kroppane med ermene hengande laust på utsida. Eit anna døme er draktene fra Uvdal stavkyrkje. Der er avdøde kledd i gangklede, men i gravkonteksten er desse sydd til kvarandre på ein måte som ikkje ville fungera på levande menneske. Det er også brukt ei blanding av gangklede og spesialisert gravdrakt, ved at kroppane, omframt gangkleda også er iført liksvøp i form av linomvikling rundt hovudet. Slike plagg kan såleis betraktast som objekt med ein fleirledda funksjonshistorie, fyrst som gangklede og sidan som liksvøp.

For å kunna vurderast som gangklede må fleire kriteriar vera oppfylt. Det må kunne dokumenterast at plagget i sin fyrste kontekst kunne fungera på ein kropp i rørsle. Dette gjeld både for saumar og snitt. Lappar, stopping og slitasje er også viktig dokumentasjon på at plagga har hatt ein annan funksjon før dei vart brukte som liksvøp. I dei tilfella der livplagg funne i graver er undersøkt, ber plagga spor gjennom funksjonalitet og slitasje som indikerer at dei har vore i bruk før dei kom i jorda. I så måte er gravkonteksten å rekna som sekundær[8].

Snitt: Utgangspunktet er primærsnitt, tilpassa med kilar frå nedrekant til ermeringinga. Likeins kilar på bak- og frambreidd. Dette gjer at livet blir trongt og skjørtet vidt. Dessutan kan det vera lommeopningar. Ermelengda kan variera. Innsnitt kom langt seinare. Kvinnekjolen og mannskjortelen er av samme type. Lengda på kjortlane har veksla med skiftande moteretningar. I vikingtida var dei kneside eller stuttare, medan dei i middelalderen vaks i lengd. Kring 1200 vart det, etter utanlandsk førebilete, moderne å bruka to kjortlar utanpå einannan. Middelalderen er ein lang periode; kanskje fleire stilar, men ting endrar seg seinare. Ein må også ta med at  30 - 60% av folket i Noreg døydde under svartedauden rundt 1350.

Arkeolog Marianne Vedeler deler inn livplagga i fem hovudgrupper på bakgrunn av formspråk:


  • Rektangulært snitt (utan skuldersaum)
  • Panelsnitt
  • Formtilskore kilesnitt
  • Livplagg med frontåpning og stor vidde
  • Livplagg med rynkeplissért front


Truleg fanst det fleire former av livplagg enn dei me kjenner til.

Rektangulært snitt: Er utan skuldersaumar, for- og bakstykke er i eitt. Ermer er rett isydde bolen. Dette gjev øvste del av plagget eit firkanta eller rektangulært uttrykk. Berre nedste del av plagget er forsynt med kilar, i sidene og framme (Skjoldehamn og Bocksten), dette er truleg fyrst og fremst eit funksjonelt trekk for å skapa rørslefridom for beina. Unntaket er ein kjortel som i staden for kilar har splittar, og som også har ei innsnevring i livet som gjer at dette plagget ikkje heilt passar inn i gruppa (Guddal). Samanlikna med livplagga i dei andre gruppene er plagga relativt korte. Eit halvkort livplagg gjev større rørslefridom ved kroppsarbeid enn eit heillangt plagg. Formspråket er enkelt, dette inntrykket blir forsterka ved hjelp av grove tekstilkvalitetar. Trass i like trekk har plagga med rektangulært snitt klare individuelle skilnader. Dette knyter seg både til lengde, bruk av kilar og utforminga av halsopningar og assymmetrisk tilskjering, men kanskje særlig til ulik dekor som alle utgjer forskjellige stripemønster - det kan vera horisontale eller vertikale striper eller banddekor. I Skjoldehamnkofta er ulikt farga band sydde inntil kvarandre. Dette er kanskje det mest avanserte dekorelementet i denne gruppa, men i alle plagga er dekoren relativt enkel og iaugefallande på avstand. Dekorelementa utgjer heller ikkje nokon integrert del av snittet, slik som til dømes plisséane i paneldraktene og i livplagga med rynkeplissért front. Stripene påverkar ikkje snittet, men er meir ein eigen og avgrensa del av det visuelle uttrykket. Alle plagga i denne gruppa har klart asymmetriske trekk. Det kan vera tilskjeringa av bolen som er asymmetrisk, eller tilskjering av kilar og isetjing av desse som er gjort asymmetrisk (Skjoldehamn). Men felles for alle er at asymmetrien gjev inntrykk av eit ønskje om maksimal utnytting av stoffbreidda.

Panelsnitt: Fragmenta av livplagg med panelsnitt dannar ein einskap på ein heilt annan måte enn plagga med rektangulært snitt. Med over 700 plissérte fragment av denne typen drakt er dette den desidert største gruppa draktfragment som er bevart frå middelalderen i Noreg frå rundt 1150 til 1250. Mange slike funn er gjort i Bergen og andre byar. Men det er vanskeleg å vita kor mange drakter disse fragmenta opprinneleg har utgjort. Det er stor grad av likskap både i dei delane av snittet som kan rekonstruerast, og i saumspor og plisséframstilling. Det er i fyrste rekkje det stive og blanke kamgarnet med jamn og hard spinning, saumen og samansyinga av dei smale panelstykka, samt plisséringsteknikken som gjer at desse framstår som ei homogen gruppe. Tekstilkvaliteten varierer for øvrig både når det gjeld garn og bindeteknikk. Majoriteten av stoffa er vevd i treskafta kypert, enkelte av dei med varierte diagonalvendingar, med z-spunne varp og s-spunnet veft. Det er også mange fragment i firskafta kypert. Kor tett vevinga er i dei undersøkte stoffa varierer mellom 10/6 og 34/19 tråder per cm i varp og veft.

Madonnafiguren frå Urnes stavkyrkje, oppbevart i Bergen Museum. Foto: Nina Aldrin Thune, Wikimedia Commons.

Ein detaljert gjennomgang av alle fragmenta vil gje grunnlag for å dela dei inn i fleire kvalitetar. Det er også ein relativt stor grad av symmetri og samanhang mellom delane i denne gruppa. Plisséane med nedsydde biser og dei lange panelstykka gjev eit meir figurnært formspråk enn det rektangulære snittet, samtidig som det krev store mengder stoff. Dei lange, vertikale linene er tydelig markert. Samtidig er også ei horisontal line markert gjennom at «skjørtets» er sydd saman til ein øvre bol. Denne samanstillinga av vertikale liner avbrote av ei horisontal, kjenneteiknar paneldrakta. Dette er kanskje det tydelegste dømet på ei populær klesform som er klart avgrensa i tid og rom. Madonna frå Urnes har plissert drakt. Her er det samanfall av skulptur og fragment i tid.

Formtilskore kilesnitt liknar på fleire måtar panelsnittet. Fyrst og fremst kan dei lange sidestykka i kilesnittet samanliknast med dei smale panelane i panelsnittet. Men det formtilskore kilesnittet har ingen horisontal deling i bol og «skjørt», det har i staden samanhangende vertikalflater frå skuldrene til nedre ende av livplagget. Desse plagga har to hovuddelar, eit frontstykke og ein bakdel, medan panelsnittet ser ut til å ha vore samansett av mange smalare panelar. Ein kan også i det formtilskore kilesnittet sjå eit visst fokus på vertikal lineføring. Det er fleire døme på «falske saumar» som tilsynelatande deler opp heile stoff-flater i vertikale sidepanelar, men dei vertikale linene er verken like markerte eller like synlege som i paneldrakta.

Med frontopning og stor vidde. Frå Herjolfsnes er det bevart dei einaste livplagga med frontopning og knappar eller knapphol i fronten frå denne perioden i Norden. Begge desse to er svært vide og nærast A-forma, og det er dermed ikkje nokon grunn til å tru at frontopninga er laga med bakgrunn i eit reint funksjonelt behov. Det er også i desse draktene symmetri og balanse mellom stoffbreiddene. Dei bevarte breiddene skråner jamnt utover mot den nedre enden, og dette snittet gjev plagget eit breiare og mindre figurnært uttrykk enn eit formtilskore kilesnitt. Det er også her vertikale liner i plagget, men desse er ikkje på langt nær så tydelege som til dømes i panelsnittet. Den snevre moten rundt 1350 med opning av drakta, ser ein ikkje mykje att av i Noreg.

Livplagg med rynkeplissért front. I livplagga med rynkeplissért front er det fyrst og fremst dei runde, rynkeplissérte partia i brystpartiet som dominerer draktuttrykket (Uvdal). Desse er konsentrert rundt midtre akse av plagget framme på begge sider av halsopninga, eventuelt også på samme måte på bakstykket. Det er noko usikkert om tilskjeringa av ermene har vore symmetrisk. Det eine livplagget frå Uvdal har assymmetrisk tilskorne ermer. Plagga med rynkeplissért front har eit mjukare og meir utflytande visuelt uttrykk enn dei fragmenterte draktene med panelsnitt. Dette skuldast både teknikk og ulike tekstilkvalitetar, det er heller ikkje det samme fokuset på vertikale liner som i paneldrakta. Den raude fargen og børsting/valking gjev også enkelte av Uvdal-draktene eit mjukere uttrykk enn dei harde og blanke paneldraktene. Men det er store variasjoner også i denne vesle gruppa. I utgangspunktet er det benytta fleire typar snitt. Minst to ulike løysinger er vald for isetjing av ermer og rynkeplisséring og ein kan dermed ikkje eigentleg snakka om ein type snitt. Dei rynkeplisserte partia i front av plagget er likevel ein så dominerande del av formspråket at desse dannar ei gruppe. Påfallande like resultat av radiologiske dateringer gjer at me kan datera livplagga med rynkeplissért front til 1300-talet[9].

Materialer, fargar, dekor og mønster:

Lin vart fyrst og fremst brukt til dei indre plagga og til hovudplagg. Brok av lin var meir sjeldsynt. Skinn og lær var eit vanleg supplement til tøy, særleg i arbeidsklede. Finare stoff som skarlak, klede og silke, ofte importert frå fjerne land, var for dei rike som hadde råd til å pynta seg i dyrt kvalitetsstoff. Dei rike hadde også råd til ullstoff i klåre fargar og innvevd mønster og dei kunne skifta garderobe ofte. Ein var glad i kulørte drakter om ein hadde høve til det.

Ulltøy var det mest brukte materialet. Ein vevde alt frå gassvevtynne til tjukke vadmålsstoff. Det vart vevd på oppstadvev av handspunne garn, mest med toskaft og vevbreidda var gjerne høgst 60-70 cm. På større handelsplassar kunne ein eventuelt få tak i breiare tøy. Ettersom alt var spunne og vevd for hand så utnytta ein alle stoffbitar maksimalt slik at kleda ofte var sett saman av mange småbitar og hadde mange saumar. Det vart vevd einsfarga tøy eller med ruter og striper. Men frå midten av 1300-talet tok det til koma tekniske forbetringar i form av spinnerokk, og oppstadveven vart i blant erstatta av vevstol. At det vart enklare å spinna og veva tøy forandra til ein viss grad klesmoten. Ein kunne una seg litt meir stoff i kleda. Dessutan kom saksa i bruk, dette gjorde det enklare å formklyppa stoff, istadenfor som før å skjera til beine tøystykke med kniv. Sjølv om me kan rekna med innslag av profesjonell verksemd av handverk i norsk middelalder, kanskje helit tilbake til 1100-talet, har det i stor grad funne stad heimeproduksjon av klede og då særleg i lågare sosiale lag.

Lin er vanskeleg å plantefarga og var difor nesten alltid naturkvitt eller solbleika. Ull finst naturleg i nesten heile skalaen frå kvitt til svart, samt ein del brunt. Ull er lett å plantefarga til dei fleste fargar. Raudt, brunt og grønt var mest stas. Klart blått og raudt var svært dyre fargar. Lilla kan ein derimot få rimeleg frå tuschlav. Bevarte plagg er av svart eller brunt ulltøy, men den opprinnelege fargen kan ha vore ein annan. Svart var ikkje så vanleg og ville uansett fort bli avbleika til grå eller brun. Ein kan rekna med at naturfargane sjeldan blir nemnde, medan det særmerkte blir omtalt. Fargar var fyrst og fremst for dei rike, dei fattige måtte nøya seg med fargar som er naturleg på materialer og stoff. Dei vanlegaste fargane er såleis «jordfargar» og vekstfargar, omlag dei samme som finst på ulike krydder. Såleis vart det brukt klede i kvitt, grått og svart, sporadisk raudt og blått. Ein var glad i klåre, åtskilte fargar. Sagalitteraturen fortel om kapper av ull, silke, skarlak og pels i blått, raudt eller brunt og prydd med gullbroderi og glimesteinar. Kappar vart lukka med knyteband eller spenne på høgre skulder. Overkjortel og kappe var vanlegvis i forskjellige fargar, med kontrastfarge i fôret, dessutan kunne dei vera prydd med dekorative border og pelsverk.

Farging av garn og tøy var ein omstendeleg prosess og ein stor industri i middelalderen. Her er døme på fargenyansar ein kan få frå planter:


  • Grøne: Av bjørkelauv (oljegrøn), reinfann (varm grasgrøn), trollheggbark (grøn) og diverse bregnearter gjev bleikgrøne nyansar
  • Blågrøne: Av bjørkelauv (blågrøn), blåbær,(mellomblå), vassarv (bleikblå) og skogjamne (mørkeblå)
  • Gule: Av bjørkelauv (gulbrun), engsoleie (gulgrå), grønvier (frisk gul), krushøymol (sterk gul), ryllik (gul), orelauv (bleikgul), tiriltunge (gul) millefolium – gul
  • Svarte: Av orebark, heggbark, engsyre, krekling og brissel
  • Grå: Av engkall (grå), pors (grå) og skogstorkenebb (gråbrun)
  • Brune: Av skogstorkenebb (gråbrun), prikkperikum (kastanjebrun), trollheggbark (brun) og steinlav (brun)
  • Raude: Av røsslyng (mellomraud) og kvitmaure (raud)[10].


Mange bevarte tekstilar har ikkje vore fargeundersøkt. I Kongssoga (omlag 1250) står det at du kan ha kjortel med brun, grøn eller raud lèt. Andre fargar som blått, svart og grått er også nemnd. Staskjortlane har vore prydde med ornamentborder i veving, broderi eller applikasjon rundt hals, handledd og nedre kant. Dekoren var så fin som ein hadde tid til. Det vart også brukt påsydde effektborder, "krenelering" (jfr.murkrune med skyteskår). Komplisert mønster var det fyrst og fremst på importert silke, til klede for øvre sosiale lag og kyrkjetekstilar. Border kunne vera laga for seg, med saumspor i overkant. Spenner og brosjer vart brukt både for å halda i hop drakta, og som pryd. Snøringar vart ofte brukt. Dessutan sydde ein glasperler, metallbitar eller liknande prydsaker på kleda. Ein ser meir dekor på bilete enn på bevarte plagg.


__________


Vanlege folks klede vart laga med enkle bindeteknikkar, som lerretsbinding, 4-skaft (i fyrste del av middelalderen) og meir 3-skaft etter kvart. Mange stoff var hardt og jamnt vevd, og ein del gamle tekstilar har enno eit skin. Det var heimeproduksjon på oppstadvev og profesjonell produksjon - fortrinnsvis på flatvev - side om side. Ein sydde med handspunnen ulltråd med få millimeter lange sting, dette viser mellom anna att i ein barnekjole frå Herjolfsnesfunnet.

Når det gjeld tekstilkvalitet er alle dei plisserte tekstilfragmenta framstilt i ull, og mange av dei er laga av relativt blanke kypertstoff som sjølv i dag kan gje den foldelagte flata liv. Dei fleste stoffa er i firskafta eller treskafta kypert, berre i eitt tilfelle er det funne slike plisséar framstilt i stoff med toskaftteknikk. Kvar fold blir halden på plass ved hjelp av vertikale saumar, og botnen på kvar fold er sydd ned på baksida av stoffet, dette gjer at foldene til ein viss grad held seg på plass når beraren beveger seg. Til saumane er det brukt forsting, kastesting, tungesting eller kombinasjonar av desse stingtypane. Alle plisserte fragment frå Herjolfsnes, Uvdal og Bergen har ei foldebredde mellom 0,5 og 0,8 cm[11].

Allereie ikkje lenge etter år 1000 kan buksebeina ha kvar sin farge, ofte i kontrast til det andre, til dømes raudt mot grønt. Og heile drakta kunne vera delt i ei venstre- og høgreside av forskjellig farge. Om Magnus Erlingsson (1162 – 1184) heiter det at han hadde kjortel av skarlak som var delt i to, halvt kvit og halvt raud. For kjortelen kunne på denne tida vera to-farga, delt etter lengda og dei to halvdelane hadde kvar sin farge[12]. Dette vart kalla Mi-parti. Slike tofarga drakter var brukt gjennom heile middelalderen. Hoser kunne også vera fleirfarga. Ingen slike heile drakter skal vera bevart. I dag ser ein dei att i narren si drakt!

Dei eldste knappane er frå antikkens Egypt, men dei vart ikkje brukt som knappar i vår forstand. Dei var delvis dekorative, dels for å forsterka stoffet der to tøystykke var festa saman i eit punkt. Knappen vart fyrst og fremst brukt som påsydd pynt og ikkje som noko funksjonelt. På korstoga hadde ein fått kjennskap til knappar, som tyrkarar og mongolar brukte. Sydde knapphol forsterka med knappholssting kom i bruk frå seinmiddelalderen på 1300-talet og bana vegen for bruk av knappar på plagg som kunne opnast og lukkast. Knappar erstatta ofte spenner og snøringar som hittil var brukt til å halda kleda saman med. Når knappen får sitt store gjennombrot trong ikkje drakta lenger vera så romsleg at ho kunne trekkjast over hovudet. Etter 1300 vart draktene såleis snevrare og lukka med knappar. Den moderne trøya til å knappa igjen framme opptrer no for fyrste gong i drakthistorien. Knappane var av tre, bein, metall eller kledde med stoff. Det kunne vera kule/hengjeknappar som i byrjinga sat tett saman, meir som ein dekorasjon, mest vanleg på mannsdrakter. Trenden var tettsitjande knappar på nederste del av ermesaumen.

Den korte trikotasjeaktige drakta kjem til Norden kring 1380. Den gamle vide kjortelen er blitt til skjorte og over den har ein ei trøye utan belte tettslutta til overkroppen, gjerne med saum midt framme og bak og med høg hals. Etter 1350 vart det alminneleg med bjøller påsydd drakta, ved hosebanda, ved beltet og over skuldrene, av og til avstemt til eit klokkespel. På spenner og belte kunne det henga små metallblad.

Håkon Magnussons rettarbøter i 1314 og 1315 kom med forbod mot fint vyrke og mykje prydnad. Klesplagg av fleire stykke tøy av ulike fargar og likeins påsydde metallplater, på kjortlar og hetter blir såleis forbode[13]. At ein var fargeglad i middelalderen kan ein mellom anna sjå i dekor i kyrkjene med ein fargesymfoni av kalkmaleri, glasmosaikk og metallinventar, samt malte flater og fargerik dekor. Kyrkja hadde eit stort behov for tekstilar til ulike seremoniar og til dekorasjon av kyrkjerommet til høgtidene.

Tekstilar har alltid vore ei viktig handelsvare. Mykje vart produsert i Noreg, men dyre stoff som fløyel og mønstra silkestoff vart ikkje vevd her i landet og vart importert. Importen frå utlandet forsterka status og klasse til dei som hadde råd til dei ekstra dyre stoffa. Ein handverkar måtte såleis arbeida i to månader og ei veke for å kunna betala for 440 gram silketråd!

Leisterbrok frå Thorsbergfunnet funne i Thorsbjerg Mose ved Sønderbrarup, Sødslesvig. Funnet stammer frå jarnalderen. Oppbevart på Schleswig-Holsteinisches Landesmuseum. Foto: Bullenwächter, 2006. Wikimedia Commons.

Mannsdrakta: Har vore samansett av kjortel, ei underskjorte av lin eller ull, brok og/eller hoser samt kappe. På føtene hadde dei tynne lærsko og på hovudet ei hue eller hette. Rundt 1200 blir kjortelen ankellang for menn, samt vidare og meir stoffrik. Istadenfor kappe vart det moderne med to kjortlar utanpå kvarandre, men dei var framleis til å trekkja over hovudet.

Overkjortelen kunne vera vid, korterma eller heilt utan ermer og kanta med dekorative border. Rundt 1350 blir mannsdrakta igjen kortare, og får gjerne ei stramare brok. Kappe blir meir vanleg. Brok har det blitt brukt fleire slag av, fram mot 1500-talet var dei laga av nesten berre beine bitar. Den såkalla leistebroka frå Thorsbjergfunnet (400-åra) har eit par leister sydde til bukseleggen. Dess tynnare stoff, dess vidare kunne ein laga buksa. Broka vart halden oppe med stropper og belte, reip eller tøyremser og hosene var bunde til dei med reimar. Leistebroka er også nemnd i biletkunsten (jfr til dømes Osebergvogna). Om Gunlaug Ormstunge heiter det at han var i grå kjortel og kvit leistabrok[14]. Leistabroka – og truleg hoser, kunne og ha skinnsåle under.

Det fanst også fleire slag ankelside brøker utan påsydde leister. Buksebeina kunne hengja laust ned, eller bli haldne saman under knea. I biletkunsten finst det fleire døme på denne broktypen, såleis kan nemnast Høylandsteppet (Namdalen) frå 1200-åra. Omframt den vide, halvlange broka har det funnest ei stutt eller ankelsid, trong brok, "okulbrøkr" som truleg har gått over knea og som har innfelt bakstykke om lag som leistabroka frå Thorsbjerg og som Damendorfbroka. På kvar side av det innsette bakstykket er det ein kile. Buksebeina har splitt på innsida. I Skjoldehamnfunnet frå 1400-åra er det bevart ei ankelsid brok med tronge buksebein. Etter øverkanten er løpegang for eit trekkband og buksebeina som smalnar nedetter, har splitt på utsida. Kjortelen kunne hengja utanpå eller bli stappa ned i broka[15].

Fotbunad: Bruk av, og tilhøvet mellom brok og kjortel, eventuelt hoser, har vore avpassa etter einannan. Då kjortelen var stutt, var broka lang. Men då kjortelen vaks i lengd, kraup broka i hop og vart nesten borte (til undertøy?), medan hosene vart til fasongsydde beinhylster og så lange at dei gøymde låret og vart festa i livet. Hosene var sydde av ulltøy eller kunne vera nålebundne. Hosene kunne vera knelange eller langhoser som gøymde låret. Dei knelange hosene kunne vera med eller utan fot, kanskje med ein stropp rundt foten. Langhosene er med fot. Dei kunne vera laga av svart, grått eller kvitt ulltøy. I Herjolfsnesfunnet er det langhoser som har ein parallell til eit par hoser med reimer frå Bockstenfunnet. Begge er så lange at dei gøymer låra, og begge har vore festa til livet, kan henda til beltet[16]. Broka kunne også ha snor i livet og eventuelt vera så høg i livet at linninga kunne rullast nedover. Frå Skjoldehamnfunnet har me eit par tøyleistar. Det var også vanleg å ha høy eller halm i skorne. Kaninskinn kunne også bli brukt til dette. For at hosene skulle bli meir tøyelege, kunne dei bli skråklyppt. Det var og vanleg å snøra nederste del av hosene med band, særleg tidleg i middelalderen. Desse banda kunne vera brikkevevde. For lengre hoser gjekk slike surringar aldri over knea. I seinmiddelalderen, når korte kjortlar (eigentleg jakkar) vart moderne, vart hosene så lange at dei gjekk opp til livet. Ettersom desse hosene var sydde i hop bak, men opne framme, vart dei supplert med ein såkalla «skamkapsel» midt framme. Ofte var desse skamkapslane dekorerte og stoppa slik ut at dei vart alt anna enn sedelege! Under skamkapselen kunne det lagast ein opning i broka. Tidlegare bukser hadde aldri hatt opningar. Skamkapselen fungerte også som dei fyrste lommene, til mellom anna å oppbevara verdisaker.

Hårmotar og hovudplagg: Hår- og skjeggmoter var skiftande. I tidleg middelalder har mennene gått med langt hår. Pannehåret var delt med skill eller klyppt til pannelugg. Ved festlege høve vart det brukt diadem eller hlad som var eit slags band til å halda håret på plass med. Kring 1200 vart det moderne med stutt hår <Aagot Noss s. 13-15>. Skjegg var heller uvanleg (tysk mote kring 1300), i så fall var det kort og velstelt. 1400-talet var skjegglaust. Mustasjer forekom berre i kombinasjon med skjegg. Det var vanleg å gå berrhovda eller med ein liten kalott. Ved sida av hetta oppstod det etter 1200 ein hatt med låg pull og brei skugge. I Herjolfsnesfunnet er det to slag huver. Den eine er ei låg huve som er sydd saman av ein sirkelrund pull og eit rektangulært sidestykke (Pillbox-hat) som kunne brukast av både menn og kvinner. Den andre er høg, har rund pull og sidestykke som skrår bakover og med ein kile midt bak. Begge luvetypane er kjende i europeisk motedrakt frå 14- og 1500-åra [17].

Kveif var eit av basishovudplagga for menn og gutar i middelalderen. Det var framfor alt dei som hadde ringbrynja og rustning som bar kveif under brynjehuva, for at ringane ikkje skulle festa seg i håret. Kveifen var vanlegvis sydd i kvitt linstoff, med eller utan band. I dag blir slike huver brukt av astronautar og pilotar!

Rund enkel hatt – kollhuva kan vera laga av seks bitar. Stoff og dekor avgjorde om huva var brukt av fattig eller rik. Det kunne også bli brukt ei enklare huve som var sydd saman av to bitar, og utan dekor. Denne kunne sjå ut som ei topphuve, som har overlevd til vår tid i julenissen si drakt.

Maria av Brabants bryllaup 1275 med den franske kongen Filip III framstilt i middelaldermauskriptet Chroniques de France ou de St. Denis i British Library i London. Brura er iført slepande overkjortel eller -drakt i gotisk 1300-talsstil dekorert med fransk lilje og utstyrt med "helvetetsvindauge", svært djupe ermehol som gav fritt innsyn til den kroppsforma surcoten, underkjortelen.

Kvinnedrakta bestod gjennom heile middelalderen i grunntrekk av: Ytterkjole, innerkjole og serk, hette eller annan hovudbunad, sko/støvlar, samt kappe av same snitt som mannen si. Underkjortelen, som med belte var kvinnene si alminnelege heime- og arbeidsdrakt, kan ha vore samansett av to kjolar, ein over- og ein underkjole/serk. Forkle vart brukt uanpå kjolen/serken. Kvinnene bar heillang kjole/kjortel gjennom heile middelalderen, slik at skorne var skjult. Underkjortelen var nesten alltid langerma, med smale ermer og ganske udekorert, gjerne med ein splitt i halsopninga. Overkjortelen hadde gjerne band eller broderi. Den kunne vera med kortare og vidare arm, eller ermelaus. Begge kjortlar kunne ha slep. Etter omlag 1200 vart overkjortelen kortare enn underkjortelen og utan ermer, evt med splitt i sidene. Etterkvart vart det vanleg med slissehals eller svakt V-forma utringing på kjortelen, samt lange hengeermer. Framleis var kjolen utan saum i livet. Isydde kiler for passform og eleganse. Kring 1330 vart den tidlegare lause kvinnedrakta snevrare i livet, vart som mannsdrakta å knappa, fekk tettsluttande liv og vidt skjørt. Ei stund kunne ermehola på "surkoten", som kvinner bar over kjortelen vera så store at det vart kalla "helvetesvindauge". Ettersom det ikkje fanst lommer, vart nøklar og liknande hengt i beltet. Det store armholet gjorde at ein lett kunne stikka handa inn og henta det som trongst. Dette var nok mest vanleg blant dei rikaste. Det same gjeld figursydde kjolar med vide lange klokkeermer som i ulike variantar var i bruk frå 1100-talet til midt på 1400-talet Desse vart sydde av panelar (remser). Nede kunne vidda aukast med kilar.

Etterkvart (1400) vart det større skilnad på livdel og skjørt i kvinnedrakta, men drakta forblir samansydd til omlag 1500. Kvinnekjortelen har alltid vore sidare enn mannskjortelen. Plisserte tøystykke som kan ha vore delar av klesplagg, er som nemnt kjent frå fleire middelaldergraver. . Brok var truleg ikkje vanleg brukt av kvinner. I Laksdølssaga står det om Aud som fekk tilnamnet Bròka-Audr, fordi ho gjekk med mannfolkbrok.

Gifte, respektable kvinner skulle kle seg annleis enn friller og lausaktige kvinner, slik det heiter i ei føresegn i Bergen frå Håkon V Magnusson tid. Eit hovudskilje er at den ugifte har hatt utslege hår, gjerne halde saman med eit panneband eller ein kam. Rundt 1100 er håret midtskilt, gjerne med to lange fletter nedover brystet. Kona hadde også langt hår, men dette vart sett opp i ein topp og gøymt under ein hovudbunad. På 1200-talet brukte gift kvinner hovudlin (tynt, toskafta linstykke som heng over panne, hals og skuldrar). Etter omlag 1250 vart dette truleg supplert med eit hakelin (barbette) som dekka hals og bryst. Det kunne bli festa oppå hovudet, under hovudlinet, dette gjev andletet ei mjuk, bølgjande innramming. Eit panneband kunne halda hovudlinet/sløret på plass. Ei tøykrune (crespine) kunne brukast av dei meir velståande over barbette og evt hårnett, som kunne vera laga i sprangteknikk. Ofte nemnd er hovudbunaden faldr, som er sett saman av eit underlag, stallr eller faldstallr og (oftast) kvitt lintøy som vart vikla om denne. Høgda på faldr varierte. Denne hovudbunaden har halde seg i islandsk draktskikk inn i nyare tid. Men spørsmålet er om faldr har vore brukt utanom Island. Skaut er også nemnt i litteraturen. Til høgtids har det dessutan vore brukt hovudduk, som visstnok var ein lang og smal linduk, gjerne med innvovne gulltrådar, som vart vunde om hovudet. Kvinner kunne også ha band rundt håret.

Hosene til kvinner var kortare enn mennene sine, og festa med hoseband ved kneet.

Felles for kvinne- og mannsdrakta:

Både skriftlege samtidskjelder og bilete av drakter frå middelalderen gjev oss inntrykk av ei relativt kjønnsnøytral klesdrakt på 1100- og 1200-talet. Fleire draktforskarar har påpeikt at både menn og kvinner er ikledd heillang kjortel på ei rekkje bilete og skulpturar, i alle fall frå omlag 1200.

Etter 1300-1400 blir skilnaden i manns- og kvinnedrakta tydelegare.

Plissering er det gjort mange funn av, men det er vanskeleg å vita om rynkeplisserte brystparti kan ha fungert som kjønnsindikator, fordi alle slike livplagg er meir eller mindre fragmentert. I eitt tilfelle kan me vera sikre på at plagget vart bore av ei ung kvinne (grav nr 31 frå Uvdal stavkyrkje). Kor vidt menn også kunne bruka denne typen plagg er det førebels ikke lett å ha noko formeining om. Rynkeplisseringa gjer også at denne typen livplagg er stoffkrevande. Årsaken til den relativt moderate skilnaden mellom livplagg for menn og kvinner kan vera fleire. Mindre nyanser og detaljer som i middelalderen kan ha hatt noko å seia, kan i dag vera vanskelegere å fanga opp. Det er også mogleg at kjønnsmarkørar i drakta har vore tydelegere i andre type plagg enn i livplagga. Ei undersøkjing av hovudplagg ville i denne samanhengen vera interessant. Det er også mogleg at me ville kunna fått eit anna bilete av kjønnsmarkørar i livplagga dersom det bevarte drakttilfanget hadde vore større og meir variert [18].

Skor funne etter den såkalla Bockstenmannen. Foto: Toxophilu, 2017. Wikimedia Commons.

Sko: Sko er den del av drakta ein veit mest om. Det er gjort mange arkeologiske skofunn, med langt sprang i tid mellom funna. Dei eldste såla skorne ein har funne er frå omlag 700. Alle saumar er på innsida, men tåsaumen er synleg. Tidlege sko var gjerne laga av eitt stykke skinn og surra med reimer eller lisser. Frå middelalderen finst det eit stort og rikt skotilfang som viser at det har vore mange typar og mange variantar av sko. I den gammalnorske litteraturen blir det skjelna mellom høge og låge sko. Det er gjort funn av låge støvlar (Hedeby), men høge støvler fanst ikkje! Såler var alltid av storfe, dei var tynne og midtlaget på sålen rotna ofte opp. For våre moderne føter kjennest dei hællause sålane på middelaldersko svært tynne, men dei gjekk på mjukare underlag og var nok meir herda enn oss. Den gong brukte ein ikkje lim og stftar, og skorne måtte nok ofte reparerast. Oppovebøygd hæl heng ei stund att frå dei tidlege hudskorne, slik hæl forsvinn rundt 1050. Reimer og pyntesaumar heldt ein fram med i middelalderen.

Frå 1100 blir skorne utskorne foran og blir festa oppover vrista med spenner eller snorer. Låge støvlar blir snørt på innsida. Dei fire skorne som er funne i Oseberg-skipet (vanskeleg å finna par i arkeologiske utgravingar) har ein del eldre trekk, men også trekk som peiker framover mot middelalderen. Saum som tidlegare var funksjonell går over i dekorsaum. Den eine sålen er spiss både framme og bak, sydd opp i ein spiss i overlæret, slik at hælen blir forsterka.

Ein kan klassifisera skorne etter måten dei vart festa til foten på: Reimsko er eldst. Deretter kom sko med snøring gjennom overlæret eller i sida. Stroppesko hadde ein stropp på overlæret som blir knytt saman på overvrista. Skorne har variert dekor, vanlegast er broderi. Det er gjort funn av sko som har dekor av av gul og raud silketråd som er sauma i utskjeringane. Slike broderi vart det slutt med på slutten av 1200-talet. Det er også funne runeinnskrifter på sko, som: «Kjærleiken overvinn alt....» Resten av sitatet kan vera på den høgre skoen! Skorne kunne også vera dekorert med hol gjennom overlæret. Eit par sko kunne kosta to til fire dagsløner!

Det er gjort liknande funn av sko i Europa som på Bryggen i Bergen, dette viser at ein kunne følgja europeisk mote frå 1100-talet. Det er alltid skilnad på høgre-venstre i skomaterialet frå middelalderen på Bryggen. Dette er vanskelegare å sjå i tidlegare materiale.

Snabelsko kom på mote frå 1300-talet. Skoen sin tåspiss vart forlenga til ein snabel som gjerne var to gonger så lang som foten. For ikkje å snubla i dei lange tåspissane måtte dei eventuelt bindast opp med silkeband under kneet. Det var klare reglar for kven som kunne bruka slike sko; høgadelen kunne ha lengst snabel, opp til 60 cm, borgarane maks 15 cm. Ytst på snabelen kunne det vera festa ei bjølle. Snabelskorne vart for narren! Kring 1360 har ein oppdaga at standspersonar har tilspissa føter, i motstnad til fattigfolk som frå barnsbein av har gått utan sko. Ein framhevar då standsmerket ved medvite å gjera skoen spiss. Men når underklassen tok etter overklassen sine spisse, lange sko måtte overklassen finna på noko anna og tok i bruk kumulesko. Det vart ogspå brukt tresåler til å binda fast under skorne for å unngå søle og skit. Frontsnøring og spenner kom seint (rundt 1400). I Bergen heldt skomakarane til i Skostredet (Vågsbunnen) og hadde skomakerlaug. Ein veit ikkje om skomakarane var norske, for handverkarar i middelalderen vandra. Dei hadde høg kompetanse og var internasjonalt orientert.

Belta var smale, bunde saman i ein knute eller forsynt med spenne. Dei lange endane hang fritt ned. Små vesker eller poser, samt reiskaper kunne hengja i beltet. For kleda i middelalderen hadde ikkje lommer.

Undertøy: Underklede veit ein lite om, bortsett frå at det har vore brukt serk som var laga av lin. Ein trur at serken var ermelaus og så sid at han nådde nedanom kjolen. Truleg hadde ein eit anna syn på og definisjon av underklede enn me har i dag. Kan til dømes serk og underkjortel ha vore brukt om einannan, avhengig av vêr og andre omstende? Det er gjort funn av to underplagg i lin frå Uvdal stavkyrkje, desse har enkle former og grove tekstilkvalitetar. I dette spesielle tilfellet veit me at plagga har vore bore under andre livplagg i ull, og det var difor truleg ikkje meininga at plagga skulle synast. Den relativt fornemme gravkonteksten og forseggjort snitt og tekstilkvalitet på dei andre plagga, skulle tilseia at underplagga har tilhøyrd personar med relativt høg sosial status. Det er imidlertid lite som tyder på at dette har vore markert gjennom undertøyet. Likevel er det verdt å merka seg at minst eitt av underplagga er raudfarga. Dette er altså ei investering ein har vald å ta, trass i at plagget ikkje skal synast. Mangelen på heil bevart lengde gjer at me ikkje kan vera heilt sikre på om underplagga har vore heillange. Det eine plagget frå Uvdal er funne påkledd ei ung kvinne, det andre på eit barn. Tilsvarande funn er ikkje gjort i mannsgraver, men det svært sparsomme materialtilfanget gjer at me ikke kan vita om menn også har hatt tilsvarande underplagg. Kvinner sitt undertøy, i litteraturen kalla «serk», er nemnt fleire stader i sagaene, og der blir serken skildra som lang. Det er blitt tolka av kjelder at serken fortrinnsvis var ermelaus eller med korte ermer, medan underplagga frå Uvdal begge har lange ermer. [19].

Underbukser vart ikkje brukt og det var vanleg å sova naken under fellen.

Storskjorte og serk: Frå omlag 1400 vart eit av basisplaga for menn ei vid storskjorta med store ermer. Skjorta var oftast lang nok til å kunna stappast ned i broka og kunne brukast med eller utan ein tunika over. Den heillange serkvarianten av skjorta vart brukt av kvinner. Både serk og skjorte haldt fram å bli brukt i renessansen og barokken, men då med endå meir vidda. Med tida vart plagget forsynt med både krage og mansjettar.

Struthetter funne i den frosne jorda på Herjolfsnes. Poul Nördlund, 2018. Commons.

Hetta var eit velkjent og praktisk plagg, brukt av både menn og kvinner, anten som eit sjølvstendig plagg eller festa til eit ytterplagg. Struthetta dukka opp på 1200-talet, fyrst i ein enkel variant utan strut eller kreneleringar. I byrjinga av 1300-talet vart hetta forsynt med ein strut av varierande lengde og breidde. Kaprunen/hette med skulderslag er truleg kjent i Noreg frå omlag 1200. Hetta var høgaste mote i 1200- og 1300-åra og vart brukt av både rike og fattige, men stoff og dekor skilde. Herjolfsnesfunnet inneheld 17 hetter i alt, alle laga av ulltøy og sydd saman av to symmetriske halvdelar. Dei er til å dra over hovudet. Somme gøymer berre halsen, andre har slag som går utover skuldrene. Dei stutte hettene har sidekilar, medan hettene med skulderslag har brystkile. Alle har, eller har hatt eit langt spisst vedheng, ein strut. Bockstenhetta som har skulderslag og strut er laga av eit heilt tøystykke. Struthetter finst på bilete i rikt monn gjennom heile middelalderen. I Noreg er det berre funne ei bevart struthette, i Uvdal stavkyrkje.

Rundt 1300 vart skulderslaga noko kortare og frå 1350 var struten lang (40-50 cm) Struten kunne hengja nedover ryggen, eller viklast om halsen i kaldt vêr. Struten var ofte sydd på seperat. På 1400-talet kunne struthetta berast som ei huve, med struten vikla rundt hovudet, som ein turban.

Dess lenger struten var dess gjevare var det. Biskopen i Skålholt på Island forbaud i 1359 prestane ei viss breidde og lengde på struten og fann det naudsynt å slå fast at struten ikkje måtte vera meir enn to fingrar brei og ei alen lang. I Italia kom det ei lov om at struten ikkje måtte vera meir enn 4,5 meter lang! Struthetta forekom i mange ulike variantar og vart brukt fram til 1500-talet, då hetta vart erstatta av meir hatteliknande kreasjonar.

Kappa hadde tidlegare vore det viktigaste plagget. Berre fornemme folk hadde vanlegvis hatt kjortel under kappa. Etter år 1000 vart det omvendt, kappa blir truleg meir eit overklassesymbol enn allemannseige. Såleis må hirdmannen ta kappa av når han møter kongen. Kappa kunne vera halvrund på fasong (Bockstenfunnet) og kunne vera laga, forutan av ulltøy, av fint stoff som silke, skarlak og pelsverk. Kappa kunne vera til dømes blå, raud eller brun på farge og vera fôra med stoff eller skinn, kanta med pels og prydd på ymse vis, også med gulltråd og glimesteinar, som det heiter i sagalitteraturen. Kappa var som oftast halde saman på høgre skulder (slik at høgre armen var fri) med eit spenne eller knytt i hop med band eller snorer. I islandske sagaer blir kappe og overdyne nemnt med same ord: feldr, skinn. Eit anna utanpåplagg som er omtalt i den gammalnorske litteraturen er kåpa. Ho var med hette og kunne vera med eller utan ermer[20]. Etter biletframstillingar å døma kan kappa ha vore eit overklasseplagg og kan ha fungert som symbol på det.

Barneklede: Middelalderen hadde ikkje ein sjølvstendig barnekultur, som i dag. Born vart betrakta som små vaksne, og gjekk difor kledd som mindre kopiar av dei vaksne. I Herjolfsnesfunnet var tre av kjolane, ei hette og ein hatt til barn. Ein av kjolane var til ei tiårs jente. Det er berre ut frå storleiken me kan sjå om det er drakter til vaksne eller barn. Små born opp til krypealder vart reiva. Fyrst vart barnet sveipt i eit lintøy. Deretter vart barnet inntulla i lange remser av lintøy, omlag 10 cm breie, slik at det vart pakka inn mest som ein liten pakke. Ein trudde at barnet med dette skulle få ein rettare og betre haldning som vaksen. Denne skikken heldt seg enkelte stader inn på 1900-talet. Når dei vart større fekk både gutar og jenter ein slags kjole. Som større born vart dei kledd som vaksne. Det var såleis heller ikkje skilnad på vaksne- og barnesko, berre storleiken skil. Born gjekk ofte berrbeint, når det var kaldt kunne dei ha sydde strømper eller beinklutar. Skilnad i klede mellom born og vaksne kom fyrst seint på 1800-talet.


__________


Kan ein snakka om ein middelalderstil?

Typisk for klede i middelalderen er: 

Utstrekt bruk av kilar til å gje kleda form. Kilene kan også vera skråskore berre på eine sida, dette gjev eit spesielt fall.

Augemålets symmetri. Ikkje så nøye at ting var symmetriske, dette er meir påfallande for oss som er van med maskintilverka produkt. Kunne dei ikkje betre? Tilpassa dei kleda til kroppens skavanker? Truleg var den visuelle tankegangen annleis, og når det er viktig å få utnytta stoffet best mogleg vil det ofte måtta gå på kostnad av symmetri, særleg på mindre stoffdelar som kilar og ermer.

Lite kjønnsmarkering, eventuelt kan hovudplagg ha vore brukt for å markera kjønn og identitet. Markering fyrst og fremst med tekstilkvalitet, mindre med snitt. Lange kjortlar vart brukt av både kvinner og menn (Herjolfsnesfunnet). Kjortelvidda var også den samme for begge kjønn, men mennene sine kjortlar stoppa truleg ved ankelen. Korte livplagg var berre for menn. Kjønn kan vera vanskeleg å avgjera på bilete.

Pryd i dekorelement og tekstilkvalitet vart brukt til å signalisera sosial status og gruppeidentitet, framfor form eller snitt. Dette er eit gjennomgående trekk i det arkeologiske materialet. Ein ser det individuelle i eit klesplagg som samstundes føyer seg inn i ein kollektiv stil.

Motene skifta også i middelalderen, og klesdrakta var heller ikkje den same for fattig og rik.

Nokre drakttypar held seg gjennom store delar av middelalderen, det er vanskeleg å snakka om ei lineær utvikling.

Undersøkjinga av bevarte livplagg viser at eit symmetrisk formspråk fyrst og fremst kjem til uttrykk i grupper av livplagg som det krev ein viss grad av økonomisk overskot for å kunna produsera. Det er derimot større grad av asymmetri i snittet i dei draktene som kan tolkast som lavstatusdrakter. I dei tilfella der asymmetrien kjem sterkast til uttrykk ser det ut til at det å signalisera god ressursutnytting har vore viktigare enn å skapa eit balansert og symmetrisk formspråk[21].

Det fanst ikkje byar i Noreg før i slutten av vikingtida. Berre omlag 10 % av befolkninga budde i byar, folk levde for det meste i jordbrukssamfunn. Kleda måtte vera funksjonelle for oss i nord, for at ein skulle overleva! Draktskikken var truleg ikkje regional, det er heller snakk om eit nordisk formspråk. Ein kan førebels ikkje sjå lokale markørar i middelalderen, til dømes er plissering funne mange stader (Bergen, Herjolfsnes). Funnstadane knyter dei plisserte stoffa til handel og profesjonelt handtverk, men det er vanskeleg å vita noko sikkert om korleis produksjonen har foregått. Det er også sterke indikasjonar på at denne typen plagg mest har vore eit urbant fenomen. [22] .

Alle dei middelalderske fragmenta og livplagg med rynkeplissering som er datert, er frå 1300-talet. For Uvdals vedkomande til siste halvdel av århundret, medan livplagga frå Herjolfsnes er frå fyrste halvdel av århundret. Dei to fragmenta som finst bevart frå middelalderbyen Bergen er stratigrafisk datert til høvesvis 1332-1413 e.kr. og før Dette er interessant å merka seg, fordi handelen på Grønland fyrst og fremst hadde sitt utspring i Bergen. Det er ikkje sannsynleg at eit så karakteristisk trekk som rynkeplissering ville koma til Herjolfsnes fyrst, for sidan å spreia seg til Bergen og Uvdal. Ei rimelegare tolking må vera at rynkeplisseringa anten er eit drakttrekk som har førekome gjennom heile århundret i Noregsveldet, eller også at draktene frå Herjolfsnes snarare skal daterast til midten enn til byrjinga av århundret. [23]. Draktene i Herjolfsnesfunnet viser at folk på Grønland følgde europeisk mote, sjølv om dei budde langt vekke. Klede kunne også bli gitt som gåver, og årlege handelsskip til Grønland kunne bringa nye klesskikkar med seg. Fleire trekk i klesdrakta er vidareført frå middelalderen, ikkje minst i hovudbunad som markerer skilnad på gift og ugift. I laskatrøyer finn ein leivning etter kilar. I bunadskjorter finn ein primærsnitt som i kjortelen. Plissering har opp gjennom åra dukka opp i både folkedrakt og moteplagg. Mi-parti kunne ein mellom anna sjå i kjolemoten på 1960-talet. Middelalderen har mange spanande plagg som me gjerne kan byggja vidare på i dag.

Frå klesdrakta i middelalderen vart det ein brytning mot renessanse perioden, med meir individualisme der den enkelte kjem tydelegare fram som eit eige individ. Men det er ei anna historie!


Litteratur:

  • Fransen, Nørgaard, Østergård: Medieval garments Reconstructed. Aarhus Univerity Press 2010.
  • Gjessing, Thale: Gudbrandsdalens folkedrakter side 29-45. Forlagt av J G Tanum, Oslo 1949.
  • Heimskringla.
  • Omdahl, Frode: Spor etter det norrøne Grønland (Tekstil, fiber).
  • Ingstad, Helge: Landet under leidarstjernen. Gyldendal Norsk Forlag AS, 1959 og 1995.
  • Klær og kultur, Stavanger 1932.
  • Kutschera, Espen: Foredrag om sko i vikingtid og middelalder, Bjørgvin marknad 2018.
  • Noss, Aagot: Draktfunn og drakttradisjon i det vestnordiske området frå vikingtid til høgmellomalderen. Særtrykk av VIKING 1974.
  • Nygaard, Randi Lium: Tekstilkunst i Norge. Museumsforlaget, Trondheim 2016.
  • Sophias Ateljès Forlag, Visby: Mønster til Medeltidsdrakter, 2001.
  • Stang, Margrethe C.: Bling! Pynt og klær i middelalderen. Lokalhistorisk magasin 3/09.
  • Sørum, Kiki: 1001 knapp. Orion Forlag AS, 2000.
  • Vedeler, Marianne: Draktmaterialet fra Guddal, funksjon og visuell kommunikasjon. Hovedoppgave i arkeologi med vekt på Norden, Bergen 1992.
  • Vedeler, Marianne: Klær og formspråk i norsk middelalder. Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo 2006 samt diverse publikasjonar om middelaldertekstilar.

Fodnoter

  1. Marianne Vedeler 2006 samandrag s. 49-50.
  2. Marianne Vedeler 2006 samandrag s. 15-19
  3. Marianne Vedeler 2006 samandrag s. 118-129
  4. Marianne Vedeler 2006 samandrag s. 82-84
  5. Marianne Vedeler 2006 samandrag s. 113-115 og s. 171
  6. Helge Ingstad samandrag s. 412-416
  7. Frode Omdahl, Tekstil, fiber
  8. Marianne Vedeler 2006 samandrag s. 53
  9. Marianne Vedeler 2006 samandrag s. 57-60 og s. 118
  10. Wikipedia
  11. Marianne Vedeler 2006 samandrag s. 138
  12. Aagot Noss, sjå litt. liste.
  13. Aagot Noss s. 7.
  14. Aagot Noss s. 8.
  15. Aagot Noss samandrag s. 10
  16. Samandrag etter Noss s. 11.
  17. Aagot Noss s. 15
  18. Marianne Vedeler 2006 samandrag s. 145 og 245
  19. Marianne Vedeler 2006 samandrag s. 167
  20. Aagot Noss samandrag s. 17
  21. Marianne Vedeler 2006 s. 240
  22. Marianne Vedeler 2006 samandrag side 96-97
  23. Marianne Vedeler 2006 samandrag side 145-146