Målet i Nord-Gudbrandsdalen i millomalderen

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Årbok for Gudbrandsdalen

Målet i Nord-Gudbrandsdalen i millomalderen

av Vegard Aukrust
© 2005


DN3-403-13760221.jpg
(Faksimile av DN III:403, skrive på Aukrust 21. februar 1376)


I Noreg i dag har me to norske målformer og nokre samiske som offisielle, attåt desse er engelsk mykje brukt i høgre utdanning og i forskning. I millomalderen hadde latin um lag same stillingi internasjonalt som engelsk i dag, serleg gjønom kyrkja. Med kristendomen kom latinen, og med latinen kom det latinske alfabetet på 1000-talet. Då hadde runealfabetet vore brukt i 800 år, og det skulle enno gå mange hundreår føre det gjekk heilt ut or dagleg bruk. Dei eldste norske skriftene med det latinske alfabetet kjenner me berre gjønom nyare avskrifter. Alle registrerte norske millomaldertekstar kan lesast i Diplomatarium Norvegicum som inneheld um lag 20 000 diplom frå 1018 til 1570. Det eldste på norsk som framleis finst i original utgåve, er eit brev utferda av baglarkongen Filippus Simonsson millom 1207 og 1217. Til samanlikning er det eldste svenske frå 1340-årom.
   Tidlegare har det vore vanleg å kalla språket i perioden fram til svartedauden for gamalnorsk, og i perioden millom svartedauden og reformasjonen for millomnorsk. Denne inndelingi byggjer meir på historiske og politiske hendingar enn på språklege kriteria. På eit strengt språkleg grunnlag kan ein kalla språket fram til um lag 1250 for eldre gamalnorsk, og millom 1250 - 1500 for yngre gamalnorsk. Gamalnorsk skil seg frå norrønt, slik mange kjenner det frå skulen, på nokre umråde, men dei er for det meste reint ortografiske. Til skilnad frå gamalnorsk er norrønt ein idealisert rekonstruksjon som i hovudsak byggjer på gamalislandsk. Me kan tala um eit gamalnorsk kanselispråk som etablerte seg som ei relativt fast norm i skrifter frå kongens kanseli og erkebiskopen i Nidaros. Frå midten av 1200-talet uppheldt kongen seg for det meste i Bergen, Nordens største by, og ein av hanseatane sine viktigaste byar. Etter at kongens kanseli vart flytt dit, byrja vestlandske målmerke og tyske ord å koma inn i skriftspråket. Um lag år 1300 flytte kongen åt Oslo, og austlandske målmerke kom etterkvart inn i skriftspråket. Enda seinare kom fyrst svensk og så dansk påverknad inn i skriftspråket, men me kan likevel tala um eit norsk skriftspråk fram til um lag år 1500.
   Det syner tydeleg i brevom frå millomalderen at det var ulike målføre da som no. Mange av målmerkom som serpregar einskilde målføre i dag, kan faktisk førast attende åt millomalderen. Mange av brevom frå seinmillomalderen vart utferda av kongens kanslar, riksrådet, ein lagmann eller einkvan biskopen og fortel difor ikkje så mykje um talemålet i t.d. Nord-Gudbrandsdalen, men det finst ei mengd bygdebrev som vart skrivne av folk i bygdom på 13- og 1400-talet. Språket i desse brevom syner lite utanlandsk påverknad, og skriftspråket er enno på slutten av 1400-talet ein slags gamalnorsk, men stavingi verkar tilfeldig og inkonsekvent. Det er nettupp slike avvik frå ei idealisert norm som kan fortelja eitkvart um talemålet i seinmillomalderen. Det gjeld berre å lugge ut slikt som ikkje seier noko um talemålet.


Form og innhald

Dei fleste bygdebrev har form som opne brev eller kunngjeringar av ein handel. Inneleiingi inneheld namn på avsendar, ev. mottakar og ei helsing. I dei fleste verdslege brev er det formulert slik:
"ollom monnom þeim sem þettæ bref sea edhæ høyræ sendæ X1 ok X2 q. gs ok sinæ"
Umsett blir det:
"Alle mann, dei som dette brev ser eller høyrer, sender X1 og X2 Guds og si helsing".
Etter di slike brev var opne, var dei adresserte åt alle mann (jf. "To whom it might concern"). Den som sjølv ikkje kunne lesa, fekk brevet lese for seg, difor passar ordet høyrer. Denne måten å innleie brev på, var ubrigda sidan dei aller eldste på 1200-talet. Ein må difor rekne med at det var ein standardisert formel og fylgjeleg ikkje representativt for målet lokalt. I brev som vart skrivne av presten eller ein kyrkjeleg mann, finn ein ofte ei onnor formulering:

"þet se ollom monnom kunnikt at ek siræ X1 hefuer ..."
Umsett:
"Det vere alle mann kunnig at eg sire X1 har ...".
Same formuleringi finn ein ofte i brev som umhandlar gåvor åt prest eller kyrkje, noko som kan tyde på at presten sjølv skreiv brevet. Ein ser her eit døme på den gamalnorske konjunktivformi se i 3. person eintal presens av vera.

Hovudteksten i brevom har som regel form som ei kunngjering. Der gjerer personane som har utferda brevet, fyrst greie for kvar det er utferda med ei slik formulering:
"kunnikt gerandæ at mer warom a monom er ligger a loom"
Umsett:
"kunngjerande at me var på Moen, som ligg på Lom"

Vidare daterer dei brevet med denne formuleringi:
"a freadaghen firi mario messo a v are ok xx rikis wars wyrduligs herræ herræ Eiriks med guds nadh noregs konongs"
Umsett:
"på fredagen føre mariamessa i det 25. år av vår vyrdelege herre, herre Eirik, med Guds nåde Noregs konges rike (d.v.s. regjeringstid)"
Det viser altså til ein merkedag i kongens regjeringstid, i dette tilfellet Eirik av Pommern som var konge frå 1389 til 1442.
Deretter fylgjer namni på dei som brevet gjeld. Ofte gjeld det kjøp og sal av jord. Oftast er det formulert slik:
"sagom handerband ok høyrdhom ordh þeiræ sua eita X3 af einni halfu en af annare X4 medh þeim skilmale at adher nemnder X3 selde fyrr nemndom X4 sua mykit sem han atte i nørdhræ gardhe"
Umsett:
"såg handtrykk og høyrde ord deira som heiter X3, av ei halve, og av andre, X4, med den avtala at før nemnde X3 selde før nemnde X4 så mykje som han åtte i nørdre gard"
I mange slike brev om jordtransakasjonar er einingi kyrleige nytta um kor mykje jord som vart overførd.

Det er ofte presisert at dette er ei endeleg avtale, og at kjøparen no er einsleg eigar:
"þriggiæ kualeigu iærdhær friælsa ok heimolæ firi huarium manne medh ollom þeim lutum ok lunnandom sem til hefuer leghet at forno ok nyghiu utan gardz ok jnnan til everdelighar eighu ok altz afrædhes"
Umsett:
"tri kyrleigor jord, frelst og heimla for kvar mann med alle dei lutar og lunnende som til har lege frå fornt og nytt, utan- og innangards, til evig eige og alt avræde"

Sjølve betalingi blir òg ofte stadfesta i same brevet. Det brukar å vera formulert slik:
"kendest ok X3 fyrr nemnder i sama handerbande hafua up boret X4 adher nemndom fyrstæ pening ok sidhastæ ok allæ þær i millom sem i kaup þeiræ kom"
Umsett:
"Før nemnde X3 vedkjende òg i same handtrykket å ha bore upp fyrste og siste penge, og alle der imillom som kom i kjøpet deira, av før nemnde X4"
Betalingi brukar å bli rekna i kyrlag. Skilnaden er at ei kyrleige er den mengdi med jord som kostar ei ku i landskyld, medan eit kyrlag er verdet av ei ku i pengar og lausøyre.

avslutningi er tid og stad repeterte. Det er som regel formulert slik:
"til sanninda settom mer var insigli firi þettæ bref er giort var dæghi ok are sem fyrr seghir"

Umsett:
"til sanning sette me våre innsegl for dette brev som gjort var dag og år som før seier"
Om fleire enn dei som vart nemnde i innleiingi, sette innsegl, er namni deira tekne med her.


Aksent og tonefall

Av alle norske målføre er det berre i Nord-Gudbrandsdalen ein framleis kan høyre same aksenten og tonefallet som truleg var utbreitt over heile landet i millomalderen. I dag lærer ein i skulen at dubbel konsonant syner at vokalen føre er stutt, men det er ikkje heilt rett. Ord som at, for og til uttalast med stutt vokal. Eit døme som syner korleis aksenten har brigda seg i ulike målføre, er ordet skot. På vestlandsk uttalast det med trykk på vokalen, og på upplandsk med trykk på konsonanten. I Nord-Gudbrandsdalen derimot har korkje vokalen eller konsonanten trykk, slik at nord-dølar, sjølv um dei knotar, fær eit umisskjenneleg tonefall. Legg ein til ei staving, t.d. i infinitiv av verb, fær ein eit ord med jamvekt. Jamvektsregelen har verka over nesten heile det umrådet me kallar austnorsk, men då er det berre tale um resultatet av jamvekt, t.d. kløyvd infinitiv, men sjølve tonefallet finst i dag berre i Nord-Gudbrandsdalen.


Teikn og forkortingar

Det som gjerer gamalnorsk vanskeleg å lesa for folk i dag, er kanskje meir skrifti enn språket. Ulikt svensk og dansk har gamalnorske bokstavformer ein viss likskap med britiske. Dette, og det at ein i Noreg byrja å skrive sitt eige språk med det latinske alfabetet mykje tidlegare enn i grannelandom, hekk truleg saman med at kristendomen i større grad kom hit vestfrå.
   Nokre teikn kan stå for eigne stavingar eller heile ord, t.d. er det eit teikn for latin et, som tyder og, og kan stå for det eller stavingane ed, eller et. Ei onnor vanleg forkorting er nasaleringsstrek. I staden for å skrive <m>, <n> eller <ng>, sette ein ein strek over vokalen føre. Dobbelskriving av <m> og <n> er uvanleg, difor kan mōm tyde både monnom (menn) eller Monom (Moen). Ei tridje mykje brukt forkorting, er eit lite teikn med s-form i overkant av lina. Denne skal lesast som en vokal + r, serleg <er> er vanleg.
   Bokstaven <ð> hadde gått ut or bruk allereie umkring år 1300. I staden brukte ein <d> eller <dh>. Fyrste tidi etter at <ð> gjekk ut or bruk, var skilnaden på <d> og <dh> truleg medviten, men på 1400-talet var det nok meir tilfeldig. Det tyder likevel ikkje på at lyden /ð/ var forsvunnen. Då skulle det i så fall ikkje ha vore nokon bokstav der i det heile. Det var nok heller så at det ikkje var nokon grunn til å skilja millom dei i skrift. Bokstaven <þ> heldt seg heilt fram til slutten av 1400-talet, men vart gradvis fortrengd av <th>. Lyden /þ/ heldt seg truleg enda lenger, <th> vart brukt langt inn i dansketidi i ein del pronomen som thet og them.
   Til mi eigi overrasking har eg funne at bokstaven <ø> på 1400-talet vart skriven som i dag, og ikkje som <œ> eller "o med øyra". Bokstaven <æ> vart brukt meir på 1400-talet enn nokon gong før eller seinare. Dette hekk delvis saman med reduksjonen av endingsvokalen <a>, men han er òg mykje brukt i ord som præst eller i diftongen <æi>. Bokstaven <å> eller <aa> fanst ikkje. Upphavet til lyden /å/ er lang eller nasal /a/, difor er det ikkje så rart at han vart skriven <aa> fram til millomkrigstidi. Det er likevel grunn til å rekne med lyden /å/ fanst der me har han i dag. Det ser ein m.a. av at sume ord med denne lyden kan vera skrivne vekselsvis med <a> og <o>. Den stutte /å/-lyden, skriven "o med kvist" i norrønt, var ein serskild islandsk bokstav som knapt var brukt i gamalnorsk med mindre det var ein islandsk skrivar. Vanlegvis brukte ein vanleg <o> i Noreg.
   Bokstavane <f> og <u> kan skapa forvirring. Saman med <u> kan ein rekne <v> og <w> som truleg berre var alternative bokstavformer for same lyden. Bokstaven <f> stod truleg for lyden /v/ millom vokalar eller millom vokal og stemd konsonant, ofte er han da kombinert med <u>, t.d. hefuer - hafdhe. Bokstaven <u> vart truleg alltid uttala um lag som når me i dag seier ung og dum, eller som /w/ i engelsk når han ikkje var stavingsberande, t.d. hvat - kva (jf. what).
   For dei som berre kjenner gamalnorsk gjønom norrønt, kan det vera interessant å vita at konsonantsambandi i ord som eptir og nafn vart skrivne <ft> og <mn>. Det heitte såleis efter og namn som på svensk i dag.
   Ein finn òg einskilde døme på palatalisering, men da berre av <g> - ikkje <l>, <n> og l- og n-samband. Ein finn eit mykje brukt døme i ordet nyghiu som er ei inkjekjøn-dativform av adverbet nytt, på klassisk gamalnorsk skrive nyju. Her ser me at <gh> er brukt for å markere lyden /j/, og det kan ikkje ha vore tilfeldig.


Endingsvokalisme

I dag er endevokalen <a> i trykklett stilling på gamalnorsk, redusert til /ə/ (schwa) i Nord-Gudbrandsdalen. Det vil seia ein nøytral trykklett vokal, ofte plassert millom /æ/ og /ø/. Allereie på 13-1400-talet finn me at <æ> ganske konsekvent er brukt i staden for upphaveleg <a>. Utviklingi kan forklårast slik: herra > herræ > herrə. I ord med jamvekt er vokalen ikkje redusert. Det ser ein av ord som mågå og verb med a-infinitiv. Det same gjeld fleirtalsendingar på -ar, t.d. armə, men ikkje i ord med jamvekt i fleirtal, t.d. dågå. Dette syner at det hekk saman med trykket på endestavingi. Seinare fall <r> burt i endingi.
   På norrønt finn ein ofte endingsvokalane <i> og <u>, men i gamalnorske tekstar var desse ofte <e> og <o>. Ein kan difot ikkje seia at dette er noko serskilt med fleirtalsformer som bygdė og viso. Det einaste som skil desse formene frå gamalnorsk, er r-burtfall. Eit gamalnorsk målmerke som ein finn i Nord-Gudbrandsdalen i millomalderen - og i dag, er kalla vokalharmoni. Det vil seia at vokalane <e>, <æ>, <a>, <o> og <ø> i rotstaving fekk endingsvokalane <e> eller <o>, medan <i>, <y>, <u> eller diftong fekk endingsvokalane <i> eller <u>. Eit godt døme, som framleis står seg, er ordi viku og holo. Det ser likevel ut til at det i dag er avgrensa til jamvektsord.


Formverk og morfologi

Det er hevda at kasussystemet og samsvarsbøyingi av verb gjekk i uppløysning i laupet av seinmillomalderen. Det er ikkje heilt presist. Det er meir presist å seia at mange av dei serskilde endingane som skilde dei ulike formene, vart utsette for vokalreduksjon og r-burtfall slik at dei vart like. Det ser ein godt av at dativ fleirtal har halde seg i bundi form, nettupp den formi som var minst utsett.
   Den skarpaste funksjonelle skiljet var millom nominativ og akkusativ, difor har mange påpeika det som eit paradoks at desse var dei som fyrst fall saman. Men kanskje var det så at nettupp for di skiljet var så skarpt funksjonelt, vart morfologisk markering overflødig. Den største gruppa substantiv som hadde skilje i gamalnorsk, var hankjønnsord. Nominativ eintal av sterke hankjønsord hadde endingi -r, og linne -i. Sterke hankjønsord hadde inga ending, medan linne hadde -a (dativ og genitiv òg). Frå slutten av 1200-talet finn ein ofte ein innskotsvokal for nominativendingi -r. Dette var utbreitt over heile lander. I Nord-Gudbrandsdalen på 1400-talet finn ein i sume tilfelle at han vart skriven <æ> slik at han forvekslast med fleirtal. Endingsvokalane i linne hankjønsord vart redusert slik at granni vart granne i nominativ, medan den oblike formi granna vart grannæ. Ein ser altså at formene vart meir like, men like fullt var det eit skilje. Inkjekjøn og dei fleste sterke hokjønsord hadde ikkje noko tilsvarande skilje, men linne hokjønsord hadde skifte millom endingsvokalane <a> i nominativ og <u> eller <o> i oblike kasus. I fleirtal heng samanfallet meir saman med r-burtfall. Ei onnor sak når det gjeld eintal nominativ og akkusativ, er at på vestlandsk og i overvektsord i austlandsk er den gamalnorske nominativformi upphavet til dagens form, medan er akkusativformi upphavet for linne han- og hokjønsord med jamvekt på austlandsk.
   Den kasusformi som har halde seg best, er dativ. På gamalnorsk var endingi <um>/<om> i ubundi form og <onom>/<onom> i bundi form fleirtal. I dag har me berre bundi form <om>. Eg har funne eitt døme frå Lom på 1400-talet med ei form som liknar den gamalsvenske endingi <umin>. Nokor forklåring på dette har eg ikkje, men det var mange svenske læremeistrar ved kyrkjelege institusjonar på den tidi. Det verkar som um ubundi form i eintal har vorte til bundi form i dag for han- og inkjekjønsord. Elles ser det ut til at bruken av dativ ikkje var serleg annleis på 1400-talet i Nord-Gudbrandsdalen enn i gamalnorsk.
   I gamalnorsk hadde genitiv fleire ulike former og mykje vidare bruk enn i dag. I Nord-Gudbrandsdalen i millomalderen ser det ut til å ha vore brukt som i eldre gamalnorsk. Det heng att noko av det i dag i preposisjonsuttrykk som te fjells og te lands, eller te bygda og te manna som Ivar Kleiven skreiv. Ein kan tala um eit samanfall av genitiv og dativ på den måten at umskriving til preposisjonsuttrykk med dativ tok over for genitiv.
   Samsvarsbøyingi av verb ber på 1400-talet preg av at eintalsformene fell saman til ei form. Fleirtalsformene held seg best når verbet kjem rett føre eller etter subjektet. Når subjektet inneheld fleire namn eller substantiv, eller når det står langt frå verbalet i setningi, kunne det likevel av og til stå i eintalsform.


Pronomen

Dei fleste pronomenformene skil seg lite ut frå både gamal- og nynorsk. Det kan ha samanheng med at dei er så høgfrekvente i bruk, og at dei av den grunn ikkje brigdast så lett. Det finst likevel nokre få unnatak i 1. person eintal nominativ med iek eller iak i staden for ek. Det er påfallande at det i fleirtal berre er dativformer som har overlevt til i dag.
   Eg har funne to ting ved personlege pronomen som eg tykkjer er ekstra interessant. Det eine er at ein enno på 1400-talet hadde eit konsekvent skilje millom total og fleirtal i 1. og 2. person fleirtal. I 2. person er det totalsformi som er upphavet til dagens form. Ein finn berre fleirtalsformi ydher i akkusativ og dativ. Nominativformi var truleg er eller kanskje þer. Totalsformi var mest truleg þit i nominativ og þykker i akkusativ og dativ. Det er denne siste formi som må vera upphavet til døkk.
   Det andre er at personleg pronomen 1. person total og fleirtal nominativ ikkje hadde nokor form som tilsvarar vi. Det er ikkje så overraskande med tanke på andre målføre på hi sida av fjellet. I total heitte det mit og i fleirtal mer. Tilsvarande for akkusativ og dativ var okker og oss. Det er difor grunn til å tru at det aldri har heitt vi i Nord-Gudbrandsdalen, iallfall ikkje så lenge det latinske alfabetet har vore i bruk. Eg vil gisse at total forsvann fyrst, og at samanfallet av oss og nominativformi kom seinare. Kva tid me forsvann, er ikkje lett å vita. I 1770 skreiv Edvard Storm: Os ha gjort qua gjæras skulle, medan Thomas Rosing de Stockfleth i 1798 skreiv: Me som ha saa vie vanka. Dette kunne kanskje folk i Gudbrandsdalen tenkje på føre dei skriv vi som ikkje har nokon tradisjon her. Praetera censeo, linguam librariam esse delendam!