Norrøne gravfunn på vikingøya Man

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Knut Rage
Tysnes

Norrøne gravfunn på vikingøya Man


Knut Rage

Tysnes
© 2013



Den vennlege vikingen

Minne om dei norske vikingane finn ein overalt, som denne statuen utanfor museet i den vesle byen Peel.
På det historiske opplevingssenteret i den vesle hamnebyen Peel, på austsida av Man - House of Manannan, som vert vakta av ein barsk vikinghovding ved inngangen, mellom borgen Peel Castle på den eine sida og den skarpe, underleg velkjende lukta av kippers som kjem drivande frå kippersfabrikken nede i hamna - får du sjå filmen om den vennlege vikingen. Eit vikingskip gjer strandhogg, ville hordar hopper i land, dei fromme kristne jomfruene på øya flyktar skrikande unna ein lagnad verre enn døden. Ei vakker jente spring opp i høgda med ein ung blond viking etter seg. Han når henne att, kastar henne i bakken. Ho gjev opp all motstand, veit kva som no vil skje. Men i staden smiler han og seier noko ho tolkar som: "Eg er ein ven..."


Dei første vikingane på Man

Då vikingane kom hit kanskje så tidleg som ca. 900 fann dei eit folk som livnærte seg av fiske og jordbruk. Det fanst lite skog på øya, det meste var hogd og rydda gjennom hundreåra før denne tid. Nykommarane tok raskt over det etablerte samfunnet, sikkert ikkje på så fredeleg vis som filmen i House of Manannan vil ha det til. Men det ser samstundes ut til at vikingar og keltarar fann fram til ein slags fredeleg sameksistens, med nordmennene som den dominerande parten. Norrønt språk og norrøne skikkar og tradisjonar dominerer i denne perioden.

Ved kyrkja på Maughold nord på øya finst ei samling norrøne solkross, som me ser eit døme på her.
Keltarane på Man vart kristna på byrjinga av 500-talet. Då vikingane kom hit må det ha vore ei utfordring og ein religiøs styrkeprøve for begge partar. Det var som me veit den kristne trua som gjekk av med sigeren. Som nemnd gjekk ikkje det norrøne landnåmet like valdeleg føre seg her som andre stader. Innan få generasjonar var vikingane absorbert i den innfødde befolkninga, vert det hevda. Kulturblanding og blandingsekteskap førte med seg at kristendommen nok ein gong vart den førande religionen på øya, der den nye kristne trua gav seg uttrykk i umiskjenneleg norrøn stil. Det samla talet av steinkrossar med intrikate norrøne mønster på øya er unikt.

Ein kan gjera ein freistnad på å kartleggja den første norrøne busettinga på Man på to vis: gjennom skriftlege kjelder, eller via moderne arkeologi. Berre det sistnemnde er påliteleg, så langt som det rekk. Dei skriftlege kjeldene er lite å stola på. For det første er dei skrivne i ettertid, gjerne eit par hundre år seinare, og for det andre er dei farga av dei ymse forfattarane sine haldningar. Ein av dei ytterst få pålitelege kjeldene er den anglosaksiske krønika. Her høyrer me om ein viss "Maccus, konge over mange øyar" som svor truskap til den engelske kong Edgar - kanskje det er Magnus, som herska over Man og dei sørlege Hebridane, eller Suderøyane, som det heiter i norrøne skrifter. Elles vert Man knapt nemnd i engelske skrifter, korkje politisk eller i samband med ufred. Det er "Soga om Orknøyingane" som fortel at vikingane kom til Man ca. 900, men det er eit skrift me skal stola lite på - skrive på 1200-talet som det er, fleire hundre år seinare.

Dermed står me altså att med dei handfaste prova som arkeologien kan gje oss. Og då burde me vera godt skodde, for ingen andre stader på dei britiske øyane finst det rikare og meir mangfaldige arkeologiske funn enn nettopp her - frå bustader, festningar, graver, steinkross med norrøne mønster og innskrifter, mynter og ikkje så reint få lausfunn. Det er ikkje sikkert at dei som først slo seg ned her berre kom frå Noreg. Det er også godt mogleg at det i tillegg kom norske vikingar som var pressa vekk frå Dublin på byrjinga av 900-talet.

Dei tidlegaste prova for at det fanst vikingar på Man får me gjennom heidenske gravfunn som er daterte tilbake til 900- og 1000-talet. Det er desse me må sjå på først.


Gravfunn

Det er gravfunna som fortel oss mest om dei aller første vikingane som kom hit. Her finn me dei same gravskikkane som i Noreg og i det norrøne kulturområdet elles på denne tida. Men det er ein skilnad - likbrenning ser ikkje ut til å ha vore praktisert. Kan det ha vore ein viss påverknad frå dei eksisterande kristne gravferdsskikkane som dei møtte her? Kring fem og tjue heidenske, eller halvheidenske, gravstader fortel om nykommarar som enno ikkje har gått over til kristendommen, eller som er i ferd med å gjera det. Me finn både gravhaugar og einskildgraver på flat mark, nokre gongar på eksisterande kristne gravstader. Det finst også nokre bautasteinar til minne om den døde, utan at nokon er gravlagt der. Det ser ut som det tok minst ein generasjon før vikingane gjekk over til kristendommen og kristne skikkar.

Fire gravhaugar er grundig undersøkt. Ei femte grav, ei skipsgrav, høyrer tydeleg saman med denne serien. Den ligg på toppen av ein ås, godt synleg frå alle kantar, på det som ein gong var ein storgard. Alle stader var det menn som vart hauglagt.

Av desse gravhaugane er haugen på Ballateare, på nordvestsida av øya, heilt ute ved kysten, den mest interessante, ettersom den var så velbevart då den vart greve ut i 1946, samstundes som den også fortel om eit komplisert gravritual. I det øvste laget vart det funne brende dyrebein - av okse, hest, sau og hund. Lenger nede i jorda låg skjelettet av ei ung kvinne, mellom 20 og 30 år gammal. Eit stort, rundt hol i bakhovudet hennar fortel at ho vart drepen. Det er liten tvil om at denne unge kvinna, til liks med dyra, har vore ofra. Slike offer var ikkje så vanlege mellom vikingane, og dette er det einaste funnet av sitt slag på dei britiske øyane, sjølv om det vart gjort eit liknande funn ein annan stad på Man.

Men dette er ikkje alt. Gravhaugen inneheldt også ei kiste der ein mann var lagt med hovudet mot vest. Tennene kunne fortelja at han var ein stad mellom 18 og 30 år gammal. Han var lagt i grava med staselege våpen - to spyd låg oppå kista, ved sida av låg eit skjold. Det ser også ut til at det har lege eit sverd inni kista. Og det er nett sverdet som er interessant - det berer preg av å ha vore laga i Noreg. Det vart også funne eit tredje spydhovud i grava, saman med ein kniv og restane av ei slire.

Eg veit ikkje kvifor det gjer slikt inntrykk på meg. Eg vert ståande ved monteren på museet i Douglas og stirer på den knuste skallen til kvinna. Eg hugsar den kalde vinden som bles fritt over Ballateare. Det er som hundreåra bles vekk i vinden - eg ser på den knuste skallen og tenkjer på denne kvinna, som ein gong for tusen år sidan måtte bøta med livet for å følgja husbonden i grava. Kven var ho? Var ho frilla hans, ein medhustru? Eller var ho ein utstøytt, ein dei klaga for noko? Eller var ho ei av dei som vart utpeikt til å følgja husbonden på ferda inn i dødsriket, ei slavekvinne som ikkje hadde større posisjon enn dyra som vart ofra og brende? Så mange spørsmål, men ingen svar. Sjølv om hovudskallen hennar ligg mindre enn ein meter frå meg, under glas.

Og kven kan denne mannen ha vore? Ein førstegenerasjons fastbuande viking på Man, var han fødd der eller høyrde han til ein annan stad? Det er også eit spørsmål me ikkje får svar på. Han må ha vore ein rik mann, og mektig. Sverdet og eit av spydhovuda er utvilsamt av norsk opphav. Men mykje av det andre utstyret hans, som han kunne trengja på ferda til dødsriket, er av det slaget som vart laga i landområda kring Irskesjøen, angelsaksisk eller irsk. Sjølve seremonien kring gravlegginga er typisk norrøn, eller norsk, om ein vil. Sverdet hans var knekt i to eller tre bitar, på rituelt vis, og det same galdt det eine spydet. Mykje av det same mønsteret finn me att i dei andre gravhaugane som er undersøkt. I ein artikkel som denne vil det føra for langt å gå nærare inn på dei i detalj. Eg vil berre nemna alt det staselege rideutstyret som har kome for ein dag under desse utgravingane, saman med hestar som har vore ofra, og at det også finst skipsgraver fleire stader på øya. Gravhaugen på Ballateare er ikkje eingong den største og rikast utstyrte.

Berre halvannan kilometer unna, på kanten av ein klippe, vart det i 1939 grave ut ein haug som er svært lik den i Ballateare - på ein stad som heiter Cronk Moar. Denne gravhaugen er ca. 60 kvadratmeter. Her vart funne skjelettet av ein mann i ein norrøn ulldrakt. Det var lagt eit sverd i grava hans, knekt på tre stader, nett som på Ballateare. Brende bein frå dyr som var ofra mangla heller ikkje.


Skipsgraver

Skipsgrava på Chapel Hill, Balladoole, vart i si tid lagt på den mest framtredande staden på ein kristen gravplass.
Det er funne fleire skipsgraver på Man. Den flottaste av dei alle finn me på Chapel Hill, Balladoole, heilt sør på øya, ikkje så langt frå flyplassen - ei skipsgrav på den mest framtredande staden på ein pre-eksisterande kristen gravplass.

Ein sirkel av kvite steinar, forma som ein båt, syner godt att i terrenget. Det er vidt utsyn til alle kantar, vinden kjem drivande i små støyt opp frå sjøen lenger nede, der ein finn ruinane av eit kapell. Nok ein gong vert eg slege av den tette nærleiken til fortida. Eg innbiller meg at det er vinden som gjer det. Vinden som bles opp frå dei slake bakkane til sjøen, den bles på same måten no som for tusen år sidan. Tenkjer eg. Eller kanskje det også har endra seg, på same viset som den norrøne verda eg finn restane av her på Man i røynda er fullstendig framand for meg, ein moderne nordmann?

Det er som sagt funne fleire skipsgraver på Man. Samtlege av desse må vera frå den aller tidlegaste norrøne perioden. La oss sjå litt meir på skipsgrava på Chapel Hill. Det særeigne ved denne grava er at ho er lagt inn på ein allereie eksisterande kristen gravplass - altså ein heidensk, norrøn stormannsgrav på kristen grunn. Det er den udiskutabelt rikaste grava av dei nemnde gravhaugane. Det gjer tolkinga av funna i grava noko komplisert. Det vart funne tre hovudskallar i jorda. Det kan vera liten tvil om at den som vart hauglagt i den 11 meter lange klinkbygde båten må ha vore ein mann. Men kven kan dei to andre ha vore? Og kan det ha lege fleire døde her, som no er rotna heilt vekk? Det er nærliggjande å tenkja på at dei kan ha vore ihelslegne trellar som var drepne for å følgja husbonden i døden, men dei kan også ha vore døde som låg i jorda frå før av, sidan staden var ein eksisterande gravplass. Og var dei i så fall kristne keltarar?

Gravgodset er berekna på menn, så det er dermed lite truleg at det låg kvinner i grava. Det var heller ikkje så mykje våpen. Derimot inneheldt grava ei mengd luksuriøst rideutstyr. Det var neppe vanleg med hestar på Man, så det tyder med andre ord på at det var ein stormann som vart hauglagt her, kanskje ein krigar, kanskje to krigarar, kanskje tre. Ein mann av høg status må det uansett ha vore.

Denne modellen som er stilt ut på Manx Museum i Douglas er på mest mogleg nøyaktig vis basert på undersøkinga av skipsgrava på Chapel Hill, Balladoole.
Frå skipsgraver særleg i Sverige, men óg her i landet, kjenner me den symbolske verdien av å ta med seg både ein båt og ein eller fleire hestar på ferda til dødsriket. Den døde kan såleis ri til den neste verda, og har ein båt i tillegg. Det er langt frå vanleg med slike skipsgraver på dei britiske øyane, i motsetnad til i Noreg og i Skandinavia elles.

Men kvifor plassera ei slik dominerande skipsgrav på ein kristen gravplass? Kan det ha vore for å provosera, for å demonstrera makt? Mest ingenting av gravgodset er laga i Noreg, eller er av norrøn type. Det kan tyda på at mannen som vart gravlagt her må ha levd i området over lengre tid. Det kan verka som han er gravlagd på dette området rett og slett som ein maktdemonstrasjon, som ein propaganda for den gamle religionen - som for å visa sin legitimitet.

Det tok lang tid før skikken med å gravleggja dei døde på eigne gravplassar nådde Isle of Man. Det vanlege var at gravlegginga gjekk føre seg på ein familiegravplass, utført av familien sjølv. Det er slik sett nokså truleg at den heidenske grava i Balladoole vart lokalisert til familiegravplassen til den tidlegare eigaren av landområdet.


Kvinnegraver

I ei rikt utstyrt grav på St. Patrick's Isle, tilhøyrande ein mellomaldrande kvinne av høg status, vart det funne eit kjede med perler av farga glas.
Først på 1200-talet og seinare kom kristne gravleggingar, gjerne på større kyrkjegardar, i vanleg bruk. Mange av desse stadene var sannsynlegvis vidareføringar av eldre familiegravplassar frå før vikingtida.

Den mest interessante staden i denne samanhengen finn me på St. Patrick's Isle, ved området der Peel Castle seinare vart bygd. På 1980-talet vart det gjort større utgravingar her. 327 individ vart avdekka og undersøkte. Gravene låg i ein krins kring restane av ei mindre kyrkje, eller kapell, frå 1000- eller 1100-talet. Undersøkingane avdekka at menneska her var gravlagd over ein lang periode, frå 600-talet og fram til 1400-talet. Enkel matematikk tilseier at det dermed ikkje kan ha vore så mange gravleggingar pr. år. Ein veit lite om samfunnet her sør på Man, på den vesle øya St. Patrick's, men på 1100-talet var det klosterlivet som rådde her.

Åtte personar, seks vaksne og to born, vart datert til første halvdelen av 1000-talet. På bakgrunn av gjenstandane som vart funne i gravene, som klede og smykke, kan ein slå fast at desse menneska har tilhøyrt den heidenske, norrøne kulturen på øya. Det eine barnet var lagt rett i jorda, i lag med ein sølvpenny frå den engelske kong Eadred si tid (946-55). Det andre barnet hadde fått ein gjevare grav - det var lagt i ei kiste og hadde fått med seg ei lita bjølle, seks glasperler og to perler av rav med seg til dødsriket. I grava til ein vaksen mann vart det også funne ein penny. Denne var frå den engelske kong Eadmund si tid (939-46). Mannen var lagt i ei hellekiste og var staseleg kledd då han vart gravlagt. Det same galdt nokre av dei andre mannsgravene.

Men det mest interessante funnet her var nok den rikt utstyrte grava til ein mellomaldrande kvinne, tydeleg av høg status. Ho var lagt i ei hellekiste og var kledd i ein kjole av ull med vevd skulderskjerf, kanskje har hovudet hennar også vore dekka. Hovudet kvilte på ei pute med dun. Ho hadde fått med seg eit steikespyd, tre knivar (to av dei med innlagt sølvtråd i skaftet), eit par saksar, ein kam laga av eit hjortegevir, to nåler og ein morter i miniatyr med ein støytar av kalkstein som kan tolkast som ein fallosmodell, samt anna utstyr. Det gjevaste funnet var det flotte halssmykket med ikkje mindre enn 73 perler av farga glas. I tillegg vart det funne rav frå Baltikum og jett (smykkesteinen gagat) frå Whitby.

Det ville ikkje vore noko usedvanleg ved ei slik kvinnegrav om ho hadde vore funne i Noreg (bortsett frå at grava ikkje inneheldt gjenstandar av norrønt opphav, med eit mogleg unnatak for spiddet og halskjedet). Men på Man, så seint som på 1000-talet, kan ei slik grav opna for mange spørsmål. Kvinna kan ha vore ein nykommar på øya, men ho kan også ha vore ein innfødd norrøn kristen kvinne som vart gravlagd på heidensk vis av sine heidenske slektningar. Ho må uansett ha vore av høg byrd og hatt ein framtredande status i samfunnet på Man, for det er ikkje gjort andre slike funn på øya. Det er heller ingen andre funn på St. Patrick's Isle som er så utprega heidenske som dette.

Dei norrøne gravene på St. Patrick's Isle er etter alt å døme frå første halvdelen av 1000-talet. Heidendommen stod framleis sterkt då, samstundes må det ha vore ein toleranse mellom kristne og heidningar som vitnar om ei form for etnisk blanding mellom folkegruppene - eller i det minste toleranse.

Ein har funne to kvinnegraver på Man i tillegg til den nemnde, forutan fleire mannsgraver som det vil føra for langt å gå inn på i ein samanheng som denne. Det interessante med mange av desse gravfunna er at gravleggingane på eit eller anna tidspunkt har gått over til å bli kristne. I tillegg er det funne få norrøne graver på kristne pre-eksisterande gravplassar andre stader på dei britiske øyane, sjølv om ein finn døme både i Nordvest-England og i Irland.


Litteratur

  • David M. Wilson: The Vikings in the Isle of Man. Aarhus University Press, 2008.
  • Prehistoric sites in the Isle of Man. Manx National Heritage, 2005.