Norske hirdskaldar

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Hrafnsmál Norsk.gif Dansk.gif Hrafnsmál Svensk.gif Eiríksmál-
Original.gif Eiríksmál- Dansk.gif Eiríksmál-


Gamle skaldar og kvad

Med kvadi umsette paa nynorsk


ved Rasmus J. Flo

Oslo 1902


Norske hirdskaldar


Rasmus Flo

Alle stadir, fyrr bokskriving kom i gang, hadde skaldane de mykje med aa halde seg til kongar og stormennar; — de var paa den maaten dei fekk sitt «honorar» i dei dagar. Soleis daa og i vaart land, etter de ein alt kann sjaa av de som er fortalt um dei eldste skaldane de er nemnt noko um. I den fyrste tid ser de likevel ut til dei hev vori mest umvankande songarar aa kalle for, som fór fraa den eine kongen, jarl eller stormann, til den andre, og de ikkje berre hjaa dei mange de var av de slage her i lande, men og i andre land, der norrønt maal var tala eller skyna. Men fraa den tid Harald Haarfagre hadde gjort sitt samlings-verk, tok de ein annan skipnad med dette. Den norske kongshirdi vart no samlingsstaden for flestalle norrøne skaldar, dei som vilde halde seg noko framme daa, og skaldane vart likso fast bundne til hirdi som andre hirdmennar. I same lage heldt de seg sidan i lang tid utetter, med dei kongane som kom etter Harald Haarfagre, jamvel etter de var komi til de, at de var mest berre islendingar som dreiv med skaldskap. Ved den norske hirdi laut ein rett skald møte fram, for ei stund i minsto, og faa si vigsle, og mango var dei som hadde sitt faste tilhelde der.

Ein kann nemne ymse grunnar som gjorde den norske kongshirdi til ein slik aarstad for skaldskap. Millom anna er aa nemne den ting, at dei norske kongane jamleg var velyndarar av skaldskap, og attaat dreiv ikkje lite med denne kunsti sjølve. Um dei fleste norske kongane, fraa Harald Haarfagre til og med Sigurd Jorsalafar, er de fortalt at dei var skaldar, liksom de og er etterleivt prøvur av deira skaldskap, stundom av større kvæde, som Snæfridardraapa hans Harald Haarfagre og Gamanvisune hans Harald Hardraade; men for de meste ser de ut til de helst hev vori mindre kvæde eller «lausa-visur». Vitnemaali er her so gode, so de i de heile ikkje kann vera grunn til aa tvila paa at de hev seg rett med denne konge-skaldskapen. Fremst millom deim er aa nemne Olav den heilage, og i vissa hans halvbror Harald Hardraade. Baae dei er de leivt ikkje so lite etter av deira skaldskap, og Harald Hardraade kann ein i alle stykke, baade etter mengd og mynju, setja millom deim som var skaldar av fag.

Men denne magti som Noreg og den norske kongshirdi hadde til aa draga skaldar til seg, den maa ein no likevel helst søkje i ein arvegang fraa eldre tid. Noreg var alt fyri sogu-tidi vorti hovud-sæte for skaldskapen i nordlandi, og vart de daa og framleides lengi utetter, jamvel etter at dette yrke var komi heilt i hendane paa islendingar. I dei andre nordlandi dyrka dei no og noko skaldskap i denne tid, kann ein sjaa, og trulegt er de, at dei fyrr hadde gjort de endaa meir. Men ved de leite daa sogu-tidi byrjar, maa han alt hava avblømt der, medan han i Noreg daa stod i si beste bløming. Etter alt ein kann sjaa, er og den skaldskapen som mest raadde ved den norske kongshirdi, lovkvadi med de sereigne versemaale drottkvætt, ei sernorsk grein av denne kunsti, framvaksi her i lande, og som ingin andre enn nordmennar, og etter deim islendingar, hev dyrka. For so vidt skaldskap av dette slage hev vori dyrka hjaa danskfødde eller svenskfødde skaldar, maa de vera lært fraa Noreg. Men av slikt finst de ikkje no etterleivt meir enn eit par danske vers, og alt tyder paa at denne skaldskapen litin eller ingin inngang hev vunni i desse landi.

Av hirdskaldar hjaa Harald Haarfagre er nemnde 6, millom deim Tjodolv fraa Kvine, som her er umhandla fyrr, i eit stykke for seg. Heller ikkje er han vel aa rekne nettupp til dei faste hirdskaldar der, daa de ser ut til han mest hev haldi seg andre stadir, ei tid paa Vestfold hjaa kong Rognvald Heidumhære, og elles heime i Kvine.

Av desse 6 skaldane er de, forutan Tjodolv, berre ein som de er leivt so mykje etter, at de kann gjeva oss ei framsyning av hans skaldskap; men dette er daa og nok til aa setja honom millom dei fremste me kjenner. Denne skalden er Torbjørn Hornklove.

Um hans ætt, eller kvar han var fraa i lande, veit me lite. Berre de at Rolv Nevja paa Upplandi, morfar aat Gange-Rolv, er kalla hans «frende». Um hans liv elles er de heller ikkje anna fortalt, enn at han lengi hadde vori kong Haralds ven og hadde haldi seg ved hans hird alt fraa sin barndom, hans tilnamn, Hornklove, tyder elles ramn, og kanskje heng de saman med namne paa de største og glupaste kvæde me hev etter honom.

Dette er kalla Ravnsmaal, og de hev sitt namn etter de at de er framført som ei samtale millom ein ramn og ei valkyrju. Valkyrjo spør, og ramnen svarar, fyrst um kong Harald sjølv, so um hans mennar, huskarlane, skaldane, berserkine, og til sist leikarane og trollspelarane (jøglarane). I de ramnen svarar um kong Harald er lagt inn ei skildring av slage i Hafsfjord. Sume hev meint at dette um Hafsfjord-slage skulde vera eit kvad for seg sjølv; men mest talar for at de høyrer med til Ravnsmaal, daa dei fyrste linune syner at dette og er tenkt som samtale, og de dessutan er i same versemaal som Ravnsmaal elles. Fyrste linune i kvade syner endaatil greidt nok at dette maa vera hovud-emne, der skalden segjer at han vil syngje um Harald og hans «odde-itrottir»; men de kann ein fyrst segja han gjer der han kjem til Hafsfjord-slage.

Versemaale er for de meste maalahaatt, med vers paa 8 linur og 5 stavingar (2 vegt-tunge) i kvar line, og innimillom nokre vers eller halv-vers i ljodahaatt. Elles synest versemaale i de heile aa vera heller fritt, soleis som me no hev kvade, med maalahaatt-linur paa 4, og oftare 6 eller fleire stavingar, og meir slikt. Men ikkje soleis at ein kann segja de skader kvade noko, og kor det no kann vera, so gløymer ein de lett for den meisterlege maalføringi og de framifraa verdfulle innhalde. Ei slagskildring som i stutte drag gjev ei so livfull, rik og upplysande framsyning som her med Hafsfjord-slage, skal de leitast lengi etter. Paa same maaten er skildringi av hirdlive hjaa kong Harald av umissande verd. De er eit heilt kultur-bilæte, der me kann sjaa at de vanta ikkje paa at live der ved hirdi var «europæisk» nok; heller so de var for mykje av de gode, med hoffnarr og slike folk. For de verd som kvade soleis hev, skal me daa her gjeva ei umsetjing av de, so langt de ikkje fyrr er komi paa nynorsk. Kvade ser ut til aa vera haldi ved lag heilt, i minsto dei bolkane me no hev; berre at de ei 2-3 stadir synest vanta nokre linur.


Ravnsmaal
1.
Høyr meg, hirdmennar!
medan eg Harald kved um,
hans odde-itrottir,
den ovleg rike.
Fraa maalvarp vil eg mæle
som eg møyi høyrde,
hold-kvit, haarbjart,
med her-gammen skifte.
[Maalvarp, ordkast, samtale. — Hold-kvit, kvit i holde, hudi. — Her-gam (her-fugl), ramnen.]


2.
Vis tottest valkyrjo,
ven-kald mot mennar,
den fraanleitte ungmøy
som fuglemaal kunde.
Kverk-kvit, ljos-kvarma,
kloke disi tala
til himils-siglaren,
han sat paa høge berghorn: —
[Fraanleitt, med bjarte augo. — Kverk, strupe, hals. — Ljos-kvarma, med ljose augnehaar eller augnebrunir. — Himils-siglaren, ramnen.]


3.
V.
Kva er tids, korpar?
Kvarfraa er De komne,
nebben drøypt med blod-dogg
i daglysingi?
Raaslag heng i kløom,
raa-tev stend or munnen;
nær, eg tenkjer, var De
i natt der De lik visste. —
[V. og R. merkjer kven som talar, valkyrjo eller ramnen. — Raaslag, raatt kjøt.]


4.
Med fjørhatt paa nakken
seg skok og nebben turka
svorne bror aat ørnen,
og paa svar tenkte: —
R.
Harald me fylgde,
Halvdans-sonen,
Ynglingen unge,
fraa or egge me komo.
[Bror aat øren, ramnen.]


5.
Du kjenner vel kongen
som paa Kvinnar bur,
drottnen yvi nordmenn, —
djupe eig han kjølir,
med rodne rengar
og raude skjoldar,
med tjøra aarar
og tjeld gull-sauma.
[Kvinnar, ein kongsgard (i Kvinherad). — Kjølir v. s. skip. — Rong (rengar), spant; ròdin, av rjode, farge raud.]


6.
Ute vil han jol drikke,
um alt stend til honom,
og leiken hans Frøy fremja,
den framdjerve hovding;
ung han leiddest eldstad
og inne-setu,
den varme stogo
og vottar dunfyllte.
[Leiken hans Frøy, vaapnstrid.]


Her er lagt inn skildringi av Hafsfjord-slage, dei 5 versi me hev i Heimskringla (s. 70) og dessutan eitt som no er berre halvt. Etter dette held de so fram med andstevjingi millom valkyrjo og ramnen um kongens mennar:


13.
V.
Korleis løner han
deim som land skal verja,
sine itrotts-mennar,
den ætthøge førar?


14.
R.
Gaavor gjev han store
til storverks-mennom,
dei som med terningar
i tune hans Harald leikar;
med gods dei ser seg lønte
og sverdi fagre,
med hunlendsk tir-malm
og trælar austrøne.
[Hunlendsk tir-malm, straalande malm (gull og sylv) fraa Ungarland og der-ikring. Fraa dei same landi, eller nord og aust fraa der, var vel og dei austrøne trælane komne, med slavehandel; orde (man) tyder baade træl og træl-kvende, eller helst kvende.]


15.
Daa er dei fjaage,
naar døysteleik dei ventar,
orre til upp aa laupe
og aarar sveigje,
hamleband sprengje
og keipar slite;
kvast dei sjøen kløyver,
naar kongen eggjar.
[Fjaag, livleg, «munter». — Døysteleik, slagsmnal, herstrid. — Orr, fyrug. — Sveigje, bøygje.]


16.
V.
Etter skaldom vil eg deg spyrja,
kva skrud dei nøyter,
so vel du tykkjest vita
visend um mennar,
dei som held seg med Harald.
[Visend, grein, «besked».]


17.
R.
Paa deira reidnad godt de syner,
og paa gullringom,
at dei er i kynnskap med kongen;
kappur ber dei raude
og renda skjoldar,
sverd sylv-budde,
serkir ring-vovne,
gull-verka andfetlar
og gravne hjelmar,
paa hendane ringar,
som Harald deim valde.
[Reidnad, forsyning, bunad, «rustning». — Kynnskap, dælskap, «fortrolighed». — Serkir, jarnserkir, brynjur. — Fetil, band, bere-band; andfetlar, aksle-reimar som gjekk i kross yvi ryggen og brjoste, den eine til aa bera sverde og den andre skjolden i. — Gravin, utkrota (med teikningar eller bilæte).]


18.
V.
Etter berserkjom vil eg deg spyrja.
blodsjø-drikkar:
Korleis er dei vyrde,
dei vaapndjerve mennar
som fram i fylkingi styrmer?


19.
R.
Ulvhednar heiter
dei som i herstrid
blodut skjold mun bera,
spjot-oddar fargar
i saar-log raude,
naar fram til slag dei søkjer;
avreksmennar einast
etlar eg han leite
skal, den skil-vise,
til paa skjold aa hogge.
[Saar-lòg («saar-væte»), blod. — Avreksmann, framifraa mann (liksom «avrings-kjempe»). — Skil-vis, gløgg til aa skilja, greidtøk.]


20.
V.
Etter leikarom og trollspelarom
hev eg deg lite frega:
Kva godt er etla
Andad og dei karar
i husom hans Harald?


21.
R.
Andad med hunden øner,
den øyrelause,
og driv med dølskap,
drottnen til gaman.
Enn er de andre
som skal yvi elden
brennande spon bera;
logande luvar
hev dei under livgjordi stukki,
dei hæl-sprettar haale.
[Andad heitte han som var hoffnarr. — Øne, fjasa, gjøne. — Dølskap, gapeskap, jaalskap. — Hæl-sprett, ein som hoppar eller dansar paa hælane.]


Endaa eit vers til etter Hornklove, um dronning Ragnhild og dei andre konune hans Harald (Heimskr. s. 72), ser ut som de skulde høyre til Ravnsmaal. Men um so er, maa kvade hava havt noko meir um de same, og alt dette hev vel daa havt sitt rom nærast etter skildringi av Hafsfjord-slage.


De einaste kvad elles etter Hornklove som de no er noko større att av, er Glymdraapa, 7 heile og 2 halve vers. Men etter den lengd som slike kvad vanleg hadde, kann ikkje dette vera anna enn nokre mólestykke av de heile. Av de som er att, kann ein sjaa at de hev handla um dei mange herstridar Harald elles hadde i sine yngre dagar, men ikkje noko um Hafsfjord-slage. De er um hans fyrste herferd nord til Trøndelag, um dei tvo sjøslagi ved Solskel, herferdi til Gautland, og hans vesterhavs-ferd. 5 av desse versi hev me i Heimskr. s. 62-73. Etter di me kann sjaa at kvade i minsto gjeng so langt som til Haralds vesterhavs-ferd, er de trulegt at de ikkje er yngre enn fraa ikring 900. De er i heilt drottkvætt versemaal, og syner i mangt de same gode og greide skaldelag som me elles finn hjaa Hornklove, men kann likevel ikkje i skaldeverd eller som tidsskildring mæle seg med Ravnsmaal eller med Tjodolvs Haustlong, so langt ein kann døme etter dei faa molane me no hev av de.


Etter dei andre skaldane som er aa rekne nærast til same tid, er de no inginting att, eller berre nokre faae linur, som ikkje kann gjeva oss stor visend um deira skaldskap, og attaat ikkje alltid er lette aa tyde. Best kjend av desse er elles Olve Nuva. Um honom er de fortalt ikkje lite i sogo um Egil Skallagrimsson. Kjenningsnamne Nuva synest helst aa tyde paa at de hev vori noko sers ved nasa hans, kanskje at han hev fengi henne avhoggi i ein eller annan vaapnstrid. Han var son aat Berdlu-Kaare, som hadde sitt namn etter garden Berdla paa Bremangerland i Sunnfjord. Av systkini hans Olve er nemnde broren Øyvind Lambe, bestefar til Øyvind Skaldespillar, og systeri Salbjørg, som vart gift med Kveldulv i Fjordane, og vart bestemor til Egil Skallagrimsson. Olve fór lengi i vikingferd; men so i eit gjestebod hjaa Atle jarl paa Gaular (indre Holmedal i Sunnfjord) vart han so hardt hugtekin i dotter hans, Solveig den fagre. Han fridde, men fekk avslag, daa far hennar heldt dette for eit misgifte. Dette tok han seg so nær, at han gav upp vikingferdine, og søkte trøyst med aa dikte «mange elskhugs-kvæde» um henne. Men brørane hennar, som heldt fyri at systeri paa denne maaten vart utskjemd, vilde taka paa honom for dette. Han kom seg likevel undan, til kong Harald, og «vart hans skald». Daa hans systerson Torolv vart drepin i ein strid med kong Harald, vilde Olve fara fraa hirdi; men kongen sagde at han vilde ikkje sleppe honom, «for itrotti hans» (skaldskap).

Etter de me elles kjenner til dei mange skaldar i hans ætt, er de god grunn til aa tru at Olve hev vori ein framifraa skald. Men dess-verre er de no so godt som inginting att av hans eigin skaldskap. De er berre eit par linur, som ein kann sjaa hev vori av eit skjold-kvad, um Tor og Midgardsormen. Dei er i drottkvætt versemaal, og hev ein god sving, de vesle som er. Dessutan eit forvendt vers um eit nattlegt eventyr han hadde i lag med tvo andre av Haralds skaldar, som de skal koma meir um sidan. Men av dei kvadi som de kunde vori mest forvitnelegt aa faa sjaa noko av, hans elskhugs-kvæde, er de ikkje etterleivt de minste.


Den eldste av alle skaldane til kong Harald var elles Audun Illskelda. Um honom er de fortalt at han og hadde vori skald hjaa Haralds far, Halvdan Svarte, so han hev knapt livt so lengi som etter de 9de hundradaare. Um kvar han kunde vera ætta fraa i lande, veit me ikkje anna enn at han hadde ein frende i Naumdølafylke, lendmannen Torfinn. Sitt tilnamn Illskelda (laak skald) hev han vel helst etter eit skarvestykke de er fortalt han gjorde mot sin frende Ulv Sebbeson, som og var skald hjaa kong Harald. Dette gjekk soleis til, at til eit kvad som Audun gjorde tok han steve (umkvæde) fraa ei draape som Ulv hadde dikta um kong Harald. Etter dette fekk kvade hans Audun namne Stolinstevja — de einaste som no er att til minne um de, og so eit halv-vers, der de ser ut til at Audun klagar seg for di at dei ikkje hadde tagt still um dette «laane» han hadde gjort, men fortalt de til kongen. At han paa ein eller annan maate var komin i unaade hjaa kongen, er no og orda um paa ein annan stad, der de heiter um Audun at «den gongen var han vortin forlikt med kongen». Men elles er vel med dette helst meint paa eit eventyr Audun hadde, som alt nemnt um her framanfyri. Dette er fortalt soleis, at ein gong gjesta kong Harald med sine skaldar ei rik og vakker ekkje paa Nordmøre. Ho gav Audun eit drikkehorn, og daa han var vortin drukkin, tok han handi hennar og sagde: «Du er ei væn kvinne; eg vil gjeva deg denne gullringen, fær eg vera hjaa deg i natt.» Ho tok imot gullringen og sagde han skulde koma til skemma hennar naar ein tridjung av natti var gjengin. De same gjorde ho so med Torbjørn Hornklove og Olve Nuva, berre at de vart sett noko ulik tid til stemnemøte for kvar av deim. Men daa skaldane kom til skemma, vart dei innlukte kvar innanfor eit gjerde. Der stod dei daa og fraus i den kalde natti, og gjorde imedan kvar sitt vers. Deim hev me etterleivde alle tri, i drottkvætt versemaal, men elles ikkje i godt stand, og de ser ikkje no ut til dei hev vori mykje tess. Innhalde som emne er daa og mykje de same. De er ei klage yvi de vanhøve dei var komne i, og yvi kvende-svik. Um morgonen fekk kongen visst alt saman, og vart daa vond paa skaldane og paalagde deim til straff alle tri aa gjera ei faarleg sendeferd saman til sviakongen. Men hjaa sviakongen vart skaldane «tekne i fred», er de fortalt, og synte der si store itrott med aa dikte til kongen og mange andre stormennar.


Den femte skalden hjaa Harald Haarfagre var den alt nemnde Ulv Sebbeson, frenden hans Audun Illskelda. Men etter honom er de no ikkje att de minste av kvadi hans, og elles heller ikkje kjent noko meir um honom enn de som alt er fortalt, endaa ein av Skaldasaga kann sjaa at de i si tid hev vori ei heil sogu um honom, sogo um Ulv Sebbeson og Kvig jarl.


Siste skalden som er aa nemne her, Gutorm Sindre, høyrer no rettast til ei seinare tid, endaa me veit at han og hev gjort eit kvæde um Harald Haarfagre. Men mest hev han daa havt aa gjera med sønine hans, fyrst med Halvdan Svarte (den yngre) og sidan med Haakon den gode. Han var ein høg-ætta mann, er de fortalt, og hev kanskje havt til fostrings denne Halvdan, liksom Tjodolv fraa Kvine ein annan av sønine hans Harald, Gudrød. Nok er de, at han fekk ei uppgaave av same slag aa greide, aa faa forlikt far og son, og denne gongen mykje aalvorlegare enn med Gudrød, som de alt er vel kjent fraa den sogo Snorre hev um dette. Dei kvædi som de der er fortalt um at han hadde dikta um Harald sjølv og um hans son Halvdan, og som han no tok seg løn for med aa faa kongane forlikte, — av deim er de no ikkje noko att. Gutorm hev elles knapt vori nokon hirdskald aa rekne for, utan de skulde vera hjaa Haakon den gode. De er og einast av hans kvad um denne kongen, Haakonardraapa, at de no er noko etterleivt, 7 vers, som er aa finne i Heimskringla (s. 97-112), og dessutan. 2 halv-vers. Dei handlar um Haakons herferd til Danmark og Gautland, korleis han sette Trygve Olavsson til konge i Viki, um slagi millom Haakon og Eirikssønine ved Agvaldsnes og paa Rastarkalv. Gutorm hev soleis livt etter de sist nemnde slage (955); men daa han ikkje er nemnd etter Haakon den gode si tid, er de trulegt at han alt var daain ved 960. Versi er i vanlegt drottkvætt versemaal, og fint og godt ihop-sette, men elles ikkje noko sers ved deim.


Etter Harald Haarfagre si tid ser de ut som de med ein gong tynnest tvert av med norske skaldar, i minsto um ein skal døme etter tale paa deim som me hev namn paa. Kva grunnen til dette kann vera, hev me ikkje no lett for aa gjera oss ei meining um. De kann ikkje vera tevling med islendingar som hev gjort dette, ikkje i den fyrste tid i minsto. Dei tok no ikkje til aa gjera teneste ved den norske hirdi fyrr enn i Gunnhildsønine sine dagar, og dei fyrste av deim var endaa ikkje slike som de skulde vera so hardt aa tevle med. Heller ikkje kann de vera «tidi» aa skulde paa, at de daa var so mykje uro, so utrygt, og soleis for mykje anna aa tenkje paa, til at ei kunst som skaldskap rett kunde trivast. I de 10de hundradaare utigjenom, i Haakon den gode og Haakon jarl si styretid, var de lange bolkar de etter maaten var fredlegt og trygt i lande, samstundes som de vart gjort slike bragdir som vel skulde kunna kveikje skaldar til aa kveda um deim, endaa um de kanskje maatte taka seg mindre stort ut for folk imot hendingane i Harald Haarfagre si tid.

For so vidt denne attergangen i skaldskap er noko meir enn i synom, maa han visst nok helst hava sin grunn i den sterke utvandring de var fraa lande i Harald Haarfagre si tid. De var, som me veit, mest stormennar som vandra ut, og mest fraa sjøbygdine sør og vest i lande. No er de og mange merke paa at de nettupp var hjaa stormennane paa desse kantar av lande, attaat utbygdine nordantil, at skaldskapen mest hadde vori dyrka i denne tid. Naar daa so mange av desse folk fór ut av lande, er de vel tenkjande at dette kunde gjera eit avtak i skaldskapen her, baade for di so mange av skalde-ættine var burte, og for di de ikkje var so mange att til aa mana til eller stydja fram denne kunsti.

Men elles er de meir enn tvilsamt, um dette i røyndi hev vori nokor nedgangs-tid i denne vegen. Etter de granskarane no helst meiner, skulde dei fleste og mange av dei beste Edda-kvadi vera komne til nettupp i 10de hundradaare. Og er daa dei for de meste komne til her i lande, som de synest best likjende til, so er de alt anna enn grunn til daa aa tala um nokor nedgangs-tid i skaldskap her. De hev berre vori etter maaten faa skaldar som hev brukt aa dikte um namnkjende mennar, og difor hev ikkje deira eigne namn vorti gøymde til ettertidi.


Ein skald som kanskje var jamaldra med, eller noko yngre enn Gutorm Sindre, hev me likevel namn paa, endaa de var eit kvende. De var Jorunn Skaldmøy. De er ikkje nemnt nokon-ting um kvar ho var ifraa: men er de so at ho hev livt ved denne tid, er de all grunn til aa tru at ho var norsk. Ho er heller ikkje nemnd i Skaldatal, men elles i dei beste kjeldur, baade i Heimskringla (s. 86) og i Snorre-Edda. som kvar hev eit halv-vers av henne. Dei 2-3 versi nie hev etter henne er av eit kvad som er kalla Sendebit. Dei handlar mest um striden millom den unge Halvdan Svarte og Harald Haarfagre, far hans, og um «den gode løni» som Gutorm Sindre fekk for sitt kvad. I eit halv-vers er de tale um ei herferd ein konge gjer mot røvarar, «utjod», og de hev vori meint at her kanskje var tale um vesterhavsferdi hans Harald Haarfagre; men dette synest daa uvisst nok. Um hennar skaldegaavur kann ein lite døme etter so knappe prøvur, som heller ikkje hev noko sermerkt ved seg framum vanlege skaldevers i drottkvætt versemaal, — berre so mykje at dei syner ho hev greidt godt aa handsama dette vande versemaale.


Rekkja av namnkjende norske skaldar sluttar so med ein som høyrer til dei mest velkjende mennar i vaar gamle sogu. De er Øyvind Finnsson, eller Øyvind Skaldespillar, de namn som han best er kjend med. Baade um hans ætt og heimstad er alt vel kjent. De er fyrr nemnt um hans skyldskap med skaldane Olve Nuva og Egil Skallagrimsson. Attaat var han skyld med kongehuse; hans mor var ei dotterdotter aat Harald Haarfagre, og han høyrde soleis paa den sida og til ei ætt som de rann skaldeblod i aadrane paa. Baade hans far og bestefar budde paa garden Sandnes, paa øyi Aaløst (Alsten) i Haalogaland, og der var de og Øyvind voks upp og budde si meste tid. Um hans son Haarek fraa Tjotta (ei øy tett attmed) er de og fortalt at han var skald (Heimskr. s. 455- 56), endaa um han visst ikkje hev drivi skaldskap som noko handverk. Etter de Øyvind sjølv segjer i ei vise, ikkje lengi etter slage paa Stord (960), at han daa var ein aldrande mann, skulde han vera fødd ved 910-20. Men de fyrste me høyrer noko til honom er ikkje fyrr enn der ved slage paa Stord, der han er mykje umtala. Sidan er han ofte nemnd, og av eit av hans eigne kvad, Haaløygjatal, veit me at han livde etter slage i Hjørungavaag: men i Olav Trygvesons tid er berre sonen Haarek nemnd, so Øyvind maa vel vera daain ikring 995.

Um hans tilnamn Skaldespillar hev de vori ulike meiningar, kva de skulde tyde, og ein kann knapt segja de er paa de reine endaa. Dei fleste held no helst paa de, at de skal tyde «skaldetynaren», den som øydelegg for andre skaldar, med aa laane eller rafse fraa deim. Slike syndir veit me no elles alle gjer seg skyldige i, meir eller mindre beint fram eller medvitande; men med Øyvind kunde dette verte meir berrsynt, med di de ser ut til han hadde de paa den maaten som ymse andre store skaldar, at han hadde ikkje lett for aa laga sjølve grindverke, men derimot, naar han fyrst hadde de, visste han godt aa fylle de. I so maate hev han daa ingin ringare enn Shakespeare aa liknast med. Men um so er at namne hev denne tyding, er de visst nok, at de maa vera uvenir eller ovundsmennar som hev gjevi honom de. Rett-tenkt som han var — eller nettupp for di han var de, og attaat hugdjerv — fekk han mange og beiske uvenir i Gunnhildsønine si tid, serleg for di han hekk so fast ved sin kjærleik til den avlidne, folkekjære kongen, Haakon den gode.

Hans hovudverk i skaldskap er daa og hans ervekvad um denne kongen, de velkjende Haakonarmaal. De ber sjølv gode merke av at de er dikta med den tilburden som er emne for kvade i friskt minne. Den meiningi, at de skulde vera komi til noko lang tid etter, hev berre siste verse aa byggje paa; men til de er aa segja, at de næst-siste verse ber alle merke av at de upphavleg hev vori de siste. De andre maa daa vera komi til seinare, og visst nok er de han sjølv som hev sett de til: han hev no vilja nytta tilhøve til aa halde fram motsetningi millom Haakons tid og tilstande i den tid Gunnhildsønine styrde. Kvade handlar daa um Haakons siste herstrid og hans fall paa Stord, og skildrar korleis han vert mottekin hjaa Odin i Valhall. Her kjem de fram, de som hev vori rette endemaale med kvade, der de vert sagt at «de daa vart kunnugt korleis kongen hadde heidra heilagdomen»; de var aa fri Haakons minne fraa de einaste lyte hans folk hadde funni ved honom, at han ikkje hadde den rette trui. Um daa skalden her i sin godvilje hev gjengi sanningi drjugt nær, so kann me likevel vera trygge for at han i de heile skildrar mannen og dei røynlege tilburdane rett. Liksom dette kvade høyrer til dei faa som me kann sjaa at me no hev i alle maatar heilt som de var fraa skalden sjølv (Heimskr. 118-19), so høyrer de og til dei utvalde millom dei mange gode kvad me hev fraa vaar gamle tid. Planen er djupt og vel gjenomtenkt, og utifraa vel gjenomførd. Med alt de liv, den kraft og varme som kvade er fyllt av, syner de og ein fin og høg kunst i framføringi. De er eit minnekvad som er fullt verdigt den beste kanskje og gjævaste av dei mange gjæve kongar vaart land hadde i dei tidir.

Spursmaale um kva samanheng de hev med Eiriksmaal, skal me koma noko meir innpaa ved dette kvade. Her kann de vera nok aa halde fram de, at Eiriksmaal ikkje hev noko tilsvarande til heile den fyrste og kanskje beste luten av Haakonarmaal.

De andre større kvade me hev etter Øyvind er Haaløygjatal; men dette hev me no langt fraa heilt, berre 9 heile og 7 eller 8 halve vers alt i alt, av deim 5 i Heimskringla (s. 13, 25, 65, 126, 172). De er i eit og alt eit sidestykke til Ynglingatal, so nær som de kunde vera raad aa faa de, baade i fyrimaal, innhald og form, og jamvel i versetale, ser de ut til; at de soleis og er ymist likt i ordvale her og der, er noko som segjer seg sjølv. Her kann ein daa ikkje fritaka Øyvind for aa vera «skaldespillar», for so vidt de gjeld laan eller etterlikning. Men uppgaava var no og her nettupp aa faa de eine kvade so likt de andre som raad var. De galdt aa syne korleis Ladejarlane, likso vel som Haarfagre-ætti, var ætta fraa gudane, og soleis jamgode og likso rettkomne til aa raade i lande som nokon av Ynglinge-ætti. Med alt dette maa ein ikkje tru at ein slik trufast mann som Øyvind paa nokon maate hev lati seg kjøpe til dette; han hev til visse gjort de av rein venskap til Haakon jarl, og visstnok for di han og heldt honom betre til landsstyrar enn sine skyldingar, skulde vera, Gunnhildsønine. Liksom Ynglingatal er nok dette og bygt mykje paa gamle segnir, men synest likevel hava langt mindre sogu-verd, fraa- rckna at de er so uheilt. Elles kann ein vel gjeva de de ros, at de i skaldeverd stend nokolunde paa høgd med sitt fyribilæte, um ikkje vel so høgt; men til dette skulde de daa heller ikkje so mykje til.

Elles er de berre lause vers me hev etter Øyvind, ei 13-14 alt i alt, som sume likevel kanskje hev høyrt til større kvad. Nokre er fraa slage paa Stord (Heimskr. s. 113-16) og nokre fraa hans strid med Gunnhildsønine og deira venir (s. 113, 121-22). Endaa eit kvad han skal hava dikta er nemnt, og de eit heller stort eit, skulde de synast. De er «ei draape um alle islendingar». Dette «alle» maa ein daa ikkje taka for strengt etter bokstaven; men trulegt er de, at han der hev teki med mange av dei meir namnkjende mennar paa Island baade i hans eigi tid og fraa fyrr. Av dette kvade er de likevel ikkje noko att, utan de skulde vera eit par linur i Olav Hvitaskalds «maalskruds-frøde», der de er sagt at Ingolv stridsglad drog ut saman med Hjørleiv. I Heimskringla er de fortalt at islendingane lagde saman og sende Øyvind eit stort kappe-spenne av sylv for kvade; men i de harde uaare som gjekk yvi Noreg og andre land i Europa i 976, laut han hogge sund spenne til aa kjøpe buskap for. Um dette er de 2-3 vers etter honom (Heimskr. 134-35). Alle desse lause versi er i drottkvætt versemaal og med god versbygnad; men elles hev dei mest verd ved den framsyning dei gjev av skalden sjølv, hans djervhug og hans gode og trugne hjartelag.


Ved eit kvad fraa denne tid er de serleg merkande, at de er utan skaldenamn, endaa de er um namngjevin mann, og namnkjend nok, og de i seg sjølv er eit med dei merkelegaste me kjenner til. Dette kvade er Eiriksmaal. De er dikta for Eirik Blodøks paa same maaten som Haakonarmaal for hans bror Haakon. Men dette kvade hev me dess-verre ikkje so heilt. De som er, hev me berre paa ein stad, i Fagrskinna — so nær som dei 10 fyrste linune, som og stend i Snorre- Edda — og den mannen som hev gjevi de der, hev anten ikkje kjent heile kvade, eller meint at han ikkje hadde bruk for meir enn desse faa fyrste versi av de. Dei er heller ikkje alle fullt heile eller rette, kann ein sjaa. Likevel skal me gjeva ei umsetjing av de som er, med di de ser ut til de hev vori eit framifraa kvad, og de attaat hev mykje aa segja for samanlikningi med Haakonarmaal. At skalden hev vori nordmann, er de alt likjende til, med di islendingane endaa ikkje var komne so mykje i gang med skaldskap, og kvade dessutan svipar so sterkt paa Edda-kvadi og slike norske kvæde som Ravnsmaal, ikkje aa tala um Haakonarmaal.


Eiriksmaal
Odin
Kva er de for draumar?
Eg tottest fyri dag rise,
Valhall aa rydja
fyri vaapn-fellt herfolk,
at eg vekte einherjar,
bad deim upp rise,
benkir aa straa,
bjor-kjer aa skylja,
valkyrjur vin aa bera,
som naar venta er kongar.
Fraa mannheimen gjestir
mæte eg vonast,
hovdingar gjæve;
i hjarta de gjev glede.
[Rise, reise seg, staa upp. — Straa, breide straa (halm) paa benkine. — Bjor-kjer, ølskaalir.]


Brage
Kva dur er der?
som dunde de av tusund,
eller mengd utan maate!
Benk-fjølir brakar,
som Balder skulde koma
atter i Odins salar.


Odin
Faavist du mæler,
mangvise Brage!
um vel du allting veit:
Fyri Eirik de dunar,
drottnen som her skal koma
inn i Odins salar.
Sigmund og Sinfjotle!
ris upp snøgleg
og gakk i mote gramen.
Inn honom bjod,
er de Eirik som kjem;
han eg veit er i ventom.
[Sigmund, Volsungs son, var far til Sinfjotle og til Sigurd Faavnesbane.]


Sigmund
Kvi ventar du Eirik
heller enn andre kongar?
Odin
For di vidt um landi
han vaapn hev roda
og blodut sverd bori.
[Ròda (eller rjode), gjera raud, farge i blod o. sl.]


Sigmund
Kvi meinka du han sigren,
naar modig han deg tyktest?
Odin
For di uvisst er aa vita
naar ulven graae
mot sæte aat gudar vil søkje.
[Meinke, hindre. — Ulven, Fenresulven. Odin vil med ordi sine her segja at Ragnarok snart kunde vera ventande, daa einherjane skulde vera med gudane i striden mot Fenresulven og andre uvette; difor galdt de aa hava med der slike mennar som kong Eirik. Desse ordi, liksom ymist i same leid i sume av Edda-kvadi, t. d. Vòluspaa, peikar soleis til ei tid daa de tok til aa sjaa spelegt ut for den gamle gudetrui her nord.]


Sigmund (helsar Eirik).
Heil deg, Eirik!
vel du her vere komin,
og gakk i halli hugheil!
Um eitt eg vil deg frega,
kva fylgje du hev
av hovdingar fraa her-glamren ?


Eirik
Kongar er her fem;
paa kvar eg deg namn skal gjeva;
eg er den sétte sjølv.
— — — — —


Her er broti av, nettupp som kvade rett skulde byrja. Naar no Eirik hev «præsentert» desse kongane for Sigmund, og han so fører deim alle seks inn i halli til Odin sjølv, so skulde de vori gildt aa fengi høyrt korleis de gjekk der. Snorre i minsto hev kjent meir av kvade, kann ein sjaa, med di at han i Heimskringla (s. 96) nemner namne paa 3 av dei 5 kongane som fall med Eirik i slage. Um korleis resten av kvade hev vori, kann me elles tenkje oss til noko fraa Haakonarmaal, daa de viser seg at dei tvo kvadi hev ymist likt baade i plan og anna. Med di at Eirik døydde ei 6 eller 10 aar fyri Haakon, er de rimelegt nok, at de alt fraa gamalt hev vori meint at Haakonarmaal er laga etter Eiriksmaal, likso vel i bygnad som i tid. Men dette kann ein no likevel ikkje rekne for heilt avgjort. De skulde vera mykje som talar for at eit kvad som dette Eiriksmaal fyrst er komi til etter at Gunnhild med sine sønir paa nytt var komi til magti i Noreg, og daa til motvegt mot den folkeyndest Haakon her stod i, og som no Haakonarmaal var vel maata til aa halde uppe, kann ein vita. Men de høyrer ikkje til her aa draga fram dei grunnar som kann tala for eller imot anten de eine eller de andre. Berre so mykje, at Eiriksmaals-skalden syner han hev vori so god til aa ettergjera som nokon, i vissa daa Edda-kvadi, og de ikkje berre i tonen, men og i ordvale, som de syner seg ikkje so lite av de vesle som er. Elles kann de og hende de er ein av Edda-skaldane sjølve me her hev fyri oss. Men hev Eiriksmaal i de heile vori so godt som denne byrjingi lovar, so er de aa segja um baae skaldane, at de ikkje er til mannemink for nokon av deim, kva ein so kann finne av laan eller etterlikning i desse tvo kvadi deira.