Norske trollvisor og norrøne sogor - Norsk sogeforteljing og visedikting

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Norske trollvisor og norrøne sogor

Norsk sogeforteljing og visedikting


av Knut Liestøl



Kjededans på Færøyene. Foto: Sophie Petersen (1885–1965). Nationalmuseet / Det Kongelige Danske Geografiske Selskab. Commons.

Daa me gjenomgjekk dei einskilde trollvisone, kom me til den endskapen at dei alle var norrøne. Dei fleste fann ein berre paa norrøn grunn. Dei andre, som hadde avbrigde i dansk og svensk, viste seg alle ved nærare gransking aa vera av norrønt upphav; like eins var det med dei faa trollvisone som berre fanst paa svensk og dansk grunn.

Til nettupp same endelykti kom me, daa me løyste visone upp i sine einskilde episke drag og fylgde desse dragi gjenom andre diktingar. Trollvisone viste seg daa aa høyra til ein viss type av diktingar, som hadde si blømingstid i seinare luten av millomalderen, og som høyrde dei norrøne landi til.

Daa me endeleg tok fyre oss dei andre visone som byggjer paa sogor, so viste det seg at dei og, utan undantak, høyrde dei norrøne landi til. Alltid naar det spurdest um heimstad for ei vise som bygde paa ei norrøn soge, so var svaret: ho er norrøn. Ved trollvisone galdt dette i dubbelt meining: ikkje berre kvar einskild dikting var norrøn, men oftast ogso dei einskilde dragi som visa bygde seg upp paa; berre av typen kunde ein sjaa at visa var norrøn, ogso i dei høvi der ein ikkje var i stand til aa peika paa noko grunnlag for henne i den gamle bokheimen.

Men ein kann draga grensone for heimstaden aat den folkevisediktingi som byggjer paa sogor, endaa trongare. Med norrøn plar ein meina norsk-færøysk-islendsk; men her maa ein skilja islendsk ut. For det fyrste hev ikkje Island ei einaste trollvise; den mest sermerkte krinsen av visor som byggjer paa sogor, finst ikkje der. Paa Island fann me berre tri visor, som saag ut til aa hava grunnlaget sitt i ei saga; men den eine av dei, "Gunnars kvæði", fanst ogso paa Færøyane; ved den andre, "Ólafs visur", var like eins heimstaden uviss. Den tridje og siste, "Tristrams kvæði", stend daa att reint som eit undantak. Grunnen til at Island kom til aa skilja lag med dei andre norrøne landi, var kanskje fyrst den, at den gamle skaldediktingi hadde sterkare røter og heldt seg lenger der enn i Norig; og sidan daa skaldediktingi blømde av, fekk som fyrr nemnt rimurdiktingi slikt yvertak, at den, og berre den, vart nytta til aa føra dei gamle prosadiktingane yver i bundi form. Naar ein hugsar paa kor mange folkevisor Island hev sams med Norig og Færøyane, og tenkjer paa det sterke samkvæmet det var millom dei norrøne landi i den tidi daa folkevisediktingi stod i sin beste brage, so er det utenkjande at ikkje islendingane skulde ha høyrt ei einaste norsk eller færøysk trollvise. Dei maa ha kjent dei, men dei hev ikkje lagt seg dei paa minne eller teke etter ei sovori dikting, for di dei hadde ri mur, som gjekk um det same; og rimur´ne gav emnet meir umstendeleg og meir i samsvar med dei gamle sogone, som islendingane kjende so vel. Derimot lærde dei gjerne visor med emne som var nye for dei. Dette er tydingi paa at dei islendske folkevisone synest aa staa so rotlause i islendsk tradition — utan større samanheng med den gamle islendske diktingi. Berre aa segja at visone er innførde, er ikkje nokor løysing paa vanskane; for daa skulde ein venta at dei norske og færøyske visone som byggjer paa sogor, hadde fenge heimstad paa Island, likso vel som dei andre; men det er nettupp dei som vantar. Og at folkevisone ikkje hev vore framande paa Island, men hev trengt ut millom folket, det ser ein av sjølve visetekstene, med si sjølvstendige utforming og sin rikdom paa avbrigde.

Heimstaden for den folkevisediktingi som byggjer paa sogor, er Norig og Færøyane. Nokre av dei visone det her gjeld, finst baae stadene; nokre i Norig berre, og mange berre paa Færøyane. Færøyane er no rikast paa desse diktingane, og der er det nytta fleire slag sogor enn i Norig. Der hev vore sterkare samband med Island; fleire av dei islendske ættesogone er nytta til grunnlag for folkevisor; det finn ein ikkje i Norig; dessutan hev dei paa Færøyane nytta mykje meir av dei unge uppdikta islendske eventyrsogone. Innverknaden fraa Island ser ein og i det, at mykje av den yngre færøyske folkevise-skatten likjest i fleire maatar dei islendske rimur’ne. Dei held seg nær ved sogegrunnlaget, og er lenger og meir vidsveimde enn dei norske visone. Paa Færøyane ser det ut til at dei hev halde mykje lenger paa med aa dikta visor etter sogor enn i Norig; paa Færøyane finn ein jamvel kvæde so unge at dei er dikta etter prenta sogor; dei norske visone med emne fraa sogor synest alle aa høyra millomalderen til.

Dei færøyske visone er uvanleg rike paa parallelvers og faste vendingar; heile versrekkjor kann koma att mest ordrett fraa kvæde til kvæde. Dette gjev ofte ein kjenning av noko aands-fatigt og stivt og avbleikt. Dessutan er færøyvisone ofte svært lause i veften; den eine bolken av visa hev lite med den næste aa gjera. Stundom er det ikkje anna som knyter ein taatt av visa til ein annan, enn at hovudmannen i den eine taatten er ein skylding av hovudmannen i den andre. Eit godt døme paa kor veik kjensla av samanheng kann vera, hev me havt i "Arngríms synir".

Men desse eigenskapane ved den færøyske folkevisa synest, som sagt, mest aa høyra den yngre diktingi til. Det er vel helst noko som hev vakse seg fram i det seinare, og songdansen ber vel mykje av skuldi for det vidsveimde og for uppattakingane. Fleire av dei eldre kvædi hev halde seg stutte og fyndige. No ser ein tydeleg skilnad paa dei norske og færøyske visone; men me veit ingen ting um kor stor skilnad det var i gamall tid. Det er greidt at ulikskapen her som alltid i slike høve hev vorte større med tidi. Og so maa ein koma i hug at dei fleste norske visone hev me berre i si telemarkske form. Men telene kunde ikkje staa i so nært eit samkvæme med færingane som folket paa Vest- og Sudvest-landet gjorde. Vest- og Sudvest-landet maa ha havt millomformer millom dei telemarkske og færøyske avbrigdi. Dei visone som me hev att fraa dei kan tar av landet, syner seg daa og røynleg aa hava nærare samanheng med dei færøyske visone enn dei tilsvarande telemarkske hev.

Det vert etter dette ikkje so greidt aa skifta ut visone millom Norig og Færøyane. Men so mykje ser ein likevel, at dei allerfleste av dei færøyske visone som byggjer paa sogor, og som er sams for Norig og Færøyane, maa etter alt likjende vera av norsk upphav. Ved andre visor, der ein hev avbrigde fraa andre land aa jamføra med, kann me i fleire tilfelle sjaa at det er den norske formi som ligg til grunn for den færøyske; men sovidt eg veit hev me ikkje døme paa det umvende. Mot at visor i større mengd er komne fraa Færøyane til Norig, talar det og, at dei hev ikkje funne att nokor av dei yngre færøyske visone i Norig (um ein daa ikkje reknar Iven Erningsson hit; men den høyrer millomalderen til); og det trass i at samkvæmet millom Norig og Færøyane var sterkt til heilt ut i 18de hdr. Derimot hev det ogso i seinare tid kome visor fraa Norig til Færøyane t. d. Ole Morske (17de hdr.); og av Petter Dass kann mange færingar store stykke utanaat mest gjenom munnleg tradition. Slike visor som Hjálmar og Angantýr, Ålvur kongur og Brúsajökils kvæði, som er sams for Færøyane og Sverike eller Danmark, maa, som fyrr umtala, helst vera av norsk upphav. Fraa Norig hev dei vandra austyver og vestyver. Det er ingen ting som talar for, men mykje som talar imot, at dei skulde vera komne beinvegs fraa Færøyane til Sverike eller Danmark; ein hev elles ikkje noko døme paa at visor av dette slaget hev kome beint fraa Færøyane til det austnordiske landumraadet, og samkvæmet millom Færøyane og Sverike-Danmark var i millomalderen overlag lite; derimot var samkvæmet med Norig og Island serleg sterkt. (Sjaa Jakobsen, Fær. sagnhist., s. 4 og 9).

Det er greidt at diktingi i det mange gonger folkerikare moderlandet, maatte faa mykje aa segja i den vesle nybygdi, og i stor mun verta baade grunnlag og mynster for den sjølvstendige færøyske diktingi; det kom baade visor og vise-emne fraa Norig. Um dette hev granskarane vore samde. Grundtvig finn at dei 67 kvædi i CCF. IV —X er "for det meste vistnok af norsk oprindelse" (Aarbøger 1882, s. 367). Jakobsen meiner (Fær. sagnhist., s. 7), at "da kædedansen og kvadene oprindelig kom til Færøerne fra Norge, er det rimeligt, at adskillige færøske kvad omhandle specielt norske æmner for ikke at tale om de mange sydfra vandrede romantiske digtninger, som ere komne til Færøerne over Norge som gennemgangsled og i norsk støbning....... Kvadene om "Hermund den onde" og "Margrete paa Nordnæs" gaa tilbage til norske viser om samme æmner. I flere færøske kvad (for størstedelen mytiske), hvortil ingen paralleler haves, og som unddrage sig kontrol, henlægges handlingen til Norge. At et i en færøsk vise behandlet æmne er særlig norsk udelukker dog slet ikke muligheden eller sandsynligheden af, at det kan være modtaget fra Island. To hovedstrømninger krydse hinanden paa Færøerne i middelalderen: en norsk og en islandsk, og da denne sidste i saa høj grad beskæftiger sig med norske æmner og desuden øver en stærk paavirkning gennem sin rige skrevne literatur, saa modtage Færøerne i dette tidsrum ofte norske traditioner (tildels ogsaa danske) i islandsk udformning"[1]. Hjalmar Thuren segjer (Folkesangen paa Færøerne, s. 29): "Navnlig har Norge gjort sin indflydelse gældende paa den færøske kvadliteratur . . . . De færøske kvad med norske æmner er for en stor del bearbejdelser af norske viser." Denne innverknaden fraa Norig galdt ogso Shetlandsøyane. (Sjaa Thuren, sm. st.).

Paa den andre sida er det sjølvsagt ikkje urimelegt at ei og onnor vise er komi fraa Færøyane til Norig. Det er mykje som talar for at det er tilfellet med det store Ivenskvædet. "Iven Erningsson" skil seg ut fraa alle andre norske visor ved det at ho er so uvanleg lang og samstundes so laust bygd. Til det kjem at ho hev vore knytt saman med Kvikjesprakk, og noko anna døme paa store kvæde, der kvar taatt er mest som ei sjølvstendig vise, hev me elles ikkje i norsk. Dessutan hev me Kvikjesprakk paa Færøyane i ei onnor form: "Finnur hin fríði", og denne formi kann ikkje vera avleidd av den andre, av di ho stend nær are soga. Til alt dette kjem, at ein i "Iven Erningsson" finn so mange parallelstader i færøysk dikting. — Moltke Moe tenkte seg at "Aasmund Frægdegjæva" kunde vera komi fraa Færøyane (sjaa s. 53). Det han grunna denne meiningi paa, var nokre parallelstader i færøyske visor, helst likskapen millom "gannekjeret" i Aasmundsvisa og "eiturkelda" i færøyske visor.

Og so det at helten i Aasmundsvisa var funnen att i ei vise fraa Lista, og der hadde tilnamnet hans ei meir egte form: flagdekjempa. "Den overvættes rike nuancering og avændring i visens indhold avgiver et indre, men netop derfor saa meget vægtigere vidnesbyrd om at visen ikke fra først av er skutt op i den samme jordbund, at den er en indflytter, hvis fortid ikke kjendes og om hvem der derfor danner sig en saa meget rikere sagndigtning." Til dette kunde ein ogso ha lagt at sume maalformer i variantane fraa Mid-Telemark peikar vestyver, so visa innan Telemarki hev vandra fraa vest mot aust. Men alt dette fær mest ingen ting aa segja no, naar me hev set at visa paa ingen maate kann vera avleidd av den islendske segnformi, soleis som Moltke Moe tenkte seg, men at ho tvertimot berre styd seg til norsk tradition. Dessutan maa ein hugsa paa at visa er funni i Norig berre, og det er lite rimelegt at ei so merkeleg vise skulde vera gløymd paa Færøyane, der dei elles hev gøymt so truge paa visor av dette slaget. So vidt eg kann sjaa, talar den rike nuanceringi berre for kor umtykt visa hev vore, ikkje for at ho er innvandra. Emnet er so laga at det lett vil kløyva seg i avbrigde, anten so visa er innførd eller ei.

Endaa ein kann vera i tvil i nokre einskilde tilfelle, so kjem ein til den endskapen at dei allerfleste av dei eldre norsk-færøyske visone som byggjer paa sogor, maa vera av norsk upphav. Derimot er vel dei fleste av dei yngre færøyvisone med sogegrunnlag likso visst av færøysk upphav.

Den fyrste heimstaden for umdiktingi av sogor til visor maa vera Norig. Fraa visone vert me daa førde attende til sjølve sogone, til det emnet som kanskje er det forvitnelegaste: sogeforteljing og sogeskriving i Norig i millomalderen.

Me skal fyrst setja upp ei liste yver dei sogone som er nytta til grunnlag for norske folke visor:


I. Fornaldarsogor og tætter:
1. [Asmundar saga flagðagæfu].
2. Torkell Adelfars saga.
3. Ǫrvarodds saga.
4. Hervarar saga.
5. [Ormars saga].
6. Ragnars saga.
7. Hrómundar saga Greipssonar.
8. Illuga saga Gríðarfóstra,
9. Hemings þáttr.


II. Romantiske sogor:
10. Karlamagnús saga.
11. Mágus saga.


I denne upprekningi er ikkje medtekne "Halvs saga" og taatten um Orm Storolvsson, sidan dei tilsvarande visone berre finst i svensk og færøysk. Heller ikkje er dei sogone medtekne, som berre hev sett merke i einskilde bolkar av visor, t. d. segner i "Olav Tryggvasons saga", "Tristrams saga" og "Mirmanns saga".

Spursmaalet er no um dei sogone me hev rekna upp, hev vore norske, eller med andre ord um dei norske folkevisone med sogegrunnlag byggjer paa ein heimleg norsk tradition.

Ved dei romantiske sogone er svaret lett. Dei hev ikkje gamall rot her i landet; men fraa 13de hdr. vart dei umsette til norrønt maal i Norig. Me veit dei vart godt umtykte, og fraa Norig hev dei kome til dei andre nordiske landi.

Det hev vore den aalmenne meiningi fraa gamalt, at det i Norig hev funnest fornaldarsogor eller i minsto dei same soge-emni, som me no hev i fornaldarsogone. Det skulde mest vera sjølvsagt og, naar me hugsar paa kor ofte emnet i fornaldarsogone er norsk og knytt til Norig. Slike sterkt heimfeste segner maa daa ein gong ha vore kjende paa heimstaden sin. Det er urimelegt aa tru at dei skulde ha gløymt dei nettupp der, og so sidan henta dei heimatt fraa Island og gjort dei til folkeviser. Munch og Unger segjer i si gamalnorske lesebok (1847), at "hvad de fabelagtige sagaer angaar, da have de vistnok været ligesaameget i omløb i Norge, som paa Island" (s. V). Dette inntrykket, som dei tvo granskarane hadde fenge av sjølve den norrøne bokheimen, svarar til det resultat som Axel Olrik kom til ved granskingi av dei norrøne sogone hjaa Saxó. Han segjer: "Fornaldarsagaerne tilhører ikke Island alene. Der er vidnesbyrd om, at saavel de vestlige øer som Norge har haft del i dem; og endnu foreligger der et stort sagastof i norske og især i færøske folkeviser. Heri findes en del af de paa Island kendte oldsagn, vikingesagn og æventyrsagaer. Af denne viseliteratur ses det tydelig, at den norrøne fornaldarsagadigtning ikke er Islændingenes særeje, men at de kun har udformet den nærmere og ført den i pennen" (Sakses oldh. I, s. 13). Heile det norrøne tilfanget hjaa Saxo viste seg ved nærare etterrøkjing aa vera eit prov paa dette.

Jamvel dei som ikkje held fyre at Norig hev havt ei fornaldarsaga, maa sanna at Norig fraa gamalt hev havt munnlærde segner med same emni. Finnur Jónsson nemner at "Hrómundar saga" vart fortald baade paa Island og i Norig, og legg til: "Det er først og frem mest klart, at disse og lignende fortællinger udgjorde et underholdningsæmne ikke blot paa Island, men ogsaa i Norge. Dette er naturligt, ti større eller mindre dele deraf er gamle folkelige æventyr og ældre sagnminder." Han nemner so eit par vitnemaal um at det i Norig hev vore "mundtlige, uden tvivl fornaldarsaga-agtige traditioner. Disse norske sagn, som vi her faar antydede, er ganske sikkert komne til Island, længe før nogen fornaldarsaga blev nedskreven, enten allerede med landnamsmændene eller i den følgende tid gennem Islændere, der havde opholdt sig i Norge, eller gennem norske købmænd. Det er saaledes fuldstændig forfejlet, naar enkelte af de senere udgivere af disse sagaer kan mene, at en saadan saga er nedskreven i Norge, fordi der deri findes norske sagn" (Lit.hist. II, s. 791 f.). Um den historiske traditionen i Norig trur Finnur Jónsson, at han hev gjenge meir "i sagnhistorisk end i historisk retning. Vi synes at skimte dens væsen i forskellige sagn angaaende visse gamle steder (fornaldarsaga-agtige fortællinger), i de mange sagn, Saxo synes at have opbevaret og benyttet (jfr. A. Olriks paavisninger), samt endelig i de uhistoriske sagn og legender, der Andes i et verk som Agrip" (sm. st. s. 960).

Det tilfanget av soge-emne som me hev i folkevisone, peikar tydeleg attende mot ein serskild norsk tradition:


1. Det er fleire trollvisor som synbert byggjer paa fornaldarsaga-motiv, men det finst ingi tilsvarande islendsk saga, og emnet er berre norsk, t. d. "Venill fruva" og "Lavrans unge". Her kann ein ogso nemna soga um Torkell Adelfar, som Saxo hev millom sine norrøne sogor, og som det er far etter i ei vise som berre er norsk; men paa Island er denne soga ikkje funni. Aa tenkja seg ei burtkomi islendsk saga kvar gong den norske traditionen hev noko som vantar paa Island, er urimelegt. Det umvende derimot: aa tenkja seg at ei fornaldarsaga kann ha funnest i Norig, um ho no er burtkomi der, hev ofte gode grunnar for seg.

2. Den norske traditionen som ligg til grunn for folkevisone, syner ofte avvik fraa den tilsvarande islendske. Til grunn for visa um Aasmund Frægdegjæva ligg det ein sogetaatt um korleis Olav den heilage kristna Norig, noko i likskap med dei kristningstættene me hev i Flatøyboki. I denne visa kjenner ein att nokre forteljingar som Odd munk hev teke inn i si Olavs saga. Desse forteljingane maa vera norske og høyra til dei segnene um Olav, som gjekk her i landet etter han var daud. Det er tydelegt at det hev vore ein rik tradition um kongane vaare langt utetter i millomalderen; "Ágrip" hev ikkje so lite sernorsk tradition, og innskoti i Fagrskinna viser at i 14de hdr. hadde dei paa Austlandet segner um Halvdan Svarte og Harald Haarfagre. (Sjaa Finnur Jónsson, Lit.hist. II, s. 623, og Gustav Storm, Om indskuddene i Fagrskinna). I Aasmunds-visa hadde dei ogso nytta "Torkell Adelfars saga" og kanskje "Geirrødsmyten". Men heile dette emnet, som hev so vide røter, maa vera ei norsk nydikting, for trollstriden er flutt yver fraa Olav Tryggvason til Olav den heilage. Denne samanblandingi av dei tvo Olav'ane er sermerkt for den norske traditionen, og høver ikkje med den islendske, der den historiske sansen var so sterk, at dei tvo Olav’ane vart haldne ut fraa einannan. Visa um Heilag-Olavs kappsigling og Ribe-Iegenden (som byggjer paa segner fraa Sud- og Vest-Norig) viser at det hev vore ein heil segnkrins um Olav den heilage og den vantrune broren hans, Harald, ein segnkrins som slett ikkje hev kome seg inn paa Island. Steinfinn-visa byggjer paa tvo bolkar av "Orvarodds saga" i ei form som ikkje heilt samsvarar med nokor av dei formingane me no hev. Folkevisor som knyter seg til "Hervararsaga", viser at soga hev havt ein bolk som ikkje finst i dei islendske formingane: Hervor hemner far sin. Det synest aa ha vore fleire munnlærde avbrigde av sogone um Orvarodd og um Hervor. Dei visor og segner som byggjer paa Orvarodds saga, er nettupp knytte til den landsluten der fleire av hendingane i soga gjeng fyre seg. Like eins er det med visone og seg- nene um Aslaug kraaka. Dette synest aa visa oss at det er den heimlege traditionen som er nytta.

3. Eit umvegs prov for at fornaldarsogone hev aatt heime i Norig, er det at Sverike og Danmark ikkje fekk nokor folkevise-dikting som byggjer paa sogor. Av Saxo skynar me at norrøne sogor hev vore fortalde i Danmark ikr. 1200, og det er vel kjent at sagahandskrifter i ikkje so liten mun kom til Sverike. Men dei nytta ikkje desse emni; og det var ikkje for di det ingi folkevise-dikting fanst i desse landi; ho blømde der likso vel som i Norig. Heller ikkje var det for di dei ikkje brydde seg um slike visor; tvertimot: dei laante visor av det slaget fraa Norig. Den einaste tydingi er daa at fornaldarsogor ikkje hadde nokor rot i desse landi. Me kann trygt gaa ut fraa at det hev vore ein norsk fornaldarsaga-tradition. Spursmaalet er berre um korleis denne traditionen hev vore, um diktaren hev nytta skrivne eller munnlærde sogor, og um me alltid hev aa gjera med heimleg tradition eller um me maa rekna med islendske sogeformer.


Som fyrr nemnt, trudde Svend Grundtvig at det ofte var gamle kvæde, som laag til grunn for visone (sjaa t. d. s. 126 og 224). Rosenberg derimot fann at det maatte vera prosa-diktingar, som laag til grunn (Nord, aandsl. II, s. 458), og det er visseleg det rette. Jamt hev dei einskilde etterrøkjingane vist oss til sogor, ikkje til kvæde, og oftast er det som Rosenberg segjer, at der kann "umuligt forudsættes andet end prosafortœlling“. Det er no den aalmenne meiningi, og eg skal difor ikkje gaa nærare inn paa grunnane for henne. Ved dei romantiske sogone er det sjølvsagt at grunnlaget var prosaforteljing. Spursmaalet um soga kann vera avleidd av visa fell burt; for i alle dei tilfelli me hev røkt etter, maa anten soga vera det upphavlege, eller soga og visa maa kvar for seg byggja paa dei same segnene. Det vert difor berre tale um kva form av prosaforteljingi visediktaren hev kjent.

Ved dei romantiske sogone veit me nokolunde kva form dei norrøne avbrigdi hev gjenge ut fraa. Det er difor lettare aa sjaa samhøvet millom soga og visa; ein kjenner det eine utgangspunktet for sogevoksteren. Soleis ser ein at det er den yngre formi av "Mágus saga", som er nytta i "Dei tri vilkaari", og i "Rolandsvisa" merkar ein atterljomen av einskilde ordlag i "Karlamagnús saga". Ein ser at diktaren jamleg skjer ut or visa ein bolk, som han hev funne serleg hugtakande. Det er han sjølvsagt nøydd til um soga er stor, for elles vilde vise-raama verta sprengd, soleis som det røynleg er tilfellet med nokre av færøyvisone. Men dette lærer oss ein annan ting: for di um ein berre finn att ein bolk av soga i folkevisa, kann ein paa ingen maate slutta at berre den bolken av soga hev vore kjend for visediktaren; endaa mindre kann ein slutta at ikkje heile soga hev vore kjend i landet. Dette skal ein serleg hugsa paa ved fornaldarsogone, for der hev me ikkje det faste utgangspunktet, baade naar det gjeld formi og naar det gjeld tidi, som ved dei romantiske sogone.

Det viser seg daa og at samhøvet millom visone og dei kjende formene av fornaldarsogone er sterkt skiftande. Stundom ligg visa tett upp til soga, so at ein kann skyna at visediktaren maa ha kjent soga mest i same form som den me no hev, t. d. "Illuga saga Gríðarfóstra" og "Hrómundar saga Greipssonar". Andre sogor kann me slutta mindre um, t. d. "Ǫrvarodds saga", "Hervarar saga" og "Ragnars saga"; men set me innaat einannan alle dei vitnemaali som visone gjev, so skynar me at diktaren i alle fall maa ha kjent hovuddragi i heile soga, og det hender at ein kann timja serskilde soge-former. Kvikjesprakk synest i skildringi av striden med løva aa ha nytta den eldre formi av "Hrólfs saga Gautrekssonar".

I den yngre formi skræmer dei løva med eit skrik, so ho vert standande still og Rolv fær drepe henne; i den eldre set Aasmund sverdet i kjeften, medan Rolv høgg, og det svarar nærare til visa, der Kvikjesprakk held i løvekjeften, medan smaadrengen høgg. Stundom er det berre eit einskilt drag eller eit namn i visa, som syner at diktaren hev kjent meir av soga enn nettupp dei bolkane han serleg byggjer paa. Me kann nytta same visa til døme atter: I Kvikjesprakk er det ingen ting um upphaldet hjaa kong Ella i England; det er hendingane i Irland visa gjeng um. Men likevel er striden med løva laant fraa upphaldet i England. I Ormar-diktingi er det i grunnen berre tvo bolkar av Hervarar saga, som er nytta; men fleire av namni er laante fraa mindre vigtuge personår i andre bolkar av soga, so diktaren maa ha kjent dei og.

Me hev til dessar halde utanfor det vande spursmaalet um dei sogor som diktaren hev nytta, var skrivne eller munnlærde. Ved fyrste augnekastet synest dei fleste av dei norske visone aa liggja so langt fraa den sogeformi me no kjenner, at ein gjerne vil setja baade andre- og tridjehands munnleg attforteljing til grunnlag. Men ein maa hugsa paa fleire ting. Fyrst og fremst at yvergangen fraa ei kunstform til ei onnor fører med seg store skifte. Visa er meir bundi og avgrensa enn soga er, og lyt nytta andre raader til aa runda emnet av. Skilnaden vil gjerne verta djupare, di større kunstverk visa er. Diktaren støyper um heile tilfanget, han stytter av, legg til, set det gamle saman paa nye maatar, so det kann høva i hans diktverk. Onnorleis er det um diktarkrafti er mindre; daa kann folkevisa i stor mun berre vera ei versificering av det tilfanget som er gjeve i soga; gode døme er den norske "Rolandsvisa" og det færøyske kvædet "Runzivals stríð". Truskapen mot traditionen kann alt ifraa fyrste stund vera større eller mindre, men med tidi vil den munnlærde visa i alle høve koma til aa skilja seg meir og meir fraa sogegrunnlaget. Hev ein fleire uppteikningar av ei vise fraa ulike land og til ulike tider, vil ein jamt finna at dei tilsaman hev fleire likskapar med soga og maa ha havt fleire drag sams med henne, enn ein kunde tru, um ein skulde døma etter den einskilde uppskrifti. Gode døme gav Raamundsvisone oss. Grunnformi av visa hev me ikkje i noko høve, og det vert eit tilfelle um dei formene som hev naatt fram til oss, stend grunnformi nær eller ei.

Naar ein maa rekna med alt dette, vert det tidt ei skynssak um ein skal tru at visa er dikta beinvegs etter den skrivne soga eller ei. Ved dei romantiske sogone skulde det vera lettaste aa greida det spursmaaalet; for der veit me at traditionen i alle høve gjeng attende til den skrivne soga. Men det er her likso stor skilnad paa den skrivne soga og paa visa, som ved fleire av dei norrøne emni; og daa er det sjølvsagt likso rimelegt her som ved dei heimlege emni aa gaa ut fraa at det ligg ei munnleg attforteljing millom den skrivne soga og visa. Som me veit, var bøker kostesame ting i millomalderen. Det var berre faa som hadde raad til aa hava dei, men hugen til aa høyra sogone hev sjølvsagt vore stor hjaa mange. Dei hev ofte vorte upplesne og attfortalde. Me hev døme paa det same fraa ei seinare tid, daa bøker endaa var sjeldfengde. Det kunde koma folk saman fraa fleire gardar hjaa ein som hadde "krønikar“, dvs. Snorre, Holger danske, Karlmagnus o.l. Ein las upp, og dei andre fylgde livande med. Me hev fleire døme paa kor lett slike forteljingar kunde gaa fraa munn til munn, til dei hadde gløymt den skriftlege kjelda. Soleis hev det gjenge med forteljingar um Grette Aasmundsson og um Didrik av Bern i Sætesdal; soleis gjeng det ofte med eventyr. Slike attforteljingar kunde fylgja det skrivne heller nøgje; ein maa hugsa paa kor godt minne folk hadde, fyrr bøker og blad vart vanlege. Kvar var no den diktaren, som vart so teken av emnet at han sette det i folkevise-form? Var han millom dei som las soga, eller millom dei som høyrde henne upplesi, eller millom dei som høyrde henne attfortald? Det er, sovidt eg kann skyna, uraad aa greida heilt.

Ved dei norrøne sogone er spursmaalet endaa vandare. Der hev emnet vore attfortalt i lange tider. Der maa ein rekna med fleire variantar av soga. Fleire av soge-emni maa ha gjenge fraa mann til mann i hundradaar. Det er daa umogelegt anna enn at traditionen maa ha greina seg ut i fleire segnformer. Um soga vart uppskrivi, stansa ikkje den munnlege forteljingi for det; ho heldt paa aa strøyma som fyrr. Me hev so lett for aa festa tanken ved den eine skriftlege uppteikningi, som me høver til aa hava. Men det er berre eit einskilt stig i den lange framvoksteren. Me maa hugsa paa at det ikkje berre er gamle handskrifter, som kann ha kome burt, men ogso munnlærde soge-former, som kanskje hev livt i lange tider. Kor mang ein gong er det ikkje gjort misvisande slutningar, av di granskaren hev knytt tvo diktingar beinvegs saman, og ikkje teke umsyn til at det kanskje hev dotte ut ei lang rek kje millomleder millom dei. Um ein i vaare dagar skriv upp ei og same segni i tvo bygdelag og uppskriftene kjem til aa likjast mykje, kann det likevel vera fleire sogemenner millom dei tvo ein hev skrive upp etter. Og di større skilnaden er, di større grunn er det til aa rekna med fleire millomleder. Den breide straumen av sogeforteljing, som smaatt um senn greiner seg ut i kvisler, maa ein rekna med ved dei norrøne sogone og, um ein daa i det heile reknar med ei utvikla forteljing av sogor. Ein maa segja at det paa fyrehand er størst likjende til at diktaren hev nytta munnlærde sogor, ikkje skrivne. Me hev likevel i dei einskilde etterrøkjingane stundom kome til den endelykti, at grunnlaget for visa saag ut til aa ha vore ei skrivi soge. Fleire av dei yngre færøyvisone maa vera dikta yver skrivne sogor. Det hev vorte ein fast formel i færøyvisone aa segja at emnet er kome fraa Island "skrivað í bók so breiða". Um det i Norig visseleg hev funnest ein rik tradition med fornaldarsaga-emne, so er det difor ikkje umogelegt at den soge-formi som ligg til grunn for visa, kunde vera komi i ei handskrift fraa Island.

Fraa Norig kjenner me ikkje so faa saga-handskrifter nettupp fraa den tidi som er vigtug i denne samanhengen. I bispen Arnes boksamling var m. a. "Trójumannasǫgur" og "Breta sǫgur", "Didrik av Berns saga", "!Ǫrvarodds saga", "sopdyngíu et þar a margar sagur". I eit skifte paa Tolga 1366 er det millom andre bøker nemnt "ein bok þen sem fyrst er vp a Beuers sagha ok marghar adrar go dar saughur j þeiri einne bokenne" (Dipl. Norv. IV, s. 353). Etter alt me kann sjaa hev bokmengdi vore stor, men lesehugen endaa større[2]. Nokre av desse handskriftene hev vel vore norske og nokre islendske. Me veit at islendingar skreiv av islendske handskrifter til bruk i Norig, t. d. "Eirspennill", og fleire av handskriftene til dei romantiske sogone er norske. Naar det er funne so faa handskrifter her i landet, so kjem det ikkje av di dei aldri hev vore her, men avdi dei hev vorte øydelagde. "Mågus saga" t. d. maa ha vore kjend her i landet; men endaa det no finst ikr. 30 handskrifter av henne, so er dei alle islendske. Det var ikkje hjaa oss som paa Island, at dei heldt uppe kjennskapen til det gamle maalet, og den store kyrkje-umboti førde med seg at folk tok til aa øydeleggja dei gamle "papistiske" handskriftene. Eit avskræmelegt bilæte av øydeleggjingi fær ein i Oluf Kolsruds vesle skrift "To smaastykker om middelalderlige haandskrifter i Norge" (Særtryk av Trondhjems adresseavis 1911): "Ødelæggelsesarbeidet blev drevet allesteds i vort land, og det var en ren sjeldenhet at et latinsk haandskrift undgik de protestantiske inkvisitorer. Men denne inkvisitions haandlangere var som oftest danske mænd, og ovenikjøpet ulitterære folk. De kunde ingen forskjel gjøre paa latin og norsk, og i sin iver ødela de ogsaa alle de norske haandskrifter som de kunde komme over, uanset av hvad indhold og værdi de kunde være. Selv danske og svenske bøker gik samme vei" (s. 5). Ein maa undrast at det i det heile er noko att. Det hev gjenge i Norig som det gjekk i Irland. Der gjorde vikingane ende paa handskriftene. Ifraa fastlandet kjenner me yver 200 handskrifter, som irske munkar hev skrive tidleg i millomalderen; men i sjølve Irland finst det berre 4, som er eldre enn slutten av ute hdr. (Sophus Bugge, Populær-videnskabelige foredrag, s. 6).

Det er etter dette mykje rimelegt, at me hev havt mange saga-handskrifter her i landet, ogso slike som inneheldt fornaldarsogor og eventyrsogor. Reint islendske sogor kunde daa gjenom handskriftene slaa rot i Norig og verta grunnlaget for folkevisor, liksom dei romantiske sogone vart det.

Ein maa ogso rekna med at islendingar fortalde nydikta sogor eller den islendske formi av gamle soge-emne. Kong Sverre høyrde Hrómundar saga, og Sturla Tordsson fortalde soga um jøtunkvendet Huld for det norske kongeparet. Aa skilja den norske og islendske traditionen og bokheimen so sterkt ifraa einannan i alle tilfelle, hev ingen grunn i dei historiske tilhøvi. Me veit at i det 13de og 14de hdr. var det eit sterkt samkvæme millom alle dei norrøne landi. Visor kom fraa Norig til Island, Færøyane og Shetlandsøyane; romantiske sogor kom fraa Norig til Island; sogor kom fraa Island til Færøyane. Ogso naar det gjeld ei sovori folkeleg dikting som eddakvæde, fornaldarsogor og eventyrsogor, maa ein sjaa Norig—Island—Færøyane meir under eitt enn granskarane gjerne hev vilja gjera. Det synest t. d. ikkje aa vera stor tvil um at den norske folkevisa um Sigurd svein er avleidd av eit av dei yngste islendske eddakvædi, "Gripisspá"; og me hev sét korleis ein finn att unge norske sogeformer paa Island og unge islendske sogeformer i Norig. Det viste seg aa vera eit nært samband millom visse episke drag i islendske fornaldarsogor og eventyr paa den eine sida og norske og færøyske folkevisor paa hi. Den einaste tydingi paa alt dette er, at det maa ha vore eit rikt aandelegt samkvæme millom landi; norske sogor hev kome til Island, og islendske sogor til Norig, baade munnlærde og skriftlege; og liksom norske eddakvæde hev kome til Island, so hev sidan islendske eddakvæde kome til Norig.

Her vil det likevel endaa vera rom for det paastandet, at den islendske traditionen var av eit anna slag enn den norske. Um det i Norig fanst saga-emne, so hadde dei ikkje saga-form, men var berre kunstlause segner, berre folklore. Fyrst paa Island fekk dei kunstform. Denne meiningi hev m. a. tyskarane Mogk og Heusler halde fram, den fyrste i si utsyn yver den norsk-islendske litteraturen i Pauls Grundriss, den siste med stor klaarleik og dugleik i "Die Anfånge der islandischen Saga" (Berlin 1914). Mogk segjer at det var islendingane som gav fornaldarsogone kunstform; men ein finn ikkje nokor nærare utgreiding um denne formgjevingi, og dei meiningane som Mogk hev um samhøvet millom den munnlærde og den skrivne soga, kjem ikkje tydeleg fram. Heusler trur at dei islendske ættesogone hev fenge si kunstform fyrr fornaldarsogone fekk si, og at denne yvergangen fraa segn til saga, fraa folklore til kunst, er noko ser-islendsk. Det eldste stiget i utviklingi, dei islendske ættesegnene, "Familienchroniken", stod i episk kunst ikkje høgare enn dei munnlærde segnene ein finn i andre land. Men "die isl. Familienchroniken blieben nicht "Folklore": sie erlebten die Erhöhung zur Kunst. . . Sie wollten nicht mehr bloss die stoffliche Wissbegier befriedigen, sondern auch unterhalten und ergötzen". Dei vart "epische Vortragsstucke von allgemein menschlichem Reize, und gleichzeitig von weitgehender sprachlicher Festigkeit. Damit war gegeben: sie stellten nun andere vielseitigere Anspriiche an den, der sie erzahlen sollte. Dies war die entscheidende Wendung in dem Schicksal dieser Bauerngeschichten" (s. 40 — 41). Denne vendingi gjekk nærast fyre seg i 10de hdr. under innverknad av den irske fortelje-kunsti. "Nachdem die islåndische Saga ungefahr vier Menschenalter hindurch an den zeitgeschichtlichen, wirklichkeitstreuen Stoffen herangewachsen war, hat sie, so nehmen wir an, zu Anfang des 12. Jahrhunderts die Stoffe des Wiking- und Heldenromans in ihren Bereich gezogen. Aus loser prosaischer "Sage" einerseits, aus Heldenliedern anderseits, dazu aus eigener Phantasie bzw. freier Verwendung schon geprågter Sagamotive baute der geubte Geschichtenerzahler die Fornaldarsögur auf, die uns als eine zweite abgeleitete Erscheinungsform der isl. Sagakunst geiten" is. 52). Det kann maa henda vera tale um ein ny innverknad fraa Irland paa fornaldarsogone etter aar 1100, sidan den irske heltediktingi hev fieire store likskapar med fornaldarsogone. Dersom det hev vore ein sovoren innverknad, hev han helst kome yver Orknøyane. Til grunn for dei skrivne fornaldarsogone laag det ei vel utforma stød munnleg forteljing. Sogone hadde lyft seg til kunst i den tidi dei var munnlærde, so at "unter den Fornaldarsögur werden wohl nur die, die auf geschriebenen Liedern fussen ("Vfllsunga saga", "Nornagests þáttr"), unbestreitbaren Anspruch auf Buchmassigkeit haben" is. 66).

Det er her ikkje teke noko umsyn til den norske sogeforteljingi, som det tvillaust hev vore heile millomalderen utigjenom. Naar det vert nemnt at den irske sogemannen fortalde i Irland, so heiter det at "dieses Erlebnis an irischen Kleinhöfen machte Eindruck auf isländische Gäste" (s. 49), og den andre gongen det kunde vera tale um ein irsk paaverknad, kom han yver Orknøyane. Men den største luten av kulturstraumen fraa Vesterlandi maa ha kome til Norig; nordmenn maa ha høyrt irsk sogeforteljing likso vel som islendingar, og Norig stod i sterkt samkvæme baade med Vesterlandi og med Island. Naar me no ser ut yver det folkevisone lærer oss um sogeforteljing i Norig: at det maa ha funnest fornaldarsogor av alle slag og paa ulike utviklingsstig, so kjem ein i sterk tvil um at emni i fornaldarsogone fyrst hev naatt fram til kunstform paa Island, og berre paa Island.

Ser ein nærare etter, vil ein finna at det einsynte i Heuslers utgreiding kjem av at han hev gjeve ættesogor og fornaldarsogor mest same utviklingsgangen. Men det kann dei ikkje ha havt. Fornaldarsogone maa fraa fyrste stund ha havt si kunstform. Dei vil, kvar dei so vert fortalde, ikkje berre "die stoffliche Wissbegier befriedigen, sondern auch unterhalten und ergötzen". Det ligg i sjølve emnet, som ofte er heilt uppdikta og jamleg laaner eventyrdrag. Den historiske traditionen, ætte-segni, er kunstlaus det fyrste, men vert etter kvart stødare og meir avrunda i formi, bøygjer seg for dei episke lovene, vert stilisera, vert dikting. Ein kann ikkje baade ved ættesogor og fornaldarsogor setja upp imot einannan folklore og kunst paa den maaten som Heusler gjer. For eventyr, visor, og like eins segner av det umfanget som det her er tale um, er ikkje folklore i vanleg meining; dei høyrer saman under det trongare umgripet: folkedikting. Men heller ikkje folkedikting er nokor motsetning til kunstdikting, soleis at det alle stader er eit stort sprang millom dei; det finst mange yvergangar. Her er me nettupp ved yvergangen. Dei skrivne fornaldarsogone er ikkje individuel kunstdikting i vanleg meining, likso lite som dei munnlærde diktingane av same slaget, som maa ha funnest i Norig, kann ha vore folklore i vanleg meining.

Ein kann ikkje bruka skilnaden millom den norske traditionen i notidi og den islendske i millomalderen til mælestav for skilnaden i millomalderen millom den norske og den islendske fornaldarsaga. Den islendske fornaldarsaga hev halde seg paa papir og pergament; av den norske hev me berre ein atterljom i folkevisor og folkesegner. Heusler set upp mot einannan dei norske ættesegnene fraa Sætesdal og dei islendske ættesogone fraa millomalderen. Han finn, som rimelegt er, ein stor skilnad; segnene fraa Sætesdal vantar det utvikla, avklaara, aristokratiske, som dei islendske ættesogone hev. Det beste som er funne av norsk forteljekunst, stend baade langt burte fraa og langt under dei islendske ættesogone. Men for det fyrste kann ein ikkje slutta fraa formi av ættesogone til formi av fornaldarsogone; dei hev, som fyrr sagt, kvar sin utviklingsgang. Norig hev aldri havt ættesogor av same slag som dei islendske, sovidt me veit. Derimot ser me at dei hev havt fornaldarsogor med so vid ei raame, at det maa ei heller utvikla kunstform til aa fylla henne. For det andre kann eg, trass i alt det som er ulikt, ikkje sjaa nokon ovstor skilnad paa forteljekunsti i ei norsk ættesoge, som t. d. "Knut Mørk" (Skar, Gamalt V, s. 151 fif), og i dei islendske ættesogone. "Knut Mørk" vart fortaid med forunderleg fastleik, og ho spanar yver lagnaden aat ei heil ætt.

For det tridje maa ein hugsa paa at den norske forteljekunsti i det seinare hev havt heilt andre vilkaar enn i millomalderen. Daa fann ogso stormennene hugnad i dei gamle sogone. No, daa sogone vart uppskrivne, var det bøndene i fjellbygdi, husmannen i husmannsstova, dei eldste og mest avgløymde som fortalde. Dei sogone som lydde i kongshirdi og paa storgarden, dei er no gløymde, og me veit ikkje noko visst um den form dei hadde; men skulde ein slutta noko fraa den norske forteljekunsti no til den millomalderlege, so maatte det vera at ho den gongen var my kje meir utvikla, aristokratisk og kunstfull enn no. Folkevisone, det einaste slag folkedikting som hev kunna halde seg nokolunde ubrigda fraa millomalderen til no, viser kva veg det hev gjenge. Laake bygdevisor hev trengt undan dei herlege gamle kvædi. Korleis kunde ei vise, som t. d. Ivar Elison, ha kome upp i eit samfund der kunstsansen ikkje stod høgt, og der sovori dikting ikkje var vyrd av dei fremste i samfundet? Heile denne boki hev vist oss den nære samanhengen det er millom sogor og visor, og den rikdomen me hadde paa soge-emne. Yvergangen fraa soge til vise hev vore yvergang fraa ei kunstform til ei onnor. Me ser daa og, at ved dei romantiske sogoné er det nettupp nokre av dei største kunstverki, som hev vorte grunnlaget for visor.

Det som hev skilt den norske og den islendske fornaldarsaga, synest aa vera at islendingane hev laga fornaldarsogone noko um, so dei kom til aa likjast meir paa ættesoga. Den islendske fornaldarsaga hev, som Heusler segjer, ein "Hang zu pragmatischer und glaubhaft aussehender Lebensgeschichte". Fornaldarsogone hev livt lenge, og lange tider gjekk fleire utviklingsformer jamsides. (Sjaa Olrik, Sakses oldh. II, s. 292). Dette gjer det mest raadlaust aa tidfesta visone noko nærare etter sogone. Det er berre ved dei segnformene som tydeleg er unge, at ein kann setja tidi so nokolunde. "Aasmund Frægdegjæva", som byggjer paa ei nydikting, og alt viser samanblandingi av Olav Tryggvason og Olav den heilage, kann snaudt vera eldre enn 14de hdr. Det same gjeld "Ormaalen unge". "Kappen Illugjen" byggjer paa "Illuga saga Gríðarfóstra". Denne soga er truleg fraa tidi ikring 1300, og visa kann knapt vera mykje yngre. Den eldste vise-uppskrifti er fraa ikr. 1550; men der er visa so avbrigda fraa det upphavlege, at det ikkje er tvil um at ho daa alt var gamall. Det nye danske draget um runene hev trengt seg inn, og visa hev laga seg um paa fleire maatar. Ei slik umlaging plar taka lang tid, og det rimelegaste vert aa setja visa til 14de hdr. Seinare kann ein heller ikkje setja grunnformi for Raamunds-visone. Der og er visa alt i 16de hdr. kløyvd i fleire sterkt avvikande former; ho hev kome til Danmark i tvo avbrigde, so ho daa alt maa ha vorte umarbeidd i heimlandet sitt. Dei visone som byggjer paa romantiske sogor, kann ikkje godt vera eldre enn fraa midten av 13de hdr. Dei maa allesaman helst vera noko yngre, knapt eldre enn ikr. 1300; men Rolands-visa hev ein so forn daam som nokor onnor kjempe vise, so ho kann ikkje vera mykje yngre enn 1300 heller. Den yngre formi av "Mágus saga" er fraa 14de hdr., helst fraa fyrste halvparten, og visa um "Dei tri vilkaari" kann daa heller ikkje vera eldre. Men sidan ho ved aar 1450 vart knytt til kong Kristian den fyrste, kann ho ikkje vera yngre heller, og det rimelegaste er, at ho er dikta ikring 1400 (Moltke Moe, Jolekvelden 1905, s. 7). "Iven Erningsson", som hev nytta den unge "Mirmanns saga" og er sett i hop av so mange drag fraa ulike kantar, er vel heller ikkje eldre enn 1400.

I det heile synest dei visone, som hev samanheng med sogor aa høyra det 14de hdr. til. Sidan folkevisa utan tvil er eldre her i landet, kann desse visone ikkje vera millom dei eldste. Forutan dei framande emni som fylgde med sjølve viseform i, hev dei vel nytta heimlege emne fraa sjølve livet, fyrr dei tok til aa nytta ut det gamle tilfanget av dikting. Det er helst dei uppdikta sogone som dei lagar visor, etter. Her og syner daa tidssmaken seg. I trollvisone er det ikkje tanken paa hemn, som driv kjempa til stordaad, soleis som det so ofte er i dei visone som byggjer paa det røynlege livet. Det er ikkje ætti kjempone strider for, men eventyr-idealet dei vil naa; det er oskeladden kjempa vil vera, den som dreg ut mot trolli og bergar jomfrua. Her nærmar trollvisone seg samstundes til riddarsogone. Dei tek med lite av den historiske segni eller av samtidslivet. Dei er bygde paa gamle sogor og segnminne og nørde av ei sterkt fantasifull folketru. Det utøymde, halvt barokke i fantasien, som gjer at diktaren stundom gjeng langt burtum grensone for det rimelege, er sams for trollvisone og dei yngste fornaldarsogone. Den gamle heltediktingi visste betre aa avgrensa seg og halda seg innanfor dei rette maal; men dei sogone som bygde paa kjempekvædi, vart ofte umbytte med nydiktingar, og kjempelivet løyste seg upp i eventyrliv. Det røynlege grunnlaget som sogone ofte hadde fraa vikinglivet, kom so langt undan, at det gleid saman med eventyret i blaa hildring.

Folkevisene gjev oss eit bilæte av rik sogevokster i Norig i seinare luten av millomalderen. Mange av dei gamle emni heldt seg, og nye kom til, baade nydiktingar paa gamall grunn og laan fraa framande land. Folkevisa nytta mange av desse emni, baade gamle og nye, baade heimlege og framande. Dei vandra baade vest og sud og aust; og den tidi kom, daa dei sjølve vart grunnlaget for nydiktingår, som t. d. "Sigurd og trollbruri" og "Haltens vise". Ingen stad er bandet millom gamalt og nytt heilt avslite.

Fotnoter

  1. Naar Jakobsen trur at visa um tröllini i Hornalondum er komi fraa Island, av di ho byrjar med ordi. "Frøðið er komið af íslandi, skrivað í bók so víða", so tek han i mist. Desse innleidingsordi hev i færøyvisor vorte reint ein formel og provar ingen ting for det einskilde tilfellet. Visa er tvillaust norsk.
  2. Um dette emnet kann eg visa til den lærerike utgreidingi av prof. Johnsen: Norske geistliges og kirkelige institutioners bogsamlinger i den senere middelalder (Afh. viede Sophus Bugges minde, s. 73 ff).