Norske trollvisor og norrøne sogor - Raamund unge

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif


Norske trollvisor og norrøne sogor

Raamund unge


av Knut Liestøl



Den norske visa um Raamund unge vart fyrst prenta av Landstad i Langes "Norsk tidsskrift" 5, s. 336 ff., og sidan i "Norske folkeviser" nr. 16 med nokre smaa brigde; ho er uppattprenta etter Landstads samling fleire stader. Dessutan finst det mange uprenta uppskrifter (av Olea Crøger[1], Sophus Bugge o. fl.). Dei samstavast i alt som hev noko vidare aa segja for etterrøkjingi her; difor viser eg berre til Landstads tekst, og nemner variantane, der det er turvande. Me skal fyrst gjeva ei yversyn yver tilfanget, og dinæst sjaa kor langt granskingi av dette tilfanget hev naatt.


I.


Hovudinnhaldet av den norske visa er so: Det bur ein bonde ikkje langt undan; han heiter Stein. Han hev tolv søner, og av dei er Raamund fremst. Han tener seg i kongens gard. Der er Humlung og Kaare og, men Raamund er basen, "for han ber hjarta av staale".

Ein gong dei er paa leikvollen, lær hovmennene aat han for klædi hans. So gjeng han fyrst til fostermor si og bed henne skjera seg klæde, men ho gjer varpet av nosle-ris og veften av vieren harde. Han gjeng daa til kongsdotteri, og ho gjer honom klæde av silke. — I bergjo nord bur det eit troll, Hølgje kvass (trollet av Nordbotnen), som "vilde kongsdotteri herja" og nøyda kongen til aa gjeva seg henne. Men Raamund gjeng til strid med trollet paa leikvollen og slær til det med klubba si, so hovudet i sjau luter mun driva.

Raamund ser seg utyver fjord og ser Trugjen ubli svein[2] ro i ein jarnbaat. Trugjen leitar etter Hølgje kvass, morbror sin. Raamund fylgjer med Trugjen "fram med bergi":


Aa der sat alle dei smaatrolli,
de glodde av deires tenne:
"Men hossi tru hons goe svær
æ kome i Raamunds hende?"


Raamund tvingar Trugjen til aa syna seg gullet, men det endar med at han drep baade Trugjen og alle smaatrolli:


so skuva han baaten paa fjor.
"No hev eg vore der,"
sa han unge Raamund.


Visa um Raamund finst ikkje berre i Norig, men ogso i Sverike og Danmark.

Den fyrste gongen me høyrer gjete den svenske visa, er i eit dokument fraa Medelpad: "Extract aff Selångers Haradz Tingz Protocoll i Medelpadh dato 684 [1684] d. 29 Octob". Der stend dette: "En höög är belägen nordan för Vislandz Byn och Prästebordet, Ramundz högen kallad, derest Ramunner skulle liggia begrafven, som slagitz med en Reese eller Jette, hvilken bodt i Gissiöns By något bättre upp i Sochnen under berget belägen, hvar om en vysa skall fattat vara" (Runa I, s. 16 f.).

"Trollkungen och prinsessan". Maleri fra 1905 av Axel Törneman (1880-1925)

Fraa ikr. 1700 finst det ei uppskrift av visa, som er prenta hjaa Arwidsson I, nr. 12. Der er det fortalt, at Ramunder var seg ein betre mann, um han hadde betre klæde. Dronningi gav han klæde av bast og "blagarn", men det vil han ikkje hava. "Frøken" gjev han klæde av "silke og sammete fina". Han gjeng til ein skræddar og fær klædi sauma: femti alner til buksety og femtan til buksereimar, og endaa er det mest for trongt for han. — Ramunder sigler med sju skip til "jättarnes lande". Fyrst drep han sju jättar med sverdet sitt, "Dymlingen dyra", og so slæst han med "stora jätten", som er femti alner breid og hundrad alner lang, og feller han. So gjeng han inn i berget og drep alle smaatrolli. Han lastar dei sju skipi med gull og glimesteinar, og sigler so til "keysarens lande". Der vert dei reint skræmde, daa dei ser kor stor og fælsleg Ramunder er. Han slær hendene i hop, so huset skjek og rister, og slaer paa sverdet sitt, so jordi skjelv, og fuglane daanar og fell til marki. Keisaren stengjer seg inne, men Ramunder tek so hardt i døri, at heile muren rivnar. Keisaren bed for livet og lovar Ramunder den yngste dotteri si og halve riket; men det hjelper ingen ting, Ramunder svarar berre at han tek det likevel, naar han vil, og han høgg hovudet av keisaren, so det fyk femtan spanske miler. — Denne uppskrifti synest aa grunna seg paa flogblad (Arw. I, s. VIII; DgF. I, s. 368), og ho maa soleis alt ha vore prenta i 17de hdr. Den same teksti som er prenta hjaa Arwidsson, hev me umsett til dansk og prenta i flogblad alt so tidleg som 1710, og ofte sidan; denne umsetjingi (utgjevi av Abrahamsen, nr. 222) er grunnlaget for den munnlege traditionen i Danmark no, og hev ogso vore kjend i Norig (DgF. IV, s. 763). — Matthias Asp (Diss, de Sudercopia, 1736) segjer at Ramunder var ei kjempe av umaateleg styrke og storleik, og at det gjekk ei vise um han millom folk; han hermer eit vers av visa, og det svarar til v. 3 hjaa Arwidsson. — Björner nemner i sine Kåmpadater, i ein merknad til soga um Romund Greipsson, at i " Wastergjötland, som annorstädes i landsorterna, en Wisa allmänt siungas om kampen Ramund, hans swerd och stora bedrifter". Denne form i av visa maa ha lege nærare soga um Romund Greipsson enn den teksti Arwidsson prentar, for elles kunde knapt Bjørner ha set samanhengen; ho hev vel havt større likskap med den norske formi, som minner mykje um fyrste luten av soga. — I Bahusläns beskrifn., 1746, nemner Oedman den "berømmelige Kämpen Ramund, om hwilken göres mycket wäsende i Kampa-wijsor“ (s. 234). — Dessutan finst det i Sverike fleire stadnamn, som skal bera minne um Raamund. Det er uvisst um ein her skal sjaa far etter visa eller ei (sjaa Runa I, s. 20, 1844, s. 73; Bjørner, Kampadater, Hromunds saga; Matthias Asp, Diss, de Suderc. I, s. 7, o. fl.); men i alle høve er det greidt at visa hev vore vel kjend og mykje umtykt i Sverike.

I Danmark kjenner dei ikkje berre den formi, som grunnar seg paa det svenske flogbladet. Me hev ei eldre dansk form i Anna Basses visehandskrift fraa fyrsten av 17de hdr. (DgF. 28: Ungen Ranild). Innhaldet er so: Kongen hev ei dotter, som er vis og framsynt. Ranild er i kongsgården og prøver styrke med kongsmennene. [So vantar det noko, men det maa, som Bugge segjer, vera eit vers, "hvori svendene i vrede over, at Ranild har hugget dem, spotter ham, fordi han er saa ilde klædt", DgF. IV, s. 764]. Ung Ranild gjeng til mor si og bed henne gjeva seg klæde, for kongsmennene legg han for hat. Ho tek fram ein blaargarns vev, og bed han gaa til den unge møyi og faa henne til aa skjera seg klæde. Lenge sat den vise jomfru og tenkte med seg: "Du veit ikkje, unge Ranild, kva skaparen hev skapt deg til." So tok ho fram eit stykke ivist og skar Ranild klæde, bad han gaa til garden aat far hennar og taka teneste der.

Ranild er med paa ei sjøferd:


9.
Ded ware ungen Ranild,
for aff staffnen udsaa:
"Hised kommer en iernkled mand,
hand hand well aaren rou.“
"Hand will oss thil," sagde Ranild.


10.
Och ded ware unngenn Ranild,
hand thaaller thill styrresmand:
"Her gaar søe och store haff,
du seigler som en gallenn mand."
"Du seigler i magh!" sagde Ranild.


11.
Ded ware ungen Ranild,
hannd i fremmer-staffnn stoed:
hand hoegh well fembten hiemper i hiell,
saa kaste hand denem for borde.
"Nu legger i der," sagde Ranild.


12.
Dedit da meltte den liden kiempe,
i ring-shiorttenn som hand stoed:
"Du thøff nu, ungen Ranild,
men ieg øser ud ded blod.“
"Du øss end dett well ud!" sagde Ranild[3].


Daa dei hev talast nærare ved, finn Ranild ut at han er systkinbarn til den vesle kjempa (el. den jarnklædde mannen). Systkinbarnet fær Ranild til aa fylgja med til den øyi der Trude bur. Trude hev teke av honom det gode gullet, den gode hesten og det gode sverdet hans. Daa Trude ser dei kjem, vert han so sinna, at han vrid eiki upp med rot og kastar henne i framstamnen. Men Ranild sigler eiki i smaa stykke.


22.
Ranild ganger sig paa biergedt
som golffuedt ded moenne skienne:
der fandt hand ded goede suerd,
hand holdt ded i baade hender
"Nu holder ieg dig well," sagde Ranild.


Trude av Blide tek so staalstongi si og slæst med Ranild, men Ranild drep honom med det gode sverdet sitt. Daa so Ranild kjem att til skipi, er dei burte; men Ranild blæs i luren sin, og skipi høyrer det; dei sprengjer ankertogi og vender attende til Ranild. Han lesser no gullet i skipet og dreg av stad. Kongen og dronningi stend paa borgi og ser han koma:


"Huor skall vi skiffle ded møgle guld,
der Ranild moene thill oss sendte?“
"Du skifte ey midt!" sagde Ranild.


Med det endar den einaste uppskrifti som finst, og som ein ser, er det mykje uheilt i henne.

Men um same emnet sviv ogso den danske visa "Rigen Rambolt" og "Aller hin sterke" (DgF. 27). Av denne visa hev me tvo uppskrifter: ei i Karen Brahes foliohandskrift fraa ikr. 1550 (A) og ei i Rentzels handskrift fraa 1570—80 (B); etter denne siste handskrifti prenta Vedel visa i 1591. Dei tvo uppskriftene ligg tolleg nær einannan og fyller kvarandre ut, men likevel vert forteljingi mykje uheil. Innhaldet er so: Det bur ein konge i Oppsal. Han hev ei vis dotter; for henne maa mange lata liv, "det er ikke med hendes vilje". Der budde ein fyrste ikkje langt derifraa, som hadde sju søner. Den yngste var Rambolt (Rimbolt); han drog til kongsgården og vilde læra av den vise møyi. Aller den sterke kjem til kongsgården og krev møyi, men kongen vil heller taka strid med han. Det kjem til slag millom dei paa sjøen. Aller den sterke spring upp paa kongsskipet, men Rambolt kjem til med ei staalstong og slær Aller yver bord. Rambolt (hdskr. kongen) stend i framstamnen og ser ut yver sjøen: "Hisset ser jeg en galen mand, han seiler som fuglen fløi." Men mannen svarar, at han ingen galen mann er, "draagen" hev teke alt gullet hans. [Daa segjer Rambolt]:


"Er thett nu saa sandelig,
altt som du sygger saa:
tha wise du meg thett same land,
som draagern er opaa“.


Mannen lovar Rambolt sverdet Kallebrant og "alt det guld der inde", um han kann vinna yver "draagern". — Aller støyter paa berget med staalstongi og krev sverdet; Men draagern vil ikkje gjeva det fraa seg, og det vert strid millom dei. Endeleg fær Rambolt feilt draagern, og so tek han alt gullet og dreg paa heimveg. Daa han kjem heim, fær han høyra at kongen av Oppsal er slegen, og dei sju brørne til Rambolt er fallne. Med Kallebrant hemner no Rambolt brørne sine og feller endeleg Aller den sterke. So kjem tilburden paa leikvollen, liksom i Raamunds-visa, og Rambolt sender ein hampevev til "jomfruen" og bed henne skjera honom klæde. Men ho segjer dei skal taka burt hampeveven og koma med silke og sindal i staden. Til slutt friar Rambolt til jomfrua; ho vil gjerne gjeva han si tru, men viser han til far hennar. Kongen av Oppsal er viljug, og det endar med at Rambolt fær kongsdotteri.


II.


Granskingi av emnet i desse visone byrja alt med Björner 1737. Som fyrr nemnt, saag han at Ramunder i den svenske visa var den same som Hrómundr, hovudmannen i Romund Greipssons saga (Kåmpadater VI, s. 19). — Den luten av soga som kjem vise-emnet ved, er i hovuddragi so:


Olav heitte ein konge i Gardar. "Brœðr 2 Kári ok Ǫrnulfr váru landvarnarmenn konungs, hermenn miklir. Þar bjó einn ríkr bóandi, sá hét Greipr; hann átti þá konu er GunnIǫð hét, dóttir Hróks hins svarta. Þau áttu 9 sonu, er svá hétu: Hrólfr, Haki, Gautr, Prǫstr, Angantýr, Logi, Hrómundr, Helgi, Hrókr; þeir váru allir efniligir menn, þó var Hrómundr fyrir þeim ǫllum; hann kunni eigi at hræðast." Ein gong kong Olav var i viking og hadde lagt til ved ei øy, sende han Ørnulv og Kaare i land aa spæja um det var herskip i nærleiken. Dei raakar paa vikingen Hrǫngvið, og Kaare kjem i ordstrid med han og segjer: "Ek veit engan verri enn þik, ok þar fyrir skal ek hyggva þik i smá stykki." Næste dag kjem det til strid millom Rongvid og kongen. Rongvid "hljóp upp á konungs skip" og drap baade Kaare og Ørnulv. Det beit ikkje jarn paa Rongvid. Men no tek Romund seg "kylfu í hynd", "tekr upp merki konungs ok lemr með kylfunni blámenn til dauða". Han raakar Rongvid og slær honom tri slag; etter det fyrste bar han "hallt hǫ"fuð", det andre var so hardt, at "hausinn brotnaði", ved det tridje miste han livet. Romund gjeng no upp i Rongvids skip. Der finn han Rongvids bror, Helge den frøkne; han vil ikkje beda um fred, men Romund sparde han likevel, og Helge fór til Sverike og vart landvernsmann der. Kong Olav fór so til Suderøyane og gjorde strandhogg. Dei tok kyrne av ein gamall bonde, men han bar seg ille, og sa at det var likare at "brjóta hauga ok ræna drauga fé". Han fortalde daa at "Þráinn sem vann Valland, ok var þar konungr, berserkr mikill ok sterkr, fullr galdra, hann var settr í haugi með sverði, herklæðum ok fé miklu, en fáir fýsast þangat". Romund fær vita segl-leidi dit, og set av stad. Han finn haugen, bryt hol paa han og finn Traain, som saag ut som eit troll. Det vart ein kvass strid, men Romund høgg til slutt hovudet av draugen med hans eige sverd, og drog so burt med tri eigneluter: sverdet Misteltein, ein ring og eit halsband. Dei andre fekk og ovmykje gods, og kongen siglde so heimatt til riket sitt. — Kong Olav hadde tvo syster, Dagny og Svankvit. Romund og Svankvit var glade i einannan, men daa kongen fekk vita det, jaga han Romund og brørne hans heimatt. Sidan kom det tvo svenske kongar, som baae heitte Halding, og baud kong Olav til strid paa Vænisiss; Helge den frøkne var med dei. Svankvit fekk talt Romund og brørne hans til aa hjelpa kong Olav. Helge drap dei aatte brørne til Romund, men fall sjølv for sverdet Misteltein i Romunds hand. Romund vart hardt saara, men Svankvit "kannar sár Hrómundar, ok saumar kviðinn saman ok leitar honum hæginda". Romund var sidan med og tok hemn yver kong Halding og drap han. Han vart daa endeleg gift med Svankvit.


Um dette emnet finst det ogso rimur, som byggjer paa ei eldre og betre form av soga; men for denne etterrøkjingi er skilnaden millom soga og rímur’ne utan vegt.

P. E. Müller fann (Sagabibl. II, s. 550) ingen grunn for Bjørners meining, som rimelegt kunde vera; for Müller kjende ikkje den visa Bjørner maa ha bygt paa, og visste korkje um den norske Unge Raamund eller den danske Ungen Ranild. Landstad saag, at den norske formi, "baade med hensyn til sprog og indhold har alderens og oprindelighedens merker", og at ho maatte vera eldre enn den svenske og danske flogbladsformi, noko som alle granskarar sidan hev vore samde med han i (Folkev. s. 194).

Svend Grundtvig, som fyrst gav ut dei gamle danske formene, hev kome med ei mengd upplysningar. Han hev til fullnads prova at visone maa byggja paa soga um Romund Greipsson. Han hev synt at Rigen Rambolt, Ungen Ranild, Ramunder og Raamund unge er ein og den same. Um "Rigen Rambolt" segjer han: "Ved at sammenligne denne vise med den følgende om Ranild (Ramund) og den med denne beslægtede Hromund Greipsøns saga, vækkes der stærk formodning om, at disse to viser have samme grundlag: at Rambolt er den samme som Ranild (Hrómundr), Aller er sagaens Helgi frækni, den norske vises Hølgi Kvass, og dragen ("draagern") enten er en misforstaaelse for Þráinn eller draugen (draugrinn) ɔ: Þráins gjenfærd. I sagaen dræbes ogsaa Hromunds otte brødre af Helge, som derefter fældes af Hromund; ligesom ogsaa Allers spring paa kongens snekke gjenfindes i kampen mellem Olav og Hrøngvid. I Ranilds vise gjenfinde vi baade den vise mø, det søgte sværd og trækket med hampevæven, samt den "galne mand", der kommer roende" (DgF. 1, s. 359 f.). I innleidingi til Ungen Ranild segjer han: "Nu kunne vi ikke tvivle om, at jo den snilde kongedatter er sagaens Svanhvide, Trude af Blide (Trúgin Úblið) dens Trond (Þráinn) af Valland, Hølgi Kvass dens Helgi hinn frækni, ligesom vi ogsaa i sverdet (Dymlingen), som Ramund gjenvinder, kjende Mistiltein, som Hromund hentede af Tronds høj; og vi see da af sagaen, at slutningen, som fattes baade den danske og den norske opskrift, maa i det væsenlige være rigtig bevaret i den svenske og have fortalt, hvorledes helten dræbte en konge og ægtede den vise mø" (DgF. I, s. 369—70). — "Hromunds sidste bedrift er det, som vi gjenfinde i den svenske vises beretning om kejseren; men møen, som Hromund vandt, gjøres der til en datter af den dræbte, hvilket vel er en forvexling af de to konger. — Det vil sees, at kampene med Hrøngvid og med Trond ere i viserne sammendragne til een[4]. Den norske har saaledes kølven, der hører til den første, den svenske: brydekampen, der tilhører den sidste af disse" (DgF. I, s. 371, anm.).

Sophus Bugge gjev i DgF. II—IV nokre merknader til visone. Han peikar paa, at far til Rambolt (Hromund) heiter i A., v. 3: Adell-grøffue (i den norske visa Stein) "heri turde man maaske formode en forvanskning af det navn, som sagaen giver ham: Greip, ligesom i den norske vise om Sigurd svein Greiper kongin (Eddas Gripir, i nogle haandskrifter af Völsungasaga: Greifer) er blevet forvansket til greivekongin". Han trur at Hølgi kvass "vel har laant sit tilnavn af den Helge hvasse, der skal have været gift med en datter af Sigurd orm i øje, eller af den Helge hvasse, der var broder til Rørek sløngvanbauge"[5]. Bugge gjev nokre tekstrettingar til dei. danske uppskriftene, og viser at samtalen millom Trugjen ubli og Raamund maa vera heilt forvend. Trugjen er komen inn i staden for systkinbarnet til Raamund. Trugjen maa vera den, som hev stole sverdet fraa systkinbarnet (DgF. II, s. 653).

Ogso Kølbing held (i Beiträge, s. 187) Hølgi kvass for aa vera den same som Helge den frøkne; men naar han segjer at Ublíð sveinn er = Blindr hinn illi, so maa det vera eit mistak.

Ved desse granskingane var samanhengen millom visone og Romunds saga lagd ljos. Det stod att aa granska samhøvet millom dei ulike viseformingane, og um mogelegt finna ut kva form av soga visa maatte gaa attende til. Det er det som Le Roy Andrews hev prøvt paa i sine "Studies in the Fornaldarsǫgur Norðrlanda", Modern Philology, vol. IX, nr. 3, 1912. Han hev i mangt ført granskingi framyver, men den endskapen han kjem til i spursmaalet um samanhengen millom dei ulike viseformingane, er i fleire stykke rang.

Han syner, s. 372, at viseformingane kløyver seg i tvo flokkar; paa den eine sida den danske "Rigen Rambolt og Aller den sterke" (A); paa den andre den danske "Ungen Ranild" (B), den norske "Unge Raamund" (C), den svenske "Ramunder" (D). A er den eldste formi av visa. Det ser ein av at der kjem episoden um klædi til Raamund langt ut i visa, og det svarar betre til soga, som ikkje kann ha havt klæde-saumingi i fyrstningi, soleis som dei andre visone hev. Det som hev gjeve tilføret til at klæde-saumingi kom inn, er nærast forteljingi um at Svankvit sauma att saari paa Romund etter striden paa Vænisis (s. 383). Dessutan hev BCD skiftande umkvæde, noko som ein el les berre finn i yngre visor[6]. Han viser, at A svarar i forteljingsgangen betre til soga enn dei andre gjer.


The episodes in A follow then in this order:

1. The conflict with Aller hin stærke.
2. The conflict with the dragon and the securing of sword and gold.
3. Continuation of the conflict with Aller.
4. The making of R.´s clothing.
5. The marriage with the princess.


Now if comparison be made with the Icelandic rimur, it will be noted that these episodes correspond in the same order with the following:


1. The conflict with Hryngviðr.
2. The con-flict with Þráinn and the securing of gold and sword from his mound.
3. The conflict with Helgi enn frækni, Hrǫngvið’s brother.
4. The sewing of Hrómund’s wound and his convalescence.
5. The marriage with Svanhvit.


Now if we take B (Ungen Ranild) as representative of the second group, the episodes 1—5 of A occur in B in the order 4, 1, 2; 3 has disappeared altogether and 5 may be inferred or not, as one prefers" (s. 377). — Han peikar paa at fleire drag hev halde seg betre i B enn i C. Sjøferdi er fortald i B; i C derimot er det strid "paa leikarvollo" og motmennene er troll, berre jarnbaaten minner um det upphavlege. Striden med uvettet i haugen "is preserved in some little detail in B, but much abbreviated in C, where it is also brought more immediately into connexion with the foregoing episode and decked out in genuine Norwegian fashion with the addition of the "small trolls". The Swedish version (D) has an even more immediate connexion with the previous episode and retains the "small trolls", which are killed along with the big giant quite as in C. The evidence of the main episodes of the ballad seems to me to point conclusively to the fact that it had passed from Denmark to Norway and from Norway to Sweden. That in minor points each of the forms has preserved certain original features, as we shall show directly, does not necessarily invalidate this conclusion, as we must remember that neither A nor B are the original Danish versions, nor are C or D the original Norwegian or Swedish ones. Their relationship would then be expressed thus:


Danish 1
A
Danish 2
2
Norwegian
C
Swedish
D


Han gjeng so igjenom alle likskapane med Griplur, og finn at baade likskapar og avvik kann ein best tyda, naar ein gjeng ut fraa den samanhengen millom visone, som er skildra her ovanfor. Jamføringi med Griplur viser óg "that while the original ballad (Dan. 1) had as its source material practically the same as that contained in the rimur, the rimur themselves were not his source" is. 378—385). Kjelda maa vera den Hrómundar saga, som er umtala i Sturlunga (s. 386).


III.


Det er rett at versionane kløyver seg i tvo flokkar, og at dansk A i det store og heile hev den eldste formi. Men naar Le Roy Andrews trur at dei danske formingane er dei upphavlege, og at den norske visa jamvel skal vera avleidd av den yngste av dei tvo danske formene, daa tek han i miss. Eg er ikkje ein augneblink i tvil um at Axel Olrik hev rett, naar han (i Ark. for nord. fil. XIV, s. 84) held fram, at baade den eldre og den yngre danske formi hev norske formingar av visa til grunnlag, ei meining som Le Roy Andrews held for "conjectural" og avviser. Le Roy Andrews ser ikkje visone i samanheng med andre folkevisor med liknande emne, og han ser ikkje dette eine tilfellet i samanheng med det me elles veit um yvergang fraa norrøne sogor til folkevisor. Han hev ikkje havt klaart fyre seg det typiske ved norske og danske visor; endeleg hev han ikkje teke nok umsyn til namneformer, som jamt vil hava mykje aa segja i eit høve som dette, der det er audsynt, at alle visone er uheile og forvende.

For det fyrste veit me ingen ting um at Hrómundar saga Greipssonar hev vore kjend i Danmark. Derimot veit me at ho var kjend paa Island alt so tidleg som i 1119, og at ho vart fortald for kong Sverre i Norig og at han tykte mykje gaman i henne. Men um me gjekk ut fraa at soga hadde vore kjend i Danmark, so hev me ikkje noko døme paa at danske visor byggjer paa fornaldarsogor og fornaldarsogemotiv; derimot hev me ei heil rekkje norske visor av det slaget Etter all analogi skulde visa soleis vera komi fraa Norig.

Dinæst: Skulde det vera som Le Roy Andrews meiner, at visa var upphavleg dansk, maatte emnet fyrst ha kome til Danmark i sogeform — som me daa ikkje veit noko um —, ha vorte kjent der og vorte grunnlaget for ei dansk vise - noko som vilde vera heilt utan sidestykke. Denne vise hadde so kløyvt seg i tvo former, og ifraa den yngre av desse formene skulde daa den norske visa ha gjenge ut. Men dersom alt dette var tilfellet, dersom emnet hadde vore so lenge paa dansk grunn, at det hadde fenge tid til alle desse hamskifti, so skulde ein venta at den norske visa i sumt maatte bera merke av at ho ein gong hadde vore i dansk maalform. Dei norske visone av dansk upphav plar oftast hava djupe merke etter den framande maalformi; men det er ikkje tilfellet her; tvertimot er denne visa so norsk all igjenom som ho vel kann vera.

Det viser seg daa og, som ein kunde venta, at den norske visa i mange sermerkte ting likjest mest paa den gamle soga. Visa byrjar med aa segja:


Her bur ein bonde inkje langt herifraa
aa den som heiter no Stein,
han heve seg dei synine tolv
men ingjen æ slike som ein.


- og soga fortel i nokre av dei fyrste linone at "þar bjó einn ríkr bóandi, sá hét Greipr[7], hann átti þá konu, er Gunnljǫð hét, dóttir Hróks hins svarta. Þau áttu 9 sonu (-); þeir váru allir efniligir menn, þó var Hrómundr fyrir þeim ǫllum; hann kunni eigi at hræðast" (cfr. visa v. 2: men ingjen æ slike som u. R., fer han ber hjarta av staali). Denne innleidings-skildringi i den norske visa, som samstavast so forunderleg med soga, finst ikkje i dansk B, og berre lite av henne i A jamvel. Der er Adell-grøffue ikkje ein bonde, som i soga og i C, men ein "første", og det finst ingen ting um at Rambolt merkjer seg ut framum dei andre brørne, eller um at han aldri er rædd. Den norske visa segjer (v. 2):


Dei tener seg uti kongjens gar
han Homlung[8] aa so han Kaare.


Dette svarar nærast til det soga fortel i fyrste kapitlet: "Brœðr tveir Kári ok ǫrnulfr váru landvarnarmenn konungs".

Til dette finn ein ingen ting som svarar i A, og B hev i ein annan samanheng namni Adam og Koer og nemner at Ranild hadde hjarta av staal (v. 14). — Hølgi (var. Helgje) kvass[9] og Raamund avtalar strid paa leikvollen. Fyre gjekk alle kongens hovmenn i side brynjor, men etter gjekk Raamund, bondesonen, og skjefte paa ei klubbe. Daa Hølgi kvass sneidde etter kongens merke, skalv kongen og kongsmennene liksom ringen i serke. Men Raamund kom til og slo til Hølgi kvass med klubba, so hovudet i sjau luter mun driva. Soga fortel at Kaare og Rongvid, bror til Helge den frøkne, avtala strid. Kongsmennene kunde slett ikkje greida seg mot Rongvid. Men "nú er þess getit, at Hrómundr Greipsson var í fylgð med konungi; hann tekr sér kylfu i hynd, bindr sér grátt ok sitt geitarskegg, ok setr síðan hatt á hǫfuð sér, veðr svá fram (-) tekr upp merki konungs." Daa han raakar Rongvid, slær han til han "sva hausinn brotnaði" (kap. 2): Noko som svarar til denne skildringi finst ikkje i dansk B, som elles hev halde uppe minnet um at det var eit sjøslag; der stend berre at Ranild stod i framstamnen, han hogg i hel femtan kjempor og kasta dei yver bord. A derimot hev at Rambolt tek staalstong paa sitt bak og slær ned Aller hin sterke:


Y kongens forgylldene staffuenn:
saa sprang hand y en liden baad
och kaant so wuod til land (A v. 16).


Endaa denne skildringi i A hev halde uppe andre minne fraa soga enn den norske visa hev gjort, so ligg ho i det heile ikkje so nær ved soge-skildringi som den norske — i det einskilde i minsto.

Naar no den norske visa ved midten av det 19de hdr. etter at ho hadde livt paa folketunga i fleire hundrad aar, likevel viser størst likskap med den gamle soga i mange specielle drag, so maa denne likskapen ha vore mykje større ikring 300 aar tidlegare, daa den danske visa vart uppskrivi.

Ei vise gjeng ikkje fraa munn til munn i so lang tid, utan at ho lagar seg um. Dessutan viser den svenske visa, som alle trur er avleidd av den norske, at den norske visa i eldre tid maa ha havt fleire drag, som hev samsvara med soga. I den norske visa er striden med Hølgi kvass skildra nærast i samsvar med "Eigen Rambolt" (A 6—16, B i —10), dvs. den norske visa stend i ein av dei mest sermerkte bolkane nærare den eldste danske formi enn den yngre danske formi gjer. Og ikkje berre det. Det avviket fraa den gamle soga, som ein gaar mest aat i den eldste danske formi, er nettupp at Aller kjem og krev kongsdotteri, og daa han ikkje fær henne, so skal det verta strid millom han og kongsmennene. Denne utformingi er heilt i same aand som dei norske og færøyske folkevisene og dei seinare fornaldarsogone, og ho maa vera gjord under paaverknad av forteljingar av dette slaget. (Sjaa utgreidingi i bolken um Ormaalen unge, s. 135). Ogso paa den staden der folkevisa sterkast vik av fraa den gamle soga, viser sjølve avbrigdet mot norsk tradition.

Sterke og avgjerande grunnar, baade aalmenne og specielle, talar for at visone er av norsk upphav. Den tydingi av samanhengen, som Le Roy Andrews gjev, møter so store vanskar, at ein kann ikkje koma framum dei. Gjeng ein derimot ut fraa at visa er upphavleg norsk, so slepp ein desse og andre vanskar; ein fær ei betre og greidare yversyn yver tilfanget, og kann lettare tyda yvergangen fraa den eine formi til den andre. Eg skal difor i stuttmaal gjeva ei utgreiding um samhøvet millom dei ulike formingane av visa. Alle hev vore samde um at den svenske D er avleidd av ei norsk form av visa um Raamund. Slike drag som:


Det stora blå berget de stod uppå
de trampade neder i lera (v. 11)


- høyrer heime i skildringane av strid med jøtnar i norske og færøyske folkevisor. D hev mist namni og vorte meir burlesk i formi enn C, og det hev kome inn fleire nye drag, t. d. at Ramunder gjeng til ein skræddar med klædi sine. — Men den svenske visa kann ikkje vera avleidd av den norske visa i den formi me no hev henne i; for D hev fleire drag, som ikkje finst i C, men som samsvarar med soga, og som difor maa ha høyrt den upphavlege visa til, soleis i skildringi av striden med den store jatten og i forteljingi um ferdi til "keysarens lande". D viser attende til ei eldre og heilslegare form av C.

Me hev fyrr set, at C ikkje kann vera avleidd av B eller i det heile nokosinne ha vore i dansk maalform. Men no er BCD tydeleg ei og same visa. Av det fylgjer at B maa vera avleidd av ei norsk form av visa um Raamund. I same leid peikar namni i B. Raamund er det gamle Hrómundr, medan Raamund ikkje kann vera avleidt av Ranild. Det er greidt at namnet Trugjen i C viser attende til det gamle Þráinn. Trugjen maa koma av eit Truen liksom det telemarkske adjektivet trugjen er kome av truen. Og denne sermerkte formi av namnet med vokalen u i fyrste staving finn ein att i det danske Trude; tilleggsordi av Blide maa vera ei forvending av úblíði, eit tilnamn av same slaget som dei norrøne úhepni, úargi o. íl. — Men no hev den danske visa — liksom den svenske — fleire drag som norsk C ikkje hev, men som samsvarar med soga og som difor er upphavlege, t. d. at sjøslaget og striden med Trude av Blide greidt er haldne ut ifraa einannan, og gjeng fyre seg paa vidt skilde stader[10]. BCD maa difor alle ganga attende til ei sams norsk grunnform, som me kann kalla y. Men gjeng no y og A baae attende til ei sams grunnform dei og, eller er dei skilde utformingar av same emnet?

Det viser seg at um ein jamfører dei einskilde versi i dei fire formingane ABCD med einannan, so finn ein at det ikkje berre er innum BCD, at det finst vers, som er sams; men fleire vers i A er dei same som vers i ein eller fleire av formingane BCD. Eller versi svipar so paa einannan, at ein maa ganga ut fraa at dei hev eit sams grunnlag og berre hev vorte avbrigda, so dei kunde falla inn i samanhengen i kvart einskilt høve.

Ein so stor likskap i vers som her, attaat all likskap elles, kann ein berre tyda paa den maaten, at alle fire formingane gjeng attende til ei sams grunnform.

Men denne lista er forvitneleg paa ein annan maate. Ein vil leggja merke til, at det er serleg den norske visa, som hev parallelvers i dei tri andre formingane, dvs. trass i at den norske visa er so forvend, so møtest dei andre formingane i henne, eit nytt prov for at ho ikkje kan vera avleidd av nokor av dei andre formingane. Og endaa ein ting: Det er i fyrste luten av C ei heil rek kje vers, som ein finn att i ein eller fleire av dei tri andre formingane. Men samstundes er det nettupp i den bolken sterkt samsvar med den gamle soga. Av dette ser ein daa grant at denne bolken av C maa staa grunnformi av visa nær — endaa eit prov for den slutningi me alt hev drege: at den norske visa ikkje kann vera avleidd av nokor onnor av viseformingane.

At alle fire viseformingane gjeng attende til ei og same grunnformi, ser ein av fleire andre ting og:

1. I A og C kjem Helge (Aller, Hølgi, Helgje) og krev kongsdotteri. Dette finst ikkje i soga, men sidan baae dei mest gamalvorne formingane av visa hev det, maa det ha høyrt heime i grunnformi av visa.

2. Tilburden paa leikvollen og møtet med fostermori er tiljamna etter det vanlege leikvoll-motivet. I soga finst det ikkje, men derimot i alle fire formingane av visa. Det maa difor høyra til grunnformi av visa.

3. At kongsdotteri gjev Raamund fine klæde finst i alle fire formingane av visa, men ikkje i soga. — Det er utenkjande at tvo skaldar kvar for seg skulde ha kome paa aa gjera nettupp desse tri avviki fraa det same grunnlaget.

Ein ser med ein gong, og det hev meir og meir kome fram i denne etterrøkjingi, at C ikkje kann vera avleidd av A eller umvendt. A viser i forteljingsgangen mest samsvar med soga, som Le Roy Andrews hev paavist, og i det store og heile maa ein segja, at BCD stend paa eit yngre stig i den episke framvoksteren enn A. Ein ser det ogso av den maaten, som tvo av hovudbolkane er knytte saman paa. Den mannen, som i soga fortel um kvar Traain er og um skattane hans, er som ein deus ex machina til aa knyta saman dei tvo hendingane: striden med Rongvid og striden med Traain; ein maa hava ein grunn kvifor Romund fer til Valland og bryt Traains haug. Sameleis er det i A; der kjem det ein "galen mand" siglande yver sjøen og fortel um "draagern", som hev teke gullet hans. BC syner trong til ei greidare motivering: det er frenden av Raamund, som fær han med, av di Trude hev teke av han tri eigneluter. I det stykket og viser daa A seg aa standa paa eit tidlegare stig i framvoksteren, y maa ha vore ei umdikting eller sterkt brigda avgreining av grunnformi av visa; denne umdiktingi hev ogso ført inn det skiftande umkvædet.

Samlar ein no alle traadane i denne utviklingi og kallar ein grunnformi av visa for x, so vert heile framvoksteren slik:


Hrómundar saga
X
A
y
B, C, D


Alle vise-formingane gjeng soleis umveges attende til Romund Greipssons saga, og me hev kome til same endskapen som Axel Olrik: for baae dei danske vi sone "har en norsk vise været mellemleddet" (Arkiv XIV, s. 84).

Fotnoter

  1. Olea Crøgers uppskrift samstavast mest heilt med Landstads tekst.
  2. Ikkje Trugjen ubli, Hølgjes svein, som Landstad hev.
  3. Her er vel, som Bugge meiner (DgF. II, s. 653), versskipnaden komen i ugreide. V. 11 —12 maa upphavleg ha stade fyre 9—10, so ein maa lesa versi i denne orden: 11, 12, 9, 10; det vert daa detre samanheng.
  4. I "Rigen Rambolt og Aller den sterke“ hev Rongvid og Helge falle saman, medan striden med "draagern“ hev halde seg utan samanblanding, i minsto i B.
  5. Cfr. Le Roy Andrews i Modern Philology X, s. 624.
  6. Dette provet hev elles ikkje so stor vegt, som Le Roy Andrews synest aa tru.
  7. Det er truleg dette namnet, som er forvendt til Stein i den norske visa, og det kan i det fall ikkje ha gjenge gjenom dansk maalform; det vilde ha vorte til Greb, ei form, som me daa og finn i diplomi. Greb er so forvendt til Adelgrøffue, som Bugge meiner.
  8. Var. Humli. Le Roy Andrews trur, at desse namni hev "apparently come in from the list of Dideriks knights" (DgF. 7: Hummerlummer, Hommelom, Humblum; Didriks saga: Amlungr, sv. Amling, isl.: Ömlúngr). Men det er ikkje stort likjende til det; det er rimelegare aa tru at dei hev kome inn fraa Hervarar-saga, der ein beintfram finn namni Humli og Humlungr.
  9. hvassi er eit vanlegt norrønt tilnamn; det finst baade Helgi (sjaa citatet etter Bugge, s. 145), Arngeirr, Harekr og Ulfr hvassi.
  10. Elles hev den danske formi B soge til seg motiv fraa visa um Orm Ungersvend og andre diktingar, noko som me ikkje treng gaa nærare inn paa her.