Olav Liljukrans

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Islandsk.gif Norsk.gif Faeroysk.gif


Norske ballader og folkeviser


Olav Liljukrans

Norske Folkedansar. I. Danseviser ved Knut Liestøl og Klara Semb, 1951. s.20


1.
Å Olav han reid yver rjode,
- Med kvitare hand -
Han vil til sitt bryllaup bjode.
So mod kjem Olav frå alvom.

2.
Olav reid seg yver øy,
- Med kvitare hand -
Der leika so mang ei alvemøy.
So mod kjem Olav frå alvom.

3.
"Høyr'e du Olav Liljukrans,
Du stig av hesten og trø i dans!"

4.
"Å dansa med deg eg ikkje må,
I morgon skal mitt bryllup stå."

5.
"Og vil du no ikkje trø dans med meg,
Sott og sjukdom skal fylgja deg."

6.
Alvekvinna slo han yver herd,
Aldri so var han slegen verr'!

7.
So fekk han venda sin gangar ikring,
So reid han heim med bleike kinn.

8.
Og som han kom til borgeled,
der stod hans moder og kvilde seg ved.

9.
"Å høyr'e du Olavm sonen min,
Kvi ber'e du so bleike kinn?"

10.
"Det er 'kje undrast at eg er bleik,
For eg hev vore i alveleik."

11.
"Gud betre meg for deg, kjær sonen min;
Kva skal eg seia festmøy di?"

12.
"Du seier eg reid meg uti lund,
Eg vilde prøva min hest og hund."

13.
Og bruri kom der ridand' i gård.
Hans moder stod ute sveipt i mår.

14.
Og dei bar øl og dei bar vin.
"Kvar er no Olav, festarmann min?"

15.
"Å Olav reid seg uti lund
Og vilde prøva sin hest og hund."

16.
"Tykkjer han 'kje meir um si unge brur
Enn han gjeng i skogen å veida dyr?

17.
Men det ser eg på store og små
At Olav er ikkje langt ifrå!"

18.
Bruri tala til brurkvinnor två:
"Me vil oss upp i høgeloft gå!"

19.
Ho breidde av dei bolstri blå,
Og Olav død derunder låg.

20.
Unge brur gloste seg burt i ro,
Der såg ho Olavs sverd det stod.

21.
Skjeftet sette ho golvtilja mot,
Og odden den rann i hjarterot.

22.
Og innan dagen den vart ljos.
Då var der tri lik i brurehus.

23.
Den eine var Olav, den andre hans møy
- Med kvitare hand -
Og so hans moder, av sorg laut døy.
So mod kjem Olav frå alvom.

s. 125, 5. Olav Liljukrans.

Dette er ei av dei mest vidgjetne visene som finst. Vi har henne i ei mengd oppteikningar, ikkje berre frå alle Norderlanda, men også på engelsk, bretonsk, ransk, katalandsk, spansk, italiansk, tysk, vendisk, böhmisk. Ho er eit retteleg godt døme på koss viser vandrar; for det er ikkje berre same vise-emnet vi finn i dei ulike land, men same visa. Dei lærde er ikkje samde om anten ho er dikta i Norderlanda eller i Bretagne, men på ein av desse stadene må ho ha opphavet sitt. - Visa byggjer på trua på alvefolket. Det er ei gamal meining at alvane gjerne vil lokka menneske til seg, og like eins var det gamal tru at alvane slo ring og dansa ute i skogen. Namnet "alvedans" nyttar dei enno om ringar i grasvollen, som røynleg er laga av eit visst slags gras, men som dei tenkte kunne verta så omtykt, når ein hugsar på kor djup og rotfest trua på alvefolket var, og kor lett tanken på alvedansen kunne koma opp i hugen åt dei som dansa folkevisedans ute i skogen ei sumarnatt; alvedansen vart liksom ein mystisk bakgrunn for deira dans.

1. rjod n. glenne i skogen, open plass med gras i skogen. - kvitare kvit (gamalnorsk dativform). - mod trøytt. - 20. ro f. krå.