Orknøyingasoga

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif Dansk.gif


Orknøyingasoga


umsett av

Gustav Indrebø


Norrøne bokverk nr. 25


Det Norske Samlaget

Oslo 1929


Innhold


1. NOREG FUNNE.

Fornjot hev ein konge heitt; han rådde yver det landet som dei kallar Finnland og Kvænland. Det ligg austanfor den havsbotnen som gjeng til mots med Gandvik; me kallar han Helsingjabotn. Fornjot hadde tri søner, den eine heitte Ler — me kallar han Æge —, den andre Loge, og den tridje Kåre. Kåre var far åt Froste, far åt Snær den Gamle; son hans heitte Torre. Torre hadde tvo søner, den eine heitte Nor, og hin Gor. Dotter hans heitte Goe. Torre var ein stor blotmann. Han heldt eit blot kvart år midvinters. Det kalla dei for Torre-blot. Av det fekk månaden namn.[1] Ein vinter då dei heldt Torre-blotet, hende det seg at Goe kom burt. Dei leita etter henne, men dei fann henne ikkje. Og då den månaden var liden, let Torre stella til blot att og blota for at dei skulde verta vise med kvar Goe var avkomi; det kalla dei Goe-blot.[2] Men dei vart ikkje meir vise um henne enn fyrr. Tri år seinare gjorde brørne hennar den lovnaden at dei skulde fara av og leita etter henne. Dei skifte leitingi millom seg, soleis at Nor skulde leita rundt um i landi, og Gor skulde leita kring alle utskjer og øyar; han for til skips. Båe brørne hadde mykje folk med seg. Gor siglde med skipi sine utetter havsbotnane og ut i Ålandshavet. Sidan ransaka han vida millom Sviaskjeri og på alle dei øyane som er i Øystersalt; deretter for han yver Gauteskjeri, og so siglde han til Danmark og ransaka alle øyar der. Der fann han nokre frendar som var ætta frå Ler den Gamle på Lesøy. Frå Danmark drog han endå lenger, men syster si spurde han ikkje noko til. Nor bror hans bia til dess snøen lagde seg på fjelli og det vart godt skiføre. Då for han frå Kvænland og innum havsbotnen og kom dit som dei folk budde som heiter Lappar. Det er attanfor Finnmark. Lappane vilde meinka deim å fara igjenom landet sitt, og det vart eit slag der. Men slik tauvring og trollskap fylgde det med Nor og fylgjet hans, at uvenene deira fekk støkken berre dei høyrde herropet og såg at våpni vart svinga. Lappane lagde på flog. Nor for so vest yver Kjølane, og dei var lenge ute so at dei ikkje visste til folk, men skaut dyr og fugl til mat åt seg. Dei for til dess vatni tok til å renna vestetter av fjelli. Då fylgde dei vatsdragi og kom seg ned til sjøen. Der som dei kom fram, var det ein fjord som var so stor som det skulde ha vore ein havsbotn. Der var gilde bygder, og store dalar gjekk ned til fjorden. Der samla det seg ein her imot deim, og dei baud slag imot Nor med det same. Men det gjekk som vanleg, fiendane fall eller flydde alle i hop, og Nor og mennene hans gjekk fram som sigd yver åker. Nor for frammed heile fjorden og lagde han under seg og vart konge yver dei bygdene som låg på innsida av fjorden. Nor stogga der um sumaren, so lenge til det kom snø på heidane. Då stemnde han uppetter den dalen som gjeng mot sud upp ifrå fjorden. Denne fjorden er no kalla Trondheim. Sume av mennene sine let han fara frammed havsida yver Møre. Han lagde under seg bygdene kvar han for. Då han kom sud um det fjellet som var sunnanfor dalsbotnen, drog han sud gjenom dalane der, alt til dess han kom til eit stort vatn som dei kalla for Mjøsi. Då snudde han vest yver fjellet att, for det vart sagt honom at mennene hans hadde havt usiger imot ein konge som heitte Sokne. Dei kom då til ei bygd som dei kalla Valdres. Derifrå for dei ut til sjøen og kom til ein lang og trong fjord som no heiter Sogn. Der møttest dei med Sokne, og det vart eit stort slag; for Sokne brydde seg ikkje um trolldomen deira. Nor gjekk hardt fram, og han og Sokne skifte hogg. Der fall Sokne og mykje av heren hans.


2. NOR PÅ LEITING GJENOM NOREG ETTER SYSTER SI.

Etter dette for Nor inn gjenom den fjorden som gjeng nordetter ifrå Sognefjorden. Det var der Sokne hadde vore konge, der som det heiter Sokndal no. Nor drygdest lenge der, og no heiter fjorden Norefjorden. Der kom Gor bror hans til mots med honom, men ingen av deim hadde spurt til Goe. Gor hadde lagt alt land utmed sjøen under seg etter som han for nordetter. No bytte dei landi imillom seg, brørne; Nor hadde alt fast land, og Gor skulde ha alle øyane som han kunde fara innanfor med styrefast skip. Etter det for Nor til Upplandi, og kom dit som det heiter Heidmark no. Der rådde ein konge som heitte Rolv or Bjarg. Han var son åt Svade jotun nordan frå Dovre. Rolv var det som hadde burtført Goe Torredotter ifrå Kvænland. Han for straks til mots med Nor og baud honom einvige.[3] Dei slost lenge, men ingen fekk sår. Då forliktest dei; Nor fekk syster åt Rolv, og Rolv fekk Goe. Ifrå Heidmark snudde Nor nordetter att til det riket som han hadde lagt under seg. Han kalla det Norveg. Han rådde for det riket so lenge han livde, og sønene hans etter honom. Men dei bytte landet imillom seg, og so tok riki til å gjerast mindre, etter som kongane vart fleire; soleis kløyvdest fylki ut.


3. BEITE FEKK NOREG.

Gor hadde øyane, difor kalla dei honom for sjøkonge. Sønene hans var Heite og Beite. Dei var sjøkongar og store ustyringar. Dei for med mykje ufred mot riket åt Nors-sønene, og dei og Nors-sønene heldt mange slag med kvarandre, og sigra kvar sin gong. Beite lagde seg inn i Trondheim og herja der. Han låg der som det heiter Beitsjø og Beitstad no. Han let draga eit skip inst ifrå Beitstad og nord yver Eldeid; der støyter Namdalane til nordanfrå. Han sette seg i lyftingi og heldt i styrevolen og eigna til seg alt det som då låg på bakbordssida, og det er mange bygder og mykje land. Heite, son åt Gor; var far åt Sveide sjøkonge, far åt Halvdan den Gamle, far åt Ivar Upplendingejarl, far åt Øystein Glumra, far åt Rognvald jarl den Rike[4] og Råd kloke.


4. VELDET ÅT KONG HARALD OG ROGNVALD JARL.

Rognvald jarl var i lag med Harald Hårfagre då han vann landet, og Harald gav honom styringi yver Romsdal og båe Møri. Rognvald var gift med Ragnhild, dotter åt Rolv Nevja. Son deira var Rolv, han som vann Nordmandi. Han var so stor at ein hest ikkje bar han, difor heitte han Gongerolv. Frå honom er Rude-jarlane komne, og Englands-kongane. Søner åt Rognvald og Ragnhild var òg Ivar og Tore Tegjande. Rognvald hadde frillesøner ogso: dei heitte Hallad og Rollaug og Einar, han var yngst. Harald Hårfagre for vest um havet ein sumar og skulde hegda vikingane; for han leiddest av ufreden deira; dei herja i Noreg um sumrane, men heldt seg på Hjaltland eller Orknøyane med vintrane. Harald lagde under seg Hjaltland og Orknøyane og Suderøyane, og han for radt vest til Man og øydde Man-bygdi. Han heldt mange slag på denne ferdi, og eigna til seg landi so langt vest, at ingen Noregs-konge hev vunne land lenger vest sidan. I eitt av slagi fall Ivar, son åt Rognvald jarl. Då kong Harald skulde sigla austetter att, gav han Rognvald jarl Hjaltland og Orknøyane i sonarbot. Men Rognvald jarl gav Sigurd bror sin båe landi; han var stamnbue hjå kong Harald. Kongen gav Sigurd jarlsnamn fyrr han for vestan, og Sigurd vart etter der vest.


5. SIGURD DREP MELBRIKTA JARL.

Sigurd jarl vart ein stor hovding; han gjorde samlag med Torstein Raud, son åt Olav Kvite og Aud den Djuptenkte, og dei vann heile Katanes og mykje meir av Skottland: både Mærhøve og Ross. Sigurd let gjera ei borg i sudluten av Mærhøve. Han og skottejarlen Melbrikta Tonn gjorde avtale um at dei skulde møtast og verta forlikte. Dei skulde koma saman på den staden som var avtala med fyrti mann kvar. Men då den fastsette dagen kom, trudde Sigurd at skottane vilde syna seg trulause. Han let åtteti mann bu seg til, på fyrti hestar. Då Melbrikta fekk sjå det, sagde han med mennene sine: «No er me svikne av Sigurd, for eg ser tvo mannsføter på kvar hesteside; det er dubbelt so mange menn som der er hestar. Lat oss no herda hugen og søkja fram, so kvar av oss fær felt ein mann fyrr me sjølve fell!» So gjorde dei seg reiduge til å slåst. Då Sigurd såg rådgjerdi deira, sagde han til mennene sine: «No skal helvti av folket vårt stiga av hestane og koma i opne skjoldar på deim når det ber i hop; men me andre skal rida imot deim som hardast og rida i sund fylkingi deira.» Og soleis gjorde dei. Det vart ein hard bardage, men ikkje lang, fyrr Melbrikta og fylgjet hans fall. Sigurd let festa hovudi deira i sâl-reimane til sigersteikn. So gav dei seg på veg heim att, og skrepte av sigeren sin. Då dei var på vegen komne, vilde Sigurd jaga på hesten med foten. Då støytte han med tjukkleggen burt i tonni som stod ut or hovudet på Melbrikta, og rispa seg. Det slo seg verk og trote i såret, og det vart banen hans. Sigurd den Rike er hauglagd på Ekkjalsbakke.

Guttorm heitte son åt Sigurd. Han styrde eitt år og døydde barnlaus. Då Rognvald Mørejarl spurde at både far og son hadde andast, sende han Hallad son sin vestetter, og kong Harald gav honom jarlsnamn. Då Hallad kom dit vest, busette han seg på Rossøy. Men vikingar for ikring både på øyane og yver på Nes, og drap folk og rana. Når so bøndene kjærde skaden sin for Hallad jarl, tykte han det var vanskelegt å hjelpa deim, og han vart leid av jarls-vyrdnaden. Han velte seg or jarledømet og tok holdsrett og for attende til Noreg. Folk tykte dette var ei øgje skjemmeleg ferd.


6. EINAR FER TIL ØYANE.

Tvo danske vikingar sette seg no fast på øyane, den eine heitte Tore Treskjegg, og hin Kalv Skurva. Då Rognvald jarl spurde det, lika han det stor-ille, og han kalla til seg sønene sine, Tore og Rollaug, — Rolv var i hernad. Rognvald spurde kven av deim som vilde ha øyane. Tore bad honom råda fyre um han skulde fara. «So segjer hugen min meg,» sagde jarlen, «at din framgang vil verta størst her du er; vegane dine ligg ikkje hedan.»[5] Då spurde Rollaug: «Vil du at eg skal fara?» Jarlen sagde: «Ikkje er jarledøme deg lage; fylgjone dine stundar til Island. Der skal du auka ætti di, og verta ein gjæv mann i det landet.» Då gjekk Einar fram, yngste son hans, og mælte: «Vil du at eg skal fara til øyane? Eg skal lova deg det som du vil tykkja mest mun i, at eg skal aldri meir koma i augsyni di. Lite godt hev eg å skiljast med her, og ingi von er det til at framgangen min vert mindre ein annan stad.» Jarlen sagde: «Ulikleg er du til hovding, slik ei mor som du hev, for ho er trælbori i alle ætter. Men sant er det, at di fyrr du fer, og di seinare du kjem att, di betre tykte eg det var.» Rognvald gav Einar ei fullskipa tjugesesse, og kong Harald gav honom jarlsnamn.


7. VIKINGANE VERT DREPNE.

Einar siglde vest til Hjaltland, og der samlast det folk til honom. Deretter for han sud til Orknøyane og siglde til mots med Kalv og Tore. Det kom til slag, og båe vikingane fall. Då vart dette kvede:

Treskjegg gav han troll i vald,
Torv-Einar drap Skurva.

Etter det lagde Einar under seg øyane og vart ein stor hovding. Han var den fyrste som fann på å skjera torv or jordi til eldeved, på Torvnes i Skottland; for det var ilt um ved på øyane. Einar var ein stor mann, ljot, einøygd, men like vel ovleg kvass-synt.


8. BARDAGE MILLOM EINAR JARL OG HALVDAN KONGSSON.

Då sønene åt Harald Hårfagre vart so gamle at dei var fullvaksne, vart dei nokre store ustyringar og ufredsmenn innanlands. Dei for mot jarlane åt kongen, drap sume, og dreiv sume burt frå eigedomane deira. Snæfrid-sønene Halvdan Hålegg og Godrød Ljome for mot Rognvald Møre-jarl og drap honom, og lagde under seg riket hans. Men då kong Harald spurde det, vart han fælande harm og for imot sønene sine. Halvdan rømde um bord i eit skip og siglde vest um havet, men Godrød gav seg yver til far sin. Kong Harald gav Tore i fars-bot Ålov Årbot, dotter si, og so jarlsnamn og farsarven hans. Halvdan Hålegg kom til Orknøyane, og straks det spurdest at ein son åt kong Harald var komen, vart dei forstøkte. Sume gjekk Halvdan til handa, men Einar jarl flydde ifrå øyane og upp i Skottland. Halvdan lagde under seg øyane og gjorde seg til konge der. Men Einar kom att same året, og han og Halvdan møttest. Då vart det eit stort slag, og Einar vann siger, og Halvdan sprang fyre bord i myrkret um kvelden. Då kvad Einar ei vise:

Eg ser ’kje frå rauste Rolv
eller frå Rollaug fljuga
spjot mot fjende-flokken,
endå far vår me lyt hemna.
Men i kveld, når kvast
kjempor gjeng i slaget,
tegjande mjøden tappar
Tore jarl på Møre.

Um morgonen då det vart ljost, gav dei seg til å leita rundt um på øyane, um nokon skulde ha kome seg undan. Då tok Einar jarl til ords: «Eg veit ikkje kva det er eg ser burte på Rinansøy; stundom lettar det på seg, og stundom legg det seg ned att. Anten er det ein fugl, eller er det ein mann; me skal fara dit og sjå etter.» Der fann dei Halvdan Hålegg, og Einar let rista blodørn i ryggen på han med eit sverd: dei skar alle sidebeini lause frå ryggen og drog ut lungone, og Einar gav honom til Odin, til siger for seg. Då kvad Einar dette:

Fagnafolk fredlause
flyr for eit saueran; —
eg drap kongssonen
unge på øyane.
Hugstore Harald
hemnråd mun leggja; —
skardut vart skjolden hans
eg skjelv ikkje lel.

Endå ei vise kvad han. Deretter let han kasta haug yver Halvdan og kvad:

Min fjordung fekk eg
far min, Rognvald, hemna;
no er drottnen drepen,
for dette norner rådde.
Hiv no, hæve gutar,
på Høgleggen steinar,
hard skatt eg honom sender,
sigeren er vår.

Då dette spurdast til Noreg, vart brørne åt Halvdan øgje harme, og truga med å fara til Orknøyane og hemna honom. Men kong Harald fekk det so til at det ikkje vart med det same. Einar kvad, då han spurde trugsmåli deira:

Etter meg er mange
menner frå alle leider;
høgborne, hatige,
hev hemn yver mangt å taka.
Men ikkje veit dei visst,
fyrr dei vinn å drepa meg,
kven under ørnekloi
endar fyrst sitt liv.

Men noko seinare drog kong Harald vest um havet og kom til øyane. Einar flydde frå øyane yver til Katanes. Det for då meklingsmenn imillom deim, so dei vart forlikte. Kong Harald lagde bøter på øyane og baud deim bøta 60 merker gull. Einar jarl baud seg til å greida boti ut åleine imot at han skulde få eigna til seg all odelen åt bøndene. Bøndene gjekk med på det, for dei rike tenkte at dei skulde løysa inn att odelen sin, og dei fatige hadde ikkje fe til å betala boti med. Einar greidde ut boti. Sidan var det soleis lenge, at jarlane åtte all odelen, — til dess Sigurd jarl gav orknøyingane att odelen sin. Kong Harald for attende til Noreg, men Einar jarl rådde for Orknøyane lenge sidan, og døydde sottedaude. Han hadde tri søner; den eine heitte Arnkjell, den andre Erlend og den tridje Torfinn Hausakljuv. Etter Harald Hårfagre hadde andast, var Eirik Blodøks konge i tvo år. Då kom Håkon Adalsteinsfostre til landet, og Eirik flydde undan, som fyrr er fortalt.[6] Jarlane Arnkjell og Erlend, sønene åt Torv-Einar, fall i England med Eirik Blodøks, soleis som det fyrr er skrive.[7] Gunnhild og sønene hennar for sidan til Orknøyane og lagde deim under seg, og var der ei rid. Derifrå for dei til Danmark, men fyrst gifte dei burt Ragnhild, dotter åt Eirik og Gunnhild, til Arnfinn, son åt Torfinn jarl. Torfinn vart då jarl på øyane. Han var ein stor hovding, og stridshuga. Han døydde sottedaude, og er hauglagd på Haugaheidi på Rognvaldsøy. Folk tykte han hadde vore ein gjæv mann.


9. HÅVARD VERT DREPEN.

Torfinn hadde fem søner; ein heitte Arnfinn, den andre Håvard den Årsæle, den tridje Lodve, den fjorde Ljot, den femte Skule. Ragnhild Eiriksdotter let Arnfinn husbonden sin drepa i Myrkkol på Katanes, og gifte seg med Håvard den Årsæle, bror hans. Håvard tok ved jarledømet og vart ein god hovding, og årsæl. Einar Klining heitte ein mann, systerson åt Håvard. Han var ein stor hovding, og hadde eit stort fylgje og låg i hernad um sumrane. Han kom i gjestebod hjå Håvard, og i den veitsla tala dei mangt med kvartanna, Ragnhild og Einar. Ho sagde at slik ein mann som han var vel fallen til hovding og betre høveleg til jarledømet enn Håvard, frenden hans, og den kona vart vel gift, sagde ho, som fekk slik ein mann. Einar bad henne å ikkje tala soleis, og sagde at Håvard var gjævaste mannen der var på øyane, og ho var fullvel gift. Ragnhild svara: «Stutt mun sam-ferdi mi og hans Håvard verta heretter. Sanneleg, det finst vel menn her på øyane som ikkje evar seg for allting, um so ikkje du unner deg sjølv tigni!»[8] Med slike fyretolor fekk ho snutt hugen hans Einar til trånad og til svik imot jarlen, frenden sin. Og so avtala dei seg imillom, at han skulde drepa jarlen, og ho gifta seg med honom. Eit bil seinare gjorde Einar seg ferdig til å fara den ferdi. Då mælte ein spåmann som var med honom: «Gjer ikkje dette verket i dag, gjer det heller i morgon; elles kjem det lenge til å verta ætt-dråp i dykkar ætt.» Einar lést som han ikkje høyrde. Håvard var då på Steinsnes på Rossøy. Der møttest dei, og det vart ein hard bardage, men ikkje lang, so fall jarlen. Sidan heiter det Håvardsteigar der. Då denne tidendi spurdest, tykte folk at Einar hadde vorte ein stor niding, som for soleis åt. Då vilde ikkje Ragnhild ha noko sambland med honom, og sagde det var berre lygn at ho hadde lova honom noko. So sende ho bod etter Einar Hardkjeft. Han var son åt ei onnor syster hans Håvard. Då dei fanst, sagde ho at det var ei skam for slike frendar av Håvard, som han, at dei ikkje vilde hemna jarlen. Ho skulde gjera kva det var, sagde ho, for at han skulde verta hemnd. «Det er no òg lett å vita,» sagde ho, «at den vert mest vyrd av alle gode menn, som hemner jarlen; og han er verd å få riket hans attpå.» Einar svara: «Det vert sagt, frue, at De mæler anna stundom enn det De tenkjer. Men han som skal gjera dette verket, vil ha i vederlag at du let han få riket, og likeins det andre som han ikkje tykkjer det er mindre mun i.» Soleis lykta dei røda. Deretter for Einar Hardkjeft imot Einar Klining og drap han. Men Ragnhild sende bod etter Ljot, bror hans Arnfinn og hans Håvard, og gifte seg med honom. Ljot tok jarledømet og vart ein stor hovding. Einar Hardkjeft hadde no drepe frenden sin, men var ikkje næmare jarledømet enn fyrr. Han var øgje harm, og vilde få seg folk og vinna øyane med makt. Men det gjekk smått for han å få samla folk, for orknøyingane vilde tena sønene åt Torfinn Hausakljuv. Noko seinare let jarlen folk drepa Einar Hardkjeft.


10. BARDAGE MILLOM LJOT OG SKULE.

Skule bror hans Ljot for upp i Skottland og fekk jarlsnamn der av skottekongen. Sidan for han ned til Katanes og samla folk der, og so for han ut på øyane og vilde strida um riket med Ljot, bror sin. Ljot samla folk og for imot Skule, og Ljot fekk mest folk. Då dei møttest, vilde ikkje Skule høyra på noko anna enn at dei skulde halda slag. Det vart ein hard bardage, og Ljot vann, og Skule flydde yver til Nes.[9] Ljot sette etter honom. Men på Nes stogga han ei tid, og samla mykje folk. Då kom Skule ridande ned frå Skottland med ein stor her som skottekongen og Magbjod jarl hadde gjeve honom. Ljot og Skule møttest i Dalane på Katanes, og det vart eit stort slag der. Skottane var fælande åkave fyrstundes i slaget. Ljot jarl bad mennene sine liva seg, men stå som fastast. Då so skottane ikkje vann å få gjort noko, eggja Ljot mennene sine, og gjekk sjølv på som djervast. Og då striden hadde stade soleis ei stund, gjekk fylkingi åt skottane i sund, og deretter flydde dei. Skule heldt striden uppe, men det lykta med at han fall. Ljot lagde under seg Katanes, og det var då ufred millom skottane og Ljot jarl; for skottane var ille nøgde med uferdi si. Medan Ljot jarl enno var på Katanes, kom Magbjod jarl ned frå Skottland med ein stor her, og han og Ljot jarl møttest på Skidamyr på Katanes. Ljot hadde då ikkje noko nemnande med folk hjå seg. Like vel gjekk Ljot so hardt fram, at skottane veik undan, og det vart ikkje langt slaget fyrr dei flydde som berga livet. Ei mengd vart såra. Ljot vende tilbake med siger, men folki hans var mykje særde. Ljot sjølv hadde òg fenge eit slikt sår at det vart banen hans.


11. BARDAGEN PÅ SKIDAMYR.

Lodve tok jarledømet etter Ljot og vart ein stor hovding. Han var gift med Edna, dotter åt Kjarval irekonge. Son deira var Sigurd Digre. Lodve døydde sottedauden, og er hauglagd i Hamn på Katanes. Sigurd son hans tok jarledømet etter honom. Han var ein stor og vid-lendt hovding. Han heldt under seg med makt Katanes imot skottane, og hadde her ute kvar sumar og herja på Suderøyane og i Skottland og Irland. Ein sumar hasla Finnleik skottejarl voll for Sigurd[10] på Skidamyr, so dei skulde møtast der til ein fast dag. Sigurd spurde mor si um korleis dette kom til å gå, — ho var mangkunnig.[11] Folkemunen vilde ikkje verta mindre enn sju imot ein, sagde han. Ho svara: «Eg skulde ha født deg lenge upp i ullkorgi mi, dersom eg hadde visst at du skulde koma til å liva jamt. Lukka råder for livet, og ikkje kvar ein mann er komen. Betre er å døy med sømd enn liva med skam. Tak imot dette merket her! Eg hev gjort det til deg med all den kunst eg kann. Eg spår det skal verta sigersælt for den som det vert bore framfyre, men livhætt for den som ber det.» Merket var gjort med framifrå kunst og hagleik. Det var gjort på skap som ein ramn, og når vinden blés i merket, var det liksom ramnen letta til flog. Sigurd jarl vart ovleg harm for ordi ifrå mor si. Han gav orknøyingane att odelen sin for at dei skulde verta med og hjelpa honom, og for so imot Finnleik jarl på Skidamyr. På båe sidor fylkte dei heren sin. Då fylkingane seig i hop, vart merkesmannen åt Sigurd jarl skoten i hel. Jarlen sette ein annan mann til å bera merket, men då striden hadde stade ei stund, fall han òg. Tri merkesmenn fall for jarlen, men han fekk siger, og orknøyingane fekk att odelen sin.


12. OLAV TRYGGVASON OG SIGURD JARL MØTEST.

Olav Tryggvason låg fire år i vesterviking etter han var faren frå Vendland, og fyrr han let seg døypa i Syllingane. Frå Syllingane drog han til England og vart gift der med Gyda, syster åt Kvaran, konge i Irland. Deretter var han i lang tid i Dublin, til dess Håkon jarl sende Tore Klakka vestetter til å lokka honom derifrå. Olav kom vestantil med fem skip, og kom fyrst til Orknøyane. Der hittast han med Sigurd jarl i Åsmundarvåg på Rognvaldsøy. Sigurd jarl hadde tri skip, og ætla seg i herferd. Olav lét jarlen kalla yver på sitt skip, og sagde at han vilde tala med honom. Då dei møttest, sagde Olav: «Det er viljen min at du skal lata deg døypa, du og alt folket ditt. Elles skal du døy her med det same, og etterpå vil eg fara yver alle øyane med eld og brand.» Då jarlen såg korleis han var i det komen, gav han alt i Olavs vald, og Olav let honom døypa og tok son hans til gisl. Han heitte Kvelp eller Hunde, men kongen let honom få namn etter Lodve då han vart døypt. Då vart alle øyane og kristna. Men kong Olav drog aust til Noreg, og Lodve fylgde med honom. Lodve livde berre ei stutt tid, og etter han var dåen, synte ikkje Sigurd jarl kong Olav nokon lydnad lenger. Han gifte seg med dotter åt Melkolv skottekonge, og son deira var Torfinn jarl. Sigurd jarl hadde tri andre søner òg, den eine heitte Sumarlide, hin Bruse, og den tridje Einar Rangmunn. Fem år etter Svolder-slaget for Sigurd jarl til Irland og skulde hjelpa kong Sigtrygg Silkeskjegg. Han sette dei eldste sønene sine til å styra landet, men Torfinn sende han til morfaren, skottekongen, so mykje han skulde fostra honom upp. Då Sigurd jarl kom til Irland, for kong Sigtrygg med heren sin til møtes med Brian irekonge, og dei møttest um langfredagen. Då vart det ingen til å bera ramnemerket, jarlen bar det sjølv, og fall der; men kong Sigtrygg flydde. Kong Brian vann siger, men han fall sjølv.


13. UM BRØRNE.

Etter Sigurd jarl var fallen, tok sønene hans riket — Sumarlide, Bruse og Einar — og skifte det i tridjungar. Torfinn var hjå skottekongen; han var fem år gamall då Sigurd far hans fall. Skottekongen let Torfinn, dotterson sin, få Katanes og Suderland, og gav honom jarlsnamn, og sette menn til å styra landet med honom. Torfinn vart snart vaksen, og vart ein ovleg stor og sterk mann, svart på hår. Straks han voks til, vart det lett å sjå at han var ein framsøkjen kar. Brørne Einar og Bruse var ulike i skaplynde. Einar var strid og framsøkjen, utyd, og ein stor hermann. Bruse var spaklyndt, styrde seg vel, var smålåten og ordsnild. Sumarlide var likare Bruse av sinn. Han var eldst av brørne og livde stuttast, og døydde sottedaude. Etter han var avfaren, kravde Torfinn jarl å få noko av riket på Orknøyane. Einar sagde at Torfinn hadde Katanes og Suderland, det riket som far deira hadde havt der, og det rekna han for meir enn ein tridjung av øyane; og han vilde ikkje unna Torfinn noko skifte. Men Bruse vilde, og skifte det som han hadde. «Eg vil ikkje gira etter meir av riket,» sagde han, «enn den tridjungen som eg eig med retto.» Då lagde Einar under seg tvo luter av øyane. Etter det vart han både mektig og mangment, og var ofte i hernad um sumrane og hadde store utbod av landet; men det var ovleg misjamt med herfanget. Bøndene vart leide av dette, men jarlen var strid til å halda på utreidslone, og let det ikkje nytta for nokon å segja imot. Han var ein stor uvyrding, og tenesta og utreidslone som bøndene hadde, gjorde at det vart store naud-år i riket hans. Men i den luten av landet som Bruse hadde, var det gode år, og bøndene livde sutlaust. Difor var han vensæl.


14. UM TORKJELL FOSTRE.

Ein mann heitte Åmunde; det var ein rik og mektig mann. Han budde på Laupandenes i Sandvik på Rossøy. Torkjell heitte son hans. Han var den duglegaste mann som voks upp på Orknøyane. Åmunde var ein vitsam mann, og sers vel vyrd der på øyane. Ein vår hende det at jarlen hadde stort utbod som han var van med, og bøndene murra ille, og bar det fram for Åmunde, og bad honom tala fyre deim og hjelpa deim imot jarlen. Åmunde svara at jarlen høyrde ikkje etter kva andre sagde. «Det vil ikkje besna stort. Og jarlen og eg er gode vener som no det er, men eg ottast det kjem ei ulukke utav det dersom me vert uforlikte, med det skaplynde som me båe hev. Eg vil ikkje ha noko med dette å gjera.» Då tala dei um dette målemnet med Torkjell. Han var traud; men då dei eggja honom, lova han at han skulde freista å hjelpa deim. Åmunde tykte han hadde vore vel snøgg til å lova. Men då jarlen heldt ting, tala Torkjell på vegner av bøndene, og bad jarlen spara folk. Einar svara venleg, og sagde at han skulde vyrda på ordi hans. «Eg hadde ætla meg til å ha seks skip med meg or landet, men no skal eg ikkje fara med meir enn tri. Men du Torkjell skal ikkje beda um slikt oftare.» Bøndene takka Torkjell vel for hjelpi hans. Jarlen for i viking og kom att då hausten kom. Men våren etter hadde jarlen utbod att og heldt ting med bøndene. Då tala Torkjell på nytt og bad jarlen spara bøndene. Jarlen svara med vreide, og sagde at bøndene skulde få det mykje verre for di han tala soleis. Han skapte seg so vill og galen at han sagde dei tvo skulde ikkje båe koma livande på tinget att ein annan vår. Med so gjort slutta tinget. Men då Åmunde fekk vita korleis Torkjell og jarlen hadde vore i hop, bad han Torkjell at han skulde fara burt. Torkjell for yver til Katanes til Torfinn jarl og vart verande der lenge sidan. Han fostra jarlen, medan jarlen var ung, og seinare vart han kalla Torkjell Fostre, og vart ein namngjeten mann. Det var fleire mektige menn som flydde frå Orknøyane for ovriket hans Einar jarl. Dei fleste flydde til Torfinn jarl; sume flydde til Noreg, og til ymse land.


15. BRØRNE MØTEST.

Straks Torfinn jarl var vaksen vorten, sende han bod til Einar bror sin, og bad um å få av honom det riket som han tykte han hadde rett til på Orknøyane; det var ein tridjepart. Einar var ikkje so brå etter å minka makti si soleis. Då Torfinn jarl spurde det, baud han ut folk ifrå Katanes. Men då Einar jarl fekk vita dette, samla han òg folk og for imot Torfinn, og ætla seg til å halda slag med honom. Bruse jarl med samla folk, og for til mots med deim og freista semja deim. Det vart semje på det vilkåret at Torfinn jarl skulde ha den tridjungen av riket på Orknøyane som var hans med retto, men Bruse jarl og Einar jarl lagde saman sine luter. Einar jarl skulde ha styringi for deim, og landverni; dersom då den eine døydde fyre hin, skulde den taka landet etter den andre som livde lengst. Men denne avtala tykte ikkje folk var rettvis; for Bruse hadde ein son, som heitte Rognvald, men Einar var sonlaus. Torfinn jarl sette menn til å varveita det riket som han åtte på Orknøyane; sjølv var han oftast på Katanes. Einar jarl var oftast um sumrane i hernad i Irland og Skottland og Bretland. Ein sumar som han herja på Irland, hende det at han heldt eit slag i Ulvreksfjord med Konofogor irekonge. Der fekk Einar jarl usiger og miste mykje folk. Sumaren etter for Øyvind Urarhorn vestanfrå Irland og ætla seg til Noreg. Men av di veret var kvast og straumane ufarande, snudde han inn i Åsmundarvåg; der låg han verfast eit bil. Då Einar jarl spurde det, for han dit med mykje folk, og tok Øyvind og let honom drepa. Men dei fleste av mennene hans gav han grid, og dei for aust til Noreg um hausten og kom til kong Olav og fortalde honom um at Øyvind var drepen. Kongen svara lite til det, og det var merkande at han tykte dette var ein stor mannskade og mykje imot hans vilje, — han var jamleg fåmælt når det var noko som han ikkje lika. Torfinn jarl sende Torkjell Fostre ut på øyane til å krevja saman skattane som han skulde ha. Men Einar jarl skulda Torkjell for at det mykje var han som hadde fenge Torfinn til å gjera tilkall på noko av øyane. Torkjell var ikkje fyrr komen til øyane, so vende han og skunda seg yver til Katanes att. Han fortalde Torfinn jarl at han hadde vorte vis med at Einar jarl hadde vilja drepa honom, dersom ikkje frendane og venene hans hadde gjeve honom njosn um det. «No er det ikkje onnor råd enn at eg fær lata det verta eit møte millom jarlen og meg, soleis at det vert ei endeleg avgjerd millom oss; eller òg lyt eg fara lenger burt, dit makti hans ikkje rekk.» Jarlen talde mykje til at Torkjell skulde fara aust til Noreg til kong Olav. «Du kjem til å verta vel vyrd hjå høgsette menn kvar du kjem,» sagde han. «Men eg veit um skaplyndet åt dykk båe, du og jarlen, at de kjem ikkje til å sikta lenge på kvarandre.» Då budde Torkjell seg til og for um hausten til Noreg, og deretter til kong Olav. Han var der hjå kongen um vinteren, og kongen synte honom stor venskap. Kongen tok Torkjell mykje med på råd. Han tykte som sant var, at Torkjell var ein vitsam mann og ein stor skorung.[12] Kongen merka det av rødone hans at han gjorde stor skilnad når han tala um jarlane, og at han var ein stor ven av Torfinn, men tala ilt um Einar jarl. Tidleg um våren sende kongen eit skip vest um havet til Torfinn jarl, med den ordsendingi at jarlen skulde koma aust til kongen. Jarlen drog seg ikkje undan den ferdi, for det fylgde lovnad um venskap med ordsendingi.


16. EINAR JARL VERT DREPEN.

Torfinn for aust til Noreg og kom til kong Olav og fekk god mottaking der, og var der lenge um sumaren. Då han budde seg til å fara vestetter, gav kong Olav honom eit stort og godt langskip med full reide. Torkjell Fostre gav honom det skipet som han sjølv hadde havt vestanfrå um sumaren. Kongen og jarlen skildest i stor venskap. Torfinn jarl kom til Orknøyane um hausten. Men då Einar jarl spurde det, hadde han nettupp mykje folk samla og låg um bord på skipi sine. Bruse jarl for då til møtes med båe brørne og bar forliksord millom deim. Og det vart soleis på nytt at dei forlikte seg, og dei gjorde det fast med eidar. Torkjell Fostre vart teken i forlik og venskap med Einar jarl, og det vart avtala at dei skulde ha einannan til gjestebods, og jarlen skulde fyrst koma til Torkjell i Sandvik. Då jarlen kom dit til gjestebodet, vart han fagna på det stormannslegaste; men jarlen var ikkje glad. Det var ein stor skåle der med dør for båe endane. Den dagen jarlen skulde fara burt, skulde Torkjell fara i lag med han til gjestebod hjå honom. Torkjell sende menn på njosning langs etter den leidi som dei skulde fara um dagen. Då njosnarane kom att, sagde dei til Torkjell at dei hadde funne tri baklur med væpna menn. «Me trur at det må vera svik,» sagde dei. Men då Torkjell høyrde det, drygde han det ut med å verta ferdig, og samla mennene sine til seg. Jarlen bad honom gjera seg reidug, og sagde at det var tid til å rida. Torkjell svara at han hadde mangt å annast med. Han gjekk stundom ut og stundom inn. Det var eldar på golvet. So kom han inn gjenom den eine døri, og etter honom kom ein mann som heitte Hallvard; han var islending, ifrå Austfjordane. Han let att døri. Torkjell gjekk innar millom elden og der som jarlen sat. Jarlen spurde: «Er du ikkje buen enno?» Torkjell svara: «No er eg buen.» Dermed hogg han til jarlen i hovudet. Jarlen stupte i golvet. Då sagde islendingen: «Her fær eg gjera det vesle eg kann, når ikkje de dreg jarlen upp or elden.» So køyrde han til med ei sparde[13] og sette henne under nakkebeinet på jarlen og rykte honom upp åt pallen. Torkjell og dei båe tvo skunda seg ut gjenom hi døri, som dei ikkje hadde kome inn igjenom. Der ute stod mennene hans Torkjell fullt væpna. Jarlsmennene tok no jarlen; då var han daud; men ingen kom seg til å hemna han. Det var det at det bar so brått til, og ingen venta seg eit slikt verk av Torkjell; for alle trudde dei, at det var venskap millom jarlen og Torkjell, som avtala var. Dei fleste av mennene som var inne var våpenlause òg, og mange var gode vener frå fyrr med Torkjell. Det var so laga at Torkjell skulde liva lengst, difor bar det so til. Då han kom ut, hadde ikkje han noko mindre folk enn jarlsmennene. Han gjekk no um bord i skipet sitt, men jarlsmennene for burt. Torkjell sette segl straks um dagen og tok leidi aust i havet endå det var etter vinternæter. Han kom heil og halden til Noreg, og for straks skundsamt til kong Olav og fekk god mottaking der. Kongen let vel yver dette verket. Torkjell var hjå honom um vinteren.


17. SÆTT MILLOM KONG OLAV OG BRUSE JARL.

Etter Einar jarl var fallen, tok Bruse jarl den luten av landet som Einar jarl hadde havt fyrr; for det var noko som mange visste um, kva vilkår dei tvo brørne, Einar og Bruse, hadde gjort felaget sitt på. Men Torfinn tykte det var rettast at dei no fekk helvti kvar av øyane. Bruse hadde no like vel tvo luter av landet den vinteren. Våren etter gjorde Torfinn tilkall på landet, og sagde, at han vilde ha til helvtar med Bruse. Men Bruse vilde ikkje samtykkja i det. Dei hadde ting og stemnor um denne saki. Venene deira freista å semja. Men Torfinn vilde ikkje vera nøgd med mindre enn helvti av øyane. Han sagde endå til at Bruse turvte ikkje ha meir enn tridjungen, med eit slikt skaplynde som han hadde. Bruse svara: «Eg var nøgd med å ha den tridjungen av landet som eg tok i arv etter far min. Det var ikkje nokon heller som kravde han ifrå meg. Men no hev eg teke den andre tridjungen i arv etter bror min etter rette avtalor. Og um eg so ikkje er før til å slåst med deg, bror, so vil eg like vel freista finna ein annan utveg enn å gjeva ifrå meg riket på denne visi.» Soleis skildest dei frå dette møtet. Men då Bruse såg at han ikkje kom til å ha styrk nok til å stå jamsides med Torfinn, av di Torfinn hadde mykje større rike og dertil hjelp av skottekongen, morfar sin, so rådde Bruse seg til å fara or landet aust til kong Olav, og han hadde med seg Rognvald, son sin; han var tvo år gamall den gongen. Då jarlen råka kongen, tok kongen godt imot honom. Jarlen bar fram ærendi si, og fortalde korleis alt stod millom honom og broren, og han bad kongen hjelpa seg til å få ha riket sitt. Han baud imot fullkomen venskap frå si side. Kongen svara og byrja med at Harald Hårfagre hadde eigna til seg all odelen på Orknøyane, og jarlane hadde stendigt sidan havt det landet til len, men aldri til eigedom; «ein kann ha til sannprov på dette, at då Eirik Blodøks og sønene hans var på Orknøyane, var jarlane lydskyldige under deim. Og då Olav Tryggvason, frenden min, kom dit, vart Sigurd jarl, far din, hans mann. No hev eg teke all arven etter kong Olav. Eg vil gjera deg det tilbodet at du vert min mann, so skal eg gjeva deg øyane i len. Då skal me freista kven som fær største gagnet, anten du av at eg styd deg med mi makt, eller Torfinn bror din av at skottekongen hjelper honom. Men vil du ikkje taka imot dette vilkåret, vil eg krevja den eiga og odel som frendane og forfederne våre hev havt der vest.» Jarlen tenkte yver det kongen hadde sagt, og lagde det fram for venene sine og spurde deim til råds, um han skulde segja ja, og um han skulde forlikast med kong Olav på denne visi, og verta hans mann. «Men det er meir uvisst, tykkjer eg, kva min lut kann verta når me skilst, dersom eg segjer nei. For kongen hev tala reint ut um det tilkallet han gjer på Orknøyane. Og sidan han er so storrådug og me er hit komne, vil det vera lite fyre for honom å gjera med oss som han sjølv synest.» Og endå jarlen tykte det var mismuner med det, kva han so gjorde, vart det til at han tok imot det vilkåret å leggja alt i kongens vald, både seg og riket sitt. Då tok kong Olav makt og rådvelde av jarlen yver alle ervelandi hans; og jarlen vart kongens mann og lova truskap med eidar.


18. FORLIK MILLOM TORFINN JARL OG KONG OLAV.

Torfinn jarl fekk spurt at Bruse bror hans var faren aust til kong Olav og vilde søkja seg hjelp hjå honom. Men av di Torfinn hadde vore hjå kong Olav fyrr, og kome seg i venskap med kongen, trudde han at saki hans var vel fari der; dertil visste han at mange var talsmenn for henne hjå kongen. Men endå fleire trudde han det vilde verta dersom han kom sjølv; difor tok Torfinn jarl den rådi at han budde seg so snart han kunde og for aust til Noreg; han tenkte at han skulde få gjort den fyre-munen som Bruse fekk so liten som mogelegt, og at Bruse ikkje skulde få fullført ærendi si fyrr Torfinn råka kongen. Men det gjekk annleis enn han hadde tenkt; då Torfinn jarl kom til kong Olav, var alt upp- og avgjort um forliket millom kongen og Bruse jarl. Torfinn jarl fekk ikkje vita um det heller fyrr han kom til kong Olav, at Bruse hadde gjeve upp riket sitt. Og straks Torfinn jarl og kong Olav møttest, kom kong Olav fram med det same tilkallet på Orknøy-riket som han hadde kome med til Bruse jarl, og bad Torfinn um det same, at han skulde samtykkja i å gjeva i kongens hand den luten av landet som han hadde havt fyrr. Jarlen svara vel og spakleg på kongens ord, og sagde at han tykte det var mykje um å gjera for honom å vera i venskap med kongen. «Og dersom De, herre, tykkjest turva mi hjelp mot andre hovdingar, so hev De alt fyrr gjort Dykk fullkomeleg verdig til det; men det høver ikkje for meg å verta handgjengen, for eg er fyrr jarlen åt skottekongen og lydskyldig under honom.» Men då kongen merka at jarlen svara soleis til å draga seg undan kravet som kongen kom med, sagde han: «Dersom ikkje du, jarl, vil verta min mann, so er hitt vilkåret at eg set yver Orknøyane den mannen eg vil. Men eg vil at du då sver eiden din på at du ikkje skal gjera tilkall på landet, og likeins på at du skal lata deim vera i fred som eg set yver landet. Vil du ikkje taka imot noko av desse vilkåri, so kjem han som råder for dette landet til å tykkja at han kann venta seg ufred av deg. Og då fær du ikkje finna det underlegt um dal og bakke møtest.»[14] Jarlen svara og bad kongen gjeva honom frest til å tenkja yver denne saki. Kongen gjorde so og gav jarlen tid til å samråda seg med mennene sine um kva han skulde velja. Då bad jarlen at kongen vilde gjeva honom frest til næste sumar, so han kunde få fara vest um havet fyrst, for rådgjevarane hans var att heime, og han sjølv var ikkje anna berre barnet å rekna for etter alderen. Kongen bad honom velja der på timen. Torkjell Fostre var hjå kongen då. Han sende ein mann i løynd til Torfinn jarl og bad honom ikkje tenkja på å skiljast uforlikt frå kong Olav denne gongen, kva han so hadde i hug, — so som han no var komen i kongens hand. Av desse åtvaringane tyktest jarlen skyna at einaste utvegen var å lata kongen råda. Det andre hadde han ikkje mykje hug på: å missa voni sjølv um farsarven sin og so ljota sverja at dei skulde få ha riket hans i fred som ikkje var fødde til det. Han valde då å gå kongen til handa og verta hans mann likeins som Bruse hadde gjort, sidan han ikkje visste korleis han elles kom til å sleppa derifrå. Men kongen merka at Torfinn var mykje meir storlyndt enn Bruse og lika verre denne kuingi. So han trudde honom mindre enn Bruse, og han skyna at Torfinn kom til å setja si lit til skottekongen dersom han braut avtala. Han var so klok, at han såg at Bruse gjekk traudigt med på heile forliket, men sagde so ikkje meir enn han tenkte å halda. Torfinn derimot, når han hadde gjort upp med seg sjølv kva han vilde velja, so gjekk han gladeleg med på kva det var, og eva seg ikkje for å segja ja med ein gong. Men kongen gruna på um han ikkje kom til å gjera um att sume av forliksvilkåri.


19. TORFINN JARL FER BURT.

Då kong Olav hadde tenkt yver heile denne saki, let han blåsa til ei fjølment stemne, og dit let han jarlane kalla. Då sagde kongen: «Forliket millom meg og Orknøy-jarlane vil eg no kunngjera for ålmugen. Dei hev no gjenge ved eigedomsretten min til Orknøyane og Hjaltland og båe vorte mine menn, og hev gjort eiden sin på alt dette. No vil eg gjeva deim det i len at Bruse skal ha ein tridjung av landet og Torfinn ein tridjung, soleis som dei hadde fyrr. Men den tridjungen som Einar Rangmunn hadde, reknar eg for å vera forbroten til kongen, for di Einar drap Øyvind Urarhorn, hirdmannen og felagen og den gode venen min. Med den luten av landet vil eg fara åt som eg sjølv tykkjer. Og so vil eg òg skilja meg det hjå dykk jarlane mine, at de skal taka imot forlik av Torkjell Åmundeson for di han tok av dage Einar bror dykkar. Eg vil at domen i den saki skal liggja under meg, dersom de gjeng med på det.» Det gjekk med dette som med det andre; jarlane samtykte i alt som kongen sagde. So gjekk Torkjell fram og lagde saki under kongens dom, og med det lykta tinget. Kong Olav dømde bøter for Einar jarl som for tri lendmenn. Men for dei saker skuld som Einar hadde på seg, skulde tridjeparten av boti falla burt. Torfinn jarl bad no kongen um lov til å fara sin veg. So snart han fekk lov, skunda han seg og gjorde seg reidug. Men medan dei låg der fullt ferdige, hende det ein dag, at best som Torfinn sat og drakk ute på skipet sitt, so kjem Torkjell Åmundeson brått upp til honom. Han legg hovudet på knei hans, og so bad han jarlen gjera med det som han vilde. Jarlen spurde kvifor han bar seg soleis åt. «Me er då alt forlikte ved kongsdom! statt upp, Torkjell!» Han gjorde so. Torkjell sagde: «Det forliket som kongen gjorde, vil eg tru meg til i saki millom Bruse og meg; men den luten av saki som kjem deg ved skal du åleine råda for. Eg kjenner skaplyndet ditt; um kongen hev sagt at eg skal ha eigedom og landsvist på Orknøyane, so er det ikkje komande der for meg utan eg fer med trygd ifrå Dykk, jarl. Eg skal lova Dykk,» sagde han, «at eg skal aldri koma til Orknøyane, kva so kongen segjer um det.» Jarlen tagna og tok seint til ords. So sagde han: «Vil du heller at eg skal døma i saki vår, Torkjell, enn du vil lita på kongsdomen, då skal fyrste vilkåret vera at du skal fara med meg ut til Orknøyane, og vera hjå meg og aldri skiljast ifrå meg utan mitt lov og løyve. Og du skal vera skyldig til å verja landet mitt, og til å gjera alle dei verk som eg vil ha gjort, so lenge me båe er i live.» Torkjell segjer: «Dette skal vera i Dykkar vald, jarl, liksom alt anna som eg kann råda for.» So gjekk Torkjell til og lova jarlen fast alt som han sagde fyre. Jarlen sagde at febøter skulde han tala um seinare. Men han tok eidar av Torkjell der med ein gong, og Torkjell budde seg til å fara med jarlen med det same. Jarlen for burt so snart han var ferdig, og han og kong Olav sågst aldri meir. Bruse jarl derimot drygde etter og budde seg meir i mak. Men fyrr han for, hadde kong Olav stemne med honom, og då sagde kongen: «Det ser so ut for meg, jarl, som eg lyt ha deg til å lita på der vestanfor havet. Eg tenkjer at du fær ha dei tvo lutene av landet å styra som du hev havt fyrr. Eg vil ikkje at du skal vera mindre eller ringare mann no etter du hev vorte handgjengen, enn du var fyrr. Men eg vil ha eit pant på truskapen din; det skal vera at Rognvald, son din, vert verande att her. Når du då hev tvo luter av landet, og mi hjelp attåt, so kann eg ikkje tru anna enn at du vel må kunna berga det som ditt er med retto for Torfinn jarl.» Bruse tok imot med takk at han skulde få tvo luter av landet. No drygde han ikkje lang stundi fyrr han for, og um hausten kom han vest til Orknøyane. Rognvald, son åt Bruse, vart att hjå kong Olav. Han var ein framifrå væn gut, håret stort og gult som silke; han vart tidleg stor og sterk, og var framfyre andre både i vit og høvisk åtferd. Han var lenge hjå kong Olav. — Dette nemner Ottar Svarte i den dråpa som han dikta um kong Olav:

Eit vidlendt velde
visleg du styrer;
til tegnane dine
er hjeltane talde.
Av Ynglingar ingen
her aust i Noreg
fyrr du vart konge
vann kua øyan’.

Då brørne Torfinn og Bruse var komne vest til Orknøyane, tok Bruse styringi yver tvo luter av landet, men Torfinn yver ein tridjung. Han budde jamleg på Katanes og i Skottland, og sette mennene sine til å styra på øyane. Bruse laut då ha landverni for øyane åleine. På denne tidi var øyane ille ute for ufredsflokkar; for nordmenn og daner herja mykje i vesterviking, og då såg dei tidt innum øyane både når dei for vestetter og når dei kom vestanfrå, og gjorde nesran. Bruse klaga for det at Torfinn aldri hadde landverns-leiding ute for Orknøyane og Hjaltland, endå han tok vel alle skattane og skyldene som kom av hans lut. Då baud Torfinn honom det, at Bruse skulde ha ein tridjung av landet og Torfinn tvo luter, og so skulde han greida landverni åleine. Og endå dette skiftet ikkje vart av so brått, so vart det slik like vel: Bruse tok ein tridjung, og Torfinn tvo. Dette hende medan Knut den Mektuge var herre i Noreg, og kong Olav var rømd frå riket sitt.


20. TORFINN JARL OG SKOTTANE.

Torfinn jarl vart ein stor hovding. Han var ovleg stor og sterk, ljot, svart på hår, skrinnleitt, stornasa og noko myrk-brynt. Han var ovende stridlyndt, og ovhuga både etter gods og ære. Han var sigersæl, og klok og djerv i slag. Fem år gamall var han då Melkolm skottekonge, morfar hans, gav honom jarlsnamn og Katanes til å styra, so som det fyrr er fortalt, og han var fjortan då han baud ut her frå landet sitt og herja i riki åt andre hovdingar. So segjer Arnor Jarleskald:

Hovdingar lita i slaget
sverds-eggjar raude.
Fyrr femtande året
for han i herferd.
Ingen mann, yngre
enn bror åt Einar,
evlde å verja eit rike
ja auka det hugdjervt.

Torfinn jarl hadde god studnad hjå skottekongen, frenden sin. Det styrkte mykje makti hans på Orknøyane at han hadde ei sovori hjelp so nær. Skottekongen døydde ei stund etter brørne Bruse og Torfinn hadde vorte forlikte. Då tok Karl Hundeson styringi yver Skottland. Han tykte at han åtte Katanes òg, likso vel som dei fyrre skottekongane; og han kravde skattar der som andre stader. Men Torfinn jarl tykte ikkje at arven han fekk etter morbror sin vart for stor for di um han fekk ha Katanes. Han sagde han hadde fenge det riket, og han vilde ikkje svara nokon skatt av det. Av dette vart det stor uvenskap, og dei herja i riki åt einannan. Kong Karl vilde setja ein hovding yver Katanes som heitte Mumtan eller Muddan. Det var systerson hans. Han gav honom jarlsnamn, og Muddan reid ned til Katanes; herfolk fekk han i Suderland. Det kom njosn um dette til Torfinn jarl. Då drog han ein her saman frå Katanes. Og frå Orknøyane kom Torkjell Fostre med mykje folk til jarlen. No hadde Torfinn største heren, og han for imot Muddan. So snart skottane fekk vita at dei hadde minst folk, vilde ikkje dei slåst, og reid upp att til Skottland. Torfinn jarl sette etter deim, og lagde under seg Suderland og Ross og herja vida um Skottland. Derifrå snudde han heim att til Katanes, og Torkjell for ut til øyane. Leidangsfolket for og heim. Jarlen tok upphald på Dungalsbø på Katanes og hadde fem langskip hjå seg og ikkje so lite folk, og skipi var vel manna. Muddan møtte kong Karl i Beruvik, og fortalde at han hadde havt lite lukke med seg på ferdi. Kongen vart ovleg harm då han spurde at landet hans hadde vorte herja. Han gjekk um bord i skipi sine med det same, og hadde elleve langskip og mykje folk. Han sjølv siglde so nord langs med Skottland, og Muddan sende han attende til Katanes med mykje folk; Muddan reid landevegen gjenom Skottland. Dei tenkte det soleis at Muddan skulde koma yver Torfinn den vegen, og so skulde Torfinn koma i soksi. Um Karl er det å fortelja, at han stogga ikkje fyrr han kom fram til Katanes og det berre var eit stutt stykke att millom honom og Torfinn. Torfinn visste då ikkje nokor betre råd enn å stiga til skips og styra ut Petlandsfjorden; han vilde koma seg yver til Orknøyane. Då var det ikkje lenger att imillom deim enn at Karl og folki hans såg segli åt Torfinn då han siglde austpå fjorden. Dei sette straks etter deim. Men Torfinn og hans folk hadde ikkje set segli åt hine, og Torfinn siglde sin veg aust med øyane og sette kosen nord mot Sandvik. Han stogga med skipi sine på austsida av Dyrnes, og sende bod derifrå med ein gong til Torkjell, at han skulde samla folk. Bruse hadde den nørdste luten av øyane, so han var der nord. Torfinn låg under Dyrnes, som sagt, og det var seint på kveld då han kom dit. Um morgonen, då det hadde vorte ljost, visste dei ikkje ordet av fyrr Karl og heren hans ror imot deim med elleve skip. No var det ikkje meir enn tvo ting å velja millom: anten springa på land og lata skipi og alt feet etter seg i hendene på uvenene sine, eller leggja imot til slag og lata lukka råda. Torfinn ropa til mennene sine; dei skulde taka fram våpni, sagde han. Han vilde ikkje leggja på flog, og han bad deim ro djervt fram. Deretter tengde dei skipi på båe sidor. Torfinn jarl eggja folki sine mykje, og bad deim vera åkave og gå kvast på med ein gong, so vilde ikkje mange skottar stå seg. Denne orrusta vart både hard og lang. Og det var lenge at ingen kunde sjå kva veg sigeren vilde halla. Arnor nemner dette i Torfinnsdråpa:

Austanfor Dyrnes hovdingen
bardest mot Karl med hardom;
landet åt jarle-sonen
var ikkje lett å taka.
Med fem snekkjor
mot elleve skeidar
la djervingen fram:
til flog var han ufus.
Fram la hermenn skipi
herfolk seig på tiljom.
Bitharde jarni sumde
i eimande blod av skottar.
Stød i hug stod hovdingen,
med’ strengjer gall og stål beit,
blodet rann og broddar[15] flaug,
og bjarte oddar ristest.

Torfinn jarl eggja no mennene sine åkavleg. Han lagde sitt skip inn til skipet åt Karl, og der vart ein ovleg hard strid. Skottane heldt seg ei liti stund framanfor mastri på kongsskipet. Torfinn bardest alldjerveleg. Han ljop ned or lyftingi og fram i skipet sitt, og då han fekk sjå at det tynntest med folk på skipi åt Karl, eggja han mennene sine til å gjera uppgonge. Då kong Karl såg det, bad han mennene sine hogga av tengsli[16] og leggja ifrå. Men Torfinn og mennene hans haka stamnljåar[17] i kongsskipet, og Torfinn bad at dei skulde bera upp merket hans, og han fylgde sjølv med, og ein stor flokk saman med honom. Då ljop Karl av skipet sitt saman med dei menn som enno stod uppe; men dei fleste var falne på det skipet. Karl ljop yver på eit anna skip og bad deim taka til årane. Då lagde skottane på flog, og Torfinn elte deim. Dette nemner Arnor i ei vise.

Karl styrde undan sud til Breidefjord; der gjekk han i land og samla folk på nytt. Torfinn snudde tilbake att etter slaget. Då kom Torkjell Fostre til mots med honom, og då fekk dei mykje folk. Dei siglde so sud til Breidefjorden, etter Karl og heren hans. So snart dei kom sud under Skottland, tok dei til å herja. Då vart det sagt deim at Muddan var nord i Torså på Katanes og hadde ein stor her hjå seg. Han hadde sendt bod til Irland og etter folk, for han hadde mange frendar og vener der; og den hjelpi låg han no og venta på. Torfinn og Torkjell Fostre tok den rådi at Torkjell skulde fara nord langsmed Katanes med ein lut av heren, og finn skulde liggja att sud under Skottland og herja der. Torkjell for i løynd; alt landsfolket heldt og trutt med honom der på Katanes. Det gjekk ingi njosn fyre honom, og dei kom til Torså um myrke natti reint uvarande, og kringsette dei husi som Muddan og mennene hans var i, og sette eld på deim. Muddan sov i eit loft. Med det same han sprang ut og ned frå loftsvali, hogg Torkjell etter honom, og hogget råka i halsen og tok av hovudet. Etter det gav mennene åt Muddan seg yver, men sume kom seg undan med å fly. Mange vart drepne, men dei fleste fekk grid. Torkjell stogga der berre eit lite bil, so for han sud att til Breidefjord. Då hadde han med seg heile den heren som han hadde fenge på Katanes og i Suderland og Ross. Han møtte Torfinn jarl sud med Mærhøve, og fortalde korleis det hadde gjenge på ferdi. Jarlen takka honom vel for starvet hans. So låg dei der båe ei tid og herja.

No er å fortelja um kong Karl, at han for upp i Skottland etter slaget med Torfinn og samla folk av nyo. Han drog saman herfolk sunnan frå heile Skottland, både frå austsida og vestsida, og sunnan frå heile Satire. Den heren frå Irland som Muddan hadde sendt bod etter, kom og til mots med honom. Med heile denne heren stemnde han imot Torfinn jarl, og dei møttest på Torvnes sunnanfor Breidefjorden. Der vart det eit stort slag, og skottane hadde mykje meir folk. Torfinn jarl stod fremst i si fylking; han hadde ein gylt hjelm på hovudet og sverd i beltet, og eit stort spjot som han svinga med båe hender. Det vert sagt at han var den djervaste millom alle sine. Han gjekk fyrst på der som fylkingi åt irane stod; og so åkave var han og heile flokken hans, at hine veik undan med det same, og var ikkje gode til å stogga att sidan. So let Karl bera merket sitt fram imot Torfinn. Då vart det ein hard strid; men det enda med di at Karl lagde på flog, og sume segjer at han fall. Men Arnor segjer so:

Høgt bar Hetlands-drottnen
hjelmen fremst i heren,
lita odden i ire-blod,
auka rædsla i våpen-larm.
Makti naut min drottin
milde und’ britar-skjolden.
Lodve-ætlingen hogg ned
hermenn, og brende bygder.

Torfinn jarl elte fienden langt upp gjenom Skottland, og deretter for han vida yver landet og lagde det under seg. Han drog radt sud til Fife og lagde landet under seg; folk gav seg under honom kvar han for. Medan han var der i Fife, sende han Torkjell Fostre ifrå seg med noko folk. Då skottane fekk vita at jarlen hadde sendt noko av heren ifrå seg, for dei imot honom, dei same som fyrr hadde gjeve seg under honom. So snart jarlen vart var med dette sviket deira, sanka han folket sitt saman og for imot deim. Men skottane vart mindre framfuse då dei fekk vita at jarlen var budd til å taka imot deim. Torfinn jarl gjorde åtak med ein gong då han møtte skottane, men dei torde ikkje verja seg; dei sette på flog på timen, og flydde lange vegar ut i skogar og øydemarker. Då jarlen hadde elt deim so langt han vilde, samla han saman heren sin att, og sagde at han vilde lata brenna heile bygdelaget der ikring, og lata skottane umgjelda på den visi for uvenskapen og svikrædet deira. So for jarlsmennene yver gardar og bygder, og brende alle vegner, so ikkje eit kot stod att. Dei drap alle karmenn som dei fann, men konor og gamle folk rømde ut i skog og mark. Mykje folk hertok dei, og lagde lekkjor på deim og dreiv deim fyre seg. So segjer Arnor Jarleskald:

Bustader tyntest då Torfinn
brende i skotte-riket.
I rjukande røyri leika
raude logen, eit blod-døgr.
Stridstamde hovdingen lønte
mennen’ for sviket deira.
Tri gonger tapte dei
mot tengelen ein sumar.

Etter dette for Torfinn jarl nord gjenom Skottland til skipi sine, og lagde under seg landet kvar han for. So drog han nord til Katanes og sat der um vinteren. Men kvar sumar seinare hadde han leidang ute og herja i Vesterlandi. Um vintrane sat han oftast i ro. Torfinn jarl synte den stormenska ute på Orknøyane at han heldt heile hirdi si og mange andre stormenn med både mat og mungåt heile vinteren, so dei ikkje turvte gå på skytningsstovor, — plent som kongar og jarlar i andre land plar halda hirdi si um joli. Arnor Jarleskald nemner dette:

Godt var hjå Rognvalds ætling,
gjestebod vinteren lang, —
gjæv var den hovding som kunde
halda slikt røysnelegt hus.

På denne tid døydde Bruse jarl, og Torfinn jarl tok då under seg alle Orknøyane.


21. ROGNVALD BRUSESON I GARDARIKE.

Um Rognvald Bruseson er å fortelja at han var med i slaget på Stiklestad då den heilage kong Olav fall. Rognvald kom seg undan saman med dei andre som rømde frå slaget. Han førde ut or slaget Harald Sigurdsson, bror åt kong Olav; Harald var hardt såra. Rognvald fekk Harald inn hjå ein liten bonde som skulde stella honom, og sidan for Rognvald aust um Kjølen til Jamteland, og derifrå til Svitjod til kong Anund. Harald var hjå bonden til dess han vart lækt. Då gav bonden honom son sin til fylgje, og so for dei tvo aust til Jamteland og derifrå til Svitjod; dei for radt ukjende. Harald kvad dette då dei reid gjenom nokre kjerr:

No — stilt gjenom skogar
skamleg stel eg meg fram.
Kven veit um ei eg vert
vida fræg um sider.

Då Harald kom til Svitjod, råka han Rognvald Bruseson der. Dei for so båe aust til Gardarike, og det same gjorde mange andre som hadde vore i fylgje med kong Olav. Dei stogga ikkje fyrr dei kom aust til Holmgard og fann kong Jarisleiv. Kongen tok framifrå vel imot deim for den heilage kong Olavs skuld. Dei vart landvernsmenn i Gardarike alle saman. Eiliv jarl, son åt Rognvald Ulvsson jarl, vart og landvernsmann. Rognvald Bruseson vart verande att i Gardarike då kong Harald Sigurdsson for ut til Myklegard. Han hadde landvern ei stund um sumrane, og var i Holmgard um vintrane. Kong Jarisleiv vyrde honom mykje, og folket like eins. Rognvald var ein ovleg stor og sterk mann, so som det fyrr er skrive, og uvanleg vakker; so hæv mann var han, at dei ikkje fann hans make. Arnor Jarleskald segjer at Rognvald heldt ti slag medan han var i Holmgard. Då Einar Tambarskjelve og Kalv Arneson kom aust til Gardarike etter Magnus Olavsson, var Rognvald til stades i Aldeigjoborg då dei kom dit. Då var det nære ved at han skulde ha teke på Kalv, fyrr Einar fekk gjort honom vis med kva dei kom etter. Einar let deim segja til Rognvald at Kalv trega på den syndi som han hadde gjort med å fella den heilage kong Olav frå riket sitt, og no vilde han bøta det hjå Magnus son hans. Han vilde hevja Magnus til riket i Noreg, sagde Einar, og stydja honom imot Knytlingane. Etter det stillte Rognvald seg. So bad Einar um at Rognvald vilde gjeva seg i fylgje med deim upp til Holmgard og stydja uppunder ærendi deira hjå kong Jarisleiv; det lova Rognvald. Deretter leigde dei seg øykjer i Aldeigjoborg, og køyrde upp til Holmgard og fann kong Jarisleiv. Dei bar fram ærendi si, og sagde at no hadde dei vorte so leide av å stå under Knytlingane, og mest av Alfiva, at det skulde ikkje gå fyre seg lenger at dei vilde tena deim. Dei bad um at kong Jarisleiv vilde gjeva deim Magnus, son åt kong Olav, til hovding. Rognvald studde uppunder det dei bad um, og likeins dronning Ingegjerd og mange andre. Kongen var traud på å gjeva Magnus i hendene på nordmennene, soleis som dei hadde fare åt med den heilage kong Olav, far hans. Men det vart so at han gjorde det like vel, då dei elleve gjævaste som var i flokken gjorde eid for kong Jarisleiv på at alt som dei for med var utan svik og fals. Kong Jarisleiv let Rognvald få sleppa å sverja, for kongen leit på hans ord like vel, — Rognvald skulde ha vore den tolvte. Kalv svor den eiden til Magnus, at han skulde fylgja honom innanlands og utanlands og gjera alt det som Magnus tykte kunde gjera riket hans større og friare. Etter dette tok nordmennene Magnus til konge og gjekk honom til handar. Kalv og dei som var med honom, stogga i Holmgard til dess det leid yver jol. Då for dei ned til Aldeigjoborg, og fekk seg skip der. Med det same isane gjekk upp um våren, drog dei på vegen vestetter. Rognvald Bruseson fylgde med kong Magnus. Dei for fyrst til Svitjod, soleis som det er sagt i Soga um kong Magnus, og derifrå til Jamteland, og so vest yver Kjølen til Verdalen. Men so snart kong Magnus kom til Trondheimen,[18] gjekk alt folket under honom. Han for ut til Nidaros og vart teken til konge på Øyreting yver heile landet. Deretter gjekk det millom kong Svein og kong Magnus soleis som det er fortalt i Noregs Kongesogor. Då Rognvald Bruseson kom til Noreg, spurde han at far hans hadde andast, og at Torfinn jarl hadde lagt under seg alle øyane. Då fekk Rognvald hug til å fara til odelen sin, og han bad um at kongen vilde gjeva honom lov til det. Kong Magnus såg at dette var mykje um å gjera for Rognvald, og han hjelpte honom vel. Han gav honom jarlevyrdnad, og tri langskip som var vel skipa alle saman. Han gav og Rognvald den tridjungen av øyane som kong Olav hadde ått, og som han hadde gjeve til Bruse jarl, far åt Rognvald. Kong Magnus lova Rognvald jarl fullkomen venskap, og sagde at han kunde krevja hjelp hjå honom når han turvte. Dei skildest i kjær venskap.


22. UM FERDI HANS ROGNVALD.

Rognvald Bruseson jarl siglde vest til Orknøyane, og drog fyrst til dei gardane som far hans hadde ått. So let han det fara bodsending til Torfinn jarl, frenden sin, og bad um å få den tridjungen av øyane som far hans hadde ått. Han let òg segja til Torfinn jarl at kong Magnus hadde gjeve honom den tridjungen som kong Olav hadde ått. Han bad um å få godviljeleg hjå Torfinn jarl, frenden sin, både denne og den andre tridjungen av landet. På den tid hadde Torfinn jarl mykje ufred med suderøyingane og irane; og han tykte han trong vel um mykje folk. Han svara sendemennene frå Rognvald, at Rognvald kunde for visst taka den tridjungen av øyane i sitt vald som han åtte med retto, — «men den tridjungen som kong Magnus segjer at han eig, den samtykte eg i at kong Olav fekk, meir av di eg var komen i hendene på honom den gongen, enn av di eg tykte det var rett. Og samheldet millom oss frendane kjem til å verta betre di mindre me talar um den tridjungen av landet; han hev lenge vore orsak til kiv. Men vil Rognvald vera meg ein holl frende og hjelpesmann, soleis som det skulde vera for frendskapen skuld, so tykkjer eg like vel at det av riket mitt er vel fare som han hev til glede for seg og til styrk for oss båe. Hjelpi hans kjem snart til å ha meir å segja for meg enn dei skattane som eg tek av desse landslutene.» Etter dette for sendemennene attende og fortalde Rognvald jarl, at Torfinn hadde sagt ja til at han skulde få tvo luter av landet, dersom han vilde vera hjelpesmannen hans og slik frende som det sømde seg for deim båe. Rognvald jarl svara at han tykte han hadde ikkje kravt meir enn det han hadde rett til. Men med di Torfinn jarl gav landi ifrå seg so godviljeleg, so skulde han for visst vera honom til hjelp og vera hans fullkomne ven, soleis som det høvde seg etter den frendskap det var millom deim. Rognvald jarl tok no under seg tvo luter av landet, og det stod med det um vinteren. Men tidleg um våren sende Torfinn jarl bod til Rognvald jarl, frenden sin, og bad at han vilde fara i hernad i lag med honom, og ha med seg so mykje folk som han kunde få. Då dette bodet kom til Rognvald, budde han seg til straks, og samla til seg alle dei skip som han kunde få. Og då denne heren var reidug, for han til Torfinn jarl. Då var Torfinn ferdig med sin her òg. Han tok vel imot Rognvald, frenden sin, og dei slo lag. Torfinn og Rognvald herja no um sumaren kringum på Suderøyane og Irland og vida ikring i Skottlandsfjordane. Torfinn lagde under seg landet der som dei for. Eit stort slag hadde dei um sumaren der som det heiter Vatsfjord; der vart det stort mannfall. Slaget tok til tidleg um morgonen, og frendane fekk ein herleg siger. Dette slaget nemner Arnor Jarleskald:

Veit eg i Vatsfjord, dei kallar,
verk etter drottnen min syner —
vålegt å fylgja slik hardfengd
hovding var det for skalden.
Skjott bar folk av skeidan’
skjoldborg den fredags morgon.
Grant eg såg at gråulven
grein yver skamfarne lik.

Etter dette slaget vende dei attende til Orknøyane, og sat i ro den vinteren. I åtte år gjekk det vel med det at Rognvald jarl hadde tvo luter av øyane, so at Torfinn jarl ikkje sagde noko um det. Men kvar sumar låg dei i hernad, stundom båe saman, og stundom kvar for seg. Som Arnor segjer:

Ymist sjøkongen vann
då han øydde i skotte-veldet:
irske menn og bretske
fall, og elden herja.

Frendane forliktest vel jamt når dei var saman. Men når illkyndte menn gjekk imillom deim, vart det jamleg sagt slikt som var til spille for venskapen. Torfinn jarl sat i lange tider på Katanes.


23. UM HERNADEN HANS TORFINN JARL.

Det var ein sumar, at Torfinn jarl herja kring Suderøyane og Skottland. Han låg der som det heiter Gaddgedlar. Der møtest Skottland og England. Han hadde sendt ifrå seg mannskap sud til England til å gjera strandhogg, for folk hadde reke undan alt feet der som han låg. Men då engelsmennene vart vare med desse vikingane som kom, samla dei seg saman og for imot mennene hans Torfinn, og tok ifrå deim alt feet, og drap alle deim som dugde noko; nokre av ransmennene sende dei attende, og bad deim fortelja Torfinn jarl korleis engelsmenn gjorde vikingar ulyste av ran og røving. Mange hådlege ord sagde dei um dette. Mennene for og fann Torfinn jarl, og fortalde honom um uferdi si. Han let ille yver at mennene hans hadde vorte tynte; men det kunde han ikkje gjera noko med, sagde han. Men han skulde vel vita råd med å lata engelsmennene få att for den håd og spott som dei hadde lagt attåt. Det fekk vera som det var no denne venda. Men alt det han var med helsa til sumaren att, so skulde dei råkast, sagde han.


24. TORFINN JARL HERJAR PÅ IRLAND OG ANDRE STADER.

På denne tid var Horde-Knut konge yver England og Danmark. Etter dette hadde hendt som no er fortalt, for Torfinn jarl til Orknøyane og sat der um vinteren. Tidleg um våren hadde han utbod yver heile riket sitt. Han sende bod til Rognvald frenden sin, og Rognvald samtykte i å vera med, og hadde utbod yver heile sitt rike. Torfinn jarl drog herfolk saman både frå Orknøyane og Katanes; han hadde og ein stor her frå Skottland og Irland, og frå alle Suderøyane samla det seg folk til honom. Med heile denne heren drog han til England, soleis som han hadde lova på. Horde-Knut var i Danmark medan dette hende. So snart jarlane kom sud under England, tok dei til å herja og rana. Dei hovdingane som var sette til å ha landverni der, for imot deim med ein her. Det vart eit stort og hardt slag, men jarlane fekk siger. Etter det for dei vida yver England og herja og drap folk og brende bygder kvar dei for. Dette nemner Arnor:

Engelsmenn minnest ei egg-rid:
ikkje kjem nokor større.
Han som slengjer ut ringar,
førde si hermakt dit.
Sud for Man beit kvasse
sverd for Rognvalds ættmann.
Der gjekk hæve hermenn
hardbeitt fram und’ skjoldan’.
Merket bar jarlen yv’ engelsk
ættjord; men heren etla
raudt til ørne-tunga; —
radleg fram! baud fyrsten.
Elden øydde hallin’,
eim gaus høgt or logen,
branden skein mot himmeln;
heren elte fjenden.

Torfinn jarl heldt tvo storslag i England, og elles gjorde han engelsmennene skade med mange yverfall og manndråp. Han låg der mest heile sumaren til endes. Men um hausten for han heim til Orknøyane og sat der um vinteren.


25. KALV FLYR TIL ORKNØYANE.

På denne tid laut Kalv Arneson røma frå Noreg for kong Magnus. Han for vest um havet til Torfinn jarl, mågen sin. Torfinn jarl var gift då med Ingebjørg Jarlemoder, dotter åt Finn jarl Arneson. Kalv var då i stor venskap med Torfinn jarl. Han heldt eit stort fylgje hjå seg. Dette vart kostesamt for jarlen. Då var det mange som sagde til Torfinn at han skulde ikkje lata Rognvald ha tvo luter av øyane, so stor fekostnad som han hadde sjølv. Torfinn jarl sende då menn ut til øyane, og bad um den tridjungen av Rognvald jarl som Einar jarl Rangmunn hadde havt. Då denne ordsendingi kom, bar Rognvald det fram for venene sine. Deretter kalla han til seg sendemennene åt Torfinn jarl. Han svara, at den luten av øyane som dei gjorde tilkall på, hadde han teke i len av kong Magnus, og kongen kalla det for farsarven sin. Difor hadde kong Magnus vald yver kven av deim som skulde ha den luten, sagde han. Og han vilde ikkje lata noko ifrå seg, dersom det var kongens vilje at han skulde ha det. Sendemennene for burt med dette, og kom til Torfinn jarl med desse ordi. Dei lagde til at han kom nok ikkje til å få noko utan eit røynetak. Då Torfinn jarl høyrde det, vart han ovleg harm, og sagde at det var ikkje rett at kong Magnus åtte brorsarven hans. Torfinn og bror hans hadde gjenge med på dette, ikkje for di det var rett arvskifte, men for di dei var komne i greipane på kongen den gongen. «Eg tykkjer ikkje at Rognvald jarl løner meg vel no for at eg hev late honom få ha riket fritt ei tid, dersom eg no ikkje skal få brorsarven min utan eg skal slåst meg til det.» Torfinn jarl vart so harm for dette, at det var ikkje lenge etter, so tok han og sende menn til Suderøyane og upp i Skottland til å samla folk. Han lyste ut at han vilde fara imot Rognvald jarl og henta med hardo det som han ikkje fekk då han bad um det med godo. Dette vart fortalt til Rognvald jarl. Då stemnde han til seg venene sine, og let ille for deim yver at Torfinn jarl frenden hans ætla seg til å fara imot honom med her og ufred. Han spurde kva hjelp dei vilde gjeva honom; han vilde ikkje lata sitt ifrå seg utan noko slag nappetak, sagde han. Dei svara svært ulikt då han spurde deim kva han skulde gjera. Sume let etter Rognvald jarl, og sagde det var rimelegt at han ikkje vilde byta sundt riket sitt. Men det var sume og som sagde at det ikkje var so urimelegt, um Torfinn no vilde ha den luten ei tid som Einar jarl hadde ått, når Rognvald hadde havt han so lenge. Dei sagde og at det var uråd for Rognvald å leggja til slag imot Torfinn med det mannskapet som han kunde få frå tvo tridjungar av øyane, når Torfinn hadde éin tridjung, og dertil Katanes og ein stor lut av Skottland, og alle Suderøyane. Nokre var det som sagde at dei burde freista få til ei sætt.[19] Dei rådde til at Rognvald jarl skulde bjoda Torfinn jarl helvti av øyane; på den visi kanskje dei kunde verta samtykte enno for frendskapen skuld. Då Rognvald merka at kvar sagde sitt, men alle talde honom ifrå å setja makt imot, so sagde han kva som var hans vilje; han vilde ikkje byta sundt riket sitt med nokor semje, sagde han. Heller vilde han gjeva upp riket for denne gongen og fara og finna kong Magnus, fosterbror sin, og høyra kva hjelp kongen vilde gjeva honom, so han kunde få ha riket sitt. Etter dette laga Rognvald seg til og drog aust til Noreg. Han stogga ikkje fyrr han råka kong Magnus. Då han råka honom, fortalde han kongen um alt det som hadde hendt. Kongen fagna Rognvald jarl vel, og baud honom å få vera hjå seg so lenge som han vilde, og taka imot av seg so stort len at han kunde halda heiderleg både seg og folket sitt. Men Rognvald svara, at han vilde at kongen skulde gjeva honom herhjelp til å få att riket sitt. Kong Magnus svara då at han skulde for visst leggja til all den hjelp som Rognvald bad um. Rognvald heftest berre ei liti stund i Noreg, so sette han vest til Orknøyane att. Då hadde han med seg ein stor og vakker her, som kong Magnus hadde gjeve honom. Det fylgde òg med bod til Kalv Arneson, at han skulde få att eignene sine og landsvist i Noreg, dersom han vilde hjelpa Rognvald jarl imot Torfinn jarl.


26. SLAGET VED RAUDEBJORG.

Rognvald jarl siglde frå Noreg vest til Orknøyane; han tok land på Hjaltland, og drog til seg folk der, og so for han sud til Orknøyane. Der stemnde han til seg venene sine, og fekk seg meir mannskap. Torfinn jarl var på Katanes, og han fekk straks njosn um ferdene hans Rognvald. Han drog til seg folk rundt um frå Skottland og Suderøyane. Rognvald jarl let straks ordsendingi frå kong Magnus fara til Kalv Arneson, og Kalv tok vel upp alt det som kongen hadde mælt. Rognvald jarl samla no heren sin på Orknøyane, og ætla seg yver til Nes.[20] Då han kom på Petlandsfjorden, hadde han tretti storskip. Der kom Torfinn jarl imot honom; han hadde seksti skip, men dei fleste små. Dei møttest utanfor Raudebjorg, og dei lagde straks til slag. Kalv Arneson var òg komen. Han hadde seks skip, alle store; men han lagde ikkje til i slaget. No tok det til med ein illhard strid. Båe jarlane eggja herfolket sitt. Då det hadde gjenge ei rid, snudde mannfallet seg imot Torfinn jarl. Det kom mest av di at bord-munen var so stor. Torfinn jarl hadde eit stort og velbutt skip, og han lagde ovdjervt fram med det. Men då dei smærre skipi vart rudde, lagde fjendane seg innåt jarls-skipet på båe sidor, og då vart Torfinn og folket hans ovleg ille stadde. Det fall då ein fjølde med folk på skipet åt jarlen, og sume vart hardt særde. Då eggja Rognvald jarl mennene sine til uppgonge. Men då Torfinn jarl såg kva vande han var komen i, let han skipet sitt hogga or tengsli og rodde til lands. Han let leggja av skipet sitt sytti lik. Og alle som var uføre til strid for såri dei hadde fenge, gjekk av. Då tilbaud Torfinn Arnor Jarleskald, at han kunde få gå av skipet; han høyrde med til fylgjet åt jarlen og var i stor venskap med honom. Arnor gjekk på land, og kvad ei vise:

Godt er å fylgja sin drottin,
men ufus gjeng eg til strid,
til åtak på Bruse-sonen —
aldri løyner eg det.
Vandt er meg valet,
og venprøva hard,
skal desse jarlane
dråpshuga herjast.

Torfinn jarl manna skipet sitt med det beste herfolket som han hadde att. Deretter rodde han burt og tala med Kalv og bad honom um hjelp. Torfinn sagde at Kalv fekk nok ikkje kjøpt att venskapen åt kong Magnus like vel, når han fyrst hadde vorte ein landlyst mann—: «du kunde ikkje ein gong taka vare på venskapen åt kongen den tid du var kjærvenen hans i fyrevegen. Det må du òg koma i hug, at um Rognvald vinn på oss, og han og kong Magnus fær makti her vestanfor havet, so vert ikkje du velkomen her. Men dersom me vinn, skal det ikkje skorta deg på noko, av sovore som eg hev utkome til. Det finst ingen mann her vestanfor havet som kann kjeppast med oss dersom me held saman. Du kann då ikkje vilja ha det sitjande på deg at du legg deg til og inkje gjer liksom katten i røysi, medan eg slæst for fridomen åt oss båe. Det er òg slik mågskap millom oss, at det sømer seg best for den eine å hjelpa den andre når uskylde menn er imot.» — Då Kalv høyrde eggjingi hans Torfinn, ropa han på mennene sine, og bad deim leggja til bardage med Torfinn jarl. So rodde dei fram båe tvo saman, Torfinn jarl og Kalv. Då dei kom til slaget, var heren hans Torfinn ferdig til å fly, og ei mengd hadde falle. Jarlen lagde skipet sitt fram imot skipet åt Rognvald jarl, og der vart ein ofseleg hard strid. So segjer Arnor:

Hirdi for einannan
hogg på Petlandsfjorden
rauste venen’ mine;
sårt var vitne vera.
Sjøen blandast,
skipi sulkast,
skjoldar vættest, —
skutor rann av blod.

Kalv lagde seg innåt dei smærre skipi åt Rognvald og rudde deim skjott, for der var stor bord-mun. Men då det leidangsmannskapet som var kome frå Noreg, såg skipi liggja rudde jamsides med seg, løyste dei skipi sine or tengsli og lagde på flog; berre nokre fåe skip vart att hjå jarls-skipet. Då tok slaget til å halla. So segjer Arnor Jarleskald:

Heile det gamle landet
hadde den hard-huga gramen
fenge under si makt —
mannspillet hans var minst —,
dersom Endels ætling
hadde hjå innlendske herfolk
note den rette hjelpi;
sviken vart hjelte-drottnen.

No då hovudheren hadde flytt, lagde Kalv og Torfinn jarl seg båe innåt skipet hans Rognvald jarl. Då fall mennene snøgt for Rognvald. Då Rognvald såg kva vande dei no var komne i, og at han ikkje vilde kunna sigra yver Torfinn og Kalv, let han hogga av tengsli og lagde på flog. Det leid langt på dagen då, og det tok til å myrkna. Rognvald jarl siglde til havs med ein gong um natti og aust til Noreg. Han stogga ikkje fyrr han kom til kong Magnus. Kongen tok vel imot honom, som fyrr, og baud honom å få vera hjå seg. Rognvald jarl vart verande der ei stund.


27. TORFINN JARL LEGG UNDER SEG ØYANE.

No er å segja um Torfinn jarl, at morgonen etter slaget let han skipi sine ro rundt kringum alle øyane og leita etter slike som hadde rømt. Mange vart drepne, men sume fekk grid. Torfinn jarl lagde no under seg alle øyane; han let kvar mann gå seg til handa, dei òg, som fyrr hadde svore Rognvald truskap. Han tok upphald på Orknøyane og hadde mykje folk hjå seg, og drog forråd til seg ifrå Katanes. Men Kalv Arneson sende han til Suderøyane og let honom sitja der til styrk for seg. Då Rognvald jarl hadde vore ei stund i Noreg hjå kong Magnus, sagde han til kongen at han vilde fara attende til Orknøyane. Kongen svara då han høyrde det, at det var urådlegt å fara fyrr isane losna og sjøen tok til å tina. Men når so langt leid, skulde han gjeva honom skip og herfolk, det han trong um. Rognvald svara at denne venda vilde han ikkje tyna folk for kong Magnus. Det kom ikkje noko utav det utan med stort mannspille, sagde han, dersom han skulde fara med ein her imot Torfinn og Kalv, so stort eit rike som dei no hadde der vest. «No hev eg tenkt at eg vil fara vestetter med eitt skip, sagde han, og greida det so godt som eg kann på den visi. Eg vonar at då skal det ikkje verta bore njosn fyre oss. Då vil det gå soleis at me kjem uvarande yver deim, og då vinn me skjott den sigeren som me snaudt eller slett ikkje fær vunne med ein stor her. Men dersom dei vert vare med ferdi vår, so let me havet vera livdi vår ein gong til.» Kong Magnus bad honom gjera som han sjølv tykte, og koma attende til seg so snart han vilde. Deretter gjorde Rognvald seg reidug til å fara, og tok ut det beste mannskap han kunde få. Nokre av hirdmennene åt kongen vart med i fylgjet hans, og han fekk ein utvald flokk. Då dei var reiduge, siglde dei til havs. Det var tidleg på vinteren.


28. UM TORFINN OG ROGNVALD JARL.

Rognvald jarl kom av havet ved Hjaltland. Der spurde han at Torfinn jarl var på Orknøyane, og ikkje hadde so svært mykje folk hjå seg; han venta seg ikkje ufred midt på høgste vinteren. Rognvald heldt straks sud til Orknøyane. Torfinn jarl var då på Rossøy, og ottast ingenting. So snart Rognvald var komen til Orknøyane, stemnde han dit som han spurde at Torfinn var; og han kom so uvarande, at hine vardest ikkje med noko fyrr dei hadde sett mannskap med alle dører på dei husi som Torfinn og mennene hans var i. Det var um natti, og dei fleste låg og sov; men jarlen sat uppe enno og drakk. Rognvald og mennene hans sette eld på garden. Då Torfinn vart var med ufreden, sende han ein mann ut åt døri og let spyrja kven det var som sette eld på. Det vart svara at det var Rognvald jarl som var komen. Då ljop mennene til våpen; men dei kunde ikkje få gjort noko til å verja seg; for ingen fekk lov til å koma ut. Husi stod snart i loge. Torfinn rødde um at folk skulde beda um å få sleppa ut, og dei bad jarlen um lov til det. Han gav alle kvinnor og ufrie karmenn lov, men dei fleste av hirdmennene åt Torfinn jarl var honom ikkje til meir gagn livande enn daude, sagde han. So vart dei dregne ut som hadde fenge grid. No tok brått heile garden til å brenna. Torfinn jarl braut laust eit skjeldtile[21] på huset og ljop ut der; han hadde Ingebjørg kona si i fanget. Det var myrkt um natti, og han kom seg burt med di at han fylgde røyken, so at jarlsmennene ikkje vart vare med honom. Han rodde straks um natti yver til Nes,[22] åleine i ein båt. Rognvald jarl brende heile garden, og brende inne alle deim som ikkje hadde fenge lov til å koma ut; og ingen tenkte anna enn at Torfinn jarl hadde late livet der. Etter dette for Rognvald jarl yver alle øyane og lagde deim under seg. Han sende og bod yver til Nes, og likeins til Suderøyane, at han vilde ha heile det riket som Torfinn jarl hadde ått. Det var ikkje nokon mann då som mælte imot honom heller. Torfinn jarl heldt seg i løynd ymse stader på Katanes hjå venene sine; og ingen fretnad kom ut um at han hadde kome seg burt frå brenna.


29. ROGNVALD JARL LET LIVET.

Rognvald jarl sat i Kyrkjevåg og drog dit alle forråd som han trong um til vinterseta. Han hadde mykje folk hjå seg og slo stort på. Litt fyre jol for Rognvald jarl med eit stort fylgje til Litle Papøy etter malt, som dei skulde ha å bryggja av til jol. Den kvelden dei var på øyi, sat dei lenge attmed eldane og baka seg, og han som nørde elden, rødde um at eldeveden tok til å minka. Då mismælte jarlen seg; han tok til ords soleis: «Me er gamle nok òg, når desse eldane hev brunne ned.» Han vilde ha sagt at dei var baka nok. Med det same han merka det, sagde han: «Ikkje hev eg mismælt meg fyrr, det eg minnest. No kjem eg i hug det som kong Olav, fosterfar min, sagde på Stiklestad då eg lagde merke til at han mismælte seg; han sagde at dersom det hende seg at eg mismælte meg, då skulde eg bu meg på at eg ikkje hadde lenge att å liva. Kanskje Torfinn, frenden min, er i live enno.» Ikkje fyrr hadde han sagt dette, so høyrde dei at garden var kringsett av hermenn. Der var Torfinn jarl komen, og dei bar straks eld fram åt husi og lødde upp ein vedkost framfyre døri. Torfinn jarl let alle få sleppa ut so nær som jarlsmennene. Då dei fleste var utdregne, kom ein mann ut i døri i linklæde. Torfinn bad deim tøygja seg og taka imot deknen. Men han tok seg styd med båe hender på veddungen[23] og bykste til, ut yver både dungen og mannringen. Han kom ned langt utanfor, og dermed var han burte i nattmyrkret. Torfinn bad deim setja etter, og sagde at der for jarlen; «slikt er det ikkje fleire enn han som gjer.» Dei skilde seg i flokkar og gav seg til å leita. Torkjell Fostre for nede langsmed sjøen og leita; der fekk dei høyra ein hund som gøydde i urdi nedmed strandi. Rognvald jarl hadde havt fanghunden sin med seg, han viste deim kvar jarlen hadde gøymt seg. Dei tok livet av jarlen med ein gong der i urdi, og sume segjer at det var Torkjell Fostre som drap honom, for det var ikkje nokon annan som vilde. Men han hadde svore å gjera alt det som Torfinn tykte riket hans vart friare av enn fyrr. Torfinn og mennene hans vart verande der på øyi um natti; heile fylgjet som Rognvald hadde havt med seg, vart drepe. Morgonen etter tok dei ein byrding[24] og lasta med malt; sidan gjekk dei um bord, men let dei same skjoldane stå ved stamnane som Rognvald og mennene hans hadde havt. Dei let ikkje fleire menn vera å sjå på skipet heller enn det hadde fylgt med jarlen. So rodde dei til Kyrkjevåg. Dei som var der, trudde at det var Rognvald jarl som kom. Dei gjekk ned til møtes med honom, dei fleste våpenlause. Torfinn jarl let taka yver tjuge mann der og drepa. Dei fleste var av hirdmennene og venene åt kong Magnus. Ein av hirdmennene åt kong Magnus let han få grid, og bad honom fara aust til Noreg og segja kong Magnus denne tidendi.


30. TORFINN JARL HJÅ KONG MAGNUS.

Liket av Rognvald jarl vart ført til Store Papøy og jorda der, og det vart sagt millom folk, at han hadde vore ein av dei vensælaste og duglegaste av alle dei jarlane som dei hadde havt på Orknøyane. Det var mange som syrgde på honom. Etter dette lagde Torfinn jarl under seg alle Orknøyane, og no var det ingen som stod imot honom. Tidleg um våren kom desse tidendene aust til Noreg; kong Magnus tykte det var den største skade med Rognvald jarl. Han sagde òg at han skulde hemna honom so snart han fekk stunder til det. Men på denne tid hadde han stor ufred med Svein Ulvsson, som då hadde late seg taka til konge yver Danmark. Ved dette bilet kom Harald Sigurdsson, frenden åt kong Magnus, heim til Noreg, og kong Magnus gav honom halve Noreg. Dei var kongar båe tvo i Noreg ein vinter, so baud dei ut leidang av heile landet til ei herferd sud imot Danmark. Medan dei låg i hamni ved Seløyane, kom tvo langskip roande inn i hamni og burt til skipet åt kong Magnus. Ein mann i kvit kuvi[25] steig yver ifrå det eine langskipet og kom attyver kongsskipet og upp i lyftingi. Kongen sat til bords. Mannen helsa på kongen og lutte seg fyre honom, og so tok han og braut eit stykke av ein braudleiv og åt av det. Kongen helsa honom att, og rette honom bikaren då han såg at han åt av braudet. Mannen tok imot bikaren, og sagde: «Grid bed eg um, bordlags-mann!» Kongen såg på honom og sagde: «Kven er du?» «Eg er Torfinn Sigurdsson.» «Er det du som er Torfinn jarl?» segjer kongen. «Dei kallar meg so der vest,» svara hin; «men no er eg komen hit med tvo tjugesessor, tolleg vel skipa etter som våre vilkår er. Eg vil ro denne leidangen med Dykk, dersom De vil taka imot hjelp av meg; men all mi sak skal vera i Guds og Dykkar vald, herre.» Folk kom no bu r tåt og skulde høyra kva dei tala um. Kongen tok seint til ords og sagde: «Sant er det, Torfinn jarl, at ikkje hadde eg tenkt at du skulde koma til å fortelja um korleis me skildest, dersom me møttest som me møtest no. Men no hev det laga seg soleis at det vilde ikkje høva med vyrdnaden min å lata deg drepa. No skal du få fara med meg, men sætti millom oss skal eg segja fram når eg fær meir tid på meg.» Torfinn bad farvel med kongen og gjekk um bord på skipi sine. Kongen vart liggjande heller lenge i Seløyane; heren frå Viki samlast til honom der. Han ætla seg til å sigla frå Seløyane og sud under Jotland når han fekk bør. Torfinn var då lange stunder og tala med kongen, og kongen var venleg mot jarlen og tok honom mykje med på råd. Ein dag som jarlen gjekk upp på kongsskipet og att i lyftingi, bad kongen honom sitja hjå seg. Jarlen sette seg ned, og dei drakk saman og var lystuge. Ein mann i raud kyrtel kom upp i lyftingi, ein stor og staut kar. Han helsa på kongen. Kongen helsa venleg att, det var ein av hirdmennene åt kongen. Denne mannen tok til ords og sagde: «Det er deg eg er komen og vil finna, Torfinn jarl.» «Kva vil du meg?» spurde jarlen. «Eg vil vita kva bot du vil gjeva meg for bror min, som du let drepa vest i Kyrkjevåg saman med dei andre hirdmennene åt kong Magnus.» «Hev du ikkje høyrt det,» segjer jarlen, «at eg ikkje er van til å gjeva bøter for dei mennene som eg lèt drepa? for eg tykkjer jamnast eg hev havt god grunn for det når eg hev late menn drepa.» «Det skil ikkje meg kva du hev gjort med andre, når du berre bøter for denne som eg hev ettermål etter. Eg miste noko gods der òg, og sjølv vart eg skjemmeleg medfaren. Det er eg som er næmast til å mæla etter bror min og meg, og eg vil ha ærebot for vår part. Kongen fær lata gå uhemnt det som er gjort imot honom, er so han ikkje tykkjer det er noko at hirdmennene hans vert leidde ut og hoggne ned liksom sauer.» Jarlen svara: «Eg skynar det er godt at det ikkje er du som hev vald yver meg her. Er ikkje du den mannen som eg gav grid den gongen?» «Jau, det er eg,» sagde hin, «du kunde fulla ha drepe meg liksovel som dei andre.» Då svarar jarlen: «Sant er det som dei segjer for eit gamalt ord, at mangt hender som ein minst ventar. Den gongen tenkte eg ikkje at eg skulde koma nokon stad som eg skulde få umgjelda for det at eg var for fredsam med uvenene mine; men no fær eg umgjelda for di eg hev gjeve deg grid. Ikkje hadde du svert meg hjå hovdingane i dag, dersom eg hadde late deg òg drepa, liksom dei andre lagsmennene dine.» Kongen såg på jarlen og sagde: «Det er nok so at du tykkjer du hev drepe for fåe hirdmenn for meg enno botalaust!» Då var kongen blodende raud. Jarlen reiste seg brått og gjekk ned or lyftingi og yver på skipet sitt. Det var stilt då um kvelden. Men um morgonen då folk vakna, hadde det kome bør; då rodde dei ut or hamni med det same, og kongen siglde sud i Jotlandshavet med heile floten. Skipet åt jarlen heldt seg langt ut mot havet alt frå morgonen av; då det tok til å lida på dag, sette han beint til havs vestetter. Og det er ingen ting å fortelja um honom fyrr han kom til Orknøyane. Der tok han att rådvelde yver riket sitt. Kong Magnus og kong Harald siglde til Danmark og var der um sumaren. Men kong Svein vilde ikkje møta deim; han heldt seg på Skånøyr med sin her. Denne sumaren vart kong Magnus sjuk, og døydde. Fyrr han døydde, kunngjorde han for folket at han gav Harald farbror sin alt Noregs rike.


31. ORDSENDINGI HANS TORFINN TIL KONG HARALD. ROMA-FERDI.

Torfinn jarl rådde no for Orknøyane og heile riket sitt. Kalv Arneson var òg lange stunder hjå honom, men stundom var han i vesterviking, og herja på Skottland og Irland; han var i England òg, og var hovding eit bil for tingmannalid.[26] Då Torfinn jarl spurde at kong Magnus hadde andast, sende han menn aust til Noreg med venskapsord til kong Harald. Han sagde at han vilde verta venen åt kongen. Kongen tok vel imot dette bodet då det kom, og lova jarlen venskap att. Då sendemennene kom attende til jarlen med dette, budde han seg til å fara, og hadde med seg vestantil tvo tjugesessor og meir enn hundrad mann, utvalt mannskap. Han for aust til Noreg, og møttest med kongen i Hordaland. Kongen tok sers vel imot honom, og då dei skildest, gav kongen honom gode gåvor. Etter dette for jarlen sudmed landet, og siglde til Danmark. Der gjekk han av skipi og tok landvegen. I Ålborg råka han kong Svein. Kongen baud jarlen til seg og gjorde eit storveges gjestebod for honom. Då gjorde jarlen kjent at han ætla seg sud til Rom. Då han kom til Saksland, møtte han keisar Henrik der, og keisaren tok utifrå vel imot honom og gav honom mange store gåvor. Han fekk mange hestar hjå keisaren, og so reid han i suderferd. Han kom til Rom og fann paven der, og tok imot avløysing hjå paven for alle syndene sine. So vende han seg på heimferd, og kom heim att til riket sitt med heilo. Sidan heldt han upp med herferder, og lagde hug på å styra folk og land, og på lovgjeving. Han hadde jamleg sitt sæte i Byrgesherad og let gjera ei Kristkyrkje der, eit dyrlegt tempel. Der vart den fyrste bispestolen reist på Orknøyane. Torfinn jarl var gift med Ingebjørg Jarlemoder. Dei hadde tvo søner som voks upp. Den eine heitte Pål, og hin Erlend. Dei var store og vakre menn, og liktest meir på moderætti si, med di dei var vitsame og spaklyndte. Jarlen heldt mykje av deim, og det same gjorde alt folket.


32. TORFINN JARL DEN MEKTUGE DØYR.

Torfinn jarl sat med heile riket sitt alt til sin døyande dag. Og det er sagt med sanning um honom, at han er den mektugaste som hev vore av alle Orknøy-jarlane. Han lagde under seg 9 jarledøme i Skottland, og alle Suderøyane, og eit stort rike i Irland. Arnor Jarleskald segjer um dette:

Frå Tusseskjer til Dublin
laut folki Torfinn lyda;
rett fortel eg tjoder,
kor stor den jarlen tyktest.

Torfinn jarl var fem år gamall då Melkolv skottekonge, morfar hans, gav honom jarlsnamn; og sidan var han jarl i 70 år. Han andast seinstundes i Harald Sigurdssons dagar. Han vart jorda med Kristkyrkja i Byrgesherad, som han sjølv hadde late byggja. Folket syrgde mykje på honom i arvlandi hans. Men i dei landi som han hadde lagt under seg med hernad, var det mange som hadde tykt at det var stor trældom å stå under honom. Mange av dei riki gjorde seg no frie, og folki der søkte hjelp hjå dei hovdingane som var odalborne til riki. Soleis vart det brått audsynt kor stort tap det var i at Torfinn jarl fall ifrå. — Desse visone vart kvedne um orrusta millom Rognvald Bruseson jarl og Torfinn jarl:

Me frette, Kalv, kor du fylgde
mågen hans Finn i slaget,
og lagde snøgg på sjøen
snekkjone dine mot jarlen.
Åtaket fekk du øydt,
ovdjerv, for Bruse-sonen.
Heit-lyndt hjelpte du Torfinn;
ein urædd hug var din skjold.
Usæl var den dagen
då ota vart millom jarlan’.
Beiske baktals-ordi
banen vart for mange.
Venen’ våre møttest
und’ våpn ved Raude-bergi.
Mang ein fredsæl mann
mein fekk då og bane.
Bjarte sol vert svart,
jordi søkk i døkke hav,
Austre yrkelaus gjeng,
sjøen glym yver alle fjell, —
fyrr enn på Orknøyom fødest
fridare gjæving enn Torfinn.
Hjelpe Gud hans sjæl, —
den gode hovding.


33. PÅL OG ERLEND VERT JARLAR. ÆTTARTAL.

No tok sønene åt Torfinn jarl riket etter honom. Pål var eldst av deim. Han var òg den som rådde mest. Dei bytte ikkje landi millom seg; like vel var dei vel forlikte den lengste tidi. Ingebjørg Jarlemoder gifte seg att med Melkolv skottekonge, som dei kalla Langhals. Son deira var Dungad skottekonge, far åt Vilhjelm den Namngjetne. Hans son heitte og Vilhjelm, med tilnemnet Odling,[27] — honom vilde alle skottar ha til konge. Pål jarl Torfinnsson vart gift med dotter åt Håkon jarl Ivarsson, og dei hadde mange born. Ein son deira heitte Håkon. Ei dotter heitte Tora. Ho vart gift til Noreg, med Halldor, son åt Brynjolv Ulvalde. Son deira heitte Brynjolv, han vart gift med Gyrid Dagsdotter. Ei onnor dotter åt Pål heitte Ingerid; henne fekk Einar Vossakråk. Tridje dotter hans Pål heitte Herbjørg. Ho var mor til Ingebjørg Tigne, som Sigurd på Vestnes var gift med. Sønene deira var Håkon Pik og Brynjolv. Ei onnor dotter åt Herbjørg var Sigrid, mor åt Håkon Barn og åt Herborg som Kolbein Ruga var gift med. Ragnhild heitte fjorde dotteri hans Pål jarl. Ho var mor åt Bendik, far åt Ingebjørg, mor åt Erling erkedekn. Bergljot heitte ei dotter åt Ragnhild, henne fekk Håvard Gunneson. Sønene deira var Magnus og Håkon Klo og Dufnjal og Torstein. Dette er alt saman av ættfolket åt Orknøy-jarlane og andre stormenn på Orknøyane, og alle desse kjem sidan med i soga. Erlend Torfinnsson jarl hadde ei kone som heitte Tora og var dotter åt Sumarlide, son åt Ospak. Mor åt Ospak var Tordis, dotter åt Hall på Sida. Sønene deira heitte Erling og Magnus, og døtterne deira Gunnhild og Cecilia. Cecilia var gift med Isak, og sønene deira var Eindride og Kol. Jatvor heitte ei laungjeti[28] dotter åt Erlend. Borgar heitte son hennar.


34. KONG HARALD FELL, OG DOTTER HANS DØYR.

Etter brørne Pål og Erlend hadde teke ved styret på Orknøyane, kom Harald Sigurdsson austan or Noreg med ein stor her. Han lende fyrst på Hjaltland; derifrå for han til Orknøyane. Der let han dronning Ellisiv vera att, og døtterne sine og hennar, Maria og Ingegjerd. Frå Orknøyane fekk han mykje herfolk; båe jarlane vart med kongen på ferdi. Kongen for frå Orknøyane sud til England, og lende der som det heiter Klivland, og vann Skardeborg. Deretter lagde han til ved Hallornes, og heldt slag der og fekk siger. Onsdag fyre Mattiasmesse heldt han slag i Jorvik med jarlane Valtjov og Morekåre; Morekåre fall. Sundagen etter vart den borgi uppgjevi til kong Harald som stod ved Stanfordbrui. Kongen gjekk i land og skulde skipa med hersetjingi. Han sette etter på skipi Olav son sin og jarlane Pål og Erlend, og Øystein Orre, mågen sin. Medan kong Harald var uppe på denne landgonga, kom Harald Godvinsson imot honom med ein ovleg stor her. Og i det slaget som då vart, fall Harald Sigurdsson. Då kongen var fallen, kom Øystein Orre og jarlane til ifrå skipi og gjorde eit illhardt åtak; i den ridi fall Øystein Orre og mest heile nordmannaheren. Etter slaget gav kong Harald Olav, son åt Harald, og so jarlane løyve til å fara burt ifrå England, og likeins heile den heren som ikkje hadde flytt. Olav siglde ut frå Ramnsøyr um hausten, og til Orknøyane. Men den dagen og den stundi som Harald hadde falle, då hadde Maria, dotter hans, brådøytt. Folk sagde at dei hadde havt ein manns liv. Olav var um vinteren på Orknøyane, og var framifrå til vens med jarlane, frendane sine; — Tora, mor åt kong Olav, og Ingebjørg, mor åt jarlane, var brordøtter. Olav for um våren aust til Noreg og vart teken til konge i lag med Magnus bror sin. — Brørne var sers vel samtykte i lang tid medan dei rådde for Orknøyane. Men då sønene deira tok til å veksa upp, vart Håkon og Erling nokre store ustyringar; Magnus var den av deim som var mest stillfarande av seg. Alle var dei store og sterke og vel dugande på alle vis. Håkon Pålsson vilde stå yver dei tvo brørne; han tyktest vera av høgre ætt enn sønene åt Erlend, med di han var dotterson åt Håkon Ivarsson jarl og Ragnhild, dotter åt kong Magnus den Gode. Han vilde at venene hans skulde få meir når det var byte, enn dei som heldt seg til sønene åt Erlend. Men Erlend vilde ikkje at sønene hans skulde vera lægre enn nokon annan der på øyane. Då vart det so at frendane kunde ikkje koma til rettes, og dei kjende seg ikkje lenger trygge for kvarandre. Federne deira tok seg av det og skulde semja. Det vart avtala møte, men då merkast det brått at båe tvo for kvar etter sin son, og dei vart ikkje forlikte; det vart usamtykkje millom brørne, og dei skildest uforlikte. Dette tykte mange var stor skade.


35. SÆTTARFUND[29] MILLOM MAGNUS OG HÅKON.

Etter dette for godviljande menn imillom brørne og freista få til ei semje. Det vart då avtala eit forliksmøte på Rossøy. På det møtet samdest dei, soleis at dei bytte øyane i helmingar,[30] likeins som det hadde vore gjort under Torfinn og Bruse. På den visi gjekk det ei tid. Håkon låg jamleg i hernad, no etter han var vaksen vorten. Han vart ei rein styrløyse, og heldt ved stødt og stendigt med å egla seg inn på dei menn som tente Erlend og sønene hans. So vart det til at dei vart usamde på nytt, og for imot kvarandre med mykje folk. Håvard Gunneson og alle stormennene åt jarlane rådslo då atter saman og gjekk imillom med forliksord. Då vilde ikkje Erlend og sønene hans gå med på nokor semje, i fall Håkon skulde vera der på øyane. Men av di venene deira tykte at det vilde fylgja eit stort andsvar med um det vart ufred millom hovdingane, so bad dei Håkon at han måtte ikkje lata dette stå i vegen for semje, men fara burt frå øyane denne vendi. Det lukkast då å få semje endå ein gong med gode menns råd; Etter dette for Håkon burt frå øyane, og drog fyrst aust til Noreg og fann kong Olav Kyrre. Dette var langt ut i hans dagar. Håkon var hjå kong Olav eit bil. Sidan for han aust til Svitjod og fann kong Inge Steinkjellsson, og han tok vel imot honom. Der fann han vener og frendar; og der naut han den største heider for den vensæld skuld som Håkon, morfar hans, hadde vunne seg. Håkon hadde havt eit rike av Steinkjell sviakonge etter han hadde mått fly frå Noreg for Harald Sigurdsson; og i den tid han hadde det riket, hadde han vorte sers vel umtykt både hjå kongen og landsfolket. Ein annan dotterson til Håkon Ivarsson jarl var Håkon som dei kalla den Norrøne. Han var far åt Eirik den Spake, som var konge i Danmark etter kong Eirik Eimune. Håkon vart verande i Svitjod ei stund, vel vyrd hjå kong Inge. Men då det hadde gjenge eit bil, tok heimlengten honom so han fekk hug til å fara vest til øyane att.

På den tidi var kristendomen ung i Svitjod; der var mange som for med trolldom og tyktest verta kloke av det, og vise med mange ting som ikkje var framkomne. Kong Inge var ein god kristen, og hadde ein styggje til alle trollmenn. Han lagde mykje vinn på å øyda alle slike uskikkar som lenge hadde fylgt med heidenskapen. Men landshovdingane og storbøndene murra ille når det vart sagt noko til deim for usedene deira. Difor vart det so at dei tok ein annan konge som størde deim til blotskap: Svein, bror åt dronningi, — dei kalla honom Blot-Svein. Kong Inge laut fly or landet for honom til Vestergautland. Men vedskiftet millom deim lykta soleis at kong Inge kom uvarande på Svein og brende honom inne. Etter det tok han alt landet under seg, og sidan gjorde han på nytt ende på mange uskikkar.


36. KVA SPÅMANNEN SAGDE.

Medan Håkon Pålsson var i Svitjod, fekk han høyra at det var ein mann der i landet som for med fyresegjing og spådom, anten han no hjelpte seg med trolldom eller på onnor vis. Håkon vart mykje forviten etter å møta denne mannen, og få greide på kva han kunde verta vis med um lagnaden sin. Han drog av og skulde leita upp mannen, og fann honom til slutt i ei bygd nede med sjøen. Der drog mannen ikring på gjestebod og fortalde bøndene um korleis åringane skulde verta, og um andre ting. Då Håkon fann mannen, spurde han etter korleis det vilde gå honom med å få seg rike, og korleis lukka hans elles skulde verta. Viskallen spurde kva slag mann han var. Han sagde namnet sitt og ætti si, at han var dotterson åt Håkon Ivarsson. Då sagde viskallen: «Kvi spør du meg etter fyre-segjing og spånad? Veit du ikkje at dei fyrre frendane dine hev havt lite godhug for slike folk som meg? det kann vera nok for deg at du freistar få vita lagnaden din hjå Olav Digre, frenden din, som de set all dykkar lit til. Men eg ottast at han ikkje vilde småminka seg til å segja deg det som du hev hug til å få vita, — eller og at han ikkje kom til å syna seg so mektug som de segjer han er.» Då svara Håkon: «Eg vil ikkje finna åt honom. Eg trur heller det er soleis at eg ikkje er verdig til å taka imot spådomar av honom, enn at han ikkje skulde vera so mektug at eg for den skuld kunde få fyresegjing hjå honom. Men eg hev søkt hit til deg, av di eg tenkte at her skulde ikkje den eine sjå med illvilje på hin for dygdi og trudomsskikkane skuld.» Mannen svara: «Eg ser du set meir lit til meg enn til den trui som de og dei andre frendane dine hev fare med. Det likar eg godt. Dei er no og underleg vorne, som møder seg med slikt: fara med fastor og vokor, og tru at dei skal få vita med det slike ting som dei hev hug til å ha greide på. Di meir det gjeld um for deim, di minder vise vert dei, desse som møder seg soleis. Me driv ikkje og piner oss sjølve, men me vert jamleg vise med det som venene våre tykkjer mun i å få vita like vel. No skal det verta soleis her, at du fær vita det du vil av meg; for eg skynar at du lit meir på å få sann-spånad hjå meg enn hjå prestane åt kong Inge, som han set so fullt og fast trui si til. Kom att um tri næter. Då skal me freista um eg kann segja deg noko av det som du er forviten etter å få vita.» Deretter skildest dei, og Håkon venta der i bygdi. Då tri næter var lidne, for han til viskallen. Han var i eit hus åleine for seg sjølv, og han drog anden tungt då Håkon kom inn. Han strauk handi yver panna, og sagde at det hadde røynt hardt fyrr han vart vis med det han skulde. Håkon bad då um å få høyra lagnaden sin. Spåmannen tok til ords: «Vil du vita lagnaden din, so er det langt å tala um det; for lagnaden din vert stor. Av ditt liv og di ferd skal store tidender få upphav. Det er mitt hugbod, at du vert einvaldshovding yver Orknøyane til slutt. Men det kann vera at du vil tykkja det vert lenge å bia. Det og trur eg, at ættingane dine skal verta hovdingar yver Orknøyane. Men av den fyrste vesterferdi som du fer no til Orknøyane, vil store tidender koma, når det gjeng fram som skal fylgja av henne. Du kjem og til å gjera ei synd i dine dagar som du kanskje fær bøtt for den gud som du trur på, og kanskje ikkje. Men vegane dine ligg lenger ut i verdi enn eg fær set. Dò trur eg at du skal lata livet ditt her i norderholva. No hev eg sagt deg det som eg hev å segja for dette sinnet. No råder du sjølv for korleis du vil lika at du gjorde deg ærend hit.» Håkon svara: «Stor segn[31] segjer du, um ho er sann. Men eg trur at det stend betre til for meg enn du segjer. Det kann vel og vera at du ikkje hev sét og spått sant.» Spåmannen sagde at han fekk tru so mykje som han vilde, men soleis vilde det gå, sagde han.


37. RÅDGJERDENE HANS HÅKON PÅLSSON.

Etter dette for Håkon til kong Inge; men han vart verande hjå kongen berre ei stutt stund, so bad han seg løyve til å fara burt. Håkon for fyrst til Noreg til kong Magnus, frenden sin, som tok vel imot honom. Der frette han frå Orknøyane at Erlend jarl og sønene hans var dei som rådde mest på øyane, og dei var sers vel umtykte; men Pål, far hans, gav seg heller lite um riket. Han tyktest òg skyna på dei menn som kom vestanfrå og som han tala mest i trumål med, at orknøyingane lengta ikkje stort etter at han skulde koma att. Dei hadde no god fred og ro, men dei ottast at dersom Håkon kom, vilde det fylgja ufred og ofse med honom. Då Håkon tenkte yver dette, tykte han det vilde ikkje vera urimelegt um Erlend og sønene hans kom til å forhalda honom riket og gjera det utrygt for honom, dersom han kom fåment vestyver. Han tok det råd å venda seg til kong Magnus, at han skulde hjelpa honom til riket på Orknøyane.


38. HÅKON TALAR MED KONG MAGNUS.

Dette var etter kong Magnus hadde late taka av dage Steigar-Tore og Egill, og hadde fria landet frå all ufred. Håkon var ein klok mann, og han tyktest skyna av rødone åt kong Magnus når dei talast ved, at kongen var storrådig og hækjen etter riki åt andre hovdingar. Håkon slo då på for kongen at det vilde vera hovdingsleg åtferd å ha leidang ute og herja vestanfor havet og leggja under seg øyane, likeins som Harald Hårfagre hadde gjort. Han sagde òg, at dersom kongen fekk seg eit rike på Suderøyane, so var det høglegt å herja derifrå på Irland og Skottland. Og dersom han fekk lagt under seg Vesterlandi, so kunde han lett få herhjelp av nordmennene derifrå mot engelsmennene, — «og hemna soleis Harald Sigurdsson, farfar din.» Då dei tala um dette, kunde det merkast at kongen lika det vel; han sagde at det var vel og hovdingsleg tala og mykje etter hans skaplynde. «Men det skal du koma i hug, Håkon,» sagde kongen, at um eg for dine ord og di eggjings skuld fer med her vest um havet, so skal det ikkje koma uventa på deg um eg vert so grådig etter dei riki som ligg der vest, at eg ikkje gjer mannemun.» Då Håkon høyrde det, sagde han ikkje noko større, men tenkte seg kva kongen meinte. Då heldt han upp med å eggja kongen til nokoslag ferd. Det turvtest ikkje stort heller; for etter denne samrøda sende kongen bod yver heile riket, at leidangen skulde ut. Han kunngjorde òg for folk at han ætla seg til å fara vest um havet med denne heren, kva det so kunde verta til etterpå. Herfolket budde seg til ferdi yver heile landet. Kong Magnus hadde med seg på ferdi ein son, 8 år gamall, som heitte Sigurd. Det var ein hæv svein.


39. HERFERDI ÅT MAGNUS BERBEIN VEST UM HAVET.

Kong Magnus kom austanfrå Noreg medan brørne Pål og Erlend rådde på Orknøyane. Han hadde ein stor her. Mange lendmenn fylgde med honom: Vidkunn Jonsson, Sigurd Raneson, Serk or Sogn, Dag Eilivsson, Skofte or Giske, Ogmund og Finn og Tord, Øyvind Olboge, stallare hjå kongen, Kale av Agder, son åt Sæbjørn, son åt Torleiv den Spake som Hallfred meidde,[32] og Kol, son hans Kale. Kale var ein utifrå klok mann, og god ven med kongen. Han var ein god skald. Då kong Magnus kom til Orknøyane, tok han jarlane Pål og Erlend og sende deim aust til Noreg, og sette Sigurd son sin yver øyane, og gav honom rådgjevarar. Kong Magnus for til Suderøyane, og sønene åt jarlane fylgde med: Magnus og Erling, sønene hans Erlend jarl, og Håkon Pålsson. Då Magnus kom til Suderøyane, tok han til å herja. Den fyrste staden han herja på, var Ljodhus, og den øyi vann han. Han vann alle Suderøyane på denne ferdi, og tok til fange Logmann, son åt Gudrød Suderøy-konge. Derifrå for han sud under Bretland, og hadde eit stort slag i Ongulsøysund med tvo bretske jarlar, Huge den Digre og Huge den Prude. Då mennene tok fram våpni sine og budde seg til orrusta, sette Magnus Erlendsson seg ned bak i fyreromet, og væpna seg ikkje. Kongen spurde kvifor han sat. Han svara at han hadde ikkje sak med nokon der, — «difor vil eg ikkje slåst.» Kongen sagde: «Hav deg ned under tiljone, og ligg ikkje her for føtene på folk når du ikkje torer slåst; for ikkje er det trui di, spår eg, som gjer at du fer soleis åt.» Magnus tok då ein psaltar[33] og sat og song medan slaget stod på, og livde seg ikkje. Denne orrusta var både hard og lang, og det vart både skote og hogge. Det var lenge dei ikkje kunde sjå kva led sigeren vilde halla til. Kong Magnus skaut med handboge, og ein annan, ein håløygsk mann, stod ved sida av honom og skaut. Huge Prude bardest ovende djerveleg. Han var soleis budd og brynja, at ingen ting var bert på honom so nær som augo. Kong Magnus bad håløygen at dei skulde skjota båe på ein gong etter honom. Dei gjorde so, og den eine pili råka i nevbjørgi,[34] og hi i auga, og ho flaug att-igjenom hovudet. Det skotet segjer dei at kongen skaut. Der fall Huge Prude. Sidan flydde bretane; dei hadde då mist mykje folk. Kong Magnus fekk ein stor siger, men han hadde mist mange gode menn, og ei mengd vart særde. Det vart kvede soleis um slaget:

Broddar[35] dunde på brynjor,
bragningen[36] skaut med kraft.
Kongen bøygde bogen,
blodet rann av hjelmar.
Strengjehagl slo mot skjoldar,
stridsmenn seig i koll.
Horde-gramen[37] i harde
her-strid gav jarlen bane.

Då lagde kong Magnus under seg Ongulsøy. Det er den synste øyi som dei fyrre Noregs-kongane hadde lagt under seg. Ongulsøy er ein tridjung av Bretland. Kale Sæbjørnsson hadde fenge mange sår i Ongulsøysund, men ikkje nokre som var bråfårlege for livet. Sidan vende kong Magnus attende nord under Skottland.


40. MAGNUS ERLENDSSON.

Kong Magnus hadde gjort Magnus Erlendsson til skutilsvein, og han hadde tent jamleg med kongsbordet. Men etter bardagen i Ongulsøysund fekk kongen ein stor utokke til honom, og sagde at han hadde fare udrengjeleg åt. Ei natt medan kong Magnus låg under Skottland, hende det at Magnus Erlendsson rømde burt ifrå skipet åt kong Magnus, då han såg seg føre til det. Han sprang yver bord og sumde til lands; i fyrevegen hadde han stelt det soleis til i sengi si at det såg ut som der låg ein mann. Då han kom til lands, rende han til skogs, i berre linklædi. Men han støytte seg i foten, og skadde seg so mykje av di han var berrføtt, at han ikkje kunde koma lenger med det same. Han kom seg då burt til eit stort tre og kleiv upp i greinene, og batt um foten der, og gøymde seg uppe millom greinene ei stund. Men um morgonen då folk gjekk til bords på kongsskipet, spurde kongen kvar Magnus Erlendsson var. Dei svara at han låg og sov i sengi si. Kongen bad deim vekkja honom, og sagde at det var nok meir enn svevnen som hefte honom når han låg lenger enn andre menn. Då dei kom til romet hans, fekk dei sjå at han ikkje var der. Då bad kongen at dei skulde leita etter honom, og let løysa sporhundane. Hundane kom straks på sporet då dei vart lause, og rende til skogs og kom til det treet som Magnus sat uppi. Då gav den eine hunden seg til å renna i ring ikring eiki og gøy. Magnus hadde eit trekjevle i handi, og kasta det etter hunden. Det råka i sida. Hunden stakk halen millom føtene og rende ned til skipi, og dei andre sette etter; og kongsmennene fann ikkje Magnus. Han løynde seg eit bil i skogen, og kom um sider fram til hirdi åt Melkolm skottekonge. Der var han ei tid, men stundom var han i Bretland hjå ein biskop, og stundom var han i England og på ymse stader hjå venene sine. Han kom ikkje til Orknøyane medan kong Magnus livde.


41. KONG MAGNUS PÅ SUDERØYANE.

Kong Magnus siglde nordetter langsmed Skottland. Då kom det sendemenn frå Melkolm skottekonge imot honom og baud sætt.[38] Dei sagde at skottekongen vilde gjeva honom alle dei øyane som ligg vestanfor Skottland, og som han kunde fara innanfor med styrefast skip. Men då kong Magnus kom siglande nord til Satire, let han draga ei skute yver Satires-eid. Kongen heldt rorvolen, og soleis vann han Satire; det er betre enn nokor av Suderøyane, so nær som Man. Det stikk ut mot vest frå Skottland, og er samfast med land yver eit smalt eid som dei ofte dreg skip yver. Kong Magnus siglde frå Satire til Suderøyane, men sende mennene sine inn i Skottlandsfjordane. Han let deim ro inn langsmed det eine landet og ut langsmed det andre, og lagde under seg soleis alle øyar vestanfor Skottland. Dinæst kunngjorde kongen at han vilde sitja den vinteren på Suderøyane, like vel soleis at han gav dei mennene løyve til å fara heim som han tykte det var mest naudsynt for. Men då herfolket fekk vita dette, vart dei heimfuse og murra ille for at dei skulde verta verande so lenge burte. Kongen heldt då møte med mennene og rådgjevarane sine. Han gjekk rundt og såg på såri som mennene hadde fenge. So kom han til Kale Sæbjørnsson og spurde etter såri hans. Kale svara at dei grodde seint, og han visste ikkje kva det vilde verta til, sagde han. Kongen bad Kale um råd. Kale svara: «Undrast på um det ikkje er soleis no, konge, at venene dine løyner seg ifrå deg.» Kongen sagde at han trudde ikkje det. Kale bad kongen halda våpnating og mynstra heren sin. Kongen gjorde so, og då sakna han mykje folk. Då kongen fortalde dette til Kale, kvad Kale:

Koss løner for dyre gåvor
mektuge hovdingar deg?
— men oss du røyne, konge,
på ruski vesterferd.

Kongen svara:

Gåvor eg ille hev gjeve,
som eg gav åt dei læande menn;
skipet dò ikkje eg vender,
duva det skal utpå båra.

Sidan heldt kongen vakt so ikkje nokon skulde fara burt, og han let ikkje nokon fara av deim som var att. Medan kong Magnus var på Suderøyane, gifte han Sigurd son sin med Bjadmunja, dotter åt Myrkjartan irekonge frå Kunnakter. Då var Sigurd ni år, og møyi fem år. Denne vinteren andast Kale Sæbjørnsson av såri sine. I Ongulsøysund hadde Sigurd Sneis falle, frenden hans Kale; han var lendmann på Agder.


42. KALE VERT FØDD.

Kong Magnus for tidleg um våren frå Suderøyane. Han for fyrst til Orknøyane. Der spurde han at jarlane var avlidne austan-um havet. Erlend hadde andast i Nidaros, og hadde vorte jorda der, og Pål i Bjørgvin. Um våren medan kong Magnus var på Orknøyane, gifte han Gunnhild, dotter hans Erlend jarl, burt til Kol Kaleson; det skulde vera faderbot; ho fekk med seg i heimanfylgje nokre eigedomar på Orknøyane og ein gard på Papuli. Um Erling, son åt Erlend jarl, segjer sume at han fall i Ongulsøysund; men Snorre Sturleson segjer at han hev falle i Ulaster saman med kong Magnus. Kol Kaleson vart lendmann hjå kong Magnus, og fylgde med kongen aust til Noreg, og for so heim til Agder i lag med kona si og busette seg på gardane sine. Kol og Gunnhild fekk tvo born: ein son som heitte Kale og ei dotter som heitte Ingerid. Båe var emnelege ungdomar, og foreldri heldt mykje av deim medan dei voks upp.


43. SIGURD VERT TEKEN TIL KONGE.

Då kong Magnus hadde rådt yver landet i ni år, for han or landet vest um havet og herja på Irland, og var um vinteren i Kunnakter. Sumaren etter fall han i Ulaster bartolomæusmessedag. Då kong Sigurd frette til Orknøyane at far hans hadde falle, for han straks aust til Noreg, og vart teken til konge der saman med brørne sine, Øystein og Olav. Sigurd let dotter åt irekongen vera att vestanfor havet. Eitt eller tvo år etter kong Magnus var fallen, kom Håkon Pålsson aust um havet, og kongane gav honom jarlsnamn, og land til å styra slik som han hadde ætt til. Deretter for han vest um havet og tok styret på Orknøyane. Han hadde jamleg fylgt kong Magnus medan han livde; han var med honom i hernad aust i Gautland, soleis som det er fortalt i den dråpa som er dikta um Håkon Pålsson.


44. MAGNUS FÆR JARLSNAMN.

Då Håkon jarl hadde havt styret yver Orknøyane eit stutt bil, kom Magnus, son åt Erlend jarl, ovanfrå Skottland og bad um å få taka ved farsarven sin. Det lika bøndene vel, for han var sers vel umtykt. Og han hadde mange frendar og måg-skyldingar, som gjerne vilde hjelpa honom til å få land å styra. Mor hans var gift på denne tid med ein mann som heitte Sigurd. Son deira var Håkon Kall. Dei hadde gard på Papuli. Då Håkon jarl spurde at Magnus jarl var komen til øyane, drog han til seg herfolk, og vilde ikkje gjeva ifrå seg noko av det riket som han hadde. Venene deira gjekk då imillom og freista få til semje. Det gjekk soleis, at dei samdest um at Håkon skulde gjeva upp halve riket, dersom Noregs-kongane baud honom gjera det. Magnus for straks aust til Noreg til kong Øystein; — Sigurd var på denne tidi faren ut til Jorsalaheim. Kong Øystein tok ovende vel imot Magnus, og let honom få farsarven sin, helvti av Orknøyane, og dertil jarlsnamn. Magnus jarl drog deretter vest um havet att og skulde sjå um riket sitt, og både venene og frendane hans der vart fegne, og likeins heile alltyda.[39] No samdest Håkon og Magnus som gode frendar so lenge venene deira hadde noko å segja. Det var og godt år og god fred på Orknøyane so lenge som venskapen deira varde.


45. MAGNUS JARL.

Den heilage Magnus Øyajarl var ein yvermåteleg gjæv mann; han var stor på vokster, drengjeleg og greidleg å sjå til, velseda i si ferd, sigersæl i orrustor, klok og vitug, målsnild og makthuga, raust og storlyndt, rådklok og vensælast av alle, blid og god å tala med for vitsame og fagna folk, men streng og hardleiken med ransmenn og vikingar. Han var ihuga til å drepa dei menn som herja hjå bøndene og landsfolket; han let gripa mordarar og tjuvar, og refste likso vel høg som låg for ran og tjuvskap og alle slag uverk. Ikkje gjorde han mannemun i domane sine; han vyrde meir på kva som var rett for Gud enn på kven som hadde den største æra millom menneskje. Han var stor-raust med hovdingar og mektuge menn, men mest gav han jamleg til lindring og trøyst for dei fatige. I alle ting heldt han strengt Guds bodord, og heldt likamen sin i trældom i ein herleg livnad på mange måtar som var openberre for Gud, men løynde for menneskje. Han bela til ei møy av høgste ætt i Skottland, og drakk brudlaup med henne. Med henne livde han i hop i ti år soleis at han ikkje skjemde seg og henne, men var rein og utan flekk av noko slag saurlivs synder. Når han kjende freistingi i seg, for han i kaldt vatn, og bad Gud hjelpa seg. Mangt anna og mange andre herlege dygder synte han for Gud sjølv, men for menneskje let han deim vera løynde.


46. UM MAGNUS OG HÅKON.

Frendane Magnus og Håkon hadde landverni i lag eit bil, soleis at dei var vel samtykte. I det kvædet som er dikta um deim, er det fortalt at dei hev halde slag med ein hovding som heitte Duvnjal; han var i skyld til jarlane, ein led lenger ute enn brødrung. Han fall for deim. Torbjørn heitte ein gjæv mann som dei tok av dage i Borgarfjord på Hjaltland. Og fleire fyretak er det som kvædet nemner at dei hev vore båe saman um, endå det ikkje vert serskilt upprita her. Men då frendane hadde rådt for landet eit bil, gjekk det på nytt som det hadde gjenge oftare, og som det tidt kann bera til, at det var mange illtenkte menn som vilde spilla frendskapen deira. Det var hjå Håkon mismenni mest samla seg, for han var fælande ovundsjuk på Magnus frenden sin for vensældi og hovdingskapen hans.


47. UVENSKAP MILLOM JARLANE.

Tvo menn er nemnde hjå Håkon jarl, som var aller verst til å vekkja ilt millom frendane. Dei heitte Sigurd og Sigvat Sokke. Av slarvet deira og fyretolor frå andre låke menneskje kom det dit at frendane atter drog herfolk saman og for imot einannan med kvar sin stor her. Dei siglde til Rossøy båe tvo, der som tingstaden er for orknøyingane. Då dei kom dit, fylkte dei heren sin på båe sidor og budde seg til bardage. Mest alt som var av stormenn, var med i fylgi deira; mange var vener med båe jarlane, og dei gjorde alt dei kunde til å forlika deim. Det var mange som då gjekk imillom med drengskap og godvilje. Denne samkoma var i langefasta. Og av di so mange rettviljuge menn gjorde seg umak med å avvenda strid millom jarlane, og ikkje vilde hjelpa den eine til uverk på hin, so vart det til at dei forlikte seg med eidar og handtak. Men då det leid eit lite bil, so sette Håkon jarl den sæle Magnus jarl ei stemne, med fals og fagre ord um at frendskapen deira ikkje måtte spillast og øydast, og at den nyskipa freden måtte stå ubrigdeleg. Denne stemna skulde vera til stadfesting på freden og sættargjerdi[40] millom deim, og ho skulde stå i påskevika same våren på Egilsøy. Dette lika Magnus jarl vel; for han var ein fullkomleg heilhjarta mann, utan noko slag mistanke, svik eller sjølvkjær gir. Kvar av deim skulde ha tvo skip, og dei skulde ha like mange mann med på kvar side. Båe svor å halda den semja som dei vitsamaste menn då vilde segja fyre deim imillom. Då påskehøgtidi var lidi, budde dei seg på båe sidor til møtet. Magnus jarl stemnde til seg dei menn som han visste hadde beste viljen og var mest skikka til å semja honom og frenden hans. Han hadde tvo skip og so mange mann som det var avtala. Då han var ferdig, siglde han til Egilsøy. På ferdi, best som dei rodde i logn og sjøstille, reiste det seg eit grunnbrot imot det skipet som jarlen styrde, og fall yver skipet der som jarlen sat. Jarls-mennene undrast mykje yver denne tilburden, at det braut i stillver der som ingen visste um at det hadde brote fyrr, og det var djupt under. Då sagde jarlen: «Det er ikkje merkelegt at de undrast yver dette; mi meining er at det er fyrebod um dauden min.[41] Det kann vera at det gjeng fram det som er spått um Håkon jarl. Me lyt bu oss på at Håkon frenden min ikkje hev godt i tankar mot oss på dette møtet.» Jarls-mennene vart sorgalle for desse ordi, at han sagde dauden hans var so brått ventande; og dei bad honom gjæta livet sitt og ikkje fara på ein truskapslovnad frå Håkon jarl. Magnus jarl svara: «Fara skal me no, so fær alt gå med ferdi vår som Gud vil.»


48. HÅKON JARL FER IMOT MAGNUS JARL.

No er å fortelja um Håkon jarl, at han stemnde til seg mykje herfolk, og hadde mange skip, og alle var dei ferdig-budde liksom til slag. Og då herfolket var kome saman, kunngjorde jarlen at han no vilde det skulde verta uppgjort soleis millom honom og Magnus jarl på dette møtet, at dei ikkje båe vart verande herrar lenger på Orknøyane. Mange av mennene hans let vel yver denne rådgjerdi, og lagde mange og skamlege ord til. Dei verste til å eggja var Sigurd og Sigvat Sokke. So gav dei seg på ferdi, og rodde hardt og for åkavt. Håvard Gunneson var med på jarlsskipet; han var venen og rådgjevaren åt jarlane, og like trulyndt mot deim båe. Håkon hadde løynt denne urådi for honom, for Håvard vilde for visst ikkje ha gjenge med på slikt. Då han fekk vita at jarlen var so fast sett på denne urådi, sprang han utanbords frå jarlsskipet, og lagde på sum, og sumde i land på ei ubygd øy. Magnus jarl var den som kom fyrst til Egilsøy med sin flokk. Då dei såg Håkon jarl koma, såg dei at han hadde åtte herskip. Då tyktest Magnus jarl skyna at her var fare med svik. Han gjekk då upp på øyi med folket sitt, og søkte inn i kyrkja til bøn, og var der um natti. Mennene hans baud seg til å verja honom. Jarlen svara: «Ikkje vil eg setja dykkar liv i vågnad for mitt; og vert det ikkje skipa fred millom meg og Håkon, so fær det gå som Gud vil.» Mennene hans tykte det var rettast som han hadde sagt. Og han sjølv visste fyreåt kor lang livedagen hans skulde verta, anten det no kom av hans eigen klokskap eller av ei vitring frå Gud; difor vilde ikkje han fly, og ikkje fara langt undan uvenene sine. Han bad inderleg og let syngja messe for seg.


49. TILBODI FRÅ MAGNUS JARL.

Håkon og mennene hans ljop upp på land um morgonen, og rende fyrst til kyrkja og ransaka henne. Dei fann ikkje jarlen. Han hadde fare sjølv tridje til ein annan kant på øyi og hadde gøymt seg i eit løyne. Men då den heilage Magnus jarl såg at dei leita etter honom, ropa han på deim og sagde kvar han var; han bad deim at dei ikkje skulde leita andre stader. Då Håkon fekk sjå honom, sprang dei dit med rop og våpenbrak. Magnus jarl låg i bøn til Gud, då dei kom. Då han enda bøni si, krossa han seg, og so mælte han roleg til Håkon jarl: «Ikkje gjorde du vel, frende, når du braut eidane dine; men det er mykje von til at du gjer dette meir for di andre er vonde enn for di du sjølv er det. No vil eg bjoda deg tri vilkår, so du kann velja eitt av deim, heller enn du skal spilla eidane dine og lata meg drepa saklaus.» Mennene åt Håkon spurde kva han baud. «Det fyrste tilbodet er at eg skal fara sud til Rom, eller radt ut til Jorsalaheim, og vitja heilage stader; eg skal ha med meg skip or landet, og det som me treng um å ha med oss, og eg skal gjera bot for sjælene åt oss båe. Det skal eg sverja, at eg aldri skal koma att meir til Orknøyane.» Dette neitta dei skjott. Då sagde Magnus jarl: «Sidan no livet mitt er i dykkar vald, og sidan eg på mangfaldig vis hev gjort meg skyldig til straff frå den allmektuge Gud, so send meg upp i Skottland til dei sams venene våre; lat deim halda meg i varveitsle der, og lat tvo mann få vera med meg til selskap. Syt so du, Håkon, fyre at eg ikkje slepp ut or den varetekti.» Dette òg neitta dei skjott. Magnus sagde: «Der er endå eit vilkår som eg vil bjoda deg. Og Gud veit at eg tenkjer meir på sjæli di enn på livet mitt. Like vel sømer dette seg betre for deg enn å tyna livet mitt. Lat meg av-lema soleis som du sjølv vil, eller sting augo ut på meg, og set meg i myrkestova!» Håkon jarl svara: «Den semja tek eg imot, eg krev ikkje meir.» Då sprang hovdingane upp og sagde til Håkon jarl: «Drepa vil me ein av dykk no; ikkje skal de båe vera herrar i landet frå denne dag!» Då svara Håkon jarl: «Drep heller honom; fyrr vil eg råda for rike og land enn døy so brått!» So fortalde Holdbode, ein sannordig bonde frå Suderøyane, um røda deira. Han var den eine av dei tvo mennene åt Magnus som var med honom då han vart handteken.


50. MAGNUS JARL VERT HOGGEN.

Den vyrdelege Magnus jarl var so glad å sjå til som han skulde ha vore boden til gjestebods. I ordi hans var korkje illvilje eller vreide. Etter denne røda fall han på kne og bad og lagde hovudet i hendene, og rende ut mange tåror framfyre Guds åsyn. Då det no var avgjort at han skulde døy, baud Håkon Ofeig, merkesmannen sin, å drepa jarlen. Men han neitta i full vreide. Då truga Håkon Livolv, kokken sin, til å vera banemannen åt Magnus. Livolv tok til å gråta uppi høgdi. «Du skal ikkje gråta for dette,» sagde jarlen; «det er frægd i å gjera eit slikt verk. Ver du heilhuga. Du skal ha klædi mine, som skikken er, og lovi åt dei gamle segjer fyre. Du skal ikkje vera rædd, for du gjer dette av di dei nøyder deg; den som nøyder deg, gjer større misgjerning enn du.» Då jarlen hadde sagt dette, tok han av seg kyrtelen og gav Livolv. Deretter bad han um at dei vilde lata honom få beda til Gud; det fekk han lov til. Han fall på kne og gav seg yver til Gud, og baud seg sjølv som offergåve til honom. Og ikkje berre for seg sjølv og venene sine bad han; han bad for uvenene og banemennene sine òg, og tilgav deim av full hug det som dei misgjorde imot honom. Han stod til misgjerningane sine for Gud, og bad at dei måtte verta av honom tvegne når blodet hans vart ut-rent. Andi si gav han i Guds hand, og bad Guds englar koma til møtes med sjæli hans og føra henne til kvila i paradiset. Sume segjer at han tok imot Herrens likam då det vart sunge messe for honom. Då Guds-venen vart leidd av og skulde hoggast, sagde han til Livolv: «Statt framfyre meg og hogg meg eit dugelegt sår i hovudet, for det sømer seg ikkje å halshogga hovdingar nett som tjuvar. Ver sterk, stakars mann; for eg hev bede til Gud at han må vera miskunnsam imot deg!» Etter dette krossa han seg, og lutte seg til å taka imot hogget. Og åndi hans steig til himmelen.


51. HEILAGDOMEN ÅT MAGNUS JARL SYNER SEG.

På den staden som Magnus jarl vart vegen var det i fyrevegen mosevakse og steinut. Men stutt tid etter openberra fortenestone hans hjå Gud seg i det at det vart ein grøn voll der; Gud synte at det var for si rettferd skuld han hadde vorte vegen, og at han hadde nått fram til det fagre og grøne paradis, som dei kallar landet åt dei livande. Men Håkon jarl gav ikkje lov til at liket av jarlen vart ført til kyrkje. Avfardagen åt Magnus jarl er tvo næter etter Tiburtiusmesse.[42] Då hadde han vore jarl yver Orknøyane i 7 år, — han og Håkon saman. Då var det lide 74 år frå di kong Olav fall. Då var Sigurd og Øystein og Olav kongar yver Noreg. Og då var det lide frå Kristi burd 1091 år.[43]


52. LIKAMEN AT JARLEN VERT FØRD TIL KYRKJE.

Etter møtet hadde Tora, mor åt Magnus jarl, bode båe jarlane til veitsle. Håkon jarl kom til veitsla, etter han hadde drepe den heilage Magnus jarl. Tora hjelpte sjølv til ved bordi og bar drikka til jarlen og mennene hans, deim som hadde vore med på å drepa son hennar. Då drykken tok til å bita på jarlen, steig Tora fram fyre honom og sagde: «Du er komen åleine hit no, herre; eg hadde venta dykk båe. No gjer du meg vel ei glede både for Gud og menneskje; ver meg i sons stad! eg skal vera i moders stad for deg. Eg treng mykje til di miskunn no, og til at du gjev meg lov til å føra son min til kyrkje. Svara no på bøni mi, soleis som du vil at Gud skal svara på di bøn på domsdagen!» Jarlen tagna og tenkte; og då ho stod der soleis og gret og bad so mjukt um at ho måtte få føra son sin til kyrkje, so kjende han med seg sjølv kva skuld han hadde drege yver seg med dette uverket. Han såg på henne og felte tåror og sagde: «Gravlegg son din kvar du vil!» Sidan vart Magnus jarl førd til Rossøy og gravlagd attmed Kristkyrkja, den som Torfinn jarl hadde late gjera. Snart etter synte det seg eit himmelsk ljos rett som det var yver grefti. Folk tok då ofte til å kalla på Magnus når dei var stadde i fåre, og dei vart straks hjelpte soleis som dei bad um. Jamleg kjendest òg ein himmelsk ange attmed gravi, og sjuke fekk helsa si av det. Vanhelsuge både frå Orknøyane og Hjaltland tok til å fara dit, og vakte attmed legstaden åt den heilage Magnus jarl; og dei fekk bot for meini sine. Like vel torde ikkje folk tala upp i høgdi um dette so lenge Håkon jarl livde. Det vert òg sagt, at dei fleste av dei menn som hadde vore mest sviksame mot den heilage Magnus jarl, dei fekk ein låk og grøteleg daude. På denne tid var Vilhjelm biskop på Orknøyane. Han var den fyrste biskopen der. Bispestolen var då ved Kristkyrkja i Byrgesherad. Vilhjelm var biskop i 66 år. Han mistrygde lenge heilagdomen åt Magnus jarl.

Då Magnus jarl var drepen, lagde Håkon under seg heile Orknøy-riket. Han let alle dei menn sverja eidar til seg som fyrr hadde tent Magnus jarl. Han vart ein stor hovding, og han tyngde med harde pålegg dei av venene åt Magnus jarl som han tykte hadde vore mest imot seg i vedskifti deira. Men nokre år seinare drog Håkon på ferd utanlands og for sud til Hom. På den ferdi for han ut til Jorsal, vitja heilagdomar der og lauga seg i elvi Jordan, soleis som skikken er for palmarar.[44] Deretter vende han attende til odalslandi sine og tok under seg styret på Orknøyane. Han vart etter dette ein ihuga styrar og heldt god fred i riket sitt. Han sette ei ny lov for Orknøyane som bøndene lika mykje betre enn den som hadde vore fyrr. Av slikt tok vensældi hans til å veksa, og det enda med at orknøyingane stunda berre etter at dei måtte få ha Håkon til hovding lenge, og etterkomarane hans til styrarar sidan.


53. ÆTTARTAL.

I denne tidi, medan Håkon jarl hadde styringi på Orknøyane, budde det ein mann på Dal på Katanes som heitte Moddan. Det var ein gjæv og rik mann. Døtterne hans heitte Helga og Frakokk og Torleiv. Helga Moddansdotter var frilla åt Håkon jarl, og dei hadde ein son som heitte Harald, med tilnemnet den Slettmælte. Ei dotter dei hadde heitte Ingebjørg; ho var gift med Suderøy-kongen Olav Bitling. Ei onnor dotter deira heitte Margret. Frakokk Moddansdotter var gift med ein mann som heitte Ljot Niding, i Suderland, og dotter deira var Steinvor den Digre, som var gift med Torljot i Rekavik. Sønene åt Torljot og Steinvor heitte Olve Rosta og Magnus, Orm og Moddan og Eindride, og dotter deira Audhild. Ei onnor dotter åt Frakokk heitte Gudrun, ho var gift med Torstein hold Fjatansmunn. Son deira var Torbjørn Klerk. Håkon jarl hadde ein annan son òg, som heitte Pål, og var kalla den Umåluge. Han var stødlyndt og vensæl. Millom brørne var det jamleg kaldt medan dei voks upp. Håkon Pålsson døydde sottedaude der på øyane. Det tyktest vera ein stor skade, for seinstundes i hans dagar var der god fred; men bøndene tvila mykje på kva slag samtykkje det vilde verta millom brørne Pål og Harald.


54. TORKJELL FOSTRE VERT DREPEN.

Då Håkon jarl var slokna, tok sønene hans ved styringi. Dei vart brått usamtykte, og skifte riket millom seg i helmingar. Då vart det snart mykjen uvenskap millom stormennene, og hovdingane skilde seg mykje i tvo flokkar. Harald jarl hadde Katanes i len av skottekongen, og han heldt seg jamleg der; stundom var han uppe i Skottland, av di han hadde mange frendar og vener der. Ein gong som Harald jarl var i Suderland, kom det til honom ein mann som heitte Sigurd, og sagde seg vera son åt Adalbrikt prest. Dei kalla honom Slembedekn. Han kom ovanfrå Skottland og hadde vore hjå David skottekonge; skottekongen hadde synt honom stor vyrdnad. Harald jarl tok sers vel imot honom. Sigurd fylgde med Harald jarl ut til Orknøyane; Frakokk Moddansdotter fylgde òg med, for Ljot Niding, husbonden hennar, var dåen då. Systerne Helga og Frakokk fekk råda mykje med i landsstyringi saman med Harald jarl i denne tidi. Sigurd Slembe var i kjær venskap med deim alle saman. Han hadde til fylgjekone då Audhild, dotter åt Torleiv Moddansdotter, og dei hadde ei dotter som heitte Ingegjerd og sidan vart gift med Håkon Klo. Audhild hadde vore gift med Eirik Streita. Son deira var Eirik Stagbrell. Etter Sigurd og Frakokk var komne til øyane, vart det brått mykje tvidrætte, og båe jarlane drog til seg so mange av venene sine som dei kunde. Dei kjæraste venene åt Pål jarl var Sigurd av Vestnes, som var gift med Ingebjørg den Tigne, frendkona åt jarlane, og so Torkjell Sumarlideson, som jamleg var hjå Pål jarl og vart kalla Fostre. Han var nærfrende med Magnus jarl den Heilage og ein umfram vensæl mann. Venene åt Harald jarl meinte at Torkjell var den som helst vilde nøra strid millom brørne, for den tort skuld som han hadde mått tola av Håkon jarl, far deira. Dette gjorde at Harald jarl og Sigurd Slembe for imot Torkjell Fostre og drap honom. Men då Pål jarl spurde det, sagde han at dette var ei stor krenkjing imot honom, og han samla straks folk til seg. Det nådde snart njosn um dette til Harald jarl, og han òg drog folk til seg. Men då venene åt deim båe vart vise med dette, for dei til og freista skipa semje. Alle studde då kravet um at dei skulde forlikast. Pål jarl var so harm at han vilde ikkje forlikast utan alle dei menn vart landlyste som hadde vore med på dråpet. Sidan bøndene tykte at ufred millom jarlane vilde vera til stort mein, talde alle til at dei måtte verta samde. Det vart då til det at Sigurd vart reken burt ifrå øyane og likeins dei andre som Pål jarl tykte var mest saka i verket. Harald jarl greidde ut bøter for dråpet på Torkjell. Det vart og avtala i denne semja at brørne, Pål og Harald, no skulde verta betre frendar enn dei hadde vore, og dei skulde vera saman um joli og i alle dei største høgtidene. Sigurd Slembe for burt frå Orknøyane og drog upp i Skottland. Der var han eit bil hjå skottekongen Melkolm. Han vart vel vyrd der, og gjekk for ein yvergangs kar i alle mannslege idrotter. Han vart verande ei tid i Skottland, so for han ut til Jorsalaheim.


55. HARALD JARL VERT DREPEN MED GALDER.

Det hende i dagane åt brørne Harald jarl og Pål, at dei skulde vera i joleveitsle ein gong i Orfjara på ein gard som Harald åtte; han skulde halda kosten for deim båe. Han var der sjølv i fyrevegen, og anna hardt med fyrebuingane. Systerne Frakokk og Helga, mor hans, var der òg; dei sat i litlestova med saumen sin. Harald jarl kom inn i stova ein dag. Systerne sat på tverpallen, og eit nysauma linklæde låg imillom deim, kvitt som snøen. Jarlen tok upp klædet, og såg at det var gildt utsauma med gull. Han spurde: «Kven er det som eig denne dyrluten?» Frakokk svara: «Det er ætla til Pål bror din.» Jarlen segjer: «Kvi gjer de dykk so fyre med klædi til honom? de gjer dykk ikkje den umaken med klæde til meg!» Jarlen var nettupp uppstaden og gjekk i berre skjorte og linbrok; yver herdane hadde han kasta ei kappe. Han kasta kappa av seg og bretta ut linklædet. Mor hans treiv det til seg, og bad at han ikkje måtte vera misunneleg for di um bror hans hadde gode klæde. Jarlen nykte det ifrå henne og gjorde seg ferdig til å ha det på seg. Då reiv dei av seg skauti og sleit seg i håret og sagde at det galdt livet hans, dersom han for i klædet. Og dei gret høgt båe tvo. Jarlen for i det like vel, og let det falla ned ikring seg. Men ikkje fyrr hadde han fenge det ned yver seg, so kom det ei rysjing i kroppen hans; brått etter kom det ein ofseleg verk, so jarlen laut leggja seg; han låg ei liti stund, so andast han. For venene hans tyktest dette stor skade. Men so snart Harald jarl var slokna, tok Pål jarl, bror hans, heile riket under - seg med samtykkje frå alle bønder på Orknøyane. Pål jarl tyktest vita at det var honom Frakokk og syster hennar hadde ætla denne dvrluten som Harald jarl hadde teke på seg. Difor vilde han ikkje tola at dei var der på øyane. Dei for då burt med alt husfolket sitt, og drog fyrst til Katanes, og deretter upp i Suderland til dei gardane som Frakokk åtte der. Der hjå henne føddest Erlend upp, son åt Harald den Slettmælte, so lenge som han var småbarn. Der føddest og Olve Rosta upp, son åt Torljot or Rekavik og Steinvor, dotter åt Frakokk. Olve var ein ovleg stor og sterk kar, ovmodig, og ein stor dråpsmann. Torbjørn Klerk, son åt Torstein Hold og Gudrun Frakokksdotter, føddest upp der; der føddest òg Margret upp, dotter åt Håkon jarl og Helga Moddansdotter, og likeins Eirik Stagbrell. Desse mennene var alle ættstore og mykje fyre seg, og dei tyktest alle saman ha stort krav på det riket på Orknøyane som Harald jarl, frenden deira, hadde havt. Engus den Orve og Ottar jarl i Torså var brør åt Frakokk. Ottar var ein gjæv mann.


56. STORFOLK PÅ ORKNØYANE.

Pål jarl rådde no på Orknøyane, og var overlag vensæl. Han var ein fåmålug mann, og tala ikkje mykje på tingi. Han let mykje andre råda for riket med seg, var hugspak og tyd imot alt landsfolket, rausthendt, og sparde ikkje nokon ting for venene sine. På ufred var han lite huga, og sat mykje roleg heime. På denne tid var det mange gjæve menn på Orknøyane som var komne av jarleætt. På Vestnes på Rolvsøy budde ein gjæv mann som heitte Sigurd; han var gift med Ingebjørg den Tigne, og mor hennar var Herbjørg, dotter åt Pål jarl Torfinnsson. Sønene deira var Brynjolv og Håkon Pik. Både dei og faren var hovdingar hjå Pål jarl. Sønene åt Håvard Gunneson var òg vener med Pål jarl, dei heitte Magnus og Håkon Klo, Torstein og Duvnjal; mor deira var Bergljot, og mor hennar Ragnhild, dotter åt Pål jarl. Erling heitte ein mann som budde på Tannskårenes på Rossøy. Han hadde fire søner, alle vel dugande. Olav Rolvsson heitte ein mann som budde på Gåreksøy. Han åtte og ein gard på Dungalsbø på Katanes. Olav var ein hardla storlåten mann; han stod høgt i vyrdnad hjå Pål jarl. Åsleiv heitte kona hans. Ho var klok og ættstor og sers fyre seg. Valtjov heitte ein son deira, Svein den andre, Gunne den tridje; dei var alle vel dugande. Ingegjerd heitte syster deira. Sigurd jarlsmåg var gift med Tora, mor åt Magnus den Heilage. Son deira var Håkon Kall. Både far og son var store hovdingar. I Rinansøy budde ei kone som heitte Ragna, ei gjæv husfrue. Son hennar heitte Torstein, han var ein gild mann. Kuge heitte ein bonde på Reppesnes på Vesterøy, ein klok og rik mann. Helge heitte ein rettvis og mektug bonde som òg budde der på Vesterøy, på ein gard som var der då. Torkjell Flette heitte ein annan bonde på Vesterøy; han var rangvoren, men ein framifrå dugande mann. Sønene hans heitte Torstein og Havlide. Dei var uvensæle. På Svinøy i Petlandsfjorden budde ein fatig mann. Sønene hans var Åsbjørn og Margad, framifrå hæve menn. På Fredarøy budde ein mann som heitte Dagfinn. Torstein heitte ein som budde på Flugenes på Rossøy. Sønene hans var Torkjell Krokauga og Blån. Det var rangvorne menn alt saman. Jatvor, dotter åt Erlend jarl, og Borgar son hennar budde på Knarrarstad. Dei var heller uvensæle. Jon Veng budde på Uppland på Håøy. Rikard bror hans budde på Brekkor på Strjonsøy. Det var gilde menn; dei var frendane åt Olav Rolvsson. Grimkjell heitte ein mann som budde på Glettenes; — alle desse kjem med i soga seinare. På denne tid var Vilhjelm biskop på Orknøyane, og bispestolen var ved Kristkyrkja i Byrgesherad. Det hende då jamleg jarteigner av heilagdomen åt Magnus jarl når folk vakte yver gravi hans. Men det vart lite nemnt upp i høgdi, av di Pål jarl var so mektug. Biskop Vilhjelm mistrygde og mykje det som folk sagde um jarteignene åt Magnus jarl, og sagde det var stor avtru å fara med slikt. No skal me fyrst lata soga stogga ei stund, og heller fortelja noko um dei høg-gjæve jarteignene som Gud hev late henda for fortenesta åt Magnus jarl den Heilage.


57. JARTEIGNENE HANS MAGNUS JARL.

Bergfinn Skateson heitte ein bonde på Hjaltland; han var blind. Han førde tvo kryplingar sud til Orknøyane; den eine heitte Sigurd, og hin Torbjørn. Dei vakte alle saman yver gravi åt Magnus jarl. For deim alle openberra den heilage Magnus jarl seg og gav deim helsa med Guds hjelp. Bergfinn fekk so mykje til syn, at han skilde hendene sine, og hine tvo rette seg upp båe. Noko seinare, natti fyre avfardagen åt Magnus jarl, vakte det 24 mann som var helselause yver gravi hans, og dei fekk helsebot alle saman. Då var det mange som mana biskopen til at han måtte få nokon til å tala med Pål jarl, um at jarlen skulde gjeva folk lov til å fara til gravi, og um at Magnus jarl måtte verta lyst heilag. Biskopen var traud i svari sine når dei tala til honom um dette. Ein sumar hende det at biskop Vilhjelm for aust til Noreg. Då han skulde fara attende, vart han seint buen; han kom til Hjaltland um hausten, litt fyre vinternatt. Då vart det motver og hard storm. Biskopen lika ille å liggja der, og stunda heim. Men uversridene dreiv på, og det vetrast. Då tala styremannen med biskopen, og spurde um han ikkje vilde gjera den lovnaden, til å få bør, at han ikkje skulde setja seg imot at Magnus jarl vart lyst heilag. Biskopen svara at han skulde gjera den lovnaden, dersom veret besna so at han kunde syngja messe sundagen etter heime ved bispestolen sin. Med det same han hadde gjort fast lovnad um dette, tok veret til å snu seg og laga seg for deim. Dei fekk bør til Orknøyane so snøgt at biskopen song messe heime sundagen etter. Men endå slikt hende honom, vilde han ikkje tru på heilagdomen åt Magnus jarl like vel. Pål jarl lagde òg stor utokke på alle deim som tala um heilagdomen åt Magnus. Den tilburden hende då ved Kristkyrkja i Byrgesherad ein dag, at biskopen gjekk til kyrkja og bad. Han var åleine inne i kyrkja. Men då han reiste seg og vilde gå ut att, vart han blind og fann ikkje fram til døri. Han for lenge og leita um han ikkje skulde koma seg ut. Medan han heldt på soleis, slo det honom med ei stor rædsle: han kom seg burt åt gravi til Magnus jarl og gav seg til å beda um nåde med tåror, og lova at han skulde lysa Magnus jarl heilag, anten so Pål jarl lika det vel eller ille. Då fekk han syni si att der på gravi. Etter dette kalla biskopen til seg alle dei gjævaste mennene på Orknøyane, og gjorde kunnigt for deim at no vilde han søkja til gravi åt Magnus jarl. Då dei tok til å grava, var kista komi upp or jordi. Biskopen let då två beini; dei var overlag fagre på lit. Han let taka ein bein-tupp og røynde honom tri gonger i vigd eld; men beinet brann ikkje, snarare vart det som gull å sjå til. Sume segjer at det skapte seg til ein kross. Mange jarteigner hende då av heilagdomen åt Magnus jarl. So vart likamen lagd i skrin og sett yver altaret. Det var Luciemessedag.[45] Då hadde han lege under moldo i 21 år. No vart det teke i lov å halda heilag båe dagane, både upptakingsdagen og avfardagen. Dei heilage leivningane etter Magnus jarl vart varveitte der i Byrgesherad ei tid. Men so hende det at ein mann på Vesterøy som heitte Gunne, ein god bonde, drøymde at den heilage Magnus kom fyre honom og sagde: «Du skal segja til biskop Vilhjelm, at eg vil fara burt or Byrgesherad og aust i Kyrkjevåg. Eg trur den allmektuge Gud vil syna meg den nåde av si miskunn, at dei skal få helsa si att, dei som søkjer dit vanhelsuge, når dei kjem med den rette tru. Denne draumen skal du fortelja urædd!» Men då Gunne vakna, skaut det honom i hugen at han ikkje skulde fortelja draumen. For han ottast at Pål jarl vilde leggja utokke på honom. Natti etter synte Magnus jarl seg for honom i svevne, då var han skræmeleg harm å sjå til. «Du skal fara til Byrgesherad og fortelja draumen din når det er mest folk til stades der. Men dersom du ikkje fer, dreg du straff i denne heimen yver deg, men meir i den næste.» Då vakna Gunne, og var skjelvande rædd. Han drog av stad med ein gong til Byrgesherad, so han skulde få fortalt draumen sin for alt folket der med messa. Pål jarl var til stades då, og mange andre mektuge menn. No bad mange at biskopen skulde retta seg etter dette og føra heilagdomen aust til Kyrkjevåg, soleis som jarlen hadde openberra at han vilde. Pål jarl tagde til, liksom han hadde havt vatn i munnen, og vart blodende raud. Etter dette drog biskop Vilhjelm aust til Kyrkjevåg med eit gjævt fylgje, og flutte heilagdomen åt Magnus jarl dit. Dei sette skrinet yver høgaltaret i kyrkja. Kaupstaden i Kyrkjevåg var lite upphusa den gongen. Der vart straks mange jarteigner. Bergfinn Skateson for nordanfrå Hjaltland ei liti stund etter andre vendi og vilde vaka hjå heilagdomen åt Magnus jarl. Han hadde med seg ein son som var spillsjuk; han heitte Halvdan. Magnus jarl openberra seg for deim båe og strauk yver deim med hendene. Då vart Halvdan full-frisk, og Bergfinn fekk syn so han såg skilleg. Åmunde heitte ein mann nordanfrå Hjaltland. Han var spillsjuk yver heile likamen. Han for til Kyrkjevåg og vakte hjå skrinet åt Magnus jarl den Heilage og bad um hjelp og helse. Og den heilage Guds-tenaren, Magnus jarl, synte seg for honom i svevne og strauk honom med hendene yver heile likamen. Då han vakna, var han full-frisk og kjende ingenstad noko mein, og alle lova Gud og den heilage Magnus jarl. Torkjell heitte ein mann som budde på Orknøyane. Han fall ned av byggstakken sin og beint ned på marki og lam-slo heile den eine sida. Han vart førd til skrinet åt den sæle Magnus jarl, og der fekk han helsa si att. Sigurd heitte ein mann nordan or Færøyane. Handi hans var ihopkrept, so at alle fingrane låg inn i loven. Han for til Kyrkjevåg og fekk helsa der. Torbjørn heitte ein mann, og Gyrd heitte far hans. Han var ifrå Hjaltland, og var vitlaus. Dei førde honom til Magnus jarl, og han vart god att med ein gong. Tord heitte ein mann, som dei kalla for Drekaskolt. Han var leigekar hjå Bergfinn frå Hjaltland. Han heldt på å berja kornet or halmen i bygg-løda dagen fyre Magnus- og Lucie-messa. Då det tok til å myrkna, gjekk Bergfinn bonde ut i løda og bad honom halda upp med arbeidet. Tord svara: «Det er ikkje ofte De tykkjer eg stend for lenge i arbeid.» Bergfinn mælte: «Det er Magnusmessa i morgon, og henne er me skyldige til å halda heilag med slik høgtid som me best kann.» So gjekk Bergfinn burt, men då gav Tord seg til å arbeida mest han vann. Då det leid ei liti stund, kom Bergfinn burt andre vendi og tala til Tord og var storleg harm: «Dette tykkjer eg er illskap av deg, å arbeida no det hev vorte helg; haldt upp på timen no!» So gjekk Bergfinn att i vreide, men Tord arbeidde som fyrr. Ikkje fyrr folk både var til bords komne og hadde ete seg mette, og hadde teke til å drikka, kom Tord inn. Han kom i gamleklædi og tok til å drikka med ein gong. Men fyrst han hadde drukke ein bikar, so vart han brått vitlaus; dei laut halda honom og leggja honom i band. Dette heldt ved i seks jamdøger. Då gav Bergfinn den lovnaden for honom at han skulde gjeva ei halv mork sylv til skrinet åt Magnus jarl og lata Tord vaka i tri næter, dersom han kunde verta med helsa att. Tord vart god att straks, natti etter den kvelden som lovnaden hadde vorte gjeven. Tvo menn stal gull av skrinet åt Magnus jarl; den eine var ein orknøying, hin var frå Katanes. Han ifrå Katanes sette til på Petlandsfjorden; han heitte Gille. Orknøyingen vart vitlaus, og i villa fortalde han kva dei hadde gjort. Då lova dei ei Roma-ferd for honom, dersom han kunde verta god att ved skrinet åt Magnus jarl. Han vart førd dit, og vart god att straks. Ogmund heitte ein mann på Hjaltland; han fekk eit tvertre i hovudet, og fekk hausen ille skamslegen. Bergfinn gav lovnad for honom; han kasta lut, anten han skulde lova ei suderferd,[46] eller å gjeva ein træl fri, eller å gjeva fe til skrinet åt Magnus jarl, for at Ogmund skulde verta god att. Luten fall so at han skulde gjeva fe til skrinet åt Magnus jarl, og attmed skrinet vart Ogmund god att. Bergfinn, morbror hans, gav ei halv mork soleis som han hadde lova. Sigrid Sigurdsdotter heitte ei gjente nordanfrå Hjaltland; ho hadde vore blind frå barnsalder av og til dess ho vart tjuge år. Då fylgde far hennar henne til Magnus jarl og let henne vaka der, og gav mykje fe til skrinet åt Magnus; og ho fekk syni si der. Sigrid heitte ei onnor kvinne òg ifrå Hjaltland; ho braut av seg leggen i tvo luter. Henne fylgde dei til Magnus, og ho fekk helsa der. Sigrid heitte ei tridje kvinne, nordanfrå Ormst på Hjaltland. Ho var hjå Torlak som budde på Bollestad. Ho sat og sauma då dei andre heldt upp med arbeidet fyre messedagen åt Magnus jarl. Torlak spurde kvi ho arbeidde so lenge. Ho svara at då skulde ho halda upp. Han gjekk sin veg, men ho sat og sauma som fyrr. Då kom Torlak andre vendi, og spurde kvi ho bar seg so ille åt. «Far her ifrå,» sagde han, «og sit ikkje med arbeid her i mitt hus!» Ho sagde at ho hadde berre litevetta att å sauma, og vart sitjande i romet sitt og arbeida som fyrr til dess det vart myrkt. Men då eldane var kveikte, og folk gjorde seg ferdige til å få seg mat og drikka, vart ho vitlaus og vart lagd i band. Ho var vitlaus til dess Torlak gjorde lovnad for henne. Han kasta lut, anten han skulde lova ei suderferd, eller å gjeva ein træl fri, eller å gjeva fe til skrinet åt den heilage Magnus jarl. Luten fall so at han skulde gjeva fe til skrinet åt Magnus jarl. Torlak for med Sigrid til skrinet åt Magnus, og ho vart god att der. Sidan gjorde ho ei ferd sudetter. I England var det tvo menn som sette upp mykje fe på terningkast; og den eine hadde tapt mykje. Då sette han upp ein kugg[47] og alt han åtte imot alt det som han fyrr hadde tapt. Hin kasta fyrst, og fekk tvo seksarar. Då tykte den andre at det såg vonlaust ut for honom, og han kalla på den heilage Magnus jarl, og bad at han ikkje måtte tapa heile eiga si; sidan kasta han. Og den eine terningen gjekk sund, tvo seksarar kom upp, og ein einar. So vann han alt som var uppsett, og sidan gav han Magnus jarl mykje gods. Groa heitte ei kvinne på Rossøy; ho var gali. Ho vart førd til den heilage Magnus jarl og fekk helsa si der, og var der sidan all si tid og lova Gud. Sigurd heitte ein mann, son åt ein Tandre. Han budde nord på Hjaltland. Han vart forgjord av djevelen og vart sydd inn i ei hud. Honom for dei sidan med sud til Kyrkjevåg til den heilage Magnus jarl, og han fekk helsa si der. Og alle som var der til stades, lova Gud og den heilage hjartevenen hans, Magnus jarl. Her lyktar me med å fortelja um dei høg-gjæve jarteigner som Gud lèt henda for den heilage Magnus øya-jarl skuld. Me lyktar fråsegni med dei ord, at han som skreiv denne soga og han som sagde henne og kvar som lydde på henne, må dei få hjelp av fyrebøni åt den heilage Guds riddar, Magnus jarl, til syndeforlating for seg og til æveleg fagnad; og måtte dei få av vår allvelduge drottin Jesus Kristus hjelp og miskunn, fred og fagnad no og alltid, han som var og er og vera skal ein sann og æveleg Gud, gjevande og viljande og kunnande alt som godt er i ævors æva. Amen.


58. KALE KOLSSON VEKS UPP.

Kol sat på gardane sine på Agder, soleis som fyrr er skrive, og var ein umfram klok mann i si ferd. Han kom ikkje sidan til Orknøyane. Kale son hans voks upp der på Agder. Han var ein sers emneleg mann, medals stor på vokster, velvaksen, fagert skapt på lemene, ljosbrun på håret. Han var ein framifrå vensæl mann, og duglegare enn dei aller fleste andre menn. Han dikta denne visa:

Idrotter kann eg nie:
Tavlspel er den eine,
dertil runer rista,
bøker rett å lesa,
smida, ro når det trengst,
skjota, skri’ på skiom,
harpe-slått, det kann eg,
likeins skalde-yrkjet.

Kale var jamleg hjå Solmund frenden sin, son åt Sigurd Sneis. Han var gjaldkjere i Tunsberg og hadde gard på Austagder. Han var hovding og hadde ein stor flokk med huskarar. Dei tvo frendane var mest jamaldringar.


59. KALE PÅ KAUPMANNSFERD.

Då Kale var 15 år gamall, slo han seg i fylgje med kaupmenn og for i kaupferd vest til England; han hadde gode handelsvaror med seg. Dei siglde til ein stad som heiter Grimsbø. Dit kom det mykje folk både frå Orknøyane og Skottland og likeins frå Suderøyane. Der møtte Kale ein mann som kalla seg Gille-Krist. Han spurde etter mangt frå Noreg. Mest tala han med Kale, og det vart stor venskap imillom deim. Han fortalde Kale i trumål at han heitte Harald, og at kong Magnus Berbein var far hans, og moderætti si hadde han på Suderøyane og noko på Irland. Han spurde Kale korleis han vilde verta motteken dersom han kom til Noreg. Kale svara at han trudde kong Sigurd vilde taka vel imot honom, dersom ikkje andre øydelagde for honom. Gille-Krist og Kale skifte gåvor då dei skildest, og lova einannan fullkomen venskap, kvar dei so møttest att. Gille-Krist fortalde ikkje løyndomen sin til fleire enn Kale.


60. KALE I BJØRGVIN.

Etter dette for Kale austetter att med same skipet. Dei tok land på Agder og siglde derifrå nord til Bjørgvin. Då kvad Kale denne visa:

Me vadde i leire
fem heile vikor;
det vanta ’kje saur
med’ me var i Grimsbø.
No let me skipet
skjota yv’ bylgja
og sigler kåte
kosen til Bjørgvin.

Då dei kom til Bjørgvin, var mykje folk samla der, både nordan or landet og sunnanfrå; og ei mengd kaupmenn var komne frå andre land og hadde ført med seg mykje gode varor. Kale og skipsfelagane hans gjekk på skytningsstovor og skjemta seg. Kale var ein ovleg staskjær mann, og hadde vorte reint avbragsleg i klædeskikken no då han nettupp var komen frå England; han tykte han var mykje til mann, og det same tykte mange andre, for han var av god ætt og var sjølv ein dugande kar. I den skytningsstova som han drakk, gjekk det fyrr ein gjæv ung mann som heitte Jon. Han var son åt Peter Serksson i Sogn. Han var då lendmann. Mor hans heitte Helga, dotter åt Hårek frå Sætrar. Jon var sværande storlåten på det. Ho som åtte garden dei drakk i, heitte Unn; det var ei gjæv husfrue. Jon og Kale slo seg mykje i lag, og dei skildest i kjær venskap. Jon for inn til Sogn til gardane sine, og Kale for aust til Agder til far sin. Kale var òg lange stunder hjå Solmund frenden sin. Soleis gjekk det nokre år, Kale var på kaupferder um sumrane, og um vintrane heime eller hjå Solmund frenden sin.


61. KALE FER TIL DOLLSHELLEREN.

Ein sumar som Kale hadde fare nord til Trondheim, vart han liggjande verfast under ei øy som heiter Dollsøy. På den øyi er ein stor heller som heiter Dollshelleren. Der i den helleren vart det sagt at det skulde finnast ein stor skatt. Kaupmennene drog upp til helleren og gjekk inn der. Det var ovleg vandt å koma fram der inne. Dei gjekk til dei kom til ein stad som det stod vatn tvert yver helleren. Ingen trøysta seg til å fara yver vatnet, so nær som Kale og ein annan mann som heitte Håvard, ein huskar hjå Solmund. Dei lagde på sum yver vatnet og hadde eit snøre imillom seg. Kale sumde fyre, og hadde ei logande vedskie i handi og eldsvyrke millom herdane. Dei sumde yver vatnet og kom seg på land. Der var det urdut, og ein fæl u-tev. Og dei fekk mest ikkje kveikt ljos. Då sagde Kale at det var ikkje verdt dei for lenger, og han bad hin at dei skulde setja upp ein varde til minne. Han kvad denne visa:

Her for hardbalne halsar
høge varden eg reiser;
i døkke heller åt draugen
Doll etter baugar[48] eg leita.
Kva for ein bylgjeski-fløytar[49]
fer, må tru, atter
den lange braut og ljote
og leide yver vatnet det breide.

Deretter snudde dei, og kom med heilo attende til mennene sine; so gjekk dei ut or helleren. Det er ikkje fortalt at det hende noko elles på ferdi deira denne sumaren. Då dei kom til Bjørgvin att, gjekk Kale upp i den same skytningsstova, til Unn husfrue. Der var Jon Petersson alt i fyrevegen, og ein dreng som heitte Brynjolv. Mange andre av mennene hans var òg der ,endå dei ikkje vert nemnde. Ein kveld hende det at Jon Petersson og Kale hadde gjenge og lagt seg, men mange sat att og drakk. Då vart det tala mangt, for mennene var ovleg drukne. Det vart til at dei tok på med mannjamning, og rødde um kven som då var dei gjævaste av lendmennene i Noreg. Brynjolv heldt på at Jon Petersson var mest til mann og av best ætt millom dei yngre hovdingane sunnanfor Stad. Men Håvard, felagen hans Kale, heldt på Solmund, og heldt fyre at han var ikkje på nokor vis mindre dugande mann enn Jon. Han meinte på at vikverjane vyrde mykje meir Solmund enn dei vyrde Jon Petersson. Av dette vart det ei stor trætte. Og etter kvart som ølet styrkte ordi deira, akta dei ikkje so vel på kva dei sagde, og so gjekk det ikkje mætare enn at Håvard spratt upp og fekk seg ei vedskie og sette beint i hovudet på Brynjolv, so han fall i uvit på flekken. Karane storma i hop ikring Brynjolv, men nokre fekk sendt Håvard av garde til Kale; Kale sende honom sud til Alvidra[50] til ein prest som heitte Rikard. «Bed honom ifrå meg,» sagde Kale, «at han må taka imot deg og ha deg hjå seg til eg fer austetter og heim att.» Kale gav honom ein mann til fylgje, og ein båt. Dei rodde til dei kom sud i Grøningasund. Då sagde Håvard til nen sin: «No er me komne so langt at hundane ikkje høyrer oss; her vil me kvila oss og leggja oss til å sova.» Um Brynjolv er å fortelja at han kom til seg sjølv att, og dei fylgde honom til Jon. Brynjolv fortalde Jon denne hendingi, og likeins at hine hadde fenge sendt mannen avgarde. Jon tenkte seg kvar han var faren, og let taka ei roskute, og ti mann gjekk um bord i henne. Brynjolv skulde vera førar. Dei rodde sudetter, og kom sud i Grøningasund i lysingi. Då såg dei eit skip som låg framfyre deim i fjøra. «Kanskje desse kann fortelja oss noko um Håvard,» sagde Brynjolv. Dei gjekk upp og fann hine. Håvard og fylgjesmannen var då nettupp vakna. Brynjolv bar våpn på Håvard med det same, og både han og felagen hans vart drepne der. So for Brynjolv og fylgjesmennene hans nord til Bjørgvin att, og fortalde denne tidendi til Jon. Snart visste heile byen det. Kale var ovleg misnøgd for desse dråpi. Då tingingsmenn gjekk imillom deim, baud Jon at Kale skulde få sjølvdøme i det som han tykte var uskil imot seg; berre kongens rett og retten åt ettermåls-mennene skulde vera undan-skila. Kale tok imot dette tilbodet, men nokon venskap vart det ikkje att millom Jon og honom. Straks etter for Kale austetter og heim. Då han og faren møttest, og Kale hadde fortalt um desse tidendene og um korleis det hadde lykta, sagde Kol: «Underlegt tykkjer eg det er av deg at du tok imot noko slag sætt[51] fyrr Solmund frenden din var med. Eg tykkjer du hev stelt deg ille med dette; du kann ikkje få gjort stort anna no enn å få denne semja til. Men ikkje vilde Solmund ha gjort soleis um det hadde vore din huskar og hans skipverje[52] som hadde vorte drepen.» Kale svara: «Det er sant som du segjer, far, eg var for snar til å lyda etter; du var for langt burte til å gjeva meg råd. Det vil nok ofte syna seg at eg ikkje er so djuptenkt som du. Men eg tenkte som so at Solmund fekk ikkje noko meir ære for di um eg vraka den heider som eg vart boden. Og eg tykkjer ikkje det er noko svivyrding anten for Solmund eller meg i det å taka imot sjølvdøme av Jon for vår lut, når han byd det. Men eg veit ikkje um me just treng um å taka imot det. Og med Brynjolv tykkjer eg det er vandelaust so lenge som eg ikkje hev sagt upp nokre vilkår, og ikkje hev teke imot bøter.» Dei talast lenge ved, far og son, men tykte noko kvar sitt. Sidan sende dei menn til å segja Solmund tidendi, og deretter møttest dei alle tri, både Kale og Kol og Solmund. Kol vilde at dei skulde senda menn til Jon og tinga um sætt, men Solmund og Hallvard, bror hans Håvard, vilde ikkje vita av noko anna enn hemn; dei sagde at det høvde seg ikkje å beda sogningane um semje. Like vel vart det råd teke som Kol vilde, på det vilkåret at Kol lova å ikkje skiljast frå denne saki fyrr Solmund hadde fenge uppreisnad. Kol skulde då og leggja alle råder i saki. Men då sendemennene kom att, fortalde dei at ærendi deira hadde vorte ille uppteki; Jon hadde neitta tvert å leggja bot for den mannen som hadde uhelga seg i fyrevegen. Solmund sagde at dette hadde gjenge nett som han hadde tenkt, at dei ikkje fekk nokor sømd med å beda Jon um sætt. Han bad Kol no leggja til slike råder som kunde duga. Kol sagde: «Vil Hallvard taka nokon vågnad til å få hemnt bror sin? og det um han kann henda ikkje fær nokon framgang med det like vel?» Hallvard svara at han vilde ikkje lata noko vera ugjort berre han kunde få hemn yver bror sin; det fekk ikkje hjelpa um det skulde fylgja noko livsfåre med. Kol sagde: «Då skal du fara i løynd nord til Sogn, til ein mann som heiter Une. Han bur eit lite stykke ifrå Jon. Han er ein klok mann, men noko upprådd for fe, for Jon hev lenge gjort det vanskelegt for honom. Han er min gode ven. No er han noko til års komen. Honom skal du gjeva seks vegne merker, som eg sender honom for at han skal laga det so at du fær teke hemn på Brynjolv, eller på ein annan av heimemennene åt Jon, som han ikkje vilde tykkja mindre tap i å missa. Dersom dette vert framgjengt, so skal Une få sendt deg til Studla, til Kyrpinga-Orm frenden min, og til sønene hans, Ogmund og Erling. Bed Une sidan selja jordi si og fara hit til meg!» Hallvard budde seg no til denne ferdi. Men um sjølve ferdi, og nattstadene åt Hallvard, er det ikkje fortalt noko fyrr han kom ein dag fram imot kveld til Une. Han nemnde ikkje rette namnet sitt. Une og Hallvard spurde einannan um slikt nytt som folk plar spyrja um. Men um kvelden då folk sat kring eldane, var gjesten ihuga til å fretta ut um dei fremste mennene der i Sogn og Hordaland. Une svara at det var ingen mann der som dei tykte var meir ageleg enn Jon, både for ætti hans skuld og ikkje minder for rådrikeskapen hans. Og han spurde um dei ikkje hadde fenge røynt eitt og anna um det sud i landet òg. Gjesten svara lite då Une spurde um dette. Sidan gjekk husfolket ifrå eldane etterkvart, so at Hallvard og Une vart sitjande att tvo-eine. Då tok Une til ords: «Var det so at du kalla deg Hallvard?» spurde han. «Nei!» svara gjesten, og nemnde seg med same namnet som fyrr um kvelden. Une mælte: «Då hev ikkje eg noko andsvar på meg; men det er no mi tru at dersom eg hadde heitt Brynjolv, so hadde du heitt Hallvard. Men lat oss no gå og leggja oss!» Då heldt gjesten honom att og sagde: «Lat os ikkje gå enno!» Dermed flidde han fram fe-pungen, og sagde at Kol sende honom dette sylvet og helsingi si attåt; — «han sender det for at du skal laga det soleis at eg fær teke hemn for bror min.» Og so fortalde han honom um heile den rådi som Kol hadde lagt upp. Une mælte: «Kol vøre godt verd ifrå meg. Men eg kann ikkje vita kva lukke det kann lagast deg med å få hemn på Brynjolv. Elles ventar eg honom hit i morgon; han kjem etter klædi åt frilla si.» Une fylgde Hallvard ut i stallen, som var utanfor døri. Der gøymde han honom i ei krubbe, — dette var fyrr folk var uppe, um natti hadde han lege inne. Då Hallvard hadde vore ei liti stund i stallen, såg han at det var komen ein spræk kar til gards, som ropa høgmælt at gjenta skulde gjera seg ferdig. Ho tek klædi sine og ber ut. Då tyktest Hallvard vita kven det var. Han gjekk ut. Brynjolv hadde lagt ifrå seg våpni medan han gyrde i hop klædi åt gjenta. Med det same dei var nær einannan, hogg Hallvard Brynjolv banehogg. So gjekk han inn att i stallen og gøymde seg. Medan dråpet gjekk fyre seg, hadde gjenta vore inne og bede vel-liva med folket på garden. Då ho kom ut att, fekk ho sjå kva verk som var gjort. Ho sprang inn og skreik uppyver seg, og var reint vitskræmd. Ho heldt på å siga i uvit, men fekk sagt kva som var hendt like vel. Une bonde ljop ut; han sagde at gjesten laut ha vore ein leigd løynmordar, og han sende ein mann med det same til å segja Jon tidendi, og eggja som mest til at dei skulde leita etter mannen. Difor var det ingen som fekk mistanke til honom for dette. Hallvard var i stallen til dess det leid av med hardaste leitingi. Då for han burt og tok vegen soleis som Une rådde honom, til dess han kom til Studla til Orm og sønene hans. Dei gav honom fylgje austetter og heim att. Kol og Kale og Solmund tok vel imot honom, og var vel nøgde. No spyrst desse tidendene, og folk fær vita det som sant er. Då vart Jon ovleg harm. Soleis leid det året. Vinteren etter, då det drog til jol, budde Jon seg til å fara heiman med 30 mann; han let um at han vilde fara upp i Sætesdalen og gjesta Hårek, morfar sin. Og so gjorde han, og vart vel motteken der. Då frendane talast ved, sagde Jon at han ætla seg derifrå til Austagder; han vilde finna Solmund. Hårek talde ifrå, og sagde at Jon var ikkje den som hadde roke for di um dei no var skult med dette. Jon svara at han tykte det var harmelegt at Brynjolv ikkje skulde verta hemnd. Hårek sagde at han trudde ikkje Jon vann noko um han og hine no fekk meir med kvarandre å gjera. Like vel fekk han med ifrå Hårek 30 mann, og for med eit halvt hundrad mann den øvre vegen austetter; dei tenkte å koma uvarande på Solmund og Kol. Men med det same Jon hadde fare heimanfrå, hadde Une butt seg til ferd og fare sud til Studla til Orm; og Orm og sønene hans hadde gjeve honom fylgje sud til Kol. Han var komen dit tett fyre jol, og hadde fortalt at han trudde Jon var på veg imot deim. Kol sende njosnarmenn ifrå seg til alle leider som han trudde Jon kunde koma frå. Sjølv for han og fann Solmund, og frendane sat med mykje folk hjå seg. Dei fekk njosn um kva veg Jon kom, og for imot honom. Dei møttest attmed ein skog. Det bar i hop med deim med ein gong. Kol og Solmund var mykje mannsterkare, og dei vann; Jon miste mange menn og flydde sjølv til skogs. Han vart særd i foten, og såret grodde so ille at han vart halt jamt sidan, og vart kalla for Jon Fot. Han kom nordetter og heim att i Iangefasta, og folk tykte at det var ei storskjemmeleg ferd han hadde fare. Soleis gjekk denne vinteren. Men sumaren etter let Jon drepa tvo frendar åt Kol, Gunnar og Aslak. Litt seinare kom kong Sigurd til byen, då kjærde dei for honom yver denne uvenskapen. Kongen sende bod til båe partane og stemnde deim til seg. Dei kom til kongen saman med frendane og venene sine. Det vart då freista å få skipa ei semje, og dei fekk det til på den visi at kongens dom skulde skilja i alle sakene. Dei gav kvarandre trygdarord på det. Kong Sigurd gjorde semja millom deim med råd frå dei beste menn. Det vart avgjort i semja at Jon Petersson skulde få Ingerid Kolsdotter, og so skulde venskapen fylgja med mågskapen, og dråpi skulde gå upp i upp. Fiendsferdi mot Kol og såret åt Jon skulde gå upp i upp imot dei mennene som var falne der aust. Hine såri vart jamna ut imot einannan, og det som var meir på den eine sida vart bøtt. Og so skulde den eine hjelpa den andre både utanlands og innanlands. Det fylgde òg med denne semja, at kong Sigurd gav Kale Kolsson helvti av Orknøyane med Pål jarl Håkonsson, og jarlsnamn attåt. Han gav honom òg namnet åt Rognvald Bruseson jarl, for Gunnhild mor hans sagde at Rognvald hadde vore den hævaste av alle Orknøy-jarlane, og dei trudde det skulde fylgja lukke med namnet hans. Denne luten av Orknøyane hadde Magnus den Heilage ått, morbror åt Rognvald Kale. Etter denne semja skildest dei i stor venskap, dei som fyrr hadde vore uvener.


62. KONG SIGURD DØYR.

Vinteren etter sat kong Sigurd i Oslo. Men um våren i langefasta vart han sjuk, og andast ei natt etter Marimesse.[53] Magnus son hans var til stades der i byen då; han heldt ting med det same og vart teken til konge yver heile landet, soleis som dei hadde svore kong Sigurd. Han tok straks fehirdslone[54] åt kongen i sitt vald. Harald Gille var i Tunsberg då han frette at kong Sigurd hadde andast. Han heldt straks stemnor med venene sine, og sende bod etter Rognvald og frendane hans; for Rognvald hadde stødt vore venen åt Harald sidan dei møttest i England. Rognvald og far hans hadde òg gjort mest til hjå kong Sigurd so Harald fekk koma til med skirsla[55] si, — dei og so andre lendmen som Ingemar Sveinsson og Tjostolv Åleson. Harald og venene hans tok den rådi å halda Haugating der i Tunsberg. Der vart Harald teken til konge yver halve landet. Det hadde vore naudeidar, sagde dei, når han hadde svore farsarven ifrå seg fyrr han fekk lov til å koma fram med skirsla. Det samlast straks mykje folk til honom og vart handgjengne, og han vart ovende mannsterk. Det fór no tingingsbod millom frendane, og soleis stod det i fire næter; då vart det skipa semje på det vilkåret at dei skulde ha halve landet kvar, men kong Magnus skulde ha langskipi og bord-bunaden og alle fehirdslone etter kong Sigurd; like vel var han minst nøgd med sin lut. Han lagde for hat alle venene åt Harald. Kong Magnus vilde ikkje heller lata stå ved makt den gåva at kong Sigurd hadde gjeve Rognvald Orknøyane og jarledømet; for Rognvald var den som fylgde Haralds sak fastast i alle vedskifte; han skildest aldri frå hans sak fyrr det lykta for godt millom Harald og Magnus. Magnus og Harald var tri år kongar yver Noreg, soleis at semja deira heldt seg å kalla. Men fjorde sumaren heldt dei slag med kvarandre på Fyrileiv. Der hadde kong Magnus mesta 60 hundrad mann, og kong Harald 15 hundrad mann. Desse hovdingane var med Harald: Kristrød bror hans, Rognvald jarl, Ingemar av Ask, Tjostolv Åleson og Solmund. Kong Magnus fekk siger, og kong Harald flydde. Der fall Kristrød og Ingemar. Han kvad denne visa:

Flagd[56] eggja meg
til Fyrileiv;
jamt var eg ufus
til orrusta.
Meg beit orvar[57]
frå almbogen;
eg mun aldri
til Ask koma.

Kong Harald flydde lenger aust i Viki til skipi sine, og fór sud til Danmark til kong Eirik Eimune. Han gav honom Halland til å styra og åtte langskip utan reide. Tjostolv Åleson selde jordene sine so mykje han skulde få seg skip og våpen, og fór sud til Danmark til kong Harald um hausten. Kong Harald kom til Bjørgvin fram mot jol, og låg i Florevåg yver joli. Etter jol lagde dei inn til byen. Der fekk dei lite motstand. Kong Magnus vart handteken um bord på skipet sitt og skamfaren, og kong Harald lagde heile landet under seg. Våren etter nya kong Harald upp att gåva til Rognvald, at han skulde ha øyane, og likeins jarlsnamnet.


63. RÅDGJERDI HANS KOL.

Straks etter dette lagde Kol upp den rådi at dei skulde senda menn til Orknøyane. Sendemennene skulde beda Pål jarl um at han vilde gjeva upp helvti av øyane, etter slik som kong Harald hadde etla Rognvald det. Då skulde det óg verta venskap millom deim og full frendskap. Men i fall Pål jarl sagde nei til dette, so skulde dei same mennene fara og finna Frakokk og Olve Rosta, og bjoda deim helvti av landet med Rognvald jarl, dersom dei vilde freista å vinna det med her ifrå Pål jarl. Då desse mennene kom til Orknøyane og fann Pål jarl og bar fram ærendi si for honom, svara Pål jarl: «Eg skynar dette kravet, det er emna til med mykjen innfulskap. Dei hev tydt seg til Noregs-kongane so mykje dei skulde få riket ifrå meg. Men eg vil ikkje løna slik truløyse med å gjeva riket mitt til ein som ikkje er meir nærkomen til det enn Rognvald, når eg samstundes forheld brorson eller systerson min det. Det trengst ikkje lang røde her; eg vil verja Orknøyane med vene- og frendehjep so lenge som Gud unner meg liv til det.» Sendemennene såg no kva endskap ærendi deira kom til å få der. Dei fór då derifrå og drog sud yver Petlandsfjorden til Katanes, og so til Suderland. Dei fann Frakokk og bar fram ærendi si, at Rognvald jarl og Kol baud Olve og Frakokk helvti av Orknøyane, dersom dei vilde vinna øyane att ifrå Pål jarl. Frakokk svara: «Sant er det, at Kol er ein ovende rådklok mann; det var gløgt uttenkt av honom, at de skulde søkja hit etter hjelp. For eg og frendane mine hev både mykje makt og stor frendestyrke. Margreta Håkonsdotter hev eg gift med Moddan jarl frå Atjoklar, som er den gjævaste av alle Skottlands-hovdingane etter ætti si. Melmare, far hans, var bror åt Melkolm skottekonge, far åt David, som er skottekonge no. Me hev òg mange rettkomne tilkall på Orknøyane, og eg sjølv hev sumt å segja og er haldi for å vera tolleg djup-vitug; det kjem ikkje alt uventande på oss i ufred. Det tykkjest meg godt av mange grunnar å gjera felag med Rognvald og Kol. De kann segja feggane ifrå meg, at Olve og eg skal koma til Orknøyane næste år midsumarsbil med ein her imot Pål jarl. Rognvald og far hans kann koma til mots med oss; lat oss då freista eit sjøslag med Pål jarl. Eg skal draga herfolk til meg i vinter frå Skottland og Suderøyane, ifrå frendane og venene og maagane mine.» Sendemennene fór attende aust til Noreg og sagde Rognvald og Kol dette.


64. ROGNVALD JARL PÅ VESTERFERD.

Vinteren etter dette budde Rognvald jarl seg til vesterferd, og hovdingane Solmund og Jon med honom. Dei drog av stad um sumaren. Dei hadde gildt folk, men ikkje mykje, fem eller seks skip. Dei tok land på Hjaltland midsumars, men frette ikkje noko til Frakokk. Då rauk det upp med hardt motver. Dei lagde skipi sine inn i Ålesund, og fór ikring i landet på veitslor. Bøndene fagna deim vel. Men um Frakokk er å fortelja at ho hadde fare ut til Suderøyane um våren, og ho og Olve hadde samla folk og skip der. Dei fekk tolv skip, men alle saman var småe og heller tunnskipa med folk. Nær burt imot midsumar siglde dei til Orknøyane og ætla seg til mots med Rognvald jarl, som avtala var. Dei fekk heller sein bør. Olve Rosta var hovding for denne heren. Det var honom som jarledømet på Orknøyane var ætla til, dersom dei fekk det. Frakokk var med på denne ferdi og mange av hennar hus.


65. MEIR UM VESTERFERDI.

Pål jarl var på Vestnes på Rolvsøy, på veitsle hjå Sigurd, då han spurde at Rognvald jarl var komen til Hjaltland. På same tid spurdest det òg at ein her samla seg på Suderøyane imot deim. Jarlen sende bod til Kuge på Vesterøy og til Torkjell Flette. Det var kloke menn. Mange andre hovdingar òg stemnde han til seg. På den stemna bad jarlen venene sine um råd; men ikkje alle tykte likt. Sume vilde byta riket med ein av uvenene, so mykje dei ikkje skulde ha båe imot seg. Andre rådde til at jarlen skulde fara yver til Nes til venene sine, og sjå kva hjelp han kunde få der. Pål jarl sagde: «Ikkje vil eg bjoda riket mitt no til deim som eg neitta det tvert då dei bad med det gode. Det synest meg uhovdingslegt òg å fly landet med alt urøynt. Eg vil taka det råd å senda menn rundt på alle øyane i natt og samla folk. Lat oss fara so snøgt me kann imot Rognvald og deim og lata våpni skifta millom oss fyrr suderøyingane kjem!» Dei gjorde som jarlen sagde. Ein mann var då hjå Pål jarl som heitte Svein Brjostreip. Han var hirdmann hjå jarlen og vel vyrd hjå honom. Han var jamleg i viking um sumrane, men hjå Pål jarl um vintrane. Svein var ein stor og sterk mann, svart, og heller våleg å sjå til. Han var ovleg gamalsleg av seg og hadde bala mykje med å sitja ute.[58] Han var stamnbue hjå jarlen. Desse hovdingane kom til Pål jarl straks um natti: Øyvind Melbrigdeson, han hadde eit fullskipa langskip, Olav Rolvsson or Gåreksøy, han hadde eit skip til; det tridje hadde Torkjell Flette, det fjorde Sigurd bonde der på Vestnes, det femte jarlen sjølv. Med desse fem skipi siglde dei til Rossøy, og kom dit torsdagskvelden ved solarglad. Folk samla det seg meir og meir hjå deim um natti, men skip fekk dei ikkje fleire av. Dei ætla seg til å sigla til Hjaltland dagen etter, imot Rognvald og deim. Men um morgonen, då det hadde vorte ljost og soli var komi eit stykke, kom det nokre menn til jarlen og fortalde at dei hadde set nokre langskip sigla sunnanfrå yver Petlandsfjorden. Dei sagde at dei var ikkje visse på anten det var ti eller tolv. Jarlen og folket hans tyktest skyna at det måtte vera heren hennar Frakokk som fór der. Jarlen bad mennene sine ro imot deim som hardast. Olav og Sigurd meinte at dei skulde gjeva seg tid; det kom folk til deim kvar stund no, sagde dei. Då dei rodde aust ifrå Tannskårenes, kom det ein flote med langskip siglande imot deim, tolv skip i talet. Jarlen og dei tengde no saman skipi sine. I dette bilet kom Erling bonde frå Tannskårenes og sønene hans, og baud jarlen si hjelp. Men då hadde dei det so trongt på skipi, at dei tykte ikkje dei kunde ha gagn av fleire menn. Jarlen bad då Erling bera grjot åt deim so lenge som det ingen fåre var. Just då dei var ferdige, kom Olve og Frakokk; dei rodde til åtak med ein gong. Dei hadde mykje meir folk enn Pål, men skipi var smærre. Olve hadde eit stort skip; med det lagde han seg imot skipet åt jarlen. Der vart ein ovleg hard bardage. Olav Rolvsson lagde skipet sitt imot dei smærre skipi hans Olve. Der var stor bord-mun, og han rudde tri skip på ei liti stund. Olve lagde so hardt imot skipet åt jarlen, at alle frambyggjane der veik attum mastri. Då eggja Olve mennene sine til uppgonge, og gjekk sjølv fyrst upp. Svein Brjostreip var fremst av alle jarlsmennene; han bardest overlag djervt. Pål jarl fekk no sjå at Olve var komen upp på skipet. Då eggja han mennene sine fast, og sprang sjølv or lyftingi fram i skipet. Då Olve såg det, treiv han upp ei fletteskjefte[59] og slengde imot jarlen; våpnet råka skjolden, og jarlen fall i koll på tiljone. Då vart det eit stort rop. Men just i same blinken treiv Svein Brjostreip upp ein stor stein og kilte imot Olve, og steinen råka honom i brjostet. Han råka so hardt at Olve stupte der han stod og fall utanbords og i sjøen. Mennene hans fekk tak i honom og fekk drege honom upp i skipet att. Men han låg i uvit, og dei visste ikkje anten han var daud eller livande. Då ljop sume til og hogg av tengsli og vilde fly, og alle mennene hans Olve vart drivne ned av jarls-skipet. Heren tok no til å fly. Olve rakna til att og bad deim å ikkje fly. Men ingen lest høyra kva han sagde. Jarlen elte deim som flydde aust um Rossøy, og so langs austsida av Rossøy og Rognvaldsøy og ut på Petlandsfjorden. Der skildest dei frå kvarandre. Jarlen snudde so tilbake; der som dei hadde slegest, låg fem skip aude etter Olve og Frakokk. Jarlen tok deim til seg og skipa deim med sine folk. Det var um fastedagen dei hadde slegest, og um natti let jarlen bu skipi i stand att. Imedan samlast det mykje folk til honom, og det kom tvo langskip. Um morgonen hadde han tolv skip, og alle velskipa. Um laurdagen siglde han til Hjaltland, og kom um natti uvarande på deim som heldt vakt yver skipi åt Rognvald jarl i Ålesund. Pål jarl let drepa mennene, men tok féet og skipi til seg. Um morgonen kom det njosn um dette til Rognvald og deim som var i lag med honom. Dei samlast i hast og drog i hop ein stor bondeher. So fór dei ned til strandi og eggja Pål jarl og deim til å koma på land og halda slag. Men Pål jarl trudde ikkje hjeltane, og difor vilde han ikkje koma på land; derimot baud han til at hine skulde få seg skip, og so skulde dei herjast til sjøs. Rognvald jarl og mennene hans svara at dei fekk ikkje skip som dei var tente med til slikt. Dei skildest med so gjort. Pål jarl fór med heren sin til Orknøyane. Rognvald og hans folk vart verande på Hjaltland um sumaren, og fekk seg far um hausten til Noreg på ymse kaupmannsskip. Folk tykte det var ei heller skjemmeleg ferd dei hadde gjort. Men då Rognvald jarl kom heim og møtte far sin, spurde Kol um han var misnøgd med ferdi si. Rognvald svara at han tykte han hadde ikkje mykje att for den ferdi, anna berre skammi. Kol segjer: «Det tykkjer ikkje eg like vel; eg tykkjer du hev mykje og godt att for ferdi dersom hjeltane er venene dykkar, og då er det betre fare enn ufare.» Rognvald svara: «Er so at du let vel yver denne ferdi, då må du anten vera mindre vyrk for mi sak enn eg hadde trutt, eller so må du sjå eitkvart som me ikkje kjem i hug. No vil eg gjerne at du skulde leggja råd for oss, og sjølv verta med når me fer næste gong.» Kol segjer: «Eg skal ikkje gå her og tala um at alt saman er vandelaust, og so halda meg sjølv vel undan. Men skal eg hjelpa deg med mine råd til å vinna heider, so kjem eg til å verta nøgjen på at de fylgjer rådi vel.» Rognvald svara: «Me vil gjerne fylgja dine råd.» Kol segjer: «Det fyrste rådet mitt er at du sender bod til kong Harald og dei andre venene dine, at dei hjelper deg med folk og med skip til ei vesterferd tidleg no næste vår; me sjølve fær draga til oss all den hermakt me kann få i vinter, og so fær me gjera ferdi andre venda soleis, at me anten vinn Orknøyane eller vert liggjande der.» Rognvald segjer: «Eg ætlar meg ikkje til å fara mange slike ferder som denne me no hev fare; eg tenkjer dei fleste som var med, hev same hugen i det stykket.»


66. SVEIN BRJOSTREIP VERT DREPEN.

Pål jarl fór til Orknøyane etter han hadde teke skipi hans Rognvald jarl. Han kunde rosa seg av ein stor siger då; og han heldt eit stort gjestebod etterpå, og baud til seg stormennene sine. I det gjestebodet avgjorde dei at dei skulde halda ein vite på Fredarøy. Den skulde dei setja eld på, var so dei fekk sjå nokon her koma frå Hjaltland. Ein annan vite var på Rinansøy, og på fleire øyar til var det vitar, so dei kunde sjå det yver alle øyane, i fall nokon ufred nærma seg. Dei sette menn til å stemna folk til våpen. Torstein Håvardsson, Gunneson, skulde ha Rinansøy, Magnus bror hans Sandøy, Kuge skulde ha Vesterøy, og Sigurd på Vestnes Rolvsøy. Olav Rolvsson fór til Dungalsbø på Katanes og skulde ha styringi der. Valtjov son hans budde ved dette bilet på Strjonsøy. Pål jarl gav venene sine gåvor, og dei lova honom alle fullkomen venskap. Han hadde mykje folk hjå seg um hausten til dess han spurde at Rognvald og dei var farne frå Hjaltland. Deretter var det tidend-laust på øyane radt til fram imot jol. Men med joli heldt Pål jarl eit stort gjestebod. Han hadde butt det til på den garden sin som heitte Orfjara. Dit baud han mange gjæve menn. Valtjov Olavsson var boden dit. Dei drog av stad ti i lag i ein ti-æring, og dei tyntest alle saman på Vestfjorden jolaftan. Dette tykte folk var ei stor tidend; for Valtjov var mykje til dugande mann. Olav far hans sat med ein stor mannfjølde på Katanes. Sønene hans, Svein og Gunne, var der, likeins òg sønene hans Grim or Svinøy, Åsbjørn og Margad. Tri næter fyre jol hadde Svein Olavsson rott på fiske, og Åsbjørn og Margad i lag med honom. Dei fylgde honom jamt, og var nokre framifrå duglege karar. Åsleiv husfrøya og Gunne son hennar var farne til gjestebods hjå nokre vener eit lite stykke ifrå. Natti etter dei var burt farne kom Olve Rosta til Dungalsbø med den flokken som hadde fylgt honom i viking um sumaren. Han kom uvarande på Olav og kringsette garden. Dei sette eld på husi med det same og brende Olav inne sjølv sette; hine som var inne, let dei få koma ut. Dei tok all lausøyren som var der, og med so gjort fór dei burt. Svein, som sidan vart kalla Åsleivarson, kom heim jolaftan. Han fór nordetter yver Petlandsfjorden med det same. Midnættes bil kom han til Grim, far åt Åsbjørn og Margad. Grim steig til skips med deim og førde Svein og felagane hans til Knarrarstad på Skalpeid. Arnkjell heitte mannen som budde der, og sønene hans heitte Hånev og Sigurd. Grim og sønene hans snudde her, og Svein gav Grim eit fingergull. Brørne Hånev og Sigurd fylgde so Svein til Orfjara. Der vart han vel fagna; nokre av deim som var der, fylgde honom til Øyvind Melbrigdeson, frenden hans. Øyvind leidde Svein fram for Pål jarl, og jarlen fagna honom vel, og frette etter tidender. Svein fortalde at far hans var drepen, og korleis det hadde bore til. Jarlen let ille yver dette, og sagde det var mykje hans skuld at det hadde hendt. Han baud Svein å få vera hjå seg, og lova at han skulde syna honom stor ære. Svein takka jarlen fint for tilbodet, og sagde at han vilde taka imot det. Deretter gjekk dei til aftansong. Der var store hus på garden. Dei stod i eit hall-lende, og attanfor husi var ei brekke. Når dei kom fram på leitet, hadde dei Aurridafjord nedunder seg. Ute i Aurridafjord ligg Damisøy. Der på øyi var ein kastal, og ein mann som heitte Blaan, son åt Torstein på Flydrenes, heldt vakt der. I Orfjara var ein stor drykkjeskåle, med dør på søre langveggen nær den øystre tverveggen. Utanfor skåledøri stod ei storgjæv kyrkje, og det halla nedetter frå skålen til kyrkja. Når dei kom inn i skålen, var det ei svær helle på vinstre handi, og innanfor stod ølkjer både mange og store. Gjegnt imot utdøri var stova. Då dei kom ifrå aftansongen, vart mennene skipa til sætes. Jarlen let Svein Åsleivarson sitja næmast seg innar frå, men utar frå jarlen sat Svein Brjostreip næmast, og so Jon, frenden hans Svein Brjostreip. Då bordi var burthavde, kom dei mennene som bar bod um at Valtjov Olavsson var drukna. Då bad jarlen at ingen skulde segja det med Svein Åsleivarson i joli; Svein hadde nok å syta yver med det som var, sagde han. Um kvelden, då dei hadde drukke, gjekk jarlen og dei fleste og lagde seg. Men Svein Brjostreip gjekk ut, og sat ute soleis som han var van med. Um natti stod folk upp og lydde messe, og etter høgmessa gjekk dei til bords. Øyvind Melbrigdeson var den som stod mest fyre veitsla, saman med jarlen, og han sette seg ikkje til bords. Skutelsveinar og kjertesveinar stod fyre bordet åt jarlen, og Øyvind skjenkte dei tvo namnane kvar sin bikar. Då tykte Svein Brjostreip at Øyvind skjenkte høgre i hans bikar, men tok bikaren att ifrå Svein Åsleivarson fyrr han hadde drukke tomt. Då sagde han at Svein Åsleivarson drakk som ein luring. Det hadde lenge vore fått med Svein Brjostreip og so Olav Rolvsson, og likeins med dei tvo namnane etter Svein Åsleivarson hadde vorte vaksen. Dei drakk no ei stund til, og so gjekk dei til nonsmesse. Då dei kom inn att, vart det mælt fyre minneskåler,[60] og dei drakk av horn. Då vilde Svein Brjostreip byta horn med namnen sin, han tykte han hadde eit slikt lite horn. Øyvind nøytte seg og stakk eit stort horn burt i handi på Svein Åsleivarson, og det baud han namnen sin. Då vart Svein Brjostreip harm, og han mulla framfyre seg, so at nokre menn, og millom deim jarlen, høyrde det: «Svein mun Sveins bane verta, Svein skal Sveins bane verta.» Men dette vart slege burt i veret, og so drakk dei alt fram til aftansong. Då jarlen gjekk ut, gjekk Svein Åsleivarson fyre honom, men Svein Brjostreip sat att og drakk. Med det same dei kom fram i ølstova, kom Øyvind etter deim og fekk tala i einmæle med Svein. «Høyrde du kva namnen din mælte då du baud honom hornet?» spurde han. «Nei,» svara Svein. Øyvind hermde då ordi, og sagde at dette måtte hin-mannen ha sagt til honom um natti; «eg trur han tenkjer på å drepa deg, men no skal du vera snøggare, og drepa honom.» Øivind gav Svein ei øks, og bad honom stå der i skuggen attmed hella. Han sagde at han skulde hogga Svein Brjostreip framanfrå dersom Jon gjekk fyre honom. Men dersom Jon gjekk etter, skulde han hogga namnen sin attanfrå. Jarlen gjekk til kyrkja, og ingen gav gaum etter Øyvind og Svein Åsleivarson. Men Svein Brjostreip og Jon gjekk ut eit lite bil etter jarlen. Svein Brjostreip hadde eit sverd i handi, for han bar jamt sverd, um so andre var våpenlause. Jon gjekk fyre. Det lyste utan frå utdøri, men veret var tungt. Då Svein Brjostreip kom ut imot utdøri, hogg Svein Åsleivarson til honom framanfrå i panna. Han raga av hogget, men fall ikkje. Då han håtta seg, fekk han sjå ein mann stå i døri, og trudde det var han som hadde såra honom. Han drog sverdet og hogg hin i hovudet, og kløyvde honom ned til herdane. Det var Jon frenden sin som han hogg, og dei fall der båe. Øyvind kom då til og leidde Svein Åsleivarson inn i den stova som var gjegnt imot utdøri, og der drog dei honom ut gjenom eit skjåvindauga. Utanfor der stod Magnus Øyvindsson med ein ridehest ferdig. Han fylgde Svein burt, attum garden og so ned til Aurridafjord. Der tok dei seg eit skip, og Magnus førde Svein ut til Damisøy og fekk honom inn i kastalen der; Blån fylgde honom nord til Egilsøy morgonen etter, til biskop Vilhjelm. Biskopen var til messe då dei kom. Då messa var til endes, vart Svein førd i løynd fram til biskopen, og Svein fortalde honom tidendene, at far hans og Valtjov hadde late livet, og at Svein Brjostreip og Jon var drepne; og han bad biskopen um hjelp. Biskopen takka honom for di han hadde drepe Svein Brjostreip; det var ei land-reinsing, sagde han. Biskopen let Svein vera der um joli. Men etter jol sende han honom til Tyrvist på Suderøyane, til ein mann som heitte Holdbode og var son åt Hunde. Han var ein stor hovding der, og han tok sers vel imot Svein. Svein vart verande der um vinteren og var vel vyrd hjå alle.


67. SVEIN VERT LYST UTLÆG.

Litt etter Svein Brjostreip og Jon hadde vorte banehoggne heime i Orfjara, kom folk springande til ifrå kyrkja. Svein vart boren inn i hus, for han var ikkje livlaus enno, endå han ikkje visste til seg. Han andast um natti. Då let jarlen mennene skipa til sætes, og vilde verta vis med kven som hadde valda dråpi. Svein Åsleivarson vart sakna. Dei tykte dei skyna då at det var han som var drapsmannen. Men då kom Øyvind til og mælte: «Folk kann då sjå at det er Svein Brjostreip som hev teke livet av Jon.» Jarlen sagde at ingen skulde blåsa eit hår av hovudet på Svein; Svein hadde ikkje gjort dette for inkje, sagde han. «Men dersom han rømer undan og ikkje vil møta for meg, so gagnar han seg ille,» sagde jarlen. Folk trudde helst at Svein hadde fare til Papuli til Håkon Kall, bror åt den heilage Magnus jarl; han var ein stor hovding, klok og hovsam. Jarlen spurde ingen ting til Svein den vinteren. Då let han lysa Svein utlæg. Då det tok til å vårast, drog han rundt ikring på Nordøyane og kravde inn landskyldi si. Han gjorde seg mykje til vens med stormennene då, og gav gåvor nær sagt til alle sidor. Jarlen kom òg til Strjonsøy; der gav han Torkjell Flette den garden som Valtjov Olavsson hadde ått, for at han skulde verta vis med kvar Svein var avkomen. Torkjell mælte: «Dei segjer for eit gamalt ord, at mange er kongens øyro. Men det ordet sannar seg ikkje her. Endå um du er jarl, so tykkjer eg det er underlegt at ikkje du hev fenge høyrt nokon ting um Svein. Eg visste det straks, at biskop Vilhjelm hadde sendt honom til Suderøyane til Holdbode Hundeson; der hev han vore i vinter.» Jarlen sagde: «Kva skal eg gjera med biskopen, som hev bore seg soleis åt?» Torkjell svara: «Det er best at du ikkje gjev honom sak for dette, soleis som det ligg til no. Du kjem til å trenga um alle venene dine, dersom Rognvald og dei kjem austantil att.» Jarlen sagde at dette var sant. Pål jarl fór so ifrå Strjonsøy til Rinansøy, og tok veitsle hjå Ragna husfrue og Torstein son hennar. Ragna var ei klok kone. Ho og sonen hadde ein annan gard på Papøy. Der var jarlen i tri næter, av di han ikkje fekk bør til Kuge på Vesterøy. Jarlen og Ragna talast ved um mangt. Ho sagde at det var liten skade for jarlen med Svein Brjostreip, um han so hadde vore ein urædd kar; — «det fylgde so mykje uvensæld med honom. Mitt råd vøre det, for den vanden skuld som trugar Dykk, at De skulde vinna Dykk so mange vener som råd var, og ikkje liggja etter å reisa saker. Eg vilde at De ikkje skulde gjeva biskop Vilhjelm sak, og ikkje dei andre frendane hans Svein Åsleivarson heller. Det var betre um du let vreiden din mot biskopen fara, og attpå sende bod til Suderøyane etter Svein og tilgav honom, og let honom få att eignene sine, og so fekk honom til å verta deg ein like trugen mann som faren. Dei gjævaste menn hev lenge havt for skikk å gjera mykje til å vinna seg. vener, og få seg studnad og vensæld soleis.» Jarlen svara: «Ei klok kone er du, Ragna, men du hev ikkje fenge jarlsnamn på Orknøyane enno; det er ikkje du som skal ha landsstyringi her. Hev du høyrt på eindøme.[61] Eg skulde gjeva Svein gåvor til å verta forlikt med honom! og so tru at slikt skulde gjeva meg sigeren!» Han skapte seg reint harm yver dette, og so sagde han: «Gud fær skifta millom meg og Rognvald jarl frenden min; han fær lata det gå med oss som kvar hev gjort seg fortent til. Er det so at eg hev misgjort imot Rognvald, so er det tidi no til å umgjelda for det. Men er so at han vil taka på riket mitt, so tykkjer eg den er beste venen min som hjelper meg til å berga det. Eg hev aldri set Rognvald, og ikkje hev eg gjort honom noko uskil det eg veit; kvar mann veit at det som frendane mine hev late gjera, det hev ikkje eg havt nokon lut i.» Mange svara at det var stort uskil når nokon vilde søkja på honom og slåst um riket med honom; og ingen mælte imot. Då det tok til å lida på våren, let Pål jarl halda i stand vitar på Fredarøy og på Rinansøy og på mest alle øyane, so at dei kunde sjå frå den eine til den andre. Ein mann heitte Dagfinn Lodveson, ein hæv mann; han hadde gard på Fredarøy. Han skulde gjæta den viten som var der, og kveikja eld på dersom han fekk sjå nokon her koma frå Hjaltland. Rognvald jarl sat heime på Agder um vinteren, på gardane som han og faren åtte. Han sende bod til frendane og venene sine, og sume fann han, og bad at dei vilde hjelpa honom til vesterferdi med folk og skip. Dei fleste lova vel um det som han trong. Men i gjømånaden[62] sende Kol tvo hyrdingar or landet; den eine sende han vest til England til å kjøpa vister[63] og våpen, og med hin siglde Solmund sud til Danmark til å kjøpa slikt der som Kol sagde fyre; for han styrde no med heile fyrebuingi deira. Det var tanken at desse hyrdingane skulde vera attkomne til påske, og so skulde dei ferda seg til etter påskevika. Rognvald og Kol hadde kvar sitt langskip, og Solmund hadde det tridje. Dei hadde ein viste-byrding[64] attåt. Då dei kom til Bjørgvin, var kong Harald der, han gav Rognvald eit fullskipa langskip. Jon Fot hadde og eit langskip. Det sette hadde Aslak, son åt Erlend or Hernar. Han var dotterson hans Steigar-Tore. Han med hadde ein viste-byrding. Dei hadde seks storskip, fem skutor, og tre byrdingar. Medan dei låg og venta på bør i Hernar, kom det eit skip vestantil. Dei fekk då spurt tidender ifrå Orknøyane, og likeins kva tilbunad Pål jarl hadde til å taka imot, um Rognvald kom vestetter.


68. RÅDET HANS KOL.

Rognvald jarl let blåsa til husting medan dei låg i Hernar. Der tala han um tilbunaden hans Pål jarl, og likeins um kor stor uvenskap orknøyingane synte honom sjølv med di dei vilde forhalda honom frendearven hans, som Noregs-kongane hadde gjeve honom med retto. Han tala langt og ordhagt, og sagde at han ætla seg til å fara til Orknøyane på den måten at han anten vann øyane eller miste livet. Herfolket let vel til tala hans, og lova honom traust fylgje. Då stod Kol upp og sagde: «Me hev spurt um orknøyingane, at dei vil bjoda motstand imot deg alle mann der, og hjelpa Pål jarl til å forhalda deg riket. Seint kjem dei til å leggja ned denne uvenskapen som dei hev samla imot deg, frende. No er det mitt råd, at me skal søkja dit etter hjelp som det er rikeleg hjelp å få, so mykje at han må unna deg riket som eig det med retto; det er den heilage Magnus jarl, morbror din. Eg vil at du skal kalla på honom, at han må unna deg det som er frendeleivdi di og arv etter honom; og du skal lova å lata gjera ei steinkyrkje i Kyrkjevåg på Orknøyane som det ikkje skal finnast maken til der i landet, når du fær riket; og den skal du lata Magnus jarl den heilage få, frenden din. Og du skal leggja fe til der, so mykje denne kyrkja kann koma til makt, og heilagdomen hans verta flutt dit og bispestolen med.» Dette tykte alle var eit godt råd, og det vart gjort fast lovnad um dette. Deretter siglde dei til havs, og dei fekk god bør og kom til Hjaltland. Der vart dei fegne på båe sidor. Hjeltane kunde fortelja deim mykje frå Orknøyane, og dei vart verande der eit bil.


69. KOL OG UNE.

Det var eitt sinn at Kol kom og tala med Une som me hev fortalt um fyrr. Une var alt noko til års komen den gongen han kom til Kol, etter han hadde vore med og fenge Brynjolv av dage. Då spør Kol: «Kva råd vil du gjeva, Une, so me kann få gjort ende på den viten på Fredarøy, og få stelt det so at ikkje nokon av dei andre vitane vert kveikt? Eg spør deg um dette, for eg veit at du er klokare enn dei fleste andre som er her, endå um her kann vera dei som stend høgre i ære enn du.» Une svara: «Eg hev ikkje noko her å segja, og ingen vil gjera herlaup etter mine råd. Difor vil eg heller gjera det sjølv, um eg sidan skulde koma på noko.» Litt seinare let Kol bu til mange småe skip, og sette leidi imot Orknøyane. Det var ikkje andre hovdingar med på den ferdi enn Kol sjølv. Då dei kom so langt at dei trudde folk kunde sjå deim ifrå Fredarøy, let Kol draga segli upp på alle skipi; men han sette menn til å hamla, so at skipi skulde gå aulende seint endå vinden var med. Og han let ikkje setja segli høgre enn midt upp i mastri, og sidan let han deim dragast høgre upp etterkvart. Kol sagde at då vilde det sjå meir ut på Fredarøy som skipi nærma seg; — «det kann henda at dei kveikjer eld på viten då, og sjølve fer til Pål jarl og fortel honom det.» No fekk Dagfinn på Fredarøy sjå siglingi, og han kveikte eld på viten og fór sjølv av stad til jarlen. Og då dei fekk sjå viten på Fredarøy, let Torstein Ragneson setja eld på viten på Rinansøy. Deretter vart den eine viten kveikt etter den andre yver alle øyane, og alle bøndene samla seg hjå jarlen. Det vart eit herlaup so det var store ting. Men so snart Kol såg at viten brann, bad han mennene sine fara tilbake att. Han sagde at det kunde vel henda at det var dei som vart usamtykte for dette. Kol fór attende til Hjaltland, og sagde at no fekk Une taka til med det han hadde tenkt på. Une bad um å få med seg tri hjaltlendske menn. So tok dei seg ein seksæring, og hadde med seg noko matfang og veidetarvende. Dei fór til Fredarøy. Der sagde Une at han var nordmann; men han hadde vorte gift på Hjaltland, sagde han, og hadde fenge sønene sine der. Mennene åt Rognvald jarl hadde rana hjå honom, sagde han, og han let ovleg ille yver deim. Han fekk seg husvist[65] der på Fredarøy, og so rodde sønene hans fiske, men han sjølv var heime og såg til det dei hadde havt med seg. Han kom seg i røde med dei mennene som hadde mest å segja på Fredarøy og vart kjend med deim, og dei lika honom godt.


70. ORKNØYINGANE GJER HERLAUP.

So snart Dagfinn hadde brent viten, hadde han fare til Pål jarl, som me alt hev sagt. Dit kom alle stormennene åt jarlen. Dei heldt no njosnarar ute til å vakta på kvar Rognvald jarl og dei fór; og dei tykte det var underlegt at fiendeheren ikkje synte seg nokon stad. Like vel heldt dei heren sin samla i tri dagar. Då tok bøndene til å murra ille. Dei sagde at det var stor uvitingskap å brenna vitane for di um dei såg nokre fiskarar som fór med båtane sine. Og so skjelte dei på Torstein Ragneson, at det var gale av honom at han hadde kveikt viten på Rinansøy. Torstein svara at han kunde ikkje anna gjera enn setja eld på viten, når han såg at viten på Fredarøy brann. Det var Dagfinn som var skuld i dette, sagde han. Dagfinn svara: «Det kjem mykje oftare ilt yver folk ifrå deg, enn ifrå meg; det må du òg vita.» Torstein bad honom tegja, og ljop upp med ei øks og gav honom banehogg. Då ljop folk til våpen, og flokkane rauk i hop. Det var på Rossøy dette hende, ikkje langt ifrå Kyrkjevåg. Sigurd av Vestnes og sønene hans, Håkon Pik og Brynjolv, hjelpte Lodve, far hans Dagfinn; og frendane hans Torstein hjelpte honom. Det vart sagt med jarlen at dei slost, og han kom til. Men det varde lenge fyrr han kunde få skilt deim. Då heldt Kuge frå Vesterøy ei lang tale og sagde: «De må ikkje gjera jarlen denne skammi, at de sjølve slæst dykk imillom; for det vert ikkje lenge fyrr de kjem til å trenga um alt det folk de hev. Lat oss akta oss so me ikkje vert uføre eller uforlikte til då. Dette hev gjenge nett etter det som uvenene våre hev vilja og tenkt; dei hev gjort oss ei prette so dei skulde få øydelagt vitane. Men no kann me venta deim kvar dag, at dei kjem. Dagfinn hev ikkje gjort dette av illvilje, han hev berre vore noko meir brå enn han skulde.» Kuge tenkte seg korleis det hadde bore til alt saman, og tala mange vislege ord. Det vart då so at båe flokkane vilde jarlen skulde gjera semje. Deretter tok dei den rådi å brjota samlingi, og fór heim att. Ein mann som heitte Eirik vart sett til å halda vakt med viten på Fredarøy. Men då Une hadde vore eit lite bil der på øyi, kom han til Eirik og sagde: «Vil du at eg skal halda vakt med viten, sidan eg ikkje hev noko anna å gjera? eg kann likso godt sitja der gjerandslaus.» Dette tok Eirik imot. Men aldri so snart var der ingen annan til stades, so bar Une vatn på viten, og fekk honom so våt at det ikkje feste eld i honom nokon stad.


71. VITANE PÅ ORKNØYANE VERT UNYTE.

Rognvald jarl og rådgjevarane hans avtala at dei skulde bia til dess det vart austanver og so straum hin vegen på ei tid; for då er det snaudt farande millom Vesterøy og Rossøy, men dei kann sigla frå Hjaltland til Vesterøy med austanver; det vilde Rognvald og dei gjera seg gagn av. Dei kom ein fredagskveld til Hamn i Vesterøy, til ein Helge som budde der. Ingen vite vart kveikt; for då dei på Fredarøy såg segli, budde Eirik seg til å fara til Pål jarl, og sende ein mann til å setja eld på viten. Men då han kom upp til viten, var Une burte. Og då han vilde til å kveikja eld på, var viten so våt at han ikkje kunde få elden til å fata. Då Eirik fekk høyra dette, tyktest han skyna korleis det hadde gjenge til. Han fór då til Pål jarl og sagde med honom korleis det var. Då Rognvald jarl var komen til Vesterøy, flokka øyskjeggjane seg saman. Kuge og Helge var fyregangsmennene deira. Men det fyrste råd dei tok, var å beda jarlen um grid. Og det lykta soleis med deim, at vesterøyingane gav seg under Rognvald jarl og svor honom eidar.


72. ROGNVALD VINN ORKNØYANE.

Um sundagen lydde Rognvald jarl messe der i torpet,[66] og dei stod ute med kyrkja. Då såg dei at det kom gangande sekstan mann, som var våpenlause og snaudklypte. Jarlsmennene tykte dei var underleg budde, og rødde um kven det kunde vera. Jarlen kvad då ei vise:

Sekstan kvinnfolk såg eg
saman ganga i senn;
topp dei bar i ennet,[67]
men gamle var dei ikkje.
Vitnemål det bar me
at vester her er møyan’
kollute dei fleste; —
kald ligg opne øy.

Etter helgi for mennene åt Rognvald jarl yver dei næmaste bygdene, og alle gav seg under jarlen. Men ei natt hende det på Vesterøy at jarlsmennene fekk ei njosn um at øy-buane heldt løynting og lagde upp svikråd imot Rognvald jarl. Då jarlen fekk vita dette, stod han upp og fór til tinget. Men då hadde alt jarlsmennene dengt upp ein heil hop med øyskjeggjar, og teke Kuge bonde og sett honom i jarn. Dei sagde at han hadde vore upphavsmann til denne rådi. Då Rognvald jarl kom til tinget, fall Kuge honom til fotar og baud heile si sak i Guds og hans vald. Han hadde vorte førd til tinget mot sin vilje, sagde han, av di alle bøndene vilde at han skulde vera hovudsmannen deira i dette.[68] Kuge var ordhag til å tala saki si, og mange andre studde honom i det han sagde og sanna med honom. Då kvad jarlen dette:

Med lekkjor kring leggjene
ligg du der, Kuge;
kann ingen-stad koma,
din kveldferd-huga kall.
Hav aldri natt-ting,
bryt ikkje eidar,
men haldt semjor;
prettor ei hepnast.

Jarlen gav alle grid der; og so gjorde dei fast samlag på nytt.


73. ROGNVALD JARL OG PÅL.

På den tid då Rognvald jarl kom til Orknøyane og mange gjekk under hans vald, var Pål på Rossøy, og han heldt ting og hadde rådleggjingar der med mennene sine. Jarlen bad um råd, korleis han skulde fara åt i denne vanden; men mennene hans svara ymist. Sume gav det råd at han skulde byta landet med Rognvald jarl; men dei fleste både stormenn og bønder vilde kjøpa Rognvald burt med fe, og baud si hjelp til det; sume talde til at dei skulde halda slag; dei hadde havt lukka med seg i våpenskifte fyrr, sagde dei. Rognvald jarl hadde havt njosnarar på tinget; då njosnarane kom att, spurde han kva dei hadde høyrt. Ein som hadde vore der, og som var skald, svara jarlen med ei vise. «Uvenene våre hev dult kva ilt dei hadde i hugen,» sagde han. «Men eg høyrer den kvitten frå bøndene på tinget, mektuge herre, at mange ynskte at du skulde rida stamnhesten på havet, og so skulde Pål råda på land.» Etter dette sende Rognvald jarl menn til biskopen, og bad honom mekla. Biskopen sende bod etter Torstein Ragneson og Torstein Håvardsson or Sandøy, og bad deim freista få til sætt millom frendane. Biskopen kom aaleis at det vart sett grid i ein halv månad til å tinga um lengre fred. Øyane vart då skifte millom deim, so dei skulde ha uppheldet sitt av kvar sin lut denne stundi. Rognvald jarl fór no til Rossøy, og Pål jarl fór til Rolvsøy. I denne tidi hende det at frendane hans Svein Åsleivarson: Jon Veng frå Uppland på Håøy og Rikard frå Brekkor på Strjonsøy, fór imot Torkjell Flette; dei kom til den garden som Valtjov hadde ått, og brende Torkjell inne sjølv niande. Deretter fór dei til Rognvald jarl. Dei gjorde honom det vilkåret at anten skulde han taka imot deim, eller so vilde dei fara med frendeflokken sin til Pål jarl. Jarlen viste deim ikkje ifrå seg. Då Havlide Torkjellsson spurde dette, og fekk vita at far hans var innebrend, drog han til Pål jarl; og Pål jarl tok imot honom. Etter dette gjekk Jon og frendane hans Rognvald jarl til handa. Rognvald vart no snøgt mannsterk der på øyane, og vensæl; han gav Jon og Solmund og Aslak og mange andre av fylgjesmennene sine løyve til å fara heim att. Dei vilde bia og sjå korleis det gjekk. Men Rognvald jarl sagde: «Eg trur, at dersom Gud vil at eg skal få eit rike på Orknøyane, so gjev han og den heilage Magnus jarl, frenden min, meg styrke til å halda fast på det, um so de fer heim att til eigedomane dykkar.» Deretter fór dei heim til Noreg.


74. SVEIN TEK PÅL JARL TIL FANGE.

Tidleg um våren hadde Svein Åsleivarson fare frå Suderøyane og upp i Skottland; der vilde han finna venene sine. Han stogga lenge i Atjoklar hjå Maddad jarl og Margreta Håkonsdotter, og dei tala i løynd um mange ting. Der frette Svein um ufreden på Orknøyane, og då vart han huga på å fara dit og finna frendane sine. Han fór fyrst til Torså på Katanes, og i fylgje med honom drog ein gjæv mann som heitte Ljotolv. Svein hadde vore lenge hjå honom um våren. Dei kom til Ottar jarl i Torså, bror åt Frakokk. Der fekk Ljotolv til eit forlik millom Ottar og Svein for det som Frakokk hadde late gjera. Ottar jarl greidde ut bøter på si side og lova Svein venskapen sin. Svein lova Ottar jarl at han skulde hjelpa Erlend, son åt Harald den Slettmælte, med å få farsarven sin på Orknøyane når han vilde gjera krav på han. Svein bytte skip i Torså og fór derifrå med ein byrding. Um bord hadde han 30 mann. Han siglde med utnyrdingsvind[69] frå Torså yver Petlandsfjorden og vest um Rossøy, og so til Evjesund og innetter sundet til Rolvsøy. Ytst på Rolvsøy var ein stor hovde, og nedunder var ei svær urd. I urdi låg det ofte oter. Då Svein og dei kom roande innetter sundet, segjer han: «Det er folk der på hovden. Me vil leggja til og spyrja um nytt hjå deim. Men fyrst skal me stella litt på det her på skipet. Me skal taka upp sengjene våre; so skal tjuge mann gøyma seg i deim, medan ti ror. Me skal fara spakt fram.» Då dei kom innåt øyi, ropa dei karane som var uppå hovden til deim, at dei skulde ro inn til Vestnes og bjoda Pål jarl det som dei hadde på skipet sitt. Karane trudde det var kaupmenn dei tala med. Men Pål jarl hadde vore på Vestnes um natti, på veitsle hjå Sigurd. Um morgonen hadde han stade upp tidleg, og dei hadde fare tjuge mann sud på øyi og skulde veida oter i urdi under hovden. Dei ætla seg heim til dagdrykkja.[70] Byrdingsmennene rodde til land, og dei spurde kvarandre um slikt som folk plar røda um. Byrdingsmennene sagde kvar dei var komne ifrå. Dei spurde òg etter kvar jarlen var. Hine sagde at han var der i urdi. Dette høyrde Svein og dei andre som låg nedunder sengjene. Svein bad då at dei skulde leggja til ein stad som dei ikkje kunde sjå ifrå hovden. So sagde Svein at dei skulde væpna seg, og taka på jarlsmennene so snart som dei møtte deim. Og so gjorde dei. Dei drap nittan mann der; for Svein fall det seks. Pål jarl tok dei med makt og førde med seg ned på skipet. So skifte dei styreleid og fór attende same vegen som dei var komne, vestanfor Rossøy; dei styrde millom Håøy og Grimsøy, og deretter austanum Svelgen, og so til Breidefjord, og innetter Breidefjorden til Ekkjalsbakke. Der let Svein skipet og tjuge mann vera att; med hine fór han til dei kom til Atjoklar, til Maddad jarl og Margreta, syster hans Pål jarl. Der vart dei vel fagna, og Maddad jarl sette Pål jarl i høgsætet sitt. Då dei hadde sett seg ned, kom Margreta inn gangande med eit stort fylgje av kvinnor, og kysste bror sin. Deretter fekk dei menn inn til å halda gaman for seg. Pål jarl var heller alvorleg; og det kunde ikkje vera so underlegt, um han tenkte både det eine og det andre med seg sjølv. Det er ingen ting fortalt um kva Pål jarl og Svein hadde tala um tvo-eine på vegen til Atjoklar. Maddad jarl og Margreta og Svein Åsleivarson hadde ei samrøde for seg sjølv medan laget stod på. Men um kvelden etter drykkjeseta fylgde dei Svein og Pål jarl til éit senghus for seg; der vart dei læste inne, tvo-eine. Og soleis vart det gjort sidan kvar kveld medan dei var der.


75. SVEIN FER TIL ORKNØYANE.

Ein dag lyste Margreta ut at Svein Åsleivarson skulde fara til Orknøyane og finna Rognvald jarl; han skulde bjoda honom valet, anten han vilde ha Pål jarl med seg til medstyrar yver Orknøyane eller Harald, son åt Maddad og Margreta, — han var då tri år gamall. Men då Pål jarl fekk høyra dette, sagde han: «Eg tykkjer eg hev fare frå riket mitt på ein sovoren måte at folk ikkje kann ha spurt slik ferd fyrr; eg vil aldri koma til Orknøyane meir. Eg skynar at dette er ei hemn ifrå Gud for den tjuvnaden som far min gjorde. Men dersom Gud tykkjer at noko av det som han tok er mitt rike, so vil eg gjeva det til Harald, um han kunde få njota godt av det. Meg vil eg at de skal gjeva fe so mykje eg kann få sytt meg bustad i eitkvart klosteret, og so skal de ha vakt der, so eg ikkje skal kunna koma meg burt derifrå. Men du Svein skal fara til Orknøyane og segja at eg er blinda og endå meir skamfaren. For venene mine kjem til å leita etter meg dersom dei veit at eg er fullfør. Og det kunde henda at eg ikkje var god til å neitta å fara til riket mitt med deim; for eg trur dei vil tykkja det er større skade i at me skilst enn det er i røyndi.» Det er ikkje fortalt meir som jarlen skal ha sagt, enn dette. So fór Svein Åsleivarson til Orknøyane, og Pål jarl var att i Skottland. Dette er det som Svein fortalde um denne tilburden. Men sume segjer det som verre er; dei segjer at Margreta hev fenge Svein Åsleivarson til å blinda Pål jarl, bror sin, og setja honom i myrkestova; og sidan hev ho fenge ein annan mann til å taka livet av honom der. Me veit ikkje kva som er sannast. Men det veit alle, at Pål jarl kom aldri meir til Orknøyane, og ikkje hadde han noko rike i Skottland heller.


76. ROGNVALD JARL OG SVEIN ÅSLEIVARSON.

Frå Vestnes er å fortelja, at då det drog ut fyrr jarlen kom heim att, so sende Sigurd bonde menn av til å leita etter deim. Då mennene kom til urdi, fann dei deim som låg drepne. Dei tenkte då at jarlen òg laut vera fallen der. Dei fór heim att og fortalde denne tidendi. Sigurd drog av stad med det same og ransaka valen. Dei fann nittan jarlsmenn, og so seks menn som dei ikkje kjende. Etter dette sende Sigurd bod til Egilsøy til biskopen, og sagde honom denne tidendi. Biskopen reiste straks til Vestnes og fann Sigurd, og dei tala um det som hadde hendt. Sigurd gissa på at dette var meinråder av Rognvald jarl; men biskopen svara at det vilde nok syna seg at det ikkje var Rognvald jarl som hadde svike Pål jarl, frenden sin. «Eg trur det må vera andre som hev gjort dette uverket,» sagde biskopen. Borgar, son åt Jatvor Erlendsdotter, som budde på Geitaberg, hadde set byrdingen som kom sunnanfrå og fór sudetter att. Då det spurdest, trudde folk at det var Frakokk og Olve Rosta som hadde vore ute. Men då den tidendi frettest utyver øyane at Pål jarl var burte, og ingen visste kvar det hadde vorte av honom, rådførde dei seg kva dei no skulde gjera. Dei fleste fór til Rognvald jarl og svor honom lydnad. Men Sigurd på Vestnes og sønene hans, Brynjolv og Håkon Pik, sagde at dei vilde ikkje sverja nokon mann eidar, so lenge som dei ingen ting visste um Pål jarl, anten han kunde koma att eller ei. Det var fleire òg som neitta å sverja eidar til Rognvald jarl. Men sume sette ei tid eller ein dag då dei skulde gå til handa, dersom det ikkje spurdest noko til Pål jarl til då. Då Rognvald jarl såg at han fekk mange stormenn å eigast med, svara han ikkje tvert på noko av det som bøndene bad um. Og so gjekk det soleis eit bil, at han heldt ting tid for tid med bøndene, og på kvart ting gjekk det jamt nokre til handa. Ein dag hende det at Rognvald jarl hadde ting i Kyrkjevåg. Medan dei var på tinget, fekk dei sjå at tolv mann kom gangande væpna i vegen frå Skalpeid til tingstaden. Då mennene kom næmare tinget, kjende folk att Svein Åsleivarson millom komemennene. Folk var forvitne på kva tidender han hadde å segja. Svein hadde fare med skip sunnanfrå og til Skalpeid; der hadde han stige av skipet, og so hadde dei gjenge til Kyrkjevåg. Då dei kom inn på tinget, flokka frendane og venene hans seg ikring honom og spurde etter tidender. Men han svara ikkje stort, og bad at dei skulde kalla biskopen til. Biskopen fagna Svein vel, for det hadde vore venskap lenge millom deim. Dei tvo hadde ei samrøde for seg sjølv, og Svein fortalde då biskopen alt um ferdene sine, so som sant var, og bad honom um råd i denne vanden. Biskopen sagde: «Dette som du her segjer er store tidender, Svein, og me tvo åleine kann nok ikkje gjera utveg med dette. Eg vil at du skal bia på meg her, so skal eg tala saki di for ålmugen og for Rognvald jarl.» Deretter gjekk biskopen burt på tinget, og bad um ljod. Då han det fekk, tala han um saki hans Svein, og sagde kvifor Svein hadde fare frå Orknøyane, og kva straff Pål jarl hadde gjeve honom for di han drap eit slikt illmenne som Svein Brjostreip. Biskopen bad Rognvald jarl og heile ålmugen um grid for Svein. Då svarar Rognvald jarl: «Eg lovar Svein at han skal ha grid i tri jamdøger for meg. Men eg tykkjer eg ser det på deg, biskop, at du og Svein kunde fortelja sume stortidender som de ikkje hev bore upp enno. Eg vil at du skal taka Svein i ditt vald og stå til andsvar for honom; so vil eg tala med honom i morgon.» «Ja, ja,» sagde biskopen, «han vil gjerne tala med deg, og di fyrr di betre. Og din mann vil han verta, dersom du vil taka imot honom.» Jarlen svara: «Eg tykkjer ikkje at eg hev for mange vener just her i landet, men dette lyt me tala noko meir um like vel, fyrr eg segjer ja til det.» Sidan talast dei ved fire saman: Rognvald jarl, Kol far hans, biskopen, og Svein Åsleivarson. Svein fortalde då både ljuvt og leidt som hadde gjenge til millom honom og Pål jarl. Dei rådde seg til at dei skulde lata meste folket fara frå tinget. Morgonen etter stod so jarlen fram og gav folket løyve til å fara heim. Men då dei fleste var farne av tinget, kalla han ein og ein mann til seg og vilde tala med deim; i fyrevegen let han alle som kom lova Svein grid medan han fortalde. Morgonen deretter fekk dei Håkon Kall, bror åt den heilage Magnus jarl, til å segja med Sigurd på Vestnes og sønene hans korleis jarlen hadde fare, og at han ikkje var ventande til riket meir, og at dei hadde gjort honom vanfør. Sigurd segjer: «Ei stor tidend tykkjer eg dette er, at jarlen er faren burt; men mest ilt gjer det meg at dei hev gjort honom vanfør. For elles skulde han ikkje ha kome den staden at ikkje eg skulde ha fare etter honom.» Og Sigurd hev sagt sidan til venene sine, at Håkon skulde ikkje ha kome uskadd derifrå dersom han sjølv hadde havt folkemakt til å gjera honom noko då han fortalde denne soga; so hardt gjekk det innpå honom. Men etter dette gjekk alt folket på Orknøyane Rognvald jarl til handa, og han vart hovding åleine yver det riket som Pål jarl hadde havt. Ikkje lenge deretter vart grunnvollen utstukken til Magnuskyrkja, og dei fekk byggmeistrar til; og verket gjekk so snøgt fram det året at det gjekk mindre fram på fire eller fem år seinare. Kol var den som anna mest på med byggjingi og sagde mest fyre korleis det skulde vera. Men då det tok til å muna fram med byggverket, vart det kostnadsamt for jarlen, for det gjekk mykje fe til. Då rådførde jarlen seg med far sin. Kol rådde til at han skulde få brigda lovi um at jarlane tok all odel i arv etter bøndene, og ervingane so laut løysa han inn; det tykte dei var heller hardt. Rognvald jarl let då stemna til ting, og baud bøndene at dei skulde få kjøpa odelen ein gong for alle, so dei ikkje turvte løysa han inn for kvar gong. Dette vart dei samde um slik at alle var nøgde. Bøndene skulde betala jarlen ei mork av kvart plogsland på alle øyane. Frå då av skorta det ikkje på fe til kyrkjebyggjingi. Dette bygningsarbeidet er mykje fyre-seg-gjort.


77. HARALD MADDADSSON FÆR JARLSNAMN.

Då Rognvald jarl hadde rådt i tvo år på Orknøyane, heldt han joleveitsle på ein av gardane sine som heiter Knarrarstad. Sette dag jol hende det at dei fekk sjå eit skip koma sunnantil ifrå Petlandsfjorden. Veret var godt, og jarlen og mykje folk med honom stod ute og såg etter skipet. Millom deim var ein mann som heitte Rolv, han var hirdprest hjå jarlen. Då dei som kom nådde land, gjekk dei upp ifrå skipet. Jarls-mennene talde deim; dei fekk det til ein femtan, sekstan mann. Fremst i flokken gjekk ein mann i blå kåpe. Han hadde håret uppstroke under huva. Skjegget hadde han raka framme på haka, men kjakane var uraka, og kinnskjegget hekk sidt ned. Dei tykte denne mannen var noko underleg; men Rolv segjer at det var biskop Jon ovanfrå Atjoklar i Skottland. Då gjekk jarlen til mots med deim, og fagna biskopen vel. Jarlen sette biskopen i høgsætet sitt, og tente sjølv med bordet som ein skutelsvein. Morgonen etter heldt biskopen messe tidleg, og for deretter nord til Egilsøy til biskop Vilhjelm; der var han til tiande dag jol. Då drog båe biskopane sud til Rognvald jarl att i lag med eit vyrdelegt fylgje, og bar upp ærendi si. Dei fortalde at Svein Åsleivarson og Maddad jarl hadde gjort ei avtale um at Harald, son åt Maddad og Margreta, skulde fara ut til Orknøyane og fostrast upp hjå Rognvald jarl, på det vilkåret at Harald skulde bera jarlsnamn og ha helvti av Orknøyane i lag med Rognvald jarl; like vel skulde Rognvald jarl styra for deim båe; og um dei kom til å vilja kvar sitt når Harald vart vaksen, so skulde Rognvald jarl råda då òg. Svein var til stades, og han sanna dette med biskopen. Rognvald jarl gjorde avtale med deim um at dei skulde ha eit møte um dette um våren i langefasta på Katanes. Der vart dei samde på desse vilkåri, og dei beste mennene på Orknøyane og frå Skottland stadfeste semja med eidar. So fór Harald Maddadsson ut til Orknøyane i lag med Rognvald jarl, og dei gav honom jarlsnamn. Torbjørn Klerk fylgde òg med Harald jarl ut til øyane. Han var son åt Torstein Hold og Gudrun, dotter hennar Frakokk. Han var ein klok mann og mykje fyre seg. Han fostra Harald jarl på denne tid og rådde mykje for honom. Torbjørn gifte seg på Orknøyane, og fekk Ingegjerd Olavsdotter, syster hans Svein Åsleivarson. Sidan var Torbjørn stundom ute på Orknøyane og stundom uppe i Skottland. Han var ein overlag framtøk mann, men sers ill å koma til rettes med for det meste. Svein Åsleivarson tok under seg alle dei eignene som Olav far hans og Valtjov bror hans hadde ått. Han vart då ein stor hovding, og hadde jamleg fjølment ikring seg. Han var ein klok mann og framsynt i mange ting, rådriken og vyrdlaus. Det beid ikkje dei tvo menn vestanfor havet som folk tykte var mætare enn mågane Svein og Torbjørn. Det var kjær venskap millom deim på denne tid.


78. FRAKOKK VERT INNEBREND.

Det hende eitt sinn, at Svein Åsleivarson kom til Rognvald jarl og bad um at han skulde gjeva honom mannskap og skip, so mykje han kunde få taka hemn på Olve og Frakokk for di dei hadde brent inne Olav far hans. Jarlen sagde: «Trur du ikkje det, Svein, at me ikkje fær meir mein no av Olve og denne kjerringi Frakokk, som ikkje er før til nokon ting?» Svein svara: «Det kjem stødt ulukke ifrå deim so lenge dei liver. Og eg trudde ikkje det den gongen eg gjorde største varpet for deg, at du skulde koma til å neitta meg noko slikt.» Jarlen spør: «Kor mykje skal eg leggja til då, so du vert nøgd?» «Tvo skip, vel budde,» segjer Svein. Jarlen sagde at han skulde få det som han bad um. Deretter budde Svein seg til ferd. Då han var buen, siglde han sud til Breidefjord, og tok med utnyrdingen[71] til Duvøyrar; det er ein kaupstad i Skottland. Derifrå fór han innum Mærhøve og til Ekkjalsbakke, og derifrå til Atjoklar til Maddad jarl. Maddad jarl gav Svein vegvisarar, som visste leidi yver fjell og øydemarker der som han vilde fara. Frå Atjoklar fór han landvegen yver fjell og skogar ovanum alle bygder, og kom fram i Hjalmundal, på lag midt i Suderland. Olve og Frakokk hadde havt njosnarar ute på alle leider som dei tykte ufred kunde ventast ifrå Orknøyane; men på denne leidi hadde dei ikkje venta seg at det skulde koma noko herfolk. Dei vart ikkje vare med heren fyrr Svein og dei var komne ned i ei lid attanfor garden hennar Frakokk. Der kom Olve Rosta imot deim med seksti mann. Det bar i hop til bardage med det same, men det vart lite motstand frå Olve og flokken hans. Dei veik undan heim til bøen, for dei nådde ikkje åt skogen. Heime på garden vart det eit stort mannfall. Men Olve rende undan upp til Hjalmundalså og so upp til fjells; derifrå tok han vegen til Skottlandsfjorden og so ut til Suderøyane. Der med er han ute or denne soga. Men då Olve hadde rømt undan, fór Svein og dei heim til garden og rana alt der var. Deretter brende dei upp husi og alle som var inne. Der lét Frakokk livet sitt. Svein og mennene hans gjorde ein øgjen hernad der i Suderland fyrr dei fór attende til skipi sine. Deretter låg dei ute[72] heile sumaren og herja på Skottland. Um hausten kom Svein attende til Orknøyane og fann Rognvald jarl. Han tok vel imot Svein. Sidan drog Svein yver til Dungalsbø på Nes, og sat der um vinteren. Medan han var der, kom det ei ordsending frå Holdbode på Suderøyane, at Svein skulde koma og hjelpa honom; for det hadde kome ein stormann frå Bretland og drive Holdbode ifrå gardane hans og rana mykje fe. Mannen som Holdbode hadde sendt heitte Rodbjart, han var engelsk av ætt. Svein fór heimanfrå med det same han hadde fenge bodet. Han kom ut til Orknøyane, til Rognvald jarl, og bad um at Rognvald jarl vilde lata honom få folk og skip. Jarlen spurde kva Svein no vilde taka seg til. Han svara at det hadde kome bod ifrå den mannen som han sist av alle kunde segja nei til, og som hadde synt seg trugnast då han mest trong um det og dei fleste gjekk imot honom. Jarlen svara: «Vel vøre det um de skildest vener, men utrue er dei fleste suderøyingar. Men du fær no gjera det som sømelegt er for deg. Eg skal gjeva deg tvo skip fullskipa.» Dette var Svein vel nøgd med, og so fór han til Suderøyane. Han fann ikkje Holdbode fyrr han kom vest til Man, for Holdbode hadde rømt undan dit. Holdbode vart fegen då Svein kom. Den bretske hovdingen hadde gjort stor hernad med ran og manndråp både der på Man og vida utyver i Suderøyriket. Ein gjæv mann som heitte Andres hadde falle for honom. Han let etter seg ei kone som heitte Ingerid, og so ein son som heitte Sigmund. Ingerid husfru hadde mykje fe og store gardar. Holdbode gav Svein det råd at han skulde bela til henne. Men då det vart tala frampå um dette med henne, svara ho, at ho skulde gifta seg med Svein dersom han fyrst vilde hemna husbonden hennar. Svein svara at han kunde alltid gjera bretane nokon skade, men han kunde ikkje vita kven som var laga til å falla. Deretter fór Svein og Holdbode i hernad og hadde fem skip. Dei herja på Bretland, og gjorde landgang ein stad som heiter Jarlsnes, og fór med stort herverk der. Ein morgon gjekk dei upp til eit torp.[73] Dei fekk lite motstode der. Bøndene flydde or torpet, og Svein og fylgjesmennene hans rana alt der var og brende seks gardar fyrr dei åt til dugurds. Då var det med Svein ein islending som heitte Eirik; han kvad dette:

Bøar[74] er brende
og bønder rana;
so stelte Svein det
for seks ein morgon;
fullstort bål
brende han der,
og leiger burt kol
til leigekaren.

Etter dette fór dei til skipet sitt, og låg ute um sumaren og fekk mykje herfang. Men hovdingen rømde til ei øy som heiter Lundøy. Der var ein god verjestad. Svein og mennene hans kringsette staden eit bil, men fekk ikkje gjort noko. Um hausten fór dei heim til Man.


79. HERFERDENE ÅT SVEIN OG HOLDBODE.

Denne vinteren gjorde Svein brudlaup med Ingerid, og sat då med mykjen heider. Um våren drog han menn til seg, og kom til Holdbode og bad honom um folk. Men Holdbode drog seg undan, og lét um at mennene hans var i ymist slag arbeid, og sume på kaupferder; og Svein fekk ikkje nokor hjelp hjå honom. Men i røyndi var det soleis at hovdingen og Holdbode hadde gjort seg forlikte i løynd og hadde stadfest sambandet med gåvor. Svein drog av stad like vel; han hadde då berre tri skip, og det vart lite med fe han vann fyrstundes på sumaren. Men då det leid på, fór han sud under Irland, og der tok dei ein kugg[75] og rana, som munkane på Syllingane åtte. Svein herja og vida på Irland, og tok mykje fe der. Um hausten fór dei heim til Man. Då Svein Åsleivarson hadde sete heime ei liti stund, fekk han høyra den kvitten at Holdbode ikkje var å tru. Svein lest som han ikkje hadde høyrt noko. Men ei natt um våren hende det at vaktmennene hans Svein kom og sagde at det fór ufred imot deim. Svein og mennene hans sprang til våpen og ut. Dei såg då at det kom hermenn med eld imot garden, og at fiendane hadde mykje folk. Svein og mennene hans sprang upp på ein liten haug og varde seg derifrå. Dei hadde med seg ein lur, som dei blés i. Det var tett-bølt der ikring, og folk kom no til og hjelpte Svein, so at hine drog seg undan, som hadde gjort ålaupet. Svein og mennene hans sette etter og elte deim. Der fall mykje folk for deim som rende, og ei mengd vart særde på båe sidor fyrr dei skildest. Fyremannen for denne flokken var Holdbode; men han hadde kome seg undan med å renna. Han fór til han kom til Lundøy. Hovdingen der tok vel imot honom, og dei heldt seg i lag. Svein snudde heim att, og hadde no mykje folk ikring seg, og sterke vakthald; for han trudde suderøyingane ille. Då det leid på vinteren, selde han jordene sine for lausøyre; tidleg um våren fór han nord til Ljodhus. Han hadde gjort ein stor hernad på denne ferdi.


80. ROGNVALD JARL MEKLAR.

Medan Svein var på Suderøyane, hadde Rognvald jarl vore ei ferd til Katanes. Han tok veitsle i Vik hjå ein mann som heitte Roald. Son hans heitte Svein; det var ein framifrå hæv mann. Medan jarlen var i veitsla, kom Torbjørn Klerk med fylgjet sitt ovanfrå Skottland; han fortalde den tidendi at Torstein Hold, far hans, var drepen. Det var ein jarl som hadde drepe honom. Men folk rødde um kor ofte Rognvald jarl og Torbjørn tala saman då; jarlen ansa mest ikkje på dei sakene han skulde avgjera for det dei tvo tala um. Torbjørn fylgde med jarlen ifrå Katanes og ut til øyane. Svein Roaldsson vart skutelsveinen hans. Torbjørn hadde då vore ei tid i Skottland. Han hadde late drepa tvo menn som hadde vore med Svein Åsleivarson og brent Frakokk inne. Men då Svein kom ifrå Suderøyane um sumaren, fór han heim til garden sin på Gåreksøy, og møtte ikkje fram hjå Rognvald jarl, soleis som han var van til når han kom or hernad. Då jarlen frette at han var komen, spurde han Torbjørn kva han meinte var grunnen til at Svein ikkje vilde møta honom. Torbjørn svara: «Eg spår at Svein er tykkjen på meg for di eg let drepa dei mennene som hadde vore med honom og brent inne Frakokk.» Jarlen sagde: «Eg vil ikkje at de tvo skal vera uforlikte.» Deretter drog Rognvald jarl til Gåreksøy og vilde få skipa semje imillom deim; og det var lett å få til; for båe såg gjerne at jarlen mekla. So gjorde han deim forlikte denne gongen, og denne semja heldt lenge.


81. SKJEMTORDI HANS ROGNVALD JARL.

På denne tid kom det eit islendsk skip til Orknøyane. Um bord på det var ein mann som heitte Hall, son åt Torarin Breidmage. Han for til Rinansøy og fekk seg husvist hjå Torstein og Ragna. Men han treivst ikkje der, og han bad Torstein um at han vilde føra honom til Rognvald jarl. Dei fór til jarlen, men han vilde ikkje taka imot Hall. Då dei kom heim att, spurde Ragna korleis det hadde gjenge. Hall kvad då ei vise:

Eg sende son din, Ragna,
te’ søkja hirdvist for meg;
han gjord’ si ærend vel nok,
det spyrst hjå folk utyver.
Men han som rår med ære,
hodd-tynaren,[76] han sagdest
ha nok av gjævar’ menn,
og nei fekk gilde karen.

Litevetta seinare drog Ragna til Rognvald jarl, med di ho gjorde seg ei ærend dit. Ho var soleis klædd at ho hadde eit raudt gaddan[77] på hovudet; det var gjort av hestehår. Då Rognvald fekk sjå det, kvad han:

Hovud-duk på hovudet
plar alle kvinnfolk hava,
det hev eg alltid høyrt, —
det vil eg beint-ut segja.
Men no bind her ei kone
rundt kring nakken på seg
merra-tagl til prydnad
og bræser seg med det.

Ragna svara: «Her gjeng det som dei segjer for eit gamalt ord, at fåe er so kloke at dei ser alt soleis som det er. For dette er av ein hest og ikkje av ei merr.» So tok ho ein silkeduk og batt kring hovudet, men tala ærendi si like radt heile tidi. Jarlen svara henne heller tvert fyrstundes; men han blidkast i ordi etter som det leid, og ho fekk det som ho vilde, og fekk vist for Hall. Han var lenge sidan hjå Rognvald jarl. Dei tvo isaman dikta den gamle Håttalykelen; i den let dei det vera fem visor for kvart versemål. Men då tykte folk kvædet vart altfor langt, og no kved dei det med tvo visor i kvart versemål.[78]


82. SVEIN ÅSLEIVARSON, TORBJØRN KLERK OG MARGAD.

Det vert fortalt at Svein Åsleivarson frette at Holdbode var komen att til Suderøyane. Då bad Svein Rognvald jarl um at han vilde gjeva honom hjelp so han kunde få hemna seg. Jarlen gav honom fem skip. Det eine styrde Torbjørn Klerk, det andre Havlide, son åt Torkjell Flette, det tridje Duvnjal, son åt Håvard Gunneson, det fjorde Rikard Torleivarson; det femte styrde Svein Åsleivarson sjølv. Men so snart Holdbode spurde til Svein, flydde han burt ifrå Suderøyane. Svein og dei drap mykje folk der på Suderøyane, og rana vida og brende. Dei fekk mykje fe, men Holdbode nådde dei ikkje i, og han kom aldri til Suderøyane sidan. Svein vilde vera på Suderøyane um vinteren; men Torbjørn og hine vilde heim, og det vart so at um hausten fór dei nord til Katanes, og kom til Dungalsbø. Då dei skulde skifta herfanget sitt, sagde Svein at dei skulde ha like mykje alle saman, so nær som at han skulde ha hovdingluten; for han var den som hadde vore hovudsmann, sagde han, og jarlen hadde gjeve honom hine til hjelp for seg. Han var òg den einaste som hadde havt saker med suderøyingane, let han; hine hadde ikkje havt. Men Torbjørn tykte ikkje at han på nokon måte hadde vore minder med um å vinna herfanget, og ikkje at han hadde vore minder hovudsmann enn Svein. Han og hine vilde at alle skipsstyresmennene skulde ha jamstor lut. Men det vart som Svein vilde, for han var mykje mannsterkare der på neset. Torbjørn fór ut til Orknøyane og fann Rognvald jarl, og fortalde korleis det hadde gjenge millom Svein og fylgjesmennene hans; dei lika ille at han hadde rana deira lut ifrå deim. Jarlen sagde at dette vart nok ikkje einaste gongen dei fekk merka at Svein ikkje var so god å ha med å gjera. «Men det kjem no ein gong til å gå soleis at han fær bøta for ranglætet sitt,» sagde han. «Men de skal ikkje kivast um dette. Eg skal gjeva dykk likso mykje av mitt eige gods att i staden, som det de no ikkje fær hjå honom. Eg vil ikkje at de skal krevja honom heller for dette; det vøre vel um det ikkje kom større ulukkor ifrå honom.» Torbjørn svara: «Gud takke Dykk, herre, for den æra som De gjer på oss. Me skal ikkje kivast med Svein um dette. Men aldri meir skal eg vera venen hans, og eikor svivyrding skal eg få gjort honom for dette.» Og etter dette sagde Torbjørn seg skild ifrå Ingegjerd, syster hans Svein, og sende henne yver til Nes til Svein. Han tok vel imot henne; men han tykte det var ei stor svivyrding for honom. Det var no full fiendskap millom deim; og det vart som dei segjer for eit gamalt ord: villbeist held seg helst ifrå kvarandre.

Medan Svein var på Suderøyane, hadde han havt Margad Grimsson til å styra fyre seg på Dungalsbø; og han hadde late honom få den sysla som han hadde i len av Rognvald jarl. Men Margad var trættekjær og eglesam, og vart ille lika for ujamnaden sin. Dei som mest vart ute fyre urettvisa hans, rømde til Roald og heldt seg hjå honom. Av det vart det uvenskap millom Roald og Margad. Straks etter Svein var heimkomen, drog Margad sud til Vik sjølv tjugande og skulde utretta nokre ærender. Fyrr han fór nordetter att, fall han yver Roald bonde heime på garden hans og drap honom og nokre menn til. Sidan fór dei til Dungalsbø og fann Svein. Då samla Svein folk og fór til Lambaborg, og laga seg til å vera der; der var eit godt varstøde. Han sat der med seksti mann, og henta til seg matvaror og anna tarvende som dei trong um å ha. Borgi stod utpå nokre hamrar ut imot sjøen, og ovanfor var ein steinmur, godt bygd. På hin kanten var det berg langsmed sjøen lang veg. Dei fór med mykje uspekt på Katanes medan dei sat der på borgi, rana og førde heim til borgi, og vart ovleg u-vensæle.


83. LAMBABORG KRINGSETT. SVEIN KJEM SEG UNDAN.

Desse tidendene kom Rognvald jarl og Svein Roaldsson for øyra. Svein bad jarlen um hjelp, so mykje han kunde få retten sin i denne saki. Mange studde uppunder den bøni med Svein. Det vart då til at Rognvald fór yver til Nes, og desse hovdingane med honom: Torbjørn, Havlide Torkjellsson, Duvnjal Håvardsson; dei var dei verste til å telja til ilt imot Svein. Dei drog til Dungalsbø, men då var Svein burte. Dei fekk vita at han var i Lambaborg, og fór dit. Då dei kom til borgi, spør Svein kven som var hovudsmann for heren. Han fekk til svar at det var Rognvald jarl. Svein spurde jarlen kva ærend han kom i. Jarlen svara at han vilde Svein skulde gjeva Margad i deira vald. Svein spurde um han skulde få grid. Jarlen svara at det vilde han ikkje lova. Då mælte Svein: «Ikkje nenner eg å gjeva Margad i hendene på Svein Roaldsson og dei andre uvenene mine som er med Dykk. Men eg vilde gjerne vera forlikt med Dykk, herre.» Då sagde Torbjørn Klerk: «Høyr kva den drottinsvikaren segjer! han vilde gjerne vera forlikt, men landet åt herren sin hev han fare yver med ran og lege ute som ein tjuv. Du løner jarlen ille for mang ei ære som han hev gjort deg, nett som du gjer imot alle når du berre kann koma til.» Svein svara: «Ikkje tarv du, Torbjørn, tala so mange ord her; for det vert ikkje fare etter det som du segjer. Men mitt hugbod er at du kjem til å løna jarlen verst for den æra han hev gjort deg, fyrr de skilst. Det er ingen som fær gagn av å ha noko med deg å gjera.» Då sagde Rognvald at dei skulde ikkje stå og kasta spitord etter einannan. Deretter lagde dei seg ikring borgi og meinka alle tilførslor. Soleis gjekk det ei lang tid, men noko åtak kunde dei ikkje koma til med. Då kosten tok til å trjota for deim i borgi, kalla Svein saman mennene sine og spurde deim til råds. Alle mælte med ein munn, at dei vilde stå under hans forsyn so lenge som det var råd. Då tok Svein til ords og sagde: «Det skamlegaste av alt tykkjer eg vilde vera å fyrst liggja her og svelta, og sidan gjeva seg i hendene på uvenene sine. Det hev gjenge her so som ventande var, at det skortar oss både på vit og på lukke til å mæla oss med Rognvald jarl. Eg hev freista få skipa sætt og grid, men for Margad, felagen min, hev eg ikkje fenge anten eitt eller hitt. Derimot veit eg at for oss andre er det råd til å få grid. Men eg nenner ikkje å senda honom fram under øksi. Men um ikkje eg veit råd til å skiljast ifrå honom denne gongen, so er det ikkje rett for det at so mange skal umgjelda for den uvenskapen som han er komen upp i.» Etter dette tok Svein det råd å knyta i hop alle dei tog som dei hadde for hand. Og um natti heisa borgmennene Svein og Margad ovan or borgi og ned til sjøen. Og so lagde dei på sum og sumde frammed bergi til dess hamrane traut. Då steig dei på land, og fór upp i Suderland, og so til Mærhøve, og derifrå til Duvøyrar. Der fann dei nokre orknøyingar på ein byrding. Hallvard heitte han som var hovudsmann; ein annan heitte Torkjell. Dei var ti til saman. Svein og Margad kom seg um bord hjå deim, og so fór dei tolv saman på byrdingen sud langsmed Skottland, til dess dei kom til Måøyane. Der var det eit munkeliv då. Baldvin heitte abbeten som stod fyre det. Der låg Svein og mennene hans verfaste i sju næter; dei sagde at dei var sendemenn til skottekongen ifrå Rognvald jarl. Munkane mistrudde det dei sagde og tenkte det kunde vera ransmenn, og sende bod inn til land etter folk. Då Svein og mennene hans vart vare med det, gjekk dei um bord, men rana fyrst klostret for mykje fe. Dei drog burt, og innetter Myrkefjorden. I Edinborg møtte dei David skottekonge. Han tok vel imot Svein, og baud deim å få vera hjå seg. Svein sagde til kongen alt saman ifrå fyrst til sist, korleis det hadde seg at han kom dit, og korleis det hadde gjenge til millom Rognvald jarl og honom fyrr dei skildest, og likeins at dei hadde rana på Måøyane. Svein og dei var eit bil hjå skottekongen og vart vel medfarne. Kong David sende menn til dei folki som hadde mist fe for Svein då han drog framum. Han let deim sjølve verdsetja skaden sin, og bøtte av sitt eige fe til kvar for det som han hadde mist. Kong David tilbaud Svein at dei skulde henta kona hans dit ifrå Orknøyane, og at han skulde få slik heider i Skottland at han skulde kunna vera vel nøgd med det. Svein bar då ynskjet sitt fram for kongen; han sagde at han vilde Margad skulde vera att hjå kongen, men kongen skulde senda bod til Rognvald jarl, at han måtte taka imot semje med Svein. Svein vilde leggja heile saki si i Rognvald jarls hand, sagde han. Han vilde jamt tykkja det var vel når dei tvo var forlikte, men ille naar dei var uforlikte. Kong David svara: «Denne jarlen må vera ein gjæv mann, og du ansar no ikkje på noko anna enn honom og det som hans er heller: her vågar du alt på truskapen hans, og lét gå ifrå deg det som eg byd deg!» Svein svara at han ynskte han aldri måtte missa kongens venskap; men like vel vilde han beda kongen um å gjera dette, sagde han. Kongen lova då at han skulde gjera det. Kong David sende menn nord til Orknøyane med gåvor, og med den ordsending at jarlen måtte taka imot sætt med Svein. Svein fór då òg nord til øyane, men Margad var att hjå kongen. Sendemennene frå kong David fór til dei råka Rognvald jarl. Han tok vel imot deim; han tok òg vel imot dei gåvone som kongen sende honom, og lova sætt. Sidan lét han Svein få fred og full venskap. Svein fór deretter heim til gardane sine.


84. VALTJOV JARL FELL.

Då Svein og Margad hadde kome seg burt or Lambaborg, tok dei som var att i borgi det råd å gjeva staden i Rognvald jarls vald. Jarlen spurde kva som var det siste dei visste um Svein og Margad; dei sagde det som det var. Då jarlen høyrde det, sagde han: «Sant å segja finst det ikkje Sveins make millom deim som me hev rådvelde yver her. Slike bragder er både drengjelege og hardfengne. Og ikkje vil eg gjera meg til niding på dykk, for di um de hev vasa dykk upp i denne naudi i lag med Svein. Kvar ein av dykk skal fara i fred for meg!» Jarlen sjølv fór heim til Orknøyane ifrå Lambaborg; men han sende Torbjørn Klerk med fyrti mann på eit skip sud til Breidefjorden til å leita etter Svein. Dei fekk ikkje spurt noko til honom. Då segjer Torbjørn til mennene sine, at det var underlegt av deim å fara soleis —: «her fer me og rek etter Svein framleides, endå me hev spurt at Valtjov jarl, farsbanen min, ikkje er langt her ifrå med eit lite fylgje. Dersom de vil fara imot honom med meg, so skal eg lova dykk at eg ikkje skal fara åt som Svein og taka luten dykkar ifrå dykk, er so det vert noko herfang å få; det féet som me fær, skal de ha; de kann etla til meg nett so mykje som de vil. For eg tykkjer frægd er betre enn fe.» Deretter drog dei dit som Valtjov jarl var på veitsle; dei kringsette huset fyrr hine vardest, og bar eld til med det same. Valtjov og mennene hans sprang til døri, og spurde kven det var som sette eld på. Torbjørn sagde kven han var. Valtjov baud bøter for dråpet på Torstein; men Torbjørn sagde at han turvte ikkje beda um sætt. Valtjov og menne hans varde seg vel eit bil. Men då elden vart for hard for deim, sprang dei ut, og då var det ikkje lenge dei greidde seg; for dei var ille utmødde av elden. Der fall Valtjov jarl og tretti mann med honom. Torbjørn og dei fekk mykje fe, og Torbjørn heldt drengjeleg dei lovnader som han hadde gjeve mennene sine. Deretter fór dei ut til Orknøyane til Rognvald jarl, og han lét vel yver det dei hadde gjort. No var det kyrt på øyane og god fred.

På denne tid budde det ein mann på Vigr på Orknøyane som heitte Kolbein Ruga. Han var ovleg storlåten. Han let gjera ei sterk steinborg der på Vigr; i den hadde han eit traust varstøde. Kolbein var gift med Herbjørg, syster hans Håkon Barn. Mor åt Herbjørg og Håkon var Herborg Pålsdotter. Borni åt Kolbein og kona hans var Kolbein Kall, Bjarne skald. Sumarlide, Aslak, Frida. Det var folk med storfolk-gjerd alle saman.


85. EINDRIDE UNGE. JORSALAFERD.

På denne tid rådde sønene åt Harald Gille i Noreg. Øystein var eldst av deim, men Inge var ektefødd, og lendmennene vyrde honom mest. Han let deim råda i alt soleis som dei vilde. Dei lendmennene som hadde mest å segja hjå honom ved dette bilet, var Ogmund og Erling, sønene hans Kyrpinga-Orm. Dei lagde yver med kong Inge at han skulde senda bod til Rognvald jarl og beda honom heim til Noreg, og stella det soleis at det vart ei ære for jarlen. Dei sagde som sant var, at jarlen hadde vore ein god ven med far åt kong Inge; og dei bad Inge at han skulde koma seg i so god venskap med jarlen som han kunde, so mykje jarlen skulde verta meir til vens med honom enn med brørne hans, kva som no kunde koma på imillom deim; — jarlen var i skyld til brørne og sers god ven med deim alle saman. Då denne bodsendingi kom til Rognvald jarl, var han viljug med det same og budde seg til å fara. For han var fus etter å fara til Noreg og finna frendane og venene sine. Harald jarl bad um å få vera med på ferdi; for både var han forviten, og so tykte han gildt um å fara. Han var nittan år gamall den gongen. Då jarlane var reiduge, tok dei far austetter med kaupmenn, og hadde eit sømelegt ferdafylgje med seg. Dei kom til Noreg tidleg på våren. Dei møtte kong Inge i Bjørgvin. Kong Inge tok framifrå vel imot deim. Rognvald fann mange av venene og frendane sine der, og han drygde der heller lenge um sumaren. Same sumaren kom Eindride Unge heim ifrå Myklegard. Han hadde vore lenge i teneste der hjå keisaren. Han kunde segja mange tidender derifrå, og folk tykte gaman i å spyrja nytt hjå honom utan or heimen. Jarlen tala ofte med honom. Eitt sinn som dei talast ved, sagde Eindride: «Det synest meg underlegt, jarl, at ikkje du vil fara ut til Jorsalaheim, og ikkje nøgja deg med å berre høyra på det som folk kann fortelja der utanifrå. Nettupp slike som du, som duger til noko, er det som skal fara. Du fær meir vyrdnad når du kjem i lag med tigne menn,[79] enn du fær elles.» Då Eindride hadde sagt dette, var det mange andre som sagde det same og eggja len til at han skulde verta hovding på ei slik ferd. Erling talde mykje til, og sagde at han vilde vera med dersom jarlen vilde verta fyremann. Og sidan so gjæve menn fyste til, lova jarlen at han skulde fara. Då jarlen og Erling hadde vorte samde um dette, var det mange gjæve menn som vilde vera med på ferdi. Av lendmenn vilde desse vera med: Eindride Unge, han skulde segja vegen, Jon Petersson, Aslak Erlendsson, Guttorm Mjolekoll frå Hålogaland. Det vart avtala at ingen av deim skulde ha større skip enn på tretti rom, andre enn jarlen; og ingen skulde ha stas-skip, andre enn han. Soleis skulde dei gjera, so mykje ikkje den eine skulde ovunda den andre for at han hadde butt folket eller skipet sitt betre til enn hin. Jon Fot skulde byggja utferdsskipet åt jarlen og gjera seg fyre med det det beste han kunde. Um hausten fór Rognvald jarl vestetter heim att; han ætla seg då til å sitja tvo vintrar i riket sitt. Kong Inge gav jarlen tvo langskip, heller småe, men ovleg vakre, og mest laga til å ro med. Dei var utifrå snøgg-gjengde. Rognvald gav Harald jarl det eine skipet. Det heitte Fiva; hitt heitte Hjelp. Med desse skipi siglde jarlane vest um havet. Rognvald jarl hadde fenge storgåvor hjå hine venene sine òg. Det var ein tysdagskveld dei sette til havs. Um natti siglde dei med framifrå god bør. Onsdagen var det stor storm, og natti etter vart dei vare med land. Då var det stumende myrkt. Dei såg grunnbrot på alle leider ikring seg. Til då hadde skipi halde lag. No var det ikkje onnor råd enn å sigla båe skipi til brots, og det gjorde dei. Det var urd der som dei rende på og eit lite forlende,[80] og hamrar ovanfyre. Alle mann berga seg, men dei miste mykje fe. Sumt rak upp um natti. Rognvald jarl bar seg umfram vel då han berga seg, som han jamt gjorde. Han var so lystig at han spela seg med fingrane og sagde vers mesta for kvart ord. Han drog ein ring av fingeren og kvad ei vise:

Ringen, som hamaren bøygde,
held eg i handi,
og visa mi kved.
Den gullprydde møy,
ho gjorde meg glad,
so det spelar i fingran’.

Då dei hadde bore upp det som dei fekk berga, fór dei inn yver landet og skulde leita etter folk; for dei tyktest vita at det var til Hjaltland dei var komne. Dei fann snart nokre gardar, og so bytte dei mennene på gardane. Folki der vart fegne for jarlen då han kom. Dei spurde korleis han hadde havt det på ferdi. Han kvad ei vise:

I bylgje-brotet tyntest
båe, Hjelp og Fiva.
Båra baud karar skade
og våt-ver kvinnor sut.
Eg tenkjer ferdi dei fræge
jarlan’ gjorde, vil minnast;
men flokken som fylgde
fekk vås for visst.

Husfrua kom med ei skinnfeldkappe til jarlen. Han rette fram hendene og tok imot kappa læande, og kvad:

Skrukkut skinnfeld fer eg i,
stasen er ikkje stor.
Bylgja gjeng djup og diger —
på botnen ligg kappone våre.
Når stig me skaplegar’ klædde
frå det skum-drivne skipet att?
Brimet rak mastre-hesten
beinast mot hamran’ på strandi.

So vart det gjort upp store eldar for deim, og dei sette seg og baka seg attmed eldane. Åse heitte ei heimekone der. Ho gjekk ut etter vatn, og eit anna kvinnfolk gjekk med henne. Då dei kom ut der som dei skulde taka vatn, stupte Åse på hovudet i brunnen i snøfoket. Hi sprang heim. Ho var reint forfrosi og stod og hukra då ho kom inn, og skalv i målet når ho skulde tala, so folk skyna ikkje kva ho sagde. Jarlen sagde at han skyna tungemålet hennar:

De kosar dykk, men Åse,
ata-tata, ligg i vatnet.
Hutu-tutu, kvar skal eg sitja
med elden? Hau, kor eg frys!

Jarlen sende tolv av mennene sine til Einar i Gullberuvik. Men han lést med at han vilde ikkje taka imot deim utan jarlen sjølv kom. Då Rognvald jarl spurde det, kvad han:

Einar vil ikkje hysa
ein av Rognvalds drengjer,
utan deim jarlen fylgjer —
eit vers skal vitna um det.
Eg veit han brukte brå-ord
og var ’kje blid mot karom;
men eg gjekk inn der seint
um kvelden eldane brann.

Jarlen vart verande heller lenge på Hjaltland; men lenger ut på hausten drog han sud til Orknøyane, og sat no i riket sitt. Den hausten kom det tvo islendske menn til honom. Den eine heitte Årmod, han var skald, og hin heitte Odde den Litle Glumsson; han var frå Breidefjorden; han òg var dugande til å dikta. Jarlen tok imot deim båe og gjorde deim til hirdmenn. Han hadde eit stort jolegjestebod, og baud folk til seg og gav deim gåvor. Til Årmod skald rette han fram eit gullslege spjot, og riste det og bad Årmod dikta ei vise for det. Årmod kvad:

Den herlege høvding,
som heren fører,
lét ikkje andre
løna skalden;
heimjords-trygdaren,
budlungen[81] hæve,
gav Armod i gåve
eit gullslege sverd.

Det var ein dag i joli at karane såg um tjeldi sine. Då sagde jarlen til Odde den Litle: «Tak og gjer ei vise um det som den mannen held på med, han som balar med tjeldet der; og ver ferdig med visa di til dess eg hev sagt fram mi vise; hav ikkje noko ord i di vise heller som eg hev i mi!» Jarlen kvad:

Den aldruge stridsmann
som stend utpå tjeldet
let Svolnes slirvond[82]
slenga frå oksli.
Den skeivføtte karen,
stig ikkje lenger,
kor harm han so vert
på ein hogg-fus fiend.

Odde kvad:

Brand-alven[83] stend
med sverdet og luter
ved døri til tjeldet,
vil hogga ein hermann.
Fårleg er verja hans
for folk; di er tid
at karane semjest
fyrr skade er vorten.

Jarlen hadde òg biskop Vilhjelm i gjestebod hjå seg i joli, og mange av hovdingane sine. Då lyste han ut rådgjerdi si, at han ætla seg til å fara frå landet og ut til Jorsalaheim. Han bad biskopen fylgja med. Biskopen hadde fenge klerke-lærdom i Paris, og jarlen vilde endeleg at han skulde vera tolken deira. Biskopen lova å fara. Desse mennene rådde seg til å fara med Rognvald jarl: Magnus, son åt Håvard Gunneson, og Svein Roaldsson — dei var skipsstyresmenn båe. Av mindre menn vart desse med, og hev vorte namngjevne: Torgeir Savakoll, Odde den Litle, Torbjørn Svarte og Årmod, — dei var skaldar hjå jarlen. Dertil desse: Torkjell Krokauga og Grimkjell av Glettenes, og Bjarne, son åt Torstein frå Flydrenes. Då dei tvo vintrane var lidne som dei skulde ha å bu seg på, for Rognvald jarl tidleg um våren frå Orknøyane og aust til Noreg, og vilde sjå kor langt det leid med fyrebuingane åt lendmennene. Då jarlen kom til Bjørgvin, var alt Erling Skakke der, og likeins Jon Fot, mågen åt jarlen. Aslak var òg komen, og Guttorm kom litevetta seinare. Det skipet som Jon hadde late gjera for jarlen, låg òg der med bryggjone. Det var på fem og tretti rom, og arbeidet var framifrå vel fyre seg gjort; skipet var tilbutt og gull-lagt alle vegner: alle ennespæner og vervitar[84] var gull-lagde, og rikt prydt var skipet elles òg. Det var ein framifrå eignalut i sitt slag. Eindride kom ofte til byen um sumaren, og sagde stødt at han skulde verta ferdig vika etter. Men herfolket lét ille for at dei laut bia so lenge på honom. Sume vilde at dei ikkje skulde bia på han, og sagde at det hadde folk fare slike ferder fyrr um ikkje Eindride hadde vore med. Ei stund seinare kom Eindride til byen og sagde at no var han ferdig; og han bad jarlen sigla so snart han tykte det såg ut til god bør. Då det so kom ein dag som dei tykte det var god siglevind, stemnde dei ut frå byen og heisa segl. Vinden var heller spak. Jarls-skipet gjekk seint, for det turvte sterk bør. Dei andre hovdingane hevla på siglingi, og vilde ikkje sigla undan jarlen. Då dei kom ut um øyane, tok veret til å verta kvassare. Det vart so kvast, at dei laut minka segli på dei smærre skipi; men då tok jarls-skipet til å gå snøgt. Ved dette bilet såg dei tvo store skip koma siglande etter seg; og dei tvo skipi nådde deim snart att og siglde framum deim. Det eine var ovende drusteleg bygt; det var ein drake. Båe hovudi, og buktene på drakehalsen i bakstamnen, var staseleg prydde med gull. Skipet var ljosmåla um bogen og elles måla alle vegner yver vatnet der som det tyktest vera noko pryd i det. Jarlsmennene tala um at dette måtte vera Eindride; — «ringt hev han halde det som var avtala, at ingen skulde ha stas-skip andre enn De, herre.» Jarlen svara: «Det er mykje til storlæte med Eindride. Det er rimelegt at ikkje han vil vera vår jamlike, slike småmenne som me er imot honom. Men det er no ikkje so godt å vita anten lukka fer fyre honom eller fylgjer etter honom. Me skal ikkje skapa oss etter ovlætet hans.» Eindride siglde snøgt undan deim, fram til det andre store skipet. Men jarlen siglde saman med skipi sine, og det gjekk vel for deim. Dei kom til Orknøyane um hausten heile og haldne. Der rådde dei seg til at dei skulde sitja um vinteren. Sume budde på eigen kostnad, sume var hjå bøndene, og mange var hjå jarlen. Det var mykje styr på øyane den vinteren; austmenn og orknøyingar vart uvener um handel og kvinnfolk, og mange ting kom til. Jarlen hadde stor vande med å skifta rett millom deim, for båe partane tykte dei hadde alt godt å takka honom for, men òg alt godt å venta av honom. Um Eindiride og dei er å segja at dei kom til Hjaltland, og der braut han det gode skipet sitt i flis og miste mykje gods. Men det minste skipet berga seg. Eindride var på Hjaltland um vinteren, og sende menn aust til Noreg som skulde lata gjera eit utferdsskip for honom. Ein mann heitte Arne Spytelegg, av skipsmannskapet hans Eindride. Han for sud til Orknøyane um vinteren; dei var ti i fylgje. Arne var ein stor rådriking, men ein raust mann. Han og fylgjesmennene hans sat på eigen kostnad på ei øy um vinteren. Arne kjøpte malt og slaktefe hjå ein av leiglendingane hans Svein Åsleivarson. Men då leiglendingen kom og vilde ha betaling for feet, drog Arne på det. Andre venda som han kom og kravde, fekk han kaute ord for pengar, og fyrr dei skildest, gav Arne honom eit hogg med øksehamaren, og sagde: «No kann du fara og segja dette til den sværingen som du trugar med stødt; lat honom syta for retten din; du tarv ikkje umaka deg meir.» Bonden for og sagde dette til Svein og bad at han måtte syta forrett åt honom. Svein svara lite, og létst som han ikkje kunde lova nokon ting um det. Ein dag um våren hende det at Svein var ute og kravde inn landskyldi si. Dei var fire mann i ein åttæring. Leidi deira låg frammed den øyi som Arne og felagane hans budde på. Svein rødde um at dei skulde leggja til. Det var stor fjøre. Svein gjekk upp åleine, og hadde ei handøks i handi. Han bad deim sjå til med skipet so mykje det ikkje fjøra uppe. Arne og felagane hans budde i ei skjemme[85] eit lite stykke upp ifrå sjøen. Fem mann, millom deim Arne, var der inne. Dei helsa på Svein. Han helsa att, og tok til å røda med Arne um at han laut greida fyre seg hjå bonden hans. Arne svara at der var god tid til det. Svein bad Arne gjera det for hans ord skuld, at han greidde fyre seg. Arne svara at han vilde ikkje gjera noko for den skuld. Svein sagde då at han skulde ikkje beda lenge um det heller. Og med det same sette han øksi i hovudet på Arne, so ho stod i upp til hamaren. Då laut han sleppa øksi. Han sprang ut. Sume av fylgjesmennene åt Arne tok seg av honom, men sume sette etter Svein ned på leira. Soleis kappsprang dei langsmed fjøra, og ein av deim som sprang etter var skjotare enn hine, og han kom so nær innpå Svein at dei kunde nå einannan. Det låg nokre store tarekvastar nedpå leira i fjøra. Svein treiv upp ein av kvastane og kilte i andlitet på den som var næmast, med all leira på. Mannen greip upp i andlitet med båe hendene og turka leira or augo. Men Svein sprang undan til skipet sitt, og for heim til Gåreksøy til garden sin. Litevetta seinare drog han yver til Nes og skulde greida nokre ærender der. Han sende bod til Rognvald jarl, at han skulde få honom forlikt for dråpet på Arne Spytelegg. So snart dette bodet kom til jarlen, stemnde han til seg alle ettermålsmennene for dråpet på Arne, og samdest med deim soleis at dei vart nøgde, og han sjølv greidde ut bøtene. Mykje onnor uspekt som dei gjorde um vinteren, både austmenn og orknøyingar, bøtte jarlen med sitt eige fe. For dei kom ovleg ille til rettes. Tidleg um våren stemnde jarlen til eit fjølment ting på Rossøy. Dit kom alle dei hovdingar som var i riket hans. Då lyste han ut for deim at han ætla seg til å fara ut or landet til Jorsalaheim. Han sagde at han vilde gjeva riket sitt i hendene på Harald jarl Maddadsson, frenden sin. Og han bad um at alle vilde fylgja honom som mannslegast, kva han so kunde verta nøydd til å krevja av deim medan Rognvald var burte. Harald jarl var då ikring tjuge år gamall. Han var ein stor og sterk mann, ljot, men hadde godt vit, og emna seg bra til hovding, tykte folk. Torbjørn Klerk stod mest fyre landsstyringi med honom, fyrst Rognvald jarl var faren ifrå Orknøyane.


86. UTFERD.

Rognvald jarl budde seg um sumaren til å fara frå Orknøyane. Han vart heller seint ferdig, av di dei laut bia lenge på Eindride; for skipet hans kom ikkje austan frå Noreg, — det som han hadde lata gjera um vinteren. Men då dei var ferdige, stemnde dei ut frå Orknøyane med 15 storskip. Desse var skipsstyresmenn: Rognvald jarl, biskop Vilhjelm, Erling Skakke, Aslak Erlendsson, Guttorm Mjolekoll, Magnus Håvardsson, Svein Roaldsson, Eindride Unge, Jon Petersson, og 5 som ikkje er nemnde på namn. Dei siglde frå Orknøyane og sud til Skottland, og so til England. Då dei siglde frammed Nordhumberland, kvad Armod ei vise:

Havet båra hardsett
med Humber, der me beitte.
Mastri lutte, landet
lågna med Veslu-sandar.
Ikkje driv i augo
alda, faksa skumkvit,
— drengen rid turr av tinget —
på deim som no sit heime.

Dei siglde derifrå sud langs med England, og so til Valland. Det er ikkje fortalt noko frå ferdene deira fyrr dei kom til ei sjø-borg som heiter Narbon. Der fekk dei høyra at den jarlen som hadde rådt for byen, hadde andast. Han heitte Germanus. Han lét etter seg ei dotter, ung og frid, som heitte Ermingjerd. Ho varveitte då faderleivdi si med råd ifrå dei gjævaste mennene, frendane sine. Dei gav dronningi det rådet, at ho skulde bjoda jarlen til seg til ei vyrdeleg veitsle; ho vilde verta fræg av det, sagde dei, at ho fagna vel slike gjæve menn som var komne so langfarande, og endå kunde bera frægdi hennar langt. Dronningi bad deim greida med dette. Då dei hadde fenge pålegg um det, sende dei bod til jarlen og let segja, at dronningi baud honom inn til veitsle med so stort fylgje som han sjølv vilde koma med. Jarlen tok imot med takk. Han valde ut alle dei likaste i flokken sin til å vera med på denne ferdi. Då dei kom til veitsla, vart dei fagna på det beste, og ingen ting vart spard som kunde vera til større ære for jarlen enn han hadde fyrr. Ein dag medan jarlen sat i veitsla kom dronningi inn i halli, og mange kvinnor med henne. Ho hadde eit staup av gull i handi; ho var klædd i dei beste klæde, og hadde laust hår som møyar plar hava, og hadde lagt eit gull-lad[86] um ennet.[87] Ho skjenkte for jarlen, og møyane leika for deim. Jarlen tok handi hennar med det same han tok skåli, og sette henne på fanget, og dei tala mangt um dagen. Då kvad jarlen ei vise:

Visst gjer din vokster deg,
kloke viv,
vænar’ enn dei fleste
fager-hærde møyar.
Ljos-arma viv,
lokkan’ dine fell
gule som silke. — Eg rjoda
ilken[88] åt gråduge ørn.

Jarlen dvalde heller lenge der, i framifrå fagnad. Bymennene fyste honom til at han skulde slå seg i ro der. Dei tala mykje frampå um at dei vilde gifta dronningi med honom. Jarlen svara at han vilde gjera den ferdi han hadde ætla seg til. Men han lova at han skulde koma der att når han for attende; og då skulde han og dronningi gjera slik rådgjerd som dei hadde hug til. Etter det gjorde jarlen seg reidug til å fara frå denne staden med fylgjet sitt. Då dei siglde vest um Trasnes, hadde dei god bør. Dei sat og drakk då og var reint umfram lystige. Då kvad jarlen ei vise:

Ordi åt Ermingjerd minnest
itre[89] drengen lenge.
Vivet bed oss rida
rånheim-vegen[90] til Jordan.
Men når unnhest-ridaran’[91]
kjem av havet att sunnan
til hausten, då pløgjer me
kval-landet heim til Narbon.

Dette kvad Årmod:

Aldri kjem eg no meir
til å finna Ermingjerd,
utan det var so laga, —
mangein ber lengt til henne.
Sæl um eg fekk sova
ein svevn hjå henne,
det var audsynte lukka;
allfagert enne[92] hev møyi.

Odde den Litle kvad ei vise:

Traudt er me, det eg ventar,
verde å Ermingjerd få.
Ho kann heita, det veit eg,
konge bland fruone høge.
For henne seg sømer
ein hævare lut.
Live ho sæl
und’ solar-tjeldet.

Dei for til dei kom vest til Galisialand, um vinteren fyre jol. Der ætla dei seg til å sitja yver joli. Og dei bad landsfolket um at dei vilde setja torg for deim, so mykje dei kunde få gjera matkaupi sine. Men det er eit ilt matland der, og landsfolket tykte det fall tungt å føda ein so stor her. Men i landet sat det ein hovding som var framand der, og som for fram med mykje valdsferd imot landsfolket. Han herja hjå deim, når dei ikkje vilde gjera alt han bad um, og trælka deim hardt. Då jarlen bad landsfolket um matkaup, gjorde dei honom det vilkåret at dei skulde halda torg for honom fram til fasta, men då skulde han hjelpa deim av med borgmennene på eikor vis. Rognvald skulde få alt det feet som dei kom til å vinna hjå borgmennene, dersom han vilde stå fyre åtaket. Dette bar Rognvald upp for mennene sine og spurde um råd, kva dei her skulde gjera. Dei fleste var fuse på å koma i kast med borgmennene, for dei vona dei skulde vinna herfang der. Og det vart til at Rognvald og heren hans tok imot tilbodet åt landsfolket. Då det leid fram til jol, kalla jarlen mennene sine til samtal og sagde: «No hev me sete her eit heilt bil og ikkje vore i kast med borgmennene enno; og landsfolket held på å missa hugen til å handla med oss. Eg trur dei tenkjer at det vert berre snakk med det som me lova deim. Det er ikkje drengjelegt heller å slett ikkje freista på å gjera det som me hev lova. No vil eg ha råd av Dykk, Erling frende, um korleis me skal vinna borgi. For eg veit at De er den som best skynar å gjeva råd her. Men eg vil òg beda alle dykk andre som er her, at kvar legg til det som han tykkjer helst kunde duga.» Erling svara på røda åt jarlen: «Eg vil ikkje tegja når De segjer eg skal tala. Men eg er ikkje den som kann gjeva råd. Det er betre å spyrja dei menn um dette som hev set meir og er vanare med sovorne ferder, slike som Eindride Unge. — Det vert nok soleis her og som dei segjer for eit gamalt ord: «Ein lyt skjota fuglen fyrr ein fær han.» Og eg kann no freista å gjeva ei råd um kva me skal gjera. I dag skal me alle saman — dersom De ikkje tykkjer det er urådlegt, og ikkje dei andre skipsstyresmennene heller, — taka og fara ut i skogen; kvar mann skal bera tri ryggjabyrder burt under borgi. For det ser so ut for meg som kalken ikkje kann stå seg, dersom dei legg sterk eld innåt. Soleis skal me gjera dei tri fyrste dagane, og sjå kva det vert til.» Dei gjorde som Erling baud. Då dei var ferdige med dette, var det kome radt fram til jol. Biskopen vilde ikkje lata deim gjera nokor ågonge medan jolehøgtidi varde. Den hovdingen som hadde bygt borgi, heitte Gudefrøy. Det var ein klok mann, noko til års komen. Han var ein god klerk og hadde fare vida ikring, og kunde mange tungor. Han var havekjær og ei stor vyrdløyse. Han kalla saman mennene sine då han såg kva hine tok seg til med, og sagde til deim: «Det råd som nordmennene hev teke her, tykkjer eg er eit vitugt råd, og skadsamlegt for oss. Det kjem til å gå soleis når dei set eld på, at steinveggen kring borgi vert utrygg. Og nordmennene er sterke og djerve. Me kann venta oss ei snarp ote[93] av deim dersom dei fær koma til. No vil eg samrådast med dykk, kva råd me skal taka i den vanden som hev støytt til for oss her.» Alle mennene hans bad honom syta for råd. Då tok han til ords: «Det fyrste rådet mitt er at de skal knyta eit snøre ikring meg og heisa meg ned frå borgveggen. Eg vil vera i låke klæde, og so vil eg fara til herbudene åt nordmennene og sjå kva eg kann verta vis med.» Det vart gjort soleis som han sagde fyre. Då Gudefrøy kom til Rognvald jarl, sagde han at han var ein stavkall, og tala velsk; for det skyna dei best. Han for yver alle budene og bad seg mat. Han skyna at det var mykje ovund og tvidrætte millom nordmennene. Eindride var fyre ein flokk, og jarlen fyre ein annan. Gudefrøy kom til Eindride, og kom seg på tal med honom; han lét um for honom, at hovdingen som stod fyre borgi hadde sendt honom dit; — «han vil gå i felagskap med deg, og ventar at du vil gjeva honom grid dersom borgi vert teki. Han unner deg gjørsimane[94] sine betre, dersom du vil gjera honom dette att, enn hine som vil taka livet hans.» Slikt tala dei og mangt anna, men jarlen fekk ikkje vita noko; det gjekk stilt alt saman i fyrstonne. Då Gudefrøy hadde vore eit bil hjå jarlsmennene, fór han attende til sine. Men dei flutte ikkje or borgi det som dei åtte, av di dei visste ikkje visst um det vart noko av åtaket. Og so kunde dei ikkje tru landsfolket heller.


87. ROGNVALD JARL VINN BORGI.

Tiande dag jol stod Rognvald jarl tidleg upp. Det var godt ver. Han bad mennene sine væpna seg, og let blåsa herfolket upp til borgi. So drog dei veden innåt og lødde upp bål rundt ikring veggjene. Jarlen skipa mennene til ågonge, kvar flokkane skulde gå på. Jarlen sjølv gjekk fram sunnanfrå med orknøyingane, Erling og Aslak gjekk fram vestanfrå, Jon og Guttorm austanfrå, og Eindride Unge nordanfrå. Då dei var budde til åtak, kveikte dei eld på bålet. Då kvad jarlen:

Vin bar for oss den ljose,
reine lad-disi[95] fram;
fager var Ermingjerd
der fyre folket.
Hardt skal no heren
herja med eld
kastalen her;
me dreg sverdi or slir.

Dei tok no til å søkja fast åt, både med eld og våpen. Dei skaut hardt imot virket; for med onnor ågonge kunde dei ikkje koma til. Borgmennene stod ustødugt uppå borgveggen, for dei laut akta seg for skoti. Dei støypte ut brennande bik og brennestein, men jarlsmennene fekk liten skade av det. Det gjekk som Erling hadde sagt, at borgveggen runde ned for elden, av di kalken ikkje tolde hiten; og det vart store led. Sigmund Ongul heitte ein mann, stykson åt Svein Åsleivarson. Han søkte aller djervast fram imot borgi og gjekk jamleg fram fyre jarlen. Han var snaudt vaksen då. Då ågonga hadde halde på eit bil, drog alle uppå borgi seg undan inn av borgveggen. Veret stod på ifrå sud, og røyken lagde seg imot Eindride og folki hans. Då elden tok til å eta um seg som hardast, let jarlen bera på vatn og kjøla det grjotet som hadde brunne ned. Då vart det ei kvild i åtaket. Rognvald jarl kvad då ei vise:

Ei jol heldt me, eg hugsar,
und-loge-Ull,[96] hjå Solmund,
heime hjå gjaldkjeren rauste
aust med Egda-fjelli.
Denne joli gjer eg,
jam-glad som eg der var,
sverd-svarm mot kastalen
og stormar sud-frå muren.

Etterpå kvad han:

Eg unte vel, for visst,
i haust då den vengode drosi
vandest til samtal med meg;
holl var eg vælske vivet.
No mettar eg ørni
— eg elskar den ættgode møy —,
og grjotet vert laust
når limet[97] losnar.

Sigmund Ongul kvad då ei vise:

Ber heim att til vårs
til den væn-sylgja møy
ute på Orknøy
ordi frå Sigmund:
ingen gjekk fremre,
um so han var eldre,
i våpn-ota årle
und’ borgar-veggen.

Etter dette gjorde jarlen og Sigmund Ongul uppgonge på borgi. Der vart det lite motstode, og dei kom seg inn i borgi. Mange vart drepne der. Men dei som fekk ha livet, gav seg i jarlen sitt vald. Dei tok mykje fe der, men hovdingen fann dei ikkje, og mest ingi dyrgriper. Der vart brått mykje røding um korleis Gudefrøy kunde ha kome seg undan; og dei mistenkte straks mest Eindride Unge, at han hadde lurt honom undan, og at Gudefrøy so hadde fare sin veg med røyken til skogs. Etter dette drygde Rognvald og dei berre eit stutt bil i Galisialand, so styrde dei vest um Spania. Dei herja vida i det Spania som var heide, og fekk mykje fe der. Dei gjorde åtak på ein landsby; men dei som budde i landsbyen, ljop saman og baud til bardage. Det vart ein hard strid, men landsfolket flydde til sist, og mange vart drepne. Då kvad jarlen ei vise:

Eg vonast å møta
ei møy ut-i Spania.
Me elte fjendan’,
og mange flydde.
Verdig er eg
å Ermingjerd få,
for våpnsong hjå heidningan’,
og valen utyv’ vollan’.

Etter dette siglde dei vest um Spania. Der fekk dei hard storm, og låg for anker der i tri dagar og hadde mykje hardt slit, og det var nær på at dei hade lide skipbrot. Då kvad jarlen:

Lat reipi kvina!
eg skal ei ræddast
ov-ver for stamnen
med’ streng ei brest;
det lova eg møyi,
kona den prude,
då eg siglde mot sud; —
vinden ber snekkja til Sunds.

Deretter vatt dei upp segli sine og beitte ut til Njorvasund med ov-tverleg bør. Då kvad Odde:

Holle ven åt kongar!
sjau høglegare døger
ha’ du hjå sund-eld-gjaven[98]
som sit med mjøden heime.
Men storlyndte Rognvald,
du rende med skjold-her
lunn-hesten[99], lit-prydd,
langt sud til Njorvasund.

Og då dei beitte seg fram imot sundet, kvad jarlen ei vise:

Austrøne vindar
ei vetrarstund skaut oss
— me beiter oss fram —
burt frå velske møyi;
no me surrar seglet
inn til midt på råi;
vinden rek til Sunds
Våns hjort[100] ved Spania.

Dei siglde no igjenom Njorvasund, og då tok veret til å spakna. Då dei kom ut or Sundet, skilde Eindride Unge lag frå fylgjet åt jarlen med seks skip. Han siglde yver havet til Marselia, medan Rognvald jarl og dei andre låg att innved Sundet. Folk tala mykje um, at no hadde Eindride sjølv gjeve prov for korleis det var, — um han hadde hjelpt Gudefrøy undan eller ei. Jarlen let då vinda segli upp. Dei siglde til havs og stemnde den søre leidi langs med Serkland. Då kvad Rognvald jarl:

Mot nord vik landet,
med båron leikar
um fagre skipsbord, —
snøgt so kved eg.
Ein ovund-krok slær eg
i dag ut frå Spania
med tunne stamnen
for gapen, i tjotande hav.

Det er ikkje gjete noko um ferdi åt jarlen fyrr dei kom sud um Serkland, og låg ikkje langt ifrå Sardinarøy utan at dei visste til land. Veret skapte seg soleis der at det vart blikende stilt med toke nedpå sjøen, so dei mest ikkje såg nokon veg ifrå skipi. Difor gjekk det seint for deim. Ein morgon letta toka. Karane stod upp og såg seg ikring, og då såg dei tvo øyar. Men då dei glåpte etter øyane eit bil seinare, var den eine øyi burt-kvorvi. Dette sagde dei til jarlen. Han tok til ords: «Dette hev nok ikkje vore øyar. Det lyt vera slike skip som folk fer med her, og som dei kallar for dromundar. Dei skipi er so store som holmar å sjå til. Der som hin dromunden hev lege, hev det kome vind, og so hev dei siglt burt. Men dette må vera eit slag farande menn.» Etter dette lét jarlen kalla til seg biskopen og alle skipsstyresmennene. Han tok til ords soleis: «Dykk spør eg um råd her, herre biskop og Erling frende; ser de noko råd eller nokon utveg for oss, so me kunde vinna siger yver deim som er på dromunden?» Biskopen svara: «Eg trur det vert hard-veldt for dykk å leggja langskipi under dromunden; for de fær i høgdi haka ei breidøks upp på skipsbordet deira, men dei hev brennestein og kokande bik til å tøma utyver hovudi og under føtene dykkar. De skynar, jarl, so klok mann som De er, at det er eit altfor djervt vågespel å setja folket sitt og seg sjølv i so stor fåre.» Då tok Erling til ords: «Herre biskop,» sagde han, «det er rimelegt at De ser best kor lite von um siger det er med å leggja innåt deim. Men for meg ser det soleis ut, at um me no freistar å leggja oss inn under dromunden, so kjem meste våpenburden til å gå utbyrdes på skipi våre, dersom me legg til sibyrdes. Men gjeng det ikkje soleis, so kann me skjott leggja ifrå, for dei på dromunden kjem ikkje til å elta oss.» Jarlen tok til ords: «Dette er drengjeleg mælt og nær etter mitt skaplynde. No vil eg kunngjera for skipsstyresmennene og heile heren, at kvar mann skal bu seg i sitt rom og væpna seg med det beste dei hev. Sidan skal me leggja innåt deim på dromunden. Dersom dei er kristne kaupmenn, so er det råd til å gjera fred med deim; er dei derimot heidningar, so som eg trur, då vil den allmektuge Gud gjeva oss si miskunn, so mykje me kann vinna siger yver deim. Men av det herfanget som me fær, skal me gjeva dei fatige kvar femtiande pening.» Etter dette braut hermennene upp våpni sine[101] og viggyrdla[102] skipi, og gjorde seg i stand so godt som dei hadde høve til. Jarlen skipa til kva leid kvar skulde leggja til frå. So greidde dei åt-roren og lagde til som djervast.


88. ROGNVALD VINN DROMUNDEN.

Då dei som var på dromunden såg at skipi rodde imot deim og ætla seg til å gjera åtak på deim, tok dei pell[103] og dyrgriper og bar ut på skipsbordi, og ropa høgt ned til hine. Det såg ut for jarlsmennene liksom dei vilde eggja nordmennene på seg. Rognvald jarl lagde skipet sitt atterut med dromunden på styrbordssida, og Erling på bakbordssida. Jon og Aslak lagde seg framme på kvar si side, og dei andre midt på skipet på båe sidor. Alle skipi lagde seg sibyrdes innåt. Då dei kom inn under dromunden, var han so bordhøg at dei kunde ikkje koma til med våpni sine. Hine støypte logande brennestein og logande bik nedyver deim. Men det synte seg som Erling hadde tenkt seg, at meste våpenburden gjekk utbyrdes på skipi, og dei som var innunder dromunden turvte ikkje liva seg. Då dei ikkje fekk noko framgang med åtaket sitt, lagde biskopen ifrå med sitt skip og tvo andre. På desse skipi sette dei bogmennene sine, og lagde skipi i skotmål, og skaut på dromunden. No vart hardaste åtaket ifrå desse skipi. Dei som var på dromunden, varde seg med skjoldane og kom lite i hug kva dei heldt på med som hadde lagt seg innmed dromunden. Rognvald jarl ropa då til mennene sine, at dei skulde taka øksane sine og hogga sund bordi på dromunden der som det var minst med jarnskoning. Då folki på hine skipi såg kva jarlsmennene tok seg til med, gjorde dei det same. Der som Erling hadde lagt til, hekk det eit stort ankar ut på dromunden; ankarkloi var haka upp på skipsbordet, og leggen peika ned mot skipet hans Erling. Audun den Raude heitte ein stamnbue hjå Erling. Honom lyfte dei upp på ankarstokken, og sidan drog han fleire menn upp etter seg, so at dei stod so trongt som det var råd til uppe på stokken; og so hogg dei i bordi derifrå slik som dei kunde. Dei som stod der hogg mykje høgre enn hine. Då dei hadde hogge so store dører at dei kunde gå inn i dromunden, gjorde dei uppgonge. Jarlen og mennene hans kom inn i dei nedre romi, og Erling og hans folk i dei øvre. Båe stadene vart det ein stor og hard strid. På dromunden var det saracenar; det er slike som me kallar for Muhammed-kjettarar. Der var òg mykje med blåmenn um bord, og dei tok hardast imot. Erling fekk eit stort sår i halsen nedmed herdane med det same han sprang upp i dromunden. Det grodde so bakvendt at han stødt bar hovudet på hall sidan. Di vart han kalla Skakke. Då Rognvald jarl og Erling nådde i saman, drog saracenane seg undan fram i skipet, men jarlsmennene kom upp fleire etter kvart. Då vart dei mannsterkast, og dei gjekk hardt fram. Dei såg at på dromunden var det ein mann som var både større og vænare enn hine. Nordmennene trudde at det var hovdingen deira. Rognvald jarl sagde at dei skulde ikkje bera våpen på honom, dersom dei kunde få teke honom på onnor vis. Då klembde dei honom inn millom skjoldar og fekk teke honom soleis, og sidan førde dei honom um bord på skipet åt biskopen, og nokre fåe menn med honom. Men elles drap dei kvart mannsbarn, og fekk mykje fe og mange gjørsimar. Då dei var ferdige med meste starvet, sette dei seg ned og kvilde seg. Då kvad jarlen dette:

Framsøkne Erling, fræge
spjot-mann, med fremd[104] du steig
til siger på dromunden, —
me sulka merki i blod.
Blaamenn drap me,
heidningar blødde;
snjelle hermenn
rjoda dei snarpe sverd.

Og etterpå kvad han:

Dromunden vinn me,
og dungar valen.
Drengjene litar
i drøyren[105] sverdi.
Nord og nordan
skal møyi i Narbon
nadd-regnet[106] spyrja,
og liv-tapi ljote.

Hermennene rødde um dei tidender som hadde hendt der. Kvar sagde då det som han tyktest ha sét. Dei rødde òg um kven som hadde gjenge fyrst upp, men dei vart ikkje samde um det. Då sagde sume at det vilde sjå usætande ut, dersom dei ikkje fortalde eins alle saman um desse stortidendene. Det vart då til at dei gjorde seg samstelte um at Rognvald jarl skulde avgjera dette. So skulde dei sidan fortelja alle saman det som han sagde. Då kvad jarlen:

Gjekk upp på dromunden døkke
drengen snar etter fengd;
upp med ofseleg kapphug
steig Audun den Raude fyrst.
I blodet åt heidningar
— bular fall blå på tiljor —
vætte me våpni der;
takk have heimsens Gud!

Då dei hadde rudt dromunden, lagde dei eld i honom og brende honom. Då den store mannen som dei hadde, såg dette, gjekk det hardt inn på honom; han skifte liter og kunde ikkje halda seg roleg. Men endå dei freista få ord av honom, mælte han ingen ting, og peika ingen stad; og ikkje brydde han seg um det, anten dei lova honom godt eller ilt. Men då dromunden tok til å loga, såg dei at det rann liksom ein logande straum ut i sjøen. Det gjekk den hertekne mannen hardt til hjarta. Dei trudde at dei måtte ha leita for lite vel etter féet, og at det var malmen som no rann ut i ovhiten, anten det no hadde vore gull eller sylv. Rognvald jarl og skipsheren hans siglde no sud under Serkland. Dei lagde seg under ei serkarborg og sette grid i sju døger med bymennene. Og dei dreiv handel med deim og selde deim sylv og anna fe. Ingen vilde kjøpa den store mannen. Då gav jarlen honom løyve til å fara sin veg sjølv femte. Han kom ovan frå landet um morgonen etter med eit heilt fylgje. Han sagde deim, at han var ein hovding frå Serkland, og hadde siglt ut frå denne byen med dromunden og alt féet som var på honom. Det verste, lét han, tykte han var at dei hadde brent dromunden og fare so ille med mykje fe der, at ingen fekk njota godt av det. «Men no hev eg dykk mykje godt i mitt vald. No skal de fyrst og fremst få njota godt av det hjå meg at de gav meg livet og synte meg slik ære som de kunde etter høvi. Men gjerne vilde eg at me aldri skulde sjåast meir. Live no heile og vel!» Etter dette reid han upp i landet. Men Rognvald jarl siglde derifrå sud til Kreta; der vart dei liggjande for eit yverhendigt ver. Då kvad Armod ei vise medan han heldt vakt um natti:

Verket vårt er
å vakt halda
med’ bylgja bryt
yver bog og bord.
Men veslingen veike
hjå mjuke vækja
søv no i natt, —
eg ser inn mot Kreta.

Jarlen låg med skipi sine under Kreta til dess dei fekk bør til Jorsalaland. Dei kom til borgi Akre tidleg ein fastedags morgon, og dei steig i land med stor stas og slik dramb at det var sjeldsynt å sjå slikt der. Torbjørn Svarte kvad då denne visa:

I hovding-hird stod eg
heime på Øyane;
i vinter førde fyrsten
krig, og fødde rammen;
denne fredags morgon
bera me skjoldan’
byrgt i lag med jarlen
upp til borgi Akre.

Jarlen og mennene hans drygde i Akreborg eit bil. Der kom det sott i heren deira, og mange døydde. Torbjørn Svarte døydde der. Odde den Litle kvad:

Langskip bar
— deim lendmenn åtte —
framum Trasnes
Torbjørn Svarte.
Lunnbjøn’n[107] hasta
und’ hovud-skalden
yv’ Åtes[108] jord
til Akre-borg.
Der vart han
med hovudkyrkja
— sikling[109]-venen —
und’ sanden sett.
No dyl ’an gravmold,
grytt utyver,
med’ soli skin
på sudervegom.

Rognvald og flokken hans fór då ifrå Akreborg, og gjesta alle dei heilagaste stadene som var i Jorsalaland. Dei fór ut til Jordan alle saman og lauga seg der. Rognvald jarl og Sigmund Ongul sumde yver åi og gjekk i land på hi sida, og gjekk burt til ein stad som det var noko riskjørr, og batt nokre store knutar i kjørri. Då kvad jarlen:

No hev eg lagt ei lykkje
langt utum Jordan-å.
Det vil nok kloke møyi
minnast med vinters-bil.
Dò tenkjer eg det tykkjest
kvar tufs i heime-krå
tungt å dit ut ganga, —
på voll draup varme blod.

Då kvad Sigmund:

Eg knyter ein knut i dag
for karan’, som heime sit.
Sanneleg, herfolket hev me
hardt i fåren våga.

Jarlen kvad:

For vesal-mannen vrid eg
i vier-kjørri her
ein knut no Lafrans-messe, —
mod såg eg sæle stad.

Og då dei fór attende til Jorsalaborg, kvad Rognvald jarl:

Krossen hev eg på brjostet,
millom herdane palmen;
vreiden er stillt; fylgjet
flokkast på brekka.

Rognvald jarl og heren hans drog ifrå Jorsalaland um sumaren; dei ætla seg nord til Myklegard. Um hausten kom dei til ein by som heitte Imbolum. Der stogga dei heller lenge. Dei hadde det ordtaket der i den byen når folk møttest og det var trongt, og den eine tykte at hin laut vikja or vegen, so sagde den fyrste: «Midhæve, midhæve!» Ein kveld som dei gjekk or byen, og Erling Skakke steig ut på skipsbryggja, kom det nokre bymenn imot deim. Bymennene sagde: «Midhæve, midhæve!» Erling var ovleg drukken, og létst som han inkje høyrde. Då dei so bar i hop, fall Erling utfyre bryggja og ned i leira som var nedunder. Mennene hans sprang til og fekk drege honom upp att; men dei laut skifta av honom kvart eit plagg. Morgonen etter då jarlen og Erling møttest, og dei fortalde dette til jarlen, smilte han og kvad:

«Midhæve!» vil ikkje
venen min ropa;
di datt han i driten,
der drap han seg mest.
Eg trur ikkje mågen
åt tengelen[110] tyktest
fjelg, der han vreid seg,
og velt’ av seg sauren.

Noko seinare hende den tidendi der i byen, at dei gjekk or byen og var yverhendigt drukne; då sakna mennene åt Jon Fot honom, men dei sakna ikkje nokon annan. Dei sende folk av stad straks um natti til å leita etter honom på hine skipi; men der fanst han ikkje. Uppå land kunde dei ikkje leita etter honom. Men um morgonen stod dei upp so snart det vart ljost, og då fann dei honom eit lite stykke ifrå borgveggen. Han låg daud, og dei fann sår på honom, men det kom aldri upp kven som hadde gjort ende på honom. Dei stelte då med liket og fekk grav åt honom ved ei kyrkje. Deretter fór dei burt derifrå. So er det ikkje gjete noko um ferdi deira fyrr dei kom nord til Engelsnes. Der låg dei nokre næter og bia på slik bør som dei tykte kunde vera god nord yver havet til Myklegard. Dei gjorde seg mykje fyre med siglingi på dette stykket, og siglde med stor stas, soleis som dei visste at Sigurd Jorsalafare hadde gjort. Då dei siglde nord yver havet, kvad Rognvald jarl ei vise:

Ride Rævels-hesten[111]
radt til Mykle-garden!
Tak ei plog or åkren,
pløg med våte stamnen!
Take løn hjå tengeln!
Tokk dykk fram i striden!
Rjode[112] ulve-kjeften!
Ær den rike kongen!


89. ROGNVALD KJEM TIL NOREG ATT.

Då Rognvald og fylgjet hans kom til Myklegard, vart dei vel fagna der hjå stolkongen og væringane. Menelias var konge yver Myklegard då, Manule kallar me honom. Han gav jarlen mykje fe, og baud deim løn dersom dei vilde verta verande der. Dei vart verande der eit bil utyver vinteren, i framifrå fagnad. Eindride Unge var der, og stod i den største vyrdnad hjå stolkongen. Han vilde ikkje ha noko vidare å gjera med Rognvald og deim, og lagde helst vondt til for deim hjå andre. Rognvald jarl byrja ferdi si heim frå Myklegard um vinteren, og fór fyrst vest til Dyrakksborg i Bulgaraland. Derifrå siglde han vest yver havet til Pul. Der gjekk Rognvald jarl av skipi, og likeins biskop Vilhjelm og Erling og alt det folket deira som det var litt umfram ved. Dei rådde seg til hestar og reid frå Pul fyrst til Romaborg og so Romavegen heimetter, til dess dei kom til Danmark. Derifrå fór dei nord til Noreg. Der vart folk fegne då dei kom. Denne ferdi vart reint vidgjeti, og alle dei som hadde vore med, vart haldne for å vera mætare menn sidan. Medan dei hadde vore burte på ferdi, hadde Ogmund Dreng andast, bror åt Erling Skakke. Folk hadde halde honom for den gjævaste av brørne medan dei livde båe. Erling gav seg straks i lag med kong Inge, for han halla mest til honom av brørne; dei skildest ikkje so lenge som båe livde. Men etter kong Inge var fallen, vart Magnus teken til konge yver den flokken, son åt Erling og Kristina, som var dotter åt Sigurd Jorsalafare. Erling hadde då åleine all landsstyringi i Noreg. Valdemar danekonge gav Erling jarlsnamn, og Erling vart ein framifrå gjæv hovding, so som det er skrive um i soga hans. Eindride Unge kom heim nokre vintrar seinare enn Rognvald jarl og dei. Han gav seg i flokken åt kong Øystein, for han vilde ikkje ha noko samlag med Erling. Då kong Øystein var fallen, reiste Eindride Unge og Sigurd, son åt Håvard Hold frå Røyr, ein flokk og tok til konge Håkon Herdebreid, son åt kong Sigurd Haraldsson. Dei felte Gregorius Dagsson og kong Inge. Eindride Unge og Håkon heldt slag med Erling Skakke attmed Sekken. Der fall Håkon, men Eindride flydde. Erling jarl let drepa Eindride Unge noko seinare aust i Viki.


90. HEIMKOMA HANS ROGNVALD JARL.

Rognvald jarl vart verande i Hordaland heller lenge framyver sumaren. Der frette han mange tidender frå Orknøyane. Det vart fortalt honom at det var mykjen ufred der ute; hovdingane skilde seg mykje i tvo flokkar, berre fåe heldt seg utanfor, so at dei ikkje var med på nokor side. Harald jarl var på den eine sida, og på den andre sida var Erlend jarl og Svein Åsleivarson. Då jarlen høyrde dette, kvad han ei vise:

Hovdingan’ hev svike
altfor mange eidar;
ille råd kjem upp;
ugudleg fer dei åt.
Men letna skal det ikkje
for svikaran’ der heime, —
eg stig lett på låge
legg, og lyfter haka høgt.

Rognvald jarl hadde ikkje nokon skipsflote. Han bad frendane og venene sine, at dei vilde lata gjera nokre langskip åt honom um vinteren. Dei var snøgt viljuge til det, og lova alt som han ynskte. Jarlen budde seg til å fara vest til Orknøyane til riket sitt alt um sumaren; men han vart seint ferdig, for det var mangt som hefte honom. Han fór vestetter på eit kaupskip, som Torhall Åsgrimsson åtte. Torhall var ein islendsk mann av god ætt; han hadde gard sud i Biskopstungor. Jarlen hadde ei stor sveit like vel med på skipet og eit gjævt ferdafylgje. Dei tok land i Skottland. Det leid langt på vinteren då, og dei låg lenge under Torvnes ved Skottland. Jarlen kom fram til Orknøyane litt fyre jol, og venene hans tok vel imot honom.


91. TIDENDER PÅ ORKNØYANE.

No skal me fortelja kva tidender som hadde bore til på Orknøyane medan Rognvald jarl var på utferdi si. Den sumaren som jarlen var faren or landet, kom kong Øystein, son åt Harald Gille, austan frå Noreg. Han hadde ein stor her. Då han kom til Orknøyane, lagde han til med heren ved Rognvaldsøy. Der fekk han vita at Harald jarl Maddadsson var faren yver til Katanes på ei tjugesesse og hadde åtti mann med; jarlen låg i Torså. Då kong Øystein spurde det, skipa han tri skutor med menn og fór vest yver Petlandsfjorden til Torså. Han kom dit soleis at jarlen og mennene hans ikkje vardest med noko fyrr mennene hans Øystein kom upp på skipet til deim, og jarlen vart handteken. Jarlen vart leidd fram for kongen, og endskapen millom deim vart at jarlen løyste seg ut med tri merker gull. Men riket sitt gav han i hendene på kong Øystein, soleis at han skulde ha det i len av honom jamt sidan. Jarlen vart då kong Øysteins mann og batt seg til honom med eidar. So drog kong Øystein til Skottland og herja der um sumaren. Han herja vida kring England og på denne ferdi, og tykte han hemnde kong Harald Sigurdsson med det. Deretter fór kong Øystein aust til Noreg til riket sitt. Folk tala fælt ymist um ferdi hans. Harald jarl heldt seg på Orknøyane i riket sitt, og han var vel umtykt hjå dei fleste. Maddad jarl, far hans, var dåen då, og Margret mor hans var komi ut til Orknøyane. Ho var ei væn kone og sers storlåti på det. På den tid andast David skottekonge, og Melkolm, son hans, vart teken til konge etter honom. Han var berre eit barn då han tok ved riket.


92. SEMJE MILLOM JARLANE.

Erlend, son åt Harald den Slettmælte, var for det meste i Torså, men stundom var han ute på øyane eller i hernad, etter Ottar jarl var dåen. Han var ein framifrå emneleg mann og hæv på dei fleste måtar, raust, blid og rådtægd,[113] og umfram vensæl hjå mennene sine. Han hadde eit stort fylgje hjå seg. Anakol heitte ein mann. Han var fosterfar åt Erlend og rådde mest med honom. Anakol var viking og ein ættstor og hardfengen kar, suderøysk av ætt. Han var rådgjevaren åt Erlend. Då Erlend spurde at Rognvald jarl var faren or riket sitt ut til Jorsalaheim, fór han til Melkolm skottekonge, frenden sin, og bad um at Melkolm vilde lata honom få jarlsnamn og Katanes å styra, likeins som Harald far hans hadde havt under kong David, far åt kong Melkolm. Kong Melkolm var berre eit barn den gongen. Men av di Erlend hadde gjæve frendar der som studde uppunder bøni hans, gjekk det fram at Erlend fekk jarlsnamnet og helvti av Katanes med Harald jarl, frenden sin. Deretter fór Erlend til Katanes og fann venene sine der, og so samla han folk og fór ut til Orknøyane. Han bad um at dei vilde taka honom til jarl der. Men Harald Maddadsson jarl samla folk so snart han spurde til Erlend, og vart mannsterk. Det fór då menn imillom frendane og freista få til semje. Erlend kravde helvti av øyane med Harald, men Harald vilde ikkje lata det ifrå seg. Det lykta soleis at det vart sett grid millom deim det året; og det vart avtala at Erlend skulde fara aust til Noreg til kong Øystein og beda um den helmingen som Rognvald jarl åtte. Då skulde Harald gjeva frå seg den luten, lét han. Erlend fór då aust til Noreg, men Anakol og noko av flokken vart att på Orknøyane. Gunne Olavsson, bror hans Svein Åsleivarson, hadde fenge barn med Margreta, mor åt Harald jarl. Jarlen gjorde honom utlæg. Av det vart det uvenskap millom jarlen og Svein Åsleivarson. Svein sende Gunne bror sin sud til Ljodhus til Ljotolv, venen sin, som Svein hadde vore hjå fyrr. Fogl heitte son åt Ljotolv. Han var hjå Harald jarl, difor var det grått med Svein og honom. Då Erlend fór aust til Noreg, fór Harald jarl yver til Nes og sat der um vinteren, i Vik. Svein Åsleivarson var då i Trasvik på Katanes, og stod fyre garden åt styksønene sine. Han hadde fyrst vore gift med Ragnhild Ogmundsdotter. Dei var ikkje lenge saman. Olav heitte ein son som dei fekk. Sidan hadde han vorte gift med Ingerid Torkjellsdotter. Andres heitte son deira. Det hende onsdag i siste vika[114] at Svein Åsleivarson var gjengen upp til Lambaborg med nokre menn. Då såg dei at ein byrding[115] kom austanfrå yver Petlandsfjorden. Svein tyktest skyna at det munde vera av mennene hans Harald jarl — dei som han hadde sendt til Hjaltland etter skattar. Svein bad mennene sine gå um bord i skipi og leggja seg innåt byrdingen. Og so gjorde dei. Dei tok byrdingen og alt som på honom var, men mennene åt Harald jarl sette dei upp på land. Dei gjekk aust til Vik, og sagde til jarlen det som hadde hendt. Harald jarl svara lite, men Svein og han skulde vel skiftast um å ha det féet, sagde han. I påsken sende han mennene sine til kvar sine stader på veitsle. Då sagde katnesingane at jarlen var på «kunnmid». Straks etter påskevika fór Svein med byrdingen og nokre roskutor ut til Orknøyane. Då dei kom til Klivseid, tok dei skipet ifrå Fogl Ljotolvsson. Han var då komen sunnan frå Ljodhus frå far sin og ætla seg til Harald jarl. På denne ferdi tok dei og tolv øyre gull ifrå Sigurd Klauve, som var hus-kar hjå Harald jarl. Det féet hadde vorte ført upp til ein gard, men dei som åtte det, var i Kyrkjevåg. Deretter fór Svein tilbake att yver til Nes, og drog upp i Skottland til Melkolm skottekonge i Apardjon. Kongen var då ni år gamall. Der var Svein ein månad i framifrå fagnad, og skottekongen sagde at Svein skulde ha alle dei eignene på Katanes som han hadde havt fyrr han hadde vorte usamd med Harald jarl. Etter det gjorde Svein seg reidug til å fara burt, og han og skottekongen skildest i stor venskap. Svein for til skipi sine, og siglde nord til Orknøyane. Anakol var på Dyrnes nettupp då Svein og dei kom siglande sunnanfrå. På Dyrnes fekk dei sjå segli austanfor Mulen. Dei sende ein mann til Svein, bonden Gaute frå Skjeggbjørnstad. Anakol bad um at Svein vilde forlika seg med Fogl for skipet han hadde røva. For det var frendskap millom Anakol og Fogl, og Fogl var då hjå Anakol. Då Gaute fann Svein, sagde han honom ordsendingi ifrå Anakol. Svein bad at hine vilde fara til Sandøy, so kunde dei møtast der; for han skulde fara dit, sagde han. Det vart ei sættarstemne[116] millom deim der, men det gjekk seint med å få semje til. Det enda like vel med at Svein skulde setja forliksvilkåri åleine slik som han vilde. Etter dette baud Anakol Svein si hjelp, og bad um løyve til å få i stand sætt millom Svein og Erlend jarl når han kom austanfrå; for det var uvenskap millom deim for innebrenningi av Frakokk. Svein og Anakol fór til Strjonsøy og låg ved Hovsnes nokre næter. Då budde Torfinn Bruseson på Strjonsøy. Han var gift då med Ingegjerd, syster åt Svein, som Torbjørn Klerk hadde late verta åleine. Medan Svein og dei låg ved Hovsnes, kom Erlend jarl siglande av havet der. Anakol og Torfinn Bruseson for straks til møtes med honom, og bad um at det måtte verta sætt millom honom og Svein. Jarlen var traud på det. Svein hadde stødt stade honom og frendane hans imot, sagde han, og hadde ikkje halde det som Ottar jarl og Svein hadde avtala, at Svein skulde hjelpa Erlend til makti. Svein baud seg då til å tena jarlen med råd og hjelp. Dei tinga um dette heile dagen, men sætti kom ikkje i stand fyrr Anakol og Torfinn truga båe tvo med at dei vilde fara burt ifrå øyane i lag med Svein, dersom jarlen ikkje vilde forlika seg med honom. Erlend jarl hadde det bodet med austan frå kong Øystein, at han, Erlend, skulde ha den luten av Orknøyane som Harald jarl hadde havt fyrr. Svein gav det rådet då han og jarlen hadde vorte forlikte, at dei skulde fara imot Harald jarl med det same, fyrr han fekk spurt dette av andre, og krevja at han skulde gjeva upp riket. Dei gjorde som Svein sagde. Dei møtte Harald jarl utanfor Kjarreksstad,[117] han låg ute på skipi sine der. Det var mikkjelsmess-dag um morgonen at Harald jarl og mennene hans fekk sjå nokre langskip koma imot deim. Dei tvila fyre at det måtte vera ufred, og sprang av skipi og upp i den kastalen som stod der då. Arne Ramnsson heitte ein mann som sprang av skipet hans Harald jarl. Han tok vegen til Kyrkjevåg. Han vart so rædd at han merka ikkje han hadde skjolden på ryggen fyrr han stod fast i kyrkjedøri. Torgeir heitte mannen som var inne i kyrkja fyrr. Felagane hans Arne trudde han hadde late livet, og leita etter honom i tvo dagar. Erlend jarl og Svein sprang av skipi sine og etter Harald jarl upp til kastalen; dei søkte på heile dagen både med eld og våpen. Hine varde seg på kara vis, og nattmyrkret vart det som stogga striden. Mange vart særde på båe sidor, og Harald jarl og mennene hans var reint tröta, — um åtaket hadde vart lenger. Um morgonen kom det bønder til som var vener med båe partane, og freista få til sætt millom deim. Erlend jarl og Svein var traude til å gå med på nokor sætt. Like vel vart det til at dei forliktest soleis at Harald jarl svor eidar på at Erlend skulde få hans lut av øyane, og på at han aldri skulde gjera tilkall på riket til skade for Erlend. Han svor desse eidane med mange av dei beste mennene der på øyane til vitne. Etter det fór Harald jarl yver til Nes, og derifrå upp i Skottland til frendane sine. Av orknøyingar var det ikkje mange som fylgde med honom. Erlend jarl og Svein stemnde ting med bøndene i Kyrkjevåg, og bønder frå alle øyane møtte fram. Erlend jarl tala si sak, og mange andre med honom, vener og frendar. Jarlen sagde at kong Øystein hadde gjeve honom det riket på Orknøyane som Harald jarl hadde havt å styra fyrr. Han bad no bøndene taka imot honom. Og han lagde fram det brevet frå Øystein, som sanna det han sagde. Det gjekk so at bøndene lova Erlend jarl lydnad. Han lagde då under seg alle Orknøyane og gjorde seg til hovding yver deim. Men avtala millom Erlend jarl og bøndene var at Erlend skulde ikkje meinka Rognvald jarl i å få att den helmingen av riket som høyrde honom til, dersom han var lagen til å koma att. Men dersom Rognvald jarl gjorde tilkall på meir enn helvti, skulde bøndene hjelpa Erlend jarl til å verja sin lut. Svein Åsleivarson var jamleg hjå Erlend jarl, og han bad honom vera var og ikkje tru for vel Harald jarl og skottane. Dei låg på skipi sine for det meste um vinteren, og hadde njosnarar ute. Då det leid fram til jol, og veret tok til å hardna, fór Svein heim til garden sin. Men han bad jarlen å ikkje vera minder var for di um dei skildest. Jarlen gjorde som Svein sagde, so at han låg ei lang tid ute på skipi og ikkje budde til joleveitsle nokon stad.


93. HARALD JARL KJEM UVENTANDE TIL ORKNØYANE.

Tiande dag jol hende det på Gåreksøy at Svein Åsleivarson sat og drakk med huskarane sine. Han gnua nosi og tok til ords: «No trur eg at Harald jarl er på veg til øyane.» Huskarane svara at det kunde ikkje vera trulegt, slik storm som det var då. Svein sagde at det visste han fyrr, at dei vilde tykkja det. «Eg skal ikkje senda nokor njosn til jarlen heller,» sagde han, «berre for hugbodet mitt, men eg ottast fyre at det er verre å lata det vera.» Det vart då ikkje sagt meir um dette, og dei drakk som fyrr. Harald jarl lagde på ferdi ut til Orknøyane med jol. Han hadde fire skip og hundrad mann. Han låg tvo næter under Grimsøy. Dei steig i land i Hamnarvåg på Rossøy. Derifrå gjekk dei trettande dag jol til Fjord. Dei var på Orkahaug medan eit uver stod på. Der vart tvo mann vitlause for deim, og det vart til stort hefte; natti rann på fyrr dei kom til Fjord. Der møtte dei den tidend at Erlend jarl var gjengen um bord på skipet sitt, men um dagen hadde han drukke uppe i huset. Harald jarl og dei drap tvo mann der, den eine heitte Kjetil. Fire mann tok dei til fangar: Arnfinn, bror hans Anakol, ein som heitte Ljot, og tvo andre. Harald jarl fór attende til Torså og likeins Torbjørn Klerk, men tvo brør, Benedikt og Eirik, fór til Lambaborg og hadde med seg Arnfinn. Straks um natti, so snart han fekk vita um ufreden, sende Erlend jarl ein mann til Gåreksøy med bod til Svein. Svein let skipi sine skuva på sjøen straks dagen etter og fór til Erlend jarl, soleis som han hadde sendt bod um. Og sidan låg dei på skipi lenge um vinteren. Brørne Benedikt og Eirik sende bod um at Arnfinn vart ikkje laus-laten utan på det vilkåret at Erlend jarl og dei let deim få ha det skipet som dei hadde teke utanfor Kjarreksstad. Jarlen var helst huga på at dei skulde gjeva frå seg skipet. Men Anakol rådde ifrå; Arnfinn vilde nok koma seg undan denne same vinteren, meinte han, endå um dei ikkje gjorde so mykje for det. I vika fyre faste, onsdagen i den vika, for Anakol og Torstein Ragneson yver til Nes med tjuge mann på ei skute; dei kom dit um natti. Dei drog skuta inn i ein løynvåg nedunder ei borg. So gjekk dei i land og gøymde seg i nokre kjerr eit lite stykke ifrå garden i Trasvik. Men dei stelte det soleis til på skipet, at det var å sjå til som det låg menn i kvart rom der. Um morgonen hadde det vore folk ned åt skipet; men dei hadde ikkje teke nokon mistanke. Anakol og mennene hans fekk sjå at det kom roande nokre karar på eit skip utan frå borgi; dei lende i elveosen. Dei såg og ein mann koma ridande utanfrå borgi, og ein annan som kom gåande; honom kjende dei; det var Eirik. Då bytte Anakol og Torstein folket sitt i tvo flokkar. Ti gjekk langsmed åi ned åt sjøen og gjætte der so mykje ikkje nokon skulde koma ned til skipet; hine ti gjekk fram til garden. Eirik kom fram til garden litt fyre deim og gjekk burt imot ein skåle. Då høyrde han at det kom væpna menn. Han sprang inn i skålen og ut igjenom hi døri, og vilde ned til skipet. Men der òg var det menn, og han vart handteken der. Dei førde honom ut til øyane til Erlend jarl. So vart det sendt menn til Harald jarl med det bodet at Eirik vart ikkje laus-laten fyrr Arnfinn og dei som var fanga i lag med honom kom heile og haldne heim til Erlend jarl. Og det gjekk etter det som sagt var. Våren etter budde Harald jarl seg til å fara frå Katanes, og drog nord til Hjaltland. Han ætla seg til å taka av dage Erlend Unge. Erlend hadde bela til Margreta, mor åt jarlen, men jarlen hadde sagt nei. Deretter hadde Erlend samla ein flokk og hadde teke Margreta med seg burt ifrå Orknøyane og ført henne nord til Hjaltland; han hadde sett seg fast på Morsøyborg. Der gjorde han store tilbuingar. Då Harald jarl kom til Hjaltland, sette han seg ikring borgi og meinka alle tilførslor; men det var ilt å koma til med noko åtak. Det kom då menn til som freista få forlik imillom deim. Erlend bad um at jarlen vilde gifta burt kona til honom, og baud seg då til å hjelpa jarlen; det var meir um å gjera for jarlen, sagde han, at han fekk riket sitt att, og det var det størst von um, når han vann seg so mange vener som mogelegt. Det same sagde mange med Erlend, og endskapen vart at dei forliktest. Erlend fekk Margreta og gav seg sidan i fylgje med jarlen. Um sumaren fór dei aust til Noreg. Då det spurdest på Orknøyane, heldt Erlend og rådgjevarane hans råd. Svein fyste til at dei skulde fara i hernad og vinna seg fe soleis. Det gjorde dei; dei fór sud i Breidefjorden og herja på austsida av Skottland. Dei kom sud til Beruvik. Knut den Audge heitte ein mann, som var kaupmann og sat jamleg i Beruvik. Svein og dei tok eit stort og gildt skip som Knut åtte, og mykje fe. Kona åt Knut var på det òg. Knut var i Beruvik då han spurde ranet. Han baud Beruviks-mennene hundrad merker sylv dersom dei vilde setja etter og få feet att. Det var mest kaupmenn som vilde freista. Dei sette av stad med fjortan skip på leit etter ransmennene. Erlend og Svein hadde lagt seg til under Blyholmane. Svein rødde då um at dei burde liggja utan tjeld yver seg. Det var ikkje so uventande, sagde han, um Beruviks-mennene kunde koma mannsterke yver deim um natti. Men det var kvast ver, og karane brydde seg ikkje um det han sagde. Dei låg under tjeld alle saman, so nær som på skipet hans Svein, der var det ikkje tjelda attanfor mastri. Svein sat uppi lyftingi i ei lodi kåpe på ei kiste; han vilde sitja soleis um natti, sagde han. Einar Skeiv heitte ein mann på skipet hans Svein. Han rødde um at det hadde gjenge altfor stort ord um djervskapen åt Svein; — «dei segjer han skal vera meir til kar enn andre menn, og no torer han ikkje tjelda yver skipet sitt.» Svein létst som han ikkje høyrde. Uppe på holmen stod det vakt. Svein høyrde at dei vart ikkje samde um kva det var dei såg. Han gjekk upp til deim og spurde kva dei trætte um. Dei svara at dei var ikkje støde på kva dei såg. Svein var framifrå gløggsynt, og då han skoda den vegen, såg han at det kom fjortan skip i ein flokk. Han gjekk ned på skipet sitt, og bad vaktmennene gå um bord på skipi og segja kva som var på ferd. Svein bad at karane måtte vakna og taka burt tjeldi. No vart det eit stort rop, og dei fleste skreik på Svein og spurde kva råd dei skulde taka. Han bad deim vera stille, og sagde at hans råd var at dei skulde leggja skipi millom holmen og landet; — «so fær me freista um dei då sigler framum oss; men dersom dei ikkje gjer det, so lat oss ro imot deim som hardast.» Men hine hovdingane mælte imot, og sagde at einaste rådi var å sigla undan. Og soleis vart det. Då sagde Svein: «Dersom de vil sigla undan, so må de beita ut til havs.» Svein vart seinast ferdig. Anakol bia på honom. Men då skipet hans Svein gjekk snøggare, let Svein hevla på siglingi; for han vilde ikkje at Anakol skulde verta etter einskipa. Då mælte Einar Skeiv medan dei siglde for alle segl: «Svein,» sagde han, «er det so at skipet vårt ikkje kjem av flekken?» Svein svara: «Eg trur ikkje det,» sagde han; «men det råder eg deg til at du ikkje kjem med sneidord oftare um djervskapen min, når du er so rædd at du ikkje veit anten skipet skrid under deg eller ei; for det bid ikkje skjotare skip under segl.» Beruviks-mennene siglde sud framum deim, og Svein og dei snudde då inn under fastlandet. Då dei kom under Morsøy, sende Svein menn til Edinborg som skulde melda skottekongen um herfanget deira. Men fyrr dei kom fram til borgi, kom det tolv mann ridande til møtes med deim, og dei hadde hosor fulle av sylv hangande i salreimane sine. Då dei møttest, spurde skottane etter Svein Åsleivarson. Hine fortalde korleis det var med honom, og spurde kva dei vilde honom. Skottane svara at det hadde vorte fortalt at Svein var herteken, og so hadde skottekongen sendt deim av stad til å løysa honom ut med det feet som dei hadde med seg. Mennene hans Svein sagde at det var ikkje soleis som dei hadde høyrt; og so fór dei til skottekongen og bar fram ærendi si. Kongen gjorde liten påtale for det fe-tapet Knut hadde lide, og han sende Svein ein dyrverdig skjold og fleire gode gåvor. Erlend jarl og Svein fór til Orknøyane um hausten, og det var heller seint då dei kom fram. Denne sumaren hadde Harald jarl fare til Noreg, som det fyrr er nemnt. Då kom og Rognvald jarl og Erling Skakke utan frå Myklegard og heim til Noreg, so som det fyrr er skrive. Og Rognvald jarl kom til Orknøyane litt fyre jol.


94. SÆTT MILLOM JARLANE.

Det fór no straks menn millom Rognvald jarl og Erlend jarl og freista få til sætt. Og folk minnte um den avtala som bøndene og Erlend jarl hadde gjort, at Erlend ikkje skulde meinka Rognvald jarl i å få sin lut av øyane. Det vart då sett stemnelag millom jarlane i Kyrkjevåg. På den stemna vart dei forlikte og gjorde semja fast med eidar. Dette var tvo næter fyre jol. Dei vart forlikte um at dei skulde ha helvti av øyane kvar, og båe stå imot Harald jarl og andre som kunde koma til å gjera krav. Rognvald jarl hadde då ingi skip, fyrr sumaren etter då skipi hans kom austan frå Noreg. Denne vinteren var alt kyrt. Våren etter lagde jarlane upp råd imot Harald jarl, um han skulde koma austanfrå. Erlend jarl og Svein Åsleivarson fór til Hjaltland, og skulde gjæta etter honom, um han skulde koma den vegen. Rognvald jarl fór yver til Torså, for dei venta at Harald vilde søkja dit når han kom austanfrå; for der hadde han mange frendar og vener. Erlend jarl og Svein var på Hjaltland um sumaren og heldt att alle skip so at ikkje eit einaste fekk gå til Noreg. Harald jarl fór um sumaren austanfrå Noreg og hadde sju skip. Han tok land på Orknøyane, men tri av skipi hans vart rekne av til Hjaltland, og deim tok Erlend jarl. Då Harald jarl kom til Orknøyane, fekk han høyra den tidendi at Rognvald jarl og Erlend jarl var forlikte og skulde ha helvti av øyane kvar. Harald tyktest då skyna at honom var ingen ting ætla. Han tok den rådi å fara yver til Nes til Rognvald jarl fyrr Erlend jarl og Svein kom ifrå Hjaltland. Erlend jarl og Svein var på Hjaltland då dei spurde at Harald jarl var komen til Orknøyane. Dei heldt straks sud til øyane med fem skip. I Dynrost fekk dei fårleg straum og stormande ver, so dei vart skilde åt. Svein vart reken attende til Fredarøy med tvo skip, og dei trudde at jarlen hadde kome burt. Dei siglde ifrå Fredarøy sud under Sandøy. Der låg Erlend jarl med tri skip; det vart stor glede då dei møttest. Frå Sandøy fór dei til Rossøy, og der spurde dei at Harald jarl var faren yver til Nes. — Men um ferdene åt Harald jarl er å segja at han kom til Torså, med seks skip. Rognvald jarl var då uppe i Suderland, og sat der i brudlaup; i det brudlaupet gifte han burt Ingerid dotter si til Eirik Stagbrell. Det nådde straks njosn upp til honom um at Harald jarl var komen til Torså. Rognvald jarl reid fjølment ifrå brudlaupet og ned til Torså. Eirik Stagbrell var frenden hans Harald jarl, og han gjorde alt han kunde til å få jarlane forlikte. Mange andre talde likeins til semje, og sagde at det kunde ikkje vera meining for deim i å lata seg skilja, både for frendskapen skuld og for fosterlaget og felagskapen som hadde vore millom deim. Det vart til at der vart avtala stemnelag og grid millom deim; og so skulde dei møtast i ein kastal i Torså og talast ved tvo-eine, og like mange mann åt kvar skulde stå utanfor kastalen. Dei talast ved lenge, og dei kom godt til lags med einannan; dei hadde ikkje funnest fyrr, sidan Rognvald jarl kom heim att. Då det leid på dag, vart det sagt til Rognvald jarl at folket hans Harald jarl flokkast dit væpna. Harald jarl sagde at dette var ikkje noko som hadde nokon ting på seg. Snart etter fekk dei høyra store hogg utanfor; då sprang dei ut. Då var Torbjørn Klerk komen der med ein stor flokk, og han hadde gjenge laust på mennene hans Rognvald jarl på timen dei møttest. Jarlane ropa at dei ikkje skulde slåst, og folk or byen kom springande til og fekk deim skilde. Der fall trettan huskarar for Rognvald, og han sjølv vart særd i andlitet. Etter dette lagde venene deira seg imillom, og det vart til at dei forliktest og gjorde samband på nytt og stadfeste det med eidar. Dette var fire næter fyre mikkjelsmesse. Det vart då og avtala at dei skulde fara ut til Orknøyane imot Erlend jarl og Svein med ein gong um natti. Dei siglde vest på Petlandsfjorden med trettan skip og stemnde yver til Rognvaldsøy, og lagde til i Videvåg; der gjekk dei i land. Erlend jarl og Svein låg med skipi sine i Bardsvik. Derifrå fekk dei sjå mannfjølden uppe på Rognvaldsøy, og dei sende njosnarar dit som mannfjølden var. Dei vart då vise med at jarlane hadde vorte forlikte. Dei fekk og høyra at jarlane ikkje var meinte på å lata deim få hogga strandhogg eller syta seg matfang på onnor vis; dei tenkte på å svelta deim ut der på øyane. Erlend jarl og rådgjevarane hans kom då i hop til samtal, og Erlend bad mennene sine um råd. Dei vart samde um at Svein skulde avgjera kva råd dei skulde taka. Svein gjorde den orskurden[118] at dei skulde sigla yver til Nes straks um natti; dei hadde ikkje makt, sagde han, til å stå seg imot båe jarlane der på øyane. Millom folk sette han ut det ordet at dei vilde fara til Suderøyane og vera der um vinteren. Det var mikkjelsmess aftanen, då dei soleis siglde til fjords. So snart dei var komne yver til Katanes, skunda dei seg upp i bygdi der og jaga ned til sjøen store fe-flokkar til strandhogg, og slakta og hadde ut på skipi sine. Det heldt seg med store stormar og ilt ver ved dette bilet, og fjorden var jamleg ufarande. Men so snart det vart laglegt siglever, sende Svein menn i ein båt yver ifrå Neset, til å fortelja at Erlend jarl hadde hogge strandhogg på Katanes, og no låg dei reiduge til å sigla til Suderøyane fyrst dei fekk bør. Då denne tidendi kom Rognvald jarl for øyra, kalla han saman husting[119] og tala til heren sin. Han bad mennene sine vera vare og akta seg vel, og liggja ute på skipi kvar natt; — «for eg er ikkje trygg nokor stund for at ikkje Svein kjem hit til Orknøyane, og dess minder di meir han let seg med at han vil fara or landet.» Fyrstundes på vinteren fór Svein og Erlend or Torså og sette styreleidi vest langsmed Skottland. Dei hadde sju skip, og alle var store og vel skipa. Dei tok ro-leidi. Men då dei var komne eit stykke på veg vest ifrå Neset, fór njosnarmennene åt Rognvald jarl ut til øyane og sagde honom denne tidendi. Jarlane lagde då med skipi sine inn til Skalpeid, men Rognvald jarl vilde at dei skulde liggja på skipi sine eit bil til. Då Svein og dei var komne mesta vest til Staur, tok Svein til å røda um at det var ikkje noko å slita og ro etter lenger; han bad deim snu skipi og heisa segl. Dette tykte dei andre var ei uvisleg rådgjerd. Like vel gjorde dei som Svein vilde. Men då dei hadde fenge snutt, gjekk snekkjone skjott undan vinden, og det er ikkje gjete noko um ferdi deira fyrr dei kom til Vågaland på Orknøyane. Der spurde dei at jarlane låg ved Skalpeid med fjortan skip, utanfor Knarrarstad. Erlend Unge var med hjå jarlane, og Eirik Stagbrell og mange andre gjæve menn; Torbjørn Klerk var faren aust i fjordane til Papuli til Håkon Kall, mågen sin. Torbjørn var då gift med Ingegjerd dotter hans. Svein sette fyre at han vilde gjera åtak på jarlane um natti. Dette var fire næter fyre Simonsmesse. Fylgjesmennene hans tykte slikt var urådlegt, med den folkemunen som der var. Men Svein vilde råda like vel. Og det vart som han sagde, for jarlen var mest huga på å gjera etter det som Svein vilde. Um kvelden vart det ei bye med blautt snødriv. Då hadde Rognvald jarl gjenge i land frå skipet sitt og ætla seg vest til Orfjara til garden sin; han visste ikkje av at det var nokon fåre på ferd. Han fór sjølv sette. Dei kom til Knarrarstad medan bya stod på. Der budde Botolv Begla, ein islendsk mann og ein god skald. Han baud Rognvald jarl å få vera der hjå seg um natti, og bad honom mykje um at han skulde gjeva seg til. Dei gjekk inn, og fekk klædi dregne av seg. Dei lagde seg til å sova, og Botolv skulde halda vakt. Denne same natti gjorde Erlend jarl og Svein åtak på Harald jarl og heren hans, og kom uvarande på deim, so at dei inkje vardest fyrr dei høyrde herropet. Då ljop dei til våpni, og varde seg drengjeleg. Det vart stort mannfall, og bardagen enda med at Harald jarl sprang upp på land; då stod det ikkje att meir enn fem mann på skipet. Der fall Bjarne, bror hans Erlend Unge, og hundrad mann med honom; og ei mengd vart særde. Alle sprang av skipi og flydde upp på land. For Erlend jarl fall det ikkje mange. Jarlen tok fjortan skip der som dei andre tvo jarlane åtte, og alt det féet som var på skipi. Då meste starvet var slutt, frette dei at Rognvald jarl hadde gjenge av skipet sitt um kvelden, og fyrst hadde fare upp til Knarrarstad. Dei fór dit. Botolv bonde stod utanfor døri då dei kom. Han fagna deim vel. Dei spurde um Rognvald jarl var der. Botolv svara at han hadde vore der um natti. Men dei ofsa og spurde kvar Rognvald var då; Botolv munde vita det, sagde dei. Botolv peika med handi upp um bøgarden, og kvad ei vise:

Hovdingen fer etter fugl
uppi fjellom.
I nakken fær rjupa ein dytt;
dei kann skjota.
Bogen bender dei hardt
— dei er bråe —
når karane lynghønsi finn;
— med sverd ver lovdungen[120] landet.

Jarlsmennene lagde til sprangs upp or tunet, og den tyktest vera likast som var snøggast til å renna og fyrst kunde få tak i jarlen. Men Botolv gjekk inn og vekte jarlen, og fortalde honom dei tidender som hadde hendt um natti, og likeins kva jarlsmennene tok seg fyre. Dei spratt upp og klædde på seg, og fór burt på timen og drog til Orfjara, garden åt jarlen. Då dei kom dit, var Harald jarl der alt, og heldt seg løynd der. Dei drog no med ein gong yver til Nes, i kvar sin båt; den eine hadde tvo mann med seg, og hin tri. Alle mennene deira som kunde få fare, fór yver til Nes. Erlend og Svein tok alle skipi som jarlane hadde havt og ovmykje med fe elles. Svein Åsleivarson lét skifta til seg alle dei gjørsimane[121] åt Rognvald jarl som vart tekne på skipet hans, og sende deim yver til Nes til jarlen alle saman. Svein talde til at dei no skulde leggja seg med skipi sine utmed Vågaland, og liggja ut imot fjorden der, so dei kunde sjå straks det kom skip ut ifrå Neset. Det vilde òg vera godt å liggja og lura på åtak der, sagde han, um det skulde verta høve til det. Men Erlend vilde at dei skulde fara nord til Damisøy, og det vart som han vilde, for herfolket fyste til det. Der drakk dei um dagane i ein stor skåle, men kvar kveld lagde dei skipi i tengsl og sov utpå deim um nætene. Tri næter fyre jol fór Svein Åsleivarson aust til Sandvik til Sigrid frendkona si. Han skulde forlika henne med ein grannen hennar som heitte Bjørn. Men fyrr han fór, tala han med Erlend jarl, at han måtte sova på skipi um natti, og ikkje verta u-varare for di um ikkje han var der. Svein var ei natt hjå Sigrid frendkona si. Gils heitte ein landseten hans Svein, som var ein god ven med honom. Han bad Svein um å vitja seg. Han hadde late bryggja mungåt og vilde gjera gjestebod for Svein og fylgjet hans med det. Då Svein og mennene hans kom til Gils, vart det sagt deim at Erlend jarl hadde ikkje gjenge um bord i skipi um kvelden. So snart Svein spurde det, sende han Margad Grimsson og tvo andre menn til jarlen, og bad at han måtte retta seg etter rådi hans, um han so ikkje hadde gjort det den fyrre natti; — «men eg trur ikkje det vert so lenge eg treng um å gjeva denne jarlen råd,» lagde Svein til. Margad og hine tvo fór og fann jarlen og sagde honom ordi ifrå Svein. Jarlsmennene svara at Svein var underleg skapt; stundom tykte han ikkje noko var ugjerande, og stundom var han so rædd at han ikkje visste kvar han skulde gjera av anten seg eller andre. Dei vilde sova i ro på land, sagde dei, og vilde ikkje ut på skipi. Jarlen sagde at dei skulde gjera som Svein hadde sagt fyre; det vart til at jarlen gjekk ut på skipi sjølv tjugande, men hine låg uppe på land i hus. Margad og dei lagde seg i ei onnor vik eit lite stykke ifrå. Denne same natti kom Rognvald jarl og Harald jarl yver Erlend jarl, so uvarande at dei vaktmennene som vakte uppå øyi, vart ikkje vare deim fyrr med det same dei steig um bord i skipet. Orm heitte ein mann, ein annan heitte Uve. Dei var i framromet på skipet åt jarlen. Uve ljop upp og vilde vekkja jarlen. Men han fekk ikkje vekt honom, so dauddrukken var jarlen. Uve treiv jarlen i armane sine og sprang utanbords med honom og ned i ein etterbåt som flaut innmed skipet. Orm sprang av skipet på hi sida, og han kom seg på land; Erlend jarl og dei fleste andre som var på skipet, lét livet der. Margad og dei andre vakna av herropet; dei tok til årane og rodde framum neset. Det var bjart måneskin av ny, og dei såg då at jarlane lagde ifrå; då tyktest dei vita at striden var avgjord. Dei rodde burt og fór fyrst til Rennedal; men dei sende menn til Svein til å segja honom kva dei hadde set. Harald jarl vilde gjeva mennene åt Erlend grid, men Rognvald jarl vilde bia og sjå fyrst um liket hans vart funne. Liket av jarlen vart funne tvo næter fyre jol. Ein fekk sjå eit spjotskaft stå upp or eit tarebruk,[122] og då dei såg etter, stod spjotet igjenom jarlen. Liket hans vart då ført til kyrkje, og mennene hans fekk grid, og likeins fire huskarar åt Svein som hadde vorte tekne. Jon heitte ein mann som dei kalla med tilnamnet Veng. Han var systerson åt den Jon Veng som fyrr er nemnd. Jon hadde vore hjå Håkon Kall og hadde gjort syster hans med barn; sidan hadde han rømt sin veg i viking med Anakol. No var han hjå Erlend jarl, men hadde like vel ikkje vore med i bardagen. Mennene åt Erlend jarl hadde flytt til Kyrkjevåg alle saman og søkt berging inne i Magnuskyrkja. Jarlane fór dit, og det vart skipa ei sættarstemne der. Jon fekk ikkje sætt med jarlane fyrr han hadde lova at han vilde gifta seg med gjenta. Der svor alle mann truskapseid til jarlane, og dei lét seg ikkje truga lenge til det. Jon Veng gjekk i teneste hjå Harald jarl og vart årmannen hans.


95. SVEIN OG JARLANE.

Etter Erlend jarl var fallen, fór Svein Åsleivarson til Rennedal og råka Margad og fylgjesmennene hans der; dei kunde fortelja honom nøgje um dei tidender som hadde hendt i Damisøy. Sidan fór Svein og Margad til Rolvsøy. Dei kom dit med flod sjø. Dei bar all reiden av skipet og fekk varveitt honom. Mennene sine lagde dei inn rundt ikring på gardane og hadde njosnarar ute etter jarlane og andre av dei fremste mennene, kva dei tok seg fyre. Svein gjekk upp på eit fjell der sjølv sette, og fór ned til sjøen att på hi sida. Dei løynde seg fram til ein gard etter det hadde vorte myrkt. Der inne høyrde dei høgmælt tale. Det var ein mann der som heitte Torfinn, og Ogmund son hans, og so Erlend mågen deira. Erlend skrepte for Torfinn og Ogmund yver at det var han som hadde gjeve Erlend jarl banesår. Men alle tri tykte dei at dei hadde vore nokre svære karar til å slåst. Då Svein høyrde dette, sprang han inn i huset til deim, og fylgjesmennene hans etter honom. Svein vart den skjotaste, og han hogg Erlend banehogg der på flekken. Torfinn handtok dei og hadde med seg; Ogmund vart noko særd. Svein og fylgjesmennene hans drog til Tingavoll. Der budde Helge, farbror hans Svein. Der var dei fyrstundes i joli i løynd. Rognvald jarl fór til Damisøy då det leid til jol; Harald jarl vart att i Kyrkjevåg. Rognvald jarl sende ein mann til Tingavoll til Helge, og bad honom segja til Svein frenden sin, dersom han visste um kvar han var, at jarlen vilde bjoda Svein til seg i joli; Rognvald vilde gjera seg umak med å få deim forlikte med Harald jarl, sagde han. Då Svein fekk dette bodet, fór han til Rognvald jarl sjølv sette, og var hjå honom siste luten av joli. Etter jol vart det avtala sættarstemne millom Svein og jarlane. Der skulde dei gjera upp alle dei saker som det ikkje hadde vorte forlik um fyrr. Då dei møttest, lagde Rognvald jarl seg um å få Harald jarl og Svein forlikte. Men dei fleste lagde ilt til, som ikkje var anten venene eller frendane hans Svein. Dei sagde at det vilde jamt stå uro av Svein dersom han ikkje vart landlyst frå øyane. Men forlik vart det då, på det vilkåret at Svein skulde reida ut ei mork gull til kvar av jarlane og lata frå seg helvti av jordeignene sine og eit godt langskip. Då Svein høyrde den skilsdomen, sagde han: «Dei semjone vil stå seg lengst som dei ikkje tvingar meg til med skam.» Rognvald jarl vilde ikkje ha boti av Svein; han vilde ikkje tvinga honom til noko som han hadde skam av, sagde han; han tykte det var mykje meir mun i venskapen hans Svein enn i féet hans, sagde han. Harald jarl fór til Gåreksøy då sætti var avgjord, til garden hans Svein; der fór han heller ufredsamt åt både med kornet åt Svein og med det andre som han åtte. Men då Svein spurde dette, kjærde han yver det hjå Rognvald jarl, og sagde at slikt var forliksbrot; han vilde fara heim, sagde han, og sjå til det han hadde. Rognvald svara: «Ver med meg, Svein, so skal eg senda bod til jarlen og få til tingingar ein gong til. Eg vil ikkje at du skal freista å kjeppast med Harald jarl um dette. For i deilsmål[123] vert han for sterk for deg, endå um du er mykje fyre deg og ein hæv mann.» Men Svein vilde ikkje lata seg telja ifrå. Han fór sjølv tiande til Gåreksøy på ei skute. Dei kom dit seint um kvelden. Dei såg at det brann eld i eit uthus. Svein fór dit. Han vilde at dei skulde taka av elden og bera burt til skålen, og setja varme på garden og brenna jarlen inne. Svein Blåkåreson heitte ein mann. Han var den fremste millom dei mennene som var med Svein der. Han talde mest ifrå dette; det kunde henda, sagde han, at jarlen ikkje var på garden. Og um han var der, kunde det henda at dei inne i huset ikkje vilde lata kona hans Svein og døtterne hans få lov til å gå ut, og deim kunde dei ikkje brenna inne, sagde han. Svein og mennene hans gjekk då burt åt husdøri og inn um utdøri. Dei mennene som var inne i skålen, sprang upp med det same og fekk stengt att den indre døri. Svein og dei som var med honom, fekk no vita at jarlen ikkje var på garden. Men dei som var inne, gav seg godviljugt og lét Svein få våpni sine, og kom ut våpenlause alle saman. Svein lét alle huskarane åt jarlen få grid. Alt mungåtet sitt tømde han ut. Kona og døtterne hadde han med seg burt ifrå garden. Han spurde Ingerid kona si kvar Harald jarl var; men ho vilde ikkje segja det. «Peika då, når du ikkje vil tala!» sagde Svein. Ho vilde ikkje det heller; ho var i skyld til jarlen. Då dei kom ned på skipet, gav Svein ifrå seg nokre av våpni. Det var ende på forliket millom jarlen og Svein då dette spurdest. Harald jarl var faren til ei liti øy og skulde skjota hare. Svein snudde vegen sin til Hellesøy. Denne øyi er bratt ut mot sjøen; i berget der er det ein stor heller, og sjøen stend upp i hellermunnen når det er flod. Då huskarane åt Harald jarl hadde fenge att våpni sine av Svein, fór dei til Harald jarl med ein gong og fortalde honom kva som hadde gjenge til millom Svein og deim. Jarlen let straks skuva ut skipet sitt, og eggja til at dei skulde ro etter Svein; — «no fær me lata våpni skilja millom oss!» sagde han. Dei gav seg då til å ro etter Svein og deim, og dei kom so nær at den eine såg hin, og dei kjende kvarandre. Då Svein såg at jarlen drog inn på deim, sagde han: «Me lyt sjå å finna på ei råd, for eg stundar ikkje etter å møta honom, etter det som hev hendt, med den folkemunen som det truleg er millom oss. Me skal taka det rådet,» sagde han, «at me ror inn åt helleren og ser korleis det kann laga seg for oss der.» Dei gjorde so. Dei kom til helleren med flod sjø. Dei sette skipet upp, for helleren gjekk uppyver i berget, og sjøen stod upp i hellermunnen. Harald jarl og mennene hans fór yver øyi um dagen og leita etter deim, men fann deim ikkje. Ikkje såg dei noko skip som drog ifrå øyi heller. Dette undra dei seg mykje på. Det var urimelegt, tykte dei, at Svein og dei skulde ha sokke ned. Dei rodde rundt øyi og leita etter Svein, men fann ikkje noko, som rimelegt var. Dei kom då helst til det, at Svein måtte ha nått fram til andre øyar. So rodde dei av og skulde leita der som dei tykte det var best von med å leita. Mest i same bilet som jarlen rodde burt, fall og sjøen ifrå hellermunnen. Svein og dei som var med honom, hadde høyrt samrøda åt jarlen og mennene hans. Svein let skipet sitt vera att i helleren, og so tok dei ein gamall byrding der på øyi som munkane åtte, og siglde til Sandøy. Der gjekk dei i land, men byrdingen skuva dei ut på att, og han rak kringum strendene til dess han slo seg sund. Svein og dei gjekk upp på øyi og kom til ein gard som heiter Volunes, Der budde ein mann som heitte Bård; han var frenden hans Svein. Dei fekk kalla honom ut i løynd, og Svein sagde at han vilde få vera der. Bård svara at det skulde vera som Svein vilde med det; — «men eg torer ikkje anna enn at de lyt vera her i løynd,» sagde han. Dei gjekk inn, og fekk eit rom for seg sjølve i huset, soleis at det var ein vegg av flettverk millom deim og hitt folket. I det romet som Svein og fylgjet hans var i, var det ei løyndør; ho var att-lødd lausleg med stein. Denne kvelden kom Jon Veng dit, årmannen hans Harald jarl; dei var sju mann i fylgje. Bård bonde tok vel imot deim. Det vart gjort upp store eldar for deim, og dei sat attmed eldane og baka seg. Jon var svallug, og rødde um det som hadde hendt millom jarlane og Svein. Han lasta mykje på Svein og sagde at han var ein gridniding,[124] som ikkje var tru imot nokon; — «no hadde han forlikt seg med Harald jarl,» sagde Jon, «og so vilde han fara imot honom med det same og brenna honom inne.» Det kom aldri til å verta fred på øyane, lét Jon, fyrr Svein var reken or landet. Bård bonde og fylgjesmennene hans Jon tok helst Svein i forsvar. Deretter tok Jon til å lasta på Erlend jarl, og meinte at det var ikkje nokon skade for di um han hadde late livet. Erlend var ein slik ein vyrdløysing, lét han, at det var ingen som kunde bera hovudet fritt for honom. Då Svein høyrde dette, kunde han ikkje halda seg; han treiv våpni sine og sprang til løyndøri og velte utor steinen. Av dette vart det eit stort balder. Svein tenkte han skulde springa fram og stengja i skåledøri. Jon sat i skjorte og linbrok. Då han høyrde at Svein var der, batt han skorne sine på seg og sprang ut ifrå elden, og burt ifrå garden med ein gong. Det var månemyrkt, og hard frost. Jon kom fram til ein annan gard um natti; men då var han so forfrosen på føtene at sume av tærne fall av. Svein gav fylgjesmennene hans Jon grid for di Bård bad um det. Han var der på garden um natti, men morgonen etter fór dei burt på ei skute som Bård åtte og som han gav Svein. Dei fór sud til Bardsvik og heldt seg nær attmed ein heller. Svein sat stundom i hus um dagen og drakk, men um nætene sov han på skipet og vara seg soleis imot uvenene sine.


96. ROGNVALD JARL OG SVEIN MØTEST.

Ein morgon tidleg såg Svein og mennene hans eit stort langskip koma frå Rossøy til Rognvaldsøy. Svein kjende det straks; det var skipet hans Rognvald jarl, det som han sjølv brukte å styra. Det lagde til ved Rognvaldsøy, der som skuta åt Svein låg, og fem mann gjekk i land frå jarlsskipet. Men Svein og mennene hans stod uppå ei høgd og kasta stein på mennene åt jarlen. Då dei såg det ifrå skipet, tok dei fram våpni sine. Men då Svein og dei såg det, sprang dei ned av høgdi og ned i fjøra, og skuva ut skuta og sprang um bord i henne. Langskipet hadde rent seg so upp at det stod fast. Svein reiste seg upp i skuta då dei rodde ut og framum langskipet, og hadde eit spjot i handi. Då Rognvald jarl såg det, tok han ein skjold og heldt framfyre seg. Men Svein skaut ikkje spjotet. Då jarlen såg at dei heldt på å skiljast, lét han setja upp fredsskjold, og bad at Svein skulde leggja til land. So snart Svein fekk sjå det, bad han mennene sine leggja til land, og sagde at han framleides vilde lika seg best um han kunde verta forlikt med Rognvald jarl.


97. HARALD JARL OG SVEIN.

Deretter gjekk Rognvald jarl og Svein i land; dei tala tvo-eine saman lenge og kom vel utav det. Medan dei sat og talast ved, såg dei at Harald jarl kom siglande ifrå Katanes til Vågaland. Då skipet nærma seg øyi, spurde Svein jarlen kva dei skulde gjera. Jarlen svara at Svein skulde fara yver til Nes då med det same. Dette var i langefasta. Dei fór ifrå Rognvaldsøy samstundes. Jarlen fór til Rossøy, og Svein fór vest til Straumøy. Harald jarl og mennene hans såg skipet, og tyktest kjenna det, at det var Svein som åtte det. Dei sette yver fjorden etter deim straks. Då Svein og dei såg at jarlen sette etter deim, gjekk dei av skipet og løynde seg. Då so Harald jarl kom fram til Straumøy, såg dei skipet hans Svein låg der; dei tvila då fyre at det måtte vera folk i nærmunom, og vilde ikkje gå i land. Åmunde Neveson heitte ein mann. Han var ven med Harald jarl, og farbror åt stykborni hans Svein Åsleivarson. Han gjekk imillom deim, og fekk det so til at den sætti skulde haldast som dei hadde gjort um vinteren. I millomtidi bles det upp ein storm, so båe laut vera der på øyi um natti. Åmunde lagde deim i hop i ei seng båe tvo, Harald jarl og Svein. Mange av mennene åt deim båe sov i same huset. Etter dette forliket fór Svein yver til Nes, og Harald jarl yver til Orknøyane. Men Svein spurde det ordet etter jarlen at han kalla forliket deira for ei heller lausleg sætt. Svein gav lite gaum på det. Han fór sud i Dalane, og var i påsken hjå Sumarlide venen sin. Men Harald jarl fór nord til Hjaltland og var der heller lenge um våren. Etter påske fór Svein nordetter. I leidi møtte han tvo brør åt Jon Veng, den eine heitte Bune-Peter og hin Blån. Svein og mennene hans handtok deim og tok ifrå deim alt féet som dei hadde, og førde deim sjølve inn til land. Der hogg dei til ein galge for deim. Men då alt var tilbutt, sagde Svein at dei kunde renna sin veg upp i landet; det var større skam for Jon bror deira at dei livde, sagde han. Dei vart lenge ute og vart ynkeleg forfrosne fyrr dei kom fram til folk. Svein fór derifrå til Ljodhus i Suderøyane, og var der eit bil. Men då Jon Veng fekk spurt at Svein hadde handteke brørne hans, men ikkje enno hadde fenge vita kva han hadde gjort med deim, fór han til Helgøy og tok Olav, son åt Svein Åsleivarson og fosterson åt Kolbein Ruga, og hadde med seg til Vesterøy. Der møtte dei Rognvald jarl på Reppesnes. Då jarlen fekk sjå Olav, sagde han: «Kvifor er du her, Olav?» Han svara: «Det er Jon Veng som er skuld i det.» Jarlen såg på Jon, og spurde: «Kvifor hev du ført Olav hit?» Han svara: «Svein hev teke brørne mine, og eg veit ikkje um han ikkje hev drepe deim.» Jarlen sagde: «Far tilbake med honom att og det snøgt, og våga deg ikkje til å gjera honom noko mein, kva det so hev vorte av brørne dine; for det vert ikkje verande for deg her på øyane, anten for Svein eller Kolbein, dersom du gjer honom noko.»


98. SÆTTARSTEMNE ATT.

Etter påske same våren drog Svein ifrå Suderøyane med seksti mann. Han siglde til Orknøyane, og fyrst til Rolvsøy. Der tok dei ein mann som heitte Håkon Kall. Han hadde vore med Harald jarl då Erlend jarl fall. Håkon løyste seg med tri merker gull og berga seg for Svein soleis. Der i Rolvsøy fann Svein og dei det skipet som jarlane hadde teke ifrå Svein ved skilsdomen. Det var hogge tvo bord ut or det. Det hadde Rognvald jarl late gjera, for ingen hadde vilja kjøpa skipet eller taka imot det til gåve av jarlane. Svein siglde derifrå til Rossøy og fann Rognvald jarl i Byrgesherad. Jarlen tok vel imot han, og Svein var hjå honom um våren. Rognvald jarl sagde at han hadde hogge bordi or skipet av di han ikkje vilde at Svein skulde gjera noko i bråskap der på øyane med det same han kom ifrå Suderøyane. Harald jarl kom ifrå Hjaltland um våren i kvitsunnhelgi. Ikkje fyrr var han komen til Orknøyane, so sende Rognvald jarl bod til honom og lét segja, at han vilde jarlen og Svein skulde forlikast av nyo. So vart det avtala sættamot[125] fastedagen[126] i kvitsunnvika, i Magnuskyrkja. Rognvald jarl kom til dette møtet med ei breid øks i handi, og Svein kom i fylgje med honom. Då kom semja i stand, same semja som dei hadde gjort fyrr um vinteren.


99. SVEIN ÅSLEIVARSON FÆR GÅVOR HJÅ HARALD JARL.

Då gav Rognvald jarl til Harald jarl det skipet som Svein hadde ått; og til Svein gav han alt det andre som var nemnt i skilsdomen og som fall på hans lut. Rognvald jarl og Svein stod attmed kyrkjedøri medan seglet vart utbore. Det hadde vore upplagt inne i Magnuskyrkja. Svein var heller glymeleg å sjå til då dei bar ut seglet. Laurdagen etter då nons-tenesta var til endes, kom det nokre menn ifrå Harald jarl til Svein Åsleivarson; dei sagde at jarlen vilde at Svein skulde koma so han fekk tala med honom. Svein rådførde seg med Rognvald jarl um dette. Rognvald fyste honom ikkje stort til å gå, og sagde at han visste ikkje kva han skulde tru. Ikkje dess minder gjekk Svein, sjølv sette. Jarlen sat i ei liti stove på tverpallen, og Torbjørn Klerk jamsides med honom. Elles var det lite folk inne hjå jarlen. Dei sat ei stund og drakk. Deretter gjekk Torbjørn ut. Då sagde Svein og karane hans seg imillom at no var dei ikkje mykje trygge på kva jarlen vilde taka seg til. Torbjørn kom inn att ei liti stund etter, og gav Svein ein skarlaks kyrtel og ei kappe. Han visste ikkje, sagde han, anten Svein vilde kalla det for gåve eller ei, for desse gripene[127] hadde vorte tekne ifrå Svein um vinteren. Svein tok imot desse gåvone. Harald jarl gav Svein det langskipet som hadde vore hans, og helvti av eignene og jordene hans. Han baud Svein vera hjå seg, og sagde at venskapen deira aldri skulde brjotast. Svein tok dette vel upp, og gjekk til Rognvald jarl med det same um natti og fortalde korleis det hadde gjenge med honom og Harald jarl. Rognvald jarl lét vel yver dette, og bad Svein sjå til at dei ikkje vart uforlikte att.


100. TORBJØRN KLERK VERT LYST UTLÆG.

Noko seinare drog dei på herferd tri hovdingar saman, Svein, og Torbjørn, og Eirik. Dei fór fyrst til Suderøyane, og kom heilt vest til Syllingane. Der vann dei ein stor siger i Mariehamn Kolumbamess-dag og fekk ovmykje herfang. Etter det fór dei attende til Orknøyane. Etter Rognvald jarl og Harald jarl og Svein Åsleivarson hadde vorte forlikte, var jarlane jamleg saman båe. Rognvald jarl var den som rådde, og samheldet millom deim var godt. Då hine kom heim ifrå Syllingane, drog Torbjørn Klerk til Harald jarl og vart rådgjevaren hans. Svein fór heim til Gåreksøy og sat der med mange folk um vintrane; han skøytte på av herfanget sitt til uppheldet, attåt det som han hadde der på øyane. Rognvald jarl var den som han var mest holl imot. Kvar sumar var han i hernad. Det vart sagt at Torbjørn Klerk hjelpte ikkje noko på venskapen millom Rognvald jarl og Harald jarl. Torarin Kyllenev heitte ein mann som var hirdmannen og venen åt Rognvald jarl. Han var jamleg hjå jarlen. Torkjell heitte ein fylgjesmann og ven åt Torbjørn Klerk. Torarin og Torkjell vart usamde i eit drykkjelag i Kyrkjevåg, og Torkjell særde Torarin, og kom seg sidan undan til Torbjørn. Felagane hans Torarin sette etter Torkjell, men Torbjørn og Torkjell varde seg ifrå eit loft. Dette vart fortalt til jarlane, og dei kom då og skulde skilja. Torbjørn vilde ikkje at Rognvald jarl skulde døma i denne saki, og reiste søksmål mot deim som hadde elt Torkjell. Men då Torarin vart god att av såri sine, drap han Torkjell ein gong som han gjekk til kyrkje. Torarin sprang inn i kyrkja; men Torbjørn og fylgjesmennene hans sprang etter honom. Dette vart fortalt til Rognvald jarl. Han kom til fjølment, og spurde um Torbjørn vilde brjota upp kyrkja. Torbjørn svara at kyrkja burde ikkje hysa den som var der inne. Rognvald jarl sagde at kyrkja skulde ikkje verta uppbroti denne gongen, og Torbjørn vart trengd burt ifrå kyrkja. Det vart ikkje noko forlik um dette. Torbjørn fór yver til Nes og var der eit bil. Det vart mange-slags ustell med deim medan dei var der; for Torbjørn og karane hans fór med mykje uspekt, både med kvinnfolk og med manndråp. Torbjørn drog i løynd ut til Orknøyane med ei skute og tretti mann, og steig i land ved Skalpeid. Han gjekk yver til Kyrkjevåg sjølv fjorde. Um kvelden sprang han åleine inn i den skytningsstova som Torarin sat i og drakk. Torbjørn hogg straks Torarin banehogg. Etterpå ljop han langt burt i myrkret. For dette gjorde Rognvald jarl Torbjørn Klerk utlæg i heile riket sitt. Torbjørn fór yver til Nes, og var i løynd hjå Hosve, mågen sin; Hosve var kalla den Sterke. Han var gift med Ragnhild, syster åt Torbjørn. Son deira var Stefan Rådgjave, som var med i fylgjet hans Torbjørn. Litt seinare fór Torbjørn til Melkolm skottekonge, og var hjå honom i god fagnad. Hjå skottekongen var ein mann som heitte Gille Odran. Han var av god ætt, men ein stor kranglefant. Han vart ute fyre vreiden åt skottekongen for uspekt og manndråp som han hadde gjort i riket hans. Gille Odran rømde til Orknøyane, og jarlane tok honom i si vern. So var han på Katanes og hadde årmanns-umbodet åt jarlane. Helge heitte ein gjæv bonde på Katanes. Han var venen åt Rognvald jarl. Helge og Gille Odran vart usamde um noko med årmanns-umbodet, og Gille Odran fór heim til Helge og drap honom. Etter dråpet fór han vest i Skottlandsfjordane, og ein hovding som heitte Sumarlide Hold tok honom i si vern. Han hadde eit rike i Dalane i Skottlandsfjordane. Sumarlide var gift med Ragnhild, dotter åt Suderøy-kongen Olav Bitling. Borni deira var kong Duvgåll, Rognvald og Engus, Dalverja-ætti, dei kallar. Rognvald jarl kalla til seg Svein Åsleivarson fyrr han fór i hernad. Då dei møttest, bad Rognvald jarl Svein um å ha eit auga etter Gille Odran, dersom han fekk høve til det. Svein svara at han visste ikkje korleis det kunde laga seg.


101. SVEIN DREP SUMARLIDE.

Etter dette drog Svein i viking, og hadde fem langskip. Då han kom vest for Skottlandsfjordane, spurde han at Sumarlide Hold hadde gjenge um bord i skipi sine og ætla seg i viking. Han hadde sju skip. Gille Odran styrde eitt skip for honom, og han var faren inn i fjordane etter det folket som ikkje var kome enno. So snart Svein fekk vita um Sumarlide, lagde han til slag med honom, og det vart ein hard bardage. I dette slaget fall Sumarlide Hold og mykje folk med honom. Svein vart vis med at Gille Odran ikkje var i flokken. Han drog då på leiting etter honom. Han fann honom i Myrkefjorden, og der drap han Gille Odran og femti mann med honom. Deretter fór Svein i viking, og kom heim att um hausten, som han var van til. Då han kom heim, var det ikkje lenge fyrr Rognvald jarl og han møttest. Rognvald jarl lét vel yver desse verki.


102. JARLANE PA VEIDING.

Jarlane brukte mesta kvar sumar å fara til Katanes og upp i øydemarkene der og veida hjort eller rein. Torbjørn Klerk var hjå skottekongen, men stundom kom han ned til Nes og var i løynd hjå venene sine. Det var tri vener han hadde på Katanes som han fekk mest hjelp av. Den eine var Hosve mågen hans, den andre ein Livolv som budde i Torsdal, og den tridje Hallvard Duveson som budde på Foss i Kalvedal; Kalvedalen greinar seg upp ifrå Torsdal. Desse tri var einka-venene[128] hans.


103. ROGNVALD JARL VERT DREPEN.

Det året som Rognvald hadde vore jarl i tvo og tjuge vintrar etter Pål jarl hadde vorte handteken, fór båe jarlane yver til Katanes då det leid frampå sumaren, soleis som dei var vane til. Då dei kom til Torså, fekk dei høyra noko drøs um at Torbjørn skulde liggja i løynd og ikkje so lite mannsterk uppi Torsdal; han ætla seg til å taka på deim, vart det sagt, dersom han fekk høve til det. Då samla jarlane til seg folk, og drog av stad med hundrad[129] mann. Tjuge reid, og hine gjekk. Dei fór upp gjenom dalen um kvelden og fekk seg hus ein stad der uppe um natti. Um kvelden med’ karane sat attmed elden, fekk Rognvald jarl ei hard njosing på seg. «Kor kvast du nys, frende!» sagde Harald jarl. Um morgonen etter fór dei lenger upp gjenom dalen. Rognvald jarl reid jamnast fyre um dagen, og saman med honom ein mann som heitte Åsolv; han var son åt Gunne frå Agder, ein norsk mann. Jomar heitte ein annan som reid i fylgje med jarlen; han var frenden hans Åsolv. Upp gjenom Kalvedal reid dei fem i lag fyre. Då dei kom upp til garden Foss, stod Hallvard bonde uppe på ein kornstakk og lødde korn, og heimemennene bar for honom. Harald jarl og fylgjet hans reid noko etter. So snart Hallvard kjende Rognvald jarl, helsa han honom med namn og spurde etter tidender. Han tala åkavleg høgt, so dei kunde ha høyrt det um dei hadde vore langt burte. Dette var eit lite stykke ifrå stova. Husi stod uppå ei høg brekke, og det var ei trong geil å rida upp til garden, og bratt motebakke. Der på den garden var Torbjørn Klerk; han sat inne og drakk. Geili gjekk upp til hus-enden og frammed gavlveggen. Der i gavlveggen var det ei dør som var laust att-lødd med stein. Då Torbjørn og karane hans høyrde at hine rødde, og at Hallvard helsa på Rognvald jarl, spratt dei upp straks og treiv våpni sine, og braut steinen or løyndøri og sprang ut der. Torbjørn sprang fram for gavlveggen og upp på geilgarden. Jarlen og fylgjet hans var då komne upp åt døri. Torbjørn hogg til jarlen med det same, men Åsolv sette handi si fram for hogget; sverdet tok av handi, og deretter råka det i haka på jarlen so det vart eit stort sår. Åsolv sagde med det same han fekk hogget: «Lat deim fylgja jarlen betre som hev fleire gåvor å løna honom for!» Han var attan år gamall då og nykomen til jarlen. Rognvald jarl vilde kasta seg av hesten då han såg Torbjørn, men foten hengde seg fast i stigreipet. Med det same kom Stefan til og stakk spjotet i jarlen. Torbjørn gav då jarlen eit sår til, men i same bilet stakk Jomar til Torbjørn i låret med spjotet sitt, og stikket rende upp i småtarmane. Då sette Torbjørn og karane hans attum husi. Derifrå laut dei springa ned fyre ei høg brekke og so fram på ei blaut myr. I same stundi kom Harald jarl og fylgjet hans; leidi låg so til at dei kom til mots med Torbjørn, og då kjende dei kvarandre. Dei mennene åt jarlen som visste kva Torbjørn hadde ætla seg til, sagde at dei burde snu etter Torbjørn. Men Harald jarl talde ifrå; han vilde bia og høyra kva Rognvald jarl baud, sagde han; — «for eg skyldar Torbjørn mykje, som de veit, både for frendskaps skuld og av di det er mange andre grunnar til venskap imillom oss.» Men dei mennene som var uppe hjå Rognvald jarl, storma att og fram yver liket hans, og det gjekk ei god stund fyrr Harald jarl og fylgjet hans fekk greide på kva som var hendt. Torbjørn og dei var då komne ut på myri og yver det diket som gjekk langs etter myri. Fylgjet åt jarlane tok no til å eggja til hemn, og Harald jarl og heile flokken lagde på sprang ned på myri. Dei møttest med Torbjørn nede ved diket, soleis at flokkane stod på kvar si side. Torbjørn og dei som var med honom, varde seg ifrå barden på diket; dei som hadde fylgt honom, samla seg til honom ovanfrå bøen, so dei vart femti mann til saman. Dei varde seg drengjeleg, og dei hadde ein god verjestad; for diket var både djupt og breidt, og myri fram åt det var blaut, so dei kunde ikkje koma til med noko anna enn å skjota på kvarandre med spjot. Torbjørn sagde at dei skulde ikkje skjota attende. Då hine ikkje hadde meir att å skjota, tok dei til å tala med kvarandre. Torbjørn ropa på Harald jarl, og so sagde han: «Eg vil beda Dykk, frende, at De gjev meg grid, so skal eg gjeva denne saki i Dykkar vald, so at De skal døma åleine. Eg skal ikkje draga undan noko som eg råder fyre, og som kann gjera æra Dykkar større etterpå enn fyrr. Eg ventar òg, frende, at du kjem i hug kva dagar som hev vore; og då skulde du ikkje no gjera slikt skil på Rognvald jarl og meg at du vil drepa meg for di um eg hev gjort dette verket. Kom i hug då han kua deg som mest og ikkje lét deg ha meir å segja enn drengen sin, men eg gav deg dei beste gåvor og stod på di ære i alt som eg kunde. Dette verket som eg hev gjort, er ei stor synd; det kjem yver meg. Men heile riket, det er falle i ditt vald. Det er og noko du veit, at det som eg hev gjort no med Rognvald jarl, det hadde han tenkt å gjera med meg. Og det er hugbodet mitt, frende, at um det hadde gjenge den vegen at eg hadde kome av dage, og Rognvald jarl hadde livt, so hadde du samtykt i det han gjorde, men meg vil du drepa.» Mange ord, som lét seg høyra, tala Torbjørn um dette. Mange menn studde uppunder det han sagde og bad um grid for honom. Det vart til at jarlen tok til å høyra etter, sidan so mange bad for Torbjørn. Då tok Magnus, son åt Håvard Gunneson, til ords; han var frenden åt jarlane og ein av hovdingane deira, og den gjævaste som var med i fylgjet hans Harald jarl. Han sagde so: «Ikkje kann eg gjeva Dykk råd, jarl, etter slik ei stor hending som denne. Men det kann eg segja, kva slag drøs som vil koma ut dersom Torbjørn fær grid etter han hev gjort dette verket og attpå torer segja upp i augo på Dykk mesta for kvart ord, at han hev gjort dette for deg eller til ære for deg: det vert til æveleg skam og vanære både for deg og for alle frendane åt jarlen, dersom det ikkje vert teke hemn yver honom. Då trur eg venene åt Rognvald jarl vil halda det for sant at du lenge hev stade jarlen etter livet, og at det er dine råder som no hev gjenge fram. Eller trur du at han vil segja deg fri for medvitand den tid han skal reinsa seg sjølv og det ingen er til å svara for deg, når han stend og segjer deg upp i augo no at han hev gjort dette verket for deg? Og korleis kann du betre sanna slikt enn med at du no gjev honom grid? Eg er fast-rådd på at av meg skal han aldri ha grid so lenge det finst fagnamenn til som vil fylgja meg, anten det so er deg ljuvt eller leidt.» Slikt det same sagde brørne åt Magnus, Torstein og Håkon, og likeins Svein Roaldsson. Dei gjekk ifrå jarlen og upp med diket, og leita etter um dei kunde koma yver nokon stad. Då Torbjørn og mennene hans såg at Magnus og dei drog upp langs med diket, sagde Torbjørn: «No hev dei nok vorte usamde um kva dei skal gjera; jarlen mun vilja gjeva meg grid, men Magnus mæler imot.» Medan Harald og mennene hans hadde tala saman, hadde Torbjørn og flokken hans drege seg burt ifrå diket. Harald jarl vart ståande på dike-barden. Då han såg at det ikkje vart tale um å lata Torbjørn få grid, sprang han til og bykste yver diket fullt væpna. Det var ni alner yver. Fylgjesmennene hans fylgde etter, men ingen greidde å byksa yver; dei fleste rakk like vel fram i dike-barden og fekk kravla seg på land soleis. Mennene hans Torbjørn eggja til at dei skulde snu seg imot Magnus og flokken hans og lata det verta ei avgjerd der. Då sagde Torbjørn: «Eg vil at kvar skal gjera det som han tykkjer er best. Men eg vil framleides søkja til Harald jarl.» Dei fleste talde ifrå det og bad honom heller setja til skogs og koma seg undan. Torbjørn vilde ikkje høyra på det rådet. Fylgjesmennene hans spreiddest då ifrå honom og søkte berging kvar på sin kant. Hjå Torbjørn vart det att ein flokk på åtte mann. Då han no såg at Harald jarl var komen yver diket, gjekk han til møtes med honom og fall på kne framfyre honom og sagde at han gav hovudet sitt i hans vald. Mange jarlsmenn bad atter um grid for Torbjørn. Då tok jarlen til ords: «Berga deg undan, Torbjørn, eg er ikkje god til å drepa deg!» Dei gjekk nedetter langs med Kalvedalsåi, medan dei talast ved soleis. Magnus og flokken hans sette etter deim. Då jarlen fekk sjå det, sagde han: «Berga deg burt, Torbjørn! eg vil ikkje slåst for deg imot mine eigne menn.» Torbjørn og mennene hans skildest då frå fylgjet åt jarlen; dei tok vegen til nokre sætrar i øydemarki, som heiter Åsgrimserg. Magnus og mennene hans fylgde etter, og sette straks eld på det huset som Torbjørn og dei hadde teke inn i. Torbjørn og felagane hans varde seg drengjeleg. Men då huset tok til å falla ned av di det vart uppbrent, gjekk dei ut. Hine bar våpen på deim so snart dei kunde koma til. Torbjørn og dei var då og mykje utmødde i fyrevegen av elden. Dei fall der alle ni. Då dei røkte etter kva sår-skade Torbjørn hadde fenge, so hadde innvolen sige ut gjenom det såret som Jomar hadde gjeve honom. Harald jarl drog sin veg ned gjenom dalen; men Magnus og dei som var med honom, vende attende til Foss og stelte med liket åt Rognvald jarl, og førde det ned til Torså.


104. LIKAMEN AT ROGNVALD JARL VERT FØRD TIL GRAVI.

Andlåtsdagen åt Rognvald jarl Kale er fem næter etter Mariamesse den fyrre um sumaren. Harald jarl og menne hans fór ifrå Torså ut til Orknøyane med liket; det fekk eit fagert fylgje. Dei gravsette liket attmed Magnuskyrkja, og der kvilde Rognvald jarl til dess Gud openberra verdleiken hans med mange og store jarteigner, og Bjarne biskop lét honom lysa heilag med løyve ifrå paven. På den steinen som blodet åt Rognvald jarl hadde runne då han sålast, kann ein sjå merke den dag i dag, likso fagert som det nyleg hadde vore blødt der. Det var stor sorg på Rognvald jarl; for han var ein ovleg vensæl mann der på øyane og vida andre stader òg. Han hadde vore storleg hjelpsam imot mange, raust med fe, spaklyndt og tyd imot venene sine, ein stor idrottsmann, og ein god skald. Av born hadde han berre ei dotter i live, Ingegjerd som var gift med Eirik Stagbrell. Borni deira var Harald Unge og Magnus Mange, Rognvald og Ingebjørg, Elin og Ragnhild.


105. HARALD JARL OG SVEIN.

Etter Rognvald jarl var fallen, tok Harald jarl under seg alle øyane og vart hovding åleine yver deim. Harald jarl var ein mektug hovding, og ein uvanleg stor og sterk mann, stridlyndt og hardlyndt. Han var gift med Avreka. Borni deira var Henrek og Håkon, Helena og Margret. Då Håkon var nokre få år gamall, baud Svein Åsleivarson seg til å fostra honom, og Håkon føddest upp hjå Svein. So snart han vart so stor at han kunde fara med vaksne menn, tok Svein honom med seg i hernad kvar sumar, og søkte hans ære i alle måtar. Svein brukte det soleis i denne tidi at han sat heime på Gåreksøy um vintrane og hadde på jamnaden åtti karar i kost der. Han hadde ein drykkjeskåle so stor at det ikkje fanst nokon som var jamstor på Orknøyane. Svein hadde mykje til onning um vårane og lét så ut store mengder med sæde, og var sjølv mykje med på arbeidet. Når det var ende på onni, fór han i viking kvar vår og herja på Suderøyane og Irland, og kom heim att etter midsumar. Det kalla han vårviking. So var han heime til dess åkrane var avskorne og det var greidt med kornet. Deretter fór han i viking, og då kom han ikkje heim fyrr ein månad var gjengen av vinteren. Det kalla han haustviking.


106. SVEIN FER TIL IRLAND.

Ein gong hende det at Svein Åsleivarson fór i vårviking, og Håkon, son åt Harald jarl, var med honom. Dei hadde fem ro-skip, alle store. Dei herja på Suderøyane. Då var alt folk på Suderøyane so rædde for Svein, at dei gøymde all lausøyren sin i jordi eller i urder. Svein fór radt sud til Man, men der var lite fe å få. Dei siglde derifrå ut under Irland og herja der. Då dei var komne mesta sud under Dublin, kom det siglande av havet tvo skip som kom ifrå England og ætla seg til Dublin. Dei var ladde med engelske klæde, og det var ovleg dyre farmar. Svein lagde innåt skipi og baud deim slag. Engelsmennene gjorde lite motstode, og Svein rana kvar pening som var på skipi, so nær som at engelsmennene fekk ha igangsklædi sine og nokre matvaror. Deretter fekk engelsmennene sigla sin veg med skipi. Men Svein fór med sine skip til Suderøyane; der skifte dei herfanget sitt. So siglde dei austetter derifrå med stor dramb. Dei brikte seg når dei låg i hamnene med å tjelda yver seg med engelske klæde. Og då dei kom so langt som til Orknøyane, sauma dei klædi fast på framsida av segli so det såg ut som sjølve segli var gjorde av berre fint ty. Denne ferdi kalla dei for skrudvikingi. Svein fór heim til Gåreksøy til garden sin. Han hadde teke mykje med vin og engelsk mjød av dei tvo skipi. Då han hadde vore heime eit lite bil, baud han Harald jarl til seg, og laga til eit drustelegt gjestebod for honom. Med Harald jarl var i det gjestebodet, vart det tala mykje um kor gjæv mann Svein var. Då sagde jarlen: «No vilde eg det, Svein, at du skulde halda upp med hernaden; det er godt å heim aka med heil vogn. Du veit, at du hev lenge nært deg sjølv og folket ditt med herjeferdene dine. Men det gjeng soleis med dei fleste valdsmenn, at dei misser livet i hernad, dersom dei ikkje held upp sjølve.» Då såg Svein på jarlen, og smilte og sagde: «Vel og vensamt er dette tala, herre, og det er godt å taka imot gagnlege råd av Dykk. Men det er sume som kjærer yver at De er ikkje so godbeinken De heller.» Jarlen svara: «Eg lyt taka åbyrgsla[130] for det som eg gjer; men eg er svallug, det var difor eg kom til å segja dette.» Svein sagde: «De meiner det godt, herre, eg vil gjera so òg, at eg held upp med hernaden. For eg merkar at eg eldest, og krafti minkar til å tola slit og herferd. No skal eg berre fara i haustviking, og eg skulde ynskja at ho ikkje vart låkare enn vårvikingi; so skal eg halda upp med herferder.» Jarlen svara: «Det er aldri godt å vita, gode ven, kva som kjem fyrst, hel eller alderdomen.» Det vart ikkje sagt meir um dette. Harald jarl fór burt ifrå gjestebodet, og fekk sømelege gåvor då han fór, og Svein og han skildest i stor venskap.


107. SVEIN ÅSLEIVARSON TEK DUBLIN.

Litt seinare budde Svein seg til å fara i hernad. Han hadde sju langskip, alle store. Håkon, son åt Harald jarl, var med Svein på ferdi. Dei siglde fyrst til Suderøyane, men der fekk dei lite herfang. Frå Suderøyane fór dei ut under Irland og herja vida der. Dei siglde radt sud til Dublin, og kom dit reint uvarande, so at bymennene ikkje vart vare med deim fyrr dei var komne inn i byen. Der tok dei mykje fe. Dei tok til fangar dei hovdingane som hadde makti i byen; og tingingane millom Svein og deim enda med at hovdingane gav byen i Sveins hand, og lova honom so store løysepengar som han vilde leggja på deim. Svein skulde òg leggja av sine herfolk i byen og ha vald yver byen. Dublin-mennene svor eidar på dette. Um kvelden fór Svein ned til skipi. Men um morgonen skulde han koma upp i byen att og taka imot løysepengane, og leggja mannskap i byen og taka gislar av bymennene. No er å fortelja kva som gjekk fyre seg i byen um natti. Dei mektuge mennene som var der, heldt stemne og klaga seg for den ulukka som var komi yver deim. Dei tykte det var tungt å lata byen falla i hendene på orknøyingane, og aller verst å lata honom koma i handi på den mannen som dei visste var illare å eigast med enn nokon annan i Vesterlandi. Dei vart samstelte um at dei skulde svikja Svein, dersom dei kunde koma til med det. Dei tok det råd at dei grov seg store graver innanfor borg-ledi og mange andre stader millom husi, der som dei tenkte at dei skulde få Svein og mennene hans til å gå. Og so løynde det seg væpna hermenn i husi attmed gravene. Dei lagde greiner og kvist utyver gravene, soleis at det skulde detta ned so snart tyngdi av folk kom ut på. Sidan breidde dei halm utyver, og so bia dei på morgonen.


108. SVEIN ASLEIVARSON FELL.

Morgonen etter stod Svein og mennene hans upp og væpna seg. So gjekk dei upp til byen. Då dei kom innum borgledet, stod Dublin-mennene på båe sidor og gjorde liksom ei gate ifrå borgledet radt fram til gravene. Svein og mennene hans akta seg ikkje og gjekk beint i gravene. Bymennene sprang sume fram for borgledet, og sume burt til gravene og bar våpen på Svein og fylgjesmennene hans. Det var vandt for Svein og mennene hans å koma til med å verja seg, og der lét Svein livet og alle dei som var komne inn i byen med honom. Det vert sagt at Svein fall sist av alle, og at han mælte desse ordi fyrr han fall: «Det skal kvar mann vita, anten eg so skal døy i dag eller ei, at eg er hirdmannen åt den heilage Rognvald jarl; han er hjå Gud, og til honom set eg no mi lit.» Mennene åt Svein fór straks ned til skipi og siglde burt, og det er ikkje noko å fortelja um ferdi deira fyrr dei kom heim til Orknøyane. Med dette er det fortalt til endes um Svein. Og det segjer folk, at han hev gjenge yver alle menn i Vesterlandi, både i gamal og ny tid, som ikkje hev havt høgre tignarnamn[131] enn han. Etter Sveins fall skifte sønene hans, Olav og Andres, arven imillom seg. Sumaren etter Svein var fallen, sette dei ein tvervegg yver den store drykkjeskålen som han hadde ått på Gåreksøy. Andres, son åt Svein, var gift med Frida, dotter åt Kolbein Ruga, syster åt Bjarne Orknøyingabiskop.


109. HARALD JARL OG SØNENE HANS.

Harald jarl rådde no for Orknøyane, og var ein mektug hovding. Han var seinare gift med Kvarvlod, dotter åt Melkolm jarl frå Mærhøve. Borni deira var Torfinn, David og Jon, Gunnhild, Herborga og Langliv. Då biskop Vilhjelm den andre var død, vart son åt Kolbein Ruga, Bjarne, vigd til biskop etter honom. Han var ein gjæv hovding og god ven med Harald jarl. Biskop Bjarne hadde mange frendar på Orknøyane. Sønene åt Eirik Stagbrell var Harald Unge og Magnus Mange og Rognvald. Dei fór aust til Noreg til kong Magnus Erlingsson, og kongen gav Harald jarlsnamn og helvti av øyane, likeins som Rognvald jarl den Heilage, morfar hans, hadde havt. Harald jarl Unge fór vest yver havet att, og med honom Sigurd Mort, son åt Ivar Galle. Mor åt Ivar var dotter åt Håvard Gunneson. Denne Ivar fall på Åkeren saman med Erling Skakke. Sigurd Mort var ein ung mann då, men han emna seg overlag godt til og var ein framifrå gild kar. Magnus Mange vart att hjå kongen og fall med honom i Sogn. Harald Unge og Sigurd Mort tok fyrst land på Hjaltland, og siglde derifrå til Katanes, og so fór dei upp i Skottland til Vilhjelm skottekonge. Harald jarl bad um at Vilhjelm vilde gjeva honom halve Katanes, soleis som Rognvald jarl hadde havt. Dette lét kongen honom få. Frå kong Vilhjelm drog Harald jarl ned til Katanes, og der samla han folk ikring seg. Der kom Livolv Skalle, mågen hans, til honom; han hadde mange gjæve frendar der på Katanes. Livolv var gift med Ragnhild, syster åt jarlen. Denne Harald jarl kalla dei den Unge, og Harald Maddadsson den Gamle. Livolv var den som hadde meste førarskapen for heren åt jarlen. Dei sende menn ut til Orknøyane til Harald jarl den Gamle, og bad um at han vilde gjeva ifrå seg helvti av øyane, soleis som kongen hadde sagt til Harald jarl Unge. Då dette bodet kom fyre jarlen, neitta han tvert å byta riket sitt sundt med noko slag semje. Livolv Skalle fór då burt ifrå jarlen, men jarlen brukte harde trugsmål imot honom fyrr han fór heim att. Harald jarl Gamle drog saman folk etter dette og vart ovende mannsterk. Harald jarl Unge var på Katanes og heldt noko mannskap samla der. Då dei spurde at Harald jarl den Gamle drog folk saman, sende dei på nytt Livolv nord yver Petlandsfjorden, til å halda auga etter heren åt Harald. Livolv lagde til på austsida av Rognvaldsøy og gjekk upp på eit fjell der. Der uppe fann han tri vaktmenn som høyrde Harald jarl den Gamle til. Dei drap tvo, men ein tok dei med seg so dei kunde spyrja honom ut. Livolv fekk då og sjå heren åt jarlen; Harald jarl hadde mange skip, store dei fleste. Livolv snudde ned av fjellet att til skipet sitt, og fór med bod til felagane sine um dei tidender som han hadde vorte vis med. Harald jarl hadde so stor her, sagde han, at det var ugjerande for deim å slåst med honom. «Mitt råd er,» sagde Livolv, «at me fer nord til Torså med ein gong; der kann me få samla mykje folk alt i dag. Men å leggja til slag imot Harald jarl, um so er at de vil det, det er det største vågespel, korleis det so gjeng.» Då tok Sigurd Mort til ords: «Ei usæl ferd hev jarls-mågen fare yver Petlandsfjorden; når han hev lagt att hjarta der;» det såg ikkje ljost ut, lét han, dersom alle skulde verta huglause straks dei fekk sjå heren åt Harald Gamle. Livolv svara: «Det er vel ikkje so godt å vita, Sigurd, kvar hjarta hjå kvar vil vera når ein treng um det. Eg tenkjer at den tid eg renner ifrå Harald Unge, skal det tykkjast åvint[132] for dykk å stå att, um de so er framifrå.» Men det vart ikkje noko av at dei fór til Torså. Eit lite bil seinare såg dei skipsfloten åt Harald jarl setja ut ifrå Rognvaldsøy. Dei budde seg då til bardage. Harald jarl gjekk upp på land og fylkte heren sin; han hadde mykje større her. Sigurd Mort og Livolv fylkte heren åt den unge jarlen. Sigurd Mort var i raud skarlaks-kyrtel; flaki feste han upp under beltet. Sume sagde at so burde han gjera med flaki attanpå òg. Han bad at dei ikkje skulde festa deim upp; — «for eg hev ikkje tenkt å gå baklengjes mot fienden i dag.» Sigurd Mort og Livolv var i kvar sin av fylkingarmane. Då dei hadde fylkt, seig herane i hop, og det vart ein åkavleg hard strid. I heren åt Harald jarl den Gamle var det mange ovende harde karar, som var store stridskjempor og var sers vel væpna, slike som frendane åt biskopen og mange andre sveit-hovdingar[133] hjå jarlen. Då slaget hadde stade ei stund, fall Sigurd Mort; han hadde slegest vel og drengjeleg. Livolv gjekk best fram av dei andre. Katnesingane segjer at han gjekk tri vendor tvert igjenom fylkingane åt Harald jarl den Gamle; like vel fall han i dette slaget; han fall med frægd. Då både Livolv og Sigurd Mort var falne, kom heren åt jarlen den unge på flog. Harald jarl Unge fall attmed nokre torvgraver. Straks etterpå um natti vart det sét eit stort ljos der som blodet hans hadde runne ned. Dei segjer at jarlen er sannheilag, og det er ei kyrkje no på den staden som han fall. Han er gravlagd der på Neset. Men tallause jarteigner som Gud lét henda, syner seg der for verdleiken hans, og vitnar um altjamt at han vilde yver til Orknøyane til Magnus jarl og Rognvald jarl frendane sine. Etter slaget lagde Harald jarl under seg heile Katanes; so fór han ut til Orknøyane att straks, og skrepte yver at han hadde vunne ein stor siger.


110. ROGNVALD GUDRØDSSON TEK KATANES.

Vilhjelm skottekonge fekk høyra at Harald jarl var fallen, og dertil at Harald jarl Maddadsson hadde lagt under seg heile Katanes og ikkje spurt skottekongen. Skottekongen vart fælande harm for dette, og sende menn til Suderøyane til Suderøy-kongen Rognvald Gudrødsson; mor åt Gudrød var Ingebjørg, dotter åt Håkon Pålsson jarl. Kong Rognvald var då den største hermann som var i Vesterlandi; ein gong låg han ute på herskip i tri vintrar, og kom ikkje under sotut raft[134]. So snart Rognvald fekk dette bodet, drog han saman ein her ifrå heile Suderøyriket og frå Satire. Mykje folk fekk han og frå Irland. So siglde han nord til Katanes, og lagde under seg heile landet, og drygde der eit bil. Harald jarl sat på Orknøyane og brydde seg ikkje noko um kva kongen tok seg til. Men då det leid imot vinteren, budde kong Rognvald seg til å fara heim til riket sitt på Suderøyane. Han sette att på Katanes tri syslemenn; den eine heitte Måne Olavsson, den andre Ramn Logmann, og Livolv den Alle heitte den tridje. Ei stund etter kong Rognvald var faren til Suderøyane, sende Harald jarl ein mann yver til Nes; han sagde at han vilde tykkja mannen hadde utretta ei god ærend dersom han fekk drepe ein eller tvo av syslemennene. Denne mannen vart sett yver Petlandsfjorden. Han fór til han fann Ramn Logmann. Ramn spurde kvar han skulde. Mannen svara lite på det. Ramn mælte då: «Eg ser det på deg at Harald jarl hev sendt deg hit til Neset til å gjera eitkvart ilt. Men eg nenner ikkje å lata deg drepa, for du er frenden min.» Med det skildest dei, og mannen for burt derifrå og til Livolv. Der gjekk det so at han drap Livolv. So rømde han sin veg og kom seg ut på Orknøyane att til Harald jarl, og fortalde honom kva han hadde gjort.


111. HARALD PINER BISKOPEN.

Harald jarl budde seg no til å gjera ei herferd ifrå Orknøyane. Då han var fullt buen, fór han fyrst sud[135] til Torså, og gjekk av skipi sine der. Biskopen var i borgi på Skarabolstad. Då katnesingane fekk sjå heren åt Harald jarl, såg dei at han hadde so stor her at dei ikkje kunde stå imot. Det hadde og vorte sagt deim at jarlen var so harm, at det ikkje var godt å vita kven han kom til å spara. Biskopen tok då til ords og sagde: «Dersom han og eg kjem utav det, so gjev han dykk grid.» Dei gjorde soleis som biskopen sagde fyre. Og då heren åt jarlen storma av skipi og upp til borgi, gjekk biskopen til mots med jarlen og helsa honom med blide ord. Men det gjekk soleis der, at Harald jarl lét biskopen handtaka og skjera ut tunga på honom, og etterpå lét han stikka ein kniv i augo på honom og blinda honom. Biskop Jon kalla på den heilage møyi Trollhøna medan han vart pind; sidan gjekk han upp på ei brekke, so snart dei lét honom laus. Der uppå brekka var det ei kone, og biskopen bad henne hjelpa seg. Ho såg at det rann blod ned or andlitet hans, og sagde: «Ver still, herre, eg vil gjerne hjelpa Dykk.» Biskopen vart førd til den staden som den heilage Trollhøna kviler; der fekk biskopen helsebot, både på mælet og på syni. — Harald jarl gjekk no upp åt borgi, og borgmennene gav borgi upp med det same og i jarlen sitt vald. Han lét straks folket få harde refsingar, og lagde store bøter på dei mennene som han tykte hadde vore verst til å svika landet undan honom. So let han alle katnesingar, anten det syntest deim ljuvt eller leidt, sverja seg lydnad att. Sidan tok han til seg alt som dei syslemennene hadde ått som var farne til skottekongen. Etter dette vart Harald jarl sitjande på Katanes med mykje folk.


112. UM SYSLEMENNENE.

No er å fortelja um syslemennene. Dei drog seks i fylgje upp i Skottland og råka kongen der um vinteren i jolefasta. Dei kunde fortelja grant um dei tidender som hadde hendt på Katanes, der som Harald jarl hadde fare. Kongen vart brennande harm yver det han høyrde, og han lova at han skulde gjeva tvifald att i skadebot til deim som hadde mist sitt. Fyrste dagen dei var hjå skottekongen, lét han deim få fem og tjuge alner med klæde kvar, og attåt ei engelsk mork kvar til kostpengar. Dei var hjå skottekongen framum jol i god fagnad. Straks yver jol sende skottekongen bod til alle hovdingane i riket sitt og drog saman ein ovstor her, og stemnde med denne heren ned til Katanes imot Harald jarl. Skottekongen fór med ein ovende stor herstyrke radt til han kom til Øysteinsdal; der møtest Katanes og Suderland. Herbudene åt skottekongen stod langsetter dalen so lang han var, og det er ei munaleg leid. Harald jarl var på Katanes då han spurde denne tidendi. Han drog straks folk til seg, og det vert fortalt at han fekk samla 60 hundrad mann, men like vel hadde han ikkje makt til å halda slag med skottekongen. Han sende då menn til skottekongen, som skulde freista få til forlik imillom deim. Men då forlikstilbodet vart frambore for skottekongen, svara han at dei turvte ikkje freista få forlik utan han fekk av Katanes kvar fjorde pening som var i landet. Då denne ordsendingi kom til Harald jarl, kalla han til rådstemne med seg katnesingar og andre hovdingar og bad deim um råd. Og av di dei ikkje såg nokon utveg fyre seg, gjekk dei med på den sætti at katnesingane skulde bøta fjordeparten av eiga si til skottekongen, so nær som dei mennene som hadde fare til kongen um vinteren. Harald jarl fór ut til Orknøyane, men han skulde ha heile Katanes, likeins som han hadde havt fyrr Harald jarl Unge fekk noko av det hjå skottekongen. I denne ufreden vart Torfinn, son åt Harald jarl, blinda. Han hadde vore gisl hjå skottekongen. Etter forliket fór kongen upp i Skottland. Harald jarl var no åleine hovding yver Orknøyane. Seinstundes i Harald jarls dagar var det at Olav, mågen hans, og Jon Hallkjellsson reiste ein flokk på Orknøyane og førde aust til Noreg imot kong Sverre. Dei tok til konge Sigurd, son åt kong Magnus Erlingsson. I den heren gav mange storætta menn frå Orknøyane seg med, og det vart ein ovende sterk flokk. Dei vart kalla Øyskjeggjar og Gullbeinar ei tid. Dei heldt slag i Florevåg med kong Sverre, og fekk usiger. Der fall dei, både Jon og Olav og likeins kongen deira og storluten av heren. Etter det lagde kong Sverre stor fiendskap til Harald jarl, og gav honom skuldi for at flokken hadde reist seg. Av denne grunn vart det so at Harald jarl fór vestan og Bjarne biskop med honom. Jarlen gav seg i kong Sverres vald og let honom åleine råda og avgjera deim imillom. Då tok kong Sverre heile Hjaltland ifrå Harald jarl med skattar og skylder, og sidan hev ikkje Orknøy-jarlane havt Hjaltland. Harald jarl var fem år gamall då han fekk jarlsnamn; han var tjuge år jarl soleis at Rognvald jarl den Heilage og han rådde båe saman yver Orknøyane. Etter Rognvald jarls fall var Harald jarl på Orknøyane i 48 år. Han andast i det andre styringsåret åt kong Inge Bårdsson. Etter Harald jarl tok sønene hans, Jon og David, ved riket, og Henrik, son hans, tok rike i Ross i Skottland. Dette hev vore dei mektugaste av Orknøy-jarlane, etter det dei segjer som hev fortalt um det: Sigurd Øysteinsson, Torfinn jarl Sigurdsson, Harald jarl Maddadsson. Brørne Jon og David rådde båe saman yver landi åt far sin, til dess David andast av sott, same året som Håkon Galen andast i Noreg. Deretter tok Jon jarlsnamn yver alle Orknøyane.


BISKOP ADAM VERT INNEBREND.

Då biskop Jon døydde på Katanes, han som Harald jarl hadde late skamfara, vart ein som heitte Adam teken til biskop. Honom visste ingen ætti til, for barnet hadde dei funne attmed ei kyrkjedør. Katnesingane tykte at han var ein heller hard biskop; og det var serskilt ein munk som var med honom, som dei gav skuldi for dette. Det var ein gamall skikk, at biskopen skulde ha eit spann smør undan tjuge kyr. Etter dette skulde kvar bonde betala som var på Katanes, den meir som åtte fleire kyr, og den so mykje mindre som hadde færre kyr; kvar skulde betala etter det han vart takstra for. Men biskop Adam vilde auka avgifti og ha eit spann undan femtan kyr. Og då han hadde fenge det, kravde han at han vilde ha eit spann undan tolv kyr. Og då bøndene hadde gjenge med på det, vilde han ha eit spann undan ti kyr. Men det tykte alle var udømelegt. So fór katnesingane til Jon jarl og kjæfde yver dette for honom; han var då på Katanes. Jarlen svara at han vilde ikkje gjera noko i denne saki; det tykte han var det uvandaste, sagde han. Det var tvo leide vilkår for hand, lét han med; det eine var dette, som var utolande, og hitt vilde han ikkje nemna, sagde han. Biskop Adam var då med Høgkyrkja i Torsdal, og Jon jarl var eit lite stykke derifrå. Katnesingane heldt no ting uppå eit fjell uppyver den garden som biskopen var på. Ramn Logmann var då hjå biskopen, og han bad biskopen heller vægja for folket. Elles var han rædd for korleis det kom til å gå, sagde han. Biskopen bad honom vera urædd; bøndene vilde nok sjølve hegda seg, meinte han. Det vart sendt bod til Jon jarl, og bede at han skulde koma og få til sætt millom bøndene og biskopen. Men han vilde slett ikkje ha noko med dette å gjera. Då storma bøndene ned ifrå fjellet og var reint ustyrlege. Då Ramn Logmann såg det, bad han biskopen finna ei råd til å berga seg. Biskopen og dei som var med honom sat og drakk i ei loftstove. Då bøndene kom fram til loftstova, gjekk munken ut i døri. Han fekk eit hogg med det same tvert yver andlitet, og fall daud inn i huset. Då dette vart meldt til biskopen, svara han: «Dette kom ikkje fyrr det var venta, for han rådde stødt til det som ilt var i våre saker.» Biskopen bad no Ramn segja til bøndene at han vilde forlikast med deim. Då det vart sagt til bøndene, vart dei fegne, alle dei som var noko vituge. Biskopen gjekk då ut, og tenkte å få forlik. Men då dei verre mennene såg dette, dei som var bråaste, tok dei biskop Adam og førde honom burt i eit lite hus, og sette eld på huset. Huset brann so skjott, at dei som vilde berga biskopen, ikkje fekk gjort noko. Der lét biskop Adam livet. Liket var ikkje stort brent då dei fann det. Det vart vyrdeleg stelt, og det fekk ei sømeleg grav; men dei som hadde vore beste venene åt biskopen, sende bod til skottekongen. Aleksander, son åt kong Vilhjelm den Heilage, var konge yver Skottland då. Han vart so ill då han høyrde dette, at folk minnest enno kor hardt han fór fram etter biskopen var innebrend, med skamfaring og manndråp, og fe-raning og landlysing av menn.

No kann me ikkje segja greinlegare enn me hev sagt um dei tidender som høyrer Orknøyinga-jarlane til.




Fotnotar:

  1. Månaden torre, dei gamle kalla, var månaden frå midten av januar til midten av februar på lag.
  2. Jfr. gn. gói f., namn på månaden frå midt i februar til midt i mars, gjø-månad.
  3. Einvige: tvomannsstrid, holmgang.
  4. Gn. ríkr: mektig.
  5. Hedan: herifrå.
  6. Som fyrr er fortalt; soleis som det fyrr er skrive. Desse setningane er seinare innskot. Handskrifti Flatøybok, som er den einaste gamle handskrifti me hev just her, fortel um Eirik Blodøks lenger framme etter andre kjeldor.
  7. Som fyrr er fortalt; soleis som det fyrr er skrive. Desse setningane er seinare innskot. Handskrifti Flatøybok, som er den einaste gamle handskrifti me hev just her, fortel um Eirik Blodøks lenger framme etter andre kjeldor.
  8. Tign: fyrste-vyrdnad.
  9. Katanes.
  10. Haslavoll : merkja av ein voll til strid, med haslestenger.
  11. Mangkunnig: trollkunnig.
  12. Skorung: ein manndomsam, dugande kar i alle måtar, eit gjævt menneskje.
  13. Sparde: irsk stridsøks.
  14. Um du fær taka fylgjone.
  15. Broddar: piler.
  16. Tengsl: band til å binda skip i hop med til Torslag.
  17. Stamnljå: stor krok i framstamnen som dei haka til seg og heldt fast fiendskip med i sjøslag.
  18. Þrándheimr, Trondheimen er det same som Þrœndalǫg, Trøndelag.
  19. Sætt: semje, forlik.
  20. Det er Katanes.
  21. Skjeldtile: bordklædnad.
  22. D. e. Katanes.
  23. «Bjelken» stend der eigenleg.
  24. D. e. eit førsleskip.
  25. D. e. ei grov, vid kappe.
  26. Livvakti, eller den ståande heren åt Knut den Mektuge.
  27. Odling: fyrste.
  28. D. e. fødd i dulsmål, uekte.
  29. D. e. forliksmøte.
  30. Helming: helvt.
  31. D. e. spådoms-utsegn.
  32. D. e. skamfor.
  33. D. e. ei salmebok (med Davids-salmar).
  34. D. e. naseskjermen.
  35. D. e. piler.
  36. D. e. kongen.
  37. Gram: konge.
  38. D. e. semje, forlik.
  39. D. e. ålmugen.
  40. D. e. semja, forliket.
  41. I den gamalnorske teksti er nytta ordet boði for «grunnbrot». Jarlen segjer det er fyrirboðan um dauden hans.
  42. Tiburtius- og Valerianus-messe er 14. april. Avfardagen åt Magnus jarl skulde soleis vera 16. april.
  43. Årstali her er range og innbyrdes motsegjande. Magnus jarl vart truleg drepen i året 1115.
  44. D. e. Jorsal-farar.
  45. Den 13. december.
  46. D. e. ei pilegrimsferd sudetter, helst til Rom.
  47. D. e. eit (hanseatisk) handelsskip.
  48. D. e. ringar.
  49. D. e. sjømann.
  50. Alvidra, no Alver (Alver) ligg nord for Bjørgvin; jfr. Alversund. Grøningasund er sundet millom sudluten av Sotri og fastlandet, i leidi sud for byen. Sogeskrivaren hev ikkje vore godt kjend på desse kantar.
  51. Forlik, semje.
  52. Skipverje, gn. skipveri, flt. skipverjar, ein som høyrer til mannskapet på eit skip.
  53. Marimesse er 25. mars.
  54. Fehirdsle, skattkiste.
  55. Skirsle, her: prov ved gudsdom.
  56. Flagd: troll.
  57. Or: pil, flt. orvar.
  58. «Sitja ute» er det same som å fara med trolldom.
  59. Fletteskjefte: eit slag kastevåpen.
  60. «Mæla fyrir minni», tala for skåli og nemna kven ein drikk henne til minne um.
  61. Eindøme, eigi. «eineståande døme», bisn, meiningsløyse.
  62. Gjømånad (gn. gói): månaden frå midt i februar til midt i mars.
  63. Vist: matvare.
  64. Viste-byrding: byrding som førde proviant.
  65. Husvist: «losji».
  66. Torp, her: stad som det er ei samling med hus.
  67. Enne: panne.
  68. Perioden: «Han hadde vorte førd — dette» stend ikkje i nokor av dei gamalnorske handskriftene me hev, men i ei umsetjing til dansk fra 1500-talet.
  69. D. e. nordvestvind.
  70. Dagdrykkja: drykkjeseta etter dagverden.
  71. Utnyrding : nordvestvind.
  72. Liggja ute: liggja i vikingferd.
  73. Torp: samling av hus, landsby.
  74. tydde gard.
  75. Kugg: eit slag handelsskip.
  76. Hodd: rikdom, skattar.
  77. Eit slag hovudbunad hirdfor kvende. Gaddan er eit skotsk ord; sjå Hjalmar Falk, Altwestnordische Kleiderkunde, s. 108.
  78. Háttr er det same som versemål. Háttalykill, lykel eller rettleiding til versemåli, eit kvæde som gjev rettleiding um versemåli, med di det hev nokre vers i kvart versemål.
  79. Ein tigen mann, tignarmann: høgboren mann, jarhelst av konge- eller jarleætt; ogso menn med høg kyrkjeleg vyrdnad (biskopar, erkebiskop) rekna dei for tignarmenn.
  80. Forlende: flat millom sjøen og bratta attanfor.
  81. Budlung: konge, hovding.
  82. Svolne: Odin; slirvond: slir-tein; Svolnes slirvond: sverdet.
  83. Brand-alv: sverdmann, hermann.
  84. Ennespæner: prydplator ikring stamnane. — Vervite: verfløy.
  85. Skjemme: lite hus, bur.
  86. Lad: hovudband.
  87. Ennet: panna.
  88. Ilke: fot.
  89. Itr: herleg, gjæv.
  90. Rånheim: havet.
  91. Unnhest: bylgjehest, skipet.
  92. Enne: panne.
  93. D. e. ein kvass strid, eit hardt åtak.
  94. Gjørsimar: dyrgriper, dyrluter.
  95. Lad: hovudband; dis: gudinne, gydje.
  96. Und-loge: bylgjeloge, gull; undloge-Ull: mann.
  97. Lim: kalk.
  98. Sund-eld: gull; gjave: gjevar.
  99. Lunn-hesten: skipet.
  100. Vån: ei elv; Våns hjort: skipet.
  101. Tok våpni upp or skipskistone.
  102. Viggyrdel: laus skanseklædning som dei sette upp til vern.
  103. Pell: eit slag dyrt ty.
  104. Fremd: heider.
  105. Drøyre: blod.
  106. Naddregn: pileregn.
  107. Lunnbjørn : skipet, som dei dreg upp og ut på lunnstokkane. —
  108. Åte: ein sjøkonge.
  109. Sikling: fyrste, hovding.
  110. Tengel: konge, fyrste.
  111. Rævel: ein sjøkonge; Rævels-hesten: skipet.
  112. Rjoda: lita med raudt.
  113. Rådtægd: viljug til å taka imot råd.
  114. Siste vika i fasta, eller vika fyre påske.
  115. Byrding: handelsskip, førsleskip.
  116. D. e. eit forliksmøte.
  117. Kjarreksstad er nok feil her for Knarrarstad (P. A. Munch, Det Norske Folks Historie, III bd„ s. 849, merkn. 3). — Kjarreksstad er ein gard sudvest; lengst på Rossøy; Knarrarstad ligg tett attmed Kyrkjevåg, og det lyt vera tale um ein stad ikkje langt ifrå Kyrkjevåg her.
  118. Orskurd: avgjerd.
  119. Husting: kalla dei eit ting som ein hovding heldt med huskarane sine eller herfylgjet sitt.
  120. Lovdung: høvding, fyrste.
  121. Gjørsime: dyrlut, kostnadting.
  122. Uppreken taredunge i fjøra.
  123. Deilsmål: trætte, strid.
  124. Gridniding: ein som bryt grid, bryt fredsavtale.
  125. D. e. forliksmøte.
  126. Fastedagen: fredagen.
  127. Griper: dyrluter, kostnadting.
  128. Einka-ven: sers god ven.
  129. Hundrad: eit stort hundrad, 120.
  130. Åbyrgsle: andsvar.
  131. Tignarnamn: heidersnamn, titel.
  132. Åvint: hardt, vanskelegt.
  133. Sveit: fylgje, flokk, lag.
  134. Raft: sperre (i hustak).
  135. I den gamalnorske teksti stend nord.