Reginsmål

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Reginsmål


SIGURD gjekk til hestestodet hans Hjalprek og valde seg ut ein hest som sidan var kalla Grane. Då var Regin, son Reidmar, komen til Hjalprek. Han var hagare enn alle andre, men dverg i vokster; vit var det han og ein hard hug, og trollkunnig var han. Sigurd vart fostra av Regin med sers umhug og kjærleik. Regin fortalde honom um ættfolket sitt og korleis det bar til, då Odin og Høne og Loke hadde komi til Andvarefossen. I denne fossen var det mykje fisk. Og det var ein dverg som het Andvare, han heldt seg lenge i fossen i gjedde-hâm og fekk seg mat der. ”Otr het bror vår,” sa Regin, ”han tok ofte otr-hâm og fór upp i fossen. Han hadde ein gong teki ein laks og sat i elvebakken og åt blundande. Loke kasta ein stein mot otren, so han stupte daud. Æsene tyktest vera hepne av dette og flådde belgen av otren.” Same kvelden kom dei til Reidmar og bad um hus og synte fram veidni si. Då vart dei tekne, og me lagde på dei det, at vilde dei løyse livet sitt, so laut dei fylle otr-belgen med gull, og med raudt gull laut dei hylja han utanpå ogso. Då sende dei Loke av til å få gullet. Han kom til Rån og fekk netet hennar; med dette fór han til Andvarefossen og kasta det ut framfyre gjedda, og ho rann i netet.

1.
Då mælte LOKE:
”Kva slag fisk er dette,
som fór i straumen
og ikkje veit seg å vara?
Du hovudet lyt
or Hel no løyse
og elvar-elden meg gjeva.”

2.
GJEDDA kvad:
”Andvare eg heiter,
O-in het far min,
i mang ein foss hev eg fari;
ufegjens norner
i upphavs tider
sette oss til i vatn å vada.”

3.
LOKE kvad:
”Andvare, seg det,
um eige du vil
liv millom lydar på jord
kva vedlike vert han
verd å få han,
som fer med usanne ord?”

4.
ANDVARE kvad:
‘Vedlike strengt
vert det for dei
som skal Vadgjelme vada.
Dei som usanne ord
mot einannan bruker,
dei fær lenge lide.”

Loke såg alt gullet sam Andvare åtte. Men når han hadde reidt gullet, då hadde han att ein ring, og den tok Loke frå han. Dvergen gjekk inn i steinen og mælte:

5.
”Fulla skal gull,
sam Gust han åtte,
brødrane tvo
til bane verte
og øyde livet
på åtte kultar,
godt skal ingen
av eigni mi njote.”

Æsene reidde godset til Reidmar; dei fyllte otr-belgen og reiste han upp på føtene, so skulde æsene leggje gull upp ikring og hylja han reint. Men då dette var gjort, gjekk Reidmar fram og såg eit vêrhår og bad dei dekkje det med. Då drog Odin fram ringen Andvare og lagde yver håret.

6.
Då kvad LOKE:
”Gull er gjevi,
gjald fekk du
høgt nok for hovud mitt;
men sæle for son din
du skapte inkje,
men banen for dykk båe.”

7.
REIDMAR kvad:
”Gåvur gav du,
men godgåvur ikkje,
av godhug du ikkje gav.
Livet de skulde
fulla lati,
hadde fyrr eg fåren visst.

8.
LOKE kvad:
”Enn verre vert det
eg vita tykkjest,
når menn mun stridast um møy.
Ufødde kultar
det enn mun vera
ætla til harm og hat.

9.
REIDMAR kvad:
”Gullet det raude
eg råder vel sjølv,
so lenge som eg lever.
Trugsmålet ditt
tykkjest lite verdt,
fare de heim hedan.”

Fåvne og Regin kravde Reidmar etter frendebot for Otr, bror sin. Han sa nei til dette. Då lagde Fåvne sverdet gjenom Reidmar, far sin, med han sov. Reidmar ropa på døtrane sine:

10.
”Lyngheid og Lovnheid!
Mitt liv er no slutt,
men naud driv nakne te spinne.”

LYNGHEID sa:
”Sjeldan syster
som saknar far sin
på broren hemner sin harm.

11
REIDMAR kvad:
”Al deg ei dotter,
ulvhuga dros,
um ikkje du fær
fræge sonen;
gjev møyi ein mann
midt i naudi,
son deira han
din harm skal stogge.”

Då døydde Reidmar, men Fåvne tok alt gullet. Då kravde Regin på farsarv, men Fåvne sa nei til dette. Regin lagde då råder med Lyngheid, syster si, um korleis han skulde få farsarven sin. Ho kvad:

12.
”Bror din blidleg
beda skal du
um arvegåve og godhug;
harde råder
høver lite,
skal du noko av Fåvne få.”

Desse åtburdar fortalde Regin til Sigurd. Ein dag, då han kom til huset hans Regin, vart han vel fagna.

13.
REGIN kvad:
”Sigmunds-sonen
ser eg koma
snarpe sveinen
til salar våre;
av mod hev han meir
enn ein mann uti årom,
veiding eg vonar
den vargen skal få.

14.
Fostre vil eg
frøkne sellen,
den Yngve-ætting
til oss er komen,
høgste hovding
under himmel-kvelven,
vidt um landi
gjeng lagnaden hans.”

Sigurd var då jamleg i lag med Regin, og han sa Sigurd at Fåvne låg på Gnitahei-i og var i ormehâm. Han åtte ein øgjeshjelm som alt levande fekk støkk av. Regin gjorde Sigurd eit sverd som het Gram; det var so kvast, at han stakk det ned i Rin og lét ein ulldott drive med straumen og dotten vart skoren sund som han vøre vatn. Med dette sverdet kløyvde Sigurd smidje-stedet hans Regin. Etter dette eggja Regin Sigurd til å vega Fåvne; men han sa:

15.
”Høgt mun dei læ
dei Hundings søner,
dei som øydde
Øylimes liv,
um meir han tykkjer
mun i dette:
gull å finne
enn fader-hemn.”

Kong Hjalprek gav Sigurd skipsfolk, so han kunde få hemn yver far sin. Dei fekk ein stor storm og beitte utanfyre eit bergnos. Ein mann stod på berget og kvad:

16.
”Kven er det som rid
på Rævils hestom,
på høg-alda
i glymjande hav?
sveiten han driv
av sjø-marom,
d’er vandt um folar
vindbylgja maktar.”

17
REGIN svara:
Med Sigurd me fèr
på sjø-plankane,
og til banen vår ber
børen, me hev;
bratt fell båra
yver baugen ned,
stamnfolar stuper,
kven spør um dette?

18
MANNEN kvad:
”Nikar var namnet
då eg nærde ramnen,
Volsung unge!
og i ota eg var;
no må du kalle
karen på berg
Feng eller Fjolne,
eg fara vil med”.

Dei lagde til lands, og kallen gjekk på skipet. Då spakna vêret.

19.
SIGURD kvad:
”Seg meg no, Nikar,
du veit noko av kvart,
kva som gagnar gudar og menn:
kva varsl er best,
når ein bardage ventar,
og sverdi skal svingast kvast?

20
NIKAR kvad:
”Der mange varsl,
visste de alle,
når sverdi skal svingast kvast,
traust fylgje
true eg du fær,
når du rid ut og ramnen møter.

21
Eit anna det er,
når ut du er komen
og er til burtferd buen,
um då du vert var
på vegom dine
tvo dådfuse drengjer.

22
Det er det tridje
um du tjoting høyrer
av ulv under aske-greinom;
og lukka deg fylgjer,
fær du øygne
fienden, fyrr han ser deg.

23
Egg skal ingen
upp vende
mot seint skinande
syster åt månen;
siger fangar den
som sjå maktar,
og når stridfuse sellar
i svinfylking gjeng.

24
Stygt mark det er
um han snåvar foten,
når til stridsferd du stig i veg;
då ille diser
attmed deg stend
og vondt dei deg valdar.

25
Kjemd og tvegen
skal kappen vera
og eta seg um morgon mett;
for uvisst det er
på aftan lite,
d’er leidt um lukka glepp.”

Sigurd hadde ein stor strid med Lyngve Hundingsson og brødrane hans. Der fall Lyngve med dei tvo brødrane sine. Etter striden kvad Regin:

26.
”No beiske branden
på Sigmunds bane
hev blodørn rist
på ryggen inn;
med blod so fagert
han frøydde jordi,
hovding denne
Hugin gledde.”

Sigurd fór heim til Hjalprek. Då eggja Regin Sigurd til å drepa Fåvne.