Slagstaden. Kvar møttest nordmenn og jomsvikingar
Velg språk | Norrønt | Islandsk | Norsk | Dansk | Svensk | Færøysk |
---|---|---|---|---|---|---|
Denne teksten finnes på følgende språk ► | ![]() |
Kvar møttest nordmenn og jomsvikingar?
Utgivers omtale
Slagstaden. Kvar møttest nordmenn og jomsvikingar?
|
Mange har stilt spørsmålet: Byggjer omdøypinga av Liavågen/Liabygda til Hjørungavåg i ein nasjonal rus for kring 100 år sidan på sviktande grunnlag? Eller kan det vere andre stader på Sunnmøre som høver betre med dei gamle skriftene når ein skal lokalisere kvar jomsvikingslaget stod?
Diskusjonen om slagstaden lever i beste velgåande sjølv om det er plassert eit monument over slaget på Ovra i Hareid kommune. Det blir også stadig framkasta nye teoriar. Seinast i 2009 kom det to nye – ein som ville plassere slaget på Ørskogvika og ein som ville ha det vestafor Raudøya mot Berkneset. I år kjem Johan Ottesen med ei bok som heiter: Slagstaden. Kvar møttest nordmenn og jomsvikingar?
Kjeldene som fortel om slaget, er til dels motstridande. Det er truleg uråd å finne ein våg på Sunnmøre der alle detaljar samsvarar med dei gamle skriftene. Difor har det gjennom åra også kome mange forslag om kvar den historiske Hjörungavágr ligg. Vi kan her kort nemne: Haugsfjorden, Ulsteinfjorden, Liavågen, Aspevågen, Vegsundet, Ørskogvika, Hjørundfjorden, Norangsfjorden og ytst i Ørstafjorden. Desse mest sentrale lokaliseringsalternativa til no blir også presenterte og vurderte i boka. Og til slutt følgjer ein utdjupa versjon av teorien som Ottesen skisserte i 1986: Slaget stod innom Höð (Hareidlandet) i området ved Eiksund/Leikong.
I boka finn du også presentasjon av sentrale delar av kjeldematerialet som folk har nytta i lokaliseringsarbeida. I tillegg er det også teke med to ulike versjonar av jomsvikingsoga. Desse versjonane har tidlegare ikkje vore omsette til norsk.
I tillegg til dei få haldepunkta som ein finn i dei gamle skriftene, må ein etter Ottesen si meining også vurdere kvar det var mest naturleg å samlast for nordmennene då dei skulle rådleggje før slaget. Han held det for mest rimeleg at folk skulle samlast på ein stad der dei brukte å møtast elles, og ikkje på ein tilfeldig og ukjend plass. Namna Måløya og Leikong fortel oss at der har vore gamle samlingsstader. Militærstrategisk er sjøområdet mellom Gurskøya og Hareidlandet framifrå. Her er både rømingsvegar og gøymestader alt etter kva ein hadde behov for. Og ikkje minst – i vågane her er det mange holmar og skjer, noko som ein har leitt fortvila etter ved mange av dei andre slagalternativa.