Soga um Gunnlaug Ormstunga

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif
Dansk.gif


Islandske ættesagaer


Soga um Gunnlaug Ormstunga


Umskrivi fraa gamallnorsk av Matias Skard


Andre utgaava


Kristiania
Olaf Norlis Forlag
1902


I.

Det var ein mann heitte Torstein, son hans Egil Skallagrimsson, son til Kveldulv (1), ein herse fraa Norig; mor hans Torstein heitte Astrid Bjørnsdotter.

Torstein budde paa Borg i Borgarfjorden. Han var ein rik og stor hovding, vitug og taug, og hovsam i alle maatar. Han var ikkje noko umframt paa vokster eller i avl som Egil, far hans; men likevel var det ein framifraa kar og umtykt av alle. Torstein var ein væn mann, ljoshærd og fagerøygd. Til kona hadde han Jofrid, dotter hans Gunnar Livsson. Daa Torstein fekk henne, var ho attan aar, og enkja. Fyrr hadde ho vore gift med Torodd, son hans Tunga-Odd, og dei hadde ei dotter som heitte Hungjerd og vart uppali paa Borg hjaa Torstein. Jofrid var eit mykje drivande kvende. Ho og Torstein hadde mange born; men det er faa av deim som kjem denne soga ved. Den eldste av sønerne heitte Skule, ein annan Kollsvein og ein tridje Egil.


II.

Det er sagt at ein sumar kom det inn eit skip i Guvaaosen. Hovdingen heitte Bergfinn. Det var ein rik nordmann, noko utpaa aari og ein klok mann. Torstein bonde reid ned til skipet; han hadde jamnan raadt mest naar det var kaupstemna, og so var det enno. Austmennerne tinga seg inn umkring paa gardarne; hovdingen fekk koma aat Torstein, av di han bad um det. Bergfinn var faamælt um vetteren, men Torstein heldt honom vel. Austmannen hadde mykje gaman av draumar. Ein dag um vaaren spurde Torstein Bergfinn um han vilde rida med upp under Valfjellet. Der hadde borgfjordingarne tingstaden sin den gongen, og Torstein hadde høyrt at budveggjerne hans var dotne ned. Jau, austmannen sa at det vilde han visst, og same dagen reid dei i vegen tri av deim og nokre av huskararne hans Torstein, og kom upp under Valfjellet til ein gard som heiter Grenjar. Der budde det ein fatig mann, ein leiglending hans Torstein, som heitte Atle. Torstein bad honom vera med og hjelpa til med reka og grev. Han gjorde so. Og daa dei kom aat budtufti, tok dei alle til aa arbeida og vøla um budi. Det var heit solsteik, og det tok paa Torstein og austmannen. Daa dei hadde gjort ifraa seg, sette Torstein og austmannen seg ned paa tufti, og Torstein sovna og bar seg ille i svevnen. Austmannen sat hjaa honom, og lét honom drøyma. Men daa han vakna, var han reint uttjaadd. Austmannen spurde kva han hadde drøymt, med di han bar seg so ille i svevnen. Torstein svarar: «Det er ikkje noko aa leggja merke paa draumar.» Men daa dei reid heimatt um kvelden, spyr austmannen paa nytt lag kva Torstein hadde drøymt. Torstein svarar: «Segjer eg deg draumen, skal du tyda honom som han er til.» Austmannen segjer at han skal prøva det. Daa segjer Torstein: «Eg drøymde og tykte eg var heime utanfor hovuddøri paa Borg og saag utpaa mønet paa huset ei fager og væn svana. Eg tykte eg aatte henne og var mykje glad i henne. Daa saag eg det kom ein stor ørn fljugande ovantil fraa fjelli og sette seg hjaa svana, og var mykje tyd og blid, og ho tyktest lika det godt. Daa saag eg at ørnen var svartøygd og hadde jarnklør; han syntest meg staut aa sjaa. Etter di saag eg ein annan fugl koma fljugande sunnantil; han og flaug til Borg og sette seg paa huset hjaa svana, og vilde tydast attaat henne. Det var ein stor ørn. Braatt tykte eg den ørnen, som var der fyrr, vart mykje uppøst daa den andre kom, og dei slost kvast og lenge. Og det saag eg, at dei blødde baae tvo, og enda gjorde det med di at baae tvo datt ned kvar paa si sida aat mønet, og var daude. Men svana sat att mykje sturi og hugsjuk. Daa saag eg det kom ein fugl vestantil. Det var ein falk. Han sette seg hjaa svana og var mykje kjærleg mot henne, og sidan flaug dei burt i lag baae tvo; og daa vakna eg. Og denne draumen er ikkje noko merkeleg; det lyt visst vera fyre styggvêr at det brytst i lufti paa dei kantar eg tykte fuglarne kom ifraa.» Austmannen segjer: «Eg trur ikkje det er so.» Torstein svarar: «Tyd draumen slikt som du tykkjer det er likt til daa, og lat meg høyra.» Austmannen mælte: «Dei fuglarne, det var visst mannefylgjor; men no er kona di med barn, og ho skal føda eit likande og fagert gjentebarn. Og du skal verta mykje glad i det. Men det skal koma gjæve bêlarar til dotter di fraa der du tykte fuglarne kom fraa. Dei skal leggja mykjen elsk paa henne og slaast um henne og baae lata livet av di. Etter di kjem det ein tridje friar til dotter di fraa der du tykte falken kom ifraa, og med honom vert ho gift. No hev eg tydt draumen, og eg tenkjer at soleis vil det ganga.» Torstein svarar: «Ille og uvenleg hev du uttydt draumen, og du kann visst ikkje tyda draumar.» Austmannen segjer: «Du kjem til aa røyna korleis det gjeng.» Torstein fekk ein agg i seg til austmannen. Um sumaren fór austmannen burt.


III.

Um sumaren budde Torstein seg til aa fara til tings, og sa til Jofrid, kona si: «Du er so lagi at du er med barn. Du skal setja barnet ut dersom det er ei gjenta, men er det ein gut, skal du føda honom upp.» Det var visi den gongen medan landet var heide: fekk fatige folk mange born, so sette dei deim ut; likevel tykte folk jamnan at det var ulikt gjort. Daa Torstein hadde sagt dette, svarar Jofrid: «Det var uhøveleg tala slik mann som du er, og ikkje burde ein so rik mann lata folk sjaa at han gjer slikt.» Torstein svarar: «Kjenner du huglyndet mitt, so veit du at det gjeng gale um det kjem av laget.» Sidan reid han til tings, og medan aatte Jofrid barn. Det var ei ovfager gjenta. Dei vilde bera barnet til henne; men ho sa at det var ikkje verdt, og lét kalla til saugjætaren sin som heitte Torvard. Til honom sa ho: «Du fær taka og leggja sâl paa hesten min og hava dette barnet vest til Hjardarholt til Torgjerd Egilsdotter, og bed henne føda det upp i løynd so Torstein ikkje fær vita det. Eg ser paa dette barnet med slik elskhug at eg visseleg ikkje nenner aa sjaa det utsett. Her er tri merker sylv som du skal hava for bryet ditt. Men Torgjerd skal nista deg ut og gjeva deg far yver havet.» Torvard gjorde som ho sa: han reid til Hjardarholt med barnet og lét Torgjerd faa det; men ho lét ein leiglending føda det upp. Han budde paa Løysingjastad i Kvamsfjorden. Ho gav Torvard far paa eit skip nord i Skjeljavik i Steingrimsfjorden. Han fór fraa landet, og med di er han utor soga.

Daa Torstein kom heimatt fraa tinget, sa Jofrid at barnet var utsett som han hadde sagt fyre, men at saugjætaren hadde rømt og stole burt hesten hennar. Torstein sa at ho hadde gjort rett, og fekk seg ein annan gjætar. No gjekk det seks aar som Torstein ikkje visste eit ord um dette. Men so reid han til gjestebods vest i Hjardarholt hjaa maagen sin, Olav Paa. Det var den gjævaste hovdingen der vest. Torstein vart vel fagna som ventande var. Ein dag sat Torgjerd i høgsætet (2) og tala med Torstein, bror sin. Men Olav rødde med andre menner. Paa benken midt imot deim sat tri gjentor. Daa mælte Torgjerd: «Kva tykkjer du, bror, um desse vækjorne som sit midt imot oss?» Han svarar: «Mykje vel; men den eine er daa blomen likevel; ho hev vænleiken hans Olav, men den ljose hamliten og andlitsdragi aat oss myrmenner.» Torgjerd svarar: «Det er fulla sant som du segjer, at ho er ljosleitt og sveiplik oss myrmenner; men ikkje hev ho vænleiken hans Olav; for ho er ikkje dotter hans.» «Korleis rimar det seg daa,» segjer Torstein, «ho er daa dotter di.» Torgjerd svarar: «Sant aa segja so er denne fagre gjenta dotter di, men ikkje mi,» og so fortel ho honom kva som hendt var, og bed honom umbera henne og kona hans denne skjeplingi. Torstein mælte: «Eg kann ikkje lasta dykk for dette. Det gjeng jamnan som det er laga; og de gjorde vel som meinka tankeløysa mi. Eg likar so yverlag vel denne gjenta, at eg tykkjer det er reint ei lukka aa hava eit so fagert barn. Men kva heiter ho?» «Helga heiter ho,» segjer Torgjerd. «Helga den fagre,» segjer Torstein; «no skal du laga til so ho kann verta med meg heim.» Ho gjorde det. Torstein vart daa leidd ut med gode gaavor, og Helga reid heim med honom og vart uppfødd der med mykjen umhug og kjærleik av far og mor og alle hennar frendar.


IV.

Den tidi budde Illuge Svarte, son hans Hallkjell Roskjellsson, paa Gilsbakke uppi Kvitaasida. Mor hans var Turid Dylla, dotter hans Gunnlaug Ormstunga. Illuge var gildaste hovdingen i Borgarfjorden næst etter Torstein Egilsson. Han hadde store eigner, og var mykje hardlyndt, men heldt venerne sine vel. Kona hans var Ingebjørg, dotter til Asbjørn Hardsson fraa Ørnolvsdal. Ingebjørg og Illuge hadde mange born; men faa av deim kjem denne soga ved. Ein av sønerne deira heitte Hermund, ein annan Gunnlaug. Baae var emnelege menner, men berre framslengar den gongen. Um Gunnlaug vert det sagt at han var tidleg komen, stor og sterk. Haaret var ljosbrunt og laag i fagre lagdar. Han hadde svarte augo, ljote naser og godtokka andlit. Han var midjesmal, herdebreid, ovleg vellagd, storfelt i heile huglyndet sitt, tidleg ærgirug, strid og hard stødt, ein stor skald, skreiv gjerne nidvisor og vart kalla Gunnlaug Ormstunga. Hermund var den mest vensæle av deim, og var reint ein hovding aa sjaa. Daa Gunnlaug var femtan aar, bad han far sin um lov: han vilde fara utanlands og sjaa gjerdi i andre land. Illuge bonde tok dette traudt, og sa at han visst ikkje kunde vera lagleg til aa ferdast i utlandet, med di han snaudt nok kunde styra honom der heime tess heller. Ei stund etter var det ein morgon Illuge bonde gjekk ut tidleg og saag at stabburet hans var ope, nokre varesekkjer utlagde, og likeens kløvgreidor. Han undrast mykje paa dette. Daa kjem ein mann leidande med fire hestar. Det var Gunnlaug, son hans: han sa: «Eg hev lagt ut sekkjerne.» Illuge spurde kvi han gjorde det. Han svara at det skulde vera til ferdi hans. Illuge mælte: «Du fær ikkje fara nokon staden fyrr eg vil,» og kipte innatt sekkjerne. Gunnlaug reid daa burt, og kom um kvelden ned til Borg. Torstein bonde tilbaud honom aa vera der, og det tok han imot. Gunnlaug fortel Torstein korleis det hadde bore til med honom og far hans. Torstein bad honom vera der ei stund slikt han vilde, og han vart der det aaret og lærde logkunna av Torstein, og alle menner der vyrde honom høgt. Jamnan leika Helga og Gunnlaug tavl, og baae fekk snart godhug til kvarandre som det sidan synte seg. Dei var mest jamnaldrande. Helga var so fager, at det er kunnugt folks ord at ho hev vore vænaste kvinna paa Island. Haaret hennar var so stort, at det kunde gøyma henne allsaman, og fagert som gullband. Og dei tykte ikkje det fanst eit slikt gifte som Helga den fagre i heile Borgarfjorden og endaa vidare.

Ein dag folk sat i stova paa Borg, sa Gunnlaug til Torstein: «Ein ting er det i logi som du ikkje hev lært meg: aa festa meg kona.» Torstein segjer: «Det hev ingen vande,» og han lærde honom aatferdi. Daa mælte Gunnlaug: «No fær du ransaka um eg hev skyna det; no skal eg taka deg i handi og laast festa Helga, dotter di.» Torstein segjer: «Det tenkjer eg er ikkje naudturvelegt.» Gunnlaug treiv honom daa straks i handi og sa: «Gjer meg no den beine.» «Gjer som du vil,» segjer Torstein; «men det skal dei vita som er til stadar, at dette skal vera som um det aldri var sagt. Her skal det ikkje vera noko att-under.» Gunnlaug tok daa ut vitne og feste Helga. Sidan spyr han um det no var gjort so det kunde halda. Torstein sa at det var so, og dei som var til stadar hadde mykje gaman av dette.


V.

Anund heitte ein mann som budde sør ved Mosfell. Han var yverlag rik og hadde godord (3) der sør yver nesi. Han var gift med Geirny, dotter hans Gnup Molda-Gnupsson, som tok land sør i Grindavik. Sønerne deira var Ramn, Torarin og Eindride. Dei var alle emnelege menner; men Ramn var framum dei andre i alle maatar. Han var ein stor, sterk og mykje sjaaleg mann, og ein stor skald. Daa han var i framvokstren, fór han lande-millom og fekk stor heider kvar han kom. Den gongen budde sør paa Hjalle i Ølfus Torodd Eyvindson den spake og Skapte, son hans, som daa var logsegjemann (4) paa Island. Mor hans Skapte var Ranveig, dotter hans Gnup Molda-Gnupsson. Skapte og sønerne hans Anund var systkinborn. Det var stor venskap attved frendskapen deim imillom. Daa budde Torfinn Seltoreson paa Ruadamel. Han hadde sju søner, og alle var det emnelege menner. Dei heitte: Torgils, Eyolv, Tore — — — — (5), og det var av dei gildaste mennerne paa dei kantar. Desse mennerne som no er nemnde, livde alle paa ei tid.

Og no hende so hepne tilburdar at aldri noko hev bore so heppeleg til paa Island: heile landet vart kristna og gav upp den forne trui si. Gunnlaug Ormstunga, han eg tala um fyrr, var no i tri aar bilom-til paa Borg hjaa Torstein og hjaa far sin, Illuge paa Gilsbakken. Han var daa attan aar, og det stelte seg godt millom honom og faren. Det var ein mann som heitte Torkjell Svarte. Han høyrde til huslyden hans Illuge, var nær skyld honom og hadde vakse upp der. Det fall honom til ein arv nord i Vatnsdal i Aasen, og han bad Gunnlaug vera med, og det gjorde han. Dei tvo reid daa saman nord til Aasen, og Gunnlaug stod i med honom so han fekk ut den medelen han skulde hava. Daa dei kom att nordantil, vitja dei i Grimstunga ein rik bonde som budde der. Um morgonen tok saugjætaren hesten hans Gunnlaug og reid honom aalsveitt. Daa slo Gunnlaug gjætaren i uvit; bonden var ikkje nøgd med di og kravde bøter. Gunnlaug baud honom ei mork sylv. Bonden tykte det var ovlite; men det vart daa som Gunnlaug sa, og med di fór dei heimatt.

Um eit lite bìl bad Gunnlaug paa nytt lag far sin um lov til aa fara. Illuge segjer: «No skal det vera som du vil; du hev folka paa deg no mot fyrr.» Illuge reid daa burt som snøggaste og kaupte av Audun Festargram helvti av eit skip til Gunnlaug. Det stod uppaa land i Guvaaosen. Daa Illuge kom heimatt, takka Gunnlaug honom mykje. Torkjell Svarte budde seg paa ferdi med Gunnlaug, og vara deira vart flutt til skips. Men Gunnlaug var paa Borg medan dei budde skipet, og tyktest vera meir um aa røda med Helga enn aa stræva i lag med kaupmennerne. Ein dag spurde Torstein Gunnlaug um han vilde rida med honom upp aat øykjerne hans i Langavatsdalen. Gunnlaug vilde det. Dei tvo rid no til dei kjem til Torgilsstad, selet hans Torstein; der var eit stodlag, fire saman og raude paa lit. Hesten var ovfager og lite bruka. Torstein vilde gjeva Gunnlaug hesten; men han svara at han ikkje trong til hest sidan han etla seg utor landet. So reid dei til eit anna stodlag; det var ein graa hest med fire merrar, og det var beste hesten i Borgarfjorden. Torstein vilde gjeva Gunnlaug honom; men han svara: «Eg vil ikkje hava denne meir enn den andre; men kvi byd du meg ikkje det som eg vil taka imot?» «Kva er det?» segjer Torstein. Gunnlaug svarar: «Helga den fagre, dotter di.» Torstein segjer: «Det maa ikkje gjerast av so braatt,» og vende tala burt paa noko anna, og so reid dei paa heimleidi nedmed Langaa. Daa mælte Gunnlaug: «Eg vil vita korleis du vil svara meg paa friarordet mitt.» Torstein svarar: «Eg ansar ikkje vavret ditt.» Gunnlaug mælte: «Dette er mitt rame aalvor og ikkje vavr.» Torstein svarar: «Du skulde fyrst vita kva du vil. Hev du ikkje tenkt deg til aa fara utanlands, og læst vilja gifta deg. Du er ikkje høveleg mann aat Helga medan du er so tvihuga, og eg vil ikkje sæta dette.» Gunnlaug mælte: «Kva for eit varp etlar du deg til aa gjera med dotter di daa tru, med di du ikkje vil gifta henne med son hans Illuge Svarte? Eller kvar finst den i Borgarfjorden som er hævare enn han?» «Eg etla meg ikkje til mannjamning; men var du slik ein mann som Illuge, so vart du visst ikkje vanda.» Gunnlaug mælte: «Kven vil du heller gifta dotter di med enn med meg?» Torstein svarar: «Her er stort og godt val: Torfinn paa Raudamel hev sju søner, og det er godt to i alle dei kararne.» Gunnlaug svarar: «Korkje Anund eller Torfinn kann standa paa merki med han far: for ein kann greidt sjaa at jamvel du er for stutt mot honom; eller kva hev du aa setja fram mot di, at han tokst med Torgrim gode Kjallaksson og son hans paa Torsnestinget og vart ved det aaleine som dei nappast um?» Torstein svarar: «Eg støkte burt Steinar, son hans Anund Sjone, og det tyktest vera heller karsleg gjort.» Gunnlaug svarar: «Du naut godt av Egil, far din, den gongen. Elles skal det visst ikkje nytta mange bønder aa neitta meg maagskap.» Torstein segjer: «Du kann ganga fram med trugsmaal aat deim uppunder fjelli; men her paa myrom er det reint faafengt.» Um kvelden kom dei heimatt. Og um morgonen reid Gunnlaug uppaa Gilsbakken og bad far sin rida med paa bêling ut til Borg. Illuge svarar: «Du er ein kvakl naar du hev etla deg til utlandsferd, men no læst vilja ut aa bêla, og eg veit at slikt er ikkje etter Torsteins hovud.» Gunnlaug svarar: «Eg etlar meg ut likevel, og eg likar meg ikkje minder du styd meg i dette.» Sidan reid Illuge heimantil med elleve menner og ned til Borg, og Torstein tok vel imot honom. Tidleg um morgonen sa Illuge til Torstein: «Eg vil tala ved deg.» Torstein svarar: «Lat oss ganga uppaa haugen og talast ved der,» og dei gjorde det. Gunnlaug gjekk med deim. Daa mælte Illuge: «Gunnlaug, son min, segjer at han hev vore paa friing hjaa deg og bede um Helga, dotter di; og no vil eg vita kva endskap det skal faa; du kjenner baade hans ætt og eigner. Me skal korkje spara paa gard eller hovdingskap, um det kann gjera nokon mun.» Torstein svarar: «Det er eitt som heng paa meg med Gunnlaug, eg tykkjer at han er ustød. Liktest han deg i huglynde, skulde eg ikkje halda atti.» Illuge svarar: «Dette vil øyda venskapen millom oss, um du vil kalla oss noko vanhøve for dykk.» Torstein svarar: «For dine ord og vaar venskap skuld skal Helga vera lova Gunnlaug, men ikkje trulova med honom, og bia i tri aar. Men Gunnlaug skal fara ut og skapa seg etter visi aat gjæve menner. Men eg skal vera laus fraa heile avtalen, um han ikkje soleis fer ut og kjem atter, eller eg mislikar huglyndet hans.» Med di skildest dei. Illuge reid heim, men Gunnlaug til skips. Og daa dei fekk bør, drog dei til havs og kom nørdst i Norig, siglde inn gjenom Trøndelag til Nidaros, og laag der i hamn og avfermde.


VI.
«Ikkje skal ein ganga halt med’
baae føterne er jamlange.»
Den tidi raadde Eirik jarl Haakonsson og Svein, bror hans, for Norig. Eirik budde paa Lade, ættegarden sin, og var ein megtig hovding. Skule Torsteinsson var daa hirdmann hjaa honom og vel vyrd. Det vert fortalt at Gunnlaug og Audun Fastorgram gjekk med fem menner inn til Lade. Gunnlaug var klædd i graa kyrtel og kvit sokkebrok (6). Han hadde svoll nedi risti, og det frøydde upp blod og vaag naar han gjekk. I den bunaden gjekk han fram for jarlen, og Audun med, og helsa honom vel. Jarlen kjende Audun og spyr honom um nytt fraa Island, og Audun fortalde det som var. Jarlen spyr Gunnlaug kven han var, og han sa honom namnet sitt og ætti si. Jarlen mælte: «Skule Torsteinsson, kva mann er dette paa Island?» «Herre,» segjer han «tak vel imot honom; han er son til ein av dei hævaste mennerne paa Island, Illuge Svarte paa Gilsbakken, og fostbror min.» Jarlen sa: «Kor er det med foten din, islending?» «Det er svoll, herre,» segjer han. «Men, du halta daa ikkje?» «Ikkje skal ein ganga halt med’ baae føterne er jamlange.» Ein hirdmann som heitte Tore, mælte daa til jarlen: «Han er fælt kaut paa det islendingen; det var godt um me freista honom lite.» Gunnlaug saag burtpaa honom og mælte:


«I hirdi er ein
som til ilt er mein;
tru de honom vårt,
han er vond og svart.»


Daa treiv Tore etter øksi. «Ver still,» segjer jarlen; «folk skal ikkje sjaa slikt. Men kor gamall er du, islending?» Gunnlaug svarar: «No er eg attan aar.» «Daa skal vera sagt,» segjer jarlen, «at du ikkje vert attan til.» Daa mælte Gunnlaug, men berre so laagvore: «Bed heller for deg sjølv, enn aa beda vondt yver meg.» Jarlen sa: «Kva sa du no, islending?» Gunnlaug svarar: «Eg sa det som eg tykte høvde best, at du skulde ikkje beda vondt yver meg, men heller beda um noko som du sjølv tarv meir.» «Kva daa?» segjer jarlen. «At du ikkje maa faa slik avfardag som Haakon, far din.» Jarlen vart raud som blod og bad deim taka den vitløysingen paa timen. Daa trod Skule fram for jarlen og mælte: «Gjer som eg bed, herre, gjev mannen grid og lat honom fara burt det snøggaste han vinn.» Jarlen mælte: «Lat honom skunda seg burt, um han vil hava grid, og aldri koma til riket mitt meir.» Daa gjekk Skule ut med Gunnlaug og ned aat bryggjorne. Der laag det ein englandsfar ferdig til aa sigla, og der fekk Skule Gunnlaug med og Torkjell, frenden hans. Men Gunnlaug gav Audun skipet sitt aa gøyma, og det godset han ikkje fekk med seg. Dei siglde no til Englandshavet, og kom um hausten sør til bryggjorne i London og sette der upp skipet sitt.


VII.

Den gongen raadde kong Adalraad Jatgeirsson for England. Det var ein god hovding. Han sat i London den vetteren. Gunnlaug gjekk radt fram for kongen og helsa honom vel og med vyrdnad. Kongen spurde kva land han var ifraa. Gunnlaug fortel det. «Eg hev søkt aat Dykk, herre, av di eg hev gjort eit kvæde um Dykk, og eg vilde De skulde lyda paa kvædet.» Kongen sa at han skulde gjera det. Gunnlaug bar daa fram kvædet vel og fritt. Det var ei draapa. Kongen takka honom for kvædet og gav honom til skaldeløn ei skarlagskaapa, fôra med skinn av beste slaget og prydd med gull kav nedi fanget, og gjorde honom til hirdmann, og Gunnlaug var hjaa kongen um vetteren med mykjen heider. Ein dag tidleg um morgonen, imøtte Gunnlaug i ei gata tri menner, og fyremannen deira heitte Tororm. Han var stor og sterk og mykje vandlynd. Han mælte: «Nordmann, laan meg noko gods.» Gunnlaug svarar: «Det er ikkje raadlegt aa gjeva godset sitt aat ukjent folk.» Han svarar: «Eg skal gjera det ut til ein viss dag.» «Daa skal eg vaaga paa det,» segjer Gunnlaug. So lét han honom faa godset. Lite grand seinare raakast Gunnlaug og kongen. Gunnlaug fortalde daa um laanet. Kongen svarar: «No hev du ikkje vore heppen; dette er ein stor ransmann og viking, faast ikkje ved honom. Men eg skal gjeva deg likt atter for godset.» Gunnlaug svarar: «Daa ser det ille ut med oss, hirdmennerne Dykkar; me legg oss paa saklause menner, men lét slike styra med vaart eige; men det skal ikkje halda ved soleis.» Lite seinare raaka han Tororm og kravde godset. Men han sa at han ikkje vilde greida for seg. «No vil eg bjoda deg sætt etter logi,» segjer Gunnlaug, «du skal gjera ut skuldi di eller ganga i holmgang med meg um tri dagar.» Daa log vikingen og sa: «Det hev ingen bode meg fyrr, slike skeivferder som mange hev fare naar eg hev vore ihop med deim, og til det er eg viljug.» Med di skildest dei den gongen. Gunnlaug sa kongen korleis det hadde bore til. Kongen mælte: «No er det fullgale; denne mannen kann døyva alle vaapn. No skal du fara fram etter mi raad. Her er eit sverd som eg vil gjeva deg: med det skal du slaast; men syn honom eit anna.» Gunnlaug takka kongen mykje. Daa dei var ferdige til holmgangen, spyr Tororm kva slag sverd det var han hadde. Gunnlaug dreg sverdet og syner honom det; men han hadde ei lykkja um handtaket paa kongegaava og trod henne uppaa handi si. Berserken mælte daa han saag sverdet: «Det sverdet ottast eg ikkje for,» og drog til Gunnlaug med sverdet og hogg av honom mest heile skjolden. Gunnlaug hogg straks imot med kongegaava; men berserken stod livdlaus; for han trudde at Gunnlaug hadde det same vaapnet som han hadde synt fram; men Gunnlaug hogg honom banehogg med eitt. Kongen takka honom for verket, og etter di stod det stort ord av honom yver heile England og vida um andre stader. Um vaaren daa skipi tok til aa fara land-imilloin, bad Gunnlaug kong Adalraad um lov til aa sigla ut. Kongen spyr kva han vilde. Gunnlaug svarar: «Eg vilde gjera noko som eg hev lova.» «So skal det vera,» segjer kongen og gjev honom ein gullring som vog tolv lodd; men so skal du lova aa koma til meg atter til hausten; for eg vil ikkje sleppa deg for dine idtrottar skuld.»


VIII.

Sidan sigler Gunnlaug fraa England med kaupmennerne nord til Dublin. Daa raadde for Irland kong Sigtrygg Silkeskjegg, son til Olav Kvaran og dronning Kormlød. Han hadde daa eit lite bìl raadt for riket. Gunnlaug gjekk fram for kongen og helsa honom vel og med vyrdnad. Kongen tok sømeleg mot honom. Gunnlaug mælte: «Eg hev gjort eit kvæde um Dykk, og eg vilde gjerne koma til ords.» Kongen svarar: «Det hev ingen fyrr bode seg til aa bera fram noko kvæde for meg, og eg skal visst lyda paa.» Gunnlaug kvad daa ei draapa. Kongen takka for kvædet, kalla til seg fehirden (7) sin og sa: «Korleis skal eg løna kvædet?» «Som du vil,» svarar han. «Korleis er det lønt,» segjer kongen, «um eg gjev honom tvo kaupmannsskip?» Fehirden svarar: «Det er ovmykje, herre; andre kongar gjev i skaldeløn gilde og dyre ting, eit godt sverd eller gullringar.» Kongen gav honom av klædi sine eigne ein kjortel, prydd med gull, og ei kaapa av nytt skarlak, fôra med fint skinn, og ein gullring som vog ei mork. Gunnlaug takka honom mykje, gav seg til der ei liti rid, og fór der ifraa til Ørknøyarne.

Den gongen raadde Sigurd Lodveson jarl for Ørknøyarne. Han var god mot islendingarne stødt. Gunnlaug helsa jarlen vel og sa at han hadde eit kvæde aa bera fram aat honom. Jarlen sa at han vilde lyda paa kvædet hans, so gjæv ei ætt som Gunnlaug var av paa Island. Gunnlaug sa fram kvædet. Det var ein flokk (8), og velgjord var han. Jarlen gav honom ei bila med sølvslege skaft, og tilbaud honom aa vera der. Gunnlaug takka for gaava og tilbodet, men sa at han vilde fara aust til Sverike, og gjekk sidan til skips med dei kaupmennerne som siglde til Norig, og dei kom um hausten aust til Kongehella (9). Torkjell, frenden hans, fylgde honom. I Kongehella fekk dei med seg lagsmenner som synte deim vegen til Vestgautland, og dei kom til den kaupstaden som heitte Skara. Der raadde det ein jarl som heitte Sigurd og var noko til aars. Gunnlaug trod fram for honom, helsa honom vel og sa at han hadde gjort eit kvæde um honom. Gunnlaug kvad, og jarlen lydde paa. Det var ein flokk. Jarlen takka, lønte honom vel og bad honom vera der um vetteren. Sigurd jarl hadde eit stort jolelag um vetteren, og jolekveldsdagen kom det tolv sendemenner nordantil fraa Norig fraa Eirik jarl; dei kom med gaavor til Sigurd jarl. Jarlen fagna deim vel og skikka deim til sætes hjaa Gunnlaug. Det var mykjen skjemt ved drykken; gautarne rødde um at ingen jarl var gildare og frægare enn Sigurd; men nordmennerne dei tykte Eirik jarl gjekk langt framum honom. Um dette ordrakst dei, og paa baae leider tok dei Gunnlaug til domar. Han gav baae tvo lovord, men halla daa paa den leidi, at Eirik hadde freista meir. Paa baae sidor var dei vel nøgde med denne avgjerdi, men nordmennerne best. Sendemennerne fór burt etter joli med gode gaavor som Sigurd sende Eirik jarl. Dei fortalde no Eirik kva Gunnlaug hadde sagt. Jarlen tykte Gunnlaug hadde synt honom truskap og venskap, og sa at Gunnlaug skulde hava fredland i riket hans. Gunnlaug fekk sidan spurt kva jarlen hadde sagt. Sigurd jarl gav Gunnlaug fylgje aust til Tiundaland, som han bad um.


IX.

Den tidi styrde i Sverike kong Olav Svenske, son aat Eirik den sigersæle og Sigrid Storraade, dotter hans Skaglar-Toste. Han var ein megtig og namngjeten konge og fælt ærgirug. Gunnlaug kom til Uppsala um vaaren tett innpaa tinget aat sviarne, og daa han raaka kongen, helsa han honom. Kongen fagna honom vel, og spyr kven han var. Han sa at han var ein islending. Kongen mælte: «Ramn, kva folk er han av paa Island?» Det stod upp fraa det andre høgsætet ein stor og kverv kar, trod fram for kongen og mælte: «Herre, han er utor ei av dei beste ætterne paa Island og er sjølv ein mykje raust mann.» «Lat honom daa ganga stad og faa sæte hjaa deg.» segjer kongen. Gunnlaug mælte: «Eg hev eit kvæde aa bera fram aat Dykk, og eg vilde De skulde lyda og gjeva gaum paa det.» «Gakk stad og sit fyrst,» sa kongen; «det er ikkje tid til aa sitja og lyda paa kvæde no.» Dei gjorde so.

Gunnlaug og Ramn tok daa til aa talast ved og fortalde kvarandre um ferderne sine. Ramn fortalde at han fyrr um sumaren hadde fare fraa Island til Norig og fyrstundes paa vetteren aust til Sverike. Dei samdest snart mykje vel. Ein dag etter tinget var baade Gunnlaug og Ramn framme hjaa kongen. Daa mælte Gunnlaug: «No vilde eg De skulde høyra kvædet mitt, herre.» «Lat høyra,» segjer kongen. «No vil eg bera fram mitt kvæde,» segjer Ramn. «Ja du kann so,» segjer kongen. «Daa vil eg bera fram mitt kvæde fyrst,» segjer Gunnlaug, «um De vil det.» «Eg hev retten til aa kvæda fyrst, herre,» segjer Ramn, «daa eg kom aat Dykk fyrst.» Gunnlaug mælte: «Kor var federne vaare, som far min stod bakfor far din? Ingen staden, og so skal det vera med oss og.» Ramn svarar: «Lat oss syna kongen den sømdi at me ikkje tekst um dette, men let honom raada.» Kongen mælte: «Gunnlaug skal kvæda fyrst av di han vert misnøgd, fær han ikkje viljen sin.» Daa kvad Gunnlaug ei draapa han hadde gjort um kong Olav, og daa han var ferdig, mælte kongen: «Korleis er kvædet gjort, Ramn?» «Vel, herre,» sa han, «det er eit storbygt kvæde, ufagert og noko styrdt, som Gunnlaug sjølv er i huglyndet.» «No skal du bera fram kvædet ditt, Ramn,» segjer kongen. Han gjer so. Og daa han var komen til endes, sa kongen: «Gunnlaug, korleis er dette kvædet gjort?» «Vel, herre,» segjer Gunnlaug, «det er eit fagert kvæde, som Ramn sjølv er aa sjaa paa, og lite merkelegt. — Men kvi gjorde du ein flokk um kongen, eller kann henda du tykte han ei var verd ei draapa?» Ramn svarar: «Lat oss ikkje røda um det lenger; aat di kann me koma attende seinare um so skal vera.» Med di skildest dei. Um eit lite bìl vart Ramn hirdmann hjaa kong Olav, og bad um lov til aa fara ut. Kongen lét honom faa det. Daa Ramn var fullt buen til ferdi, sa han til Gunnlaug: «No skal det verta ute med venskapen millom oss, av di du vilde setja meg ned hjaa hovdingarne. No skal eg ein gong svivyrda deg slik som du vilde skjemma meg her.» «Eg kløkk ikkje for trugsla di,» segjer Gunnlaug, «og aldri skal me koma nokon stad der eg vert mindre vyrd enn du.» Kong Olav gav Ramn gode gaavor ved skilnaden, og so fór han burt.

Han fór austantil um vaaren og kom til Trondheim, gjorde skipet sitt ferdigt og siglde til Island um sumaren, og la i land i Leirvaag nedanfor heidi. Frendarne og venerne hans vart fegne ved aa sjaa honom, og han var heime hjaa far sin den vetteren. Paa altinget um sumaren raaka han Skapte logmann, frenden sin. Daa sa Ramn: «Eg vilde hava hjelp av deg til beling hjaa Torstein Egilsson; eg vil beda um Helga, dotter hans.» Skapte svarar: «Er ho ikkje fyrr lova Gunnlaug Ormstunga?» Ramn segjer: «Men er ho ikkje avlidi no den stemna som var sett deim imillom? Elles ansar eller haar han visst ikkje etter di han, so byrg og framfus som han er.» Skapte svarar: «Gjer som du vil.» Sidan gjekk dei med stort fylgje til budi hans Torstein Egilsson. Han fagna deim vel. Skapte mælte: «Ramn, frenden min, vil beda um Helga, dotter di. Du veit ætti hans, og at han hev stor eign og manndom og god studnad av frendar og vener.» Torstein svarar: «Ho er burtlova aat Gunnlaug, og eg vil standa ved ordi som det er avtala med honom.» Skapte mælte: «Er dei ikkje lidne no dei tri vetrarne som var sette dykk imillom?» «Jau,» sa Torstein, «men ikkje sumaren; han kann koma enno fyre hausten.» Skapte svarar: «Men um han ikkje kjem innan vetternæterne, kva von kann me daa hava i denne saki?» Torstein svarar: «Me fær koma hit til sumars og sjaa aat kva som tykkjest raadlegast; men det gjer ingen mun aa tala lenger um dette denne gongen.» Dermed skildest dei, og folk reid heim fraa tinget. Det vart ikkje dult at Ramn bêla til Helga. Gunnlaug kom ikkje heimatt den sumaren; og paa altinget sumaren etter dreiv Skapte og Ramn hardt paa med bêlingi og sa at Torstein var laus fraa all avtale med Gunnlaug. Torstein svarar: «Eg hev faa døter aa syta for, og eg vilde naudleg at nokor av deim skulde valda nokon strid; no vil eg fyrst finna Illuge Svarte.» Og det gjorde han. Daa dei raakast, sa Torstein: «Synest du ikkje eg er laus fraa all avtale med son din?» «Det er visst so, um du vil,» segjer Illuge; «eg kann ikkje segja større um det, av di eg ikkje veit korleis Gunnlaug, son min, hev det.» Torstein gjekk daa til Skapte, og dei vart samde um at det skulde verta brudlaup paa Borg ved vetternæterne, dersom Gunnlaug ikkje kom den sumaren; men kom Gunnlaug og vilde gjera aalvor av, skulde Torstein vera laus fraa all avtale ved Ramn. Etter di reid folk heim fraa tinget. Det drygdest paa fyrr Gunnlaug kom, og Helga lika denne raadgjerdi ille.


X.

No er det aa fortelja um Gunnlaug at han fór fraa Sverike den sumaren Ramn drog til Island, og fekk gode gaavor av Kong Olav ved skilnaden. Kong Adalraad tok vel imot Gunnlaug, og han var hjaa honom um vetteren med stor sømd. I Danmark styrde den gongen Knut den megtige, Sveinsson. Han hadde nyst teke ved farsarven sin og kytte jamnan paa aa herja i England; for kong Svein, far hans, hadde vunne eit stort rike i England, fyrr han døydde der vest. No var det ein stor dansk her der; han hadde til hovding Heming, son hans Strutharald jarl, og bror til Sigvald jarl, og han heldt det riket under Knut som kong Svein fyrr hadde vunne. Um vaaren bad Gunnlaug kongen um orlov til aa fara ut. Han svarar: «Det sømer ikkje deg aa fara fraa meg, slik ufred som det no lagar seg til i England, naar du er min hirdmann.» Gunnlaug svarar: «Du skal raada, herre; gjev meg lov til aa fara ut til sumars, um ikkje danerne kjem.» «Me fær sjaa daa,» segjer kongen. No leid sumaren og vetteren etter; men danerne kom ikkje. Og vel midsumars gav kongen Gunnlaug lov til aa fara; han fór daa aust til Norig og fann Eirik jarl paa Lade i Trøndelag. Jarlen fagna honom vel og baud honom aa vera der hjaa seg. Gunnlaug takkar for tilbodet, men segjer at han daa fyrst vil fara til Island og gjesta festemøyi si. Jarlen mælte: «No er dei burte alle skipi som buddest til Island.» Daa sa ein hirdmann: «Her laag Hallfred Vandrædaskald igaar utunder Agdenes.» Jarlen svarar: «Kann henda det; det er fem dagar sidan han siglde ut.» Eirik jarl fekk daa Gunnlaug ut til Hallfred; han tok mot honom med fagnad. Dei fekk bør paa timen og var mykje kipne. Det var paa haustsida. Hallfred sa til Gunnlaug: «Hev du frett at Ramn Anundsson hev bêla til Helga den fagre?» Gunnlaug sa at han hadde høyrt gjete det. Hallfred sa honom det han visste, og la attaat at mange meinte at Ramn var ikkje laakare mann enn Gunnlaug. Gunnlaug kvad daa ei visa. Hallfred mælte: »Det kunde turvast at du greidde deg betre fraa Ramn enn eg gjorde: eg kom for fem aar sidan med skipet mitt til Leirvaag nedanfor heidi. Eg var skuldig ein av huskararne hans Ramn ei halv mork sylv, og heldt henne atter. Men Ramn reid paa oss med seksti mann, hogg av landtoget, og skipet rak upp aa Leira so me hadde nær lide skipbrot. Eg nøyddest daa til aa lata Ramn raada sjølv, og eg la ei mork. Det er kva eg hev aa segja um honom.» No kom dei til aa talast ved um Helga, og Hallfred lova mykje vænleiken hennar. Dei kom til lands nord paa Melrakkesletta i Raunshamn fjortan dagar fyre vetternæterne, og avfermde skipet.

Det var ein mann som heitte Tord, son til ein bonde der i Sletta. Han tok tak med kjøpmennerne og fór ille aat med deim. Daa skulde han i kast med Gunnlaug. Natti fyreaat kalla han paa Tor til siger for seg, og um dagen daa dei møttest, gauv dei ihop. Gunnlaug slo baae føterne undan Tord so dufti berre rauk. Men den foten Gunnlaug studde seg paa, stokk utor leden, og han fall daa med Tord. Daa mælte Tord: «Kann henda det ikkje gjeng betre i andre maatar heller.» «Kva meiner du?» segjer Gunnlaug. «Enn avtala med Ramn daa; um han fær Helga den fagre ved vetternattsleite; eg var til stadar paa altinget daa det var avgjort.» Gunnlaug svarar ikkje. Daa vart foten hans dregen atti led og reiva; men han trutna fælt. Gunnlaug og Hallfred reid med tie menner og kom ned paa Gilsbakken ved Borgarfjorden laurdagskvelden som brudlaupet var paa Borg. Illuge vart fegen daa han saag Gunnlaug, son sin, og fylgjet hans. Gunnlaug vilde straks rida ned til Borg; men Illuge sa at det ikkje var raadlegt, og det tykte alle med undantak av Gunnlaug. Han var no ufør i foten sin, um han ikkje gav seg so ein kunde sjaa den granden paa honom; difor vart det ikkje noko av ferdi. Um morgonen reid Hallfred heim til Redavatn i Nordraadal. Der styrde Galte, bror hans, med eignaluterne deira. Det var ein kverv kar.


XI.

No er aa fortelja um Ramn at han sat i sitt brudlaup paa Borg, og dei fleste segjer at bruri var heller hugsjuk. Det er sant som det vert sagt, at lenge heng det i hugen som kjem i yngdi; det fekk ho finna no. Der kom det uppropet at Sverting, son aat Havr-Bjørn Molda-Gnupsson fridde til Hungjerd, dotter til Torodd og Jofrid, og det vart so dei skulde hava brudlaup paa Skaaynø etter jol um vetteren. Der budde Torkjell, frenden hennar Hungjerd, son til Torve Valbrandsson. Mor hans Torve var Torodda, syster hans Tunge-Odd. Ramn fór heim til Mosfell med Helga, kona si. Daa dei hadde vore der eit lite bìl, var det ein morgon fyrr dei reis, at Helga vaker; men Ramn søv og ber seg ille i svevnen. Daa han vaknar, spyr Helga kva han hadde drøymt. Ramn kvad daa ei visa og sa at han drøymde han vart ihelhoggen i armarne hennar Helga, so blodet berre frøste utyver henne. Helga mælte: «Det skulde eg ikkje graata paa; for ille hev de svike meg; Gunnlaug lyt visst vera komen.» Og Helga gret saart. Straks etter spurdest atterkoma hans Gunnlaug. Daa vart Helga so traassug mot Ramn, at han ikkje kunde halda henne der heime; dei fór daa heimatt til Borg (der ho var fraa), og han hadde lite godt av samlivet med henne. No budde folk seg til brudlaup um vetteren. Torkjell fraa Skaanøy bad Illuge Svarte og son hans; men daa Illuge budde seg til brudlaupet, sat Gunnlaug i stova og budde seg ikkje til. Illuge mælte: «Kvi gjer du deg ikkje ferdig, frende?» Gunnlaug svarar: «Eg er ikkje meint paa fara.» «Jau visst skal du fara,» segjer Illuge, «og tak ikkje paa aa traa etter eit kvende; æst ikkje ansa det, og det skal visst ikkje vanta paa kona.» Gunnlaug gjorde som far han sa, og dei kom til brudlaupet. Illuge og son hans vart sessa i fyrste høgsætet, men Torstein Egilsson og Ramn i det andre, beint imot Illuge. Det sat konor paa pallen, og Helga næst brudi, og ho glatt ofte burtpaa Gunnlaug med augo; det gjekk etter ordtøket: augo kann ikkje halda det løynt naar ei gjenta hev huglagt ein gut. Gunnlaug var vel budd; han hadde dei gode klædi som kong Sigtrygg gav honom, og han tyktest daa formest i mange maatar, baade i avl, vænleik og paa vokster. Det var liti moro i laget. Den dagen mennerne laga seg paa heimvegen, gjekk konorne stad og gjorde seg ferdige og. Gunnlaug og Helga talast daa ved lenge, og han kvad ei visa. Gunnlaug gav Helga kaapa Adalraads-gaava, og det var ein ovstor grip (10). Ho takka mykje for gaava. Sidan gjekk Gunnlaug ut, og daa var det kome øykjer som stod sâla og bundne inne paa tunet. Det var mange ovfagre. Gunnlaug kasta seg uppaa ein hest, reid kvast paa tunet dit som Ramn stod, og han laut hopa seg undan. «Det er ikkje verdt aa hopa; eg vil ikkje skræma deg denne gongen,» segjer Gunnlaug, «men du veit kva du ærleg hev tent». Ramn kvad ei visa og sa at det ikkje var verdt aa bitast soleis berre um eit kvende; det var mange slike sør um havet. «Kann gjerne henda,» segjer Gunnlaug, «men det tykkjer ikkje eg». Daa la Illuge og Torstein seg frammi og vilde ikkje at dei skulde eigast ved kvarandre. Gunnlaug kvad ei visa. Etter di reid dei alle heim, og alt var kurt og stilt um vetteren. Ramn hadde ikkje mykjen bate av samveret med Helga sidan ho hadde raaka Gunnlaug.

Um sumaren dreiv det ihop mykje folk paa tinget: Illuge Svarte og Gunnlaug og Hermund, sønerne hans, Torstein Egilsson og Kollsvein, son hans, Anund fraa Mosfell og alle sønerne hans, Sverting Havr-Bjørnsson og mange elles. Skapte var enno logsegjemann. Daa retten var uppløyst ein dag, bad Gunnlaug um ljod og sa: «Er Ramn Anundsson her?» Ramn svarar: «Ja.» Gunnlaug Ormstunga mælte daa: «Du veit at du hev teke festemøyi mi og sett uvenskap imillom oss. Av di vil eg bjoda deg holmgang her paa tinget um tri dagar paa Øksarholm». Ramn svarar: «Det er eit gildt tilbod som ein og kunde venta av deg, og det er eg ferdig til so snart du vil.» Dette tykte frendarne deira var gale; men det var etter logi den tidi paa Island aa bjoda holmgang, naar ein tyktest lida urett. Og daa dei tri jamdøgri var lidne, laga dei seg til aat holmgangen. Illuge Svarte fylgde son sin til holmen med mykje folk; men Ramn hadde fylgje av Skapte logsegjemann, av far sin og andre av frendarne sine.

Fyrr dei gjekk ut paa holmen, kvad Gunnlaug ei visa, og Ramn svara med ei onnor.

Hermund heldt skjolden for Gunnlaug, bror sin, men Sverting Havr-Bjørnsson for Ramn. Den som vart saara, skulde løysa seg ut av holmen med tri merker sylv. Ramn skulde hogga fyrst, av di Gunnlaug hadde bode honom ut; han hogg ned i skjolden hans Gunnlaug, og sverdet brast sund ved hjaltet; for han hogg med stor styrke. Sverdodden spratt attende fraa skjolden og snart upp i kinni hans Gunnlaug so han fekk eit ørlite risp. Daa laup federne deira straks imillom, og mange andre med. Daa mælte Gunnlaug: «No segjer eg at Ramn er sigra, av di han er vaapnlaus.» «Men eg segjer du er sigra, av di du er saara.» Gunnlaug var daa ovende sint og sa at det ikkje var sætande. Illuge, far hans, sa daa at dei ikkje skulde faa freista meir den gongen. Gunnlaug svarar: «Eg skulde ynskja me raakast ein annan gong, naar du far var for langt burte til aa avstyra.» Med di skildest dei gjekk heimatt aat buderne sine. Tvo dagar etter vart det i logretten sett i logi at daa skulde det vera ende paa all holmgang; og det var dei samde um alle dei vitugaste mennerne paa Island som var til stadar; og det var den siste holmgangen som vart fremja paa Island — daa Ramn og Gunnlaug slost. Ein morgon daa brøderne Hermund og Gunnlaug gjekk ned aat Øksaraai og vilde tvaa seg, kom det paa andre sida aat aai mange kvende; og i det fylgjet var Helga hin fagre. Daa mælte Hermund; «Ser du Helga hin fagre, venen din, paa den andre sida?» Gunnlaug svarar: «Ja, eg ser henne,» og so kvad han ei visa. Etter di gjekk dei yver aai, og Helga og Gunnlaug talast ved ei stund. Og daa dei gjekk aust yver aai atter, stod Helga lenge og stirde etter Gunnlaug. Han saag daa attende yver aai, og kvad ei visa.

Sidan reid folk heimatt fraa tinget, og Gunnlaug var paa Gilsbakken. Ein morgon daa han vakna, var alle dei andre uppe. Han laag i ei lokkvila innan benken. Daa kom det inn i skaalen tolv menner og alle vaapna: Ramn Anundsson var komen. Gunnlaug spratt upp og fekk i vaapni sine. Daa mælte Ramn: «Ottast ikkje; du skal straks faa høyra ærendi mi. Du gjekk paa holm med meg i altinget i sumar, men tykte ikkje det var sætande. No vil eg bjoda deg at me baae skal fara burt fraa Island og utanlands i sumar og ganga paa holm i Norig; der skal ikkje frendarne vaare vera i vegen.» Gunnlaug svarar: «Der tala du som ein kar, og det vilkaaret vil eg gjerne taka imot, og her kann du vera og faa det som du vil.» Ramn svarar: «Det var karslegt tilbod, men denne gongen fær me rida burt.» Dermed skildest dei. Frendarne deira tykte det var reint gale; men dei kunde ikkje gjera noko med det, so uppøste som dei tvo var. Og so maatte det vel ganga som det var lage.


XII.

No er aa fortelja um Ramn at han gjorde skipet ferdigt i Leirvaag. Det er nemnt tvo menner som fylgde med Ramn. systersøner til far hans; den eine heitte Grim, den andre Olav, og baae var dei gilde menner. Alle skyldingarne hans Ramn tykte at det var stor skade at han fór burt; men han sa at han hadde bode Gunnlaug holmgang, av di han ikkje hadde nokon hugge av Helga, kona si, og so laut han eller Gunnlaug fella. No siglde Ramn so snart han fekk bør, kom med skipet sitt til Trondheim og var der um vetteren. Han høyrde ikkje gjete Gunnlaug. Andre vetteren var han og i trøndelag, ein staden som heiter Levanger.

Gunnlaug Ormstunga tinga seg rom paa skipet hjaa Hallfred Vandrædaskald nord paa Sletta; men dei vart seint ferdige. So snart dei fekk bør, siglde dei og kom til Orknøyarne straks fyre vetternæterne. Den gongen raadde jarlen Sigurd Lodversson for øyarne. Gunnlaug fór til honom, var der um vetteren, og jarlen vyrde honom vel. Um vaaren budde jarlen seg til herferd. Gunnlaug gav seg med honom, og um sumaren herja dei vida um paa Sudr-øyarne og Skotland og heldt mange slag. Kvar dei kom tyktest Gunnlaug vera den djervaste, mest framfuse og heilhuga stridsmann. Sigurd jarl snudde att tidleg sumars; men Gunnlaug gav seg med dei kaupmennerne som siglde til Norig, og skildest ved jarlen med mykjen venskap. Gunnlaug fór nord til Trondheim til Lade; han vilde finna Eirik jarl, og kom dit fyrstundes paa sumaren. Jarlen fagna honom vel, tilbaud honom aa vera der, og det tok han imot. Jarlen hadde alt spurt korleis det hadde bore til med Ramn og Gunnlaug, og sa til Gunnlaug at han forbaud deim aa ganga paa holm i hans rike; Gunnlaug sa at det laut han faa raada for. Han var der um vetteren, men var mykje attaat faamælt. Ein dag um vaaren gjekk Gunnlaug og Torkjell, ein av frendarne hans, ute og burtyver fraa garden. Paa ein voll der stod det ein mannring, og inni ringen stod tvo menner og fikta. Den eine kalla dei Ramn, den andre Gunnlaug. Dei som stod i kring, sa at islendingarne var lite heilhuga og seine til aa hugsa paa ordi sine. Gunnlaug skyna at dette var stor spott og skam, gjekk burt og sa ikkje eit ord. Lite seinare sa Gunnlaug til jarlen at han ikkje nentest tola haad av hirdmennerne for denne saki med Ramn, og bad jarlen um fylgje til Levanger. Jarlen hadde høyrt at Ramn var faren fraa Levanger atter, og aust til Sverike. Av di fekk Gunnlaug lov til aa fara, og tvo menner til fylgje.

Gunnlaug fer no med seks menner fraa Lade inn til Levanger. Same dagen som Gunnlaug kom dit um kvelden var Ramn faren um morgonen. Straks fór Gunnlaug til Værdalen og kom jamnan um kvelden dit Ramn hadde vore um natti. Gunnlaug fór til han kom til øvste garden i Værdalen, som heiter Sul. Ramn hadde fare fraa Sul um morgonen. Gunnlaug heftest daa ikkje, men fór straks um natti, og ura morgonen i solrenningi saag dei kvarandre. Ramn var komen ein stad det var tvo vatn, og millom vatni var det slette vollar som heiter Sleipnesvollarne. Uti det eine vatnet gjekk det eit nes som heiter Dinganes. Der roa Ramn og mennerne hans seg paa neset; dei var fem i lag og imillom deim Grim og Olav av skyldingarne hans Ramn. Daa dei møttest, sa Gunnlaug: «Det er vel me raakast.» «Ja, det er so,» segjer Ramn; «og no kann du velja den kosten du vil: um me skal slaast alle saman, like mange paa kvar sida, eller berre me tvo.» Gunnlaug sa at det var slikt slag for honom. Daa sa Grim og Olav at dei ikkje vilde standa og berre sjaa paa med’ dei slost; det same sa Torkjell Svarte, Gunnlaug sin frende. Daa sa Gunnlaug aat dei mennerne som jarlen hadde gjeve med honom: «De skal sitja og sjaa paa, so de kann fortelja um møtet vaart.» Og so gjorde dei.

Sidan bar det ihop, og slost gjorde dei kvast alle saman. Grim og Olav gjekk baae mot Gunnlaug aaleine; men enden paa det vart at han drap deim baae tvo, og ikkje fekk eitt saar sjølv. Dette sannar Tord Kolbeinsson i eit kvæde han gjorde um Gunnlaug Ormstunga. Samstundes slost Ramn og Torkjell Svarte. Torkjell fall og lét livet sitt der, og so gjekk det til slutt med alle mennerne baade hans Gunnlaug og hans Ramn. Daa bar det ihop med deim tvo, og det vart ei kvass kula med harde hogg. Gunnlaug hadde daa sverdet Adalraadsgaava, eit framifraa gildt vaapn. Umsider drog Gunnlaug til Ramn med sverdet og hogg av honom den eine foten. Han fall ikkje likevel, men fekk seg burt aat ein stubbe og studde seg paa honom. Daa sa Gunnlaug: «No er du ikkje stridsfør, og eg vil ikkje slaast med deg lenger, slik som du er skamfaren.» «Det er so,» segjer Ramn, «det gjeng til atters; men endaa var eg ikkje so reint burte kanskje, berre eg fekk noko aa drikka.» Gunnlaug segjer: «Svik meg daa ikkje, um eg finn vatn aat deg i hjelmen min.» Ramn svarar: «Ikkje skal eg svika deg.» Gunnlaug gjekk daa burti ein bekk, tok vatn i hjelmen og gjekk til Ramn. Han tok imot hjelmen med den vinstre handi; men med den høgre hogg han Gunnlaug i hovudet, so det vart eit stort saar. Daa mælte Gunnlaug: «Ille sveik du meg, og lite karslegt fór du aat med’ eg leit paa deg.» Ramn svarar: «Sant er det; men det drog etter med meg, eg unner deg ikkje aa femna Helga den fagre.» Og so rauk dei ihop atter paa nytt lag, og det kvast. Men til sist vann Gunnlaug paa Ramn, og Ramn lét livet. Daa kom kararne aat jarlen og batt yver saaret i hovudet hans Gunnlaug. Medan sat han og kvad ei visa. Dei jorda sidan dei daude, sette Gunnlaug paa hesten og kom heilt ned til Levanger. Der laag han tri næter, fekk all tenesta av presten, og daa han døydde vart han jorda ved kyrkja. Alle tykte det var stor skade med Gunnlaug og Ramn, slik som dei kom av verdi.


XIII.

Um sumaren fyrr dette vart spurt paa Island drøymde Illuge Svarte paa Gilsbakken at Gunnlaug kom aat honom mykje blodut og kvad ei visa. Illuge kunde visa daa han vakna, og kvad henne sidan aat andre. Same tidi bar det og so til, at Anund paa Mosfell drøymde at Ramn kom aat honom fælt blodut og kvad ei visa (11). Paa altinget sumaren etter sa Illuge Svarte til Anund paa logberget: «Korleis vil du bøta for son min, som Ramn, son din, gjekk attum ordi sine og sveik?» Anund svarar: «Eg tykkjest ikkje aa vera so nær til aa bøta, slikt som eg hev lide for møtet deira. Eg er heller ikkje meint paa aa krevja bøter av deg for min son». Illuge svarar: «Men det skal nokon av frendarne eller ættmennerne dine faa umgjelda for med det fyrste». Etter tinget var Illuge jamnan sturen.

Det vert fortalt at um hausten reid Illuge med tretti menner og kom til Mosfell tidleg ein morgon. Anund og sønerne hans kom seg undan til kyrkja; men Illuge tok tvo av skyldingarne hans, som heitte Bjørn og Torgrim. Han lét drepa Bjørn og hogga føterne av Torgrim. Etter di reid Illuge heimatt, og Anund fik ikkje hemnt det. Hermund Illugesson syrgde mykje paa Gunnlaug, bror sin, og tykte ikkje han var hemnt med det som var gjort. Det var ein brorson aat Anund paa Mosfell som heitte Ramn, det var ein stor farmann, og han aatte eit skip som stod paa land i Rutefjorden. Um vaaren reid Hermund Illugesson aaleine heiman og nordyver Holtavardeheidi til Rutefjorden og ut paa Bordøyri til skipet aat kaupmennerne. Dei var daa mest ferdige til aa sigla. Styremannen, Ramn, var paa land og mange med honom. Hermund reid stad la spjotet igjenom honom, og reid burt. Men alle kararne hans Ramn vart so daatt ved, at dei stod reint handfalne og ikkje sette etter Hermund. Det vart ikkje greidt ut nokor bot for dette draapet. Og sidan vart det ikkje meir millom Illuge Svarte og Anund paa Mosfell.

Um eit bìl gifte Torstein Egilsson Helga, dotter si, med ein som heitte Torkjell Hallkjelsson; han budde i Raundal. Ho vart daa med og var heime hjaa honom; men det vart aldri noko av med elskhugen; for ho kunde ikkje gløyma Gunnlaug, endaa han var avliden. Men Torkjell var en kverv og kvik kar, rik og ein god skald. Dei hadde mange born ihop. Av sønerne deira var det ein som heitte Torarin og ein Torstein. Helga hadde meste huggen av aa breida ut kaapa Gunnlaugsgaava og sitja lange leiti og stira paa henne. Ein gong kom det stor sott paa garden hjaa Torkjell og Helga, so mange laag og kjenast upp (12). Helga tok daa til aa veikna burt og; men ho vart ikkje sengliggjande. Ein laurdagskveld sat Helga i stova med hovudet i fanget paa Torkjell, mannen sin; ho sende ein etter kaapa Gunnlaugsgaava, og daa ho fekk kaapa, rette ho seg upp, breidde henne ut framfor seg og saag ei stund paa henne; so seig ho atti fanget paa mannen sin og var slokna. Helga vart førd til kyrkja og jorda. Torkjell budde daa atter der aaleine. Alle syrgde mykje paa Helga, som ventande var.


Med di endar denne soga.


Notar:

1. Et slægtled er forsvundet i oversættelsen: Egil er søn af Skallagrim, der er Kveldulvs søn. (jl)

2. I husi deira var det benkjer frammed baae langveggjerne og den eine tverveggen; paa den andre tverveggen var døri. Midt paa baae langbenkjerne var det eit høgsæte; det nørdste var det formeste; det nemnde dei det fyrste høgsætet; der sat husbonden sjølv. Det søre nemnde dei andre høgsætet; der sat gildaste gjesten. Paa tverbenken, pallen, sat kvendi. Innanfor benkjerne var det sengjer, so kvar mann hadde sengi (lokkvila) bak sætet sitt. Aaren var berre ein liten mur lengst etter golvet; det var ingen røykgang, men røyken gjekk upp gjenom eit hol i taket. Det var ingen himling; romet gjekk i eitt upp i røstet.

3. Godord kalla dei embættet aat goden (seg gaade og gaadord). Goden var heradshovding og hadde tilsyn med gudehuset og tinget.

4. Formann i lagretten (domar).

5. Namni paa dei fire andre stend ikkje i fornskrifti dei er visst attgløymde.

6. Det var baade brøker og sokkar i eitt plagg.

7. Skattmeister; av «fe» (som i det gamle maalet tyder «gods») og hirde (gjætar).

8. Flokken var meir endefram ihopsett enn draapa. Draapor kvad dei um kongar, men flokkar um jarlar og jamlikarne deira.

9. No Kungelv ved Gjøta-elvi i Sverike; den gongen høyrde det Norig til.

10. Ei gild og kostesam eiga.

11. I baae visorne vert det fortalt korleis det gjekk med holmgangen.

12. Tærast burt.