Soga um Hønse-Tore

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif
Dansk.gif


Islandske ættesagaer


Soga um Hønse-Tore


Nynorsk umsetjing ved Tønnes Braasten


Oslo
Det Norske Samlaget (Landsmaals-laget)
1909


1.

Odd heitte ein mann. Han var son til Aanund breidskjegg, son til Ulvar, son til Ulv paa Fitjar, son til Skjegge, son til Tore den buldrande. Han budde paa Breidabolstad i Røykjardalen i Borgarfjorden. Kona hans heitte Jorun. Ho var ei visleg kona og vel umtykt. Dei hadde fire born, tvo velseda søner og tvo døtter. Eine son deira heitte Torodd, den andre Torvald; døtterne var Turid og Jofrid. Han var kalla Tunge-Odd. Nokon greidvoren mann vilde ingen kalla honom. Tore heitte ein mann. Han var son til Valbrand, son til Valtjov, son til Ørlyg fraa Esjuberg (1). Han var gift med Turid, dotter til Tunge-Odd. Dei budde paa andre Breidabolstad. Arngrim heitte ein mann, son til Helge, son til Hogne, som kom til Island med Romund. Han budde i Nordtunga. Han vart kalla Arngrim gòde. Son hans heitte Helge. Blund-Kjetil heitte ein mann, son til Geir den rike or Geirslid, son til Kjetil blund, som Blundsvatnet hev fenge namn etter. Han budde i Ørnulvsdalen, noko ovanfor der garden er no. Der var daa mange gardar uppetter dalen. Son hans heitte Herstein. Blund-Kjetil var med dei rikaste menner og framifraa i si ferd etter gamall skikk. Han aatte 30 leigejorder og var den vensælaste mann i heradet. Torkjell trevel heitte ein mann. Han var son til Raude-Bjørn og budde i Svignaskard utanfor Nordaa. Bror hans var Helge og budde paa Kvam i Nordaadalen. Ein annan bror heitte Gunnvald, far til Torkjell, som var gift med Helga, dotter hans Torgeir Videmyr (2). Torkjell trevel (3) var ein vitug og vensæl mann og rik paa gods. Tore heitte ein mann. Han var snaud for gods og lite umtykt av folk flest. Han hadde for vis aa fara bygd imillom med handel um sumaren. Det han kjøpte i eine bygdi, selde han i andre, og medelen hans auka braatt av handelen. Ein gong, daa Tore for sunnanum heidi, tok han høns med seg nordpaa i landet og selde saman med andre varor. Og difor vart han kalla Hønse-Tore. No kom Tore seg so mykje upp, at han kjøpte seg ein gard paa Vatne, upp ifraa Nordtunga, og faa vetrar hadde han butt der fyrr han var so stor ein riking, at han hadde mange pengar til godes mest av kvar mann. Men endaa velstandet tok til, vart han likevel lite umtykt, av di der snaudt var nokon mann som det stod slik utokke av, som Hønse-Tore.


2.

Ein dag for Tore heimantil og reid til Nordtunga til Arngrim gòde og baud honom barnfostring. Eg vil taka til meg Helge, son din, og stella med honom som eg best kann; men imot vil eg hava venskapen din og studnad, so eg kann faa retten min av folk. Arngrim svarar: «Det kjem soleis fyre meg, at denne barnfostringi vil verta til liti æra for meg.» Tore svarar: «Eg vil heller gjeva drengen helvti av godset mitt enn eg ikkje skal faa honom til fostring; men det skal vera din skyldnad aa hjelpa meg til retten min, kven eg so hev med aa gjera.» Arngrim svarar: «Eg maa segja som sant er, at so godt eit tilbod skal ein ikkje segja nei til.» Helge fór daa heim med Tore, og garden der heiter sidan Helgevatn. Arngrim hjelpte no Tore, og folk merka straks at det vart verre aa koma i kast med honom, og han fekk no retten sin av kvar mann. Eigedomen hans auka no mykje, og han vart ein ovrik mann; men han var endaa uvensæl.


3.

Det var ein sumar, at eit skip kom or havet inn i Borgarfjorden. Dei søkte ikkje inn i osen, men lagde til ute paa hamni. Styrmannen heitte Ørn. Han var ein vensæl mann og den duglegaste kjøpmann. Odd fekk spurt at skipet var kome. Han var van til aa koma fyrst til kjøpstemnor og setja prisen paa varorne; for han hadde styret i heradet. Ingen vaaga seg til aa kjøpa, fyrr dei høyrde korleis han vilde hava det. No kom han til kjøpmennerne og frega etter korleis dei etla ferdi si, og kor snart dei vilde til aa selja. Han sagde, at det var skikken hans aa setja prisen paa varorne. Ørn svarar: »Sjølve etlar me aa raada eiga vaar for deg, med di du ingen ting eig med i varorne, og du skal ikkje raada for meir denne gongen, enn for ordi dine.» Odd svarar: «Eg tvilar for, um dette ikkje skal gagna deg mindre enn meg, og so skal det vera òg. No er det aa lysa, at me forbyd alle folk aa handla med dykk eller aa hjelpa dykk med flutning, og eg skal taka bot av deim som paa nokon maate er dykk til hjelp. Eg veit, at de kjem ikkje av hamni fyrr springflodi.» Ørn svarar: «Raada maa du for ordi dine; men me lèt oss ikkje kua heller.» Odd reid no heim; men austmennerne vart liggjande der paa hamni og kom ikkje av staden.


4.

Dagen etter reid Herstein Blund-Kjetilsson ut til Nes. Daa han reid utantil att, fann han austmennerne. Han kjende styrmannen og vart fegen. Ørn fortalde Herstein kor stor urett Odd baud deim, «og me veit lite, korleis me skal fara aat i dette høve.» Dei talast ved um dette um dagen. Mot kvelden reid Herstein heim og fortalde far sin um kjøpmennerne og den vansken dei var i no. Blund-Kjetil svarar: «Eg kjennest ved denne mannen etter fraasegni di; for eg var med far hans daa eg var barn, og det segjer eg, at eg hev ikkje gjævare dreng funne enn han. No er det ille at sonen er under so tronge vilkaar, og det vil far hans venta, at eg skal leggja meg noko ut for saki hans, um det er turvande. I morgon tidleg skal du rida ut til Hamni og bjoda honom hega med so mange mann som han vil; men skulde han heller vilja noko anna, daa skal du føra honom kvar han vil, sud eller nord, og eg skal leggja hugen til og hjelpa honom so godt eg kann.» Herstein sagde at det var ei god og karsleg raad, «men det er aa ottast, at me eggjer andre upp med dette.» Blund-Kjetil svarar: «Dersom me ikkje ber oss verre aat enn Odd, daa kann det vera at det vil falla oss lett.» No gjekk notti; men um morgonen tidleg let Blund-Kjetil samla øykjerne or hagen og budde ferdi. Herstein dreiv hundrad øykjer til mots med kjøpmennerne og turvte ingen mann beda um hjelp. Han kom der ut og fortalde Ørn um faren sitt tilbod. Ørn sagde at han gjerne tok dette tilbodet; men han tyktest skyna at baade Herstein og faren vilde koma i uvenskap med andre for dette. Herstein sagde at dei kunde ikkje fara etter det. Ørn mælte: «Daa skal haasetarne mine koma seg av i andre herad; det er likevel meir enn nok aabyrgsla, um me ikkje kjem saman alle i eitt herad.» Herstein førde no Ørn og varorne hans med seg heim, og gav seg ikkje fyrr alle kjøpmennerne var burte, og dei hadde butt um skipet, og alt var kome til rettes. Blund-Kjetil tok ovleg vel imot Ørn, og han sat der i god fagnad. No kom denne tidendi fyre Odd kva Blund-Kjetil hadde teke seg til, og folk tala um at han hadde vist uvenskap mot honom. Odd svarar: «Det kann nok synast so; men han er ein mann, som er baade vensæl og kappsam, og eg vil no lata det vera som gjort er.» Og so er det no rolegt.


5.

Denne sumaren vart ikkje god. Der var liten grasvokster og knapt um høyterre, so høylodet vart heller lite hjaa folk. Blund-Kjetil fór um hausten til leiglendingarne sine, og sagde at han vilde hava høy i leiga av alle jorderne sine. «Me hev mykje fe aa fôra, men lite høy; eg vil òg raada for kor mykje kvar av leiglendingarne skal slagta i haust. Eg vonar daa alle skal berga seg vel igjenom.» No leid sumaren, og vetren kom. Nord i Lid-herad vart det snart ovleg streng vetter, og folk hadde lite fenge hausta. Det fall tungt for mange. Soleis gjekk det til fram yver jol; men daa torre (4) kom, kneip det hardt for folk, og mange var daa reint uppraadde. So ein kveld kom det ein leiglending til Blund-Kjetil og kravde, at han skulde løysa honom or høynaudi. Kjetil svarar: «Kva tyder dette? Eg tyktest etla det so til i haust, at eg meinte de skulde vera vel berga?» Han svara at dei hadde slagta mindre, enn han sagde fyre. Blund-Kjetil mælte: «Me skal nok einast um dette: Eg skal løysa deg or vanraadi denne gongen; men du lovar meg, at du ikkje segjer det til nokon mann, for eg vil ikkje venja folk paa meg, aller helst sidan de ikkje hev retta dykk etter mi tilstelling.» Han for heim og sagde venen sin, at Blund-Kjetil var makelaus framfor andre folk i alle ting. Og han sagde, at han hadde løyst honom or vanraadi. Men denne sagde det til sin ven, og soleis kom det ut yver heile heradet. Leid fram i gjø-maanad (5), kom tvo til av leiglendingarne og sagde, at dei var i høynaud. Blund-Kjetil svarar: «Ille hev de gjort at de hev brigda av fraa mi raad. For no er det so, at um eg hev mykje høy, so hev eg òg ei mengd med fe. Skal eg no gjeva dykk, so hev eg ikkje til mine. Millom dette er no aa velja.» Dei masa med honom og tjaadde um kor vesalt dei hadde det, men han tykte det var harmelegt aa høyra paa kveiningi deira, og let so driva heim 140 øykjer og drap 40 av dei som var verst farne. Han gav leiglendingarne det for, som fyrr var etla øykjerne, og dei fór fegne heim. Vetren vart verre, di lenger det leid, og det traut upp for mange.


6.

No kom ein-maanad (6). Daa kom det tvo leiglendingar til Blund-Kjetil. Dei sat helst godt i det; men likevel var dei no i høynaud og bad honom gjera ein utveg. Han svara at han ikkje hadde noko til deim, og ikkje vilde han drepa fleire fe heller. Dei frette, um han kjende til nokon annan som hadde høy til sals. Han svara at han ikke kunde segja noko visst. Dei gjekk hardt paa honom og sagde, at feet deira kom til dauda, dersom dei ingi hjelp fekk av honom. Han sagde at det var dei sjølve skuld i; «men det er sagt meg at Hønse-Tore skal hava høy til sals.» Dei svarar: «Av honom fær me ikkje noko, utan du fer med oss; men han vil selja straks, dersom du gjeng god for oss i kjøpet.» Han svarar: «Eg kann gjerne fara med dykk, og det er ikkje meir enn rimelegt at dei sel som hev.» Dei fór tidleg um morgonen. Det var strid nordanvind og heller kaldt. Tore var ute. Daa han saag mennerne koma til gards, gjekk han inn og dreiv att døri og hadde loka fyre. Han gjekk til bords og aat dagverd. Der vart kakka paa døri. Drengen Helge tok til ords: «Gakk ut, fosterfar! der er folk som vil finna deg.» Tore sagde at han vilde mata seg fyrst. Men sveinen laup fraa bordet og gjekk til døri og helsa dei vel, som var komne. Blund-Kjetil spurde um Tore var inne. Han sagde at han var inne. «Bed honom koma ut!» sagde han. Guten gjorde so og sagde, at Blund-Kjetil var komen og vilde finna honom. Tore svarar: «Kva er det Blund-Kjetil gjeng her og nasar etter? Undarlegt skal det vera um han fer med det gode. Eg hev ikkje noko med honom aa gjera!» Sveinen fór og sagde at Tore ikkje vilde ganga ut. «Ja daa skal me ganga inn,» sagde Blund-Kjetil. Dei gjekk inn i stova, og dei vart helsa; men Tore tagde. «Det er no so,» segjer Blund-Kjetil, «at me vil kjøpa høy av deg, Tore.» Tore svarar: «Ikkje er meg ditt fe betre enn mitt.» Blund-Kjetil mælte: «Det kann vel vera so det.» Tore svarar: «Kvi er du i høynaud du, rike mann?» Blund-Kjetil segjer: «Eg er ikkje nettupp i høynaud. Eg falar for leiglendingarne mine, som tykkjer dei tarv hjelp. Eg vilde gjerne faa høy til deim um det var raad.» «Du hev all ret til aa gjeva andre av ditt, men ikkje av mitt,» sagde Tore. Kjetil svarar: «Me bed ikkje um det til gjevande. Lat Odd og Arngrim gjera av prisen for deg, og eg skal gjeva deg gaavor der attpaa.» Tore sagde at han ikkje hadde høy aa selja, «og dessutan vil eg ikkje selja.» Daa gjekk Blund-Kjetil og fylgjes-mennerne ut og guten med deim. Blund-Kjetil tok daa til orde: «Er det so, at fosterfar din ikkje hev høy til fals, eller vil han ikkje selja?» Guten svarar: «Visst hev han, berre han vil.» Blund-Kjetil mælte: «Fylg du oss dertil som høyet er!» Han gjorde so. No rekna Blund-Kjetil ut kor mykje fôr feet hans Tore vilde trenga, og dømde paa, at um gjevingi varde til alltinget (7), so vilde der endaa vera fem stakkar att. Etter dette gjekk dei inn. Blund-Kjetil mælte: «Det er mi meining, Tore, um høyloet ditt, at der vert ein god mun att, um alt feet ditt vert fôra inne til alltingstid, og det vil eg kjøpa.» Tore svarar: «Kva skal eg daa hava ein annan vetter, dersom det daa er slikt aar eller verre?» Blund-Kjetil svarar: «Eg skal lova deg at du skal faa att likso mykje høy i sumar, og ikkje skal det vera ringare, og eg skal føra det til gards med.» Tore svarar: «Hev de ikkje høy nok no, korleis kann de daa heller hava det i sumar? Men eg veit at magtskilnaden vaar er so stor, at du kann taka høy ifraa meg, um du vil.» Blund-Kjetil svarar: «Paa den maaten er det ikkje meint; du veit det, at sylv gjeng godt for allskyns skuld her i landet; eg gjev deg det.» Tore svarar: «Eg vil ikkje hava sylvet ditt.» «So tak daa slike varor, som Odd og Arngrim tek ut for deg.» «Her er faa arbeidsfolk,» segjer Tore, «og liten hug hev eg til aa ferdast; eg vil ikkje vasa meg i slikt.» Blund-Kjetil svarar: «Eg skal føra det heim til deg.» Tore mælte: «Eg hev ikkje husrom høvelegt til det; eit og anna kunde verta spillt.» Blund-Kjetil svarar: «Eg skal faa til huder og breida vel yver det.» Tore svarar: «Ikkje vil eg hava noko spark av andre folk i mine hus.» Blund-Kjetil svarar: «Daa kann det vera hjaa oss i vetter, og eg skal passa det.» «Eg kjenner vringlet ditt,» segjer Tore, «og vil ikkje hava nokon handel med deg.» Blund-Kjetil mælte: «Daa skal det ganga deg verre; me skal taka høyet trass i forbodet ditt, men leggja pengar i staden. Og me skal gjera oss nytta av det, at me er fleire.» Daa tagna Tore og var ikkje i godt lag. Blund-Kjetil let taka reip og kneppa høyet. Etter dette lyfte dei upp klyvjar og bar det burt. Men han etla rikeleg att til alt feet hans Tore.


7.

No er aa segja um kva Tore tok seg fyre. Han budde seg til ferd, og med honom var Helge, fosterson hans. Dei reid til Nordtunga og vart der ovleg vel mottekne. Arngrim spurde etter tidender. Tore svarar: «Ikkje hev eg spurt noko nyare enn ranet.» «Kva for ran?» sagde Arngrim. Tore svarar: «Kjetil hev rana alt høyet mitt, so eg inkje hev til nauti i kaldriderne framyver.» «Er det so, Helge?» segjer Arngrim. «Det er slett ikkje so,» segjer Helge; «Blund-Kjetil for visleg aat.» Helge sagde daa, korleis det hadde bore til med deim. Daa sagde Arngrim: «Dette lydest liklegare. Betre er det at han nyttar høyet, enn det skal rotna hjaa deg.» Tore svarar: «Ille vore var det, at eg baud deg barnfostring; skal dei daa aldri kunna gjera meg so mykje ugagn, at eg kann faa hjelp her og faa skaden bøtt? Slikt er daa makeløysa!» Arngrim svarar: «Det var uklokt av meg, for eg skynar, at den som hjelper deg, han hjelper ein laak mann.» Tore svarar: «Eg er ikkje ordsaar; men ille nøgd er eg med, at du løner gjerdi mi soleis, og det endaa um folk ranar meg; for dette er ikkje minder teke fraa deg.» Og med det skildest dei. Tore reid burt og kom til Breidabolstad. Odd helsa honom vel og spurde etter tidender. «Ikkje hev eg spurt noko nyare enn ranet.» «Kva ran er det?» sagde Odd. Tore svarar: «Blund-Kjetil tok alt høyet mitt, so eg no er reint uppraadd. Eg vilde gjerne hava hjelp av deg; for denne saki kjem deg òg ved. Du er styraren i heradet og skal retta det som rangt er gjort, og du fær minnast det, at han hev gjort seg til din fiendsmann.» Odd spurde: «Er det so, Helge?» Han sagde, at Tore rengde det storom. So greina han ut alt, korleis det hadde gjenge fyre seg. Odd svarar: «Eg vil ikkje leggja meg ut i dette. Eg vilde ha gjort like eins, um eg hadde turvt.» Tore svarar: »Sant er det som ordet segjer: Det er best berre aa spyrja til meinsame folk,» og «Illt fylgje hev ein berre fraa eigen heim.» Tore reid dermed burt, og Helge med honom. Dei fór heim, og Tore var ille ved.


8.

Torvald, son til Tunge-Odd, hadde kome ut til Island um sumaren. Han kom inn nordpaa i landet og fekk seg upphelde der um vetren. Leid mot sumaren fór han nordanfraa og vilde finna far sin. Han gjesta ei natt i Nordtunga (8) og vart vel fagna. Der var fyrr kome til nattar ein mann som heitte Vidfare. Det var ein rekar som laup fraa landsende til annan. Han var ein nær frende av Tore og liktest honom i huglyndet. Den same kvelden tok Vidfare sekken sin og stokk burt og stødva ikkje fyrr han kom til Tore. Han tok imot honom med baae henderne. «Eg veit eg kann venta meg noko godt, sidan du kjem.» Han svarar: «Venteleg kann det vera so, for no er Torvald Oddsson komen til Nordtunga og er der paa gjesting.» Tore svarar: «Det kunde eg med sanning vita, at noko godt vilde henda meg, for eg vart so godt i lag, daa eg saag deg.» No gjekk notti, og tidleg um morgonen reid Tore og fostersonen Helge til Nordtunga. Der var ei mengd med folk komne. Drengen vart gjeven sæte-rom; men Tore reika paa golvet. Det fekk Torvald auga paa fraa pallen der han og Arngrim sat og tala seg imillom. «Kven er den mannen som reikar att og fram paa golvet?» segjer Torvald. Arngrim svarar: «Han er barnfostraren min.« «Ja,» segjer Torvald, «men kvi skal det ikkje gjevast rom til honom?» Arngrim sagde at han ikkje brydde seg um det. «So skal det ikkje vera,» sagde Torvald, og let honom kalla til seg og gav honom rom til aa sitja hjaa seg. Dei spurde kvarandre kva nytt folk rødde um. Tore segjer: «Det var vondt dette, at Blund-Kjetil rana meg.» Torvald spurde: «Hev de vorte samde?» «Det er langt ifraa det,» segjer Tore. «Korleis kann dette rima seg, Arngrim,» sagde Torvald, «at de hovdingar lèt slik skam hava framgang?» Arngrim svarar: «Han lyg det meste, og heller lite er sætande.» «Var det daa sant, at han tok høyet?» segjer Torvald. «Visst tok han det,» segjer Arngrim. «Kvar hev rett til aa raada sitt,» sagde Torvald, «og venskapen med deg hev han lite gagn av, naar han so likevel skal verta trødd under føter.» Tore mælte: «Eg tykkjer vel um deg, Torvald, og det sviv meg i hugen, at du vil koma til aa retta noko paa saki mi.» Torvald mælte: «Eg hev for liti magt til det.» Tore mælte: «Eg skal gjeva deg helvti av godset mitt, imot at du rettar denne saki soleis, at det vert anten bøter eller sjølvdøme (9), so uvenerne mine ikkje lenger sit inne med min eigedom.» Arngrim mælte: «Gjer ikkje dette, Torvald! for han er ikkje nokon god mann aa hjelpa; men du fær ein imot deg som er baade vitug og dugleg og ovleg vensæl.» «Eg ser,» segjer Torvald, «at du ovundar meg, um eg fær godset hans, for du unner meg det ikkje.» Tore mælte: «Eg tenkjer, Torvald, at du skal faa sjaa eg hev mykje gods, og andre veit, at eg hev pengar til godes vidt ikring.» Arngrim mælte: «Det er likevæl mi raad, Torvald, at du ikkje legg deg burt i dette; men du fær gjera som du best likar. Eg ottast for, at det vil draga mykje etter seg.» Torvald svarar: «Eg vil ikkje vanda tilbodet um godset.» Dei handtokst no paa dette, at Tore skulde yta helvti av godset sitt, mot at Torvald tok upp saki mot Blund-Kjetil. Arngrim mælte daa ein gong til: «Korleis etlar du aa taka denne saki?» Torvald svarar: «Eg vil fyrst fara heim til far min og faa raad av honom.» Tore mælte: «Det likar eg ikkje; eg vil ikkje hava nokor utdrygjing. Mykje hev eg lagt meg um dette, og eg vil straks i morgon tidleg lata Blund-Kjetil stemna.» Torvald svarar: «Det kann gjerne vera, at du ikkje hev lukka med deg, og at du dreg ilt etter deg; men det fær no vera som gjort er.» Dei gjorde daa av, at dei skulde møtast paa ein avtala stad um morgonen.


9.

Tidleg um morgonen reid Torvald og Arngrim av stad med 30 mann. Dei møtte Tore, og var han daa sjølv-tridje. Der var Helge Arngrimsson og Vidfare, frenden hans Tore. Torvald mælte: «Kvi er du so faa-ment?» Han svarar: «Eg visste at det skorta ikkje deg paa folk.» Dei reid no upp etter lidi. Ferdi vart sedd fraa gardarne, og dei sprang kvar av sin gard. Den tyktest best som fyrst kunde koma til Blund-Kjetil, og daa fylgjet naadde fram, var der mange folk samla. Torvald og fylgjet hans reid til bø-garden og steig der av hestarne sine og gjekk heim til tunet. Med same Blund-Kjetil saag dette, gjekk han imot deim og baud deim all beina. Torvald mælte: «Anna er ærendet vaart hega enn aa eta mat. Eg vil vita, korleis du vil svara for det, at du tok høyet hans Tore.» Blund-Kjetil mælte: «Eg skal svara deg som honom: Tak berre so mykje du vil for det, og eg skal endaa gjeva deg gaavor attpaa, so mykje betre og fleire som du er meir verd enn Tore. Og so stor heider skal eg gjera deg, at folk skal segja, at du hev den største æra av det.» Torvald tagna og totte det var vel bode. Tore svarar daa: «Dette er ikkje takande. Me tarv ikkje tenkja paa det. For lenge sidan hadde eg dette valet, og eg kallar det ikkje nokor hjelp, skal det ganga slik, og lite gagn hadde eg daa av aa gjeva deg godset mitt.» Daa mælte Torvald: «Kva vil du daa gjera for logbrotet?» Blund-Kjetil mælte: «Ikkje anna enn du sjølv dømer og avsegjer, slikt som du vil.» Tore svarar: «Daa tykkjer eg, det inkje anna er for oss aa gjera enn aa stemna?» Han stemnde daa Blund-Kjetil for ran og nemnde seg vitne og sagde det fram i so harde ord og vendingar som han var god til. No snudde Blund-Kjetil heim til husi og møter austmannen Ørn, som gjekk til varorne sine. Ørn spurde: «Er du saara, bonde? Du er so raud som blod.» Han svarar: «Eg er ikkje saara, men dette er ikkje betre. Slike ord er tala til meg, som aldri fyrr hev vore tala; eg er kalla tjuv og ransmann.» Ørn gjekk inn etter bogen sin og lagde ei pil paa strengen. Han kom ut med same dei steig paa hestarne. Han skaut og raaka ein mann. Han seig ned av hesten; det var Helge, son til Arngrim gode. Dei laup til honom. Tore ota seg fram millom flokken, skuva mennerne ifraa seg og bad deim gjeva seg rom, «for meg ligg han mest paa hjarta.» Han lutte seg ned yver Helge, men han var daa daud. Tore mælte: «Kor stend det til, fosterson min?» Med same rette han seg upp att og mælte: «Drengen tala til meg og sagde tvo gonger det same: brenne, brenne Blund-Kjetil inne!» Daa svarar Arngrim: «No gjekk det som eg venta, at ofte kjem vondt fraa ein vonding, og det sveiv fyre meg, at mykje ilt vilde koma fraa deg, Tore, og ikkje veit eg kva drengen hev sagt, um du fleipar eitkvart; men likevel ser det ikkje ulikt ut til, at slikt vert gjort. Denne saki byrja ille; kann òg vera, at ho endar so.» Tore svarar: «Eg tykkjer du kunde hava noko naudsynlegare aa gjera enn gryla paa meg.» Arngrim og fylgjet hans reid no burt under ein skograbb og steig av hestarne sine der og var der til det leid mot natti. Men Blund-Kjetil takka mennerne vel for hjelpi og bad kvar mann rida paa heimvegen, etter som det best høvde.


10.

Det er sagt, at med same notti tok til, reid Torvald og fylgjet hans til gards i Ørnulvsdalen. Der laag alle og sov. Dei drog vedkost til husi og sette eld paa. Blund-Kjetil og folket hans vakna ikkje fyrr husi loga yver deim. Blund-Kjetil spurde kven som kveikte so heit ein eld. Tore sagde kven det var. Blund-Kjetil spurde um der ikkje paa nokon maate kunde verta semja. Tore svara at der ikkje var noko anna vilkaar enn aa verta brend. Dei skildest ikkje fyrr kvart mannsbarn hadde brunne inne.

Herstein, son til Blund-Kjetil, hadde um kvelden fare til fosterfar sin. Han heitte Torbjørn og vart kalla stigande. Um denne Torbjørn er det sagt, at han ikkje jamt var der dei saag honom. Herstein vakna um morgonen og spurde um fosterfar hans vakte. Han sagde at han vakte, «og kva vil du?» «Eg drøymde,« segjer Herstein, «at eg totte far min kom her inn, og alle klædi loga um honom, og han sjølv saag ut som han var berre eld.» Dei stod upp og gjekk ut og saag logen med same. Dei tok vaapni sine og for som snøggast; men daa dei kom fram var alle mann burte. Herstein mælte: «Her hev eit harmelegt hende gjenge fyre seg, og kva er no aa gjera?» Torbjørn svarar: «No skal me nøyta det tilbodet som Tunge-Odd so ofte hev gjeve meg, at eg skulde koma til honom naar det var noko eg turvte.« Herstein svarar: «Liti von tykkjer eg der kann vera i det.» Likevel fór dei og kom til Breidabolstad og kalla Odd ut. Han gjekk ut og tok vel imot deim og spurde etter tidender. Dei fortalde kva som hendt var. Han let ille yver det. Gamle Torbjørn tok daa til ords: «So er det, Odd bonde, at du hev lova meg studnaden din, og no vil eg beda at du legg til gode raader og kjem oss til hjelp.» Odd lova at han skulde gjera det. Dei reid no til Ørnulvsdalen og kom der fyre dag. Husi var daa nedfallne og elden mest slokna. Odd reid burt til eit hus som ikkje var brunne. Han tøygde seg upp mot ei bjørkeraft og kipper den burt fraa huset. Sidan reid han andsøles kring husi med den logande branden og mælte: «Her tek eg meg land til eigedom, for her ser eg no ingen bygd bustad. Det høyrer de vitne som er her til stades (10).» So køyrde han paa hesten sin og reid burt. Herstein mælte: «Kva skal me no gjera? Dette gjekk ikkje so vel.» Torbjørn mælte: «Teg deg um du kann, med det som no kjem til aa henda!» Herstein svara og sagde at han hadde ikkje tala for mykje. Eit ute-bur var ubrunne; der var varorne til austmannen inni, og mykje anna gods. Med eitt kvarv gamle Torbjørn burt. Herstein kasta augo heim mot garden. Han ser ute-buret òpe og godset bore ut; men han saag ingen mann. Der var bundne klyvjar. Dinæst høyrde han mykje trapping i tunet. Han ser no at alle øykjerne som far hans hadde aat, vert drivne heim, og sauder og naut or fjoset og alt gangande fe. Sidan vart klyvjarne bundne upp og di næst alt skipa til ferd og alt av noko verde ført burt. Herstein for no etter og saag, at det var gamle Torbjørn som dreiv feet. Dei snudde leidi si ned etter heradet til Stavholtstunga (11) og so ut yver Nordaa.


11.

Sauegjætaren hans Torkjell trevill or Svignaskard gjekk denne morgonen til feet sitt. Han saag kvar dei fór og dreiv allskyns fenad. Han sagde dette til Torkjell. Men han svarar: «Eg veit kva det hev paa seg. Det er visst Tverlidingar, venerne mine; dei er i stor vetranaud og driv difor feet sitt hega. Det skal dei hava lov til; eg hev nøgdi av høy. Her er òg beite nok for utegangsfeet.» Daa dei kom inn paa tunet, gjekk han ut og fagna deim vel og baud deim all den beina dei berre vilde taka. Dei fekk snaudt stiga av hestarne, so beinsam var han mot deim. Torbjørn mælte: «Dette er mykje av det gode, og det var vel gjort, um du kunde halda alt du hev lova oss.» «Eg veit ærendet ditt,» segjer Torkjell, «du vil at feet ditt skal vera etter her, og her skortar det ikkje paa god beitemark.» Torbjørn mælte: «Me vil taka imot dette tilbodet.» So tok han Torkjell til sides burtum huset og mælte: «Store tidender hev eg aa melda.» Torkjell spurde kva det var. «Blund-Kjetil, bonde, er brend inne i natt,» sagde Torbjørn. «Kven gjorde det nidingsverket?» sagde Torkjell. Torbjørn fortalde daa alt korleis det var gjenge til, «og Herstein treng no dine beste raader.» Torkjell mælte: «Eg veit ikkje um eg so snøgt hadde gjeve dette tilbodet, dersom eg hadde visst dette fyrr; men det eg hev lova vil eg halda. Men lat oss no faa oss mat fyrst.» Dei sagde ja til det. Torkjell trevill var mykje faamælt og noko tankefull, og daa dei var mette let han taka hestarne deira. Sidan tok dei vaapni sine og steig paa hestarne. Torkjell reid fyre den dagen. Fyre-aat hadde han sagt at dei skulde passa vel paa feet i hagen, og gjeva det godt som inne var. Dei reid no ut paa Skogarstrand (12) til Gunnarsstad. Det er innarleg paa strandi. Der budde ein mann som heitte Gunnar Livsson, ein gjæv mann, sterk og med dei djervaste. Han var gift med Helga, syster til Tor gjelle. Gunnar hadde tvo døtter; den eine heitte Jofrid, den andre Turid. Dei kom der seint paa dagen og steig av hestarne ovanfor husi; vinden var nordleg og heller kald. Torkjell gjekk til døri og kakka paa. Ein huskar gjekk ut og helsa vel han som var komen, og spurde kven han var. Torkjell sagde at han ikkje vilde vita stort meir um han sagde honom det. «Berre bed du Gunnar ganga ut!» Han svara at Gunnar alt var komen i seng. Han bad honom segja at ein mann vilde finna honom. Huskaren gjorde so, gjekk inn og sagde Gunnar at ein mann vilde finna honom. Gunnar spurde kven det var. Huskaren svara at han ikkje visste det; «men stor er han av vokster.» Gunnar sagde: «Far ut og seg honom at han er her i natt.» Huskaren fór og gjorde som Gunnar baud; men Torkjell svara at han ikkje vilde taka tilbod av trælar, men av bonden sjølv. Huskaren sagde at det var det rimelegaste. «Men Gunnar hev ikkje for vane aa standa upp um næterne. Gjer du eitt av tvo,» sagde huskaren, «anten far burt eller gakk inn og ver her i natt.» «Gjer du eitt av tvo,» segjer Torkjell; «anten gjer du ærendet til gagns, eller eg driv sverdshjaltet i naserne dine.» Huskaren laup inn og dreiv att døri. Gunnar spurde kvi han fór med slik ofse. Han sagde at han ikkje vilde tala meir med den mannen som var komen, «for han er so hastig i ordi.» Gunnar reis daa upp og gjekk ut i tunet. Han var i skjorta og linbrok, hadde kappa yver seg, svarte sko paa føterne og sverd i handi. Han fagna Torkjell vel og bad honom ganga inn. Han sagde at dei var fleire saman. Gunnar gjekk lenger ut i tunet; men Torkjell treiv i dør-ringen og dreiv att døri. Dei gjekk daa bakum husi. Gunnar helsar deim. Torkjell sagde: «Lat oss setja oss ned, for me hev mykje aa tala med deg um, Gunnar.» Dei gjorde so, sette seg ned paa baae sidor av honom, og so nær at dei sat paa kappa som Gunnar hadde yver seg. Daa mælte Torkjell: «Det hev seg so, Gunnar bonde, at her er ein mann i ferdi med meg som heiter Herstein, son til Blund-Kjetil, og ærendet er ikkje aa løyna, at han vil bela til dotter di, Turid. Det er difor eg hev fare med honom, at eg ikkje vilde du skulde visa honom fraa deg, for eg synest at dette er det heppelegaste gifte. Det er meg òg mykje um aa gjera, at dette tilbodet og mine raader ikkje vert vanvyrde eller seint svara paa.» Gunnar mælte: «Eg er ikkje einlitt um svaret i denne saki; eg vil samraada meg med mor hennar og so med dotter mi, men serleg med Tor gjelle, frenden hennar. Men det er berre godt me hev spurt um denne mannen og um far hans, og det er ei sak som det er verdt aa tenkja paa.» Daa svarar Trevill: «Det skal du vita, at me ikkje vil venta lenge paa svaret, og me tykkjest sjaa at dette ikkje vil verta til mindre sømd for deg enn for oss. Og det tykkjer eg er underlegt av so vitug ein mann som du er, at du stotar paa slikt, so godt som dette tilbodet er. Me hev ikkje reist heimantil i den tanke, at det skulde verta til inkjes. Og eg skal yta deg, Herstein, slik hjelp her som du ynskjer, so at dette fær framgong, dersom han ikkje sjølv kann sjaa si eigi sømd.» Gunnar svarar: «Eg kann ikkje skyna kvi de tek dette sa braatt, eller so godt som med truging, for eg tykkjer giftet er mykje høvelegt. Eg hadde venta meg berre ilt av dykk. Men eg fær vel taka tilbodet og retta fram handi.» Han gjorde so; men Herstein nemnde seg vitne og feste seg gjenta. Etter dette stod dei upp og gjekk inn. Daa vart dei fagna paa beste maaten. No spurde Gunnar etter tidender. Torkjell sagde at dei ikkje hadde noko nyare høyrt, enn at Blund-Kjetil var innebrend. Gunnar spurde kven som valda det. Torkjell sagde Torvald Oddsson var upphavsmannen, og so Arngrim gòde. Gunnar svara lite. Han sagde ikkje stort vondt um det, men inkje godt.


12.

Um morgonen i otta var Gunnar alt paa føterne. Han gjekk til Torkjell og bad deim klæda seg. Dei gjorde so og fekk seg sidan mat. Imedan vart hestarne laga til, og dei steig i sadlarne. Gunnar reid fyre inn etter fjorden. Der laag mykje is. Dei støvda ikkje fyrr dei kom til Kvam (13), til Tor gjelle, og han fagna deim vel og spurde etter tidender. Dei sagde slikt som dei fann høvelegt. Gunnar tok no Tor til sides og tala med honom. Han sagde at han hadde med seg Herstein, son til Blund-Kjetil og Torkjell trevill, «og ærendet deira er at Herstein ynskjer aa verta maagen min og belar til dotter mi, ho Turid. Men kor raadlegt tykkjer no du dette er? Mannen er væn og ser mannsleg ut. Det skortar honom ikkje paa gods heller, med di far hans hev sagt at han vil gjeva fraa seg buet, og Herstein skal taka imot.» Tor svarar: «Eg synest godt um Blund-Kjetil. Det var ein gong at eg og Tunge-Odd førde trætta paa alltinget um ei trælsbot, som han vart dømd til aa betala. Me for av stad i eit illhervelegt vêer og skulde krevja boti. Me var tri saman. Me kom til Blund-Kjetil um natti og vart ovleg vel fagna, og der var me ei vika. Han skifte hestar med oss, og gav meg gode stodhestar. Slikt røynde eg av honom; men likevel synest eg at det ikkje var gale gjort, um tilbodet ikkje vart modteke.» «Det maa du hugsa paa,» sagde Gunnar, »at ho vert ikkje gjevi burt til nokon annan, um han byd seg fram, for eg synest Herstein er ein røseleg kar, og vilkaaret er elles godt, og det kann vera mykjen faare i korleis det vil ganga, um han vert burtvist. Etter dette gjekk Gunnar til dotter si som var til fostring hjaa Tor, og frette henne ut korleis ho tykte um tilbodet. Ho svarar at ho ikkje hadde so stor giftarhug, at ho ikkje tykte det var jamgodt aa sitja heime, «for her hjaa Tor, frenden min, hev dei den beste umsut for meg. Men dykkar vilje skal eg gjera i dette som i alt anna.» No gjekk Gunnar hardt inn paa Tor og sagde at han syntest dette giftarmaalet var mykje ærefullt. Tor svarar: «Kvi kann du ikkje gjeva honom dotter di daa, naar du likar det?» Gunnar svarar: «For di eg ikkje vil gjeva henne, utan det likso vel er din vilje som min.» Tor sagde daa at dei baae skulde vera samde um avgjerdsla. «Eg vil,» sagde Gunnar, «at du Tor festar Herstein gjenta.» Tor svarar: «Nei, du skal sjølv festa dotter di.» Gunnar svarar: «Eg set meir pris paa at du festar henne; for det høver betre.» Tor let seg no segja, og festarmaalet fekk framgong. Daa mælte Gunnar: «Eg bed òg um at du lèt brudlaupet standa her i Kvam, for daa vil det verta halde med størst sømd. Tor bad honom raada i det og, um han tykte det var betre. Gunnar segjer: «So kann me gjera det visst, at brudlaupet skal standa um ei vika.» Etter dette steig dei paa hestarne og reid burt. Tor fylgde deim til vegar og spurde endaa ein gong, um der var noko nytt aa høyra. Gunnar svarar: «Me hev no ikkje noko nyare høyrt enn at Blund-Kjetil er innebrend.» Tor spurde korleis det gjekk til. Gunnar fortalde honom heile tilburden um branden, kven som valda det, og kven som gjorde det. Tor mælte: «Ikkje skulde dette festarmaalet vorte so snøgt avgjort, um eg hadde visst dette. Og de tykkjer vel at de hev vore mykje klokare og sløgare enn eg; men likevel tenkjer eg det er ikkje so visst, at de kann greida denne saki aaleine.» Gunnar mælte: «Det er godt um hjelp der du er, og no er du skyldig til aa stydja maagen din, liksom me er skyldige til aa stydja deg; for der var mange som høyrde at du feste gjenta, og det var alt gjort med ditt samtykke. Dessutan er det no godt at de eingong fær røyna kven som er den megtugaste av dykk hovdingar; for lenge hev de glefst etter kvarandre som svoltne ulvar.»


13.

No skildest dei, og Tor var ovleg vreid, for han tykte dei hadde drive spott med honom. Dei reid no fyrst til Gunnarsstad og tykte dei hadde gjort ein god leik, sidan dei hadde fenge Tor med seg i saki, og var reint kaate. Dei reid ikkje sudetter denne gongen, men bad folk til brudlaups og møtte i Kvam paa den avtala tidi. Tor hadde mange brudlaupsgjester fyreaat og skipa folk til sætes um kvelden. Han sat sjølv saman med Gunnar, maagen sin, og mennerne hans paa eine langbenken. Torkjell trevill og brudgomen og gjesterne deira sat paa den andre benken. Men bruri og kvendi sat paa tverpallen. Daa bordi var sette fram og alle komne til sætes, sprang brudgomen, Herstein, fram yver bordet og gjekk burt til ein stein som stod der. Han steig med eine foten upp paa steinen (14) og mælte: «Den lovnaden gjer eg, at fyrr alltinget er ute i sumar, skal eg anten ha fenge Arngrim gòde dømd fredlaus eller paa sjølvdøme.» Deretter gjekk han til sætet sitt. Gunnar sprang daa fram og mælte: «Den lovnaden gjer eg, at fyrr alltinget er ute i sumar skal eg ha saksøkt Torvald Oddsson og fenge honom dømd utlæg eller paa sjølvdøme.» Han gjekk til bords att og mælte til Tor: «Kvi sit du, Tor, og ikkje mæler eit ord? Me veit at du hev det same i hugen som me.» Tor svarar: «Rolegt skal det vera um det no.» Gunnar svarar: «Dersom du vil me skal tala for deg, daa er me dertil reide; men me veit at du etlar deg Tunge-Odd.» Tor mælte: «De skal sjølv raada for dykkar eigne ord; men eg vil raada for kva eg talar. Enda no berre vel dette som de hev lova.» Elles hende dei ikkje meir nytt i gjestebodet; men likevel gjekk det vyrdelegt fram, og daa det enda, fór kvar sin veg. Vetren leid no til endes, og daa det vaara, drog dei folk til seg og fór sud til Borgarfjorden. Dei kom til Nordtunga og stemnde Arngrim og Hønse-Tore til tings paa Tingnes. No skildest Herstein fraa flokken med tretti mann og fór dit som dei sagde honom Torvald Oddsson hadde vore sist til nattar; for han var daa faren fraa upphaldstaden sin. Det vart no urolegt i heradet og mykje umrøding og samandrag av folk paa baae sidor.


14.

Det spurdest at Hønse-Tore med elleve mann kvarv burt or heradet, daa han fekk vita kven som var komne med i saki, og der høyrdest ikkje det minste fraa honom. Odd samla no folk or baae dalarne, Røykjardal og Skoradal (15) og fraa alle bygderne sunnanum Kvitaa. Men han hadde mange or andre bygdir òg. Arngrim gode samla folk fraa Tveraalid og sume luter av Nordaadal. Torkjell trevill samla folk nedantil fraa Myrarne (16) og Stavholtstunga. Og sume nordaadøler hadde han med seg, av di Helge, bror hans, budde i Kvam, og han var med honom. Tor gelle samla folk vestantil; men han hadde ikkje mange. Dei møttest no alle som var med i søksmaalet, og hadde daa alt i alt tvo hundrad mann. Dei reid nedetter utanfor Nordaa og yver aai ved Eyavad ovanfor Stavholt. Dei etla seg yver Kvitaa ein stad som heiter Trælestraum. Daa vart dei vare ei stor folkeferd sunnanfor aai. Det var Tunge-Odd, og han hadde nærpaa fire hundrad mann med seg. Dei skunda no paa ferdi og vilde koma fyrst til vadet. Dei møttest ved aai. Odd og mennerne hans slengde seg av hestarne og vilde verja vadet. Det var ikkje greidt for Tor og mennerne hans aa koma fram; men til tinget vilde dei. Det tok til med bardage, og der var snart gjord skade. Fire av mennerne hans Tor fall. Millom deim var Torolv rev, bror til Alv or Dalarne, ein vyrdeleg mann. Og soleis budde drog dei seg der ifraa. Ein mann fall av Odd sine folk, og tri vart mykje saara. Tor skaut daa saki inn for alltinget. Dei reid no heim vestpaa; men folk tykte det bar nedyver med vestmennerne sitt metord. Odd reid til tinget (17). Han sende trælarne sine heim med hestarne. Jorunn, kona hans, spurde etter tidender daa dei kom heim. Dei svara at dei inkje anna kunde segja enn det, at ein mann var komen vestantil or Breidafjord, ein som kunde svara Tunge-Odd. Hans ljod og røyst var som uksebrøl (18). Ho sagde at det ikkje var nokor tidend um han vart svara som ein annan mann, og etter det som hendt hadde, var ikkje anna ventande. «Der var bardage òg,» sagde dei, «og fem mann fall; men mange vart saara.» Men fraa fyrst av gat dei inkje um dette. Tinget enda no utan noko sert hende. Daa Gunnar og maagen hans kom heim vestpaa, skifte dei bustad. Gunnar fór til Ørnulvsdal; men Herstein tok Gunnarsstad. Etter dette let Gunnar føra til seg vestanfraa all den veda som Ørn austmann hadde aatt, og flytja heim til Ørnulvsdal. Sidan tok han til og husa upp garden andre gongen; for Gunnar var ein framifraa hendig mann. Han var elles framifraa i alt, den beste i vaapenbruk og den raskaste i alle maatar.


15.

No leid det fram mot den tidi folk reid til tings (19). Der var mykjen tilbunad i heradi, og fraa baae sidor reid dei av stad utifraa mangmente. Men daa Tor gelle og fylgjet hans kom til Gunnarsstad, var Herstein sjuk og kunde ikkje fara til tings. Han let daa ein annan taka søksmaali. Der var etter tretti mann hjaa honom. No reid Tor til tinget. Han samla til seg venerne og frendarne sine og kom tidleg til tings. Tinget vart daa halde under Aarmannsfell (20). Daa flokkarne samla seg hadde Tor ein stor styrke. No saag dei Tunge-Odd, og fylgjet hans Tor reid imot og vilde halda honom burte fraa tinghelgi (21). Odd kom ridande med tri hundrad mann. Tor stelte seg i vegen for honom, og det bar straks upp i bardage. Der vart snart mannfall, og ovleg mange vart saara. Der fall seks mann av Odd sine, for Tor hadde mykje meir folk. Dette saag godviljande folk og skyna at dersom heile tingaalmugen gav seg til aa slaast, vilde skaden verta so stor, at han seint kunde bøtast. Dei gjekk daa imillom og fekk deim skilde og samde. Odd laut gjeva seg for yvermagti, baade av di han hadde ei daarleg sak aa føra, og av di han fekk liti hjelp. Det vart daa avgjort at Odd skulde tjelda utanum tinghelgi, men hava lov aa ganga til domarne, og i sine naudsynte ærend, naar han fór spaklegt fram og ikkje synte noko traass, korkje han eller mennerne hans. No gav tingmennerne seg til aa granska sakerne og røyna ut um dei let seg semja.

[Tor geller heldt daa ei lang og god tala paa logberget og lagde ut um kor ille det var for folk aa fara til framande ting med søksmaal for draap eller krenkjing. Han fortalde kor stor vande det var for honom, fyrr han fekk denne saki greidd, og sagde at mang ein mann vilde lida skade av denne vanraadi, dersom dette ikkje vart betre skipa. «For til dessar,» sagde han, «hev det vore log at sakerne skal inn for det tinget som er aastaden næst.» Men daa landet vart skift i fjordungar, vart det soleis skipa at der skulde vera tri ting i kvar fjordung, so nær som nordlendingsfjordungen, der det vart fire, for di dei ikkje kunde verta samde um noko anna. Dei som budde nordan Eyafjorden vilde ikkje søkja ting der, og ikkje ville dei søkja til Skagafjorden, dei som budde vestanfor. Men likevel skulde det ikkje vera fleire i domsnemndi paa alltinget or denne fjordungen enn or kvar av dei andre. Difor skal ein mann or kvar av dei andre fjordungarne hava eit forraadsgodord, av di alle godarne or nordfjordungen vilde sitja i domsnemndi og lagretten. Sidan vart fjordungstingi skipa. So sagde Ulvhedin Gunnarsson til meg.] (22)

No tok dei paa med saki; men det gjekk heller tungt for Odd, mest for di han hadde yvermagti mot seg.


16.

No er det aa segja um Herstein at sjukdomen gav seg braatt, daa dei reid til tings. Han fór daa til Ørnulvsdal. Det var ein morgon tidleg han var i smidja, for han var ein dugleg smed. Daa kom der ein bonde som heitte Ørnulv og sagde: «Kui mi er sjuk, og eg bed deg, Herstein, at du fer med meg og ser paa henne. Me tykkjer det er godt at du er attkomen, og me hev daa noko til vederlag for far din som var oss til største gagn.» Herstein svarar: «Ikkje bryr eg meg um kui di, og ikkje kann eg sjaa kva som er henne til meins.» Bonden svarar: «Daa er det stor skilnad paa deg og far din; han gav meg kui, og du vil ikkje sjaa um henne.» Herstein svarar: «Eg gjev deg ei onnor ku, dersom denne ligg daud.» Bonden svarar: «Eg vilde helst du skulde sjaa henne fyrst.» Herstein vart daa harm og spratt upp. Han gjekk ut og bonden med honom. Deretter tok dei leidi til skogs. Der laag ein sneidveg med skog paa baae sidor. Daa Herstein var komen upp i ei kleiv stødva han med eitt; for han var ovleg gløggsynt. Han mælte daa: «Der kom fram ein skjold i skogen der burte.» Bonden tagde. «Hev du svike meg, din hund?» sagde Herstein. «No, — hev du svore paa aa tegja, so legg deg ned i vegen og tala ikkje eit ord! Men gjer du ikkje det, so skal eg drepa deg.» Bonden lagde seg daa ned. Men Herstein snudde heim att og kalla paa mennerne sine. Dei tok vaapni og fór til skogen og fann Ørnulv i vegen. Dei bad honom fara med seg dit som det var dei skulde finnast. No fór dei av stad til dei kom til ein rudning. Daa mælte Herstein til Ørnulv: «Ikkje vil eg nøyda deg til aa tala; men gjer no som du er sagd fyre.» Bonden sprang daa upp paa ei høgd og blistra høgt. Daa sprang der fram tolv mann, og Hønse-Tore var fyrst i flokken. Herstein og mennerne hans fanga deim alle og drap deim. Herstein sjølv hogg hovudet av Tore og hadde det med seg. So reid dei sud til tinget og fortalde denne tidendi. Herstein vart mykje vidgjeten for dette verket og fekk stor vyrding, som ventande var. No tok dei saki fyre seg, og endelykti vart den, at Arngrim gòde vart dømd heilt utlæg, og like eins alle som var med paa innebrenningi, utan Torvald Oddsson. Han skulde vera utanlands tri aar; men etter den tidi faa lov til aa koma heim att. Det vart bøtt for honom og gjeve reisepengar til dei andre. Torvald fór utanlands um sumaren. Han vart fanga og førd upp i Skotland, og der vart han gjord til træl. Etter dette enda tinget, og folk tykte at Tor hadde ført denne saki godt og dugeleg. Arngrim gòde fór og utanlands um sumaren, og det er ikkje nemnt kor mange pengar det vart utreidde. Soleis enda denne saki. Sidan reid folk heim fraa tinget, og dei som var dømde utlæg fór ut av landet som sagt er.


17.

Gunnar Livsson sat no i Ørnulvsdal og hadde husa godt upp. Han laag til sæters, og der var mannfaatt heime. Jofrid, dotter til Gunnar, hadde eit tjeld ute, for ho tykte det var unelegare. Ein dag bar det so til at Torodd, son til Tunge-Odd, reid gjenom Tveraalid. Paa vegen kom han um Ørnulvsdal og gjekk inn i tjeldet til Jofrid. Ho helsa honom blidsleg. Han sette seg ned og gav seg i samrøda med henne; men i det same kom ein gut fraa selet og bad Jofrid hjelpa seg med aa taka klyvjarne av hestarne. Torodd sprang til og tok klyvjarne ned; men guten fór sidan burt og kom attende til selet. Gunnar spurde korleis han kunde verta so snøgt ferdug. Han svara inkje. Gunnar spurde: «Saag du noko forvitnelegt?» «Slett ikkje,» sagde guten. «Det kann ikkje vera so,» sagde Gunnar; «du er soleis i bragd som det skulde ha kome noko fyre augo dine, som du tykkjer er umrøda verdt, og seg meg det, um so er. Er der kann henda kome folk til gards?» «Eg saag ingen,» sagde guten. «Du skal nok ljota ut med det,» sagde Gunnar og tok ein stor svige og etla seg til aa dengja guten med. Men han fekk ikkje meir utav honom enn fyrr. Daa fekk Gunnar seg ein hest, slengde seg paa ryggen og reid skundsamt ned etter lidi til vetrehusi. Jofrid saag far sin koma farande. Ho sagde det til Torodd og bad honom rida burt. «Eg vilde naudleg,» sagde ho, «at det skulde verta til noko ilt for mi skuld.» Torodd sagde at han vilde skunda seg og rida. Men Gunnar kom snøgt til, bykste av hesten og gjekk straks inn i tjeldet. Torodd helsa honom vyrdsamt. Gunnar helsa att og spurde kvi han var komen dit. Torodd sagde at det fall so i vegen, «og eg vilde ingen ting gjera til fiendskap med deg; men vita vil eg kva du vil svara meg, um eg belar til Jofrid, dotter di,» segjer han. Gunnar svarar: «Eg vil ikkje gjeva deg dotter mi etter slik ei medferd. Dessutan hev det no òg vore usemja millom oss ei rid.» So reid Torodd burt.


18.

Ein dag sagde Odd at det ikkje vilde høva ille aa nytta seg jordi i Ørnulvsdal, «der andre menn uretteleg hev sett seg ned paa min eigedom.» Kvinnfolki sagde at det var ikkje av vegen; «feet vaart lèt mest av, og det vil venteleg mjølka mykje betre dersom det fær byte.» «Daa skal me driva fenaden dit,» sagde Odd, «for der er gode hagar.» Daa sagde Torodd: «Eg byd meg til aa fylgja fenaden; det torer vera tryggare for aagang.» Odd sagde at han gjerne vilde det. Dei fór no med fenaden. Daa dei var komne langt paa vegen, sagde Torodd, at dei skulde driva fenaden dit som dei ringaste hagarne var, og minst gras. No gjekk notti, og um morgonen dreiv dei feet heim. Men daa kvinnfolki hadde mjølka, sagdi dei at dei aldri hadde fenge mindre mjølk enn daa. Dette vart ikkje oftare freista. No var det rolegt ei stund frametter.


19.

Ein morgon tidleg kom Odd til Torodd, son sin, og sagde: «Du skal fara ned i bygdi og samla folk, for eg vil no driva mennerne fraa eigedomen vaar. Men Torve skal fara upp til Hals og gjeva deim vitring um møtet. Me skal finnast ved Steinsvad. Dei gjorde no so og samla folk. Torodd og far hans fekk nitti mann og reid so med deim til vadet. Torodd og hans folk kom fyrst til vadet. Han bad deim rida fyre, «for eg vil ikkje bia paa far min,» sagde han. Daa dei kom fram imot Ørnulvsdal, var Gunnar nett um aa lessa eit lass. Guten som var med Gunnar, sagde daa: «Der kjem folk til gards, og det er ikkje nokon liten flokk.» «Ja eg ser det,» sagde Gunnar, gjekk heim til garden og tok bogen sin; for han skaut ovleg godt og var helst likna attaat Gunnar paa Lidarende. Han hadde daa husa vel upp garden. Paa utedøri var ein glugg so stor at ein mann kunde stinga hovudet ut igjenom. Han stod ved døri med bogen. No kom Torodd til garden og gjekk burt til døri med nokre faa mann og spurde um Gunnar vilde bjoda nokor semja. Han svarar: «Eg veit ikkje at eg hev noko aa bøta; men det veit eg at «tenestgjentorne» (23) mine skal ha stunge nokre av felagarne dine med svevntorn, fyrr de fær meg i dykkar vald, og fyrr eg bit i graset.» Torodd svarar: «Sant er det at du er framum deim som no liver; men det kann koma so stor flokk imot deg at du ikkje orkar standa imot, for far min rid til gards med mykje folk og etlar aa drepa deg.» Gunnar svarar: «Vel er det; men eg vil finna min mann, fyrr eg bit i graset. Elles undrast eg ikkje paa at far din lite held semja.» »Det er no so,» sagde Torodd, «at me gjerne vil semjast, og rett no handi fram godviljugt og gjev meg Jofrid, dotter di.» Gunnar svarar: «Ikkje tvingar du dotter mi av meg; men tilbodet er ikkje uhøvelegt, for du er ein god kar.» Torodd svarar: «God viljuge menn vilde ikkje ha vyrdt det so; men eg skal takka deg mykje, um du tek dette tilbodet med dei vilkaar som til høver.» Etter tilraad av mennerne sine, og for di han tykte Torodd jamt hadde bore seg vyrdeleg, so vart det til det at Gunnar rekte fram handi. Og soleis enda denne saki.


20.

I same stundi kom Odd inn paa tunet. Torodd snudde seg straks mot far sin og spurde kva han etla seg til. Han svarde at han etla seg til aa brenna husi og mennerne. Torodd svarar: «Onnorleis hev no saki snutt seg; eg og Gunnar er no samde.» Han sagde no alt korleis det var gjenge til. «Skulde nokon ha høyrt slikt!» segjer Odd; «var det daa verre aa faa gjenta etter at Gunnar var drepen, han som hev vore vaar største motmann? Me gjorde eit daarlegt verk daa me vilde hevja deg upp.» Torodd svarar: «Med meg skal du no fyist strida, um ikkje annan utveg er.» Men no lagde folk seg imillom og fekk samt far og son. Endelykti vart daa at Jofrid vart gjevi til Torodd; men Odd lika det ovleg ille. Etter denne avgjerdi fór dei heim. Sidan stod brudlaupet, og Torodd var mykje glad i giftet sitt. Daa vetren var liden fór Torodd ut av landet. Han hadde høyrt at Torvald, bror hans, var trælbunden, og vilde kjøpa honom fri. Han fór til Noreg og kom ikkje ut til Island att sidan, korkje han eller broren. Odd tok no til aa eldast mykje. Daa han spurde at ingen av sønerne hans kom ut att, fekk han ein hard sjukdom, og daa det leid med honom, sagde han til venerne sine at dei skulde flytja honom upp paa Skaanøyarfjell, naar han var slokna; for derifraa vilde han sjaa ut yver heile Tunga. Og so vart gjort. Men Jofrid Gunnarsdotter vart sidan gift med Torstein Egilsson fraa Borg, og ho var ei framifraa kona.

Og her endar soga um Hønse-Tore.


Notar:

  1. Paa Kjallarnes.
  2. I Skagafjorden.
  3. Filla.
  4. Torre rekna dei fraa 19de januar til 19de februar.
  5. 19de februar til 19de mars.
  6. 19de mars til 19de april.
  7. Alltinget vart halda ikring midsumartid.
  8. Hjaa Arngrim gòde.
  9. Naar den som var klaga let klagaren sjølv døma.
  10. Det var Harald Haarfagre som fekk vedteke den skikken, at ingen skulde taka meir land, enn han paa ein dag kunde fara ikring med eld. Øyrbyggja soga stykke 4 fortel at Toralv Mostraskjegg gjekk med eld kring landnaamet. Skikken var gamall.
  11. Landtunga millum Tveraa og Nordaa.
  12. Den sudlege strandi av Kvamsfjorden, ein av dei inste armar av Borgarfjorden.
  13. Inst ved Kvamsfjorden.
  14. Den skikken aa stiga med eine foten upp paa ein stein eller stokk naar dei gjorde ein lovnad, var mykje brukt og vert ofte nemnd.
  15. Sidedal til Reykjardal.
  16. Lengst ute ved fjorden.
  17. Tveraatinget, sunnanum Kvitaa.
  18. Namnet «gelle» tyder den brølande. Sjaa ellest Snorre, stykke 33 i Olav Trygvasons soga.
  19. Alltinget. Det fyrr nemde ting var vaartinget paa Tingenes millom 12te og 25de mai.
  20. Noko austanfyre den vanlege tingstaden som var der Øksnaraai renn ut i Tingvollsvatnet.
  21. Sjølve tingstaden som var fredlyst.
  22. Dette er teke etter »Islendingabok« som Are frode hev skrive.
  23. Pilerne.

HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.