Soga um Haakon Herdebreid

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Soga um Haakon Herdebreid

[1157-1161]

1. Haakon, son til kong Sigurd, vart tekin til hovding yvi den flokken som fyrr hadde fylgt kong Øystein, og mennane i flokken gav han kongsnamn. Daa var han 10 vetrar gamal. Der var daa med Haakon Sigurd, son hans Haavard Hold[1] paa Røyr[2], og Simons-sønine Andres og Onund, fosterbrørane hans Haakon, og mange andre hovdingar og venir til kong Øystein og kong Sigurd. Dei fór fyrst upp i Gautland. Kong Inge eigna til seg alt de som dei aatte i Norig, og lyste deim fredlause. So fór kong Inge nord i Viki og var der, men stundom var han nord i lande. Gregorius var i Konghelle, der faaren var størst, og varde lande der.


2. Sumaren etter kom Haakon og flokken hans ned [1158] fraa Gautland og fór til Konghelle med ein stor og vakker her. Gregorius var der i byen og stemnde ihop eit mangment ting av bøndar og byfolk og kravde hjelp, men han totte at han fekk ikkje mykje vel-læte, og han trudde deim ille. Daa fór han burt med tvo skip og inn i Viki, og var hugfallin; han etla seg til kong Inge, daa han hadde spurt at kong Inge kom med ein stor her nordantil Viki. Men Gregorius var ikkje komin langt paa vegen nordetter, fyrr han møtte Simon Skaalp og Halldor Brynjolvsson og Gyrd Aamundeson, fosterbroren til kong Inge. Gregorius vart ovende glad, daa han møtte deim, og daa snudde han att, og alle ihop vart med han, og dei hadde 11 skip. Daa dei rodde upp til Konghelle, heldt Haakon og mennane hans ting utanfor byen og saag ferdi deira. Daa sagde Sigurd fraa Røyr: «No er Gregorius feig, daa han fer imot oss med so lite folk.» Gregorius lagde i land gjegnt imot byen og vilde bida paa kong Inge, som var ventande, men han kom ikkje. Kong Haakon laga seg til i byen, og sette Torljot Skauveskalle, som var ein viking og ein røvar, til hovding yvi mannskape paa dei handelsskipi som laag framanfor byen. Men Haakon og Sigurd og heile heren var i byen og fylkte paa bryggjune, og alle der hadde gjengi under Haakon.


3. Gregorius rodde upp etter aai og lét skipi driva ned med straumen mot skipi hans Torljot. Dei skaut paa kvarandre ei stund, til dess Torljot og fylgje hans sprang yvi bord, og sume vart drepne, og sume kom seg i land. Dermed rodde Gregorius inn til bryggjune og sette radt upp landgangen fraa skipe sitt beint under føtane paa mennane hans Haakon. Daa fall den mannen som bar merke hans, nett som han etla seg til aa ganga paa land. Daa bad Gregorius Hall, son hans Audun Hallsson, um aa taka upp merke; han so gjorde og bar merke upp paa bryggjune, og Gregorius gjekk strakst upp etter han og heldt skjolden yvi hovude paa han. Men strakst Gregorius kom upp paa bryggjune og mennane hans Haakon kjende han, hopa dei og gjorde plass paa baae sidur. Daa meir folk kom upp fraa skipi, daa gjekk Gregorius og mennane hans fram, men mennane hans Haakon hopa fyrst attende, og so sprang dei upp i byen. Men Gregorius fylgde etter deim og dreiv deim tvo gongir ut or byen og drap mange. Etter som folk sagde, var ingi ferd modigare enn den som Gregorius gjorde, daa Haakon hadde meir enn 4000 mann, men Gregorius ikkje fullt 400. Daa sagde Gregorius til Hall Audunsson etter slage: «Mange menn tykkjer eg er sprækare til aa slaass enn De islendingane, daa De ikkje er so øvde som me nordmennane, men ingin tykkjer eg er vaapndjervare enn De.» Daa kom Inge strakst etter og lét drepa mange av dei mennane som hadde teki mot Haakon, og sume lét han betala bøtar, og brende gardane for sume, og sume jaga han ut or lande og gjorde deim mykje vondt. Haakon kom seg undan upp til Gautland, og fór vetteren etter landvegen nord til Trondheim og kom der fyri paaske[3], og trøndine tok han til [1159] konge der, soleis at han skulde hava farsarven sin, tridjeparten av Norig, med kong Inge. Inge og Gregorius var i Viki, og Gregorius vilde fara nord imot deim, men mange talde ifraa, og de vart ikkje noko av den vetteren.


4. Haakon fór søretter um vaaren og hadde innpaa 30 skip. Av mannskape hans fór vikverjane fyri med 8 skip og herja paa Nordmøre og Sunnmøre, og ingin mann kunde minnast at de hadde vori herja fyrr millom byane[4]. Jon, son hans Hallkjel Huk, samla ein bonde-her og fór imot deim og tok Kolbein Ode[5] og drap kvart manns-barn som var paa skipe. Sidan leita han etter hine og fann deim paa 7 skip og slost med deim, men Hallkjel, far hans, kom ikkje imot han, som dei hadde avtala. Der fall mange gode bøndar, og han sjølv vart saara. Haakon fór sør til Bjørgvin med mannskape sitt, men daa dei kom til Stjornvelta[6], spurde dei at kong Inge og Gregorius var komne austantil til Bjørgvin for faa dagar sidan, og daa torde dei ikkje styra dit. Dei siglde utanskjers sør um Bjørgvin og raaka nokre av fylgjesveinane til kong Inge paa tri skip, som var seinka paa ferdi austantil. Der var Gyrd Aamundeson, fosterbror til kong Inge, som var gift med Gyrid, syster hans Gregorius, og lagmannen Gyrd Gunnhildson, og den tridje var Haavard Klining. Haakon lét drepa Gyrd Aamundeson og Haavard Klining, men han hadde Gyrd lagmann med seg og fór aust til Viki.


5. Daa kong Inge spurde dette, fór han aust etter deim, og dei møttest aust i Elvi. Kong Inge lagde upp i den nørdste elve-kvisli, og sende nokre i fyrivegen til aa spæja ut um Haakon og floten hans, og lagde i land ute ved Hisingen og bida der paa spæjarane. Daa spæjarane kom att, gjekk dei til kongen og sagde at dei hadde set floten til kong Haakon og heile tilstellingi hans, og sagde at dei laag uppe ved paalane og hadde bundi bakstamnane sine til paalane, og at dei hadde tvo austfar-skip, som dei hadde lagt ytst av alle skipi, og paa desse var de hun-kastell[7], og likeins kastell framme i stamnane. Daa kong Inge høyrde um denne tilstellingi, lét han blaasa heile heren til hus-ting, og daa tinge var ihopkalla og sett, spurde kongen mennane sine til raads, og vende seg til Gregorius Dagsson og Erling Skakke, maagen sin, og andre lendmenn og skipsførarar, og fortalde um alle tilstellingane av mennane hans Haakon. Gregorius svara fyrst og lagde ut si meining og sagde so: «Me og Haakon hev raakast nokre gongir, og han hev oftast havt meir folk og mindre lukke i vaare slag. Men no hev me mykje meir folk, og dei som no nyleg hev mist gjæve frendar for deim, vil no finna de rimelegt, at her kunde de laga seg godt til aa faa hemn; for no hev dei lengi rømt undan oss i sumar, og de hev me tidt sagt, at um dei bidar paa oss, soleis som de no er sagt at dei gjer, so skal me vaaga paa aa møta deim. De kan eg segja er min tanke, at eg vil leggja til slag imot deim, um de ikkje er imot kongens vilje; for eg tenkjer at de gjeng no som fyrr, at dei kjem til aa fira fyrst, naar me legg kvast imot deim, og eg skal leggja til der som dei andre tykkjer er verst.» Til denne tala hans Gregorius staaka dei og lét vel, og alle sagde seg reiduge til aa leggja til slag mot Haakon. Dermed rodde dei med alle skipi upp etter aai, til dei fekk auga paa kvarandre, og daa svinga kong Inge og mennane hans ut or straumen og ut under øyi[8]. Daa hadde kongen ei samtale med alle styremennane og bad deim skipa seg til aa leggja imot deim, og vende seg daa til Erling Skakke og sagde, som sant var, at ingin mann i heren hans var klokare eller meir kunnug i slag, endaa sume var meir braahuga. Kongen vende seg no til fleire lendmenn i tala si og nemnde sume ved namn, og enda tala si so, at han bad kvar gjeva den raadi som han totte bata mest, og at so alle ihop skulde verta samstelte um ei raad.


6. Erling Skakke svara soleis paa kongens tale: «Eg er skyldig, konge, til ikkje aa tegja til tala Dykkar, og er De forvitin etter aa vita kva eg raader til, so skal De faa høyra de. Den avgjerdi som no er teki, er tvert imot de eg vil; for de segjer eg er reint uraad, aa slaast med deim paa denne maaten, endaa me hev stort og vakkert mannskap. Skal me leggja imot deim og ro imot denne straumen med 3 mann i kvart halvrom, so lyt den eine ro og den andre halda skjolden yvi honom, og hev me so meir enn berre tridjeparten av mannskape vaart til aa slaast med? Eg meiner at dei vil ikkje gjera stort gagn i slage, som sit ved aarane og snur bake mot uvenine sine. Gjev meg dag til raadleggjing, og so lovar eg Dykk de igjen, at fyrr tri dagar er til ende, skal eg finna paa ei raad, so me skal koma til aa leggja imot meir lettvint.» Dei merka grant paa de som Erling sagde, at han raadde fraa aa leggja imot deim, men like radt var de mange andre som eggja til, og sagde at Haakon og mennane hans vilde vel fljuga paa land no som fyrr, «og daa fær me ikkje tak i deim,» sagde dei; «no hev dei lite mannskap, og no hev me heilt-upp tak paa deim.» Gregorius lét ikkje vidare um dette, men han sneidde paa de, at grunnen til at Erling talde fraa at dei skulde leggja imot deim, var meir de, at han vilde ikkje vita av de som Gregorius raadde til, heller enn at han hadde so mykje betre skyn paa dette enn alle andre.


7. Daa sagde kong Inge til Erling: «No skal du faa raada, maag, for korleis me skal stella oss med aa leggja imot deim; men daa raadgjevarane mine hev meir hug paa de, skal me leggja imot deim no i dag.» Daa sagde Erling: «Alle skutur og lette skip som me hev skal ro ut um øyi og upp den øystre kvisli, og so ned imot deim og freista um dei kan faa løyst deim fraa paalane, og daa skal me ro med storskipi upp imot deim, og daa gjeld de ikkje ufreista, um hine legg so mykje hardare imot deim enn eg, som dei er meir braahuga.» Denne raadi lika alle godt. De gjekk eit nes fram millom deim og Haakon, so dei ikkje kunde sjaa skipi til kvarandre. Daa no skutune rodde utetter aai, fekk Haakon og mennane hans sjaa deim; dei hadde nett daa samtalast og gjengi paa raad; sume hadde tala paa at heren til kong Inge vilde nok leggja imot deim, men mange meinte at han ikkje vilde trøysta seg til, daa dei totte de langdrygde med de, og dei leit godt paa tilstellingi si og paa mannskape. I flokken deira var de mange stormenn; der var Sigurd fraa Røyr og dei tvo Simons-sønine og Nikolas Skjaldvorson og Eindride, son hans Jon Mornev, som daa var den gjævaste og vensælaste mannen i Trondheim, og mange andre lendmenn og førarar. Men daa dei no saag de, at mennane hans Inge rodde utetter aai med mange skip, trudde Haakon og hine at kong Inge og heren hans vilde fly, og kappa togi og tok til aarane og rodde etter deim og vilde forfylgja. Skipi dreiv fort ned med straumen, og daa de bar ned etter aai med deim, framum nese, som fyrr hadde legi imillom deim, so saag dei at storheren hans Inge laag ute ved Hisingen. Daa mennane hans Inge saag at skipi hans Haakon kom, trudde dei at dei vilde leggja imot deim, og daa vart de stort staak og vaapnbrak og uppeggjing, og dei sette i her-rop. Men mennane hans Haakon snudde inn mot nordlande med skipi sine, inn i ei liti vik som er der, og kom seg ut or straumen. Der laga dei seg til og landfeste bakstamnane og snudde ut framstamnane paa alle skipi sine og batt ihop alle skipi og lét austfarane liggja utanfor hine skipi, den eine ovanfor og den andre nedanfor, og batt deim fast til langskipi. Midt i floten laag kongsskipe, og so skipe hans Sigurd, og paa den andre sida av kongsskipe laag Nikolas, og so Eindride Jonsson. Alle dei mindre skipi laag ytst; alle skipi var mest full-ladde med stein og vaapn.


8. Sigurd fraa Røyr heldt ei tale og sagde so: «No er de von um at de vert noko av med de som dei hev lova oss lengi i sumar, at me og Inge skal møtast. No hev me heller lengi stelt oss til og, og mange av lagsmennane vaare hev stor-kytt av de, at dei ikkje skal fly eller ræddast for kong Inge eller Gregorius. Desse ordi er de no godt aa minnast; men me kan ikkje tala so hugheilt um dette, me andre, som fyrr hev vorti noko saar-tennte, naar me hev slegist med deim, og de er so, som kvar mann hev høyrt, at me jamleg hev gjort maafaa-ferd, naar med hev fari mot deim. Men no er de like radt naudturvelegt, at me slæst paa kara-vis og stend so faste me kan; for de er den einaste utvegen me hev til aa faa siger. Men endaa me hev noko mindre folk enn dei, so er de lukka likevel som raar for kven som vinna skal, og de er den beste voni vaar i denne saki, at Gud veit at me hev retten paa vaar side. Inge hev fyrr hoggi ned baae brørane sine, og de er ingin som ikkje kan sjaa kva fars-bot han hev etla kong Haakon, og de er aa hogga han ned liksom hine frendane sine, og de vil syna seg paa denne dag. Haakon kravde i fyrstningi ikkje meir av Norig enn den tridjeparten som far hans hadde aatt, og de vart negta han; men etter mi meining er Haakon meir rettkomin til aa taka arv etter Øystein, farbror sin, enn Inge eller Simon Skaalp eller dei andre, som tok live av kong Øystein. Mange kunde synast de, naar dei vilde berga si sjæl og hadde so store syndir aa svara for som Inge, at dei ikkje torde vaaga for Gud paa aa kalla seg med kongsnamn, og de undrar meg, at Gud toler slik overlag djervskap, og de er visst Guds vilje, at me skal slaa han ned. Lat oss slaast djerveleg, for Gud vil gjeva oss siger; men um so er at me fell, daa vil Gud løna oss de med mangfaldig glede, um han gjev vonde menn magt til aa ganga yvi oss. No lyt De fara i mak og ikkje fælast, naar slage tek til; kvar skal berga seg og lagsmennane sine, og Gud berge oss alle.» De vart staak og vel-læte til denne tala hans Sigurd, og alle lova godt, og at dei skulde slaast manneleg. Kong Haakon gjekk upp paa den eine austfaren, og der sette dei skjoldborg um han, men merke hans var paa de langskipe som han hadde vori paa fyrr.


9. No er de aa fortelja um mennane hans Inge, at daa dei saag at mennane hans Haakon laga seg til slag, og berre aai var imillom deim, so sende dei ein lett farkost ut etter de mannskape som hadde rott burt, at de skulde snu, og kongen og de andre mannskape bida paa deim, og hovdingane skipa mannskape til slag. Daa tala hovdingane og sagde mannskape korleis dei hadde tenkt aa gjera, og sagde fyrst kva for skip skulde liggja næmast, og so kor kvar av deim skulde leggja til. Gregorius sagde: «Me hev stort og vakkert mannskap; no er de mi raad, at De, konge, ikkje er med og legg imot deim, for daa er alt berga, naar De er berga, og ingin veit kor pili jamvel fraa ein laak skyttar kan skeiva av. Dei hev stelt seg til so, at dei kan skjota og kasta stein fraa hun-kastelli paa handelsskipi, so dei er ikkje stort tryggare dei som ligg eit stykke fraa. Dei hev ikkje meir mannskap enn at me lendmennane kan greida aa halda slag med deim. Eg skal leggja mitt skip mot de største skipe deira, og eg tenkjer at de no som fyrr ikkje skal verta so langt basketake. So hev de oftast gjengi, naar me hev raakast, endaa folkemunen hev vori paa den andre sida.» Dette lika alle godt, som Gregorius sagde, at kongen sjølv ikkje skulde vera med i slage. Daa sagde Erling Skakke: «Den raadi vil eg og fylgja, at De, konge, ikkje kjem i slage. Eg tykkjer at tilstellingi deira er slik, at me treng um aa sjaa oss fyri, um me ikkje skal faa stort manntap av deim; eg tykkjer de er best aa binda um heile lemir. I den raadleggjingi som me hadde fyrr i dag, var de mange som tala imot mi raad og sagde at eg vilde ikkje slaast; men no tykkjer eg hev de vendt seg, so at de ser mykje betre ut for oss, daa dei er komne burt fraa paalane. No er de komi til de, at eg ikkje vil telja fraa aa leggja til slag; for eg ser de som alle kan vita, kor reint naudturvelegt de er aa jaga av denne illmanns-flokken, som hev fari umkring i heile lande med ran og røving, so folke heretter dags kan byggja lande i fred og tena ein konge som er so god og rettvis som kong Inge er; no hev han lengi havt strid og stræv for ageløysa og uretten til frendane sine, og han hev vori eit brjost for heile aalmugen og vaaga seg i mangfaldig faare til aa freda lande.» Erling tala lengi og godt, og sameleis fleire hovdingar, og enden paa alle talune var, at dei eggja til aa leggja imot deim. Dei bida til heile floten var samla. Daa hadde kong Inge skipe Bøkesudi, og gjorde som venine hans bad han um, og var ikkje med i slage, og laag att ved øyi.


10. Daa heren var reidug, rodde dei fram, og dei sette i her-rop baae herane. Mennane hans Inge batt ikkje ihop skipi sine og laag ikkje i ei rad, av di dei rodde tvert yvi straumen, og storskipi dreiv mykje. Erling Skakke lagde seg imot skipe til kong Haakon, og stakk stamnen millom de og skipe hans Sigurd, og daa tok slage til. Men skipe hans Gregorius dreiv paa grunn og halla mykje, og han kom ikkje med i slage i fyrstningi. Men daa mennane hans Haakon saag de, lagde dei til og tok paa skipe hans Gregorius, som laag fast. Daa lagde Ivar, son hans Haakon Mage, til, og dei svaga ihop med lyftingane. Ivar krøkte ein stamnljaa um Gregorius, der som han var smalast, og rykte til seg, so han skjaga ut imot æsingi; men ljaaen drog seg upp etter sida, og de var nære paa at han hadde krøkt han yvi bord. Gregorius vart ikkje stort saara, daa han hadde spongbrynju[9] paa seg. Ivar ropte til han og sagde de var grovt so tjukk-klædd han var. Gregorius svara, at slik som han fór aat, kunde de nok trengast so mykje, og vel so de. Daa var de nære paa at Gregorius og mennane hans laut fljuga yvi bord, men daa kasta Aaslak Unge eit anker upp i skipe hans og drog de av grunnen. Daa lagde Gregorius seg mot skipe hans Ivar, og dei slost ei lang stund, men skipe hans Gregorius var større og betre manna, og daa fall de mykje folk paa skipe hans Ivar, og nokre flaug yvi bord. Ivar var mykje saara, so han ikkje kunde slaast. Men daa skipe hans var rudt, lét Gregorius føra han i land og fekk han undan, og sidan var dei venir.


11. Men daa kong Inge og mennane hans saag at Gregorius var komin paa grunn, bad kongen mannskape at dei skulde ro til hjelp, og sagde: «De var de uklokaste me kunde finna paa, at me skulde liggja etter her, daa venine vaare fór til slage; vaart skip er de største og best manna i heile floten. No ser eg at Gregorius treng hjelp, den mannen som eg hev mest aa takka, og lat oss leggja til slag so hardt me kan. De er de rettaste og, at eg er med i slage; for eg vil at sigeren skal høyra meg til, um me vinn; men um eg so visste i fyrivegen at vaare menn skulde tapa, hadde me likevel ikkje anna aa gjera enn aa vera der dei andre mennane vaare er; for eg kan inginting taka meg til, um eg misser dei mennane som er eit brjost for meg og er dei djervaste og lengi hev styrt for meg og rike mitt.» Dermed bad han deim setja upp merke, og dei so gjorde, og rodde yvi aai. Daa var de paa de villaste med slaastingi, og kongen fekk ikkje rom til aa leggja til, so trongt laag skipi i vegen for han. Daa lagde dei seg under de eine austfar-skipe; men der vart dei yvi-dengde med spjot og paalstavar[10] og steinar so store at dei heldt ikkje ut, og de var ikkje verande der. Men daa hermennane saag at kongen var komin, gjorde dei rom aat han, og daa lagde han seg mot skipe hans Eindride Jonsson. No rømde mennane hans Haakon smaaskipi og gjekk upp paa austfar-skipi, og sume gjekk paa land. Erling Skakke og hans menn hadde ein hard strid. Han var i fyrirome og ropte til stamnbuane sine og bad deim ganga upp paa kongsskipe. Dei svara at de var ikkje so greidt, og at de var jarnslegne bjelkar i vegen for deim. Daa gjekk Erling fram i stamnen, og han hadde ikkje vori der lengi, fyrr dei greidde uppgangen paa kongsskipe og rudde dette skipe. Daa tok heile heren til aa fly; og no sprang mange yvi bord, og mange fall, men heile storhopen kom i land. Dette fortèl Einar Skuleson i ein flokk, som han dikta um Gregorius Dagsson, som dei kallar Elvevisa. Kong Inge gav Nikolas Skjaldvorson grid, daa skipe hans var rudt, og daa kom han til kong Inge og var med honom sidan, so lengi han livde. Eindride Jonsson sprang um bord paa skipe til kong Inge, daa hans eigi skip var rudt, og bad um grid, og de vilde kongen gjeva han, men daa sprang son hans Haavard Klining til og gav han banehogg. Dette vart mykje lasta; men han sagde at Eindride var skuld i at Haavard, far hans, vart drepin. Dei syrgde mykje paa Eindride, og mest i Trondheim. Der fall de mange av mannskape hans Haakon, men ikkje fleire hovdingar. Av mannskape til kong Inge fall de faa, men mange vart saara. Haakon flydde upp paa land, men Inge fór nord i Viki med sin her, og han og Gregorius var i Viki um vetteren. Nokre av mennane til kong Inge, Bergljot og brørane hans, sønine hans Ivar fraa Elda[11], kom til Bjørgvin etter slage, og drap der Nikolas Skjegg, som hadde vori gjaldkere[12] der, og so fór dei heim nord til Trondheim. Kong Haakon kom nord fyri jol, men Sigurd var takom-til heime paa Røyr. Gregorius hadde fengi grid aat han av Inge, soleis at han skulde faa hava alle eigedomane sine; for Gregorius og Sigurd var nærskyldingar. Kong Haakon var i kaupangen i joli. Ein kveld i fyrstningi av joli slost mennane hans i hird-stogo, og 8 mann vart drepne, og mange vart saara. Sidan, aattande dag jol, fór nokre [1160] av mennane til kong Haakon, Alv Rode, son hans Ottar Birting, og innpaa 80 mann inn til Elda og kom der uventande tidleg paa natti, daa hine var drukne, og kveikte eld paa stogo; hine gjekk ut og varde seg, men der fall Bergljot Ivarsson og Ogmund, bror hans, og mange andre. De hadde vori innpaa 30 mann inne der. Andres Simonsson, fosterbror til kong Haakon, døydde um vetteren nord i kaupangen, og dei totte dette var ein stor skade-daude. Erling Skakke, og dei av mennane til kong Inge som var i Bjørgvin, lét daa og daa som dei vilde fara nord um vetteren og taka Haakon, men de vart ikkje av. Gregorius sende bod austantil Konghelle, at um han sat likso nær til som Erling, skulde han ikkje sitja still i Bjørgvin, naar Haakon lét drepa venine til kong Inge og lagsmennane deira i Trondheim.


12. Kong Inge og Gregorius fór austantil um vaaren til Bjørgvin. Men strakst Haakon og Sigurd spurde de, at Inge var farin fraa Viki, fór dei landvegen aust til Viki. Daa kong Inge kom til Bjørgvin, vart de trætte millom Halldor Brynjolvsson og Bjørn Nikolasson. De var ein av drengine hans Bjørn, maa vita, som spurde ein av drengine hans Halldor, daa dei møttest nede paa bryggjune, kvifor han var so bleik, og hin svara at han hadde aarelati seg. «Ikkje hadde eg vorti so fisbleik av aarelatingi, som du er,» sagde hin. «Eg tenkjer du vilde bera deg endaa verre og ulikare,» svara den andre. De var ikkje noko meir enn dette som var grunnen; men so tok de eine orde de andre, til dess de bar til aa trætta, og so til aa slaast. Daa vart de fortalt Halldor Brynjolvsson, at drengen hans var saara nede paa bryggjune, og Halldor, som sat og drakk i garden der tett attmed, gjekk ned. Men daa var drengine hans Bjørn komne der alt, og no totte Halldor at dei hadde vori uskillege med hans dreng, og dermed tok Halldor og hans fylgje til aa knubba og dengja deim. Daa vart de fortalt Bjørn Bukk, at vikverjane slo drengine hans nede paa bryggjune. Daa tok Bjørn og mennane hans vaapni sine og gjekk ned og vilde hemna drengine sine, og daa gjekk dei paa kvarandre. Daa vart de fortalt Gregorius, at Halldor, systermannen hans, trengde hjelp, og at drengine hans vart nedhogne ute paa gata, og daa hadde Gregorius og mennane hans brynjune paa seg og sprang til. Daa høyrde Erling Skakke at Bjørn, systerson hans, slost med Halldor og Gregorius inn-paa bryggjune, og at han trengde hjelp. Daa gjekk han dit og var ovende mannsterk og bad folk hjelpa seg; «de vilde vera ei æveleg skam,» sagde han, «um ein vikvering skulde tugta oss her i vaar eigi fødebygd.» Der fall de 14 mann, og av deim døydde 9 paa flekken og 5 seinare av saari sine, og mange vart saara. Daa kom de bod til kong Inge, at Gregorius og Erling slost inn-paa bryggjune, og han fór stad og vilde skilja deim; men de var uraad, daa dei var reint rasande paa baae sidur. Daa ropte Gregorius til kong Inge og bad han ganga burt, og sagde at han ingin veg vilde koma, soleis som de no var, og sagde at de vilde vera den største ulukka, um han kom til noko; «ingin kan vita,» sagde han, «um ikkje de kan vera einkvar som er god til eit slikt syndeverk, um han ser seg syn til de.» Dermed gjekk kongen burt. Daa de verste staake var yvi, gjekk Gregorius og hans menn upp til Nikolaskyrkja[13], og Erling og hans menn etter, og ropte til kvarandre. Daa kom kong Inge andre gongen og forlikte deim, og paa baae sidur vilde dei at han aaleine skulde døma imillom deim. Daa spurde dei at Haakon var i Viki, og kong Inge og Gregorius fór aust og hadde mange skip. Men daa dei kom aust, skvatt Haakon og mennane hans undan, og de kom ikkje til slag. Daa fór kong Inge inn til Oslo, men Gregorius var i Konghelle.


Erik Werenskiold: Kong Inge forliker Erling Skakke og Gregorius.


13. Gregorius fekk strakst etter spurlag paa kong Haakon, som var ein stad dei kallar Saurbø[14] uppe ved skogane. Han fór dit og kom um natti og tenkte at Haakon og Sigurd laut vera paa den største garden, og kveikte eld paa husi der. Men Haakon og Sigurd var paa den minste garden, og daa dei saag elden, skunda dei seg dit og vilde hjelpa hine. Der fall Munaan, son hans Aale Uskøynd og bror til kong Sigurd, som var far hans Haakon. Gregorius og hans menn drap han radt, daa han vilde hjelpa deim som vart innebrende. Dei som var inne gjekk ut, og mange menn vart drepne der. Aasbjørn Jalda, som var ein stor viking, kom seg undan fraa garden, men var saara. Han raaka paa ein bonde, og Aasbjørn bad bonden at han skulde lata han smetta av, og lova han pengar for de. Men bonden sagde at han vilde gjera de som han var meir huga paa, og sagde at han tidt hadde gjengi rædd for han, og gav han banehogg. Haakon og Sigurd kom seg undan, men mange av mennane deira vart drepne. Sidan fór Gregorius aust til Konghelle. Strakst etter fór Haakon og Sigurd til Vettaland[15], garden hans Halldor Brynjolvsson, og sette eld paa husi og brende deim. Halldor gjekk ut og vart strakst ihelhoggin med alle drengine sine, og der vart de drepi innpaa 20 mann i alt. Sigrid, kona hans, var syster hans Gregorius; henne lét dei ganga til skogs i berre nattserken. Der tok dei Aamunde, son hans Gyrd Aamundeson og hennar Gyrid Dagsdotter, syster hans Gregorius, som den gongen var 5 vetrar gamal, og hadde med seg.


14. Gregorius høyrde tidend um dette, og totte de var store tidendir, og frette grant etter kor dei var. Gregorius fór fraa Konghelle langt ute i joli med mykje folk [1161] og kom til Fors[16] trettande dag jol[17]. Der var han um natti og lydde ottesong avfardagen[18], som var paa ein laurdag, og etterpaa vart evangelium lesi aat han. Daa Gregorius og mennane hans fekk sjaa mannskape hans Haakon, totte dei de var mykje mindre enn dei hadde sjølve. Daa dei møttest, var de ei aa imillom deim, som heiter Bevja[19]; de var utrygg is paa aai, daa floi gjekk inn under isen fraa sjøen. Mennane hans Haakon hadde hoggi vaakir paa aai og moka snø yvi, so ein ikkje kunde sjaa vaakine. Daa Gregorius kom til aai, sagde han at isen syntest vera utrygg, og sagde at de var de beste aa fara til brui som var yvi aai eit lite stykke lenger uppe. Bondeflokken svara og sagde at dei visste ikkje kva de skulde vera godt for, at han ikkje torde taka paa deim yvi isen, ikkje meir folk enn Haakon hadde; dei meinte paa at isen var fullgod, og sagde de saag ut til at lukka hadde vendt seg fraa han. Gregorius svara at de sjeldan hadde trengst aa sneida honom for di han ikkje hadde mod, og sagde at de trengdest ikkje no heller, og bad deim fylgja godt etter og ikkje standa paa land, naar han gjekk ut paa isen, og han sagde at de var dei som raadde til aa ganga ut paa den daalege isen, og at han sjølv var uhuga paa de, men han vilde ikkje sitja og høyra paa sneid-ordi deira, sagde han, og dermed lét han bera fram merke og gjekk ut paa isen med flokken sin. Men strakst bondeflokken merka at isen var daaleg, snudde dei. Gregorius datt i, men ikkje langt, og bad mennane agta seg, men de fylgde ikkje fleire etter han enn innpaa 20 mann; alle hine snudde. Ein mann i flokken hans Haakon skaut ei pil etter han og raaka i strupen, og der fall Gregorius med 10 mann, og dette var hans livs ende. De hev alle sagt, at han hev vori den største hovdingen av alle lendmennane i Norig som dei kunde minnast, som livde paa den tid, og han hev vori best mot oss islendingane fraa den tid kong Øystein den eldre døydde. Like hans Gregorius vart ført upp til Hovund[20] og gravsett i Gimsøy ved de nonneklostere som der er.[21] Daa var Baugeid, syster hans Gregorius, abbedisse der.


15. Tvo aarmenn fór inn til kong Inge i Oslo med denne tidendi, og daa dei kom der, bad dei um aa faa tala ved kongen. Han spurde kva tidend dei hadde. «Gregorius Dagsson er fallin,» sagde dei. «Korleis bar de so ille til?» sagde kongen, og daa dei hadde fortalt dette, svara kongen: «Der raadde dei som minste vite hadde.» Dei fortalde at dette gjekk so innpaa han, at han grét som eit barn. Daa de stilltest med graaten, sagde han: «Eg vilde fara til Gregorius, strakst eg spurde at Halldor var drepin, daa eg totte eg kunde vita at Gregorius vilde ikkje sitja lengi still og ikkje prøva paa hemn. Men dette folke her lét liksom de ikkje var so faarlegt med noko som med denne joledrykkja, og at den var de uraad aa slutta med. Men de veit eg visst, at hadde eg vori der, hadde de anten gjengi med større umtanke, eller so hadde eg og Gregorius fari til same herbyrge. No er den mannen burte, som var beste venen min og mest hev haldi lande i mine hendar; og de hev eg tenkt til dessa, at de ikkje skulde verta langt imillom oss. No lovar eg de, at eg vil fara mot Haakon, og daa skal eitt av tvo henda: anten skal eg falla eller stiga yvi Haakon og mennane hans; men ikkje er slik mann, som Gregorius var, retteleg hemnd, um dei so lyt bita i bakken alle ihop.» De var ein som svara at han turvte ikkje leita etter deim; for dei etla seg dit imot han. Kristin, dotter til kong Sigurd Jorsalafar og systkinbarne til kong Inge, var der i Oslo. Kongen høyrde at ho etla seg av fraa byen, og sende bod til ho og spurde kvifor ho vilde burt fraa byen. Ho meinte at de no vart agesamt der og ikkje trygt for kvende aa vera der. Kongen bad at ho ikkje skulde fara burt; «um so er at me vinn, som eg tenkjer,» sagde han, «fær du de godt her; men um eg fell, so fær venine mine ikkje lov til aa stella med like mitt, men daa skal du beda um lov til aa stella um de; paa den maaten kan du best løna meg de at eg hev vori god mot deg.»


16. Blasiusmessa[22] um kvelden fekk kong Inge nysn um at Haakon var ventande til byen. Daa lét kong Inge blaasa heren upp or byen og fylkte, og daa talde han innpaa 4000 mann. Kongen lét fylkingi vera lang og ikkje meir enn 5 mann tjukk. Dei sagde til kongen at han skulde ikkje vera med i slage, daa de var mykje som stod paa, at ikkje han kom til noko; «Orm, bror din, skal vera hovding for heren,» sagde dei. «De tenkjer eg,» svara kongen, «at um Gregorius livde og var her no, og eg var fallin og dei skulde hemna meg, at han ikkje vilde gøyma seg burt, og at han vilde vera med i slage sjølv; og endaa eg ikkje er so stridsfør som han var, for denne vanhelsa mi, so skal eg syna likso god vilje; difor er de ikkje ventande, at ikkje eg vil vera med i slage.» Folk segjer at Gunnhild, som hadde vori gift med Simon og var fostermor til kong Haakon, lét ei kjering sitja ute og mana troll, so Haakon skulde vinna, og dei opinberra at dei skulde slaast med kong Inge um natti og aldri um dagen, og daa skulde de ganga godt. Den kjeringi, som dei fortél sat ute, heitte Tordis Skjeggja; men ikkje veit eg um dette er sant. Simon Skaalp hadde gjengi til byen og lagt seg til aa sova, og vakna ved her-rope. Daa de leid ut paa natti, kom de spæjarar til kong Inge og fortalde han at Haakon og heren hans kom innetter isen; for isen laag heilt fraa byen ut til Hovudøyi.


17. Daa gjekk kong Inge med heren sin ut paa isen og sette fylkingi si framanfor byen. Simon Skaalp var i den fylking-armen som vende ut mot Trælaborg[23], og i den armen som var inn-ved Nonneseter[24] var Gudrød, kongen paa Sudrøyane, som var son hans Olav Klining[25], og Jon Sveinsson, soneson hans Bergtor Bukk. Daa Haakon og hans her nærma seg fylkingi til kong Inge, sette baae herane i her-rop. Gudrød og Jon gjorde teikn til mennane hans Haakon og lét deim vita kor dei stod, og daa vende mennane hans Haakon seg dit, og daa flydde Gudrød og hans menn radt, og de kunde vera innpaa 1500 mann; men Jon og ein stor flokk med honom gjekk yvi i heren hans Haakon og hjelpte deim aa slaast. Daa dei sagde dette til kong Inge, svara han so: «Stor skilnad hev de vori paa venine mine; aldri hadde Gregorius gjort so, daa han livde.» Daa bad dei kongen at han skulde stiga til hest og rida ut or slage og upp paa Raumarike; «der kan du faa folk nok radt paa denne dag,» sagde dei. «Ikkje hev eg hug til de,» sagde kongen; «eg hev tidt høyrt dykk segja de, og de tykkjer eg er sant og, at de laga seg kleint for kong Øystein, bror min, fraa di han gav seg paa flugt, og endaa var han ein dugande mann i alle ting som pryder ein konge. No kan eg med mi vanhelse godt sjaa de, kor kleint de vil laga seg for meg, um eg tek meg til de som skulde verta so stor ei ulukke for honom, so stor skilnad som de er paa oss baade i aatferd og helse og manndom i alle maatar. Eg var paa de andre aare, daa eg vart tekin til konge i Norig, og no er eg vel 25 aar. Eg tykkjer eg hev havt meir vanske og vaagnad i kongedøme mitt enn moro og hyggje. Eg hev haldi mange slag, stundom med meir mannskap og stundom med mindre, og de hev vori mi største lukke, at eg aldri hev flytt. Gud lyt raada for live mitt, kor langt de skal vera; men aldri vil eg fly.»


18. Daa Jon og hans flokk hadde broti den eine fylkingarmen til kong Inge, so flydde mange av deim og, som hadde stadi utmed deim, og daa skildest fylkingi og løyste seg upp i smaahopar, men Haakon og hans menn gjekk hardt paa, og dette var i graalysingi.[26] Dei gjekk paa der som merke til kong Inge var, og i den slaastingi fall kong Inge, men Orm, bror hans, heldt endaa slage uppe. No flydde mykje folk upp i byen, men Orm fór tvo gongir upp i byen, etter kongen var fallin, og eggja upp mannskape, og baae gongine gjekk han ut paa isen att og heldt slage uppe. Daa søkte mennane hans Haakon fram imot den fylking-armen som Simon Skaalp førde, og i den striden fall av mennane til kong Inge Gudbrand Skavhoggsson, kongens maag. Men Simon Skaalp og Hallvard Hikre gjekk mot kvarandre og slost med sine flokkar og tokka seg burt under Trælaborg, og i den striden fall dei baade Simon og Hallvard. Orm kongsbror fekk seg eit ovende godt ord der, men flydde likevel paa slutten. Um vetteren hadde Orm fest Ragna, dotter hans Nikolas Maase, som hadde vori gift med kong Øystein Haraldsson, og brudlaupe skulde standa sundagen etter, og Blasiusmessa var paa ein fredag. Orm flydde aust til Svitjod til Magnus, bror sin, som daa var konge der,[27] og Rognvald, bror deira, var jarl. Dei var sønir til Ingerid og Heinrek Sveinsson Halte[28], soneson til danakongen Svein. Kristin kongsdotter stelte med like til kong Inge, og han vart lagd i steinveggen i Hallvardskyrkja paa sudsida utanfor koren. Daa hadde han vori konge i 25 aar. I dette slage fall de mykje folk paa baae sidur, men mange fleire av mannskape hans Inge, og av deim var Arne Frireksson. Mennane hans Haakon tok all brudlaupskosten og mykje anna herfang.


19. Daa lagde kong Haakon heile lande under seg og sette sine menn i alle syslune og byane. Kong Haakon og mennane hans hadde møti sine i Hallvardskyrkja, naar dei samraadde seg um landsstyringi. Kongsdotteri Kristin gav pengar til den presten som gøymde kyrkje-lyklane, for at han skulde gøyma ein av mennane hennar i kyrkja, so han kunde høyra kva Haakon og mennane hans rødde um. Men daa ho no merka kva dei avtala, sende ho bod til Bjørgvin til Erling Skakke, mannen sin, at han aldri skulde tru deim.


20. De hende paa Stiklestad i slage, som fyrr er fortalt, at daa kong Olav vart saara, kasta han fraa seg sverde Neite; men ein svensk mann hadde broti sund sitt eigi sverd, og han tok upp sverde Neite og hogg med. Denne mannen kom seg undan fraa slage med dei andre som flydde, og kom til Svitjod og fór heim til garden sin. Dette sverde hadde han alle sine livedagar, og sidan son hans, og sidan ervde den eine etter den andre i ætti dette sverde, og naar ein gav de til ervingen sin, sagde han namne paa sverde og kor de var komi fraa. Lengi etter, daa Kirjalaks[29] var keisar i Miklegard, og de var store flokkar av væringar der i keisarens gard, hende de seg ein sumar, at keisaren var paa herferd, og dei laag i læger[30]. Væringane heldt vakt og vakte yvi kongen og laag paa marki utanfor lægre. Dei skiftest til aa vaka um natti, og dei som hadde vakt lagde seg nedpaa og sov, og alle var dei fullt væpna. Dei hadde for skikk, naar dei lagde seg til aa sova, at kvar hadde hjelm paa hovude og skjold yvi seg og sverd under hovude, og dei skulde leggja den høgre handi paa handtake. Ein av desse karane, som hadde fengi vakt sist paa natti, han vakna i dagningi, og daa var sverde hans burte; men daa han leita etter de, saag han at de laag paa marki langt ifraa han. Han stod upp og tok sverde, og tenkte at lagsmennane hans, som hadde vakt, hadde lurt sverde ifraa han til aa driva gjøn med han, men dei negta for seg. Dette same hende tri nætar. Daa undrast han mykje sjølv, og sameleis dei andre som saag eller høyrde dette, og dei spurde han korleis dette kunde hava seg. Daa sagde han at dette sverde heitte Neite, og at Olav den heilage hadde havt og bori de sjølv i slage paa Stiklestad, og han sagde og korleis de sidan hadde gjengi med dette sverde. Sidan fortalde dei dette til kong Kirjalaks, og daa lét han kalla til seg den mannen som gjekk med dette sverde, og gav han gull, tri gongir so mykje som sverde var verdt, og lét bera sverde til Olavskyrkja, som væringane hev, og sidan var de yvi altare der. Eindride Unge var i Miklegard nett daa dette hende, og han fortalde denne segni i Norig, soleis som Einar Skuleson vitnar i den draapa som han dikta um kong Olav den heilage, og der hev han dikta um denne hendingi.


21. De hende i Grækarland, daa Kirjalaks var konge der, at kongen var paa ei herferd inn i lande til blokumennane[31]. Men daa han kom til Petsinavollane[32], kom de ein heidin konge imot han med ein uhorveleg her, som hadde med seg baade hestfolk og store vognir med skjote-gluggar ovantil. Naar dei stelte seg til natti, sette dei vognine, den eine utmed den andre, utanfor tjeldi, og utanfor der grov dei eit stort dike, og alt dette var daa eit forsvars-stelle so godt som ei borg. Den heidne kongen var blind. Daa grækarkongen kom, sette heidningane fylkingi si paa vollane utanfor vognborgi, og daa sette grækarane si fylking imot deim, og dei reid mot kvarandre og slost. Men de bar so ille og ulukkeleg til, at grækarane flydde og hadde fengi stor mannskade, og heidningane vann. Daa stelte kongen upp ei fylking av frankar og flæmingjar, og dermed reid dei mot heidningane og slost med deim; men de gjekk med deim som med hine, at mange vart drepne, og alle dei flydde som kom seg undan. Daa vart grækarkongen fælande harm paa hermennane sine; men dei svara han, at no kunde han prøva desse vinbelgine sine, desse væringane. Kongen sagde at han vilde ikkje spilla skattane sine soleis og føra desse faa, endaa dei var modige karar, mot so stor ein her. Daa svara Tore Helsing, som daa var hovding for væringane, soleis paa kongens ord: «Um de so var logande elden i vegen for oss, so skulde endaa eg og mitt folk springa lukt i han, um eg visste at de kunde gjera so mykje, at du, konge, daa fekk fred etterpaa.» Daa svara kongen: «Kalle daa paa den heilage kongen dykkar, Olav, at han vil gjeva dykk hjelp og siger.» Væringane hadde halvfemte hundrad mann, og daa lova dei og handtokst paa de, at dei paa sin eigin kostnad og med hjelp av gode menn skulde reisa ei kyrkje i Miklegard og lata den kyrkja vigja til ære og pris aat den heilage kong Olav. Dermed sprang væringane fram paa vollen. Daa heidningane saag de, sagde dei til kongen sin at endaa kom de ein flokk av grækarkongens her, «og dette,» sagde dei, «er berre ei hand full med folk.» Daa svara kongen: «Kven er den drustelege mannen som rid der paa den kvite hesten fyri flokken deira?» «Me ser han ikkje,» sagde dei. De var so stor folkemun, at de var 60 heidningar mot ein kristin mann, men like fullt stemnde væringane djerveleg til slage. Strakst de bar ihop, kom de otte og rædsel i heidningheren, so dei radt tok til aa fly, og væringane jaga deim og drap fort ei heil mengd. Men daa grækarane og frankane, som fyrr hadde flytt for heidningane, saag de, søkte dei og fram og jaga deim som flydde. Daa var væringane komne upp i vognborgi, og der vart de eit stort mannfall. Daa heidningane flydde, vart den heidne kongen fanga, og væringane hadde han med seg. Daa tok dei kristne tjeldi til heidningane og vognborgi deira.


Slutvignet Haakon Herdebreds saga.jpg


Notar:

  1. Storbonde.
  2. Reyr er garden Rør paa Ringsaker paa Heidmarki.
  3. 12te April (1159).
  4. Nidaros og Bjørgvin.
  5. Óð v. s. vill, rasande.
  6. Ukjent stelle, kanskje attmed Stadslande.
  7. Kastell i mastetoppen, «topp-kastell».
  8. Hisingen.
  9. Ihopsett av spengar (platur). Ringbrynjune var liksom ein vev av smaa ringar.
  10. Stavar eller staurar, brukt til kastevaapn.
  11. No Elden (Ella) paa Namdalseide (millom Namdalen og Beitstadfjorden).
  12. Sjaa s. 728.
  13. Laag ved Øvregata (sjaa korte s. 742, nr. 19).
  14. Sørbygdi (sjaa s. 718).
  15. Sjaa s. 285.
  16. No Fossum ved Uddevalla.
  17. 6te januar.
  18. 7de januar.
  19. No Bäfveraa, som gjeng i sjøen der Uddevalla ligg.
  20. Sjaa s. 745.
  21. Ved Skien.
  22. Blaasmessa, 3dje februar (1161).
  23. Under Ekeberg, ved Grønlia no heiter (sjaa korte).
  24. Nonneklostere paa «Leret», no nr. 73 i Oslo gate.
  25. Olav Klinning (yngre bror av Logmann, sjaa s. 655) var konge paa Sudrøyane 1113—53, og Gudrød 1154—1187.
  26. 4de februar (1161).
  27. Magnus Henriksson var konge i Sverige 1160—1161.
  28. Henrik Halte († 1134) hadde vori gift med Ingerid fyrr Harald Gille fekk ho.
  29. Sjaa s. 671.
  30. «Leir».
  31. Blökumannaland er lande til vlachane i Valachi (Rumænia), nord for Donau.
  32. Pezinane er petschenegane (lat. pecinei) eit tyrkisk folk paa flatlande ved Donau. Slage mot petschenegane, der væringane gjorde de framifraa godt, stod elles i aare 1122 under keisar Kalojohannes, son aat Aleksios Komnenos.