Soga um Harald Hardraade

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Soga um Harald Hardraade

[1030—1066].


1. Son hans Sigurd Syr, Harald, bror til kong Olav den heilage paa morsida, var med i slage paa Stiklestad, daa den heilage kong Olav fall. Harald vart saara og kom seg undan med dei [1030] andre som flydde. Dette fortèl Tjodolv. Rognvald Bruseson fekk Harald ut or slage og hadde han med til ein bonde som budde i skogen langt fraa andre folk, og der stelte dei med Harald til han vart frisk. Sidan fylgde son til bonden han aust yvi Kjølen, og dei fór skogleides, naar dei kunde koma til, og ikkje aalmannvegen. Bondesonen visste ikkje kven han fylgde. Ein gong, daa dei reid millom nokre øydeskogar, kvad Harald dette:

Eg rømer fraa skog til skog,
med skam eg lurer meg fram.
Kven veit, eg paa slutten kan verta
i verdi ein hovding med ære.

Han fór aust igjenom Jamteland og Helsingland og derifraa til Svitjod, og der fann han Rognvald Bruseson og mange andre av mennane til kong Olav, som var komne undan fraa slage paa Stiklestad.


2. Vaaren etter fekk dei seg skip og fór um sumaren aust til Gardarike til kong Jarisleiv og var der um vetteren. [1031] Dette fortèl Bolverk. Kong Jarisleiv tok godt imot Harald og Rognvald, og Harald vart hovding yvi landverjo til kongen, saman med Eiliv, son hans Rognvald jarl[1]. Tjodolv segjer soleis:

I hopelag dro
dei hovdingar tvo
med kvasse sverd
og svinfylkt her.
Aust-vindar rømde,
i roi seg gøymde,
og Læse-lande[2]
laag i vande.

Harald var i Gardarike nokre aar og fór vidt umkring i Austerveg. Sidan gav han seg paa vegen ut til Grækarland med eit stort fylgje, og siglde til Miklegard[3]. Dette fortèl Bolverk.


3. Paa den tid raadde dronning Zoe[4] den megtuge for Grækarland, og med henne Michael Katalaktus. Daa Harald kom til dronningi i Miklegard, tok han teneste i heren der, og var strakst um hausten med paa dei galeiane[5] med hermenn som fór ut i Grækarlandshave[6]. Harald hadde eit fylgje med seg av sine eigne menn. De var ein hovding yvi heren som heitte Gyrge[7], og som var frende til dronningi, men Harald hadde ikkje vori lengi i heren, fyrr væringane[8] heldt seg mykje til honom, og dei var alle i ein flokk, naar de stod slag, og de vart til de, at Harald vart hovding yvi alle væringane. Gyrge og Harald fór vidt umkring millom dei græske øyane, og dreiv paa og slost med sjørøvarar.


4. De var ein gong, som dei hadde fari yvi land og skulde taka seg natte-legu ved nokre skogar, og væringane kom fyrst til nattestaden og tok ut den beste plassen til tjeldi, dei saag, og som laag høgst; for de er so laga der, at de er vaatlendt, og strakst de kjem regn der, er de vondt aa vera paa laaglende. Daa kom Gyrge, hovdingen for heren, og daa han saag kor væringane hadde tjelda, bad han deim fara burt og tjelda ein annan stad, og sagde at han vilde tjelda der. Daa svara Harald: «Naar De kjem fyrst til natte-lego, so tek De ut nattestaden, og daa lyt me tjelda ein annan stad, som me likar. Gjer no De og so, og tjeld der som De vil, ein annan stad; eg tenkte væringane hadde den retten her i rike til grækarkongen, at dei skulde vera sjølvraadande og frie i alle maatar for andre folk og berre vera skyldige til aa tena kongen og dronningi.» Dei trætta fælt um dette, til dess dei væpna seg paa baae sidur, og de var nære paa at dei hadde teki til aa slaast. Men daa kom dei vitugaste mennane til og skilde deim, og sagde at de høvde betre, at dei vart forlikte um dette og gjorde ei greid avtale med kvarandre, so de ikkje skulde verta noko krangl tidare. De kom til eit stemnelag imillom deim, og dei beste og dei vitugaste skulde døma imillom deim. Paa dette møte gjorde dei dette av soleis, og alle vart samtykte, at dei skulde leggja lutir i fange, og grækarane og væringane skulde kasta lut um kven som fyrst skulde rida eller ro og leggja i hamn og taka ut tjeld-plass, og kvar skulde vera nøgd med de som lutkastingi sagde. Etter dette gjorde dei lutir og merkte deim. Daa sagde Harald til Gyrge: «Eg vil sjaa korleis du merkjer din lut, so me ikkje merkjer deim sameleis,» og han so gjorde. Daa merkte Harald sin lut og kasta han i fange, og sameleis gjorde Gyrge. Den mannen som skulde taka upp luten, tok upp ein og heldt han millom fingrane og lyfte upp handi og sagde: «Desse skal fyrst rida og ro og leggja i hamn og taka ut tjeld-plass.» Harald treiv han i handi og tok luten og kasta han i sjøen og sagde: «Dette var vaar lut». «Kvi lét du ikkje fleire sjaa han?» sagde Gyrge. «Sjaa paa den som er att,» sagde Harald, «der kan du kjenna merke ditt.» Daa aathuga dei den luten, og alle kjende merke hans Gyrge. Soleis vart domen slik, at væringane skulde hava rett til aa velja i alt som dei trætta um. De var fleire ting som dei vart usams um, men enden vart allstødt at Harald fekk sin vilje.


5. Dei fór alle ihop um sumaren og herja. Naar heile heren var samla, lét Harald sine menn vera utanfor slage eller der de var minste livsfaaren, og han lét so, at han vilde vara seg, so han ikkje miste herfolke sitt. Men naar han var aaleine med sitt folk, gav han paa og slost so manneleg, at han anten vilde vinna eller falla. De bar tidt soleis til, naar Harald var hovding for heren, at han vann, og Gyrge ikkje vann. Dette merka hermennane, og sagde dei stod seg betre paa um Harald aaleine var hovding yvi heile heren, og lasta herføraren for di de ikkje vart noko av med honom eller folke hans. Gyrge sagde at væringane vilde ikkje hjelpa han, og bad deim fara ein annan stad enn han fór med sin her, so kunde dei vinna kvar for seg, de dei kunde. Daa fór Harald burt fraa heren med væringane og latinmennane[9], og Gyrge fór med den græske heren. Daa synte de seg, kva kvar dugde til. Harald fekk jamt siger og herfang, men grækarane fór heim til Miklegard, so nær som unggutane, som vilde samla rikdom og flokka seg um Harald og tok han til herførar. Daa fór han med heren sin vest til Afrika, som væringane kallar Serkland[10], og der fekk han mykje mannskap til seg. I Serkland tok han 80 borgir; sume gav seg med de gode, og sume tok han med magt. Derfraa fór han til Sikiløy[11]. Dette fortèl Tjodolv, og Illuge Bryndølaskald[12] segjer i eit kvæde at Harald lagde sudlandi under Michael[13]. Her er de sagt, at Michael paa den tid var konge yvi grækarane. Harald var mange aar i Afrika og fekk mykje lausøyre og gull og allslag eignalutir. Alt de han fekk, og som han ikkje trengde til aa halda seg sjølv med, sende han med folk han kunde lita paa nord til Holmgard til kong Jarisleiv, som skulde hava de i sitt vald og verju, og der samla de seg ihop ein uhorveleg rikdom, som ventelegt var, daa han herja paa den kanten av verdi som var rikast paa gull og eignalutir, og stridde so manneleg, at han tok 80 borgir, som nettupp er fortalt og er reine sanningi.


Wilhelm Wetlesen: Harald fangar smaafuglar fraa borgi.


6. Daa Harald kom til Sikiløy, herja han der og lagde seg med heren ved ei stor og folkerik borg. Han kringsette borgi, daa veggine var so sterke, at han totte de var uraad aa brjota deim ned. Borgmennane hadde nok av mat og andre ting som dei trengde um til aa verja seg. Daa fann han paa ei raad. Fuglefangarane hans tok smaafuglane som hadde reir i borgi og flaug ut i skogen um dagen etter mat. Harald lét binda hyvil-flis av tyri paa ryggen av fuglane og smurde paa braana voks og brennestein[14] og lét kveikja eld paa de. Strakst fuglane kom lause, flaug dei alle paa ein gong inn i borgi til ungane sine og reiri, som dei hadde under hustaki, som var takte med røyr eller halm, og daa fata elden fraa fuglane i hustaki, og endaa kvar fugl bar berre lite grande eld, vart de snart ein stor varme, daa de var mange fuglar som bar han med seg rundt umkring til hustaki i borgi, og snart brann de eine huse etter de andre, til dess borgi stod i loge. Daa gjekk alt folke ut or borgi og bad um miskunn, dei same som mange dagar hadde tala kaut og haadeleg[15] til den græske heren og hovdingen deira. Harald gav liv og fred til alle deim som bad um de, og fekk borgi i si magt.


7. De var ei onnor borg som Harald lagde seg ved med heren sin, og den var baade folkerik og sterk, so de var ikkje von um at dei kunde brjota ho ned. De var harde og slette vollar umkring borgi. Daa lét Harald deim taka til aa grava ei greft fraa ein stad der de renn ein bekk i eit djupt gjel, so dei ikkje kunde sjaa de fraa borgi. Dei kasta moldi ut i vatne og lét ho driva burt med straumen. Med dette arbeide heldt dei paa baade natt og dag, og dei skiftest til flokkevis; men heren gjekk kvar dag inn mot borgi, og borgmennane gjekk til skjotegluggane, og dei skaut paa kvarandre, men um nætane sov dei paa baae sidur. Daa Harald kunde skyna at jordhuse var so langt at de gjekk under borgveggen, lét han heren væpna seg. De var mot dag, daa dei gjekk inn i jordhuse. Daa dei kom til enden, grov dei uppyvi hovude paa seg, til dei raaka paa steinar, som var lagde i kalk, og de var golve i ei steinhall. Dei braut upp golve og gjekk upp i halli. Der fann dei mange av borgmennane, som sat der og aat og drakk; men daa kom væringane som skrubb i saueflokken, for dei gjekk paa med dregne sverd og drap nokre paa flekken, og dei som kunde, flydde. Væringane sette etter deim, men sume tok borg-ledi og lét upp, og der gjekk heile storhopen av heren inn. Daa dei kom inn i borgi, flydde borgheren, men mange bad um liv og fred, og alle fekk som gav seg. Paa denne maaten tok han borgi og uhorveleg mykje herfang.


8. Den tridje borgi som dei raaka paa, var den største og sterkaste av alle desse og rikast paa gods og folk. De var store dike um denne borgi, so dei saag at dei kunde ikkje taka ho med slike kunstir som hine borgine. Dei laag fælt lengi der og kom ingin veg. Daa borgmennane saag dette, vart dei djervare, og sette fylkingane sine uppe paa borgveggine og lét upp borg-ledi og ropte til væringane og eggja deim upp og bad deim ganga inn i borgi, og kalla deim for sælingar og sagde at dei var ikkje betre til aa slaast enn høns. Harald bad mennane sine, at dei skulde laast som dei ikkje visste kva dei sagde: «Me kjem ingin veg lei,» sagde han, «um me renner til borgi. Dei kan kasta ned paa oss, under føtane sine, og kjem me inn i borgi med ein flokk, so er de ingi sak for deim aa stengja inne so mange som dei vil, og stengja hine ute; for dei hev sett vakt yvi alle borg-ledi. Me skal gjera likso mykje narr av deim og lata deim sjaa at me ikkje er rædde deim. Mennane vaare skal ganga fram paa vollane, so nær borgi som dei kan, men agta seg, so dei ikkje kjem paa skotmaal; alle mennane vaare skal ganga vaapnlause og leika seg og lata borgmennane sjaa at me ikkje mæter fylkingane deira.» Sidan vart de soleis i nokre dagar.


9. Dei nemner tvo islendingar som var med Harald der; den eine var Halldor, son hans Snorre gode, som hev ført forteljingi um dette hit til lande, og den andre var Ulv, son hans Uspak og soneson hans Usvivr den spake. Baae tvo var ovsterke karar og overlag vaapndjerve, og Harald var glad i deim; baae tvo var med i leiken. Men daa dei hadde haldi paa soleis nokre dagar, vilde borgmennane syna seg endaa modigare og gjekk vaapnlause upp paa borgveggine, men lét borg-ledi standa uppe like radt. Daa væringane saag dette, gjekk dei ein dag til leiken med sverd under kappune og hjelmar under hattane. Daa dei hadde leika ei stund, saag dei at borgmennane ikkje agta seg, og daa tok dei fort vaapni og rende mot borg-lede. Men daa borgmennane saag de, gjekk dei hugheilt imot deim fullt væpna, og no vart de eit slag der i borg-lede. Væringane hadde ikkje skjoldar, anna enn dei sveipte kappune um den vinstre armen sin, og dei vart saara, og nokre fall, og alle var i stor naud. Harald skunda seg med de mannskape som var i lægre, og vilde hjelpa mennane sine. Men daa var borgmennane komne upp paa borgveggine, og skaut og kasta stein paa deim, og de vart eit hardt slag, og dei som var i borg-lede totte at de gjekk seinare med helpi enn dei vilde. Daa Harald kom til borg-lede, fall merkesmannen hans, og daa sagde han: «Tak upp merke, Halldor.» Halldor svara og tok upp merkesstongi, og sagde uvitug: «Kven vil bera merke for deg, naar du er slik sæling til aa fylgja som du hev vori no ei stund?» Men dette var meir sagt i sinne enn sant; for Harald var ein utifraa vaapndjerv mann. Daa trengde dei seg inn i borgi, og de vart eit hardt slag, men enden vart, at Harald vann og tok borgi. Halldor fekk eit stort saar i andlite, og dette lyta han alle hans livedagar.[16]


Wilhelm Wetlesen: De vart eit slag i borg-lede.


10. Den fjorde borgi som Harald kom til med heren sin var større enn alle dei me no hev fortalt um, og ho var so sterk, at de var ingi von um at dei kunde faa broti ho ned. Daa lagde dei seg rundt um borgi og kringsette ho, so de ikkje kunde koma tilførsl til borgi. Men daa dei hadde vori der ei liti stund, vart Harald so sjuk, so han laut halda sengi. Han lét setja tjelde sitt eit stykke fraa dei andre tjeldi, daa han totte de var ei lise, naar han ikkje høyrde styre og staake av hermennane. Mennane hans gjekk tidt i flokkevis baade til og fraa han og spurde han til raads. Borgmennane saag dette, at de laut vera hendt noko nytt hjaa væringane, og dei sende ut spæjarar til aa sjaa etter kva dette kunde vera. Daa spæjarane kom attende til borgi, kunde dei fortelja at hovdingen for væringane var sjuk, og difor gjekk dei ikkje paa borgi. Daa de leid fram soleis ei stund, avmagtast Harald meir og meir, og daa vart mennane hans fælt hugsjuke og sturne, og alt dette fekk borgmennane vita. Sistpaa tok sjukdomen Harald so hardt, at dei fortalde yvi heile heren at han hadde sælast. Daa gjekk væringane stad og tala med borgmennane og fortalde deim at hovdingen deira hadde andast av, og bad prestane gjeva han ei grav i borgi. Daa borgmennane høyrde tidend um dette, var de mange der som raadde for kloster eller store kyrkjur i borgi, som gjerne vilde hava dette like til si kyrkje; for dei visste at de vilde fylgja rike gaavur med. Heile hopen av prestane klædde seg i sitt skrud og gjekk ut or borgi med skrin og heilagdomar og gjorde ein fager prosession. Væringane gjorde og ei stor likferd; dei bar lik-kista høgt, som var tjelda med pell, og dei bar mange merke[17] yvi ho. Men daa dei soleis hadde bori kista inn gjenom borg-lede, sette dei ned kista paa tvert i borg-lede for portane. Daa blés væringane til strid i alle lurane og drog sverdi, og heile væringheren styrmde ut or tjeldi fullt væpna og sprang til borgi med skrik og rop. Men munkane og hine prestane, som var gjengne ut i denne likferdi, og som hadde kappast med kvarandre um kven som fyrst kunde koma ut og taka mot offere, dei kappast no ein gong til so mykje um aa koma so langt fraa væringane som dei kunde; for dei drap for fotom deim som næmast var, anten han var klerk eller ikkje. Soleis fór væringane umkring i heile denne borgi og drap folke og røva alle kyrkjune i borgi og tok uhorveleg mykje herfang.


11. Harald var mange aar paa denne herferdi som me no hev fortalt um, baade i Serkland og paa Sikiløy. Sidan fór han attende til Miklegard med denne heren, og daa han hadde vori der ei liti stund, gav han seg paa vegen til Jorsalaheim[18]. Baade han og alle dei væringane, som slo fylgje med han, lét de gulle vera att, som dei hadde fengi i løn av den græske kongen. De er sagt, at Harald paa desse ferdine heldt 18 store slag. Dette fortèl Tjodolv.


12. Harald fór med heren sin ut til Jorsalaland, og sidan upp til Jorsalaborg, og kor han kom fram i Jorsalaland, gav alle borgir og kastell seg i hans magt. So segjer Stuv skald, som hadde høyrt kongen sjølv fortelja um desse hendingane, og han segjer at Harald fekk dette lande ubrent og uherja i si magt. Daa fór han ut til Jordan og lauga seg der, liksom andre pilegrimar hadde for skikk. Harald gav store gaavur til Herrens grav og den heilage krossen[19] og andre heilagdomar i Jorsalaland. Han freda vegen alt ut til Jordan og drap røvarar og anna ufredsfolk. Dette fortèl Stuv. Dermed fór han til Miklegard att.


13. Daa Harald var komin til Miklegard fraa Jorsalaland, fekk han hug til aa fara til nordlandi til odelsjordi si; daa hadde han spurt at Magnus Olavsson, brorson hans, hadde vorti konge i Norig og i Danmark med, og daa sagde han upp tenesta hjaa den græske kongen. Men daa dronning Zoe fekk vita dette, vart ho fælande harm, og reiste klagemaal mot Harald og sagde at han hadde nok ikkje fari so rett aat med grækarkongens eigedom, som dei hadde fengi paa herferd daa Harald var hovding for heren. De var ei ung og væn møy som heitte Maria og var brordotter[20] til dronning Zoe. Harald hadde fritt til henne, men dronningi sagde nei. So hev væringane fortalt her nord, dei som hev tent i Miklegard, at de orde gjekk der millom folk som hadde greide paa dette, at dronning Zoe sjølv vilde hava Harald til mann, og at den rette grunnen til klagemaale mot Harald var den, at han vilde fara burt fraa Miklegard, endaa dei kom med noko anna for aalmugen. Den græske kongen paa den tidi heitte Konstantinus Monomakus[21], som raadde for rike ihop med dronning Zoe. Difor lét den græske kongen taka Harald og føra han til fangehuse.


14. Daa Harald var komin mest fram til fangehuse, synte den heilage kong Olav seg for han og sagde at han vilde hjelpa han. Der paa gata bygde dei sidan eit kapell, som dei vigde til kong Olav, og dette kapelle hev stadi der sidan.[22] Fangehuse var bygt soleis, at de var eit høgt taarn, som var opi ovantil, og ei dør til aa ganga inn fraa gata. Der sette dei Harald inn, med Halldor og Ulv. Næste natti kom de ei megtug kone upp paa fangehuse; ho hadde gjengi upp paa nokre stigar med 2 tenarar. Desse fira ned eit reip i fangehuse og drog deim upp. Denne kona hadde den heilage kong Olav lækt ein gong, og no hadde han synt seg for ho og sagt at ho skulde fri bror hans ut or fangehuse. Harald gjekk radt til væringane, og alle reiste seg for han og tok godt imot han. Sidan væpna heile heren seg og gjekk dit som kongen sov, og fanga han og stakk ut baae augo paa han. Dette fortèl skalden Torarin Skjeggeson i draapa si, og Tjodolv skald nemner de. I desse tvo draapune um Harald og i mange andre kvæde um han er de fortalt, at Harald blinda sjølve grækarkongen[23]; men dei hadde vel sagt, at den som blinda han var ein hertug eller greive eller ein annan fyrsteleg mann, hadde dei visst at dette var rettare; for de var Harald sjølv og dei andre mennane som var med han der, som fortalde denne segni.


15. Same natti gjekk Harald og mennane hans dit som Maria sov, og tok ho burt med magt. So gjekk dei ned der som væringane hadde galeiane sine og tok tvo av deim og rodde inn i Sjaavidarsund[24]. Daa dei kom der som de laag jarnlekkjur tvert yvi sunde, sagde Harald at dei skulde setja seg til aarane paa baae galeiane, men alle dei som ikkje rodde skulde springa atterut paa galeiane med sekkjefeldane[25] i fange. Soleis rende galeiane upp paa jarnlekkjune; men so snart dei stod fast og dei ikkje gjekk lenger, bad han alle ihop springa fram-i. Daa stupte den galeien fram-yvi som Harald var paa, og gleid ned av jarnlekkja, men den andre sprakk, medan han reid paa lekkja, og mykje folk kom burt; men dei tok upp nokre, som laag og sumde. Paa denne maaten slapp Harald burt fraa Miklegard og siglde inn i Svartehave. Men fyrr han siglde fraa land, sette han jomfrua paa land, og gav ho godt fylgje attende til Miklegard og bad ho segja til Zoe, frenka si, kor mykje magt ho hadde yvi Harald, og spyrja um magti til dronningi hadde hindra han, so han ikkje kunde faa jomfrua. Dermed siglde Harald nord til Ellipalta[26] og fór derfraa gjenom heile Austrike[27]. Paa desse ferdine dikta Harald nokre skjemtevisur, 16 i alt, og alle med same steve. Den eine lyder so:

Framum Sikiløyi snekkja
siglde paa den lange ferdi.
Draken under drengjom fór,
duvande paa bylgjetoppom.
Visst ein sæling aldri vilde
vaaga seg paa slik ei ferd.
Endaa gullprydd gjenta kaut
i Gardarike blæs aat meg.[28]

Med dette stikta han paa Ellisiv, dotter til kong Jarisleiv i Holmgard.


16. Daa Harald kom til Holmgard, tok kong Jarisleiv ovende godt imot han, og han tøvra der um vetteren. Daa tok han i si verju alt de gulle og mange-slag eignalutir som han fyrr hadde sendt dit fraa Miklegard, og dette var so store rikdomar at ingin mann i nordlandi hadde set slikt i ein manns eige. Harald hadde tri gongir vori i poluta-svarv, medan han var i Miklegard[29]. De er lov der, at kvar gong grækarkongen døyr, skal væringane hava poluta-svarv[30]. Daa skal dei ganga gjenom alle kongsgardane, der som dei gøymer skattane hans, og kvar skal fritt taka de han fær tak i.


17. Denne vetteren gifte kong Jarisleiv dotter si med Harald; ho heitte Elisabeth, men nordmennane kallar ho Ellisiv. Dette fortèl Stuv Blinde. Um vaaren gav han seg paa [1045] vegen fraa Holmgard, og fór um vaaren til Aldeigjuborg[31], og der fekk han skip og siglde vestetter um sumaren. Fyrst tok han vegen til Svitjod og lagde inn til Sigtun. Dette fortél Valgard fraa Voll[32].


18. Harald raaka der paa Svein Ulvsson, same hausten som han hadde flytt for kong Magnus ved Helganes, og daa dei møttest, tok dei glade mot kvarandre, daa sviakongen Olav Svenske var morfar hennar Ellisiv, kona hans Harald, og Aastrid, mor hans Svein, var syster til kong Olav. Harald og Svein gjorde samlag og avtalur med kvarandre. Alle sviane var venir til Svein, for han var skyld til dei beste mennane der i lande, og difor vart alle sviane venir og hjelpesmenn aat Harald med, og de var maagskap millom honom og mange stormenn der. Tjodolv nemner dette.


Wilhelm Wetlesen: Harald og Svein herjar paa Sjælland.


19. Sidan raadde Harald og Svein seg til skip, og de samla seg snart ein stor her til deim, og daa mannskape var reidugt, siglde dei vest til Danmark. Dette fortèl Valgard. Dei landa fyrst paa Sjælland og herja og brende vidt og breidt, og sidan siglde dei til Fyn og gjekk i land der og herja. Dette nemner Valgard.


20. Kong Magnus Olavsson siglde nord til Norig [1045] um hausten etter Helganes-slage. Daa høyrde han tidend um at Harald Sigurdsson, frenden hans, var komin til Svitjod, og at han og Svein Ulvsson hadde gjort samlag og hadde ein stor her ute og etla seg til aa leggja Danavelde under seg att, og sidan Norig. Kong Magnus baud ut leiding fraa Norig, og de samla seg snart ein stor her. Daa høyrde han at [1046] Harald og Svein var komne til Danmark og brende og øydelagde alle stadir, og at landsfolke vidt og breidt gjekk under deim. Dei fortalde de med, at Harald var større og sterkare enn andre menn, og so klok, at inginting var umogelegt for han, og at han vann stødt, naar han slost; han var so rik paa gull og, at ingin hadde høyrt maken. Dette fortèl Tjodolv.


21. Mennane til kong Magnus, dei som han var vand til aa samraada seg med, sagde at dei totte dei var ille komne, naar Magnus og Harald, frenden hans, skulde kasta bane-spjot paa kvarandre, og mange baud seg til aa fara og freista paa aa gjera forlik imillom deim, og dei tala for kongen, til dess han samtykte dette. Daa sende dei nokre menn paa ei lett skute, og dei skunda seg alt de dei kunde sør til Danmark. Der fekk dei nokre danske menn, som var heilt-upp venir til kong Magnus, til aa bera denne ærendi for Harald. Dei fór so stillt med dette. Men daa Harald no høyrde tale um at kong Magnus, frenden hans, vilde bjoda han forlik og samlag, og at han skulde faa halve Norig med kong Magnus, og at dei skulde skifta lausøyren sin likt imillom seg, so sagde Harald ja til tilbode, og med denne avtala fór dei attende til kong Magnus.


Wilhelm Wetlesen: Harald og Svein sat ein kveld og svalla og drakk.


22. De var ikkje lengi etter, so sat Harald og Svein ein kveld og svalla og drakk. Svein spurde kva for ein eignalut Harald hadde, som han heldt for den gjævaste. Han svara at de var merke hans, Landøyda. Daa spurde Svein kva de var med dette merke, med di de var slik ein eignalut. Harald sagde at de var sagt, at den som dei bar dette merke for skulde vinna, og han sagde at so hadde de vori fraa di han fekk de. «Daa skal eg tru,» svara Svein, «at merke hev denne gjerdi, soframt du held tri slag med kong Magnus, frenden din, og vinn i alle tri.» Daa vart Harald harm og svara: «Eg kjenner frendskapen min med kong Magnus, um du ikkje minner meg paa de, og um me no fer imot kvarandre med herskjold, so er de ikkje alt so visst, at me ikkje skal raakast ein annan gong paa ein skaplegare maate.» Svein skifte litine og sagde: «De er sume, Harald, som talar um at du hev gjort so fyrr, at du ikkje hev haldi meir av avtalune dine enn de som du totte bata deg sjølv best.» Daa svara Harald: «Du veit nok ikkje so mykje aa nemna um at eg hev broti avtalur, som eg veit kong Magnus kan fortelja um deg, at du hev broti avtalur med honom.» Dermed gjekk dei kvar sin veg. Um kvelden, daa Harald gjekk upp i lyftingi paa skipe sitt og skulde leggja seg, sagde han til skosveinen sin: «Eg vil ikkje liggja i sengi i natt; for eg tvilar for at de ikkje er retteleg sviklaust; eg merka i kveld, at Svein, maagen min, vart fælt harm, for di eg var so framtalande. Du skal halda vakt, um de hender noko i natt.» Harald gjekk ein annan stad og lagde seg, men lagde ein stabbe i sitt eigi rom. Men um natti rodde de ein baat til lyftingi, og ein mann gjekk upp og reiv upp tjelde paa lyftingi og gjekk upp og hogg med ei stor øks i sengi hans Harald, so ho stod fast i stabben, og dermed sprang han strakst ut i baaten; de var kolmyrkt, og han rodde strakst burt, men øksi stod etter i tree, til merke paa de som var hendt. Daa vekte Harald upp mennane sine og lét deim vita kva svik dei hadde vori ute for. «Me kan sjaa de,» sagde han, «at me ikkje hev mannskap nok her mot Svein, naar han slær seg paa svik imot oss. De er de beste, at me forar oss herifraa, medan tid er. Lat oss løysa skipi vaare og ro stillt burt.» Dei so gjorde og rodde um natti nordetter langs med lande. Dei fór natt og dag, til dei fann kong Magnus, der som han laag med heren sin. Daa gjekk Harald til kong Magnus, frenden sin, og de vart eit kjærlegt møte. Dette fortèl Tjodolv. Sidan tala frendane seg imillom, og alt gjekk fredleg til.


23. Kong Magnus laag attmed strandi og hadde tjelde sitt paa land. Han baud Harald, frenden sin, til bords, og Harald kom til gjestebode med 60 mann, og de var eit drustelegt lag. Daa de leid ut paa dagen, gjekk kong Magnus inn i tjelde, der som Harald sat, og nokre menn gjekk med han og bar byrdar med vaapn og klæde. Daa gjekk kongen til den ytste mannen og gav han eit godt sverd, og den næste gav han ein skjold, og dei andre gav han klæde eller vaapn eller gull, og di meir høg-sette dei var, di større gaavur gav han. Sistpaa kom han til Harald, frenden sin, og hadde tvo røyr-teinar i handi og sagde: «Kven vil du hava av desse teinane?» Daa svara Harald: «Den som er næmast meg.» Daa sagde kong Magnus: «Med denne røyr-teinen gjev eg Dykk halve Norigs rike med all skatt og skyld og all eigedom som der høyrer til, med den avtala, at du skal vera konge i Norig med same rett som eg i alle maatar; men naar me tvo er ihop, skal eg vera fyrstemannen i alt som kjem helsning, teneste og sæte ved. Er der 3 fyrstelege menn, skal eg sitja i midten, og eg skal hava kongs-lægje og kongs-bryggja. De skal og stø og styrkja vaart rike, til vederlag for di me gjorde Dykk til den mannen i Norig som me tenkte at ingin skulde vera, so lengi vaart hovud var ovan moldi.» Daa stod Harald upp og takka han fint for de høge namne og æra, og dermed sette dei seg ned baae tvo og var lystuge. Um kvelden gjekk Harald og mennane hans til skipe sitt.


24. Morgonen etter lét kong Magnus blaasa alt folke til tings, og daa tinge var sett, kunngjorde kong Magnus for alle mennane den gaava som han hadde gjevi Harald, frenden sin. Tore fraa Steig[33] gav Harald kongsnamn der paa tinge. Den dagen baud kong Harald kong Magnus til bords hjaa seg, og Magnus gjekk um dagen med 60 mann til landtjelde til kong Harald, der som han hadde stelt til gjestebode. Der sat baae kongane samsætes, og de var eit fagert gjestebod og ovfagning, og kongane var glade og fornøgde. Daa de leid ut paa dagen, lét kong Harald bera inn i tjelde ein heil brote taskur, og nokre bar inn klæde, og vaapn med, og andre eignalutir, og alt dette deilte han ut og gav og skifte de millom mennane til kong Magnus, dei som var der i gjestebode. Sidan lét han løysa upp taskune og sagde til kong Magnus: «De gav oss i gaar eit stort rike, som De hadde vunni fraa Dykkar og vaare uvenir, og tok oss i samlag med Dykk, og dette var velgjort; for de hev kosta Dykk mykje arbeid. Men no hev me paa vaar side vori utanlands og hev attaat vori i livsfaare nokre gongir, fyrr eg hev samla ihop dette gulle, som De no skal sjaa. Dette skal me no eiga ihop; me skal eiga all lausøyren, helvti kvar, liksom kvar av oss eig halve rike i Norig. Eg veit at huglynde vaart er ulikt; du er mykje meir romhendt enn eg, og me vil difor byta dette likt millom oss, so kan kvar gjera med sin lut som han vil.» Daa lét Harald breida ut ei stor uksehud, og sturta gulle ut or taskune ned paa den. So tok dei vaagskaalir og lodd og vog gulle og skifte de likt etter vegt, og alle som saag paa, totte de var ei bisn, at de skulde vera komi so mykje gull ihop paa ein stad i nordlandi. Men dette var med retten grækarkongens eigedom og rikdom: for alle segjer at der er de hus fulle av raude gulle. Daa var kongane i godlage sitt. Daa kom de fram eit staup so stort som eit mannehovud. Kong Harald tok upp staupe og sagde: «Kor er de gulle, Magnus frende, som du kan setja upp mot dette store staupe?» Daa svara kong Magnus: «De hev vori so mykje ufred og leiding, at mest alt de gulle og sylve er gjengi med, som er i mi verju. No er de ikkje meir gull att enn denne ringen i mitt eige.» Dermed tok han ringen og gav Harald. Harald saag paa han og sagde: «Dette er lite gull, frende, for ein konge som hev tvo kongerike, og endaa kan de vera dei som tvilar paa um du eig denne ringen med rette.» Daa svara kong Magnus tankefull: «Eig eg ikkje denne ringen med rette, so veit eg ikkje kva eg hev fengi med rette; for kong Olav den heilage, far min, gav meg denne ringen, daa me skildest siste gongen.» Daa log kong Harald og svara: «De er sant, som du segjer, kong Magnus. Far din gav deg ringen; men den ringen tok han fraa far min for ei liti sak, og sant er de og, at de var ikkje godt for smaakongane i Norig, daa far din var i sitt største velde.» Kong Harald gav Tore fraa Steig i dette gjestebode ein bolle av valbjørk, med ei sylvgjord umkring og sylvhonk yvi, som var gyllte baae tvo, og han var heilt full av skire sylvpengar, og dermed fylgde de tvo gullringar og, som vog ei mark ihop. Han gav han kappa si og, av brunt purpur med kvitt skinn, og lova han stor ære og venskap. Torgils Snorreson[34] sagde at han hadde set eit altarklæde som var gjort av denne kappa, og Gudrid, dotter hans Gutorm, som var son hans Tore fraa Steig, sagde at Gutorm, far hennar, hadde bollen, og at ho hadde set han. Bolverk skald fortèl um dette forlike.


25. Kong Magnus og kong Harald raadde baae tvo for Norig vetteren etter dette forlike, og kvar hadde si hird. Um vetteren fór dei umkring paa Upplandi paa gjestebod; sume tidir var dei ihop, og sume tidir kvar for seg. Dei fór alt nord til Trondheim og Nidaros. Kong Magnus hadde teki vare paa dei heilage leivningane til kong Olav, fraa di han kom til lande, og klipte haare og neglane hans tolvte kvar maanad, og hadde sjølv lykilen som dei kunde læsa upp skrine med. Daa hende de mange jartegnir med dei heilage leivningane til kong Olav. De drygde ikkje lengi, fyrr kongane vart usams, og mange var so illtenkte at dei freista paa aa setja deim ihop.


26. Svein Ulvsson vart liggjande og sov, daa Harald var farin burt. Sidan spurde Svein etter, kor Harald hadde tek vegen. Men daa han høyrde at Harald og Magnus var forlikte, og at dei hadde slegi herane sine ihop, heldt han med heren sin aust langs Skaane-sida, og gav seg til der, til han spurde um vetteren, at kong Magnus og kong Harald hadde styrt med heren sin nord til Norig. Daa styrde Svein med heren sin sør til Danmark og tok alle dei kongelege inntektine der den vetteren.


27. Daa de tok til aa vaarast, baud kong Magnus og kong Harald ut leiding fraa Norig. De hende ein [1047] gong, at kong Magnus og kong Harald laag um natti i ei hamn, men dagen etter var kong Harald fyrst seglbudd, og siglde strakst, og um kvelden lagde han seg i den hamni som han og kong Magnus hadde tenkt aa liggja i den natti. Harald lagde sitt skip i kongs-lægje og tjelda der. Kong Magnus siglde seinare paa dagen og kom ikkje til hamni fyrr Harald hadde tjelda. Daa saag dei at Harald hadde lagt seg i kongs-lægje og etla seg til aa liggja der. Men daa kong Magnus og mennane hans hadde teki ihop segli sine, sagde kong Magnus: «Gjer alt klart til aa ro, og set dykk langs med skipsbordi, men nokre skal taka upp vaapni sine og væpna seg; og vil dei ikkje leggja undan, so skal me slaast.» Men daa kong Harald saag at kong Magnus var meint paa aa leggja til slag med deim, sagde han til mennane sine: «Kapp landtogi og legg skipi ut or lægje; no er Magnus frende vond.» Dei so gjorde, og lagde skipi ut or lægje, og kong Magnus lagde seg der med sine skip. Daa dei hadde stelt seg, gjekk kong Harald med nokre mann um bord paa skipe til kong Magnus, og kongen tok godt imot han og bad han velkomin til. Daa svara kong Harald: «Eg tenkte me var komne til venir, men i stad tvila eg paa um De vilde at de so skulde vera. Men de er sant, som dei segjer, at de er braa barne-hug, og eg vil ikkje taka de annarleis enn som barne-bragd.» Daa sagde kong Magnus: «Dette er ikkje barne-bragd; men de ligg til ætti, at eg ikkje gløymer kva eg gav og kva eg negta. Hadde no denne litle tingen gjengi fyri seg tvert imot vaar vilje, hadde de snart komi ein annan etter. Men heile de forlike som gjort er vil me halda; men sameleis vil me hava av Dykk de som me hev fastsett.» Daa svara kong Harald: «De er gamal skikk, at den vægjer som vit hev,» og dermed gjekk han til skipe sitt att. Av slikt som gjekk fyri seg millom kongane, kunde ein merka at de var vandt aa styra deim til godes. Mennane til kong Magnus stod paa at han hadde retten paa si side; men dei som uvituge var sagde at Harald var noko svivyrd, og mennane til kong Harald sagde at avtala var ikkje annarleis, enn at kong Magnus skulde hava lægje naar dei kom paa same tidi, men at Harald ikkje var skyldig til aa leggja ut or lægje naar han laag der fyrr, og dei sagde at Harald hadde fari baade vel og visleg aat. Men dei som tok de i den verste meiningi, stod paa at kong Magnus vilde brjota forlike, og sagde at han hadde gjort urett og usømelegt mot kong Harald. Uvituge folk rødde so lengi um slikt krangl, til kongane vart uforlikte, og de hende mykje slikt, som gjorde at kongane ikkje kunde samstavast, endaa de ikkje er stort som er uppskrivi her.


28. Kong Magnus og kong Harald siglde sør til Danmark med denne heren. Men daa Svein spurde de, flydde han undan aust til Skaane. Kong Magnus og kong Harald var lengi i Danmark um sumaren og lagde heile lande under seg. Dei var i Jylland um hausten. Ei natt, daa kong Magnus laag i sengi si, drøymde han og totte at han var hjaa far sin, den heilage kong Olav, og at Olav sagde til han: «Kva vil du helst no, son min, anten fara med meg eller verta den megtugaste av alle kongar og liva lengi, men gjera ei synd som du seint eller aldri fær utsont?» Magnus totte han svara soleis: «Eg vil at du skal velja for meg.» Daa totte han at kong Olav svara: «Daa skal du fara med meg.» Kong Magnus fortalde denne draumen til mennane sine. Strakst etter vart han sjuk og laag der som dei kallar Sudatorp[35]. Daa de leid aat med han, sende han Tore, bror sin[36], til Svein Ulvsson og bad han at han skulde gjeva Tore den hjelpi som han trengde. Attaat denne ordsendingi skulde han segja til Svein, at kong Magnus gav han Danavelde etter si avferd, og segja at de var rimelegt at Harald raadde for Norig og Svein for Danmark. Sidan døydde kong Magnus den gode, og dette var ein stor saknad-daude for heile aalmugen. Soleis segjer Odd Kikinaskald, at mennane fellte mange taarur, daa dei bar den milde kongen til gravi.


Wilhelm Wetlesen: Einar Tambarskjelvar steller med like til kong Magnus.


29. Etter dette heldt kong Harald ting med heren og sagde kva han tenkte seg til, at han vilde fara med heren til Viborgting og lata seg taka til konge yvi Danavelde og sidan taka lande, og sagde at dette var hans arv etter kong Magnus, frenden hans, likso mykje som Norig. Han bad heren hjelpa seg, og lét so, at daa skulde nordmennane all si tid vera herrar yvi danine. Daa svara Einar Tambeskjelvar og sagde at han var meir skyldig til aa føra like til kong Magnus, fosterson sin, til gravi og føra han til far sin, kong Olav, enn aa slaast utanlands og traa etter rike og eigedomen til ein annan konge. Han slutta tala si med de, at han totte de var betre aa fylgja kong Magnus daud enn nokon annan konge livande. Sidan lét han taka like og fli de staseleg, so dei kunde sjaa stasen um bord paa kongsskipe. Daa laga alle trøndine og dei andre nordmennane seg heimatt med like til kong Magnus, og leidingsheren løyste seg upp. Daa saag kong Harald at de var ikkje onnor raad enn aa fara attende til Norig og fyrst faa under seg dette rike og samla mannskap derfraa, og no fór kong Harald med heile heren attende til Norig. Strakst han kom til Norig, heldt han ting med landsfolke og lét seg taka til konge heile lande yvi, og soleis fór han alt austantil Viki og vart tekin til konge i kvart fylke i Norig.


30. Einar Tambeskjelvar med heile trøndeheren fór med like til kong Magnus og førde de til Nidaros, og han vart gravsett i Klemens-kyrkja, og der var skrine til den heilage kong Olav og, den gongen. Kong Magnus hadde vori medels stor paa vokster, rettleitt og ljosleitt og ljoshærd; han var ordhittin, braalynd, men karsleg i hugen; ovende raust paa handi var han og ein stor hermann og utifraa vaapndjerv. Han var den vensælaste av alle kongar, og baade venir og uvenir roste han.


31. Svein Ulvsson var i Skaane denne hausten og laga seg austetter til Sviavelde, og var meint paa aa gjeva upp de kongsnamne som han hadde teki i Danmark. Men daa han skulde stiga paa hesten, kom nokre av mennane hans ridande og fortalde han fyrst at kong Magnus Olavsson hadde sælast, og so at heile den norske heren var farin burt fraa Danmark. Daa svara Svein fort og sagde: «De tek eg Gud til vitnes paa, at eg aldri meir skal fly fraa Danavelde, so lengi eg liver.» Dermed steig han upp paa hesten og reid sør til Skaane, og der dreiv de strakst mykje folk til han. Denne vetteren lagde han heile Danavelde under seg, og alle danine tok han til konge. Tore, bror til kong Magnus, kom til Svein um hausten med ordsending fraa kong Magnus, som me fyrr hev fortalt. Svein tok godt imot han, og Tore var lengi hjaa honom sidan i agt og ære.


32. Kong Harald Sigurdsson tok kongedøme yvi heile Norig, daa kong Magnus Olavsson hadde andast av. Men daa [1048] han hadde styrt Norig ein vetter, og vaaren kom, baud han ut leiding fraa heile lande, helvti av alt mannskape og skipi, og siglde sør til Jylland. Han herja og brende rundt umkring og lagde inn i Godnarfjorden[37]. Daa dikta kong Harald dette:

Kona for mannen kjærleg
kjæler heime med sæle,
men her lyt ankere herskip
halda paa fjorden salte.

Daa sagde han til Tjodolv skald, at han skulde setja til slutten, og han kvad:

Lenger sør-paa, de spaar eg,
sumaren næste me fester
anker i kav, so med kloi
kald de skal furuskip halda.

Bolverk stiktar og paa de i draapa si, at Harald fór til Danmark fyrste sumaren etter kong Magnus hadde sælast. Daa brende dei garden hans Torkjel Gøysa og, som var ein stor hovding, og dei batt døtrane hans og leidde deim um bord.

Vetteren fyrr hadde dei drivi fælt gjøn med at kong Harald vilde fara til Danmark med herskip. Dei skar anker av ost, og sagde at slike var gode nok til aa halda skipi til Norigs konge. Daa vart de dikta ei vise um at dei danske gjentune hadde skori anker-ringar av ost, men no fekk dei sjaa ein dugeleg jarnkrok heldt kongs-skipe, og no var de ikkje so mange gjentur som log. Dei segjer, at ein vaktmann, som hadde set floten til kong Harald, sagde til døtrane hans Torkjel Gøysa: «De sagde de, De Gøyse-døtrane, at kong Harald ikkje vilde koma til Danmark.» Dotta Torkjelsdotter svara «De var i gaar de.» Torkjel løyste ut døtrane sine med ustoppeleg mange pengar. Grane segjer i ei vise, at den storlaatne gjenta stri-grét, daa dei førde ho gjenom den tjukke Hornskogen. Kong Harald herja heile denne sumaren i Danavelde og fekk usturteleg mykje herfang, men han fekk ikkje fotfeste i Danmark den sumaren. Um hausten fór han attende til Norig, og var der um vetteren.


33. Kong Harald gifte seg med Tora, dotter hans Torberg Arneson, vetteren etter kong Magnus den gode hadde andast av. Dei hadde tvo sønir; den eldste heitte Magnus, og hin Olav. Kong Harald og dronning Ellisiv hadde tvo døtrar; den eine heitte Maria og den andre Ingegjerd. Den [1049] næste vaaren etter denne herferdi, som me no hev fortalt um, baud kong Harald ut ein her og fór um sumaren til Danmark og herja, og sameleis gjorde han sidan, sumar etter sumar. Stuv skald fortèl at danine var rædde kvart einaste aar.


34. Kong Svein raadde for heile Danavelde, fraa di kong Magnus døydde. Han sat i ro um vetteren, men um sumaren laag han kvart aar ute med full leiding, og truga med at han skulde fara nord til Norig med danaheren og ikkje gjera mindre skade der enn kong Harald gjorde i Danavelde. Kong Svein baud kong Harald um vetteren, at dei sumaren etter skulde finnast i Elvi og anten slaast so de vart ein ende paa striden, eller so gjera forlik. Baae tvo heldt paa og budde skipi sine heile vetteren og hadde halv leiding ute sumaren etter. Same sumaren kom Torleik den fagre utantil Island og dikta ein [1050] flokk um kong Svein Ulvsson; daa han kom nord til Norig, spurde han at kong Harald var farin sør til Elvi mot kong Svein, og daa kvad han nokre visur um denne ufreden. Kong Harald kom med heren sin til stemna, som dei hadde avtala, men daa spurde han at kong Svein laag sør ved Sjælland med floten sin. Daa skifte kong Harald heren sin, og lét størsteparten av bondeheren fara heim, og hadde med seg hirdi si og lendmennane og venine sine og alt de mannskape av bondeheren som budde næmast danine. Dei fór sør til Jylland sunnanfor Vendilskagen[38] og sør um Tjoda[39] og fór med herskjold heile vegen, og Stuv skald fortèl at folke i Tjoda flydde undan. Dei fór søretter alt til Heidaby og tok byen og brende han. Daa dikta mennane til kong Harald dette:

Eit storverk for visst me vann,
vreide, i Danavelde:
Fraa eine enden til hin
upp me Heidaby brende.
I dag kong Svein, eg vonar,
valda me heitan harm.
Raude hanen gol høgt
yvi hus fyri otta graa.

Torleik fortèl og um dette i flokken sin, daa han hadde høyrt at de ikkje vart noko av med slage i Elvi: Harald kom austantil, segjer han, og siglde reint i utrengsmaal til Heidaby og øydelagde byen, og dette verke hadde vori betre ugjort.


Wilhelm Wetlesen: Um morgonen, daa soli rann, saag dei dana-skipi.


35. Etter dette fór kong Harald nordetter med 60 skip, og dei fleste var store og tungladde med herfang, som dei hadde teki um sumaren. Daa dei kom nord um Tjoda, kom kong Svein ned fraa lande med ein stor her, og baud kong Harald at han skulde ganga paa land og slaast. Kong Harald hadde ikkje helvti so mykje mannskap, og baud kong Svein at han skulde slaast med han til skips. Dette fortèl Torleik den fagre. Dermed siglde kong Harald nord um Vendilskagen; men daa fekk han motvind, so han kom ut or leidi og lagde inn under Lesøy og laag der um natti. Daa lagde de seg myrkskodde yvi sjøen; men um morgonen, daa soli rann, saag dei at de liksom brann eld paa den andre kanten av have. Daa dei sagde dette til kong Harald, saag han dit og sagde strakst: «Tak tjeldi av skipi, og mannskape take til aarane; danaheren er komin paa oss. Myrkskodda hev letta der som dei er, og soli skin paa dei gullslegne drake-hovudi deira.» De var som han sagde; danakongen Svein var komin der med ein uhorveleg stor her. Daa rodde dei paa baae sidur de meste dei kunde. Dei danske skipi var meir lett-rodde, men dei norske var baade vatsdrukne og tung-ladde, so danine hala inn paa deim. Daa saag kong Harald at de kunde ikkje nytta paa den maaten. Draken hans var etterst av alle skipi hans. Daa sagde kong Harald at dei skulde kasta trefang[40] yvi bord og leggja klæde og andre gode eignalutir ovanpaa. De var so stillt, at dette dreiv for straumen. Men daa danine saag eigedomen sin rak paa have, krøkte dei, som fyrst kom, av dit, og totte at de var meir lettvint aa taka dette som flaut laust, enn aa henta de um bord hjaa nordmennane, og dette hefte roingi. Men daa kong Svein kom etter deim med sine skip, mana han paa deim og sagde at de var ei stor skam, so stor her som dei hadde, um dei ikkje skulde faa teki deim og faa deim i si magt, som hadde so lite folk. Daa tok danine andre gongen og dreiv paa og rodde. Men daa kong Harald saag at dei danske skipi gjekk forare, bad han mennane sine letta skipi og kasta yvi bord malt og kveite og flesk, og lata alt drikke renna ut, og dette hjelpte eit bil. Daa lét kong Harald taka skanseklædningar og fat og tome tunnur og kasta yvi bord med menn som dei hadde fanga. Men daa alt dette rak paa sjøen, bad kong Svein at dei skulde hjelpa desse mennane, og dei so gjorde. Men medan dei hefte seg med dette, kom dei fraa kvarandre. Danine snudde, og nordmennane fór sin veg. Dette fortèl Torleik den fagre. Kong Svein snudde med floten og styrde inn under Lesøy, og der raaka han 7 av dei norske skipi, og paa desse var de berre leidings-folk og bøndar. Daa kong Svein kom imot deim, bad dei um liv og fred og baud løysepengar for seg. Dette fortèl Torleik den fagre.


36. Kong Harald var ein megtug mann og ein sterk styrar innanlands, og klok og vis var han, so de er ei folkesegn, at de aldri hev vori ein hovding i nordlandi som hev vori so djuptenkt og raadig som Harald. Han var ein stor hermann og den vaapndjervaste av alle, og han var sterk og vaapnførare enn alle andre, som fyrr er fortalt. Men de er mange fleire av dei namngjetne storverki hans som ikkje er uppskrivne her, og de kjem seg baade av di me hev for litin kunnskap, og for di me ikkje vil setja vitnelause sogur i bøkar, endaa me hev høyrt fortalt og gjeti fleire ting. Me tykkjer de er betre, at dei heretter legg noko til, enn at dei skulde trenga um aa taka dette fraa. Mange forteljingar um kong Harald finst i dei kvæde som islendingar kvad for honom eller sønine hans, og difor var han ein god ven til deim. Han var ein god ven og til alle folk her i lande, og ein gong, daa de var eit stort uaar paa Island, gav kong Harald 4 skip lov til aa fara til Island med mjøl, og sette fyri, at skippunde skulde ikkje vera dyrare enn 100 alnir vadmaal, og han gav alle fatigfolk, som kunde halda seg sjølve med kost yvi have, lov til aa fara til Norig, og fraa den tid kom lande til magt att, og de besna med aaringen. Kong Harald sende her ut ei klokke og, til den kyrkja som den heilage kong Olav hadde sendt timber til, og som var uppsett paa Altinge[41]. Slike minne hev dei her i lande um kong Harald, og mange andre og, i dei store gaavune som han gav deim som var paa vitjing hjaa han. Halldor Snorreson og Ulv Uspaksson, som me fyrr hev fortalt um, kom til Norig med kong Harald. Desse var i mange maatar ulike i lynde. Halldor var ein stor og sterk og væn mann. De vitna kong Harald um han, at han var den av mennane hans, som, naar de kom noko uventande paa, tok de med størst ro, anten de so var livsfaare eller gode tidendir, og kor stor faare han kom ut for, var han korkje gladare eller leidare for de; han sov korkje meir eller mindre, og korkje aat eller drakk annarleis enn som han var vand til. Halldor var ein faamælt mann og tver i ordi; han var framtalande og stridlynd og hardsett, og de kom ille med hjaa kongen, daa han hadde fullt upp av andre menn som var gjæve og gjerne vilde tena han. Halldor hadde ikkje vori lengi hjaa kongen heller, fyrr han fór til Island, og der sette han bu paa Hjardarholt[42], og budde der til alderdomen sin og vart ein gamal mann.


37. Ulv Uspaksson var hjaa kong Harald, som heldt mykje av han; han var ein ovende klok mann og ordhag og manndomsam, og trufast og ærleg var han med. Kong Harald gjorde Ulv til stallar og gifte han med Jorun Torbergsdotter, syster hennar Tora, som kong Harald var gift med. Ulv og Jorun hadde fleire born: Joan Sterke paa Raasvoll[43] og Brigida, mor hans Sauda-Ulv, som var far til Peter Byrdarsvein[44], som var far til Ulv Fly og systkini hans. Joan Sterke hadde ein son, Erlend Himalde, som var far til Øystein erkebisp[45] og brørane hans. Kong Harald gav Ulv stallar lendmanns-rett og 12 marks veitslur og eit halvt fylke i Trondheim umfram. Dette fortèl Stein Herdisson i Ulvs-flokken.


38. Kong Magnus Olavsson lét byggja Olavskyrkja i kaupangen[46], der som dei hadde sett like til kong Olav um natti, og de var den tidi ovanfor byen.[47] Der lét han reisa kongsgarden og. Kyrkja vart ikkje heilt-upp ferdig fyrr kongen døydde, men kong Harald lét fullføra de som vanta. Han tok paa og bygde paa ei steinhall der i garden og, men ho vart ikkje ferdig fyrr han døydde. Kong Harald lét reisa fraa grunnvollen Mariakyrkja upp paa melen, tett ved der som dei heilage leivningane til kongen laag i jordi fyrste vetteren etter han var fallin. Dette var eit stort munster[48] og bygt so sterkt med kalk, at de var knapt dei kunde brjota de ned, daa Øystein erkebisp lét riva de.[49] Dei heilage leivningane til kong Olav gøymde dei i Olavskyrkja,[50] medan dei heldt paa og bygde paa Mariakyrkja. Kong Harald lét byggja ein kongsgard nedanfor Mariakyrkja ved elvi, der som han er no, men den halli som han hadde lati gjera lét han vigja til Gregorius-kyrkje[51].


39. De var ein mann som heitte Ivar Kvite, ein gjæv lendmann, som budde paa Upplandi; han var dotterson hans Haakon jarl den megtuge. Ivar var den vakraste mannen nokon kunde sjaa. Han hadde ein son, som heitte Haakon; um honom er de fortalt, at han gjekk yvi alle menn som var i Norig paa den tid i mod og styrke og sprækleike. Alt i ungdomen var han paa herferd og tok seg godt fram, og Haakon vart ein ovende namngjetin mann.


40. Einar Tambeskjelvar var den megtugaste av lendmennane i Trondheim. De var noko graatt med[52] honom og kong Harald, men Einar hadde likevel dei veitslune som han hadde havt medan Magnus livde. Einar var ein grunnrik mann; han var gift med Bergljot, dotter hans Haakon jarl, som fyrr er fortalt. Eindride, son deira, var fullvaksin den gongen, og var gift med Sigrid, dotter hans Kjetil Kalv og hennar Gunnhild, og systerdotter til kong Harald. Eindride hadde vænleike og fagerleike etter morfolke sitt, Haakon jarl og sønine hans, men vokster og styrke hadde han etter far sin, Einar, og sameleis sprækleiken hans, som Einar hadde framfor andre folk. Han var ovende vensæl og.


41. Orm var paa den tid jarl paa Upplandi; mor hans var Ragnhild, dotter hans Haakon jarl den megtuge[53], og Orm var ein oversleg gjæv mann. Daa budde Aaslak Erlingsson paa Jaren aust paa Sole, og var gift med Sigrid, dotter til jarlen Svein Haakonsson. Gunnhild, den andre dotteri hans Svein jarl, var gift med danakongen Svein Ulvsson. So stort var avkjøme hans Haakon jarl paa den tid i Norig, umfram mange andre gjæve folk som høyrde til ætti hans, og heile denne ætti var mykje vænare enn andre folk, og dei fleste var ovkarar og itrottsmenn, og alle var dei gjæve menn.


42. Kong Harald var myndug av seg, og dette auka paa, etter kvart som han fekk fotfeste i lande, og de bar so reint av, at de gjekk gali for dei fleste som sagde han imot eller vilde faa fram anna enn de som han vilde. Dette fortèl Tjodolv skald.


43. Einar Tambeskjelvar var den fremste formannen for bøndane i heile Trondheim, og han svara for deim paa tingi, naar mennane til kongen klaga deim. Einar var godt kjend i lovine, og de skorta han ikkje paa djervskap til aa koma fram med de paa tingi, um so kongen sjølv var der, og alle bøndane studde uppunder. Kongen var fælande harm for dette, og sistpaa vart de til de at dei stor-trætta. Einar sagde at bøndane vilde ikkje tola ulov av han, soframt han braut landsretten for deim; og soleis gjekk de nokre gongir med deim. Daa tok Einar til aa hava ein stor folkestyrke um seg heime, men endaa mykje større naar han fór til byen og kongen var der. De var ein gong at Einar fór inn til byen med mykje folk, 8 eller 9 langskip og innpaa 500 mann. Daa han kom til byen, gjekk han upp med dette mannskape. Kong Harald var i garden sin og stod ute paa loft-svali og saag mannskape hans Einar gjekk i land, og daa segjer dei at Harald kvad:

Upp ser eg ovsterke
Einar fraa skipi gange;
kring-um Tambeskjelvar
kjempur ser eg mange.
Konge-stolen stilar
sterke hovding paa;
mindre folk i jarle-fylgje
fekk eg tidom sjaa.
Kjem han ikkje til aa kyssa
kvasse økse-munn,
radt han fraa meg rike
røvar um liti stund.

Einar tøvra i byen nokre dagar.


44. Ein dag hadde dei eit møte, og der var kongen sjølv. Dei hadde teki ein tjuv i byen og førde han til møte. Mannen hadde fyrr vori hjaa Einar, og han hadde vori vel nøgd med denne mannen. Dei fortalde dette til Einar, og han tottest vita at kongen ikkje vilde lata mannen ganga fri, for di um Einar gjerne vilde. Daa lét Einar mannskape sitt væpna seg, og so gjekk han paa møte og tok mannen fraa møte med magt. So lagde venine deira seg imillom og freista paa aa forlika deim, og de vart til de, at dei sette stemnelag, og dei skulde møtast sjølve. Der var ei maal-stogu[54] i kongsgarden attmed Nid-elvi,[55] og kongen gjekk inn i stogo med nokre faa menn, men dei andre mennane hans stod ute i garden. Kongen lét draga fjøli attfor ljoren, so de berre var ein litin glytt. Daa kom Einar inn i garden med mannskape sitt og sagde til Eindride: «Ver ute med mannskape, du, so er de ingin faare for meg.» Eindride vart standande ute ved stogu-døri.

Daa Einar kom inn i stogu, sagde han: «Myrkt er i kongens maalstogu.» I same blinken sprang nokre menn paa han, og sume stakk, og sume hogg. Daa Eindride høyrde dette, drog han sverde og sprang inn i stogo, men dei fellte strakst baade honom og faren. Daa sprang kongsmennane til og stelte seg attfor stogudøri, men bøndane vart handfallne, daa dei ingin formann hadde. Dei mana paa kvarandre og sagde at de var skam, at dei ikkje skulde hemna hovdingen sin; men de vart ikkje til de, at dei gjekk paa. Kongen gjekk ut til mannskape sitt og stelte de i fylking og sette upp merke sitt, men bøndane gjekk ikkje paa. Daa gjekk kongen ut paa skipe sitt med heile mannskape sitt og rodde ut etter elvi, og so fór han sin veg ut etter fjorden. Bergljot, kona hans Einar, spurde at han var fallin, og daa var ho i de herbyrge som ho og Einar hadde havt fyrr ute i byen. Ho gjekk strakst upp i kongsgarden, der som bondeheren var, og eggja deim upp til strid, men i de same rodde kongen ut etter elvi. Daa sagde Bergljot: «No saknar me Haakon Ivarsson, frenden min; ikkje skulde banemennane hans Eindride ro her ut etter elvi, soframt Haakon stod her paa elvebakken.» Sidan lét Bergljot fli liki til Einar og Eindride, og dei vart gravsette i Olavskyrkja ved gravi til kong Magnus Olavsson.[56] Daa Einar var fallin, var dei so hatige paa kong Harald for dette, at de einaste som var i vegen, so ikkje lendmennane og bøndane fór imot han og heldt slag med han, var de, at de var ingin formann til aa reisa merke for bondeheren.


45. Finn Arneson budde den gongen paa Austraatt paa Yrjar og var lendmannen til kong Harald. Finn var gift med Bergljot, dotter hans Halvdan, som var son hans Sigurd Syr. Halvdan var bror til kong Olav den heilage og kong Harald; Tora, kona til kong Harald, var brordotter hans Finn Arneson, og kongen heldt mykje utav Finn og alle brørane hans. Finn Arneson hadde vori nokre sumrar i vesterviking, og daa hadde Finn og Gutorm Gunnhildson[57] og Haakon Ivarsson vori ihop paa herferd alle tri. Kong Harald fór ut etter Trondheimsfjorden og ut til Austraatt, og der vart han godt mot-tekin. Sidan talast kongen og Finn ved og rødde um de som nyst hadde hendt, at Einar og son hans var drepne, og um den murringi og de staake bøndane gjorde mot kongen. Finn svara radt: «Du fer skarveleg aat paa tvo maatar; fyrst gjer du allting ille, og sidan er du so rædd, at du veit ikkje kvart du skal snu deg.» Kongen log og svara: «No vil eg senda deg, maagen min, inn til byen; eg vil at du skal forlika bøndane med meg, og er de so, at dette er ugjerande, vil eg at du skal fara til Upplandi og faa laga de so med Haakon Ivarsson, at ikkje han vert motstandaren min.» Daa svara Finn: «Korleis vil du so løna meg, naar eg tek paa meg slik ei vaagsam ferd? For baade trøndine og upplendingane er so hatige paa deg, at de er ikkje farande dit for nokon av dine sendemenn, naar han ikkje er so godt lika sjølv, at han er trygg.» Daa svara kongen: «Far denne sendeferdi, du maagen min; for eg veit, at er de nokon som kan koma nokon veg med aa faa oss forlikte, so er de du, og sidan kan du beda um kva du vil.» Finn sagde: «Daa lyt du halda ordi dine, og eg skal segja mi bøn; eg vil hava fred og lov til aa bu i lande for Kalv, bror min, og all eigedomen hans, og at han skal hava de same heiders-namne og same herredøme som han hadde fyrr han fór fraa lande.» Kongen svara og samtykte alt de som Finn sagde, og dei tok vitne paa dette og handtokst. Daa sagde Finn: «Kva skal eg bjoda Haakon, so han samtykkjer i aa gjeva deg fred? Han er den som raar mest for desse frendane.» Kongen svara: «Fyrst skal du høyra kva Haakon krev for sin part for aa gjera forlik. Sidan lyt du hjelpa paa mi sak de beste du kan, og negt han paa slutten ikkje anna enn kongedøme berre.» Sidan fór kong Harald sør til Møre og drog folk aat seg og vart mannsterk.


46. Finn Arneson fór inn til byen og hadde med seg drengine sine, innpaa 80 mann. Daa han kom til byen, heldt han ting med bymennane. Finn tala langt og klokt paa tinge og bad bymennane og bøndane gjera alt anna heller enn aa leggja hat til kongen sin eller jaga han av; han minte deim paa kor mykje vondt de var komi yvi deim, sidan dei hadde gjort slikt med den heilage kong Olav; han sagde og, at kongen vilde gjeva slik bot for dette draape som dei beste og klokaste mennane dømde han til. Enden paa tala hans Finn var, at dei ikkje skulde gjera noko ved denne saki, fyrr dei sendemennane kom attende som Bergljot hadde sendt til Haakon Ivarsson paa Upplandi. Sidan fór Finn ut til Orkedalen med dei mennane som hadde fylgt han til byen, og sidan fór han upp til Dovrefjell og aust yvi fjelle. Derifraa fór Finn fyrst til Orm jarl, maagen sin, som var gift med Sigrid, dotter hans Finn, og fortalde honom ærendi si.


47. Sidan sette dei stemnelag med Haakon Ivarsson,[58] og daa dei møttest, sagde Finn ærendi si til Haakon, som kong Harald hadde gjevi han; men ein merka snart paa ordi hans Haakon, at han totte de var hans store skyldnad aa hemna Eindride, frenden sin; han sagde at han hadde fengi bod fraa Trondheim um at han vilde faa nok hjelp der til aa setja upp imot kongen. Daa lagde Finn ut for Haakon, kor mykje betre de var for honom aa taka av kongen so stor ære som han sjølv vilde krevja, heller enn aa gjera slikt vaagespel og setja upp mot den kongen som han var skyldig aa tena. Han sagde at han kom nok til aa tapa, og daa hadde han forspillt baade gods og fred, men vann han paa kongen, kom han til aa heita drottins-svikar. Jarlen studde og Finn i dette. Daa Haakon hadde tenkt paa dette med seg sjølv, kom han fram med de som budde i hugen hans, og sagde: «Eg vil forlika meg med kong Harald, soframt han vil lata meg faa Ragnhild, dotter til kong Magnus Olavsson, frenka si, til kone, med slik heimanfylgje som de sømer ho, og som ho sjølv likar.» Finn sagde at han vilde samtykkja dette paa kongens vegne, og dei avgjorde dette imillom seg. Sidan fór Finn nord til Trondheim, og daa lagde denne ufreden og uroi seg, so kongen fekk hava rike sitt i fred innanlands; for no var heile de sambande løyst upp, som frendane hans Eindride hadde gjort til aa gjera motstand mot kong Harald.


48. Daa tidi kom til den stemna daa Haakon skulde faa de som var tilsagt han i avtala, fór han til kong Harald, og daa dei tok til aa talast ved um dette, sagde kongen at han for sin part vilde halda alle dei forliks-vilkaari som var avtala millom Haakon og Finn. «Du lyt sjølv avgjera dette med Ragnhild, Haakon,» sagde kongen, «um ho vil samtykkja dette giftarmaale; de er ikkje raadlegt korkje for deg eller nokon annan aa faa Ragnhild, naar ho ikkje samtykkjer sjølv.» Daa gjekk Haakon til Ragnhild og fridde til ho, men ho svara soleis: «Eg merkar tidt de, at kong Magnus, far min, er daud og burte, um eg no skal gifta meg med ein bonde, endaa du er ein vakker mann og ein ovkar i itrottar; hadde kong Magnus livt, vilde han ikkje gift meg med mindre mann enn ein konge. No er de ikkje ventande, at eg vil gifta meg med ein mann som ikkje er fyrsteleg.»

Wilhelm Wetlesen: Haakon frir til Ragnhild.

Daa gjekk Haakon til kong Harald og fortalde samtala si med Ragnhild, og kom fram med avtala millom honom og Finn; Finn var sjølv til staes, og fleire andre, som hadde vori med, daa Haakon og Finn hadde talast ved. Haakon tok alle desse til vitnes paa at avtala var slik, at kongen skulde gjeva Ragnhild slik heimanfylgje at ho var fornøgd. «No vil ho ikkje hava nokon mann som ikkje er fyrsteleg,» sagde han, «so kan De gjeva meg jarlsnamn; eg hev ætt til aa heita jarl, og eg hev andre ting med, etter de som folk segjer.» Daa svara kongen: «Kong Olav, bror min, og kong Magnus, son hans, daa dei raadde for rike, lét dei berre vera ein jarl um gongen i lande, og soleis hev eg og gjort, sidan eg vart konge, og eg vil ikkje taka de jarlsnamn fraa Orm jarl som eg fyrr hev gjevi han.» Daa saag Haakon at hans sak stod slik, at han ingin veg kom, og dette lika han ille. Finn vart og fælande harm, og dei sagde at kongen heldt ikkje orde sitt, og dermed skildest dei. Haakon fór daa strakst fraa lande og hadde eit langskip og godt mannskap. Han kom sør til Danmark og fór strakst til kong Svein, maagen[59] sin, som tok imot han med ære og gav han store veitslur der. Kong Svein sette Haakon til aa verja lande der mot vikingar, vindar og kurar og andre folk austantil, som herja mykje paa Danmark, og han laag ute paa herskip baade vetter og sumar.


49. De var ein mann som heitte Aasmund, som dei segjer var systerson[60] til kong Svein og fosterson hans. Aasmund var reint ein ovkar, og kongen heldt mykje av han. Men daa Aasmund fekk aari paa seg, vart han snart ein stor villstyring, og vart ein draapsmann. Dette lika kongen ille, og sende han ifraa seg og gav han eit godt len, so han kunde halda seg og fylgje sitt godt. Men strakst Aasmund tok ved kongens gods, drog han mykje folk til seg, og daa de godse han hadde fengi av kongen ikkje strakk til til utgiftine hans, so tok han mykje meir gods som høyrde kongen til. Daa kongen spurde dette, stemnde han Aasmund til seg, og daa dei raakast, sagde kongen at Aasmund skulde vera i hirdi hans, og ikkje halda noko fylgje um seg, og de vart slik som kongen vilde. Men daa Aasmund hadde vori ei liti stund hjaa kongen, lika han seg ikkje der og smette seg av um natti og kom attende til fylgje sitt og gjorde endaa meir vondt enn fyrr. Men daa kongen reid yvi lande og kom nær ved der som Aasmund var, sende han folk som skulde taka Aasmund med magt. Sidan lét kongen setja han i jarn og heldt han soleis ei stund og tenkte at han skulde spekkjast. Men daa Aasmund slapp ut or jarne, rømde han radt og fekk i folk og herskip og tok til aa herja baade utanlands og innanlands; han gjorde eit fælt herverk og drap mykje folk og røva vidt og breidt. Dei som var ute for denne ufreden kom til kongen og klaga si naud for honom. Men han svara: «Kvifor kjem De til meg med dette? Kvifor fer De ikkje til Haakon Ivarsson? han er landvernsmannen min, og er sett til aa freda for bøndane og refsa vikingane. De vart fortalt meg, at Haakon var ein djerv og modig mann, men no synest de meg som han ikkje vil lata seg til, naar han tykkjer de er faare med de.» Desse ordi til kongen kom attfor Haakon med mange tillegg. Sidan fór Haakon med mannskape sitt og leita etter Aasmund, og dei møttest paa sjøen; Haakon lagde strakst til slag, og de vart eit hardt og stort slag. Haakon gjekk upp paa skipe hans Aasmund og rudde skipe, og sistpaa kom Haakon og Aasmund til aa skifta hogg med kvarandre; der fall Aasmund, og Haakon hogg hovude av han. Sidan skunda Haakon seg til kong Svein, og kom nett som han sat til bords. Haakon gjekk fram for borde og lagde hovude hans Aasmund paa borde for kongen og spurde um han kjende de. Kongen svara ikkje, men vart blodende raud i andlite, og dermed gjekk Haakon. Strakst etter sende kongen bod til han og bad han fara burt fraa hans teneste. «Seg han de,» sagde han, «at eg vil ikkje gjera han noko mein, men eg kan ikkje svara for alle frendane vaare.»


50. Sidan fór Haakon burt fraa Danmark og nord til Norig til eigedomane sine. Daa hadde Orm jarl, frenden hans, andast av. Dei vart glade, daa Haakon kom, baade frendane og venine hans, og de var mange gjæve menn som freista paa aa gjera forlik millom honom og kong Harald, og sistpaa vart dei forlikte soleis, at Haakon fekk kongsdotteri Ragnhild, og kong Harald gav Haakon jarlsnamn og likso stor magt som Orm jarl hadde havt. Haakon svor kong Harald truskap i all den tenesta som han var skyldig til.


51. Kalv Arneson hadde vori i vesterviking, sidan han fór fraa Norig, men um vetteren var han jamleg paa Orknøyane hjaa Torfinn jarl, maagen sin. Finn Arneson, bror hans, sende bod til Kalv og lét han faa vita den avtala som han og kong Harald hadde gjort, at Kalv skulde faa lov til aa vera i Norig, og faa att eigedomane sine og dei same veitslune som han hadde havt av kong Magnus. Daa denne ordsendingi kom til Kalv, laga han seg strakst til og fór aust til Norig og fór fyrst til Finn, bror sin, og sidan fekk Finn liv og fred for Kalv, og kongen og Kalv møttest sjølve og gjorde forlik, etter den avtala som kongen og Finn hadde gjort imillom seg fyrr. Kalv tok ved, at han skulde tena kongen paa same vilkaari som han fyrr hadde bundi seg til med kong Magnus, soleis at Kalv skulde vera skyldig til aa gjera alt de som kong Harald vilde, og som han totte kunde vera til bate for kongedøme hans. Daa fekk Kalv att alle eigedomane sine og dei veitslune som han hadde havt fyrr.


52. Sumaren etter hadde kong Harald leiding ute og fór sør til Danmark og herja der um sumaren. Daa han kom sør til Fyn, raaka dei paa ein stor styrke som hadde samla seg. Daa lét kongen mannskape sitt ganga upp fraa skipi, og laga seg til aa ganga upp i lande. Han skipa mannskape sitt og sette Kalv Arneson til aa føra ein flokk og bad deim ganga fyrst i land, og sagde kvart dei skulde taka vegen, og han lova at han skulde ganga upp etter deim og koma deim til hjelp. Kalv gjekk upp med mannskape sitt, og de kom strakst folk imot deim. Kalv tok radt til aa slaast; men slage vart ikkje langt, daa Kalv snart vart yvi-stigen og flydde med mannskape sitt, men danine fylgde etter, og mange fall av nordmennane, og der fall Kalv Arneson og. Daa gjekk kong Harald upp paa land med fylkingi si, og dei hadde ikkje gjengi langt, fyrr dei saag kor dei fallne laag, og dei fann snart like hans Kalv. Dei bar like ned til skipi, men kongen gjekk upp i lande og herja og drap mykje folk. Dette nemner Arnor.


53. Etter dette vart Finn Arneson fiende til kongen, for di Kalv, bror hans, var fallin, og han stod paa de, at kongen var skuld i falle hans, og at han berre hadde narra Finn, daa han fekk han til aa lokka Kalv, bror sin, til aa koma aust yvi have og gjeva seg i kong Haralds vald og lita paa hans ord. Daa dette kom i høgmæle, var de mange som sagde at dei totte Finn var fælt godtruin, som hadde trutt paa de, at kong Harald vilde vera ein tru ven til Kalv; dei totte at de var ikkje fritt for at kongen var hemnefus for mindre sakir enn de som Kalv hadde gjort mot kong Harald.

Kongen lét kvar røda som han vilde um dette, og han sagde korkje ja eller nei til de; men ein merka godt at kongen totte de var velgjort. Kong Harald kvad ei vise um at han hadde stelt de so, at 13 menn i alt hadde mist live, men at dei hadde eggja han upp og vori sviksame mot han. Finn Arneson tok dette so tungt, at han fór burt fraa lande og kom sør til Danmark. Han kom til kong Svein og vart godt mot-tekin, og dei tala lengi paa tvomannshand, og enden vart, at Finn tok teneste hjaa kong Svein og vart mannen hans. Kong Svein gav Finn jarledøme og styringi yvi Halland, og der var han og varde lande mot nordmennane.


54. Kjetil Kalv og Gunnhild paa Ringnes hadde ein son som heitte Gutorm, som var systerson til kong Olav og kong Harald. Gutorm var ein dugeleg mann og vart tidleg fullvaksin kar. Gutorm var tidt med kong Harald, som heldt mykje av han og samraadde seg med han; for Gutorm var ein klok mann og ovende vensæl. Gutorm var tidt paa herferd og herja mykje i vesterlandi og hadde mykje folk. Han hadde fredland og vettersæte i Dublin i Irland, og var gode venir med kong Margad[61].


55. Sumaren etter fór kong Margad og Gutorm i lag og herja paa Bretland[62] og fekk uhorveleg mykje herfang. Sidan lagde dei inn i Ongulsøy-sunde[63] og skulde skifta herfange sitt. Men daa dei nar fram all den mengdi med sylv, og kongen saag dette, vilde han hava all denne rikdomen aaleine og gav venskapen sin med Gutorm ein god dag. Gutorm lika ille at han og mennane hans skulde missa sin lut; men kongen sagde at han skulde velja eitt av tvo; «anten skal du finna deg i de som me vil, eller so skal du halda slag med oss, og daa fær den som vinn hava herfange. Dessutan skal du ganga fraa skipi dine; deim vil eg hava.» Gutorm syntest at dette var hardt alt ihop, og han totte at han ikkje med ære kunde gjeva upp baade skipi sine og herfange, naar han inkje vondt hadde gjort, og fælande faarlegt var de og aa slaast med kongen og den store heren som fylgde han, og de var so stor folkemun, at kongen hadde 16 langskip og Gutorm 5. Daa bad Gutorm kongen um tri dagar til aa samraada seg med mennane sine um dette, og han tenkte at han skulde mykja kongen paa den tidi, og faa mennane sine til aa tala for kongen, so hans sak kunde koma til aa standa betre hjaa kongen; men han fekk ikkje de av kongen som han bad um. Dette var olsok-eftan[64]. Daa valde Gutorm heller aa døy med manndom eller vinna, heller enn aa tola skam og svivyrding og haadings-ord, naar han miste so mykje. Daa kalla han paa Gud og den heilage kong Olav, frenden sin, og bad um stydning og hjelp, og lova at han skulde gjeva tiend til den heilage mannens hus av alt de herfange som dei fekk, um dei vann. Sidan skipa han mannskape sitt og fylkte de mot den store heren og tok til og slost med deim. Men med Guds og den heilage kong Olavs hjelp vann Gutorm. Der fall kong Margad og kvar einaste mann, ung og gamal, som honom fylgde. Og etter denne drustelege sigeren vende Gutorm glad heimatt med alt de herfange som dei hadde fengi i slage. Daa tok dei tiande kvar pening av de sylve som dei hadde fengi, soleis som dei hadde lova den heilage kong Olav, og dette var mange pengar, so Gutorm av dette sylve lét gjera eit krusifiks paa storleiken som han sjølv eller ein av stamnbuane hans, og dette bilæte var 7 alnir[65] høgt. Dette krusifikse, som var soleis skapt, gav Gutorm til kyrkja aat den heilage kong Olav, og der[66] hev han vori sidan, til minne um sigeren hans Gutorm og jartegnine til den heilage kong Olav.


56. De var ein vond og ovundsjuk greive i Danmark, som hadde ei norsk tenestgjente, som var ætta fraa Trondheim. Ho dyrka den heilage kong Olav, og trudde fast paa heilagdomen hans. Men denne greiven, som eg nyst nemnde, tvila paa alt de som dei fortalde han um jartegnine til denne heilage mannen, og sagde at de var ikkje anna enn berre fjas og drøsur, og dreiv gjøn og moro med den pris og ære som heile landsfolke viste denne gode kongen. Daa no den helgedagen kom som den milde kongen lét live sitt paa, og som alle nordmennane heldt heilag, so vilde denne uvituge greiven ikkje halda han heilag, og sagde til tenestgjenta si at ho skulde baka brød og elda i omnen den dagen. Ho visste at denne greiven var so illsinna, at han vilde hemna seg gruveleg paa ho, naar ho ikkje gjorde som han bad. Ho vilde naudleg til, og elda upp i omnen og jamra saart medan ho arbeidde, og truga kong Olav og sagde at ho aldri vilde tru paa han, um han ikkje hemnde dette skarvestykke med eitkvart teikn. Men no skal De faa høyra ei høveleg refsing og sannferdlege jartegnir: Just i same blinken og paa same stundi vart denne greiven blind paa baae augo, og de brøde vart upp i stein, som ho hadde sett i omnen. Nokre av desse steinane er komne til kyrkja aat den heilage kong Olav og mange andre stadir, og fraa den tid hev dei alltid haldi Olavs-messa heilag i Danmark.


57. Vest i Valland[67] var de ein vanfør mann, som var krypling og gjekk paa kne-i og knuane. Ein dag var han ute paa vegen og hadde sovna. Daa drøymde han at de kom ein gjæv mann til han og spurde kvart han etla seg. Han nemnde ein by, men denne gjæve mannen sagde til han: «Far til Olavskyrkja, du, den som stend i London, daa skal du verta frisk.» Daa vakna han og gjekk og vilde finna Olavskyrkja, og sistpaa kom han til Londonbrui, og spurde borgmennane der, um dei kunde segja han kor Olavskyrkja var.

Men dei svara og sagde at de var so mange kyrkjur der, at de var ikkje greidt aa vita kven som kvar av deim var vigd til. Strakst etter kom de ein mann til han og spurde kvart han etla seg, og dette sagde han. Daa sagde hin: «Me skal fylgjast aat til Olavskyrkja; eg kjenner vegen dit.» Sidan gjekk dei yvi brui og burt igjenom den gata som gjekk til Olavskyrkja. Daa dei kom til kyrkjegards-porten, gjekk hin mannen yvi portsvillen, men kryplingen velte seg inn yvi svillen og reiste seg strakst frisk. Men daa han saag seg um, var fylgjesveinen hans burte.


58. Kong Harald lét byggja ein kaupstad aust i Oslo[68], og sat der tidt; for de var godt for tilførsl der, og de var rike bygdir umkring. Der var de laglegt aa sitja, naar han skulde verja lande mot danine, eller naar han vilde gjera herferd til Danmark, som han tidt bruka, endaa han ikkje hadde stor heren ute. De hende ein sumar, at kong Harald fór med nokre lette skip og lite mannskap. Han styrde sør i Viki, og daa han fekk god vind, siglde han ned under Jylland og tok til aa herja, men landsfolke samla seg ihop og varde lande sitt. Daa styrde kong Harald til Limfjorden og lagde inn der. Limfjorden er soleis laga, at innlaupe er som eit smalt elvegap, men naar ein kjem lenger inn i fjorden, er de som eit stort hav. Kong Harald herja paa baae sidur der, men alle stadir samla danine seg imot han. Daa lagde kong Harald seg med skipi sine ved ei liti og ubygd øy; men daa dei leita etter vatn, kunde dei ikkje finna og sagde de til kongen. Han bad deim leita, um de skulde finnast ein lyngorm paa øyi, og daa dei fann ein, kom dei med han til kongen. Han lét deim leggja ormen ved varmen, og baka han og masa han ut, so han skulde verta retteleg tyrst. Sidan batt dei ein traad umkring sporden og slepte ormen, og daa rende han strakst stad, og traaden rektest av nysta, og dei gjekk etter ormen, til han fór ned i jordi. Der bad kongen deim grava etter vatn, og dei so gjorde, og der fann dei vatn so de ikkje skorta. Kong Harald høyrde tidend av spæjarane sine um at kong Svein var komin med ein stor flote til fjordgape, men de gjekk seint for han med aa koma inn, daa de berre kunde sigla eitt skip um gongen. Kong Harald heldt med skipi sine lenger inn i fjorden, der han er breidast og som dei kallar Lusbreid[69]. Der er de eit smalt eid lengst inne i viki mot Vesterhave, og dit rodde kong Harald um kvelden. Men um natti, daa de var vorti myrkt, lossa dei skipi og drog deim yvi eide[70], og alt dette gjorde dei fraa seg og seglbudde seg att fyri dag og heldt nordetter langs med Jylland. Daa kvad dei:

Harald dansken radt
utor handi smatt.

Daa sagde kongen, at næste gongen han kom til Danmark skulde han hava meir folk og større skip, og dermed fór kongen nord til Trondheim.


59. Kong Harald sat um vetteren i Nidaros og lét reisa eit skip um vetteren paa øyri, og de var eit busseskip[71]. Dette skipe var paa skapnad og storleike bygt liksom Ormen lange, og mykje for-seg-gjort. De var eit drakehovud framme, og atter var de ein spord, og de var gyllt paa nakkane[72] alle stadir. De var paa 35 rom, og endaa stort etter maaten, og eit utifraa vakkert skip. Kongen lét gjera all reidskapen um bord av beste slage, baade segl og togverk og anker og ankertog. Kong Harald sende bod um vetteren sør til Danmark til kong Svein, at han skulde koma nord til Elvi vaaren etter og møta han der og slaast, so skulde dei skifta landi soleis at ein av deim fekk baae kongeriki.


60. Um vetteren baud kong Harald ut full leiding fraa [1062] Norig, og ut paa vaarsida samla de seg ein stor her. Daa lét kong Harald skuva de store skipe paa vatne i Nid-elvi og setja drakehovude paa. Tjodolv skald kvad ei vise um dette. Sidan budde kong Harald dette skipe og gjorde seg reidug, og daa han var seglbudd, lagde han ut or elvi med skipe; der var de framifraa for-seg-gjord roing. Tjodolv segjer i ei vise at kongen tok tjeldi ned ein laurdag, og at fagre møyar stod og saag paa, daa han lagde ut or Nid-elvi med den nye Ormen, og kvinna saag med undring, naar dei rodde draken med 70 aarar; de saag ut som han hadde ørne-vengjur. Kong Harald siglde søretter langs med lande med heren og hadde full leiding ute baade av mannskap og skip. Men daa dei vilde sigla austetter i Viki, fekk dei sterk motvind, og laag rundt umkring i hamnine, baade ved utøyane og inne i fjordane. Dette fortèl Tjodolv. I desse sterke stormane som kom paa deim turvte de store skipe gode anker-greidur. Dette fortèl Tjodolv. Daa kong Harald fekk bør, styrde han med heren aust til Elvi, og kom der i kveldingi. Tjodolv nemner dette, og segjer at kongane hadde sett stemnelag med kvarandre paa Tumla[73].


61. Daa danine spurde at den norske heren var komin, flydde alle dei som kunde koma til. Nordmennane spurde at danakongen og hadde ein her ute, og at han laag sør ved Fyn og Smaalandi[74]. Men daa kong Harald spurde at kong Svein ikkje vilde halda stemnelag eller slag med han, som avsagt var, so raadde han seg til de same no som fyrr, og lét bondeheren fara heimatt, men manna 150 skip, og med denne heren siglde han sør langs med Halland og herja vidt og breidt og lagde med heren inn i Lovefjorden[75] og herja der uppe i lande. Strakst etter kom kong Svein imot deim med danaheren, og hadde 300 skip. Daa nordmennane saag denne heren, lét kong Harald blaasa ihop heren, og de var mange som sagde at dei skulde fly, og at de var uraad aa slaast. Men kongen svara soleis: «Fyrr skal me falla alle ihop, den eine paa den andre, fyrr me skal fly.» Stein Herdisson nemner dette. Sidan lét kong Harald skipa heren sin til strid og lagde fram den store draken sin midt i floten. Dette fortèl Tjodolv. Dette skipe hadde eit ovende godt og stort mannskap, og Tjodolv segjer i ei vise at der var skjold ved skjold rundt heile draken. Ulv stallar lagde sitt skip paa den eine sida av kongsskipe og sagde til mennane sine at dei skulde leggja skipe vel fram. Stein Herdisson var paa skipe hans Ulv og kvad ei vise um dette. Haakon Ivarsson laag ytst i den eine fylking-armen, og mange skip fylgde han, og dei var framifraa velbudde. Ytst i den andre armen laag hovdingane fraa Trondheim, og de var og ein stor og vakker her.


62. Kong Svein skipa og heren sin, og lagde sitt skip imot skipe til kong Harald midt i floten, og næmast honom lagde Finn jarl skipe sitt fram, og næmast deim sette danine alt de mannskape som var modigast og best væpna. Sidan tok dei paa baae sidur og batt ihop skipi sine midt i floten; men for di heren var so stor, var de ein heil brote av skipi som var lause, og daa lagde kvar sitt skip fram som han hadde hjartelag til, og de var fælt misjamt. Men endaa folkemunen var ovende stor, so hadde dei ein veldig her paa baae sidur. Kong Svein hadde i heren med seg 7 jarlar. Stein Herdisson segjer i ei vise at Harald hadde halvt-anna hundrad, men Svein tri hundrad skip.


63. Kong Harald lét blaasa til slag, strakst han hadde butt skipi sine, og bad mennane sine ro fram til strid. Stein Herdisson nemner dette. Daa tok slage til og vart styggeleg kvast, og baae kongane eggja upp mannskape sitt. Dette fortèl Stein Herdisson. De var seint paa dag at de bar ihop med slage, og de heldt paa heile natti. Kong Harald skaut ei lang stund med boge. Dette nemner Tjodolv. Haakon jarl og den styrken som fylgde honom batt ikkje ihop skipi sine, men rodde imot dei danske skipi som laag lause, og rudde kvart einaste skip som han krøkte i. Men daa danine merka de, so lagde dei or vegen med sine skip alle ihop, der som jarlen kom, og han fylgde etter danine, alt som dei hamla undan, og dei heldt paa og skulde fly. Daa rodde de ei skute til jarlsskipe, og dei ropte paa Haakon jarl og sagde at den eine fylking-armen til kong Harald gav seg, og at mange av mennane deira var fallne der. Daa rodde jarlen dit og gjekk kvast paa, so danine lét siga undan. Soleis fór jarlen all natti og lagde fram der som de mest trengdest, og kor han kom, kunde dei ikkje halda seg mot han, og stødt rodde han utankring slage. Mot enden av natti tok storhopen av danine til aa fly; for daa var kong Harald med sitt fylgje gjengin upp paa skipe til kong Svein, og han rudde skipe so reint, at dei fall alle mann, so nær som dei som sprang yvi bord. Dette fortél Arnor Jarlaskald. Daa merke til kong Svein var nedhoggi og skipe hans audt for folk, flydde alle mennane hans, og nokre fall. Men paa dei skipi som var bundne ihop kasta mannskape seg yvi bord, og nokre kom yvi paa andre skip, som var lause, og daa rodde dei burt, alle mennane hans Svein, dei som kunde koma til. De var eit stort mannfall. Der som kongane sjølve hadde slegist og dei fleste skipi var ihopbundne, der var de meir enn 70 av skipi til kong Svein som laag att og var aude for mannskap. Dette fortèl Tjodolv. Kong Harald rodde etter danine og forfylgde deim; men de var ikkje greidt, for de laag so tjukt med skip i vegen, at ein snaudt kunde koma fram. Finn jarl, som ikkje vilde fly og var dimsynt, vart fanga. Dette fortél Tjodolv.


64. Haakon jarl laag etter med skipe sitt, medan kongen og den andre heren forfylgde, daa jarlsskipe ikkje kunde koma fram for dei skipi som laag i vegen. Daa kom de ein mann i ein baat roande til jarlsskipe og lagde aat ved lyftingi. De var ein stor mann med ein vid hatt. Han ropte upp og sagde: «Kor er jarlen?» Jarlen var i fyrirome og stillte blode paa ein mann. Jarlen saag burt paa mannen med hatten og spurde kva han heitte. «Eg heiter Vandraad[76],» sagde han; «lat meg tala med deg, jarl.» Jarlen lutte seg ut yvi skipsborde til han. Daa sagde mannen i baaten: «Eg vil taka mot live av deg, um du vil gjeva meg de.» Jarlen reis upp og ropte paa tvo av mennane sine som han lika, og sagde: «Stig i baaten og ro Vandraad i land og fylg han til Karl bonde, venen min, og seg han de, til eit merke paa at de er eg som sender dykk, at han skal lata Vandraad faa den hesten som eg gav Karl fyrredagen, og salen sin, og son sin til aa fylgja han.» Hine gjekk i baaten og tok til aarane, og Vandraad styrde. Dette var i graalysingi, just som skipi var mest paa ferd, daa sume rodde til lands og sume ut til havs, baade med smaaskip og med store. Vandraad styrde der som han totte de var romast millom skipi, men naar eit av dei norske skipi kom roande burt til deim, sagde jarls-mennane kven dei var, og alle lét deim fara kor dei vilde. Vandraad styrde fram med strandi og lagde ikkje i land fyrr dei kom framum meste stimen av skipi. Sidan gjekk dei upp til garden hans Karl, og daa tok de til aa lysa. Dei gjekk inn i stogo, og der var Karl, som nettupp hadde klædt paa seg. Mennane til jarlen sagde han ærendi si. Karl sagde at fyrst skulde dei faa seg mat, og lét setja eit bord til deim og gav deim tvaattevatn. Daa kom kona inn i stogo og sagde strakst: «De er daa reint forunderlegt, at me aldri kan faa svevn eller ro i natt for skrik og staak.» «Veit du ikkje at kongane hev slegist i natt?» svara Karl. «Kven vann?» spurde ho. «Nordmennane hev vunni,» svara Karl. «So hev vel kongen vaar flytt denne gongen og,» sagde ho. «Folk veit ikkje,» svara Karl, «um han hev flytt, eller um han er fallin.» Daa svara ho: «De er skrøpelegt for ein konge me hev; han er baade halt og ræda.» Daa sagde Vandraad: «Kongen er ikkje rædd, men sigersæl er han ikkje.» Vandraad tvo seg sist, men daa han tok handklæde, turka han seg paa storkars vis midt paa handklæde. Kona tok handklæde og kipte fraa han og sagde: «Du hev lite folkeskikk; de er husmanns-vis aa væta ut heile handklæde paa ein gong.» Vandraad svara: «De kan vel endaa laga seg so for meg, at eg kan turka meg midt paa handklæde.» Daa sette Karl eit bord til deim, og Vandraad sette seg i midten. Dei aat ei stund, og so gjekk dei ut, og daa var hesten sala, og son hans Karl var reidug til aa fylgja han med ein annan hest. Desse tvo reid burt til skogs, men mennane til jarlen gjekk til baaten sin og rodde ut til jarlsskipe.


Wilhelm Wetlesen: Jarlen talar med Vandraad.


65. Kong Harald og heren hans forfylgde ikkje langt, men rodde attende til dei skipi som laag folketome. Dei saag etter der som dei fallne laag, og paa kongsskipe fann dei ei mengd med daude menn, men dei fann ikkje like til kong Svein, endaa dei tottest vita at han var fallin. Daa lét kong Harald fli liki til mennane sine, og binda um saari til deim som turvte de. Sidan lét han bera liki til mennane hans Svein i land og sende bod til bøndane, at dei skulde jorda liki. Sidan lét han skifta herfange, og tøvra der ei stund. Daa høyrde han tidend um at kong Svein var komin til Sjælland, og at heile den heren var komin til han, som hadde flytt i slage, og mykje anna folk med, og at han hadde fengi ein uhorveleg stor her.


66. Jarlen Finn Arneson vart fanga i slage, som fyrr er fortalt, og daa dei leidde han til kong Harald, var kongen i godlage sitt og sagde: «No raakast me her, Finn; men sist var de i Norig. Den danske hirdi hev ikkje stadi vidare traust for deg, og de er eit slit og slæp for nordmennane aa draga deg, blinde mannen, med seg, og berga live ditt.» Daa svara jarlen: «Mykje slit og slæp hev nordmennane no, men de verste er alt de som du set deim til aa gjera.» Daa sagde kong Harald: «Vil du no hava liv og fred, endaa du ikkje hev fortent de?» «Ikkje av deg, din hund!» svara jarlen. «Vil du daa at Magnus, frenden din, skal gjeva deg liv og fred?» sagde kongen. Magnus, son til kong Harald, styrde eit av skipi. Daa sagde jarlen: «Kva vil den hundsungen raada for liv og fred?» Daa log kongen og hadde moro av aa erta han og sagde: «Vil du taka mot liv og fred av Tora, frenka di?» «Er ho her?» sagde jarlen. «Ja, her er ho,» sagde kongen. Daa sagde Finn jarl dei stygge ordi, som folk minnest endaa til eit merke paa kor harm han var, daa han ikkje kunde styra ordi sine: «De er ikkje underlegt, at du hev biti godt ifraa deg, naar merri hev fylgt deg.»[77] Finn jarl fekk liv og fred, og kong Harald hadde han med seg ei stund; men Finn var heller sturin og strid i ordi. Daa sagde kong Harald: «Eg ser de, Finn, at du ikkje vil tyda deg til meg og frendane dine; no vil eg gjeva deg lov til aa fara til Svein, kongen din.» Daa svara jarlen: «De tek eg mot, og di fyrr eg kjem burt herfraa, di meir skal eg takka deg.» Sidan lét kongen setja Finn jarl i land, og Hallands-farane tok godt imot han. Dermed siglde kong Harald med floten sin nord til Norig, og fór fyrst til Oslo, og der gav han heimlov til alt de mannskape som fara vilde.


67. Dei fortèl at kong Svein sat i Danmark denne vetteren og hadde rike sitt daa som fyrr. Um vetteren sende han menn nord til Halland etter Karl bonde og kona hans. Daa dei kom til kongen, kalla han Karl til seg, og kongen spurde Karl, um han kjende han eller han totte at han hadde set han fyrr. Karl svara: «Eg kjenner deg no, konge, og eg kjende deg fyrr, strakst eg saag deg, og me lyt takka Gud, at den litle hjelpi som eg gav deg kom deg til nytte.» Kongen svara: «Alle mine livedagar er eg skyldig til aa løna deg for dette. No skal eg for de fyrste gjeva deg den garden paa Sjælland som du vil hava, og so skal eg gjera deg til ein stor mann, um du kan skikka deg godt i de.» Karl takka fint for ordi hans, og sagde at de var endaa ein ting som han vilde beda um. Kongen spurde kva de var. Karl sagde: «Eg vil beda deg um de, konge, at du læt meg hava kona mi med meg.» Daa svara kongen: «De vil eg ikkje gjeva deg lov til; for eg skal gjeva deg ei mykje betre og vitugare kone; men kona di kan faa hava den hytta som De hev havt fyrr, og liva utav den.» Kongen gav Karl ein stor gild gard og fekk eit godt giftarmaal aat han, og daa vart han mykje til mann. Dette vart namngjeti og spurdest vidt og breidt, og soleis kom de til Norig.


68. Kong Harald sat i Oslo um vetteren etter Nisaa-slage. Um hausten, daa floten kom sunnantil, var de mykje snakk og forteljing um de slage som hadde vori um hausten utanfor Nisaa, og kvar som hadde vori med totte han hadde noko aa fortelja. De var ein gong at de sat nokre menn under i ei stogu og drakk, og var fælt pratsame. Dei rødde um Nisaa-slage og um kven som hadde vunni største æra der. Alle var samstelte um de, at ingin mann hadde vori slik som Haakon jarl; han var den vaapndjervaste, og han var den klokaste, og han hadde meste lukka, og de muna mest alt de som han gjorde, og han vann sigeren. Kong Harald var ute i garden og tala ved nokre menn. Daa gjekk han burt i stogudøri og sagde: «Kvar og ein her vilde nok gjerne heita Haakon,» og dermed gjekk han sin veg.


Wilhelm Wetlesen: De var ein gong at nokre menn sat i ei stogu og drakk.


69. Haakon jarl fór um hausten til Upplandi og var der um vetteren i rike sitt, og upplendingane heldt mykje av han. Daa de leid ut paa vaaren, var de ein gong at nokre menn [1063] sat og drakk, og daa rødde dei um Nisaa-slage att, og nokre roste mykje Haakon jarl, men nokre heldt likso mykje paa andre. Daa dei hadde svalla um dette ei stund, var de einkvar som svara: «De kan henda, at de er fleire som hev slegist djerveleg utanfor Nisaa enn Haakon jarl, men de hev nok ikkje vori nokon der, tenkjer eg, som hev havt lukka slik med seg som han.» Dei sagde at den største lukka hans hadde vel vori de, at han hadde jaga paa flugt so mange av danine. Daa svara den same mannen: «De var større lukke, at han gav kong Svein live.» Daa svara einkvar: «Du veit nok ikkje so visst de du segjer der.» «De veit eg visst,» svara hin, «for den sagde meg de sjølv som sette kongen i land.» Men daa gjekk de som dei segjer for eit gamalt ord, at mange er kongens øyro. Dette vart fortalt til kongen, og i same blinken lét kongen taka mange hestar, og reid strakst um natti med 200 mann, og reid heile natti og dagen etter. Daa kom de nokre menn ridande imot deim, som skulde til byen med mjøl og malt. De var ein mann i fylgje med kongen som heitte Gamal; han reid burt til ein bonde, som var kjenningen hans, og dei tala paa tvomanns-hand. Gamal sagde: «Eg skal betala deg for aa rida, de snøggaste du kan, dei stuttaste løynvegine som du kjenner, til Haakon jarl, og seg han at kongen vil drepa han, for di kongen veit no at jarlen smette kong Svein i land ved Nisaa.» Dei vart forlikte um handelen. Bonden reid sin veg og kom til jarlen, og han sat og drakk og var ikkje gjengin til kvile. Men daa bonden hadde sagt ærendi si, stod jarlen strakst upp med alle mennane sine, og flutte all lausøyren sin fraa garden til skogs, og alle mennane fór burt fraa garden um natti. Daa kongen kom, tøvra han der um natti, men Haakon jarl reid sin veg og kom aust til Sviavelde til kong Steinkjel og var hjaa honom um sumaren. Kong Harald snudde ut att til byen, og um sumaren fór han nord til Trondheim og var der, men um hausten fór han aust til Viki att.


70. Haakon jarl fór strakst um sumaren attende til Upplandi, fyrst han spurde at kongen var farin nordpaa, og drygde der til kongen kom nordantil. Sidan fór jarlen aust til Vermeland og tøvra lengi der um vetteren, og kong Steinkjel gav jarlen styringi der. Daa de leid ut paa vetteren, fór han vest til Raumarike med stort mannskap, som gautane og vermine hadde gjevi han, og tok all den landskyld og skatt av upplendingane som han hadde krav paa. Sidan fór han aust til Gautland og tøvra der um vaaren. Kong Harald sat i Oslo [1064] um vetteren og sende menn til Upplandi, som skulde krevja skatt og landskyld og dei bøtar som tilkom kongen. Men upplendingane sagde de, at all skyldi som dei skulde reida ut vilde dei reida og gjeva til Haakon jarl, medan han var i live og ikkje hadde forbroti liv eller rike; og kongen fekk ingi landskyld derfraa den vetteren.


71. Denne vetteren fór de bod og sendemenn millom Norig og Danmark, og baade nordmenn og danir vart samstelte um at dei vilde gjera fred og forlik imillom seg, og dei bad kongane um dette. De saag ut til at de skulde laga seg til fred av desse ordsendingane, og sistpaa vart de tilstemnt eit forliks-møte i Elvi millom kong Harald og kong Svein. [1064] Mot vaaren samla baae kongane ein stor her og mange skip til denne ferdi. Ein skald fortèl i ein flokk um denne ferdi deira, at kongane heldt de stemnemøte som var sett imillom deim. Baae tvo kom til land-skile, og daa kongane møttest, tok folk til aa røda um forlik millom kongane. Men strakst dette kom aa vange[78], var de mange som kjærde seg for all den skaden og røvingi og de mannfalle dei hadde lidi ved herjingi, og de var ei lang stund de saag vonlaust ut med forlike. Alt dette stend i visa. Daa lagde dei beste og vitugaste mennane seg imillom, og de kom forlik i stand millom kongane, paa dei vilkaari at Harald skulde hava Norig og Svein Danmark, til de landmerke som fraa gomol tid hadde vori millom Norig og Danmark. Ingin av deim skulde bøta til hin, og alt vera som de var fyri ufreden, og den hava vinningi som vunni hadde. Denne freden skulde standa so lengi dei var kongar, og dei gjorde eiden sin paa forlike. Sidan gav kongane kvarandre gislar, so som skalden fortèl. Kong Harald siglde nord til Norig med heren sin, og kong Svein fór sør til Danmark.


72. Kong Harald var i Viki um sumaren, men sende menn til Upplandi etter skatt og skyld som han hadde krav paa der. Men bøndane gjorde ingi greide paa dette, og sagde at dei vilde ikkje gjera noko ved de, fyrr Haakon jarl kom til deim. Daa var Haakon jarl uppe i Gautland og hadde mykje folk. Daa de leid ut paa sumaren, heldt kong Harald sør til Konghelle. Sidan tok han alle dei lette skipi han kunde faa, og styrde upp etter Elvi. Han lét draga skipi yvi land ved fossane og førde deim upp i vatne Venern. Sidan rodde han aust yvi vatne, dit som han hadde høyrt at Haakon jarl var. Men daa jarlen fekk nysn um kor kongen var, kom han ned fraa lande og vilde ikkje at kongen skulde herja der. Haakon jarl hadde mykje folk, som gautane hadde gjevi han. Kong Harald lagde upp i ein straum med skipi sine, og so gjekk han paa land, men lét nokre av mennane sine vera etter og vakta paa skipi. Kongen sjølv og ein deil av mannskape hans reid, men dei fleste gjekk. Dei skulde fara gjenom ein skog, og so kom dei til eit kjerr, og so til eit holt, og daa dei kom upp i holte, saag dei mannskape til jarlen, og daa var de ei myr millom deim. Dei fylkte paa baae sidur.

Daa sagde kong Harald at mannskape hans skulde sitja uppe paa bakken. «Lat oss freista fyrst,» sagde han, «um dei vil ganga paa. Haakon jarl hev ikkje bide-tol,» sagde han. De var frost-vér og noko snødriv, og Harald og mennane hans sat under skjoldane sine, men gautane hadde lite til klæde, og de vart kaldt aat deim. Jarlen bad deim bida til kongen gjekk paa og alle stod jamhøgt. Haakon jarl hadde de merke som kong Magnus Olavsson hadde aatt. Gautane hadde ein lagmann som heitte Torvid; han sat paa ein hest, og taumen var bundin til ein paale som stod i myri. Han tala og sagde: «De veit Gud, at me hev ein stor her og modige gutar; lat kong Steinkjel spyrja de, at me hjelper denne gode jarlen vel; eg veit de, at um nordmennane tek paa oss, vil me taka traust imot deim. Men um unggutane hopar og ikkje vil bida, so lat oss ikkje springa lenger enn her til bekken, og hopar unggutane lenger tilbake, som eg veit dei ikkje gjer, so lat oss ikkje springa lenger enn her til haugen.» I de same sprang den norske heren upp og sette i her-rop og slo paa skjoldane sine, og daa tok gaute-heren og til aa skrika. Men hesten til lagmannen vart skræmd av her-rope, og rykte so hardt til, at paalen gjekk upp og fór um hovude paa lagmannen. Daa sagde lagmannen: «Skam faa deg, nordmann, slik som du skyt!» og dermed reid han sin veg. Kong Harald hadde sagt til mannskape sitt: «Um me gjer braak og skrik um oss, so skal me ikkje ganga ned bakken likevel, fyrr dei kjem her imot oss,» og dei so gjorde. Strakst dei sette i her-rope, lét jarlen bera fram merke sitt; men daa dei kom burt under bakken, sette kongsmennane ned paa deim, og daa fall strakst nokre av jarlsmennane, og nokre flydde. Nordmennane forfylgde deim ikkje langt, daa de alt var kvelden, men dei tok merke hans Haakon jarl og alle dei vaapni og klædi som dei fekk tak i. Kongen lét bera baae merki framfyri seg, daa han fór ned. Dei rødde millom seg, um jarlen var fallin eller ikkje. Men daa dei reid ned gjenom skogen, kunde de ikkje rida meir enn ein og ein. Daa kom de ein mann ridande tvert yvi vegen og stakk spjote gjenom honom som bar merke til jarlen, og treiv merkestongi og reid inn i skogen paa den andre sida med merke. Daa dei sagde dette til kongen, sagde han: «Jarlen liver, gjev meg brynjo mi.» Kongen reid um natti til skipi sine, og mange sagde at jarlen hadde hemnt seg. Daa kvad Tjodolv ei vise um at Haakon var den som hadde tapt.

Resten av natti var kong Harald um bord paa skipi sine, men um morgonen, daa de var ljost, hadde de lagt seg so tjukk is alle stadir um skipi, at ein kunde ganga rundt umkring deim. Daa bad kongen mennane sine at dei skulde vekkja raak fraa skipi og ut til vatne, og folk gjekk stad og tok til aa vekkja. Magnus, son til kong Harald, styrde de skipe som laag lengst nede i elvi og næmast vatne. Daa dei hadde vekt mest heilt ut, sprang de ein mann ut etter isen, der som dei skulde vekkja, og tok til aa hogga som han var vill og galin. Daa var de ein som sagde: «De er no som vanlegt, at de finst ikkje jamningen hans Hall Kodraansbane, naar han tek paa med noko; sjaa no kor han høgg isen.» De var ein mann um bord paa skipe hans Magnus, som heitte Tormod Eindrideson, og daa han høyrde nemna Kodraansbane, flaug han paa Hall og gav han banehogg. Kodraan var son hans Gudmund Øyolvsson[79], og Valgjerd, syster hans Gudmund, hadde ei dotter Jorun, som var mor hans Tormod. Tormod var aarsgamal, daa Kodraan vart drepin, og han hadde aldri set Hall Utryggsson fyrr enn daa. Daa hadde dei nettupp vekt alt ut til vatne, og Magnus lagde skipe sitt ut, og drog upp segle strakst og siglde vest yvi vatne. Men kongsskipe laag inst i raaki og kom sist ut. Hall hadde vori i fylgje til kongen, og kongen heldt mykje av han og var harm. Kongen kom seint til hamn, og daa hadde Magnus smett draapsmannen til skogs og baud bot for han; men de var nære paa at kongen hadde teki paa Magnus og mennane hans, fyrr venine deira kom til og forlikte deim.


Wilhelm Wetlesen: Tormod Eindrideson gjevv Hall Utryggsson banehogg.


73. Same vetteren fór kong Harald upp paa Raumarike med ein stor her, og lagde sak mot bøndane for di dei ikkje hadde lati han faa skatt og skyld, og hjelpt fiendane hans til aa halda ufred med han. Han lét taka bøndane og skamfara nokre og drepa nokre, og nokre røva han alt de dei hadde fraa. Dei som kunde koma til, flydde, og han brende vidt og breidt i bygdine og øydelagde deim. Dette fortèl Tjodolv. Sidan fór kong Harald upp paa Heidmarki og brende der, og gjorde ikkje mindre herverk der enn paa Raumarike. Derfraa fór han ut paa Hadaland og Ringerike og brende der og fór med herskjold heile vegen. Tjodolv nemner dette og. Daa lagde bøndane si sak under kongen.


74. Fraa di kong Magnus døydde, var de 15 aar til slage ved Nisaa, og sidan var de 2 aar til Harald og Svein vart forlikte. Soleis segjer Tjodolv og i ei vise. Etter dette forlike varde striden millom kongen og upplendingane 1 ½ aar. Dette fortèl Tjodolv.


75. Eatvard Adalraadsson var konge i England etter Hordaknut, bror sin; dei kalla han for Eatvard den gode, og de var han og. Mor til kong Eatvard var dronning Emma, dotter hans Rikard Rudejarl. Bror[80] hennar var Rodbjart jarl, far hans Vilhjalm Bastard, som paa den tid var hertug i Ruda i Normandi. Kong Eatvard var gift med dronning Gyda[81], dotter til Jarlen Gudine[82] Ulvnadsson. Brørane hennar Gyda var: Toste jarl, som var den eldste, og Morukaare jarl, og den tridje var Valtjov jarl, og den fjorde Svein jarl; den femte var Harald, som var yngst. Han vart uppfødd i hirdi til kong Eatvard og var fosterson hans, og kongen elska han ovende mykje og hadde han som ein son; for kongen hadde ikkje born.


76. De var ein sumar at Harald Gudineson skulde fara til Bretland og fór paa eit skip. Men daa dei kom paa sjøen, fekk dei motvind og dreiv til havs. Daa dei hadde vori ute i ein livsfaarleg storm, kom dei i land vest i Normandi[83]. Dei lagde til ved borgi Ruda, og fann der Vilhjalm jarl, som tok blidsleg imot Harald og følgjesveinane hans, og Harald var lengi der um hausten i agt og ære; for stormane heldt paa, og de var ikkje farande paa have. Daa de leid mot vetteren, rødde jarlen og Harald um at Harald skulde gjeva seg til der um vetteren. Harald sat i høgsæte paa den eine sida av jarlen, og paa den andre sida sat kona til jarlen, og de var den vænaste kona nokon hadde set. Desse tri sat jamt ved drikkeborde og svalla og moroa seg. Jarlen gjekk for de meste tidleg og lagde seg, men Harald sat lengi uppe um kvelden og tala med kona til jarlen, og soleis gjekk de lengi frametter um vetteren. Ein gong, som dei sat og svalla, sagde ho: «No hev jarlen tala med meg og spurt kva me tvo svallar um stødt og stendigt, og no er han harm.» Harald svara: «Daa skal me lata han faa vita, de fyrste me kan, alt de me talar um.» Dagen etter bad Harald jarlen um han kunde faa tala ved han. Dei gjekk inn i maalstogo, og der var kona til jarlen og, og raadgjevarane deira. Daa tok Harald til orde: «Eg lyt segja deg, jarl, at de bur meir inn-under mi kome hit enn eg enno hev komi fram med. Eg er meint paa aa beda um dotter di til kone; eg hev tidt tala um dette med mor hennar, og ho hev lova meg aa støa under.» Strakst Harald hadde bori upp maale sitt, tok alle dei godt imot de, som der var, og talde jarlen til, og de vart sistpaa til de, at møyi vart fest til Harald; men daa ho var ung, vart brudlaupe utsett nokre aar


77. Daa vaaren kom, budde Harald skipe sitt og fór burt, og han og jarlen skildest med stor kjærleike. Harald fór til England til kong Eatvard, men kom ikkje sidan til Valland til aa halda brudlaup. Kong Eatvard styrde England i 24 aar; han døydde straa-daude i London den 5te januar og vart jorda i Paalskyrkja[84], og engelsmennane kallar han for heilag. Sønine hans Gudine jarl var paa den tid dei megtugaste mennane i England. Toste var sett til hovding yvi heren til den engelske kongen og skulde verja lande, daa kongen tok til aa eldast, og han var sett yvi alle dei andre jarlane. Harald, bror hans, var jamleg ved hirdi, og var næmast um kongen sjølv i all tenesta og hadde tilsyn med skattkammere[85] til kongen. De er sagt, at daa de leid innpaa med kongen, var Harald og nokre faa andre menn til staes. Daa lutte Harald seg yvi kongen og sagde: «De tek eg dykk alle ihop til vitnes paa, at no gav kongen meg kongedøme og alt rike i England.» Strakst etter vart kongen borin daud ut or sengi. Same dagen var de hovding-møte der, og daa rødde dei um konge-vale; daa førde Harald fram sine vitne paa at kong Eatvard gav han rike paa døyande-dagen sin. Enden paa møte vart, at Harald vart tekin til konge og vigd til konge trettand-dagen[86] i Paalskyrkja. Daa gav alle hovdingane og alt folke seg under han. Men daa Toste jarl, bror hans, spurde dette, lika han de ille, og totte at han var likso rettkomin til aa vera konge. «Eg vil de,» sagde han, «at landshøvdingane skal kaara den til konge som dei tykkjer er best laga til de,» og um dette gjekk de ordsendingar millom brørane. Kong Harald sagde som so, at han vilde ikkje gjeva upp kongedøme, daa han var stol-sett paa de sæte som kongen aatte, og sidan var salva og vigd til konge; heile styrken av folkemengdi gjekk og med honom, og han hadde heile skattkammere til kongen med.


78. Daa kong Harald merka de, at Toste, bror hans, vilde taka kongedøme fraa han, trudde han Toste ille, for di han var ein klok mann og ein stor hermann og var gode venir med landshovdingane. Difor tok kong Harald her-styringi fraa Toste jarl og all den magti som han hadde havt framfor dei andre jarlane der i lande. Dette vilde ikkje Toste jarl tola paa nokor vis, aa vera sambror sins tenar, og difor fór han burt med fylgje sitt sør yvi sjøen til Flandern og var der ei liti stund; og so fór han til Frisland og derfraa til Danmark til kong Svein, som var frenden hans; for Ulv jarl, far til kong Svein, og Gyda, mor hans Toste jarl, var systkin, maa vita. Jarlen bad kong Svein um stydning og hjelp. Kong Svein baud han aa vera hjaa seg, og sagde at han skulde faa so stort jarlerike i Danmark, at han kunde vera ein agtande hovding der. Men jarlen svara: «De som leikar i hugen min, er aa fara attende til England til odelen min; men fær eg ingi hjelp til dette av Dykk, konge, vil eg heller bjoda Dykk de, aa gjeva Dykk all den hjelpi som eg kan faa i England, soframt De vil fara med danaheren til England og vinna lande, liksom Knut, morbror Dykkar.» Kongen svara: «So mykje mindre mann er eg enn kong Knut, frenden min, at eg knapt kan verja Danavelde for nordmennane. Gamle Knut fekk Danarike ved arv, og England med slag og slaasting, og endaa saag de ei stund ikkje ulikt ut til at han skulde missa live der. Norig fekk han forutan strid. No veit eg so godt, kva som høver for meg, at eg rettar meg meir etter de vesle mode og framtake som er i meg, enn etter den framferd som var med kong Knut, frenden min.» Daa sagde Toste jarl: «Eg hev ikkje naatt so mykje her som eg hadde venta av deg, som er so gjæv mann, no daa eg, frenden din, er i slik knipe. No kan de henda, at eg søkjer venskap der som de var mindre aa venta; men de kan nok henda, at eg finn ein hovding som ikkje er so rædd for aa taka paa eit storverk som De, konge.» Sidan skildest kongen og jarlen, og var ikkje vidare gode venir.


79. No drog Toste jarl ein annan stad, og kom til Norig og fór til kong Harald, som var i Viki. Daa dei møttest, sagde jarlen ærendi si til kongen og fortalde han alt um ferdi si, fraa di han fór fraa England, og bad kongen gjeva seg hjelp til aa vinna rike sitt i England. Kongen svara at nordmennane fyste nok ikkje etter aa fara til England og herja og hava ein engelsk hovding yvi seg. «Folk segjer,» sagde han, «at desse engelsmennane ikkje er alt so mykje aa lita paa.» «Er de noko sant i de,» svara jarlen, «som eg hev høyrt folk segja i England, at kong Magnus, frenden din, sende menn til kong Eatvard, og at denne ordsendingi gjekk ut paa at kong Magnus hadde likso mykje rett til England som til Danmark, og at han hadde fengi de i arv etter Hordaknut, soleis som dei hadde gjort eiden sin paa?» «Kvi fekk han de ikkje,» svara kongen, «naar han hadde rett til de?» «Kvi hev ikkje du Danmark,» sagde jarlen, «sameleis som kong Magnus hadde de fyri deg?» «Danine tarv ikkje briska seg for oss nordmenn,» svara kongen; «me hev gjevi frendane dine mange skraamur.» Daa sagde jarlen: «Vil ikkje du segja de til meg, so skal eg segja de til deg. Difor lagde kong Magnus Danmark under seg, for di landshøvdingane der hjelpte han, og difor fekk ikkje du de, for di heile landsfolke stod imot deg; og difor slost ikkje kong Magnus til aa vinna England, for di heile landsfolke vilde hava Eatvard til konge. Vil du leggja under deg England, kan eg laga de so, at storparten av hovdingane i England vil vera dine venir og hjelpesmenn. De skortar ikkje meg paa anna enn kongsnamne for aa vera jamgod med Harald, bror min. De veit alle folk, at de aldri hev vori født slik hermann i nordlandi som du, og eg tykkjer de er underlegt, at du slost i 15 aar til aa faa Danmark, og no vil du ikkje hava England, som no ligg ferdigt aat deg.» Kong Harald tenkte vel yvi de som jarlen sagde, og skyna at de var mykje sant i de, og han fekk hug paa aa faa rike og. Sidan tala kongen og jarlen tidt og lengi um dette, og de vart ei avtale, at dei skulde fara til England um sumaren og vinna lande. Kong Harald sende bod yvi heile Norig og baud ut halv leiding. Dette vart no kunnugt for alle, og de var mange som gissa paa korleis de vilde ganga paa denne herferdi. Nokre rekna upp storverki til kong Harald, og sagde at dette var nok ikkje umogelegt for honom; men sume sagde at de var ikkje greidt aa taka paa England, daa de var ovende folkerikt, og de mannskape som dei kallar tingmanna-lid[87] var so djerve menn, at de var meir mun i ein av deim enn i tvo av dei beste mennane til kong Harald. Daa svara Ulv stallar med ei vise, at de var ikkje verdt at stallaren tedde seg for kongen, um tvo av hans menn skulde fira for ein tingmann, men Ulv hadde lært noko anna i sin ungdom. Ulv stallar døydde same vaaren. Kong Harald stod yvi gravi hans, og sagde, daa han gjekk derifraa: «Der ligg no den som traustast var og truast mot kongen sin.» Toste jarl siglde um vaaren vest til Flæmingjaland[88] til møtes med den heren som hadde fylgt han fraa England, og de mannskape som samla seg til han baade fraa England og der i Flæmingjaland.


80. Heren til kong Harald samla seg ihop i Solundir[89]. Daa kong Harald var ferdig til aa leggja ut fraa Nidaros, gjekk han fyrst til skrine til kong Olav og lét de upp og klipte haare hans og neglane, og sidan læste han skrine og kasta lykilen ut i Nid-elvi, og sidan hev dei ikkje lati upp skrine til den heilage kong Olav. Daa var de gjengi 35 aar[90] fraa di han fall, og 35 aar livde han her i verdi. Kong Harald styrde med den heren som fylgde han, søretter til den andre heren. Der kom de ihop ein stor her, so de er ei folkesegn, at kong Harald hadde innpaa 200 skip, umfram matskip og smaaskutur. Daa dei laag i Solundir, var de ein mann som heitte Gyrd og var um bord paa kongsskipe, som drøymde at han stod der paa kongsskipe og saag at de stod ei stor trollkjering upp-paa øyi, med eit sverd i den eine handi og eit trog i den andre. Han syntest at han saag ut yvi alle skipi deira og, og at de sat ein fugl paa kvar skips-stamn, som alle ihop var ørnir og ramnar. Trollkjeringi kvad:

Visst dei den velduge eggjar
til vesterland fara i leiding.
Stor-glad er eg, at han stemner
til strid mot fiendar gjæve.
Ørni veit seg no matar-von,
vil velja seg feite steik
snart fraa kongens snekkjur;
eg slær meg i fylgje med.


81. De var ein mann som heitte Tord, som var paa eit skip som ikkje laag langt fraa kongsskipe. Han drøymde um natti at han totte han saag floten til kong Harald kom inn mot land, og han tottest vita at dette var England. Han saag ei stor fylking paa lande, og han syntest at dei budde seg til slag liksom paa baae sidur, og at mange merke blakra i lufti. De reid ei stor trollkjering framfyri heren til landsfolke, og ho sat paa ein varg, og vargen hadde eit manne-lik i munnen, og blode rann or kjeften paa han. Men daa han hadde eti upp ein, kasta ho ein annan i munnen paa han, og sidan den eine etter den andre, men han gløypte deim alle ihop. Trollkjeringi kvad:

Laak ferd vil Harald fara,
feig maa kongen vera,
raud skjold[91] læt trollkjering skina,
skarpe strid er i vente.
Jotun-kona manne-kjøt
kastar i udyrs-gape.
Den ville kjering med vikingblod
varge-kjeften fargar,
og varge-kjeften fargar.[92]


82. Kong Harald drøymde og ei natt, og totte at han var i Nidaros og raaka paa kong Olav, bror sin, som kvad eit vers for han; og i de sagde han at Olav Digre fekk ein heilag ende, for di han stridde paa si fedrajord, men at han var rædd at Harald var feig og vilde verta til føde for ulvane (for di han tok paa eit framandt land). Slikt kom ikkje fraa Gud, sagde han. Dei fortalde mange andre draumar og syn og, og dei fleste varsla vondt. Fyrr kong Harald fór fraa Trondheim, lét han deim taka Magnus, son hans, til konge der, og sette honom til styrar i Norig, medan han sjølv fór burt. Tora Torbergsdotter vart og att, men dronning Ellisiv og døtrane hennar, Maria og Ingegjerd, var med han. Olav, son til kong Harald, fór og med han ut or lande.


83. Daa kong Harald var seglbudd og fekk bør, siglde han ut paa have og kom inn til Hjaltland, men nokre av skipi kom inn til Orknøyane. Kong Harald drygde ikkje lengi der, fyrr han siglde til Orknøyane, og derfraa tok han med seg ein stor styrke og jarlane Paal og Erlend, sønine hans Torfinn jarl, men han lét dronning Ellisiv og døtrane deira, Maria og Ingegjerd, vera etter der. Derfraa siglde han sør langs Skotland og England og lagde aat ein stad som heiter Klevland[93]. Der gjekk han paa land og herja strakst og lagde lande under seg, og ingin gjorde motstand. Sidan lagde kong Harald aat ved Skardaborg[94] og slost med borgmennane. Han gjekk upp paa de berge som er der, og lét gjera eit stort baal og sette eld paa. Daa baale loga upp, tok dei store stengar og skuva baale ned paa byen, og daa tok de eine huse til aa brenna etter de andre, og heile byen gav seg. Nordmennane drap mykje folk der og tok alt de godse dei fekk i. De var ikkje onnor raad for engelsmennane, um dei vilde berga live, enn aa gjeva seg under kong Harald, og daa lagde han under seg heile lande, kor han kom. Sidan styrde kong Harald med heile heren sør langs med lande og lagde aat ved Hellornes[95]; der kom de ein hop imot han, og Harald heldt slag med deim og vann.


84. Sidan fór kong Harald sør til Humbra[96] og upp etter elvi og lagde aat der. Daa var jarlane Morukaare[97] og Valtjov, bror hans, uppe i Jorvik med ein uhorveleg her. Daa heren til jarlane drog ned, laag kong Harald i Usa[98]. Daa gjekk kong Harald paa land og tok til aa fylkja heren sin; den eine fylking-armen stod fram-paa elvebakken, den andre vende upp mot lande, burt imot eit dike, og der var de ei djup og breid myr, som var full av vatn.

Jarlane lét fylkingi fyrst siga ned langs med elvi med heile mannskape. Kongsmerke var næmast elvi; der var fylkingi dugeleg tjukk, men ho var tunnast burt-ved dike, og der var de laakaste mannskape. Daa drog jarlane ned langs med dike, og den norske fylking-armen som snudde mot dike hopa attende, og engelsmennane sette etter deim og trudde at nordmennane vilde fly. De var merke hans Morukaare som gjekk fram der.


85. Men daa kong Harald saag at fylkingi til engelsmennane var komi ned langs med dike gjegnt imot deim, lét han blaasa til slag og eggja heren kvast, og lét bera fram merke Landøyda, og daa nøytte dei seg og gjekk paa so hardt at alt hopa undan, og de vart eit stort mannfall i heren til jarlane. Snart tok dei til aa fly; sume flydde uppetter langs med elvi, og sume nedetter, men dei fleste sprang ut i dike; der laag de so tjukt med fallne, at nordmennane kunde ganga turrføttes yvi myri. Der sette Morukaare jarl og live til.[99] Stein Herdisson fortèl um dette i ei draape som han dikta um Olav, son til kong Harald, og nemner der at Olav var med kong Harald, far sin, i dette slage. Dette er fortalt i «Haralds-stikken» og:

Fallne menn
i myri laag,
sveinan hans Valtjov,
med vaapnom hogne.
Der dei nyte
nordmenn kunde
paa dungar av lik
yvi dike ganga.

Valtjov jarl og de mannskape som kom undan flydde upp til borgi York, og der vart de eit stort mannfall. Dette slage stod mekedagen, dagen fyri Matheus-messe[100].


86. Toste jarl var komin vestantil Flæmingjaland til kong Harald, strakst han kom til England, og jarlen var med i alle desse slagi. Daa gjekk de som han hadde sagt Harald daa dei møttest fyrste gongen, at de dreiv mykje folk til deim i England av frendane og venine hans Toste jarl, og dette var ei god folkehjelp for kongen. Etter dette slage, som me nyst hev fortalt um, gjekk alt folke i dei næmaste bygdine under kong Harald, men nokre flydde. Daa gav kong Harald seg paa vegen og vilde taka borgi, og lagde heren ved Stanford-bru[101]. Men for di kongen hadde vunni so stor siger imot so store hovdingar og slik yvimagt, var alle folk rædde og totte de var vonlaust aa gjera motstand. Daa raadde borgmennane seg til aa senda bod til kong Harald og bjoda seg til aa gjeva baade seg og borgi i hans vald. Alt dette kunngjorde dei for kong Harald, so sundagen[102] fór kong Harald med heile heren til borgi, og kongen og mennane hans sette ting utanfor borgi, og borgmennane kom til tinge, og her samtykte alt folke i aa lystra kong Harald og gav han sønir av stormennane til gislar, som Toste jarl tok ut, daa han hadde greide paa alle folk i borgi, og um kvelden fór kongen til skipi med denne sigeren, som hadde gjort seg sjølv, og var i godt lot[103]. De vart tilstemnt ting paa borgi[104] til tidleg um maandagen; daa skulde kong Harald setja styremenn i byen og skifta ut rettar og len. Same kvelden, etter soleglad, kom kong Harald Gudineson sunnantil til borgi med ein drjug her og reid inn i borgi, med vilje og samtykkje av alle borgmennane. Han sette mannskap ved alle borg-portane og paa alle vegine, so nordmennane ikkje skulde faa nysn um dette, og denne heren laag i byen um natti.


87. Um maandagen[105], daa Harald Sigurdsson hadde eti til dogurds, lét han blaasa til landgang; han lét heren væpna seg, og skifte mannskape, kven som skulde vera med og kven som skulde vera etter. I kvar sveit lét han av tri mann tvo ganga upp og ein vera etter. Toste jarl laga seg til landgang med kong Harald med fylgje sitt, men nokre var etter og vakta paa skipi, og de var kongssonen Olav og Orknøy-jarlane Paal og Erlend, og Øystein Orre, son hans Torberg Arneson, som var gjævast og den som kongen lika best av alle lendmennane paa den tid, og kong Harald hadde lova han Maria, dotter si. De var ovende fint vér, og soli skein varmt. Dei lagde brynjune etter seg og gjekk paa land med skjold og hjelm og spjot, og hadde sverd i belte, og mange hadde pilir og bogar, og var glade og lystuge. Men daa dei kom nær borgi, kom de ein stor her ridande imot deim, og dei saag ei gov-sky, og under den saag dei fagre skjoldar og kvite brynjur. Daa lét kongen heren stana og lét Toste jarl kalla til seg og spurde kva de kunde vera for ein her. Jarlen svara at de saag likast ut til aa vera ufred, men han lét so, at de gjerne kunde vera so og, at dette var nokre av frendane hans som kom og bad um naade og venskap, og til vederlag vilde at kongen skulde lova deim stydning og hjelp. Daa sagde kongen at dei fyrst skulde standa stille og faa vita kva de var for ein her, og dei so gjorde. Men di næmare heren kom, di større vart han, og de blenkte i vaapni, so de saag ut alle stadir som de var berre is-mol[106].


Wilhelm Wetlesen: Kong Harald lét heren stana.


88. Daa sagde kong Harald Sigurdsson: «Lat oss no finna paa ei god og klok raad; for de er ikkje aa dylja for, at dette er ufred, og at de nok er kongen sjølv som er komin.» Daa svara jarlen: «Den fyrste raadi mi er, at me snur, de snøggaste me kan, ned til skipi att etter mannskape og vaapni vaare, og daa kan me gjera motstand so godt me kan, eller i anna fall berga oss um bord paa skipi, og daa fær hestfolke ikkje tak paa oss.» Daa sagde kong Harald: «Eg vil hava ei onnor raad; me vil setja tri spræke karar paa dei skjotaste hestane, og dei skal rida, de meste dei orkar, og segja dette til mannskape vaart, og daa vil dei koma oss fort til hjelp; for de skal verta eit hardt tak for engelsmennane, fyrr me ligg under.» Daa sagde jarlen at kongen skulde raada i dette som i alt anna, og han lét so, at han heller ikkje var huga paa aa fly. Daa lét kong Harald setja upp merke sitt Landøyda, og den som bar merke heitte Frirek.


89. Sidan fylkte kong Harald heren sin, og lét fylkingi vera lang, men ikkje tjukk, og so bøygde han fylking-armane tilbake, til dei naadde ihop, og daa vart de ein vid ring, som var jamtjukk heile vegen, skjold ved skjold, baade i dei radine som stod fremst, og i deim som stod attanfor. Kongen og fylgje hans var utanfor ringen med merke, og de var utvalt mannskap. Toste jarl med sitt fylgje var paa ein annan stad og hadde sitt eigi merke.

Kongen hadde fylkt soleis, av di han visste at hestfolke var vant til aa rida fram i smaahopar og strakst etter tilbake att.[107] Kongen sagde at fylgje til honom og jarlen skulde ganga fram der som de trengdest mest. «Men bogeskyttarane vaare,» sagde han, «skal og vera med oss; men dei som stend fremst i fylkingi skal setja enden av spjotskafte i jordi, og setja odden for brjoste paa hestfolke, um dei rid inn paa oss, men dei som stend næmast deim skal setja spjots odden for brjoste paa hestane deira.»


90. Kong Harald Gudineson var komin der med ein veldig her, baade hestfolk og fotfolk. Kong Harald Sigurdsson reid nettupp umkring fylkingi si og saag etter korleis dei hadde fylkt. Han sat paa ein svart blesut hest, og hesten snaava under han, so kongen stupte fram-yvi og datt av. Men han stod upp radt og sagde: «Fall er lukke paa ferdi.» Daa sagde den engelske kongen Harald til dei nordmennane som var med han: «Kjende De den store mannen som datt av hesten, med den blaa kjolen og den fagre hjelmen?» «De er kongen sjølv,» sagde dei. Daa sagde den engelske kongen: «De er ein stor og drusteleg mann, men no er de venteleg ute med lukka hans.»


91. Tjuge riddarar reid fram av tingmanna-heren imot fylkingi til nordmennane, og baade dei og hestane deira var brynju-klædde alle stadir. Daa sagde ein av riddarane: «Er Toste jarl i heren?» «De er ikkje aa dylja for,» sagde han, «her kan De finna han.» Daa sagde riddaren: «Harald, bror din, sender deg helsning, og dei ordi med, at du skal hava fred og heile Nordimbraland, og heller enn at du ikkje vil gjera venskap med han, vil han gjeva deg tridjeparten av heile rike med seg.» Daa svara jarlen: «Dette tilbode er noko anna enn ufred og svivyrding, slik som i vetter; hadde han gjort de tilbode daa, hadde mang ein mann vori i live som no er daud, og daa stod de betre til med Englands rike. Men tek eg no mot dette tilbode, kva vil han so bjoda kong Harald Sigurdsson for sitt bry?» Daa sagde riddaren: «Han hev sagt noko um de og, kor mykje han vil unna honom av England: 7 fot rom, eller so mykje meir som han er høgre enn andre menn.» Daa sagde jarlen: «Far no du og seg de til kong Harald, at han skal bu seg til slag; anna skal nordmennane segja med sanning, enn at Toste jarl fór fraa kong Harald Sigurdsson og slo lag med uvenine hans, daa han skulde slaast vest i England. Me vil heller gjera alle sameleis, døy med ære eller faa England med siger.» Dermed reid riddarane attende. Daa sagde kong Harald Sigurdsson til jarlen: «Kven var denne ordhage mannen?» «De var kong Harald Gudineson,» sagde jarlen. Daa sagde kong Harald Sigurdsson: «Dette var for lengi løynt for oss; dei var komne so nær heren vaar, at denne Harald skulde ikkje sagt døds-tidend um vaar her.» Daa sagde jarlen: «De er sant, herre, de var uvarlegt av slik hovding aa fara soleis, og de kunde gjengi so som De segjer. Men eg saag de, at han vilde bjoda meg fred og eit stort rike, og at eg varr banemannen hans, um eg hadde sagt til, kven han var; eg vil heller at han skal vera min banemann enn eg hans.» Daa sagde kong Harald Sigurdsson til mennane sine: «De var ein litin mann, men han stod fast i istige[108].» Dei fortèl at kong Harald Sigurdsson kvad denne visa:

Fram lat oss ganga
i fylkingi,
brynjulause,
mot blaasvart egg.
Hjelmar skin,
eg hev ikkje mi[109];
skrude vaart ligg
paa skipom nede.

Han hadde ei brynju som heitte Emma, som var so sid at ho naadde til midt paa beine, og ho var so sterk, at vaapn aldri hadde biti paa ho. Daa sagde kong Harald Sigurdsson: «Denne visa var klein, eg lyt gjera ei onnor vise, som er betre.» Daa kvad han dette:

Veikt i vaapnbrake
vilja 'kje kjempur dyljast;
me skal 'kje med buka skjoldar
oss skyla, naar slagstormen yler.
Hild bad meg allstødt halda
rakt hovud i pile-gove,
inkje evast, naar syngja
um øyra sverd eg fekk høyra.

Daa kvad Tjodolv ei vise um at han skulde ikkje ganga fraa kongssønine, um de var so laga, at kongen sjølv skulde falla.


92. No tok slage til, og engelsmennane reid mot nordmennane, og desse tok hardt imot deim, og de var ubeint for engelsmennane aa rida inn paa nordmennane for spjoti, og dei reid i ring um fylkingi. I fyrstningi var slage berre laust, so lengi nordmennane heldt fylkingi. Engelsmennane reid hardt paa, men reid strakst fraa att, naar dei ikkje fekk gjort noko. Men daa nordmennane saag dette og totte at hestfolke ikkje reid modig paa, sette dei etter og vilde forfylgja. Men daa dei hadde broti skjoldborgi, reid engelsmennane imot deim fraa alle kantar og kasta spjot og skaut paa deim. Men daa kong Harald Sigurdsson saag dette, gjekk han fram i slage, der som de stod tjukkast med vaapn imot deim, og daa vart de ein forfælande strid der, og de fall mykje folk paa baae sidur. Daa vart kong Harald Sigurdsson so rasande, at han flaug heilt fram or fylkingi og hogg med baae hendane, og daa heldt korkje hjelm eller brynju. Alle dei som stod næmast hadde seg til side, og de var nære paa at engelsmennane hadde flytt. Dette nemner Arnor Jarlaskald.

Kong Harald Sigurdsson vart raaka med ei pil i strupen, og de vart banesaare hans. Han fall der, med dei fleste av de fylgje som gjekk fram med han; nokre faa hopa attende og berga merke. Daa vart de ein hard strid att, og no gjekk Toste jarl under kongsmerke. Dei tok og fylkte paa baae sidur andre gongen, og daa vart de eit langt stans i slage. Daa kvad Tjodolv ei vise og sagde at de var i utrengsmaal Harald gjorde denne ferdi til England, og at no var dei i stor naud.


Wilhelm Wetlesen: Kong Harald Sigurdsson vart raaka med ei pil i strupen.


Men fyrr de bar ihop til slag att, baud Harald Gudineson Toste jarl, bror sin, liv og fred, og alle dei andre mennane med, som livde att av den norske heren. Men nordmennane ropte alle paa ein gong og sagde, at fyrr skulde dei falla alle den eine paa den andre, fyrr dei tok imot fred av engelsmenn. Dermed sette dei i her-rop, og slage tok til andre gongen. Dette fortél Arnor Jarlaskald.


93. Øystein Orre kom i same bile fraa skipi med de mannskap som fylgde honom, og desse var heilt brynjuklædde, og daa fekk Øystein merke til kong Harald, Landøyda. No vart de slag tridje gongen, og de vart ovende hardt, og daa fall de mange engelsmenn, og de var nære paa at dei hadde flytt. Dette slage kallar dei Orre-ridi. Øystein og mennane hans hadde skunda seg so fraa skipi, at dei alt var so trøytte, at dei mest var uføre, fyrr dei kom i slag, men sidan var dei so rasande, at dei ikkje livde seg med skjoldane, so lengi dei kunde standa paa føtane. Sistpaa kasta dei ringbrynjune, og daa var de uvandt for engelsmennane aa finna hogg-stad paa deim, og sume sprengde seg reint og døydde usaara. Mest alle stormenn millom nordmennane fall. Dette var paa eftansida. De gjekk her, som ventande var, at ikkje her heller var alle jamgode; mange flydde, og de var mange som kom seg undan paa ymse maatar. De var myrkt um kvelden, fyrr de vart heilt-upp slutt med manndraape.


94. Styrkaar, som var stallaren til kong Harald Sigurdsson og var ein gjæv mann, kom seg undan og fekk ein hest og reid burt um kvelden. De var vind og noko kald-vori, og Styrkaar hadde ikkje fleire klæde enn berre skjorta, og hjelm paa hovude og naki sverd i handi. Han tok til aa frjosa, so snart trøyttleiken gjekk av han. Daa møtte han ein mann, som kom køyrande i ei vogn og hadde ein fora skinnfrakk. Daa sagde Styrkaar: «Vil du selja frakken, bonde?» «Ikkje til deg,» sagde han, «du er nok ein nordmann; eg kjenner maale ditt.» Daa sagde Styrkaar: «Er eg nordmann, kva vil du gjera daa?» «Eg vilde drepa deg,» svara bonden; «men no høver de so ille, at eg hev ikkje noko vaapn som er nyttande.» Daa sagde Styrkaar: «Kan ikkje du drepa meg, skal eg freista um eg kan drepa deg,» og dermed svinga han sverde og hogg i halsen paa han, so hovude gjekk av, og so tok han skinnfrakken og sprang paa hesten og fór ned til strandi.


95. Rudejarlen Vilhjalm Bastard spurde at kong Eatvard, frenden hans, var slokna, og at Harald Gudineson var tekin til konge og vigd i England. Men Vilhjalm totte han var meir rettkomin til Englands rike enn Harald, daa han var skyld til kong Eatvard; og umfram dette totte han at han hadde grunn til aa hemna seg paa Harald for den svivyrdingi, at han hadde slegi uppatt med dotter hans, og paa desse grunnane drog Vilhjalm ihop ein her i Normandi og hadde ein stor styrke og god raad paa skip. Den dagen, daa han reid ut or borgi til skipi sine og var komin paa hesten sin, gjekk kona hans burt til han og vilde tala ved han. Men daa han saag de, slo han til ho med hælen og sette sporen for brjoste paa ho, so han stod langt inn. Ho stupte og døydde strakst;[110] men jarlen reid til skipe sitt og fór ut til England med heren, og bisp Otta[111], bror hans, fylgde med han. Daa jarlen kom til England, herja han og lagde lande under seg, kor han kom. Vilhjalm jarl var større og sterkare enn alle andre folk og ein dugande riddar og ein stor hermann, men noko hardhjarta; han var overlag klok, men dei sagde han var ikkje aa lita paa.


96. Kong Harald Gudineson gav Olav, son til kong Harald Sigurdsson, lov til aa fara heim med de mannskape som var med han og ikkje hadde falli i slage; men kong Harald sjølv snudde seg med heren sin sør i England, daa han hadde spurt at Vilhjalm Bastard fór sunnantil i England og lagde lande under seg. Brørane til kong Harald, Svein og Gyrd og Valtjov[112], var med han. Kong Harald og Vilhjalm jarl møttest sør i England ved Helsingjaport[113], og der vart de eit stort slag. Der fall kong Harald og Gyrd jarl, bror hans, og ein stor lut av heren deira. Dette var 19 dagar fraa di kong Harald Sigurdsson fall. Valtjov jarl, bror hans Harald, kom undan paa flugti, og seint um kvelden møtte jarlen ein hop paa 100 mann av mennane hans Vilhjalm. Men daa dei saag mannskape til Valtjov jarl, flydde dei inn i ein eikeskog. Valtjov jarl lét kveikja eld paa skogen og brende upp alt ihop. Dette fortèl Torkjel Skalleson i Valtjovs-flokken.


97. Vilhjalm lét seg taka til konge i England. Han sende bod paa Valtjov jarl, at dei skulde forlikast, og lova han trygd til møte. Jarlen fór med nokre faa menn, men daa han kom paa heidi nordanfor kastell-brui, kom de tvo aarmenn imot han med ein flokk og tok han og sette han i jarn; sidan retta dei han, og engelsmennane kallar han for heilag.[114] Torkjel Skalleson fortèl um dette og. Etter dette var Vilhjalm konge i England 21 aar[115], og etterkomarane hans heile tidi sidan.


98. Olav, son til kong Harald Sigurdsson, fór burt fraa England med heren sin og siglde ut fraa Ravnsøyri[116] og kom um hausten til Orknøyane, og der hadde de hendt, at Maria, dotter til kong Harald Sigurdsson, braa-døydde, same dagen og same stundi som kong Harald, far hennar, fall. Olav tøvra der um vetteren; men sumaren etter fór han aust til Norig og vart tekin til konge der med bror sin, Magnus. ning Ellisiv fylgde austetter med Olav, stykson sin, og Ingegjerd, dotter si. Skule, som dei sidan kalla Kongsfostre, og Kjetil Krok, bror hans, fylgde og med Olav yvi have. Baae desse var gjæve og storætta menn i England og ovende kloke, og kongen var glad i deim baae tvo. Kjetil Krok fór nord til Haalogaland, og der fekk kong Olav eit godt giftarmaal til han, og fraa honom kjem mykje storfolk. Skule Kongsfostre var ein klok mann og ein ovkar og utifraa vakker. Han vart formann for hirdi til kong Olav og tala paa tingi, og han hjelpte kongen med all landsstyringi. Kong Olav baud Skule at han vilde gjeva han de fylke i Norig som han totte best um, med all inntekt og skyld som kongen hadde rett til. Skule takka han for tilbode, men sagde at han heller vilde beda han um noko anna; «vert de kongeskifte,» sagde han, «kan de vera at dei tek gaava att. Eg vil heller,» sagde han, «taka mot nokre eigedomar, som ligg nær dei byane, der som De, herre, plar sitja og vera i jole-- gjestebod.» Kongen samtykte dette og gav han skøyte paa jordir aust ved Konghelle og ved Oslo og ved Tunsberg og Borg og Bjørgvin og nord ved Nidaros. Dette var mest dei beste eigedomane paa desse stadine, og desse eigedomane hev sidan legi under dei ættingane som er komne av ætti hans Skule. Kong Olav gav han frenka si, Gudrun Nevsteinsdotter, til kone. Mor hennar var Ingerid, som var dotter til kong Sigurd Syr og Aasta, og syster til kong Olav den heilage og kong Harald. Skule og Gudrun hadde ein son, Aasolv paa Rein[117]; han var gift med Tora, dotter hans Skofte Ogmundsson; dei hadde ein son, Gutorm paa Rein, far hans Baard, som var far til kong Inge[118] og hertug Skule[119].


99. Eitt aar etter kong Harald var fallin, førde dei [1067] like hans vestantil England og nord til Nidaros, og de vart jorda i Mariakyrkja, som han hadde bygt. Alle var samde um at kong Harald hadde vori klokare og raadvisare enn andre menn, anten han skulde finna paa raad for seg eller andre i ei snarvending, eller han fekk tenkja seg um lengi. Han var den vaapndjervaste av alle og sigersæl, som me skreiv um for ei stund sidan. Dette nemner Tjodolv. Kong Harald var ein vakker og drusteleg mann; han hadde ljost haar og skjegg og langt munnskjegg, og den eine augnebruni sat noko høgre enn den andre. Han hadde store hendar og føtar, og dei var godt skapte. Han var fem alnir høg. Han var hard med uvenine sine og refste alltid strengt, naar dei gjorde han imot. Dette fortél Tjodolv. Kong Harald var urimeleg kjær etter magt og all vinning; men han var flus med venine sine, dei som han lika godt. Dette nemner Tjodolv. Kong Harald var 50 aar gamal, daa han fall. Me hev ingi segnir som er merkande um uppvokstren hans, fyrr han var 15 aar, daa han var med i slage paa Stiklestad med kong Olav, bror sin; sidan livde han i 35 aar, og i all den tidi var de aldri stans med uro og ufred. Kong Harald flydde aldri i noko slag, men han fann tidt paa ein utveg, naar han kom ut for ei yvimagt. Alle folk, som fylgde han i slag og paa herferd, sagde de, at naar han var i ein stor faare og han skulde fri seg i ei braavending, valde han den utvegen som alle etterpaa saag hadde vori de beste til aa hjelpa.


100. Halldor, son hans Brynjolv Ulvalde den gamle[120], var ein klok mann og ein stor hovding. Daa han høyrde at folk rødde um at brørane kong Olav den heilage og kong Harald var so ulike i lynde, sagde han: «Baae desse brørane heldt mykje av meg, og eg kjende huglynde deira, men eg fann aldri tvo menn som var likare i huglag; baae tvo var dei dugeleg kloke og vaapndjerve menn, og kjære etter rikdom og magt, mynduge og ikkje umgjengelege; dei var sterke styrarar og strenge til aa refsa. Kong Olav kua landsfolke til aa taka mot kristindomen og den rette trui, og refste hardt deim som skapte seg dauvhøyrde; landshøvdingane tolde ikkje at han dømde rettferdig og jamt for alle, og dei reiste ein her imot han og fellte han paa hans eigin grunn, og difor vart han heilag. Men kong Harald herja til aa faa seg ære og magt, og tvinga under seg alt de folke som han kunde, og fall paa ein annan konges grunn. Baae brørane var seduge[121] og fine i aatferd i kvardagslage, og dei var vidfarne og hugheile, og av dette vart dei vidgjetne og namnkjende.»


101. Kong Magnus Haraldsson raadde for Norig den fyrste vetteren etter kong Harald var fallin, og sidan raadde han for lande i tvo aar i lag med kong Olav, bror sin. Daa var de tvo kongar, og Magnus hadde den nørdste luten av lande, og Olav den øystre. Kong Magnus hadde ein son, som heitte Haakon; han vart uppfostra hjaa Steigar-Tore og var ein emneleg mann. Daa kong Harald Sigurdsson var fallin, stod danakongen Svein paa, at no var freden millom nordmennane og danine til ende, og at freden hadde ikkje vori sett paa lenger tid enn Harald og Svein livde baae tvo. Daa vart de utbod i baae riki. [1068] Sønine hans Harald hadde full leiding ute fraa Norig av mannskap og skip, men kong Svein kom sunnantil med danaheren. Daa fór de sendemenn millom deim og baud forlik Nordmennane sagde at dei anten vilde hava same forlike som var gjort fyrr, eller i anna fall vilde dei slaast. Difor kvad dei soleis:

Med freds-ord og trugsmaal
trygde Olav lande.
Der vaaga 'kje kongar
aa krevja rike.

So segjer Stein Herdisson i Olavsdraapa, at den megtuge kongen i Nidaros negtar kong Svein aa taka odelen hans fraa han, og at den heilage kong Olav elskar ætti si, so Svein Ulvsson tarv ikkje koma med noko krav. I dette møte av leidingsherane vart de gjort forlik millom kongane og fred millom landi. [1069] Kong Magnus vart sjuk av revorm-sott[122] og laag ei stund. Han døydde i Nidaros og vart jorda der. Han var ein konge som var elska av heile aalmugen.


Notar:

  1. Sjaa s. 335.
  2. Lande aat læsine; uvisst kva folk de var, — kanskje «lecher» (polakkar).
  3. Mikligarðr, «den store garden» eller byen, kalla dei gamle nordmenn Konstantinopel, hovudstaden i de græske keisar-rike.
  4. Keisarfrua Zoe styrde 1028—1052 og var gift med 1) keisar Romanos Argyros 1028—34, 2) keisar Michael Katalaktes 1034—41, 3) keisar Konstantin Monomachos 1042—54.
  5. Galeið, galei, er eit slag herskip.
  6. De øystre «Middelhave», sunnanfor og austanfor Grækarland.
  7. d. e. Georgios. Georgios Maniakes var den modige herføraren for grækarane i Eufratlandi 1033—35 og Paa Sicilia 1038—40.
  8. Væringar kalla dei i Russland og Grækarland folk fraa nordlandi.
  9. D. e. hermenn fraa dei latinske landi, Frankrike eller Italia.
  10. «Serkland» i Asia er her forbytt med Afrika; for Harald var i aari 1055—37 med paa herferd i Syria og Armenia, fyrr han i 1038 drog med grækarheren til Sicilia.
  11. Sicilia.
  12. D. e. skalden fraa Brynjudal, inst inne i Hvalsfjord i Kjossysla sudvest paa Island.
  13. Michael Katalaktes (sjaa s. 567, merknad 3).
  14. Svovel.
  15. «Haanligt».
  16. Snorre Sturlason var ætta i 5te led fraa Halldor.
  17. Fanur.
  18. Lande ikring Jorsalir (Jorsalaborg), Jerusalem. Den græske keisaren gjorde fred med kalifen i Ægypt, aar 1036, og fekk av honom lov til aa byggja upp kyrkja ved Kristi grav. Keisaren sende handverkarar dit og ein her-styrke til vern for deim, og i den var Harald med. Jerusalem vart ikkje her-teki; de høyrde daa og seinare til kalifen.
  19. De sagdest, at dei hadde «den heilage krossen» liggjande i Jerusalem.
  20. Zoe hev ikkje havt nokon bror, so skyldskapen er i minsto ikkje i uppgjevin rett.
  21. Sjaa s. 567, merknad 3.
  22. Noko slikt kapell er ikkje kjent fraa Konstantinopel.
  23. De er nok so, at Harald hev vori med og blinda «grækarkongen». Michael Kalafates, som Zoe hadde teki i sons stad i 1041, og som vart keisar med henne, han sette ho av, men so sette livvakti, der Harald var «spatharo-kandidat» (oberst), av honom att og blinda han paa gata. Her er Michael forbytt med hans ettermann Konstantin.
  24. Sjáviðar-sund (ɔ: sunde med «sjø-ved») er de som no er kalla «de gyllte horn», viki millom sjølvare Konstantinopel og Galata. Yvi innlaupe til den var de i urolege tidir spana ei diger jarnlekkje, med timberflotar under til aa halda ho uppe.
  25. «Oppakning».
  26. Dnieper-osen i Svartehave.
  27. Sjaa s. 42.
  28. Desse tvo linune er stev, som kjem att ved kvart vers.
  29. Er dette rett, so maa Harald» vera komin til Konstantinopel fyri 1034; for der var keisar-skifte i 1034, 1041 og 1042.
  30. Poluta (russ. palata) er de latinske palatium, palats, og «svarv» kjem av sverfa, aa fila. «Poluta-svarv» vil daa med retten segja «palats-filing».
  31. Sjaa s. 217.
  32. Ein gard i Hvolreppen aust for øvstre Rangaa i Rangaarvalla-sysla synst paa Island.
  33. Son aat Tord paa Steig og Isrid Gudbrandsdotter (sjaa s. 398—99).
  34. Son aat lovsegjings-mannen Snorre Hunbogeson († 1170); han var sjølv prest og budde paa Skard ved Breidefjorden vest paa Island.
  35. I Slesvik, vest for Aabenraa. Magnus døydde paa Sjælland, men hans ettermann i Danmark, Svein (som og hadde namne «Magnus») døydde i Sudatorp.
  36. Halvbror (son aat Alvhild, ikkje aat Olav).
  37. Godn er Gudenaa, no er kalla, som renn ut i Godnarfjord, Randersfjord (sjaa korte s. 553).
  38. Skagen, ved Vendil eller Vendsyssel.
  39. Tjoda, no Tyland, paa nordvest-sida av Jylland, hev Snorre meint laag paa austsida.
  40. Rær, stengar og slikt.
  41. Sjaa s. 394.
  42. I Laksaadal i Dalasysla vest paa Island.
  43. No Rosvoll i Verdalen nørdre Trondhjems amt.
  44. Um tilnamne sjaa soga um Inge, kap. 9.
  45. Erkebisp 1161—1188.
  46. Nidaros.
  47. Sjaa korte s. 528, nr. 4. Leivningar etter Olavskyrkja finst under «Raadstuen» no paa nordsida aat Kongens gate.
  48. Sjaa s. 533, merknad 4.
  49. Erkebisp Øystein flutte Mariakyrkja yvi til Elgeseter og gjorde ho til klosterkyrkje ikr. 1178.
  50. D. v. s. flutte deim dit fraa Klemens-kyrkja.
  51. Denne kyrkja hev legi vestanfor Olavskyrkja, paa nordsida aat Kongens gate, der sparebanken no er (sjaa korte s. 528, nr. 5).
  52. «Der var ikke god forstaaelse».
  53. I soga um Inge, kap. 2 og 17, er Orm kalla Eilivsson; mor hans, Ragnhild, hev soleis vori gift med ein Eiliv, etter at Skofte Skageson var daain (s. 152).
  54. D. e. stogu til samtals- eller samraads-møte.
  55. D. e. den nye kongsgarden, som Harald bygde nedmed elvi austanfor Mariakyrkja (sjaa korte s. 528, nr. 14).
  56. Fyrr (s. 588) er de sagt, at Magnus var gravsett i Klemenskyrkja; men like hans, saman med like aat Olav den heilage, var for ei tid flutt til Olavskvrkja.
  57. Son aat Kjetil Kalv og Gunnhild (s. 595)
  58. Haakon hev butt ein stad paa Romerike, vel so langt fraa Oslo som ein rid paa eit samdøger (sjaa kap. 69).
  59. «Maag» finn ein og brukt um svogerskap i vidare meining. Her er Svein kalla maag aat Haakon for di han var gift med dotter aat Svein, jarl, som Haakon var skyld med.
  60. Rettare: brorson.
  61. Margad (irsk Eachmargach) Rognvaldsson var konge i Dublin 1035—38 og 1046—52.
  62. Wales (sjaa s. 80).
  63. Sunde millom Anglesey og Nord-Wales, no Menai Street.
  64. 28de juli 1052.
  65. Ei aln var paa lag ein halv meter.
  66. D. e. i domkyrkja.
  67. Frankrike (sjaa s. 74). «Vest i Valland var de» er elles gali, i staden for «Alvald heitte».
  68. Inst inne i Foldi (no kalla Kristiania-fjorden), der den vesle aai renn ut som no er kalla «Loelven».
  69. Lusbreid skulde vera Lygsbreid, Livøbredning (av Lyg, no Livø) der Limfjorden er breidast.
  70. Fraa Bygholms Veile var de eit smalt eid yvi til Vesterhave vest for Bulbjerg.
  71. Sjaa s. 405.
  72. Sjaa s. 209.
  73. No Tumlehed, sudvest paa øyi Hising.
  74. D. e. smaaøyane sunnanfor Fyn og Sjælland.
  75. Laholmsviki (sjaa korte s. 553).
  76. Ein som er i vande (naud), uppraadd.
  77. Ved heste-slagsmaal stod merrane og saag paa at hestane beit fraa seg.
  78. «Paa bane».
  79. Sjaa s. 323.
  80. Rettare: brorson (sjaa s. 247, merknad 8).
  81. Ho heitte Eadgitha; Gyda heitte mor hennar.
  82. Gudine jarl (engelsk Godvine og faren Wulfnod) hadde sønine: Harald, Toste, Svein († 1052) og Gyrd. Harald var eldste sonen. Morukaare og Valtjov var ikkje sønir aat Godvine; Morukaare (eng. Morkere) var son aat Ælfrik i Mercia og fraa 1065 jarl i Northumberland; Valtjov var son aat den danske jarl Sivard i Northumberland († 1055).
  83. I Ponthieu, der greiven fanga han; Vilhjalm fridde han ut og førde han til Rouen (Ruda). De er ikkje so at Harald lokka kona aat Vilhjalm; Vilhjalm berre nytta aaføre, daa Harald vart liggjande fyri i lande, til aa tvinga han til aa sverja seg truskaps-eid og trulova han med dotter si.
  84. Paalskyrkja er i London, men Edvard døydde og vart gravlagd i Winchester, og der var de og at Harald vart krynt til konge.
  85. Rette samanhenge er, at Toste var jarl i Northumberland sidan 1055, men vart jaga 1065 og flydde fraa der til Flandern, so han var ikkje i lande daa Edvard døydde. Harald var jarl i Wessex og megtugaste mannen lande.
  86. 13de dag jol, 6te januar.
  87. Sjaa s. 244,
  88. Flandern.
  89. Sulendøyane utfor Sognefjorden.
  90. Rettare: 36.
  91. Raud skjold er teikn paa ufred, kvit skjold paa fred.
  92. Skrymt og troll tek jamleg dei siste ordi uppatt.
  93. Cleveland, strandbygdine sunnanfor Tees, nørdst i Yorkshire (sjaa korte s. 635).
  94. Scarborough, paa sjøstrandi i Yorkshire.
  95. No Holderness, landskagen millom Humber og Nordsjøen.
  96. Den breide elv-osen Humber, som fraa Yorkshire tek upp Ouse (Usa).
  97. Morkere (sjaa s. 623). Bror hans, som var med, heitte Edwine, ikkje Valtjov
  98. Sjaa merknad 2. Slage stod ved Fulford.
  99. Nei, Morukaare kom seg undan og slo seg sidan ihop med Harald Godvineson.
  100. Onsdag 20de september (1066).
  101. No Stamford Bridge yvi elvi Derwent aust for York. Snorre hev meint at Stamford laag næmare York.
  102. 24de september.
  103. Lòt er de same som lune, «humør».
  104. Ikkje heilt rett. Tinge skulde vera ved Stamford, og der skulde Harald faa gislar fraa heile Yorkshire; difor kom slage til aa standa der.
  105. 25de september (1066).
  106. Smaa-is (mò1, smaastykke).
  107. Her og utetter er innblanda segnir fraa slage ved Hastings med normannane (14de oktbr. 1066); de var normannane som her stridde til hest og bruka den pretta mot engelsmennane aa laast fly. Engelsmennane hadde ikkje hestfolk.
  108. Stig-jarn, stigbøygil.
  109. Eg hev ikkje mi brynju.
  110. Snorre og andre, som fortèl dette, fer i mist (sjaa s. 623—24). Kona aat Vilhjalm, Mathilde, livde til 1083
  111. Halvbror aat Vilhjalm, bisp Odo av Bayeux († 1097).
  112. Um Svein og Valtjov sjaa s. 623; Svein var drepin alt i 1052.
  113. Hastings, paa Englands sørstrand; port, hamn (lat. portus).
  114. Valtjov jarl Drongjekk strakst etter slage under Vilhjalm og vart 1070 jarl i Northumberland, men var i 1074 med og lagde raad upp mot Vilhjalm, og so vart han endaa han i tidom stod til, retta utanfor Winchester 1075.
  115. 1066—87.
  116. No Ravenseer, ytste odden av Holderness.
  117. Gard i Nordmørafylke, i Rissa herad no er, paa Fosni.
  118. Konge 1204—17.
  119. Hertug 1237—40.
  120. Sjaa s. 283.
  121. Sedsam, «sedelig.»
  122. Kanskje same sjukdomen som enno er kalla rev eller mage-rev.