Soga um Magnus Blinde

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif Norsk.gif Dansk.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Soga um Magnus Blinde

[1130—1136]


1. Kong Sigurds son, Magnus, vart tekin til konge i Oslo yvi heile lande, som aalmugen hadde tilsvori kong Sigurd, og mange vart hans handgjengne menn, og mange vart lendmenn og. Magnus var den vænaste mannen som fanst i den tid i Norig, men han var stolt og hardhjarta; han var ovende spræk og hendt, men at han fekk aalmugens venskap kom seg mest av di, at far hans var so vensæl; for Magnus var ein stordrikkar og pengekjær og grettin og vond aa koma til rettes med. Harald Gille var venleg og lettliva og skjemtsam og smaalaatin og raust paa handi, so han ikkje sparde for venine sine, og tok gjerne mot raad, so han lét andre styra med seg so mykje dei vilde. Av alt dette vart han vensæl og fekk godt lov, og likso mange stormenn tydde seg til honom som til kong Magnus. Harald var i Tunsberg, daa han spurde at kong Sigurd, bror hans, hadde andast av. Han hadde strakst stemnur med venine sine, og dei avtala at dei skulde halda Haugating[1] der i byen. Paa dette tinge vart Harald tekin til konge yvi halve lande, og dei kalla de for tvangs-eid, at han hadde fraasvori seg farsarven sin. Harald tok seg hird og nemnde ut lendmenn, og de samla seg snart fullkomeleg likso mykje folk til honom som til kong Magnus. Daa fór de menn imillom deim, og soleis stod de i 7 dagar. Men daa kong Magnus fekk mykje mindre folk, saag han ingin annan utveg enn aa skifta lande med Harald. Dei skifte soleis, at kvar av deim skulde hava helvti av de rike som kong Sigurd hadde havt. Men skipi og bord-bunaden og eignalutine og all lausøyren som kong Sigurd hadde havt, hadde kong Magnus; men han var endaa minst nøgd med sin part. Dei raadde yvi lande ei tid i fred likevel, endaa dei slett ikkje kunde samstavast. Kong Harald fekk ein son, som heitte Sigurd, med Tora, dotter hans Gutorm Graabarde. Kong Harald var gift med Ingerid, dotter hans Rognvald, som var son til kong Inge Steinkjelsson. Kong Magnus var gift med Kristin, dotter hans Knut Laavard[2], syster til danakongen Valdemar. Kong Magnus fekk ingin hug til henne og sende ho att sør til Danmark, og sidan gjekk alt tyngre for han, og han fekk mykje utokke av frendane hennar.


2. Daa Magnus og Harald hadde vori kongar i 3 [1134] aar, sat dei den fjorde vetteren baae tvo nord i kaupangen, og bad kvarandre til gjestebods, men de heldt alltid paa og skulde bera ihop med mannskape deira. Mot vaaren siglde kong Magnus med floten søretter langs med lande, og drog til seg alt de mannskape han kunde faa, og høyrde seg fyri med venine sine, um dei vilde hjelpa han til aa taka kongedøme fraa Harald, og gjeva han so mykje av rike som han syntest rett, og kom fram med de, at Harald fyrr hadde fraasvori seg rike. Kong Magnus fekk samtykkje av mange stormenn til dette. Kong Harald fór til Upplandi og landvegen aust til Viki, og han drog og mannskap til seg, daa han spurde til kong Magnus, og kor han og Magnus kom, hogg dei ned buskapen og drap mennane for kvarandre. Kong Magnus var mykje mannsterkare, av di han hadde heile storparten av lande aa samla folk fraa. Harald var i Viki paa austsida av fjorden[3] og drog folk aat seg, og dei heldt paa og tok baade folk og gods fraa kvarandre. Harald hadde med seg ein bror paa morsida, som heitte Kristrød, og mange lendmenn var med han, men de var mange fleire med kong Magnus. Kong Harald var med mannskape sitt ein stad som heiter Fors[4] paa Raanrike, og derfraa fór han ned til sjøen. Lavrantsok-eftan[5] aat dei nattverd ein stad som heiter Fyrileiv[6]; men vaktmenn heldt vakt til hest paa alle vegir fraa garden. Daa vart vaktmennane vare heren til kong Magnus, som kom mot garden. Kong Magnus hadde innpaa 6000 mann, og Harald hadde 1500. Daa kom vaktmennane, som skulde spæja for kong Harald, og sagde at no var mannskape til kong Magnus komi tett burt til garden. Harald svara: «Kva vil frenden vaar, kong Magnus, skal tru? Han vil vel aldri slaast med oss.» Daa svara Tjostolv Aaleson: «Herre, De lyt finna paa ei raad for Dykk og mannskape Dykkar, so visst som kong Magnus hev samla folk i heile sumar, for di han etlar seg til aa slaast, strakst han finn Dykk.» Daa stod kongen upp og tala ved mennane sine og bad deim taka vaapni, um Magnus vilde slaast. Strakst etter lét luren, og heile mannskape til kong Harald gjekk ut fraa garden burt i ein inngjerd aaker, og der sette dei upp merki sine. Kong Harald hadde tvo ringbrynjur, men Kristrød, bror hans, hadde ingi, og han var kjend for aa vera ovende modig. Daa kong Magnus og mennane hans saag mannskape til kong Harald, fylkte dei mannskape sitt og gjorde fylkingi so lang at dei kunde kringsetja heile mannskape til kong Harald. Dette fortèl Halldor Skvaldre.


3. Kong Magnus lét bera den heilage krossen fyri seg i slage, og de vart eit stort og hardt slag. Kongsbroren Kristrød hadde med sine folk gjengi midt inn i fylkingi til kong Magnus og hogg til baae sidur, so fiendane atra seg til baae kantar. Men ein megtug bonde, som hadde vori i heren til kong Harald og stod bak Kristrød, lyfte spjote sitt med baae hendane og stakk de millom herdane paa han, so de kom ut gjenom brjoste, og der fall Kristrød. Daa spurde mange, som stod attmed, kvi han gjorde den ugjerningi. Daa svara bonden: «No fær han kjenna de, at dei hogg ned buskapen min i sumar og tok alt de som heime var, og tvinga meg til aa vera med seg i heren; eg hadde etla han dette, naar eg kunde koma til.» Daa tok heren til kong Harald til aa fly, og han flydde sjølv med heile heren sin. Mange av mennane til kong Harald var fallne, og der fekk lendmannen Ingemar Sveinsson fraa Ask[7] banesaar, og innpaa 60 hirdmenn av heren til kong Harald. Daa flydde kong Harald aust i Viki til skipi sine, og sidan fór han til Danmark til kong Eirik Eimune og bad han um hjelp. Dei møttest sør paa Sjælland, og kong Eirik tok godt imot han, og mest for di at dei hadde tilsvori kvarandre brorskap. Han gav Harald Halland til len og styring, og gav han 8 langskip utan segl og reide. Deretter fór kong Harald nord um Halland, og daa kom de mannskap til han. Kong Magnus lagde heile lande under seg etter dette slage, og gav alle deim som var saara liv og fred og lét deim lækja som sine eigne menn, og daa kalla han heile lande for sitt og hadde alle dei beste mennane som var i lande. Men daa dei samraadde seg med kvarandre, vilde Sigurd Sigurdsson og Tore Ingeridson, og alle dei klokaste mennane, at dei skulde halda flokken ihop i Viki og bida der, um Harald kom sunnantil. Men kong Magnus var einvis og fór nord til Bjørgvin og sette seg fyri der um vetteren og lét mannskape fara fraa seg og lendmennane fara heim til gardane sine.


4. Kong Harald kom til Konghelle med de mannskape som hadde fylgt han fraa Danmark. Daa hadde lendmennane og bymennane samla ein her og sette fylkingi ovanfor byen. Men kong Harald gjekk i land fraa skipi sine og sende bod til bondeheren og bad deim at dei ikkje skulde verja lande hans eigi mot han med odd og egg, og lét so, at han ikkje vilde krevja meir enn han med retten skulde hava. De fór sendemenn imillom deim, og endeleg skildest bondehopen, og dei gav seg under kong Harald. Etterpaa dette gav Harald len og veitslur til lendmennane, til aa faa hjelp av deim, og gav rettarbøtar til dei bøndane som gjekk inn i heren hans. Etter dette samla de seg mykje folk til kong Harald, og han fór vest igjenom Viki og gav alle folk god fred, so nær som mennane til kong Magnus; deim lét han røva fraa og drepa, kor han fann deim. Daa han kom vest til Sarpsborg, tok han der 2 av lendmennane til kong Magnus, Aasbjørn og Nereid, bror hans, og han sette de kaare for deim, at dei skulde hengja den eine og kasta den andre i Sarpsfossen, og bad deim velja sjølve. Aasbjørn valde aa fara paa Sarpsfossen, for di han var den eldste, og den dauden totte han var den hardaste, og so vart gjort. Dette fortèl Halldor Skvaldre. Dermed fór kong Harald nord til Tunsberg, og der tok dei godt imot han, og de samla seg ein stor her til han.


5. Kong Magnus sat i Bjørgvin og høyrde tidend um dette. Daa lét han kalla alle dei hovdingane som var i byen til ei samtale, og spurde deim til raads um korleis dei no skulde stella seg. Daa svara Sigurd Sigurdsson: «Her kan eg gjeva ei god raad; De skal manna ei skute med gode gutar og setja meg eller ein annan lendmann til aa styra, og dei skal fara til kong Harald, frenden din, og bjoda han forlik paa de vilkaar som rettviljuge menn her i lande vil setja imillom dykk, og soleis at han skal hava halve rike med Dykk; eg tykkjer de er rimelegt, at kong Harald vil tekkjast med dette tilbode, naar gode menn vil telja han til, og so kunde de verta forlik imillom dykk.» Daa svara kong Magnus: «Denne raadi likar eg ikkje; eller kva bata de oss daa, at me lagde heile rike under oss i haust, um me no skulde gjeva burt halve rike; gjev oss ei onnor raad.» Daa svara Sigurd Sigurdsson: «Eg synest de, herre, at lendmennane dine, som bad deg um heimlov i haust, sèt seg til heime no og vil ikkje koma til deg; den gong gjorde du beint imot mi raad, daa du spreidde so vidt umkring alle dei folk som me hadde; for eg kunde vita at kong Harald og hans menn vilde nok koma att til Viki, strakst dei spurde at de var hovdinglaust der. No er de ei onnor raad, og den er leid, men de kan nok henda at ho vil gagna oss. Send gjestine dine, og andre folk med deim, og lat deim fara heim til dei lendmennane og drepa deim som ikkje bryr seg um di naud, og gjev eigedomane deira til andre, som er trufaste imot Dykk, um dei so ikkje var so mykje vyrde fyrr; lat deim reisa folke og tak med baade fant og fagnafolk, og so skal De fara aust imot kong Harald, med de mannskape som De fær, og slaast.» Kongen svara: «De var hatelegt aa drepa mykje storfolk og lyfta upp smaafolk; dei hev tidt vori likso trulause, og lande hev vori meir vanhjelpt med deim. Eg vil høyra fleire raadir av deg.» Daa svara Sigurd: «No vert de vandt aa finna paa raad, naar du ikkje vil forlikast og ikkje slaast heller; lat oss daa fara nord til Trondheim, der som me hev landsens største styrke fyri oss, og taka med oss paa vegen alt de mannskape me kan faa; daa kan de vera, at elvegrimane[8] leidest av aa reka etter oss.» «Eg vil ikkje fly for deim,» svara kongen, «som me jaga i sumar; gjev meg ei betre raad.» Daa stod Sigurd upp og laga seg av stad og sagde: «So skal eg gjeva deg den raadi, som eg ser du vil hava, og som du vil fylgja og; sit her i Bjørgvin, til Harald kjem med ein stor herstyrke, og daa lyt du lida anten daude eller skam.» Og Sigurd var ikkje med lenger i denne raadleggjingi.


6. Kong Harald fór vestetter langs med lande og hadde ein ovende stor her, og denne vetteren kalla dei muge-vetteren. Kong Harald kom til Bjørgvin joleftan og lagde seg med floten i Floruvaagar[9], daa han ikkje vilde slaast i joli, for helgi si skuld, men kong Magnus laga seg til i byen. Han lét reisa ei valslyngje[10] ut-paa Holmen[11] og lét gjera ei lense av jarnlekkjur og timber og leggja tvert yvi Vaagen fraa kongsgarden. Han lét smida fot-onglar og leggja ut-yvi paa Jonsvollane[12], og han held ikkje helg meir enn 3 dagar i joli; elles heldt dei paa og arbeidde heile tidi. Avfardagen[13] lét kong Harald blaasa til burtsigling [1135] for heren, og 900 mann hadde samla seg til han i joli.


7. Kong Harald kalla paa den heilage kong Olav og lova han, um han vann, at han skulde byggja ei kyrkje aat han der i byen paa sin eigin kostnad.[14] Kong Magnus sette fylkingi si ut-paa Kristkyrkjegarden, men kong Harald lagde fyrst til ved Nordnes. Daa kong Magnus saag de, snudde han inn til byen og inn i Vaags-botnen; men daa dei fór inn igjenom gata[15], sprang mange av bymennane inn i gardane og heim, men dei som gjekk yvi vollane[16] kom paa fot-onglane. Daa saag kong Magnus og mennane hans at kong Harald med heile heren hadde rott yvi til Hegravik[17] og gjekk upp der paa bakken ovanfor byen. Daa snudde kong Magnus ut etter gata, og daa flydde mannskape fraa han, nokre upp i fjelle[18] og nokre upp um Nonneseter[19] og nokre inn i kyrkjune eller gøymde seg andre stadir. Kong Magnus gjekk upp paa skipe sitt; men de var uraad aa koma burt, av di jarnlekkjune stengde utlaupe. De var berre faa menn og, som fylgde kongen, og difor var dei ikkje føre til nokon ting. Dette fortèl Einar Skuleson i Haraldsdraapa. Strakst etter kom mennane til kong Harald ut paa skipi, og daa fanga dei kong Magnus. Han sat atter i fyrirome paa høgsætes-kista, og attmed honom sat Haakon Fauk, morbror hans, som var ein overlag vakker mann, men dei heldt han ikkje for aa vera vidare klok. Ivar Ossursson og mange andre av venine hans vart og fanga, men sume vart drepne med de same.


8. Etterpaa dette hadde kong Harald eit møte med raadgjevarane sine og bad deim raadleggja med seg, og paa slutten av dette møte vart de avgjort, at dei skulde skilja Magnus ved styringi, slik at han aldri meir kunde kallast konge fraa den dag. Dei flidde han til trælane aat kongen, og dei skamførde han, stakk ut augo hans og hogg av han den eine foten og skamførde han endaa verre. Ivar Ossursson vart blinda, og Haakon Fauk vart drepin. Etter dette gav heile lande seg under kong Harald. No leita dei mykje etter og, kven som hadde vori dei beste venine til kong Magnus, eller kven som kjende best til skatte-gøymslune og eignalutine hans. Kong Magnus hadde havt med seg den heilage krossen, sidan slage stod paa Fyrileiv, og han vilde ikkje segja kor de hadde vorti av han. Bisp Reinald i Stavanger var engelsmann og kjend for aa vera pengekjær; han var ein kjær ven til kong Magnus, og folk totte de var rimelegt, at han var sett til aa forvara store skattar og eignalutir. Dei sende bod paa han, og daa han kom til Bjørgvin, skulda dei han for dette, men han negta og baud skirsl for seg. Kong Harald vilde ikkje de, men paalagde bispen aa betala seg 15 merkar gull. Bispen sagde at han vilde ikkje arma ut bispesæte sitt soleis og vilde heller vaaga live. Daa hengde dei bispen Reinald ut-paa Holmen attmed valslyngja.[20] Men daa han gjekk til galgen, riste han styvilen av foten sin og sagde og svor paa de: «Eg veit ikkje um meir av skattane til kong Magnus enn de som er der i styvilen;» i den var de ein gullring. Bispen Reinald vart jorda paa Nordnes i Mikjaalskyrkja, og dette verke vart mykje lasta. Sidan var Harald aaleine konge yvi Norig, so lengi han livde.


Eilif Peterssen: Magnus vert skamførd.


9. Fem aar etter kong Sigurd hadde andast av, [1135] hende de merkelege ting i Konghelle. Gutorm, son hans Harald Flette, og Sæmund Husfrøya var syslemenn der paa den tidi. Sæmund var gift med Ingebjørg, dotter til presten Andres Brunsson. Sønine deira var Paal Flip og Gunne Fis. Sæmund hadde eit lausing-barn og, som heitte Aasmund. Andres Brunsson var reint ein ovkar; han var prest ved Krosskyrkja og hadde ei kone som heitte Solveig. Dei hadde til fostring Jon Loftsson[21], som daa var 11 aar gamal. Presten Loft Sæmundsson, far hans, var og der. Presten Andres og Solveig hadde ei dotter som heitte Helga og var gift med Einar. De hende i Konghelle natti til fyrste sundag etter paaskeviko[22], at de vart eit fælt staak ute paa gatune i heile byen, liksom naar kongen fór med heile hirdi si, og hundane bar seg so ille, at ein ikkje kunde passa paa deim, og sleit seg. Men alle dei som kom ut vart galne og beit alt de som dei raaka paa, baade folk og fe; men alt de som vart biti, og blode kom ut paa, gjekk fraa vite, og alt de som var fremnnelegt slepte fostere og gjekk fraa vite. Slike paaminningar var de mest kvar einaste natt fraa paaske og til helgetorsdag[23]. Folk var mykje rædde desse under, og mange laga seg til aa fara burt og selde gardane sine og drog paa lande eller til andre byar, og nettupp dei som klokast var, var mest rædde, og tenkte, som sant var, at dette var fyribod paa noko fælande stort, som ikkje endaa var komi. Men Andres prest tala daa baade langt og vakkert kvitsundagen[24] og rødde paa slutten um den faaren bymennane var i, og bad deim herda paa og ikkje leggja den herlege byen i øyde, men heller halda godt vakt og sjaa til og agta seg for alt de som kunde bera til, eld og ufred, og beda Gud vera seg naadig.


10. Trettan førsleskutur laga seg burt fraa byen og etla seg til Bjørgvin, og 11 av deim gjekk under med folk og gods og alt som i var; de tolvte forliste og, og mannskape vart berga, men føringi kom burt. Den gongen fór presten Loft nord til Bjørgvin med alt sitt, og han kom fram med heilo. Lavrantsok[25] forliste førsleskutune. Danakongen Eirik og erkebisp Ossur[26] sende baae tvo bod til Konghelle og bad deim taka vare paa byen sin, og sagde at vindane hadde ein stor her ute og herja rundt umkring paa kristne menn og hadde jamnan yvitake. Men bymennane brydde seg lite um si eigi velferd, og vart like sytne og gløymde de meir og meir, di lenger de leid paa etter den rædsla som hadde komi paa deim. Men lavrantsok-dagen, daa presten tala til høgmesse, daa kom vindekongen Rettibur[27] til Konghelle og hadde halvtridje hundrad skutur, og paa kvar skute var de 44 menn og 2 hestar. Dunimits heitte systerson til kongen, og Unibur heitte ein hovding, som hadde mykje folk under seg. Desse tvo hovdingane rodde upp med ein lut av heren de øystre elvelaupe um Hisingen og kom so ned til byen, og med ein lut av heren lagde dei upp til byen de vestre elvelaupe. Desse lagde til lands ute ved paalane og sette hestfolke i land der og reid um Brattsaas[28] og so upp um byen. Einar, maagen hans Andres, gjekk upp til Kastellkyrkja og sagde fraa um dette, av di by-aalmugen var der og hadde gjengi dit til aa lyda paa høgmessa. Einar kom nett som Andres prest stod og tala. Einar fortalde at de fór ein her mot byen med mange herskip, og at nokre av heren reid ned um Brattsaas. Daa sagde mange at de visst var danakongen Eirik, og av honom venta folk grid. Daa sprang alt folke ned i byen til eigedomane sine og væpna seg og gjekk ned paa bryggjune, og saag strakst at de var ufred og ein uhorveleg stor her. De laag 9 austfarskip[29] paa aai ved bryggjune, som høyrde til nokre kaupmenn. Vindane lagde fyrst til der og slost med kaupmennane. Kaupmennane væpna seg og varde seg lengi vel og manneleg. De var ein hard strid, fyrr kaupmennane tapte. I denne slaastingi miste vindane halvt-anna hundrad skip med alt mannskape. Daa striden var paa de hardaste, stod bymennane paa bryggjune og skaut paa heidningane. Men daa de leid paa slutten, flydde bymennane upp i byen, og so til kastelle alt folke, og hadde med seg alle sine beste ting og all den eigedomen dei kunde faa med seg. Solveig og døtrane hennar og tvo andre kvende gjekk upp i lande. Daa vindane hadde teki kaupmannsskipi, gjekk dei paa land og kanna[30] folke sitt, og daa fekk dei sjaa kor mykje dei hadde mist. Sume av deim flaug upp i byen og sume ut paa kaupmanns-skipi og tok alt de dei vilde hava med seg. Baketter kveikte dei eld paa byen og brende upp heile byen og likeins skipi. Etterpaa gjekk dei med heile heren mot kastelle og laga seg til aa ganga paa.


Eilif Peterssen: Bymennane paa bryggja skyt paa vindane.


11. Kong Rettibur lét bjoda deim som var i kastelle, at dei skulde ganga ut og faa hava liv og vaapn og klæde og gull. Men alle skreik imot og gjekk ut paa borgi, sume skaut og sume kasta stein, og sume kasta med staurar, og de vart ein hard strid, og de fall folk paa baae sidur, men mange fleire av vindane. Solveig kom upp paa ein gard som heiter Solbjargir, og fortalde um dette. Daa skar dei her-pil og sende til Skurbaagar[31]; der var de fønningslag[32] og mykje folk. De var ein bonde der, som heitte Olve Miklemunn[33]; han sprang upp strakst og tok skjolden sin og hjelmen og ei stor øks i handi og sagde: «Lat oss standa upp, gjæve karar, og tak vaapni dykkar, og lat oss av og hjelpa bymennane; for kvar mann som høyrer de, vil tykkja de er stor skam, at me sit her og tøyter øl, og gjæve karar skal vaaga live sitt i byen for vaar skuld.» Mange svara og tala imot og sagde at dei vilde berre tyna seg sjølve og ikkje vera bymennane til nokor hjelp. Daa sprang Olve upp og sagde: «Um so alle hine vert etter her, so skal eg likevel fara aaleine, og ein eller tvo av heidningane skal lata live for meg, fyrr eg fell.» Han sette ned til byen. Nokre fór etter han og vilde sjaa korleis de gjekk han, og um dei kunde vera til nokor hjelp. Daa han kom so nær kastelle at heidningane saag han, sprang 8 mann fullt væpna imot han. Daa dei møttest, kringsette heidningane han. Olve svinga upp øksi og raaka med den fremste odden under kverken paa den som stod attanfor, so han skar sund kjaken og barken paa han, og han datt vidopin paa ryggen. Daa svinga han øksi fram-for seg og hogg ein annan i hovude og kløyvde han radt ned til herdane. Daa bar de ihop, og daa drap han tvo til, men vart sjølv mykje saara og. Daa flydde dei fire som var att, og Olve sprang etter; de laag eit dike i vegen, og tvo av heidningane sprang ut i der, og Olve drap deim baae tvo, men stod fast i dike sjølv og. Tvo heidningar kom seg undan av alle aatte. Dei mennane som hadde fylgt Olve tok han og hadde han med seg attende til Skurbaagar, og han vart fullkomeleg lækt, og de segjer folk, at ingin mann hev fari ei modigare ferd. Tvo lendmenn, Sigurd Gyrdsson, bror hans Filippus, og Sigard, kom med 600 mann til Skurbaagar, og der snudde Sigurd med 400 mann, og sidan totte folk han var lite til kar, og han døydde ikkje lengi etter. Men Sigard fór med 200 mann til byen og slost med heidningane og fall der med heile mannskape sitt. Vindane gjekk paa kastelle, men kongen og hovdingane stod utanfor slage. De var ein stad, der vindane stod, ein mann som skaut med boge og drap ein mann med kvar pil, og tvo menn stod fyri han med skjoldar og livde han. Daa sagde Sæmund til Aasmund, son sin, at dei skulde skjota baae tvo paa skyttaren paa ein gong; «men eg skal skjota paa den som ber skjolden,» sagde han. Han so gjorde, og hin livde seg daa sjølv med skjolden. I de same skaut Aasmund millom skjoldane, og pili kom i panna paa skyttaren, so ho kom ut igjenom nakken, og han datt daud att aa bak. Daa vindane saag de, ulte dei alle ihop som hundar eller graabeinar. Daa lét kong Rettibur ropa til deim og bjoda deim fred, men dei sagde nei. Sidan gjekk heidningane hardt paa. Daa var de ein av heidningane som gjekk so nær, at han gjekk alt aat kastellporten, og stakk med sverde til ein mann som stod innanfor porten; dei lagde til han med skot og stein, og han hadde ikkje skjold, men han var slik ein trollmann, at ikkje vaapn beit paa han. Daa tok Andres prest vigd eld og signa og skar upp tunder og lagde paa elden og sette de paa pil-odden og gav han Aasmund. Han skaut med denne pili, paa trollmannen, og dette skote beit so godt at han turvte ikkje meir, og han datt daud i bakken. Daa bar heidningane seg likso ille som fyrr og ulte og kvein. Alle ihop gjekk burt til kongen, og for dei kristne saag de likt ut til at dei tenkte paa aa hava seg undan. Daa høyrde ein tolk, som kunde maale til vindane, at hovdingen Unibur tala soleis: «Dette er eit atalt folk og ikkje godt aa eigast med, og endaa um me tok all den eigedomen som finst i denne byen, so skulde me gjeva likso mykje til, at me aldri var komne hit; so mykje folk og mange hovdingar hev me mist. Fyrst i dag, daa me tok til aa slaast med kastelle, daa hadde dei pilir og spjot til aa verja seg med. Sidan slo dei oss med stein, og no slær dei oss med svolkar liksom hundar; av di kan eg sjaa at de minkar med vaapn for deim til aa verja seg med, og me skal ganga hardt paa ein gong til og freista paa.» Og de var so som han sagde, at daa kasta dei med staurar, men i fyrstningi av striden hadde dei vori reint uvyrdne med skotvaapn og stein. Men daa dei kristne saag at de tok til aa minka med staurane, hogg dei kvar staur i tvo. Men heidningane søkte inn paa deim og gjekk hardt paa og kvilde seg dessimillom. Paa baae sidur vart dei trøytte og saara no. Og ein gong, daa dei kvilde seg, lét kongen bjoda deim grid att, soleis at dei skulde hava vaapni og klædi sine og de som dei kunde bera ut sjølve av kastelle. Daa var Sæmund Husfrøya fallin, og dei mennane som var att raadde seg daa til aa gjeva kastelle og seg sjølve heidningane i vald; men dette var ei styveleg raad, for heidningane heldt ikkje orde sitt og tok alle folk, karar og kvende og born, og drap mange av deim, alle dei som var saara og unge, og som dei totte de var vondt aa føra med seg; dei tok all den eigedomen som var der i kastelle, og gjekk inn i Kastellkyrkja og røva alt skrud som der var. Andres prest gav kong Rettibur ein sylvslegin og gyllt stav, og ein fingerring av gull til Dunimits, systerson hans; av dette totte dei at dei kunde sjaa han var ein megtug mann i byen, og vyrde han meir enn hine. Dei tok den heilage krossen og hadde med seg, og likeins tavla som stod for altare, som kong Sigurd hadde lati gjera i Grækarland og havt med seg heim[34]; den lagde dei ned paa stige framanfor altare. Dermed gjekk dei ut or kyrkja. Daa sagde kongen: «Dette huse hev dei vølt um med stor kjærleike til den gud som eig dette huse. Men eg tykkjer de, at de ikkje hev vori agta vidare paa dette huse og denne byen, av di eg ser at guden er vond paa deim som skulde taka vare paa de.» Kong Rettibur gav Andres prest kyrkja og skrine og den heilage krossen og altarboki[35] og fire klerkar. Men heidningane brende kyrkja og alle dei husi som var der i kastelle. Men den elden som dei hadde tendra i kyrkja slokna tvo gongir; daa hogg dei ned kyrkja, og daa tok ho til aa loga upp alle stadir innantil, og ho brann som andre hus. Daa fór heidningane til skipi sine med herfange og kanna mannskape sitt, men daa dei saag kor mykje dei hadde mist, gjorde dei alt folke til fangar og skifte deim millom skipi. Soleis kom Andres prest og klerkane hans um bord paa kongsskipe med den heilage krossen; men daa kom de ein stor rædsel yvi heidningane, av eit teikn som vart paa kongsskipe; for de kom slik hite, at alle totte dei heldt paa og skulde brenna upp. Kongen bad tolken spyrja presten kva de kom seg av. Han sagde at den allmegtuge Gud, som dei kristne trudde paa, sende deim dette merke paa at han var harm paa deim, av di dei var so djerve at dei tok pinselmerke hans med hendane sine, dei som ikkje vilde tru paa skaparen sin. So stor magt, sagde han, fylgde de med krossen, at tidt hadde slike under og nokre endaa tydelegare hendt fyrr med heidningane, naar dei hadde han i hendane. Daa lét kongen setja prestane ned i skipbaaten, og Andres prest bar den heilage krossen i fange sitt. Dei drog baaten fram langs med skipe og fram um stamnen og atterut langs de andre skipsborde til lyftingi, og so skaut dei baaten ifraa med baatshakar og skuva han inn til bryggjune. Sidan fór Andres prest um natti med krossen til Solbjargir, i regn og storm, og hadde krossen til ein stad han kunde vera trygg.[36]


12. Kong Rettibur og de mannskape som var att, fór burt og attende til Vindland, og mange av deim som dei hadde teki i Konghelle var sidan lengi i trældom i Vindland, men dei som vart utløyste og kom heim til Norig til odelen sin, alle dei treivst ikkje so godt sidan. Kaupstaden i Konghelle hev aldri komi seg so upp som han fyrr var.

Daa dei hadde blinda Magnus, fór han sidan til Nidaros og gav seg i kloster[37] og tok munkeklæde. Daa skøytte dei Store-Hernes[38] paa Frosta til klostere til upphelde for han. No raadde Harald aaleine for lande vetteren etter og gav alle dei mennane forlik som vilde hava, og tok mange upp i hirdi som hadde vori med Magnus. Einar Skuleson fortèl i ei vise at kong Harald heldt tvo slag i Danmark, eit ved Hvedn[39] og eit ved Lesøy.


13. De var ein mann som heitte Sigurd, som vart uppfødd i Norig, og dei sagde han var son til presten Adalbrikt. Mor hans Sigurd heitte Tora, dotter hans Sakse paa Vik[40] og syster til Sigrid, som var mor til kong Olav Magnusson, og til Kaare Kongsbror, som var gift med Borghild, dotter hans Dag Eilivsson. Dei hadde tvo sønir, Sigurd paa Austraatt og Dag. Sønine hans Sigurd var Jon paa Austraatt og Torstein og Andres Dauve. Jon var gift med Sigrid, syster til kong Inge og hertug Skule. Daa Sigurd var barn, vart han sett til boki, og han vart klerk og vigd til dekn. Men daa han vart fullvaksin i alder og styrke, vart han ein overlag rask og sterk mann og stor, og i alle itrottar gjekk han yvi alle jamnaldrane sine og mest alle andre i Norig og. Sigurd var tidleg ein villstyring og ei ageløyse, og dei kalla han Slembedekn. Han var den vænaste mannen ein kunde sjaa, og hadde tunt men vænt haar. De kom attfor Sigurd, at mor hans sagde at kong Magnus Berrføtt var far hans, og strakst han vart sin eigin herre, brydde han seg ikkje um klerke-stelle og fór ut or lande. Paa denne ferdi var han burte i lang tid, og gav seg paa vegen ut til Jorsalir og kom til Jordan og drog til dei heilage stadine som pilegrimane hev for skikk. Daa han kom att, fór han paa handel. Ein vetter var han ei stund paa Orknøyane og var med Harald jarl[41], daa Torkjel Fostre Sumarlideson vart drepin. Sigurd var uppe i Skotland og, hjaa skotekongen David[42], og der var han i stor ære. Sidan fór Sigurd til Danmark, og etter de han og mennane hans sagde, hadde han der bori jarn til aa prova fars-ætti si, og han hadde prova at han var son til kong Magnus, og 5 bispar var til staes der. Dette fortèl Ivar Ingemundsson i Sigurds-bolken. Men venine til kong Harald sagde at dette var svik og lygn av danine.


14. Daa Harald hadde vori konge yvi Norig i 6 aar, [1136] kom Sigurd til Norig, og han fór til kong Harald, bror sin, og fann han i Bjørgvin og gjekk strakst til han og opinberra for honom fars-ætti si og bad kongen godkjenna frendskapen. Kongen gav ikkje strakst noko svar paa dette, og bar de for venine sine og hadde samtale og stemnemøte med deim. Men av denne samtala kom so mykje upp, at kongen skulda Sigurd for de, at han hadde vori med og drepi Torkjel Fostre i vesterlandi. Torkjel hadde fylgt kong Harald til Norig, fyrste gongen han kom til lande,[43] og Torkjel hadde vori ein ovende god ven til kong Harald. Dei forfylgde denne saki so strengt, at dei klaga Sigurd paa live, og no gjorde dei som lendmennane raadde til, at seint ein kveld gjekk nokre av gjestine[44] dit som Sigurd var, og ropte han ut til seg og tok ei skute og rodde burt fraa byen med Sigurd og sør til Nordnes[45]. Sigurd sat atter paa ei kiste og tenkte paa kva dette skulde tyda, og han tvila for at dette var svik. Han var klædd soleis, at han hadde blaa brok og skjorte, og ei kappe med band til yviplagg. Han saag ned for seg og heldt hendane paa kappebandi og drog deim takom-til upp yvi hovude og takom-til ned att. Daa dei var komne ut for nese, var dei lystuge og drukne, og rodde hardt og var sorglause. Daa stod Sigurd upp og gjekk burt til æsingi, og dei tvo mennane som var sette til aa vakta paa han stod og upp og gjekk burt til æsingi og tok i kappa baae tvo og heldt ho til sida, som de er skikk aa gjera med storfolk. Men daa han var rædd for at dei heldt i fleire av klædi hans, tok han ein med kvar hand og kasta seg yvi bord med deim baae tvo. Skuta gjekk eit langt stykke fram, og de gjekk seint med aa faa vendt ho, og de drygde lengi, fyrr dei fekk teki upp mennane sine. Men Sigurd dukka under og sumde so langt undan, at han var uppe paa land fyrr dei fekk snutt skipe sitt etter han. Sigurd var overlag snarføtt og tok vegen upp i lande, og kongsmennane fór og leita etter han heile natti og kunde ikkje finna han. Han lagde seg i ei bergskorte og fraus fælt og tok broki av og skar hol paa bakstykke og smøygde de paa seg og stakk hendane gjenom brokbeini, og soleis berga han live denne gongen. Kongsmennane fór heimatt og kunde ikkje dylja for at dei hadde gjort ei uferd.


15. Sigurd totte han kunde merka at de ikkje vilde vera til nokor hjelp aa fara til kong Harald, og difor gøymde han seg heile hausten og fyrstningi av vetteren. Han var løynleg i Bjørgvin hjaa ein prest og prøvde paa aa stella de soleis, at han kunde faa gjort kong Harald noko vondt, og mange var med paa dette, og av deim var de nokre som daa var hirdmenn og kammersveinar hjaa kong Harald, men som fyrr hadde vori hirdmennane til kong Magnus, og dei var no so godt inne med kong Harald, at allstødt einkvar av deim gjorde teneste ved kongens bord. Luciamesse[46] um kvelden sat de tvo menn der og rødde. Den eine sagde til kongen: «Herre, no vil me lata Dykk avgjera trætta vaar; me hev vedda um ein ask[47] honning kvar av oss; eg segjer de, at De vil liggja i natt hjaa dronning Ingerid, kona Dykkar, men han segjer at De vil liggja med Tora Gutormsdotter.» Daa svara kongen og log, og visste inginting um at de var so mykje fulskap med dette spursmaale, og sagde: «Du vinn ikkje veddemaale.» Av dette kunde dei vita kor dei skulde finna han den natti; men hovudvakti var utanfor de herbyrge som dei fleste tenkte at kongen var i, og som dronningi sov i.


16. Sigurd Slembedekn og nokre andre menn kom til de herbyrge som kongen sov i, og braut upp døri og gjekk inn med dregne sverd. Ivar Kolbeinsson var den fyrste som saara kong Harald; men kongen hadde vori drukkin, daa han lagde seg, og sov fast, og han vakna ikkje fyrr dei hogg til han, og sagde i ørska: «Du fer hardt med meg no, Tora.» Daa sprang ho upp og sagde: «Dei fer hardt med deg, som vil deg verre enn eg.» Der lét kong Harald live sitt, men Sigurd med sine menn gjekk burt. No lét han kalla til seg deim som hadde lova at dei skulde slaa lag med han, um han fekk teki live av kong Harald. Sigurd og mennane hans gjekk um bord paa ei skute, og mannskape sette seg ved aarane og rodde ut paa Vaagen under kongsgarden, og daa tok de til aa lysa av dagen. Daa stod Sigurd upp og tala til deim som stod paa kongsbryggja og kunngjorde at han var gjerningsmannen til draape paa kong Harald, og bad at dei vilde taka mot han og taka han til konge, soleis som han var fødd og borin til. Daa stimde de mykje folk ned paa bryggja fraa kongsgarden, og dei svara alle som ein mann og sagde at de skulde aldri verta noko av, at dei lystra og tente den mannen som hadde myrdt bror sin; «og var han ikkje bror din,» sagde dei, «so hev du ikkje ætt til aa vera konge.» Dermed slo dei vaapni ihop og dømde deim alle utlæge[48] og fredlause. Daa blés dei i kongsluren og stemnde ihop alle lendmennane og hirdmennane. Men Sigurd og mennane hans saag daa at de var de likaste aa hava seg undan, og siglde til Nordhordaland og heldt ting der med bøndane, og dei gjekk under han og gav han kongsnamn. Derfraa fór han inn i Sogn og heldt ting med bøndane der og vart tekin til konge der og. Derfraa fór han nord i Fjordane, og der tok dei godt imot han. So segjer Ivar Ingemundsson:

Dei tok mot den milde
Magnus-sonen
hordar og sygnir,
daa Harald var fallin.
Daa svor seg mange
mennar paa tinge
i broderskap
med budlungssonen[49].

Kong Harald vart gravsett i den gamle Kristkyrkja[50].


Slutvignet Magnus Blindes saga.jpg


Notar:

  1. Ting paa Haugar, no Møllebakken, i Tunsberg.
  2. Son aat Eirik den gode («Eiegod»), hertug i Slesvik († 1131)
  3. Oslofjorden.
  4. No Foss i Tunge herad i Baahuslen.
  5. 9de august (1134).
  6. No Farlof i Tunge herad.
  7. Ein stor gard i Norderhov herad paa Ringerike.
  8. Folk som bur ved Elvi, Gøtaelvi.
  9. No Florevaag paa Askøyi, vest for Bergen.
  10. Ei «blide» eller kastemaskine (lat. ballista) til aa kasta stein og slikt paa fienden.
  11. No Bergenhus.
  12. No Engi (Engj'a, «Engen») i Bergen. Jonsvollane hev namn etter Jonskyrkja eller Augustin-klostere tett attmed, endaa um de knapt var bygt den gong (1135)
  13. Fjortande-dag jol (7de januar).
  14. «Olavskyrkja paa Bakkane», som ho sidan vart heitande (sjaa korte s. 742, nr. 1.)
  15. No Øvregata ovanfor Tyskebryggja.
  16. Jonsvollane (sjaa s. 700).
  17. No Sandviki.
  18. D. e. Fløyfjelle.
  19. D. e. upp langs austsida av Lungegardsvatni. Nonneseter var knapt bygt den gongen (1135).
  20. Den 18de januar 1135.
  21. Jon Loftsson paa Odde (f. 1124, † 1197) var fosterfar aat Snorre. Um mors-ætti hans sjaa soga um Magnus Erlingsson, kap. 21.
  22. Natti til 14de april.
  23. 16de mai («Kristi himmelfartsdag»).
  24. «Pinsedag», 26de mai.
  25. 10de august.
  26. Erkebisp i Lund.
  27. Ratibor, hertug i Forpommern, døydde kristin ved 1152.
  28. No Brattaas, som gjeng fraa sudvest mot nordaust, ovanum byen; i den er de ei kleiv, der vegen gjekk til byen nordfraa.
  29. Skip som fór paa Øystresjøen, mest Gotland og Russland.
  30. Saag etter, mynstra.
  31. Desse gardane hev legi nordaust for Konghelle, burtimot der byen Kongelf no er.
  32. Sjaa s. 646.
  33. D. e. stormunn.
  34. Sjaa s. 693.
  35. Sjaa s. 693.
  36. Andres prest førde krossen til Nidaros, og der var den i forvaring sidan.
  37. I klostere paa Nidarholm.
  38. Hernes ligg vestlengst paa Frosta.
  39. No Hven, øy i Øresund.
  40. Sjaa s. 660.
  41. Harald, son aat Haakon jarl (s. 667), styrde fraa ikr. 1122—1128.
  42. Konge i Skotland 1124—1153.
  43. Sjaa s. 685.
  44. Sjaa s. 276, merknad 2.
  45. Sjaa korte s. 742.
  46. 13de desember.
  47. Eit maal til drikkevarur, so mykje som 4 «bollar».
  48. D. s. s. fredlaus.
  49. Kongssonen.
  50. D. e. den vesle Kristkyrkja (sjaa s. 646, merkn. 1).