Soga um Ofeig den sløge

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif


Islandske ættesagaer


Soga um Ofeig den sløge


utgjevi etter Cod. Reg. no. 2845 4º


med umsetjing til nynorsk av Gustav Indrebø


Det norske samlaget (Landsmaalslaget)

Oslo, 1920


Fyreord

Ofeigssoga finst i tvo handskrifter, nemleg i no. 132 fol. i den Arnamagnæanske Samlingi i Universitets biblioteket i Kjøbenhavn og i no. 2845 4º i den Gamle Kongelege Samlingi i det Kongelege Biblioteket i Kjøbenhsvn. Den arnamagn. handskrifti, Möðruvallabók, er truleg skrivi i fyrste halvparten av det 14. h.aa.; handskrifti i det Kongelege biblioteket er fraa det 15. h.aa. I Möðruvallabók er soga kalla «Saga Ófeigs bandakalls (bragðakalls?)». I den kongelege handskrifti staar det ’kje noko namn paa henne. Men namnet «Bandamanna saga» finst i Grettesoga, som er skrivi i slutten av det 13. h.aa.

Det er ’kje so liten skilnad paa den form, som soga har i dei tvo handskriftene. I den arnamagn. handskrifti er soga lengre enn i den kongelege. Det den lengre recensjonen har utover den stuttare, er nokre vers — i den stuttare recensjonen er berre eitt vers — og ymse skildringar og utmaalingar som skal gjera forteljingi intersssantare. Dessutan staar det ’kje allstad dei same personnamn og stadnamn i dei tvo handskriftene. Og so er ulikskapen i ordleggjing setning for setning stor. Baade den lengre og den stuttare soga er godt fortalde. Fyrsten er best og fyndigast fortald i den stuttare soga, slutten er derimot best i den lengre. Den stuttare soga er i siste kapitlet so sterkt samandregi at meiningi vert ugreid.

Den stuttare soga er skrivi paa Vestlandet paa Island; ho byrjar so: «Ófeigr hét maðr, hann bjo norðr i Miðfirði» — Midfjord er ein arm av den store, breide Húnafloi, som trengjer seg inn i det nordvestlege Island — Den lengre soga er skrivi paa Nordlandet; ho byrjar so: «Ófeigr hét maðr er bjo vestr i Miðfirði».

Dei fleste meiner at den stuttare recensjonen syner oss soga i den upphavlegaste formi, og at den lengre soga er ei seinare uividing. Men det kann og henda at A. Heusler har rett, naar han (1912) held paa at den stuttare og den lengre soga baae er nedskrivne direkte etter den munnlege tradisjonen. Den stuttare soga er, meiner han, nedskrivi etter ein forteljar paa Vestlandet, og den lengre etter ein forteljar paa Nordlandet. Den lengre soga er ikkje ei utviding av den stuttare, og den stuttare ikkje ei samandraging av den lengre.

Handlingi i Ofeigssoga gaar fyre seg ikring midten av det 11. h.aa. Naar soga fyrst er førd i pennen (av ein eller tvo forfattarar), veit vi ikkje visst. Hovdingen Snorre Kalvsson, som døydde i 1170-aari, er nemnd i siste kapitlet, og saga er vorti til etter hans tid. Grettesoga, fraa slutten av det 13. h. aa. nemner «Bandamanna saga», og ho er altso eldre enn Grettesoga. Det kann vera rimelegt aa setja nedskrivingstidi til slutten av det 12. h.aa.

Skodeplassen skifter ikkje mykje. Hovudpersonane Odd Ofeigsson og Ofeig Skideson, far hans, høyrer heime ved Midfjord paa Nordvestlandet. Der ligg Røyker, garden aat Ofeig, Mel, garden aat Odd, og ogso Videdal, Svalestader, Bodvarsholar og fleire stader som soga nemner. Den tingstriden som fyller det meste av soga, gaar fyre seg paa Altinget paa Sudvestlandet. Elles spelar handlingi i eitt kapitel over til Breidefjorden (Kvamsleid). Det vert fortalt i aalmenne ordelag at Odd gjorde kjøpferder utanlands. Men berre i eitt høve er det sagt kvar ferdi gjekk (til Orknøyane).

Karakteristisk for Ofeigssoga er det, at ho er meir ublodig enn dei fleste sogor. Handlingi gaar og fyre seg i ei tid som i det heile var fredleg paa Island, og som vi nett difor elles faar vita heller lite um. Det som fangar interessa, er ikkje vaapnstridar, men ei tingtrætte. Helten er den gamle skrøpelege, men lovkunnige og sløge Ofeig Skideson; han narrar dei byrge, magtsjuke hovdingane, som har samansvore seg mot Odd (Bandamenn, «samansvorne»), og bergar son sin or knipa. Ofeig er det som forfattaren skildrar mest individuelt og med den største kjærleik. Dei andre personane teiknar han ikkje so karakteristisk, korkje Odd, som formelt er hovudpersonen, eller Ospak, skurken i soga og uvenen aat Odd, eller Vale, den rett-tenkte venen aat baade Odd og Ospak, eller hovdingane som sver seg saman mot Odd. Høgdepunkti i soga er samtalane: samtalen millom Ofeig og domsmennene i nordlendinge-domen (kap. 6 — i hovudsaki ein monolog av Ofeig), dialogane millom Ofeig og Egil paa Borg (kap. 8) og millom Ofeig og Gjelle paa Helgafell (kap. 9), ordstriden paa Altinget millom Egil og hovdingane (kap. 10); dertil einetalen aat Ofeig i kap 10, daa han staar framfyre hovdingane og skal velja domsmenner i saki hans Odd. Samtalane i Ofeigssoga er reine perlor av kunst.

Ofeig Skideson høyrer ein ikkje gjete i andre sogor. Um Odd Ofeigsson er det ein serskild taatt i Morkinskinna, og i Flatøyboki — taatt ɔ: stutture forteljing — : «Odds þáttr Ófeigssonar». Taatten fortel næmare um kjøpferdene hans og upphaldet ved hirdi aat Harald Hardraade. Sume av dei andre hovdingane som soga nemner, er det fortalt meir um i andre sogor.

Ein taatt som heiter «Ǫlkofra þáttr», er ei etterlikning av Ofeigssoga. Men forteljingi er i taatten mykje grovare og toler ikkje aa samanliknast med soga.

Den lengre soga vart fyrst prenta paa Island av lagmannen Bjørn Markússon (1716-1791) i publikasjonen «Margfróðir sǫguþættir», som kom ut paa Holar 1756. Andre gongen vart ho utgjevi av det Nordiske Literatur-Samfund ved H. Friðriksson, med islendsk-dansk glossar (Nordiske Oldskrifter X, Kjøbenhavn 1850). A. Heusler gav soga ut — i fylgje med Hœnsa-Þóris saga — i Berlin 1897, med innleiding og glossar («Zwei Isländer-Geschichtcn, die Hœnsna-Þóres und die Bandamanna saga»). Han nytta teksti i Friðrikssons utgaave. Ny umvølt utgaave, med umarbeidd innleiding, gav han ut same staden 1912.

Den stuttare soga gav Gustaf J. Chr. Cederschiöld ut i Lund 1873, med eit facsimile («Bandamanna saga, efler skinnboken no. 2845 4º å Kongl. Bibl. i Köpenhamn. Akademisk afhandling.»). Det er ei paalitande uigjave, bokstavrett, med innleiding, realupplysningar og tekstkritiske merknader. Men ho er berre etla til bruk for fagfolk. Vald. Ásmundarson gav ut soga i Røykjavik 1902 (bokreidar Sigurður Kristjánsson). Den fyrste parten av utgaava hans er ei samanstøyping av den lengre og den stuttare soga. Men dei tvo tekstene er so ulike, at dei bør gjevast ut kvar for seg.

Ofeigssoga er umsett til dansk, sist av Fr. Winkel Horn, under titelen «De Sammensvornes Saga», Kjøbenhavn 1876 (i «Billeder af Livet paa Island» III). Til engelsk er ho umseit fleire gonger, sist som «The Story of the Banded Men», i «The Saga Library» I, ved W. Morris og E. Magnússon. London 1891. Ei umsetjing til tysk finst i samlingi «Thule, Altnordische Dichtung und Prosa», utgjevi av prof. Felix Niedner, i det 10. bandet, som kom ut i Jena 1914.

Den islendske teksti i denne utgaava er prenta etter handskrifti no. 2845 4º i det Kgl. Biblioteket, Kjøbenhavn, med «normalisert» rettskriving. Ein eller eit par smaafeilar i Cederschiölds utgaave er retta. Eg har valt den stuttare teksti, for di det er mogelegt at ho er den upphavlegaste, og so for di det ikkje tidlegare finst nokor handleg utgaave som har denne teksti rein. Mot slutten, der den stuttare soga er so samantrengd at ein knapt skynar meiningi, har eg skote inn nokre smaa stykke fraa den lengre soga. Med parentesar og fotnotar[1] er det gjort klaart kva som er den reine stutte teksti.


Gustav Indrebø.




Soga um Ofeig den sløge

1. Ofeig heitte ein mann. Han budde nord i Midfjord paa Røyker. Han var son aat Skide, og mor hans heitte Gunnlaug, dotter aat Ofeig or Skard. Ofeig var gift; Torgerd heitte kona hans, og ho var dotter aat Vale. Ho var ei ættstor kvinne, og ei framifraa gild kone. Ofeig var ein ovleg klok mann, og raadsløg. Vilkaari hans var ikkje gode; han hadde store jordeigner, men heller lite lausøyre. Han sparde ikkje paa maten til nokon. Han var tingmannen hans Styrme Torgeirsson fraa Aasgeirsaa, som daa var største hovdingen der nord. Ofeig hadde ein son med kona si som heitte Odd. Han var væn aa sjaa til, og ein mannsleg kar. Faren hadde ikkje stor kjærleik til han, ikkje gjorde han anna heime heller end det han vilde. Vale heitte ein mann som var uppfødd der. Han var ein vakker kar, og vensæl. Det gjekk no ei tid, til dess Odd var 12 aar: Ofeig, far hans, var stutt mot han og elska han lite. Det er sagt um Odd, at det fanst ikkje den ungdom der nord som var eit betre mannsemne enn han. Ein dag kom Odd, vilde tala med far sin, og bad han leggja til ferdapengar for han; han vilde burt. «Det er so,» sa Odd, «at du gjer ingi ære paa meg, og eg er ikkje til nytte for deg.» Ofeig svara og sa, at han vilde ikkje leggja meir til for han enn det han hadde fortent, og daa visste han kor stor hjelp det var for han i det. Odd sa at av det kunde han ikkje faa nokon studnad, og dermed skildest dei. Dagen etter gjekk Odd av og tok ei not ned av bordveggen, og full fiskereidskap og 12 alner vadmaal; so drog han sin veg og tala ikkje til nokon. Han for ut til Vatsnes og gav seg i lag med dei mennene som heldt til i veret, og han fekk av dei slikt som han trong, paa laan og leige. Av di dei visste at han var av god ætt, og at han sjølv var vensæl, vaaga dei paa aa ha noko til godes hjaa han; og han kjøpte no alt paa borg og var med dei det aaret. Og det er sagt at deira lut var best som for paa fiske med han. Han var der 3 vintrar og 3 sumrar, og daa var det kome so langt at han hadde betala tilbake alt, og endaa var han velbudd med varor til aa selja. Far sin gjesta han aldri, og dei lést so baae tvo, som den eine ikkje hadde noko med den andre aa gjera. Odd var vensæl hjaa felagane sine. Det hende vidare at han gav seg til med føring nord til Strander; han aatte i ei ferje, og førde farmar nordanfraa, trevyrke og kvalar og fisk. Midelen hans auka no munaleg. Soleis gjekk det eit bil. Han kom der til neset 12 aar gamall, og no var han 15 aar. Midelen hans voks so fort, at han no aatte ferja aaleine, og han siglde millom Midfjord og Strander kvar sumar. So vart han leid av dette. Han kjøpte seg skreid og for utan, og det gjekk vel; det lagdest fe til og lukke med. Dette dreiv han med eit bil, og han kom so langt at han aatte aaleine ein knarr, og størsteparten av farmen. Han var daa i kjøpferd og vart ein grunnrik og aagjeten mann. Oftast var han i teneste hjaa høgborne menner, og var vel vyrd utanlands. Det kom so langt at han aatte to knarrar i kjøpferd. Og so er det sagt at det fanst ingen i kjøpferd paa den tid som var so rik som Odd. Han hadde og større ferdalukke enn andre; aldri tok han land lenger nord enn i Øyafjord, og aldri lenger vest enn i Kvitaa, men oftast i Hrutafjord.


2. No hende det ein gong at han landa i Hrutafjord og etla seg til aa vera der um vinteren. Daa bad venene hans han um at han skulde taka seg bustad der, og han gjorde det paa bøni deira. Han kjøpte land paa Mel i Midfjord og sette bu der, og vart snart storkar med hushaldet sitt. Og so er det sagt at ikkje tykte folk dette var noko laakare enn ferdene hans. Ingen var so megtig paa Nordlandet som Odd. Han var meir romhendt enn dei fleste andre, og hæv til aa hjelpa alle dei som var han næmast. Men Ofeig gjorde han aldri ei teneste eller ein beine, og let som han ikkje saag han. Odd sette upp skipet sitt i Hrutafjord. Ingen mann her i landet var so rik som Odd; heller vart det sagt at han aatte ikkje mindre enn dei kyrkjor som var rikast her i landet. Av alt slag hadde han mykje, gull og sylv og gangande fe og jorder. Vale, frenden hans Odd, var med han, anten han var her i landet eller utanlands.

Ein mann heitte Glum. Han budde nord i Skridensenne; det er millom Bitra og Kollafjord. Kona hans heitte Tordis, dotter aat Aasmund ædekoll, syster aat Grette. Ospak heitte son deira. Han var stor paa vokster, og sterk, og ei stor vyrdløysa. Han dreiv tidleg med vareføring. Ein sumar kom han til Midfjord og selde varone sine. Um hausten daa det leid paa, reid Ospak upp til Mel ein dag, og fann Odd. Dei helsast, og spurde einannan um tidender. Ospak mælte: «Det er so, Odd,» sa han, «at det frettest godt um deg; du er mykje lova millom folk, og alle dei tykkjest vel farne som er hjaa deg. Eg veit at eg vil røyna det so; no vilde eg hit og gjeva meg i teneste hjaa deg» Odd segjer: «Ikkje er du mykje lova, eller vensæl, og du har visst meintankar med dette.» Ospak segjer: «Far etter det du sjølv røyner, og ikkje etter det andre segjer! Eg bed deg ikkje um det eg skal liva av; eg vil bu hjaa deg, og sjaa daa kor du vert fornøgd.» Odd segjer: «Du og frendane dine er stormodige — sidan du no ber dette fram so hardt, so ver her i vinter.» Ospak tok imot det med takk. Han for no dit um hausten. Han vart hjelpsam med Odd og trugen til aa starva og ein arbeidskar, og Odd lika han godt. So gjekk den vinteren, og daa det vaarast, baud Odd han vera der, og tykte at so var det best. Han var viljug, og sysla med gardsstellet paa same vis. Huset stod i full blome, og ingen islendsk mann syntest sitja i betre kaar enn Odd. Ein ting tykte folk skorta i vyrdnaden hans, det at han var godordslaus. Det var skikk dengong aa taka upp nye godord og kjøpa. Han gjorde og so, og det samla seg braatt ting til; for alle var fuse etter aa koma under han. Det var no kyrt eit bil.


3. Odd lika Ospak godt. Han var og baade hendig og onnug, og ein nyttig mann paa garden. Den andre vinteren leid, og Odd var so mykje meir nøgd enn den fyrre vinteren, som hin tok seg av meir. Um hausten henta han sauene heim av fjellet, og det gjekk godt. Odd hadde større lukke med seg med feet enn nokon annan. Ospak aatte og noko fe, og han passa paa, so han ikkje skulde missa ein sau. Vinteren leid, og daa det vaarast, sa Odd til venene sine at han etla seg til aa fara utan um sumaren, og han sa at Vale, frenden hans, skulde styra garden. Vale svara: «Det er uraad, endaa um det gaar godt so lenge du sjølv er til stades, frende; eg vil fara med deg.» Odd spurde no Ospak og bad han taka garden. Ospak svara: «Eg har ’kje vit til aa staa fyre slike storeigner.» Odd trengde paa, og Ospak drog seg undan; men det vart til det at han let Odd raada, og Odd lova han studnad og hjelp fraa si side. Odd bad han fara med eigni si paa den maaten som han kunde verta størst mann av og vensælast, og sa han hadde røynt at han vilde og kunde best varveitsla eiga hans. Ospak sa det skulde vera so. Dei slutta no røda si. Odd budde seg til ferdi si, gjorde skipet reidugt og let føra til det varor, som det var nok av. Dette frettest braatt og vart mykje umrødt. Odd trong ikkje um lang tilbuing. Vale for med han, og daa Odd var buen, fylgde dei han paa veg til skipet, og Ospak fylgde han heller langt, for han hadde mangt aa tala med Odd um. Og daa dei hadde stutt att til skipet, daa sa Odd: «No er det ein ting som det ikkje er skipa med» «Kva er det?» sa Ospak, «Det er ikkje sytt for godordet mitt; eg vil at du skal taka ved det.» Ospak sa: «Dette kann slett ikkje gaa fyre seg; eg er ikkje før til dette, eg har so like vel teke meir paa meg enn eg vel kann raada med. Ingen er so vel fallen til dette som far din, so rettvis og vitug ein mann som han er.» Odd segjer han vil ikkje gjeva han det — «eg vil at du skal taka ved det.» Ospak drog seg undan. Odd truga med vreiden sin, um han ikkje tok imot godordet, og Ospak tok imot det. Odd for no utan, og det gjekk godt og greidt med ferdi. Ospak for heim. Det vart tala mykje um dette; folk tykte Odd hadde gjeve denne mannen stort raadvelde. Ospak reid til tings um sumaren, og der gjorde han det fraa seg som ein dugande mann. Han greidde vel fraa hand alt som han var pliktug til etter lovi, og reid av tinget med ære. Han studde tingmennene sine kappsamleg, og let ikkje sakene deira verta sette til sides. Han var god mot alle grannane sine. Folk tykte ikkje det fylgde mindre ære enn fyrr med det hus som no vart halde, og det skorta ikkje paa tilsyn, og hushaldet var stormannslegt. Det leid no paa sumaren, og han helga heradstinget og var vel inne i det. Og daa det hausta, for han til fjells, og han fekk feet vel heim og sakna ikkje ein sau, korkje av dei han sjølv aatte eller av dei Odd aatte.


4. Det bar so til um hausten at Ospak kom nord i Videdal til ei kvinne som heitte Svale. Der vart han fagnaleg motteken. Ho var ei væn, ung kvinne. Ho bad han ha tilsyn med gardsdrifti hennar. «Eg hat spurt at du er ein drivande gardsstyrar.» Han tok det paa seg. Det er sagt at dei tykte vel um kvartanna, og dei saag blidt til einannan og talast ved til dess han spør kven som skulde gifta henne burt. Ho svara: «Ingen mann er eg næmare i skyld til enn Toraren Laksdølegode den spake.» Han var son aat Ospak Hoskollsson, Kollsson, men mor hans var Torgerd, dotter aat Egil Skallagrimsson, Kveldulfs son. Sidan for Ospak av stad og fann Toraren, og der vart han vel motteken. Han bar fram ærendi si for Toraren. Toraren segjer: «Eg kann ikkje traa etter maagskap med deg. Det vert sagt so mange ting um deg; det er ikkje etter min vilje. Eg ser og at eg kann ikkje ha det staaande paa det uvisse med deg. Anten lyt eg taka garden hennar og lata henne fara hit, eller og lyt de faa gjera som de har hug til. No vil eg ikkje ha noko med det aa gjera, det skal vera mitt svar.» Ospak for no burt og fann Svale, og sa henne at soleis stod det. Og dei la raad, og ho feste seg sjølv til han. Sidan heldt dei bryllaup, og ho for heim til Mel og var der hjaa han. No leid vinteren, og daa det vaarast, kom Odd ut og tok land i Hrutafjord. Han hadde havt lukke paa ferdi og hadde vunne mykje fe. Han kom heim og saag over eignene sine, og tykte det var vel varveitsla, og han var ovleg lystig. So leid det fram paa sumaren. Ein gong sa Odd at det vilde høva godt at han let han faa att godordet sitt. Ospak svara: «Ja,» sa han, «det er ein ting som eg er fus etter aa faa gjeva fraa meg; eg var ikkje før til aa fara med det, endaa eg har havt det.» Odd sa: «Det høyrer eg at du greidde det godt, og paa dugande vis,» sa han. Ospak svara: «Like vel er eg mest huga paa aa gjeva godordet fraa meg, paa lovbodne møte eller helga heradsting eller andre ting.» Odd sa det høvde seg vel soleis. Det leid no paa sumaren. Daa Odd vakna den morgonen heradstinget skulde vera, saag han seg um og saag at det var faa menner i skaalen. Han spratt upp fort. Ospak var daa burte og mange menner med han. Odd tykte det var underlegt; like vel sa han lite. Han gjorde seg ferdig, og nokre menner med han, og dei for til heradstinget, og daa dei kom dit, var der mykje folk, og dei var mesta ferdige til aa fara burt, og tinget var helga. Odd tykte heller lite um dette tiltaket. Sidan for folk heim, og det leid nokre dagar. No vart det graatt med dei; Odd meinte at Ospak vilde leggja under seg av hans ære og gjera seg til større mann enn det sømde seg for han, og han tykte ikkje Ospak lønte han rett for heidrande medferd. Ein dag sat Odd med bordet og Ospak beint imot han. Og daa det var minst ventande, ljop Odd upp fraa bordet med ei øks i handi, og imot Ospak, og bad han gjera eitt av tvo: anten retta fram handi og lata han faa godordet sitt, eller —. Ospak sa: «Straks det er din fulle vilje aa taka ved det att, daa skal du ha godordet ditt, um du ikkje krev det med trugsmaal, og noko anna kunde høva betre for strævet mitt,» sa han og rette fram handi og let han faa godordet. Odd sa: «Eg meiner du har vore i slik ære, at det har vore løn nok for strævet.» No tykte dei kvar sitt baae tvo, og no vart det ikkje noko av tilsynet med garden. Odd let som han ikkje visste um det. Ein dag gjorde Ospak seg reidug til aa fara burt; han batt klyvjane sine, og han og kona hans for burt, og dei fann ikkje Odd. Dei for til Svalestader og budde der. Odd let som ingen ting hadde hendt. — Det er aa fortelja, at um hausten daa folk drog til fjells fraa Mel, daa gjekk det so ymist for Odd med aa faa feet heim att, imot som det fyrr hadde vore. Han sakna 60 gjeld verar, dei beste han hadde. Dei leita rundt um paa fjelli. Folk tykte dette var underlegt, for Odd hadde betre lukke med seg med feet enn nokon annan. Det var ymse gissingar um anten sauene hadde fare til andre bygder eller hadde gaatt til i snøen, eller um det var folk som valda det. Um sider vart det stilt, men mangt hadde vore rødt um korleis det kunde ha seg. Odd vanta ikkje slagtefe like vel. Han var jamleg tagall um vinteren. Vale, frenden hans, spurde kva det kom av at han var so uglad. «Tykkjer du fe-tapet er stort? Ikkje er du mykje til kar, dersom det gjer deg sturen.» Odd sa: «Eg er ’kje sturen for det; eg tykkjer det er verre, at eg veit ikkje kven som har stole.» Vale sa: «Tykkjer du det er berrsynt at nokon har stole — kven tenkjer du paa?» «Det er ikkje aa dylja for,» sa Odd, «eg tenkjer paa Ospak.» Vale sa: «No spillest noko av venskapen dykkar fraa den gongen daa du sette han over eiga di.» Odd sa: «Det var eit uheppe paafunn, men like vel har det no gaatt tolleg vel.» Vale sa: «Mange menns tale var det, at dei tykte det var underlegt. Men no vilde eg,» sa Vale, «at du ikkje skulde vera so snar til aa snu saki so til at det kjem ulukke over han. Folk vil gjerne ha det aa segja, at venskapen gaar i hundane. No skal vi tvo gjera ein avtale,» sa Vale; «du skal lata meg raada, og so skal eg verta vis med um han har stole sauene eller ei.» Odd sa: «Korleis kann du faa vita det?» Vale sa: «Eg lyt henta varor mange stader, og eg skal fara gjenom bygdi og taka inn hjaa Ospak.» Odd sa: «Far som du vil; det er ikkje so mange si sak aa gjera dette, og det er meir von at raadi ikkje vert god.» No gjorde dei avtale um dette. Vale budde seg til ferd ut gjenom bygdene, Vatsdal og Langedal, og alle tykte det var ei hending naar han kom. Han kom ein kveld til Ospak, og han tok vel imot han. Ospak var ovleg lystig. Vale for derifraa dagen etter, Ospak fylgde han paa veg fraa garden og spurde etter Odd, og korleis han stod seg. Vale sa han stod seg godt. Ospak let vel um Odd, og sa han var ein stor gjæving; — «men korleis er det, har han vorte fyre noko tap i vinter?» Vale sa at so var det. «Kva meiner folk um det?» sa Ospak; «Odd er daa van til aa ha lukka med seg med feet.» Vale sa: «Det er ymse gissingar um det; sume trur dei har gaatt seg skorfaste, sume trur dei er jaga til andre bygder, men sume trur det er folk som valdar det.» «Det er ei stor tidend,» sa Ospak. «Ja,» sa Vale, «stor og ill. Men folk gissar paa so mangt um dette.» «Det er von,» sa Ospak. «Det er ikkje aa dylja for,» sa Vale, «— sidan vi har kome paa snakk um dette like vel, at sume held det ikkje so urimelegt, at du har nokor skuld. Folk minnest alt i hop, at du og Odd skildest uvenleg, og at sauene kom burt stutt tid etter.» Ospak sa: «Ikkje venta eg at du skulde segja dette, og hadde vi ikkje vore so gode vener, so skulde eg hemnt dette saarleg.» Vale sa: «Du tarv ikkje dylja dette, Ospak; for det er meir von til at du ikkje kann gjera deg fri for det; eg har set kva du har, og det kann eg sjaa at du har ervt eit lag til aa samla i hus som er reint uliklegt.» «Ingen kann prova noko,» sa Ospak, «og ikkje veit eg kva uvenene vaare segjer, naar venene vaare talar soleis » «Ja,» sa Vale, «dette er ikkje mælt av uvenskap fraa mi side, for eg har tala med deg paa tvo manns hand. Dersom du no gjer som eg vil, og gaar ved, so skal det ikkje falla deg tungt; for eg skal gjera utveg for dette. Eg har selt varone mine rundt umkring i bygdi; eg skal segja det at du har faatt dei, og kjøpt slagtefe med dei. Ingen vil faa mistanke um det, og eg skal haga det so, at du ikkje skal verta fyre nokor svivvrding av det, dersom du lyder mine raad.» Ospak sa at han ikkje vilde gaa ved. «Daa gaar det verre,» sa Vale. So skildest dei. Vale for heim. Odd spurde kva han hadde vorte vis med. Men Vale sa ikkje stort. «Ja,» sa Odd, «no tarv ein ikkje leggja noko dulsmaal paa det; du vilde dylja det um det var raad, og eg veit at Ospak har stole.» Um vinteren var det kyrt. Daa det vaarast, og stemnedagane kom, drog Odd av sjølv tjugande, og for til han hadde eit stutt stykke att til den garden der Ospak budde. Daa mælte Vale: «No skal du Odd og dei andre lata hestane dykkar faa beita her. Men eg vil rida til gards og finna Ospak, og høyra um han vil sættast. Daa tarv ein ikkje halda fram med saki, du vyrder den gamle venskapen dykkar so mykje.» «Ikkje veit eg kor naudsynt dette er,» sa Odd. Vale for straks, og kom til Svalestader. Der var ingen ute. Døri stod opi, og Vale gjekk inn. Det var myrkt i forstova, og han veit ikkje ordet av fyrr ein mann spring paa han og driv ei øks millom herdane paa han. Det var Ospak. Vale mælte : «Du er rett ein usæling! gjer valdsverk paa meg, ein saklaus mann. Far burt og kom deg undan! Her ventar banen deg, dersom du drygjer her. Odd er eit lite stykke fraa garden og vil drepa deg. Kom deg undan, og send kona di ut til Odd! ho kann segja at vi tvo er forlikte, og at eg er faren utetter bygdene og skal krevja inn pengane mine.» Daa mælte Ospak: «Dette vart eit syrgjelegt verk! Odd hadde eg etla dette.» Men like vel sende han kona si ut til Odd, og ho sa til han at Vale og Ospak var forlikte, og at Ospak hadde gaatt ved brotet og lagt alt i hans vald; «og han bad at du skulde snu heim att.» Odd gjorde so og reid heim til Mel, og trudde det som vart sagt han. Dagen etter saag dei at ein heil flokk menner kom til gards paa Mel. Odd gjekk ut imot dei, og saag kva det hadde paa seg. Der kom dei med liket hans Vale.


5. No kom heile saki upp, og Odd fekk greide paa alt. Han lika det so ille at det gjekk over seg: der hadde han sete tett med garden, medan fosterbror hans vart drepen. No laut han tola lastord baade fraa ein og hin. Ospak var kvorven burt, og det spurdest ikkje noko til han. Odd fyrebudde saki for tinget, og stemnde heiman 9 grannar til aa vera i orskurd-nemndi. Men det vart til tidend at ein av grannane andast or nemndi. Men Odd stemnde ein annan til i staden. Sidan for dei til tings, og folk tykte han hadde fullgod grunn til aa føra sak etter fosterbror sin. Odd tjelda budi si og hadde mange menner hjaa seg. Det leid til at dei skulde segja domar. Odd gjekk til domstaden og bar fram søksmaalet. Og daa han spurde kven som vilde forsvara saki, sat Styrme og Toraren eit lite stykke ifraa med flokkane sine. Daa mælte Styrme til Toraren: «Høyrer du no kva som gaar fyre seg med saki hans Ospak?» «Eg høyrer det,» sa han. «No,» sa Styrme, «vil du svara for Ospak?» «Nei,» sa Toraren, «eg vil ikkje ha noko med det aa gjera. Det er rimelegt, og det er med full grunn at Odd reiser sak etter slik ein mann. Men eg trur ’kje Ospak er nokon god mann.» «Nei,» sa Styrme, «mannen er ’kje god, men like vel har du nokon skyldnad mot han.» «Aa,» sa Toraren, «det bryr eg meg inkje um » Styrme sa: «Du maa leggja merke til at vi faar vanskar, um han vert fredlaus, og dette er ei sak som det er raad med; for vi ser baae at ho kann forsvarast: han har fyrebutt henne rangt og stemnt ein granne heiman or bygdi til aa vera i orskurd-nemndi i staden for han som døydde, men han skulde ha stemnt han paa tinget. Det spiller saki.» Toraren sa: «Det har eg set for lenge sidan, men so stor grunn tykkjer eg Odd har til søksmaalet, at eg veit ikkje um eg har hug til aa vera imot han.» Styrme sa: «Deg tykkjer eg saki helst kjem ved, og skjemsle er dette for deg, dersom du ser greidt at ho kann forsvarast og ho like vel faar ha framgang. Og det er sannaste ordet, at det er ingen skade hend, um Odd faar vita at enno er det fleire enn berre han, som veg noko der nord. Han trakkar oss og mennene vaare under føter, og det er ikkje tale um andre enn han. Difor dreg han tingmenner til seg, og sit med vaar vyrdnad.» Dermed spratt Styrme upp og gjekk fram til domstaden og mælte: «Her er dei som skal svara for Ospak i saki; du har fyrebutt henne rangt, og det spiller saki. No er det tvo vilkaar aa velja millom: anten at du let saki falla, der som ho no er komi, eller at vi fører forsvaret og dreg oss til nytte at vi kann noko meir av lovi.» Og han sa kva det var som spillte saki. Odd sa ikkje stort, og tykte at no var han komen i knipe. Og han gjekk burt og heim til budi. I sundi millom budene kom ein mann imot dei, gamall og styrd. Han hadde ei svart kaape med ei erm, i handi ein krokut piggstav. Man helsa paa Odd og mælte: «Snøgt og ærefullt har du faatt avgjort sakene dine framleides, og det er ikkje berre ein ting som du faar sømd av, dersom alt gaar som dette — eller kor er det, er han fredlaus eller ei, Ospak?» Odd sa: «Fredlaus, fredlaus! kva tvil er det um det!» «Han hadde saker til det; drap han ikkje Vale, fosterbror din, og stal fraa deg i fyrevegen?» Odd sa: «Det har ingen negta, men saki var spillt; ho var rangt fyrebudd.» Ofeig sa: «Kor kunde di sak spillast? — det er ikkje so uliklegt; det kann nok vera at det har lagst meir til for deg av ferdalukke og pengevinning: enn av lovkunne, og sjølvbyrgskapen din hemner seg; du tyktest vera god nok sjølv aaleine og spurde ikkje andre til raads. Eg visste du hadde fyrebutt saki rangt, men du tyktest vera for god til aa spyrja meg. Men eg visste du vilde faa skam av det. Du har vyrdt alle andre meir enn meg.» Odd sa: «No gaar det vel som du vil ha det.» Ofeig spurde: «Enn um eg vilde gjera noko med det for deg enno? Vilde du spara paa pengane, dersom det kunde jamna seg?» Han sa: «Ikkje skulde eg spara paa pengane naar eg ikkje fekk slik skam av det som det ser ut til. Men underlegt synest det meg um du skulde faa det til aa jamna seg, for av deg har eg aldri faatt nokor hjelp». Ofeig sa: «Du faar vaaga noko pengar dersom du vil. Det er so nær eg ikkje skulde spara deg for aa faa so stor skam av dette som det ser ut til — men kvar var saki komi, daa du skildest fraa henne?» Han sa til honom: «Forsvaret vart ikkje ført, for di vi gjekk burt fraa domstaden.» Ofeig sa: «Det duger daa best som du gjorde uvitande, og det var einaste bergingi for saki.»


6. No gjekk Odd heim til budi, men Ofeig for upp til domstadene og gjekk til nordlendinge- domen, og spurde kva som der gjekk fyre seg. Det vart sagt han at i sume saker var det falle dom, og for sume skulde nett rettsutgreidingi byrja. Ofeig sa: «Gjev de meg lov til aa koma innanfor domarkrinsen?» Det fekk han lov til, og han sette seg ned og mælte: «Korleis gaar det med saki hans Odd: Er Ospak fredlaus?» Dei svara og sa at han var ikkje fredlaus. Ofeig spurde: «Korleis heng det i hop? Syntest det ikkje vera saker til det? Drap han ikkje Vale, og stal i fyrevegen?» Dei svara: «Ingen segjer imot det, og ikkje har det gaatt so for di folk tykte at soleis var det best. Men saki var spillt; ho var rangt fyrebudd.» Ofeig sa: «Kva slags sakspille var det, som veg meir enn desse sakene? — Men kor er det, har de svore eidane?» Dei sa at eidane var svorne. «Det er vel so, men korleis svor de eidane? Var det ikkje so: ʻEg vinn eid paa boki som eg veit rettast og sannast og mest etter lovi’? So har de mælt. Kva er daa sannare og rettare enn aa døma ein fark utlæg og til aa vera utan all vern og hjelp, ein som har gjort seg fortent til det? Men— ʻmest etter lovi’ har de mælt. Det staar noko paa tvers. Men tenk etter kva som har mest aa segja, dette eine ordet i eiden, eller hine tvo. So munde eg tykkja, at det vilde vera raadlegast aa taka ei sovori avgjerd at ho kunde vera til ære, baade for Gud og menneskje. Og dersom de gjer det, daa er det best aa sverja slike eidar som er gode, og døma straff der etter over dei som har fortent det. Men det fylgjer andsvar med aa ikkje døma dei utlæge som er døming verde — og folk vil laata vel over dykk for det. Eg skal gjeva kvar av dykk som sit i domen ein øyre sylv, og ei halv mork til den som gjev rettsutgreidingi; for sovorne saker gjeld det mest med, so mykje ikkje slike illmenne maa faa overhand, som har drepe saklause menner og er viteleg skyldige i tjovskap. Men um det vert noko røding um dette, so skal eg staa til svars for det.» So fekk han lagt ordi sine, at dei lova han aa døma i saki, dersom Odd kom til. No sende dei bod etter Odd, og han kom til domstaden; men daa var flokkane farne burt og heim til budene; ingen tenkte seg dette. Dei let saki ha framgang og gjorde Ospak fredlaus, og for heim til budene, og natti leid. Um morgonen gjekk dei til lovberget, og Odd stod upp og mælte: «Ein mann vart fredlaus i natt i nordlendinge-domen, han heitte Ospak» — og han nemnde upp brotsmannsmerke paa han og la ut um det med fyndige ord.


7. No tykte folk det hadde snutt seg underleg til. Styrme tok til ords og mælte: «Høyrer du, Toraren, kva som vert sagt?» Han sa: «Eg høyrer det.» Styrme sa: «No er vi komne ut for ei prette, og her har kloke menner vore i raad med han.» «So er det,» sa Toraren, «men like vel er der ein utveg.» «Kva er det?» sa Styrme. Toraren sa: «Dei har gjeve pengar til domsmennene, og det er sak mot dei som har gjort det og som har faatt pengane til vegar.» Styrme sa: «Daa er det von, um vi vil søkja uppreisning.» «Det vert ikkje so braatt; tolv maanader maa gaa fyrst. Vi faar finna venene og frendane vaare og gaa heim til budene.» Desse mennene kom i hop til samtal: Styrme, det var ein, Toraren var den andre, Hermund den tridje, Jarnskjegge fraa Tveraa, son aat Einar Øyolvsson den fjerde, Skjeggbrodde austan or Vaapnafjord den femte, Gjelle Torkelsson fraa Helgafell den sette, Egil Skuleson fraa Borg den sjuande, Torgeir Halldoreson or Laugardal den aattande. Desse aatte mennene kom, skulde røda saman, og alle var dei i skyld innbyrdes, ved frendskap eller maagskap. Dei la upp raad etter fyretolor og eggjing fraa Styrme og Toraren, og høyrde etter det dei let um, at det var ikkje visst dei oftare kunde ha von um ein sovoren vinning som det aa faa tak i rikdomane hans Odd. Sume av dei som var med i denne saki, var arme paa gods og tyktest turva pengane, sume vilde ha tak i pengane, endaa um dei aatte mykje fyrr, og det syntest ei greid sak, at godset hans Odd var forbrote. Hovdingane slutta raadleggjingi med at dei gjekk i samband med kvarandre, og svor paa at det skulde hjelpast soleis aat, at her skulde ikkje uppreisnaden verta noko anna enn anten fredløyse eller sjølvdøme. Dette vart halde dult paa det tinget, og folk for heim av tinget. Odd hadde ære av saki, og aaret leid.

No reid Odd ofte til badkjelda og fann far sin, og det vart betre millom far og son. Og eitt sinn um vaaren daa dei møttest, mælte Ofeig: «Kva slags tidender har du spurt, Odd?» Han svara: «Inkje har eg frett.» «Eg har spurt,» sa Ofeig, «at Styrme og Toraren samlar folk og etlar seg til aa fara stemneferd hit imot deg, for di domsmennene fekk pengar som kom fraa deg fyrre sumaren.» Odd sa: «Ikkje synest det meg ovevle aa gaa imot dei baae.» Ofeig svara: «Det ser nok ut som meir er etla deg; det er vasa mange inn i saki med dei.» Og han nemnde mennene. Odd tagna. Ofeig spurde: «Kva skal ein no gjera?» Odd sa: «Fara til tings og søkja hjelp hjaa hovdingane og gjeva dei pengar for det.» Ofeig svara: «Det synest meg ikkje raadlegt; det vert ikkje nokon der som vil hjelpa deg, og det er ikkje nokon som har magt til det heller. Eg har ei onnor raad, at du bur til skipet ditt; det høver vel for deg. Gjer deg ferdig med’ tinget staar paa, og haldt burt. Styr til andre land. Men det kann du gjera: lata meg faa noko av godset, dersom du ikkje tykkjer det eg faar er verre fare enn det som dei tek.» Odd sa: «Eg tenkjer at du faar taka imot noko av godset; no tykkjer eg det er betre at du har det.» Dei skildest no. Styrme og Toraren for stemneferd, og det vart ingi soge um det.


8. Saki gjekk til Altinget. Odd budde seg til aa fara utan, men hovdingane reid nordan, og Ofeig var i tingfylgjet aat Styrme og Toraren. Hermund og dei møttest med flokkane sine paa Blaaskogheidi, og der kom Egil og Gjelle til mots med dei. Soleis fer dei sud um heidi. Skjeggbrodde og Jarnskjegge og Torgeir Halldoreson reid austan or Fjordane, og dei møttest ved Røydarmule. Alle flokkane møttest paa vollane ovanfor budene, og dei reid alle i fylgje til tinget, og der vart det tala ovleg mykje um denne saki. Alle tenkte no at Odd hadde lagt seg fyre, av di alle hovdingane gjekk paa han. Og mange tykte det var leidt at Odd hadde lagt seg fyre soleis. Ein dag paa tinget, daa det leid paa, gjekk Ofeig fraa budi si og kom til budi aat Myremennene. Egil var ute i virket og tala med ein mann. Ofeig venta, og daa Egil vilde snu inn i budi, tok Ofeig i kappa hans og mælte: «God dag, Egil!» Han tok imot helsingi hans. «Eg vilde du skulde setja deg ned, so talast vi ved.» Egil sa: «Ikkje tarv vi tvo talast ved. Du vil fulla tala saki hans Odd, son din, men du tarv ikkje røda med meg um henne; ho staar altfor daarleg fyreaat, og det staar andre meir for søksmaalet enn eg: Herrnund og Styrme.» Ofeig sa: «Eg finn meg mangt anna til aa trøyta tidi med og tala um enn aa røda um saki hans Odd. Eg tykkjer det er gildt aa tala med deg.» Egil sa: «Eg skal ikkje negta deg aa tala med meg.» Og han sette seg ned. Ofeig mælte: «Har du deg gard, Egil?» «So er det,» sa han. «Bur du paa Borg i Borgarfjord?» sa Ofeig. «Der bur eg,» sa Egil. Ofeig mælte: «Det gaar godt ord um deg,» sa han, «at du er eit stormenne og ein urædd kar og raust paa handi. Men sume segjer at vi tvo er noko like i lynde; baae er vi utan rikdom, men tykkjer det er gildt aa hjelpa venene vaare.» Egil sa: «Vel var det, um eg var lik deg; men, sidan du talar um at eg ikkje skal vera rik, so tenkjer eg det braatt skal verta annleis — eller kor rik er Odd? Du veit nok det nøgje.» Ofeig sa: «Du sa at vi turvte ikkje røda um dette; men eg veit um rikdomen hans, og det er ’kje sagt meir um den enn det som sant er. Har du hug til aa vita kor mykje det skal falla paa deg av godset?» Egil sa: «Det har eg ovleg stor hug til, og du er ein gripa kar.» «Eg tenkjer,» sa Ofeig, «at det vil falla paa deg ein sekstandepart av Mels-land.» Egil mælte: «Ikkje tykkjer eg daa at han er so rik som du sa.» Ofeig sa: «Det er ikkje det, det skortar han aldri paa rikdom; men dette vil falla paa deg av godset. Har de ikkje avtala, den gongen de emna til saki, at de skulde ha helvti av godset, og fjerdingsmennene som etter lovi skal taka godset etter fredlause, helvti? Daa vert det so etter mi rekning at du faar sekstandeparten i Mels-land, naar de er aatte. Eller hadde du von um at Odd skulde verta sitjande og venta paa gapet dykkar naar de for av tinget? Han er nok komen seg til havs med alt sitt; berre landet er att. Og eg tenkjer at knarren skal skrida under han like fullt, um de har fare aat so ein ikkje skulde ha set slik framferd. Han gat det, at dersom han kom til Borgarfjord, so var ikkje vegen so lang fraa sjøen upp til Borg, og han skulde vita aa finna garden din. Og kom han til Breidefjord, skulde han vita aa finna garden hans Gjelle paa Helgafell; og dersom han kom nordpaa, so kom han i hug at det var ikkje langt til Tveraa naar han fyrst var i Øyafjord; og dersom han kom til Vaapnafjord, sa han at han skulde vita aa finna Hov-garden. Eg vonar han er velkomen i andre land, um de har synt dykk u-rettvise. Det vil gaa nett maateleg aat dykk; de faar inkje gods, men det er likt til at de faar skam over dykk.» Egil sa: «Dette er nok sant, at Odd har ein utveg. Men det er ein mann med i søksmaalet som eg unner det verste av det; det er Hermund paa Gilsbakke. Det har lenge vore graatt millom oss.» Medan dei talast ved, let Ofeig ein pengepung siga ned undan kappa, og Egil skjegla etter han. Ofeig merka det og rykte pungen inn under overkappa, og han mælte: «Korleis har det seg at du liksom kjem utav samtalen?» Han sa: «Det er ingen ting.» «Nei,» sa Ofeig, «det er no ikkje heller knip; du ser kva de misser av pengar.» Han vatt upp pungen og helte sylvet ned i fanget paa han, og han heldt det i handi og synte han det. «Her er no tvo hundrad i sylv som eg vil at du skal ha for at du ikkje skal vera imot oss i saki; for deg aaleine unner eg noko godt av dei som er med. Men eg veit du er so vitsam ein mann, at du kann sjaa det er betre for deg aa taka imot ein heider enn aa ha slett ingen ting att som dei andre.» Egil sa: «Eg meiner du er ein stor skarv! Trur du at eg vil bryta eidane mine for mutone dine?» Ofeig sa: «Eg bed ikkje um at du ikkje skal halda eidane dine. Har de ikkje avtala at anten skulde de ha fredløyse-dom eller sjølvdøme? No kunde det henda det gjekk so med saki hans Odd, at det vart unnt oss frendar so mykje at bandemennene vilde taka imot sjølvdøme, og dersom det vert gjeve dykk sjølvdøme, og det bar so til at du skulde setja boti, so har du ikkje svore kor mykje eller kor lite du skulde setja. Du kunde haga det so at boti du sette, vart til ære; eidane dine held du daa, og attpaa har du takk av meg.» Egil sa: «Du er ein stor fuling; eg ser at det kann vera som du segjer; men eg har ’kje styrke til aa gaa aaleine mot alle desse.» Ofeig sa: «Enn dersom eg faar ein til aa gaa i lag med deg, vil du daa slaa til?» Egil sa: «Daa var det ikkje langt ifraa.» Ofeig sa: «Du skal lata som eg kann faa kven eg vil, men unner alle ilt so nær som deg.» Egil sa: «Der er tvo; den i eine er Hermund, han er meg næmast, men like vel tek eg ikkje han; den andre er Gjelle Torkelsson, han tek eg.» Ofeig sa: «Det er vel; no skal eg finna han; eg skal segja deg korleis vi skilst aat. Men pengane kann vera att her.» «Lat det vera so,» sa Egil. Dermed skildest dei.


W. G. Collingwood (1854-1932): Altinget


9. Ofeig gjekk til budi hans Gjelle og fekk han henta ut. Han var ein umgjengeleg mann; han gjekk ut, og Ofeig helsa paa han, og sa han vilde tala med han. Gjelle sa: «Eg tykkjest vita at du vil røda um saki hans Odd.» «Aa,» sa Ofeig, «mangt tykkjest meg no meir skjemtesamt aa røda um enn saki hans Odd. Det har vore trøysamare enn no det vert. Det er helst mitt gaman aa tala med vituge menner; det er sagt meg at du er ein vitug mann,» sa han. Gjelle sa: «Eg vil ikkje negta deg aa tala med meg, Ofeig,» Dei sette seg ned. Ofeig mælte: «Kva for nokre menner der vest i bygdene tykkjer du er dei beste hovding-emni?» Gjelle sa: «Der er godt mannval; eg nemner fyrst sønene hans Snorre gode, og sønene aat Torgils Areson, og Øyrar-mennene, sønene hans Steintor.» «Ja,» sa Ofeig, «det gaar godt ord um dei; men kva for nokre kvinnor tykkjer du er det beste gifti?» Gjelle sa: «Der er det same-eins, at eg nemner døtterne aat Snorre gode og Torgils Areson og Steintor. Det er dei kvinnone som er haldne gjævast.» Ofeig sa: «Har du døtter?» «Det har eg,» sa han. «Er dei gifte?» «Nei,» sa han. «Kva kjem det av?» sa Ofeig. «Av di,» sa Gjelle, «at det ikkje har bode seg til slike som baade var av god ætt og var rike og hadde gode gardar. Og eg er ikkje rik nok mann til aa gifta dei burt med heimanfylgje — men eg skal no ikkje lata deg spyrja heile tidi: kva for nokre menner der nord tykkjer du er dei beste hovding-emni?» «Aa,» sa Ofeig, «der er godt mannval; eg nemner fyrst Einar Jarnskjeggjeson og son hans Hallstein fraa Aasgeirsaa. Folk segjer at Odd, son min, kanskje kunde vera aa rekna til dei som helst høyrer til dei større mennene, og no skal ærendi koma fram som Odd la paa meg um eg raaka deg; han vil beda um Ragneid, dotter di, og her er fire hundrad i sylv, som han sa skulde vera heimanfylgja hennar. Tenk etter, kven annan som byd deg slikt, at han skal gjera kona heiman sjølv aat seg! Og so slik ein mann! Og det let han fylgja, at han skulde aldri vera smaamannsleg mot deg so lenge de baae livde.» Gjelle sa: «Det kunde nok vera at eg ikkje vilde ha negta han dotter mi til kone; men like vel, som det no staar, so trur eg at det vert ikkje noko av medan den saki heng over oss som det no er so mykje røding um.» Ofeig sa: «Meiner du denne vitløysa? ho har ikkje noko aa segja.» Gjelle sa: «Eg bryr meg ikkje um giftarmaalet, kva det vert til med det. Men ikkje har eg vore so fus til dette, eg har gjort meir etter som andre bad og vilde.» Ofeig sa: «Det er orsaking til for deg, etter som du er arm paa gods, um du ventar deg vinning av det naar domen vert sett i verk.» «Ja,» sa Gjelle, «folk meiner paa eg skal faa noko.» Ofeig sa: «Du har vel hug til aa vita kor mykje det skal falla paa din lut av godset?» «Det har eg stor hug til,» sa Gjelle; «seg meg det!» Ofeig sa: «Paa dykk aatte fell helvti av Mels-land, og meir faar de ikkje. Men det er meir von at Odd er komen til havs, og han er nok velkomen i andre land, um so de fer fram med usømdi dykkar.» Gjelle sa: «Daa er det gjort oss ei prette; det kann henda det er sant, og det er ikkje so ille paa ei vis,» sa han. Ofeig mælte: «Han gat det at det var ikkje urimelegt at han fann vegen til garden din, dersom han kom til Breidefjord, og at der vilde ikkje vera til aa koma, naar du kom heim.» Gjelle sa: «Ikkje ottast eg for det,» sa han. Ofeig sa: «No kann du sjaa korleis det har snutt seg med denne saki; dette gjev ikkje von anten um ære eller pengar. Men paa den andre sida dette som eg har sagt, tilbodet fraa Odd. Eg vilde du skulde taka imot pengane og ansa paa tilbodet, og sjaa kor ulik din lut er dei andre sin lut som er med i søksmaalet. Det kann eg og segja deg at aldri vert det snaudt um pengar for deg medan de baae liver. Og so faa den vyrdelegaste maagen, og ikkje leggja noko til sjølv!» sa han. Gjelle sa: «Trulegt er det som du segjer, og eg ser at det vil ikkje gaa langt ifraa det som du mæler; men aldri har eg vore kjend skuldig i det aa vera svikar. Eg har svore bandemennene eidar paa at her skal ikkje uppreisnaden verta noko anna enn anten fredløyse eller sjølvdøme,» sa han. Ofeig sa: «Eg bed ikkje um at du ikkje skal halda eidane dine. Men det kunde gaa so at saki kom under deg, og at vi frendar valde det raad aa taka det vilkaar aa gjeva dykk sjølvdøme, og det kann vera at de er ikkje so vondlyndte at de ikkje let oss faa lov til aa greida ut pengane, so mannen ikkje vert fredlaus. Men dersom det gaar so, og saki kjem under deg, daa kann du døma so det ikkje vert til vanheider. Daa held du eidane, og syner manndom, og daa har du desse pengane; gjer det som vert til ære for dotter di!» Gjelle sa: «Ein klok mann er du, men eg har ikkje magt til aa gaa aaleine imot alle dei som er med i søksmaalet, endaa um eg hadde hug til det.» Ofeig sa: «Enn dersom eg fekk ein mann til med?» «Daa er det nær paa,» sa Gjelle. «Kven vel du?» sa Ofeig; «du skal lata som eg kann faa kven eg vil.» «Egil vilde eg helst vetja.» Ofeig sa: «Det var noko so nær, at du vel den mannen som er verst i dette søksmaalet, og ikkje vyrder kva han gjer for pengar. Like vel er han so klok at han skynar det er raadlegare aa faa nokor ære enn ingi.» Gjelle sa: «Eg skal slaa til, dersom du faar han med,» sa han. Ofeig sa: «No skal eg gaa burt og finna Egil, og dersom eg faar han med, so skal de tvo talast ved um saki med kyrkja. Flokkane dykkar staar nær saman; ingen vil heller tykkja det er noko underlegt at de talast mykje ved. Legg daa raad saman!» So skildest dei, og han fann Egil, og det gjekk den vegen som Ofeig vilde.


10. Dagen etter gjekk Ofeig over brui og fann frendane sine, Skarde-mennene, og bad at dei vilde gaa med han til lovberget, og so gjorde dei. Og daa folk hadde tala sakene sine, daa stod Ofeig upp og mælte: «Eg har ikkje rødt mykje um saki hans Odd, son min, men no vil eg høyra etter um det kanskje kann avgjerast med forlik.» Hermund sa: «Paa ingen maate skal vi forlikast,» sa han. Ofeig mælte: «Daa er saki snøgt avgjord. Men skal frendane faa lov til aa velja millom fredløyse og sjølvdøme?» Hermund sa: «Det skal de faa lov til; for soleis skal sjølvdømet verta at det skal ikkje gjera nokon skilnad anten det vert sjølvdøme eller fredløyse.» Ofeig sa: «Skal frendane daa faa lov til aa velja av dykkar flokk kven dei vil, eller skal de alle setja boti, endaa det er meir imot skikk og bruk?» Hermund sa: «De skal faa lov til aa velja kven de vil; det skil ikkje oss kven det vert av vaar flokk.» Ofeig sa: «Det var daa endaa noko, og det er vaart raad at vi heller vel at han ikkje maa verta gjord fredlaus; og dei menner som de vil, skal lova og gjeva handi paa at dei gaar i borg for oss; men de skal lova og gjeva handi paa at de let saki falla, og eg skal velja dei menner som eg synest av dykkar flokk, ein eller tvo, eller fleire.» Hermund sa: «So skal det vera. » Toraren Spake sa: «Lat oss ikkje i dag segja ja til det som vi tregar paa i morgon!» Hermund sa: «Dette faar vi segja ja til.» «Lat oss no stadfesta avtalen med handtak!» sa Ofeig. So vart gjort, og dei lova med handtak at dei skulde lata saki falla, og han lova aa svara den pengeboti som dei sette som han valde til det. Og so mælte Ofeig: «Lat oss no gaa upp paa vollane, og der skal eg velja dei som eg synest.» Dei gjorde so. Det dreiv upp paa vollane ein stor mannfjølde. Gjelle og Egil med flokkane sine for baae saman, og dei kom upp paa vollane. Daa mælte Ofeig: «Set dykk no ned i ring, bandemenn! eg skai gaa fram fyre dykk og velja dei til aa døma i saki mi som eg synest.» Og dei gjorde so. Han gjekk burt til Styrme og slo kaapehetta att paa herdane, og stod paa kne og mælte: «Alle mun tykkja det var rimelegt um eg valde deg til aa døma i mi sak, etter som eg er tingmannen din og har gjeve deg gode gaavor; og det skulde vera aa venta at den saki var vel fari som du dømde i. Men ingen har vore so uppsett som du paa at saki heller skulde falla tung enn lett for Odd, son min; du har valda heile saki fraa upphavet, og eg skyt deg ut. Der sit du, Toraren, og det er ikkje det med deg at du har lite vit til aa døma i saki, men alt vitet ditt har du brukt til det aa faa denne saki til aa falla tyngre enn fyrr for Odd, son min, og eg skyt deg ut. So kjem du, Hermund, ein stor Hovding» — han letta paa seg ein god mun, og tenkte at Ofeig vilde velja han — «vist er det,» sa Ofeig, «at deg har ingen ting drive utan pengegir og ranglæte og ujamnad. Ikkje heller har nokon vore so ofsen som du. Det skortar deg ikkje paa gods heller, og du har dregest til av ovgir; no skyt eg deg ut. Der sit du, Jarnskjegge. Det er sagt meg at du let bera merke framfyre deg nord paa Vodlating, liksom framfyre kongar. No skynar eg ikkje kvar det skal bera med storlætet ditt, dersom du faar æra av dette, og eg skyt deg ut; eg lyt sjaa til med deg, so du ikkje vert for stor paa det av vyrdnaden din. Der sit du, Skjeggbrodde. Var det sant at kong Harald sa du var den som var best fallen til konge paa Island?» Han sa: «Det veit eg ikkje; kong Harald tala mangt til meg, som eg ikkje veit kor mykje aalvor det fylgde med.» Ofeig sa: «So mykje mindre vilde eg samtykkja i at du skulde vera konge over Island, at du skal ikkje vera konge over denne saki; eg skyt deg ut. Der sit du, Gjelle. Du er kalla ein god og rettvis hovding; like vel har du i dette stelt deg umannsleg. Men det er orsaking til for deg; du er arm paa gods, og di næst er Skjeggbrodde, venen din, komen med i søksmaalet. Og no, endaa eg bryr meg lite um dykk alle saman, so maa eg einstad velja. No vel eg deg ikkje, eg skyt deg ikkje ut heller. Der sit du, Torgeir. Her skal eg ikkje stogga lenge; for du har aldri avgjort nokor storsak, av di du ikkje har vit til det.» — No saag han seg um, daa han kom til Egil, og tokka paa kaapehetta og mælte: «Eg meiner det gaar meg som vargen: dei veit ikkje ordet av fyrr dei har ete einannan og kjem til halen. Soleis har det no gaatt med meg her framfor mange gjæve menner: eg har skote dei ut fraa saki mi, og no er det att berre ein som alle veit ikkje vyrder kva han gjer for pengar, og det er Egil. No lyt eg anten gaa tilbake og velja dei som eg fyrr har skote ut, eller velja deg, og det veit alle ikkje vil gaa vel. Like vel trur eg det er best aa velja deg.» Han spratt upp og mælte: «Det er rett ofte at æra vil den vegen, endaa andre ikkje unner oss det. Lat oss gaa. Gjelle, og tenkja over saki!» Dei gjorde so. Egil mælte: «Kor stor bot skal vi setja? Eg raader til at vi set ei liti; for det nyttar ingen ting, dersom vi ikkje set henne dugleg stor.» «Uvenskap vil det fylgja med like vel,» segjer Gjelle; «men kor mykje skal vi setja?» Egil sa: «Lat oss setja tretti øyre,» sa han. Gjelle sa: «Eg er ikkje fus paa aa segja upp den sætti.» Egil sa: «Vil du segja upp domen eller taka paa deg aa svara dei?» «Nei,» sa Gjelle, «eg vil heller segja upp sætti; tak du paa deg aa svara dei!» Dei gjekk burt imot der som hine sat. Hermund stod upp og mælte: «Lat oss lyda paa vanheidringi!» Daa mælte Gjelle: «Det er avgjerdi mi og hans Egil, imot Odd, at vi set tretti øyre i bot.» Hermund sa: «Skyna eg det rett, var det tretti hundrad øyre du sette?» Daa sa Egil: «Det var ikkje so at du sat paa øyro daa du reiste deg? Trettan øyre, og det av eit sovore slag at ikkje andre enn vesalmenne vilde taka imot slikt eller faa fastsett slik bot, ringbrot og skrap.» Daa sa Hermund: «Svikne er vi no.» Egil sa: «Tykkjer du, du er sviken?» «Ja,» sa han, «sviken tykkjest eg, og du har svike meg, svikaren!» Egil sa: «Det tykkjer eg er best gjort, aa svika den som ingen trur; du trur ikkje nokon, ikkje trur du venene eller frendane dine, ikkje borni eller kona, og ikkje trur du deg sjølv. Deg sjølv trur du ikkje, for du for av i so tett ei toke og skulde løyna pengar, at du ikkje veit meir enn andre kvar dei no har vorte av; um du no faar andre tankar og vil ha pengane, so finn du dei ikkje.» Hermund svara: «Dette er lygn av deg, som mangt anna. Du lyg stødt. Fyrre vinteren baud eg deg or eit matlaust hus, deg og seks til. De var der paa Gilsbakke, og daa du kom heim, daa sa du at det hadde sett til tretti utgangsøykjer der, og at uppetne var dei alle saman.» Egil sa: «Ingen segjer tapet ditt større enn det har vore. Men eg trur at faa eller ingen av øykjene har vorte etne.» Hermund sa: «Ikkje skal vi tvo baae koma paa tinget næste sumar.» Egil sa: «No vil eg segja det som eg tenkte det skulde drygja fyrr eg sa: gjev det maatte gaa som du segjer! Det vart tidleg spaatt at eg skulde verta ein ovleg gamall mann. Dersom vi ikkje baae kjem paa tinget, so vil det henda at du fer trolli i vald heile karen.» Daa mælte Styrme: «Det er som ein kann venta, at det gaar ille for oss naar vi tek den største skarv upp i samlag med oss. Han er den største skarven i heile landet, det veit alle.» Egil sa: «Di verre mann du kallar meg, di betre er det. For folk veit at du har teke meg til aa vera jamliken din, No maa det vera nokre store lyte med deg som andre ikkje veit um, sidan du sjølv tykte det var grunn til aa taka ein stor skarv til aa jamna deg med. Men likskapen er daa ikkje so stor paa sume maatar. Du er so sværande raust med maten: du har ein liten ask som heiter Matsæl; aldri kjem det so mange gjæve menner til deg at dei faar vita kva som er i han, utan berre du. Dessutan veit andre at du renner, straks handøksi vert svinga; eg derimot torer hjelpa venene mine. Men det er ikkje so ulikt til at vi baae tvo er mat-nidingar.» So vilde Toraren reisa seg; han var ein fælande feit mann og tung av seg, og han studde seg med hendene paa knei. Daa mælte Egil: «Set deg ned, Toraren! eg skal svara deg so heile tinglyden maa læ aat deg.» Han sette seg ned. Daa mælte Egil: «Det gjorde du klokt i, som du er van til. Eg tykkjer ikkje det tener til noko at sveinane lær aat deg um du sit trongt med elden og gnuar olbogane dine.» Daa sa Torgeir: «Faavist var det aa setja tretti øyre.» Daa sa Egil: «Eg tenkte du skulde tykkja det var vel dømt. Hugsar du ikkje du vart slegen aust paa Aarnes-tinget?» Ein hestesvein slo deg, og det vart trettan kular i hovudet paa deg, og du fekk ein lambsau for kvar kul.» Daa mælte Skjeggbrodde: «Jarnskjegge,» sa han, «lat oss gaa her ifraa og ikkje skifta ord med han!» Dei gjekk derifraa, og dinæst gjekk alle, men pengane laag att, og ingen vilde ha dei. Og det vart fiendskap millom dei. Dermed slutta tinget.


11. Ofeig reid nordpaa, og fann Odd, son sin. Han var daa fullt buen Han spør korleis det hadde gaatt med saki. «Eg let dei faa sjølvdøme,» sa Ofeig. Odd sa: «Ei ulukke skulde du ha som fører ei sak so til endes!» sa han. Ofeig sa: «Du skal ikkje døma so braatt, frende.» Han fortel han no alt, korleis det har gaatt fraa fyrst til sist. «Ikkje kunde eg tenkja at ein skulde kunna driva denne saki soleis, eg tykkjest vera skyldig til aa løna deg paa det beste,» sa Odd. Ofeig sa: «Bryllaupet dykkar skal staa um seks vikor her paa Mel.» Odd sa: «Dette giftarmaalet er som eg helst vilde ha det; men like vel vil eg halda fram med ferdi, og sjaa kor farsæl eg kann verta, og um eg kann koma att til avtala tid.» Ofeig sa: «Eg kann ikkje raada deg ifraa det; du har mykje til godes av ferdalukka. Han fekk bør og siglde nord til Torgeirsfjord. Daa tok vinden av, og dei laag der nokre næter. Det laag eit kaupskip der fyrr. Odd vart leid av aa liggja der, og bad dei ro til lands med ein baat; dei gjekk upp paa eit høgt fjell, og Odd saag at det var anna ver utanfor— paa fjorden var det lognt. Odd bad dei daa flytta skipet ut. Kjøpmennene sa at det vilde verta drygt for dei aa ro over havet. Odd sa: «So skjemmelegt som de tykkjer det er at vi ror, so tenkjer eg de kjem til aa bia paa oss her.» Dei fekk bør og siglde til Orknøyane, og dei fira ikkje segl fyrr dei var framme. Der var dei nokre vikor, so for dei tilbake med god bør, og kjøpmennene laag der daa dei kom tilbake. Dei siglde nordetter og stogga ikkje fyrr dei kom til Midfjord, Odd for heim til garden sin og gjorde i stand til eit grumt gjestebod. Det skorta ikkje paa det som skulde til. Gjelle kom der med dotter si, og Egil kom der, og ein fjølde med folk. Med gjestebodet gjekk det som vener ynskte til. Egil var ikkje glad. Odd sende folk ifraa seg med gode gaavor. Daa mælte Ofeig: «Eg vilde du skulde senda Egil burt paa vyrdeleg vis. Honom bør vi løna med godt,» sa han. Odd sa: «Det synest meg som du har greidt ut til han det han skal ha fyrr.» Ofeig sa: «Det er ikkje so; gjer stor ære paa han!» Dagen etter sa Odd til Egil: «Eg let driva uppetter Hrutafijord fyrti gjeldverar og tvo uksar. Dei er heime fyre deg, og eg skal ikkje vera smaamannsleg mot deg so lenge vi baae liver.» Egil takka han, og ljosna. Gjelle gav Egil mange gaavor. Med det skildest dei.


12. Vinteren leid, og daa det tok til aa vaarast, for Hermund til Kvams-tinget, og daa han skulde austetter att, sa han at dei skulde snu ned til Borg og brenna Egil inne. Og daa dei kom aust til Valfell, tykte dei det song i ein streng uppe i skardi, og dinæst kjende Hermund at han fekk ein styng og ein rasande verk under armen. Dei maatte no snu heim, og fylgjet skildest ifraa han. Verken for utover sida, og sotti vart verre di lenger upp i bygdi dei kom. Dei kom til Hoggvandestad, og der sat det ramnar utover allstad. Og daa han kom heim, vart han lagd til sengs, og dei for etter presten Tord Solveson i Reykjaholt. Daa han kom til han, kunde han ikkje tala. Og daa presten kom til hesten sin, vart det sendt bod etter han, og han kom andre gongen, men Hermund kunde ikkje faa sagt noko med han. Daa for presten nedetter og var komen so langt som til gilet, og daa reid dei etter han, tridje gongen. Han lutte seg ned over Hermund, og høyrde at han kviskra millom lippone: «Fem i gilet, fem i gilet!» Dinæst andast han.

Det er sagt, at Maar heitte ein mann. Han fekk Svale, og dei tvo hadde garden. Olve heitte bror hans. Han var ein gap.

Bergtor heitte ein mann som budde paa Bodvarsholar. Han hadde gjeve rettsutgreidingi daa Ospak vart gjord fredlaus. Det bar so til ein kveld paa Bodvarsholar, medan folki sat kring eldane, at der kom ein mann og banka paa døri og bad husbonden koma ut. Husbonden vart var at det var Ospak som var komen der, og sa at han vilde ikkje koma ut. Ospak eggja han mykje til aa koma ut. Men han gjekk ikkje ut like vel og forbaud alle aa gaa ut. Soleis skildest dei. Men um morgonen daa kvinnfolki kom i fjøset, daa var der ni kyr drepne. Dette frettest vida. Og ein morgon medan Maar og Svale laag i sengi, kom der inn ein stor mann og sa fram ei vise:


Nybrynte sverd
or sliri drog eg.
Maar i magen
med det støytt’ eg.
Ikkje unnte eg
Hildes erving
den fager-vaksne
Svales fangtak.


Og han stakk sverdet igjenom Maar. Det var Ospak. Med det same han vilde ut, sprang Olve upp og stakk ein stor kniv i han. Ospak gjekk til den garden som heiter Borgarhol, og lyste draapet der. Dinæst for han burt, og det spurdest ikkje noko til han ei tid. Sju stodhestar vart og drepne for Odd Ofeigsson. Folk skulda Ospak for det verket. No gjekk det ei lang tid som dei ikkje spurde noko til Ospak. Men um hausten, daa folk for av og skulde leita etter gjeldverane, fann dei Ospak daud attmed ein heller i Linaakredal. Eit vaskarfat stod ved sida av han, i det var det storkna blod. Folk meinte at det saaret som Olve hadde gjeve han, hadde gjort ende paa han. Svolt og naud hadde og vore han til mein. Odd var mykje fyre seg, og fekk ein son som heitte Ofeig. Fraa han var det ikkje langt aa telja til Snorre Kalfsson og Midfirdingane. Her sluttar soga.


Note:

  1. Disse noter vedrører den norrøne tekst, som i bogudgaven anføres parallelt med den nynorske oversættelse. Noterne er ikke medtaget i denne udgave (jl).