Tjodolv Arnorsson

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Gamle skaldar og kvad

Med kvadi umsette paa nynorsk


ved Rasmus J. Flo

Oslo 1902


Tjodolv Arnorsson


Medan Arnor Jarlaskald var av dei skaldar som berre gjorde gjesteferdir til Noreg, var Tjodolv derimot fastbuande her, baade i Magnus den gode og Harald Hardraade si tid, og de heilt til slutt. Me veit at han var med Harald til England, og hev nokre vers etter honom derifraa; men truleg er han fallin der, med di me ikkje høyrer noko meir til honom etter den tid.

Endaa han hadde ein bror, Bolverk, som og var skald hjaa Harald, veit me ikkje anna um ætti deira enn farsnamne og bygdi dei var ifraa paa Island, og so de me fær vita av Tjodolvs ordstrid med hans sambygding, skalden og gjønemakaren Halle. Etter dette ser de ut til han var vaksin upp i smaa kaar; men Tjodolv var no ikkje mindre gjæv mann og skald for de. I de stykke, som i de meste anna, stend han millom dei fremste av skaldane, til aa halde tonen heilt igjenom vyrdeleg og høg. Difor er han og av dei skaldane som de er etterleivt mest etter, og som de er gjort mest bruk av; soleis baade i Heimskringla og i Snorre-Edda, — so de var ikkje berre Harald Hardraade som rekna honom for ein «hovudskald», kann ein sjaa.

I motsetning til Arnor, som her i lande kved mest berre um de han hev «frett», kann Tjodolv tala av sjølvsyn, med di han hev vori med i alle dei herferdir og slag som kongane Magnus og Harald heldt, fraa so tidleg som slage ved Aaros. Hans kvad hev soleis stort verd for sogo, og baade sogo um Magnus og um Harald er mykje bygde paa deim. Tjodolv var daa ein utlærd hermann, kann ein vita, og til visse av dei stautaste med. De han sjølv nemner um at han ikkje brukte aa halde seg «løynd i konge-heren», kann ein trygt lite paa; — de hadde nytta lite aa kyte med anna enn de som heilt sant var i den vegen, millom folk som hadde likso god greide paa dette som han sjølv. Ein storvaksin kar maa han ha vori og, kann ein skyna; for med orde «slaaning» i eit av versi sine meiner han visst nok seg sjølv.

Noko er de likevel som Tjodolv og hev kvedi um etter fretnad, og de er um kong Haralds liv og ferdir sunnanlands. Men her hadde han daa fraasegn fraa Harald sjølv og hans fylgjesmennar paa desse ferdir aa gaa etter. Og de hev vist seg paa ein merkeleg maate, at de samstavar godt med sjølve tilburdane, de som baade Tjodolv og dei andre skaldane hev fortalt fraa denne bolken av Haralds liv. De er so heppelegt at de her eitt aare burte i Russland vart funni eit græsk skrift fraa keisar Michael Dukas’ tid (1071-78). Her talar bokskrivaren noko um ætthøge utlendingar som hev vori i græsk her-teneste, og hev soleis eit stykke um Harald og. Han nemner der at «Araltes var son aat kongen i Varangia (væring-lande) og bror til Júlavos» (Olav), at han kom til keisar Michael Paflagon med ein flokk av 500 vaapndjerve mennar, vart send til Sikeløy (Sisilia) og gjorde der mange storverk, til øyi vart underlagd, og kom so til Konstantinopel att. Deretter hende de at Delianos gjorde uppreist i Bulgaria, og Araltes og hans mennar drog dit med keisaren og hans her, og gjorde der storverk som var verdige hans ætt og manndom, — bokskrivaren var sjølv med der, fortèl han. Etter denne keisaren var daain, og systerson hans (den næste keisaren) med, vilde Araltes fara heimatt til sitt land, men fekk ikkje lov, og so kom han seg undan i løynd, og vart konge i sitt land i staden for sin bror Julavos, og sidan med heldt han ved lag truskapen og venskapen med grækane.

Dette er de vigtigaste av de som her er fortalt um Harald; men so vel som dette høver med de som skaldane hev um de same, kann ein gaa ut ifraa at dei er likso paalitande i sine fraasegnir um andre tilburdar her, so mykje meir som dette og høver vel med de me veit fraa den græske sogo elles; soleis de at Harald fraa Sikeløy var med paa herferd mot «frankane» (normanane) i søre Italia («Langbardaland», som de er kalla i eit line-par etter Tjodolv), og fyri Sikeløy-ferdi hadde vori utsend mot arabane i «Serkland» (Syria og Mesopotamia) og Jorsalaland, og at han seinare i Miklagard var med og blinda Michael Kalafates, som vilde faa avsett si fostermor, keisarfruva Zoe.

Mot deim som helst vil tvila paa alt gamalt, eller alt gamalt norsk i minsto, hev daa skaldskapen her fengi ein god studnad, og de ikkje berre for den tid de her er tale um, men i de heile for all skaldskap av dette slage.

Annarleis er de derimot med de som elles er fortalt um Harald og væringane i sogu-bøkane. De er mykje berre vandrande viking-segnir, riddar-sogur, væring-segnir og klerke-segnir som etter kvart hev samla seg um kong Harald, og so mykje heller um honom som han lengi hadde vori so langt fraa lande.

Av de me hev etterleivt etter Tjodolv er daa de meste draapur og slikt; men de er likevel etter maaten svært mykje lausavisur eller hendemaals-kvad, og de ser ut som Tjodolv nettupp hev havt sin beste styrke i dette aa kveda soleis paa staaande fot eller um og samstundes med dei tilburdane han var med i. Kong Harald hadde daa og sin gode moro av aa freiste honom i den vegen, og de er fortalt mange døme paa korleis han sette denne evna hans paa prøve og gav honom uppgaavur, som Tjodolv alltid greidde seg meisterleg ifraa. Ei prøve av dette slage hev me i Heimskr. s. 589.

De fyrste kvade hans Tjodolv, Sorptrògvisune, fraa hans gutedagar, skylder me Halle at me veit noko til. At me inginting hev att av de, er visst elles ikkje stort aa syrgje paa, etter den dom kong Harald gav um kvade, daa han hadde nøydt Tjodolv til aa segja de fram.

Fyrst millom hans kvad er daa med retto aa rekne hans Magnusflokk, der me hev skildra paa lag de same som i kvædi hans Arnor her framanfyri, men i mangt ein god mun rikare, som ventande kann vera, etter di Tjodolv hadde vori med i mykje av dette sjølv. Hen attaat dette hev me ei heil samling med lause vers eller smaa-kvad, kva de no hev vori, fraa her- ferdine hans Magnus, og som me difor kann kalle Magnus-visur, dikta samstundes med tilburdane, kann ein sjaa. Men med di at emne her er mykje de same som i Magnusflokken, er de stundom vandt eller raad-laust aa skilja visst de eine fraa de andre. I de stykke gjev heller ikkje sogune nokor hjelp, so de vert mykje berre eit skyn aa gange etter.

De største kvade hans Tjodolv, og som me hev mest att av, er hans draape um Harald Hardraade, Seksstevja, som ho er kalla. Av den hev me vel i alt ei 36 heile og halve vers. Men mange, i vissa av halv-versi, som me hev i Snorre-Edda, er slike at ein ikkje kann sjaa stort kva dei handlar um, eller kvar dei høyrer til i samanhengen, og dei er difor ikkje tekne med i umsetjingi her. Namne hev vel kvade fraa de at de hev vori paa 6 stev-bolkar; kvar med sitt stev. Eitt av stevi hev me i vers 9 her, siste helvti. Um kong Harald hev me dessutan noko av eit kvad av Tjodolv i runhendt versemaal, um den tid Harald var i Gardarike (1 vers i Heimskr. s. 567), og so ei samling paa 7 vers, som er perla millom alt me hev etter Tjodolv, Leidangs-visa kann me kalle de, um kong Haralds ferd fraa Nidaros 1062, fyri Nissaa- slage[1]. Elles er de berre nokre spreidde vers eller lausavisur, forutan deim som alt er nemnt um.

De er ikkje berre i de at han var fastbuande i Noreg, og at han var so hæv til aa dikte paa staaande fot, at Tjodolv minner um Sigvat skald. De er greidt aa sjaa paa sjølve kvadi og, at han i mangt hev havt Sigvat til mynster. Soleis de at Tjodolv og brukar lite dei vanlege kenningane, men i staden livar upp med ein rikdom av drag fraa naturen og live. Men i mykje er dei likevel sterkt ulike. Tjodolv legg seg berre um aa skildre klaart og livfullt og gløgt de han hev set eller høyrt, utan aa blande inn noko av sitt eigi livssyn, av sine tankar og domar, soleis som Sigvat. Um de paa den maaten vert mindre djupt enn hjaa Sigvat, so vert de i staden hjaa Tjodolv meir livfullt og klaart og sveipelegt. I de stykke stend han i sine beste kvæde jamsides med sjølve Arnor.


1. Magnusflokk


1.
Ut lét du snekkja skjote;
skip med tri tjug keipar
skreid i sjøen, raai
skolv i vinden dolvleg.
Masti bøygde blaastren,
bròtsam, yvi drottnen;
brogdut segl ved Sigtun
sige lét hirdmenn prude.
[Dolvleg, tungt («dumpt»). — Brogdut, rosut (med rutur).]


2.
Aurvegen ørne-fagnar
utkjend trødde fraa Svitjod;
holle herren fylgde
hermenn austan til Noreg.
Men Svein sidan, røynleg
svikin, flydde rike;
Alfiva-sonen utlæg
undan deg seg skunda.
[Aurvegen, landvegen.]


3.
Djervt nøytte du, drottin
daadsterk! skipi lange,
der aust med snekkjur sjutti
siglde dine mennar.
Sør-etter kjølir søydde,
segl rølte ved stagi;
vaag-kløyvar masthøg skar viki,
Visunden neig med stamnom.
[Aust, d. e. sør, til Danmark (med søre Sverike). — Søyde, sjode, bruse. — Røle, skravle, svalle, plapre.]


4.
Sjølv bar aust ved Elvi
Ulvs son med fager lovnad
(Svein vilde der sverja)
sine hendar til skrine.
Eidane fyri emna
Olavs son for honom;
freden altfor udrjug
alder fekk, mot han skulde.
[Elvi, Gautelvi.]


5.
Siger fekk ven aat sveinom
sunnan Heidaby vunni;
skarp ved Skotborgaai
skuri, høyrde eg, dura.
Ættmann aat Ella haatta
utalde vindar fellde;
kvar er frett at førar
framde større malm-rid?
[Ættmann aat Ella, kong Magnus (med di han gjorde krav paa England); haatta, moda, full av livsmod.]


6.
Haralds brorson i her-flokk
av hundrad kjempur den fremste
fór, og aat ramnen føde
flengde i pile-regne.
Vindar or vegen rømde
vide, der Magnus stridde;
heidningar hogne dekte
heidi, mili breid’e.


7.
Lite lengi sidan
lagde kongen og jarlen
skjoldar saman; sverdleik
snarp de var for mennom,
slik at her-strid større
stridsmennar ikkje mintest;
brak de var der blodraudt
blaae serkir vart merkte.


8.
Spjot og skjefteflettur
sende i mengd rende
braatt mot breide skjoldar;
bardagen ramnen fagna.
I malm-gny, mest dei orka,
mennar stein og pilir
brukte baust; men mange
barde laag paa tiljom.
[Skjefteflette, kastevaapn med skaft. — Bardage, slagsmaal, herstrid. — Baust, stolt, gildt; dugleg, rikeleg. — Barde (av berja), slegne.]


9.
Bòge-menn aldri broddar
bar aat horrstreng fleire;
denne dagen trøndir
dovna kje fyrst med skjoting.
Flaug gjorde snøre-spjoti
sidan so tjukt imillom,
knapt so ein saag kvarandre;
kvast var pile-drive.
[Horrstreng, bòge-streng av horr (lin). — Snørespjot, kastespjot med ei reim til aa gjeva spjote fart med.]


10.
Sterkt mennane aat Magnus
mana hin den andre
skjoldar fram aa skjote;
slagordi mun gjorde.


11.
Hævt var aa sjaa vaar hovding,
han som kjøl-vognir styrer,
Magnus, gaa fram i fagre
framstamnen paa skipe.
So me maka at munleg
mink saag paa huskarlom sine
jarlen; men gildt me herfang
gjorde og rudde skipi.
[Kjøl-vogn, skip.]


12.
Grid du gav aat mennar,
gullraust hovding dyre!
fyrr, daa fylgje aat jarlen
flugti helst vilde taka.


13.
Kvast i strid dei kvate
kappleikarar støytte
saman paa ein sundag;
snarpt nok paa gjekk heren,
ned i sjøen av skipi
seig dei som var lagi
live der aa lata;
lik flaut paa kvar ei baare.


14.
Visst laut jarlen um vetren
vike kongesæte;
ikkje lét du lite
landvern av deg stande.
Møte torde Magnus
milde fram under skjolden;
nær de var med kvate
Knuts systerson ute.


15.
Trønde-drottin! du torde
tyne skjoldar; i vreide
kvart eit bu du brenne
baud til kol og oske.
Hovding-ven! du med vondo
vilde henne paa jarlens
fylgjesmenn deira fule
fiendskap; undan dei rende.


16.
Laagt ved Helganes-lande
lutte seg for spjoti
folki hans Svein; saara
sveinar feige stupte.
Møre-gramen mæte
mangt eit snøre-spjot fløygde;
ask-skjefte oddar raude
egg-djerv landsstyrar farga.
[Feig, etla til aa døy, dauden nær (ikkje = tysk «feig», umannsleg). — Fløygje, slengje, kaste.]


17.
Av fraa aude skipe
undan flydde hugfast
jarl, daa Magnus møte
meinslegt for Svein gjorde.
Hovding sigersæl lauga
i sveite eggi paa Neite;
blod sprænte paa brynte
branden, — gramen vann lande.


18.
Her-leik vart med heppe
haldin, som Magnus vilde;
emne til song um siger
slag-vinnaren lagar.
Tidt nok trønde-drottnen
og traatt sverd i ròda, —
hev daa fraa trifeld herstrid
heim sigeren bori.
[Heppe, lukke, «held».]



2. Magnusvisur.


1.
Snekkjune sju rudde
son aat Olav Digre;
i Sogn med sorg skal ikkje
slikt drosine frette.


2.
Vandt er de visst med heimferds
von for jarle-sveinom;
heller hard er ferdi
hermennane vorti.
I stormen brimande baara
bròtar og rører paa sanden
hausane og leggine deira;
yvi liki sjøen uler.
[Bròta, brjote og velte.]


3.
Sterkt i gaar saag eg store
steinar kasta og skallar
kløyvde; fast deira fylking
fór ikkje i skuri.
Ned førde me strandhogg, —
stamnen seg midt i lande
beit fast; med berre ordi
bergar ikkje Svein rike.
[Føre ned strandhogg, føre røva buskap fraa land ned aat skipi.]


4.
Selunds møyar samlydt
spurde etter kven merki
bar; blodraude skjoldar,
breide, menn ane hadde.
Kvendi, snøggast dei kunde,
kvasta seg gjenom skogen;
mengd av flyande førde
fotsolar tidt til Ringstad.
[Kvaste seg, skunde seg. — Førde fotsolar tidt til R., flydde (sprang) til Ringsted.]


5.
Nakken ber han saur-sprænt,
svime Skaane-gramen;
undrast um ikkje seg hævdar
ung-aldra Lunds konge.
I gaar yvi mold og myrar
malm flaug; yvi haugar
fram aat strandi stimde
sterke jarlens merke.
[Saur-sprænt, yvisprøytt med søyle og lort (skal segja so mykje som at kong Magnus ikkje sparde seg for svaas). — Svim, rask.]


6.
Heim eg bar fraa braake
brynju og gautske skjolden
paa min lut; sør i sumar
sverd-glamren var ovhard.
Vaapn fekk eg væne, — aat stille
vækja fyrr eg de sagde;
herhjelm fekk eg der hovding
hardhendt danir barde.
[Vækje, gjente.]


7.
Oss baud son aat Olav
upp paa land aa gange;
med staseleg stordom Magnus
strids-reid gjekk fraa skeidi.
Hovdingen herja Skaane, —
her er staak i Danmark;
huskande yvi haugar
hesten spøner vestan.
[Reid, reidug, ferdig. — Skeid, herskip, langskip.]


8.
No lyfter nordmenn merke, —
nær me gjeng ved stongi;
skjolden fraa mi side
sjeldan fær eg leggje.
Utan skeiving skrevar
slaaningen yvi Skaane
mot Lund; fagrare faae
fann eg vegar enn denne.
[Slaaning, langslode, langvaksin kar.]


9.
Is-kaldt jarn bar me uspart
alljamt paa jarle-folki;
snart for skaaningom skrikast
skrøytande vonine deira.
Eld yvi bygdi breide
braatt leikar, den raude;
meinraad me gjorde, men mange
med var til aa blaase.
[Skrìkast, gleppe, skiplast, svigte. — Skrøyte, skryte, kyte. — Med til aa blaase (kveikje elden) er sagt um dei danir som sveik kong Magnus og soleis var skuld i herjingi.]


10.
Budir braahardt svider
bjart eld i Danavelde;
hovdingen med heren
herjar og øyder bygdi.
Skjold yvi heidi her-mod
hersvein ber i Danmark;
me fekk siger, men saara
Sveins menn fyri renner.
[Med hersveinen meiner Tjodolv her seg sjølv.]


11.
I fjor sine folk lét kongen
paa Fyn treda gamle vegar;
lite eg held meg, eg lovar,
løynd i konge-heren.
Minst skal dei fraakjenne Magnus,
mennane aat Svein, der dei renner,
storverk; — i morgon merke
mange paa land skal gange.


12.
Ikkje eig eg aa drikke
anna enn dette sjøvatn;
eg syg av salte væta
svelgjar, der kongen eg fylgjer.
Fyri oss ser me og skodar
Skaane-sida den vide;
slit for vaar hovding me herder
hugheilt, um sviar trugar.
[Herde, tola, halde ut. — Hugheil, trygg, urædd (Svein Ulvsson var no farin til sviakongen; Heimskr. s. 563).]


Wilhelm Wetlesen: Svein Ulvsson flyr



3. Seksstevja


1.
Kaste-vêr kvast eg høyrde
mot kongen ved Haug drive;
men Bolgaralands brennar
bror sin god gav studnad.
Tolv og tri vetrar gamall
traud fraa Olav daude
skildest han og hylde
høge hjelm-sæte tagall.
[Haug, gard i Værdalen, ved Stiklestad. — Hylde hjelmsæte (skjulte hovude) d. e. fór burt i løynd, ukjend. — Tagall, tegjande, «taus».]


2.
Aatteti borgir i Serkland
segja eg kann vart tekne
(gull-øydande gramen
gav seg ung i faare) —
fyrr her-kongen harde
Hildar-leik under skjolden
vekte, speleg for serkjom,
paa Sikeløy den flate.
[Speleg, faarleg.]


3.
Der heldt seg undan daasen,
dauv til spjot aa hive,
der sverd-svingaren u-selt
slo under seg lande.
Afrika-drottnen orka
Aanars grønklædde dotter
ikkje, eller folki,
av fraa deg aa halde.
[Daase, krjup, stakar; dauv, tung, «træg». — Afrika-drottnen, emiren Abdallah, som med sine arabar (serkjar, saracénar) raadde paa Sisilia og. — Aanars dotter, jordi.]


4.
Lite, naar lyft var spjoti,
lét hovdingen ulvar
svelte; fred daa søkte
seggjar som undan rende.
Han hev um sjø sunnan
(so meg finst i minne)
kaupt med oddom ofte
eign der krjupen bleikna.


5.
Han som ulv-suti endar
ut lét baae augo
paa stol-kongen stinge;
styrjing daa var byrja.
Egde-drottnen auster
paa ætthøg rikjar lagde
grøtelegt merke; men Græklands
gram stelte seg ille.
[Styrjing, uppstyr, strid. — Grøtelegt, til aa graate yvi, fælt.]


6.
Kjent er, Harald hev haldi
her-stridar grimme attan;
freden hev ikkje faatidt
fræge hovding broti.
Kloi kvasse paa ørnen,
konge! i blod du roda,
fyrr du fór i heimferd;
fjaag der du kom vart ulven.


7.
Eik-kjølen baarur bratte
braut austan fraa Gardar;
sviar gav deg sidan,
sløge rikjar! studning.
Lut til svellande le-bord,
lasta med gull, gjekk Haralds
skeid under segle breide;
sjøen stormen rørde.
[Sløg, gløgg, klok.]


8.
Vidkjend hovding lét velte
vatne med skarpe kjølen;
austan daa til Danmark
dyre skip kløyvde baara.
Men Olavs son sidan
samlag deg baud og helvti
land og mennar; der møttest,
meiner eg, sæle frendar.


9.
Tjodkonungs mennar trauste
tru skal sitja og stande,
dyre drottnen til viljes,
der de honom lyster.
For ørne-venen seg luter
alle mann; de er faae,
anna med eitt dei lystrar
alt kongen vil bjode.
[Anna, minder («undtagen»).]


10.
Varge-venen, som gaavur
vensæl gjev, lét draken
framme i fylking-odden,
fremst millom alle, duve.


11.
Fast bad fred-streng hovding
folki kvate aa binde
skjold til hamlur; meg syntest
skipa dei stod i kile.
Frøkne førar ved Nissaa
fløytande draken lét luke
inn med skjoldar, den eine
attved hin i rekkje.
[Skipa i kile, uppstelt i svinefylking. — Fløytande, framtøk, rask.]


12.
Alm-bògen natti til endes
Upplands-drottnen spende;
leikfus landsstyrar pilir
lét mot skjoldar drive.
Blodig odd paa bøndar
brynjur smaug, og i skjoldar
kolvar stod; med spjot-storm
stendig paa de auka.
[Fus, huga, lysta. — Kolv, pil.]


13.
Sagt de er, paa ei svipstund
Sogne-gramen rudde
skip for Svein og hans mennar
sjutti minst til hopes.


14.
For siger slepp aa løne
Svein i denne striden
seks sine danske jarlar,
sette tii odd-leik aa kvetja.
Midt i fylkingi fanga,
Finn Arneson, vig-fjaag,
undan vilde ikkje
orruge hjarta sitt berge.
[Kvetja, kvesse, kveikje, eggje. — Vig-fjaag, her-glad, stridsglad. — Orrug, frisk, fyrig.]


15.
Steinkjels menn, som styrkje
stridsglade jarlen skulde,
visst til Hel er vigde;
de valda sterke kongen.
Men dei som saki vil snilde
segjer at Haakon maatte
vike braatt, daa vaapn-gagns
von fraa den leid slitna.
[Jarlen, Haakon Ivarsson. — Snilde, pynte.]


16.
Vandt no vert de um kongens
verk aa mæle hovlegt,
daa ubrukt plog aa eige
Upplands-menn han lærde.
Visleg konge so varig
vunni hev heider i desse
aar tri halve, at alltid
unøyes fram de vil drygjast.
[Unøyes, rikeleg.]


17.
Landbuar, lysta paa ufred,
lét um at kongen ikkje
logi heldt; i lande
laakt udøme gjordest.
Men aat mæte hovdings
motmenn, dei som valda
raadi, radt braut trolli
ris fyri fotom deira
[Udøme, vondt fyridøme. — Ris fyri fotom, ris-ved til aa stupe i.]


18.
Kongen som holmbuar tvinga
taum lagde hard paa raumar;
fast gjekk frøkne Haralds
fylking der, eg meiner.
Eld vart uppgjord til motgjeld;
yvitak vann kongen;
høge lògen til lydnad
leidde usæle bøndar.
Med holmbuar er vel meint danir.]


19.
For stridige bøndar bue
brann. — ved trod hekk glodi;
herren for hovdingar raaka
heinir med kvasse steinar.
Landsfolk bad um live;
lògen nøydde paa ringar
ukravd dom, fyrr elden
atter ned seg lagde.
[Tród, tak-fjølir, — Ringar, ringerikingar.]


20.
Tridje aar vart tinga
og trygda fred. daa kongen
stridt hadde fram; ved strandi
staale beit i skjoldar.


21.
Selunds øydar aalraust
alltid vann med djervskap;
hugen, de Harald sannar,
halve sigeren raader.


22.
Raadvis Harald refser
rangvilje hardt og ovmod;
eg trur at kongens karar
kvar fær løn som til-gjort.
Bera fær dei byrdar
som bròti dei hev seg sjølve,
Harald soleis skifter
at same rett nyt alle.
[Med byrdar er her tenkt paa byrdar av ved som ein bryt seg i skogen.]


23.
Kongen som sjø-strid kveikjer
kvade med morki lønte;
venskapen sin med verdskyld
vega lèt han jamlikt.


24.
Hugfjaag hirdstyrar gjæve
heilt aat sønom leive
arv og odels-tuftir!
ynskje mitt dette skal vera.
[Leive, etterlata.]



4. Leidangsvisa


1.
Av aat sjø or aai
ut saag eg skeidi fljote;
utkjena ligg utfor lande
lang-bòla drake sjaaleg.
Ormfaks glor um barmen,
grøngult, og sidan honom
nybygd ned dei lét skride,
nakken med skirt gull blakrar.
[Lang-bòla, med lang bòl eller bul (kropp). — Sjaaleg, røsleg, staut.]


2.
Laurdag kongen de lange
livd-tjeld slengjer av stengom,
der prude ekkjur skodar
ut fraa by etter skuta.
Di-næst or Nid vester
nye skeidi leider
kongen sjølv den unge,
og aarar sjøen tvarar.
[Lívd-tjeld, skipstjeld til vern mot uvêr. — Tvara, tvinne, sveivle.]


3.
Snaapt or vatne sviptar
sveinar aarar beine;
ekkja stend og undrast
paa aaraburden furdig.
Ronad i fred skal røynast
rett, fyrr i tvau slitnar
myrke sjø-fang; møyi
mùnleg dette gjev unad.
[Snaapt, svint, kringt. — Svipte, svifte, rykkje. — Furdig, bisneleg, merkverdig. — Sjø-fang, aarar og slikt. — Unad, hugnad.]


4.
Meint keipane røyner
mange aaredrag lange,
der trauste gutar bøyster
baara med sjutti aarar.
Nordmenn gjæve Ormen,
jarn-sauma, ror ut straumen,
hagl-slegin; d’er for augo
som ørnevengir svingar.
[Bøyste, slaa, banke.]


5.
Skjol eig under skogen
skavne snekkje-stavnar;
gramen strand og grendir
grindar med herskip inne.
Aalmenning ligg inn-i
ei og kver vik i skjeri;
av for uvêr líver
eide høgbrynja skeidar.
[Líve, verne, taka av. — Brynja, brynju-klædd, med jarn-klædning («panser»).]


6.
Kongen bryter tjotall
brim-gard med stamnar harde,
strekkjer stramt paa snekkja
strengir, til dei vil sprengjast.
Leidt med jarn-krokom leikar
linde-tynaren spønin;
grjot og hardvêr grøtlegt
gneg anker-legg digre.
[Tjotall, marmande, brusande. — Streng, anker-tog. — Linde-tynaren, vinden; spønin, hard, ofseleg.]


7.
Harald stamnane styrer
stødt i gjelv-os aat Elvi;
natte-kvild Noregs drottin
nyt nær landebyte.
Gramen held ting paa Tumla;
tilsagd er Svein der flein-ting
dag-sett, um ikkje drøgne
danine vert aa mana.
[Gjelv-os, asande sjø-gang. — Tumla, no Tumlehed, paa øyi Hising i Gautelvi. — Drøgin, tungfør, sein.]




Notar:

  1. Ved den tid var kong Harald 46 aar, og de synest daa noko underlegt at han her i eit vers er kalla «ung».