Torekall

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif
Norsk.gif


Norske Folkedansar. I.
Danseviser ved Knut Liestøl og Klara Semb, 1951. s.18


Torekall


1.
Torekall kom seg av skogen heim,
trøytt var han og mode;
tjuvan' ha stole burt hamaren hans,
han visste 'kje kven det gjorde.
 
- Torekall tøymer no folen sin med taumom.
 
2.
Loke han tok åt vengen sin,
Nære flaug han sin sprenge,
- Kom han seg åt Gremmeligård,
Fyrr Gremmil gjeng åt senge.
 
3.
Då han kom seg åt Gremmeligård,
Stod Gremmil og rørde i elden;
"Kva er tids uti Åsgården,
No Loke er ute um kvelden.
 
4.
Kva er tids uti Åsgården,
Og uti i dine lond?
Laupand kjem du med slik fjett,
Som du var jaga med stong."
 
5.
"Det er no slik tidend i Åsgården,
Vond og ingen gode!
Torekall hev sin hamar mist,
Han visste 'kje kven det gjorde."
 
6.
"Eg hev no hans hamar teke,
Eg dyl honom ikkje eit ord:
Åtte alner og nie famnar,
Eg hev grave han ned i jord.
 
7.
Ikkje fær han att hamaren sin,
Ikkje meir han sjå,
Minder han flyt og fører her heim
Si yngste syster mjå."
 
8.
Loke han tok åt vengen sin,
Nære flaug han sin sprenge;
Kom han seg åt Åsgården
Fyrr Torekall gjeng åt senge.
 
9.
"Grimmen hev din hamar teke,
Han dyl ikkje det eit ord:
Åtte alner og nie famnar
Han hev grave han ned i jord.
 
10.
Ikkje fær du att hamaren din,
Ikkje meir han sjå
Minder du flyt og fører her heim
Di yngste syster mjå."
 
11.
Det var fruva den velborne,
Ho vart so ille ved ord,
Henne dreiv blodet av andletet,
Ho svartna rett som ei jord.
 
12.
"No vil me taka han Torekall,
Vel vilja me bysta han hår,
Kleda på honom brurekledi
Og føra'n åt Gremmeligård."
 
13.
Dei tok då deira vesle brur
Og håret hennar byste;
So snare då våre dei brurepikor,
Dei kledde på bruri fyrste.
 
14.
Inn kom grimme jutulen
Og såg på brureferdi:
"Henta meg hit mine klede
Og lat meg fager vera."
 
15.
Uksekroppen so åt ho upp
Og tvo punds kjel med kål,
Alle dei brød som baka var,
Av femtan skjeppor såd.
 
16.
"Eg gjere no både skjek og skjelv,
Eg kan ikkje drikka av hornom
Du gjeve meg drikke av bollstampen,
Og føre han hit med stongom."
 
17.
Til svara grimme jutulen
Heime i sitt velde:
"Eg aldri hev set so liti ei brur
Hev ete meir um kveldi."
 
- Torekall tøymer no folen sin med taumom.


Noter:

s. 124 4. Torekall

Denne merkelige visa fins berre i ei oppskrift i eit lite hefte på 6 blad som Moltke Moe i studentdagane fekk tilsendt frå Valdres. Ho er skriven på hallingmål med ei hand frå kring 1750. Visa er uheil.
   Grunnlaget for visa, må beinveges eller omveges, vera det vidgjetne eddakvædet Trymskvida eller Hamarsheimt.
   Det fortel at Tor hadde lagt seg til å sova, og då han vakna var hamaren hans borte. Loke lånte fjørhamen til Frøya og flaug til Jotunheimen. Der fekk han veta av Trym, tussedrotten, at det var han som hadde stoli hamaren, og at Tor ikkje kunne få han att, utan dei førde Trym Frøya til kone. Heimdall gav då den råda at dei i staden skulle kle Tor i brureklede og føra han til Jotunheimen. Det vart så gjort, og dei heldt bryllaup. Tor

åt ein ukse,
åtte laksar,
alle dei kråser,
til kvendi var laga,
tri kaggar mjød
drakk mann hennar Siv.

Så bar dei inn hamaren og la over knea på brura. Då drap Tor alle jøtnene.

Trym drap han fyrst,
tussedrotten,
og jøtun-ætti,
all han tynte.

1. Torekall den gamle Tor. - 15. såd korn. - 16. bollstamp balje. - med stongom, dvs. stenger som dei stakk gjennom øyro på stampen, så dei kunne bera han. - 17. i sitt velde i sin gard.