Torekall vinn att hamaren sin (Ivar Mortensson-Egnund)

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif
Norsk.gif


Torekall vinn att hamaren sin[1]
Frå Ivar Mortensson-Egnunds Edda.
Utgitt Kristiania 1905.


1.
Torekall kom seg av skogen heim,
trøytte var han og mode;
tjuvann hev stoli burt hamaren hans,
han visste kje kven det gjorde.
Torekall tøymer no folen sin med taumom.
 
2.
"Høyr du Lòkje Lauvøy,
leigedrengen min:
du skal fljuge alt land umkring
og leite upp hamaren min."
 
3.
Det var Lòkje Lauvøy,
tok aat sinom veng'e,
flaug han seg so høgt i sky,
nær flaug han sin spreng'e.
 
4.
Daa han kom seg aat Gremmeli-gard,
stod Gremmil og rørde uti elde:
"Kva er tist uti Aasgarden,
no Lòkjen er ute um kvelde?
 
5.
Kva er tidend fraa Aasgarden
og fraa dine londom?
laupand kjem du med slik fjett
som du var jaga med stongom."
 
6.
"Tidendir er fraa Aasgaarden,
vonde og ingen gode:
Torekall hev sin hamar mist,
han visste kje kven det gjorde.
 
7.
Høyre du gamle Gremmil,
kva eg segjer deg:
Hev du Torekalls hamar teki,
du dyl han inkje for meg."
 
8.
"Eg hev no hans hamar teki,
eg dyl inkje honom eit ord:
aatte alnir og nie famnar
eg hev gravi han ned i jord.
 
9.
Inkje fær han av hamaren sin,
mindre han fær det med saatte,[2]
mindre han fløt og fører her heim
den yngste systri han aatte."
 
10.
Lòkjen han tok aat vengen sin,
nære flaug han sin spreng'e,
kom han seg aat Aasgarden,
fyrr Torekall gjeng aat senge.
 
11.
"Grimmen hev din hamar teki,
han dyl inkje honom eit ord:
aatte alnir og nie famnar
han hev gravi han ned i jord.
 
12.
Inkje fær du av hamaren din,
mindre du fær han med saatte,
mindre du fløt og fører heim
den yngste systri du aatte."
 
13.
Det var fruga Valborg,
ho vart so ille ved ord;
henne dreiv blode av vorden sin,[3]
ho svartna rett som ei jord.
 
14.
"No vilja me taka 'n Torekall,
vel vilja me bysste hans haar,
klæde paa honom brureklæde
og føre 'n aat Gremmeli-gaard."
 
15.
Dei toko deira veslare brur
og hennar haare bysste,
so snare daa voro dei brure-pikur,
dei klædde paa bruri fyrste.
 
16.
Inn kom grimme jutulen
og saag paa Valborg-skara:
"Hente meg hit mine beste klæde
og late meg fagran varda."
 
17.
Oksekroppen so aat ho upp
og tvo punds kjêl med kaal,
alle dei brød som baka var
og femtan skjeppur med sod.
 
18.
Femtan spike-laksar aat ho upp
og nokre andre smaa fiskar,
dette var bruri hennar beste spise,
fyrr ho lengta etter drikke.
 
19.
"Eg gjere no baade skjek og skjelv,
eg gjet inkje drikke av hornom;
du gjeve meg no drikke av boll-stampom
og føre so hit med stongom."
 
20.
Til svara grimme jutulen
heime uti sinom velde.
"Eg aldri hev sét nokor veslare brur
hev eti meir um kvelde."
 
21.
Svara Lòkjen leigemann,
han smilte under skinn:
"Ho hev inkje eti i aatte dagar,
so hev ho lengta til din."
 
22.
Det var gamle Gremmil,
han gleddest ved det ord,
snart kom Torekalls hamar fram,
vart lagd paa brure-bord.
 
23.
Aatte voro dei smaatrolli
som boro den hamaren inn,
bruri tek 'n med eine handi
og sting 'n under sit skinn.
 
24.
Og det var unge bruri,
spring ho lett yvir bord,
slo hon den grimme jutulen,
so han datt daud til jord.
 
25.
Og det var unge bruri,
spring ho bergi ikring,
slo ho dei andre smaatrolli,
so dei laag alle i ein ring.


[1] Denne visa vart funni i Valdres. Handskrifti er paa hallingmaal fraa det 18de aarh. Visa er vonleg dikta i det 15de aarh., kanskje av ein fjording eller sunnmøring, og yvirsett på svensk og dansk (derifraa dei versi som er innklombra). Her er visa noko uppattstelt (det meste etter tilleidingar fraa S. Bugge og M. Moe, som hev gjevi ho ut). Trymlur paa Island (ikring 1400) umhandlar same emne. Det er fleire meiningar, um anten visa er eldre eller yngre enn Trymlur.
[2] Med mitt samtykke.
[3] Blode fòr burt fraa andlite hennar.