Upphavet til Edda

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Ymse tillegg: Upphavet til Edda


År 1643 hende det seg at ein biskop på Island, Brynjolfr Sveinsson, fann ei gamal skinnbok (45 blad) på Island. Han fekk ein man til å skrive boki av (denne avskrifti er komi burt); men sjølve handskrifti sende han til kong Fredrik den tridje, og han sette ho inn i "det kongelige bibliotek" der ho enno er. Boki kalla han Edda Sæmundi multiscii, det er edda hans Sæmund den frode. Skinboki meinar dei er skrivi mellom 1250 og 1300 etter ei eldre handskrift, vonleg frå 1240.- Sidan fekk Arne Magnusson 6 blad av ei onnor handkskrift frå Sørlandet på Island, vonleg skrivi fyrst på 13 hundrad-talet. - Snorre-edda inneheld også mange vers av eddakvædi. Frå andre land er det ingi edda-handskrifter.

Det var ålmenn tru millom dei lærde på Island då dei fann handskrifter av Edda på 16 hundrad-talet, at boki skreiv seg rå Sæmund frode, † 1133. Og difor meiner no sume at Edda tyder boki frå Oddi, garden hans Sæmund. Andre tyder namnet kvædi hennar oldemor (edda), songane frå utgamal tid. Men den gamle tydingi var at edda tyder diktekunst, poesi, , sin, hug, altso: det som leikar i hugen, hugleik. Sume trur at Edda er same ordet som Veda.

I 1772 kom islendingen Finnur Jonsson med det påstandet at edda-boki berre inneholdt ei blanding av kristne idear og skandalløse uppfinningar. Og 1812 skreiv tyskaren Friedrich Rühs at all kultur i nordlandi hev gjengi ut fra kristendomen, som vest-skandinavia helst fekk fra England. I Noreg og på Island ovra det seg ei kunstdikting etter angelsaksisk mønster. Men for største delen er dei mytiske emne uppfunne av skaldane, ofte berre til å finne stavrim, sa han. - I åri 1880-90 arbeide prof. Sophus Bugge med dei same tankane som Rühs, like eins islendingen Guðbrandur Vigfusson. Sidan hev prof. Kaarle Krohn i Finnland (Skandinavisk mytologi 1922) haldi fram i denne leidi. Han meiner det er fullvisst at edda-kvædi skriv sig frå Vest-skandinavia i vikingtidi. Gudekvædi trur han er umdikta kjempekvæde. Jamvel Torskvædet, Hamarsheimt, finn han hev kjeldune sine i en "allmänteuropeisk katolsk legend". Han meiner at Odin er yngste guddomen, eldre er Tor, endå eldre er Fröy, og eldst er Ull og Ty. Fyrr hans tid dyrka folk dei avlidne.

Frå Saxo Grammaticus (gesta danorum ikr. 1200) "härstammer den euhemeristiska uppfatningen, at flera av skandinavernas hedniska gudar uppkommit ur forntidens hjältar, vilka man börjat dyrka såsom övernaturliga väsen," segjer han.

Noko reint annleis meinte Uppsalaprofessoren J. Göransson (i fyreord til umsetning av Snorre-edda) 1746. Han sa: "at Snorre kopierat ur-åldriga runinnskrifter, vilka 300 år före Trojas grundlägging inristats på mässingtalor." I Danmark heldt Grundvig fram, at i Edda var det utgamal visdom. Og Jacob Grimm møtte Rühs med motkritikk. I Deutsche Mythologie i 1853 hevda han at emni i edda-bøkene er sameige ikkje berre for nordlandsfolki, men for alle germanske folk. Det var same ættskap i bok-kultur som i mål. Det same meinte svensken Viktor Rydberg i sine "Undesökningar i germansk mytologi" og "Fädernas gudasaga". Og den tyske storgranskaren prof. Müllenhoff fann Sophus Bugge hypothesar helt grunnlause. Men næmingen hans Elard Hugo Meyer stod på same sida som Bugge. Han heldt serleg fram at millomalderens kristelege forteljingar hev vori kjeldune. Islendingen professor Finnur Jonsson og dansk professor Axel Olrik set upphavstidi fyre 800. Tyskaren Leopold von Schroeder hev gjort ein freistnad med å konstruere ei jamførande indogermansk mytologi: "Arische Religion" (1914 og 1916). Og Ernst Uehli finn i ("Nordisch-germanische Mythologie als Mysteriengenische", Basel 1926) at Edda inneheld visdomslære frå utgamle tider.

Ut ifrå si namne-gransking skriv Magnus Olsen (i "Ættegård og Helligdom" 1926) at i namneskikken ser ein det same som i religions-soga "det evige samspil i historien - mellem det som vokser på hjemlig grunn, og kulturpåvirkning utenfra." "I hedendommens senere århundreder - - - i hovenes tempeltype og i Balders dyrkelse - - har vi nærmet oss de historiske tider - - da diktningen - Eddaens gudedikte - blir en hovedkilde for vår religionshistoriske kunnskap. Men vikingetidens mytiske diktning har sine gamle forutsetninger. Religionshistorikeren og litteraturforskeren slutter fra Eddadikte og runeminnesmerker trøstig tilbake til en gudediktning også i tiden før vikingetiden." Han finn at "den gammel-germanske heltediktning - - har sin blomstring i yngre romersk tid og folkevandringstiden". Det vil segja runemålstidi, 200-300 e. Kr. (s. 273, 197, 145). Ikr. 550 skriv Jordanes at gutane hadde gamle kvæde. Og år 98 e. Kr. talar Tacitus um at herfolket Germania var fæle til å syngje. "I gamle kvæde, det einaste slaget dei eig av erveminne og årbøker, lovprisar dei Tuisto, ein gud fødd av jordi, og sonen hans Manus, upphavet og ættfedrane til folket." Og um Herkules, det vil segja Tor, skriv han, at "når dei skal gå i herslag, syng dei um han som den fremste av alle kjempur. Dette òg eig dei kvæde um, og med å segja dei fram kveikjer dei hugen, og av sjølve songen spår dei siger i den striden som skal koma."