Ymse hirdskaldar hjaa Harald Hardraade

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Rasmus Flo
Gamle skaldar og kvad

Med kvadi umsette paa nynorsk


ved Rasmus J. Flo

Oslo 1902


Ymse hirdskaldar hjaa Harald Hardraade


Av dei 15 skaldane som de er sagt hev kvedi aat kongane Magnus den gode og Harald Hardraade, er de, forutan dei tri storskaldane Sigvat og Arnor og Tjodolv, endaa fem eller seks som de er etterleivt so mykje etter at ein kann gjera seg ei meining um deira skaldskap. Millom deim er daa for de fyrste aa nemne bror til Tjodolv, Bolverk Arnorsson, endaa um han vel ikkje er den fyrste i rang. Men elles er de ikkje so mykje ein hev aa halde seg til, vanleg berre ei halv sneis vers etter kvar, so de kann ikkje stort nytte aa gjeva seg inn paa noko rangspursmaal her. So mykje kann ein segja, at dei synest i de heile hava godt grip paa skaldskap, og vilde truleg vori høgt sette sume av deim, og deira kvæde betre gøymde, um de ikkje fraa deira samtid hadde vori so god raad paa de som betre var.

Dei versi me hev etter Bolverk er av ei draape um kong Harald, og handlar mest um hans herferdir sunnanlands; dei tvo siste um møte millom Magnus og Harald og den fyrste ferdi Harald gjorde til Danmark etter kong Magnus var daain.


Bolverksdraapa


1.
Milding paa malm-ulven turka
munnen og gjekk fraa striden;
ramnen rikleg fekk sluke
raaslag, — varg taut i aasen.
Men du var aare etter
aust i Gaidar; hovding
hughard! ikkje eg høyrde
herførar framum deg gange.
[Malm-ulv, sverd. — Tjote (taut), tute.]


2.
Svale skuri svarte
snekkje-stamnen harddrøgt
dreiv, og drusteleg brynja
drakar bar reiden langs lande.
Miklagard saag med malm-taarn
mæte gram framfor stamnen;
baust skreid mot høge borg-arm
barmfagre snekkjur mange.
[Drusteleg, gild, staseleg.]


3.
Staal i strid røynde førar
staut, og gjekk i leidang;
sidan kvart aar De oddleik
øvde som sjølve De vilde.


4.
Farkost fyllt med sveite
flaut der blode sputra;
skipi stangast, — sterke
styremann vann lande.
Ned i sjøen sunnan
Sikeløyi liki
sokk, der yvi stokkar
strøymde sveite-flaumen.


5.
Gagnleg god til storverk,
greidmælt førar med skeidom
vitja Blaaland; børen
brædde stamnen riste.
Sjøen slo mot dyre
skjold-rim og æsingi vaska;
men i tunge marm-sjø
mastir hovdingen reiste.
[Blaaland (Afrika) er vel ei forblanding med de at Sikeløy den gong var underlagd emiren i Afrika. — Skjold-rim, list langs skipsborde til aa hengje skjoldane paa (utanbords, men æsingi innanbords).]


6.
Gløgge gram med vaapnom
gagn vann i kvar herstrid;
snarpe skjold-ridir vektest,
sverd mennane røynde.


7.
Paa her-tekin falke-hissar
han som styrarar agar
ut lét augo stinge;
ære-kvad bèr eg honom.


8.
Heimla deg vart, eg høyrde,
herferar! daa du møtte
Magnus, grøne grunnen;
gull du att baud honom.
Fast imillom frendom
freds-semjo heldt seg allvel;
men Svein sidan hadde
sverdgny einast aa vente.
[Semju, forlik.]


9.
Næste aar du leidang
av lande de fagre kravde,
pløgde sjøen med prunkleg
prydde havhestar mange.
Paa døkke baara dyre
drakar laag; de gjorde
danom leidt, utfor lande
ladde herskip aa skoda.
[Døkk, myrk-farga, «dunkel». — Ladde herskip, d. v. s. ladde med herfang som var teki fraa danine.]


De mest sermerkte i visse maatar av desse kvadi — de som me dess-verre hev minst att av — er eit som me hev etter Illuge Bryndølaskald, 4 vers, — eller halv-vers er dei vel aa rekne for. Men desse er laga paa ein sereigin maate. I fyrste og siste lina i versi (eller halv-versi) gjeng sogo um Harald Sigurdsson, og i dei tvo linune imillom, som eit stev, sogo um Volsungar og Gjukungar, mest um Sigurd Faavnesbane, de me her hev. De er i vissa desse innskoti som gjer versi merkelege, med di dei syner so endefram at Edda-kvadi var kjende millom skaldane ved denne tid, meir enn hundrad aar fyrr dei vart uppskrivne. Um skalden sjølv er elles ikkje noko visst kjent. Tilnamne hev han vel av di at han hev dikta um bryndøline, og kanskje sjølv var fraa Brynjudal, ei liti grend paa sudvestre Island. Trulegt er de daa at han hev vori av same ætt som skalden Hovgarda-Rev me fyrr hev nemnt um (s. 117). Dei 4 versi lyder i umsetjing soleis:


1.
Fjaag vart vargen og fegin
frøkne sveinen røkin
sverd i skog-auren lagde
snart der min drottin bardest.
[Røkin, rask. — Skog-auren («ørreten»), d. e. ormen (Faavne). — Bardest, slost.]


2.
Onnuge ulve-brynnar
ormhjarta fram i bjarte
elden heldt den milde
austferd derfraa gjorde.
[Brynne (av brunn), gjeva drikke.]


3.
Frankar slo ikkje faatidt
fljot-rent til garden aat gjenta,
var kje for dugande dogling
drottin min fyri ótta.
Fljot-rent, snar-kjømt, lett framkjømt. — Gjenta, d. e. Brynhild (som hadde «vafrlòge» brennande ikring salen sin). — Dogling, konge, hovding (upphavleg ein som er ætta fraa kong Dag). — Otta, tidleg morgon, fyri dag.]


4.
Du braut under Mikjaal mæte
maagom heimbòd, gjeng sogo,
son aat Budle sende
sudlandi, Harald! med branden.
Son aat Budle, Atle (som bad heim til seg med svik maagane sine, Gjukungane Gunnar og Hogne). — Brand, sverd.]


Stuv Skald, eller Stuv Blinde, var, som fyrr nemnt (s. 97) ætta fraa Glum Geireson. Han var sonarson til Tord Glumsson og den velkjende Gudrun Usvivsdotter (Laksdøla) og soleis i ætt med Einar Skaalaglam og. Som tilnamne segjer, var han blind. Han kom til Noreg og skulde hente ein arv, og vart daa kjend med kong Harald, og vart hans hirdmann. At kongen gjorde ære paa denne storvaksne, blinde, men like fullt lettliva karen, som kunde ei mengd med kvæde, de syner seg og av de fyrste verse me hev av hans ervedraape um kong Harald, Stuvsdraapa eller Stuva, som ho er kalla. Like eins kann dette kvade syne at Stuv utan kyt kunde svara som han gjorde, daa de var tale um han kunde dikte so godt som Glum (s. 97): «Ikkje diktar eg verre enn han.» Um de som i kvade er fortalt um Haralds ferd til Jorsalaland, segjer sogo (Heimskr. s. 575) at Stuv hadde høyrt kongen sjølv fortelja um desse hendingane.

Eit anna kvad um Harald, som han førde fram daa han kom til kongen i Nidaros, er de no ikkje noko att av.


Stuvsdraapa


1.
Eg veit at han som vekte
vaapnleik, den sigersæle,
blid i hug meg helsa,
— honom var godt aa kjenne:
daa gramen, god med ramnar,
grim mot ringar, gjekk sjølvmint
i halli paa Haug med gyllte
horn meg til aa drikke.
[Haug (sjaa «Seksstevja» s. 140).]


2.
Egg-djerv yvigangs hermann
under seg Jorsalir lagde;
gramen og grækane viljugt
gav seg folke under.
Og med allraadigt velde
ubrent kom daa lande
under hovdingen heimla.
Have, der kjær er vèro,
[Vèru, væro, tilhald. Stev-linune lyder i samanheng soleis: Have, der kjær er vero, Haralds aand ovan laandi (i himilen) æveleg heimvist (heimstad) med Kristus!]


3.
Agande egde-kongens
ord og raadir dugde
paa baae Jordans breiddir
braatt til svik aa ende.
Men folk for upplagt illverk
utan naade vart refste;
ilt dei aatte av gramen.
æveleg heimvist med Kristus
[Upplagt, berrsynt, opinbert.]


4.
Maagskap etter sitt ynskje
egde-drottnen naadde;
gull seg vann den gode
gram og kongens dotter.


5.
Øydt vart Falster; folke
frette slikt med ótte;
korpen fekk kosthald, men rædde
kvart aar danine livde.


6.
Folk i Tjoda flydde
fort undan møte med kongen;
stort hygde hugstort hjarta.
Haralds aand ovan laandi.
[Tjoda, Ty (landskap i nordvestre Jutland). — Hyggje (hygde), tenkje, hug-leggje.]


7.
Heiders-fuse hovding
hermenn sør ved Nissaa
hogg med baae hendar;
heren gjekk glad under skjoldar.


8.
Spjot-regns sendar ikkje
spara live gjorde;
fjaag han fór igjenom
fylkingar som gjenom vinden.
Eld eller jarn ikkje flydde
føraren denne; under
elings erkestol døme
er de rikleg paa dette.
[Elings (vêr-elings) erkestol, d. e. himilen. — Døme, prov («eksempel»).]


Um skalden Valgard fraa Voll er heller ikkje anna kjent enn de som tilnamne segjer, at han var fraa garden Voll i Rangaasysla, forutan de ein kann gjeta seg til, at han kanskje var son til Mòrd Valgardsson, som er so velkjend fraa Njaala. Av de me hev av hans kvad um kong Harald, kann ein sjaa at han maa ha vori lengi ved hans hird. Versi syner eit framifraa godt skalde-lag, soleis at um me hadde havt meir etter honom, og likso godt, hadde han til visse vorti rekna millom dei største hirdskaldane. De meste av kvade hans er um Haralds ferd sunnanlands og attende til Noreg, i vissa um hans herferd daa han var i samlag med Svein Ulvsson (Heimskr. s. 578- 79). Truleg er de dikta ikkje lengi etter Harald vart einekonge i Noreg.


Valgardsdraapa


1.
Hovdingen sør med hermagt
heldt fram-med landi breide,
der skeidar skolv; um sidar
Sikeløy vart herja.


2.
Glødar skaut or sote
snart asande lògen;
røyken steig i stegle
stoplar yvi husi.
[Stòpul, taarn («stabel»); stegl («steil»), høg og bratt.]


3.
Bjart sveiv yvi breide
borg elden som gramen
vekte; vikingar sprengde
virke, — sorg fekk møyi.


4.
Helvti baud du hengje,
hovding-son! paa stundi;
ut hev du skift so at etter
er væringjar færre.
[V. 4 (fyrste lina) er knapt rett, soleis som me no hev de uppteikna.]


5.
Farkost ut med fagrast
farm du løyste, — austan
gull or Gardar du førde;
grunnfast heider deg unnest.
Hovding hugfast i driv-vêr
harde kvatleg styrde;
skipi neig, — du Sigtun
saag daa ròke laagna.


6.
Yngve strids-fjaag! atter
under deg skreid fraa Svitjod
eikekjølen; din odel
etla deg var med retto.
Riv til topps, der De rende
rett aa stag, bar skeidi
sør med Skaane, og kvende
skylde danom De støkkte.
[Rett aa stag (til skilnad fraa yvi stag), ende fram (utan bauting). — Skylde danom, i ætt ined danine (Skaane høyrde daa til Danavelde). — Støkkje, setja støkk i, skræme.]


7.
Harald, du heile Selund
herja grundig; onnug
vargen skunda seg vitja
valen; du fienden jaga.
Fjølment til Fyn kongen
fór og der gav hjelmar
ikkje litin ampe;
egg-meidde skjoldar klòvna.
[Onnug, idug, nøytug, annsam. — Fjølment, mangment, mannsterk. — Ampe, møde («besvær»). — Meide, saare.]


8.
Bjarte eld i bøen
brann sunnan Roiskjelda;
røyk-spyaren røkne
rikjar lét husi felle.
Drepne laag folk i dungar;
dauden heldt mange bundne.
Husfolk, av harm bøygde,
hadde seg stilt aat skogen.
[Roiskjelda (4 stavingar), Roskilde. — Røykspyaren, elden.]


9.
Danir som etter livde
undan dreiv; men av fylgje,
dapert fraaskilt, som dvaldest,
drosir fagre vart tekne.
Laas heldt bruri bundi;
bjarte holde lekkjur
meinhardt beit paa mang-ei
møy De førde til skipi.
[Daper, sorgtung, «trist».]


10.
Slikt de var i syni
skygne beint paa ormen,
der med skip du siglde
sunnan, som eld lòga.
Raudan snut bar skeidi,
skein av gulle reine;
lang dagleid fór draken,
drap med huven baara.
[Skygne, sjaa, skoda. — Ormen, drakehovude paa skipe. — Drepa, knekkje.]


11.
Skùm i toppar settest;
svolli hav ved gulle
leika, baarur lauga
langskips-hovud bøvne.
Ein vald du eig yvi Noreg;
aldri rister kalde
hav ein gjævare hovding;
hæve sveinar deg téner.
[Bøvin, agaleg, ógnug, fælsleg. — Riste, skjera.]


Av dei skaldane me her hev med aa gjera, er Stein Herdisarson den som me hev mest att etter. De meste høyrer likevel til ei draape um Olav Kyrre, hans Olavsdraapa, og soleis til ei seinare tid. Og de er ikkje berre i tid at han høyrer nærast til ettergrøde i skaldskapen, men likso mykje i sjølve skaldskapslage, med de tunnare innhald, den faaføre ettergjerd etter eldre mynster, og som mest hev sin styrke i ei kunst-rett form. Denne Stein skulde elles hava godt aa slegtast paa, liksom fleire andre av dei seinare skaldane og. Hans mor, Herdis, var ei dotterdotter til Einar Skaalaglam; farsnamne er ukjent. Derimot er de, som fyrr nemnt (s. 98 og 146) kjent mange i ætti elles, og me kann endaa nemne erkebisp Øystein, og sist, men ikkje minst, sogumannen Are prest Torgilsson. Til prøve paa skaldskapen hans Stein er de aa nok her aa taka med hans Nissaavisur. Tilstræve til aa skifte likt med ros til baae sidur er de her gjort so for mykje utav, so de heller gjer de heile verdlaust baade for den eine og den andre. Slagskildringi er heller ikkje av stort verd, endaa Stein sjølv var med der, paa skipe med sin frende Ulv stallar, — fraarekna de at her er gøymt Haralds ord til sine mennar fyri slage.


Nissaavisur


1.
Hauk-lynd herførar sagde
kva honom liklegt tyktest:
fred aa vente vonlaust
var de her, sagde kongen.
Heller, sa fræge hovding,
hin paa den andre me skulde
velte kvar ein enn vægje;
vaapni mennane henta.


2.
Hard i hug seg vaaga
herse-drottnen i faare;
med skip halvt-anna hundrad
han paa danine bida.
Di-næst dit den andre
drottnen. som bur i Leira,
harm, med havhestar trifelt
hundrad tang-marki pløgde.
[Tang-marki, sjøen.]


3.
Utfor elvi Harald
uført for Svein gjorde;
motstand han møtte,— vaar konge
minst um fred vilde beda.
Haralds sveinar, med sverdi
spente um liv ved Halland
rodde til slag; i sjøen
saar blés heite blode.


4.
Skjoldungar baae balde
bad, ulívne, sine
hermenn skjote og hogge;
herane skamt var millom.
Spjot de flaug og steinar;
sverde av seg blode
riste, de raude, — live
reiv de fraa feige mennar.
[Ulívin, som ikkje líver (sparer) seg. — Skamt, slutt, kort. ]


5.
Undrast paa um ikkje
oddtings sveinar, som vide
vollen varde, fekk lære
vel Harald aa kjenne,
den gong høgt um honom
herskjold nordmenn lyfte
utfor Nissaa; i ótta
aate nok fekk ramnen.


6.
Ramnemettaren rose
rett er so at ikkje
nokon ormbeds øydar
annan me difor lastar.
Aldri tvo med oddom
egg-djervare helsast;
kvar som um kongane anna
kvèd, han usant mæler.


7.
Sant um kynning aat kaksom,
klok, oss høver aa mæle:
Dana-øvsten undan
aldri skulde haldi,
hadde dei som herskjold
heldt vel honom gagna,
daa mennar sunnan sjøen
sverd mot kvarandre reidde.
[Kynning, ætting.]


Eit med dei mest sermerkte me hev fraa denne tid er eit namnlaust kvæde. I sogune er de kalla «flokk», og etter di heile kvade, eller de me hev av de, er um forliksmøte millom kongane Harald og Svein, kann me daa kalle de Sættarmotsflokk. So trutt som konge-sogune hermer dette kvade, er de likevel ingin som nemner diktaren annarleis enn som «skalden» (Heimskr. s. 619). Berre i ei avskrift av Heimskringla er de ved eit av versi nemnt skalden Hall Stirde; men dette kann likevel ikkje vera stort aa rette seg etter, og med di me elles ikkje kjenner noko til den skalden, er de heller ikkje raad aa gjera seg nokor meining um de likjest honom. Av dei skaldar me kjenner, og som de kunde vera tale um, minner de aller mest um Tjodolv Arnorsson, og dei skalde-kunnige hev daa og for de meste vori samde um at han maa vera «skalden». Men de synest likevel underlegt, at namne skulde vera gløymt so heilt, um kvade var hans. Endaa meir minner de no i sin tankegang og alt sitt lag um Sigvat, so at dersom han hadde livt ved denne tid, vilde de vel vori ei avgjord sak, at kvade var hans. Kor som er; maa skalden ha vori ein utlærd hirdmann og. «diplomat», og for so vidt kann de og liggje nær aa tenkje paa ein nordmann eller ikkje islending, so mykje meir som innhalde skil seg so sterkt ut fraa de me elles kjenner so vel fraa den vanlege islendske skaldskapen.


Sættarmotsflokk


1.
Gramen, han som gjerder
grunnen og nordfraa læser
Øyrasunde med stamnar,
støytte langskip i sjøen.
Stamnar — av gull dei straalar —
stemner kvast igjenom
have vest for Halland;
hardt skipsbordi bivrar.
[Han som læser (stengjer) Øyrasunde, d. e. kong Svein.]


2.
Jamt gjerder med skeidar
jordi eidfaste Harald;
Svein òg gjenom sundi
sigler honom til møtes.
Leidangsførar som læser,
lovsæl, kvar hamn med stamnar
sørfraa, hollig hermagt
hev av danir ute.


3.
Slagdjerv gram! du siglde
sør til avtala stemne,
som alle danir ynskte, —
aatleid eg ser kje mindre.
Svein nordpaa seg nøyte
nær til landemerke
vil mot Harald; vindsamt
vart de utfor breide lande.
[Aatleid, tilhøve, grunn («anledning»).]


4.
Bause bøndar segjer
byrge ord høgt, slike
som naar mennar møtest
mest harmar dei andre.
Sterkt um alt dei stridest,
stygt de teiknar til usnar
semjing og sein fredgjerd;
snøgt veks hjaa hovdingom ovmod.
[Byrg, velberga, sjølvgod, kaut, stolt.]


5.
Harm hjaa hovdingar ovleg
hættalt er, skal ein sættast;
menn som millom skal gange
maalemni vèg i skaalir.
Kongar de sømer aa segja
slikt aat som folke likar;
vondhug de valdar, um mennar
verre komne maa skiljast.
[Ovleg, oversleg, storleg. — Hiættalt, spelegt, faarlegt. — Sættast, semjast, forlikast. — Verre komne (farne), ille stadde (um ikkje de vert fred).]


6.
Høyrt eg hev at glade
Harald og Svein baae
gaavost gisl mot meinraad,
— Gud de er som verkar,
vilkaari der med vitne
ved vart tekne, — dei halde
eidane ukrenkt og freden
allheil, folki baae.
[Gaavost, gav kvarandre.]


Til slutt skal me so her taka med ei stevjing millom Harald Hardraade og ein Torgils fiskar og skalden Tjodolv. Ho kann vera god til aa gjeva eit innsyn i korleis de gjekk til hjaa denne skaldekongen, og i mangt ved skaldskapen i de heile. Soleis som sogo um dette er fortald, lyder ho slik:

«Ein sumar kong Harald fór med heren sin aust med lande, saag dei ein mann i ein baat framanfor som drog fiskar. Kongen var daa fjaag, og daa skipe hans rende fram-med, sagde han til fiskaren: «Kann du yrkje, bonde?» «De er eg lite tenkt paa,» svara han. «Yrk daa likevel!» sagde kongen; «eg skal fyrst kveda.» De var stilt vêr, og kongen lét hevle med roren, og so kvad han:


Hardt hogg mine dygge
hirdmenn danir styrde;
folk paa flugti sokte
fram — og de var skommo
Hitt var fyrr, at eg fjerre
fosterlande raud brandar;
sverd i Serkjagarden
song — men de var longo.
[Dygg, fast, traust — Styrd, stiv, stridig. — Skommo (skommo sidan) eller skamre (for skamre stundi), for kort tid sidan (mots. longo, for lengi sidan). — Fjerre, langt («fjernt») fraa. — Raud, av rjode.]


«Kved no etter dette,» sagde kongen, «og hav same nedlag og same kvild som eg hev havt.» Fiskaren mælte: «So er denne visa kvedi at ho er vel kvedande etter.» Mannen drog daa hyse, men fyrr hadde han fiska lange. So kvad han:


Hysa drog eg hug-traud,
hadde krangl med langa;
snildt ho fekk i skjelta
slamr — og de var skamre.
Hitt eg hugsar, eg aatte
her-vònd gull-umvundin;
sveite-drøypt eg spjote
svinga — her-fyri lengi.
[Hug-traud (um hysa), uviljug (til aa lata seg draga upp). — Skjelte, skolt, hovud. — Slamr, slag, smikk.]


«No er de eg som bør,» sagde Tjodolv, han var daa med kongen der. Han kvad:


Milding svinn ved mynne
mót gjorde hardt med spjotom;
Gunn, eg grùnar, var danom
gram — og de var skommo.
Sette ned paa slétte
Serkland gramen merke;
stod som han baud stødug
stongi — de var longo.
[Svinn, rask. — Mynne, elvemynne (ved Nissaa). — Mòt, møte. — Gunn, valkyrja (namne tyder herstrid). — Grùna, tvila, gjeta.]


«Høyr paa tjodskalden!» sagde kongen; «kvad du so: gröm, skömmo? Ikkje er de jamhøge hendingar[1]; slikt or maal-løyse, og mangt hev du yrkt betre.» Tjodolv vart daa harm, og bad den yrkje som betre kunde. Daa mælte kongen til fiskaren: «Yrk du ei vise til!» Han svarar: «Dé skal raade, herre! men vandt er de no aa yrkje, etter Tjodolv og hev kvedi.» Kongen drog daa ein gullring av armen og flidde honom og sagde: «Tak imot dette gulle og kved so ei vise!» Han tok mot gulle og kvad:


Merk ordi eg yrkjer,
inndjerv siger-vinnar!
gull meg gav, de vavde,
gramen — de var skommo.
Ørn du gjødde, øydde
med eggjom Blaalands seggjar;
kvast de gol i staal-stinn
streng — si’ de er lengi.
[Inndjerv, gjenom djerv. — Vavd, av vevja, vinde, sveipe, snara ikring. — Si’, sidan.]


Kongen mælte: «Yrk no du imote, Tjodolv!» segjer han. Men han sagde han vilde ikkje. «De er nok so, Tjodolv,» segjer kongen, «at du baade yrkjer vel, men so er du og ordsaar, naar de gjeld din skaldskap.» So kvad kongen:


Skire dros! eg dyre
drake ut lét skjote;
farkost rende fastbygd
fram — og de var skommo.
Men um England sunnan
ók um bord eg nordan;
ristest gjorde i røstom
rong — men de var longo.
[Skir («skjær»), ljos og klaar, fin.— Røst, straum i sjøen. — Rong, spant.]


Daa kvad fiskaren, etter paabod fraa kongen:


Vaapnstrid Vindlands øydar
vidt-um kunn fekk vunni:
rende til skjold-rid trøndir
ramme — de var skommo.
Men ved Serkland sunnan
snøggtøk konge heldt hoggleik;
godt kjende gramen spjot-tings
gong — og de var longo.
[Kunn, kunnig, kjend.]


Kongen mælte: «Denne slutnaden er den beste visefjordungen[2] din; med den vilde du segja at herstrids gang var meg kunnig. Lid du nokor naud, so kom til meg, og eg skal hjelpe deg.» Han svarar: «Herre! ikkje er eg i nokon naudtrong; eg berre gjorde de til gaman, at eg lagde meg her i vegen for Dykk. Eg var med kong Olav, bror din, i slage paa Stiklestad, og eg heiter Torgils.» Dermed slengde han av seg fiskarkufta, og var daa ein heilt vaapnfør mann. Han fór med kongen, og var med honom sidan.»

Andre stadir er de fortalt at denne Torgils hadde vori fostra upp saman med kong Harald. Etter dette kann ein daa tenkje seg at desse karane i ein ung alder hadde tamt seg upp saman i skaldskap, so de vert heller ikkje rart at Harald alt i femtan aars alderen paa Stiklestad kunde svara med eit skaldevers. Av hans skaldskap elles gjev kongesogune ikkje faa prøvur, meir enn etter nokon annan av dei mange kongar som dyrka denne itrotti. Soleis i Heimskr. s. 566, 596 (605), 637. Forutan desse hendemaals-versi er nemnt eit større kvad etter honom, hans Gamanvisur, Heimskr. s. 578, som de der er fortalt at han dikta paa si ferd nord fraa Miklagard, 16 vers i alt, og alle med same nedlag (stev). Av deim hev me no att 6. De eine, der han reknar upp dei itrottine han kann, lyder so:


Itrottir kann eg aatte:
Yggs mjød kann eg bryggje,
kvast rid eg kvate hesten,
kann til sund taka stundom,
skrie eg kann paa skiom,
skyt og ror gjer eg nytugt.
Endaa mot meg gjer handprud
møy seg hard i Gardar.
[Yggs (Odins) mjød, skaldskap. — Sund, symjing. — Møyi i Gardar er Ellisiv, dotter til kong Jarisleiv, som Harald likevel vart gift med. — Verse her nemner berre 6 av dei 8 itrottine; dei 2 andre hev vel daa vori nemnde i eit vers me ikkje hev no lenger.]


Alt i alt er dette slikt, at endaa Harald var gløgg og vand paa skaldskap, kann han godt i alle maatar kjennast ved de, liksom de heller ikkje kann vera tvil um at de alt saman er heilt hans eigi. Og um ikkje han her nettupp hævdar seg eit kongelegt rom, so er han daa helst aa rekne millom dei fremste i den flokken av utvalde skaldar han hadde samla ikring seg.




Notar:

  1. De som var gali med gröm — skömmo, var at de fyrste lydde som kort staving, og de andre som lang. No er de heller andre av desse hendingane som ikkje er «jamhøge», som gramen — skommo (den tid gramr — skömmo, eller truleg skammo, i minsto paa austlande, der Harald og fiskaren var uppvaksne).
  2. Visefjordung, line-par.