Kjilshaugen

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif Dansk.gif


Folketro i sagn og eventyr


Kjilshaugen

Stadnamn uppskrivne av skuleborn, 1931: Moster, g.nr. 11.1.
Nordisk institutt, UiB.


Der budde vetter fortel dei. Det var ein gard tett attmed Kjilshaugen. Der var ein mann som heitte Bertel Eikeland. Kvar torsdagskveld kunde dei ikkje arbeida på garden, for då kom vettene og løyste kyrne. Men Bertel vilde arbeida og sette seg til og laga byttor. Um ei stund høyrde han bjøllekui utanfyre glaset. Då han kom ut, var alle kyrne ute. So gjekk han og hadde kyrne inn. Men straks etter var dei komen ut att. Då gjekk han og hadde dei inn att. So sete han ein kniv i døri og sette ein kors. Då kom ikkje vettene att den kvelden. Tridje torsdagskvelden etter laut vettene røma Kjilshaugen. Då høyrde dei korleis dei græt og korleis dei braka og buldra med kjelar og pannor og sylvskjeier.