Norsk dikting etter vikingtidi

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif
Original.gif Dansk.gif


Gamle skaldar og kvad

Med kvadi umsette paa nynorsk


ved Rasmus J. Flo

Oslo 1902


Norsk dikting etter vikingtidi


Den draapa som Øyvind Skaldespillar gjorde «um alle islendingar» skulde faa si løn, ikkje berre i sylv, men og i draapur som islendingar dikta um nordmennar, og de so rikeleg at nordmennane no slapp alt stræv med aa gjera de sjølve. I minsto veit me ikkje etter denne tid aa nemne for visst nokor draape som hev ein nordmann til diktar. Av hirdskaldane etter Øyvind Skaldespillar er de berre ein einaste som ein med noko større visse kann segja var nordmann, og de ein av dei mange som de no ikkje finst noko att etter av skaldskapen deira. Hans namn er Arne Fjøruskeiv, og han er nemnd millom skaldane hjaa Sigurd Jorsalafar. Av de som er sagt um honom i dei eldre utgaavur av Heimskringla (framanfor sogo um Ottar Birting) kann ein sjaa at han ogso hev vori med Sigurd paa den namngjetne krossferdi hans; men skal ein tru de som er sagt i eit nidvers som den islendske skalden Torarin Stuttfeld gjorde um honom, so hev han ikkje vori mykje tess, korkje til hermann eller skald. De er der sagt, at paa denne ferdi hadde han berre metta ei kraake (med aate), og at han hadde spreidt «den gamle ørns lort» (ɔ: dikt) vidt og breidt. Men daa dette er til hemn for eit peik som Arne hadde gjort denne Torarin fyriaat, kann de ikkje vera mykje aa rette seg etter de som er sagt paa denne maaten. So mykje kann ein likevel skyna av ordi her, at de kann ikkje vera so lite han hev dikta, denne Arne.

Andre skaldar, og de er ikkje so faa, er de no endaa mindre eller slett inginting sagt um kvar dei var ifraa, um dei var islendingar eller nordmennar, og de er daa vel tenkjande at sume av deim hev vori norske. Etter di ein kann gaa ut ifraa at dei paa Island kjende best til dei skaldar som var islendingar, og de soleis maa vera ventande aa finne best greide paa deim i islendske skriftir, so skulde ein, av den ting at de der ikkje finst nemnt noko um kvar ein skald var ifraa, helst slutte at han ikkje var islending. Av desse skaldane, etter de me no veit eller ikkje veit um deim, er de likevel berre ein som de kann vera større verdt aa stridast um. De er skalden Eiliv Gudrunarson. Um honom er de elles kjent ikkje so lite. Me hev eit halv-vers etter honom av eit kvad til Haakon jarl, og eit anna halv-vers som ein kann sjaa hev vori av ei Krist-draape. Men best kjend er han for eit større kvad, som me endaa hev kanskje de meste att av, hans Torsdraapa. Av denne hev me no i alt 19 heile og 2 halve vers; men de er ymist som tyder paa at kvade hev vori ein god mun større. De handlar um den vaagalle ferdi som Tor gjorde til Geirrøds gard i Jotunheimen, daa han vod den ofselege elvi, og sidan i Geirrøds hall greip i flòge den gloande smidju-kaka som jotunen med ei tong hivde etter honom, og so sende henne attende so ho slo igjenom ei jarn-sule og gjenom Geirrød, ut veggen og ned i jordi. Denne ferdi og desse hendemaali er skildra med kraft og liv og med de rette gamle skalde-lage. Men kvade er eit med dei vandaste aa skyna, av di de er so fyllt med kenningar og umskrivingar, og daa orda paa so mangt i gudelæra som elles er lite eller ikkje kjent, so de der er ymist som ingin no hev funni rett greide paa endaa. Men for alt dette stod kvade berre i so mykje større ynde i gamle dagar. De var ei rik ile til aa ause av for skaldane seinare, og Snorre hev nytta de svært mykje til skaldelæra i si Edda.

Me ser soleis at denne skalden hev butt i Noreg, og truleg havt fast tilhelde her, baade i Haakon jarls og Olav Trygvesons tid; etter de ein kann skyna av hans Krist-draapa; for ein slik ram aasa-dyrkar hadde knapt so snart vorti kristin burte paa Island. No veit me at de i sogune er fortalt mykje um islendingar, baade skaldar og andre, som var i Noreg ved desse tidir, so de vilde daa vera underlegt, at ikkje ein sovidt namnfræg skald som Eiliv var nemnd millom deim, um han var islending, eller i dei mange sogur der skaldar er meir eller mindre umtala heime paa Island. De som er gissa um at han skulde vera ein son aat Gudrun Nattsol, som er umtala i Njaala kap. 58 og utetter, — de høver ikkje vel med tidi. For etter de som stend i denne sogo, var de paa lag ved den tid daa ein maa tru at Eiliv alt var skald hjaa Haakon jarl, at Gudrun vart gift, fyrst med nordmannen Tore, og sidan med hans felage Torgrim. So lengi de ikkje er paavist noko um at Eiliv var islending, ligg de daa nærast aa gaa ut fraa at han var nordmann. Hans kvad hev no og mest sams med dei gamle norske kvadi som me hev ei prøve paa i Tjodolvs Haustlong.

Men meir um aa gjera er den samanheng de er aa finne millom skaldskapen paa Island og i Noreg, at ein no kann segja at den islendske skaldskapen hev sitt grunnlag i den gamle norske, er bygd paa den. Syner no dei prøvur me hev av sjølve den norske skaldskapen, at de hev vori ein livskraftig, djupt rotfest vokster, so kann dei sidegreinine han hev skoti paa Island og i norske utbygdir elles vesterpaa tena til aa syne de same. Og at der er ein slik samanheng med skaldskapen i desse landi, de syner seg ikkje berre av indre merke, skyldskapen i lynde og lag, men ein kann og fylgje han beint fram. Fleire av skaldane paa Island var fødde og upp-alne i Noreg. Soleis er de nemnt ymse skaldar millom landnaamsmennane, og like eins nordmennar som kom dit ut seinare. Millom deim er serleg aa nemne Gisle Sursson fraa Surnadal (Surndalen) paa Nordmøre, vel kjend fraa den merkelege sogu som ber hans namn. Etter honom hev me i denne sogo nokre av dei beste og finaste kvad me kjenner. Endaa fleire var dei som ikkje hadde lenger aa telja attende til Noreg enn til foreldre eller besteforeldre som var komne derifraa, — millom deim stor-kulten for alle skaldar, Egil Skallagrimsson. Med ein mann som honom kann de ikkje vera tvil um at hans skaldskap i de heile er av norsk rot, norsk arvegang, endaatil fraa hans eigne ættfedrar og deira frendar. Baade um faren Skallagrim og bestefaren Kveldulv i Fjordane er de fortalt at dei var skaldar, og endaa meir avgjort med andre frendar, som Olve Nuva, bror aat hans bestemor.

Likevel vilde de vera underlegt, um norsk skaldskap og dikting ikkje berre skulde vike rome for islendsk ved den norske kongshirdi, men og med ein gong heilt døy ut. Dette skulde daa ikkje nettupp tyde paa djupt rotfeste i lande. Ein vokster som er heilt heime paa ein stad, han plar ikkje døy burt so braatt. Han set fræ og skyt renningar, so han paa den maaten liver, um endaa i nye vokstrar av sitt slag. At de hev vori soleis med den gamle norske diktingi og, de fekk me vel tenkje oss, endaa um me ikkje visste noko avgjort um de. Me kunde ikkje vente at de i skriftir paa Island fraa ikr. 1200 og utetter skulde vera gøymt so aa segja alt de aandsliv som hev rørt seg i Noreg i dei 3-400 aar fyri den tid. Som me alt hev set, er de mykje av dette som de i desse skriftir er berre som eit minne um, og mykje meir kunde de daa vera som de ikkje ein gong er so mykje att etter. Eller de kunde og vera mykje av norsk aands-avl som endaa liver i islendske skriftir, um de ikkje der beint fram er sagt fraa, at de upphavleg er norsk, paa same maaten som t. d. tysk og dansk eller germansk dikting liver, meir eller mindre umskapa, i den norske Edda-dikting.

At de hev haldi ved med onnor dikting her i lande, etter de var slutt med norsk hird-skaldskap, de syner no og sjølve Edda-kvadi. Dei yngste norske Edda-kvadi er jamleg rekna for aa vera komne til ved slutten av viking-tidi. Den kann ein setja til paa lag ved den tid daa Olav Haraldsson vart konge. Han hadde sjølv vori den siste av dei rette viking-kongar. Danmarks-ferdine og Englands-ferdi hans Harald Hardraade og vesterhavsferdine hans Magnus Berrføtt er i ein noko annan stil, um endaa i same aand. Edda-diktingi hev soleis fylgt viking-tidi til de siste, den tidi som ho er fødd fram av og hev sitt liv i, endaa um de etter namne vanleg ikkje er viking-hovdingane eller viking-kjempune sjølve som der er tekne til emne. Men de skulde ein likevel vente, at de um desse karane og vilde laga seg sogur og kvæde, naar dei, liksom Volsungar og Skjoldungar, var komne paa de fraastand at dei kunde ruve høvlegt til de, og daa aller helst i Noreg, sjølve Edda-heimen, i framhald og rekkje med Edda-diktingi. No i de siste er de endeleg paavist og, at soleis hev de i røyndi vori, og de fraa ein kant der ein ikkje fyrst skulde venta de.

Den som hev funni og lagt fram ei heil samling med vitnemaal og prøvur av sjølve den norske viking- diktingi, er den danske granskaren Axel Olrik, og der han hev funni deim, er hjaa gamle Sakse, i hans latinske Danmarks-sogu. De er nok ein og annan fyrr og (danskar de med) som hev lagt merke til at ymse av sogune hans Sakse hadde drjugt mykje med Noreg aa gjera, og soleis kanskje helst høyrde heime der. Men Olrik er den fyrste som hev teki denne saki upp til gransking i fullt aalvor, og hev paavist samanhengen so klaart og greidt, so de i de store og heile ikkje lenger kann vera tvil um den. I sine bøkar um «Sakses oldhistorie» og i ymse innlegg elles, hev han synt korleis sogu-emne hans Sakse kløyver seg i tvo ulike greinir, ei dansk og ei norrøn eller norsk, og korleis desse skil seg greidt fraa kvarandre likso vel etter indre som ytre merke. Den norske sogu-rekkja skil seg daa ut, ikkje berre med de at nordmennar der hev største og fremste rome, at sogune mykje held seg i Noreg og nemner ymse stelle der som berre folk i nærleiken kunde kjenne noka til, men likso sermerkt i bygnad og stil og alt sitt lag, — ting som likso mykje sameiner deim seg-imillom, som de skil deim greidt ut fraa dei sogur som ber merke av at dei er danske. Emne, gjerd og bunad er i de heile de same som i dei islendske fornaldar-sogur dei kallar, — ja, me finn beint fram dei same att i sume av fornaldarsogune, berre førde i pennen seinare, og sjølvsagt med ymse avbrigde, som ein kunde og maatte vente seg. Liksom fornaldarsogune, er dei etter sitt emne viking-sogur eller kjempe-sogur, men i ætt og gjerd er dei eventyr-sogur, med heile den gamle vetteheimen, troll og trollskap, risar og dvergar, gygrar, skjoldmøyar og gudar, som grip inn eller møter fram i leiken i lag med kjempune. Um alt dette, og meir til, fær me vise til dei nemnde bøkane hans Olrik. Dei er eit merkelegt døme paa korleis ærleg, gløgg og djuptenkt gransking, med dei hjelperaadir som no er tekne i bruk, kann greide ut gamle flokar.

Me skal nemne sume sogur som etter dette hev synt seg aa vera norske, med uppgift um kvar dei helst skulde høyre heime i lande, der dette paa ein eller annan maate kjem til synes. De er i alt umhandla 18 slike millom dei 39 konge- og kjempe-sogur fraa segntidi hjaa Sakse; men me skal her berre taka med nokre av dei største og best kjende. 1) Um Hadding, ei fornaldarsogu so heilbori som ho knapt er aa finne paa sjølve Island, med vikingar og vette og eventyr i yrjande mengd; hovudmannen kanskje upphavleg den same som den namnkjende viking-hovding Hasting. 2) Um Hòd og Balder (nordanfjells — Baldersvaag paa Hitra, Haalogalands-kongen Helge o. a.); Hòd visstnok i den upphavlege segni konge paa Hadaland, liksom hans far Hodbrodd. 3) Um Eirik den maalspake fraa Rennesøy, og attmed der nemnd øy i Aumar (no Eima) i Rogaland. 4) Holmgangen paa Samsøy, millom Arngrimssønine (Angantyr) og Orvarodd, eit stykke or sogo um Orvarodd, Jathricus regulus (konge paa Jaren) eller «Odd af Jaðri» som han er kalla. 5) Um Ragnar Lodbrok (Agdir). 6) og 7) Um Starkad og um Harald Hildetonn (Telemark og Hordaland). 8) Um Aale den frøkne. Av andre landmerke-namn kann me nemne: Soløyar (Solør) og Eidaskog, Gaulardal (Guldalen), Frekøyarsund (ved Stad), Ruslar (no Rutle, gard og hamn i ytre Sogn), Lidir (Lista), Frodaøy (med tilsvarande namn fleire stadir no), like eins Stikla, og andre som ikkje hev vori attfunne, som Addarnes. Etter fleire merke synest dei fleste sogune aa høyre heime i synste luten av lande (Agdir med Telemarki, Jaren og Rogaland).

I sume av desse sogune hjaa Sakse, soleis um Starkad og Ragnar Lodbrok, er de og med ymse gamle danske segnir, og alle saman hev dei daa noko med Danmark aa gjera, kann ein vita, sidan Sakse hev teki deim med, endaa um de stundom ser ut som samanhengen med Danmark i røyndi hev vori litin eller ingin. De er daa helst kongar som er danske, men dei er jamleg fostra i Noreg, hev gifta si derifraa, og dei gjer ofte ferdir dit upp, til aa hjelpe eller hemne ein eller annan frende eller god ven, eller til aa røynast med norske kongar, men ikkje til aa leggje under seg noko av lande. Men mengdi av deim som elles er med i sogune, i vissa dei rette hovudmennane, storkjempur og slike, dei er jamleg nordmennar.

At de og hev vori meir med sogur her i lande enn desse som me no finn att hjaa Sakse, de er daa greidt nok, og de ikkje berre fornalders- eller eventyrsogur, men og slike som er aa rekne til sannsogur. Soleis kann me no millom anna rekne trygt paa at dei mange «tættir» i Heimskringla og andre norske konungasogur for de meste er komne til her i lande. De vert soleis ikkje berre skaldskapen som hev sitt grunnlag i Noreg, men og de som betre er, sogu-diktingi eller sogu-yrkjingi. Grunnlage, med alt dette sermerkte ved sogu-emningi i bygnad, stil og svip, de hev daa laga seg i Noreg og maa vera gamalt her, eller Noreg hev i minsto likso stor lut i den fyrste tilemningi som Island. Likevel er og vert no Island aa rekne for den rette sogu-heimen. De var berre sogu-emne aa kalle som vart skapt i Noreg, tættir, meir eller mindre lause. De var fyrst paa Island at de stod fram mennar med den rette sogu-manns gløggsyn og vidsyn til aa samle og syfte de rike emne, baade fraa deira eigi og andre land. og av de byggje heilrende, uforgjengelege sogu-verk. At de ikkje stod fram slike mennar her i lande, de kann vel mykje hava sin grunn i de at emne her var meir spreidt, og soleis ikkje lett aa vinne yvisyn yvi de. Men elles tyder de vel likso mykje paa vantande tiltak og syn og sans for aa gjera seg rett nytte av sine skattar.

At de med denne diktingi hev fylgt skaldskap, er no mest sjølvsagt. Ein ser daa og hjaa Sakse at i fleire av desse sogune hev de vori fullt med kvad og lausavisur, eller sjølve sogo ber ofte merke av at ho mykje er bygd paa kvad. Eit av dei kvadi ein kann finne her, er i vissa merkelegt, med di de ber so greide merke av kvar de er ifraa, ikkje berre norsk, men fraa sjølve Telemarki. De er Starkads Braavalla-kvæde. Like eins ber dette kvade gode merke paa kva tid de maa vora fraa, paa lag fraa Harald Hardraade si tid. De som hev gjevi grunntanken til kvade, er vel helst slage ved Helgeaai, millom dei tri kongane i nordlandi, og so eit eldre kvad um slage ved Svolder, som ein finn leivnir av i namne-remsa i Heimskringla (s. 221) um kjempune paa Ormen lange, og andre stadir. Braavalla-slage er eit motstykke til Svolder-slage. I Svolder-slage tapte nordmennane eller den norske kongen, med all sin uvyrdne djervskap; men i Braavalla-slage tek nordmennane sin mun att — i diktingi. Der er de dei (eller rettare teline, i lag med Starkad) som gjer utslage og ber sigren heim for den svenske kongen mot den danske.

Her hev daa Olrik funni fram for oss «den vantande lekkjen», den som bind folkevise- og eventyr-diktingi saman med Edda-diktingi i ein heil og ubrotin framvokster. At de er i sør-bygdine i lande den gamle diktingi hev haldi seg ved lag og blømt lengst, de hev no og sine gode grunnar. Etter alt me veit, var de her den gamle trui heldt seg lengst. Kongane kom aldri noko inn i lande her, soleis som naar dei for paa veitslur aust i lande, nordanfjells og i fjordbygdine paa vestlande, og jamvel dei meir greide og framkjømde dalføri, som Gudbrandsdalen og Valdres. I desse sørbygdine kann ein daa vita at aasa-trui lengi heldt seg heil og sterk, kanskje so mykje sterkare ved motsetningi til den nye trui, og endaa lenger jamsides med eller blanda med kristindomen, soleis som de elles hev synt seg med gamall tru og sed i desse bygdir alt ned til vaare dagar. At daa denne diktingi, som dei dyrka og livde paa her, ikkje hadde lett for aa koma vidare ikring, de skal no heller ingin undrast paa. Dei karane som hadde denne aandi i seg, dei søkte visst ikkje gjerne til kongshirdi med de dei hadde aa føre. Skulde de naa so langt, maatte de i minsto gaa ein umvegr vest til Island, og so kanskje derfraa attende til kongshirdi i Nidaros.

Desse kvadi er de no ikkje lett aa gjeva fullgode prøvur av. Hjaa Sakse er dei alle paa latin, og de er daa mest uraad aa setja deim i sitt gamle stand att. Berre nokre vers, slike som de ikkje er stort anna enn namn i, hev dei kunna setja nokolunde i lag att. Heller ikkje paa Island er de stort aa finne uppteikna av desse kvadi, i minsto ikkje vidare heile, eller soleis at de syner seg greidt nok dei er norske. Berre eitt av dei kvadi som høyrer hit hev me der endaa heilskapa aa sjaa til. De er de namngjetne Kraakumaal eller Ragnar Lodbroks avferds-kvad i ormegarden. Namne høver daa ikkje vel til kvade som de no er, med di at «Kraaka» (d. v. s. Aaslaug) berre so-vidt er nemnd der.

Sjølve maalformi syner greidt nok at dette kvade kann ikkje upphavleg vera komi til paa Island, med di at hl, hr (og hn) i framljod her lyder l, r (og n): ræ for hræ (val, lik), læjandi for hlæjandi, o. s. fr. De hev difor vori meint at de skulde vera dansk; men, som Olrik segjer, so er de heilt utenkjande, at eit kvad so heidi i aand og ordlag skulde vera komi til eller kunna haldi seg i Danmark til den tid de her er tale um. Fraa andre norske maalprøvur veit me at de var komi til de nemnde ljod-skifte i Noreg med ved denne tid. Dessutan er de elles og indre merke som viser kvade til Noreg. De er soleis lett aa sjaa at Ragnars vesterhavs-ferd hev skalden utfyllt med namn fraa ferdine hans Magnus Berrføtt, og like eins fraa ferdi hans Øystein Haraldsson (1153). Me kann nemne Ongulsøy (Anglesea), Ilasund (øyi Il, Isla), Skarpaskjer (Heimskr. s. 735), som skalden likevel hev flutt aust til Øystre- sjøen, og namne paa irekongen, Marstein, som visst skal segja d. s. s. Muirkertach eller Myrkjartan. Kvade kann soleis, slikt som me no hev de, knapt vera eldre enn fraa ikr. 1200. Liksom Braavalla-skalden, syner denne og (eller hans fyri gangarar) grov vankunne i mangt som kjem den gamle sogo ved, slikt som kvar islendsk skald ved denne tid vilde havt god greide paa. Soleis vilde de høyrt til barnelærdomen for ein skald paa Island aa vita kven Frøy (Yngve-Frøy) var; men her i kvade er han gjort til motmann aat Ragnar, og endaatil flutt ned i Flæmingjaland (Flamland). Ei slik kenning som «Æges (havgudens) asen», til aa teikne d. s. s. «havhestar» eller skip, vilde no heller ingin skald av den rette skulen trøyst seg til aa bruke.

Noko anna som fell i augo med dette kvade er den ting, at de er so stor skilnad paa fyrste og siste luten, so de jamvel hev vori meint at dei kann ikkje vera fraa same skalden. Fyrste og største luten (v. 1-21) er ikkje noko framifraa, — heller so me tykkjer de kunde greidt seg betre med noko mindre smyrju. Men so i siste luten (v. 22-29) stig de med ein gong i høgd med de beste me kjenner. Knapt nokon stad finn me de gamle norrøne livssyn framsett med slik fynd som her, med lagnaden som livs-tru, og mod og mannsverk de høgste eller einaste de for mannen var verdt aa liva for. Men de kann no og vera, at her var eit emne som laag so mykje betre for skalden. Derimot med desse mange slagi, som han ikkje hadde set noko av, uppdikta som dei var, der var de heller ikkje greidt aa faa umskifte paa og de rette liv i skildringi. Likevel braar no ymist de rette skaldelage fram her med, og aandi synest i de heile aa vera den same. Heller ikkje er de utenkjande, at de hjaa ein og same skalden kunde vera ei slik blanding av reinhekla gamalt og av-ætta nytt.

Hugo Hamilton: Ragnar Lodbrok i ormegarden

Kor som er, kann ein vera viss paa at dette Kraakumaal, slikt de no er, er gjengi ut ifraa eldre norske kvad um same emne. Eit slikt emne som dette um Ragnar i ormegarden maatte sjølvsagt mange skaldar kjenne seg dregne til. Sakse, kann ein sjaa, hev og havt eit eller fleire slike kvad aa byggje paa, og sumt hev han endaatil mest ord for ord som de er aa finne i Kraakumaal eller nokre vers i Ragnarssaga, som like eins ser ut til aa vera leivnir fraa eit større kvæde. Soleis de velkjende: «gnyðja mundu grísir, ef galtar hag vissi» (gryle vilde grisine, um dei visste kor galten er komin). Likevel kann han ikkje ha kjent Kraakumaal slikt som de no er, i vissa ikkje med alle dei namn som her er, endaa um de syner seg at han i de heile hev same gangen i sogo, og ymist elles sams med de.

Kvade byrjar med aa minne um korleis Ragnar vann jarledotteri Tora, med aa drepa ein lindorm som laag ikring jomfrubure hennar. Deretter skildrar de hans mange herferdir og slag, fyrst heime eller i grannelandi og i Austerveg (v. 2-13), so hans ferdir i vesterviking, der han miste tvo av sønine sine, fyrst Rognvald og sidan Agnar, til han sistpaa sjølv, paa ei herferd mot kong Ella i Nordimbraland (Northumberland), vart fanga og kasta i ormegarden. Med mange av namni her kann ein ikkje no visst segja kva stad som er meint. Kjende namn er: Dyna (Dvina), Iva (elv i Jotunheim, Bjarmeland), Ullaraaker (ved Uppsala), Borgundarholm (Bornholm), Hjadningavaag (ved Svolder), Vedrafjord (Waterford).

Versemaale er «fritt drottkvætt», som de er kalla. Fyrste lina i verse er stev, og gjeng igjenom heile kvade. Som eit vederlag hev verse eit drag dei kallar, ei auking med tvo linur paa slutten, so versi her vert paa 10 linur, i staden for vanleg 8. Hendingar er de lite av, mest i siste vers-lina, og ofte halvhending i næst-siste; elles berre av og til.

Endaa dette kvade visst ikkje heilt igjenom er den beste prøva paa norsk skaldskap etter og um vikingtidi, skal me likevel her taka de med i umsetjing, etter di me ikkje hev noko betre.


Kraakumaal[1]


1.
Hardt me hogg med sverdom!
Hitt er alt lengi sidan,
at eg Gautland gjesta
og gav lindormen bane.
Fagre Tora eg feste;
folk etter dette beite,
daa eg lyng-aalen ljostra.
Lodbrok meg sidan kalla.
Staal med stikk-verk bjarte
stakk eg i vang-kveilen lange.
[Beite, tak, dragsmaal. — Stikk-verk, «gravéring».]


2.
Hardt me hogg med sverdom!
Heller ung skar eg fyri,
aust i Øyrasunde,
undorn aat gløypne vargen,
og aat fot-gule fuglen
føde nøgdi me reidde,
der mot gyllte hjelmar
jarni harde glumde.
All var sjøen svollin;
i saar-flod ramnar vodo.
[Undorn, middags-maal. — Den fot-gule fuglen, ørnen. — Verd, maaltid (dagverd, kveldsverd, morgonverd).]


3.
Hardt me hogg med sverdom!
Høgt baaro me geirar,
daa vel eg var tjuge vetrar
og vidt sverdi ròda.
Aatte slo eg jarlar
utfor Dyna-mynne;
verd me rikleg veitte
vargen ved dette møte.
Sveite fall i svollin
sjø; mennane øyddest.
[Veite, gjeva, «yde».]


4.
Hardt me hogg med sverdom!
Her-leik skulde oss unnast,
daa me helsingjar sende
heim til Odins salar.
Upp me lagde i Iva;
oddar munde daa bite;
all var denne aai
aalraud av heite blode.
Brandar grenja ved brynjur,
bildar kløyvde skjoldar.
[Helsingjar, mennar fraa Helsingland eller nordre Sverike. — Grenja, grine, belja. — Bild (blodlaatar-jarn), sverd.]


5.
Hardt me hogg med sverdom!
Høyrt hev eg ingin flydde,
fyrr paa hamle-hestom
Herraud fall i staake.
Sidan med Egils andrar
ingin frægare hovding
paa langskipi til lægjes
lunde-vollen kløyver.
Konge han var som i kapp-tak
kvart bar hugfast hjarta.
[Lægje, skips-lægje, hamn. — Lunde-vollen (v. aat lunde- fuglen), have.]


6.
Hardt me hogg med sverdom!
Heren skjoldane kasta,
daa ræ-hundar reita
rende i barmen paa mennar.
Her-bilden blodigt
beit ved Skarpaskjerom;
raud vart rip-maanen farga,
fyrr Ravn konung fekk bane;
dreiv fraa hogg i hausar
heit i brime sveiten.
[Reite, tirre, hisse. — Brim, brimsjø, „brænding".]


7.
Hardt me hogg med sverdom!
Høgt leggbitar ylte
aust paa Ullaraaker,
fyrr Øystein konung stupte.
Gullprydde hendar gagnleg
greip um sverde-festi,
gjenom skjoldar mun smjuge
sverd, hjelmar til møtes;
der den raude saar-dogg
dreiv yvi hjerne-kleivar.


8.
Hardt me hogg med sverdom!
Hava fekk daa ramnar
utfor Einderesøyom
aate nok aa slite.
Dagverd gav me dugleg
den gong gygre-hesten.
Vandt kvar ting aa varast
der var; daa upp rann soli,
streng-humlur saag eg stinge,
støytar gav malm mot hjelm-rand.
[Varast, verte var, merke seg.]


9.
Hardt me hogg med sverdom!
Høg-raude gjorde me skjoldar,
daa me blod-tvorur bende
ved Borgundarholmen.
Vegin der vart Vulne;
vandt var konge større.
Asande odd-storm sleit ringar,
almbògar malm sprutte;
vidt rak val kring strendar,
vargen blot-maten fagna.
[Bende, bøygje hardt. — Vegin, fellt, drepin. — Vandt, vanskelegt, knapt. — Ringar, brynju-ringar. — Fagne, taka imot med fagnad (glede).]


10.
Hardt me hogg med sverdom!
Hoggstrid synbert aukast,
daa kong Frøy laut falle
i Flæmingja-velde.
Hitt eg veit, at i harde
her-gny fordom kunde
blaa saar-meitil blod-sprænt
bite i glimande hjelmen.
Møyi graatande mintest
at morgonverd fekk vargen.


11.
Hardt me hogg med sverdom!
Hundrad-tals saag eg liggje
paa Øyneves andrar
der Englanes de heiter.
Fram til slag me siglde
seks døgr, fyrr mannfall byrja;
aarle, daa upp rann soli,
odd-messe lét me syngje.
Valtjov der i vaapnleik
for vaare sverd laut nigje.


12.
Hardt me hogg med sverdom,
daa for hauken me lagde
i Bardafjord bleike kroppar,
og brun draup dogg fraa eggjar.
Alm glamra, daa oddar
all-radt sleit i leiken
sund Svolnes skjortur,
seige, med hamaren tøvde.
Inn rann orm i saari,
eitrkvass, drøypt med sveite.
[Tøvd (valka) med hamaren, d. v. s. smidd. — Orm, her: sverd.]


13.
Hardt me hogg med sverdom!
Høgt ved Hjadningavaagen
i heiande Hildar-leiken
heldt me valmøy-tjeldi.
Sjaa kunde daa seggjar,
der me skjoldar kløyvde,
i gjellande sverde-jalmen
hjelmar krasa paa mennar.
De var kje som bjarte brudi
i benk hjaa seg setja.
[Heiande, fjukande, sopande. — Segg, mann. — Gjelle (gjalle), glymja, ljome.]


14.
Hardt me hogg med sverdom!
Hard kom rid paa skjoldar,
ned dei neig aat jordi
i Nordimbralande.
Mennar denne morgon
minst ein paa skal segja
dei kviddest her-leik, der kvasse
kaarar hjelm-stuvar spika.
Bar-maanar saag eg breste;
bane av de fekk sveinar.


15.
Hardt me hogg med sverdom!
Hertjov var de lagi,
i Sudrøyom sjølve,
siger mot vaare mennar.
Fyrst i odd-regns ridi
Rognvald der laut nigje,
høgste harm som mennom
hende i sverde-stormen.
Kvast flòg-oddar kaste
kunde hjelm-ristar unge.
[Lagi, fyrilaga, «beskikket».]


16.
Hardt me hogg med sverdom!
I haug laag kvar yvi annan;
glad var bror aat graabein
ved glamren, for han fekk nørsle.
Malm og skjoldar møttest;
Marstein, Irlands konge,
ørnen eller ulven
ikkje daa lét faste.
Eg veit, i Vedrafjorden
visst fekk ramnen niste.


17,
Hardt me hogg med sverdom!
Hund-mange saag eg falle
mennar i morgon-stundi
ved Meid i odde-stime.
Son min stungin med snarpe
slir-torn vart til hjarta;
Egil skilde Agnar,
urædd svein, ved live.
Geirar glumde ved Hamdes
graa-serk; bjart blika merki.
[Hund-mange, uhorveleg mange. — Blika, glitre.]


18.
Hardt me hogg med sverdom!
Holle Endils frendar
saag eg med sverdom skjera
ikkje smaatt aat ulven.
De var kje paa Vikaskeide
som vin fram ber kvendi;
ròda vart Æges asen
ymse, der spjot glymde;
skori vart Skoguls kaape
i skòve, daa skjoldungar høvdest.
[Endils frendar, hermennar, vikingar (E. ein sjøkonge); holl, trufast, dugande. — Skòv, rykk, tak.]


19.
Hardt me hogg med sverdom!
Haldin vart ein morgon
leik ved Lindesøyri
med landsstyrarar trenne.
Faa ved de kunde fegnast,
at fraa dei kom med heilom;
gravøl heldt hauk og graabein,
i gape paa ulven fór mange.
Blod fraa irar uspart
avlaup fekk i kave.
[Fegnast, gleda seg.]


20.
Hardt me hogg med sverdom!
Haarfager saag eg vike
ved morgon sveinen aat møyi
og maal-venen aat ekkja.
De var kje som varmt laug taka.
som vinkjers-disi lagar,
for oss i Ilasunde,
fyrr Ørn konge me feilte;
var kje som unge ekkja
i andvegen kysse.
[Maal-ven, samtals-ven. — Ekkje, enkje; eller og d. s. s. kvende. — Vinkjers-dis, kvende (med di de jamleg var kvende som bar fram drykken). — Andvegen, andvegesbenken, beint imot høgsætes-benken.]


21.
Hardt me hogg med sverdom!
Høg-reidde sverd beit skjoldar,
alt-med gull-lagde geirar
glumde mot Hildar-nævri.
Um aar og æve sidan
i Ongulsøy kann ein skoda
korleis i harde her-leik
hovdingar fram gingo.
Firrande flaug utfor øyri
flòg-drakar, tidleg vake.
[Reide, svinge. — Firrande: fjukande fort.]


22.
Hardt me hogg med sverdom!
Hermannen, skulde han møte
feigdi fyrr, der han stemner
fram i odde-drive?
Ofte han illtrygg liver
som aldri vargen nister.
Vandt er krjupen aa kveikje
til kvate sverde-leiken;
hugblaut mann og modlaus
minst kjem til gagn hans hjarta.
[Kvat, kvik, modig, ferm, rask.]


23.
Hardt me hogg med sverdom!
Høvlegt de eg kallar,
at i sverdhogg-skifte
svein med svein skal møtast.
Dreng for dreng ikkje vike!
de er manns-haatt allstødt.
Alltid skal elsk-ven aat møyom
uvægin staa i sverd-dyn.
[Haatt, gjerd, lag, vis. — Uvægin, usvigall (som ikkje vægjer, vik undan).]


24.
Hardt me hogg med sverdom!
Hitt synest meg røynbert,
at me forlogo fylgjer;
faa lagnaden bøygjer.
Ikkje tenkte eg Ella
meg alders-maal skulde setja,
daa eg blod-hauken beitte,
og bord paa vatn køyrde.
Vidt eg daa gav vargar
verd i Skotlands-fjordom.
[Røynbert, sannrøynt. — Forlògu, lagnad. — Blod-hauken, ramnen. — Beite, hamne, føde. — Bord, d. v. s. skip.]


25.
Hardt me hogg med sverdom!
Hugfjaag de gjer meg alljamt,
at hjaa Balders far benkir
budde eg veit til gilde.
Braatt skal i husom hjaa høge
Herfader øl me drikke
or djupe horn, — for dauden
drengen ikkje syter.
Ikkje kjem eg med umanns
ord til Vidres hallir.
[Umanns ord, ord for aa vera umannsleg.]


26.
Hardt me hogg med sverdom!
Her vilde med bitre
oddar Aaslaugs sønir
alle herleik vekkje,
berre so var, dei visste
vandleg kor eg er komin,
korleis ufaae ormar,
eiterfulle, meg sliter.
Sønom gav eg mine
mors-ætt so hjarto duger.
[Aaslaug («Kraaka»), andre kona hans Ragnar Lodbrok, skulde vera dotter aat Sigurd Faavnesbane og Brynhild. — Vandleg, nauvleg, grant.]


27.
Hardt me hogg med sverdomt
Hallande lid æva;
ilt meg eitraren grandar,
ormen i hjarte-sal hyser.
Von meg er, at Vidres
vònd skal i Ella stande;
svell-harme skal mine sønir
svikin far sin vita;
ikkje dei snarpe sveinar
seg i still skal halde.
[Æve, tid, lang tid, livetid — Grande, skada.]


28.
Hardt me hogg med sverdom!
Heile eitt og femti
flein-ting hev eg fremda,
fylking-stridar alle.
Odd tok eg ung til aa rjode;
aller minst eg tenkte
at eg i kappstrid med kongar
kunde ein yvimann finne.
Oss til gjest byd æsir;
ei er de sytande dauden.


29.
Hedan hugar meg fara;
heim bòdar meg disir
som fraa Herjans høge
hall meg Odin sende.
Glad skal eg øl med aasom
i andvegen drikke.
Livs stundir er lidne,
læjande skal eg døye.


Grynte ville grisene.jpg




Note:

  1. Av kenningar som er brukte i umsetjingi til dette kvade skal me her nemne: For herstrid: odd-messe, flein-ting (pile-ting) o. fl.; for sverd (brand): ræ-hund, leggbit, blod-tvoru, saar-meitil, slir-torn, Vidres vond (Odins kjepp); for spjot (geir, kastevaapn, pil): flòg-odd, flòg-drake, streng-humle; for skjold: rip-raaane, bar-maane (slag-maane), valmøy-tjeld, Hildar-nævr; for brynju: Svolnes (Odins) skjorte, Hamdes graa-serk, Skoguls kaape; for skip: hamle-hest, Egils andrar (ski), Øyneves andrar (Ø. namn paa ein sjø-konge), Æges asen; for ulv: gygre-hest, bror aat graabein; for orm: lyng-aal; vang-kveil; for blod (sveite): saar-dogg, saar-flod; for hovud: hjerne-kleiv, hjelm-stuv.