Soga um Bjørn Hitdølakappe

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif
Norsk.gif
Sjå òg: Fyreord til Soga um Bjørn Hitdølakappe


Islandske ættesagaer


Soga um Bjørn Hitdølakappe


Frå gamalnorsk ved
Stefan Frich


Det Norske Samlaget (Landsmålslaget)

Oslo 1926


1. BJØRN HJÅ SKULE PA BORG

No skal segjast noko um dei islendske mennene som levde i kong Olav Haraldssons dagar og vart sers vener med honom. Fyrst skal då nemnast ein vidspurd mann, Torkjell Øyolvsson, som var gift med Gudrun Osvivsdotter, for i den tida var Torkjell på ferder og var jamnan hjå kong Olav når han var utanlands og var vel vyrd av honom. Den tida budde Tord Kolbeinsson på Hitarnes på Island; han var ein stor skald og heldt seg mykje fram so han kunde verta vyrd; han var jamnan utanlands, vel vyrd av meir høgsette menn for dugleiken sin. Tord var hirdmann hjå Eirik jarl Håkonsson og mykje mætt av honom. Hjå ålmugefolk var ikkje Tord mykje vensæl, for han tyktest vera spottsam og grå (1) mot alle dei som han tykte han kunde bjoda slikt snikkelaust.

Hjå Skule Torsteinsson på Borg voks det upp ein mann som heitte Bjørn og som var son åt Arngeir og Tordis, dotter hans Torfinn strange (2) og hennar Sæunn, dotter hans Skalla-Grim. Bjørn vart tidleg stor og sterk, karsleg og vyrdande å sjå. Bjørn hadde òg, som mange andre, vorte ute for spotten og ågangen hans Tord. Det var difor han var hjå Skule frenden sin, medan han var ung, at han tyktest vera tryggare der for ågangen hans Tord Kolbeinsson enn hjå far sin. Men dei småtvistane som hadde vore millom Bjørn og Tord fyrr Bjørn kom til Skule, dei gjet eg ikkje her, for dei høyrer ikkje denne soga til. Skule var god mot Bjørn og vyrde han mykje, for han var so klok so han såg at han vilde verta ein mann som ætta deira vilde få ære av. Bjørn untest ovleg godt medan han var hjå Skule. Då budde Torkjell, son åt Duvgus den rike frå Duvgusdal, på Hjørsøy utanfyre Myrom (3). Torkjell var ein rik mann og ein god bonde. Han hadde ei dotter som heitte Oddny, ei sers ven og gjæv kvinne; ho vart kalla Oddny øykyndel (4). Bjørn vande seg til å koma der og sat då jamnan og tala ved Oddny Torkjellsdotter, og dei hugnast vel ved einannan. Det vart sagt av mange at dei vilde vera eit høvelegt par um Bjørn fekk ho til kone, for han var ein sers dugande mann og mykje til kar.


2. BJØRN FESTER ØYKYNDEL. HAN FER TIL NOREG

Då Bjørn hadde vore 5 vintrar hjå Skule frenden sin, bar det so til at det kom eit skip i Guvåosen; det skipet var det norrøne (5) menn som åtte. Skule bonde reid til skipet og baud straks kjøpmennom til seg, for han hadde gjort seg til vane det å taka kjøpmenn til seg og halda god venskap med dei; fór då og no 3 med honom og gav seg i kost hjå honom, straks dei hadde sett upp skipet sitt. Bjørn var beinksam med kjøpmennom og fylgde dei og gjorde dei tenestor, og dei lika honom vel. Han gav seg i tale med Skule, frenden sin, og bad han hjelpa seg til å koma utanlands med desse kjøpmennom. Skule tok det vel upp, og sa som sant var at mange menn kom seg godt fram som var mykje mindre vaksne vortne enn han; han segjer òg at han skulde leggja til slikt som han tykte han trong. Bjørn takka honom for alt godt han hadde hjelpt honom med både fyrr og no. Bjørn tinga seg då rom på skipet med desse kjøpmennom; Skule frenden hans og far hans gav honom godt gods med på ferda, so han kunde ferdast med sømd når han kom i lag med gode menn. Ikkje vart det meir å segja um kjøpmennene frå uppheldet deira der; dei fór no til skipet då det vårast og budde seg til og låg so um bord.

Bjørn reid no til Borg for å finna Skule frenden sin, og då dei råkast, segjer Bjørn honom at det er ikkje anna han vil enn å festa Oddny Torkjellsdotter fyrr han fór burt. Skule spurde um han hadde tala noko ved ho um dette. Han segjer at det hadde han. «Då skal vi fara,» segjer Skule, og dei gjer so; dei kjem åt Hjørsøy og råkar Torkjell og Oddny dotter hans. Bjørn tek då upp ærendet sitt og bed um Oddny. Torkjell tok vel upp dette og skaut det mykje inn under dotter si og det ho sjølv vilde. Men av di ho kjende Bjørn fyrr og dei hadde lagt stor elsk åt einannan, då sa ho ja. Det vart då straks gjort festarmål og ho skulde sitja i feste tri vintrar, og um Bjørn var innanlands den fjorde vinteren, men ikkje kunde få giftarmålet i stand, då skal ho likevel bia på han, men kjem han ikkje frå Noreg innan tri vintrars frest, då skulde Torkjell gifta ho burt um han vilde. Bjørn skulde òg senda menn ut til Island for å akta dette festarmålet, um han ikkje kunde koma sjølv. Skule la attåt med Bjørn so mykje gods at det vart ikkje mindre enn alt det Torkjell åtte, festargåva hennar Oddny dotter hans medrekna. Med dette skildest dei, og Skule fylgde Bjørn til skipet, og då sa Skule: «Når du kjem til Noreg, Bjørn, og finn Eirik jarl venen min, ber då fram helsinga mi og det bodet frå meg at han skal taka imot deg, og eg trur at han vil gjera dette. Og gjev honom denne gullringen til jartegn, for då vil han vita for visst at eg vil tykkja best um det.» Bjørn takkar Skule for all den godviljen som han hadde tét honom sidan han kom til honom, og so skildest dei. Dette var mot slutten av dagom hans Eirik Jarl. Dei siglde tidleg på sumaren; det gjekk greidt med ferda deira, og dei kom til Noreg; Bjørn fann snøgt Eirik Jarl og bar fram for honom helsinga og jartegnene hans Skule. Jarlen tok vel imot det og sa at han vilde gjerne gjera det han bad um, «og skal du, Bjørn, vera velkomen.» Bjørn sa at han vilde gjerne vera der; fór han då til hirda åt jarlen og vart godt halden der.


3. TORD KOLBEINSSON OG BJØRN HJÅ EIRIK JARL

Den same sumaren kom der eit skip frå Noreg til Straumfjord tidleg på sumaren. Tord Kolbeinsson reid til skipet og fekk visst at kjøpmennene etla å fara tviveges (6); difor kjøpte han part i skipet og lyste til at han vilde fara utanlands. Tord hadde ein frende i Danmark som heitte Roe den rike; han budde i Roeskelda (7) og åtte gard der, og Tord skulde taka all arven etter honom. Han bur seg no til utferd, men dei vart seint bune. Det spurdest til hirda åt jarlen, at Tord var komen til Noreg frå Island med det skipet som hadde fare tviveges um sumaren, og det med at han var styremann og etla å føra fram eit kvede for jarlen. Jarlen spurde Bjørn um han kjende til Tord. Bjørn sa at han kjende Tord vel og at han var ein god skald, «og det vil verta eit raust kvede han fører fram.» Jarlen sa: «Tykkjer du, Bjørn, det er rådlegt at eg lyder på kvedet?» «Det tykkjer eg visst,» segjer Bjørn; «for det vil vera til sømd for dykk båe.» Og lite etter kom Tord til jarlen og helsa honom sømeleg. Jarlen tok vel mot helsinga og spurde kven han var. Han sa at han heitte Tord og var ein islendsk mann, «og eg vilde at De skulde lyda på det kvedet eg har gjort um Dykk.» Jarlen sa at det kunde han nok. Tord førde fram kvedet, og det var ei dråpa og eit godt kvede. Jarlen let vel um det og baud honom vera hjå seg um vinteren, og Tord tok med takk imot det, og det vart sytt vel for honom. Bjørn og han var båe hjå jarlen den vinteren.

Det var nokre menn i hirda som gat for jarlen på det, at dei ikkje skulde vera vener Tord og Bjørn. Og ein gong, er det sagt, kalla Eirik jarl Tord åt seg og spurde um han kjende Bjørn eller kvifyre Skule hadde sendt honom den mannen. Men Tord segjer at Bjørn var ein ovleg staut mann, «og eg kjenner han godt, og difyre sende Skule denne mannen åt Dykk, for di han hadde ikkje nokon annan frende som var høvelegare til det.» «Det er visst sant,» segjer jarlen. Tord sa: «Har De spurt etter kor gamal mann Bjørn er?» «Nei,» segjer jarlen. Tord sa: «Han er no 18 vintrar gamal, og mange raske karar er her hjå Dykk, og Bjørn vil fylgja dei som frøknaste (8) er.» Dette fall vel i øyro på jarlen. Ikkje lét Tord det koma fram at det ikkje alle tider hadde vore vel millom Bjørn og honom. Og ein dag um vinteren gjekk Tord åt Bjørn og bad han drikka med seg; «vi er no komne ein stad der det ikkje samar seg anna enn at det er godt millom oss, og den usemja som eingong har vore millom oss er lite sætande; lat det no vera godt heretter!» Bjørn tok det vel upp. Leid det so fram til jol. Og åttande dag jol gav Eirik jarl mennom sine løn, som hovdingsed er i andre land. Han gav Bjørn ein gullring som vog halvanna mork, og den fekk han til takk for mannskapen han hadde synt, han og Skule frenden hans. Åt Tord gav han eit sverd, ein god grip (9) til løn for kvedet.

So var det ein kveld um vinteren at Tord tala til Bjørn — dei var då drukne båe, men Bjørn mest —: «Kva etlar du deg til når det vårast? Eller etlar du deg til Island?» «Ikkje vil eg dit ut i sumar,» segjer Bjørn, «for eg etlar beda Eirik jarl um orlov, at han gjev meg lov til å fara i hernad og vinna gods og sømd um det gjeng vel.» Tord svarar: «Det tykkjer eg ikkje er rådlegt; du har no fyrr fått god sømd og vyrding, og då setja det slik på vågan. Du skal mykje heller fara med meg ut til Island i sumar til dei gjæve frendom dine og vitja festarmålet ditt.» Bjørn svarar: «Ikkje vil eg dit ut denne sumaren.» Tord sa: «Urådleg tykkjer eg du fer åt, når du vil fara or landet med mykje gods og ikkje veit um du kjem att eller ikkje.» «Han vinn den som vågar,» segjer Bjørn; «og eg vil fara i hernad.» Tord sa: «Då skal du senda Oddny, festarkona di, ringen jarlsnaut (10) og lata meg taka han med, for då veit ho at elsken din og ålvoret for henne enno stend ved fullt lag når du sender henne ein slik grip, og då vil du koma hugen hennar endå nærare enn fyrr og han vil endå mindre snu seg frå deg. Og um du kjem ut til Island som vi ventar, då tek du både ringen og kona og alt det godset som var lova deg med henne; og sant er det,» segjer Tord, «at slikt gifte som Oddny finst ikkje på Island.» Bjørn sa: «Sant segjer du i det, Tord, at Oddny er den vyrdelegaste kona og fullgod med meg i alle måtar, og hadde du vore slik imot meg då vi var på Island som du er no, då skulde eg gjera ak det som du no bed um. Men det fell meg vandt å tru deg, og folk vil segja at eg held laust på jarlsgåva um eg lèt ringen koma i dine hender.» Tord bad honom sjå etter med festarmålet. Bjørn sa han hadde sett menn til å taka vare på det, «og seg du, Tord, sant um ferdene mine når du kjem der ut! Men eg tykkjer eg har røynt meg for lite i framtak enno og ikkje fare vidt nok til å kjenna gode menns sed. Men fer eg til Island straks, då vil eg ikkje nenna å fara so snøgt frå giftarmålet mitt.» Tord lova det; «men når eg bad deg um griper til å sanna det eg skal segja, då treng ikkje du, Bjørn, mistru meg, for eg skal vera deg tru.» «Det skal eg òg våga no,» segjer Bjørn, «for ein gongs skuld; men svik du meg, då trur eg deg aldri sidan i mine dagar.» Gjev no Bjørn Tord ringen jarlsnaut i hender og bad honom føra han til Oddny. Tord lova det og tala då ovleg fagert åt Bjørn og lova fullt og dyrt å vera honom tru og bera fram ærendet hans vel. Dermed vart det slutt på samtalen deira den gongen. Men då Bjørn hadde vorte edru, tykte han at han hadde sagt reint for mykje åt Tord, og at han hadde trutt honom for vel.

Lid no vinteren til endes, og Tord bur skipet sitt. Bjørn og han råkast og talast ved endå ein gong. «Hugs, Tord!» segjer Bjørn, «kva vi har tala, og far no vel med ærendet mitt!» Tord lova godt um det, og dei skildest nokso vel. Ikkje visste nokon fullvel det Tord og Bjørn hadde talast ved. Folk segjer at Tord var 15 vintrar eldre enn Bjørn. Den dråpa som han hadde gjort um Eirik jarl heiter Belgskakadråpa. Tord sette til havs tidleg på sumaren og kom til Island i Guvåosen ved den tida altinget vart halde. Han reid straks til tings, og folk tykte det var gildt, for han var god til å segja frå tidender, og han bar vel fram ærendet hans Bjørn den gongen, og sa at han vilde koma og vitja giftarmålet sitt med Oddny, og gav henne ringen. Men han sa at Bjørn hadde gjeve honom giftarmålet, um han skulda døy eller ikkje koma til Island.


4. I GARDARIKE

Den same sumaren som Tord fór til Island gjekk Bjørn til jarlen og bad um orlov til å fara i austerveg (11). Jarlen gav honom lov å fara som det høvde honom. Fór då Bjørn med kjøpmenn aust i Gardarike åt kong Valdimar (12); var han der um vinteren hjå kongen og vart godt halden; kom han seg godt med tigne (13) menn, for i gjerd og huglynde var han slik at alle lika han.

So er sagt at då Bjørn var i Gardarike hjå kong Valdimar bar det so til at ein usturteleg her kom i landet, og for den rådde ei kjempe som heitte Kaldimar, stor og sterk, ein nærfrende åt kongen, ein stor hermann, våpenhendig og rettugt ei storkjempe. Og dei vart haldne for å ha like rett til riket kong Valdimar og kjempa, men kjempa hadde ikkje nått til riket fordi ho var yngre. Difor hadde ho fare i hernad for å koma seg fram, og no var ingen hermann jamfræg med henne i den lida i Austerlandom. Men då kong Valdimar spurde dette, då sender han menn til frenden sin med tilbod um forlik og bad han fara med fred og få det halve av riket. Men kjempa sa ho skulde hava riket åleine, og vilde ikkje kongen det, baud ho honom holmgang eller dei skulde slåst med all heren sin. Kong Valdimar tykte ikkje korkje det eine eller det andre av desse kårom var gode, og han vilde gjerne spara heren sin for å verta tynt, men sa at han hadde ikkje vant seg til holmgang, og spurde heren sin kva råd han skulde taka. Mennene hans rådde honom til å samla heren og slåst. Og på ei stutt tid kom det saman ei stor mengd, og kong Valdimar heldt til møtes med kjempa. Sidan baud kongen å få ein mann i staden sin til tvomannsstrid, og det gjekk kjempa med på, men på det vilkåret at ho skulde få heile riket um ho fellte den mannen, men fall kjempa då skulde kongen hava riket sitt som fyrr. Då spurde kongen etter hjå mennom sine um dei vilde gå på holm for honom, men mennene var ikkje huga på det, for alle tykte det var visse dauden for den som skulde slåst med kjempa. Kongen lova deim venskapen sin og anna sømd, um nokon vilde taka det på seg, men endå vilde ingen våga det. Då sa Bjørn: «Her ser eg alle ber seg åt som låke karar når herren deira er i naud. Men difyre fór eg frå landet mitt at eg vilde leita meg frægd. Her er tvo kår fyre hand: det eine å få siger med manndom, so urimelegt det kann vera mot den som det her gjeld å slåst med, men det andre er å falla med drengskap og hugpryde, og det er betre enn å leva med skam og ikkje tora vinna kongen sin ære. Eg skal taka på meg å slåst med Kaldimar.» Kongen takkar Bjørn, og holmgangslova blir framsagd. Kjempa hadde det sverdet som heitte Mæring og var ein ovgod grip. Dei slost både hardt og kvast, og enden vart den at kjempa fall for Bjørn og fekk bane, men Bjørn vart såra mest til ulivs. Fekk Bjørn for dette storleg frægd og ære av kongen. Det vart slege upp eit tjeld, for det tyktest ikkje råd å bera han burt, men kongen fór heim til riket sitt. Bjørn og dei som skulde stella um han var no i tjeldet, og då såra hans tok til å gro då kvad han ei vise:

Um kvinna i linet (14)
— lat meg kveda! — høyrde
at vi var her i tjeldet,
då handleggen hennar Lovn (15), den gullprydde,
Øykyndel fagre
— no frægd eg vann — (16)
vilde få meg til å sovna (17).

Sidan vart Bjørn flutt heim til kongen og vart mykje vyrd. Kongen gav honom alt det herskrudet som kjempa hadde ått, og dermed fylgde sverdet Mæring, og sidan vart Bjørn kalla kjempe («kappi») med kjenningsnamn etter heradet sitt (18). Bjørn låg i sårom sine um sumaren, og vinteren etter var han i Gardarike, og hadde han då vore burte frå heimen i 3 vintrar. Deretter fór han til Noreg, og då han kom der, var alle skip til Island gjengne, og det var seint på sumaren.


5. TORD FER MED SVIK OG VERT GIFT MED ODDNY. BJØRN I ENGLAND OG DANMARK. FER I HERNAD MED AUDUN BAKSKIKI

Sumaren fyrr det som no er fortalt fekk Tord spurt av kjøpmenn i Kvita at Bjørn hadde vorte såra, og då kjøpte han dei til å segja at han var dåen, og so gjorde dei. Sidan sa Tord beint ut at Bjørn var dåen, og sa at dei menn som hadde sagt honom det, dei hadde vore med og aust mold på han. Ingen kunde segja honom imot, og dei tykte det urimelegt at Tord kunde ha loge. Sidan kom Tord til Hjørsøy og bad um Oddny. Frendane hennar vilde ikkje gifta ho med honom fyrr den tida var lidi som dei hadde avtala med Bjørn, men til sumaren når det kom skip og det då ikkje spurdest noko til Bjørn, då kunde dei røda um det, sa dei. No kom der skip ut, og dei visste inkje um Bjørn å segja, for han kom ikkje til Noreg fyrr dei hadde fare derifrå. No heldt Tord fram med belinga, og Oddny vart gift med honom. Men då Bjørn og mennene hans var bune til å sigla, kom eit skip frå havet siglande mot dei. Bjørn og hans menn tok ein båt og rodde ut til skipet og vilde vita tidender, for dei var komne frå Island. Dei fortalde um giftarmålet hennar Oddny. Men då Bjørn fekk visst det, vilde han ikkje fara til Island.

Den vinteren fór Bjørn til hirda hans Eirik jarl og var hjå honom. Og då dei låg ved Hamarsøyr, gjorde Bjørn denne visa:

Drengen (19) gaman mykje
har hjå Kiste (20) fenge;
Øykyndels tåror
tett på dyna fell,
medan eg mot skipsbord
sterke år lèt bogna (21);
noko veld ho til det
ho den mjuke kvinna.

Bjørn var endå hjå jarlen i same vyrding som fyrr.

Sumaren etter fór Bjørn vest til England, og vart vel vyrd der, og var tvo vintrar der hjå Knut den mektige. Der bar det so til ein gong då Bjørn fylgde kongen og han siglde med heren sin på sjøen sunnantil, at ein flogdrake (22) flaug yver kongsmennene og vilde hogga klørne i ein mann, men Bjørn stod nær frammed og skaut skjoldet yver han. Draken slo kloa mest tvert igjenom skjoldet, men då greip Bjørn draken i sporden med den eine handa, og med den andre hogg han til honom attanfor vengjom og kløyvde han i tvo, og draken fall ned og var daud. Kongen gav Bjørn mykje gods og eit godt langskip og med det heldt han til Danmark. Då gjorde han lag med Audun bakskiki, ein vikversk mann, men noko av dansk ætt. Audun hadde fyrr vorte gjort utlæg frå Noreg. Han hadde tvo skip til lags med honom, og dei lagde sidan i hernad austanfor Svitjod og herja um sumaren, men var i Danmark um vinteren. Dette dreiv dei på med i 3 vintrar.


6. OLAV DEN HEILAGE VERT KONGE i NOREG

No er det å segja at Tord sit på Hitarnes med gardsstellet sitt ei tid, og folk held Oddny for å vera betre gift no enn ho fyrr hadde vore etla til, både med gods og ættarburd og annan vyrdnad, og på elsken deira var berre godt å segja. Dei fekk 8 born: 5 søner og 3 døtter. Tord hadde då selt åt kjøpmenn det skipet som han hadde ått og brukt på ferder.

Bjørn var no i viking til å vinna seg gods og frægd; han var venen hans Eirik jarl og hadde med seg dei mennene som fyrr er sagt. Lite lengtar han no til Island etter dei tidender han veit derifrå og soleis som Tord hadde bore seg åt mot honom. Og medan Bjørn var utor landet, vart det hovdingskifte i Noreg; Håkon jarl tok ved riket etter Eirik jarl, far sin, og Svein, bror hans Eirik jarl, rådde yver sin lut av landet som fyrr, og dette stod ved lag tvo vintrar. Deretter kom Olav den heilage til landet og tok Håkon fanga i Saudungssund; han svor eid til kong Olav og fór so frå landet. Men Olav heldt slag med Svein jarl utanfyre Nesjar um palmesundagen, og Svein stokk undan, men Olav rådde sidan for alt landet og vart konge yver det. No vart det spurt i andre land at Svein jarl og Håkon jarl var utor landet komne. Bjørn og hans menn spør dette hovdingskiftet, og det med at der gjekk mange gode segner um den kongen, som han òg var verd. I den tid var ein namnspurd mann, Torkjell Øyolvsson, på kjøpferder; han var mykje vyrd av kong Olav. Torkjell var òg venen hans Tord Kolbeinsson.


7. MØTE MILLOM BJØRN OG TORD I BRENNØYOM

Det er no å fortelja at Tord Kolbeinsson spør den tidenda at Roe den rike, morbror hans, var dåen. Tord hadde arv å taka etter honom. No kjøper han skip og etlar å fara utanlands til å vitja arven. Det er sagt um ferda hans Tord at han fer åt kong Olav. Han vart vel fagna der; han segjer kongen kva det er han fer etter. Torkjell var då der, og han greidde saka godt ut for kongen so han kunde få hjelp til å få godset sitt. Kongen lét gjera brev til venom sine i Danmark som han skulde få med seg, og sette seglet sitt under. Då var Eidssønene Torvald og Tord med Tord; Kalv illviti (23) var òg med på ferda. Tord gjorde ei dråpa um kong Olav; sidan kom han og førde ho fram sjølv og fekk av kongen ein gullring og ein kyrtel av pell, prydd med band, og eit godt sverd. Tord spør i løynd um nokon hadde vorte vár Bjørn. Det vart sagt honom at han var i hernad og hadde mykje folk med seg. Tord hadde eit lite skip. Nokre vikverske menn var med honom på skipet; det var i alt innpå 30 menn på skipet. Han kom til Roeskelda i Danmark den sumaren og fekk mykje av godset, um òg mykje vart skore honom frå. Dei fór sunnantil då det leid på sumaren, og han tok leida um Brennøyane (24). Det er mange øyar, og dei var då lite bygde. Der var løynde vågar, og der vart jamnan herja av vikingar. Der var òg noko skog på øyom. Bjørn fór då hamnamillom, og seint på dagen kom dei til ein stad der det stakk tvo øyrar fram av Brennøyom; den eine heitte Trælaøyr, den andre Oddaøyr; der lagde Bjørn skipa sine. Same kvelden kom Tord til øya og låg der um natta med skipet sitt. Sidan kom der tvo menn fram på øya og spurde kven det var som åtte skipet. Ein lausmynt mann, og som var noko framfus òg, segjer at det var Tord Kolbeinsson som åtte det. Då segjer Tord: «Du er brå med ordom dine; seg at det er Torar vidførle som eig skipet!», og so gjer han. Øymannen sa: «Gjer som de vil, anten de vil ljuga eller segja sant!» Mennene vende attende, men det var i røynda mennene hans Bjørn; han låg der på andre sida av øyom med 9 skip. Då dei var burte sa Tord: «Dette har visst vore spæjarar for nokon; eg vil gå upp på øya og sjå um eg vert vár noko.» Då mennene hans Bjørn kom attende og fortalde um Tord, sa han til Audun: «Eg tyktest skyna på det dei sa um skipet deira at det laut vera Tord som åtte det, og det møtet vårt er forskyldt.»

Tord gjeng no upp med Kalv illviti og nokre andre menn, og då dei var komne litt upp på øya sa han: «No skal de venda attende til skipet, og so framt det ber so til som eg trur at Bjørn ikkje er langt undan og kjem hit, då vil eg de skal segja at eg vart att i Danmark og ikkje på anna vis kunde få tak i godset; men eg vil forda meg undan.» Kalv illviti segjer: «Dette kann vera eit godt råd um dei ikkje finn deg, men elles vil det verta deg til stor skam. Eg vilde heller at vi skulde verja godset vårt og livet, so lenge vi kunde.» «Det andre er rådlegare,» segjer Tord; «dei vil gjeva fred åt alle so nær som meg.» Han gjekk no upp på øya og sette seg under ein bakke millom noko riskjørr so han kunde sjå ned til skipet. Han hadde ein kuvl (25) utanpå klædom. — No bed Bjørn mennene sine væpna seg og vitja kjøpmennene; han lest halda det for sant som fyrst var sagt, at Tord Kolbeinsson var styremann. Dei gjer so som Bjørn sa; dei gjeng upp på kjøpmannsskipet, og det ser ut som mannskapet er hovdinglaust. Bjørn spør kven det var som rådde for skipet. Dei gjev ikkje Bjørn nokor takk fordi han kjem der, men dei segjer det slik som Tord hadde sett dei fyre. Bjørn trur ikkje på det og vil leita på øya, «øya er liti,» segjer han, «og vi vil nok finna han um han er der.» No ransakar dei fyrst skipet, men finn han ikkje; sidan fer dei umkring på øya og dei er nærpå 200 mann til å leita. Og då Bjørn og mennene hans kjem der som Tord sat, då sprett han upp og helsar vel på Bjørn. «Her er du no, Tord!» segjer Bjørn, «og ikkje i Danmark; men kvi skal du no sitja so lågt? Seg oss no tidender frå Island; det er lenge sidan vi møttest sist.» «Mangt kann eg segja til tidender,» segjer Tord. «Kor var du i vinter?» segjer Bjørn. Tord svarar og segjer: «Hjå kongen i Noreg.» Bjørn segjer: «Kor i landet var kongen?» «Nord i landet var han,» segjer Tord, «og då det vårast fór han aust til Vika, og der er han nok no.» Bjørn sa: «Kva er det nyaste du har å segja frå Island?» «Dauden hans Skule,» segjer Tord; «men far din og fosterfar din er i live.» Bjørn sa: «Det er ei stor tidend, at Skule er dåen; men er det sant at du har fått Oddny Torkjellsdotter, litt etter vi skildest?» Tord sa det var sant. Bjørn sa: «Kor trutt tykte du då du heldt venskapen med meg?» Tord segjer: «Eg visste ikkje at ho skulde bia på deg lenger enn 3 vintrar.» Bjørn sa: «Ikkje slepp du no undan med desse umsviv, for eg veit fyrr heile sanninga um dette.» Tord baud honom bøter for det han hadde gjort. «Det er noko anna som er rådlegare,» segjer Bjørn, «at du vert drepen, og at det vert endskap millom oss.» No endar det med det at Bjørn gjev dei livsgrid (26), men han tok frå dei godset, og knarren med; sidan snøydde han Tord for gripom og for alt. Tord bad um å få hava gripene, men nådde det ikkje. Sidan lét Bjørn Tord og alt mannskapet hans gå i skipsbåten med klædom sine og flutte dei so yver til fastlandet. Og fyrr dei skildest sa Bjørn: «Tord!» sa han, «no er det gjort deg nokor neising og svivyrding og skade på gods, og likevel er det mykje mindre enn du hadde fortent. Far no åt Orknøyom og heft ikkje lenge i Noreg, men eg vil fara åt kongen. Eg har ikkje sét han, men eg mèt han so mykje usét, at eg drep deg ikkje fordi du var gjesten hans. Men kvarhelst eg råkar deg heretter, skal du ingenstad vera trygg, minder det skulde gå mykje annleis enn det berst meg fyre.»

Tord og mennene hans gjekk no i båten, og med dei desse vikverske mennene som vilde til eignene sine. Dei fekk hava våpna sine. Sidan råka dei kongen, og sa honom denne tidenda, um ranet og skuldingane mot Tord.


8. KONG OLAV DØMER MILLOM BJØRN OG TORD

Etter dette heldt Bjørn stemne med Audun, lagsbror sin, og sa at han vilde fara til kong Olav; «eg vil ikkje han skal vera vreid på meg for ran på kjøpmenn.» Audun sa han vilde fylgja honom, for han hadde fått lengt i seg etter å koma på fast grunn i Noreg att. No kjem dei åt kongen, og dei let dei fleste mennene sine vera att med godset og skipet. Dei kjem til kongen 3 næter seinare enn Tord. Bjørn og fylgjet hans gjekk inn i halla, 12 mann sterke, medan kongen sat yver drykken; 50 mann var att ved skipet. Bjørn gjekk fram for kongen og helsa honom vel. Kongen spør kven han er. Han segjer honom det. Kongen segjer: «Er ikkje dette han som har forbrote seg mot deg, Tord?» Han sa, at for visst var det han. Kongen sa at han var ein djerv mann når han torde koma åt honom, og baud dei skulde taka dei og setja dei i jarn. Bjørn sa at det vilde vera lett å gjera det, men han vilde ikkje kalla Tord saklaus for seg, sa han. Kongen sa det var lett for vikingar å finna sak mot kjøpmenn når dei hadde gir etter godset deira. Bjørn segjer då frå um det han og Tord hadde havt med kvarandre, og tek til med upphavet og nemner dei saker han tyktest hava med Tord Kolbeinsson. Kongen spurde Tord um det var so som Bjørn sa. Tord sa han hadde spurt for visst at Bjørn var dåen, fyrr han fekk kona. «Ikkje har då røynsla synt det,» segjer kongen, «og eg tykkjer Bjørn har store saker på Tord; eller vil de no,» segjer han, «at eg skal døma millom dykk?» Det sa dei ja til båe, og det vart då sett grid. Sidan dømde kongen at Tord skulde hava kona og alt godset hennar, men Bjørn skulde hava likso mykje gods av Tord av det han hadde teke frå honom, og til godset hennar Oddny vart medrekna det ho skulde erva etter far sin; svivyrdingar skulde gå upp i upp: godsran og koneran. Bjørn skulde hava ein gudvevkyrtel og ein ring for den som Tord tok med Oddny. Tord skulde hava det sverdet som kongen hadde gjeve honom. Kongen sa at den vilde fara best som heldt dette forliket vel. Bjørn fekk alt det godset hans Tord som han hadde der, so nær som skipet; men alle kjøpmennene skulde få att det godset som Bjørn hadde teke frå dei. Tord var hjå kongen um vinteren, både han og Kalv og Eidssønene; men Bjørn fór aust i Vika med Audun og hans folk, dei Bjørn hadde fått kongen til å gjeva fred, og dei var der um vinteren. Men sumaren etter fór han til kong Olav og var sidan hjå honom i tvo vintrar. Men Tord fór til Island um sumaren, og gat ikkje noko um det han og Bjørn hadde havt med einannan å gjera der aust. Kong Olav gav Tord ein timberfarm (27) på skipet; fór då Tord her ut, og heim til buet sitt.


9. BJØRN HJÅ KONG OLAV

Bjørn var no hjå kongen. Ein gong då dei rødde saman kongen og Bjørn, då sa Bjørn: «Eg veit, herre, um dei mennene som lasta meg for deg for møtet millom meg og Tord, at dei ikkje gat det som gjorde mest til at eg ikkje drap Tord og mennene hans.» Kongen sa: «Det vart ikkje sagt meg.» Bjørn sa: «Då skal eg segja deg, at eg vyrde deg so mykje fyrr eg hadde sét deg, at det var difyre eg ikkje drap Tord og alt skipsfolket hans, at han hadde vore vintergjesten Dykkar, og eg vilde han skulde få røyna det, um vi møttest der du ikkje hadde noko med det eller kunde tykkja det vart gjort deg imot.» Kongen sa: «Lat oss no høyra dette av dei mennom som var med ved møtet millom Bjørn og Tord, og dei skal segja det som sant er.» So vart no gjort, og dei gjekk ved at Bjørn hadde sagt det, at det var for kongens skuld han ikkje vilde drepa Tord og fylgjesmennene hans. Kongen tykte no det var endå meir verdt enn fyrr, når han hadde spara Tord for hans skuld. Der var nokre menn hjå kongen, som visste um det som hadde gått fyre seg millom Bjørn og Tord då dei var hjå Eirik jarl, og dei fortalde det no åt kongen; Bjørn hadde havt vitne på alt. Kongen segjer: «Det er no òg rett, at skipsfolket hans Tord har gjort eid då saka var under min dom, so dei fekk godset sitt og Tord fred.» Bjørn sa at han trudde ikkje han vilde ha spara honom, når det ikkje hadde vore for kongens skuld. Kongen sa at dess meir skulde han vera venen hans Bjørn, men han sa òg at no var det berre eitt som sama seg for dei: å halda forliket som han hadde gjort millom dei. «Men det vilde eg,» segjer kongen, «at du held upp med herferd; um du sjølv tykkjer du fer vel med det, so går det ofte slik at Guds rett fer ille ved det.» Bjørn sa at so skulde han gjera, og han sa seg huga til å vera med honom. Kongen sa: «Godt tykkjer eg um deg, men det er oss ikkje unnt å vera lenge saman, for eg ventar Torkjell Øyolvsson, venen min, hit, og han vil snøgt bli usams med deg for Tord si skuld. Det er då rådlegt at du fer ut til Island.»

Den hausten var Bjørn hjå kongen, og dei var Heilt samde og Bjørn fekk gode gåvor av honom. Det bar so til i ei veitsle, der Bjørn fylgde kongen og det jamnan vart stelt ovleg vel for kongen, som høvelegt var, at det var laga til kjerlaug (28), for anrdre laug er ikkje å få i Noreg. Kongen og hans menn gjekk i lauget, og mennene la klæda sine på vollen, men yver lauget var det tjelda. Den tid var det sed å ha reimar, som var lindar (29) og vart vundne frå skoom og til knes, og tigne menn hadde helst jamnan slike, og det hadde både kongen og Bjørn. Bjørn gjekk åt klædom sine fyrr dei andre, og klæda hans låg utmed kongen sine, og Bjørn gådde ikkje at han hadde hytt reimar med kongen fyrr alle hadde klædt seg. Han sa honom straks kor tankelaust han hadde fare, men kongen sa det kunde vera som det var, og meinte ho var ikkje verre den reima han no hadde. Bjørn hadde stødt denne reima um foten sin so lenge han levde, og med den vart han gravlagd òg. Og lenge etter, då beina hans vart upptekne og førde til ei anna kyrkje, då var den same reima um fotleggen hans Bjørn ikkje rotna, men alt anna var rote; og no er ho brukt til linde (29) på messeklædet i Gardar på Akranes. Vinteren etter var no Bjørn i Noreg, og kong Olav gav honom ei framifrå kappe og lova honom venskapen sin og kalla han ein uforfærd mann og ein god dreng (30).


10. BJØRN KJEM ATTENDE TIL ISLAND

No er det å fortelja, at då det vårast budde Bjørn skipet sitt til Islandsferd, og då buddest òg andre skip til å fara til Island, og dei kom ut fyrr skipet hans Bjørn. Kong Olav sende bod med menn at Tord skulde halda vel forliket med Bjørn, når han kom ut, og sa at det var skyldnaden hans etter det som hadde gått fyre seg millom dei. Den sumaren kom Bjørn ut til Bordøyre i Rutafjord med mykje gods og hadde vunne seg stor frægd og dugleik. Dei ber frå skipet det dei hadde med seg, og reiser tjelda sine.

Men på ein annan stad er det gjete ein kveld at Oddny tok til ords åt Tord, bonden sin: «Har du høyrt nokor tidend, Tord?» «Nei,» segjer han, «men når du røder um det, er det vel fordi du har spurt nokor.» «Du råkar det,» segjer ho; «eg har spurt det som tykkjest meg tidend; det er sagt meg at det er kome eit skip i Rutafjord, og at Bjørn er på det, han som du sa var dåen.» Tord sa: «Det kann vera,» segjer han; «at det tykkjest deg tidend.» «Visst er det tidend,» segjer ho, «og no veit eg endå betre korleis eg er vorti gift; eg trudde du var ein god dreng, men du er full av lygn og inkje å lita på.» «Det er sagt,» segjer Tord, «at med bøter kann alt verta gjort godt att.» «Det berst meg fyre,» segjer ho, «at han sjølv har greidt å få seg bøtene.» «Haldt det for sant som du synest,» segjer han. Dermed endar denne samtala millom dei.

Arngeir og dei andre frå Holm fer til skipet og råkar Bjørn; det vart eit fagna møte, og dei byd Bjørn til seg og segjer dei vart glade no dei fekk sjå han att; det hadde vore lenge sidan siste gongen, sa dei. Han sa han vilde fara med dei. Sidan vart skipet sett upp, då det leid på sumaren, og Bjørn fór heim til far sin. Mange vart no dått ved då Bjørn kom heim, for det hadde fyrr drive mangeslags ral um korleis det hadde seg med Bjørn, anten han var i live eller ikkje; ein sa det var lygn, ein annan det var sant; men no vart det røynt kva det var sanninga. Bjørn vart vel fagna då han kom heim. Fosterfar hans gav honom hunden V..... (31); for den hadde han tykt godt um fyrr. Far hans gav honom ein hest som heitte Kviting; han var kvit på lét over heile skrotten og hadde tvo kvite folar med; det var gode griper.


11. TORD BYD BJØRN VIST HJÅ SEG

No er det sagt at Tord spurde Oddny um ho tykte det rådlegt å bjoda Bjørn til vist (32) hjå dei; han vilde ikkje at folk skulde gå millom dei og setja dei upp mot einannan, sa han, — «og soleis vil eg røyna hugen hans Bjørn og trulyndet hans mot meg.» Ho talde ifrå; ho sa det var uråd etter det folkesnakket som fyrr gjekk. Tord gav seg ikkje på det, og fór til Holm i Hitardal. Han reid åleine, i ei blå kappe. Attum husa i Holm stend det eit fjell, og der gjeng ein rygg frå fjellet nedåt husom. Bjørn og mor hans hadde det til arbeid den dagen at dei breidde lereft, som hadde vorte vått, ned på marka til turkings. Ho tok til ords; «der rid ein mann,» segjer ho, «i ei blå kappe, og han er ovende lik Tord Kolbeinsson, og han er det òg; og ærendet hans vil visst bli til skade.» «Det vil det visst ikkje,» segjer Bjørn. Tord kom. Dei helsar på kvarandre og spør um slikt som alle plar tala um. Sidan sa Tord: «Det er ærendet mitt hit, at eg vil vita um du vil halda den semja med meg som kongen gjorde millom oss, og skulde no ingen av oss hava noko å bøta åt den andre. Og er det merkande, som ein rettvis mann har dømt millom oss. Men det trudde eg ei tid at vi ikkje kunde verta samde.» Bjørn sa det var sjølvsagt at dei skulde halda semja og det dei der hadde avtala. Tord sa: «Eg har havt den luten som tyktest mest verd, og no vil eg syna at eg vil vi skal semjast heilt. Eg vil bjoda deg vist hjå meg i vinter, og eg skal fagna deg vel; eg ventar òg at du vil taka ved bodet.» Tord brukte fagre ord um dette. Tordis sa: «Det vil eg syna at eg lét meg ikkje lett narra av denne tala. Gjev akt på det, Bjørn!» segjer ho, «at dess hålare Tord talar, dess svikfullare tenkjer han. Tru honom ikkje!» Då kjem Arngeir åt dei, og spør kva dei røder um. Tord segjer honom det. «For meg ser det slikt ut,» segjer Arngeir, «som den er betre ven som tel til dette, um dei då kunde verta meir samde enn fyrr, og eg vil telja Bjørn til å fara, og Tord vil nok halda det som han segjer.» Stod då mannen og kona kvar på sitt. Bjørn sa: «Eg har etla meg til å vera hjå far min, og mange vil tykkja dette er eit underlegt heimbod, etter alt det som segjest mannamillom.» Tord sa at Bjørn vilde ikkje vera honom tru, um han ikkje tok ved bodet. Og no lova Bjørn å vera der ei stund, men sa likevel at han vilde heftast hjå far sin fyrst. Tord reid heim og segjer Oddny kor han hadde fare um dagen, og sa at han no hadde fått greidt ærendet sitt som han vilde. «Kva for eit ærend?» segjer ho. Han segjer at han hadde bode Bjørn dit, og det hadde han gjort til bot for det han hadde forbrote mot henne, sa han. «Det trur eg,» segjer ho, «at no lyg du, um du kann det.» Tord segjer: «Ikkje er ein eid alle sin (33).» Dermed endar dei samtala.


12. BJØRN PÅ HITARNES. VISEKVEDINGA TEK TIL

No budde Bjørn seg til vist hjå Tord og fór til Hitarnes med tri gangande griper: tvo hestar og ein hund. Han reid på den eine hesten og hadde den andre i tog. Godset sitt lét han vera att i Holm. Tord tok vel imot honom og gav honom sess næst seg, og bad einkom mennene sine at dei skulde gå vel imillom dei når det galdt, og dei lova godt um det, men dei fleste tykte det var underlegt at Bjørn skulde vera der. Det lid no likevel ei stund som det ser ut til det skal gå godt med dei. Det er sagt at ein gong fyrstnads på vinteren kjem Tord åt Oddny og spør korleis det fell seg med dei arbeidom som skal gjerast; «det er mangt å gjera no,» segjer han, «og det kunde trengast at alle var til noko gagn.» Der ligg ei øy i Hitarå, som var rik både på selvær og eggvær, og der var slåttar og sæde (34) òg. «No lyt karar og kvinnor fara og skryfta korn,» segjer han; «men du lyt vera heime, for sauen vil verta reken heim i dag, og du lyt freista å mjølka um du ikkje er van med det arbeidet.» Ho sa: «Då ser eg ein lugom (35) mann til å moka kvea; det skal du gjera.» «Rang er du i munnen no,» segjer Tord; «eg har meir arbeid for buet vårt eg enn du!» og sinnet tok han, so han slo henne på kinnet med høgre handa si. Bjørn var ikkje langt undan og høyrde kva dei rødde, og kvad ei vise:

Kvinna den kloke
bed sveinen den kvite (36)
ganga og kvea moka.
Den ringull(37)-prydde
er ikkje ranglåti.
Lokk (38) den nyte (39),
ho som Øykyndel heiter,
byd meg ut meg skunda.

Tord gjekk til arbeidet sitt, men Oddny mjølka ikkje søyone; heller ikkje moka Tord kvea. Men ikkje tykte Tord godt um visa som Bjørn kvad; likevel var det no kyrt for det fyrste.

Noko seinare er det sagt at Tord kom inn og såg at Bjørn tala ved kvinnone. Det var um kvelden og Bjørn garta ved dei. Tord kvad dette:

Ut skal du ganga!
Ilt tykkjest meg
ståket du held
med tenestkvinnor.
Du sit um kveldan’
når inn vi er komne
jamgod meg.
Ut skal du ganga.

Bjørn sa: «Du vil enno hava same bragehåtten (40) som fyrr,» og kvad ei vise imot:

Her vil eg sitja
og høgt vel kveda;
skjemta vel
med din kvinnehop.
Ikkje skal det
til last oss leggjast.
Eg er heil i hug;
her vil eg sitja.

Lite seinare hende det ein gong um kvelden at Tord kom inn og gjekk stilt, for han vilde vita kva det gjekk fyre seg. Han høyrde mannamål og tyktest vita at Bjørn og Oddny røddest ved, og han lydde etter um han kunde høyra pratet deira. Bjørn vart òg vár det og segjer åt Oddny at Tord lydde etter kva dei rødde. Ho vart harm yver det og gjekk burt og drog ein tung sukk, men Bjørn kvad ei vise:

Øykyndel sukkar.
Ordsæl ho vil
noko meg segja.
— Breksam (41) brud har beste rødor —
Men liten svein (42)
løynsk i løynde krå
til Jardar (43) ord lyder,
og set seg fjerr (44).

Tord likar ikkje kvedinga hans Bjørn, men likevel er det kyrt no, og kvar tenkjer på sitt.

Det var ein kveld dei var i stova, og Tord set Oddny på fanget sitt og er blid mot henne. Han vil vita korleis Bjørn tek det; han kysser ho og lèt ei vise fylgja:

Hugsa vil Bjørn
at ringberaren,
den ljuvlege kvinna,
or hendom glatt
hans Hitdølakappi.
Den rake tolla (45)
eg skulde eiga.
Den gleda den arge ikkje fær.

«So var det,» segjer Bjørn, «at eg laut lata dette giftarmålet gå frå meg, men der har hendt det i skiftet millom oss som eg ventar du seint vil gløyma,» og kvad ei vise:

Støtt hugse du, Tord!
den gong flokken din møtte
min utmed Trælaøyr,
og frå rikdom stor
udrenglegt (46) de gjekk.
Um godt du kved,
vart du tidt
liggjand under.

Ikkje var langt å bia fyrr han kvad:

Hugsa kann du, litle svein,
då i leitet eg fann deg,
og skrevande du flaug,
so fort du orka;
skjelvande i kneom
den ilt kunnande rann,
snau for alt anna
enn redsla.

Og endå tykkjer ikkje Bjørn han hadde gjeve fullnok svar på det, at Tord minte honom um sakene dei hadde havt med kvarandre, og at han gjorde seg til av di kona hadde falle honom til, so Bjørn hadde lote sleppa ho, og kvad enn ei vise:

Hemnt tel eg dette
at du gjekk å eiga
— di æra er minkande, Tord! —
denne fagre kvinna.
Då på Oddaøyr
lågt under bakken
i hallet du låg
og gøymde deg for meg, sæling!

No er det kyrt med dette, og båe tykkjer no det har vorte verre enn fyrr. Ein gong kvad Bjørn denne visa:

Såg du, svein den kvite,
snøydd for gods og lukke
— eg fyrr i strid har vore —
i Solundom (47),
då knarr og gods
eg frå deg rana.
Skarven si løn
for gråleiken (48) fekk.

Som von var lika ikkje Tord visa, og det rauk no sundt med venskapen millom dei. Ein kveld var det sagt at Bjørn sat hjå Oddny, og legg det attåt det andre at han kvad ei vise til Tord, der han gjet på at kona hans kunde føda ein son, som vart honom (49) lik.

No vert det for det fyrste stans med kvedinga deira, og dei eigast ikkje med einannan (50).


13. HUND OG HESTAR

Ein kveld, er det sagt, gav Tord seg i tale med Oddny: «Det segjer du meg du og mange andre at Bjørn er ein god dreng, men i sume måtar tykkjer eg ikkje det. Han set hunden sin jamgod med oss ved bordet; men eg har ikkje havt med hundar å gjera fyrr, og han vil nok missa hugen på det um maten vert skift.» Ho segjer: «Vil du freista det og sjå korleis det gjeng?» «Lat oss gjera so,» segjer han; «no skal det vera ein brødleiv og suvl åt kvar mann, og so fær vi sjå um han gjev hunden av det.» «So er det det òg,» segjer Tord, «at der er tvo hestar her i vinter, og han lokkar huskarane mine til å gjeva dei, og det er liten manns ferd å lokka dei til å gjeva fôr åt hestom.» Men då det no vart gjort brøyte med matstellet, då gav ikkje Bjørn hunden mindre enn fyrr, og soleis fekk Tord og Bjørn mindre mat, og tenestefolka truga på den andre sida med å stryka derifrå for maten si skuld. Det gjekk ikkje mange mål dette, fyrr Tord rødde um det ved Oddny og sa at han iddest ikkje svelta lenger for skuld hunden hans Bjørn; «det duger ikkje dette,» segjer han, og dei laut til att med det gamle matstellet. No vart so gjort; då lika tenestfolka seg godt, men Bjørn let som han ikkje visste noko. Tord rødde ofte ved Oddny um dette, kor han tykte Bjørn var utakksam og hard under alt det som barst til. Og ein gong då dei rødde um dette kvad Tord ei vise:

Sekstan tenarar, kvinne!
Hugen var einn,
kvar levde
som sjølv han vilde,
til ufredsmannen,
den stormodige
støkk i dei sette.
Kjeklet frå buet vårt kverve!

Der var dei alle um vinteren og var lite samtykte, og det var viljen hennar Oddny mykje imot. Tord hadde fyrst lova Bjørn at han skulde senda hestane hans til hagen på Hitarnes eller lata dei få fôr heime, og Bjørn hadde helst vilja at dei skulde senda dei burt, men tida leid og det vart ikkje gjort. Kalv illviti kom åt Hitarnes og spurde korleis Tord lika vintergjesten, eller um det var han som volde at det gjekk med meir av den gjødsla enga hans enn hestane hans åt; gjekk dei sidan stad og såg på høyet, og tykte det var ille medfare. Tord lika det ille og segjer åt Oddny at Bjørn hadde kjøpt huskarane til å trø høyet hans i lorten og spilla det. Ho segjer at Bjørn kunde ikkje ha gjort det og ha skuld i det at hestane hans vart fôra annanstad enn andre hestar; «men sjå åt du, um du held vel alt det du har lova honom!» Etter dette lét Tord hestane hans Bjørn fara ut på Hitarnes, og der fekk dei god hamn, og Tord slutta då med å klaga på hestane hans Bjørn, og det er no kyrt å kalla ei stund.


14. SLUTT PÅ VINTERVISTEN

Det er sagt at Tord og Bjørn sat på ein benk ein kveld, og det vart strid millom dei. Då kvad Tord ei vise til Bjørn:

Ut skal du ganga.
Du selde oss mjøl
raudt på lét.
Du sa det var rug;
men straks det vart
med vatn blanda
var det berre oske.
Ut skal du ganga.

Bjørn kvad imot:

Kyrr vil eg sitja.
Kom eg i haust;
gamalt feitt
har til fulls eg betalt.
Ein feld (51) du gav meg
med fagert ragg,
ovleg vel sliten.
Kyrr vil eg sitja.

Det synte seg at Tord tykte han hadde store utlegg og ikkje fekk godt i staden. Bjørn hadde òg slikt å segja imot, for han tykte at Tord hadde bode honom heim til seg med grumme ord, men halde dei som ein gnikar, og at det berre var vondt verdt, og båe var då verre nøgde enn fyrr. Tord og Oddny og tenestkvinna som drog av dei klæda sov alle i eit utbur um vinteren. Det var ein kveld at Oddny kom seint til kvelds og Tord gav henne ikkje rom i senga, men ho steig yver sengstokken og vilde inn under sengklæda åt honom, men dit fekk ho ikkje koma og laut difor sitja uppe. Då kvad Bjørn ei vise:

So rekkjer seg Ull (52)
spjotslyngjaren
i senga all,
med’ valkyrja sit
i sengjehyrna
og hukrar og frys.
Eg priser kvinna
og hennar lagnad.

Oddny bad dei at dei ikkje skulde kveda um ho, og sa at dette var ikkje hennar ord. No slutta dei og talast ikkje ved resten av vinteren til det vart sumar. Oddny hadde sagt åt Bjørn um vinteren, at han skulde få ei av dei døttrom ho hadde med Tord, i staden for henne som var etla honom og som han ikkje hadde fått. Og ein kveld minte Bjørn henne um dette, og sette møyane på fanget sitt og kvad denne visa:

Systrar tvo med ære
og mor deira blid
— enn trur eg hennar ord —
er bragesmeden (53) tekke (54).
Enn meir dei er meg
i staden for kona.
Kvinna stundom lovar eg,
som von kann vera.

Og no då det lid til sumar, etlar Bjørn å flytja derifrå. Det er sagt at då Bjørn var buen til å fara or visten, då gav han Oddny den kappa han hadde fått av Tord, og tala dei då vel åt einannan. Og då han var fullbuen, reid han til utburet der Tord var inne og Kalv illviti med honom; han var nyst komen der. Bjørn segjer Tord at han var buen til å fara og at han etlar flytja or visten. Tord sa at han tykte det var vel, og betre um det hadde vore fyrr. Bjørn sa at det hadde han skyna for lenge sidan. «No har det gjenge den vegen,» segjer han, . . . . . . . . . .

(Her er det eit brot i soga; det vantar eit eller tvo blad i manuskriptom, som ikkje har vore finnande. Av det som etter kjem ser vi at Bjørn er flutt, og at han har vorte gift).


15. SELBITSVISA

No er fyrst um det å segja, at Tord Kolbeinsson ransaka strendene sine. Han kom ein stad der det låg ein sel i ein våk; sjøen var undanfallen, og det var berre is umkring, so selen kunde ikkje koma seg ut. Tord kom til å tenkja på, at um han skulde gå heim etter våpen, so vilde sjøen nå inn fyrr han kom att, og då vilde han ikkje få selen. Det vilde han ikkje, og so rådde han seg til og fekk drepe selen. Men han for ille ved det, for selen beit honom i låret, og det vart til mein for honom. Tord kom heim og lét gjera selen upp, men var meint på å løyna bitet. Men det fekk han ikkje gjort, for han hadde fått eit ilt sår og det gjekk so at han laut til sengs. Bjørn var då på garden sin på Vellir (55); det var ikkje langt undan, og det spurdest dit, og det vart tala mykje um kva det var som vanta Tord. Og då kvad Bjørn ei vise:

Skattgøymaren ligg heime
— folk spør kva som bilar —
Sår fekk feitt-etaren
av ein vesal sel.
Men då bylgjone ut
um skjera fell,
den kvasse styggen (56) med
i leira hoppar.

Tord spør dette og høyrer visa kvedi; han tykkjer ikkje godt um ho, men at ho er på den gjerda som Bjørn plar bruka. Han svarar ikkje på ho, og lèt det vera kyrt.


16. KALVBERGINGSVISA

No er um det å segja, at Torgeir, huskaren hans Bjørn, tala åt honom ein kveld, og sa at det var nok ikkje so mykje høy som det trongst åt nautom som han skulde stella, og bad Bjørn gå stad og sjå på fôret, um han meinte det kunde rekka. Bjørn gjer som han bed um; dei kjem åt fjosom, og Torgeir gjekk fyrst, for han var best kjend der. Ei ku hadde bore ein kalv, og Torgeir fall yver kalven som låg på fjosgolvet. Han gav vondord frå seg, men Bjørn bad honom kasta kalven upp i båsen, men Torgeir sa han tykte det var best for ein slik skjelm å liggja lågt, og vilde ikkje taka han. Då tok Bjørn kalven upp frå golvet og kasta han upp i båsen. Sidan fór dei heim, og Torgeir fortel venom sine dette, at Bjørn tok kalven frå golvet og kasta han upp i båsen, «men eg vilde ikkje.» Det var gjester der då, og dei høyrde det Torgeir sa. Og ikkje lenge etter kom dei same mennene til Hitarnes til Tord og fortalde honom dette. Han segjer at Bjørn hadde so mange både kvinnfolk og karar der til å sjå etter slikt, so han var ikkje nøydd um å berga kyr sjølv, og kvad ei vise:

Kvi skulde du
kry i di kappe
støtt meg for
såret mitt snikka?
Visst har selen meg bite.
Men du, skjoldristar, — fy for skam! —
under kurumpa greip
den lortute kalven.

Det tyktest folk rådlegt at den visa vart lite utbori; men visa vart likevel ikkje burtkasta, og ho kom for øyrom på Bjørn, og han tykte so ille um ho so han vilde ikkje lata det sitja på seg. Han reid til Hitarnes um sumaren med 60 mann og stemnde Tord for visa, som han meinte lova gav honom rett til. Men venene åt dei båe sa at ikkje skulde denne saka berast fram til tings; dei skulde heller gjera forlik i heradet. Men det vart det ikkje høve til; Tord vilde ikkje gjera forlik fyrr på tinget. På tinget vart dei forlikte; Tord skal betala eit hundrad i sylv for visa. Og Bjørn bad i lagretten, at den av dei som kvad noko um den andre so han høyrde på det, han skulde falla rettlaus, og det gjekk dei med på dei som skulde avgjera saka, for dei tykte det vart større von då at dei ikkje skulde sulka kvarandre. Fór dei då heim etter dette, og no var det kyrt å kalla.


17. NIDSTONGA

Det er no gjete, at der fanst noko som var reist ved hamnemerket hans Tord, som ikkje tyktest sett der for venskaps skuld. Det var tvo karar, og den eine hadde blå hatt på hovudet; dei stod og lutte seg framyver, og den eine snudde seg etter den andre. Det tyktest vera eit ilt møte, og folk sa at det var ikkje godt for nokon av dei som stod der, men verst for den som stod fremst. Då kvad Bjørn ei vise (57).

Tord tykte det var ilt og neisande at det var reist nidstong på grunnen hans, og gav Bjørn skulda for det, og han tykte ikkje det vart likare av visa hans Bjørn, og um våren etter reid han no med 60 mann til Bjørn og stemnde han til altinget for nidreising og vise. Endå rødde venene deira um at dei skulde gjera forlik med einannan heime, heller enn å føra ei so stygg sak fram for altinget. Men Bjørn vilde ikkje det, og dei kjem til tinget og gjorde der forlik i saka, og Bjørn laut betala 3 merker sylv for nidreising og vise. Fer dei då heim og er no forlikte å kalla, og er det no kyrt i tvo vintrar, som det ikkje er nokor fråsegn um.


18. STRID MED TVO AUSTMENN

Den tridje sumaren ved altingstid kom det eit skip åt Øyrom, og på det var der tvo frendar av Tord, vikverske menn og brør; den eine heitte Ottar, den andre Øyvind. Dei var skylde Tord på farssida hans. Dei var båe svære stridsmenn. Dei sende bod åt Tord at han skulde koma og møta dei; dei hadde spurt at han hadde vyrdelegt hushald og tenkte få seg vist der. Då Tord spør dette, rid han sud på Øyrane og fagnar frendane sine og byd dei til seg. Dei fer heim med honom. Det hadde ikkje vorte rødt so lite um stridane millom Tord og Bjørn so ikkje desse mennene skulde ha høyrt um det fyrr, og det gjekk det ordet at Tord som tidast hadde vore taparen. Det lika dei ille, for dei var ovhugsmenn (58), og sa dei kunde sjå at Bjørn var ikkje so mykje til kar som det var sagt at ingen kunde stå på mål med honom, og dei eggjar Tord til å ikkje slå seg til tols med det slikt det var. Folk frå heradet fer ofte ut på Snæfellsnes etter fiskefengd eller anna som er å få kjøpt der. No bar det so til at Bjørn fór åt Stranda til Saksakvål til Arnor mågen sin for å kjøpa fisk; vart han der vel fagna. Torhild, farsyster hans Bjørn, røder ved han soleis: «Det er nok so, Bjørn!» segjer ho, «at du er mykje til kar, og det veit du nok sjølv; kann vera du tykkjer eg er for fri til å tala. Eg tykkjer ikkje det er rådlegt at du fer med berre ein mann med deg, so sakut (59) som du er. Der er menn komne til heradet som ikkje plar finna seg i tilskoren lut, og dei veit at Tord ofte har vore den tapande mot deg; kann henda at dei vil retta på det. Eg har ein son her som heiter Torfinn; honom byd eg deg til fylgd (60), endå han har det godt nok heime. No er eg glad for du kjem hit, men meir glad vilde eg vera likevel um du kom med 11 mann som var jamsterke med Torfinn, sonen min, eller fleire òg; dei skulde alle verta vel fagna, og mindre trong du då skunda deg for uvenene dine si skuld.» Bjørn sa: «Du skal ha takk for tilbodet og godviljen din, og eg vil taka imot det bodet at Torfinn skal vera med meg paa ferda, men eg veit ikkje um det er naudsynt å fara fjølment (61). Bjørn er der tri næter i god fagning.

Tord Kolbeinsson spør at Bjørn ikkje er heime og at han var faren ut til Saksakvål. No tek han seg eit ærend ut på Stranda og fer med 11 mann ut åt Beruvikraun (62). Ottar og Øyvind, frendane hans, var med på ferda. Og då dei er komne dit, då segjer Tord dei, kva meininga var med ferda: at han etlar sitja der for Bjørn (63); han sa at han var ventande utantil Saksakvål, og han etla taka livet hans, sa han. Frendane hans svara og sa det var umannslegt for 12 menn å sitja for tvo; dei vilde ikkje ha fare heimanfrå med honom um dei hadde visst dette, sa dei; men dei baud Tord det valet å sitja for Bjørn med 2 mann, eller òg vil dei tvo, brørne, sitja for honom. «No meiner vi tvo, at um Bjørn er ein dugande stridsmann, so er dette likevel godt nok, for vi kann ikkje tru fylgjessveinen hans er so mykje til kar som ein av oss tvo; men 12 mann sterke vil vi ikkje sitja for honom.» Tord sa: «Lat oss tala um ferda, når vi har røynt um ikkje dette mannskapet kunde trengast mot Bjørn, men eg ser både at de er gode karar og at de tykkjer det sjølve òg. Og når eg berre har det valet som de sa no, då skal de sitja for honom, og vi skal rida herifrå.» Det vil dei. Tord vik no undan, so han vart ikkje med, då brørne sat for Bjørn, men tykte det kunde gå vonoms betre.

No er å segja um Bjørn at han bur seg til å fara frå Arnor, mågen sin. Då kom husfrøya (64) og sa: «Det er mitt råd,» segjer ho, «at Bjørn skal ikkje fara herifrå mindre enn 12 mann sterk inn yver Beruvikraun, for eg har drøymt at Tord vil sitja for deg der, for han er sløg.» «Det gjer han nok ikkje,» segjer Bjørn, «vil han gjera det, gjer han det nok nærare garden sin.» Bjørn rid no, og dei fer tri saman frå garden. Straks etter dei var farne, då sa Torhild åt Arnor, bonden sin: «Kjem Bjøm til skade i dag,» segjer ho, «då skal ikkje vi tvo liggja i ei seng i kveld.» Og då ho tek det so hardt, då fer Arnor heimanfrå med 8 mann og kjem etter dei ved raunet. Bjørn fagna honom vel og sa: «Brått reid du etter meg no, måg!» «Det kjem seg av di,» segjer han, «at eg tykkjer du var sein til å beda meg, og no vil eg bjoda meg sjølv.» «Kann vera det,» segjer Bjørn. Dei stig no av og leider hestane yver raunet, for dei hadde mykje føring med seg. Bjørn og Arnor fór fyrst. Bjørn hadde krokaspjot i handa og hjelm på hovudet, sverd ved beltet og skjold ved sida, og Arnor tvari (65) hadde sverd i handa og heldt det upp åt aksla og hadde belte um livet. Dei gjekk raungata. Brørne ser at det fer fleire menn her enn dei venta Bjørn skulde ha med seg, og dei tykte det vart ei skrøpeleg ferd um det ikkje var han og dei laut ha seg undan. No biar dei, og det ber no brått til so dei veit ikkje ordet av fyrr Bjørn kjem åt dei. Øyvind var den eldste av brørne, og han sette på Bjørn og hogg til honom med ei breidøks; ho råka hjelmen og sveiv nedyver, og hyrna skar skjoldreima og Bjørn vart såra i bringa og på den eine foten, men det vart ikkje stort sår nokonstad. Ottar hogg til Arnor i hovudet og hogg av honom øyra og noko av kinnbeinet, men hogget stogga mot sverdet, som han bar um aksla. Bjørn kasta skjoldet frå seg på raunet og hogg til Øyvind, og det vart banehogg, og fall dei der båe brørne. Då kvad Bjørn ei vise:

Målug (66) konesmeikjar
som med øykjom annast
— i strid eg lenge var —
veit ikkje vel
kor brynjeserken brest.
— Sverdegg beit lemar i sund —
Matslukar traudt
til einvig (67) vil møta.

Mågane bind no såra sine og kasar (68) so brørne der i raunet og lyser dei etter lova uhelga for åtak og fyresåt. Men Tord Kolbeinsson var ikkje langt derifrå og visste kva hendt var, men tykte seg ikkje før til å gå på dei når dei var so mange; fór han då heim og hadde ikkje noko med denne åtburden å gjera. Han vart spurd då han kom heim, kor langt han hadde kome, og Tord kvad ei vise til svar:

Tolv kvesste vi, kvinne,
dei blodtyrste våpna
i Beruraunet.
Men tvist oss tviskifte.
— Fyrr snøgt i grjotet eg steig —
Eg såg den ovlåtne
ovgildt budd.
Holdar (69) vilde hardingen (70) taka.

Og endå kvad Tord ei anna vise:

Sverdguden veit eg
um Bjørn segjer
ei anna soga enn um meg.
Tvo menn han no att
har drepe.
Den nyte tykkjer sjølv
han er nøytug.
Togn oss betre tykkjest.

Arnor fór no heim og vart god att av sårom sine. Bjørn fór òg heim no, og hadde med seg nokre fleire menn enn han hadde havt heimanfrå. Og ein dag gjorde Bjørn denne visa:

Det vil eg Tord skal fretta,
— det unner eg honom
som undan veik
lengs havet sud —
at tvo menn fall
der vi andre møttest.
I dag gav eg ramnen føde.

Bjørn vart snart god att av sårom sine, og var det no kyrt etter dette. Det vart ikkje no gjort noko ettermål etter brørom. Tord lét dei føra til kyrkja.


19. TORSTEIN KALVSSON GJER SVIKRÅD MOT BJØRN OG VERT DREPEN

So vil folk segja at Kalv illviti budde nokre vintrar i Raundal som fyrr er sagt, men deretter lét Bjørn honom få Holm til leige; Bjørn sjølv og far hans budde då på Vellir. Ovanfor Vellir er Grettesbøle; i klufta der var Grette(71) den vinteren han var hjå Bjørn; sjølv budde Bjørn på Vellir. Dei la seg ofte til sums ned etter åa og vart kalla jamsterke. På Vellir lét Bjørn byggja ei kyrkje og helga henne med Gud til Tomas apostel, og um honom gjorde Bjørn ei god dråpa. So segjer Runolv Dagsson (72). Det var difyre Bjørn hadde flutt buet sitt frå Holm, at han tykte seg ikkje før til å hava tvo hushald, som han fyrst hadde havt nokre vintrar etter han hadde teke buet åt far sin; men no hadde han fått so mykje krøter so han kunde halda bu tvo stader, og no var han og kona hans på Holm, men Arngeir med si kona på Vellir. Ikkje hadde det vore god venskap millom Bjørn og Kalv fyrr, då Kalv var på ferder med Tord og i råd med honom og han tykte han var med på vonde råd mot seg; men no vart det venskap, då han og sonen hans budde ein mann som heitte Eid og hadde tvo søner.

No er det å fortelja at Kalv illviti kjøpte seg land i Selådal vestanfor Hitardalsheia. Der er tvo gardar å kalla; den andre heiter Hurdarbak; der budde ein mann som heitte Eid og hadde tvo søner med kona si: den eine heitte Tord, den andre Torvald. Det var på same tunet som garden hans Kalv i Selådal. Hausten etter at Kalv hadde flutt buet sitt frå Holm vest i Selådal gjorde Torstein, son hans Kalv, ei ferd sud yver heia og kom til Hitarnes til Tord og vart vel motteken der, og Torstein segjer honom ærendet sitt, at han vil kjøpa ei kløv med selkjøt. Tord sa: «Kvi lèt ikkje Bjørn, venen dykkar, dykk få slikt som de treng, når de har vore venene hans?» Torstein sa: «Han har ikkje veideskap (73) til det.» Tord sa: «Kjenner du vel venskapen hans åt dykk? Eg minnest at han lyste til ei sak for gods mot dykk på altinget i sumar, og no etlar han skulda dykk for tjuvgods, so de veit ikkje ordet av fyrr han fær dom på dykk, og då vil han etla åt seg sjølv det landet som de bur på, og han vil gjera seg godt av å eiga land vestanfor heia, som han fyrr har det austanfor og sunnanfor.» Torstein sa, han hadde ikkje spurt det. «Det har seg so,» segjer Tord, «at de er menn som ikkje tenkjer djupt; de har det meir i munnen enn i vitet, og de veit ikkje ordet av fyrr han har spela frå dykk alt de eig. Veit de ikkje korleis det gjekk med Dålk, frenden dykkar? Og endå vil de ha med Bjørn å gjera. Men Dålk og eg vart samde um at det var ille med millomværet dykkar, og vi vilde få gjort det av med honom fyrr han fekk dom på dykk. Men du ser meg ut til at du kann hogga stort, og du kann makta mykje, og det vilde vera ei lukke for deg og eit karsverk, um du fekk livet av honom og vart snøggare enn han, og sidan vilde du nok få hjelp av mektuge menn.» Torstein trudde på dette. Tord sa han skulde få det som han hadde kome etter og som han bad um, «og eg vil ikkje ha anna for det enn venskap, for når du fer heim, skal du fyrst koma innum Holm og segja at du skal koma sidan og henta gjeldfeet. Men seg ikkje noko til far din um dette, når du kjem heim.»

Torstein fer no derifrå med fengda si og gjorde som Tord baud; han kom til Holm og segjer Bjørn at han skal koma sidan og sjå etter sauom som han og far hans hadde ått der. Sidan fór Torstein heim og gav far sin fengda han hadde med seg. Og ikkje lenge etter fór han sud um heia og kom til Holm um kvelden, medan mennene sat ved elden. Torstein kakka på døra, og Bjørn gjekk ut og helsa honom og baud honom vera der. Han lest som han skulde fara lenger, ned til Husafell, til Dålk frenden sin, og bad Bjørn fylgja honom på vegen, «og vi skal laga det so at eg kann få tak i sauene mine i morgon og jaga dei heim». Bjørn gjeng no med honom utor garden og tyktest finna at han rødde um eitt og tenkte på noko anna, og at han skifte lét mykje. Då dei kom til raunet, segjer Bjørn at han vil snu heimatt. Torstein hadde ei boløks i handa, med langt skaft og ho såg ut til å vera kvass, men sjølv var han lettklædd. Det kom Bjørn i hug at han hadde vore hjå Tord fyrr han fór vestyver. Han såg Torstein skifte lét og fekk mistanke um han kunde vera flugumann (74); han drog seg noko attende frå honom og gav honom høve. Torstein synte brått kva han var meint på; han lyfte øksa og vilde setja ho i hovudet på Bjørn; men Bjørn snart undan hogget — for det var dette han hadde venta — og tok Torstein um livet og lyfte han upp åt bringa si, so han slepte øksa, og ho datt ned, og so køyrde Bjørn han yverende og med slik makt so han ingi von kunde få, og tek han um barken (75) og kverker han til han er daud, og brukte ikkje våpen på han. Deretter kasa Bjørn han der i raunet og gjekk då heim. Huskarane hans spurde, kor han og Torstein hadde skilst. Han kvad ei vise:

Um sonen hans Kalv eg veit,
på raude Klivsjorvi (76)
eg livet hans tok.
For strid eg ’kje kvidde.
Men ikkje med våpen
eg drap han.
Eit fall vart
mannsens bane.

Bjørn sov natta til endes, men um morgonen stod han upp og fór straks med huskarom sine til den staden der han hadde kasa Torstein, og nemnde upp vitne og lyste han ugild etter lovom. Sidan reid Bjørn vest yver heia til Kalv og baud honom bøter for sonen sin, ikkje fyre di han var skuldig til det, men for venskapen deira og fyre di dei hadde butt på landet hans og hadde havt pengereidor ihop. «Men eg veit,» segjer Bjørn, «at det var etter råd frå Tord at Torstein gjorde åtak på meg.» Kalv sa han vilde taka bøter um han fekk sjølvdøme, men ikkje elles. Bjørn sa at Kalv heldt ingen måte når han kravde han skulde bøta ein ugild mann. Reid han so burt. Bjørn hadde no drepe tri menn for Tord og gjort dei alle ugilde etter lov og rett.


20. GRÅMAGAFLIM OG KOLLUVISOR

Um våren fór Bjørn stad og skulde reka gjeldsauene sine nedantil Vellir og upp etter dalen på den sida der Husafellsgarden er. Han hadde huskarar med seg og såg kolrøyk i skogen og høyrde mannamål. Dei lydde etter det som vart sagt. Torkjell Dålksson og huskaren hans rødde um striden millom Tord og Bjørn og um den kvedinga dei auste ut mot einannan på mange slags måtar. Huskaren held helst med Bjørn, men Torkjell med Tord. Det hadde gått slik med dei, at dei tretta um kven av dei som hadde kvede mest hædelegt um den andre. Men då hadde Bjørn nyst fyrr gjort ein flim (77) um Tord, som hadde vorte kjent av nokre menn som hadde høyrt det. Han hadde til emne det, at Arnora, mor hans Tord, hadde ete den fisken som han kalla gråmaga og som han lest hadde vorte funnen i fjøra, og av di hadde ho vorte havande (78) med Tord, som soleis ikkje var retteleg komen av menneske i båe ætter. Men dette stend i flimen:

1.
Fisk gjekk på land
med flod i sand,
rognkelse (79) lik,
var i holdet sleip.
Ulvemor einhaga
åt gråmaga
meinblanda ræ(80).
Mangt er ilt i sæ (81).

2.
(Dette verset er ikkje heilt; men det fortel at «brura»
vart fremmeleg av den ufyselege fisken ho hadde ete.)

3.
Svein kom i ljos (82).
Sagt hadde dros
åt riking gilde
at ho ala (83) vilde.
Ho tykte ho såg
hundungen der han låg,
som ei reddhuga geit
i augo hennar leit (84).

No segjer huskaren at han tykte det gjekk gale for Tord både med kvedskapen og alt anna, og han sa at han aldri hadde høyrt noko so fælt som Gråmagaflimen som Bjørn hadde laga um Tord. Torkjell sa, at Kolluvisone (85) som Tord hadde laga um Bjørn var endå mykje hådlegare. Huskaren sa han aldri hadde høyrt dei; «men kann du dei visone?» «Det er ikkje utor von at eg kunde, men eg er ikkje huga på å kveda dei, og det er forbode og, for so er sagt, at han skal falla uheilag (86) han som kved dei so Bjørn høyrer det, og det er gagnlaust um han ikkje høyrer det.» «Visst kann du gjera det,» segjer huskaren; «eg er mykje forviten og no kann ikkje Bjørn høyra det.» Dei kjeklar lenge um dette; Torkjell dreg seg undan, men huskaren gjev seg ikkje; han sa det var ikkje mange som ansa det forbodet no. Til sist lét Torkjell seg eggja og kvad visone. Då løyp Bjørn fram åt dei, og sa at dei kunde ha anna å gjera enn kveda Kolluvisor; «eller kjem du ikkje i hug,» segjer han, «at den skulde falla uheilag som kvad visa? Eller vilde du ikkje akta på det?» Torkjell sa han meinte han hadde stade og lydt, «og det er ikkje høvelegt for deg,» segjer han, «men endå trur eg ikkje du er slik ein konge yver andre, at du ikkje vil lata folk gå i fred for deg»; slikt vilde han ikkje tru, sa han. Bjørn sa: «Ikkje er eg konge yver andre, um eg ikkje er det yver deg,» og gav honom banehogg. Men huskaren fór heim og sa Dålk tidenda. Hau harmast mykje for sonen sin og heldt det lite trulegt at han kunde få bøter, men fyrr hadde han etla halda seg utanfyre sakom millom Tord og Bjørn. No fer Bjørn heim og har mange menn med seg fyrste tida etter dråpet. Dålk fer åt Tord Kolbeinsson og segjer honom um dråpet og korleis det hadde bore til, og Tord tykte han hadde mykje av skulda for det og gav Dålk ei pengebot og tok på seg saka mot Bjørn um det ikkje skulde koma til forlik, men Dålk skulde fylgja Tord med ettermålet det han kunde. Våren etter freistar Dålk å få forlik med Bjørn; han svarar vel og nektar ikkje å bøta. Men etter det bur Tord seg til å leggja sak mot Bjørn til tinget. Og då folk kjem til tings, då vil Tord halda fram dråpssak, men Bjørn fann vern i saka og bar då fram den verna, at det hadde vore sagt at den skulde falla uheilag som kvad visa so han høyrde det, og han sa han hadde høyrt då Torkjell kvad, og difyre hadde han rett til å drepa han, sa han. Og verna vart godteken, og saka vart spillt for Tord.


21. KOLLE DEN PRUDE

Det hadde bore so til um sumaren då Kolle den prude var ung, at Bjørn kom til leidartinget (87), og guten som var det venaste mannsemnet og nokre vintrar gamal, sprang umkring der. Bjørn spurde kven guten var son til, og ein mann svara honom at han var son hans Tord Kolbeinsson og heitte Kolle. Bjørn kvad ei vise:

Såg eg hjå runnen
der rann (88) ein gut,
øgjeleg i augom,
meg var han lik.
Fiendar av gullet (89)
segjer meg for visst:
det barnet kjenner ikkje
sin eigen far.

Farsnamnet hans Kolle vart ikkje bytt, endå Bjørn ridomtil tala i visom sine um kven han meinte var den rette.


22. SKOGGANGSMENN

Ein vinter, var det sagt, hadde Bjørn nokre skoggangsmenn hjå seg og lét dei gjera eit virke (90) umkring garden sin. Men Tord la sak imot Bjørn fordi han berga skoggangsmenn, og tenkte um han ikkje no skulde få uppreisning for det at Bjørn hadde spillt saka for honom; han meinte han skulde ha meir lukke med seg no. Bjørn tok på seg ansvaret for dei på altinget, og sa at Tord hadde rett og hadde sagt sant denne gongen; han sa han vilde ikkje setja seg imot lova i denne saka og han vilde betala bot for det. Dei vart her forlikte um det, og Bjørn betala det som vart på han lagt.

Noko etter bar det so til at Tord Kolbeinsson berga tvo skoggangsmenn og gav dei vist (91) i Raundal hjå Steinolv som var gift med Torhalla Gudbrandsdotter. Bjørn spurde dette; han reid heimantil og til sætra hans Steinolv, og i Grjotådal råka han den mannen som budde der og som Eirik heitte, og gav honom kniv og belte um han vilde segja honom når skoggangsmennene som var hjå Steinolv skulde fara til skips. Han lova honom det og vakta på det. Tord etla å få dei utor landet og gje dei noko gods med; han tykte det var best å løysa dei frå seg slik. Og det hadde Bjørn spurt at det var soleis tiletla. No lid det til den tida dei skal fara til skipet; dei bur seg um kvelden og fer um natta. Då Eirik vart vâr det, rid han upp til Holm og segjer det åt Bjørn; men han gjorde seg straks reide og reid etter dei; leida deira bar utetter yver Hitarå. Bjørn rid hardt etter og råkar dei då um natta, fyrr dei kjem yver åa. Og stutt å segja so drap Bjørn dei båe, og drog dei sidan under ein klett og kasa dei. Godset dei hadde havt med seg tok han med heim. Tord åtte hestane dei fór med. Og sist på natta rid Bjørn heimantil og har hestane med seg. Han kom til Hitarnes so tidleg at folk ikkje var uppe endå; der slepte Bjørn hestane som skoggangsmennene hadde havt; sidan råka han Tord og sa: «Eg har det å segja deg at eg har drepe skoggangsmennene dine som du har teke under med. Men mislikar du det, er det råd å stå upp og hemna dei.» Tord sa: «Med rette kann du heita kappi (92),» segjer han. Bjørn sa: «Kva skal eg ha i namnefeste?» Tord sa han kunde ha det godset han tok frå skoggangsmennom. Dei skilst no denne gongen, og Bjørn rid heim, men det ordet kjem utyver at det ikkje hadde vorte Tord til ære dette, og det gjekk tungt innpå han.


23. HESTETING OG SKJEMT

No er um det å segja, at Bjørn og Tord heldt hesteting (93) ein gong hjå Fagraskog, og dei kjem der fyrr ålmugen i heradet hadde samla seg. Då vart Tord beden um å finna på nokor skjemt og sa ikkje nei til det. Det tok til med det at han kvad dei visone som han kalla Daggeislevisor (94). Dei hadde han laga um Tordis, kona hans Bjørn, men henne sjølv kalla han jamt Landaljomi (95). Bjørn lydde godt på skjemtet, men folk trong ikkje beda han um å setja skjemt imot, og då Tord hadde slutta tek Bjørn til med dei visone som han kalla Øykyndelsvisone. Då det vart slutt, spurde Tord sønene sine, Arnor og Kolle, korleis dei lika dette skjemtet. Arnor sa: «Visst likar eg det ille, og slikt er det ikkje fred med.» Kolle sa: «Det tykkjer ikkje eg; eg tykkjer det er jamn skuring; det eine kvedet kjem mot det andre.» No er det kyrt, og heradsfolket kjem og har slik moro som etla var, og det er ikkje gjete at det vart noko meir nytt. Det er no som fyrr at Tord lika seg ikkje betre etter det.

Endå ein gong er det gjete dei hadde gjort avtale um ei moro og hesteslåsting, og Bjørn gjekk hardt på og dreiv fram den eine hesten og hadde ein diger hestestav i handa. Tord sat på hesteryggen og reid frammed mannringen og såg på slåstinga. Men då Tord var mest inn åt ringen komen, stakk han til Bjørn med spjotet som han hadde i handa og råka honom i herdabladet. Bjørn snudde seg snøgt og sveivde staven og dreiv til Tord under øyra so han datt av hesteryggen; men då var det ikkje råd til å få gjort meir, for menn laup imillom og skilde dei. Det er ikkje gjete anna enn dei lét det gå med dette, og det er no kyrt ei rid.


24. FLUGUMENN

Nokre vintrar etter kjem tvo brør frå Hornstrendom til gjesting til Tord på Hitarnes og var der um natta, og um morgonen bed dei Tord um hjelp og segjer honom kva det var um å gjera med dei. Tord segjer: «Eg skal gjera det på eitt vilkår.» Det var tidleg um våren. Beine heitte den eine, den andre Hogne. Dei spør kva vilkåret var. «De vil ikkje tykkja anna enn det kann lata seg gjera,» segjer Tord. «Eg skal gjeva dykk eit hundrad i sylv for at de skal sitja etter livet hans Bjørn og bera åt meg hovudet hans; eg skal gjeva dykk eit halvt hundrad no, og det andre halve når de kjem att.» Dette kjøpet gjekk dei med på. Tord lova dei hjelpa si attpå. Dei sa dei gruva seg ikkje for å gå på Bjørn når dei fekk høve til det. No fer dei upp i dalen og kjem til Holm til Bjørn um kvelden, då feet var på stølen. Dei råka Tordis, kona hans Bjørn, ved døra og spurde kor Bjørn var; dei sa dei hadde ærend åt honom. Ho sa dei kor han var; han hadde gått i hagen (96), sa ho. Då ho kom inn segjer ho åt Tordis (97), mor hans Bjørn, um pratet deira som var komne. Ho sa ho trudde det kunde vera flugumenn. Då Kolbein, heimemannen hans Bjørn, høyrde dette, då tok han skjoldet og sverdet hans Bjørn og laup med det dit som han visste Bjørn var, og han kom fyrr dei andre, for han var meir kunnig um stuttaste vegen, og gjev Bjørn våpna og segjer honom at han tenkte det kunde vera flugumenn som vilde koma og finna han. Bjørn takka honom for det og gjekk sidan til sauhuset med våpnom sine og inn i huset. Det ser dei og fer dit. Og då dei kjem til huset og tenkjer på kva veg dei skal søkja han, då laup Bjørn brått ut åt deim då dei minst venta det og treiv dei båe med hendom. Der var stort skil på styrken, og det gjekk annarleis enn dei hadde meint. Han batt hendene på dei båe bak på ryggen og lét føtene vera lause og bar ikkje jarn på dei; so stakk han øksane deira under banda på ryggen og bed dei fara og syna seg for Tord. Sylvet tok han frå dei og gav det til Kolbein. Dei fer sin kos og tykkjer dei har gjort ei skamferd, og slik tilbudde kjem dei til Hitarnes. Tord sa han hadde ikkje betre karahjelp um dei var der, og jaga dei burt.


25. FYRESÅT

Ei kone heitte Torbjørg. Ho baud Bjørn heim åt seg for venskaps skuld, og Bjørn tek imot bodet og er der i tri næter og vert vel fagna. Men den siste natta lét han ille i svevnen, og då han vaknar, spør husfrøya honom kva han drøymde, eller kva det var som volde at han lét so ille då han sov. Han segjer: «Eg tykte seks menn sette på meg, og eg tykte eg fekk bruk for hendene mine; kann vera at du har høyrt meg då.» «Det er greidt å skyna,» segjer Torbjørg; «det er mannafylgjor som har illhug mot deg, og eg vil at du ikkje skal fara herifrå fyrr vi fær spurt at ingen meinkar ferda eller sit fyre deg; eller òg skal du fara ein annan veg enn du fór hit, um han er noko lenger. For dei som vil møta deg, vil gjæta på den vegen som er stuttaste og som ålmannveg er.» «So skal eg gjera,» segjer han; «eg skal fara ein annan veg.» No bur han seg til heimferd og takkar henne for god fagning fyrr dei skilst. Men då han kom or garden vil han fara den stuttaste gata; han fer ei rid og ser menn fyre seg ved nokre sauhus. Han tyktest vita at det laut vera Tord og menn med honom; han tyktest sjå 6 menn. Bjørn budde seg til å verja seg um det trongst. Han var i blå kappe og med belte utanpå, og so drog han sverdet. Han hadde eit spjot i handa, og det sender han i vegen straks han kom i skotmål ved dei; det råka ein mann som heitte Stein Gudbrandsson og stod igjenom honom, og han fekk straks bane. Då laup ein mann som heitte Torbjørn mot Bjørn, millom honom og Tord; men Bjørn vart den snøggaste der og råka honom i skallen; det vart eit lite sår. Sidan hogg Bjørn til Tord; men han tok det klokaste rådet, han lét seg falla undan hogget og fekk berre ei liti rift av det. Og då han stod upp gjorde dei ikkje noko åtak på Bjørn meir. Dei skilst med dette, og dei fer no heim kvar til sitt.


26. ENDÅ EI FYRESÅT

Syster hans Bjørn budde på Knarrarnes, og um vinteren fór han dit og var der tri næter, og kvar natt drøymde han det som tyktest honom verdt. Ho spurde fyrr dei skildest kva fyre honom hadde kome. Han kvad denne visa:

Draum drøymde eg no,
gullprydde kvinne!
Øgjelege eggjar
vil på bragesmeden kjenna.
Båe hender i blod,
og Mæring, mi eiga,
i hendom raudna.
Sverd braut sunder.

Tord hadde spurt um ferda hans Bjørn, og fer i vegen hans med 9 menn og sit fyre honom ved Hitarå. Bjørn fer heimleides og ser menn fyre seg ved åa og tykkjer no det gjekk etter synet han hadde havt og at det laut vera Tord. Han bur seg til å møta dei rett som den fyrre gongen, og vil endå taka imot dei um yvermakta er stor. Men då han kom åt dei, søkjer dei mot honom frå alle leider, og han fær ikkje livt seg, og dei fær sår på han, og han ser han kann ikkje greida seg på slik vis. Då laup han ut i åa og sumde yver med våpnom sine; skjoldet hadde han på ryggen. Der var ein austmann med Tord; han skaut eit spjot etter Bjørn og det råka skjoldet hans. Og då Bjørn kom upp av åa, skaut Kolbein, son hans Tord, eit spjot yver åa mot Bjørn, og det kom i låret hans; men Bjørn tok spjotet og skaut det yver åa til dei; ein mann vart ute for det, og dot flaug igjenom honom og tok Kolbein Tordsson som sat attanfor honom, og dei fekk bane båe. Dermed vart dei skilde; Bjørn fer heim. Tordis, kona hans Bjørn, vart forfæld då ho såg kor blodut han var då han kom heim, og ho meinte at det hadde vorte mykje av det, men han sa det gjorde ikkje noko, og vart god att då det leid på litt. Tord lika seg storleg ille.


27. TORSTEIN KUGGESON OG JOLEFERDA HANS

Torstein Kuggeson heitte ein mann. Han budde i Ljårskogar. Han var ein rik mann, hadde mykje gods og var av god ætt og tyktest ikkje vera god å stå på mål med. Han var i mågskap med gjæve menn og gode drenger. Torfinna heitte kona hans og var næstsyskinbarn åt Tordis, kona hans Bjørn. Tord Kolbeinsson og Dålk gnog på Torstein um hjelp mot Bjørn; dei tykte det gjekk tungt for dei å få fram noko mot Bjørn. Men Torstein sa det høvde ikkje for honom no. «Eg vilde tykkja best um å fylgja saka mot Bjørn når de fekk ei ny sak mot honom, og det vil vera lett å få, for eg veit at mannen er ikkje vâr um å halda fred. Og då skal eg hjelpa dykk.» No tykte Tord det vart god von. Og fyre denne venskapslovnaden hans Torstein byd Dålk honom til joledrykkje hjå seg, og bed han koma so fjølment som han vilde. Dette var um våren fyre tinget. Men då folk kom frå tinget um sumaren, då vâra dei seg, og det minka mykje med møtom i heradet; folk vilde akta seg so ikkje Tord og Bjørn skulde råkast so mykje, og det er då kyrt no.

Vinteren etter, fyre jol, bur Torstein seg til ferd til joleveitsla hjå Dålk, og rid no ut på Stranda til Torgeir Steinsson frenden sin på Breidabolstad. Han rådde Torstein frå å fara sudpå, um han vilde fylgja rådet hans. Torstein vil ikkje anna enn fara, og fór med 12 menn. Torfinna kona hans, var med honom; ho var dotter hans Vermund or Vatnsfjord. Dei fór til Dunkadarstad på gjesting til Ossur, far hans Kalv, og dagen etter fer dei sud på Knappadalshei og gjesta seg på Havrstad i Knappadal. Der budde den mannen som heitte Havr. Um morgonen var der tvo leider; den eine yver Hellisdalshei — den gjeng av frå Klivsdal — og den leida fór dei: upp Hellisdal og ned Klivsdal; han ber beint imot Holm, garden hans Bjørn. Vêret var ilt, med stort snøfall. Seint på dagen kom dei ned til ein høystakk som Bjørn åtte, og som stod på berghallet; då var det stridt fok. Det var ein mann der som bar ut høy og gav hestom hans Bjørn. Dei helsast og spurde etter tidend. Då sa Torstein: «Vil du segja oss leida ned yver raunet?» Huskaren sa: «Ikkje trur eg at heimemennene hans Bjørn har venskap å løna deg for; det vil eg ikkje gjera.» Torstein sa: «Enn um du vert nøydd til å fara med oss, tykkjer du det er betre?» «Det kann de nok gjera,» segjer huskaren, «um de vil.» Vêret versna både med fok og frost; men huskaren vart burte for dei fyrr dei visste ordet av, og han fór heim og segjer Bjørn at han tykte han hadde sloppe utor ei leid knipe; han hadde råka Torstein Kuggeson med 12 menn, sa han, og dei vilde nøyda han til å syna dei leid. Bjørn sa: «Er Torstein so klok som han er hard og strid på sitt, då vil han koma hit i kveld og ikkje våga livet der han er no; men fer han tipp i dalen mot vêret og ned um raunet, um vatn og i ulende, då fer han ikkje vel. Lat oss tru at han kjem hit i kveld.» Torfinna reid, men dei andre gjekk, og dei var utkøyrde, for dei hadde fare vilt på heia um dagen, og dei ser at huskaren hadde vorte reint burte; dei rødest ved, kva råd dei då skal taka. Vêret vart berre verre og verre, og nattmyrkret kom yver dei. Torfinna sa: «Dersom det fell so mykje verre for dykk å halda fast på Bjørn enn på huskaren hans, som han er meir til kar, då blir ikke ferda dykkar sers god. Eg veit at Torstein har sett seg fast fyre å stå honom imot; men eg tykkjer det er rådlegt å vyrda skyldskapen med Tordis, næstsyskinbarnet mitt, og urådlegt å våga livet sitt her utanfor garden hans Bjørn. Og umannslegt òg; det står til honom kva han vil gjera. Lat oss heller fara dit, og søkjer vi han heime, då fagnar han oss vel; so god dreng er han.» Torstein var ovleg traud til å gå med på dette, men fór likevel. Og litt etter ser dei ein mann ved ein annan høystakk; det var Sigmund, huskaren hans Bjørn som var der. Torstein bad honom visa seg veg ned til Husafell. Han segjer: «Ikkje kann eg visa folk veg i fok og nattmyrker.» Han steig då til sist på ryggen av Kviting og reid fyre og fylgde Torfinna, og dei kjem til Hitarå; ho hadde vakse mykje, og dei vart våte i åa. Og då fekk Torstein nokon mistanke um leida, kva veg han tok han som reid fyre, og det var som han tenkte, at han fór den leida som bar heim åt Holm, og Bjørn hadde nærpå 30 stridføre menn hjå seg. Torstein og fylgjet hans vilde knapt ha funne fram til garden, for det var ikkje stutt veg. Garden stod under Holmsfjellet. Men heimemannen hans Bjørn reid fyre alt til gards. Og då dei kjem der og kakkar på døra, då sa Bjørn åt den huskaren som hadde vore med høystakken at han skulde gå ut og bjoda Torstein vera der, um han var komen. «Men eg gjet,» segjer Bjørn, «at han tykkjer det er ikkje du som råder, og at du har lite godt å fagna dei med, og folk vil segja at den fær beda som råder. Men då skal du segja at anten fær han lita seg med ditt bod eller fara burt att.» Han gjorde so som sagt var, og det gjekk som Bjørn gat, at Torstein sa han kunde ikkje taka imot bjodinga hans og bad den bjoda som rådde. Huskaren bad han taka dette bodet for godt eller fara burt. Torstein tok ved det; for han såg ikkje råd til å koma i hus, um dei fór derifrå. Då dei kom inn vart dei helsa og sidan vart bord nedtekne. Ikkje vart der gjort upp eld, og dei fekk ikkje skift um klæde, og dei var våte og frosne. Bjørn spør um tidender, reint likesælt og burt i vêret, men kvinnor gav Torfinna god fagning. Torstein gjekk med uro i seg, kva råd dei skulde taka, — um dei ikkje skulde fara burt um natta; han tykte det var utokke alt det som vart synt honom. Men Bjørn sa dei kunde ikkje få nokon mann til å fylgja dei i fok og nattmyrker; men den beinka han gjorde dei for ei natt var det uvandt å løna, sa han. Dei fekk feidar yver seg, for skorne deira var frosne, og dei kunde ikkje få dei av seg då der ikkje var gjort upp nokon eld, og det vart ikkje bode dei turre klæde. Dei fekk ost og skyr til kveldverd, for endå var ingi faste lovteki. Bjørn spurde Torstein: «Kva kallar dei slik kost i dykkar sveit? (98)» Han svara at dei kalla det ost og skyr. Bjørn sa: «Men vi kallar slik kost uvenefagnad.» Med natteberginga deira gjekk det slik, at sume fekk av seg brøkene og lét dei hanga um natta på golvet stivfrosne, og so la dei seg til å sova. Men um morgonen tidleg stod Bjørn upp og såg etter veret. Og då han kom inn, lét han att døra. Torstein spurde kva vêr det var. Bjørn sa det var godt vêr for rauste menn. Torstein kalla på ferdafylgjet sitt og bad dei bu seg, og dei gjorde so. Torfinna vart fylgd til sætes i stova. Men då Torstein kom ut, var det eit vêr som ikkje var farande. Han sa: «Ikkje er Bjørn vand um vêret for oss, og han veit ikkje kor lite vi er til karar.» Bjørn høyrde kva han sa; «olmosufolk kann nok endå koma til Husafell,» segjer han. Torstein vart harmare då han fekk slike fantord, og han fór ut i stova og råka Torfinna og ei anna kvinne som var der. Det var stilt der og vart lite tala; Bjørn var òg komen der. Det fylgde hard frost med vêret, men stundom var det klåre å sjå uppi himmelen. Då sa Bjørn: «No vil eg gjeva dykk det valet, at de er her til fjorde dag jol og de skal få all den fagning eg kann gjeva dykk, men dei fara burt som tykkjer det er betre. Men Torfinna lyt vera att her, og dei menn som har frøyst seg.» Torstein sa han vilde ikkje tyna mennene sine, og meinte det kunde vera so at dei ikkje fór nokon stad, og det vilde han velja, sa han. «Det er godt,» segjer Bjørn, «og no valde du det rådlegaste.» Då lét Bjørn gjera upp store eldar, og bad Torstein verma seg og turka klæda sine. Torfinna eggja Torstein til å taka imot av Bjørn alt det som var betre for honom no enn fyrr; «og heretter vil det ikkje bli spara på noko for oss. Men at han tok so snautt imot oss frå det fyrste fær vi taka tolugt, og de er slik laga båe tvo, at det samar seg best de held fred med einannan.» Torstein tektest no vel; han og ferdafylgjet hans sat ved vedeldane, og Bjørn var no lival. Då sa Bjørn: «No har det gått den vegen,» sa han, «at nauda dreiv dykk til å koma her; men eg var kald mot dykk den fyrste kvelden, for di eg meinte at de skulde ha anna å røda um i drykkja på Husafell enn at eg skulde bera fram fredshølingar for dykk. Men heretter skal eg fagna dykk som best eg kann.» Og no vart dei fagna på det beste, og der vart sunge (99) annan dag jol, og dei sat der 4 næter av jola, og tok vel imot det dei fekk, som det òg var verdt. Og då letna vêret, og Torstein sa dei skulde bu seg til å fara, og so gjorde dei. Bjørn sender bod etter stodhestom sine som var ved høystakken; for dei hadde vorte fôra med’ uveret stod på. Den hingsten var son åt Kviting; han var fullkvit av lét, men alle merrane var raude. Ein annan son åt Kviting var i Torarinsdal; den òg var kvit, men merrane svarte. No lèt Bjørn det eine stodet (100) leida fram til Torstein, og sa han vilde gjeva honom det. Torstein sa han vilde ikkje taka imot det slik som det no stod millom dei; «for eg er enno ikkje verd nokor gåve frå deg, og dersom eg ikkje løner deg denne beinen som eg no har teke imot av deg, då er det ingi von at eg løner deg um du legg meir til. Men løner eg beinen som du har fortent det, skal eg taka imot hestane og sjå til at dei endå vert lønte på rimeleg vis. Eg vil bjoda meg til å gjera upp saka millom deg og Tord, for ikkje kann det halda ved som det no er. Um det er ugilde menn du har drepe og det ikkje er imot lov og rett, so vil det bera ihop med dykk, um det ikkje vert midla i sakom. Og eg skal segja deg kva eg vil gjera. Du skal bøta noko gods for kvar av dei, um du òg bøter mindre enn dei vil, og det som skil millom dykk det skal eg bøta, og då vil dei tykkja dei har fått god vekt.» Bjørn sa: «Det som du gjer, vil eg gå med på, og eg legg alt i di hand.» «So vil eg òg taka på meg dette,» sa Torstein. Bjørn fylgde dei på vegen. Det var 4 hestar tilsaman som han gav Torstein.


28. PÅ HUSAFELL OG HITARNES

No kjem Torstein og fylgjet hans til Husafell, og der var mange gjestebodsfolk komne fyrr, og der var Tord Kolbeinsson, og det var ei god veitsle. Han tok vel imot Torstein, men ansa honom ikkje so mykje som han vilde ha gjort um han ikkje hadde vore gjest hjå Bjørn. Etter åttande dag jol fór Tord heim til Hitarnes, og Torstein og fylgjet hans med honom, og dei var då der det som att var av jola. Då jola var slutt spør Torstein Tord um han vil tru honom til å døma i saka millom honom og Bjørn, og sa at Bjørn hadde gått med på det. Tord sa han tykte det var eit bod som gav voner; «men eg tykte det var underlegt,» segjer han, «at du sat hjå Bjørn medan uvêret stod på.» Torstein sa det hadde vore meir urimelegt likevel å halda seg ute i det fæle vêret og få skade på liv og lemer både sjølv og mennene hans. Torstein hadde slege frampå åt Dålk um forliket fyrr han reid derifrå, og han var ikkje imot at Torstein skulde greida med det. No kjem han tidt og jamt til å tala med Tord um det, men han var i alle måtar tregare enn Dålk. Torstein meinte likevel, folk vilde segja dei hadde fått ein god skilsmann, um han tok det på seg, og han sa at venskapen millom honom og Bjørn var ung. Det kom til di, etter det Torstein la ut um saka, at Tord og dei alle gjekk med på det han sa.


29. FORLIKSMØTE

Det er sagt at forliksmøtet vart lagt til Raun. Det vart sendt bod etter Bjørn, og han kom med ein stor mannaflokk, og han var ute med mennom sine, men Tord og mennene hans var inne. Torstein gjekk der og freista få forlik. Og då dei hadde røddest ved ei stund og kome innpå forliket, såg det helst ut til at det skulde laga seg millom dei ved umsuta hans Torstein. Tord sa: «Enda er det noko som det ikkje er gjort greide med i forliket.» Torstein spør kva det kunde vera. «Vi har ikkje rødt um kvedinga millom meg og Bjørn. Vil eg no at vi skal kveda uppatt alle dei kvad som kvar av oss har gjort um kvarandre.» Torstein sa det var ikkje turvande. «Det har seg ikkje soleis,» segjer Tord; «eg vil vita kven som har gjort dei fleste kvede um den andre; eg tarv ikkje verta mishalden for Bjørn i dette.» Det gjekk no fram det som Tord bad um, at kvar av dei skulde føra fram alt det han hadde kvede um den andre, og det var berre sumt av det som det kunde vera moro å høyra på. Men det synte seg då at Bjørn hadde laga ei vise meir enn Tord. Han sa han vilde gjera ei vise imot, men Torstein sa han skulde ikkje det, og det sa mange andre òg. Bjørn svara og sa, han vilde ikkje det skulde verta fellt den domen at han gav honom lov til å laga visa. «Men vil du ikkje lata det vera,» segjer han, «då heft ikkje burt tida, og lat ikkje forbodne ord vera med i henne!» Men Torstein sa, at Tord og dei som var med honom vyrde honom ikkje meir i dette, enn at dei ikkje vilde halda det forliket som han hadde gjort, og han let seg som det no var nær på at han ikkje kunde ha noko med deira sak å gjera. Tord sa, han vilde ikkje spyrja etter um Bjørn gav lov til det eller ikkje, og kvad ei vise:

Bjørn tek brått når det morgnar
bråleg til ille råd,
van til med lippom å gripa,
tosken, kvart lastande ord.
Og ulideleg briskande,
frid på sin breide bak,
med dåmlaus tale han skal
sitja som vesalste mannen.

«Det kann de no høyra,» segjer Bjørn, «at den merra vil inkje forlik. Ikkje skal han endå ha kasta denne visa burt i vêret meir enn dei andre.» Og so kvad Bjørn denne visa:

Trett ikkje med, du er betre,
Tord! — ingi skuld vil eg stå i —
Vit fekk du aldri dusta,
trollkall, lat utan dygd!
Verre knapt eg har dikta
enn um deg, isbjor (101) — —
— — — — — — — —

Forliket er no gjort til inkjes, og dei fer frå tinget. Torstein fór til Hitarnes med Tord, og dvalde der ei liti stund. Og då han fór derifrå fekk han små gåvor av Tord, og Torstein tykkjer Tord har valde at det ikkje vart noko forlik, og venskapen deira hadde heller minka; han tykte han vyrde lite det han hadde gjort for honom i denne saka. Torstein fer til Holm til Bjørn, og er der ei stund. Og då han fór burt fylgjer Bjørn honom på vegen upp på Hitardalsheia; der etlar dei skiljast, men fyrst talast dei ved i trumål, og Bjørn sa då at han tykte han hadde vunne den beste luten i saka med Tord. «For eg vilde hava din dom,» sa han. «Men vi tvo har tala på å gjera venskap med einannan; eg er fullrådd på å halda det og vera din ven. Men vi har båe nokre saker på oss. No vil eg telja til det at den av oss som levde lengst, skulde hemna den andre, dersom han misser livet for våpen eller mannavald.» Torstein sa han tykte han i alle måtar hadde fått eit fullgodt bod, når han baud honom venskapen sin; «men lat oss lempa noko på det du segjer um hemn, for no veit folk betre enn fyrr kva dei skal gjera. Eg vil segja det so, at kvar av oss tvo skal krevja sjølvdøme etter den andre, anten utlegd eller godsbøter, men ikkje manndråp; det sømer seg best for kristne menn.» No gjorde dei fast avtale um dette, at kvar av dei skal hemna den andre eller taka ettermål etter honom, som dei vore samborne brør. No vart stodhestane leidde fram på nytt, og Torstein samtykte no å taka dei i alle tilfelle; men hestane skulde vera der dei var den vinteren og sumaren etter, og vart dei ikkje då henta, skulde Bjørn senda dei vestetter um hausten. Bjørn gav Torfinna ein gullring og ein gudveftkyrtel, som kong Olav hadde gjeve Tord Kolbeinsson og som han lét yver til Bjørn etter ranet i Brennøyom. Og no skilst dei som gode vener og fer heim kvar til sitt.

Litt etter fekk Bjørn augneverk, og det varde ei rid og vart honom til mein, men det batna likevel då det leid på. Det gjorde honom likevel mykje skade, for han var sidan noko veikøygd og såg ikkje so godt som fyrr. Men med Bjørn og Tord tykte folk det halla mykje på ein meid i alle vedskifte, og Tord og dei mennene som heldt med honom lika seg storleg ille. Men millom Bjørn og Torstein Kuggeson er det no vorte stor venskap.


30. DEI LEGG RÅD MOT BJØRN

No lid vinteren og sumaren, og det er kyrt å kalla millom dei. Den hausten fór Torfinn Tvarason (102) ut på neset til far sin, og dei var 15 i alt, og han hadde Mæring, sverdet hans Bjørn; men Bjørn hadde våpna hans. Bjørn var heime og hadde få menn; sume av huskarom hans var farne til rettargarden (103) i Langavatnsdal, og sume annan veg. Tord og Kalv sat fjølment på Hitarnes, og det visste ikkje Bjørn; dei etla å brenna Bjørn inne, um dei fekk høve til det. Arngeir karl (104) fór heimantil og etla seg til Knarrarnes på vitjing åt skyldfolket sitt og tok um morgonen med seg våpna hans Bjørn, dei som heime var; men Bjørn var gjengen åt hestom sine. Arngeir fór vill, og visste ikkje av seg fyrr han kom til f joset hans Tord på Hitarnes; der råka han nautmannen, og han synte honom straks burt. Men der var kvinnor i fjoset då, og dei kunde ikkje tegja med koma hans Arngeir, då dei kom inn. Og då Tord og Kalv og Dålk blir vár med at det var fått med folk heime hjå Bjørn, då røder dei um tiltak. Og i den stunda hadde Tord laga denne visa:

Alle ramme vætte
som dag og natt skapa,
— rett og skil — dei atgeirs (105)
gudar bed eg,
at ørna den blodige
yver hovudet hans Bjørn
raud måtte standa.
Sverdgalder (106) enn eg valda.

Og no eggjar Kalv mykje til at dei skal drepa Bjørn, um dei kann, og sa at han lenge hadde vore buen til å gå på Bjørn, då han var meir med makt enn no. Dålk held det òg for sjølvsagt å nøyta dette høvet no, då han har so få menn; han sa det hadde falle tungt for dei å strida med Bjørn, og tykte det var på tid dei fekk fritt seg for ofsen hans, um det kunde rettast, og han sa at det var skyldnaden hans Tord å stå fyre og skipa det til, «og for oss andre å fylgja deg.» No tek dei det rådet at Kalv fer til Hurdarbak etter sonom hans Eid, Torvald og Tord, og gjev dei bod frå Tord Kolbeinsson og segjer dei kva dei etla seg til. Dei gjer seg reide straks og fer med Kalv, og det ber so til med ferda deira at dei kjem til å fara over Torarindalså i Hitardal. Der ved åa råka dei ei av heimekonom hans Bjørn som skulde fara ut åt Vellir. Dei spurde henne um tidende frå Holm, kva folk der dreiv på med og kor mange menn der var heime hjå Bjørn. Ho var ikkje spar på ordom og sa dei mangt; ho sa der var tri menn heime attåt Bjørn, men dei var i skogen då og hogg ved. No skilst dei frå henne og fer so fort dei kann til Tord og Dålk, og dei bur seg straks til å fara mot Bjørn. Dei var 24 menn på ferda, og Kolle, son hans Tord, var med. Dei fer um kvelden under raunet og held nattverd der, og fer sidan um natta dei vegane som ligg frå Vellir upp i dalen, til dei kjem på Holms grunn. Då talast dei ved, og Tord skipa det til korleis dei skal fara for å nå Bjørn. No gjer dei òg den faste avtala, at dersom dei fekk fellt Bjørn og der skulde verta teke bøter etter honom, då skulde dei alle vera skuldige å betala det, Tord fyrst og fremst og Dålk og Kalv, kven av dei som vart banemannen hans. Den dagen skal det vera retter (107) i Torarinsdal og andre i øvre Hitardal.


31. TILSKIPINGA

Etter dette deler Tord dei, og då det vart morgon lét han Kalv fara etter den vegen som ber til Vellir og som dei hadde ride um natta. Han var 6 mann sterk, og dei sit då fyre Bjørn, um ferda hans skulde bera dit. Men Eidssønene Tord og Torvald og Kolle Tordsson skulde sitja på den vegen som ber til Kvitingshjall (108), um han skulde koma dit; for der hadde dei hestane som Bjørn hadde gjeve Torstein hagen sin, og Bjørn fór ofte dit og såg til dei, og den hagen vart etter Kviting den eldre kalla Kvitingshjalle. Men Dålk frå Husafell skal sitja på den vegen som ligg til fjellom austanfor vatnet og gjæta der, for dei heldt det ikkje urimelegt at Bjørn kunde fara upp i dalen til retterne, når det var so lite menn heime. Tord skulde sitja på den vegen som ber frå Holm og ned til Husafell. Tord tykte det var rimelegt at Bjørn kunde koma til ei av rettom, og helst at han kunde koma i Torarinsdal, for derifrå var fleste sauene hans Bjørn ventande, og Tord sat då fyre der, um han skulde fara dit. Der var 6 mann i kvar fyresåt. Men dei tok vare på alle vegar, for di dei tyktest vita at Bjørn vilde fara på ein av dei, og dei vilde ikkje koma til Holm fyrr det var visst at han ikkje var heiman faren, um det skulde ganga so; dei tykte nok det kunde bli vandt for dei å søkja han. No skilst dei og fer kvar på den vegen som var dei tiletla til å sitja fyre Bjørn.


32. STRID OG FALL

Um Bjørn er det sagt at han var tidleg på fotom og fekk seg mat; men Sigmund huskaren hans var faren upp i dalen. Bjørn tykte ille um at dei gjekk frå huset når han hadde so mange uvener og aldri kunde vita kva stund han turvte mannahjelp. Han var noko rukkut i augnebrunom, og sa åt Tordis kona si at han vilde fara til Kvitingshjall og skjera måna på hestom hans Torstein fyrr han sende dei vestetter; men han hadde havt vonde draumar um natta, sa han, og visste ikkje vel, kva dei kunde bera bod um. Ho sa: «Det vilde eg at du ikkje skulde fara frå huset i dag, og du er uvâr um deg, medan uvenene dine sit umkring deg. Men kva drøymde du?» «Ikkje lèt eg draumar råda for ferdom mine,» segjer han. «Ikkje vilde eg at du skulde fara frå huset, men at du skulde vera so vâr um deg som du kunde; det har aldri vore spillt for nokon. Men eg ottast for at svevnferdene dine har røynt deg ille. Seg meg kva det var som barst fyre deg?» Bjørn kvad ei vise:

Under det er, um ikkje,
framvise diser meg varar.
Tidt vaker drengen lenge;
furdelegt varsel har eg frett.
Di at Ilm (109) den armprydde
or kvar ein draum
heim åt seg
hjelmklædd byd skalden.

«Dette har eg ofte drøymt,» sa han, «og mest no i natt.» Ho talde han ifrå å fara frå huset, men han lét seg ikkje telja frå det. Dei huskarane som var heime fór i skogen for å hogga ved, og Bjørn var einaste vaksne mannen. No bur han seg til å fara åt hestom og har ei stor manskjære (110) i beltet og hatt på hovudet og skjold ved sida; sverdet som Torfinn Tvarason åtte hadde han i handa. Bjørn var stor på vokster og ven, freknut, raudskjeggut, høg i skrevet, matt i augom og den beste stridsmannen. Ein 15 aars gamal svein (111) fór med honom. Og då dei gjekk ut or tunet kvad Bjørn ei vise:

Ut gjeng eg med lid (112) lite,
lite for hermakt meg aktar.
Sverd mitt og skjolden kvit
smykkemyrdaren (113) fylgjer.
Alen fyrr eg for ein mann
yver Myrane støkk,
skal hjaltevonden (114)
or handa mi rjuka.

Dei fór den vegen som ber til Kvitingshjalle, men dei lyt fara yver Hitarå, eit lite stykke frå der ho renn utor vatnet. Då dei har fare ei rid, då ser sveinen seks menn fara imot dei frå høystakken ved Kvitingshjall. Bjørn spør sveinen um han ser hestane pa hjallet; han sa dei var lette å sjå, slik lét dei hadde. Han sa at han såg hestane, og han såg 6 menn òg, som kom farande imot dei. Då kvad Bjørn endå ei vise:

Tvo er vi, men vi var,
Våpneirar (115) vord, vel fleire
— ofte var skald under skjold —
i ulvejolom.
Enn kom den rauste um haust
med drengjelid vestan.
Liten var ikkje
flokken hans då.

Bjørn hadde god kyrtel og hadde hosor på seg, og um foten sin hadde han vira den silkereima som han hadde bytt med kong Olav den heilage. Han drog sverdet som Torfinn Tvarason åtte; «låkt sverd har her ein god dreng,» segjer han. Kalv ser dei straks der han var komen; han held etter dei og segjer: «No er det større von, at lukka skifter og gjev seg med oss. Dei tykte dei hadde fått meg i fåre sett, men eg trur at no skal eg veida den Bjørn som vi alle vilde veida.» «Stutt er vegen deira hit no, Bjørn!» segjer sveinen; «for no fer dei hardt.» Bjørn svarar: «Dess lettare vil det vera for oss å taka hestane, når det er fleir til hjelp.» Sveinen sa: «Det kann ikkje vera fredelege folk dette; dei har våpen alle. Og endå ser eg fleire menn, for sume kjem etter oss attantil, og dei har våpen dei òg.» «Du skal ikkje gjera for mykje av det,» segjer Bjørn; «kann vera det er rettamenn (116).» Sveinen sa: «Eg ser endå fleire menn, og dei fer frå Holm; det er berre eitt råd for oss: å snu til Klivsdal og sidan fara Hellisdal og forda oss undan.» Bjørn sa: «Ikkje har eg enno vore elt hertildags, og det skal eg ikkje no heller; eg vil ikkje snu attende. Lat oss fara etter Klivsand til Klivsjørvi; eg vilde gjerne fara til den store Gråsteinen, um vi kunde koma oss dit.» «Ikkje kann eg skyna,» segjer sveinen, «korleis vi skal få gjort det; for menn søkjer mot oss frå alle leider, og eg ser vel at dei er 6 ihop kvar stad, um òg sume har lenger til oss enn andre, og eg ser no i alt ikkje færre enn 24 menn.» Bjørn spør: «Korleis er dei, dei mennene som er oss næst?» Sveinen segjer det, og Bjørn tyktest kjenna Kalv på det han sa. Kalv var ein stor og svart mann, og var ikkje langt attanfor dei, då Kolle og Eidssønene kom mot dei framantil. Dålk og dei som fylgjer honom kjem frå Holm, og er lengst undan. Bjørn sa åt sveinen: «Gakk no upp i hjallet etter hestom, du; eg vil bia her; det nyttar ikkje å fara lenger.» No sette Bjørn seg ned, og sveinen gjekk for å taka hestane, og vilde vikja dei ned åt honom, men kunde ikkje, for då hadde alt striden deira teke til. Dei som fyrst kom mot Bjørn var Kalv med 6 menn, og Kolle og med honom Eidssønene; dei var òg 6. Torvald Eidsson skyt spjotet sitt mot Bjørn, straks han kann nå til. Bjørn tok spjotet i lufta og sende det attende til eigaren; det råka Torvald på midten og han fall daud til jorda. Dei hadde kome seg imillom honom og Gråsteinen, so Bjørn kom seg ikkje dit upp. Tord vilde hemna bror sin og gav Bjørn eit stort hogg, men Bjørn heldt skjoldet so handleggen hans var i handtaket; hogget kom på skjoldet og vart so hardt so handleggen hans Bjørn brotna og skjoldet datt ned. Då treiv Bjørn skjoldsporden med den andre handa og rak han i hovudet på Tord so han straks fekk bane av det. Men sume segjer at han stakk til honom med soksa, og at det vart banen hans. Kolle søkte hardt inn på Bjørn utan stans, mest meir enn nokon annan, um vi ikkje kann segja for visst kva sår han gav honom. Kalv sa at no kom det ut på eitt um han feilte nokre menn, og at no skulde han ikkje sleppa undan; «det vantar oss ikkje menn no,» segjer han. Sume sa at dei skulde slå ring um Bjørn og vakta på han at han ikkje kom seg burt nokon stad, og bia på Tord Kolbeinsson so han fekk fella han til slutt. Medan dei røddest ved um dette, då løyste Bjørn manskjæra av beltet sitt; ho var nykvest då han fór heimantil, og både stor og kvass. No kom Dålk til med 6 menn og vil straks søkja mot Bjørn, for han var ein raust kar og tykte han hadde ikkje liten grunn til einvig med Bjørn, når han hadde sonen sin å hemna. Men Bjørn lyfter sverdet hans Torfinn som han hadde havt med seg heimanfrå, og høgg til Dålk i foten so hardt at foten brotna, men det beit ikkje, og Dålk vart ufør til strid, og vart flutt undan der det ingen fåre var for honom. Dinæst kom Tord Kolbeinsson. Og då Bjørn såg han, då sa han: «Sein til slikt møte, litle svein!» «Han skal likevel stå deg nær no i dag,» segjer Tord, «og hogga deg klækishogg (117).» «Dei er dei einaste du kann hogga,» segjer Bjørn, «so lenge du lever.» Tord hadde mistala seg; han vilde ha sagt at han skulde hogga honom klåmhogg (117) den dagen. Bjørn grip no skjæra, — for han veit at sverdet duger ikkje — og løyp mot Tord og etlar å køyra skjæra i han. Tord veik undan, men ein av huskarom hans som heitte Grim vart fyre hogget og fekk straks bane. I det belet hogg Kalv til Bjørn og gav honom eit stort sår, og no fall Bjørn so han stod på kneom og varde seg med skjæra med stort hugpryde (118), for han var den mest heilhuga mannen, som han ofte hadde synt prov for, og gav dei som søkte mot honom mange sår. Dei sette no hardt på han, og ingen meir enn Kolle. Bjørn sa: «Hardt søkjer du meg i dag, Kolle!» «Ikkje veit eg kvifor eg skulde spara deg,» segjer han. «So er det óg,» segjer Bjørn; «mor di kann ha lagt på deg dette, at du skulde gjera meg hardaste åtgonga; men eg tykkjest sjå at dei har gjort deg betre kunnig um anna enn um di eigi ætt.» Kolle segjer: «Ikkje tykkjer eg du har sagt meg det for tidleg, um eg har nokon skyldnad på meg mot deg.» Og straks gjeng Kolle ifrå og held upp med åtaket. Bjørn varde seg svært lenge med skjæra, soleis at han stod på kneom, og alle undra seg på at ein mann som var mest våpenlaus kunde verja seg slik når so mange sette på han, og dei tyktest endå alle ha nok å gjera, dei som kom honom næst. No er det sagt at Tord hogg til Bjørn og skar av honom ballane, og då fall Bjørn. Tord vil endå ikkje slutta med å hogga, og høgg hovudet av Bjørn med eit anna hogg, og gjeng millom bulen og hovudet, og då kvad Tord ei vise:

Det laugst’kje — snar i snarleik
eggjane beit den suggen
som sunnanfor heia meg neiste (119)
eg ikkje hugpryde åtte —
at eg banen hans sku’ verta.
Myrdaren rana eg.
Sverd for sanne sak
den øvde stridsmannen beit.

Tord tok hovudet hans Bjørn og batt det på sâlreimane sine og lét det hanga der ved sâlen sin. Kalv vilde at dei skulde fara til Holm og lysa dråpet der, og at dei skulde føra med seg åt dei halskjeda som Bjørn hadde havt på seg. Dålk svarar og segjer det vilde vera uskyldt og eggjande; han sa det sømde seg betre å bjoda frendom hans Bjørn uppreising etter dette verket heller enn å auka vanæra deira. Tord sa inkje noko til dette. Kalv reid straks frå vigvollen. Og då dei reid burt og var komne ned yver Klivsand, då flaug der nokre ramnar mot dei, og då gjorde Tord denne visa:

Kor stemner de, ramnar,
hardt i flokken den svarte?
Fer stad og mat dykk leitar
mot nord frå Klivsanden.
Der ligg Bjørn, men um hår hans
blodgagler (120) stodo.
Litt lenger upp på Kvitings-
hjalle seig han, den hjelmklædde fura (121).


33. ETTER DRÅPET. ODDNY

No kjem dei til Holm, og Kalv gjeng inn i dyngja (122) der Tordis, kona hans Bjørn, var inne, og segjer henne dråpet hans Bjørn, «og her,» segjer han, «kann du taka imot kjeda han hadde på seg.» Ho tok imot kjeda og spurde um Tord var der. Kalv sa han var komen der. «Honom vil eg hitta likevel,» segjer ho; ho gjeng ut or dyngja, og dit som Tord var, og kastar åt honom kjeda og bad honom føra ho til Oddny, kona si, til minnegåve. Sidan reid dei nedetter dalen og kom til Husafell, og der gav Dålk seg att, men Tord reid til Vellir. Arngrim, far hans Bjørn, var heimkomen. Tord segjer tidendene både åt honom og kona hans. Ho var ute og tvo hovudet på eit barn. Tord løyste hovudet hans Bjørn frå sâlreimom og kasta det burtåt Tordis, mor hans Bjørn, og bad henne sjå etter um ho kjende hovudet, og sa det trong ikkje mindre vask dette enn det ho tvo fyrr. Då sa ho: «Eg kjenner hovudet,» segjer ho, «og du kjenner det nok du òg; di at for dette same hovudet gjekk du ofte redd medan det fylgde bulen. Far no, og før det til Oddny! Og betre vil ho tykkja um dette enn um det litle og vesale som dinglar på halsen din.» Tord lika ille det ho sa; han let hovudet hans Bjørn liggja att og rid heim til Hitarnes; han segjer det som var hendt og gjev Oddny kjeda som Bjørn hadde ått. Men då ho såg kjeda, seig ho attyver og visste ikkje av seg, og då dånerida slepte henne, då hadde ho fått stor vanhelse og uhug på livet. Tord freista på mange slags vis å hugga henne og var god mot henne; men det vart so ille med henne, so ho fekk store pinslor av det, og hardast tok det henne fyrste vinteren etter. Det ho tykte best roa henne var å sitja på hesteryggen, medan Tord leidde hesten att og fram, og det gjorde han fordi det tyktest honom vera eit stort mein, og han vilde freista å hugga henne. Og um dette kvad han:

Mødesamt mang ein dag
leider eg hesten min
under fagert prydde Frid (123).
Det gjeng ikkje fljott (124).
Ikkje mjuk for den sjuke er ferda;
diat Lokk (125) har for verk
ikkje ro. Ei reid (126) full av sut
det for stridsmannen (127) er.

So utforkomen tykte Tord han vart for kona si av dei mein som lagdest på ho, at folk segjer han då heller vilde ha valt at Bjørn skulde fått ha livet, um det hadde vore råd til det og han kunde få slik elsk av kona si som fyrr, og det tyktest honom ei stor ulukke som hadde kome yver dei alle tri. Ho tærdest av og turkast burt, og rødde mest aldri sidan, men levde likevel mykje lenge i dette skrøpelege tilstandet. Frendane hans Bjørn lét henta liket hans, og det vart jorda på Vellir ved den kyrkja som han hadde late byggja for apostelen Tomas, og der vart han nedlagd med klædom og reima, som fyrr er sagt (128).


34. ETTERMÅLET

No fer denne tidenda, dråpet hans Bjørn, vidt um landet, og Åsgrim bror hans spør det aust på Rangvellir, og han fer då vest i Ljårskogar åt Torstein Kuggeson, og tek han på seg saka for Arngeir karl, og Torstein og Åsgrim og venene hans Bjørn bur ho til um våren til altinget. Men då Åsgrim fór frå Torstein um vinteren, då fer han til Holm og tek vare på buet som Bjørn hadde ått, og fór derifrå um våren for å bu saka til med Torstein, og dei kom ovleg fjølmente til tings, og det gjorde Tord og dei som vilde gjeva honom hjelp òg. So er sagt, at då dei var til tings komne, sender Tord løynlegt menn til Åsgrim med det ærendet å bjoda honom eit sømelegt bod og at dei skulde møtast no um natta, og han sa at han unnte honom den største æra av saka, og det var ikkje meir enn skyldnaden hans, for Åsgrim hadde aldri vore imot honom då han og Bjørn låg i strid. Åsgrim er ikkje van med å ha med saker å gjera og møter Tord um natta. Han helsar blidlegt på Åsgrim, og dei røddest ved um mangt. Tord var ordhag og hål til å tala og tér honom kor mykje han var nøydd til dette verket; segjer honom mangt og mykje frå dei millomværom han hadde havt med Bjørn, korleis han lenge hadde lide skade for Bjørn, og endå no i siste møtet deira hadde Bjørn drepe 3 menn og 4 hadde vorte skamfarne; «og der er 12 menn,» segjer Tord, «som der ikkje er gjort forlik um: Ottar og Øyvind, Torstein Kalvsson, Torkjell Dålksson, tvo skoggangsmenn, Stein Gudbrandsson, den åttande ein austmann, den niande Kolbein son min, Torvald og Tord Eidssøner, den tolvte Grim huskaren min, og Dålk er vorten skamfaren, og vi vart alle noko såra. Men eg skal bøta deg bror din med 300 i sylv, for eg unner deg godt.» Åsgrim lyder på fyreteljingane hans Tord og gjeng med på detta, og sylvet vert betalt honom: han tek imot det, og alt vert gjort i ei snøggvending. Og det var lett å sjå kva det var som gjorde dei forlikte: fyreteljingane hans Tord og bråskapen hans Åsgrim. Torfinn Tvarason vart ikkje vâr noko fyrr Åsgrim tok imot sylvet, og då gjekk han ut or bua og burt til Torstein Kuggeson, og sa honom at Åsgrim hadde nok late seg narra i løynd av Tord til eitkvart forlik; for han heldt på å rekna sylv, sa han. Torstein sa at dette laut vera reint for mykje til bråskap og det var ikkje greidt å hjelpa slike folk som var so einrådige, «men endå er det ikkje visst kor mykje Tord vinn med dette.» Det var ingen som hadde venta dette, at Åsgrim ikkje skulde samråda seg med nokon, ikkje eingong med Torstein, som var sambunden med honom i saka. Det var det som volde at Torstein og Åsgrim stod for ettermålet etter Bjørn, at den rette saksøkjaren, han som var fyrstemannen til det, Arngeir karl, far hans Bjørn, no var gamal og skrøpeleg og yverlét saka åt dei, fordi han ikkje tykte han kunde fara til tinget for alderen si skuld, og fordi han ikkje hadde vant seg til å forfylgja saker då han var yngre, men visste at Torstein hadde lova Bjørn å taka ettermålet etter honom um det trongst, eller den av dei som levde lengst etter den andre. Torstein sende no menn til bua hans Torkjell Øyolvsson, frenden sin, og sa han vilde hitta han. Tord Kolbeinsson var i bua hans Torkjell og hadde gjort dette forliket med Åsgrim utan å samråda seg med Torkjell um det, so han visste ikkje noko um dette.

Um Torstein er no det å segja at han drog saman mykje folk og henta straks til seg Myramennene, frendane hans Bjørn. No møtest dei, Torstein og Torkjell, og frendane og venene hans Bjørn er då med Torstein. Då segjer Torstein at han er bunden med lovnad til å hemna Bjørn eller taka ettermål etter honom; «er vi no komne saman her frendane og venene hans, og er endå det å segja at vi er alle samde um det at vi vil gjera um inkje det forliket sont Åsgrim har gjort med Tord.» «Det har ofte synt seg,» segjer Torkjell, «at frendane hans Bjørn ikkje har forfylgt sakene hans rett, og det ventar eg folk vil tykkja, dersom den rette saksøkjaren ikkje skal nå å hava det forliket som han hugnar.» «Dette er ikkje å tala um her,» segjer Torstein; «eg åleine vil råda for avgjerdsla i saka, både for fredløyse og godsbøter, som eg er bunden til, eller òg lata livet mitt. Snu deg imot du, um du vil setja di makt inn på å kappast med oss; vi har mannskap nok; det er uvisst, um dei kann vinna på oss dei som stend oss imot. Og endå har vi det valet å lata det stå si prøve, um vi ikkje skal nå å taka livet av Tord eller dei andre som vog Bjørn.» Der var frendskap millom Torkjell og Torstein; dei var syskinborn, og Torkjell såg at det sømde seg ikkje å driva saka ut i odd og klo, og ban visste kor strid Torstein var, og Tord Kolbeinsson hadde ikkje samrådt seg med honom fyrst um forliket. Og han vil freista hjelpa Tord i saka hans, men ikkje ganga i bardage (129) mot frendom sine for hans skuld. Han sa då, at han vilde Tord sjølv skulde ganga fri for fredløyse og for meir godsbøter enn han alt hadde betalt, men for dei andre menn som hadde vore med ved dråpet kunde Torstein setja so mykje godsbøter og fredløyse som han sjølv vilde. Torstein sa det kunde ikkje verta spursmål um at Tord skulde sleppa undan all straff, han som hadde vore upphavsmannen for alt det vonde som var gjort i denne saka. Torkjell sa: «Då vil eg det, at denne saka skal verta avgjord med godsbøter, og vi tvo skal døma og forlikast um det, at Tord skal sleppa frå utlægd mot godsbøter.» No kom det til det med saka at det vart fastsett forlik millom dei på den leid, at Torstein og Torkjell skulde døma, og Tord skulde betala for utlægda si det som Torstein vilde, men andre menn som hadde vore med på dråpet skulde gå under både utlægd og godsbøter etter som Torstein vilde. Dei skulde kunngjera den endelege domen fyrr dei fór frå tinget, og so vart gjort. Torstein rådde eine å kalla, etter Torkjell hadde fått Tord frenden sin friteken for utlægd, men han sparde honom ikkje for gods til bøter, for der var nok å taka av. Det er no domen deira, at Dålk ikkje skal ha noko i bøter for seg og sonen sin, men heller ikkje betala noko fordi han hadde vore med um dråpet hans Bjørn. Kalv skal heller ikkje ha bøter for sonen sin og skal vera utlæg frå heradet der vest; han skal gjeva frå seg jorda si i Selådal og fara sud um heia, dit ætta hans åtte heime. Tord skal betala Åsgrini dei tri hundrad i sylv som han hadde tinga seg og teke imot; andre tri hundrad i sylv skal Tord gjeva til fritaking for straffa si, og det tridje hundrad til fritaking for Kalv. Frendane hans Tord som fall ved raunet skulde ha falle uhelge, like eins skoggangsmennene og alle dei menn som hadde vore i fyresåtom mot Bjørn. No var der att 12 menn som det var prova hadde vore med ved dråpet; alle dei gjorde Torstein utlæge, og dei skulde fara ut or landet same sumaren, og der skulde verta gjeve ei mork for kvar av dei til føringspengar; men kom dei seg ikkje ut or landet som sagt var, då skulde dei vera fullt utlæge og drepast kor dei fanst.

No fer dei frå tinget, og Torkjell tok dei utlæge mennene til seg; han lét frendane deira leggja gods dit til hjelp for dei, og fekk dei utor landet um sumaren. Og no var det den vanlege umrøda millom folk at det knapt har vorte gjort slikt ettermål etter ein mann som det etter Bjørn, for alle dei utlægd som Torstein hadde slege fast laut gå fram, og Tord og hans menn likar seg storleg ille, um dei òg ikkje kunde gjera noko ved det. Myramennene, som var frendane hans Bjørn, fekk òg mykje gods av Tord Kolbeinsson i forlik. Arngeir karl fór til Torstein Kuggeson med mykje gods som han hadde fått, men Tordis tok undan det godset ho hadde fått i brudkjøp og heimanfylgja si, og fór vest til Bardastrand åt frendom sine; men Åsgrim fór aust til Rangåvellir med det godset han hadde fått og var sidan buande der. Tord Kolbeinsson fór heim til Hitarnes til garden sin og er ille nøgd med endelykta av saka. Tek det no til å verta kyrt med alle strider. Og her endar no denne soga.


Notar:

1. ufinsleg.

2. den stride.

3. Hjørsøy er ikkje langt frå Borg.

4. Ho var frå ei øy, og so ven at ho lyste som ein kyndel.

5. frå Noreg.

6. fram og attende same sumaren.

7. Roskilde.

8. djervaste.

9. ein kosteleg ting.

10. jarlsgåva.

11. åt Øystersjøen og dei øystre landom.

12. Vladimir som russane kalla han.

13. kongar eller jarlar.

14. den linklædde kvinna.

15. Lovn var dis (gudinne) for gullet, her brukt um Øykyndel; handleggen = armen.

16. No hadde han vunne den æra, han vilde hava, fyrr han kom heimatt.

17. Pina hans har vore so stor, so han fær ikkje verset fram anna enn støytvis, i avbrotne ord og setningar.

18. Han vart no heitande „Bjørn Hitdølakappi“ (kjempa frå Hitdal).

19. Drengen er Bjørn.

20. ei valkyrje, her um Øykyndel.

21. han legg seg hardt i med roinga.

22. fljugande drake.

23. den som spår ille.

24. utanfor Gautelva, på grensa millom landom.

25. grov kappe.

26. grid (fred) for livet.

27. farm = ladning.

28. karbad, varmt bad.

29. band.

30. kar.

31. Manuskripta har berre fyrebokstaven for hundenamnet.

32. hus og kost.

33. han gjeld ikkje for alle.

34. Dei sådde korn på Island den tida.

35. høveleg.

36. den bleike guten, meininga er at han er ein stakkar.

37. Ringulle, minner um Sigurd Fåvnesbane.

38. Lokk er ei valkyrje.

39. Folkeviseord („nytan drengen“).

40. diktargjerda.

41. Breksam, masande, her ser det ut som det heller skal tyda: den som lid vondt.

42. han neiser honom jamt med smågutnamnet.

43. gen. av Jǫrd, ei åsynje, her Oddny.

44. langt undan.

45. I skaldemålet bruker dei mykje trea til bilete for menneske.

46. umannslegt.

47. Brennøyane.

48. vondskapen.

49. Bjørn

50. held seg frå kvarandre, talast ikkje ved.

51. kappe eller pels.

52. Gudenamnet er sjølvsagt brukt på spott um Tord.

53. diktaren.

54. tekkelege.

55. Hitarnes låg på høgre sida av Hitarå, litt ovanfor der ho renn ut i Faksafjord; Vellir låg òg ved Hitarå, men på andre sida og lenger uppe.

56. selen. Bjørn har ikkje fått sann greide på koss det har gått til med alt; han trur selen har sloppe undan og kome seg ut på stranda att.

57. Det er burtkome mange ord av denne visa, so det er berre stubbar att; men ho peikar på det som er skildra på nidstonga.

58. ovhuga menn, som trudde stort um seg sjølve.

59. som har saker på seg og dermed uvener.

60. fylgjeskap.

61. med mange menn.

62. raun: ei vidd med storkna lava.

63. sitja for: liggja på lur („i baklur“) for; eit slikt „baklur“ vart då kalla „fyrirsát“ (fyresåt).

64. husfrua, kona i huset.

65. tvari = tvora („turu“) var kjenningsnamnet hans.

66. som har godt for å tala eller prata.

67. til strid tvo-eine. Ein ser at heile visa neiser Tord for han held seg undan.

68. grev ned med stein.

69. dei var storbønder desse austmennene.

70. hardhausen.

71. Grette den sterke; sjå soga um Grette Åsmundsson kap. 58—61 (umsett på nynorsk av Ola Røkke, Gamalnorsk bokverk nr. 11).

72. skal vera misskrive for Dålksson.

73. fengd.

74. Flugumaðr: ein som fer løynske ærend for andre.

75. strupen.

76. eller Klivssand; steinen på raunet var venteleg raud.

77. eit slag hædingskvad.

78. fremmeleg, um hender.

79. so kallar dei den dag i dag steinbiten på Island, og hannen kallar dei „rauðmagi“.

80. Den gråduge kvinna med den lange kjolen (einhage) åt det giftige aatslet av steinbiten („grámagi“).

81. sjøen.

82. ein gut kom til verda.

83. føda.

84. skoda.

85. visone um den kollute kua og berginga av kalven hennar.

86. rettlaus.

87. eit mindre ting, som vart halde i kvart tinglag.

88. = rende, sprang.

89. Kven det er, er ikkje godt å skyna,

90. skanse.

91. hus og kost.

92. kjempe.

93. ei stemne, der folk samla seg for å sjå på hesteslåsting.

94. geisle = stråle.

95. ljomi = klårt skin.

96. åt krøtrom.

97. Dei heitte Tordis både kona og mora.

98. bygd.

99. halde gudsteneste.

100. den eine hingsten med merrom sine.

101. Denne visa har nok fare ille i manuskriptet, og slutten er ugreid. Kva er meininga med „isbjor“? Skal det vera isbjørn?

102. son hans Arnor, sjå kap. 18.

103. rett eller rettargard; ei inngjerding, der dei samla sauene.

104. far hans Bjørn; karl = kall, gamling.

105. atgeir: eit slag spjot.

106. kvad um sverd og strid.

107. sausamlingar.

108. hjall — hall, bratt bergside.

109. den av Gud sende kvinna.

110. skjære = soks; manskjære = soks til å skjera hestemana,

111. gut.

112. folk, mannskap.

113. Torfinn Tvarason; han hadde reist med dei våpnom som han sette størst pris på.

114. kjeppen eller pinnen på sverdhjaltet.

115. Vápneir ɔ: Eir (gudinne) for våpen; vord, vaktar. Våpneirar vord blir då: den som vaktar våpna. Det er likt til at Bjørn i denne siste visa si minnest den tida då han fór i viking med ein stor herflokk.

116. Menn som skal til sausamlinga.

117. klækishogg tyder: hogg som ein har skam av; klámhogg: hogg som er til skam for den som fær det. Båe orda kann soleis umsetjast med „skamhogg“.

118. hugprydi: mod som det står ære av.

119. neiste for.

120. gagl: grågås.

121. ɔ: mannen.

122. huset der kvinnone heldt til.

123. ei gudinne; det er sjølvsagt Oddny han meiner.

124. fort.

125. sjå merknad side 18; her som der um Oddny. [Kap. 4, n. 15].

126. ridning; jmf. „Åsgards-reida“.

127. Tord sjølv.

128. sjå kap. 9.

129. slag, slåsting.