Um upphave til dei islendske annalane

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrøn Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif
Halvdan Koht (1873 - 1965).



Um upphave til dei islendske annalane


Av Halvdan Koht



Historisk Tidsskrift
Utgitt av Den norske historiske forening
Kristiania
1927




Skálholt (norrønt Skálaholt) er en gård og et historisk sted mellom elvene Hvítá og Brúará i dalen Biskupstungur syd på Island. Skálholt består kun av en relativt stor kirke og noen få hus, men har uansett hatt en stor betydning for Islands historie, og står også sentralt i nedskrivningen av de islandske annaler. Foto: VillageHero, 2014. Commons.

Då Gustav Storm i 1888 sende ut den fyrste fullt vitskaplege utgåva av Islandske Annaler, dei islandske annalane frå midalderen, kom han med granskinga si til den endskapen at den fyrste uppskrifta til desse årbøkerne måtte ha kome i stand på Island umlag 1280. Han peikte på at inga islendske soguverk synte merke etter annalgrunnlag fyre bispe- og kongesogur frå 14de hundraåre, og at annalskriving på Island i det heile aldri var nemnd fyre den tid. Han heldt fram at dei islendske annalane tydeleg hadde teke det norske og islendske tilfange sitt frå dei eldre konge- og bispesogune fram til 1270-åra, og at dei elles var bygd upp på tyske, nederlandske, franske, engelske og danske historieverk frå 11te, 12te og 13de hd.-åre. Fyrst frå 1280 tok dei til å bokføre samtidige hendingar.

Denne synsmåten har sidan fått rå mellom granskarane[1] heilt til dess at Nat. Beckman i 1912 i eit par serskilde avhandlingar[2] freista prove at årbokuppskriftene på Island gjekk tilbake i minsto til fyrstninga av 12te hd.-åre. Han bygde serleg på ei rekke med uppskrifter um naturhende (sol-myrke, merkelege vér-høve, o. dl.) som tyktes måtte være samtidige, og so fann han innførd i dei elste bispesogune, uppskrivne straks etter 1200, heile samlingar med uvedkomande upplysningar som måtte være lånte ifrå eldre årbøker (Storm hadde meint at dette var yngre innskot i sogune). På den måten kunde han bygge upp ein upphavsannal som var samtidig alt ifrå 1104. Både Storm og Beckman møttes i den meininga at denne elste annalen var grunnlagt hjå bispen i Skålholt.

No har eg i ei anna avhandling freista syne at soga um Håkon Håkonsson er bygd på annaluppskrifter i det kgl. norske kansellie i minsto frå åre 1217, — dei fyrste uppskriftene skulde venteleg ha gått tilbake til umlag 1210. Dette skulde etter mi meining være dei elste historiske annalane på norrønt mål. Men det er full grunn til å ta upp til dryfting heile spursmåle um upphave til annalskivinga i Noreg og på Island, serleg med tanke på dei naturhistoriske uppskriftene. Og nett no har vi fått ei framifrå hjelp i det store verke av J. Fr. Schroeter um sol- og måne-myrke i Europa i midalder og nytid[3], eit tålmodsverk som alle historiegranskarar må være takksame for, og som utgjevaren har gjort lettbrukt for oss med kartteikning til kvart einaste solmyrke, so vi med ein gong ser kvar det har vore synleg.

Beckman må utvilsamt ha rett i at mange slike naturhende må være uppskrivne med ein gong, og dei har lett fått rom i dei påsketavlene som kyrkjene hadde bruk for. Vi kann då og nokolunde trygt segje når dei på Island tok til so smått å bokføre slikt. Alle dei elste meldingane av dette slage i dei islandske årbøkerne skriv seg ifrå utalandskjelder, soleis sjølvsagt solmyrke år 880 (mistak for 878), dessutan merknadene um ôǫld i 957 og 1057 (det kann no elles være eit spursmål um dette er meint um naturvilkår eller um krig og andre ulukker), jordskjelven i Tyskland år 1000, den store snøvinteren 1078. Men den store frostvinteren 1047 er uppskriven etter heimleg kjelde, og vi fær jamvel greie på kven som er sogumannen: det er ingen annan enn Sæmund Frode, — "so segjer Sæmund Frode, at i dette åre var det so stor ein frost so vargane sprang på isen mellom Noreg og Danmark". No var Sæmund sjølv fødd i åre 1056, so han har då ikkje upplevd denne vinteren; han har meldinga ifrå andre, munnleg eller skriftleg ifrå Noreg. Men uppskrifta på Island er då gjort i fyrstninga på 12te hd.-åre, eg heng i hop med det kronologiske arbeide som fyrst Sæmund og sidan Are grunnla der på øya.

Det er heilt naturleg at vi frå denne tida møter uppskrifter på Island um serleg merkelege hendingar, soleis "det fyrste eldsutbrote i Hekla" 1104, det andre i 1158 (20de jan.), det tridje i 1206, det fjorde i 1222. Det er slett ikkje naudsynt at alt det fyrste er uppskrive same åre som det hende; det kann være likso rimeleg at det fyrst vart uppskrive etter det andre utbrote hadde fylgt etter. Men dette andre utbrote, som endåtil er dagfest, må utvilsamt straks med det same ha vore bokført, og dermed har vi i minsto ei gamal annaluppskrift som vi torer kalle samtidig.

Ei anna gamal uppskrift som må være samtidig med hendinga på Island, gjeld solmyrke den 30te mars 1131. Det var ikkje totalt; andre stader i Europa enn i nordvest parten av Island, og her kann vi då fulltrygt tale um islendsk uppskrift frå same åre.

I same rekka torer vi ta med uppskrifta um "stor is" i åre 1145, "eldsutbrot i Trolladyngjur" 1151, og jordskjelven i 1164. Meir tvilsamt kann det være med "manndauen" i 1120; um den fins det munnleg tradisjon i sogune som går tilbake til Sæmund Frode[4]. Men "manndauen" 1151 i samanheng med "sottvinteren" som fylgde etter, er det rimelegare å ta for samtidig uppskrift, og då kann det same gjelde for meldingar av same slage frå seinare år og, — um sjukdomar på folk og fe, um verlag og anna slikt.

Men alt dette er endå ikkje annalar, ikkje årviss bokføring av historiske hende. Det er notéring meir på slump um merkelege ting, slikt som lettvint kunde få rom i påsketavlene, og serleg slikt som på ein måte kunde synes ha samanheng med tidrekninga, hendingar i sol og himmel som kunde være tidarmerke. Vi kann prove at det ikkje var regelrett uppskriving, av det at det store solmyrke 1147 som var synleg mest yver heile Island (men ikkje i Noreg), ikkje fins nemnt i noka islendsk årbok, og det same gjeld jamvel um solmyrke i 1234. Men solmyrke 22de april 1194 fins i annalane; det har berre kome inn på eit rangt år (1193). Fyrst frå 1312 er dei totale solmyrka på Island regelfast uppskrivne.

Slike uppskrifter vart no ikkje berre gjort på Island; vi har merke etter dei frå Noreg òg, og den elste norske uppskrifta fører oss jamvel nokre år lenger tilbake enn den elste islendske. Fyre 1131 hadde dei ikkje havt noko totalt solmyrke på Island på meir enn to hundra år, so nær som i dei to åra 979 og 1093 (eit solmyrke i 1077 berre strauk so vidt yver nordvestoddane av øya), og inkje av desse er nemnt i annalane. I Noreg hadde dei havt totale solmyrke fleire gonger: 945, 966, 979, 990, 1023, 1030, 1064, 1106, 1109, 1124, — so inkje alt fyre 1185. Av alle desse er det ikkje andre som er nemnt i annalane enn det i 1030, og det er då tydeleg teke upp etter sogune fordi tradisjonen hadde bunde det i hop med Stiklestad-slage. Men solmyrke i 1124 har vi vitnemål um i norsk kjelde; i Ágrip står det um den hærferda kong Sigurd Jorsalfare gjorde til Småland: "Denne leidangen var sumaren fyre det store myrkre." Dette store solmyrke hende den 11te august 1124, og det var ikkje totalt andre stader i Noreg enn i Trondheimen. Vi kann då visst gå ut ifrå at idet har vore innført på påsketavlene til bispen i Nidaros, og derifrå har Ágrip-skrivaren fått kunnskap um det; det gjev eit nytt vitnemål um at han høyrde heime i Trøndelag, og det gjev dessutan vitnemål um at Ágrip må være skrive fyre det store solmyrke i 1187, som og var synleg i Trondheimen (solmyrke i 1185 var berre totalt sunnafor Sogn).

Solmyrke den 1ste mai 1185 var ikkje stort synleg på Island, men er innført i dei islendske årbøkerne (under åre 1184) som "myrkr um sudrlǫnd". Det var totalt i Nord-Skotland og heile Sør-Noreg, og her óg synes vi då måtte ha ei norsk uppskrift.

Solmyrkja i Noreg 1187, 1218 og 1280 har vi inga uppskrift um. Men solmyrke den 3dje august 1236 står innført i dei islendske annalane, i ein einskild av dei med merknaden "vida um Island", endå det ikkje var totalt nokon stad på Island, berre i Hålogaland i Noreg, og her og er det då vèl so rimeleg å tru at den fyrste uppskrifta har vore norsk (trøndsk) som islendsk. Det same gjeld um solmyrke den 5te august 1263, uppskrive i dei islendske annalane, men totalt berre i Noreg (Trondheimen og Austlande); i ein einskild annal finn vi her tillegge "i Bjorgvin". Og med full tryggleik kann vi segje det um solmyrke 13de juni 1276; for det såg dei slett ikkje noko til på Island. Det var totalt berre langt aust i Bjarmeland; men i Noreg kunde dei i minsto sjå mykje til det nordafjells og sunnafjells.

Månemyrke finn eg ikkje nemnt i dei islendske annalane fyre 1237; då er det meint det månemyrke som kom den 12te januar, men det er ikkje dagfest i annaluppskrifta, — det var synleg både i Noreg og på Island. Månemyrka 1ste november 1240 (synleg på Island, men lite i Noreg) og 13de desember 1247 (synleg både på Island og i Noreg) er ikkje uppskrivne. Men so har annalane månemyrka 24de januar 1255, 12te november 1258 og 24de desember 1265, alle tri synlege i Noreg likso vel som på Island. I alle desse tilfella blir det då uråd å segje for visst, anten uppskrifta er gjort på Island eller i Noreg.

I dei islendske annalane fins det umtala naturhende av anna slag som har gått for seg i Noreg. Men just i slike ting er det naturleg at kvart land bryr seg mest um sitt eige, so vi kann ikkje vente at dei på Island skal ha teke upp mykje av det sernorske. Vi har då likevel nok til å syne at hendingar av dette slage må ha vore uppskrivne i 12te og 13de hd.-åre i Noreg likso vel som på Island. Eg samlar her i ei lita liste alle slike natnrhende frå 12te og 13de hd.-åre som synes uppskrivne i Noreg alt i samtida:


1124 myrkrit mikla.
1180 fell fjall í Sogni.
1185 myrkr.
1198 fellivetr mikill ok islǫg.
1236 eclipsis solis III. non. aug.
1240 sén cometa.
1249 landskjalfti í Gautelfi.
1254 sǫkk Raudsvǫllr í Orkadal.
1263 eclipsis solis non. aug.
1273 sén cometa.
1275 hagl í Þróndheimi á Laurentiusvǫkudag.
1276 eclipsis solis.


I ei anna liste sét eg upp alt som vi har av naturhende på Island i same tidbolken etter annalane:


[1104 eldr í Heklufelli.
1120 manndauði.]
1131 eclipsis solis III. kal. apr.
1145 íss mikill.
1151 eldr í Trolladyngjum.
1152 manndauði (sóttarvetr).
1158 eldr annarr í Heklufelli XIII. kal. febr.
1164 landskjalfti.
1172 skriðnavetr.
1181 sóttarvetr; grasleysusumar.
1182 landskjalftar.
1186 fellivetr = 1187 nautadauðavetr.
1188 elds-uppqváma í Trolladyngju.
1191 vatnavǫxtr.
1192 sóttarvetr.
1193 [d. e. 1194] myrkr X. kal. maji.
1199 flóðit mikla.
1202 frostvetr.
1203 býsnasumar.
1206 eldr hinn þriði í Heklufelli.
1211 góði vetr; vætusumar; landskjalfti.
1222 eldr hinn fjórði í Heklufelli; sén cometa.
1226 elds-uppqváma fyrir Reykjanesi; rotusumar.
1227 sandvetr; manndauði.
1231 hettusótt.
1233 hafisar allt sumar.
1234 flóðit mikla.
1237 eclipsis lunæ.
1238 elds-uppqváma fyrir Reykjanesi.
1240 eldr fyrir Reykjanesi; landskjalftar.
1245 elds-uppqváma í Sólheimajǫkli.
1246 sóttarvetr.
1255 eclipsis lunæ IX. kal. febr.
1258 eclipsis lunæ II, id. nov.
1259 snæfall fyrir Laurentiusmessa; skriða hljóp í Búðardal.
1260 landskjalfti.
1261 hafiss umhverfis Ísland.
1262 eldr í Sólheimajǫkli.
1265 eclipsis lunæ IX. kal. jan.
1275 hafíss nær um allt Ísland.
1284 sótt mikil; eclipsis lunæ.
1285 sótt mikil um vestfjǫrðu.
1287 stórir vetr margir í samt.
1291 fellivetr (snævetr mikill).
1292 sótt um allt land.
1293 grasleysi mikit.
1294 skriða hljóp í Fagradal; landskjalfti á Rangárv ǫllum.
1298 sén cometa.
1300 eldr hinn femti í Heklufelli V. id. jul.


Det er greitt nok at denne siste lista måtte bli mykje lengre enn den fyrste, og eg må nemne at månemyrke har eg teke med berre under Island, ikkje under Noreg, endå dei likso vel var synlege her. Men so lang som den islendske lista er, so gjev ho endå ikkje noko prov for at dei på Island i minsto frå midten av 12te hd.-åre regelrett skreiv upp alle hendingar av dette slage. Eg har alt peikt på sume hol i lista; men hovudsaka er at alle desse uppskriftene skriv seg ikkje frå ein einaste stad, — tvert imot, dei er her samla i hop frå tri ulike annalar, og det er berre nokre få av dei som står i alle annalane; sume fins jamvel berre i ein eller eit par. Vi kann då slett ikkje for alt dette rekne med ein upphavsannal som går tilbake til 12te hd.-åre; vi har å gjøre med ei rekke med skilde uppskrifter frå ymse stader, — uppskrifter som smått um senn kann føre fram til annalskriving, men som endå ikkje har nådd so langt. Beckman har soleis her funne tak i ei av røtene til annalane, — ei rot i både norsk eg islendsk grunn; men han har ikkje dermed motprova meininga til Storm, at annalsamling i rett meining fyrst kom i gang på Island mykje seinare.

Det er historiske, ikkje naturhistoriske, hendingar det spørs etter, når ein i sanning skal tale um annalar, — endå sjølvsagt slikt som sott og manndaue bind båe slaga av hendingar i hop. Spursmåle er, når og kvar dei tok til å føre årbøker for retteleg historie.

Beckman legg no vekt på ymse stutte "annalistiske" namn på år eller vintrar. Men når vi kjem utafor slikt som "sóttarvetr" eller "skriðnavetr", er det ytarleg få år som blir sermerkte i annalane etter historiske hendingar, og ikkje i noko av desse tilfella vitnar namne um gamal årbok-uppskrift. Straks det fyrste namne av dette slage som vi møter, må fyrst seint ha kome inn i annalane; det er åre 1022 som blir kalla "rudduvetr" (visseleg berre i to annalar). Dette namne skriv seg ifrå den "rudda" eller klubba som Kolbein Sterke slo sund Tors-bilete i Gudbrandsdalen med; men det er fyrst Snorre som har tidfest denne hendinga til vinteren 1021—22, so namne må være sett inn i annalane etter Heimskringla, soleis langt ut i 13de hd.-åre. Når deretter åre 1118 blir kalla "róðavetr" eller "undraár" (i dei same to annalane), so er det berre lån ifrå tyske kjelder. "Múgavetr" 1184 er innkome ifrå Snorre, "Seleyjasumar" 1156 like eins, "kynjavetr" 1163 ifrå soga um bispen Gudmund. Det einaste som vi ikkje soleis beint fram kann vise upphave til, er "Jónsvetr" 1127; vi veit slett ikkje før visst kva meininga er med namne. Ein kann tenke seg at idet er laga etter dei hendingane som er fortalde um lendmannen Jon Petersson i Sogn i Orknøyingsoga, og då er det fyrst uppkome i 13de hd.-åre; det er vel i røynda det rimelegaste. Men ein kunde gisse på at 1127 var fødesåre til den namngjetne hovdingen Jon Loptsson, og då vilde vi vel i minsto ha ei uppskrift frå slutten av 12te hd.-åre; dette synes likevel ikkje mykje rimeleg. Ikkje i noko tilfelle vitnar då desse namna um samtidig uppskrift.

Ser eg igjenom den upphavsannalen som Beckman har freista bygge uppatt for åra 1022—1176, då må eg stryke alt som der fins ifrå norsk historie; det fins ikkje skugge av prov for at det har kome inn i dei islendske annalane på annan veg enn gjenom kongesogune. Og det same gjeld i røynda um det norske tilfange i annalane heilt fram til slutten av 13de hd.-åre; det er berre norske naturhende som er innskrivne etter andre kjelder, men dette og kjelder som ikkje har vore nytta på Island fyre 13de hd.- åre. Skulde det være eldre, kunde det likso gjerne være uppskrive på Island i 11te som i 12te hd.-åre; men vi har då ikkje ringaste teikn til annalskriving på Island alt i 12te hd.-åre, — den einaste meldinga i annalane frå den tida som ikkje kann være lånt frå kjende yngre sognverk, frostvinteren 1047, skriv seg som nemnt ifrå Sæmund Frode. Og meldingane frå norsk historie i 12te hd.-åre skil seg ikkje i minste måte frå meldingane frå 11te; det som gjeld for det siste hundraåre, må likso godt gjelde for det fyrste.

Eit anna spursmål er det um noko av det historiske tilfange frå sjølve Island går tilbake til islendske annal-uppskrifter so gamle som 12te eller jamvel 11te hd.-åre. Og eg trur som Beckman at sumt av det i sanning kann være so gamalt; men eg trur ikkje det har lege fyre i annal-form.

Annalane sjølve kann ikkje gje noko trygt svar på spursmål; men det som det spørs um, er um vi kann ettervise eit annalgrunnlag for islandske soguverk på same måten som eg har freista gjøre det for soga um Håkon Håkonsson. Her nyttar det ikkje å rekne med dei islendske ættesogune; det som dei har av tidrekning, er seint innkome, og det bygger på Are eller yngre soguverk[5] det viser aldri merke etter annalar. Det einaste som det i denne samanhengen kann bli spursmål um, er bispesogune og Sturlung-soga, og det er bispesogene som Beckman har fest seg ved. Sturlung-soga fortèl hendingane år for år, og sume tider gjev ho beint fram ei liste på alt som hende det eller det åre; men alt slikt er i røynda berre vitnemål um at soguskrivaren, Sturla Tordsson, har teke lærdom frå sitt eige arbeid med den norske Håkons-soga; her er det mønstre frå Noreg som har skapt annalform.

Med bispesogune har det seg soleis: Hungrvaka, soga um dei fem fyrste Skålholt-bispane (1056—1176), sluttar forteljinga um kvar einskild bisp med å nemne det viktigaste som hadde hendt i den tida han var bisp, og på same måten blir det gjort i den serskilde soga um bispen Pål (1195—1211). Båe desse verka synes måtte være sett i hop i åra straks fyre 1220, og det kann være rimeleg nok at same mannen er meisteren for dei. Noko slikt finn vi ikkje i dei andre gamle bispesogune, sogune om Jon i Holar (1106—1121) og Torlak i Skålholt (1178—1193). Men den soga som skildrar heile livsførsla til bispen Gudmund (1161—1237), har for kvart einaste år ei liste på hendingar frå åre. Kva er det som er kjelda for slike meldingar?

Fyrst må ein då sjå kva det er for slag hendingar som soleis blir rekna upp. Dei aller fleste av dei er nåsfall, — norske og andre kongar, islendske logsogemenner og andre stormenne. Det fins grunn til å tru at i minsto sumt av dette kann være yngre innskot i soga; i slutten på forteljinga um den fyrste bispen Torlak (1118—1133) står det fyrst at då han døydde, var Øystein og Sigurd kongar i Noreg, og etterpå står desse kongane nemnde mellom dei som døydde i bispetida hams. Men i alle tilfelle provar slike meldingar um kongelege dødsår ingen ting um islendske annalar; dei vitnar berre um islandsk sans for tidrekning. Og skulde dei prove noko um annalar frå 12te hd.-åre, so vilde dei prove plent det same for 11te, ja heilt tilbake til 1020-åra, — ein kann likso gjerne straks gje upp å nytte dei på denne måten.

Viktigare er oppskriftene um dei islendingane som er avlidne. Dei viser oss utvilsamt til skrivne kjelder; dei gjev oss ofte upplysningar som i minsto ikkje fins i kjende sogur. Det er fyrst og fremst logsogemennene som soleis blir nemnde, og eg trur ikkje det kann være tvil um at det som her ligg til grunn, det er logsogemannslister, slike som Are Frode hadde samla fram til 1130-åra. Desse listene må dei på Island ha halde fram med, dei var viktige for lovgjevinga, og vi har dei i røynda i uppskrift i Uppsala handskrifte av Snorra-Edda (frå umlag 1325). Men att med dei må det ha funnes ártiðaskrár, nåsfalls-lister, frå klostra og kyrkjene; dei har vi endå mange av, og dei kann og ha vore nytta i bispesogune. Dei har naturleg vore sambundne med påsketavlene og har kome til bruk i annalane og i lag med notata i desse tavlene. I seg sjølv kunde det vel være tenkeleg at sjølve årtidlistene ikkje hadde lege framme for annalskrivarane, men at annalane hadde fått tilfange frå dei gjenom bispesogune; men det er visst ingen serskild grunn til å tenke seg denne umvegen.

Dei annalistiske meldingane som midt i 13de hd.-åre er sett inn i soga um bispen Gudmund, viser oss til endå andre kjelder: her er fullt av kyrkjelege upplysningar av ymist slag, — bispe- og abbetskifte, relikvie-translasjonar, og anna slikt. Og alt dette finn vi att i sjølve annalane. Her møter vi i røynda eit nytt slag kyrkjelege uppsikrifter, og dei er ikkje bundne berre til Island, — dei gjeld like godt alt Noregsvelde, heile den norske kyrkjeprovinsen. Med full visse kann vi her tale um bispelister for kvar einskild bispestol; slike har vi endå nok av både frå Noreg og frå Island. Og på same måten må klostra ha havt abbet-lister. Men dessutan må dei i kyrkjene, serleg domkyrkjene, ha ført bok yver viktige hendingar i kyrkjelivé, soleis når store under gjekk for seg eller når kyrkja fekk nye helgedomar, — slikt hadde beint-fram pengeverd for kyrkja, det lokka pilegrimar til ho. Frå Noreg kann eg nemne uppskriftene um at Kristi blod kom til Nidaros 1165, um at den heilage Sunniva vart førd frå Selja til Bergen i 1170, um jartegn i Oslo 1184, um at den heilage krossen kom til Nidaros 1234, o. s. fr. Slikt er sjølvsagt fyrst uppskrive i dei norske kyrkjene.

I alt dette har vi tilfang til annalar, og alt i hop viser både til Noreg og til Island, — uppskrifter um merkelege naturhende og store ulukker, bispe- og abbetlister, årtidbøker og uppskrifter um serlege kyrkjelege hendingar. Det einaste som er serskilt islendsk, det er listene på logsogemennene.

Alt i hop er tilfang til annalar, men endå ikkje annalskriving. Samling til annalar finn vi fyrst vitnemål um i 13de hd.-åre, — dei kgl. kanselli-årbøkerne frå umlag 1210. Samstundes møter vi på Island i dei fyrste bispesogune vitnemål um at den kronologiske sansen som hadde kome so sterkt fram hjå Sæmund og Are, endå var fullt levande. Og soga um bispen Gudmund frå 13de hd.-åre syner ein freistnad på å samle det spreidde tilfange. Men i røynda høyrer det ikkje frå fyrsten til her; det er skote inn etterpå, — det er berre Sturlung-soga som dukkar upp her på nytt lag. Det som ettergransking syner, det er at ein ingen stad kann finne annalsamling på Island eldre enn Håkonssoga, og då er det heilt naturleg å tenke seg at dette verke til Sturla Tordsson frå 1260-åra hadde hjelpt til å sette den islendske annalskrivinga i gang. Det fins jamvel eit serskilt lite merke etter at Sturla sjølv har gjeve tilfang til annalane; under åre 1259 blir han nemnd som sogumann for ei melding[6]. På ymse måtar vitnar annalane sjølve um at dei ikkje er sett i hop fyre 1270-åra; det kann ein sjå endå fleire merke etter enn Gustav Storm har peikt på. Dei har røter tilbake i det som ein kann kalle både kyrkjeleg og verdsleg kontorarbeid, embetsuppskrifter av ymist slag, og granskingane til Beckman har hjelpt til å gjøre dette klårt. Men historiske årbøker i rett og full meining kom fyrst i stand i det kgl. kansellie i Noreg.

Eit nytt spursmål blir det kor lenge det norske kansellie heldt fram med slike uppskrifter, — det varde visst eit godt stykke ut i 14de hd.-åre. Men etter 1270-åra, etter Sturla Tordsson dessutan hadde sett i hop soga um Magnus Lagabøte, har vi ingen ting anna å bygge på enn dei islendske annalane; det norske tilfange har gått inn i dei, og anna bar vi då ikkje meir av norsk historie, — islendingane har berga ho for oss.

Fotnoter

  1. Soleis Finnur Jónsson, Den oldn. og oldisl. litt.s hist. II 787 —788 og III 71—80, og framleis i 2. udg. II, 780—782.
  2. Annalstudier, i Studier i nord. filologi III (Helsingfors 1912), h. 4, og Quellen und Quellenwert der isländischen Annalen, i Xenia Lidéniana, s. 16—39.
  3. Spezieller Kanon der zentralen Sonnen- und Mondfisternisse, welche innerhalb des Zeitraums von 600 bis 1800 n. Chr. in Europa sichtbar waren, Kra. 1923.
  4. Kristni saga k. 14, Bisk. ss. I 31.
  5. Sfr. Björn Magnusson Ólsen, Om Gunnlaugs saga Ormstunga Kph. 1911, s. 8.
  6. Isl. Ann. s. 134 og 192, sfr. s. 257.