Heilag Olav

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Heilag Olav


av Lars Eskeland


Minneskrift til 900 års-høgtidi på Voss
29. juli 1923


Lunde & co
Bjørgvin 1923




Olsoknemndi pá Voss bad meg um eit skrift til minnehøgtida 1923, og eg totte ikkje at eg kunne seia nei til det.

Hendingane her i bygdi i áret 1023 kann ikkje takast serskilt. Denne lekken i det største livsverket i landet og det største umskiftet i folkelivet, mátte eg difor freista setja inn i ein større samanheng.

Det er á vona at minnet um kristnings-verket til Heilag Olav kann verta til hjelp for folket várt no. Me treng so sárt um at den heilage Kristkyrkja reiser seg imillom oss atter i heile sin underfulle stordom. Ja, det er eit livsvilkár for folket. Elles vil det verta sunderrive av usamde og stridande smáflokkar.

Herren segjer: "Eg bed ikkje einast for desse, men òg for deim som kjem til á tru pá meg for deira ord skuld, at dei alle má vera eitt, som du, Fader, er i meg, og eg i deg — at dei òg má vera i oss — so verdi kann tru at du hev sendt meg. Eg hev gjeve deim den herlegdomen som du hev gjeve meg, so dei skal vera eitt, liksom me er eitt, eg i deim og du i meg, so dei skal verta fullkomeleg eitt — so verdi kann skyna at du hev sendt meg og elska deim som du hev elska meg" (Joh. ev. 17, 20—23).

Ingen hev hjelpt folket várt til so stor einskap som Heilag Olav, for di han grunnfeste det i den eine trui pá den eine Herren i den eine heilage álmenne kyrkja.

Er det velsigning med á minnast alle gode fedrar, so má det vera velsigning med á minnast Heilag Olav og livsverket hans, med takk til Herren som sende han.


Voss i juli 1923.

L. E.


Grálysingi

Krossen på Vangen, og kyrkja.

Landet várt ligg andsynes med havet pá ein sovoren máte, at beste livskveiken má koma til oss den vegen. Pá timen me ser dette, er det som me kjem upp pá eit leite med klárt utsyn yver heile soga vár. Og skalde-ordet um at "vor ære og vor magt har hvite seil os bragte", fær ny meining.

Det var med vikingferdene me kom med i heimslivet for alvor. Dá var det som táka lyfte seg og det høgreiste fjordlandet lág der til undring for augo.

Djervare sjømenn og betre og venare skip hadde ingen sét enn dei som no fór vestetter frá fjordbygdene i Noreg.

Det er Hordaland som fyrst stig fram or tákeheimen med sjømennene sine, og etter kvart ser me heile den lange havsida av landet med øyar og fjordar. Og her ferdast dei store unemnde skaldane i kvedi sine um gudar og kjempor, so det er dei same utsynene me fær i den gamle diktingi óg. Havet bryt og brakar, elvane fossar utfor høge stup, ørni flyg uppyver, og mannen som fer yver fjellet kolnar um knei, so han treng varme og mat nár han kjem fram til folk.

Dette landet kjenner me att. Det er várt eige land, soleis som me ser det den dag i dag.

Vestanfor havet fann nordmennene seg nye heimar. Dei rudde seg rom millom framande folk i gamle bygder, og dei fann land som dei bygde frá nyom. Havet var den store alfarvegen deira, og dei visste alle leider. Mykje kom dei heimatt med, men dei fór heller ikkje tomhendte ut. Villmenner var dei ikkje. Dei vart læremeistrar for dei folk dei kom til pá ymse mátar, t. d. i sjøbruk og skipsbyggjing, i landevern og lovgjeving.

Det som fedrane váre mátte undra seg mest yver i Vesterlandi, var klosteri og kyrkjone og alt som til dei høyrde, song og klokkeklang, røykjelse, krossmerke og gangfylgje, og ikkje minst all offerviljen og kjærleiken dei ság. Dei skyna det lite. Men det sette hugen deira i sving. Og det kann me vera visse um, at dei mang ein gong fekk age for det dei ság hjá deim dei gjesta, ikkje minst nár dei sjølve fór fram med ran og valdsverk og annan uvyrdeskap imot deim. Dá vart vikingen vâr ein annan styrke enn den "mátt ok megin" som han sjølv trøysta seg til og prisa hjá gudar og menn: ei usynleg makt som gav deim mod til á lida alt det verste som til var, for di dei elska Kvite-Krist og Faderen som sende han til frelsa for verdi. Vikingane totte lenge det var veikskap nár dei kristne ikkje vilde hemna seg. Det mátte taka tid fyrr dei skyna det trøystarordet frá Herren: "Ottast ikkje deim som drep likamen, men ikkje kann drepa sjeli! Ottast heller honom som kann tyna báde sjel og likam i helvite! Martyrane vinn mest midt i undergangen; dauden deira vert til siger, og blodet deira til eit godt sæde."

Me finn ein òg annan nemnd som tok imot dáp og kristendom, og mange fleire hev det vore. I heimlandet fekk dá folket litt um senn ei liti meining um det store umskifte i tru og tenkjemáte som var kome báde i Vesterheimen og i Sørlandi. Derifrá kom det endátil misjonærar til Viki. Langt kom dei ikkje med arbeidet sitt. Men ei liti fyrebuing var det. I dei merkelege kvedi som hev vorte heitande "Den eldre Edda" finn me vitnemál um kor sterkt eit tak den gamle trui hadde i folkehugen. Men der er ikkje mindre sterke vitnemál um at det losna i vikingtidi. Ragnarok er nær med all si øydeleggjing og all si fælska. Men dags-randi av ei ny tid skimtar fram.

Kristningsverket her i landet er uskiljande frá Haralds-ætti, liksom alt det beste me kann nemna frá gamle dagar elles.

Hákon den gode gjorde eit upptak som glapp. Dei tvo Olavane førde verket til siger, og i det endelause uppdyrkingsarbeidet sidan var mange av ættmennene deira med pá ein framifrá máte.

Håkon talar på tinget til trøndarane. Ill.: Christian Krohg. Snorres kongesagaer,1899-utg.

Hákon den gode var uppalen i England, i kristendom og all god sed. Og me ser det var ei sorg for han at folket hans livde i heidendomen. Han vilde hjelpa det inn i ljoset. Men det var mykje for tidleg á koma med eit kristendomspábod, so som han gjorde. Og so laut han gjeva upp. Men det var ikkje med lett hjarta han gjorde det. I velfarsstundi sa han eit ord som folket ikkje kunde gløyma meir. Venene hans visste at han aldri hadde slept kristendomen heilt, og dei spurde um dei skulde føra han til England og jorda han attmed ei kyrkja. Han var ikkje verd det, sa han. "Døyr eg her i heidendomen, so fær de gravleggja meg som de synest. Men skulde eg vera liv lage, so vil eg fara frá landet og til kristne menn og bøta det som eg hev brote mot Gud." Det er klosterlivet han dá tenkjer pá, same tanken som stundom lokka frenden hans sidan, Olav Haraldsson, dá han var utlæg i Gardarike.

Aldri hadde det vore so gild ein konge i landet, og maken hans vilde aldri koma att, trudde folket. Eyvind Finnsson feste denne folkedomen i eit udøyeleg kvede. Báde vener og uvener gret dá han døydde. Det er fyrste gongen me høyrer um at nordmenn gret av sorg. Og so feste angersordi hans seg endá djupare i minnet. Den ljose skapnaden og alt det hæve kongsverket hans kom til á lysa i táreglans. Dette vart so god ei fyrebuing i folkehugen for eit nytt kristnings-arbeid, at me ikkje skynar soga rett, dersom me ikkje gár det.

Um Olav Tryggvason segjer soga at han var konge i fem ár og kristna fem folk og land. Han kom frá Vesterlandi til Noreg, som han rekna for odelen sin, og vann herredømet so snøgt, at det var som nár guten i eventyrsegnene fær løvone til á liggja i ro og læste dører til á opna seg. Det er berre ei slik soga i Norderlandi. Olav hadde lært kristendom og fenge konfirmasjon hjá ein mann som sidan vart martyr for trui si, biskop Ælfheah i Winchester. Dei má ha vore glade i einannan, bispen og Olav. Dei var ándeleg nærskylde.

Olav vigsla seg til arbeidet for kristendomen og heldt ved so lenge han livde med ein hugbrand og ei uppgløding som ingen hadde sét maken til her i Norderlandi fyrr. Han vanda ingi rád og sparde seg ingi møda. So lenge rád var, fór han med venskap og godvilje, men hjelpte ikkje det, brukte han vald og list.

I Viki hadde kristendomen vunne ein grand inngang, og i vikingbygdene pá Vestlandet og ved havstrandi elles var det mange som kjende den nye trui frá alt hopehavet med kristne i Vesterlandi, og sume hadde late seg døypa eller primsigna (signa med krossmerket). Det gamle losna i hugen; men det nye hadde ikkje fenge nemnande feste.

Det er ei forteljing frá Island som syner at det gjekk fyre sviv gjenom hugen til dei norrøne ættene um det sedskiftet og tidskiftet som stunda til.

Tidrande heitte ein gjæv ungdom som nett var attkomen til Island frá ei utanlandsferd; han var son til Side-Hall, ein av dei ypparste menn i landet. I eit gjestebod som Hall gjorde for vener og skyldfolk, bad Torhall spámann um at alle mátte halda seg inne um natti, kva som hende, og kom det vardøger, mátte ingen ansa deim. Um natti banka det hardt pá døri, og dá so ingen svara, banka det uppatt tri gonger. Tidrande spratt upp og sa: "Det er dá stor skam at alle i huset læst sova no dá det hev kome gjester til gards." Han fata eit sverd og fór ut. Det var ingen á sjá. Men rett som det var, høyrde han hovslag nordantil, og straks etter ság han ni svartklædde kvende koma ridande til gards med nakne sverd. Samstundes ság han ni andre kvende koma ridande frá sør, i ljose klæde og pá kvite hestar. Han snudde seg og vilde gá inn og segja tidendi, men dei myrke disene stogga han og brukte vápni sine pá han og feilte han.

Ei stund etter vakna Torhall spámann og sakna Tidrande. Alle reis upp og gjekk ut. Det var klárt máneskin og frost. Dei fann Tidrande og bar han inn. Han var ille faren av sári sine, men det var liv i han, so mykje han kunde fortelja alt som hendt var. I grálysingi døydde han; sidan vart han hauglagd.

Hall syrgde mykje for son sin. Han spurde Torhall kva alt dette skulde tyda. Han svara: "Disene som tok Tidrande meiner eg er ættefylgjone dykkar, og dei kom og kravde sin lut av ætti. For det vert visst truskifte her i landet, og du og dine vil taka mot det nye, og so vilde disene fyrst taka det dei hadde retten til. Dei kvite kvendi hev vilja hjelpa son din, men vann ikkje. Dei varslar um det nye som vert betre og reinare enn det gamle var, og dei vil fylgja deg og ætti di heretter."

Kong Olav var ein Tidrande som vann yver dei myrke disene og kom med dei kvite fylgjone til folket sitt. Han var forunderleg vel skikka til á brøyta vegen for det som koma skulde: det var noko so hugtakande med han, ei slik makt og mynja, at all fiendshug og uppøsing dovna av. Alt stort og framifrá som kunde pryda ein mann, átte han i so rikt eit mál, at han steig yver alle andre: den fremste var han i alle idrotter, han var eit hovud høgre enn alt folket og venare enn andre menn, og ingen kunde tala paa tinget so som han. Og det høge livsmálet hans lyste av all hans ferd, so folket kjende som ei solrenning yver seg. Difor vann han so utruleg mykje pá so stutt ei tid. Og dá han kvarv burt so snøgt og uventa, livde han so sterkt i all hug, at folk kunde ikkje fá seg til á tru at han verkeleg var slokna.

Olav Tryggvason freistar overtyda Hårek. Ill.: Halvdan Egedius. Snorres kongesagaer,1899-utg.

Olav kom ikkje áleine og baud folk kristendomen. Han kom som ein hjelpesmann berre; det var heile den kristne kyrkja han hadde attum seg i arbeidet; det var tvillaust erkebispen av Canterburry som hjelpte Olav til rettes, so heimferdi hans kunde verta ei krossferd og ei kristningsferd: han kom til landet med ein bisp og fleire prestar. Málet er klárt: den kristne kyrkja skulde grunnleggjast i Noreg. Og dei vann det dei vilde.

Olav braut ned hovi pá gardane sine, og fekk venene sine til á gjera sameleis; han bad stormennene til seg og tala blidt med deim og gav deim gods og gull og veitslor eller gode giftarmál, so dei vart viljuge til á stá saman med han i kristningsverket. Hjelpte ikkje slike ráder, vakna vikingen i han; han sparde ingen, men "braut deim til kristendomen".

Han fór frá landsende til landsende og heldt ting med bøndene um truskiftet, og fekk kristendomen lovteken.

I Trøndelag fekk det mykje á segja at han braut ned hovet pá Lade og bygde upp Nidaros og reiste ei kyrkja der, Klemenskyrkja. Men pá Vestlandet gjorde han største uppbyggjingsarbeidet sitt: der grunnlagde han kyrkja i Noreg.

Pá Moster i Bømlafjorden møttest han med hordar og rygjer. Og dei vann ikkje stá seg imot han; dei vart báde háse og stame nár dei skulde svara pá talen hans, og laut gjera han til viljes. So bygde han ei kyrkja der, pá den staden han lét syngja messa fyrste gongen han lende i Noreg. Denne Mostrakyrkja var den fyrste han reiste; ho vart moderkyrkja i landet, for ho var ei tid fremste dápskyrkja vár.

Pá Mostratinget var det truleg han fekk kristendomen lovfest for heile Gulating-lagdømet. Han var ætta frá denne landsluten pá morsida, og det gjorde vel sitt til at han vann hovdingane for seg. Men mest gjorde dei kloke avtalone med deim, og serleg at han gifte syster si med emnelegaste mannen av den gjæve Horda-Káre-ætti, Erling Skjalgsson pá Sola, og auka makti hans. Det kjendest som ei æra for heile ætti.

Til endá større framhjelp for kristendomen var det tinget han heldt pá Dragseid innanfor Stad. Det var ei stortidend han og bispen kunde fortelja folket der. I nokre bergholor attmed sjøen pá øyi Selja var det nyleg funne mannabein som det lyste av lang leid. Kongen og Sigurd bisp kom dit og ság beini og eit uskadt kvinnelik. So vakna segni um St. Sunniva, kongsdotteri frá Irland som hadde flytt for heidningane heime og her, saman med andre kristne, og sælast der pá Selja. Bispen kyrkjevigde den hola som kvinneliket lág i, og jordfeste "seljemennene" med stor høgtid. Denne heilagdomen gjorde mykje til at kyrkja kunde festa seg betre i folkehugen, og Selja vart ein kyrkjeleg midstad endá meir enn Moster og Nidaros.

Olav hjelpte fram truskiftet og sedskiftet med mange lovbøter som han fekk vedtekne pá tingi. Á blota til gudar eller andre vette vart strengt forbode. Ei slik synd kunde dá sonast med skrifte og bot. Men trolldom og galder og forgjering var ubotssak, og seidmenn og trollkjerringar vart drepne eller landlyste. Tjuvskap og ran og manndrap skulde avøydast, og alle skulde upplærast i god sed. Dei gamle blotgilde og drikkelag skulde bytast um med kristne høgtider, og dá skulde dei vigsla skálene til Gud eller heilagmenne.

Kristningsverket til Olav Tryggvason held ikkje mál med noko høgt mynster. Men likevel gjorde han eit so stort arbeid i stutt tid, at han hev ingen makemann i so máte i Norderlandi. Det vart fortalt etter Svolder-slaget at dei ság ein ljoske pá den staden kongen stod i striden. Dá kongen var burte, kvarv ljosken. Men frá minnet kann han ikkje kverva.

Olav Haraldsson

Klokka i kyrkja på Moster frå 1130. Heilag Olav med hanap og øks. Fortidsminneforeningen. Commons.

Dá Olav Tryggvason var fallen, stilna den religiøse stormen som han hadde vekt i landet. Jarlane var òg kristne pá ei vis, men likesæle, so dei lét kvar mann ha den tru han vilde. Men so kjem den mannen som fullførde kristningsverket og skapte den nye tidi, Olav Haraldsson. Alle dei gamle sogemennene er samde um at han er største og merkelegaste mannen som hev vore i landet. I vár tid hev domen vore so ymis. Meir og meir ser det ut til at dei fleste tykkjer dei gamle hadde rett. Og det er sume som er so langt samde med dei gamle, at me trur lagnaden for landet várt er uløyseleg bunden til minnet um denne mannen. For med han ság Noreg sitt høgste livsmál, og me sannar den gamle folkedraumen, at han skal vera konge her i landet til æveleg tid.

Far hans heitte Harald Gudrødsson og hadde tilnamnet Grenske, for di han var konge i Grenland, sørøystre luten av Telemarki. Farfaren var Bjørn Farmann i Tunsberg, son til Harald Hárfagre. Harald Grenske hadde ei tid i ungdomen tilhelde hjá den svenske hovdingen Skoglar-Toste, og vart dá glad i dotter hans, Sigrid, ho som sidan fekk tilnamnet Storráde. Han vart gift med Åsta Gudbrandsdotter frá Upplandi, ei framifrá gjæv gjenta av god ætt. Men dá han høyrde at Sigrid var skild frá mannen sin, den svenske kongen Eirik Sigersæl, vitja han henne og fridde til henne. Ho var ikkje skuldlaus i denne framferdi hans. Samstundes kom det ein russisk konge i same ærendet. Ho gjorde stort gjestebod for deim. Men um natti brende ho deim inne med alle fylgjesmennene, for ho vilde gjera smákongane leide av á fara frá framande land og fria til henne, sa ho. Rane Vidførle, fosterbror til Harald, hadde vakt ved skipi. Han reiste heim og fortalde Asta tidendi. Ho var dá med barn. Straks for ho heim til Gudbrand Kula, far sin, og átte der sonen Olav. Dette var same áret som Olav Tryggvason kom til landet (995). Sidan vart ho gift med Sigurd Syr; han var av Haralds-ætti og konge pá Ringerike. Det var ein klok og hæv mann. Syr (svin) kalla dei han for di han var so glad i á dyrka jordi. Det var eit utnemne som hev vorte til æra for han.

Der i dei fagre bygdene ved Tyrifjorden vart Olav uppalen. Rane Vidførle var den som hjelpte mori mest med á fostra han. Olav var tidleg mykje fyre seg; han var ven á sjá til, medels høg og vel vaksen; han var vitug og ordhag. Det kom snart til synes at han var heller storláten. Ein dag stykfaren vilde rida av garde, bad han Olav sala ein hest. Han gjekk dá etter største bukken dei átte og la salen pá han. Dá Sigurd fekk sjá det, sa han: "Du bryr deg ikkje mykje med det eg bed deg um, og du og mor di meiner visst det same; det er audsynt at du er meir storlynd enn eg."

Olav var 12 aar gamal dá han drog i viking. Rane var med han. Skipsmannskapet gav Olav kongsnamn, og kalla Rane kongsfostre. Han drog fyrst i austerveg og kom innum til Jomsborg. Han gjekk i samlag med Torkjell Høge, hovdingen for jomsvikingane, og dei drog i vesterviking. Dei herja mykje i Holland, og fór derifrá til England. Torkjell Høge gjekk i tenesta hjá kong Ethelred med heile fylgjet sitt, og der var Olav Haraldsson og mennene hans med.

Det hadde vore vanskelege og utrygge tider i England lenge, med uppløysing og lovløysa til alle sidor. Veldige vikingflokkar frá Norderlandi fór herjande ár etter ár, som nár storsjøen velter seg imot ei sandstrand i stormen; riket skalv i alle sine samkomor; ingen kunde halda det i hop lenger; kongen var veik og stormennene trulause. Verst var det dá danekongen Svein Tjugeskjegg samla all si makt til herjing og landvinning i dette skamfarne riket. Ethelred visste seg ingi onnor rád enn á kjøpa heren burt. Men di meir gull han gav deim, di meir fekk dei hug pá, og kom att gong etter gong, tvert imot alle ord og eidar. Det var uhorvelege summar han laut ut med, og folket mátte svida for det med skattar so tunge, at det var ikkje uthaldande. Ethelred totte dá han mátte gifta seg inn i ei ætt som kunde hjelpa han med stridsmakt, og fekk Emma, "Blomen frá Normandie", syster til hertug Rikard II. Straks etter gjorde kongen det største uverk som den engelske soga kjenner: ei myrk vinternatt vart alle daner drepne yver heile landet, unge og gamle, kvinnor og menn, og bønder vart ikkje meir sparde enn vikingar, um dei so var gifte med innfødde. Vikingar frá alle Norderlandi tok den hardaste hemn, og viljen til á hertaka heile landet vaks seg sterkare og sterkare hjá danene. I 1011 tok ein stor her Canterburry, og fanga erkebisp Ælfheah, han som hadde konfirmert Olav Tryggvason. Dei kravde store løysepengar for han. Han stod ein dag midt imillom skjeggjute harmfulle menn som berre truga han og ropte etter pengar. "Eg segjer som eg hev sagt: eg korkje kann eller vil gjeva dykk gull for livet mitt." Dei slo han med kjøtbein og harde nevar og drap han. Olav Haraldsson var med pá desse herferdene, og var truleg til stades dá erkebispen vart drepen. Det hev gjeve han noko á tenkja pá, serleg dersom han visste noko um korleis denne mannen hadde hjelpt Olav Tryggvason til rettes.

I 1013 kom Svein Tjugeskjegg frá Danmark med ein veldig flote. Olav Haraldsson var med Torkjell Høge og varde bruene i London. Men Svein braut all motstand, og tok styringi i landet. Dronning Emma og Ethelred flydde til Normandie, og Olav Haraldsson fylgde med, og gjekk i tenesta hjá hertug Rikard, og hjelpte han i krigen han hadde med grev Odo av Chartres. Sidan siglde Olav uppyver Seine-elvi til Rouen, og der fagna hertug Rikard han med stor æra. Jarlane i Normandie var ætta frá Gange-Rolv; dei talde seg lenge i ætt med dei hævaste norske hovdingane, og denne skyldskapen vyrde dei vel og lenge; dei var godvener med nordmennene, og gav alle fred i Normandie, dei som vilde tekkjast med det.

Svein Tjugeskjegg døydde dá han hadde styrt vel eit halvt ár i England; Knut son hans drog til Danmark, og Ethelred for heim att. Olav Haraldsson fylgde med og skulde hjelpa han, men vart ikkje verande der lenge. Han tok ut pá vikingferd att, saman med heidningar og kristne frá Normandie og Irland. Dei herja pá strendene ved Frankrike og Spania, og so segjer segni at kong Olav styrde med heren sin til Karlsá (Guadalquivir). Derifrá etla han seg til á sigla gjenom Norvasund (Gibraltar-sundet) til Jorsalaland. Men medan han lág og bidde pá bør, drøymde han ein merkeleg draum: det kom ein mann til han, som var báde gild og tekkjeleg, men avskræmeleg og, og tala til han og bad han lata vera á draga lenger ut: "Far atter til odelen din, for du skal vera konge i Noreg til æveleg tid."

At hugen drog han til Jorsalaland, er rimeleg, etter di han dá var gripen av kristendomen. Og korleis det enn er med denne draumen eller ikkje: visst er det at han kom med i segnene um kong Olav og vart til ein folkedraum med dei største og lengste utsyner.

Olav vende um. Han kom til Rouen atter hausten 1014, og vart verande der um vinteren. Det var mykje á læra for han der, báde kristendom og lovgjeving og god sed. Han fekk sjá eit framifrá fint liv der, og var saman med mange gode menn av norsk ætt med den finaste uppseding som fanst i Europa. Kristendomen hadde sett dei djupaste merke pá huglivet og framferdi hjá folket og i heile samfundslivet. Rikard jarl var ein ypparleg mann, og fekk tilnamnet den gode. Robert, bror hans, var erkebiskop. Betre menn kunde ikkje Olav kome saman med, og den vinteren han var i Rouen, er beste læretidi hans i ungdomen.

Hovdingane gjorde mykje æra pá han, og det vart stor gleda i Rouen dá han umvende seg til kristendomen. Normanniske sogeskrivarar fortel at han vart døypt av erkebiskop Robert. Váre sogor segjer at han vart døypt tri ár gamal heime pá Ringerike, og at Olav Tryggvason stod fadder til han. Um so er, hev han vorte konfirmert i Rouen. Men det rimelegaste er at dei normanniske frásegnene er rette, so det verkeleg er Robert erkebisp som hev lært han upp i kristendom, og døypt han i den gamle Maria-kyrkja i Rouen; mange av mennene hans vart døypte med same. I takksamt minne um denne ugløymande hendingi bygde kong Olav sidan Maria-kyrkja i Sarpsborg.

Váren 1015 reiste han frá Normandie, pá heimveg. No visste han kva han vilde: samla Noreg under sitt velde, og kristna det. Rude-jarlen og erkebispen syner han den største tiltru og samhug; det ser me best av at dei sender bispen Rudolv, frenden sin, med han. Kong Olav siglde fyrst til England og hjelpte sønene til Ethelred ei liti tid. Men det var fáfengt, og han kunde ikkje lata seg hefta lenger av ugreida i England. Det hasta med á koma heim og nytta den laglege tidi no dá danekongen hadde for mykje á gjera i England til á tenkja pá veldet sitt i. Noreg; han hadde jamvel drege til seg beste hjelpesmannen sin i Noreg, Eirik jarl, og eit heilt herfylgje med han. Dette gjekk ikkje i duldom, og dá er det ikkje under at Olav hasta heim.

Heile fylgjet hans er berre 140 mann, og dei fer yver havet pá tvo kjøpmannsskip. Langskipi sine la han etter seg i England. Han hadde mange prestar med seg, og tri eller fire bispar: Rudolv, som alt er nemnd, og Grimkjell og Bernhard; kann henda var det ein til som heitte Sigurd. Sume meiner at Grimkjell var komen til Noreg fyrr. Han var truleg systerson eller brorson til Sigurd, hirdbispen til Olav Tryggvason. Han var fødd i England, men namnet tyder pá at han var av norsk ætt, og andre ting og; det er reint forunderleg kor vel han skyna folket og alle tilhøvi her i landet. At han kunde norsk mál, er greidt.

Nokolunde pá same máten og med same mál hadde Olav Tryggvason fare heim tjuge ár framfyre. Báe Olavane vilde reisa uppatt heile det gamle norske veldet, og báe kom dei i eit endá høgre ærend: dei vilde vinna folket for Kristus og grunnfesta den heilage kyrkja i den norrøne ætti.

Dei fekk storm og uver pá havet. Men korkje hovdingen eller fylgjesveinane miste modet. Dei lende pá midstrandi i Noreg, pá ei øy som heitte Sæla, utanfor Stad. Dette namnet fann dei elles pá sjølve, med fagnadskjemt for di dei var vel framkomne. Øyi heitte Selja dá som no. Pá ein høvelegare stad kunde dei ikkje lenda: der var Sunniva-heilagdomen, og det hev og truleg gjort sitt til at dei fann pá á nemna øyi Sæla. Det mátte visst vera ein lukkedag dá dei lende ved Sæla i Noreg, og det mátte vera eit godt varsel, at det bar soleis til, sa kong Olav. Dá dei steig pá land, glatt kongen i leira. "No datt eg", sa kongen. Dá svara Rane: "Du datt ikkje, konge; men no feste du fot i landet". Kongen lo og sa: "Soleis kann det vera, um Gud vil".

Dei siglde søretter, og fekk vita at Hákon jarl, son til Eirik jarl, var i Sogn, og hadde berre eitt skip. Han var ventande nordetter. Olav siglde til Sauesund pá austsida av Atleøyi i Sunnfjord og la seg til á venta der med eit skip pá kvar sida av sundet og eit digert vindetog imillom deim. Det gjekk ikkje noko ord um ferdi til kong Olav, etter di han siglde pá handelsskip. Hákon rodde inn i sundet med eit langskip som var vel manna. Olav vatt upp toget med gangspel, so jarleskipet velte og Hákon sjølv vart fanga.

Hepnare kunde det ikkje vera for Olav. Det var Haraldsætti og Ladejarls-ætti som møttest der i desse mennene, dei tvo hævaste ervingane. I lange tider hadde desse ættene kappast um makti i landet. Olav skynar fullt ut kor merkeleg denne stundi er for dei tvo ættene: "No er lukka dykkar fari", segjer han til jarlen. Men han trøystar seg med at ho kann skifta sidan som fyrr. Han laut dá sanna at Olav hadde han heilt i si makt og spurde kva han kravde. "Ikkje anna enn at du fer ut or landet og gjev upp riket ditt og gjer eid pá at du aldri vil strida mot meg heretter. " Jarlen lova dette med eid. So fekk han fred, han og heile mannskapet, og fór ut or landet so snøgt han vann; han siglde til England til Knut den mektige, morbror sin, og Olav heldt fram med ferdi si langs med landet. Der han vága det, stemnde han bøndene saman til ting, og mange gjekk i tenesta hans; men sume mælte imot. Det hev helst vore frendane og venene til Erling Skjalgsson.

Olav siglde til Vestfold og styrde inn etter Dramnsfjorden. Og ein fager haustdag kom han ridande med fylgjet sitt heim til Ringerike, til mori og stykfaren. Ute var dei i fullt arbeid med innhaustingi, og der var Sigurd Syr med. Inne sat Åsta millom ternone sine. So kom det nokre drengjer springande med bod um gjesten som var ventande kvar stundi. Alt kvardagsyrke stansa báde ute og inne. Åsta stellte til gjestebod for sonen, og alle fagna han pá det beste.

Olav var ein ungdom endá, berre godt og vel 20 ár. Men han hadde vore lenge ute, og han hadde mannast vel. Han var medels høg, eller ikkje for vel det, men før og sterk. Han hadde ljosbrunt hár og skjegg, og var breidleitt og ljosleitt og raud i kinnene. "Eg kjenner augo til Olav Tryggvason", sa ein bonde pá Vestlandet med same han ság han. Og det var so: augo hans var framifrá; han var venøygd og snarøygd, og dei ottast for á sjá han i augo nár han var vreid. Han var ein stor idrottsmann i mange stykke; godt kunde han bruka boge, og framifrá var han til á kasta spjot, og var vel sumd; han var hag og hendig og skyna seg vel pá allslags arbeid, báde det han og andre gjorde; serleg var han god til á skjera i tre. Hugen hans var sterk, og hard kunde han og vera. Men det var djupt til botnen.

Sigurd Syr visste med ein gong kva Olav etla seg til, og Åsta gledde seg. Dá det leid av ei tid, samrádde han seg med deim. Åsta var fus og framhuga, Sigurd tok det tolegare og minte um vanskane. Men han studde uppunder med kloke ráder. Og verket livna i hugen hans. Det synte seg at han var av Haralds-ætti. Han lova at alt han átte skulde vera til hjelp for det store tiltaket til styksonen. Og so stemnde han alle fylkeskongane pá Upplandi til samráds-møte. Olav var med. Sigurd bar málemnet fram og bad hovdingane um hjelp og rád og samtykke. Han sa det vilde vera vel á reka av seg det veldet som danene og sveane hadde vunne, no dei hadde ein god fyre gangsmann. Rørek, Heidmarks-kongen, totte at smákongane hadde det friaste og best nár utanlands-kongane rádde i landet, og ynskte ikkje noko umskifte. Men Ring, bror hans, vilde heller ha frenden sin til konge yver Noreg enn utanlands hovdingar, og ság gjerne at ætti deira reiste seg uppatt. Olav hadde gjeve mange av hovdingane store gávor, og no synte det seg at han hadde vunne seg mange vener. Den eine etter den andre stod upp og gav seg i samlag med han, og dei batt semja med ord og eidar. So stemnde dei folket til tings, og der tala báde Olav og mange av hovdingane. Folket var imot framandveldet og huga pá á fá ein landskonge av Haralds-ætti att. Olav fekk kongs-namn, og landet vart tildømt han etter dei upp landske lovene.

Heilag Olav talar med bøndene på tinget ved Hundtorp. Ill.: Halvdan Egedius. Snorres kongesagaer,1899-utg.

So drog han ei liti tid ikring pá Upplandi etter gamal kongevis, og det var mange som samla seg til han og gjekk i tenesta hans, etterkvart han for gjenom bygdene; vonom fyrr hadde han ein liten her. Det bar nordetter gjenom Gudbrandsdalen, og snøgt fór han yver Dovre og inn i Trøndelag nett fyre jol (1015). Det var ei vágsam ferd. Reint uventande kom han yver bøndene i Orkdalen og tvinga deim til á gá seg til handa. Ikkje mindre uventande kom han yver Svein jarl; han var inne pá Steinkjer og etla seg til á halda jol der, og ottast ingen fare fyrr han fær vita at Olav kjem roande inn yver fjorden med fire-fem skip. Jarlen gjekk um bord paa skipet sitt og tok med seg so mykje mannskap og gods som skipet kunde føra; han heldt inn under land dá kongsskipi rodde framum, og kom seg undan.

Han møttest med Einar Tambeskjelvar, verbror sin, og dei samrádde seg um det vandemálet dei var komne i. Olav kom til Steinkjer og tok jolekosten som jarlen hadde late etter seg. Men han var snar, og fòr so ut til Nidaros. Jarlane hadde hovudsætet sitt pá Lade, og brydde seg ikkje um den byen som Olav Tryggvason hadde bygt ved osen av Nidelvi. Husi hadde forfarest der; sume var radt nedfallne. Kong Olav tok til á byggja og vøla, og reiste byen upp att; han etla seg til á sitja der i joli.

Pá den tid kom det ein islending til kongen som fekk mykje á segja for han og for heile Noreg; det var Sigvat skald. Han hadde frett at Tord far hans var i tenesta hjá kong Olav og hadde fylgt han vestantil. Sigvat vilde og verta kongsmann. Han hadde gjort eit kvede um kong Olav, og bad han lyda pá det. Kongen brydde seg ikkje um det dá. Han var glad i skaldskap, og var sjølv skald. Men han totte vel det var for tidleg á taka mot hyllingskvede. Sigvat tala like lett i vers som elles, og med nokre strofar bad han um á verta godteken til hirdskald. Kongen lova det, og gav han ein stor gullring i skaldeløn. Dá kvad Sigvat:


Gullrauste, godvise konge,
godt hev me gjort det báe:
Du fekk ein heiltru hirdmann,
og husbond gjæv fekk eg.


Svein jarl og Einar Tambeskjelvar samla ein her pá mest 2000 mann; dei fòr so vart dei kunde, og kom snipleg inn til byen ei natt. Men vaktmannen til kongen gádde deim i siste liten, og midt pá natti fekk kongen røma. Han rodde ut etter fjorden til Orkdalen, og tok yver til Upplandi same vegen han var komen. Jarlen fekk no jolekosten sin att, og brende husi i Nidaros.

Det bar imot storstrid. Til avgjersla stunda dei frá báe sidor. Heile vinteren for Olav umkring i Upplandsbygdene. Sigurd Syr hjelpte til alt han vann. Ein gjæv mann som heitte Kjetil Kalv frá Ringnes i Stange vart ein trugen ven til kong Olav, og det var mange andre hæve menn som fylgde han. Framimot váren fór dei ned til sjøen. Danskane kunde ikkje verja Viki. Olav fekk seg skip der, og mannskap dg, endátil ifrá Aust-Agder. Svein jarl samla ein her i Trøndelag, og baud ut leiding yver heile riket sitt. Einar Tambeskjelvar var beste hjelpesmannen hans der nord, men mange andre stormenner fylgde og. Det var lett for jarlen á fá folk, for han heldt seg til vens med lendmennene og lét deim ráda i bygdene, og bøndene fylgde deim.

Det høvde ille for Olav at Erling Skjalgsson hadde enda den lange uvenskapen med jarlane ei tid framfyre, og gjort semja med deim. Han og mannskapet hans fylgde jarlen. Olav siglde utetter Foldi, og Svein og Einar og Erling kom nordantil og styrde inn i Viki. Herane møttest ved Nesjar — millom Langesunds-fjorden og Tunsberg-fjorden — palmesundag 25de mars 1016.

Fyrr Olav gjekk um bord, lét han halda messa át seg og heren. Alle mennene hans hadde krossmerke báde pá skjoldane og hjelmane. Kongsskipet heitte Karlshovde, etter eit mannshovud som kongen sjølv hadde skore ut og sett pá framstamnen. Det var yver hundrad mann um bord. I alt hadde han burtimot 2000 mann, og jarlen hadde mykje meir. Olav hadde eit kvitt merke, ein orm pá ei gyllt stong. Det var same merket han hadde stridt under i England, det same som engelsmennene brukte mot danene; det var daneveldet Olav stridde mot òg.

Slaget vart ovleg kvast, og lenge ság det uvisst ut med sigeren. Men kongsmennene heldt best ut, og so tok mannefallet til á verta stort i jarleheren. Det var med naudi Svein kom seg undan. Han og dei andre hovdingane i denne heren rodde ut pá fjorden og samrádde seg. Erling vilde dei skulde fara nord i landet og samla folk pá nytt og freista lukka imot kongen ein gong til. Men Einar Tambeskjelvar og dei fleste andre hovdingane talde til at han skulde fara til sveakongen, verbror sin, og fá hjelp hjá han.

Sigurd Syr rádde Olav til á leggja mot jarlen att med ein gong og gjera sigeren fullkomen. Men kong Olav meinte det var best á sjá kva jarlen etla seg til. Ved Nesjar fekk Olav retteleg sjá manndomen og truskapen som stykfar hans átte. Idigt hadde han hjelpt til med all fyrebuing til striden, djerveleg hadde han stridt, og no vilde han ha heil avgjersla, so riket kunde vera trygt i hendene pá Olav. Han var ein framifrá klok mann, han skyna báde Olav og motmennene hans, og visste det var naudsynt for landsfreden á fá ein verkeleg ende pá striden. "Du ráder," sa han. "Men det sviv meg i hugen nár eg minnest lyndet ditt og veit kor rádriken du er, at seint vil du gjera desse storbukkane true mot deg." Men Olav vilde ikkje driva naglen lenger den gongen. Og so ser dei at floten skilst. Svein jarl og Einar Tambeskjelvar siglde austyver Foldi, og Erling Skjalgsson vestetter. Svein drog til verbror sin, sveakongen Olav Skautkonung, so som Einar hadde rádt han til. Men Erling fór heim til odelen sin.

Gleda som denne sigeren vekte, strøymer friskt imot oss i kvedet som Sigvat Skald dikta, so som i desse versi:


Austan or Viki um váren
vágsame kongen for.
Nordantil jarlen seg nøytte
dei nádde einannan.
Bláe sterke bordi
báe fram dei dreiv.
Melda kann eg mykje
um møtet vel og greidleg.
Stongi gyllte stemnde
fram i striden harde.
Karsleg fram gjekk kjempor
med kongen gjæv og ættstor
Øsne stridde alle
under Olavs-merket.
Møtet ikkje minner
um nár møy i hallen mjøden skjenkjer
Dá gneistande sverdi glumde
glad ság eg svale brynjor
oss yver akslene falla
i utvalde kongefylgjet
Sverdi klang og sjoga,
men svarte háret mitt gøymde eg
vel under valske hjelmen:
ven og god var vár bunad.
Bøndene sára
gjekk yver bord.
Fagre skip me fekk;
no flyt det lik ved strandi.


Etter denne sigeren miste danene heile Viki; Olav rádde til Svinesund. Austlandet hadde lenge lege utanfor hovudstemna i den norske framvoksteren. No vart det for alvor ein lut av landet. Det galdt dá um á trygda denne sigeren, so Noreg vart samla til eitt velde att. Kongen visste at Svein etla seg til á koma til Trøndelag med svensk hjelp. Han siglde snøgt vestetter, og heldt nokre ting pá Aust-Agder. Der høyrde han at Erling Skjalgsson samla folk imot han, men han lét seg ikkje hefta av det; han for framum Jæren og nordetter for strykande bør, og kom til Trøndelag. Dá vart han teken til konge pá Øyreting. Han tok til á byggja byen upp att. Olav Tryggvason hadde bygt Klemenskyrkja. kann henda var ho noko til ned falls, so ho trong vøla. Nær denne kyrkja bygde Olav ein kongsgard, og byen reiste seg att.

Det norske riket reiste seg òg. Men det førde til fiendskap báde frá danene og sveane. Danene hadde for det fyrste meir enn nok á gjera med á tryggja veldet sitt i England; det ság myrkt ut for deim ei tid. Men frá sveakongen kunde Olav venta ufred.

Svein jarl hadde fare til Gardarike um sumaren, og etla seg til Noreg um hausten. Men han fekk helsott og døydde pá ferdi. Heren hans kom heimatt, og trøndene vart trugnare mot kongen sin. Men sveakongen fekk ikkje meir hug til á gjeva upp sine krav for det. Han sende skattekrevjarar til Trøndelag. Bøndene viste deim frá seg alle stader. Men dei var so djerve at dei søkte upp kongen sjølv med skattekravi sine. Han viste deim ifrá seg og lét deim fara i fred. Men dá ein av deim likevel ikkje vilde gjeva upp, mátte kongen senda folk etter han og flokken hans og gjera det av med deim.

Kong Olav sende skattekrevjarar til Jamtland. Men det var til fányttes; sume av deim miste livet. Det var alle utsyner til at han mátte bu seg til storstrid med Sveaveldet. Det galdt dá um á fá fred med Erling Skjalgsson og trygda grensa imot søraust. Um váren (1017) fór han søretter, og møttest med Erling pá Kvitingsøy. Det hadde fare sendemenn imillom deim. Erling vilde ha alle veitslor og innkomor som Olav Tryggvason hadde gjeve han og jarlane late han ha. Men kongen var redd for á gjera heile denne sørvestluten av landet til eit erverike for Sola-ætti, og sa at Erling mátte nøgja seg med á vera den fremste lendmannen i Noreg, men for veitslorne vilde han sjølv ráda. Erling laut bøygja seg, og kongen minka mykje pá makti hans. Aslak, ein frenden til Erling, fekk sysla i Hordaland og kongsgarden Fitjar pá Stord til bustad. Dá vart det smátt med venskapen millom frendane. Men Erling og kongen var samde á kalla.

No ság kong Olav at det trongst eit riksvern i Viki. Noreg nádde til Svinesund dá som no. Der ein stad vilde han byggja ei borg til trygd. Og ein høveleg stad fann han eit stykke ovan for utfalls-osen av Glomma, pá ein odde som gjeng ut i elvi tett med Sarpsfossen. Der lét han byggja ein mur av stein og torv og timber, og grava eit dike utanfor; inni borgi vilde han ha ein by. Ein kongsgard bygde han, og ei kyrkja som han lét vigja til Maria; bispen Rudolv fekk truleg viktigaste yrkesstaden sin der. Kongen lét merkja ut tufter til mange gardar, og fekk folk til á byggja der. Borg kalla kongen denne byen sin. Dei store vollane ser ein mykje av enno. Ranrike hadde fyrr høyrt til Noreg. Olav fekk bøndene til á gjeva seg under han. Ein av dei beste hjelpesmennene hans var Brynjulv Ulvalde; han tala til bate for den norske kongen pá tinget. Báe dei svenske sysselmennene vart drepne, og Ranrike lagt under Noreg. Brynjulv vart lendmann og fekk garden Vettaland.

Olav Skautkonung var ovleg harm pá Olav Haraldsson, og tolde ikkje ein gong at nokon kalla han konge; dei skulde berre nemna han for "den digre mannen". Ufreden var mykje til meins báde for vikverjar og vestgautar. Den norske kongen hadde leiding ute og drog til Gautelvi um sumaren (1017), og han forbaud all utførsla av sild og salt frá Viki til Gautland. Folket pá báe sidor av grensa lengta like mykje etter fred. Dette fekk kong Olav ofte høyra, og ikkje minst dei mest tiltrudde mennene hans, mest av alle stallaren, som stod for hirdi og tala pá tingi for kongen. Han heitte Bjørn Digre. Bøndene i Viki bad um at kongen mátte senda menn til á tinga um fred med sveakongen. Det var vel ingen som stunda so mykje etter fred som kong Olav. Men han mátte fyrst og fremst fá ein god ende pá striden. Og han nytta alle brukande ráder.

Det var serleg ein mann han kunde setja von og lit til; det var jarlen Rognvald Ulvsson i Vestergautland. Han var gift med Ingebjørg, syster til Olav Tryggvason. Det hadde fare ord sendingar millom deim og kong Olav. Ingebjørg kunde ikkje gløyma at sveakongen hadde vore med og gjort det største og verste frendeskard i ætti hennar, og ho dreiv mykje pá at dei mátte hjelpa den norske kongen alt dei kunde. Kongen og jarlen møttest ved Gautelvi og tala um alle vandemáli som var uppkomne. Dei gjorde fred seg imillom. Men so galdt det um á fá sveakongen til á gá med pá ein god fred.

Kongen hadde kalla til seg ein av dei hævaste hovdingane pá Island, Hjalte Skjeggeson, han som hadde hjelpt Olav Tryggvason so vel med á fá kristendomen lovteken pá Altinget. Denne kloke mannen vilde kongen fá til á hjelpa seg med fredstingingi. Bjørn stallar kom fram med bønestaden frá vestgautane pá eit husting. Kongen sa at Bjørn sjølv skulde gjera denne ferdi, og Hjalte vart med. Dei skulde fyrst gá til Rognvald jarl og fá hjelp hjá han.

Men kong Olav la seg ikkje i ro og venta pá kva utfall denne fredstingingi vilde fá.

Upplandi trong den skipande handi hans yver seg, báde fordi det trong sameining med landet elles i styringsverket og fordi det turvte meir ettersyn med seden og ándslivet. Desse landslutene lág mykje til atters soleis. Medan ærendsmennene til sveakongen gjer sitt, og medan uppbyggjingsarbeidet pá Borg er i full gang, tek kongen ut pá ferd til Upplandi. Sjølv var han derifrá, og der vart han fyrst teken til konge, der hadde han dei fleste og beste venene og frendane sine, der hadde han fenge beste hjelpi til sigeren ved Nesjar, og der var han betre kjend enn nokon annan stad med folkelyndet og landslaget og med sed og skikk. Alle tjodkongane hadde forsømt denne landsluten, ikkje minst Harald Hárfagre, som òg var der ifrá. Di meir kjende Olav Haraldsson seg driven til á gjera noko for desse bygdene.

Snorre fortel at han fyrst fór upp til Vingulmark og tok gjesting uppe ved skogbygdene og stemnde til seg alt bygdefolket, helst deim som budde lengst frá storbygdene. Han ransaka kristenseden deira, og der han ság at det trengdest rettarbot, lærde han deim rette seden, og var det nokon som ikkje vilde halda upp med heidenskapen, refste han det strengt. Sume jaga han ut or landet, sume lét han skamfara pá hender eller føter, sume lét han hengja eller hogga i hel, men ingen slapp fri som ikkje vilde tena Gud. Soleis fór han yver heile fylket, og like strengt refste han storfolk og smáfolk. Han gav deim prestar, og sette so mange av deim i bygdene som han ság det trengdest. Han fór ikring med 300 mann. Di lenger han kom upp i landet, di mindre heldt dei kristendomen. Men han fór fram pá same visi kvar han kom. Upplandskongane var heidningar dei fleste, kann henda alle so nær som Sigurd Syr. Dei var ottefulle báde for fedra-trui og for makti si. So møttest dei og samdest um á gá imot kong Olav med alt det mannskapet dei kunde fá med seg, og taka livet av han. Dei sende bod til stormennene og avtala ein stemnedag nár denne fyreskipnaden skulde setjast i verk. Men ofte er det so at kvar hev ein ven millom uvener. Og pá dette stormannsmøtet var Kjetil Kalv og. Han manna ei skuta og fór so snart han vann til kongen; han var alt komen til Eidsvoll. Pá timen han fekk vita kva kongane hadde sett seg fyre, laga han seg til og for nordetter med 500 mann. Utpá natti kom han til den garden pá Ringsaker der kongane var, og slo ring um husi og fanga deim. Olav gjorde deim ufarlege. Men han vilde ikkje skjemma sigeren sin med á drepa deim, sa han. Tri viste han ut or landet; den eine av deim var Ring Dagsson. Han og Dag, son hans, fór fyrst i viking, og sidan fekk dei eit rike i Sveaveldet. Rørek var den farlegaste; han vart blinda, og Olav tok han i si varveitsla og fekk pálitelege menn til á vakta han. Men Rørek lengta etter hemn, og freista gong etter gong á drepa kongen. Til slutt ság ikkje Olav syn med á ha han i landet lenger: han fekk ein venen sin frá Island, Torarin Nevjolvsson heitte han, til á taka han med seg og stella det so, at han aldri kom til Noreg meir. Rørek døydde pá Island; han er einaste kongen som er grav lagd der.

Storbøndene som var med i svikrádi mot kong Olav, refste han strengt.

I søre Gudbrandsdalen var det ein konge som heitte Gudrød. Han hadde ikkje vore med i rádstemna til Upplands-kongane. Men Olav heldt han for á vera farleg, báde for seg og den rette trui. Det ser ut til at han hadde vore kristen, men falle attende til heidenskapen. Olav for uppetter og fanga han og refste han pá det hardaste: han lét skjera tunga ut pá han, og kongedømet vart frá han teke.

No var det berre Sigurd Syr som var att av smákongane. Men han døydde ikkje so lenge etter desse hendingane (vinteren 1017—1018). Asta livde etter han, og fem born, 3 søner og 2 døtter.

Landet var kome under eitt styre heilt ut; so hadde det aldri vore fyrr.


Like til Eid i auster
er ættlandi dine breide.
Ingen oddrøynar fordom
átte eit sovore rike,


kvad Ottar Svarte. Verket til Harald Hárfagre var fullført.

Men endá hadde det ikkje fest seg i folkehugen. Det var dá um á gjera at det fekk røta seg i fred for alle átak utanfrá. Danene hadde vunne England, men endá hadde dei nok á gjera med á styrkja veldet sitt der. Lukkast det, skyna Olav lett at dei kom til á hugsa han og Noreg. Di meir galdt det um á fá fred med Sverike báde snøgt og trygt.

Bjørn stallar og Hjalte Skjeggeson kom til Rognvald jarl, og dei vart samde um fredstingingi. Bjørn gav seg att hjá jarlen, og Hjalte fór til Uppsala til sveakongen. Der fann han fleire islandske skaldar; dei var i stor æra. Ottar Svarte, syster son til Sigvat, var ein av deim. Hjalte fekk deim til á hjelpa seg. Men sjølv gjorde han mest.

Kong Olav ynskte á festa freden og hevja riket sitt med á verta mágen til Sveakongen. Han vilde beda um Ingegjerd, dotter hans, og dette friarmálet skulde tingings-mennene føra fram, so sant dei kunde sjá nokor fredsvon. Snorre fortel vel um kor framifrá Hjalte kunde leggja ordi sine báde med kongen og Ingegjerd. Det gjekk henne som kong Olav: dei høyrde so mykje gjete einannan, at dei huglagde kvarandre. Men sveakongen hadde so mykje imot den norske namnen sin, at han ikkje vilde gjeva honom dotter si, og det nytta ikkje at ho sjølv lét faren vita kva ho ynskte. Han tottest vera den ypparste kongen i Norderlandi og rekna ætti si for den hævaste, og heldt ikkje Olav Haraldsson for ein høveleg mág. Heller ikkje vann han gløyma den harmen og skaden som den norske kongen hadde gjort han. Men Rognvald jarl bar fredstilbodet og friarmálet frá den norske kongen fram pá Uppsalating utpá etter vinteren (1018), og Torgny lagmann i Tiundaland studde upp under. Bøndene heldt med deim, og heile tinget kravde fred pá dei vilkár og med den tilskipingi som den norske kongen baud og bad um. Kong Olav laut lova det. Ingegjerd vart dá fest til Olav Haraldsson, og Rognvald jarl fekk fullmakt til á avgjera giftarmálssaki med den norske kongen. Um hausten skulde bryllaupet stá i Konghelle, og dá skulde dei tvo tjodkongane møtast og gjera full semja seg imillom.

Olav Haraldsson vart ovleg glad dá han fekk vita denne endelykti, og han takka ærendsveinane mykje og lønte dei vel. Han bad til bryllaups kring um i riket sitt og budde alt til pá det beste. Det var ein ypparleg flote som siglde med han til bryllaupsmøtet i Konghelle tidleg um hausten. Men der vart dei liggjande og venta. Det kom korkje brur eller brudfylgje.

Den svenske kongen hadde ikkje etla seg til á halda ordet han hadde gjeve pá tinget. Det melde seg ein annan friar til Ingegjerd, og til han feste sveakongen dotter si; det var stor fyrst Jaroslav ifrá Novgorod i Gardarike. Han lág i strid med bror sin, Svjatopolk i Kiev, og hadde god hjelp av væringar ifrá Norderlandi. Men mágskapen med sveakongen vilde verta til beste styrken for han.

Olav og fylgjet hans venta fáfengt pá bruri vika etter vika. Til slutt vart det klárt for alle at sveakongen hadde fare med svik. Kong Olav báde syrgde og harma seg, og tenkte ei tid pá á fara med ufred. Men han bøygde seg for deim som bad han bia og finna ein betre utveg. Heren fekk heimlov. Um hausten sende kongen Sigvat skald til Rognvald jarl; han skulde røkja etter korleis alt dette hekk i hop, og gjera ein ny freistnad pá á fá ein rimeleg fred. Denne ferdi fortalde han um sidan i nokre kvede som er so livande og leduge, so málande og so yndefulle og skjemtsame, at dei aldri kann verta gløymde meir, so lenge folk her i Norderlandi finn hugnad i skaldskap. Ferdi var strævsam og vanskane mange. Vegane er mødesame og folk er ugjestmilde og vrange. Dei er heidne som hundar alle stader og hutar kristne folk. Men alt er lett á gløyma nár dei kjem fram til so god og vensæl ein hovding som Rognvald. Der fekk Sigvat god skilgreida pá alt i hop. Dei samrádde seg báde vel og lenge, og báe mislika det som hendt var like mykje. Sigvat rosar jarlen i dei sterkaste ordelag sidan. Aldri høyrde han nokon mann tala greidare, segjer han i eit kvede.

Men hjá Rognvald jarl møtte Sigvat ei frilledotter til sveakongen; ho var uppfostra i Vestergautland, og heitte Astrid. Henne vilde jarlen festa til kong Olav, sa han, so framt han var huga pá det. Og Astrid var báde ven og vitug og fint seda. Sigvat bar dette fram, og rosa Astrid mykje. Kong Olav tok imot tilbodet. Rognvald jarl drog dá med Astrid i eit stort og staseleg fylgje til Borg, og kom dit kyndelsmesse tider (1019). Olav fagna deim med eit gjestebod og heldt bryllaup med stor heider.

Sveakongen vart fælande harm for dette, og lova Rognvald jarl alt ilt. Men dá laut han gjeva seg for Ingegjerd, dotter si. Ho hadde røynt venskapen til jarlen, frenden sin, og ho vilde ha han med til Holmgard. Han vart verande i Gardarike sidan. Ho hadde fenge Aldeigjuborg ved Ladogasjøen i morgongáva, og ho sette Rognvald til jarl der. Etter henne heitte det Ingermannland sidan. Jaroslav vann yver bror sin, og sidan sat han trygt i riket. Ingegjerd vart mor til ein storfyrste og tri døtter som var gifte med kongar utyver Europa, ei i Noreg, ei i Frankrike, ei i Ungarn.

Báde Rognvald jarl og Ingeborg og dronning Ingegjerd viste alltid venskap imot Olav Haraldsson, og dit aust søkte han dá han vart driven ifrá fedralandet.

Ingegjerd er ei av dei gjævaste og beste kvinnor som Norderlandi hev átt. Hjá oss vil ho alltid liva i eit forunderleg ljost minne.


Per Sivle syng:

Jamvel eg hev ho Ingegjerd kjær,
so Ingegjerds-namn meg heilagt er.
Ho tykst meg den fagraste kvinna av deim
som bur i vár gamle sogeheim.
Nár Storráde-blodet ádra seg slik,
det syner kor livsens vokstvon er rik.
For bestemori var ulvegram,
men Ingegjerd sveiv som ein ljosalv fram.


Olav Skautkonung laut endeleg gjera fred med Noreg. Sveane reiste seg imot han for di han lét seg døypa og arbeidde for kristendomen; dei ottast for at han vilde øydeleggja hovet i Uppsala. So tvinga dei han til á taka Onund Jakob, son sin, til konge saman med seg. Dá vart han huga pá fred med Noreg.

Pá denne tid vart Knut den mektige konge i Danmark; fyrr rádde han i England. Han var dá den mektigaste fyrsten i Nordeuropa. At han var ein fare for Noreg, var klárt. Men sveakongen kunde heller ikkje vera trygg. Og so møttest dei tvo tjodkongane til fred og forlik. Det var i Konghelle. Dei kom til rettes i eitt og alt, og tala venleg med einannan. Grensone vart greidt fastsette. Ranrike skulde høyra til Noreg.

Det norske riket var uppatt-bygt fullt ut; det var betre samla og fastare samanbunde enn nokon gong fyrr. Og med forliket i Konghelle vart det godkjent for jamgjævt med dei tvo andre norderlendske storriki. Det var slutt med framandveldet, og landsfreden var trygda. Stormennene hadde lote bøygt seg for kongen, bygdeveldet for landsveldet, samstundes med at Háløygætti tapte i den lange kappestriden med Haraldsætti. Viljen i denne ætti hadde klárna etter kvart, og no var største sigeren vunnen. Men denne ættarviljen rakk endá lenger. Me ser at Olav Tryggvason vilde føra folket i dei norrøne utbygdene til samliv med moderlandet og binda i hop alt som tala med norsk tunga. I so máte tok òg Olav Haraldsson arven upp etter den store namnen sin. Kongsgarden hans var heile tidi ein midstad for alle norrøne bygder. Der ferdast islendingar og orknøyingar og hjaltlendingar og føringar og grønlendingar jamsides med heime-nordmennene. Og nár kongen sat i hallen i samtale med mennene sine, gjekk tankane hans utyver til alle desse nybygdene, og han spurde vel og nøgje etter um tilstandet der hjá deim som hadde best greida pá det, segjer soga. Mest spurde han etter korleis dei heldt kristendomen alle stader so langt som nordmennene hadde bygt og norsk tunga rádde. Som ventande var fekk han vita at det var mykje som skakka. "Slikt var det mest han rødde um, eller so tala han um lov og landsrett", segjer Snorre.

Olav Haraldsson er den største riksbyggjaren vár i alle tider. Og han er meir enn riksbyggjar; han er ein livsbyggjar.

Det norske riket mátte sambyggjast og tryggjast. Og folket mátte nyast upp innanfrá, med krafti frá kristendomen.

Dei norrøne bygdene mátte binda seg saman med moder landet til eit Nordhavs-velde. Og alle norrøne ættene mátte førast inn i den same ándelege nyskapingi.

Olav Tryggvason hadde gjort mykje til á binda utbygdene til Noreg. Under jarle-veldet var sambandet losna. Olav Haraldsson gjorde alt som gjerast kunde til á styrkja det. Han nya uppatt det gamle norske veldet yver Orknøyane, Hjaltland og Færøyane. Den største hovdingen pá Grønland var Torkjell pá Brattalid, son til Leiv den hepne. Han var ein utifrá god ven til kong Olav. Og Stuv pá Stokkanes i Eiriksfjord var hirdmannen hans. Ei mengd med islendingar hadde meir á gjera i den norske kongsgarden enn nokon annan stad utanfor heimen, og Olav batt heile Island til seg med band som ingen skulde trutt kunde slitna meir.

Hjalte Skjeggeson hadde vore ein framifrá hjelpesmann for Olav Tryggvason dá kristendomen vart lovteken pá Island. Han var ein av dei fyrste som Olav Haraldsson sende bod etter. Kongen sende bispen Bernhard der ut, og kristenretten sin fekk han vedteken. Han sende timber til kyrkja pá Tingvollane, og ei stor kyrkjeklokka. Islendingane var meir som landsmenn enn som utlendingar her i landet, serleg etter dei lover og rettarbøter som dei og kong Olav vart samde um i 1022. Dei hadde same rett til bøter som ein norsk odelsbonde. I kongsskogane hadde dei rett til á hogga det dei vilde. Men kongen hadde stor rett for seg og mennene sine pá Island òg, og i ufredstider fekk ikkje islendingane fara frá Noreg; dei skulde vera med og verja landet.

Mang ein gjæv islending visste at han ingen betre ven átte enn kong Olav, og Tormod Kolbrunarskald var ikkje den einaste som ikkje vilde skiljast frá han anten i liv eller daude. Det var ein islending som totte alle fjelli stod smilande yver Noreg, so lenge Olav livde, men dá han var avliden, myrkna lidene av sorgi.

Kristnings-verket

Olav den heilage på våpenskjoldet til den finske mellomalderbyen Ulvila. Commons.

Landet var samla, riket var uppbygt, og eit norrønt Nordhavs-velde var i framvokster.

Stødt og stendigt var Olav i arbeid med á skipa pá retten. Han "bygde upp ein landsrett som kann stá", segjer Sigvat. Landsrett var eit nytt ord. Alle skulde fá rett i livd av eit landsstyre. Og stá skulde retten, for di han var bygd pá god grunn. Det var kristendomen som mátte vera grunnlaget for heile livet, i stort og i smátt. Men dá mátte heile folket kristnast, og kyrkja verta som ei mor for alle, ei jordisk mor med himmelsk liv og kraft.

Olav Tryggvason hadde kristna dei viktigaste sjøbygdene i ei snarvenda, og gjort eit grunnleggjings-arbeid for kyrkja. Men jarlane gjorde ingen ting for kristendomen; dei lét báde kyrkjor og hov stá eller falla etter som det høvde. Dei hjelpte ikkje til á halda kristeleg gudstenesta og lærdom ved lag, og mange stader vart det lite att av det Olav Tryggvason bygde upp. Men radt til inkjes vart det ikkje. Folket gløymde korkje han eller arbeidet hans.

Men gamal vane og gamal sed fekk yvertaket att, for di alt det nye var so lite grunnfest og fekk so liten kveik. Bispen Sigurd reiste frá landet til Sverike dá Olav Tryggvason var fallen, so kyrkja her i landet ingen yverhyrding hadde. Men kyrkjone pá Moster og Selja var i live, og truleg Klemenskyrkja i Nidaros òg. Andre stader brann det visst ikkje ljos pá noko alter.

Um kristningsverket til dei tvo Olavane segjer Odd munk: "Olav Tryggvason la grunnvollen til kristendomen; men Olav Haraldsson reiste veggjene. Olav Tryggvason laga vingarden; men Olav Haraldsson auka han og prydde han med mange vokstrar." Det er rett. Men det vilde truleg vore endá rettare um han hadde sagt, at Olav Tryggvason la grunnsteinane. Olav Haraldsson laut leggja mykje av grunnen. Det var han som gjorde nordmennene til eit kriste folk; han bygde upp kyrkja for heile landet, og gav henne ein skipnad som var heimhøveleg og livsfør.

Etter semja i Konghelle fór Olav nord i landet, og sat i Nidaros um vinteren (1019—20). Han spurde mykje etter korleis dei heldt kristendomen derikring og lenger nord, og dá fekk han vita mangt som han ikkje lika. Det stod reint ille til báde inn i Trøndelag og i Namdalen og Hálogaland. Han sende bod og helsing til Hárek frá Tjotta, den største hovdingen i Nord-Noreg, og um váren fór kongen frá Nidaros med fem skip og tre hundrad mann, og siglde nordetter. I Namdalen heldt han ting med bøndene og gav seg ikkje fyrr dei hadde teke ved kristendomen og alle rettarbøtene han kom med. Dei som ikkje vilde bøygja seg, refste han hardt. Sameleis fór han yver heile Hálogaland og vart verande der mesteparten av sumaren. Han kom radt nord til Andøy. Pá Bjarkøy budde Tore Hund, og báde han og Hárek frá Tjotta gjekk kongen til handa, og folket lét seg kristna alle stader.

Um hausten kom kongen til Nidaros att og sat der um vinteren. Frá Inn-Trøndelag kom det tidend um at bøndene der samla seg til blot-gilde. Pá Egg ved Beitstadfjorden budde det ein storbonde som heitte Olve. Han hadde mest á segja der inne. Kongen kalla han og andre til seg og spurde etter. Men Olve sa at det var ingen ting i det kongen hadde høyrt: bøndene hadde berre havt vanleg gjestebod. Utpá vinteren spurdest det at dei hadde blota att. Olve og nokre andre bønder møtte pá nytt til kongen og greidde ut for seg. Dei sa det same som fyrr. Men han trudde deim ikkje. Han skyna at heidendomen var like fastgrodd som fyrr der inne, og hadde ein midstad i hovet pá Mære. Han frette at dei skulde møtast der til várblot frá Ytterøyi, Beitstaden, Innerøyi, Stad, Sparbu, Verdalen, Snása og Skogn. Dá samla han mennene sine og siglde med god bør innetter fjorden, og um natti kom han til Mære; han gjorde manngard um husi og fanga Olve og lét drepa báde han og mange andre. Og sume tok han eigedomen frá, eller refste deim pá onnor vis. Han aga deim, so dei laut lyda. Han reiste ikkje fyrr alle hadde teke den rette trui; han sette prestar etter seg, og kyrkjor lét han byggja og vigja.

Dá sumaren kom (1021), drog kongen ut til Møre og Roms dalen, og var der lenge frametter. Desse bygdene var kristna. Men byggjingsarbeidet stod att, og rettarbøter var turvande, so det var meir enn nok á gjera.

Dá det tok til á hausta, fòr han upp gjenom Romsdalen og kom til Lesja. Han tvinga dei beste mennene der og pá Dovre til á taka ved kristendomen. Dei laut gjeva kongen sønene sine til gislar pá truskapen sin, og til upplæring i trui. Han sette prestar etter seg, og ei kyrkja vart bygd pá Bø ved Lesjevatnet. So drog han yver fjellet til Skják og Lom. Dá han kom ned i Stave-brekka og ság nedetter dalen, vart han teken av dette fagre synet og sa: "Det er skade at ein skal brenna so fager ei bygd." Um natti var han paa Synste-Nes under Lomseggi. Dá Snorre var her i landet, fekk han vita, at det loftet som Olav sov i, stod uskipla. Og dei heldt det ved lag like til 1830; dá vart det flutt og umbygt.

Kongen stemnde til seg bøndene frá Skják og Lom og Hedalen og Váge, og gav deim valet millom á lata seg kristna og gjeva sønene sine til gislar eller halda slag med han. Dei valde det som bata deim best, og lydde han. Torgeir gamle pá Garmo lova á byggja ei kyrkja pá garden sin, og kongen gav han Tessevatnet til odel og eiga. Eit av dei eldste gamalnorske brevi váre fortel um dette. Bispen Ivar pá Hamar skreiv det i Lom eitt av dei fyrste ári pá 1200-talet, etter vitnemál frá gamle pálitelege menner.

Kongen og bispen som fylgde han, sette prestar etter seg i Lom og Váge. So for dei yver Vágerusti og kom ned til Sel. Der spurdest det at ein heil her hadde samla seg til strid imot kongen sør pá Breidvangen. Føraren var son til Dale-Gudbrand pá Hundorp. Men kong Olav dreiv heren pá flukt, og stansa pá Lidstad, eit stykke nordanfor Hundorp. Dale-Gudbrand var so mektig ein hovding, at Sigvat Skald liknar han saman med Erling Skjalgsson. Det er dá rimeleg at det vart lange frá segner um møtet millom han og kongen. Det var eit Torshov pá garden hans, og ein eldgamal tingstad, ikkje langt ifrá Logen. Breid og roleg glid elvi framum, og store vene gardar ligg i leint hall uppetter.

Pá tinget møtte bispen i fullt skrud, og dølene ság forvitne pá krokstaven og bispehuva og heile bunaden hans. Dei møtte fram med Tors-biletet. Kongen fekk ein av mennene sine til á knusa det. Báde Gudbrand og grannen hans, Tord pá Steig, hadde drøymt same draumen ei natt; dei totte det kom ein ljos mann til deim som det stod age av, og han sa det vilde gá deim syrgjeleg ille, dersom dei vilde strida mot kong Olav. Det var ikkje underleg at det gjekk syner gjenom folkehugen framfor det umskiftet som kom dá, eller at segner um slike syner laga seg til. Alle tok ved kristendomen, og bispen sette prestar der. Dei skildest vener som fyrr var uvener, og Gudbrand lét byggja ei kyrkja pá garden sin og la gods til.

Nokre ár etter kom Olav att, og gifte morsyster si, Isrid, med Tord pá Steig. Gudbrand høyrer me ikkje gjete meir. Han var truleg avliden, og ætti hans slokna ut. Steig-ætti vart dá den største i dalen.

Frá Gudbrandsdalen fór kongen ut til Heidmarki og Toten, Hadeland og Ringerike og kristna folket og retta pá seden. Kyrkjor vart vigde og prestar innsette.

Han fullførde det verket som han hadde teke til med dá kongane vart fanga, segjer sogone. Den tid trøysta han seg ikkje til á fara so langt med lite folk. Raumane samla seg imot han ved elvi Nitja, men kongen vann. So drog han til Solør og kristna folket der. Um váren stemnde han upplendingane saman til ting pá Eidsvoll; han fekk rettarbøter vedtekne og gav Eidsivatinget ein fastare skipnad.

So drog han til Tunsberg og sat der um váren (1022). Nordanfjells hadde dei havt nokre dárlege ár. Men i Viki var det godt, og det var bergeleg alt nord til Stad. Kongen sende bod til Agder, Rogaland og Hordaland, at dei mátte ikkje selja korn eller malt og mjøl utor bygdene, for han vilde fara ikring der med mannskapet sitt sumaren etter.

Erling Skjalgsson hadde teke seg større makt enn han hadde rett til etter avtalen pá Kvitingsøy, og han hadde fare hardt fram imot dei menner som kongen hadde i si tenesta pá Vestlandet. Aslak Fitjaskalle laut røma or sysla si for han, og kom til kongen og klaga seg. Olav vilde ha ein ende pá denne usemja fyrr han fór vestetter, og stemnde Erling til seg i Tunsberg. Venene deira gjekk imillom deim, og dei vart samde á kalla. Erling laut senda Skjalg, son sin, til kongen. Men so hende det noko som skipla freden imillom deim meir enn alt anna.

Kongen heldt seg mykje i Viki um sumaren og fór alt aust til landsenden. Erling sat heime. Um hausten kom systerson hans til han, Asbjørn Sigurdsson frá Trondarnes. Han vilde vitja frenden sin, og kjøpa korn; for det hadde vore fleire uár etter einannan i Nordland. Men Erling vilde ikkje brjota utførsleforbodet. "Seint fær ein sanningi á høyra", segjer Asbjørn. "I ungdomen min hev dei lært meg at mor mi var fribori i alle ætter, og at Erling pá Sola no var den gjævaste av frendane hennar. Men no høyrer eg du segjer at du ikkje er so fri for kongens trælar her pá Jæren, at du kann gjera med kornet ditt som du vil." Erling tok det roleg, men sa at Asbjørn skulde fá kjøpa korn hjá trælane hans, for dei stod ikkje under lov og landsrett som anna folk. Pá heimvegen la han til lands ved kongsgarden Agvaldsnes i Karmsund. Der hadde kongen ein ármann av lág ætt som heitte Tore Sel. Han stemnde folk saman og tok báde ladning og segl frá Asbjørn, og lét han sigla heim med skammi. Han fekk høyra meir enn eit sneid ord for denne ferdi. Verst beit det som Tore Hund sa, farbror hans. Kyndilsmess skuva Asbjørn eit stort skip pá sjøen att, og manna det vel. Han kom til Karmøyi torsdag i páske vika (1023) og la til lands pá utsida av øyi. Aleine gjekk han innetter. Han ság mykje folk som var ute og ferdast báde pá sjø og land, og alle stemnde til kongsgarden. Han fekk snart vita grunnen: kongen var komen til gjestebods der, og sat nett til bords. Asbjørn gjekk fram i døri til gjestebods-stova. Tore Sel stod framfor kongen og fortalde um tilburden millom han og Asbjørn pá ein uvyrdsleg máte. Det var ikkje lenge Asbjørn vann høyra pá. Han sprang til og hogg hovudet av Tore Sel, so det datt ned pá bordet framfor kongen, og kroppen pá føtene hans; dukane vart utbloda báde uppe og nede. Kongen dømde Asbjørn frá livet. Men Skjalg Erlingsson reiste straks til far sin og melde denne tidendi. Erling samla ein her pá 1800 mann og fòr avstad, og kom til Agvaldsnes um sundagen nett dá evangeliet var upplese. Dei gjekk upp til kyrkja og tok Asbjørn og braut lekkjone av han. Ved stáket og vápnbraket sprang alle dei inn i kyrkja som fyrr var ute, men dei som var i kyrkja ság ut alle i hop, so nær som kongen; han stod still og ság seg ikkje um. Erling stellte mannskapet sitt upp frá kyrkja til stova, og han og sønene hans stod næmast stovedøri. Kongen gjekk beint fram, og Erling bøygde seg for han og helsa han. Kongen bad Gud hjelpa han. Erling baud semja, og bispen bad kongen gjera sitt til freden. Asbjørn skulde fá ha livet og gá i same tenesta som Tore Sel hadde havt. Dette var lite ærefullt for ein so storætta mann. Erling og kongen helsa ikkje til kvarandre dá dei skildest. Frá den tid var det ny usemja millom deim, og det vart verre og ikkje betre etter kvart.

Pá Voss

Olavskrossen. Krossen vart reist på Voss i 1023 av Olav den Heilage. Foto: Jesper Lauridsen ©2010.

Framyver váren for Olav umkring i Hordaland og tok veitslor. Dá som elles var viktigaste ærendet hans á styrkja kristendomen og all god sed i bygdene. Frá Moster hadde ljoset strála ein liten mannsalder. Di lenger burt det bar frá denne kyrkjelege midstaden, di ringare var det med tru og kristen sed. Men heidendomen hadde mist herreveldet sitt i det ytre i minsto, nærsom pá Voss. Omen av den nye tidi hadde nátt dit òg, serleg med alle dei vossingar som for i viking eller ferdast i andre ærend ute i verdi.

Ein kunde tru at det var ikkje so mange, etter di Voss er ei innlandsbygd og sjøvegane var tunge og vande. Men ein vert vâr noko anna pá timen ein røkjer etter i dei gamle sogone. Og utferdshugen og reisehugen hev halde seg til denne dag. Dei fór myje i viking frá Voss. Mannsnamnet Viking er mykje i bruk her enno. Island var for det meste bygt frá Vestlandet i Noreg, ikkje minst ifrá Hordaland. Det er markande at det ikkje er upprekna so mange landnámsmenner ifrá nokor onnor bygd som frá Voss. Millom deim er ein merkeleg mann som heitte Bodvar Kvite, ættarfaren til Side-Hall, ein av dei gjævaste menn i den gamle islandske soga. Ein av landnámsmennene kalla garden sin Vorsabør til minne um ættarheimen i Noreg, og etterkomarane til Ulv den vorske vart heitande "vorsar" lenge.

Det er ikkje noko bygdemál her i landet som svipar so mykje pá islandsk som vossamálet.

At heidendomen hadde losna i hugen hjá mange her i bygdene, endátil hjá mange av deim som hadde sete heime all sin dag, det kann ein vera viss um. Men det gamle rádde grunnen, i tru og sed og gudsdyrking.

Olav Tryggvason nádde ikkje til nokor innlandsbygd med kristningsarbeidet sitt. Han kom heller ikkje til Voss. Truleg hadde ingen kristen prest sett sin fot her fyrr Olav Haraldsson kom hit pá fyresumaren same áret som han og Erling Skjalgsson møttest pá Agvaldsnes (1023).


__________


Mølstertunet, med utsyn utfyrer til Borddalen. Ved Uppheimsyrkja.

Voss er ei av dei eldste bygder i landet. Grunnane til det ligg i dagen: jordkyndet er grøderikt og verlaget godt; det er ei innlandsbygd som ligg nær sjøen pá tre kantar. Áburden er rik pá áker og eng, og fjellbeiti er gode. Det er jamnaste gode áringar, og retteleg dárlege ár er sjeldsynte.

Det er tydeleg at folk hev trivest vel her frá eldgamle tider. Graver og jordfunne ting syner at busetnaden er sværande gamal, og at folket hev fylgt godt med i alle kulturframstig. Og gardsnamni fortel ikkje mindre páliteleg um ein eldgamal busetnad, som var reint uvanleg rik. Dei eldste gardsnamni her i landet er dei som hev vakse upp av roti vin, som tyder grasmark eller hamnegang, t. d. Vinjar, Rongvin. Slike namn viser oss inn til det eldste grunnlaget for bondesamfundet várt. Det kann henda det hev vore faste uppdyrka bustader fyrr vin-namni kom i bruk; men det er ikkje visst. Det er i minsto dei eldste minni me hev i málet um norsk bondegárd. Sume meiner at dei rekk upp i bronce-alderen. Men noko visst kann ein ikkje segja i so máte. Like gamle er heller ikkje alle. Dei femner truleg yver lange tider. Dei yngste er vel frá fyrstningi av vár tidsrekning.

Den eldste busetjing finn me i breide opne bygder, t. d. ikring botnen av Oslo-fjorden, ikring Mjøsi, i Gran pá Hadeland, i Hardanger og pá Voss. I heile landet er det ikring 1000 vin-namn; i dei tri Vossebygdene er det 60, og pá sjølve Voss (den gamle Vangssokni) er det 47. Det er mykje meir enn i nokor onnor bygd i landet. Deretter kjem Aker ved Oslo med 33. Her er nokre Vossa-vin-namn i gamal form: Vætin, Røkkvin, Røtin, Sæðvin, Hæfin, Dolvin, Germin, Hornvin, Lyðvin, Finnin, Leikvin, Endavin, Meðalvin, Kytin, Helluvin, Hyllin, Gellin, Bryn, Renin, Æn Møn, Tøn, o. fl. Ikkje mykje yngre er mange andre namn her i bygdi, t. d. Hærre og Litlere, Takla, Fenne, Rogne, Rokne, Mølster o. fl.

Pá Vossastrondi er det 9 vin-namn, og 4 i Ævanger.

Noko yngre enn desse namni er dei som endar pá -heim. Dei fleste er frá den eldre jarnalderen. Det er 11 heim-namn paa sjølve Voss, 1 i Ævanger og 3 pá Vossastrondi. So kjem land-namm; dei er yngre enn heim-namni, men dei fleste er truleg frá den eldre jarnalderen. Pá Voss er det 8, pá Vossastrondi 7, i Ævanger 3. Deretter kjem dei som endar pá -stad og -tveit og -tun. Eit gamalt merkeleg namn er Gjukastein, uppkalla etter segnkongen Gjuke, ættarfaren til Gjukungane. Men sjølve bygdenamnet er dá likevel báde det eldste og merkelegaste. Alle segjer no Voss. Den gamle formi var Vors, med preposisjon á Vors (liksom no: pá Voss; skrivemáten i Voss er falsk). Folkenamnet var "vorsar" eller "verser" som no: vossar eller vesser (ein voss, ei vossa). Ingen veit visst kva Vors tyder. Dei hev gissa pá høgd, og meiner dá at bygdi hev fenge namn etter Graueásen eller Sonveásen.

Báde i gamalt skriftmál og i talemálet no finst det minne um at vossane ikkje var hordar ifrá fyrst av, og at Voss ikkje alltid hev vore rekna til Hordaland. I skinnbrev pá gamalnorsk ifrá 1398 og 1400 er det sagt at ein gard i Bruvik ligg i Vossaveldet og Vossafylke. Og enno er det eit namn som minner um kvar Vossaveldet og Hordaland møttest: Vossaneset synst pá Osterøyi. Det hender at dei kann segja "ute pá Hòralandet" um bygdane utanfor det gamle Vossaveldet, eller oftast avstytt: "ute pá landet". I eit gamalt rim um Vangs-kyrkjeklokkone er det sagt "at vossane eiga meg, hòrane leiga meg" (hòrar og Horaland er regelrett uttale av hordar og Hordaland i vossamálet). Frá fyre vikingtidi hev dá Voss høyrt til Hordaland. Vossane var mykje eldre i landet enn hordane. Men germanar var den eine ætti like fullt som hi. Etter kvart blanda dei seg, og skilnaden vart mindre. Men enno er han merkande.

I nord enda Vossaveldet med Vinje-sokni pá Vossastrondi. Uppheimssokni høyrde til Sygnafylket. Sidan vart denne sokni lagt til Voss, men bygdene vestanfor Ævanger gjekk ifrá. Dei verkelege Vossabygdene er dá: Ævanger, Voss og Vossastrondi. Der talar dei vossamál, med smá avbrigde, men den eine grend so likt den andre, at framande ingen skilnad gár. Og elles er òg dei same ættarmerke lett attkjennande hjá folket i alle desse bygdene. No er dei skilde i tri herad og prestegjeld. Vossastrondi skilde seg ut i 1865, Ævanger i 1891. Men báde med mange minne og pá ymis vis elles kjem desse bygdene like vel til á stá saman.

Voss er eit stort dalføre medmange sidedalar. Hovuddalen gár inn frá Bolstadfjorden og opnar seg mest millom Ævanger i vest og Raundalen mot aust og Vossastrondi mot nord. Her er det store fagre gardar, báde kring Vangsvatnet og lenger uppe. Gardane ligg i fint hall, den eine etter den andre upp imot runde skogklædde ásar eller høge snøtekte fjelltoppar. Ein kann ikkje undrast pá at folk hev trivest vel her alle dagar. Ved Uppheimsvatnet og Myrkdalsvatnet pá Strondi er det òg opne og vene grender. Ikring Ævangervatnet er strendene brattare, ofte stupbratte. Sume av gardane ligg innklemde under fjellufser eller uppe pá høge bruner. Men folket er like godt for det. Frá ein slik gard kom Knute Nelson, som heile det store amerikanske sambandsrike syrgjer yver saman med oss.

Vangsvatnet ligg berre 50 m. yver havet. Laksen gár upp til Rongsfossen, nett ovanfor Vangen. Og so langt som laksen gjekk, so langt rakk skipreidone, etter fyresegner like frá Hákon den gode. Voss hev truleg vore med i denne skipnaden. Men grendenamni fortel um eit mykje eldre skifte som berre er kjent frá Voss: i áttungar. Kann henda var det aller eldste eit skifte i fjordungar; det er i minsto merkeleg at ein av áttungane heiter fjordung. Dei gamle namni pá áttungane hev halde seg til no. Med gamalnorsk skrivemáte: Dyrvinjardals áttungr, Gullfjordungs eller Strindar áttungr (gull: noko framifrá; strind: ei rand eller strimla, t. d. attmed vatn); Vinjar áttungr; Borgstrandar áttungr (av borg og strond); Bøjar áttungr; Raundals áttungr (raun tyder her: snaufjell); Kvitlar áttungr (truleg av kvisl: grein, etter dei tvo elvane som møtest ved Takla); denne áttungen heiter óg Brynar áttungr etter garden Bryn; Borðadals áttungr (av bord: rand, kant), og Vikja áttungr.

Ved Uppheimskyrkja.

Vangen ved øvre enden av vatnet hev alltid vore midstaden for báde hovedbygdi og dei andre Vossabygdene. Og det er vandt á tru at det kann verta onnorleis, soleis som heile landslaget og lægjet er. Der var den sjølvgjevne plassen for hovudhovet og viktigaste tingstaden. Eit av dei merkelegaste namne granskingsverk i Norderlandi er "Hedenske kulturminder i norske stedsnavne" av professor Magnus Olsen. Der hev han gjort det klárt at namnet Vangr er eit málminne um ein gamal stor heilagdom og tingstad like fullt nár det er einleda som nár eit tillegg endefram provar det. Vangen pá Voss var midstad for gudsdyrkingi i Vossabygdene like visst som Ullensvang fór indre hardingbygdene og Gudvangen for Nærøydalen og fjorden utanfor. Same slags midstader var Vangen i Kvinnherad og Vangen i Aurland i Sogn. Helland paa Borddalen hev ikkje noko med hella eller heller á gjera; dei vilde dá ha sagt Hedleland pá Voss. Men no segjer dei det som det er skrive. Dá má det vera same namnet som Helgaland pá Vossastrondi; fyrste leden má vera heilag, og i báe desse namni hev me dá tvillaust minne um gamal gudsdyrking. Likeeins i Helgavangen, ein teig pá Hjernes; det er tvillaust eit namn frá heidendomen. Men det bid ikkje gardsnamn pá heile Voss som er samansett med -hov eller med namn pá ein guddom. Dette er reint merkeleg, og kann ikkje godt takast pá annan máte enn at Vangen hev vore samlingsstaden for gudsdyrkingi pá alle storhøgtidene. Namnegranskingi er elles ikkje langt komi, og det er ikkje godt á segja kva som kann koma for dagen. Kvar flekk av gard og utmark like til høgfjellet er avmerkt med eit serskilt namn, og sume av deim kann truleg gjera ymist klárt som enno ligg i dimma. Visst er det at det er minne frá utgamle tider i mange av desse namni likso fullt som i gardsnamni. Det treng næmare etterrøkjing kva som er grunnen til at so mange stølar heiter Helgaset, og kva som kann liggja attum sume av lund-namni. Det er ikkje utenkjeleg at me i báe tilfelle hev minne um heilage stader. Hadde det berre vore eitt Helgaset, so kunde ein trutt at fyrste leden var mannsnamnet Helge. Men nár det vert so mange, er dette noko urimeleg, serleg etter di Helge ikkje er noko álgjengeleg namn her, og heller ikkje hev vore det, etter alt ein veit.

At det hev stade eit hov pá Vangen, kann ein ikkje tvila pá. Kva guddom dei mest dyrka her, veit ein ikkje. Men det hev truleg vore dei same som i grannebygdene. Gardsnamni i Hardanger segjer oss at dei dyrka mykje Frøya og Frøy og Tor der, umfram Ullin. Tvo av ættarfedrane til ein islandsk landnámsmann frá Voss heitte Torvid og Frøyvid; det er eit usvikeleg vitnemál um at Tor og Frøy var dyrka her. Um ei álmenn Tors-dyrking vitnar namneskikken like til no. Det er ikkje urimeleg at hovet pá Vangen hev vore vigt til Tor. Det var i so fall kjæraste folkeguden Olav Haraldsson møttest med her pá Voss liksom i Gudbrandsdalen og mange andre stader. Kongen tok landet or hans hender á kalla, so som det er fortalt i ei segn: Olav kom siglande fram med landet her ut i fjordane ein stad. Det stod ein mann uppá eit nes og vinka til skipet. Han vart teken um bord. Venare mann hadde ingen sét. Og ovleg klokt tala han med kongen. Til slutt peika han inn etter imot land og sa: "Kong Olav, vakta no vel dette landet; du má hugsa at det hev kosta Tor mykje stræv á fá det so godt og fagert som det er." So kvarv han med ein gong. Det var siste gongen nokon ság Tor.

Men um det var eit Tors-hov som stod pá Vangen, so vart dei andre guddomane dyrka der for det. Og den einaste frásegni me hev um gudsdyrking pá Voss er det som er fortalt i Viga-Glums-soga um eit disablot; disene var kvinnelege guddomar som dei ofte blota til. Det var hersen Vigfus som heldt blotet, og hadde gjestebod samstundes. Han budde pá Vangen. Hersen var prest ved hovet (gode).

Gardvorden dyrka dei mykje fleste stader her pá Vestlandet; han hadde rudt garden og vakta han sidan. Pá fleire gardar utpá Osterøyi stod det alltid uppreidde senger til gard vorden no i manna minne, og dá dei grov ut ein gravhaug her pá Voss for ein liten manns-alder sidan, fortalde bonden som átte haugen, at det var gardvorden som budde der, og at han var van á fá eit slakt kvar gong eit gardsmenneske døydde.


__________


Det som Snorre fortel um kristningsferdi til Voss er soleis:


"Etter kong Olav og Erling Skjalgsson hadde funnest pá Agvaldsnes, vart dei usamde pá nytt, og usemja voks til full fiendskap. Kong Olav fór og tok veitslor kringum i Hordaland um váren, og so fór han upp til Voss, for di han spurde at det var smátt med trui hjá folket der. Han hadde ting med bøndene ein stad som heiter Vangen; der kom bøndene mangmente og fullvæpna. Kongen baud deim taka mot kristendomen; men bøndene baud strid imot, og det kom so langt, at dei fylkte heren pá báe sidor. Men dá vart det so med bøndene, at det skaut deim skjelk i bringa, og ingen vilde stá fremst. Endelykti vart den som bata deim best, at dei gjekk kongen til handa og tok imot kristendomen. Kongen for ikkje derifrá fyrr folket var kristna alle stader. Det var ein dag kongen reid leidi si og song salmane sine. Men dá han kom beint imot nokre haugar, stana han og mælte: ´Dei ordi mine skal gá frá mann til mann, at eg ráder til at aldri nokon norsk konge heretter fer millom desse haugane.´ Og so segjer folk, at fleste kongar hev vara seg for det sidan. So fór kong Olav ut til Ostrafjorden og kom til skipi sine der. Han for dá nord i Sogn, og tok veitslor der um sumaren."

Pásketider var kongen pá Agvaldsnes. Det var midt i april det áret. Sidan fór han umkring i mange bygder, truleg i Sunnhordland og Hardanger. Tvillaust var han like til Ullensvang. Han kjende vel til at Voss ikkje var kristna, og fekk vissare tidender derifrá dá han kom i Hardangerbygdene; serleg kunde dei gjeva han god skilgreida um det som kom Voss ved pá timen han kom inn i den fjorden som vossingane kalla Angr, og det var Granvinsfjorden. Ifrá fyrst av hev truleg alle desse indre fjordane heitt so. Men dá hordane kom og busette seg der, fekk bygdene namn etter deim og vart heitande Hardanger (Hordafjorden). Dá er det reint merkeleg at Granvinsfjorden ikkje kjem med i dette namneskiftet, men vert heitande Angr tusen ár etter hordane hadde vunne seg heimstad inn i fjordane. Grunnen má vera, at hordane ikkje rikte og rádde der. Hovudstraumen av deim hadde fare inn gjenom Sørfjorden, og Granvinsfjorden kom til á ha sin gamle folkesetnad meir uskipla, truleg Ulvik og. Folket i desse bygdene høyrde meir saman med Voss. I "Norske Gaardsnavne" XI, s. 489 hev Magnus Olsen gjeve ei merkeleg utgreiding um namnet Folkedal som fører til same synsmáten. Han meiner at Folkedal hev namnet sitt av elvi som renn ut i fjorden der. Ho hev vore samnemnd med ei elv i Id i Austfold, og ho má ha fenge namnet sitt fordi ho hev merkt av ei gamal folkegrensa. "Denne tiltalende Formodning støttes derved, at det aabenbart beslægtede Elvenavn her i Granvin kan opfattes paa lignende Maade, idet Folkedal, som er yderste Gaard i dette Sogn og Herred, ligger lige ved Grændsen af Kinservik. Hvis Følkr har betydet "Folke-Elven", har vel her i ældgammel Tid gaaet en virkelig Folkegrændse (ikke kun Sognegrændse). Tør man tro at Granvin (og Ulvik?) engang har udgjort et "Folk" sammen med Voss, i Modsætning til de andre Bygder i Hardanger ?"

Dette fører alt i same leid: Granvin (og kann henda Ulvik) hev høyrt meir saman med Voss enn med Hardanger-bygdene. Og soleis er det i grunnen den dag i dag. Millom Borddalen pá Voss og Folkedal (i Granvin) hev det vore mykje handelssamkvæme og kjennskap og venskap med giestebodsferder og giftarmál ifrá uminnelege tider, og det held ved.

Vangen og Gullfjordungen.

Fyrr hev dei helst trutt at kong Olav kom gjenom Granvin til Voss, frá Eide og frammed Granvinsvatnet, um lag der vegen no gár. Dette kann ikkje vera so. Gjenom Skjerve var det vel mest urád á fara med hest fyre vegvøla i 1773. Dei mátte fara um Jøre, og der var det ei stupbratt og lang kleiv, og elles svært tungvint. Kom dei so ned til vatnet, mátte dei i bát, og det var ulagleg, og noko som vossane kvidde seg med i lengste laget. I 1778 er det ein major som skriv at vegen frá Eide til vatnet var god, men "naar det laa Menis paa Vándet, var det ufremkommeligt forbi dette." Det gjekk ein gangstig som stansa framfor "et 124 Alen langt Berg, hvor Hesten ligeledes maatte svømme forbi." Den vanlege ferdslevegen millom Voss og Hardangerfjorden gjekk dá ikkje gjenom Skjerve eller framum Jøre langsmed Granvinsvatnet. Hovudbruene pá Voss var Bodebrui og Uppbrui, den brui som Bryn hev namnet sitt etter. Der kløyvde vegen seg og gjekk pá báe sidor av Sonveásen: den vestre gjenom Borddalen framum Rong og Krossaset, den øystre framum Svelgjande, og sameina seg i dalsøkki som ber til Folkedal eller Eide. Det var beste vegen millom Hardanger og Voss like til 1860-ári. Eit av dei merkelegaste brev me hev ifrá gamle dagar, er eit som er skrive pá Voss 14de mars 1343. Der vitnar 6 gamle menn for Gulatings-lagmannen alt dei hev høyrt av pálitelege menn um veghaldet i bygdi, soleis som det hev vore frá utgamle tider. Kvar áttung hev sitt á gjera der vegen treng bot. Men myrkdølene skulde leggja ein stokk til Uppbrui firi þat at þæir æighu salt rett ok ofan i Angr (for di dei hev rett til á fara ned til Angr og reida salt derifrá). Uti Borddalen hev dei halde segnene frá gamle dagar vel uppe. Det fyrste dei hev høyrt um samhandelen millom Voss og Folkedal, er at vossane reiste nedetter med næverklyvjar og kom att med salt, for det var det einaste dei trong kjøpa. Dette høver fullt ut med det som dei seks gamle vossane vitna i 1343, ser me. Sjølve mintest dei alle meir enn 60 ár attyver, og dei hadde høyrt av gamle menn at det aldri hadde vore onnorleis enn det dei dá sa. Bøjaráttungsmennene hadde all vegvøla pá seg frá Fivelhella og ned til Svelgjande. Der slutta skyldnaden til vegbot for Vossabygdi. Det er eit usvikeleg vitnemál um at álmenningsvegen ikkje gjekk gjenom Granvin; for der var nok av meinsame stykke som dei hadde lote hjelpt til med, sameleis som alle bøndene pá heile Voss ("i Vangs kirkiu sokn") mátte "halda ok up at gera loden bæde øfra ok nedra under Huiluhuale" (halda ved lag vegmurane báde øvra og nedra um Kvilekval, i Ævanger). Folkedalsvegen er ein av desse vegane som dei ferdast etter i hundradár etter hundradár og ingen ting gjer med. Det er trakket som skapar vegen der det er best framkjømt. Frá Svelgjande for dei framum Grønlid-vatnet eller Krokavatnet.

Den nye Himleskrossen.

Báde ute og lenger heime i Borddalen er det frásegner um at kong Olav lende i Folkedal og for gjenom Borddalen til Voss. Det same segjer dei i Folkedal. Men det var pá høg tid at desse segnene vart uppfriska med etterrøkjingar no. Det hadde truleg snart ikkje vore meir av deim. Fleire eldre pálitelege menn segjer at desse segnene hev gjenge frá mann til mann. Og elles trur eg ein kann farrekkja vegen til kongen pá annan máte og. Dá Olav Haraldsson var avliden og lyst heilag, feste dei namnet hans til mange av dei stadene der han hadde vore, eller namn som minte um verket hans. Sume stader reiste dei ein kross, serleg der kongen kvilde eller lét syngja messa. Ytste garden i Borddalen heiter Rong. 1/2 times veg derifrá pá vegen til Folkedal ligg det ein støl som heiter Krossaset (eller Krosset). At dette namnet er eit minne um ferdi til kong Olav, kann det snaudt vera tvil um. Ein kross má det ha stade der ein gong. Og namnet er eldgamalt. Báde Sjur Rong og Nils Gjelland og andre pálitelege menn hev høyrt segner frá dei gamle um at Krossaset hev fenge namnet sitt av ein kross som vart sett til minne um at Heilag Olav hadde kvilt der. Sume hev fortalt segnene so, at kongen sjølv lét reisa krossar der han kvilde. Dette er snautt rett. Krossane vart reiste til minne um Olav dá han var avliden og lyst heilag. Men eg nemner det for di det syner kor kjære desse segnene hev vore for folket til vár eigi tid. Kann henda reiste Olav òg krossar. Men i so fall var det helst pá stader der han samla folket til dáp, som t. d. pá Vangen. Ein mann utpá Borddalen som visste mykje á fortelja etter dei gamle, heitte Botolv Himle. Han var fødd ikring ár 1800 og døydde vel 70 ár gamal. Han sa alt soleis som han hadde høyrt det, segjer dei som kjende han, og han var reint namngjeten for det stálminnet han hadde. I 12 árs-alderen var han ein gong til kyrkje; dá han kom heim, tok han uppatt preika ord til anna. Mannen som eig Krossaset no, Rognvald Græe, minnest Botolv vel. Ein sumar heldt han seg der pá stølen. Rognvald hugsar at han fortalde um ferdi til kong Olav etter det dei gamle hadde sagt. Pá Krossaset kvilde han med mennene sine og reiste so ein kross der, sa Botolv. Dei sette stødt krossmerke pá kvilestadene sine, sa han.

Gamlekona pá Bergshaugen greider ut um Ola-to-ne.

Det má ha vore jonsoktider kongen kom til Voss. Tidleg um morgonen fyre solrenning hev han dá fare frá Folkedal. Fram imot middag var dei dá pá Krossaset, fyrste vossastølen. Der kvilde dei. Kann henda hev han late syngja ei messa der, etter di han dá var komen til Voss. Ei stund fyre soleglad var dei so pá Himle. Der opnar Borddalen seg inn til hovuddalen med Vangen og Vangsvatnet. Dei ság ned i bygdi. Og dei ság veldige fjell med snø pá toppane. Dei kvilde og song kveldsmessa. Truleg var dei der um natti. Men rundt i bygdi gjekk bodstikka, og bøndene samla seg. Alt um kvelden hev kongen skyna at dei samla seg til strid. Det hev gjort sitt til at han mátte halda seg pá Himle um natti. Der kunde dei ikkje falla yver han.

Um morgonen hev dei dá lydt messa fyrr dei drog til Vangen. Dei møtte truleg bondeheren med ein gong; pá báe sidor var dei fullvæpna. Kongsmennene hadde dá som vanleg krossmerke pá hjelmar og skjoldar. Bispen og prestane var truleg i fullt skrud. I bondeheren hadde dei fleste aldri sét eit slikt syn, men dei ungdomane som hadde vore i viking, kjende allting vel. Kvar pá si vis hev alle vorte tekne av det dei ság. Olav eller stallaren tala til bøndene og baud dei kristendomen. Dei skreik imot, og vilde slást med han for den gamle trui si. Men ein kvekk hadde dei fenge i seg, og mange av dei beste stridsmennene, dei ungdomane som hadde vore mest ute i verdi, var ikkje so uppøste. Heidendomen hadde vel liti eller ingi makt med dei fleste av deim. Og so mátte tiltaket mislukkast for bøndene. Den gamle tidi var umme. Alt skulde verta nytt. Hermøtet vart til tingmøte og kristningsmøte. Bispen tala for folket, og kongen kom med sine rettarbøter. Messa vart sungi, og folket var skirsla, anten nede med vatnet eller uppá Vangs-vollen der gamlekrossen stár. Kongen skildest ikkje med deim fyrr hovet var nedrive, det kann me vera visse um. Og han hev gjort avtale med folket um kyrkjebyggjingi. Kyrkjestaden vart tvillaust den gamle hov-tufti. Kongen sette prestar etter seg i dei bygdene han kristna, og tok gislar til trygd pá truskapen hjá folket. Det er ikkje serskilt nemnt for Voss, men han hev gjort det sameleis her som andre stader. Um Olav hev reist den krossen som enno stár midt pá Vangen, kann ein ikkje segja so visst. Men det er ikkje urimeleg. Han er so lite for seg gjord, at ein kann godt tru dei hev laga han i ei snøggvenda og samla seg ikring han til dáp eller messa med same. Og at han hev vore den kristelege samlingsstaden pá Vangen fyrr kyrkja kom, má vera visst. Eit minne um dei tider dá dei ikkje hadde kyrkjor men samla seg til messa kring ein kross ute, hev me i ordtaket "báde til kross og kyrkja", eller "korkje til kross eller kyrkja". Men dei hev ikkje drygt lenge med á byggja kyrkjehus. I den katolske kyrkja má dei ha eit innvigt alter til messeofferet. Det er ikkje preika, men sakramenti som er hovudsaki der, den løyndomsfulle samanheng millom Gud og oss i Kristus, framfor alt i det høgheilage nattverds-sakramentet med offeret som varer ved og vert uppatt-teke i kvar messa. Men dá vert alteret og altertenesta og kyrkjehuset so mykje meir for deim enn for alle fráskilde kyrkjesamfund. Og ein skynar soleis lett, at kongen mátte leggja vinn pá á fá kyrkjor reiste so mange stader som rád var. Um den eldste kyrkja pá Voss veit me ikkje anna enn at det var ei trekyrkja. Men me kann vera visse um at ho vart bygd so snart gjerande var etter kong Olav hadde vore her. Sokneprest Olafsen meiner at fyrste kyrkja var heller liti og uvand, og at det sidan vart bygt ei stavkyrkja som var større og venare. Noko visst er det urád á segja um dette. Men um den store fagre steinkyrkja som enno er ein prydnad for bygdi, veit ein at ho vart bygd i styringstidi til Magnus Lagabøter i ári 1270—1277. Dá var den gamle trekyrkja báde for liti og til nedfalls. Og so má ein like snart tru at dette var den fyrste kyrkja. Ho var i so fall berre godt og vel eit par hundrad ár, og det er ingen alder for eit hus med god timbra her i bygdene.

Utsyn frå Olavs-too.

Kong Olav var pá Voss ei god stund. Han reiste ikkje burt fyrr en þar var alkristit orðit, segjer Snorre. Det vil segja at folket vart kristna alle stader pá heile Voss. Truleg hev han havt fleire møte pá Vangen med bøndene, og han má ha havt kristningsmøte med folket pá Vossastrondi og i Ævanger òg. Pá Himle er ein jordteig som heiter Krossen. Der stod ein gamal steinkross so seint som for eit par mannsaldrar sidan. Foreldri til mange som no liver mintest krossen. Gamle Knut Gjelland og Lars Jerald sat og tala um han ein dag for pá lag 60 ár sidan. Krossen var dá nedfallen og kann henda burt komen. Knut sa til slutt: "Da va gale. Han skulde vo uppatto reisto." No 8de juli i ár reiste ungdoms-laget pá Borddalen ein ny kross i staden for den som kom burt i láke tider. Himleskrossen vart truleg uppsett til minne um at Heilag Olav for framum der pá kristningsferdi si. Tenkjast kann det òg at kongen hev halde møte med Borddalsbøndene der, etter han var pá Vangen, og at det dá hev vore dáp og messa. Men i alle tilfelle er krossen eit minne um Heilag Olav. Ei segn segjer at dá gygri i Sandfjellet pá hi sida av Borddalen ság krossen pá Himle, vart ho so sinna at ho tok ein stein og kasta etter han. Men ho ráka ikkje, og steinen vart liggjande eit stykke lenger nede i bakken. Denne segni er og eit vitnemál um at Himles-krossen er frá den fyrste kristningstidi.

Frá Voss fór kong Olav til Ævanger. Det má vera pá den ferdi han kom til ein stad som han totte ság soleis ut at han ikkje vilde ráda fleire kongar til á fara der. Han var ferdig pá Voss; for "han reid leidi si", stár det.

I det vegabot-brevet frá 1343 som alt er nemnt, stár det: Item æighu Vikia attongs bønder at gera ok vp at halda øfra luten af Æghiobru ok æin fleka a Æides myrum ok þar med Olafs too ("Bøndene i Vikjaráttungen skal halda ved lag øvreluten av Ægjebrui og ein fleke pá Eidesmyrane, og like eins Olavs-to"). Desse mennene vitnar korleis alt veghald hev vore frá gamal tid, som det alt er nemnt. Namnet Olavs-to var alt gamalt i 1343. Dei hev trutt at det var burtkome no. Men namn kjem ikkje so lett burt, der mann tek arv etter mann. Og nedi Vestbygdi veit dei vel kvar Ola-to(ne) er. Det er lett á finna gamle-vegen. Dei mange murtenningane ligg enno mange stader, og i bergskoltane syner det kvar hestehov og mannafot hev trakka i tusen ár. I eit bratt berglag millom Væte og Berge ligg Olavs-to (to: grasgrodd flekk i berg), og der er det verste uføre pá heile denne vegen. At namnet er eit minne um Heilag Olav, kann det ikkje vera tvil um. Var det der han vilde ráda andre kongar frá á fara? Ikkje underleg, um so var.

Straks nedanfor Kvilekval er ein stad som heiter Krossen. Der hev truleg vore ein kross uppsett, til minne um Olav.

At kongen hev stogga i Ævanger er tvillaust. Det er segner um det òg, fekk eg nyleg vita av Johs. Horvei. For pá lag 40 ár sidan høyrde han gamle bestemor si fortelja um det. Dá Heilag Olav hadde kristna vossane, kom han nedyver til Fadnes og stogga der, sa ho. Mange vart døypte dá. Ho hadde ogso høyrt det var uppsett ei kyrkja der. Og det er ein stad pá garden som heiter Kyrkjehaugen. Kann henda fyrste Ævangerkyrkja stod der?

Olav mátte fara yver Ævanger-vatnet til Bolstadfjorden. Stødi er den vanlege landingsplassen, som namnet segjer. Nett ovanfor er Krossneset. Der hev vel og stade ein kross til minne um kristningsferdi. Kongen hev havt møte med bøndene ein stad der. Men det er mest rimeleg at det var pá Horveid. Etter segni var der heradshov og tingstad. Ein stad kallar dei Tingholehaugen enno.

Frá Horvik má kongen so ha fare utetter til Stamnes. Der hev han vel gjenge um bord pá skipi sine og fare utetter Sørfjorden og stogga ei stund inni Viki attmed Olsnes. Der er god hamn. Nett utanfor ligg Olsøyi. Báe namni má vera minne um denne kongsferdi. Sidan vart det bygt kyrkja inni Viki (Bruvik).


__________


Ævangerkyrkja.

Det ligg som ei dimma yver alle dei bilete som Snorre gjev oss ifrá Vossa-ferdi til Heilag Olav. Forteljingi frá Gudbrandsdalen er so mykje meir livande. Det hev visst ikkje vore mindre dramatisk her enn der. Heimelsmannen hans hev visst mindre herifrá. Men segner og namn viser kor sterke merke kongen hev sett etter seg i folkehugen, og etter denne rettleidingi heveg freista á fylgja han.

Frá Ostrafjorden siglde kongen til Sogn. Ein runestein pá Stedje i Sogndal fortel at han merkte ut kyrkjestaden der. Dá Filefiell til Valdres. Der var folket reint heide. Fá for i viking derifrá, og den nye trui hadde ikkje sett noko uro i folkehugen. Bøndene møtte kristendomspábodet med mykje større mothug og uppøsing enn pá Voss, og kongen mátte taka dei hardaste rádgjerder: han brende upp gardane; det loga og rauk i alle grender. Bøndene mátte beda um miskunn og gá han til handa, og alt folket vart skirsla. Kongen stogga lenge der, og lét byggja kyrkjor og vigja deim, segjer soga. So sette han prestar etter seg og tok gislar av bøndene, og fór seinhaustes yver Upplandi til Nidaros.

Mostrartinget og kristenretten

Moster gamle kyrkje fotografert i 1926 av Anders Beer Wilse (1865–1949). Norsk folkemuseum.

So var heile landet kristna. Det var ikkje den avdalen eller utøyi i heile riket hans lenger der ein heiden mann munde finnast, er det sagt i ei soga um Heilag Olav.

Kva for ein bisp det var som fylgde kongen pá denne siste kristningsferdi, veit ein ikkje visst. Det er snaudt rett at han heiter Sigurd, som sogone kallar han. Det var kann henda Rudolv. Grimkjell kunde det ikkje vera. Honom hadde sogone hugsa betre. Og dessutan var det vel pá denne tidi han var utanlands i eit viktugt ærend for kongen, til erkebisp Unvan i Bremen. Til honom fór han med store gávor og bad um at erkebispen mátte taka Noreg under sitt tilsyn, og vigja bispar og senda fleire prestar hertil. Bremen-erkebispen var upphavleg tiletla herredømet yver Norderlandi, og dei fyrste misjonærane i Danmark og Sverike var utsendingar ifrá han. Nokre av dei fyrste misjonærane i Viki var like eins frá dette erkebispedømet. Men elles vart Noreg kristna frá England, og báe Olavane var á kalla utsendingar ifrá erkebispen i Canterburry. Den norske kyrkja var dotter til den engelske, og bar i alle mátar merke av dette upphavet sitt. Visst er den katolske kyrkja berre ei. Men ho er ein organisk vokster, og má dá veksa noko ulikt i ymse land. Me hev alltid rekna det for ein stor fyremun at den gamle kyrkja vár ætta frá England; det var noko fribore og friskt med kristendomen der framfor i Tyskland; han femnde meir yver heile mannalivet, og vart soleis meir voksterfør. Og den engelske kyrkja vilde gjerne halda fast pá den norske dotteri. Kong Olav ynskte heller ikkje noko skilsmál. Men han ság seg nøydd til á søkja studnad og hjelp i Bremen, for di Knut den mektige var engelsk konge og var største fáren for Noreg, og han stod næmare erkebispestolen i Canterburry enn kong Olav.

Erkebisp Unvan fagna Grimkjell vel, og vilde gjerne gjera alt det kong Olav bad um.

No dá landet var álkristna og samfestet med erkebispestolen var greidt, stod det att for Olav og Grimkjell á gjeva folket ein kristenrett og den norske kyrkja ein so fast og god skipnad som rád var. Grimkjell var den fremste og største hjelpesmannen til kong Olav. Med han samrádde han seg stødt og stendigt.

Sumaren 1024 kalla kongen saman eit kyrkjeleg landsting pá Moster. Det var det fyrste landstinget i Noreg, og eit av dei aller viktigaste i alle tider. Kyrkja synte dá med ein gong at ho vilde samla folket. Moster vart møtestaden, for di den norske kyrkja var grunnlagd der. Det var der Olav Tryggvason tok til med kristendomsverket sitt og bygde den fyrste norske dápskyrkja, moderkyrkja for dei som sidan kom, og der heldt han eit kristendomsting for heile Gulatings-lagdømet. Sidan hadde Moster heile tidi vore den kyrkjelege midstaden for den landsluten som var lengst framkomen i ny tru og sed.

Kong Olav og bispen Grimkjell kom fram med det dei meinte mátte verta lovfest um kristen sed og kyrkjeleg skipnad, og fekk denne kristenretten sin vedteken. Med dette la dei ein breid og trygg grunn for all framvokster sidan, og soleis fullførde dei kristningsverket.

Rundt ikring pá lagtingi fekk Olav kristenretten vedteken og stadfest sidan. Pá Island fekk han og det meste av kristenretten lovfest, og sidan pá Gotland, dá han kom dertil pá vegen til Gardarike.

Tjodrek munk nemner serskilt at desse lovene vart skrivne pá norsk mál, og korleis dette var, ser me av lovene sidan, som held fast pá det som "Olafr hin helgi oc Grimkell biscop settu a Mostrar þingi".

Olav Tryggvason hadde bygt tri hovudkyrkjor: ei pá Moster, ei pá Selja og ei i Nidaros. No fekk Olav og Grimkjell fastsett at det skulde vera ei hovudkyrkja i kvart fylke; serlege tilhøve gjorde at det vart tvo slike kyrkjor i Borgartings-lagdøme og tri i Eidsivatings-lagadøme. Det vart lagt jordgods til kyrkjone, truleg mest gamalt hovgods som kongen hadde drege inn under sitt velde, og det vart tilsett fylkesprestar; dei skulde alltid vera til stades og skifta ut sakramenti nár det trongst. Alle fylkesmennene skulde halda kyrkja i stand etter visse reglar, og dei skulde bera utgiftene til prestane. Det hende ikkje so sjeldan at ein hovding sette upp ei kyrkja pá garden sin, og lét bøndene samla seg der. Slike kyrkjor kalla dei høgendes kyrkjor (av høg med meiningi lagleg, lett á koma til). Sidan nemner og lovene fjordungskyrkjor og áttungskyrkjor og heradskyrkjor. For høgjendeskyrkjone rádde hovdingane som átte deim, for dei andre rádde biskopen.

Kristenretten til kong Olav og biskop Grimkjell kjenner me ikkje fullt so som han var upphavleg, men etter det som stod att i lovene lenger lidande.

Den eldre Gulatingslov tek til soleis: "Det fyrste i lovi vár er at me skal luta i aust og beda til den heilage Krist, um godt ár og fred, og um at me kann halda landet várt bygt og fá hava lánedrotten (kongen) frisk. Han vere venen vár, og me hans vener, men Gud vere venen til oss alle." Det er underleg á høyra atterklangen frá Olav og Grimkjell pá Mostrartinget so tydeleg.

Alle skulde kunna Credo (Apostel-trui), Pater noster (Fader váret) og Ave Maria (englehelsingi til Maria, Luk. 1, 28). Dette var grunnlaget og hovudsaki, og difor mátte alle kunna det utanát. I preikone sine greidde prestane alt betre ut. Noko bibelsoga høyrde òg med til den kristendomskunnskapen alle burde ha. Det var far og mor som skulde læra borni upp, eller gudfar og gudmor.

Kvar ein som døypt var mátte skrifta syndene sine minst ein gong um áret, helst i langfasta, og deretter fá nattverden, frá 7-árs-alderen. Á beda til Gud, gjera vel imot andre menneske, fasta og gjeva gávor til dei fatige, var kristen skyldnad. Fredag var fastedag. Langfasta var ikkje berre eit namn soleis som hjá oss no. Ingen mátte brjota fasta utan i høgste naud. Krossteiknet brukte dei mykje; det var sigersteiknet som alt vondt skalv for. Kvart menneske vart møtt med eit sakrament pá kvart einaste stig i livet: skirn (dáp), ferming (konfirmasjon), skript (skriftemál), husl (nattverden), hjunskapr (ekteskap), olean (siste olje); serskilt sakrament var vigsla (preste- og bispevigsla). Alt dette er sameleis i den katolske kyrkja enno som fyrr. Ekteskap millom skyldfolk var strengt forbode. I heidendomen hadde foreldri havt fullt herredøme yver borni; vilde dei setja deim ut (bera deim ut og lata deim forkomast), kunde dei det. Dette vart forbode. Men reine vanskapningar kunde dei dá berre primsigna og leggja deim inn i kyrkja og lata deim døy. At alt blot vart strengt forbode, segjer seg sjølv. Det var strenge reglar for kva som var etande og uetande. Alle kyrkjelege helgedagar mátte dei halda vel. Kvar prest skulde varsla alt folk um deim med á senda eit krossmerke rundt til kvar rykande skorstein. Non (kl. 3) tok sundagshelgi til, og varde til mándag i otta. Sume andre helgedagar hadde og nonshelg, og dei var vel upprekna i lovi.

Alt dette greip so inn i stort og smátt for kvart einaste menneske, at heile livet vart reint onnorleis enn det hadde vore fyrr. Alt hadde vorte nytt, og det nye átte ei veldig makt som stundom gjekk til merg og bein og skapte um menneske og livshøve, ein surdeig som gjorde sitt báde hjá den einskilde og i heile folkelivet. Serleg viste dette seg etter det hadde vorte klárt for alle kva Olav sjølv hadde funne og vunne hjá den herren han vilde at alt folket skulde lena. Og det norske málet livna til nytt liv liksom folkesjeli.

Striden for Noreg

Kong Olav lod blæse hærblæst. lll. Christian Krohg. Snorres kongesagaer,1899-utg.

Det var ikkje noko so hugtakande med Olav Haraldsson som med Olav Tryggvason. Men likevel nádde han so langt med arbeidet sitt, at det er som eit under: reiste riket, kristna folket, bygde land og kyrkja med lov, og kom langt pá veg med á reisa det store norrøne veldet som han drøymde um. Alt syntest á lukkast for han. Men han ørskast aldri av nokon framgang. Og glim og glans brydde han seg lite um. Stødt kjende han seg driven til nye tiltak og nye framvarp. Viljen var ubøygjeleg, tanken álvak, og i hugen glødde det ein usløkkjeleg eld, stillt og sterkt som i ei mila. I eit skaldeverk frá vár tid er det sagt at "akkordens ánd er Satan". Denne ándi hadde ikkje Olav Haraldsson det minste av. For han mátte det bresta eller bera. Slá av pá det som han trudde var rett, kunde han ikkje.

Men ein sovoren mann mátte fá mange mot seg, og serleg dei som miste gamal nedervd makt i det umskiftet han gjorde. Og desse hovdinge-ættene var samanbundne med frendskap og giftarmál ifrá landsende til landsende, so det som ráka ein, det ráka alle, eller i minsto dei fleste. Olav Haraldsson kom med ein ny rett som brende desse hovdingane meir enn alt anna han hadde i vedføre: retten for dei smá og maktlause; det var det same som at retten skulde vera eins for alle. Slikt var ukjent i landet fyrr. Ikkje ein gong Olav Tryggvason hadde vága bjoda folket ein sovoren nyskipnad ifrá grunnen. Ein slik rettstanke hadde vel ikkje ein gong livna i han sjølv. Det hadde vore klokare av Olav Haraldsson, um han hadde bøygt seg meir etter gamal rettsvane og vike undan for stormennene; han hadde tvillaust berga báde liv og rike dá. Men samstundes hadde han mist báde det eine og andre for ettertidi. Ein má minnast det som Herren segjer: "Den som misser livet skal vinna det.

Snorre samlar domen sin um Olav i nokre merkelege ord: "All den stund han sat i kongedømet, hadde han stræva for det som han totte var mest gagn i, fyrst á freda og frelsa landet for trældom under utanlandshovdingar, og sidan umvendt landsfolket til den rette trui og samstundes setja lov og landsrett, og dá han vilde at rett skulde vera rett, tukta han deim som vilde det som vrangt var. Det hadde mykje vore skikk og bruk i Noreg, at sønene til lendmenn eller storbønder fór pá herskip og samla seg rikdom og herja báde utanlands og innanlands. Men sidan Olav tok kongedømet, freda han landet sitt so han gjorde ende pá alt ran der i landet; um det var stormannssøner som gjorde fredsbrot eller anna som kongen totte var ulovleg, sparde han deim ikkje nár han kunde refsa deim, men dei mátte lata liv eller lemer, og korkje bøn eller bot hjelpte. Han refste like mykje storfolk og smáfolk; men det totte landsfolket var for strengt, og der vaks fiendskap upp imot han for di dei miste frendane sine nár han dømde deim rett og klagemáli var sanne. Det var upphavet til den reisingi som landsfolket gjorde mot kong Olav, at dei ikkje tolde rettferd av han. Men han vilde heller gjeva frá seg kongsnamnet enn rettferdi."

Denne domen kjem til á stá.

Hovdingane mátte koma i strid med kong Olav. Dei vyrde ikkje retten nár han gjekk deim imot. Han vilde ikkje vita av nokon mannamun. Dei ság ikkje ut yver erve-eignene sine; han ság ut yver heile Noreg og ut til alle norrøne ætter. Dei gjekk etter eigenbaten og det som lág nærast for nasa; han kjende Guds krav i seg og tenkte pá ettertidi.

Motsetningane kunde ikkje godt vera større, og striden mátte koma so skarp og hard som han kom.

Det er alt nemnt at Erling Skjalgsson, den fremste av alle stormennene dá, og den som ein kunde venta mest av, fridde Asbjørn Selsbane, systerson sin, or hendene pá kongen med vald og makt. Asbjørn sjølv braut den lovnaden han gav kongen. Tore Hund, farbror hans, hadde rádt han til det, og Erling lét det gá. Men dá den gjævaste og mest pálitelege venen kongen hadde i Nordland, Asmund Grankjellsson, sette spjotet sitt gjenom Asbjørn ein dag dei møttest i eit sund der nord, dá fekk heile ætti báde nord og sør i landet eit so djupt agg til kongen, at det lét seg ikkje heila meir. Tore Hund kom heim til Sigrid, mor át Asbjørn, dá liket var flitt. Dá han fór att, fylgde ho han ut. Ho rette det spjotet som Asbjørn var sára med, fram til Tore og sa: "No var det mannsleg, um du slepte dette spjotet soleis av hendene dine, at det stod i brystet pá Olav Digre. Og det segjer eg, at du vert kvar manns niding um du ikkje hemner Asbjørn", sa ho. Tore vart so uppøst av ordi hennar, at han ikkje vann svara, ikkje kom han pá á sleppa spjotet, og ikkje gádde han bryggja, og han hadde gjenge pá sjøen, dersom ikkje folk hadde trive i han og halde han dá han gjekk um bord pá skipet sitt. Áret etter er han pá Bjarmelands-ferd saman med tvo trugne kongsvener, brørne Karle og Gunnstein. Tore veit at Karle var med dá Asbjørn var drepen, og at han hadde gjort sitt til det. Han feller Karle og tek alt godset til brørne, endá kongen eig mykje i det. Og dá kongen krev bot, narrar hans kravsmannen, Finn Arneson, og fer ut or landet til Knut den mektige. Erlingssønene, syskinborni til Asbjørn Selsbane, var alt farne same vegen. Det var berre ei stormannsætt som var tru imot kongen, og det var Giske-ætti, Arnesønene. Og den eine av deim, Kalv, som var gift med enkja etter Olve pá Egg, syster til Tore Hund, var ikkje meir enn máteleg trygg i truskapen sin, endá kongen hadde gjort mest vel imot han.

Attum dei misnøgde norske stormenene skimtar me stødt skuggen av daneveldet med Knut den mektige til hovding. Danene totte dei hadde erverett her i landet, og Knut var sterkare enn nokon av fedrane hans. Adam av Bremen († 1075), som skreiv den fyrste norderlendske misjonssoga, segjer: "Millom Knut og Olav, nordmannakongen, var det ein stadig ufred som ikkje slutta i alle deira livedagar. Danene stridde for makti, nordmennene for fridomen." Hadde dei norske hovdingane vore større enn dei var, kunde ikkje danene kome so langt. Men den eine etter den andre løyste seg frá fedralandet av trong eigenbate og fór til Knut, og hjá han og hovdingane hans vart dei stødt vel fagna. Hákon jarl vart gladare di fleire det kom, og studde deim alt han vann. I kongsgarden til Knut var meir glim og glans enn nokon annan stad i Nordeuropa, og kongen var gladværig og vensæl og hovdingleg. Han auste ut gull og allslags gávor til deim han vilde vinna, og fá var dei som stod seg for han; men dei fanst dá.

Dei tala mykje um Noreg i den engelske kongsgarden, og váren 1025 kom det ei stor og staseleg sendeferd til Tunsberg til kong Olav med brev og bod frá kong Knut um at han rekna Noreg for erveriket sitt, og at kong Olav mátte taka landet i len av danekongen, so framt han vilde sitja i ro. Olav meinte at Knut burde læra seg mátehald, so han ikkje trádde etter á ráda yver alle Norderlandi, og sa at han vilde verja Noreg med odd og egg. Sidan sende Knut menn med store gávor til sveakongen og freista lokka han yver til si sida. Men han sa at han hadde elska kong Olav frá ungdomen, og han vilde ikkje selja han for gullstakar og bordkjerald.

Aret etter baud kong Olav ut leiding. Han visste at Knut vilde heimsøkja riket hans so snart han kunde, og difor hadde han og sveakongen gjort avtale um ei herferd til Danmark; soleis vilde dei bægja burt storen frá sine eigne rike. I leidingsheren som Finn Arneson hadde samla frá Hálogaland var báde Hárek frá Tjotta og Asmund Grankjellsson. Dei fleste trøndske hovdingane var med kongen; men Einar Tambeskjelvar sat heime. Han hadde ikkje gjenge kongen til handa. Dá heren kom til Hordaland, fekk Olav vita at Erling Skjalgsson hadde drege ut or landet med mykje folk og fare til kong Knut, so det var liti hjelp á fá frá Vestlandet. Det leid langt fyrr heile heren var samla, og kongen mátte gjeva mange av leidingsskipi heimlov. Med 60 store skip og utvalt mannskap fór han til Danmark. Sjølv styrde han Visunden eller Uksen, eit framifrá skip; det hadde namnet sitt etter eit utskore uksehovud i stamnen. Onund Jakob kom og med ein stor her, og danene mátte gjeva seg for deim. Men medan Olav heldt ting med bøndene pá Sjælland, fekk han vita at kong Knut og Hákon jarl var komne vestantil med ein stor flote, og so søkte han saman med Onund Jakob. Dei fór herjande austetter langs Skáne. Knut fylgde etter, og ved Helge-ái kom det til strid. Verbrørne vann i dette slaget, men greidde ikkje á føra sigeren sin til endes. Og Knut hadde sine hjelpesmenner i heren deira. Mesteparten av sveane fór heim ei natt, og Olav hadde og upálitelege folk. Han la skipi etter seg, og for landvegen heim til Borg. Men Hárek frá Tjotta siglde einskips igjenom floten til kong Knut. Han dulde seg noko, segjer soga. Men dá han kom heim, viste han kong Olav open uvenskap. Kong Knut fór i pilegrims-ferd til Rom. Dá han kom heim, budde han seg vel til herferd imot Noreg.


__________


Kong Olav gaar gennem mandgaren frem mod Erling Skjalgsøn. Ill. Erik Werenskiold. Snorres kongesagaer,1899-utg.

Erling Skjalgsson var saman med Knut imot kong Olav. Dá han siglde heim til Noreg att, hadde han ei mengd sendemenner med seg frá kong Knut; sidan um vinteren for dei rundt i landet med store gávor og vann vener for danekongen. Dei hadde stor framgang, og det gjorde vel mykje at Erling Skjalgsson tok deim i si varetekt.

Kong Olav sat pá Borg um vinteren, og visste ikkje noko á gjera. Vestanfjells og nordanfjells hadde han ingi makt lenger, og fekk ingi skattar derifrá. Pá Upplandi hadde og sume av stormennene bunde seg til Knut, og Olav kunde ikkje ein gong lita trygt pá alle hirdmennene sine. Kongen kjende og visste at landet var ifrá han svike.

Váren 1028 siglde kong Knut og Hákon jarl med femti store skip frá England til Limfjorden. Der møttest dei med den danske leidingsfloten, og so heldt dei til Agder. I Eikersund kom Erling Skjalgsson til deim med mykje folk, og batt venskapen med kong Knut fastare. I løn fekk han styringi yver alt landet frá Stad til Rygjarbit. So bar det nordetter til Nidaros. Knut stemnde dei átte trøndske fylki til Øyreting, og der vart han teken til konge yver heile Noreg. Storhovdingane gjekk han til handa og vart lendmennene hans. Tore Hund og Hárek frá Tjotta fekk finnehandelen og styringi yver Hálogaland. Einar Tambeskjelvar fekk same makti som han hadde havt under jarlane. Og alle lendmennene som kom til Knut fekk store gávor og meir makt enn fyrr. So heldt han samting med heren sin og landsfolket. Der lyste han ut at han gav Hákon jarl, frenden sin, styringi yver heile landet. So fór han til Danmark.

Dá Olav spurde det, drog han frá Viki og vestetter med 13 skip. Alle Arnesønene var med, og sume andre lendmenner. Han vil enno ein gong freista vinna riket sitt att, kor vonlaust det ser ut. Pá timen Erling Skjalgsson høyrde um ferdi hans, baud han leiding ut frá Rogaland og laga seg til á møtast med kong Olav. Tomasmessedag, nett fyre jol (21de desember 1028), siglde kongen framum Jæren. Børen var god, men det var skodda og vátvér. Erling siglde etter, og det gode skipet hans gjekk snarare enn dei andre. Kongen fekk alle skipi sine til á lata segli siga jamt og smátt, so det ság ut som dei kunde koma seg undan. Erling lét seg narra og siglde alt han vann, so han kom langt fyre hine skipi sine. Dá kongen kom attfor Tungenes, lét han segli falla og venta pá Erling. Det vart ein ovhard strid. Men yvermakti var stor, og sigeren snudde seg frá Erling. Til slut stod han att áleine i lyftingi, og varde seg so vel at ingen hadde sét maken. Olav gjekk fram i fyreromet og sa til Erling: "Du snur andlitet mot oss i dag, Erling," sa han. "Andlit til andlit skal ørnar kloast", svara han. "Vil du gá meg til handa, Erling ?" sa kongen. "Det vil eg", sa han, og la ned hjelm og sverd og skjold; so gjekk han fram i fyre romet. Kongen blodga han i kinnet med øksehyrna og sa: "Merkja skal eg drottensvikaren." Dá sprang Aslak Fitjaskalle fram og hogg med øksi i hovudet pá Erling, so han fekk banesár og fall. Han sa til Aslak: "Usæle mann! No hogg du Noreg or handi mi". Og han hadde rett. Erling var den einaste som kunde hjelpt han. Endátil for han hadde det vorte tyngre enn tungt. Men no var i minsto alle voner ute for kongen. Han flyr nordetter. Han stár pá skipet og ser ut i natti og kved:


No er han uglad i natt,
den nábleike mann paa Jæren.
Uver av blanke eggjar
gav Odins-fuglane lik.
Ula han freden øydde,
og usæl løn han fekk.
Den ættgode Erling
andast for tidleg.


Tidendi um det som hendt var flaug yver alle bygder, og Erlingssønene samla ein stor her og sette etter han. Kongen la ikkje til lands fyrr han kom til Herøyane pá Sunnmøre. Der fekk han høyra at Hákon jarl var ventande med ein her frá Trondheim. So heldt han inn etter Storfjorden. Men Kalv Arneson og mange lendmenner skildest frá han og styrde til møtes med jarlen. Kong Olav og dei som var true imot han, tok inn i Tafjorden og lende i Valdalen. Der reiste Olav kross pá strandi og lét skipi etter seg. So gjekk han gjenom urdar og ulende uppigjenom dalen. Bøndene hjelpte han, og segnene um denne ferdi hev livt pá folkemunnen til denne dag. Det var som det lág ei ljosstrima etter han med velsigning, totte dei, og hjelpi dei gav han vart til hjelp for deim sjølve. Det var i januar mánad (1029) han fór der. Men fram til Upplandi kom han. Der fekk han heller ingi hjelp, og so kunngjorde han for mennene sine at han vilde fara ut or landet, fyrst til Sverike. Han gav heimlov til mange av mennene sine. Bjørn stallar var ein av deim; han for heim til garden sin i Viki.

Kongen sa at han vona á koma att til Noreg; han trudde at herredømet til Knut den mektige vilde rakna upp. Og det sviv for meg at nordmennene vil binda seg til á tena meg endá ein gong, sa han. Dronning Astrid var med kongen, og dotteri Ulvhild, og Magnus, son hans, og Arnesønene Torberg og Finn, Arne og Kolbjørn, og Finn Háreksson frá Tjotta, Tormod Kolbrunarskald og nokre andre islendingar, bispen Grimkjell, og Rognvald Bruseson frá Orknøyane. Dei fór til Sverike. Ved Eidsskogen kvilde dei, og der song pilegrimane messa sidan ved ein kross som vart uppsett til minne um Olav. I Sverike stansa han ikkje lenge. Han lét dronning Astrid og Ulvhild vera att der, og sende Grimkjell bisp heim att. Han skulde vaka yver verket deira, so godt det var gjerande.

Olav søkte ikkje upp Onund Jakob. Han drog til Gardarike, til Jaroslav og Ingegjerd.

Heilag Olav

Heilag Olav, frå Brunlanes kyrkje i Vestfold. Frå det 1200-talet."Edvard Bull: Det norske folks liv og historie gjennem tidene: fra omkring 1000 til 1280.

Han fór truleg med kjøpmannsskip. Dei la inn til Gotland, i ein hamn som heitte Akrgarn, ved ein holme som dei sidan kalla St. Olavsholmen. Folket var heidningar. Olav møttest med Ormika av Heinum og andre hovdingar. Dei lét seg kristna og tok imot lærdom av kongen, og han fekk kristenretten sin vedteken pá øyi fyrr han for derifra. Sidan vart han heilag menne for Gotland, og dei bygde ei Olavskyrkja i Visby og ei pá Olavsholm.

Jaroslav og Ingegjerd fagna Olav pá det beste i Kiev, og han vart verande der frametter.

Han vart djupt gripen av møtet med Ingegjerd, som ein gong hadde vore lova til han og som han hadde elska usét. Det var ikkje altfor lette dagar ho hadde havt heller, og ho bar merke av det. Men ven er ho endá, segjer han i eit kvede. Han vert uroleg i hugen. So klagar han yver si synd. Det er som han reddast for at han kann festa hugen for mykje til henne. Ein høyrer som ein sukk frá eit stridande og lidande hjarta.

Han fekk tid til á minnast der han sat i fred, so langt av frá det landet som han hadde vunne og mist. Heile det veldige arbeidslivet hans stilna av som nár ei fossande storelv renn ut i ein sjø. Men striden for Noreg og Kristus livde i trufast minne. Han hadde lært á sjá sine eigne mistak og sine eigne mein. Og minni arbeidde, tankane sveiv. Han gruvla og grunda og var svært tankefull, segjer sogone. Ein sundag sat han i so djupe tankar, at han ikkje ansa pá tidi. Han hadde ein kniv i handi og ein tein som han telgde nokre sponar av. Ein liten unggut stod framfor han og ság at han ikkje hugsa seg. "Det er mándag i morgon, herre", sa vesle skutelsveinen. Kongen ság pá han, og bad um eit kveikt kjerteljos. Han sette eld pá spo nane og lét deim brenna i loven sin.

"Det er fortalt at kong Olav var sedug og bad trutt til Gud alle sine livedagar", segjer Snorre. "Men dá han merka at makti hans minka og at motstanden vart sterkare og sterkare, la han all sin hug pá á gjera Guds tenesta; dá heftest han ikkje av slikt som han fyrr hadde á tenkja pá, eller av arbeid som han fyrr hadde i hendene."

Der i stilla ser me ein mann som gjer upp med seg sjølv framfor Guds augo. Han er ikkje framand for den tyngste strid: striden med seg sjølv; han kjenner noko til den tyngste kvida: á sjá seg som ein er. Men i denne skirslings-elden brána den harde hugen hans, og han stig mot høgdene. Nederlaget vart til større hjelp for han enn all framgang og all siger han hadde havt. Og difor vart det òg til større hjelp for folket hans sidan. For ein mann med so store livsmál som han hadde, og med ei dádskraft og ein arbeidshug so langt yver alt vanleg mál, mátte det kjennast ovleg tungt á vera i ro. Han var ovende tankefull, og gjekk og grunda pá kva han no skulde taka seg til. Jaroslav og Ingegjerd vilde at han skulde kristna Bulgaria og fá det til len. Men han kunde ikkje fá tankane frá Noreg. Frá danskeveldet hadde han vilje riva det ut og gjera det sterkt, til Kristus hadde han vilja føra folket. Kva vart det til no? Stundom tenkte han pá á leggja ned kongsnamnet og fara til Jorsal og gá i kloster der eller ein annan stad. Han tenkte att og fram soleis, og fekk aldri fred for desse tankane. Til klárskap var det vandt á koma. Men nár han hugsa det som hadde hendt han i kongedømet hans, so ottast han for at det nytta lite á søkja heim att. Han skaut dá si sak- til Gud, og bad at han vilde lata det henda som han ság var best.

Han lengta etter á høyra frá Noreg. Og so ein dag ved joletider kom Bjørn stallar med merkelege tidender. Og andre kom etter.

Hákon jarl og stormennene hadde styrt heime. Kalv Arneson hadde gjenge jarlen til handa og fare til kong Knut sjølv og lova at han skulde reisa ein her imot kong Olav, so framt han kom att til Noreg. Knut hadde ikkje full tillit til jarlen. Truleg meinte han at han ikkje var rette mannen til á verja landet mot kong Olav. I minsto tenkte Knut pá á skilja seg med han. Hákon for til England, etter bodsending ifrá Knut. Der heldt han truleg bryllaup med festarmøyi si, systerdotter til Knut. Det er uvisst anten Knut sende han i eit farleg ærend, eller jarlen freista koma heim. Ifrá England for han seinhaustes. Skipet kom burt, og ingen vart berga. Tidendi um dette kom til Noreg same hausten, og landet var hovdinglaust.

Det var dette Olav fekk vita av Bjørn og andre. Um truskapen til stormennene kunde dei fortelja so ymist. Bjørn sjølv hadde lova jarlen si tenesta og teke imot pengar frá han, er det fortalt. Men sume segjer at han hengde upp dei sendemennene som kom og baud han pengane. Noko større merke til at folket ynskte Olav att, var det vel ikkje. Men det tok han sterkt á høyra um det som hendt var. Og uroi auka pá. Han fekk lite sova. Ei natt lág han lenge og vakte; han var trøytt og mødd av tankar og hugsviv som kom og gjekk. So seig han inn i ein lett svevn. Men han totte han vakte óg. Dá ság han ein stor og drusteleg mann som stod framfor sengi i staselege klæde, og han trudde det mátte vera Olav Tryggvason. Denne mannen sa at han mátte ikkje tvika og tvila lenger, men søkja heim til landet sitt; for Gud vilde bera vitne um at han hadde retten pá si sida, og so skulde han ikkje reddast for kva som kom.

Frá den stundi vart kongen hugfast og tenkte berre pá á fara til Noreg, og det hjelpte ikkje at Jaroslav og Ingegjerd talde uført. Dei skyna at det var berre eitt á gjera for han, og so gav dei han all den hjelp dei kunde. So fór han; Magnus, son sin, lét han etter seg hjá desse venene sine. Um.lag 200 mann hadde han med seg. Han møttest med dronning Astrid og Onund Jakob. Det var eit fagnadmøte. Sveakongen torde dá ikkje hjelpa honom beintfram, men lét han fá samla so mykje folk han kunde fá med seg pá eigi hand. Det frettest at Olav var pá heimveg, og mange samla seg til han, báde framande og frendar og vener. Dag Ringsson var truleg syslemann i Vermeland; han kom med ein stor flokk. Og ifrá Upplandi kom 600 mann med Harald Sigurdsson til førar, halvbror til kongen. Det var ikkje nokon liten her Olav hadde til slutt. Han vilde til Trøndelag, og tok vegen igjenom Helsingland og Jamtland, gjenom skogar og øydemarker og allslags ulende, yver store vatn og stride elvar. Det var ikkje lett á finna føda. Men dei fleste var vane med noko av kvart fyrr, og modet var det siste dei vilde missa. Olav var gladværug og mild og skjemtsam, og gledde alle som i laget var. Det var noko reint hugtakande med han pá denne ferdi. I Jamtland mintest dei sidan kvar han hadde havt nattelægje, og kalla dei stadene Olavs-buder.

Han drog yver grensefjelli fram imot Sul, øvste garden i Verdalen

Dá han kom til vatnskilet og ság at landet halla vestetter, vart han so gripen, at han var ikkje god til á vera i flokken. Han reid lenge meir for seg sjølv, cg han ság vidt ikring seg. Han var tegjande, og sa ingen ting um einkvan kom nær. Endeleg reid bispen burt til han og spurde kva han tenkte pá, etter di han var so tegjande. Dá svarar kongen i djupe tankar: "Underlege ting hev borest fyre meg no ei rid. Eg ság ut yver Noreg no dá eg skoda vestetter frá fjellet. Dá kom eg i hug at eg hadde mang ein dag vore glad i dette landet. Dá fekk eg eit syn, so eg ság yver heile Trondheimen, og dernæst yver heile Noreg. Og so lenge som dette synet var for augo mine, ság eg vidare og vidare, alt til eg ság yver heile verdi, báde land og sjø. Eg kjende vel dei stadene som eg hadde sét fyrr. Men like klárt ság eg dei stadene som eg aldri hadde sét fyrr, báde dei som eg hev spurt noko um og hine som eg aldri hev høyrt gjete, báde bygde og ubygde, so vidt som verdi er. Biskopen segjer at dette synet var heilagt og stormerkeleg. Og er trur me má segja det same. Det, er heilagt og stormerkeleg."

Dá kongen kom til bygdar, fekk han høyra at bøndene fór imot han med ein stor her og at han snart kom til á møtast med deim. Dá kanna han heren sin. Han kravde at heidningane skulde lata seg skirsla; mange for dá ifrá han. So sende han menn ut til á samla folk át seg. Men det var ikkje mange á fá. Finn Arneson vilde dá dei skulde brenna bygdene og hemna seg pá bøndene, men Olav sa nei; for det kunde henda han kom til rettes med dei. Og vart det strid, so vilde eitt av tvo henda, sa han: "anten fell me no i slaget, og dá hev me stelt oss godt nár me ikkje fer dit med røva gods; eller so vinn me, og dá skal de taka arv etter dei som slæst imot oss."

Dá han kom til Stiklestad, stansa han og budde seg til á møta bøndene.

Kong Olavs fald. Ill. Halvdan Egedius. Snorres kongesagaer,1899-utg.

Det var ein stor her dei hadde samla imot han, ifrá Vestlandet og heile Hálogaland, og mest ifrá Trøndelag. Sønene til Erling Skjalgsson hadde samla folk frá heile Sørlandet og fare til Viki, um kongen skulde koma den vegen. Men dei andre vestlandske hovdingane hadde fare nordetter med folket sitt og vart med i slaget. Frá Hálogaland kom Tore Hund og Hárek frá Tjotta. Kalv Arneson hadde samla trøndene, og var førar for heile heren. Det var han som hadde havt meste styret i landet sidan jarlen kom burt. Einar Tambeskjelvar var ikkje heime. Han hadde fare til kong Knut og kravt arv og jarledøme etter Hákon. Men han fekk det svaret at Knut vilde gjera ein av sønene sine til konge i Noreg. Einar vart harm, og drygde ut heimferdi si; han vilde ikkje strida for Knut lenger. Olav stod med heren sin tri dagar pá Stiklestad. Ein og annan kom til han og baud han tenesta si. Den mest namngjetne var Arnljot Gjelline. Han hadde vore ransmann i Jamtlandsskogane, men var ille nøgd med livet sitt, og lengta lenge etter á møtast med kong Olav, den hævaste og beste mann han visste. Olav fortalde han um Kristus, og Arnljot tok imot denne lærdomen og lét seg døypa. Kongen sette han millom dei frem ste av mennene sine. Der stridde han mannsleg og fall.

Millom deim som tala til bondeheren, var den danske bispen Sigurd. Han var ovleg hard imot kong Olav, og kalla han berre ein røvar og eit illemenne som ikkje mátta fá koma i vigd jord nár han var fallen. Kong Knut hadde sendt Sigurd til Noreg til á ráda yver den norske kyrkja i staden for Grimkjell og dei andre bispane til kong Olav. For Knut og daneveldet galdt det um á fá den øvste kyrkjemakti i si tenesta. Den harde talen til bispen mintest folk sidan.

Bondeheren drog til møtes med kongen nordetter Verdalen. Ingen hadde sét so mykje folk pá ein stad. I midten var trøndene, háløyger og vestlendingar pá kvar si sida.

Det var i slutten av juli mánad. Den 28de juli um kvelden gjorde kongen siste fyrebuingi til slaget. Han lét heren leggja seg under skjoldane. Sjølv vakte han heile natti og bad til Gud for seg og folket. Det var lagnaden for heile livsverket hans som skulde avgjerast.

Kvifor var han komen heim i ungdomen? Han vilde reisa Noreg til full vyrdnad og full rett, og grunnfesta Kristi rike i landet. Og han hadde brukt all si tid sidan i kvilelaust arbeid for dei som livde so sterkt i han. Alltid hadde han stridt for noko som var mykje større enn hans eigi makt, og vore ein tenar for det største han visste. Og aldri hadde han tenkt mindre pá seg sjølv enn dá han fór heim no siste gongen og til slutt stod der pá Stiklestad. Alt som han hadde vigt livet sitt til, brann sterkare og reinare i han enn nokon gong fyrr. Og det var noko so forunderleg stort og godt som fylgde han, at ingen av dei som kom han nær dá kunde gløyma det sidan.

Framimot morgon sovna kongen. Dá han vakna, rann dagen upp, den dagen som skulde verta so minnerik, 29de juli 1030.

Tormod Kolbrunarskald vekte heren med eit gamalt stridskvede. Bondeheren kom nær etterkvart, og dei fylkte pá báe sidor. Dei var fyrst ferdige pá kongssida, og kongen sette seg ned og halla hovudet sitt til kneet át Finn Arneson. Han blunda ein grand. Dá drøymde han at han ság ein stige frá jordi til himmelen, og totte han gjekk uppetter stigen til himmelen opna seg.

Bondeheren var fleire gonger so stor som kongsheren, og førarane var gode. "Fram, fram bondemenn" var herropet deira. Kongsmennene ropte: "Fram, fram, kristmenn, krossmenn, kongsmenn !"

Slaget vart ovleg hardt og kvast. Um ei stund fekk bøndene yvertaket, og Olav Haraldsson fall. Han var dá 35 ár gamal.


__________


Olav den Helliges alter. Ill. Gerhard Munthe. Snorres kongesagaer,1899-utg.

Men det var ingi gleda i landet for det som hendt var. Og det varde ikkje lenge fyrr det la seg uhugnad yver heile folket. Daneveldet vart ikkje lett á bera. Det vart so hardt at det vakna ein folkeharm, og ifrá landsende til landsende tok dei til á tala um kong Olav pá ein annan máte enn fyrr. No han var burte skyna dei han betre. Og dei tok til á elska han, samstundes med at hatet til daneveldet vaks. Klárare og klárare ság dei kva Olav hadde livt og døytt for. Alle skyna at folket hadde feilt sin beste og største mann. Angeren vakna. Det gjekk som eit verskifte yver landet. Folket vaks meir pá nokre mánader enn fyrr i mannsaldrar. Det var som nár váren drygjer lenge og so kjem snøgt og mest uventande, med yrande liv pá mark og i skog, so det grønkast og gror alle stader.

Den norske kyrkja hadde vakna upp saman med det Noreg Olav hadde reist. Eit betre samarbeid enn miiiom han og Grimkjell og dei andre bispane hans kunde ikkje tenkjast. Hans sak var deira sak, det kjende og skyna dei. Dá so bispen Sigurd kom og tente Knut, vann ikkje Rudolv vera i Noreg lenger. Han reiste til Island, og vart verande der i 20 aar. Grimkjell fór fyrst i utlægd saman med kongen, men kom att. Han heldt seg pá Upplandi. Kann henda det er ein av grunnane til at ingen var med derifrá i bondeheren pá Stiklestad. Grimkjell og Sigurd kom til á stá imot einannan som daneveldet og det Noreg Olav hadde arbeidt for.

Ein av dei som hadde fenge meir enn nok av daneveldet var Einar Tambeskjelvar. Det fór sendemenn millom han og Grimkjell, og dei vart samde. Snart kjende dei seg borne av alt dette som vaks fram i folket. Alle trudde at Olav var ein heilag mann. Ein av dei fyrste som sa det var Tore Hund, han som hadde gjeve honom banesár. Angeren tok han, so han fór ut or landet og reiste til Jorsal i pilegrimsferd og vilde sona syndi si. Ingenting syner betre kor veldig folkevakningi var enn denne botsferdi til Tore Hund.

Berre eit ár etter Olav er fallen, stár bispen Grimkjell og Einar Tambeskjelvar yver liket til kong Olav pá eit stort møte i Nidaros og lyser han heilag. Og heile folket sannar og samstavar. Danskane freista á halda alt dette nede, báde dronningi og bispen. Men det nytta ikkje. Bispen laut fara frá landet, og det danske kongeveldet vart heller ikkje gamalt.

Kongsliket var nedsett i sandmelen ved Nidaros. Dá dei tok det uppatt, var det uskadt. Dei sveipte det i silke og sette skrinet pá høgalteret i Klemenskyrkja. Yver sandgravi bygde dei eit kapell, og sette alteret der liket hadde lege.

I stor mengd tok pilegrimar til á strøyma til kvilestaden át den heilage kongen. Sjuke fekk helsa si att der, og alle totte der var godt á vera.

Eit av dei merkelegaste vitnemál um kor snøgt og kor fullt alle trudde at Olav var eit heilagmenne og ein verje-engel for Noreg, er eit kvede som Tararin Lovtunga, hirdskald til Knut den mektige, dikta til æra for kong Svein. Skalden ráder kongen til á gá til Olav og beda um forbøn hjá Gud. Me høyrer ein klár atterklang av det alle tenkte og trudde:


Hugfast vandra han
vegen tronge,
sonen hans Harald,
til himmerike,
alt til den herlege
heilag vart.
Der no ligg
lavsungne hovding
skuldlaus og rein
med skadelaus kropp.
Som pá livande mann
má du skoda
hár og negler
pá honom veks.
Der kjem krjupande
kryplingflokken,
der som heilage
herren kviler.
Blinde i mengd
og mállause,
hit dei søkjer
og gjeng heile ifrá.


Ved kvilestaden til Heilag Olav ság alle nordmenner betre ut yver landet sitt enn elles.

Der vart dei eit folk.

Derifrá lyfte dei augo lettare til himmels enn elles. Olav stod framfor Kristus og bad for landet sitt.

Der vart den norske kyrkja grunnfest.

Derifrá ság dei lettare ut yver all heimen enn elles, ut yver heile Noreg og ut yver heile verdi, som Olav sjølv dá han for yver fjellet pá siste heimferdi si.

Folket yngdest uppatt framfor dette heilage minnet.

Det stod eit stráleskin ikring hovudet til kong Olav. Og dette stráleskinet kverv aldri burt.

Tillegg

Vinjekyrkja på Vossastrondi.

Den store steinkyrkja pá Vangen er ei av dei eldste og merkelegaste kyrkjor i landet. Det er alt nemnt at det fyrst stod ei trekyrkja, og dá ho vanførst og vart til nedfalls, fekk Hákon Hákonsson vossane til á byggja ei ny av stein. Dá arbeidet kom i gang, var han avliden, men sonen, Magnus Lagabøtar, var konge, og han skreiv eit brev um kyrkjebyggjingi til vos sane. Dette brevet hev presten Miltzow her pá Voss havt i hendene, og til all lukka hev han skrive det av i prestesoga si.

Her er det:


Magnus Haconar sun Noregs konungr sændir ollum mannum i Vangs kirkiu sokn q. g. oc sina. Unið þer margfallæga oc sua vilium ver þacca yðr. at þer havet mannlæga tilraðet at gera yðr steinkirkiu i stað firir trekirkiu eptir raði oc firirsogn várs virðulex herra Hakonar Noregs konungs foður vars. manu þer þar firir hafa bæðe auusu af guði. oc sua skildu þer hafa vinatto af oss oc ollum goðum monnum. Nu af þui at yður tilstofnan oc goðvili er væl til læiðar comenn. Þa latet þer oc þat nu sua til ændalycta fullgæra sæm i vpphave var byriat. oc þessa biþium ver yðr þacsamlæga. at þer duget drængilæga aller saman. þegar guð gefir færi a. oc reidit griot oc viðu til kirkiugærðarennar sæm mannlæg gata liggr. æptir þui sæm ver hauum aðr skipat með tillogum. oc um mælt i þui brefe varo er ver gærðum þegar at andverðu þa er upp var havet steinvirkit. En þeir menn er timbr eigu. þegar ovan er komit. late til æða sæli kirkiunni nauðzyn með slicu værdi sæm yðr sæmir. þeim er firir sea heilagrar kirkiu goðz. Oc leggit nu slican hug a hænnar naudzyn sæm þer vilit æiga hialpraða oc miscunnar af oss von. þann tima en yður nauðzyn liggr viðr i noccorum lutum. Var þetta bref gort i Biorguin. þa er liðnir varo fra burðar tima várs herra Jesu Christi m. cclxx vætra oc i vætr a hinu niunda are rikis várs. Sira þorer canceler insiglaðe.


Umsetjing:


"Magnus Hákonsson, Noregs konge, sender alle menn i Vangskyrkjesokni Guds og si helsing. Me ynskjer dykk lukka til, og me vil takka dykk at de so manneleg hev teke dykk fyre á byggja dykk steinkyrkja i staden for trekyrkja, etter rádet og fyresegni át vár vyrdelege herre og far, Hákon, Noregs konge. For det skal de hava báde Guds signing og vár og alle gode menns venskap. No nár tilskipingi og den gode viljen dykkar er komne i godt gjenge, so má de óg lata arbeidet fá ei sovori endelykt som upptaket var til. Og me bed dykk med takksemd um at de arbeider manndomssamt alle saman, sosnart Gud gjev føre, og køyrer stein og timber til kyrkjebyggjingi, der det er farande veg, etter det me fyrr hev fastsett og sidan lagt til og tala um i det brevet me skreiv straks i fyrstningi steinbygget var pá tale. Men dei menn som hev timber nær ved, bør lata dette til eller selja kyrkja det ho treng til den pris som tykkjest dykk høveleg som stend fyre godset át den heilage kyrkja. Og legg no slik hug til hennar tarv som de vil hava hjelp hjá oss og von um miskunn, nár de kjem til i nokon máte á trengja det. Dette brevet var skrive i Bjørgvin dá 1270 og eitt ár var lide frá var herre Jesu Kristi fødsel, i det 9de styringsáret várt. Sira Tore kanslar innsigla brevet."


__________


Brevet syner oss nár Vangskyrkja var bygd, og Miltzow segjer at byggjetidi var sju ár (1270—1277).

Nár dei eldste kyrkjone pá Vossastrondi er uppbygde, veit ein ikkje visst. Men dei er nemnde fyrste gongen i 1329. Dei nye kyrkjone var bygde i 1871.

Ævangerkyrkja er nemnd fyrste gongen i 1315. Den som no stár er bygd i 1851.