Norrøn skaldskap, versemaal o. a.
| Velg språk | Norrønt | Islandsk | Norsk | Dansk | Svensk | Færøysk |
|---|---|---|---|---|---|---|
| Denne teksten finnes på følgende språk ► |
Med kvadi umsette paa nynorsk
ved Rasmus J. Flo
Oslo 1902
I bokheimen hev nordmennane no naatt eit rom millom dei fremste, eit rom som me tykkjest hava god grunn til aa vera byrge av. Men naar ein ser paa kor braasnart alt dette hev vaksi seg fram, fraa ei tid, ikkje so lengi som hundrad aar attende, daa me ingin bokheim hadde aa rekne for, so kunde ein mest ottast at de er berre ein rotlaus vokster, ein vokster som ikkje hev si rette rot her i lande i minsto. Anna er de no og som kjem til her, som me veit, og gjer endaa meir til at me ikkje so hugheilt kann kalle all denne bokheimen vaar eigin.
Leitar me so lenger attende, um me skulde finne djupare røtar, — ja so kjem me til den gamle norrøne bokheimen, og der er rotfeste nok, skulde de synast, til aa bera ein so-vidt fræg bokavl som me no hev, og gjerne meir med. Men so møter oss her same spursmaale: Er daa denne bokheimen vaar eigin? At storluten, og soleis mykje av de beste av den norrøne bokavlen, er komin til paa Island, de er daa so visst som noko kann vera, og dermed er de og gjevi, at me ikkje her i lande beint fram kann rekne alt dette for vaart. Visst er de so, at Island vart bygt fraa Noreg, og at islendingane sjølve rekna seg for nordmennar og lengi stod i nært samband med de land dei var komne ifraa, endaa um dei ikkje vilde vita av noko riks-samband. Men skulde de ikkje vera anna som gav oss rett til ein lut med islendingane i deira bokavl, enn de at dei var komne av norskt blod, so er de ikkje sagt de vart so mykje aa rekne paa; de kunde for den skuld godt hende, at de daa var andre folk som her hadde meir av æra aa rekne seg til.
No er de nok ymse gamle bokverk, um ikkje mange av dei beste, som utan nokon tvil er norske og skrivne av nordmennar, og av dikting i strengare meining — skaldskap — helst den eldste og daa i de heile den beste, er de mykje som de ser ut til Island ikkje kann gjera noko eigedoms-krav paa framum andre i de minste. Her er de daa striden stend, i vissa um den gamle samlingi av kvad av namnlause skaldar, Edda-kvadi, som dei er kalla, og no sist ogso um ymse kvad av namngjevne skaldar fraa denne eldste tidi, kanskje mest alle kvadi som hev gjengi for aa vera av norske skaldar.
Ei tid gjekk no dei gamle Edda-kvadi for aa vera sams germansk eigedom, «urgermansk», og seinare for sams nordisk, «urnordisk». Paa den maaten skulde me vel hava ein lut i denne sameigni her i lande og, endaa um de visst var meiningi, at de store «vaterland» skulde hava brorparten av de «germanske» og seinare danskane kanskje av de «nordiske». Men di betre dei vart granska, di klaarare synte kvadi sjølve, at i den skapnad dei no hev, i minsto, kunde dei ikkje høyre heime korkje i Tyskland eller Danmark; dei peika paa eit land som anten Noreg eller Island, og dei fleste granskarane vende daa helst sine augo mot Island. Men islendingane sjølve var dei fyrste til aa sjaa og segja fraa, at desse kvadi kunde ikkje høyre heime hjaa deim. Etter dette kunde de vel ikkje vera onnor raad, skulde ikkje desse gode gamle kvadi verte reint heimlause, enn at dei laut faa seg ei heimvist i «gamle Noreg». Men nei, so vel var de ikkje endaa. Dei fekk nok paa ein maate sin heim millom nordmennar, men berre millom norske utflytjarar, som hadde fengi seg ein ny heim i «vestens kulturlande», den tidi Irland og England. Jamvel um dei daa skreiv seg fraa nordmennar, som tala norsk maal og endaatil var fødde i Noreg, so bar dei no so mange merke av at dei var komne til verdi utanlands, so at um ein kanskje kunde segja at dei var ætta fraa Noreg paa farssida, so var de no likso visst, at paa morssida var dei ætta fraa «vestens kultur», eller fraa heile den europæiske kultur de daa var eller hadde vori, alt ned til den gamle romerske og græske.
Som alle veit, er de i vissa professor Sophus Bugge som hev teki upp og bori fram denne synsmaaten. Og han hev lagt all sin gløggskap og sin store lærdom i dette arbeide, so de er ikkje greidt endaatil for lærde karar aa møte fram til strid med ein slik mann her. For ulærde folk, som les bøkane hans, er de no mest ingi raad aa berge seg, annars dei lyt gjeva heilt upp. Dei vert so reint yvitekne av all denne gløgge lærdomen, der dei ikkje veit aa svara eitt til tusund, — denne villframande irsken, som mest ingin kann noko av lenger, munke-latin og annan latin, græsk, runemaal, folkesegnir o. s. fr., nær sagt fraa kvar ein krok i de gamle Europa og alt til Austerlandi.
De var i vissa Edda-kvadi som Bugge tok fyri seg paa den maaten, og vilde syne at soleis som me no hev deim maatte dei vera dikta burte i Irland og England, dei eldste ikkje fyrr enn ut i vikingtidi, ved slutten av de 9de hundradaare, og dei yngre so seint som i fyrstningi av de 11te hundradaare. De er daa aa merke med alle desse kvadi, at fraa gamalt er de ikkje nemnt beint fram nokon ting um kven som hev dikta deim, eller kvar og naar dei er dikta. Til aa avgjera desse spursmaal hev ein ikkje anna aa gange etter enn kvadi sjølve, deira innhald, maalform og slikt noko, og freiste kva ein kann finne ut av dette etter dei festemaat ein elles hev. Av greide og gode jamføringsvitnemaal hev me daa ikkje mange. Dei beste skulde vera nokre av dei gamle skaldekvadi, som dei er kalla, som skulde vera likso gamle eller vel so gamle som dei eldste av Edda-kvadi, etter den nemnde alder Bugge hev gjevi deim. Um desse skaldekvadi hev me fraa gamalt, i bøkar som er skrivne so tidleg som ikring 1200, greide vitnemaal baade um kven som hev dikta deim, og kva tid og land dei høyrer heime i. Soleis hev me vers av eit kvad eller fleire kvad som de er sagt at skalden Brage den gamle hev dikta, og etter alle vitnemaal maa de ha vori ein norsk skald som hev livt ikring 800 og utetter. Endaa meir hev me att av dei kvadi som Tjodolv fraa Kvine er hamngjevin for. Etter alle vitnemaal maa han ha vori jamaldra med Harald Haarfagre, og ikkje berre vori fødd i Noreg, paa Agdir, men ha butt her i lande all sin dag, og de eldste og største av kvadi hans, eller de som me no hev mest att av, Ynglingatal, maa vera fraa ei tid (kanskje 20-30 aar) fyri 900.
Motmennane til Bugge hev daa haldi fram imot honom, at dei grunnar som han hev funni til aa halde Edda-kvadi for so seint tilkomne, og ikkje i Noreg, men burte i vesterlandi, — dei same grunnar gjeld likso fullt for dei her nemnde skaldekvadi, som etter samstelte gamle vitnemaal er tilkomne i Noreg i fyrste eller siste luten av de 9de hundradaare. Bugge sjølv hev ogso set dette so godt som nokon, at so framt desse vitnemaali stod fast, so vilde dei taka grunnen undan heile hans synsmaate. Men han hev daa meint at dei vitnemaali um desse ting som er aa finne hjaa Snorre og andre islendske soguskrivarar, dei er ikkje aa lite paa. Og i eit serskilt verk, «Bidrag til den ældste skaldedigtnings historie», hev han teki fyri seg desse skaldekvadi som skulde vera dei eldste. Her kjem han no til den endelykt, at dei kvadi som Brage den gamle er namngjevin for, dei kann ikkje vera eldre enn fraa siste helvti av 10de hundradaare, og at dei med er tilkomne burte i Bretland, endaa um de er ein nordmann, eller kanskje helst ein islending, som hev dikta deim. Og Ynglingatal kjem daa og like eins burt til Bretland, og paa lag til same tidi eller noko tidlegare, og skal vel helst hava ein nordmann til diktar, de.
I si meining um Brage-kvadi er Bugge hugheil nok, kann ein sjaa; derimot ser de ut til han ikkje kjenner seg fullt so trygg, naar han kjem til Ynglingatal. Vrangt er de og, at de einaste der som han hev funni meir beint fram skulde stydja hans meining, de vert han sjølv paa slutten nøydd til aa rata att, etter han er ferdig med de heile. De er eit halv-vers som ikkje er nemnt eller rekna til Ynglingatal fyrr enn i eit «maalskurds-frøde», eit maallærdoms-skrift, etter Snorre si tid. Men daa Bugge er ferdig med si utgreiding, fær han sjaa at islendingen Vigfusson hev synt at dette halv-verse kann ikkje høyre til Ynglingatal, men derimot til Øyvind Skaldespillars Haaløygjatal, og Bugge lyt gjeva honom rett i dette, i minsto at verse ikkje høyrer til Ynglingatal. Men si meining um dette kvade held han daa likevel fast paa, endaa ein maa segja, at lite som de var fyrr, vert de no reint smaatt med de han hev aa stydja denne meiningi med.
I Ynglingatal skulde de no ikkje vera so reint paa de lause med slike ting som de her er spursmaal um. De handlar ikkje um gudar eller kjempur som berre var kjende etter gamle segnir, soleis som Edda-kvadi, men um forfedrane aat ein mann som kvade sjølv nemner soleis at ein ser han livde ved den tid daa de vart dikta. Denne mannen er ein Rognvald Heidumhære, og han skulde, etter kvade og etter de Snorre segjer greidt nok, vera konge paa Vestfold eller Vestmar (umkring Skiensfjorden) og vera ein son til farbror aat Harald Haarfagre, Olav Geirstada-Alv. So umhugsame som i vissa storfolk var i dei tidir til aa halde rekning med si ætt, skulde de daa vera ventande, at skalden hadde greinleg og paalitande kjennskap til sitt emne eit godt stykke attende, um ikkje heile vegen, so mange ættled som kvade gjeng igjenom, heile 30, alt til dei gamle svenske kongane som skulde vera ætta fraa guden Frøy eller Yngve-Frøy. Skalden sjølv gjev oss ogso all grunn til aa tru at han hev teki de aalvorleg og umhugsamt med sitt arbeid. Ein kann berre leggje merke til eit vers som dette[1]:
Tidt eg hev
etter haugen hans Yngve
vise mennar
mykje spurt,
um kvar Domar
paa den dynjande
Halvs-banen
borin vart.
No eg veit
at verkbitin
frenden hans Fjølne
ved Fyri brann.
[Med Yngve og frenden hans Fjølne er meint d. s. s. kong Domar. — Halvs-banen er elden, baale.]
Og de er oftare han talar um at han hev høyrt eller spurt eller veit de og de. Saki er den, at dette er ikkje meint aa vera dikt men sannfærleg sogu. De var nettupp paa den maaten dei sette ihop sogu i den tid, daa dei ikkje brukte aa skrive, — paa vers, so de skulde vera lettare aa minnast. Dei hadde sogu-diktarar daa, i staden for sogu- skrivarar. Kor vel slike ting kunde halde seg i minne, de hev ein og eit merkeleg godt døme paa her i dette kvade. Tvo av kongane her, Ottar og Adils, er ogso nemnde i de gamle angelsaksiske kvæde Beovulf, Ohthere og Eádgils. Her er ein paa trygg grunn, og kann setja aarstale for deira livetid til ikr. 500, og dette høver nettupp med den tid ein skulde vente etter Tjodolvs rekning, 12-13 ættled attende. Naar no attaat kjem de, at me enno hev so mykje leivt av dette kvade, ei 40 vers alt i alt, so skulde ein tru at her maatte vera raad til aa faa skikkelegt tak, so ein kunde koma heilt paa de reine med baade tidi og lande de høyrer til, og dermed finne eit feste for vaar gamle skaldskap og vaar gamle sogu.
Den mannen som hev gjevi de tyngste innlegge mot Bugge i denne saki, professor Gustav Storm, han hev daa ogso teki upp striden nettupp paa dette umkverve, i eit stykke i Arkiv for nordisk filologi 1899, «Ynglingatal, dets forfatter og forfattelsestid». De syner seg daa og her, at han hev teki saki fraa rette enden og fengi godt og fast tak, soleis at ein maa segja spursmaale no er greidt so godt ut, at de med dette synest vera avgjort for all tid. Han legg fram, greidt og klaart, korleis skalden syner seg vel kjend i Noreg, i vissa daa paa Vestfold, der kongeætti hans mest hev heime. Her hev me namni Borro og Holtar, no Holtan, ein gard i Borre herad; Geirstadir, no Gjerstad i Tjølling herad; Skiringssal, de eldre namn paa Tjølling, alt til 14de og 15de hundr.; den velkjende landryggen Rae (röð—raðar); Foldi, de gamle namn paa Oslofjorden, o. fl., og attaat de nokre namn som ikkje er i bruk no lenger eller nemnde elles, men som ein kann skyna hev høyrt til paa Vestfold: soleis Vadla, som truleg er de gamle namne paa den elvi som kjem fraa Farrisvatne og gjeng i sjøen ved Larvik, der Stiflusund («demning-sunde») vel ogso er aa søkje. Paa same maaten ser ein mannen kjenner godt til ymse namn i Svitjod: Fyri (Fyrisaa), Lofund (Laghunda herad), Ræning (paa ei øy i Mælaren), Taur (Tør, landskage ved Mælaren og Øystresjøen) o. fl. At skalden likevel ikkje høyrer heime i Svitjod, men i Noreg, de syner seg millom anna av de, at han jamleg brukar aust, naar de er tale um Svitjod og der ikring; soleis der han talar um
Uksen som hadde
aust i skogen
hovude lengi
høgt bori
Fraa Danmark hev han ogso mange namn, og likso rett brukte, og ofte nemnt um at svenske kongar hadde ymist med Danmark aa gjera, i samsvar med de som elles er kjent um den ting. Derimot er de ikkje eit einaste ord i heile kvade som tyder paa at han er eller hev vori i England eller paa dei leidir, eller at han er de minste kjend med eller hev havt nokon tanke paa desse landi. Alt dette, saman med mangt anna, gjer de mest utenkjelegt, at kvade skulde vera dikta burte i England og aat ein norsk konge der, som Bugge meiner, endaa han ikkje ein gong veit aa nemne kva konge de skulde vera, eller som namne Rognvald skulde høve paa der. Bugge hev i røyndi ikkje anna aa berge seg med, enn at de etter hans meining skulde vera komi burt eller gløymt noko av kvade alt paa Snorre si tid, og daa, merkeleg nok, nettupp de um dei næraste forfedrane til denne Rognvald. At Snorre ikkje hev teki med heile kvade i si Ynglinga-sogu, kann vera trulegt nok. Finnur Jonsson meiner endaatil at kvade upphavleg hev vori mest dubbelt so langt som de me no hev, men daa likevel at Snorre hev kjent alt saman, daa me ser han hev fortalt ymist um desse kongane som ein ikkje ser noko til i dei versi me no hev. Ein stad syner de seg endaa til avgjort, at de hev vori meir i kvade enn me no hev, og de nettupp um Rognvald Heidumhære. I ei handskrift stend de der tvo linur meir etterpaa de verse som dei andre handskriftine hev um honom. Dette maa vera gjengi til paa den maaten, at avskrivaren hev kjent meir av kvade her enn Snorre hev teki med, og hev komi til aa skrive desse tvo linune, men so hev vorti var at dei ikkje skulde vera med her, og difor hev han so stansa med dette. At daa Snorre og hev kjent meir av kvade, eller heile kvade, de kann de ikkje vera nokon grunn til aa tvila paa. Og hadde no kvade nemnt noko um at denne Rognvald eller nokon av hans næraste forfedrar hadde vunni seg land i England, kann me vera visse paa at Snorre daa ikkje hadde gløymt aa taka de med, i staden for berre aa fortelja at dei var kongar paa Vestfold.
Dei motmæli som Bugge hev komi med, mot at samanhengen skulde vera soleis som kvade sjølv synest vise, som Snorre og hev teki de, og alle andre etter honom, deim driv Storm so greidt og heilt attende, so de vert ikkje nokon ting att av deim. De vert daa ikkje onnor raad enn aa lata baade Ynglingatal, Tjodolv fraa Kvine, Rognvald Heidumhære, og andre med deim, vera for de dei er og hev vori, gode og heilt norske alle saman, soleis at dei høyrer heime baade i de land og i den tid dei er gjevne ut for. Bugge og er paa de reine med de, at so framt kvade er komi til her i Noreg, kann de ikkje vera yngre enn fraa Harald Haarfagre si tid, og Storm hev no, som nemnt, synt at de lyt vera fraa tidi fyri 900[2]. Noko, men ikkje so mykje yngre vert de vel, eller kann de vera, enn folk fyrr vanleg hev meint, med di dei hev gjengi ut ifraa noko som i røyndi korkje Ynglingatal eller Snorre hev sagt nokon ting um, at far aat Rognvald skulde vera daain fyrr enn Halvdan Svarte.
Ein stein meir eller mindre i ein mur eller bygnad gjer ikkje alltid so mykje fraa eller til. Men er de ein av sjølve grunnsteinane som glepp, ja daa veit du de kann spøkje for heile bygnaden. Ein slik grunnstein er de no Storm med eit meintak hev rengt undan den bygnaden som Bugge med mykje vinn og kostnad hadde mura seg upp. Saki er beint fram den, at mest alt de som etter Bugge si meining skulde vise at Eddakvadi ikkje kann vera komne til i Noreg, men burte i vesterlandi, og ikkje so tidleg som i de 9de hundradaare, — dette er noko som likso mykje maa, gjelde Ynglingatal. Soleis møter me same gudeheimen her som der, æsir og vanir, jotnar og dvergar. Visstnok er ikkje Ynglingatal noko gudekvad, so de er ikkje ventande aa finne so mykje av gudelæra der; men de merkelege er, at de meste av de me finn der nettupp helst er slikt som etter Bugge si meining skulde hava sitt upphav fraa kristindomen, og dette nemnt paa ein slik maate at ein kann skyna de maa ha vori velkjende ting i Tjodolvs dagar. Soleis hev me Odin der kalla «bror aat Vile», og dermed tvo av «trieiningi» Odin, Vile (vilje) og Ve. Loke («Lucifer») er der med heile si ætt: Loke-møyi (Loke-dotteri, Hel), syster til Ulv og Narve (Fenresulven og Midgardsormen, «Leviatan») og brordotter til Byleist («Beelsebub»). Av slike som skulde vera komne fraa græsk hev me Garm («Kerberos») og Fornjot («Phoroneos»). Dei gamle segn-krinsane hev ogso sine maalsmennar her, baade fraa Danmark, Tyskland og Noreg, men ingin som hev de minste med vesterlandi aa gjera. Me kann nemne Hagbard og Signy, Hogne (Hjadningane), hordakongen Halv (Halvskjempune), Jonakers sønir og deira sorg (ɔ: steinar, av di dei vart steina i Jormunreks, Ermanriks hall), budlung (etter Budle, far aat Atle, Attila) og meir slikt.
Høyrer daa Ynglingatal heilt og greidt heime i Noreg, og i den tid som ein etter dette maa setja de til, so er de dermed gjevi, at Bugge kann ikkje vera paa rett veg med si meining um den gamle norrøne skaldskap. Noko kann han vel endaa hava rett i; men kor mykje eller lite, de fær daa for de fyrste vera eit opi spursmaal. De vert aa taka de heile upp til gransking fraa nytt av, og truleg vert de ikkje so beint aa faa de greidt alt saman. So mykje kann ein vita, at røtane ligg nok djupare enn ymse granskarar i den siste tid hev tenkt seg.
Kor som er, skulde de no vera god von til at de meste, um ikkje alt av den eldste norrøne skaldskap vert berga heilt heim aat Noreg. Einast paa den maaten, som de synest, er de og at alt kann koma i rette lage. De var noko underlegt, mest løglegt, som de no saag ut med alle desse skaldane. Fødde og uppalne i Noreg laut dei vera alle saman, so velkjende som dei var med norsk natur og liv, og allstødt hadde sin synsmaate og sine ordlag derifraa. Likevel var de som dei aldri kunde faa maale upp, so lengi dei var her heime; men so snart dei kom aat vesterlandi og «i berøring med vestens kultur», daa vart dei med ein gong slike ovkarar til aa kveda, langt framum deira læremeistarar skulde vera, og alle andre i deira samtid, — ja ettertidi og andre tidir med kann de nappast um. Dette høver ikkje vel med dei synsmaatane folk elles hev i vaare dagar, paa «utvikling» og alt slikt. Etter den synsmaaten krevst de, at dette som alt anna laut hava eit grunnlag aa veksa fram av.
De vert daa ikkje anna fyri, kor vondt de kann vera, enn at me lyt gaa ut ifraa at nordmennane sjølve hadde ein kultur, at de er den som hev bori desse fruktine, og at de soleis hev vori ein rotfest, gamall kultur, likso vel som kjernefrisk og rik. At folk her i lande hev havt so vondt for aa tru dette, dermed hev de no sin eigin samanheng. De var ei lang tid de var komi til de, at de ikkje vart rekna for kultur noko av de som høyrde heime her nord: de var berre slikt som kom yvi Tyskland til Danmark, og derfraa her til lande, som skulde hava dette namne. Underlegt nok er de, at de kunde bera soleis til, naar me ser paa kva slag kultur dette var: for ein slik turr og dauv og sviplaus kultur hev de vel aldri vori nokor tid elles her nord, so lengi lande hev vori bygt. Difor var de vel og at han aldri kunde faa seg rett tak her nord, med alt de han tok seg ord for aa vera den rette eller einaste kulturen. Men av dette orde sit de likevel endaa mykje att hjaa sume folk, soleis at dei ikkje kann tenkje seg anna enn at alt godt lyt koma utanfraa.
I samanheng med dette stend daa ogso den trui, at folk her nord og germanane i de heile ikkje hadde nokon kultur fyri vikingtidi og «folkevandringi», so lengi dei livde heilt avstengde fraa andre folk, meiner dei. Men dette med avstengsla er no og ei avtru av same slage som de andre. For de fyrste er de mykje som syner at dei germanske folki stod i livlegt samkvæm seg imillom. De kann jamvel sjaa ut som alle germanske landi var rekna som ei sameign, der folk flutte um kvarandre fraa de eine lande til de andre, etter som dei saag seg best høve til. Me kann nemne slikt som de me ser fortalt hjaa Cæsar, um at ein flokk paa 24 000 harudes (hordar) var komne til germankongen Ariovist og skulde hava land hjaa honom, at han difor sjølv laut sjaa seg um etter meir land paa vestsida aat Rin-elvi og soleis kom i strid med Cæsar. Men de er ikkje noko som tyder paa at de gjekk ufredlegt til millom Ariovist eller hans folk og hordane; de heile er fortalt paa ein maate som de alt saman skulde so vera. Same vegen peikar ogso den merkelege einskapen i maalføre yvi heile den germanske landeviddi i dei tidir. Paa den andre sida var de visseleg heller ikkje lite samkvæm med folki utankring, endaa um dette mest gjekk gjenom grensefolki paa dei ymse kantar. Um so er, at de i vaar gamle gudelære skulde finnast noko som er komi fraa den græske eller romerske, eller jamvel fraa kristindomen, so kann mangt av dette godt vera komi inn lengi fyri vikingtidi.
Men nokon flaum av framand kultur var de visst ikkje yvi dei germanske folki i den tidi. Dei hadde styrke og sjølvvyrdnad nok til aa halde sitt eigi høgt, so dei tok ikkje meir av de framande enn som godt gjorde. At dei daa ogso hadde skapt ein kultur som var vyrdnad verd, de syner ikkje berre dei leivnir me hev etter deira stell og yrke, alt fraa steinalderen, tilverka med ei sviphegd, ein kunstsans og smak som stend høgst millom alt me elles kjenner i den vegen, men ogso den vyrdnad dei vann seg hjaa dei beste og fremste mennar i deira samtid, som Cæsar og Tacitus, ikkje berre for djervskap, men likso mykje eller meir for sedsemd, ærugskap og raustleike.
I de stykke som serleg kjem oss ved her, skaldskap, veit me i vissa at dei var tidleg framme. Alt i dei eldste fraasegnir um deim ser me at de var vanlegt hjaa germanane aa laga og kveda baade gudekvad og heltekvad, dei einaste sogu-verk dei hadde, som Tacitus segjer. Prøvur av denne skaldskapen hev me likevel ikkje eldre enn fraa ikring 500 etter Kr. og utetter. Dei eldste er daa dei gamle angelsaksiske kvadi, som de store Beovulf-kvæde, som i sin eldste skapnad maa vera fraa de 6te hundradaare. Noko eldre er sume av dei eldste innskriftine paa runesteinar, som og er paa vers, soleis som den namngjetne innskrifti paa Tune-steinen fraa Austfold (Smaaleni). Eit stykke av eit gamalltysk kvad, Hildebrands-kvade, maa ogso vera fraa denne tidi, endaa um de ikkje er uppskrivi fyrr enn noko etter 800. Alle desse syner i hovudsaki same versbygnaden som me jamnast finn i dei eldre norrøne kvadi, Edda-kvadi og ymse andre, som Ynglingatal. Til prøve skal me daa her, attaat deim som framanfyri er gjevne av Ynglingatal, taka inn eit vers fraa eit Edda-kvad, Vòluspaa:
Upp ser ho koma
andre gongen
jord or have,
herleg bjart-grøn;
fossar fell der,
og flyg ørn yvi,
ørn som paa fjelle
fiskar veider.
De sermerkte ved dette versemaale er for de fyrste den korte og knappe formi. Kvart vers er paa 8 linur, og lina paa 2 versføtar, med ei tung og vanleg ei lett staving i kvar fot. Dette gjer skilnad imot ein slik som Homer med sitt heksameter og 15-17 stavingar i lina. Gjenom heile verse er de daa meir eller mindre samanheng i meiningi, men vanleg so at de fell i tvo holvur eller halv-vers, paa 4 linur, med ein nærare samanheng i meiningi innanfor kvar holva. Oftast er de og so, at denne holva skil seg i tvo og tvo linur, linepar, med endaa nærare samanheng innanfor kvart av deim. Kor som er, er no allstødt desse linur sambundne tvo og tvo, til linepar, med eit rim som er sereigi for all gamall germansk dikting, framrim eller stavrim (alliteration) som de er kalla. Dette er soleis, at fram-ljoden er den same i visse ord eller stavingar i kvar av dei tvo linur, — same medljoden, eller soleis at framljoden er ein sjølvljod i kvar av desse stavingar, og daa ikkje netupp same, men heller ulike sjølvljodar. Den eine av desse rimstavane skal alltid vera i fyrste eller fyrste tunge stavingi i andre eller siste lina av line-pare. Denne er kalla hovudstaven. Til den skal so svara framljoden i ei (eller stundom tvo) av dei tunge stavingar i fyrste lina av line-pare, og den er kalla studil (stydju-stav). Soleis i fyrste line-pare i verse her framanfor er a i andre hovudstav, og u i upp studil; hovudstav i andre line-pare h i herleg, og studil h i have. Paa same maaten med f i tridje og fjorde line-pare, berre at i tridje line-pare her er de tvo studlar i fyrste lina, f i fossar og fell.
I hovudsaki gjeld dette all gamall germansk dikting som me no hev prøvur av, um ikkje i eit og alt: soleis ser de ut til at avdeildingi i vers med eit visst tal linur ikkje var komi i bruk i den gamle angelsaksiske og tyske diktingi. Derimot slikt som stavrime, som me finn aalgjengt hjaa alle germanske folk, kann me daa skyna hev høyrt med til deira dikting og vori sermerkjande for den alt fraa dei eldste tidir. Med alt dette kann de likevel godt fraa gamalt av ha vori ymse avbrigde i versemaale som mc no ikkje kjenner til, daa de etter maaten er so lite me hev av gamall germansk dikting fyri den norrøne i vikingtidi. Nok er de, at i den eldste norrøne dikting finn me straks ymse avbrøyte fraa de vanlegaste versemaale i Eddakvadi, de som vanleg er kalla fornyrdes-lag, med vers paa 8 linur og 4 stavingar i kvar line. Soleis alt i Ynglingatal er de eit avbrøyte, med di at de der skifter med 3 og 4 stavingar i lina, og dette versemaale er, til skilnad fraa fornyrdes-lag, kalla kvidu-haatt. Eitt versemaal er med vanleg 5 stavingar i lina, maala-haatt, og eit anna, med sterkt skiftande stavings-tal og berre 6 linur i verse, er kalla ljoda-haatt. Men her skal me serleg feste oss ved den versbygnaden som er vanleg i skaldekvadi dei kallar, og sermerkjer deim.
«Skaldekvad» er no i røyndi like mykje alle kvad, med di at skald tyder de same som diktar; men etter kvart hev de vorti vanlegt aa bruke namne serleg um dei kvædi me hev etter namngjevne skaldar, for de meste dikta um og til kongar og hovdingar i deira samtid. Dei sermerkjer seg for de fyrste med ein annan og vandare versbygnad. I verse er de her og 8 linur, liksom i fornyrdes-lag; men linune er lenger, soleis at de vert 6 stavingar og 3 versføtar i lina, og den siste versfoten i lina alltid i dette versemaale eit tvostavings-ord, med siste stavingi lett. Med di at linune her er so mykje lenger, krevst de, til at stavrime kann koma sterkt nok fram, at de alltid er tvo studlar i fyrste lina av line-pare. Men de mest sermerkjande her er no eit slag inn-rim millom tvo av stavingane i lina, og som er kalla hendingar[3]. Av deim er de tvo slag, heilhending og halvhending. I heilhendingi er de fullt samsvar millom dei tvo stavingar baade i sjølvljoden og medljods-utgangen, i halvhending er sjølvljodane ulike, men medljods-utgangen den same i dei tvo stavingar. De vanlege er daa, at de er halvhending i fyrste og heilhending i andre lina av line-pare. Dette versemaal er kalla drott-kvætt, av di de var vanlegt, at skalden sagde fram desse kvædi for kongen eller hovdingen soleis at drotti eller hirdi høyrde paa. Me skal her setja eit line-par til prøve:
Lett og lite, de heiter,
lauken treng til aa aukast.[4]
Her hev me daa for de fyrste framrim med l i lauken (hovudstav) og lett og lite (studlane). Halvhending er it — eit i lite — heiter, og heilhending auk i lauken — aukast. Til betre framsyning kann me med de same taka eit line-par til:
Blod sprænte paa brynte
branden; gramen vann lande.
[Spræne, sprøyte. — Brand, sverd. — Gram, hovding, her-konge]
Som me ser, er den eine hendings-stavingi alltid den næstsiste stavingi, og soleis den siste av dei 3 vegt-tunge stavingar i lina. Den andre hendings-stavingi maa vera skild fraa den siste med minst ei staving imillom, og bør helst vera ei av dei tvo fremre vegttunge stavingane, eller i minsto ei som ikkje er heilt vegtlaus. Kor mange av medljodane i utgangen paa stavingi skal høyre med til hendingi, er de ikkje so visse reglar um; men visst nok er de, at dei i gamallnorsk oftast brukte aa rekne alle medljodane saman med sjølvljoden framanfyri, i vissa naar de ikkje var meir enn ein eller tvo. Desse hendingane likjest soleis paa de me no kallar rim, men skil seg likevel greidt ifraa i fleire maatar. For de fyrste i de at baae rimstavingane her stend i same lina, snart med større, snart med mindre rom imillom; di næst i de at rime ikkje gjeng lenger enn til ei staving, og alltid krev utløysning i rimfrie stavingar etterpaa (lauken—aukast), skal de ikkje verte misljod, i vissa i heilhendingar. Dette versemaale krev daa, til aa koma til sin rett, eit maalføre som i vissa er rikt paa reine, fulle sjølvljoder, og med rikt ljodskifte i endingane, soleis som i gamallnorsken, og som nynorsken endaa i stor mun hev de. Men so kann ein og paa denne maaten, meir enn paa nokon annan, faa nytta ut alt de eit maal eig til rim, og med ein meir skiftande, friskare klang, naar de er rett stelt, enn i dei vanleg brukte rimi no.
Versekunsti var i de heile bygd etter utruleg gløgge og strenge reglar i gamallnorsk, jamvel i dei mest uvande versemaali aa sjaa til, mykje gløggare enn nokon diktar no vil eller kann taka de i den vegen. De er ikkje fyrr no i de siste dei hev komi rett etter kor grant avmælt de er med alt saman her[5], soleis at ein etter dette kann avgjera paa ein prikk korleis ordi til kvar tid hev lydt, og like eins ofte med ein gong sjaa um ei line er forvend, og finne ut korleis ho rettast bør lyde. Men aller strengast og mest med alle slag band var de no i drottkvætt versemaal, at de skulde vera nett soleis og so mykje som reglane kravde, — ikkje mindre, men heller ikkje meir av noko slag; at alt kom paa sin stad o. s. fr. Soleis skulde de berre vera denne eine hovudstaven og dei tvo studlane i line-pare, og ikkje noko meir eller andre tonetunge ord som gav stavrim i lina. Med hendingane var de likevel ikkje fullt so strengt, um de vart «tri- hent» av og til, og tri studlar for tvo kunde ein og stundom tola. Visse «løyve» eller undantak var no gjevne elles og, men dei med hadde sine reglar. Dei tvo fyrste versføtane i lina kunde t. d. hava tvo (eller tri) lette stavingar i staden for ein, soleis at lina i visse tilfelle kunde hava 7 og upp til 9 stavingar i staden for 6; men daa galdt de aa agte vel paa «uppløysing» og slikt, so at stavingane ikkje vart for drjuge.
Men var dei strenge paa versemaale, so tok dei seg i skaldekvadi so mykje større «løyve» i andre vegar. I vissa tok dei de svært fritt med ordsetnaden, soleis at dei ofte kasta ordi um kvarandre paa ein maate som no maa synast oss heilt loglaus, endaa um de viser seg, med eit gløggare ettersyn, at de var nok visse logir her og. Ein annan utveg dei hadde aa taka til, var de rike ordskifte, ei mengd med ord aa velja millom for eitt og de same, t. d. til aa nemne hermann, konge o. dl., og rokk de ikkje til med einskilde ord, daa mange slag umskrivingar, med tvo, tri eller fleire ord, til aa segja de same som elles med eitt. Soleis ein hovding som var flote-førar kunde dei kalle skips-styrar; naar so skipe vart kalla hav-hest, so vart føraren havhest-tøymar el. dl. Endaa kunde dei t. d. her kalle have for baare-veg, so dei paa den maaten kunde faa 3-4 eller 5 tillagsord til de eine upphavlege[6]. De er dette som er kalla kenningar, av di desse tillagsordi skulde vera til aa serkjenne upphavsorde. Fraa fyrst av var dette sjølvsagt meint til aa gjeva ei meir livande framsyning, — «hav-hest» skulde t. d. teikne paa kortaste maaten korleis skipe rende eller dansa som ein hest yvi baarune. De er soleis nær samanheng millom bruke av kenningar og den nemnde sterke sansen for kort og knapp form. Men etter kvart kom de til de, at desse mange ordi og vendingane ofte vart brukte meir til pryd, som skulde høyre med til skaldskap, soleis at de t. d. mest ikkje var loglegt aa bruke slike ord som han og dei, men at ein i staden alltid skulde skifte med nemningar og umskrivingar. Mang ein gong var de vel og at dei vart brukte mest for dei vande rimi si skuld. I den gode skalde-tidi la dei no likevel vegt paa at slikt vart brukt med maate, og soleis at de høvde vel til.
De er desse kenningane som mykje hev gjort skaldekvadi so vande aa skyna, stundom jamvel for lærde folk; for dei er so mange og mange slag, so de er ikkje lett no aa finne greide paa deim alle. Er de tvo eller fleire umskrivingar saman i eit vers, og ordi er kasta um kvarandre, so kann de og vera vandt nok aa vita kvar de eller de orde høyrer til, og ein kann daa faa fram ulike meiningar, etter som ein tek de paa den eine eller den andre maaten, — ikkje aa tala um at ord og ordlag kann vera forvende, soleis som me no hev deim. Dei same kenningane er de nok og som hev gjort mest til at skaldekvadi hev fengi eit laakt ord paa seg, at de er berre vridne ordkunstir, som de ikkje er noko gagns innhald i. Men dette er daa likevel meir lesaren enn kvadi si skuld, — at han hev vori for snar med sin dom. Set ein seg skikkeleg inn i kvadi fraa den rette skaldetidi, skal ein nok faa anna aa finne, at her er ein rikdom av dikting av beste slag. Visst kann ein sjaa at dei mange og sterke bandi stundom hev vori til meins for innhalde paa ymse maatar, og de er ikkje mange av desse «drott-kvædi», soleis som t. d. Sigvats Bersöglisvisur, som stend heilt paa høgd med dei beste av Edda-kvadi eller andre i friare versemaal, slike som dei beste av Hornklove eller Egil Skallagrimsson. Men skaldekvadi hev no sine fyrimunir, dei og, og naar alt høver vel til her, kann vendingane faa ein sving og ei magt som ein knapt kunde naa paa annan maate. Eit sers verd hev dei no og for oss her i lande, mange av desse kvadi, med di me hev mykje deim aa takke for at me hev so vidt rik og trygg kjennskap til vaart lands sogu i gamle dagar, fraa den tid daa de stod paa si beste høgd.
Til aa gjeva noko betre kjennskap til desse skaldane og de me skylder deim, hev eg difor tenkt aa gjeva noko av ei skalde-sogu her utetter. Daa emne er so vidt, vil eg her halde meg til dei skaldane som hev mest med vaart eigi lands sogu aa gjera, mest daa til «hovudskaldane», som Snorre kallar deim, og taka med dei vigtigaste eller meir forvitnelege dragi fraa deira liv og ferd. Av slikt er de mykje gøymt i dei gamle skriftir; de er jamvel ein og annan skalden som hev si eigi sogu, der han er hovudmannen. Attaat er de no ymse bokverk som gjev god utgreiding um desse ting og um vaar gamle bokheim i de heile. Serleg skal eg nemne eit storverk som no held paa aa koma ut; de er «Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie» av islendingen Finnur Jonsson. Dette er ein mann millom dei fremste me hev i denne leidi, med ein framifraa rik kjennskap til vaar gamle bokheim og alt som dit høyrer, og de er ein sers hugnad aa lesa alt han skriv um desse ting. Han brukar ikkje sterke ord um alt de verdfulle som er aa finne der; men hans djupe samhug og klaare innsyn og framføring verkar so mykje betre til aa gjeva lesaren ogso ein djupare samhug og eit rikare og klaarare innsyn i emne.
Attaat var de og meiningi aa gjeva prøvur av kvadi deira, umsette til nynorsk, slike som ikkje er gjevne i umsetjing andre stadir, helst daa heile kvad og i samanheng, eller so heile som me no hev deim. I folke-utgaava av Heimskringla er alt de meste av slike kvad umsett til nynorsk, fraa Ynglingatal og Harald Haarfagre si tid til og med Olav den heilage. De meste som kjem med her vert soleis kvad fraa ei seinare tid, i vissa fraa skaldane aat Magnus den gode og Harald Hardraade. Men dette var no og ei blømingstid med dei beste i skalde-diktingi, liksom me og fraa denne tid hev gøymde fleire kvad og i betre og heilare stand etter maaten enn fraa nokor onnor tid. Fraa eldre tid er de millom anna med eit par større kvad or Snorre-Edda etter tvo av dei eldste norske skaldane, som soleis hev eit sers verd, baade i seg sjølve og ved den tid dei høyrer til. Med dette attaat de me fyrr hev i Heimskringla, skulde de daa vera umsett de meste av dei skaldekvadi som serleg kjem vaart eigi land ved. Men de største og vandaste arbeide i den vegen stend likevel endaa att: aa faa ei umsetjing til nynorsk av sjølve Edda-kvadi.
Med umsetjingi hev eg her freista aa halde fram i same leid og etter dei same grunnsetningar som eg lærde aa kjenne og skyna paa ved de eg fekk noko aa gjera med den nye utgaava av Heimskringla. Men med di at dette ikkje nettupp er meint for nokor «folke-utgaave», er de her ikkje teki so strengt med meir sjeldsynte eller vande ord og vendingar. Her som der er de lagt hovudvegti paa aa faa attgjevi sjølve teksti so nær som raad var, og de ikkje berre meiningi, men ogso ord og vendingar, serleg alt som de er noko sermerkt eller fyndigt ved, og like eins aa faa grant fram alt slikt som skildrar sjølve tilburdane og tidi med sin tenkjemaate og livssyn, soleis at kvadi mest mogleg kann hava sitt fulle verd som «historiske dokument». Difor er her ogso teki med «kenningar» og slikt, so langt de var raad. Sume av deim, i vissa dei lengste, er de beint fram uraad aa faa attgjevi heilt, med de maalbruk me no hev, paa annan maate enn aa bruke heile setningar til de; likevel er de oftast teki med so mykje av desse ogso, at kjernen i deim kjem fram. Ein hende gong kann de i staden for ei innskriving vera brukt ei onnor som tyder de same; men de er daa mest alltid ei som same skalden elles hev brukt, jamvel i same kvade, eller i minsto som var i vanlegt bruk i den tid, — aldri noko «sjølvlaga». Paa den maaten skynar ein de maa verte eit og anna som ikkje kvar og ein finn meiningi av med ein gong, og at de vil turvast ymse tydingar og upplysningar um samanhengen. Men kvar den som vil umaka seg aa sjaa etter desse upplysningar trur eg likevel skal finne de heile so klaart og skynlegt som ein med rimeleg rett kann krevja de.
Sume kvad er de freista aa gjeva heilt ut med same versbygnad som skalden sjølv hev brukt. Fullt tilsvarande heilt igjenom er de no likevel ikkje vorti, og eg trur mest de vilde vera uraad aa greie de, utan ein for dette vilde ofre vigtigare ting og taka de meir fritt baade med meiningi og ordbruke, — all den stund ein no ikkje kann taka de so fritt i andre maatar, med ordsetnaden og slikt, som dei gamle skaldane gjorde, men maa halde seg nokolunde til de vanlege maalbruke. I vissa hev eg ofte loti bruke fleire stavingar i lina enn dei vanlege 6 i drottkvætt versemaal, dei tvo fremste versføtane med 3 stavingar i staden for berre 2, soleis at linune heller ofte fær 7 og 8 stavingar, likevel sjeldan 9, og aldri utyvi dette høgste loglege tale. Oftare er de ogso her ei «upptakt», endaatil framanfor «hovudstavena», som ein mest aldri finn brukt hjaa drottkvæde-skaldane, andre enn dei aller eldste av deim. Grunnen til alt dette er mykje den, at me no brukar mykje meir med smaaord til hjelp enn dei hadde bruk for i de gamle maal med sin større rikdom paa ordformir, — slike som aat, til, paa o. s. fr. Nokon større skade kann de daa likevel ikkje vera i dette, all den stund versetakti i hovudsaki vert den same; heller gagn, at de vert noko meir umskifte, som de kann trengast vel til, — so mykje meir som de gamle maal hadde visse umskifte som me no ikkje lenger kann faa fram, daa dei fleste maalføre ogso her i lande no hev alle vegt-tunge stavingar lange, medan dei i gamallnorsk av de slage hadde baade lange og korte til aa gjera skifte med. I staden er me no i vers strengare i eit anna stykke, som dei gamle skaldane ikkje alltid tok de so nøgt med, — med tonelage. Endaatil hjaa ein storskald som Arnor Jarlaskald kann ein i eit versemaal med 4 føtar finne linur som denne: við Helganes blóðugt fiðri, der ein etter versemaale maa leggje vegti paa stavingane við og a i staden for paa Helg og nes, og við (ved) endaatil er baade «hovudstav» og hendings-staving. Men slikt eller so ille som dette ser ein no ikkje ofte.
I dei fleste av desse prøvune er de likevel gjevi avkall paa de som er vandast aa faa med i ei umsetjing, hendingane, eller dei er brukte berre av og til. Likevel skulde no ei umsetjing paa vers og med de mest serteiknande kjennemerke, stavrime, gjeva ei betre framsyning av dei gamle kvædi enn ei endefram umskriving paa turr prosa, slike som kvad-tolkarane lyt lite seg med, og som truleg ogso hev gjort sitt til aa gjeva ei rang meining um desse kvadi. Men aa døme den gamle skaldskapen etter slike innskrivingar er no paa lag som ein i staden for ei blomster vilde syne fram den moldi ho er laga av, eller som ho gjev naar ho vert «uppløyst».
Um stavrime er elles aa merke, at ein kann ikkje her i eit og alt fylgje de gamle, av di ymist no lyder annarleis enn daa. Soleis er hjaa skaldane j alltid rekna som sjølvljod, og lydde vel ogso nærast som ein i den tidi. Her derimot er j tekin saman med hj og gj (gi-, gy-, gei-, gøy-), som no alt lyder like eins. Framleides var i den gamle skaldskap sk, sp og st rekna for tri serskilde rimstavar, som ikkje gjekk saman med s elles, truleg for di de daa som no var slik ei mengd med ord som byrja med s, so de lett vilde verte for mange rimstavar i lina av de slage, noko som ein ofte kann vera likso ille brydd med som for aa faa nok. Her og er st rekna for serskild rimstav, daa han endaa er rik nok til de; like eins ogso vanleg sk, der han hev sin upphavlege ljod. Derimot er skj (ski-, sky-, skei-, skøy-) liksom sj tekin saman med vanleg s, og sameleis sp, som no ikkje er vidare rik paa jamleg brukte ord, — ikkje so rik som sv t. d.
Eit anna uord dei hev fengi paa seg, desse skaldekvadi, er likso faavist og ufortent: at de skal vera so mykje skryt der. At ein skald, som vanleg sjølv sagde fram sitt kvad for den konge eller hovding som de var dikta til, helst vilde segja de som var til hans ros og ære, er sjølvsagt nok. At dei ogso gjerne brukte sterke fargar av og til, er ikkje anna enn ventande var; de høyrer liksom med til handverke de, og kvar og ein skulde vita kva og kor mykje ein skal leggje i sovorne ting. Men slikt som ein kann kalle krjuping eller gjøling skal ein difor ikkje finne mykje av i den rette skaldetidi. Tvert um, dei forstod makelaust godt aa halde rette tonen, desse karane, og dei forstod ogso ofte paa ein fin og høvleg maate aa segja aalvorssanningar som ikkje nettupp kunde vera søte aa høyre. Paa dette er de fleire døme enn Sigvats uaatliknelege Bersöglisvisur. Skaldane hadde i de heile nettupp ord for aa vera fritalande. Attaat fær ein hugse vel paa de, at desse kongar og hovdingar som skaldane kvad um, de var ogso jamleg mennar som kunde kveikje ein skald til aa syngje um deira bragdir, at de i røyndi var framifraa karar, mynstermennar i den leid som tidi kravde eller kravde mest. Jamvel mennar som Gunnhildsønine er de ikkje tvil um var ovkarar i mange maatar, endaa um dei ikkje i alle stykke heldt maal med sine fyrimennar og etterfylgjarar, og dette er de vel som hev gjort mykje til at de i ettermæle kom til aa falle ein sterk skugge paa deim. Ein skal soleis ikkje vera for snar paa de til aa tru at skaldane hev brukt for sterke ord eller sagt meir enn dei meinte.
Meir kunde de vera aa segja paa den ting, at i sume kvad er de so mykje tale um slaasting og vaapnbrak, blod og lik, ramnar og ulvar og alt slikt, og ikkje stort anna, ser de ut for. At de tek seg soleis ut, kjem likevel kanskje ofte av de, at av desse kvadi er de helst leivt etter berre dei versi som fortèl um herferdir og slag, men lite eller inkje av resten, som kanskje gjekk mykje i ei onnor leid. I dei kvadi som de ser ut til me hev nokolunde heile, er de jamnast ikkje vandt um aa sjaa at skalden ogso hev havt godt auga for andre ting, at han likso vel veit aa prise og mana til klokskap, truskap, rettvise, mannamilde og andre dygdir som djervskap, at han likso hugheilt og med livande drag kann skildre slikt som sjøferd, hirdliv og heimeliv, vænleik og elsk, som han skildrar herferd og slag. Ein hev ikkje meir rett til aa sjaa blodtorste eller raaskap i slagskildringar hjaa skaldane enn naar ein no ser skildra korleis kanonune dundrar, kulune kvin o. s. fr. All talen um raaskap og slikt hjaa dei gamle nordmennar og deira skaldar er de reine faavit, so langt de gjeld sjølve stortidi. Tvert um er de heilt-upp merkelegt, kor friskt og reint de alt saman er. Ein skal ikkje finne noko som de trengst aa «lufte ut» der.
I mange maatar kunde de vori betre aa fengi kvadi soleis som me no for de meste hev deim, i sogur og forteljingar, innlagt eit vers eller tvo um gongen her og der, etter som dei høver inn. Paa den maaten vert de ikkje berre eit høvelegt og kjærkomi umskifte fraa de eine til de andre, men de som verse skildrar vert so mykje klaarare og lettare aa skyna, naar ein fær de soleis i samanheng med ei heil utgreiding um dei emni som skalden hev fyri seg. Paa den andre sida kann de ogso vera godt for noko aa hava kvadi fyri seg i samanheng, so heile som dei er aa faa, og sjaa korleis dei tek seg ut daa. Naar ein les deim soleis noko her og noko der, fær ein lett den synsmaaten i seg, at dei gamle skaldane hadde de med aa hespe av eit vers eller tvo alt i eit, snart sagt ved alle slag høve. Aa nei, i røyndi gjekk de nok heilt annarleis til. Hendemaals-vers, slengestev og slikt, «lausa-visur» som dei var kalla, brukte dei nok aa kveda i dei dagar ogso, og de galdt for ein rett skald aa vera buin i den vegen med; men i røyndi er de reint lite me hev av de slage, i minsto som høyrer heime i vaart land, um de ser ut til de hev vori noko meir i bruk paa sjølve Island. De rette er, at mest alt saman høyrer til større, samanhangande kvæde, og som visseleg ikkje jamleg var gjorde i ei braavending. Aa vera skald var i de heile eit yrke som kravde sin mann. For de fyrste høyrde de no ein heil fyriskule til. De unge skalde-emne lærde skaldskap av umgang og samtale med eldre kalls-brørar. De var alle slag gløgge og fine reglar for versbygnaden aa lære, eit heilt skaldemaal med sine nemningar og segnir um gudar, jotnar, dvergar, gamle kjempur, kongar o. s. fr., soleis til dømes ei 120 Odins-namn og namni paa ei 70-80 gamle sjøkongar som de kunde vera spursmaal um. I vissa laut den unge skalden setja seg inn i og feste i minne eit heilt utval av eldre kvad, so han fekk eit fast grunnlag og alltid kunde hava sine mynster ved handi aa taka til og rette seg etter. Difor baade kunde og maatte han likevel staa fri til sine mynster, endaa um dette sjølvsagt førde til at ymse vendingar kom til aa gange att fraa den eine skalden til den andre. Skulde han so kveda um noko han sjølv ikkje hadde vori med i, galdt de aa spyrja seg vel fyri og setja seg inn i og hugse grant hendingar og umstødur; de hadde ikkje vori spøk aa koma med misgrip i desse ting framfor ei forsamling der dei fleste kjende vel til korleis heile samanhengen var, i ei tid og hjaa eit folk som me veit nettupp var strenge paa slikt.
Soleis buin kunde daa skalden taka seg fyri aa setja saman sitt kvad. Og de gjorde han helst utetter natti, naar dei andre sov og de var stillt ikring honom; — noko «kontor» eller arbeidsrom for seg sjølv hadde ikkje skaldane daa, maa vita, soleis som diktarar og bokskrivarar no.
Um landvord høg eg laga
lovkvad, daa andre svaavo,
[Landvord, landvaktar, landverjar, soleis konge el. dl.]
segjer Einar Skaalaglam. Og i sogo um Egil Skallagrimsson er de fortalt, at daa den unge skalden Einar Skaalaglam var paa vitjing hjaa Egil og ikkje fann honom heime, lagde han etter seg til gaave ein staseleg skjold han hadde fengi av Haakon jarl; men daa Egil kom heim og fekk sjaa dette, vart han vond og sagde: «Meiner han at eg skal vaka yvi og dikte eit kvad um skjolden hans?» Dette gjorde han no likevel, og dikta eit kvad um skjolden, men som de no ikkje er att stort av.
Naar so eit kvad var dikta, var de aa «feste» de, som de heiter, i minne, til tidi kom til aa segja de fram, og dess-imillom kunde de ofte taka ei drjugt lang tid, t. d. ei lang ferd fraa de eine land til de andre. Noko smaaverk var de heller ikkje, flestalle desse kvædi. Eit rett ærekvad til ein konge, eller ei draape, skulde vera paa minst 20 vers; men for de meste var dei visstnok ein god mun lenger, upp til halvhundrad vers og meir. Me ser soleis at dette heilt igjenom var aalvorsarbeid, som me gjer rettast i aa sjaa paa med vyrdnad baade fraa den eine sida og den andre.
Dess-verre er de ikkje mange av deim, knapt meir enn ei 2-3 av sjølvare «skaldekvadi», som me no hev fullkomleg heile. Nokre er de no likevel som me hev nokolunde heile, so vidt ein kann sjaa, og ikkje so faa som de er leivt so mykje av, at de nokolunde kann syne korleis kvade hev vori. Sjeldan er de og, at me fraa gamalt hev de heile eller større stykke av kvadi samla paa ein stad og i samanheng. Oftast er dei aa finne spreidde her og der, eit vers eller tvo og ofte berre eit halv-vers um gongen, og stundom daa nemnt namne paa de kvæde dei er tekne or. Samlingi er daa oftast komi i stand no i seinare tid, soleis at kunnuge folk hev skipa de etter beste skyn. Og vanleg er ikkje dette so vandt aa greie paa ein maate so ein kann vera trygg paa at de er so rett som de lèt seg gjera. Ovmykje er de soleis som er burte, og ei mengd med kvad som me no ikkje hev de minste att av, eller som me ikkje ein gong veit noko um. Finnur Jonsson meiner at me hev knapt hundradparten att no av alle dei kvædi som er komne til i Noreg og paa Island i den gamle skaldetidi, fraa so langt attende som dei eldste kvad me kjenner noko til. Likevel lyt me segja, takk vere i vissa islendingane, at me her i vaare land hev vori utifraa hepne i denne vegen mot flestalle andre stadir. Med kvad og anna hev me etterleivt fraa vaare fedrar ein bokskatt so gjæv og rik, so de der er ei utømande kjelde til aa halde vaart aandsliv friskt og sterkt gjenom alle tidir, so framt ha vert retteleg nytta.
Notar:
- ↑ Heimskringla s. 19.
- ↑ De er den gode gamle skikken med aa kalle uppatt skyldfolka som hev hjelpt Storm til aa finne ut kva tid paa lag den nemnde Rognvald er daain, og dermed ogso den seinaste tidsgrensa de kann vera tale um for kvade.
- ↑ Namne tyder vel at dei skulde gjera de lettare aa aahende, gripe og hugse de som var sagt, og for so vidt svarar nok namne vel.
- ↑ Av di lauken er ein litin vokster og soleis ikkje treng mykje til næring. Meiningi med ordtake synest elles vera den, at han er lett aa lokke som sjølv vil.
- ↑ De er i vissa professor Bugge og tyskaren Sievers som hev æra for dette.
- ↑ De er daa aa merke, at dei ikkje brukte so mykje ordsamansetningar, men oftast ordi skilde, berre med serskild form paa orde (genitiv) til aa syne at de var tillegg til eit anna, noko som me no hev lite att av (som t. d. manns ord, manna maal), soleis at de no er uraad aa umsetja beint fram mange av desse umskrivingane.