Soga um Haakon den gode

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif Norsk.gif Dansk.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Soga um Haakon den gode


1. Haakon Adalsteinsfostre var i England, daa han spurde at kong Harald, far hans, hadde andast. Han laga seg strakst til aa fara, og kong Adalstein gav han folk og gode skip og gjorde allting i lag paa de beste aat han til ferdi, og um hausten kom han til Norig. Daa spurde han at brørane hans var fallne, og likeins at kong Eirik daa var i Viki. Daa siglde Haakon nord til Trondheim og fór til Sigurd Ladejarl, som var den visaste mannen i Norig, og vart godt mot-tekin der, og dei slo lag med kvarandre; Haakon lova han stor magt, um han vart konge. Daa lét dei stemna ihop eit stort ting, og paa tinge tala Sigurd jarl for Haakon og baud bøndane honom til konge. Etter dette stod Haakon sjølv upp og tala; daa sagde dei tvo og tvo seg imillom, at no var Harald Haarfagre komin att og hadde yngst uppatt andre gongen. Haakon byrja tala si soleis, at han bad bøndane taka mot han og gjeva han kongsnamn og gjeva han hjelp og magt til aa halda kongedøme. Men til vederlag baud han seg til aa gjera alle bøndar odelsborne, og gjeva deim att odelsjordi, som dei budde paa. Til denne tala vart de slikt glede-rop, at heile bondeflokken ropte og skreik, at dei vilde taka han til konge, og soleis vart de, at trøndine tok Haakon til konge yvi heile lande; daa var han 15 vetrar. Han tok seg daa ei hird og fór umkring i lande. Dette spurdest paa Upplandi, at trøndine hadde teki seg ein konge, i alle maatar slik som Harald Haarfagre var, so nær som de berre, at Harald hadde kua og trælka heile folke i lande, men denne Haakon vilde kvar mann godt og baud seg til aa gjeva bøndane att odelen sin, som kong Harald hadde teki fraa deim. Ved desse tidendir vart alle glade, og den eine fortalde de til hin, og de flaug som elden i turre grase alt aust til landsenden. Mange bøndar fór fraa Upplandi og vilde raaka kong Haakon; sume sende menn i sin stad, og og sume ordsendingar og jartegnir[1], og alle gjorde de for aa segja han, at dei vilde verta hans menn. Kongen tok imot de med takk.


2. Kong Haakon fór fyrst paa vetteren til Upplandi og stemnde ihop eit ting der, og alle folk dreiv til han, som koma kunde; daa vart han tekin til konge paa alle ting. So fór han aust til Viki. Der kom Trygve og Gudrød, brorsønine hans, til han, og mange andre, som rekna upp alt de vonde dei hadde lidi av Eirik, bror hans. Dei vart stødt meir og meir hatige paa Eirik, di meir glade alle folk vart i kong Haakon, og di meir dei trøyste seg til aa segja som dei meinte. Kong Haakon gav Trygve og Gudrød kongsnamn og de rike som kong Harald hadde gjevi fedrane deira. Trygve gav han Raanrike og Vingulmark, og Gudrød Vestfold. Men for di dei var unge og barnslege, sette han gjæve og kloke menn til aa styra lande med deim. Han gav deim lande paa same vilkaare som hadde vori fyrr, at dei skulde hava halv skatt og skyld med han. Daa de vaarast, for kong Haakon landvegen til Trondheim gjenom Upplandi.


3. Kong Haakon samla ein stor her i Trondheim, daa de vaarast, og raadde seg til[2] skip. Vikverjane hadde og ein stor her ute og etla seg til kong Haakon. Kong Eirik og baud ut ein her i midlande, men hadde vondt for folk, av di mange stormenn drog seg undan og fór til Haakon. Men daa han ingi raad saag til aa standa imot heren hans Haakon, siglde han vest yvi have med de folk som vildefylgja; fyrst fór han til Orknøyane og hadde mykje folk med seg derifraa. Sidan siglde han sør til England og herja i Skotland, kor helst han kom i land, og herja alt nord i England med. Den engelske kongen Adalstein sende bod til Eirik og baud han, at han skulde faa eit rike i England, og sagde de, at kong Harald, far hans, var ein god ven aat kong Adalstein, og de skulde koma son hans til godes; daa fór de menn millom kongane, og dei forliktest paa de vilkaare, at kong Eirik tok Nordimbraland[3] til len av kong Adalstein, og skulde verja lande der for danir og andre vikingar. Eirik skulde lata døypa seg, og kona hans med, og borni deira og alt de folk som hadde fylgt han dit. Eirik gjekk inn paa dette, og han vart døypt og tok den rette trui. Dei segjer at Nordimbraland er femteparten av England. Han hadde sæte sitt i Jorvik[4], der som dei segjer at Lodbroks-sønine[5] hev butt fyrr. Nordimbraland var mest bygt av nordmenn, fraa den tid daa Lodbroks-sønine tok lande, og danir og nordmenn herja jamt der, fraa den tid daa herredøme i lande var gjengi fraa deim. Mange stadir der i lande hev fengi namn paa norsk: Grimsbø og Hauksfljot[6] og mange andre.


4. Kong Eirik hadde mykje folk umkring seg, og han heldt der ei mengd nordmenn, som hadde fari austantil med han, og sidan kom de mange av venine hans fraa Norig. Men daa han hadde lite land, fór han jamt i herferd um sumrane og herja paa Skotland og Sudrøyane, Irland og Bretland, og vann seg gods. Kong Adalstein sottdøydde; han hadde vori konge i 14 vetrar og 8 vikur og 3 dagar. Sidan vart Jatmund[7], bror hans, konge i England; han totte ikkje um nordmennane; han heldt ikkje utav kong Eirik, og de gjekk de orde, at kong jatmund vilde setja ein annan konge yvi Nordimbraland. Men daa kong Eirik spurde dette, fór han i vesterviking, og hadde med seg fraa Orknøyane Arnkjel og Erlend, sønine hans Torv-Einar. Sidan fór han til Sudrøyane, og der var mange vikingar og her-kongar, og dei slo lag med kong Eirik; daa styrde han med heile heren fyrst til Irland, og hadde med seg derifraa de folk han kunde faa. Sidan for han til Bretland og herja der. Etter dette siglde han sør under England og herja der som andre stadir, og alt folke flydde der som han fór. Og av di at Eirik var ein modig mann og hadde ein stor her, hadde han so god lit til heren sin, at han gjekk langt upp i lande og herja og jaga deim som flydde. Kong Jatmund hadde sett ein konge, som heitte Olav, til aa verja lande der; han drog ihop ein uhorveleg stor her og fór imot kong Eirik; de vart eit stort slag der, og de fall mange engelsmenn, men der som de fall ein, kom de tri ovantil lande att i staden; og ut paa eftansida vender mannefalle seg mot nordmennane, og de fall mykje folk. Daa de leid mot enden paa denne dagen, fall kong Eirik og 5 kongar med honom; av desse er nemnde: Gutorm og dei tvo sønine hans, Ivar og Haarek; der fall Sigurd og Rognvald med, og der fall Arnkjel og Erlend, sønine hans Torv-Einar. De vart eit gruveleg stort mannefall av nordmenn. Men dei som kom seg undan fór til Nordimbraland og fortalde denne tidendi til Gunnhild og sønine hennar.


5. Men daa Gunnhild og sønine hennar fekk vita, at kong Eirik var fallin, og at han fyrst hadde herja rike til den engelske kongen, totte dei at dei kunde vita, at de var ikkje fred aa venta der; dei nøytte seg difor burt fraa Nordimbraland, og hadde med seg alle dei skipi, som kong Eirik hadde havt, og hadde alt de folke med, som vilde fylgja deim, og oversleg mykje lausøyre, som dei hadde dregi ihop i skatt i England, og sumt hadde dei fengi paa herferd. Dei styrde med folke sitt nord til Orknøyane og sette seg til der ei stund. Daa var Torfinn Hausakljuv[8], son hans Torv-Einar, jarl der. Daa tok Eiriks-sønine under seg Orknøyane og Hjaltland og tok skattar av og sat der um vetteren, men fór i vesterviking um sumaren og herja i Skotland og Irland. Dette nemner Glum Geireson:

Upptamd til Æges-leiken[9]
den unge havhest-tøymar[10]
deran[11] fraa hadde fari
ei ferd so god til Skaane.
Sidan sløgraadig førar
snart i Skotland kunde
senda flokkar av fallne,
ein flerrut[12] her, til Odin.
Viking-venen gjorde
valkyrju-fuglar[13] til gaman,
blodbad i irske bygdir,
- braatt landsfolke flydde.
Sør-paa den sigersæle
sverd-eggjar raude farga
i manneblod og mange
modige karar feilte.


6. Kong Haakon Adalsteinsfostre lagde under seg heile Norig, daa Eirik, bror hans, hadde havt seg undan. Kong Haakon drog den fyrste vetteren vest i lande og sidan nord til Trondheim og sat der. Men for di at de ikkje syntest vera von um fred, soframt kong Eirik kom vestantil yvi have med heren sin, so sat han helst i midlande med heren sin, i Firdafylke eller Sogn, i Hordaland eller Rogaland. Haakon sette Sigurd Ladejarl yvi heile Trøndelag, soleis som han og Haakon, far hans, hadde havt de fyrr under kong Harald. Men daa kong Haakon spurde, at kong Eirik, bror hans, var fallin, og at sønine til kong Eirik ikkje hadde nokor hjelp i England, so totte han de stod litin age av deim. Daa fór han ein sumar med heren sin aust i Viki. I den tid herja danine mykje i Viki og gjorde tidt stor skade der. Men daa dei spurde, at kong Haakon var komin der med ein stor her, hadde dei seg undan alle ihop, surne sør til Halland, men dei, som var næmare kong Haakon, sette til havs og sør til Jylland. Men daa kong Haakon vart var dette, siglde han etter deim med heile heren sin; men daa han kom til Jylland, og folk der vart var de, so dreg dei ihop ein her og vil verja lande sitt, og gjev seg i slag med kong Haakon. Der vart de eit stort slag; kong Haakon slost so djervt, at han gjekk framanfor merke og hadde korkje hjelm eller brynju. Kong Haakon vann og jaga deim som flydde langt upp i lande. Soleis kvad Gutorm Sindre i Haakonardraapa:

Kongen den blaae baatveg
brøytte med sprøytande aarar,
jutar mange den gjæve
jaga og tok av dage.
Til aate for Odins fuglar
han elte[14] deim heilt inn i lande;
ramnane fann si føde
og fagnaleg krelen magna[15].


7. Sidan styrde kong Haakon med heren sin nordetter til Sjælland og leita etter vikingar. Med tvo snekkjur rodde han fram i Øresund; der raaka han paa 11 vikingsnekkjur, og lagde strakst til slag med deim, og enden vart, at han vann og rudde alle vikingskipi. So segjer Gutorm Sindre:

Einast med snekkjur tvenne
ótu-sterk[16] hovding siglde
sunnanfraa til Selunds
sjøarstrand den grøne,
og endaa elleve herskip
alle for danom han rudde,
den vreide vaapen-reidar[17],
vidfræg av dette sidan.


8. Etter dette herja kong Haakon rundt umkring i Sjælland og røva fraa mange folk og drap sume, og sume fanga han, og tok store løysepengar av sume, og ingin sette seg imot han. So segjer Gutorm Sindre:

Sjøkongen naadde daa sidan
Selund aa under seg leggja
og herfang fraa vindar[18] aa vinna
vide ved Skaane-sida.

Sidan fór kong Haakon aust langs med Skaane-sida og herja heile vegen, tok pengar og skattar av lande og drap alle vikingar, kor han fann deim, baade danir og vindar; han fór alt aust til Gautland og herja der og tok store pengar av lande. So segjer Gutorm Sindre:

Skjold-dekt hovding høge
herskatt paa gautar lagde;
gull-øydar, raust paa gaavur,
gagn hadde av ferdi.

Um hausten fór kong Haakon attende med heren sin og hadde fengi uhorveleg mykje herfang. Han sat um vetteren i Viki og gjærte etter, um danir eller gautar skulde taka paa der.


9. Same hausten kom kong Trygve Olavsson fraa vesterviking; daa hadde han herja i Irland og Skotland. Um vaaren fór Haakon nord i lande, og sette kong Trygve, brorson sin, yvi Viki til aa verja for ufred og taka de som han kunde faa av dei landi i Danmark, som kong Haakon hadde skattlagt fyrre sumaren. So segjer Gutorm Sindre:

Den trauste, unge Trygve
tilju-rjodaren[19] sette
til konge auster i Odins
eikegrøne skogland,
han som var heim-att komin,
den hæve sigervinnar,
paa svanevangens skiir[20]
med sveinar gjæve fraa Irland.


10. Kong Harald Gormsson raadde daa for Danmark. Han var ille nøgd med at kong Haakon hadde herja i lande hans, og de gjekk de orde, at danakongen vilde hemna seg; men de gjekk ikkje so braatt med de. Men daa Gunnhild og sønine hennar spurde dette, at de var ufred millom Danmark og Norig, so drog dei austetter. Dei gifte Ragnhild, dotter til kong Eirik, med Arnfinn, son hans Torfinn Hausakljuv. Torfinn jarl fekk daa att magti yvi Orknøyane, daa Eiriks-sønine fór burt. Gamle Eiriksson var noko eldre enn hine, men endaa var han ikkje vaksin. Daa Gunnhild kom til Danmark med sønine sine, fór ho til kong Harald og vart godt mot-teki. Harald gav deim so store veitslur i rike sitt, at dei godt kunde halda seg og mennane sine, og han tok Harald Eiriksson til fostring og kne-sette han, og han vart uppfødd i hirdi med danakongen. Surne av Eirikssønine fór paa herferd, strakst dei hadde alderen til de, og fekk seg rikdom og herja i Austerveg. Dei vart tidleg vakre menn og fyrr vaksne i styrke og hævleike enn i aar. Dette nemner Glum Geireson i Graafeldardraapa:

Rikjaren[21], raust mot skaldar
med ring-malm[22], for i herferd
um i austerlandom;
alltid han vann i striden.
Slir-tungur[23] lét han syngja,
sverdeleikens styrar
og mange djerve mennar
aat marki lét han stupa.

Eirikssønine vende seg daa med heren sin nord til Viki og, og herja der; men kong Trygve hadde ein her ute og styrde mot deim, og dei heldt mange slag, og de var ymist med sigeren; stundom herja Eirikssønine i Viki, og stundom Trygve paa Sjælland og Halland.


11. Daa Haakon var konge i Norig, var de god fred millom bøndar og kaupmenn, so ingin skadde den andre eller eigedomen hans; daa var de gode aaringar baade paa sjø og land. Kong Haakon var utifraa gladværug og lettmælt og umgjengeleg; han var ein klok mann, og han lagde mykje vinn paa lovgjevingi. Han gav Gulatingslovi[24] étter samraad med Torleiv Spake, og han gav Frostatingslovi[25] etter samraad med Sigurd jarl og andre av dei klokaste trøndir, men Heidsævislovi[26] hadde Halvdan Svarte gjevi, som fyrr er fortalt.[27]. Kong Haakon var i jolegjestebod i Trondheim. Dette gjestebode hadde Sigurd jarl stelt til aat han paa Lade. Fyrste jolenatti fødde Bergljot, kona hans Sigurd jarl, eit gutebarn; dagen etter auste kong Haakon vatn paa guten og gav han namne sitt. Guten voks upp og vart sidan ein megtug og gjæv mann og vart jarl etter Sigurd, far sin. Sigurd jarl var den kjæraste venen aat kong Haakon.


12. Øystein, kongen til upplendingane, som sume kallar den megtuge, men sume den ille, herja i Trondheim og lagde under seg Øynafylke og Sparbyggjafylke, og sette yvi deim son sin; men trøndine drap han. Kong Øystein fór andre gongen paa herferd til Trondheim og herja rundt umkring og lagde under seg; daa baud han trøndine, kven dei helst vilde hava til konge, trælen hans, som heitte Tore Fakse, eller hunden hans, som heitte Saur. Dei tok hunden, av di dei trudde, at dei so skulde raa seg meir sjølve; dei lét seida tri manns vit i hunden, og han gøydde tvo ord og tala de tridje. Dei gjorde eit halsband og lekkje av sylv og gull, og strakst de vart søylut, so tok hirdmennane hans og bar han paa herdane sine. De vart stelt til eit høgsæte aat han, og han sat paa ein haug, liksom andre kongar, og budde paa Innerøyi og hadde sæte sitt der som dei kallar Saurshaug[28]. De er fortalt, at han fekk banen sin av di, at de kom vargar og tok paa buskapen hans, og hirdmennane eggja han til aa verja eigedomen sin. Han gjekk ned av haugen og fór dit som vargane var, men dei reiv han i sund strakst. Mange andre forunderlege ting gjorde kong Øystein med trøndine. For denne herjingi og ufreden flydde mange hovdingar, og mykje folk flydde fraa odelsgardane sine. Kjetil Jamte, son hans Onund jarl fraa Sparbu[29], fór aust yvi Kjølen, og ein heil brote folk med honom, og hadde lausøyre og buskapen med seg. Dei rudde skogane og bygde store bygdir der, som sidan vart kalla Jamteland. Soneson hans Kjetil var Tore Helsing; han fór for ei draaps-sak fraa Jamteland og aust yvi skogane, som der ligg, og bygde, og dit søkte mykje folk med han; dette lande kallar dei Helsingland, og de gjeng alt aust til sjøen. Heile austkanten av Helsingland langsmed sjøen var bygd av sviar. Men daa kong Harald Haarfagre rudde rike for seg, rømde de mykje folk ut or lande att, baade trøndir og naumdølir, og daa vart de nye bygdir aust i Jamteland, og sume fór alt til Helsingland. Helsingane fór og handla paa Svitjod og var i alle maatar under Svitjod, men jamtane var for de meste so midt imillom, og de var ingin som ansa paa deim, fyrr kong Haakon fekk i stand fred og handel paa Jamteland og gjorde seg til godvenir med stor-mennane der. Sidan drog dei vestetter til han og lova han aa vera lydige og gjeva skatt, og gav seg under han, av di dei høyrde berre godt um han. Dei vilde heller koma under hans kongedøme enn under sviakongen, av di dei var komne av nordmanns-ætt. Han gav lov og landsrett aat deim. Sameleis gjorde alle dei helsingane med, som hadde ætti si nordanfor[30] Kjølen.


13. Kong Haakon var ein god kristin, daa han kom til Norig. Men for di at heile lande der var heidi[31], og de var mykje med bloting og mange stormenn, og han totte han trong mykje um hjelp og venskap av aalmugen, totte han de var best aa fara stillt med kristindomen; men han heldt sundagen og fredagsfasta og minne um dei største høgtidine. Han sette de i lovi, at dei skulde taka paa aa halda jol paa same tid som dei kristne, og daa skulde kvar mann eiga ein mæle[32] øl eller so bøta, og halda helg, so lengi joli varde. Fyrr hadde dei teki paa aa halda jol hoku-natti, som var midvetters-natti[33], og dei heldt jol i tri dagar. Han var meint paa, soframt haa vart fotfast i lande og fekk lagt heile lande reint under seg, aa koma med kristindoms-bod. Han gjorde so fyrst, at han lokka dei kjæraste venine sine til kristindomen; og han var so elska, at mange lét døypa seg, og sume heldt upp aa blota. Han sat lengi i Trondheim, av di at der var landsens meste styrke. Men daa kong Haakon totte at han hadde fengi stydning av nokre megtuge menn til aa halda kristindomen, sende han bod til England etter ein bisp og andre lærarar, og daa dei kom til Norig, gjorde kong Haakon kunnugt, at han vilde bjoda deim taka ved kristindomen yvi heile lande; men mørine og raumsdøline viste saki til trøndine. Kong Haakon lét daa vigja nokre kyrkjur og sette prestar til deim. Daa han kom til Trondheim, stemnde han bøndane til tings og baud deim taka ved kristindomen. Dei svara de, at dei vilde visa denne saki til Frostating, og at dei vilde at de skulde koma menn fraa alle fylki som var i Trøndelag, og sagde at daa skulde dei svara paa denne vanskelege saki.


14. Sigurd Ladejarl var ein stor blotmann, og de same var Haakon, far hans. Sigurd jarl heldt alle blot-gilde for kongen der i Trøndelag. De var gamal skikk, naar de skulde vera blot, at alle bøndane skulde koma der som hove var, og hava med seg dit alt de som dei skulde hava medan gjeste-bode stod paa. Ved dette gjestebode skulde kvar mann hava sitt eigi øl med seg, og de vart slagta allslags fe og hestar; og alt blode, som kom av deim, kalla dei laut, og lautbollar de som blode stod i, og lautteinar kalla dei noko som saag ut liksom ein visp. Med den skulde dei farga alle stallane[34] og likeins veggine paa hove utvendes og innvendes, og skvetta paa folke; men slagte skulde dei koka til mat for aalmugen. De skulde vera eld midt paa golve i hove, og kjetlar yvi, og dei fulle skaaline skulde dei bera um elden. Men den som gjorde gjestebode og var hovding, skulde signa skaali og all blotmaten. Fyrst skulde dei drikka skaali hans Odin til siger og magt aat kongen sin, og so skaali hans Njord og skaali lians Frøy for godt aar og fred. Etter dette var de mange som hadde for skikk aa drikka Brage-skaali. Die drakk skaalir for frendane sine med, dei som gjæve hadde vori, og de kalla dei minneskaalir. Sigurd jarl var utifraa romhendt, og gjorde noko som er vorti namngjeti; han gjorde eit stort blotgjestebod paa Lade, og kosta de alt ihop aaleine. Dette nemner Kormak Ogmundsson i Sigurdardraapa:

Ikkje ask[35] dei føre
eller øskje med seg
til gjestebod hjaa jarlen.
Gudane sveik Tjasse[36].
Kven undan bodi vil berast[37]
til blotgilde slikt aa fara
som gjevmilde jarlen gjerer?
Gram vann seg gulle[38].


15. Kong Haakon kom til Frostatinge, og der var de komi ovende mange bøndar. Daa tinge var sett, tala kong Haakon, og sagde fyrst, at de var hans bod og bøn til bøndar og bu-menn, storfolk og smaafolk og heile aalmugen, unge menn og gamle, rike og fatige, karfolk og kvinnfolk, at alle folk skulde lata seg kristna og tru paa ein gud, Kristus, son hennar Maria, og lata fara all bloting og heidne gudar, og balda heilag og ikkje arbeida sjaunde kvar dag, og fasta sjaunde kvar dag. Men strakst kongen hadde bori dette fram for aalmugen, vart de braatt ei fæl murring. Bøndane murra for di kongen vilde taka arbeide fraa deim, og sagde, at paa den maaten kunde dei ikkje byggja lande; men arbeidsfolk og trælar sagde, at dei kunde ikkje arbeida, naar dei ikkje skulde faa mat, og dei sagde, at dei hadde de lyte baade kong Haakon og far hans og alle frendane deira, at dei var knipne paa kosten, endaa dei var romhendte med gull. Aasbjørn fraa Medalhus[39] i Gauldal stod upp og svara kongen paa tala hans og sagde: «De trudde me bøndar, kong Haakon,» segjer han, «at daa du hadde haldi de fyrste tinge her i Trondheim, og me hadde teki deg til konge og fengi att odelen av deg, at daa hadde me teki himilen med hendane; men no veit me ikkje, korleis de hev seg, anten me hev fengi fridomen, eller du vil trælka oss paa nytt lag paa ei forunderleg vis, at me skal gjeva upp den tru, som fedrane vaare og alle forfedrane vaare hev havt fyri vaar tid, fyrst i brenn-alderen, og no i haug-alderen, og dei hev vori mykje gjævare enn me, og me hev berga oss godt med denne trui. Me hev huglagt Dykk so mykje, at me hev lati deg vera med oss og raada for alle lovine i lande og all landsrett. No er de vaar vilje, og bøndane er samstelte um de, aa halda dei lovine som du gav oss her paa Frostating, og som me lova deg; me vil alle fylgja deg og hjelpa deg til aa vera konge, so lengi de er liv i nokon av dei bøndane som er her paa tinge, soframt du, konge, vil halda maate, og ikkje beda oss um anna enn de som me kan gjeva deg, og som ikkje er reint ugjerande. Men vil du driva so strengt paa denne saki, og bruka magt og hardstyre mot oss, so er me bøndar samraadde um de aa skiljast alle ihop fraa deg og taka oss ein annan hovding, som hjelper oss til de, at me fritt kan hava den trui me vil. No skal du, konge velja eitt av desse vilkaari, fyrr tinge sluttar.» Til denne tala gjorde bøndane stort staak, og sagde at dei vilde at so skulde de vera.


16. Men daa de vart stilk, svara Sigurd jarl: «De vil kong Haakon, at han skal verta samtykt med dykk bøndar, og at de ikkje skal verta slutt paa venskapen dykkar.» Bøndane sagde, at dei vilde at kongen skulde blota for godt aar og fred aat deim, liksom far hans gjorde; daa stana murringi, og tinge slutta. Sidan tala Sigurd jarl med kongen og sagde at han skulde ikkje reint lata vera aa gjera som bøndane vilde, og sagde at de var ikkje onnor raad; «dette er, konge, som De kan høyra sjølv, de som hovdingane og med deim heile folke vil og traar etter; me skal alltid finna paa ei god raad for dette, konge.» Og dette vart kongen og jarlen samtykte um.


17. Um hausten ved vetternætane[40] var de blotgilde paa Lade, og kongen kom dit. Han hadde jamnan fyrr vori vand til, naar han var til staes der som de var bloting, aa eta i eit lite hus for seg sjølv med nokre faa menn; men bøndane kjærde seg for de, at han ikkje sat i høgsæte sitt, naar gleda var størst i lage; jarlen sagde at han skulde ikkje gjera so no; og de vart soleis og, at kongen sat i høgsæte sitt. Men daa den fyrste skaali var skjenkt, so tala Sigurd jarl for skaali og signa ho til Odin og drakk kongen til av horne. Kongen tok imot og gjorde krossmerke yvi de. Daa sagde Kaar fraa Gryting[41]: «Kvi fer kongen no soleis aat? vil han ikkje blota endaa?» Sigurd jarl svarar: «Kongen gjer de, som alle dei gjer, som trur paa si eigi magt og styrke, og signar skaali til Tor; han gjorde hamarsmerke yvi, fyrr han drakk.» Daa var de stillt um kvelden. Dagen etter, daa dei gjekk til bords, styrmde bøndane umkring kongen og sagde at no skulde han eta hestekjøt. Kongen vilde ikkje de for alt i verdi. Daa bad dei han drikka sóde, men han vilde ikkje. Daa bad dei han eta feitte, men han vilde ikkje de heller. Og daa var de nære paa, at dei hadde teki paa han. Sigurd jarl vilde faa deim forlikte og bad deim stilla stormen; og han bad kongen gapa yvi kjetil-hodda, som sod-røyken av hestekjøte hadde lagt seg paa, so hodda var feittut. Daa gjekk kongen til og linda ein lin-duk um hodda og gapa yvi, og dermed gjekk han til høgsæte, og ingin av deim lika seg.


18. Um vetteren etter var de stelt til eit jolegilde aat kongen innpaa Mæren[42]. Men daa de leid mot joli, sette dei stemnelag med kvarandre, dei aatte hovdingane som raadde mest for blotingi i heile Trøndelag; fire av deim var uttrøndir: Kaar fraa Gryting, Aasbjørn fraa Medalhus, Torberg fraa Varnes[43], Orm fraa Ljoksa[44]; og av inntrøndine: Blotolv fraa Olveshaug[45], Narve fraa Stav[46] i Verdalen, Trond Haka fraa Egg[47] og Tore Skjegg fraa Husabø[48] paa Innerøyi. Desse aatte mennane vart samtykte um de, at dei fire av uttrøndine skulde tyna kristindomen, men dei fire av inntrøndine skulde nøyda kongen til aa blota. Uttrøndine for med sine skip sør til Møre og drap der tri prestar og brende tri kyrkjur, og so fór dei attende. Men daa kong Haakon og Sigurd jarl kom inn til Mæren med hirdi si, so var bøndane komne der og var overlag mangmente. Den fyrste gjestebodsdagen gjekk bøndane inn paa kongen og bad han blota, og truga han elles med hard medferd. Sigurd jarl talde til godes, og de vart til de, at kong Haakon aat nokre bitar hestelevr, og han drakk daa alle dei skaaline, som bøndane skjenkte aat han, og gjorde ikkje krossmerke. Daa de var slutt paa dette gjestebode, fór kongen og jarlen strakst ut til Lade; kongen var stur og laga seg strakst til aa fara burt fraa Trondheim med alt folke sitt, og sagde so fallne ord, at han skulde vera meir mangment næste gongen han kom att til Trondheim, og løna bøndane denne fiendskapen. Sigurd jarl bad kongen at han skulde ikkje reisa noko klagemaal mot trøndine for dette, og segjer at de vilde ikkje bata han aa truga og herja paa innanlands-folk, der som landsens største styrke var, slik som i Trondheim. Kongen var daa so harm, at de nytta ikkje aa tala til han; han fór burt fraa Trondheim og sør til Møre og var der um vetteren og um vaaren; men daa sumaren kom, samla han folk aat seg, og de orde gjekk, at han med denne heren vilde fara mot trøndine.


19. Kong Haakon var daa komin um bord og hadde ein stor her; daa kom de tidend sunnantil lande, um at sønine til kong Eirik var komne sunnantil Danmark til Viki, og de med, at dei hadde jaga kong Trygve Olavsson fraa skipi sine aust ved Sotanes[49], og daa hadde dei herja rundt umkring i Viki, og mykje folk hadde gjevi seg under deim. Men daa kong Haakon fekk denne tidendi, so totte han at han turvte hjelp, og sende bod til Sigurd jarl, at han skulde koma til han, og likeins til andre hovdingar som han kunde venta hjelp av. Sigurd jarl kom til kong Haakon og hadde mykje folk, og der var alle dei trøndine som mest hadde gjengi inn paa kongen um vetteren og vilde tvinga han til aa blota. Fyri-tolune hans Sigurd jarl gjorde daa, at alle vart forlikte med han. Kong Haakon siglde sør-etter langs lande. Men daa han kom sør um Stad, spurde han at Eirikssønine var komne til Nord-Agdir. Daa fór dei mot kvarandre, og møttest paa Kormt. Baae herane gjekk i land og slost paa Ogvaldsnes; paa baae sidur var dei mangmente, og de vart eit stort slag. Kong Haakon søkte hardt fram; han fann fyri seg kong Gutorm Eiriksson og hans fylgje, og dei skifte hogg med kvarandre. Der fall kong Gutorm, og merke hans vart nedhoggi, og mykje folk fall der umkring han. Etter dette tok heren til Erikssønine til aa fly til skipi og rodde burt og hadde mist mykje folk. Dette nemner Gutorm Sindre:

Skjoldar lét kongen knaka
yvi kjempur og saman stanga;
der gjekk ein konge fraa striden
med konge vaapen-vegin[50].

Kong Haakon fór til skipi sine og styrde aust etter sønine hennar Gunnhild; baae fór so fort dei orka, til dess dei kom til Aust-Agdir. Derifraa siglde Eirikssønine til havs og sør til Jylland. Dette nemner Gutorm Sindre:

Brand-rjodaren[51] braaleg
lét brorsøne-flokken røyna
magti si; ofte minnast
maa eg de med hugnad.
Den hogg-rame styrde hugheilt
til havs med snekkjune sine;
men alle Eiriks sønir
undan maatte røma.

Sidan fór kong Haakon nord att til Norig, men Eirikssønine var daa ei lang stund i Danmark att.


20. Etter dette slage sette kong Haakon de i lovi yvi heile lande langsmed sjøen og so langt upp i lande som laksen gjeng lengst upp, at han tok og bytte alle bygdine i skipreidur og skipa desse i kvart fylke. De vart fyrisett, kor mange og kor store skip dei skulde senda ut fraa kvart fylke, naar de var aalmenning[52] ute, og aalmenning var dei skylduge til aa senda ut, strakst de var ein utanlands-her i lande. Med dette paalegge fylgde de og, at dei skulde gjera vitar[53] paa høge fjell, so dei kunde sjaa fraa den eine til den andre. Folk segjer de, at paa 7 dagar fór her-bode fraa den synste viten til de nørdste ting-lage paa Haalogaland.


21. Eirikssønine var mykje paa herferd i Austerveg, men stundom herja die i Norig, som fyrr er fortalt. Daa kong Haakon raadde for Norig, var de gode aaringar i lande, og han var utifraa vensæl; god fred var de og daa.


22. Daa Haakon hadde vori konge i Norig i 20 vetrar, kom Eirikssønine sunnantil Danmark og hadde ovende mykje folk. De var ei stor mengd av desse som hadde fylgt deim i herferd, men endaa mykje større var danaheren, som kong Harald Gormsson hadde gjevi deim. Dei fekk ein strjukande bør og siglde ut fraa Vendil og kom inn til Agdir, heldt sidan nordetter langsmed lande og siglde natt og dag. Men de vart ikkje kveikt paa vitane, av di de var vanlegt, at vitane gjekk austantil og vestetter lande, men der aust hadde dei ikkje vorti vare ferdi deira. De gjorde og noko, at kongen hadde sett stor straff, naar dei kveikte gali paa, for deim som de kom upp um og som die fekk de paa, for di herskip og vikingar fór um utøyane og herja, og landsfolke trudde at de var Eirikssønine som fór der, og daa kveikte dei paa vitane, og de vart her-samlingar yvi heile lande; men Eirikssønine fór attende til Danmark og hadde ikkje havt nokon danaher, men berre sitt eigi folk, og sume tidir var de andre vikingar. Kong Haakon vart harm for dette, daa die hadde stræv og kostnad av de, men ikkje noko gagn. Bøndane kjærde seg og for si eigi skuld, for di de gjekk soleis til. Og dette var grunnen til at de ikkje fór nokor tidend fyriaat um ferdi til Eirikssønine, fyrr dei kom nord i Ulvesund[54]. Der laag dei 7 dagar, og daa gjekk de bod um dette landvegen yvi Eid[55] og nord um Møre. Kong Haakon var daa paa Sunnmøre[56], paa ei øy som heiter Fræde, paa ein av gardarne sine, som dei kallar Birkestrond[57], og hadde ikkje anna folk, so nær som hirdi si og dei bøndane som hadde vori i gjestebode hans.


23. Spæjarar kom til kong Haakon og fortalde de dei hadde aa segja, at Eirikssønine var med ein stor her sunnanfor Stad. Daa lét kongen kalla til seg dei mennane som var dei klokaste der, og spurde deim til raads, um han skulde slaast med Eirikssønine, endaa folkemunen var stor, eller han skulde fara undan nordetter og samla meir folk. De var ein bonde der, som heitte Egil Ullserk; han var langt til aars komin daa, og hadde vori større og sterkare enn alle andre, og ein stor stridsmann; han hadde lengi bori merke for kong Harald Haarfagre. Egil svara paa tala til kongen: «Eg var i nokre slag med kong Harald, far Dykkar; han slost stundom med meir folk og stundom med mindre, og han hadde jamnan siger; aldri høyrde eg han spurde venine sine um slik raad, at dei skulde læra han aa fly; me vil heller ikkje gjeva deg slik raad, konge, av di me tykkjer at me eig ein spræk hovding, og De skal og faa traust fylgje av oss.» Mange andre studde han i dette. Kongen sagde og de, at han hadde meir hug paa aa slaast med de folk som var aa faa. Dette vart daa avgjort. Daa lét kongen skjera upp her-pil og senda til alle kantar fraa seg, og lét samla de folke som han kunde faa. Daa sagde Egil Ullserk: «De var eg rædd for ei stund, medan denne lange freden var, at eg skulde døy av alderdom inne paa benke-halmen min, men eg vilde heller falla i slag og fylgja hovdingen min; men no kan de vera at de gjeng soleis.»


24. Eirikssønine styrde nord um Stad, strakst dei fekk vind. Men daa dei kom nord um Stad, spurde dei kor kong Haakon var, og styrde mot han. Kong Haakon hadde 9 skip og lagde seg nord under Frædarberg[58] i Feøyarsund; men Eirikssønine lagde til sunnanfor berge og hadde meir enn 20 skip. Kong Haakon sende bod til deim og bad deim ganga paa land; han sagde at han hadde hasla voll[59] aat deim paa Rastarkalv[60]; der er de store og slette vollar, men ovanfor gjeng de ei lang og heller laag brekke[61]. Eirikssønine gjekk daa fraa skipi sine og nord yvi halsen innanfor Frædarberg og fram paa Rastarkalv. Egil tala daa med kong Haakon og bad han gjeva seg 10 mann og 10 merke, og de gjorde kongen. Daa gjekk Egil med mennane sine upp under brekka; men kong Haakon gjekk upp paa vollen med heren sin, sette upp merke og fylkte, og segjer de: «Me skal hava ei lang fylking, so dei ikkje kringsét oss, endaa dei hev meir folk,» og so gjorde dei. Der vart de eit stort slag, og dei gjekk kvast paa. Egil lét daa setja upp dei 10 merki som han hadde, og stelte soleis dei mennane som bar deim, at dei skulde ganga so nær brekka som dei kunde, og lata de vera eit stykke millom kvar av deim. Dei so gjorde, og gjekk fram langs med brekka, so nær dei kunde, liksom dei vilde koma bak paa Eirikssønine. Dette saag dei som stod øvst i fylkingi til Eirikssønine, at de kom mange merke fljugande braatt og høgt upp-i vêre ovanfor brekka, og dei tenkte at de fylgde mykje folk etter, og at dei vilde koma bak paa deim, millom deim og skipi. Daa vart de eit stort skrik, den eine sagde til hin, kva som var tids. Daa tok heren deira til aa fly, og daa kongane saag de, so flydde dei. Daa søkte kong Haakon hardt fram med sine menn og jaga deim som flydde, og feilte mykje folk.


25. Daa Gamle Eiriksson kom upp paa halsen ovanfor berge, snudde han seg og saag at de fór ikkje meir folk etter deim enn dei hadde slegist med, og at dette var ei prette. Daa lét kong Gamle blaasa til strid og setja upp merke sitt og tok til aa fylkja; alle nordmennane i heren hans vende seg dit, men danine flydde til skipi. Daa kong Haakon og heren hans kom til, so vart de paa nytt lag eit kvast tak. Daa hadde kong Haakon meir folk, og enden vart, at Eirikssønine flydde; dei hadde seg daa sør ned av halsen, men sume av folke deira hopa sør ut paa berge, og kong Haakon fylgde etter. De er ein slett voll austanfor halsen, og vestetter imot berge, og bratte hamrar vestanfor. Daa hopa mennane hans Gamle undan upp paa berge; men kong Haakon søkte so djervt inn paa deim, at han drap sume, men sume flaug vestetter ned av berge, og paa baae stelle varty dei drepne. Kong Haakon skildest ikkje fraa deim fyrr enn kvar einaste mann var drepin.


26. Gamle Eiriksson flydde og ned av halsen og ned paa sletta sunnanfor berge. Daa snudde kong Gamle seg ein gong til og heldt striden uppe; daa kom de endaa folk til han, og der kom alle brørane hans og, med store flokkar. Daa førde Egil Ullserk mennane hans Haakon og gjekk hardt paa, og han og kong Gamle skifte hogg; kong Gamle fekk store saar, men Egil fall, og mykje folk med honom. Daa kom kong Haakon til med dei flokkane som hadde fylgt honom, og daa vart de eit nytt slag att. Kong Haakon søkte daa hardt fram att og hogg menn til baae sidur og feilte den eine yvi den andre. So segjer Gutorm Sindre:

Rædd heren rømde
for rame sverdesvingar;
den raadsterke konge karsleg
gjekk kappfus framfyri merke.
Lite han seg livde
i leiken med vaapnom harde,
gramen, han som hadde
so hugdjervt manne-hjarta.

Daa Eirikssønine saag mennane sine falla paa alle kantar for seg, gav dei seg paa flugt til skipi sine. Men dei som alt fyrr hadde flytt til skipi, hadde skuva deim ut, men sume av skipi var uppfjøra[62]; daa lagde alle Eirikssønine paa sym, og alle dei som fylgde deim. Der fall Gamle Eiriksson, men dei andre brørane hans naadde skipi, og sidan styrde dei burt, med de folk som var att, og heldt sør til Danmark.


27. Kong Haakon tok der dei skipi som var uppfjøra, og som Eirikssønine hadde havt, og lét draga upp paa land. Der lét kong Haakon leggja Egil Ullserk i eit skip, og med honom alle dei mennane som var fallne i deira her, og lét bera jord og stein ovanpaa. Kong Haakon lét setja upp fleire skip og, og bera dei fallne paa deim, og desse haugane ser ein endaa sunnanfor Frædarberg. Daa Glum Geireson i si vise briska seg med at kong Haakon var fallin, dikta Øyvind Skaldespillar denne visa:

Staven, som kjeften spanar,
sterk, paa Fenrisulven[63],
farga kongen frægde
fordom i blode hans Gamle,
daa ut paa sjøen han Eiriks
arv-takarar jaga.
No, daa Haakon er fallin,
hermennar alle syrgjer.

Høge bautasteinar stend ved haugen hans Egil Ullserk.


28. Daa kong Haakon Adalsteinsfostre hadde vori konge i Norig i 26 aar, fraa di Eirik, bror hans, fór ut or lande, so hende de, at kong Haakon var i Hordaland og var i gjestebod paa Stord paa Fitjar; der hadde han hirdi si og mange bøndar i gjestebode sitt. Men daa kongen sat ved dogurds-borde, saag vaktmennane, som var ute, at mange skip kom siglande sunnantil og hadde ikkje langt att til øyi. Daa sagde den eine til den andre, at dei skulde segja de til kongen, at i dei trudde at de kom ein her imot deim; men ingin totte de var greidt aa fortelja kongen, at ufred var ventande, av di han hadde sett harde vilkaar for deim som gjorde de; men dei totte likevel de var ugjerande, at kongen ikkje fekk vita de. Daa gjekk ein inn i stogo og bad Øyvind Finnsson[64] fort ganga ut med seg, og segjer.at de var reint raadlaust anna. Øyvind gjekk ut, og strakst han kom ut der dei kunde sjaa skipi, so saag han radt at de fór ein stor her der, og gjekk strakst inn att i stogo og fram for kongen og sagde: «Liti er lidande stund, men lang er matmaals stundi.» Kongen saag paa han og sagde: «kva er tids?» Øyvind kvad:

Um brynju-ting[65] no bed
dei som Blodøks vil hemna
med kvasse sverd, og knapp
vert kviletidi aat oss.
Hardt er deg, vaar hovding,
her-segn aa segja;
men di ære visst eg vilde.
Lat oss vaapni dei gamle taka.

Kongen sagde: «So gjæv gut er du, Øyvind, at du ikkje kjem med bod um ufred, utan de er sant.» Daa segjer mange at de er sant. Kongen lét daa taka burt borde; han gjekk ut og saag paa skipi, og saag daa at de var herskip. Han tala daa med mennane sine, og spurde kva dei skulde gjera, um dei skulde slaast med de mannskape som dei hadde, eller ganga um bord og sigla undan nordetter. «De er lett aa sjaa,» segjer kongen, «at me no kjem til aa slaast med mykje større folke-mun enn fyrr, endaa me jamt totte at de var stor skilnad paa folkemagti, naar me heldt slag med sønine hennar Gunnhild.» Dei drygde med aa svara paa dette. Daa kvad Øyvind:

Skipi nord aa styra
sømer seg ikkje deg,
den dugande kjempa, som drog
djerv i slage fyrr.
Med breide floten fer
frægde Harald imot oss
sunnantil yvi sjøen,
Lat skjoldane fort oss taka.

Kongen svarar: «Manneleg er dette sagt, Øyvind, og mest som eg sjølv er huga; men endaa vil eg høyra fleire menn, kva dei segjer um dette.» Men daa dei totte dei kunde skyna, korleis kongen vilde hava de, so svara mange og segjer at dei heller vil falla som menn enn fly for danine ufreista, og sagde at ofte hadde dei fengi siger, endaa dei hadde slegist med mindre folk. Kongen takka deim mykje for ordi deira, og bad deim væpna seg, og de gjorde dei. Kongen hev ei brynju paa seg og spenner um seg sverde Kvernbit, sét ein guli-slegin hjelm paa hovude sitt, tek eit spjot i handi og skjold ved sida; daa steller han hirdi i ei fylking ihop med bøndane og sette upp merki sine.


29. Harald Eiriksson var hovding yvi brørane, daa Gamle var fallin. Brørane hadde ein stor her med seg sunnantil Danmark. I heren deira var den gong morbrørane deira, Øyvind Skrøya og Alv Askmann; dei var sterke og rauste karar og store slaastkjempur. Eirikssønine heldt med skipi sine til øyi og gjekk upp paa land og fylkte, og dei segjer de, at folke-munen var so stor, at de var seks mann um ein, so mykje meir folk hadde Eirikssønine.


30. Kong Haakon hadde daa fylkt heren sin, og folk segjer de, at kongen hadde brynjo av seg, fyrr slage tok til. So segjer Øyvind Skaldespillar i Haakonarmaal:

Bror hans Bjørn dei saag o.s.fr.
Han eggja haaløygir o.s.fr.
Herklædi drog han av o.s.fr.

Kong Haakon var gløgg med aa velja folk til hirdi si etter styrken og manndomen deira, liksom kong Harald, far hans, hadde vori. Toralv Skolmsson den sterke var der og gjekk paa den eine sida aat kongen; han hadde hjelm og skjold, spjot og eit sverd som dei kalla Fetbreid[66]. De vart sagt, at han og kong Haakon var jamsterke. Dette nemner Tord Sjaareksson i den draapa som han dikta um Toralv:

Der brynju-klædde bausar[67]
Bardest[68] med vaapnom kvasse,
fram gjekk heren med harde
hogg i Stord paa Fitjar,
og nærast nordmanna-kongen
den namnfræge torde ganga.

Daa de bar ihop med fylkingane, vart de eit ofseleg hardt slag og stort mannefall. Men daa dei hadde skoti med spjot, so drog dei sverdi; daa gjekk kong Haakon, og Toralv med han, fram um merke og hogg til baae sidur. So segjer Øyvind Skaldespillar:

So beit daa sverd o.s.fr.
Harde hausar o.s.fr.


31. Kong Haakon var lett kjennande, meir enn andre folk, og de lyste av hjelmen og, som soli skein paa; difor vende mange vaapni mot han. Daa tok Øyvind Finnsson ein hatt og sette yvi hjelmen til kongen. Øyvind Skrøya ropte daa høgt: «Gøymer nordmanna-kongen seg no, eller hev han flytt, eller kor er no gullhjelmen?» Daa gjekk Øyvind fram, og Alv bror hans med, og hogg til baae sidur og bar seg liksom dei var ville og galne. Kong Haakon sagde høgt til Øyvind: «Haldt fram som du stemner, vil du finna nordmanna-kongen.» So segjer Øyvind Skaldespillar:

Hovdingen, hard med gulle,
men holl mot mennane sine,
ei bad han Skrøya skulde
skrida fraa leidi han stemnde.
«Vil du, paa siger søkin[69],
sjølve føraren finna,
styr daa hit di stemne
strakt mot nordmanna-kongen».

Daa var de ikkje lengi aa bida heller, fyrr Øyvind kom dit og svinga sverde og hogg til kongen. Toralv skaut til Øyvind med skjolden, so han raga, men kongen tok sverde Kvernbit med baae hendane og hogg til Øyvind ned i hjelmen og kløyvde hjelmen og hovude alt ned i herdane. Med de same drap Toralv Alv Askmann. So segjer Øyvind Skaldespillar:

Eg veit at branden[70] den beitte
i baae kongens hendar
beit den faahæve flengjar[71]
som fram i svarmen styrmde.
Danaherjaren drjughendt
Daattleg[72] paa vikingen kløyvde
hovude ned til herdar
med hogg av gullhjalta sverdblad.

Daa brørane var falne, gjekk kong Haakon so hardt fram, at alle folk hopa undan for han. Daa kom de rædsel i heren til Eirikssønine, og dei tok til aa fly. Men kong Haakon var fremst i fylkingi si, og strid til aa forfylgja deim som flydde, og hogg tidt og hardt. Daa flaug de ei pil, av de slage dei kallar flein[73], og kom i armen paa kong Haakon upp i vodven[74] nedanfor oksli; og de er mange som fortél, at skosveinen hennar Gunnhild, som heitte Kisping, flaug fram i dette staake og ropte: «gjev rom aat kongens banemann!» og skaut kong Haakon med fleinen. Men sume segjer, at ingin veit kven som skaut, og de kan vel henda og, av di pilir og spjot og allslag skotvaapn flaug so tjukt som snødriv. Mykje folk fall for Eirikssønine, baade paa vigvollen og paa vegen til skipi og i fjøro, og mange flaug beint paa sjøen. Mange kom seg um bord, og alle Eirikssønine, og rodde strakst undan, og mennane hans Haakon etter. So segjer Tord Sjaareksson:

Varge-tynaren[75] varde
vidt (slik skal freden slitast[76])
fremst i fylkingi lande,
fekk ikkje lov aa eldast.
Ufred kom upp, daa Eiriks
erving sunnanfraa landa;
ringbrjotaren[77] rømde,
men raadsterke gram var fallin.
De tedde seg, dei var trota[78],
daa paa toftune folki seg sette;
ein etter annan andast
ved aarane der dei stræva.
Ovmann visst laut han vera,
vaagal og dugande hermann,
han som gav Hugin[79] aa drikka,
gjekk Haakon nærast i striden.


32. Kong Haakon gjekk ut paa skipe sitt og lét binda um saare sitt; men de rann so mykje blod utor, at dei fekk ikkje stillt de. Og daa de leid ut paa dagen, so ormegta kongen; han segjer daa, at han vil fara nord til garden sin Aalreksstad. Men daa dei kom nord til Haakonarhella, lagde dei aat der, og daa var kongen nær paa og skulde døy. Han kalla til seg venine sine, og segjer deim korleis han vil hava de skipa med rike. Han hadde ikkje fleire born enn ei dotter, som heitte Tora, og ingin son. Han bad deim senda bod til Eirikssønine, at dei skulde vera kongar yvi lande, men han bad deim vera gode med venine og frendane hans: «men endaa um de skulde vera so laga, at eg skulde liva lenger,» segjer han, «so vil eg fara fraa lande og til kristne menn, og bøta de som eg hev forbroti mot Gud. Men um eg døyr her i heidinskapen, so skal De jorda meg som De sjølve synest.» Lite etter døydde kong Haakon der paa hella, der han var fødd. Dei syrgde so mykje paa kong Haakon, at baade venir og uvenir gret, daa han døydde, og sagde de, at so god konge kom de visst aldri meir i Norig. Venine hans flutte like hans nord til Sæheim i Nordhordland og kasta upp ein stor haug der, og lagde kongen inn-i, heilt-upp væpna og i den beste klæde-bunaden sin, men ingin-ting anna lagde dei inn. Dei tala so yvi gravi hans, som de var skikk hjaa heidningar, og viste han til Valhall. Øyvind Skaldespillar dikta eit kvæde um korleis kong Haakon fall, og korleis han vart mot-tekin i Valhall. De heiter Haakonarmaal, og fyrstningi lyder soleis:

Gondul og Skogul[80]
Gautatyr[81] sende
til aa kaara av kongar,
kven av Yngling-ætti
skulde med Odin fara
og i Valhall vera.
Bror hans Bjørn[82] dei saag
tok brynju paa;
den karslege kongen
var komin under merke.
Spjoti dei riste, rædde vart fiendane,
daa heldt dei Hildar-leiken.
Han eggja haaløygir
og holmrygir[83];
jarle-banen[84]
gjekk til slage.
Godt fylgde nordmenn
den gjæve kongen;
han som øy-danir aga
under eirhjelm[85] stod.
Herklædi drog han av,
heiv i bakken brynjo,
fyrr hovdingen førde
hirdi i striden.
Med lystig skjemt
han lande varde;
gladværug kongen
under gullhjelm stod.
So beit daa sverd
i sikling-handi[86]
herklædi harde,
som hogg han i vatne;
der braka broddar[87],
der brotna skjoldar,
der skrall sverd
i skallen paa stridsmenn.
Harde hausar
hogg han igjenom,
skjoldar med sverde
sund han kløyvde.
Ihop dei rauk,
raude dei farga
med manne-blod
blanke skjoldborgir.
Saarelden[88] brann
i blodutte skraamur,
lang-øksar lutte seg
til liv aa taka.
Saar-sjøen[89] susa
um sverde-nese[90],
Flein-flodi[91] fall
i fjøro paa Stord.
Skogul-skyir
under skjold-himlen raude
leikande møttest i lag
under skjold-rand[92].
Oddfossen[93] sildra
i Odins-vére[94],
menn seig ned i mengd
for mæke-straumen[95].
Der sat djerve kjempur
med dregne sverd,
med sundhoggne skjoldar
og skotne brynjur.
Ikkje var heren
i hugen lett
som paa vegen til Valhall var.
Studd til spjotskafte
Gondul sagde:
«For Æsine fylgje aukast.
No skal Haakon
med heren megtug
heim til gudar ganga.»
Den vise kongen høyrde
kva valkyrjur sagde,
herlege paa hesteryggen;
med tankefull hug,
paa hovude hjelm
og skjold dei ved sida hadde.
(Haakon):
Kvi styrer du, Skogul,
Striden soleis?
me var daa verde godt
fraa gudar.
(Skogul):
Me valdar de,
at du vollen[96] fær hava,
men dine fiender flaug.
«Rida me[97] no skal»
kvad Skogul den megtuge,
«og Odin segja
at den allsterke kongen
kjem og vil sjaa han sjølv.»
«Hermod og Brage,»
Herfader baud,
«gakk i møte den gjæve;
for her fer ein konge,
som ei kjempe synest vera
og stemner til halli hit.»
Kongen daa sagde
- var fraa slage komin,
bløytt stod han all av blod -
«ublid eg tykkjer
at Odin er,
hard er hans hug, me ser.»
«Fred deg alle
einherjar[98] byd,
drikk du hjaa Æsine øl.
Du jarle-banen,
Her inne du eig
Aatte brør,» kvad Brage.
«Herklædi vaare,»
kvad den herlege kongen,
«sjølve me passar paa.
Hjelm og brynju
eg gjæta skal;
godt er ved hand deim aa hava.
Daa vart de kunnugt,
kor kongen hadde
heilagdomen heidra,
daa heilage gudar
Haakon bad
velkomin til Valhall vera.
I ei god stund
vert den gjævingen fødd,
som slik er i lynde laga.
Hans old[99]
vil alltid vera
nemnd med gaman og glede.
Fyrr skal ubundin
Mot Asks sønir[100]
Fenrisulven fara,
fyrr enn i far’e
aat den frægde kongen
jamgod konge kjem.
Døyr fe,
døyr frendar,
i øyde vert lande lagt;
sidan Haakon fór
til heidne gudar,
vert folke mykt med magt.


Notar:

  1. Jartegnir er de som ein skal syna fram som eit merke paa at ein fer med sanning, ein ring, eit sverd eller slikt.
  2. Gjorde utveg til, fekk seg.
  3. Norðimbraland er Northumberland.
  4. Jórvik er York.
  5. Lodbroks-sønine, d. v. s. tri av deim, Ingvar (Ivar Beinlaus), Ubbe og Halvdan, var millom hovdingane i «den store her» av danskar som i 865 kom til gngland og i 866 tok byen York. Halvdan vart konge i Nordimbraland 875, men i 880 jaga hans eigne menn han av. Engelsmennane vann atter Nordimbraland i 926.
  6. Grimsbø (Grimsby) er i Lincolnshire, paa sudsida aat elvi Humber; Hauksfljot derimot er ikkje attfunni no.
  7. Jatmund (Eadmund) var konge i England fraa 940 til 946.
  8. Sorn kløyver hausen eller skallen paa folk.
  9. Æge (Ægir) er havguden eller have.
  10. Havhest er skip, liksom sjøhest, baare-hest (bylgje-hest) o. fl.
  11. Deran eller derane = der.
  12. Full av flerrur, flengjur eller saar.
  13. D.s.s. slagfuglar eller herfuglar, ramnar, ørnir og slikt.
  14. Forfylgde.
  15. Metta seg dugeleg (krel, «kró», fuglemage; magna, styrkja, metta).
  16. Av ótu, strid, «kamp» (etja, aa eggja, hissa).
  17. Av reida, svinga (til slag).
  18. Lyder vind’ar eller vindr, eit folk i Nordtyskland av slavisk ætt («vender»).
  19. Den som fargar tiljune raude (med blod).
  20. Skipi; svanevangen er sjøen, have.
  21. Av rikja, raada, «herske».
  22. Gull.
  23. Sverd
  24. Gulaþing heldt dei ved Gulen (Evenvik, i ytre Sogn), men som den tid høyrde til Hordaland.
  25. Frostaþing heldt dei paa Lagatún (Logtu) paa Frosta. Dit høyrde dei 8 fylki i Trondhjems stift og Nordmørafylke, Raumsdølafylke og Naumdølafylke.
  26. Heiðsævisþing eller Eiðsivaþing heldt dei paa Eidsvoll (Eiðsvellir). Dit høyrde Raumafylke (Romerike), Heinafylke (Heidmarki), Hadafyike (Haland) og Østerdalen og Gudbrandsdalen. Seinare kom Borgarþing til, som dei heldt paa Borg eller Sarpsborg.
  27. Snorre hev nok fyrr, i soga um Halvdan Svarte, fortalt um at Halvdan gav lovir, men ikkje nemnt serleg Heidsævislovi. Heidsævi er eit gamalt namn paa Mjøsi (sjøen ved Heidmarki), endaa um tinge, som nemnt, visstnok vart haldi paa Eidsvoll, noko sunnanfor Mjøsi.
  28. Saurshaug heiter no Sakshaug, tett ved hovudkyrkja paa Innerøyi.
  29. Sparabu, i Sparbyggjafylke, inn-fraa Innerøyi.
  30. D.v.s. vestan-for; soleis ofte brukt «nord» og «sør» der de heller skulde vera vest og aust, liksom i mange bygdir no til dags.
  31. «Hedensk».
  32. D.e. øl av ein mæle malt. Av dette maal gjekk de 6 paa eit sáld, paa lag ei tunne, men elles ulikt i dei ymse landslutir daa som no, so ein mæle kan vera fraa 1/8—1/3 av ei tunne.
  33. 12te januar.
  34. Stalle er de same som altar.
  35. Kopp.
  36. Dei tvo sermerkte linune høyrer ikkje med i sjølve innhalde av verse, men nemner um hendingar med gudar og namngjetne kjempur.
  37. Berast (eller bera seg) undan, bjoda av, «undslaa sig».
  38. Dei tvo sermerkte linune høyrer ikkje med i sjølve innhalde av verse, men nemner um hendingar med gudar og namngjetne kjempur.
  39. Meðahús, Melhus, i Melhus herad i Gauldal (Gaulardalr, «Guldalen»).
  40. Vetternætane var ved midten av oktober.
  41. Gryting var de eldre namne paa prestegarden no er i Orkedals prestegjeld.
  42. Mærinn, Mære, i Mære sokn i Sparbu.
  43. Varnes er Vernes i nedre Stjørdalen.
  44. Ljoksa, no Leksviki paa vestsida aat Trondheimsfjorden (i Strindafylke).
  45. Ölvishaug, no Ælshau («Alstahaug») i Skogn herad (Skøynafylke).
  46. Stafr var ein stor gard i Verdalen, men de finst ikkje nokon gard der med de namne no lenger.
  47. I Egge herad i Sparbyggjafylke.
  48. Husabœr, no skrivi Hustad, paa Innerøyi.
  49. Sótanes, ein land-odde i Raanrike (Baahuslen) vest for Aaby-fjorden.
  50. Av vega, fella, drepa.
  51. Av brand (sverd) og rjoda, farga raud.
  52. Aalmenning var mannjamt utbod, utbod av alle mann til her-teneste.
  53. Vite eller varde var ein ved-stopul til aa kveikja eld i.
  54. Ulvesund er sunde millom Vaagsøyi og lande, nær Maaløyi («Moldøen») ytst i Nordfjord.
  55. Mannseide yvi Stadslande.
  56. Um Snorre hev skrivi Sunnmøre, hev han mishugsa seg i de, at øyi Fræde (no Frei, «Fredø») skulde liggja der, i staden for paa Nordmøre.
  57. Paa austsida av Fræde, 5 kilometer nordaust for Frei-kyrkja og Freihaugen.
  58. Fræðarberg, no Freihaugen, lengst sudaust paa Frei-øyi.
  59. Hasla voll vil segja aa setja hasle-paakar eller slikt i marki til aa merkja av vigvollen (slagmarki).
  60. Rastarkalv er sletta nord for Freihaugen; ho stig fraa Frei-nes vestetter upp mot Frei-kyrkja og Skrubbhaugen.
  61. Skrubbhaugen.
  62. Fjøra uppe er aa koma paa grunn, naar sjøen fell.
  63. Staven i kjeften paa Fenrisulven er sverde, daa dei sette eit sverd rett upp og ned i kjeften paa han, so han ikkje skulde sleppa til aa bita.
  64. Den same som Øyvind Skaldespillar.
  65. Herstrid.
  66. Ein fot breid.
  67. Av bause, ein framdjerv, hardfør kar.
  68. Av herja, slaa.
  69. Forhuga paa siger.
  70. Sverde (beitt, kvass).
  71. Av flengja, flekkja, bausa paa og slikt; faahæv, ikkje vidare hæv eller dugande.
  72. Braa-snøgt, braatt.
  73. Flein var ei pil med hakar, liksom ei anker-klo.
  74. Vodve, «muskel».
  75. Med vargar er her meint røvarar, ufredsfolk.
  76. Paa den maaten er de rett aa brjota freden.
  77. Den som bryt eller høgg sund ringar (av gull) og gjev aat sine menn til gaave.
  78. Tróta, mødd, ut-asa.
  79. Den eine av Odins ramnar.
  80. Tvo valkyrjur.
  81. Odin.
  82. Haakon.
  83. Dei som bur paa holmane i Rogaland.
  84. Den som hev drepi jarlar eller stormenn.
  85. Koparhjelm.
  86. Sikling er de same som konge.
  87. Spjots-oddar.
  88. Sverd.
  89. Blode.
  90. Skjolden.
  91. Blode.
  92. Umskrivning paa strid.
  93. Blode.
  94. Slage.
  95. Blod-tape; mæke er eit stutt sverd.
  96. Vigvollen, slagmarki.
  97. Me tvo, d.e. Gondul og Skogul.
  98. Stridsmenn som etter dauden kom til Valhall.
  99. Tid.
  100. Menneskja.