Steinar Schjøtt biografi
Velg språk | Norrønt | Islandsk | Norsk | Dansk | Svensk | Færøysk |
---|---|---|---|---|---|---|
Denne teksten finnes på følgende språk ► | ![]() |
Steinar Schjøtt
(1844-1920)
Steinar Johannes Stenersen Schjøtt, født 13. november 1844, død 11. januar 1920. Steinar Schjøtt var filolog, skulemann, bladmann, historikar, omsetjar, forfattar av lærebøker og ordbøker, og han gjorde godt arbeid på alle desse områda. Ettertida minnest han likevel mest for målsynet hans, for det låg under all verksemda og sette farge på alt han gjorde. Han var ein tidleg landsmålsmann, men såg noko annleis på norma enn Aasen.
Schjøtt var fødd i Porsgrunn i Telemark av prestefolk. Han gjekk på latinskule i Skien, og etter examen artium 1862 studerte han filologi og tok språkleg-historisk embetseksamen 1870. Han var fyrst i stutte bolkar lærar ved Heltbergs Studenterfabrik i Christiania, ein privatskule i Levanger og katedralskulen i Kristiansand; 1874–93 var han adjunkt i Fredrikshald og frå 1893 overlærar i Skien. Schjøtt var ein interessert og dugande lærar, men hadde støtt andre jarn i elden. 1899 gav han opp arbeidet i skulen og flytte til Kristiania for å bruke all tid som ordboksmann, noko staten gjorde mogeleg ved å stille fri vikar.
Schjøtt var med og styrte målblada Svein Urædd og Andvake, han skreiv i Fram og Fedraheimen og seinare i Den 17de Mai. I desse blada, i Dagbladet og noko i andre blad tok han opp mange emne frå historie og samfunnsliv og var med i det offentlege ordskiftet, politisk for Sverdrup og Venstre og som talsmann for å løyse opp unionen.
I 1870-åra omsette Schjøtt Heimskringla til landsmål. For skuld målforma hans ville eit fleirtal av styret i Det norske Samlaget ikkje gje ut omsetjinga, og fire hefte kom fyrst som tillegg til Fjørtoft-bladet Fram. Seinare (1874–79) kom heile Heimskringla på Samlaget. Med den sette Schjøtt ein høg standard i ei form som på same tid var verdig og folkeleg, og Heimskringla-omsetjinga hans har vore grunnlaget heilt til ny tid. Med statsstønad kom det 1900 ei prydd nasjonalutgåve av verket.
Frå 1899 arbeidde han med det som vart Dansk-norsk ordbog (1909); det var den fyrste store ordboka over dansk-norsk (riksmål, bokmål) med definisjonar på norsk (landsmål, nynorsk). Tilfanget fann han i ordbøker, og han samla sjølv ord. Han fekk god hjelp av Hans Ross, Marius Hægstad, Arne Garborg, Ivar Kleiven og av mange andre. Frå 1909 arbeidde Schjøtt med det som vart Norsk ordbok. Med ordtyding paa norsk-dansk. Til skule- og literært bruk (1914). Ordbøkene er hovudverka hans.
Kilde: Norsk biografisk leksikon (NBL) (Utdrag)