Forskjell mellom versjoner av «Fil:Byrkjehaugen 1.jpg»

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Byrkjehaugen'''. På garden Bø, tett ved riksvegen mellom Bulken og Voss ligg Byrkjehaugen, ein av dei største gravhaugane på Vestlandet. Opphavleg har han vore nær 50 m i tverrm...)
 
(JJ.Sandal last opp en ny versjon av «Fil:Byrkjehaugen 1.jpg»)
(Ingen forskjell)

Revisjonen fra 15. jan. 2013 kl. 23:19

Byrkjehaugen. På garden Bø, tett ved riksvegen mellom Bulken og Voss ligg Byrkjehaugen, ein av dei største gravhaugane på Vestlandet. Opphavleg har han vore nær 50 m i tverrmål og 5 m høg, men etter utgraving i 1908 og avskaving både ved jernbane- og begbygging, har tverrmålet minka til 37 meter og høgda til 4. Likevel er det eit staseleg gravminne den vegfarande her har for augo. I haugen fanst tre graver frå folkevandringstida. Øvst låg ei steinkiste der ein mann var gravlagd. Hann låg på ein bjørneskinnfell. Under kista fanst eit brannlag med restar frå eit likbål. Den brende var ei kvinne. Ho har vore kledd i sin beste stas og sveipt i bjørneskinn før ho vart brend. På botnen av haugen fanst endå ein kvinnegrav. Her var delar av skjelettet bevart, og ein fann restar av skinn, teppe og klede. Det er liten tidsskilnad mellom den første og den siste grava. I alle tre fanst leirkrukker, så like i form og dekor at vi må tru dei har tilhøyrt same familien. Og slik er også funnet frå Byrkjehaugen tolka - som ei familiegrav for husfolket på Bø i siste halvdel av 500-talet. Det veldige gravminnet vitnar om velstand og makt langt utover det vanlege. Og namnet Bø syner at vi her har føre oss ein av dei eldste gardene på Voss. Opphavet ligg langt attende i tida, truleg ei god stund før Kristi fødsel. Kilde: Kulturhistorisk vegbok, Hordaland

Foto: Jon Julius Sandal © 2010

Filhistorikk

Klikk på et tidspunkt for å vise filen slik den var på det tidspunktet.

Dato/klokkeslettMiniatyrbildeDimensjonerBrukerKommentar
nåværende15. jan. 2013 kl. 23:19Miniatyrbilde av versjonen fra 15. jan. 2013 kl. 23:19800 × 600 (171 KB)JJ.Sandal (diskusjon | bidrag)

Den følgende siden bruker denne filen:

Metadata